2 minute read

BrimiBue er i stadig utvikling: – Vi legg stein på stein

Next Article
Odd og ura

Odd og ura

BrimiBue i Lom vart etablert i 2017. I 2019 vart det hotelldrift i tillegg til restaurantdrifta – og nå er det lagt planar for enda eit utviklingssteg.

– Det handlar om å ta eit steg om gongen. BrimiBue vart etablert den 17. juni i 2017. Hotellromma i andre etasje stod ferdige den 19. juli i 2019. Eg hugsar datoane berre fordi dei er litt spesielle, ikkje fordi eg hugsar så godt, ler Tina Brimi, som saman med sambuaren Dan-Robin Leirvåg stortrivst som drivarar av BrimiBue.

– Vi har hatt ei bratt læringskurve sidan vi tok fatt på dette. Sjølv var eg berre 21 år og visste vel eigentleg ikkje kva eg gjekk til.

Men: Eg vil seia at vi har lykkast bra så langt. Vi har rundt 10 fast tilsette på heilårsbasis, og om sommaren er vi mellom 25 og 30 tilsette. Somme seier at turistnæringa berre har sesongtilsette, men det er nå ikkje heilt sant det da, smiler Tina.

Ho har håp om ein god sommarsesong og legg ikkje skjul på at det akkurat nå er ekstra travle dagar, før dei sommartilsette er på plass.

– Men vi trivst med dette. At det periode- vis er litt kaotisk høyrer liksom med i reiselivsnæringa, slår ho fast.

Hotelldrift har korkje Tina eller Dan-Robin drive med før, men det har gått fint. Målet, både for restauranten og hotellet, er at dei skal få fylt opp skuldersesongane i større grad i åra som kjem.

– Vi driv mykje med matkurshelger, tek imot bedriftsgrupper, vennegrupper, gebursdagsfeiringar og anna i skuldersesongane. Det gjer at vi må ha dyktige tilsette heile året, og derfor er vi òg påpasselege med å alltid ha lærlingar. Akkurat nå har vi to kokkelærlingar på huset, og i sommar tek vi inn ein servitørlæring. Det gler vi oss til!

Mange turistar som kjem til BrimiBue, i alle fall dei norske, er gjerne spesielt opptekne av maten. Det er kanskje ikkje så rart, for mange veit at Tina er dottera til Arne Brimi, og da stig sjølvsagt forventningane.

– Konseptet hjå oss er at vi kvar kveld serverer ein kveldsmeny, der folk kan bestille mellom tre og sju rettar. Dette gjer vi heile året. Om sommaren har vi i tillegg ein enkel lunsj på dagtid, og hotellgjestane får sjølvsagt frukost. Det som er viktig, uansett kva vi serverer, er at vi har identitet i det og at råvarene våre er lokalt forankra. Eg tykkjer det er artig at vi her i Lom, med berre 2.200 innbyggjarar, har så mange kafear og restaurantar. Vi treng alle saman! Vi ser ikkje på kvarandre som konkurrentar, men samarbeidspartnarar. Er det noko vi manglar her på BrimiBue, så kan vi berre «flyge rundt» hjå dei andre og spørja om dei kan hjelpe oss. Det skjer rett som det er, og hjelp får vi, rosar Tina.

Det er fyrst og fremst nordmenn som finn vegen til BrimiBue, og mange av dei kjem att sommar etter sommar og år etter år.

– Mange av dei skal gå i fjella her i Lom eller i områda rundt, eller dei skal til Vestlandet og Geiranger. Fellestrekket er gjerne at dei er glade i både fjella og god mat.

– Kan du seia litt om utviklingsplanane framover?

– Vi skal byggje på. Det blir ikkje noko stort påbygg, men målet er å få større kjøken, byggje ein kjellar med vinrom og i tillegg få til eit rom der vi kan ha lag som ynskjer å vera for seg sjølve, utan å sitja saman med andre gjestar. Eit slikt rom kan sjølvsagt nyttast til møterom òg, eller til feiring av ein sekstiårsdag eller kva som helst. I tillegg skal vi utvide spisesalen litt.

– Spennande?

– Jælma. Utvikling er det artigaste vi driv med, svarar Tina og Dan-Robin, som har tru på ein travel sommarsesong.

This article is from: