AKTUELT
Satsar på skybasert forvaltning Skybasert forvaltning av geodata forenklar, effektiviserer kommunekvardagen og samlar fagekspertise i Nordhordland. Tekst: Hans Ove Kannenberg, Tommy Veland og Fredrik Karlsen, NHDIGI
I
Nordhordland har me lenge hatt stort fokus på samarbeid. For mange av oss ser me ikkje kommunegrensene lenger, berre eit stort samarbeid. Nokon har gjerne litt meir erfaring med planarbeid, andre litt spesiell kunnskap om eigedom osv. Nordhordland har samarbeid på fleire nivå der me jamt er samla og deler på erfaringar og kunnskap. Enkelte gongar et me til og med litt kake saman. Me kombinerer det beste frå alle og brukar informasjonen til å gjera regionen enno betre på tenester for innbyggjarane. Eit av disse områda er stadig auka bruk av skybasert forvaltning og visualisering av data. Me brukar Nordhordlandskart (www. nordhordlandskart.no) til dette. Me ser at det er stor muligheit til
å samlokalisera forvaltning, samla ressursar og gjenbruka data på ein effektiv måte i denne løysinga. I dag skal me fortelja litt om nokre av prosjekta me har oppretta og kva desse har gjort for oss. SvarUt sparar tid og arbeid I januar 2020 tok Alver kommune kontakt med Asplan Viak, vår leverandør av nettkart. Dei ville ha ein funksjon som kunne eksportera nabolister som var fiks ferdige til import i SvarUt. Bakgrunnen var erfaring bygd opp over nokre år. Kvar gong ein sakshandsamar hadde bruk for ei større naboliste til import i SvarUt, brukte dei mykje tid på dette. Geoavdelinga vart gjerne involvert for å få lista rett formatert. I den grad dette gjekk. Ingen av dei store
GIS-leverandørane hadde funksjon for å eksportera ei slik tilpassa liste. Adaptive vart løysinga enno ein gong. Brukarar som visste kva dei ville ha, lokal systemkompetanse og leverandør løyste behovet. I Nordhordland digitalt, for alle kommunane i samarbeidet med ein gong. Adaptive er eit rammeverk av komponentar som kan brukast på mange måtar. Funksjon for val av planomriss var allereie på plass. Denne tente som grunnlag for nabolista. I tillegg var det bruk for ein tilpassa rapport av lista. Lista ferdig formatert slik SvarUt må ha den. Det betyr at bruker slepp å bruka unødvendig tid på å rediger lista i etterkant. Denne funksjonen sparar spesielt mykje tid for saksbehandlarar som må forholda seg til mange partar.
Nordhordlandskartet, kan henda meir enn eit kart?
POSISJON NR. 2 - 2021
7