2 minute read
Alt dette kan du gjera heilt gratis
Ikkje alle ynskjer å bruke mykje pengar på aktivitetar når dei er på ferie. Da er det fint at det finst mykje ein kan gjera og vera med på, som ikkje kostar ei einaste krone. Kommunane Skjåk, Lom og Vågå har mykje å by på av gratisaktivitetar.
Her gjev vi deg ei oversikt over ein del av aktivitetane i kommunane Skjåk, Lom og Vågå som er heilt gratis.
Advertisement
Vi tek atterhald om feil i oversikta, som altså er berre eit utval. Det finst også ei rekkje betalingsaktivitetar i alle kommunane i Ottadalen.
SKJÅK:
• Bading: Det er flotte badekulpar og fjellvatn overalt, mellom anna Bångråttjønn
• Turstigar etter merka turkart, og ulike naturstigar
• Fjellgeita: Turorientering for barnefamiliar, med 10 ulike turar
• Idrettsbana i Bismo: Friidrettsbane og fotballbane
• Sommarope bibliotek i Bismo
• Sykling: Ein kan utføre mange flotte sykkelturar på dei mange vegane i bygda
• Skateparken i Bismo
• Diskgolfbane på Moar
• «Skjåkutstillinga» på Galleri Mathilde i Bismo: Utstilling av kunstnarar som har tilknyting til Skjåk
• Fisking: Det er gratis å fiske i 200 fiskevatn for barn i Skjåk
• Sandvolleyballbane ved Dønfoss
• Geocaching: Orientering med GPS. Det er mange «cachar» i Skjåk
• Naturstig: Uppnose elgfangstanlegg ved Dønfoss
LOM:
• Fossheim Steinsenter: Utstilling, «gratistippen», vandring gjennom sentrum med meir
• Diskgolf på eiga bane i Bøverdalen
• Sommarope bibliotek med bokkafé
• Grilling i grillhytta på Skim, gjerne kombinert med fisking. Barn fiskar gratis
• Ein køyretur over den nasjonale turistvegen Sognefjellet, gjerne kombinert med ein sykkeltur innover Høydalen
• Bading ved Liabrua eller Tesse
• Norsk Fjellsenter (butikken og inn- gangspartiet er gratis, utstillinga er gratis for barn under 3 år)
• «Selfie-tur» til Kvilarsteinen og Lomseggen for ungar som er i god form, og ikkje har særleg høgdeskrekk
• Tur til bygdemuseet Presthaugen for å sjå på friluftsbygningane, leike ved dammen, og gå Rådyrtrakket eller Bordvassvegen
• Fugletårn ved Tesseosen
• Den nye leikeplassen på Nordal turistsenter
• Kulturstigen til Skutlan, med Kusletta som utkikkspunkt
• Lom idrettslag sitt nye flotte treningsanlegg i Grov
VÅGÅ:
• Dompe aktivitetspark i sentrum: Ballbane, leikeutstyr, diskgolf og gapahuk
• Hulderstigen i Sjodalen: Kultur- og naturstig i fin fjellskog, lett terreng som passerer elver og tjern
• Munch-vandring: Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i
Vågå. Total lengde 1,3 km. Ruta er godt merka, og byrjar i Vågå sentrum
• Moajordet Aktivitetspark i Vågå sentrum: Her er det ulike leikeapparat, sand- volleyballbane og skate- og sykkelpark
• Kalven Seter ved Lemonsjøen: Energikampaktivitetar for barn og unge
• Kvennberget på Lalm: Merka stig i fint skogsterreng
• Ulike merka ruter ut frå Vågå sentrum: Vanglandsrunda, Hølenrunda og andre
• Sykling: Fleire merka ruter
• Prestegardshagen i Ullinsvin: Restaurert historisk hage
• Fisking: Gratis fisking i Vågå for dei under 16 år
• Jutulheimen Bygdamuseum
• Rulleski- og idrettsbane på Lalm
• Diskgolfbane ved idrettsplassen på Lalm. Det er gratis utlån av utstyr til diskgolf på utstyrssentralen knytt til Vågå bibliotek i Vågå sentrum. Her er det også mykje anna utstyr til utlån, til dømes kanoar, friluftsutstyr og el-syklar. Utlån gjennom Vågå bibliotek sine opningstider
• Bading i ulike fjellvatn/elvar i Finndalen, Jønndalen, Flatningen, Vågåvatnet med fleire
• Tennisbane på Halland i Vågåmo med gratis utlån av utstyr
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no