© Gyldendal Norsk Forlag AS – Gyldendal Barn & Ungdom, Oslo 2022 Omslagsdesign: Sunniva Sunde Krogseth Sats: Ingunn Eimhjellen Boka er sett med 14/20 Apercu Papir: 150 g Arctic Matt Trykk og innbinding: Print Best ÖU, Estland 2022 ISBN 978-82-05-56399-5 www.gyldendal.no Alle bøkene til Gyldendal er produserte i miljøsertifiserte trykkeri. Sjå www.gyldendal.no/miljo
Ingrid Z. Aanestad
Illustrert av Sunniva Sunde Krogseth
Ellinor og mor lagar sushi. Dei rullar ein rull av svartgrøn tang, fisk og ris som smakar søtt. Mor skjer rullen i skiver og legg på fat. Ellinor elskar å dyppa bitane i soyasaus og eta. Det smakar som å bada.
Ellinor har ikkje ei syster. Ellinor har ikkje ein bror.
Det er Ellinor og mor som bur i lag. På badet har dei hyller med skjel og fiskeskjelett og tørre sjøstjerner.
Etter middag blir det mørkt. Mor vaskar opp, og Ellinor ser ut. Det blir heilt svart mellom husa.
Ellinor er ikkje redd for mørket. Mørket er berre ein farge.
Ellinor får ikkje sova. Mor syng ein gammal song. Sov, du lilla videung, än så är det vinter. Er du lei deg i dag, spør Ellinor. Mor nikkar. Så trykker ho mjukt på nasen til Ellinor med peikefingeren. Men det er ikkje din jobb at eg skal bli glad. Nei, for eg er for liten til å ha ein jobb, seier Ellinor.
Det er berre mor og Ellinor som bur i lag. Dei lagar sushi og drikk kakao med chili og teiknar alt det dei liker. Mor er den vakraste Ellinor veit om. Men iblant blir mor lei seg og ligg på sofaen heile dagen. Kan Ellinor fortelja om det til andre? Eller er det ein hemmelegheit? Ei varm biletbok om samhald, sjøstjerner og ønsket om å gjera det rette.