\ \j\� liRiL VAL
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/4f9d48cf0735e17e62d3e7dde20a3b97.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/164fde0e2786c55752d29c61dd28ce03.jpeg)
2
På jorda finst det mange slags organismar. Dei er levande, akkurat som du og eg. Tenk på det mjuke graset du kan kjenne under føtene, den prikkete marihøna du ser på eit blad, og fuglen du høyrer syngje. Det er organismar me legg merke til fordi me kan ta på dei, sjå dei eller høyre dei. Enkelte gonger kan du kanskje berre lukte at ein organisme har vore der. Eit stinkande spor. Ein bæsj. Veldig mange organismar bæsjar.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/dd1a6a0e9de0c94272d5c2ab292be8e1.jpeg)
3
På jorda finst det òg organismar som er usynlege. Desse kan me slett ikkje sjå utan hjelpemiddel. Nokre av desse er bakteriar, og det er dei denne boka handlar om. Du har kanskje høyrt om bakteriar før? Men veit du kor dei lever? Og om dei bæsjar?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/c663fcd8a47e273489f4945820a4a6f5.jpeg)
4 For veldig lenge sidan fann nokre smarte menneske ut at det gjekk an å lage mikroskop. Det ein ser i eit mikroskop, blir veldig forstørra.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/fbb90e716aaa94a201cee74a05c29bf4.jpeg)
Då forskarar begynte å sjå på små saker i mikroskopet, dukka det opp noko rart. Det var rundingar, avlange stavar og spiralar overalt! Forskarar kunne plutseleg sjå ting som fram til då hadde vore usynlege for oss menneske. Kan du gjette kva det var?
5
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/42481963fe0093b69df66492ca1172f6.jpeg)
Det forskarane såg i mikroskopet, var bakteriar!
Dei granska undersida av eit blad. Bakteriar. Dei delte ein stein og undersøkte inni. Bakteriar. Dei såg inne i nasen på ei mus. Bakteriar. Dei studerte huda til ein knølkval. Bakteriar. Bakteriane fanst på alt forskarane hadde lagt under mikroskopet! Men langt under havbotnen, der kunne det vel ikkje vere bakteriar? KvaJo. med i lufta, då, trur du dei fann bakteriar der? Jo, der òg.
6
Forskarane sjekka ein vassdrope. Bakteriar.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/624cffd8a5a98642be5fb930ea39eb27.jpeg)
7
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/b304d9f0927b56d937a972a7e299f128.jpeg)
8
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/dbc0a356a9b0a4a25a1456c632fe2d37.jpeg)
9 Kva med oss menneske, då? Har vi bakteriar på oss? Forskarane undersøkte. Bakteriar! Både inni kroppen og utanpå. På kneet, i øyra, i blodet og i tarmen. I tiss og i bæsj.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/36921e2c1b313880811cd5d432f02997.jpeg)
10
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/be1965677473fc2947efefc78bdb9234.jpeg)
11 Så mange Forskaranebakteriar.kløddeseg i hovudet. Dei ville finne ut kva bakteriane gjer.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/0e2fb544138417be9f67d1b36cabeeb4.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826084131-52b00082f24504da323006de5bfc417a/v1/cf61175645e6a2b1a075872105ea7bd5.jpeg)