3 minute read

Ny biskop Velkomen biskop Ole Kristian Bonden!

– Eg vil arbeide for kyrkjer og fellesskap som er opne, og der folk kan føle seg frie å oppleve at dei høyrer til.

Det sa biskop Ole Kristian Bonden i takketala si til dei frammøtte etter at han vart vigsla som biskop i Hamar domkyrkje 29. januar 2023.

Advertisement

Innsettinga av Bonden skjedde i ei høgtideleg gudsteneste med fullsett domkyrkje, der H.M. Kong Harald deltok. Det gjorde også representantar frå Storting, Regjering og rettsvesen saman med inviterte gjester og folk flest.

Biskopen vår er oppteken av ei raus og open folkekyrkje der alle kan kjenne seg heime. – Vi skal bygge på dei gode tradisjonane vi har, der mange menneske, både tilsette og frivillige, gjer ein innsats for kyrkja si kvar dag, seier han.

Han ønskjer også at kyrkja skal bidra til håp i ei verd prega av krig. – Eg trur kyrkja betyr mye for folk, og det er mange utfordringar vi slit med både på det personlege plan, men også i verda i dag. Da treng vi ein stad å ta vare på draumane våre om håp, om at det umoglege kanskje kan skje, at vi saman arbeider for både håp og kjærleik, seier han.

Han trekker fram dei to forgjengarane sine, Rosemarie Köhn og Solveig Fiske, som førebilete og store inspiratorar. Dei var tydelege på at «Inga tru er for lita» og at «Gud gjer ikkje forskjell på folk». Dette er verdiar han sjølv ønskjer å vidareføre.

Vigslingsgudstenesta ga eit godt bilete av dette. Her var det barnekor saman med domkoret, tekstlesing med representantar frå ungdomsråd, samisk utval og det nordiske bispekollegiet, og også dans som ein del av seremonien. Ole Kristian Bonden vil ha gudstenester der fleire kan kjenne att livet. – Dan er ein uttrykksform som kan formidle kjensler, stemningar og bodskap som ikkje alltid ord kan gjere seier han.

Han tar nå fatt på oppgåva med å leie kyrkja i Hamar bispedømme inn i framtidas utfordringar og moglegheiter:

– Som biskop i Hamar skal eg gå saman med dykk og bere korset som Kristi merke, som kyrkjas teikn i verda, som ei påminning om at ingen går einsleg. Eg vil arbeide for kyrkjer og fellesskap der vi kan finne openheit, fridom og tilhøyrsle.

Leir har vore eit stort sakn i konfirmasjonstida gjennom Corona-nedstengninga. I år opna dette endeleg opp att, og konfirmantane frå både Lom og Skjåk var påmeldt den store leiren på Lillehammer saman med om lag 800 andre, 2. helga i februar.

Turen gjekk fint med felles turbuss nedover til Haakons hall der vi vart teke godt i mot og innlosjert på sovesalar under tribunane. Om kvelden var det opningsseremoni i Lysgårdsbakkane med fakkeltog og tenning av det store fakkeltårnet frå OL. Deretter gjekk det slag i slag heile helga med ymse aktivitetar, felles måltid, undervisning og underhaldning frå scena.

Konfirmantane kunne sjølv ynskje kva dei ville delta på av aktivitetar som alpin, bob, aking, dans og kunst. Vi var heldige med været så det vart fine dagar ute.

Undervisningsopplegget er det HEKTA-systemet som står for og dette var fullt av musikk, sang, humor og refleksjonar. Her er også mange tidlegare konfirmantar med og formar innhaldet som leiarar. Eit fast innslag på desse samlingane var konkurransar mellom leiarane og årets konfirmantar og to av Skjåk-konfirmantane var deltakarar på eit av desse innslaga.

Dei måtte sjå seg slått i stabling av eskar med pinnar, men det sto ikkje på innsatsen.

Laurdag vart det også arrangert eit såkalla globalmarked der alle konfirmantgruppene hadde kvar sine opplegg dei kunne samle inn pengar gjennom. T.d. ved håndbakkonkurransar, snøbading, spåing, massasje o.s.b. Pengane som vart samla inn går til eit prosjekt som heiter ”Hånd i hånd Uganda” som bidreg med skulemateriell og helsehjelp til funksjonshemma born og ungdommar i Uganda. Eit flott tiltak der mange fantasifulle idear kom til syne. Sundag morgon var det gudsteneste der dei fleste av prestane som var til stades deltok. Dette var også ei oppleving utanom det vanlege for oss som er vande med langt mindre forhold.

Av attendemeldingane vi har fått frå konfirmantane tydar det på at dei var tilfreds med turen, og dei trekkjer særleg fram det å treffe jamaldringar frå andre plasser som positivt. Konfirmantane har også høve til å kome attende på leirar seinare for sjølve å vere friviljuge leiarar for nye konfirmantkull. Ei oppgåve mange veks mykje på og finn stor glede i. Vi i kyrkja må få takka dei som var med oss av foreldre og andre og bidro til at det vart ein vellukka tur, og ikkje minst berømme konfirmantane som var ein veldig triveleg gjeng å reise saman med.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

This article is from: