ve ge n
gen
15
Ga te Ga te
2
Måløyraidsenteret
4
Tidleg morgon, 27. desember 1941; Julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig; flybomber, gatekamper og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøyvande bråket; lyden av ein lys sekkepipe. n
Gate
Originale bilde frå raidet og metervis med original film vises i ei levande utstilling som har rørt tusener av besøkjande. Utstillinga viser og originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge´s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjoner. I tillegg til utstillinga om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge og om den vågale Shetlandsfarten. Du kan også få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat i Måløy under krigen. Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik. Ope 22. mai – 31. aug kl. 10.00 – 17.00 kvar dag. maloyraidsenteret.no
ge
Ulvesundet Sjø g
ata
ve Te le
Foto: Visit FjordKysten
Foto: Måløyraidsenteret
Måløy ferjekai
3
Øv re S
kra m
Midtg
Ga te
5
Ga te
årdsv e
4
Sk ram s
KART: ELLEN JEPSON
MÅLØY
va
ei
Kl
På grunn av Måløyraidet under 2.verdskrig vart store delar av Måløy bomba og nedbrent, og byen mista dei fleste av sine eldre trehus, karakteristiske naust og liknande. I etterkant var det bygd opp store industribygg og betongklossar i 50-tals stil, noko som den dag i dag pregar byen. Eit perfekt utgangspunkt til å gjere gråsten til gull. Då Tone Andal kom attende til heimbyen i 2010 vart ho raskt oppmerksam på Måløy som ein potensiell gatekunstby, med alle sine grå og slitte veggar. I dag finn du heile 15 veggmaleri i Måløy-regionen, kor dei fleste er å sjå innen gangavstand i sentrum av byen.
Foto: Visit FjordKysten
Østre Fiskarkai
Vestre Fiskarkai
Søre Vågsøy
15
a
Øyn
brua
Måløy n
v
es
n ter
e eg
Sæ
Seteneset
Deknepollen
Explore 62o North Med seilskøyta Westland arrangerer Explore 62o North ski og seil turer i Sunnmørsalpane. Om sommaren og høsten kjører dei havfisketurer og havørnsafari ut i fra Måløy. Dei arrangerer også firmaturer, venneturer og blåturer med eller uten overnatting. www.explore62.com/nor
Storm @ Stad 100 m
Storm@Stad er et eventfirma i Måløy som spesialiserer seg på RIB-turer, arrangement, blåturer med mer. www.stormstad.no
A til Å · www.atilaa.no
Foto: Visit FjordKysten
Amtskaia
Måløy
Kajakk og Coasteering
Foto: Visit FjordKysten
Gate 3
Gate 1
Torgkaien
Gatekunst
Opplev frilufts- og naturopplevingar frå kajakken. Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever den. Sjøbris Adventure har fleire kajakkar tilgjengelig for utleige. Padling passer det aller fleste, gammal som ung. Sjøbris Adventure tilbyr coasteering-, kajakk og yogaaktivitetar i Måløy og omegn. Gjennom leik, bevegelse og utfordringar i sjø og på land skapar vi eventyrlige og kraftfulle opplevingar. Med fokus på heilskapleg helsevelferd, tryggleik i vatn og bærekraft bidrar vi til avspenning, mestring og læring. Vi tilbyr forskjellige aktivitetar og arrangement, og kan skreddarsy produktpakkar på førespurnad. Ordet Coasteering kjem av det engelske ordet coast som betyr kyst. Betydinga av ordet er at man skal bevege seg både i vatn og på land langs klipper i sjøkanten. Coasteering er ein leiken og spennande måte å vere i naturen på. Her kan du utfordre seg sjølv med å dykke, hoppe, klatre eller leike. Vi tilbyr kvalitetssikra coasteeringsruter med sikkert utstyr for å gjennomføre aktiviteten på ein forsvarlig måte, samtidig som vi behelder spenninga. www.sjobrisadventure.no
Kannesteinen Kannesteinen er ei spesiell stettforma stein som ligg i fjæra i bygda Oppedal, ca 10 km frå Måløy sentrum. Den spesielle steinen er forma av hav og bølger gjennom tusener av år, og slipt med vannbeveging. Steinen er om lag 3 meter høg. Det er gode parkeringsmoglegheiter ved steinen og er ope heile året.
fjordkysten.no
Røysefjorden
Kråkeneset
KART: ELLEN JEPSON
Skongenes
Vedvika
Barmøy
Setra
Silda
Mehuken
Kjerringa
Refviksanden
Venøy Ulvesund
Ytre Kvalheim
Flatraket
Raudeberg
Valheimsvika
Nordoppedalen
Ura
lle n
Færestranda
Veten
15
Kråkenes fyr
Hanekammen
Måløy 618
Deknepollen Holvika
Nygård
Husevåg
Eidevika
Vågsfjorden
Raudegga 15
Allmenningen
Evja
Husevågøy
Gangsøy Bremangerlandet
Oldeide
Foto: Visit FjordKysten
po
Foto: Visit FjordKysten
rd 618
Hamnen
Med Nordsjøen som nærmaste nabo får du ei oppleving som tek vinden pusten frå deg. Fyret er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjer som verst bankar bølger og sjøsprøy på vindauge for å gje deg beskjed om at det er best å halde seg inne. Fyret har eigen veirstasjon som sender data til Metrologiske institutt. Dette er kanskje ein av dei plassane i Norge det bles mest langs kysten vår.
Har du lyst til å oppleve ein frisk annarledes langhelg i da fri? Ta ein tur til Skongenes fyr på Vågsøy. Her kan du overnatte i fyrvokterboligen, kose deg på det lune tunet og oppleve eit eldorado av klipper, stier og spennande stader å oppdage. Skongenes fyr vart oppretta i 1870 og var viktig for båttrafikken på det værharde Stadhavet. Fyret ligg ein times spasertur over fjellet frå Halsør, dette er ein fin tur som passar for alle. På godværsdagar kan ein båt legges opptil moloen slik at besøkande kan gå i land. Er det det fjøre sjø så kan ein og gå langs sjøen tilbake til start. Dette er ei DNT-hytta som kan nyttast både av medlemmar og ikkje-medlemmar. På grunn av Covid-19 er det kodelås og ein må bestille på førehand.
Foto: Unni Lise Dahl
Foto: Espen Mills
Foto: Laila Anita Schønhardt
1 km
Ulvesund fyr
Skongenes fyr
Kråkenes fyr vert oppretta av Kystverket i 1906 og er eit led- og innseglingsfyr frå Stadhavet i Kinn kommune. Fyret blei automatisert i 1986 og er i dag utleid til Ytre Nordfjord Turlag som er underlagt Den Norsk Turistforeningen (DNT). Tross at Kråkenes fyr er kjent for sine stormfulle dager er det ein heilt spesiell oppleving å sitte ute, utan eit vindpust, medan du ser sola gå ned i havet.
Rugsundøy
Vågsberget Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Vågsberget er eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er i dag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att i Noreg. I dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadene i Noreg. Bygningane på staden er frå omkring 1800, men handelstaden har røter tilbake til 1600-talet. Eigaren på Vågsberget hadde handelsprivilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter midten av 1800-talet. Kystmuseet har ansvaret for drifta av Vågsberget og held ope her i sommarsesongen, med omvising i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen.
Refviksanden Den 1,5 km lange sandstranda ligg i enden av bygda Refvik, ut mot det opne hav. Stranda ligg ca 10 km frå Måløy og er med sin krittkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Nyt varme og fine sommardagar eller ei av dei mange hauststormane. Husa i Refvik har ein tjukk murstein på eine sida. Dette er for å hindre at dei skal bli blåst på havet av dei sterke hauststormane som blir pressa ned gjennom dalføret. Du finn kommunal campingplass med toalett og dusj ved stranda. Det er og høve til overnatting i telt, campingvogn eller bubil. Dei har og ein pod du kan overnatte i. Det er som eit lite hotellrom med alle fasiliteter.
Foto: Visit FjordKysten
No
Vågsøy
Hendanes
Dagsturhytta på Kletten For å gå til dagsturhytta må du enten gå over brua i retning Deknepollen, eller du kan køyre over brua. Det er tre forskjellige utgangspunkt for turen. Dersom du vel å starte frå Kulen, er det best å parkere ved Asvo og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. Turen tar ca. 15 minutter. Det er ein fin familietur med ei fantastisk utsikt over Måløy og omland når du kjem opp.
Veten Du kan enten gå heile vegen frå sentrum eller du kan køyre opp til Skramsvatnet ved Måløy Stadion. Parker ved Skramsvatnet. Måløy Stadion er eit fint utgangspunkt for mange turar av forskjellig vanskegrad og lengde. Merka DNT-sti til Veten med fin utsikt til alle kantar. Her ser ein mellom anna innover fjorden, Måløy sentrum, Kråkenes, Selje og utover Stadhavet. Veten er 613 meter over havet og er det høgste punktet på Vågsøya.
Ulvesund fyr ligg på Hjertenes nær Måløy i Kinn kommune. Fyret er eit av fire fyr som viser båtane trygt rundt Stadt, som er kategorisert som eit av dei hardaste havstykka i Norge. Omgitt av ein solrik hage ligg Ulvesund fyr lunt og stille til. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgonger. Ulvesund fyr leiger ut til både enkeltpersoner og til grupper. Her finn du ei sjarmerande fyrbutikk som gjestar kan kjøpe heimelaga saft, gelé, handarbeid og meir. Her kan du og bestille heimelaga mat og nykverna kaffe som blir servert i fyrkaféen, eller ute i fyrhagen.
Aktivitet Fiskerimuseet
Ope 19. juni – 14. august kl. 11.00 – 14.00, gratis inngang. fiskerimuseet.no
Trimløype
ved Måløy Stadion. Startpunkt for fleire flotte fjellturar.
Frisbeegolf
på Moldøen.
Bowling
Splitt Bowling, Gate 1 · 75. Bowling, burger og pizza. facebook.com/SplittBowling · tlf. 906 17 773
Moldøen
Turområde under brua, monoment frå krigen, benkar og bord.
Måløy bibliotek
for opningstider sjå www.kinn.kommune.no
Ytre Nordfjord Turlag for kommende turer og info sjå ytrenordfjord.dnt.no ANBEFALTE TURAR: Ytre Fure på Stadlandet, ein tur til der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Melnyken over Stallbrekka, eit smalt parti med fantastisk utsikt mot storhavet i vest. BUA Måløy har alt du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller på stranda. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få moglegheit til å vere aktive. Dette gjer vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – heilt gratis. Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP og syklar med meir. Adresse: Ytre Kulen 1, Deknepollen. Ope onsdagar 13.15 – 15.00.
MÅLØY TURISTINFORMASJON – Gate 1 · 88, 6700 Måløy • Tlf. 909 12 480 Ope 14. juni – 22. august, man – fre 09.00 – 18.00, laur – sun 10.00 – 15.00