
3 minute read
Boktips fra biblioteket i Hemsedal



Skumring 1941 av Kjell Westö
Finland, januar 1940: Vinterkrigen har vara i to månader. Reportaren Henry frå avisa Hufvudstadsbladet er ved fronten. Han vil gjerne fortelje sanninga om det han ser, men blir sensurert. Avisa vil han skal skrive patriotisk og optimistisk, det vil vera betre for folk. Kjærasten Molly er skodespelar og på turné gjennom Finland og Sverige. Også ho kjempar for å overleve, både bokstavleg og yrkesmessig. Krigen kjem til å berøre dei to på nokså ulikt vis.
– Skumring 1941 er både ein krigshistorie og ein kjærleikshistorie, og følgjer skiftesvis Henry og Molly fram til 1942, når den såkalla fortsettelseskrigen startar.

Mysteriet på Asthall av Jessica Fellowes
Kosekrim i Downton Abbey-aktig setting, lagt til året 1920. Louisa Cannon er frå fattige kår i London. Den brutale onkelen hennar vil selje Louisa som avdrag på spelegjeld. Men Louisa flyktar, og greier å få jobb som barnepike på godset Asthall Manor. Og der er det staselege omgjevnader, herskap og tenarar, litegrann romanse – og gjennom det heile: Mysteriet med kven som myrda sjukepleiaren Florence på toget på veg mot Asthall.

Sjakkmatt av Ali Hazelwood
Mallory var ivrig og svært god sjakkspelar i sin barndom. Så skjedde det vanskelege ting i livet hennar og ho la bort sjakkbrettet for godt – trudde ho. Då bestevennina arrangerer ei sjakkturnering til inntekt for medisinsk forskning, klarar Mallory ikkje seie nei til å delta. Dette er starten på ei ny sjakkarriere, for det viser seg at Mallory ikkje berre er god, men svært god. Ho vinn turneringa og slår den regjerande verdsmeisteren Nolan Sawyer. Og han viser seg å vera ein skikkeleg kjekkas ... Her er det duka for forviklingar, både i sjakkverda og i livet til Mallory.
– Sjakkmatt er ein underhaldande feelgod-roman for unge og vaksne som er unge til sinns!

Rare og veldig rare jobber av Bjørn F. Rørvik
Artig faktabok for alle aldrar. Visste du at det finst folk som jobbar som hundesurfeinstruktør? Pelsanimatør? Armholesnusar? Kryptozoolog? I denne boka får du vite om mange ukjende og usannsynlege jobbar. Du får for eksempel vite at på Smithsonian Museum hadde dei ein eigen dinosaurstøvtørkar, som tørka støv av alle dinosaurskjeletta kvar dag i 30 år. Og ved Ritz-Carlton-hotellet på Jomfruøyene har dei tilsett ein kokosnøtt-ansvarleg, som skal sørge for at kokosnøttene blir plukka før dei blir heilt mogne. Slik unngår ein at folk får dei i hovudet!

Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.
Helsing Camilla, Sønnev, Lissy, Sissel og Anne Berit