2 minute read

Påskekviss...

1. Kven skreiv songen med tekstlinja ”... Vi har hørt at ingen snøfnugg er like...”?

2. Ingen snøfnugg er like, men grunnforma er lik. Kva form har dei?

Advertisement

3. Kva er ei oktogonal kyrkje?

4. Kva er Gallus gallus domesticus?

5. Kor mykje egg et vi påska samanlikna med resten av året?

6. Hjå dei yngste verker det som om påskeharen er meir populær enn påskekyllingen. Kvifor?

7. Kva for ein kjend amerikanar inviterer kvart år til påskeaktivitet på plenen sin?

8. Kvar ligg Påskeøya?

9. I påska går mange på ski, på gamalnorsk kalla skið. Kva betyr skið?

10. Er du på skitur kan du ta ein ”honnsnu”, kva er det.

11. Er raudsildre og sørgekåpe del av same famile?

12. På DigitaltMusemum ligg fine bilete av merra Mara på veg til Storberka, kvar er det?

13. Kor stor del av arealet i Skjåk tilhøyrer Skjåk allmenning?

14. Kva for fjell var verdas høgste før Mt. Everest vart oppdaga?

15. Fyrst i mars var mange ute og beundra nordljos over fjella. Er det nordljos på den sørlege halvkule?

16. Kva heiter påske på engelsk?

17. Kva for høgtid skulle Jesus feire da han kom til Jerusalem?

18. Kva heiter det minste landet i verda?

19. Kva har tertitt og talgokse felles?

20. Kva er Rockheim?

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Som kyrkjetenar i rundt 22år, har Ola Sylfest Brenna høyrt fleire salmar enn dei fleste av oss. Han hadde fyrst eit vikariat frå 1995. Så vart han fast tilsett som kyrkjetenar i Nordberg kyrkje frå 1998. Den stillinga hadde han til 2018. Etter det har han ved behov steppa inn som vikar.

- Eg har mange gode minne frå denne tida. Eit triveleg og variert arbeid der eg møtte folk i sorg og glede. På kyrkjegarden trefte eg ofte personar som var ute etter å finne spor etter slektningar, fortel Ola Sylfest.

Med sine kunnskapar og interesse for slekter og lokalhistorie, har mange hatt stor glede av å treffe han på kyrkjegarden. Sjølv på travle dagar om sommaren, tok Ola Sylfest seg alltid tid til å prate med folk, og hjelpe dei med å finne gravplassar eller andre ting dei lurte på. Interessa for lokalhistorie er nok like stor i dag.

På spørsmålet om kva som er «hans» salme svarar Ola Sylfest:

- Det er to å velje mellom. Den eine er «Himmelske Fader», den andre er «Med Jesus vil eg fara». Valet fell på «Med Jesus vil eg fara», seier Ola Sylfest.

Salmar var ein del av skulekvardagen da han var ung. Da han gjekk på Nordberg skule vart skuledagen støtt avslutta med song, da måtte alle stå oppreist. Og det var fast takst med matvers. Songen som vart brukt, var «Gud signe maten på vår jord», fortel 75-åringen. Han har nok å sysle med, da han og kona Susanne driv med sau på småbruket sitt. Og torsdagane er han på biblioteket der han samen med ein fast stab registrerer gamle bilde. Eit sosialt og triveleg gjeremål, tykkjer Ola Sylfest.

AV ELIAS SPERSTAD

Ola Sylfest Brenna

This article is from: