2 minute read

Ei feiring av livet sjølv

Vi går no inn i påskeveka. For særs mange ei flott ferietid, for nokre stress og mas og reiser hit og dit, og for kyrkja ei feiring av Jesu liding, daud og oppstode. Eller meir presist: ei feiring av livet sjølv!

Kan vi seie at påska er ei tid for motsetnader?

Advertisement

Ganske mange gonger er eg på grublestadiet, og eg grublar sjølvsagt over kyrkja og kyrkjelydane våre her i Skjåk. Det er lett å føle at eg ikkje strekker til; vi har ikkje nok friviljuge til å hjelpe til med alt vi ynskjer å gjere, og besøket i kyrkja er nokre gonger så som så. Dåpstalla i kyrkja nasjonalt peikar nedover. Det same gjer konfirmantdeltakinga. Presset til å prestere skaper stress og uro. Vel, det er lett å fortape seg i alt det som er negativt og utfordrande.

Men her er og ein motsetnad; bilete er ikkje eintydig. For sanninga er at etter nyttår har vi særs mange dåp i kyrkja vår, mange festkledde folk som kjem for å være med i seremonien. Og fleire dåp er i vente no i påska og til pinse. Vi har og ein særs høg prosent på deltaking til konfirma- sjon både i Lom og Skjåk. Og sjølv om talet på friviljuge kunne ha vore høgare, så har vi mange gode hjelparar i råd og utval, og til hjelp på gudstenestene, og til diakonale tiltak. Og med dei ressursane vi har så får vi til utroleg mykje.

Det er livet som vinn! Det er påska sitt bodskap! Og når vi kjem inn døra i Nordberg kyrkja så er det den sigrande Jesus Kristus vi ser på altertavla. Han som sigra over dauden, og fekk nytt liv.

For Gud bryt inn i alle våre gjeremål, og Guds ord verkar inn på liva våre. Til det beste for oss sjølve og for nesten vår. Når tvilen og trua tvinnar seg inn i eit utydeleg og uroleg gudsbilde, så slapp av! Trua vår er ikkje ein prestasjon. Trua vår skal vi kvile i, slik vi skal kvile i gudsorda som kjem til oss. Om vi likevel må prestere, så prester ein takk for livet og ein takk for alle vi har kring oss!

Om vi ynskjer å beskrive trua vår, så kan vi nytte Martin Luther sin enkle tyding: tru er å ha tillit til Gud. Difor har eg lagt ved eit bibelvers frå Johannes-evangeliet, der Jesus nettopp har overvunne dauden som Lasarus fekk. Han hadde vore daud i fire dagar da Jesus vekte han opp att til nytt liv. Der seier Jesus til Maria, Lasarus sin søster; ”Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?” (Joh 11,2526.)

Der livet vårt bryt mot å oppretthalde livet sjølv, og når utfordringane vert verkeleg vanskelege, så er desse orda gode å reflektere over. Trur vi at Jesus vinn over dauden? Og trur vi at dette kan være eit godt døme for oss å tru på?

Salmediktaren Svein Ellingsen er ikkje i tvil. Han ropar ut i ei av dei vakre salmetekstane sine:

Døden må vike for Gudsrikets krefter! Livet er gjemt i et jord-dekket frø. Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve. Se, i oppstandelsens lys skal vi dø. (Salme nr 209 vers 5 i salmeboka vår)

Med desse refleksjonane ynskjer eg kvar og ein ei god påske. Nyt fritida, nyt den flotte naturen vi har, nyt livet, og nyt kvarandre.

This article is from: