3 minute read

JUST IN CASE

Som om det ikkje er travelt nok å vera sin eigen arbeidsgjevar som skogsmaskinførar, har Ivar Garmo ei interesse som tek all tid, og litt til: Traktor. Med nær 30 traktorar på garden kan han nok ikkje lyge frå seg interessa. Nå er det kanskje på det beste litt upresist dette med traktor, for som Ivar sjølv seier det:

Advertisement

– Det må vera International da. Eller Case. Eller McCormick. Kjært barn har mange namn!

Det er ikkje berre ei interesse for sjølve traktorane Ivar har. Det handlar om å få traktorane i så god stand som mogleg. Dei snart 30 Internationalane han eig har alle vore plukka heilt frå kvarandre, restaurert, lakka og sett saman att! Det betyr mange timar i verkstaden, timar Ivar eigentleg ikkje har.

– Sjå på dette førarhuset, det vart introdusert i 1981, og var med heilt til 1997! Porsche var med og designa førarhuset forresten.

Ivar blir ivrig når han fortel om detaljane til traktorane sine. Den traktoren som får behandling i verkstaden akkurat nå er ein 1981-modell, med nettopp dette førarhuset. Det er ikkje kva som helst til traktormodell som får plass i samlinga hans. Helst må det vera sjeldan vare, eller noko som gjer at modellen er unik. International, eller Case om du vil, var tidleg ute med mykje rart. Trinnlause girkasser er eit av mange døme Ivar tek fram. Det er ingen tvil om anna enn at han er begeistra for International Case. tre heitJuni. barnet? tidsAtlanterNew 800 andre flyein motfor eit når sel det, han klar Kva

– Kvifor akkurat IH Case, Ivar?

– … Nei, det var nå det som var på garden når eg vaks opp, da! Ser du den Magnumen lengst til høgre der? Den kom på garden når eg var på skuletur til Bjørnsund. Når eg kom att, stod denne stastraktoren heime…ei fanstastisk kjensle!

Lett blanding

1. I kva for ein religion finn vi seremonien Bar mitzva?

2. Kva heiter hovudstaden i New Zealand?

3. På norsk kallar vi komikarduoen for «Helan og Halvan», men kva heiter dei eigentleg?

4. Kva for ein publikumssport er størst i Frankrike?

5. Kva var tittelen på Noregs bidrag til Eurovision Song Contest i 1995?

6. Han var kanskje mest kjent som filmkritikar, men stod òg bak regien på blant anna «Norske Byggeklosser» frå 1972. Kven snakkar vi om?

7. Kva for ein mann er tidenes mestscorande fotballspelar?

8. Kven sa «Ich bin ein Berliner» under sitt besøk i Vest-Tyskland?

9. Kva står forkortinga LGBTQ for?

10. Kan du eit anna namn på mjølkesukker?

VISSTE DU at.....

... Barbie sitt fulle namn er Barbara Millicent Roberts?

... Fiji består av 322 øyer?

... USA er 27 gongar større enn Noreg, men kystlina til Noreg er lengre?

... Fotballdommarar hadde ikkje fløyter før i 1878?

Før den tid hadde dei eit tørkle som dei veiva med.

... det å ta fly er den sikraste formen for transport i verda?

... Det fyrste britiske skipet som nokon gong brukte SOS-signalet var Titanic?

... Det fyrste colaskiltet som blei laga blei satt opp i 1894 i Catersville og heng framleis på same stad?

...Verdas minste stat var Sovereign Military Order of Malta. Staten låg i Roma og hadde rundt 80 innbyggjarar. SMOM vert ikkje lenger rekna som ein stat.

Fasit

Dyr

1. Kva for eit dyr blir kalla «Skogens konge»?

2. Og kva heiter løveungen som skal bli konge i filmen «Løvenes konge»?

3. Kva for eit dyr er Julius som bur i Dyreparken i Kristiansand?

4. Kva er verdas høgaste dyr?

5. Kva for eit gardsdyr har ofte namn som «Litago» og «Dagros»?

Din lokale rørlegger

I dagens samfunn er energi en dyrebar ressurs og effektive rørtekniske anlegg er avgjørende for å utnytte mest mulig av energien som tilføres et bygg.

GK leverer både små og store rørtekniske installasjoner innen sanitær, varme, sprinkler, kjøl og gass. Vi utfører oppdrag for både privat- og proffkunder, og vårt fokus er å levere rasjonelle og energieffektive løsninger på alle typer bygg – enten det er næringsbygg, offentlige bygg, industri eller privatboliger.

Vi er allsidig, tilgjengelig og best på service!

Kontakt GK i Vågå, tlf: 61 23 94 40 eller GK i Otta, tlf: 61 21 09 80

Skjåkutstillinga 2023

MÅLERI, AKVARELL, TEIKNING, KERAMIKK, TREARBEID, GLAS, TEKSTIL, SMYKKER, TRYKK

Opning

LAURDAG 1. JULI

KL 13.00. Buskspel med Oddbjørn Ramstad

Servering

This article is from: