4 minute read
Kyrkjekontoretinformerar
Påskedagen er fyrste sundag etter fyrste fullmåne etter vårjevndøgn.
Vårjevndøgn – er når dag og natt er like lange – ligg alltid mellom 19. og 21. mars. Påskedag kan derfor berre ligge i perioden mellom 22. mars og 25. april.
Advertisement
2023 og vi har alt lagt bak oss 3 månader av det nye året. Årets kyrkjekonfirmantar er godt i gang med undervisinga si, vore på HEKTA leir og har starta opp med å vere medhjelparar på messene. Det er triveleg å bli kjent med kyrkjekonfirmanatne
Nytt i år er at dei får servert eit varmt måltid, når dei kjem rett etter skuletid. Triveleg start på undervisingstida. Verdien av å samlast rundt bordet for eit fellesmåltid, vert ikkje sett nok pris på i mange samanhengar.
Fasteaksjon 2023 28. mars er konfirmantane i Skjåk klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon.
Gild gåve
Kyrkja i Skjåk har fått gild gåve frå Anne Bjørg Morken Gartland.
På eige initiativ har ho laga dåpskjole og lue til dokka vår som vi nyttar m.a. i trusopplæringa.
Kirsti Kolsøe Morken har bidrege med ty til stasen. Hjarteleg takk til båe to.
Fyrste høve til å sjå dåpskleda i bruk blir på tårnagentmessa i Nordberg kyrkje 21. mai.
Retting
I kyrkjeblad nr 4 2022 sneik det seg inn ein feil på det eine dåpsbarnet som var avbilda.
Det var Linnea Yttre Dalheim som vart døypt i Skjåk kyrkje 27. november.
Med ein brønn på landsbygda i Tanzania får jenter, som elles ville gått store avstandar for å hente vatn til familien sin, moglegheit til å gå på skole og få utdanning. Tilgang til reint vatn fører til færre vassbore sjukdomar, og gjev betre helse. Smarte dryppsystem gjev bønder i Tanzania og Malawi moglegheit til å tredoble inntektene sine, og såleis stå betre rusta mot klimaendringar. – Gjennom Fasteaksjonen er vi med på å gje håp og forandring for menneske som treng det mest. Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet som må til for å redde og forandre liv. Vi håpar konfirmantane vert teke godt imot.
VATN FORANDRAR LIV. FORANDRE FOR ANDRE. SAMAN.
Vipps 2426
Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp moglegheit til å redde liv i akutte kriser og forandre liv på sikt. Takk vere innsamla middel, mellom anna frå fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt nødhjelp til flyktningar då krigen braut ut i Ukraina for over eitt år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Samarbeid med lokale partnarar mogleggjer rask respons når kriser og katastrofar inntreffe.
Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp også kan forandre liv på sikt. Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». Vatn gjev håp og positive ringverknader for enkeltmenneske og lokalsamfunn.
Jordtimen /Earth Hour Den 25. mars 2023 kl. 20.30 til 21.30 er klokkeslettet for å markere at verda står samla i kampen mot klimaendringar og for ein levande natur. Skjåk kyrkjelege fellesråd har markert dette i mange år og gjer det og dette året.
Earth Hour er namnet på ei symbolsk handling for klimaet , som har utvikla seg til å bli ei internasjonal årleg kampanje. Den går ut på at private , verksemder, organisasjonar og offentlege myndigheiter sløkke elektrisk ljos i ein time på ein bestemt dato, og på denne måten markera sin vilje til å stå saman mot klimaendringane.
Kyrkjeval 11.september 2023
Nominasjonsnemnda for kyrkjevalet 2023 er ferdige med arbeidet sitt og
Rakardugnadar P Kyrkjegardane V Re
Nordberg kyrkjegard
ONSDAG 3. MAI
Skjåk kyrkjegard
TORSDAG 4. MAI
Båe dagane frå kl. 18.00. Ta med høveleg reidskap og godt humør. Enkel servering.
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg listene blir overlevert til Skjåk kyrkjelege fellesråd 31.03. kl. 12. Det er dei som utgjer valstyret for Kyrkjevalet 2023 i Skjåk. Håpar at flest mogleg nyttar stemmeretten sin.
Soknemøte: Det har vore gjennomført soknemøte både i Nordberg Sokn og Skjåk Sokn med handsaming om eit felles sokneråd i Skjåk. Dette fordi det på Kirkemøtet i 2022 vart fastsett reglar for Ordning for felles menighetsråd for fleire sokn. Oppfylgjing av Kirkeordningens §8,3 ledd.
Skjåk har vore innvilga prøveperiode frå 2013, og nå er det innvilga at dette skal vere permanent.
Kyrkjeblad: Saman med denne utgåva av Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg fylgjer det ein giro for friviljug gåve til Kyrkjebladet. Gåva kan gjevast på konto nr. 2085 07 45170 eller vipps 76 09 74 merk kyrkjeblad.
Fleire utfordringar på Skjåk kyrkje Ved utskifting av takrennene vart det oppdaga at båe takflatene på sørskipet har mange skadar både på spon, mønekam og mønepanne. Det vart såleis utarbeidd ein ny tilstandsrapport på tak på Skjåk kyrkje, som var klar nå nyleg. Det er anbefalt full utskifting av spona på sørskipet..
Utdrag frå rapport:
- Demontere all spon på sørskipet. Mønekam og mønepanne demonterast og kopierast eller bøtast. Endeleg vurdering av tilstanden blir når den er demontert.
- Taktroa har nok ein del råteskader. Disse skiftes, eventuelt skøytast. Det ser ut som at taket er reparert fleire gonger, det er diverse bord som er brukt under sponane. Det brukast bord som har same utforming og kvalitet som dei antatt opprinnelege.
- Heile sørskipet får nytt spontak med same dimensjon som dei som ligg der i dag. Vindskiene sjekkast og nye råtebord.
- Dei andre takflatene sjekkast og enkeltspon som er øydelagt/ sprukke skiftast.
- Mønepanner/ kammer, vindskier og råtebord sjekkast og eventuelt utbetre. Vindskia på sørsida av koret må skiftast / bøtast.
- Tetting av opningar i laftekassa med tjæredrev og tjære.
- Loftet bør ryddast og all isolasjon bør skiftast. Det legge ein pustande duk på himlinga og oppå isolasjonen.
- Etablere gangveg frå loftsluka til tårntrappa og inspeksjonsgangar i sideskipa.
- Heile kyrkja tjærebreiast. Alt dette bør gjerast men korleis ein skal få dette til økonomisk står att å få til.
Skjerm/mur ved Nordberg kyrkjegard. Etter søknad og dialog med Statens vegvesen er det innvilga dispensasjon frå byggrense v/rv 15 Nordberg kyrkjegard innafor visse vilkår.
Dugnad:Vil og minne om dugnadane på kyrkjegardane 3. og 4. mai. Det vil i år og bli plassert konteinarar ved kyrkjegarden, viss nokon vil kome for å ta sin del av dugnaden, på eit anna tidspunkt.
8. mai 2023 Freds- og veterandagen
8. mai skal sjølvsagt markerast i år og. I tillegg til høgtid ved bautaen, vert det konsert i Nordberg kyrkje. Sjå side 16.
Dåpsljosstakar: Ved dåp i ei av kyrkjene våre plar dåpsbornet få ein dreia ljosstake med namn og dato på. Det var Melvin Haugen som var vår fyrste produsent. Seinare åra har Ragnvald Roen hjelpt oss med dette. Ei tid hadde vi ingen, men inntil vidare har Remi Andre Aamodt produsert for oss. Noko vi er svært takksame for.
Dette er eit fint minne å få med seg Med ønskje om ei god påske.