Du har skrive leseinstruksjonar og førebudd teksten. No er det snart tid for å lese teksten høgt for ei større gruppe.
Framføre
Før du les teksten høgt Her får du nokre tips om ting du bør tenkje på før du framfører teksten.
ur de rin g
Kroppsspråk Korleis skal du stå eller sitje under høgtlesinga? Finn ei behageleg stilling der du kan lese høgt og tydeleg. Ta pustepausar i lesinga.
fo rv
Øv for deg sjølv Les teksten høgt for deg sjølv fleire gonger. Ein god måte å øve på er å gjere opptak av deg sjølv når du les. Lytt deretter til opptaket. Er det nokon stader i teksten der du ved å variere stemma kan forsterke enkeltelement? Varierer du dei ulike stemmene i dialogen? Skaper du ulikt tempo i teksten ved å variere forteljetempoet? Tenk også på stemmeleiet ditt. Snakk høgare eller lågare når det passar. Utnytt pausane mellom setningar og avsnitt.
ra g
Respons på høgtlesing
U
td
Når du har øvd eit par gonger på eiga hand, kan du lese teksten for ein medelev. Lytt også til medeleven din. Kor godt lykkast han eller ho med punkta nedanfor under høgtlesinga? • lese høgt og tydeleg •g jere lyttaren merksam og interessert • variere tempoet i lesinga • variere stemma •u tnytte orda og handlinga i teksten for å få fram ulike kjensler
Les teksten høgt No er det tid for å lese teksten høgt. Bruk responsen du har fått, som hjelp til å finjustere høgtlesinga endå meir. Lykke til!
16