1 minute read

Det ligg an til å bli ein knallsommar for Brimi fjellstugu - med fjellsuiter og familierom

Lene på plass i det største møte-/konferanserommet, som har plass til inntil 50 personar.

– Nå har vi ein overnattingskapasitet på 50 gjestar. Det er ikkje noko mål for oss å bli større enn det. Vi satsar på kvalitet framfor kvantitet.

Advertisement

Det seier Lene Brimi som saman med broren Harald driv Brimi fjellstugu i Lom. Brimi fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa. I synsranda glitrar Tesse, eit fjellvatn med aure av beste kvalitet.

Tre etasjar

Den fyrste fjellstugu var opphavleg eit gamalt ystehus frå Brimisetra som dei sette opp og som hadde ti sengeplassar. Opp gjennom åra har den familiedrivne fjellstugu utvida fleire gonger, og nå står dei midt i sluttspurten på deira ferskaste byggjeprosjekt: Eit tilbygg på mellom 500 og 600 kvadratmeter over tre fulle etasjar. Det var hektisk da Fjuken besøkte Brimi Fjellstugu på dagen to veker før tilbygget må stå ferdig. Fredag 30. juni er nemleg det fyrste gjestedøgnet bestilt. Da må alt vera klart. Den siste tida har om lag 15 personar vore i sving kvar einaste dag.

Nybygget husar eit stort møte-/konferanserom for inntil 50 personar, eit mindre møte-/konferanserom for inntil 20 personar, tre fjellsuitar og to familierom. Alle fem gjesteromma har eige bad - og spektakulær utsikt. Frå nybygget er det gang inn til hovudbygningen.

– Bakgrunnen for denne satsinga er for å møte framtida. Vi hadde eit ynskje om å vidareutvikle fjellstugu. Ikkje bli større, men rett og slett heve standarden her, seier Lene Brimi.

Saman med kollega Jeanette Villa har ho stått for alt det interiørmessige knytt til nybygget.

– Det er ekstra spennande å byggje noko heilt nytt, seier Lene og Jeanette.

Med dei fem nye romma har Brimi fjellstugu nå til saman 25 rom.

Brimi fjellstugu har fått pengar frå Innovasjon Norge for å byggje og utvikle tilbygget som nå er ferdig.

Lene Brimi fortel at det blir «ope hus» på fjellstugu sundag 2. juli. Da blir det høve til å sjå dei nye flotte gjesteromma, og møtefasilitetane.

Mange bestillingar

Lene Brimi og Jeanette Villa har stor tru på at det vil bli ein knallsommar for Brimi fjellstugu.

– Det ser utruleg lovande ut. Vi vaknar opp til nye bestillingar på e-post kvar dag, seier Lene.

For dei som ikkje har behov for overnatting, har Brimi fjellstugu elles ope kvar dag i heile sommar for kaffi- og matservering. – På dagtid kan ein kjøpe seg lønsj, medan det om kvelden blir servert 3- og 5-rettars middag. Dette må ein bestille på førehand, seier Lene Brimi.

TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no

Tilbygget er

500

This article is from: