![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/0d5a9500d03d001954536c7ea1057d4f.jpeg)
Om plyndring og kapring i norske farvatn
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/7e904f43e56cf0ffb36ad32b9273bf35.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/1a9b200bbfe572852cd0cdc5da740df4.jpeg)
Innhald SjørøvartoktetForord som sette Bergen i brann Kongen som ville røva makta tilbake Biskopens mann og sjørøvar Nasjonalhelten som blei halshogd Sigla som kaper – dømd som sjørøvar Jakta på Nordsjøens skrekk Eit liv med tortur og dødsstraff Den store nordiske krigen Den siste kaperfarten Dei norske piratjegerane i Adenbukta Kjelder og vidare lesing RegisterTakk!66302316116434424651576265
Dei har levd på utsida av samfunnet, og ofte har dei hatt sine eigne reglar dei har levd etter. Felles for alle er at dei har vore røvarar. I staden for å jobba for løna si, har dei plyndra og stole frå andre menneske.4
Forord
Historiene om Kaptein Sabeltann i Dyreparken i Kristiansand og Jack Sparrow i «Pirates of the Carribean»-filmane er fulle av gull og tull, og begge desse kjende sjørøvarkapteinane har noko litt komisk over seg. Det er kanskje ikkje så rart sidan dei er fantasifigurar som nokon har laga for å underhalda. Akkurat som Kaptein Sorte Bill, som Thorbjørn Egner har skrive om, eller Kaptein Krok frå historia om Peter Pan og ein heil del andre kjende sjørøvarar. Men under overflata skjuler det seg eit djupt alvor. For piratar og sjørøvarar har verkeleg eksistert og er ikkje noko folk har funne på berre for å ha noko spennande å fortelja om. I tusenvis av år har lovlause menn (og nokre kvinner òg) gjort alle verdas havområde utrygge for vanlege sjøfolk.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/e9db0c6aa6f15e6347c99f3402481656.jpeg)
Dei mest populære forteljingane handlar som regel om piratane i Karibia eller er i alle fall inspirert av piratane som herja på den andre sida av Atlanterhavet. Men me treng slettes ikkje å reisa over havet for å finna spennande forteljingar om piratar og offera deira. Difor trong heller ikkje folka som jakta på piratane, alltid å reisa så langt. Faktisk er det ganske mykje sjørøvarhistorie frå Noreg og havområda rundt oss.
Desse historiene handlar om kapringar og plyndring, om kongar og dronningar og om store flokkar med piratar som sette byar i brann på jakt etter verdisaker. Og det er mange som døyr. Dei blir kasta på sjøen, halshogde eller hengde.Fordei verkelege sjørøvarane var verken komiske eller fantasifigurar. Dei var brutale menn og kvinner som kjempa heilt ekte kampar, med livet som innsats. 5
Sjørøvarane var ofte i harde kampar, og mange døydde eller fekk store skadar. Dei kunne mista både hender og bein. Difor er det ikkje så rart at piratane i bøker og filmar har trefot eller ein krok der handa skulle ha vore – eller lapp over auga. For sjørøvarane som levde av å slåst, var faren for å bli alvorleg skadd ein del av kvardagen. Og det var ikkje nødvendigvis berre dumt. Dess skumlare sjørøvarane såg ut, dess større sjanse var det for at sjømennene som blei angripne, gav seg utan kamp. Difor gjorde sjørøvarane alt dei kunne for både å sjå og høyrast ut så skremmande som mogleg.
Ein aprildag i 1393 siglar 18 skip med fleire hundre kampklare sjørøvarar inn mot Bergen. Dei har reist frå nord tyske hamnebyar. No er dei klare for plyndring og kamp i den norske handelsbyen i vest.
6
I Bergen er det store verdiar og varer som lett kan fraktast vekk. Her skal dei fylle skipa med saltmat, søtmat, pengar og gull før dei reiser igjen.
Sjørøvartoktet som sette Bergen i brann
Det første dei gjer, er å senda melding inn til borgarane i byen med krav om at dei skal overgje seg. Men det kjem
Aller helst vil sjørøvarane unngå kamp. Viss dei klarer å skremma folka i Bergen til å legga ned våpena, treng heller ikkje sjørøvarane å risikera livet. Det gjeld å vera så skremmande og så mange at ingen tør å ta opp kampen.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/e13065426bfe57bd7dcc7cc841ad14c2.jpeg)
I åtte dagar slåst sjørøvarane mot folket i byen og soldatane frå festningen på Holmen. Lyden av skarpe våpen som blir slått mot kvarandre, fyller byen. I gatene ligg lik av både byfolk og sjørøvarar. Blodet flyt, og lukta av død spreier seg rundt hushjørna.
Til slutt er det sjørøvarane som vinn. Innbyggjarane i Bergen må gje tapt. Sjørøvarane er for mange – og for sterke. Dei fyller skipa med tørrfisk og andre kostbare varer. Det dei ikkje får plass til i skipa, kastar dei i sjøen. Før dei reiser igjen, set sjørøvarane fyr på meir enn 20 hus som er viktige for handelen i byen. Så siglar dei av garde og etterlèt seg ein by ribba for verdiar. Igjen ligg òg ein av leiarane deira, sjørøvaren Mekinburg. Han blir gravlagt under Olavskyrkja, den som i dag blir kalla Bergen domkyrkje.
Eit stykke utanfor byen, på Nordnes, går sjørøvarane i land. Med alt dei har av våpen gjer dei seg klare til å angripa og kjem seg inn til Vågsbunnen. Der startar kampen.
Resten av dei døde sjørøvarane blir kasta på sjøen. Det høyrest kanskje rart ut, men desse sjørøvarane som herja i Bergen, var i utgangspunktet på jobb for kongen i Sverige. På slutten av 1300-talet blei svenske kong Albrekt utfordra av dronning Margrete. Ho hadde makta i Noreg og Danmark, men ønskte seg Sverige òg. Sjølv etter at svenskekongen var tatt til fange og plassert i eit av slotta til dronning Margrete i Skåne, heldt kampen fram. Kong
7 visst ikkje på tale. Bergensarane nektar å gje seg utan kamp.
Dei frakta mat til Albrekt sine folk i Stockholm, slik at dei kunne fortsetja kampen mot Margrete. Men det var ikkje det einaste dei gjorde. Dei fekk òg lov til å kapra danske og norske skip. Alt handla om å styrka den svenske kongen i kampen mot dronning Margrete.
Medan kong Albrekt sat fanga hos dronning Margrete, danna det seg eit slags brorskap mellom sjømennene som sigla til og frå Stockholm med mat. Dei kalla seg Vitaliebrørne, og dei laga sine eigne reglar. Ein av dei viktigaste reglane var at dei skulle dela byttet frå tokta likt mellom seg. Mange hadde vore fattige heile livet. For desse må det ha vore ei etterlengta kjensle av rettferd i at alt blei delt likt.
8
Men Vitaliebrørne hadde ingen planar om å gje seg. No hadde dei slått seg ned på øya Gotland i Austersjøen, og der heldt dei til når dei ikkje var ute og plyndra langs kysten av heile Nord-Europa og oppover mot Russland.
Albrekt hadde nemleg mektige venner og fekk hjelp av kaperkapteinar frå nordtyske hamnebyar.
Men Vitaliebrørne laga ikkje berre sine eigne reglar. Dei slutta òg å følgja reglane som gjeld for kaperar. No var det ikkje lenger nok for dei å kapra norske og danske skip, i staden reiste dei langt av garde på reine plyndringstokt. Kaperane hadde blitt til vanlege sjørøvarar. I 1395, to år etter sjørøvartoktet til Bergen, blei Albrekt og Margrete einige om ein fredsavtale, og krigen tok slutt.
I kampen mot dronning Margrete hadde kong Albrekt og dei tyske vennene hans skapt ein røvarbande som dei ikkje visste korleis dei skulle bli kvitt. Heller ikkje i Bergen var historia om Vitaliebrørne ferdig. I 1428 blei byen igjen angripen av sjørøvarane. Det blei starten på eit tiår med fleire piratangrep mot byen, før Vitaliebrørne endeleg blei nedkjempa og forsvann ut av historia rundt 1440.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/4a6bf755e6d9499728c604acfbd3e7cb.jpeg)
SJØRØVAR, PIRAT, KAPER OG FRIBYTTAR Sjørøvarar var sjøfolk som levde av å plyndra andre skip. Dei levde på utsida av lova og blei rekna som kriminelle. Dei brukte vald for både å skremma og vinna over sjøfolka dei angreip. Pirat er eit anna ord for sjørøvar. Ein kaper var ein som plyndra skip, og som hadde løyve til det frå ein som styrte i eit land. Dette var det strenge reglar for, og kaperane sin jobb var å plyndra fiendane sine skip i krig. Ordet fribyttar blei ofte brukt om sjøfolk som dreiv ulovleg handel, men utan den valden som sjørøvarane brukte. Det kunne vera folk som dreiv med kvalfangst utan løyve frå kongen, eller handels menn som sigla utan godkjenning. Mange blei omtalt som sjørøvar og fribyttar fordi dei gjorde begge delar – men òg fordi orda blei brukt litt om kvarandre.
Gotland var ikkje berre basen til Vitaliebrørne. I 1436 flytta sjølvaste kongen av Noreg, Danmark og Sverige til øya. Kong Erik av Pommern, som arva trona etter dronning Margrete, hadde då vore i konflikt i mange år og hadde mista mykje av makta si. No begynte han å senda ut kaperskip for å plyndra sjøfolk frå sine eigne land. Me kan seia at han eigentleg var blitt ein sjørøvarleiar. Etter nokre år blei han avsett som konge i alle dei tre landa. Han som då overtok som konge etter Erik i Sverige, hadde fått nok av herjingane. Erik blei jaga vekk frå Gotland. Han rømde til Pommern, heilt nord i dagens Tyskland. Der budde han resten av livet.
PIRATREIRET GOTLAND
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/35ec1da8b3e7c8331630ad5b3830646d.jpeg)
11
Det er november i året 1526. Tre tyske handelsskip er på veg med varer frå Bergen til Lübeck, og sidan dei uansett skal same vegen, har kapteinane på skipa bestemt seg for å sigla saman. Rett før dei når kysten av Danmark, bryt uvêret laus. I dei høge bølgene mister skipa kontakten med kvarandre og blir liggande i Skagerak i fire dagar før dei finn kvarandre igjen. Dei bestemmer seg for å sigla tilbake mot norskekysten. Der søker dei ly utanfor Mandal. På veg inn mot hamn får dei auga på eit skip med tre master som ligg ankra opp. Kan det vera eit sjørøvarskip?
Kongen som ville røva makta tilbake
Området er kjent for å vera skjulestad for sjørøvarar, og folk har lenge snakka om at ein kaptein som heiter Martin Pechlin, har herja i desse farvatna.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/8d43929db1f4af655bf93e78385c2186.jpeg)
På sjørøvarskipet står Martin Pechlin med eit sverd og roper ut ordrar til mannskapet. Plutseleg læt det eit kraftig smell. Geværkula treffer Pechlin midt i panna, og sjørøvar kapteinen døyr momentant.
12 Folk frå eit av dei tyske skipa blir rodd i land for å prøva å finna ut om det er fare på ferde, eller om det berre er eit handelsskip som har ankra opp. Ganske snart får dei mistanken stadfesta. Skipet er fullt av sjørøvarar. Det blir ein kamp på liv og død, der mannskapet på dei tyske skipa raskt får overtaket. Sjørøvarane, som er vande til både å vera i overtal og å vera dei som går til angrep, må no forsvara seg. Martin Pechlin og resten av mannskapet har kasta seg rundt for å ta opp kampen, men til liten nytte. Sjørøvarskipet blir liggande i ein uheldig vinkel, og i staden for å sikta seg inn mot fiendane i dei tyske skipa, peiker kanonane i heilt feil retning.
Og no blir Pechlins menn angripne frå alle kantar. Medan tyskarane på dekk fyrer laus med geværa sine, har dei også folk oppe i mastene som kastar stein ned på sjørøvarane. Samtidig prøver dei å dra skipa inntil kvarandre så dei kan fortsetja kampen om bord i piratskipet.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/91db5179532340be077bb62d8ef1d2d5.jpeg)
Medan resten av sjørøvarane ser kapteinen sin gå i bakken, bryt jubelen laus hos mannskapet på dei tyske skipa. Men sjølv om sjefen er død, kan ikkje sjørøvarane gje seg. Ikkje no. For denne kampen har berre to moglege utfall, og det veit dei godt. Klarer dei ikkje å snu kampen, ventar den sikre død for heile gjengen på sjørøvarskipet.
Det er likevel ingenting mot tapa på sjørøvarskipet, der både kapteinen og det aller meste av det 80 mann store mannskapet er skotne eller kasta på sjøen. Etter å ha ribba sjørøvarskipet for verdiar, set tyskarane fyr på skipet og lèt det brenna ned. Nokre få av mannskapet til Martin Pechlin klarer å rømma. Ni av dei blir seinare tatt i Varberg, eit stykke sør for Göteborg i Sverige. Av desse blir åtte halshogde. Den niande får oppgåva som bøddel. Akkurat som då Vitaliebrørne herja i Bergen, var det kamp om kongemakta som førte til at det blei fleire sjørøvarar langs norskekysten på 1500-talet. På denne tida regjerte 13
Og det er ikkje berre på handelsskipa det er folk som kan sikta godt. Heilt framme på sjørøvarskipet står det ein mann og fyrer laus mot fiendane. Han rekk å fella åtte mann og såra ein av dei tyske kapteinane i armen før han blirDåstoppa.kampen til slutt er over, har sjørøvarane klart å drepa ti av sjømennene på dei tre tyske handelsskipa. Tjue andre er skadde, men kjem seg igjen etter kvart.
Sidan han ikkje lenger hadde noka militær makt, 14
Christian 2. over Noreg, Sverige og Danmark. Han var ein av dei mest brutale kongane i si tid og heldt dei tre landa i eit jerngrep. Men måten han styrte på, førte òg til at han skaffa seg mektige fiendar. Til slutt måtte han gje tapt for onkelen sin, Frederik 1. Christian måtte rømma frå landet for å redda livet og hamna i byen Lier i dagens Belgia. Men han gav ikkje opp kampen. Sidan svogeren hans var den mektige keisaren av Tyskland, håpte Christian at han skulle få hjelp av han til å ta kongemakta tilbake. Men keisaren hadde nok med sine eigne kampar. Christian måtte difor finna andre måtar å kjempa mot onkelen på.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/32e16b5228cba90c18182e8d601e1db7.jpeg)
kunne han ikkje kriga på vanleg måte. I staden sende han sjømenn som Martin Pechlin og mannskapet hans ut på kapringstokt. Dei skulle ta skip og plyndra langs norskekysten.Problemetvar berre at han mangla eit kongedømme han kunne skriva ut kaperbreva frå. Dermed fall kaperane til Christian utanfor dei vanlege reglane for kaperskip og var ikkje anna enn lovlause sjørøvarar.
SJØRØVARANE TIL CHRISTIAN 2. Me veit korleis det gjekk med fleire av sjørøvarane til Christian 2. enn Martin Pechlin og mannskapet hans. Søren Norby hadde tidlegare gjort teneste i marinen, og heldt fram med å støtta Christian etter at han mista kongemakta. Frå basen sin på Gotland i aust plyndra og herja han i dei gamle rika til den avsette kongen. Ein annan pirat var Klaus Kniphof, som heldt til i Skottland. Han hadde fleire skip som han brukte til å plyndra langs norskekysten. Men akkurat som med Martin Pechlin, gjekk det ille med både Søren Norby og Klaus Kniphof òg. Norby måtte etter kvart rømma til Russland, der han blei sett i fengsel. Etter å ha komme laus nokre år seinare, gjekk han i teneste for den tyske keisaren, men blei drepen etter kort tid. Klaus Kniphof tapte eit sjøslag og blei halshogd i 1525.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/cba044b69b85cb8aaaf1a2d26a715883.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/220826082912-f23308592fd4f71912e862fcc0d9baa4/v1/5211acfd36c4daea433a33e268fdaa9f.jpeg)