Perspektiv 2. utg. NN

Page 1

Per Anders Madsen Hege Roaldset Ane Bjølgerud Hansen Eivind Sæther

Vg2 • Vg3 HISTORIE



in g

Per Anders Madsen Hege Roaldset Ane Bjølgerud Hansen

er

Eivind Sæther

rd

perspektiv

Ku

n

til

vu

HISTORIE Vg2·· Vg3

Oppgåvene i verket er utarbeidde av Karsten Korbøl, Andreas Bagås Lien og Martin Auke

Nynorsk


er

Perspektiv er ei fellesbok for historie Vg2 og Vg3. Verket er delt i tre delar. I tillegg har Perspektiv ein omfattande nettressurs.

Del 1: Framgangsmåtar

Del 2: Historie

Heilt til slutt står det forklaringar på dei viktigaste omgrepa du arbeider med i historiefaget, mellom anna dei som har å gjere med kjelder og kjeldekritikk.

rd

etter å ha arbeidd med det. I tillegg finst det tips til korleis du kan lære historie på ulike måtar. Slik kan du finne ut kva for metodar som passar best for deg.

vu

Denne delen gjer greie for fram­ gangsmåtar du kan bruke i arbeidet med faget. Du finn også ein gjennom­ gang av det ein ventar at du skal kunne

in g

Slik kan du bruke

kapittel i denne delen. For at det skal bli lettare for deg å hugse det du les, finn du ulike lese- og læringsstrategiar du

til

I del 2 tek vi for oss livet til menneska og samfunna deira, frå dei første sivilisa­ sjonane og fram til våre dagar. Det er 20

1: Innhaldsliste: Les lista for≈å få oversikt over kva kapittelet handlar om.

K A P I T T E L 11

kan nytte deg av undervegs i arbeidet. Under ser du ei oversikt over nokre av dei.

1 Slik såg det ut

Innhald:

Europa etter den første verdskrigen side 264 Kommunistane mot makta side 265 Fredshåp og tru på demokratiet side 270 Livet og kvardagen i Vest-Europa side 271 Krakket side 274 Fascistiske og nazistiske straumdrag side 276 1930-åra: ei fiendtleg verd side 280 Den spanske borgarkrigen side 282 Utanfor folkefellesskapet side 285

Europa 1919–1939

Til Polen (1919, Galicja 1921) P

ISLAND

Ved eit vegskilje 1919 –1939

2: Kollasj: Her ser du nokre viktige bilete frå kapittelet. Kvifor er dei valde, trur du?

Område som kom under ny stat

Reykjavik

Til Romania (1919) R Til Frankrike (1919) F Til Italia (1919) I

FINLAND NOREG

monarki

n

monarki

Tallinn

Stockholm

Oslo

Jugoslavia vart oppretta i 1918 av det tidlegare Serbia, Montenegro, Makedonia, Bosnia, Slovenia og Kroatia.

republikk

SVERIGE

Leningrad Helsinki

ESTLAND

Land som vart sjølvstendige: Finland, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tsjekkoslovakia, Irland.

rep.

Tida etter den første verdskrigen var prega av optimisme og tru på demokratiet. Internasjonalt samarbeid skulle sørgje for at det ikkje vart nye krigar. Fleire statar fekk demokratiske grunnlover. I mange land fekk arbeidarar og kvinner røysterett for første gong. Men optimismen skulle bli knust av ei økonomisk krise som ramma heile verda. Dei demokratiske løysingane vart utfordra av kommunismen i Sovjetunionen og seinare av fascistiske ideologiar i mellom anna Italia, Tyskland og Japan.

Ku

3: Slik såg det ut: Korleis såg verda ut i perioden du skal arbeide med?

LATVIA

IRLAND

monarki Nord-Slesvig

mon.

(diktatur frå 1933)

BELGIA

mon.

LUXEMBOURG Versailles

F Saar

Paris

AlsaceLorraine

FRANKRIKE

Weimar

P

Berlin

Wien

I

Kviterussland

POLEN

SOVJETUNIONEN rep.

republikk

TSJ Praha EKK OSLO VAK

rep. (diktatur I frå 1934)

rep.

Kaunas Wilna

Warszawa

AUSTERRIKE

republikk

rep.

Galicja

Ukraina P

IA Bessarabia

Budapest

UNGARN mon.

Beograd

RO

R

MA

R

NI A

mon.

Bucuresti

JUGOSLAVIA

PORTUGAL republikk (diktatur frå 1926) Lisboa

Aust-

(tysk)

München

F SVEITS

4: Dette har hendt: Oppsummering av periodane du har arbeidd med tidlegare.

rep.

Danzig Preussen

NEDER- TYSKLAND LAND republikk

London

rep. = republikk mon. = monarki

LITAUEN

København

STORBRITANNIA monarki

rep.

Riga

DANMARK

Dublin

ITALIA Madrid

Barcelona

Korsika

Roma

SPANIA republikk (diktatur frå 1938)

Gibraltar (britisk)

Sardinia

monarki

monarki (diktatur frå 1922) ALBANIA mon.

BULGARIA

Sofia

mon.

Istanbul

HELLAS monarki (diktatur frå 1936)

Ankara

TYRKIA rep.

Athen

Kypros (britisk)

Dette har hendt

2

I den første verdskrigen (1914–1918) vart store delar av verda trekte inn. Stormaktene Storbritannia, Frankrike, Russland og USA stod imot Tyskland og Austerrike-Ungarn. Tyskland og Austerrike-Ungarn tapte krigen. I Versaillestraktaten vart det bestemt at Tyskland måtte betale store krigserstatningar og ta på seg skulda for krigen. Tyskland fekk også forbod mot å drive militær opprusting. Austerrike-Ungarn gjekk i oppløysing. Den russiske revolusjonen tvinga Russland til å trekkje seg ut av krigen i 1917.

4

3


7 KINA

17º

THAILAND

VIETNAM

KAMBODSJA

6

1750

1800

1850

1900

1910

1920

1930

1940

1950

1960

1970

1980

1990

5: Kartutsnitt: Kartet viser korleis landet du les om, såg ut.

2021

Dødsmarkene i Vietnam

Hanoi LAOS

5

1700

K A P 15 Den kalde krigen

Saigon (Ho Chi Minh-byen)

Korleis kunne det gå til at amerikanarane måtte rømme ut av Vietnam? Les vidare, og noter medan du les, årsaker til at krigen enda på denne måten for amerikanarane.

Under den andre verdskrigen var Vietnam okkupert av Japan. Ei nasjonal frigjeringsrørsle kjempa mot okkupantane. Etter 1945 heldt krigen fram, no mot den gamle kolonimakta Frankrike, som gav opp kampen i 1954. Same året vart det halde ein stormaktskonferanse som førte til at Vietnam vart delt i to, ein nordleg og ein sørleg del. Delelina gjekk langs 17. breiddegrad. Vietnamesarane sjølve hadde knapt eit ord med i laget då landet vart delt. Kommunistpartiet under leiing av Ho Chi Minh hadde stått i spissen for den nasjonale frigjeringskampen heilt frå 1920-talet. Han vart president i staten som vart etablert i Nord-Vietnam etter sovjetisk mønster, Den demokratiske republikken Vietnam. I sør vart det oppretta ein annan stat, Republikken Vietnam, med den konservative katolikken og antikommunisten Ngo Dinh Diem som president. Mellom desse to regima var det kraftige spenningar. På slutten av 1950-talet braut det ut nye krigshandlingar. Gjennom nabolandet Laos sende Nord-Vietnam styrkar og forsyningar til ei kommunistisk undergrunnsrørsle i sør, FNL. Målet var å styrte Diem og samle Vietnam under éi nasjonal, kommunistisk regjering. Nokså snart braut kald-krig-mønsteret fram. Sovjetunionen, og særleg Kina, støtta Nord-Vietnam og FNL. USA svarte med å gi militær og økonomisk støtte til det vaklande Diem-regimet i Sør-Vietnam. Til å begynne med hadde amerikanarane berre nokre hundre militære rådgivarar i landet, men dei sende etter kvart eigne kampstyrkar. Då USA var sterkast med i kampen, mot slutten av 1968, var det nesten ein halv million amerikanske soldatar i Vietnam. USA prøvde å bombe Nord-Vietnam til å gi opp kampen. Det vart sleppt to til tre gonger så mange bomber over Vietnam som over heile Europa under den andre verdskrigen. USA var teknologisk fullstendig overlegen, men greidde ikkje å tvinge i kne ein motstandar som kjempa med høg kampmoral og effektiv geriljataktikk. Dei første åra slutta dei fleste amerikanarar opp om krigen. Men stemninga snudde i andre halvdelen av 1960-åra etter kvart som tapstala steig for USA, og stadig fleire innsåg at krigen ikkje lét seg vinne. Vietnamkrigen var den første TV-overførte krigen i verda. Fjernsynsbileta frå ei slagmark der den mektigaste krigsmakta i verda bomba eit fattig bondefolk i filler, gjorde sterkt inntrykk både i USA og andre vestlege land. Frå 1968 auka krigsmotstanden, med stadig fleire protestar og demonstrasjonar mot krigen, særleg på amerikanske universitet. Presidentane John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson hadde trappa opp krigføringa. Då Richard Nixon rykte inn i Det kvite huset i 1969, bestemte han seg for å «vietnamisere» krigen. Dei amerikanske styrkane skulle ut, men samtidig skulle USA gjere sørvietnamesiske regjeringsstyrkar i stand til å krige vidare på eiga hand. I 1973 vart det inngått våpenkvile mellom USA og Nord-Vietnam, men krigen heldt fram i to år til. I denne perioden var dei sørvietnamesiske styrkane på vikande front, trass i støtta frå USA. I 1975 fall Saigon, hovudstaden i Sør-Vietnam, og Vietnam vart samla. USA tapte den mest omfattande konflikten etter den andre verdskrigen. Korleis kunne supermakta ende opp i den hengjemyra Vietnamkrigen vart?

6: Undervegsoppgåver: Bli meir bevisst på det du les, ved å gjere oppgåver etter kvart. 7: Tidsline: Kva for ei tid blir omtala? Tidslina gir svar.

meinte amerikanarane. Dermed vart krigen knytt direkte til tankegangen frå den kalde krigen. Dersom ikkje USA stod opp mot kommunistisk aggresjon i Vietnam, ville kommunismen spreie seg til Thailand og andre land i Søraust-Asia. Dette var den såkalla dominoteorien: Dersom éi brikke fall, ville også andre land falle. Difor måtte USA halde fast ved oppdemmingspolitikken sin. Elles kunne det kome tilbakeslag andre stader, til og med i Europa. Frykt for å verke svak. Frykt for å verke svak spelte også inn. Dersom USA gav opp Sør-Vietnam, ville det undergrave USAs styrke og truverd. Prestisje. Frå ca. 1965 var USA sterkt involvert og hadde lagt mykje prestisje i Vietnam-politikken sin. Redsla for å miste ansikt gjorde det vanskeleg å snu. Nord-Vietnams kampvilje. Sett frå Hanoi var Vietnam ikkje to land, men eitt. Dei nordvietnamesiske leiarane rekna i alle år krigen som ein nasjonal frigjeringskrig, og difor var kampviljen så stor. Det stod heller ikkje ein samla kommunistblokk bak. Tvert imot auka motsetningane mellom Sovjetunionen og Kina utover på 1960- talet. Den hjelpa Moskva gav Nord-Vietnam, var bagatellmessig samanlikna med støtta USA gav Sør-Vietnam. Det at Nord-Vietnam sigra, kan ikkje forklarast med den hjelpa landet fekk utanfrå.

29. april 1975. Eit amerikansk helikopter evakuerer sivile frå den amerikanske ambassaden i Saigon timar før FNL invaderer byen.

362

8: Bilettekstar: Mange bilettekstar inneheld spørs­ mål. Bruk dei for å bli meir bevisst på kva bileta viser.

Det store spranget framover

363

Leiarane

«Det store spranget» i 1958– 1960 var ein kampanje for å auke produksjonen i industrien. Sentralt vart det sett ekstremt høge mål for kva Kina skulle produsere av mat og industrivarer. I praksis var det umogleg å nå måla, men «Det store spranget» vart sett i gang utan se­ riøs planlegging. Bønder vart drivne inn i fabrikkar, og det vart få igjen til å stelle jorda og hauste av­ lingane. Produksjon av ris, kveite og korn minka drastisk. Resultatet vart ein svoltkatastrofe utan side­ stykke. Det er ingen som veit kor mange menneske som svalt i hel. Barn ned i femårsalderen vart sette til å jage sporvar, rotter, mygg og fluger som skulle utryddast, og som i tillegg utløyste ein økologisk tragedie. Smelteomnane symboliserte «Det store spranget». Då Mao fekk sjå ein liten smelteomn som folk flest kunne handtere, tenkte han at det ville vere mogleg å nå dei gran­ diose måla for stålproduksjon med småskalaproduksjon. Bortimot ein million smelteomnar vart sette opp i bakgardane til folk og fôra med alt frå steikjepanner og kjelar til sakser og syklar, for å smelte det om til stål. Men stålet som kom ut av om­ nane, var ofte ubrukeleg. Mykje kol vart brukt opp, og folk gjekk laus på skogen for å få omnane til å brenne døgnet rundt. Trass i skepsis våga ikkje andre partitoppar å seie imot Mao for å få stoppa «Det store spranget». Eit heiderleg unntak var kommunist­ leiaren i Beijing, Peng Zhen. Han fall i unåde etter kritikken og vart fjerna av Mao. Etter at Mao var død, vart Peng Zhen innsett igjen.

rd

Maos Kina Mao (1893–1976), Zhou Enlai (1898–1976) og Zhu De (1886–1976) var leiarane etter revolusjonen. Mao var ideologen, Zhou Enlai diplomaten og Zhu De generalen.

Kollektivisering og nasjonalisering

Med den første kinesiske femårsplanen i 1953 vart jordbruket kollektivi­ sert og industrien nasjonalisert. Bønder som hadde fått jord rett etter revolu­ sjonen, måtte no gi henne frå seg igjen til staten. Både produksjon og forbruk vart kollektiviserte i store kommunar med gjennomsnittleg 5000 hushald. Ein kommune var ei produksjonseining i jordbruket eller industrien. Alle i kommunen skulle ete i lag i store kantiner.

«Maos vesle raude» «Maos vesle raude» inneheldt ei samling av Maos politiske tankar. Boka vart delt ut til alle medlemmer i kommunistpartiet. Under kulturrevolusjonen torde ingen å gå omkring utan boka og Maomerket, som var symbol for personkulten rundt Mao.

vu

9: I kvart kapittel får eitt tema eller eitt fenomen litt ekstra merksemd med eit eige oppslag.

8

Kulturrevolusjonen

Kulturrevolusjonen frå 1966 til 1976 var ein langvarig og ekstrem kampanje for å gjenopplive dei revolusjonære ideala. Ungdom, som vart kalla raudegardistar, skulle knuse alle former for tradisjonell elite: foreldre, lærarar, partitoppar og makthavarar. Fiendar av revolusjonen skulle reinskast ut, tradisjonell etikk og moral brytast ned. Omkring 17 millionar vart sende frå byane til omskolering på landsbygda. Ingen veit kor mange menneske som vart torturerte og drepne, og det var ikkje berre «vanlege» folk. Ein av dei drepne var Liu Shaoqi, kommunistleiar og tidlegare president. Den fjerde kona til Mao fekk ei viktig rolle som kulturambassadør. All musikk, kunst og litteratur skulle vere revolusjonær – utanlandsk kultur av alle slag var forbode. Den gamle kinesiske kulturen skulle også fjernast: 4922 av 6843 kulturhistoriske stader i Beijing vart øydelagde.

er

Dominoteorien. Washington rekna Nord-Vietnam og Sør-Vietnam som to land. Difor vart Nord-Vietnams militære infiltrasjon i sør oppfatta som ein invasjon. Bak denne aggresjonen stod dei kommunistiske stormaktene Sovjetunionen og Kina,

in g

16_23 HISTORIE

«La hundre blomstrar blomstre»

I kampanjen «La hundre blomstrar blomstre, la hundre skuleretningar kap­ past med kvarandre» i 1956–1957 opna partileiinga for kritikk av seg sjølv. Kampanjen vart etter kvart eit vonbrot for Mao, og han skrinla kampanjen. Deretter forfølgde han alle som bar fram kritikk. Mykje av Maos skepsis for professorar, kunstnarar og intellektuelle stamma herifrå, det kom tydeleg fram i denne parolen: «Betre å vere raud enn ekspert». Opposisjonen opplevde kampanjen som ei felle for å røykje ut motstandarar av regimet. Millionar vart fengsla.

«Kvinnene held halve himmelen» Frå gammalt av var jentebarn eit tapsprosjekt. Årsaka var at jenter flytta ut frå heimen når dei gifte seg, og slik vart arbeidskrafta på garden mindre. I tillegg måtte dei ha med medgift til den nye familien. Mao var tidleg oppteken av stillinga til kvinnene. Han sa: «Kvinnene held halve himmelen.» Etter revolusjonen vart kvinner likestilte med menn i ekteskapet, dei fekk rett til skilsmisse og eigedom, men kjønnsrollemønsteret var framleis tradisjonelt. Mange kvinner var med i den kommunistiske rørsla, men i realiteten var det få som fekk topp­posisjonar.

Klede Klede kan symbolisere nasjonalt samhald og revolusjonære ideal. Mao-dressen vart eit svært mykje brukt klesplagg i Maos Kina, særleg etter kulturrevolusjonen, då folk med vestlege klede vart angripne. Både menn og kvinner i alle aldrar bar dressen, som kunne vere grå, blå, svart eller grøn.

420

421

til

9

Oppslagsdel

Her finn du forslag til oppskrifter du kan følgje når du ­arbeider med sentrale ferdigheiter i historiefaget. Det finst kurs i desse emna: · Å arbeide med kjelder · Å stille spørsmål og formulere problemstillingar · Å forklare historiske hendingar · Å skrive ein artikkel i historiefaget

I oppslagsdelen finn du lese- og l­æringsstrategiar som du kan bruke i arbeidet ditt. I tillegg inneheld oppslags­ delen kompetansemåla frå læreplanen, og i tillegg stikkordregister og personregister.

Ku

n

Del 3: Kurs

I Perspektiv Skulestudio finn du i tillegg mange andre kurs.

Les meir om dei digitale ressursane til læremiddelet i Perspektiv Skulestudio.


Innhald

Fred, handel og stabilitet 46 Kvifor gjekk Romarriket i oppløysing? 47 Romarriket blir delt 47 Frå Golgata til Roma 48 Beundra – men ikkje alltid 49 Antikken som mote og inspirasjon 50

DEL 1: Framgangsmåtar 9

KAP 2 Mellomalderen i Europa 54

Kva ventar ein av deg i historiefaget? 10

Kva er mellomalderen? 56

Å gjere historie 10 Å kunne historie 10 Undervisninga 10 Vurdering 11

in g

Tre store kulturområde 57 Forfall i vest 57 To germanske rike 58 Tradisjonane levde vidare i aust 58

Korleis lærer du historie? 11

Det føydale systemet 59

Ver ein aktiv lesar 11 Enkle tips 11 Gjer stoffet til ditt eige 12 Hjelp til prøvar, innleveringar og eksamen 12

Samfunnet var delt inn i stender 59 Godset – meir enn ein stor gard 60 Korleis levde folk? 61

er

Folkeauke og teknologi endrar samfunnet 62

Kva tyder omgrepa? 12

Kva var årsak, og kva var verknad? 63 Vekst – og ny nedgang 63 Det kristne Europa 64

Årsak og verknad. Kausalitet 13 SPØKT 14 Brot og kontinuitet 14

Kva var korstoga? 66

Korleis såg huset ut då det var nytt? 16 Kjelder: Råmaterialet til historikaren 16

DEL 2: Historie 19 Jordbruksrevolusjonen 22

Først i Midtausten 23 Hardare liv, konsentrasjon av makt 23 Større skilnad mellom mann og kvinne 24 Vakre metall 24 Landet til faraoane 25

til

Hellas og Roma i antikken 26

n

Ein arv som betyr noko – men kva? 26 Ei ny samfunnsånd 27 Polis 28 Demokratiet i Athen 29 Steg for steg 30 Militærstaten Sparta 30 Samhald og splitting 31 Grekarane var stolte av kulturen sin 32 Mytar og gudar bant verda saman, men grekarane braut også med myteverda 33 Kvifor Hellas? 34 Leikane i Olympia 35

Ku

Byar, handel og handverk 68 Byar gav sterkare vekst 69 Marknader blir knytte saman 70

Statane blir til 70

Ei sterkare sentralmakt 71

vu

KAP 1 Sivilisasjonar blir til 20

Sett frå arabisk side 67 Ikkje berre religion 67

rd

Kjelder og kjeldekritikk 16

Romarriket – vekst og fall 35

Roma erobrar den italienske halvøya 36 Republikken 36 Sosiale motsetningar … 37 … og sosiale band 37 Ei stormakt blir til 38 Cæsars lagnadstunge val 40 Republikken blir sundriven 41 Keisardømmet 41 Kvardagslivet 41 Byggverk, innretningar og underhaldning 44

Keisar og pave – allianse og konkurranse 71

KAP 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg 76 Eit hierarkisk samfunn 78 Garden 78 Bygda og tinget 79 Høvdingane gav vern i bytte mot støtte og lojalitet 79

Vikingferdene 80 Kvar reiste dei? 80 Oppdagingsferder 81 Kvifor reiste dei? 81

Samane stig fram 82 Eit kongedømme blir til 83 Kva fekk vikingferdene å seie for samlinga av Noreg? 84


Frå mange gudar til berre éin 85

Renessansen 139

Religionen til kongane 86 Olav den heilage 86

Ei kulturell rørsle 139 Boktrykkjarkunsten endrar kultur og samfunn 141 Meir kunnskap, nye marknader 141 Å lære av det nye 142 Teknikk og vitskap blir føydde saman 142

Borgarkrig og stordomstid 88 Kvifor borgarkrig? 89 Kong Sverre: propagandist og geriljaleiar 89

Reformasjonen 143

Ein norsk stat blir til 90

Europa blir splitta 144

Meir makt heime og ute 90

in g

Eit nytt verdsbilete 145

Byar gjer samfunnet meir mangfaldig 92

Galilei og kampen med kyrkja 145

Ulike grupper i byane 92 Kven vakta moralen? 93

Nye land kjem opp 146

Pest, politikk og union 95 Eit utdøydd landskap 96 Inn i unionen 96 Ikkje berre ei nedgangstid 97

Motpolane Spania og Nederland 146 Kva hende i Nord-Amerika? 147

Kongane blir sterkare 148 Fire lange liner 149 Krigen styrkjer staten 150 Trettiårskrigen 151

er

Ein reiskap – for kven? 94 Seinmellomalderen – tap av sjølvstende og ny vekst 95

Manglar ved eineveldet 152

KAP 4 Store imperium og nomadefolk 102 Kulturelle impulsar 104 Religionsstiftar og politisk leiar 105 Religion og samfunn 105

KAP 6 Under dansk flagg 158

rd

Islam – ein ny verdsreligion 104

Stenderforsamling på sidelina 153 Utviklinga i England 154 Nye grupper var skeptiske til autoritetar 154

Reformasjonen – eit politisk drama 160 Kva vart følgjene? 160

Eit arabisk imperium 107

Brend på bål 161

Nye nettverk, ny vekst 164

Danskekongen gjer statskupp 166

vu

Økonomi og handel 107 Ulike epokar 108 Kalifen rådde over liv og død 109 Islam samlar og skil 109 Kulturen sigrar 110 Sinn som søkjer 112

Det osmanske imperiet 113 Midtriket 114

til

Han-dynastiet 114 Konfutse 115 Dynasti og maktkampar 115 To samfunnspilarar: embetsstand og familie 117 Store oppfinningar 118

Slektssamfunn i Afrika 120

n

Samfunn av storfamiliar 121 «Utan barn er du naken» 121 Lite kontakt 122 Etiopia – det kristne unntaksriket 122 Ghana og den viktige handelen 123 Storriket Mali 124 Bystatar på austkysten 125

Ku

KAP 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete 128 Ei sjøreise som forandra verda 130 Impulsar frå Portugal 131 Rett å dra vestover? 131 Ukjent land 132 Eit kontinent blir folkesett 133 Fleire slags erobringar 133 Nybyggjarar og erobrarar 134 Konkurranse mellom europearane 134 Eit rike går under 136

Handel, kapitalisme og statar 138

Kven vann, og kven tapte? 167 Bondesamfunnet får nok 168 Staten stadig ivrigare etter å styre 169 Fleire varer 171 Inspirasjon utanfrå – kritikk innanfrå 171

Framover mot 1814 172

KAP 7 Revolusjonar 176 Opplysningstid: Våg å vite! 178 Revolusjonen i Amerika 179 Røtene til sjølvstendeerklæringa 180 Amerikas sameinte statar (Sambandsstatane) 181

Revolusjonen i Frankrike 182 Dårleg økonomi og ugunstige privilegium 182 Stenderforsamlinga i Versailles 183 Slutten på det gamle regimet 183 Menneskerettar: utgangspunktet for ny styreform 184 Revolusjonen møter motstand 185 Monarkiet fell 186 Fridom, likskap og brorskap? 186 Revolusjonen – årsaker og verknader 186 Napoleon Bonaparte 188

Den industrielle revolusjonen 191 Bomullsbyen Manchester 191 Føresetnader for industrialiseringa 192 Sosiale følgjer av den industrielle revolusjonen 193 Nye tankar: ismane 194 Aukande nasjonalkjensle i Europa 197


KAP 8 Nasjonsbygging og vekst 202

KAP 11 Ved eit vegskilje 1919–1939 262 Krigen som måtte kome? 264

Historie ovanfrå: politisk utvikling 204

Kommunistane mot makta 265

Eidsvoll 1814 204 Bakgrunn: Noreg under napoleonskrigane 205 Korleis skal Noreg styrast? 206 Grunnlova 206 Ein ny union 207 Maktforholdet endrar seg 207

Russland før 1917 266 1917 – året med revolusjonar 266 Frå borgarkrig til Sovjetunionen 267 Stalins terror og paranoia 268 Tvang, svolt og femårsplan 268 Komintern 270

in g

Historie nedanfrå 211

Fredshåp og tru på demokratiet i 1920- og 1930-åra 270

Kven var nordmannen? 211 Folketalet aukar 212 Endringar i jordbruket 212 Industrialisering 213 Folk flyttar 213 Årsaker til utvandringa 216 Vegen til sjølvstende 218 Motkulturar 220 Ut av unionen 222 Eit sjølvstendig, demokratisk Noreg 223

Folkeforbundet og internasjonalt samarbeid 270

Livet og kvardagen i Vest-Europa 271 Uro for folketal og arvemateriale 273

Krakket – den økonomiske krisa som ramma heile verda 274

er

«New Deal»-politikken i USA 274

Fascistiske og nazistiske straumdrag 276

KAP 9 Kampen om verda, 1870–1914 228

Fascistane til makta i Italia 276 Mussolinis Italia 277

Den tyske Weimarrepublikken 1919–1933 278

Berlin, vinteren 1884–1985 230 Idégrunnlag: Sosialdarwinisme 231 Kva var årsakene til kappløpet? 231 Rivalisering mellom dei europeiske stormaktene 232 Økonomiske motiv 233 Sivilisering: den kvite manns byrde 234 Kva følgjer fekk kolonikappløpet for Europa? 235 Imperialismen i Asia 236

1930-åra: ei fiendtleg verd 280 Nazistane tek makta gjennom val 283 Kontrollen over livet til folk 285

KAP 10 Den første verdskrigen – den store katastrofen 242 Europa 1914 244

til

Utbrotet: skota i Sarajevo 245 Juli-krisa 245

Bakgrunn 246

n

Endringar i maktbalansen 246 Imperialisme 246 Maktkampar 246 Alliansar 247 Militarisering 247 Fredelege løysingar forkasta 247 Nasjonalisme og patriotisme 248

Gangen i krigen 248

Ku

Angrep i august 248 Vestfronten 249 Austfronten 250 Afrika og Midtausten 250 Blodige slag 251

Moderne krig 252

USA inn i og Russland ut av krigen 253 Sentralmaktene bryt saman 253 Dei som var der 254

Fredsslutninga i Versailles 256 Konsekvensar 257

Spanskesjuken 258

Utanfor folkefellesskapet 285

KAP 12 Frå sjølvstende til krig og kriser 290

vu

Afrikansk motstand 238

rd

Kolonitid 230

Mellom stormaktene 292 Orkesteret spelar 292 Etter 1905 292

Verdskrigen trengjer seg på 295 «Den nøytrale allierte» 296

Verknader av verdskrigen 296 Somme vart rike 298 Staten veks 298 Klassekamp 299 Eit radikalt Ap og antidemokratiske straumdrag 300 Revolusjonen som aldri kom 301 Økonomisk krise 303 Kamp om symbola 305 Borgarleg ekstremisme 305

Ei ny tid 306

KAP 13 Den andre verdskrigen 310 Europeisk storkrig 312 Bakgrunnen 312 Krigsutbrotet 313 Situasjonen i Norden 314 Blitskrig 315 Storbritannia står imot 316 Sentral-Europa og Balkan 317

Verdskrig 317 Austfronten 317 Krigen i Asia 318

Total krig 320 Rolla til kvinnene 320 Propaganda 321 Naziststyre 321


KAP 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom 386

Store slag 322

Holocaust 324 Før krigen 325 Under krigen 325 Auschwitz 326

Gjenreising 1945–1952 388 Politisk samling bak Arbeidarpartiet 389 Ny utanriks- og sikkerheitspolitikk 390 Kald krig i Noreg 391

Avslutninga 327 Det tredje riket fell 327 Avslutninga i Asia 328 Rettsoppgjeret 329

Dei gylne tiåra: 1950- og 1960-åra 392

in g

Urbanisering 392 Velferdsstat 393 Den nordiske modellen 393 Offentleg sektor 394 Forbrukarsamfunn 394 Harmoniske tiår? 395 1968 396 Ungdomsopprøret i Noreg 397

Konsekvensar 329 Falne under den andre verdskrigen 329 Teknologi og vitskap 330 Større oppslutning om nasjonalstaten 330 Internasjonalt samarbeid 330 Nye stormakter 330

1970-åra, protesttiåret 398

KAP 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer 334

er

EF-kampen 398 Kvinnesak 399 Miljøvern 400

Krigen i Noreg 336

Inn i oljealderen 402

Starten på det norske oljeeventyret 402 Mørke kapittel i oljehistoria 403

rd

Mindre styring, meir marknad 404 Høgrebølgja 404

Eit fleirkulturelt samfunn 405 Frå utvandrarland til innvandrarland 405

Oljerikdom 1990–2020 406 Høge krav 407 Noreg i verda 407

vu

Landet blir invadert 336 Radiokuppet 337 Nasjonal Samling 338 Terboven tek kontrollen 339 Sivil motstand 339 Militær motstand 340 Kvardagsliv under krigen 342 Den norske holocaust 344 Krigsfangane i Noreg 346 Freden kjem 348 Rettsoppgjeret 349

KAP 15 Den kalde krigen 354

KAP 17 Det moderne Kina 412

Kva var den kalde krigen? 356 Utviklinga i Europa 358

Eit mislykka besøk til draketrona 414 Ein sivilisasjon i krise 414

Frå samarbeid til mistru 358 Gjenoppbygging og marshallhjelp 358

til

Den kalde krigen blir global 359 Blodig oppgjer i Korea 360 Dødsmarkene i Vietnam 362

Då verda heldt pusten 365 Følgjene av Cubakrisa 366

Kald krig i Afrika 367

n

Kongo-krisa 367 Borgarkrigen i Angola 368

Det nye Vesten 369

Ku

Vekst og integrasjon i Vest-Europa 369 Opprør i Aust-Europa 372

Ei amerikanisert verd 374 Borgarrettsrørsla i USA 375

Den kalde krigen tek slutt 376 Berlinmuren fell og Sovjetunionen går i oppløysing 376

Tragedien Jugoslavia 380 Eit blodig sluttspel 381 Jugoslavia endra stemninga 381

Teoriar om den kalde krigen 382

Kina ca. 1800 415

Kina blir republikk 417 Politisk vekking 418 Verdskrig og borgarkrig 419

Den kommunistiske revolusjonen 419 Maos Kina 420

Ei ny supermakt? 422 Økonomisk liberalisering 422 Ikkje politisk liberalisering 422 Overvaking 423 Kina i verda 423

KAP 18 Avkolonisering og nye statar 426 Kvar er vi? 428 Den første fasen i avkoloniseringa 429 Frå kolonien Gullkysten til republikken Ghana 430 Nord-Afrika blir sjølvstendig 431 1960 – mirakelåret for afrikansk sjølvstende 431 Belgisk Kongo 431

Den andre fasen i avkoloniseringa: 1970-talet 433 Kvifor avkolonisering? 433 Den andre verdskrigen som utløysande faktor 433 Ein ny politisk verdsorden 434 Dei sameinte nasjonane 434


22. juli 2011 – eit norsk drama 484

Lågare lønnsemd 434 Fallande oppslutning i Europa om kolonisystemet 434 Panafrikanisme og felles afrikanske mål 435 Nasjonal politisk mobilisering 435

Korleis kunne det skje? 485

Kva no? 487 Lamma av pandemi 487 Globalisering og fragmentering 489 Eit Europa prega av motsetningar 490 Klima, energi og livsstil 491 Ei postamerikansk verd? 492 Nye land lyfter hovudet 494

Frå optimisme til pessimisme etter avkoloniseringa 436

in g

Landegrenser og folkegrupper 436 Autoritære styre erstattar skøyre demokrati 436 Økonomiske utfordringar 438

Det håplause kontinentet? 439 Folkemordet i Rwanda 439 Sør-Afrika – «den kvite manns land» 441

DEL 3: Kurs 497

Meir demokratisering 444

KAP 19 Midtausten 448 Situasjonen i Midtausten 450 Arabarane og stormaktene etter den første verdskrigen 450

Israel/Palestina 450 Kampen for ein jødisk stat 450 Israel blir oppretta, og det bryt ut krig 452 Ein felles arabisk nasjon? 454 Statskupp i Egypt 454 Suezkrisa i 1956 455

Israel og forholdet til arabarstatane 456

Iran og Irak 460

til

Iran: religiøs revolusjon 460 Krigen mellom Iran og Irak 461 Irak under Saddam Hussein 462 Golfkrigen 462 Lange liner 464

Lese- og læringsstrategiar 509 Register 512 Kompetansemåla i læreplanen 517 Biletliste 520

vu

Seksdagarskrigen i 1967 456 Yom Kippur-krigen og fredsavtalen 456 Palestinarane: livet som flyktningar og okkuperte 457 Yasir Arafat og Al-Fatah overtek PLO 458 Intifadaen og etableringa av Hamas 458

Oppslagsdel 510

rd

Egypt og forsøket på arabisk fellesskap 454

Å arbeide med kjelder 498 Å forklare historiske hendingar 500 Å stille spørsmål og formulere problemstillingar 503 Å skrive ein artikkel i historiefaget 505 Å tolke og bruke eit bilete 508

er

Det lovande kontinentet? 443

Fredsforsøk og ny vald 466

Oslo-prosessen – mogleg fred? 466 Oslo II: fredsprosessen går over ende 466 Den andre intifadaen og bygginga av «sikkerheitsmuren» 467 Palestinsk splitting og Gazakrigen 468

n

KAP 20 Mot ein ny verdsorden? 472 Kampen mot terror 474 Frykt som våpen 474 Krigen mot Taliban 475

Ku

Land i framgang 477

Kina seglar opp 477 Andre land 478 Frå to maktsentrum til eitt maktsentrum til …? 478

Nye kommunikasjonsformer 479 Då internett vart allemannseige 479

Den arabiske våren 480 Fyrstikken som tente den arabiske verda 480 Stolne revolusjonar 481 Krig i Syria 482 Kamp om innverknad 483


in g er rd vu

til

Framgangsmåtar Historisk metode er den framgangsmåten historikarane brukar

n

for å kome fram til kunnskap om fortida. Vi kan seie at metoden er verktøya vi brukar for å lage framstillingar av korleis samfunn

Ku

såg ut, og korleis menneske levde i tidlegare tider. I denne delen av verket skal vi undersøkje nærare kva som finst i denne verktøykassen.


DEL 1

F R A M G A N G S M ÅTA R

Kva ventar ein av deg i historiefaget?

rd

Å gjere historie

er

in g

Du som går på studieførebuande program, kjem til å ha historie i to år på i den ­vidaregåande skulen. I desse åra vil du arbeide med historiske hendingar frå eldre og nyare historie. Men kva skal du lære? For å få svar på det er det lurt å sjå på læreplanen. Det er inga felles historiebok som er pensum i skulen – heller ikkje boka du les i no. Det er kompetansemåla i læreplanen som fastset kva mål du og læraren skal ha for arbei­ det. Læreplanen er ei forskrift. Det vil seie at det er eit juridisk bindande dokument som skulen, læraren og eleven må halde seg til. Læreplanen inneheld fem kjerneelement: «Historiebevissthet», «Utforskende his­ torie og kildekritisk bevissthet», «Historisk empati, sammenhenger og perspektiver» og «Mennesker og samfunn i fortid, nåtid og framtid». Kompetansemåla for Vg2 og Vg3 er formulerte med utgangspunkt i desse kjerneelementa. Opplæringa i historie inneheld både kunnskapsmål og ferdigheitsmål. Kunnskapsmåla er knytte til ­bestemte historiske emne som du skal kunne fortelje eller formidle noko om. Ferdigheitsmåla handlar om det du skal kunne gjere. Historieforståing, historiebruk, kritisk tenking og korleis ein arbeider med historie i praksis, står sentralt.

til

vu

I historiefaget skal du lære å arbeide med faget i praksis. Det betyr ikkje at måtane å arbeide på er nyttige berre for dei som vil studere historie seinare. I historiefaget skal du lære metodar og kjeldebruk som er relevante i mange samanhengar, både i andre skulefag og i vaksenlivet. Vi møter store mengder informasjon kvar dag. Ikkje alt det vi les, er truverdig eller sant. Kjeldekritikk er viktig, og det er noko av det mest sentrale vi arbeider med i historiefaget. Etter at du har arbeidd med historie på vidaregåande, skal du kunne finne fram til ulike typar historisk materiale og kunne bruke det som kjelder. Læreplanen har fleire delmål som handlar om det. Du skal også ha utvikla forståing og kritisk sans for korleis ein skriv og formidlar historie i dag. Kvifor kan menneske oppfatte ­historiske hendingar så ulikt? Korleis blir historie henta fram og brukt i offisielle ­samanhengar, minnesmerke og minnedagar?

Å kunne historie

Ku

n

Gjennom historiefaget skal elevane utvikle innsikt i og oversikt over sentrale histo­ riske hendingar frå norsk og internasjonal historie. Dei fleste kompetansemåla er nokså vide og tek opp store spørsmål. Til dømes står det at elevane etter Vg3 skal kunne «utforske hvordan mennesker har arbeidet for myndiggjøring og frigjøring i norsk og samisk historie, og gjøre rede for hvordan de samtidig har bidratt til utvik­ lingen av demokratiet». Her må læraren – gjerne i samråd med elevane – bestemme seg for korleis dette læreplanmålet skal omsetjast i praktisk undervisning. Kompetansemåla gir altså rom for å tilpasse undervisninga til emne eller perspektiv som elevane er spesielt opptekne av.

10

Undervisninga Læreplanen inneheld ikkje føresegner for korleis dei skal arbeide med faget. Læraren har metodefridom. Det vil seie at undervisninga kan leggjast opp slik læra­ ren – i samråd med elevane – meiner er best, for at dei skal få god kompetanse i faget.


Kva ventar ein av deg i historiefaget?

Vurdering I historie får du standpunktkarakter etter å ha fullført Vg3. Det er ikkje skriftleg ­eksamen i faget, men du kan kome opp til munnleg eksamen. Eksamen omfattar heile faget, både læreplanmåla i eldre historie frå Vg2 og nyare historie frå Vg3. Opplegget for munnleg eksamen blir fastsett lokalt og kan difor variere. Les meir om dette i kurset i Perspektiv Skulestudio.

in g

Korleis lærer du historie?

Les meir om lesestrategiar på side 509

rd

er

Det finst sjølvsagt mange måtar å lære historie på. Du kan gå på museum, lese ­artiklar i avisene, sjå gode dokumentarar på TV eller snakke med besteforeldra dine om fortida og mange andre emne. Ein av dei beste måtane å lære historie på er ­likevel å følgje godt med i historietimane og stille gode spørsmål til læraren og medelevar. I tillegg til å lære av undervisninga er det å lese i læreboka kanskje ein av dei beste måtane å lære historie på. Det er fordi læreboka er skriven av forfattarar som veit kva det er venta at du skal kunne i faget etter Vg3. Forfattarane kjenner lære­ planen godt, og dei har tilpassa både språk og innhald til det du skal arbeide med.

Ver ein aktiv lesar

til

vu

Som vidaregåandeelev har du mange fag og mange bøker. Det å skulle lese og fordøye store tekstmengder er ofte både slitsamt og tidkrev­ jande. Du har kanskje opplevt å ha lese mange sider i ei lærebok, og likevel strevar du med å hugse det du har lese, og kanskje endå meir med å setje det inn i ein større samanheng? For å lære og forstå eit fagstoff er det viktig å vere ein aktiv lesar. I denne boka finn du mange råd og tips til korleis du kan lese aktivt, og dermed ha betre ­føresetnader for å lære.

Enkle tips

Ku

n

Kapitteloppslaga gir deg eit lite innblikk i det ­kapittelet handlar om, gjennom biletkollasj, kart, sentrale overskrifter og ei lita innleiing. Bruk gjerne litt tid på å reflektere over desse sidene før du tek til å lese. Kva trur du kapittelet handlar om? Stiller du deg dette spørsmålet før du ­begynner, festar det du les, seg mykje lettare i minnet. Sjølv om det beste sjølvsagt er å ha førebudd seg godt til timane, er ikkje det alltid ein realitet. Dersom du ikkje har tid til å lese leksa, er det eit tips å studere startsida i kapittelet og «Dette ka­ pittelet handla om»-boksen mot slutten av kapit­ telet i staden. Då har du i alle fall ei viss peiling på kva emnet de skal arbeide med, dreiar seg om, og du vil få langt større utbytte av timane.

11


F R A M G A N G S M ÅTA R

Gjer stoffet til ditt eige

Du blir ikkje god i historie berre av å lytte til ein lærar eller lese i ei bok. I faget er det meininga at du skal gjere deg opp dine eigne meiningar og tankar om korleis ein kan forstå historia. Du skal lære deg å tenkje kritisk, og du skal forstå at ein kan sjå historia på ulike måtar. For å lære historie er det difor heilt avgjerande at du meistrar dei ulike sjangrane som ein ventar at du presenterer kunnskapen og ferdigheitene dine gjennom. Historiefaget er ikkje berre eit fag om det som har hendt, men like mykje eit fag om korleis du forstår det og presenterer det. For verkeleg å lære historie må du altså heile tida øve på praktiske oppgåver, mellom anna ved å vurdere ulike kjelder. Slike oppgåver vil læraren din hjelpe deg med. I tillegg håpar vi at læreboka kan vere til hjelp. I Perspektiv Skulestudio finn du mange essay som er skrivne av fleire forfattarar. Desse tekstane har som mål å ­nyansere det biletet av historia som læreboka elles gir. Essaya gir deg eit utgangs­ punkt for å nyansere og drøfte ulike framstillingar i faget.

vu

rd

Les meir om Se oversikt over moglegheitene som boka gir, i «Slik kan du bruke ­Perspektiv» på side 2–3.

I kapitla finst det også mange små refleksjonsspørsmål. Dei er der fordi du ved å reflektere over det du les, har mykje større sjanse til både å hugse og forstå. Ikkje minst hjelper spørsmåla deg til å setje det du les, inn i ein forståeleg samanheng. Då lærer du både meir og betre. Oppgåvene og oppdraga i slutten av kvart kapittel inneheld forslag til korleis du på ein enkel måte kan skaffe deg oversikt over dei viktigaste utviklingstrekka i ­perioden. Slike øvingar medverkar til at du får god oversiktskunnskap, og til at du forstår meir av faget. Det er også eit tips å sjå på desse oppgåvene før du begynner arbeidet med kapittelet. På den måten veit du kva for problemstillingar som er sentrale.

in g

terminologi: nemning på ord, uttrykk og termar som er spesifikke for eit visst fagområde

er

DEL 1

Hjelp til prøver, innleveringar og eksamen

til

På side 497 finn du også ein del som vi har kalla «Kurs». Her får du rettleiing i å meistre dei ulike historiefaglege ferdigheitene. Ved å bruke desse kursa ofte, både når du arbeider med oppgåver i timane, før prøver og innleveringar og til munnleg eksamen, øver du deg litt etter litt til å bli betre i dei mest grunnleggjande ferdig­ heitene i faget. Slik kan du lære historie.

Ku

n

Perspektiv på nettet

Kva for omgrep kjenner du frå dei andre faga du har på ­skulen? Kva slags terminologi blir det brukt til dømes i samfunns­fag?

12

Perspektiv finst også i Perspektiv Skulestudio, og det gir mange andre moglegheiter til å lære meir i historiefaget. Det gjeld mellom anna dei mange filmane som summerer opp innhaldet i kapitla for deg.

Kva tyder omgrepa? Alle fagfelt har ord som er typiske for nettopp dette faget. Frå matematikken ­kjenner vi igjen ord som subtraksjon, geometri og kvadratrot, og frå norskfaget grammatikk, sjanger og sakprosa. Slike ord og uttrykk utgjer terminologien i faget. Historiefaget har sin eigen terminologi. Her skal vi sjå nærare på sentrale omgrep i historiefaget.


Kva ventar ein av deg i historiefaget?

Årsak og verknad. Kausalitet

in g

Ei historisk undersøking begynner gjerne med forsøk på å svare på dette spørsmå­ let: Kva var det som hende? Vi må beskrive den hendinga vi vil undersøkje, gjere greie for handlingsgangen og opplyse om sentrale deltakarar. Etter at vi har beskrive hendinga, kan vi prøve å forklare kvifor det hende, altså kva som var årsakene til hendinga. Vi må også vur­ dere konsekvensane av det som hende – kva verknader hendinga fekk. Historiske hendingar vurderer vi ikkje isolert, men som del av eit større bilete. Historiefaget går altså ut frå at det er ein samanheng mellom årsakene til og verknadene av ei histo­ risk hending. Det kallar vi kausalitet. Du kan lese meir om årsaksforklaringar i kurset på side 500.

Ku

n

til

vu

rd

er

Sjursøya i Oslo ca. år 1900 og 2000.

13


DEL 1

F R A M G A N G S M ÅTA R

S-P-Ø-K-T

S

in g

Historiefaget dreiar seg om fortidsmenneske og samfunnet deira. Svært ulike feno­ men, som demokratiet i Hellas, den industrielle revolusjonen, hekseforfølgingane og utvandringa til Amerika, er alle resultat av menneskelege handlingar i fortida. For å kunne handtere denne breidda deler vi faget inn i fem underkategoriar: sosiale, poli­ tiske, økonomiske, kulturelle og teknologiske forhold – kort sagt: SPØKT. Ved å sjå sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle og teknologiske forhold i samanheng får vi ei heilskapleg framstilling av fenomenet.

Sosiale forhold

P

Politiske forhold

er

Sosiale forhold dreiar seg om band mellom menneske. Det handlar om sosial lag­ deling i samfunnet, om familiemønster, ekteskap og forhold mellom kjønna. Spørsmål om forbruk, fritid og kvardagsliv kjem inn under sosiale forhold, på same måten som sjukdommar og buforhold. Sosialhistorie blir også kalla historie nedan­ frå, fordi det er folk flest som er i fokus.

rd

Den som studerer politiske forhold, er oppteken av kven som styrer samfunnet. Politisk historie dreiar seg altså om elitane i samfunnet, og er slik sett historie ovan­ frå. Det er ikkje berre politisk makt i eit samfunn som er interessant, men også for­ hold som landet har til andre statar. Krigføring og diplomati er dermed viktige tema i politisk historie.

Ø Økonomiske forhold

vu

Økonomiske forhold inkluderer det som har med pengar å gjere, til dømes bank­ verksemd, produksjon og distribusjon av varer. Næringsliv og organisering av ­arbeid reknar vi også med til økonomiske forhold.

K Kulturelle forhold

til

Det som har å gjere med tankar og meiningar hos menneske, kjem inn under ­kulturelle forhold. Dermed omfattar denne kategorien mentalitet, religion, ideologi og filosofi, utdanning og skriftspråk. Ritual og seremoniar er også kulturuttrykk, og det same er kunst, musikk og litteratur.

T

Måten menneske har løyst praktiske oppgåver på, til dømes navigasjon, bok­ trykking og oljeboring, seier noko om dei teknologiske forholda i samfunnet. Kva for reiskapar brukar ein til å dyrke jorda? Kva slags våpen vart nytta i krig? Reiskapane som menneska brukar, frå plogar til PC, dreiar seg om teknologi.

Ku

n

Korleis er det i Noreg i dag? Prøv å beskrive vår eiga tid med omgrepa SPØKT ved å formulere ei setning om kvart av forholda.

Teknologiske forhold

14

Brot og kontinuitet Alle samfunn endrar seg over tid. Trass i at vi reknar at det er ei samanhengande historisk utvikling, deler vi historia inn i skilde periodar. Slike historiske periodar kan fastsetjast med nøyaktige årstal. Til dømes er det vanleg å rekne at vikingtida be­ gynte i 793, då vikingar plyndra klosteret i Lindisfarne, og at ho tok slutt då Harald Hardråde fall i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Tilsvarande kan ein meine at seinmellomalderen i Noreg tok til i 1349, då svartedauden herja i landet. Reformasjonen i 1536/1937, då Noreg gjekk frå å vere katolsk til å bli protestantisk, markerer slutten på seinmellomalderen. Alternativt kan periodane avgrensast


til

vu

rd

er

in g

Kva ventar ein av deg i historiefaget?

Ku

n

mindre presist. Vikingtida kan i så fall definerast som hundreåra frå ca. 800 til ca. 1000, og norsk seinmellomalder frå ca. 1300 til ca. 1500. Korleis og på kva tidspunkt vi set skilje mellom to periodar, har samanheng med om det er eit brot, eller om det er kontinuitet i den historiske utviklinga. Dersom det skjer store endringar i samfunnet på kort tid, seier vi at det skjer eit brot. Meiner vi derimot at utviklinga i samfunnet går jamt og trutt, og ser tydeleg samanheng både med tida før og tida etterpå, snakkar vi om kontinuitet. Svaret på spørsmålet om brot eller kontinuitet er sjeldan innlysande. Det er jo ikkje slik at alle delar av samfunnet endrar seg samtidig. Til dømes blir det oftare regjerings­skifte enn religionsskifte. Difor vil svaret frå historikaren henge saman med om han eller ho er opptekne av sosiale, politiske, økonomiske eller kulturelle for­ hold. For ein som held på med politisk historie, er det enkelt og naturleg å setje eit skilje i norsk historie i 1536. Dette året mista Noreg sjølvstendet sitt og vart eit lyd­ rike under Danmark. For ein som studerer befolkningsutviklinga i Noreg etter ­svartedauden, vil ikkje dette årstalet innebere eit brot. Gjennom heile 1500-talet auka folketalet i Noreg. I eit slikt perspektiv er det altså tale om ei kontinuerleg ­utvikling gjennom mange tiår.

Berlinmuren fell – brot eller ­kontinuitet?

Finst det nokre brot i ditt eige liv?

15


DEL 1

F R A M G A N G S M ÅTA R

Kjelder og kjeldekritikk Korleis såg huset ut då det var nytt?

in g

er

Kva trur du kan brukast som kjelder for å finne ut meir om ­fortida? Kva for kjelder ville du brukt om du skulle finne ut ­korleis heimstaden din var i ­mellomalderen? Grunngi svara.

I historiefaget arbeider både du som elev og ein historikar med mange ulike kjelder, som blir nytta for å prøve å rekonstruere ei tid som har vore. Arbeidet kan saman­ liknast med arbeidet som ein byggmeister gjer for å byggje opp igjen eit gammalt byggverk. Ein god del byggjesteinar – men langt frå alle – er det teke vare på, men det finst inga rettleiing for korleis byggjeprosessen skal gå for seg, og heller ikkje teikningar av det originale byggverket. Med sin kjennskap til ulike byggjestilar og teknikkar vil byggmeisteren likevel vere i stand til å reise bygningen. Kombinasjonen av byggjesteinar, og dermed også det ferdige resultatet, er avhengig av tankane til byggmeisteren om korleis den opphavlege bygningen kan ha sett ut. Det gjenreiste byggverket vil altså ikkje vere ein eksakt kopi av det opphavlege, men ei tolking som byggmeisteren har gjort. Dermed er det sannsynleg at ein annan byggmeister, som har gått i lære ein annan stad, og som er ekspert på andre teknikkar og brukar andre bindemiddel, ville valt ei anna løysing.

Kjelder: råmaterialet til historikaren

Ku

rd

vu

n

til

Sjå for deg rommet ditt heime, alle kjeldene til livet ditt som finst der. Kva for nokre av desse kjeldene trur du ein historikar i år 2100 ville brukt for å finne ut noko om deg som person?

Kjeldene er råmaterialet til historikaren. På grunnlag av kjeldene søkjer historikaren å rekonstruere og forklare fortida. I utgangspunktet kan nesten kva som helst nyt­ tast som kjeldemateriale, til dømes fotografi, brev og e-postar, lovtekstar, bygnings­ ruinar, avisartiklar, noko besteforeldre fortel frå barndommen sin, myntar, stadnamn, måleri, testament, møtereferat og skulebøker. Kort sagt: Alle moglege spor og restar etter menneskeleg aktivitet kan fungere som historiske kjelder. Det avgjerande er om teksten eller gjenstanden kan gi svar på nokre av dei spørsmåla historikaren stiller. Ver merksam på at historikarane skil mellom litteratur og kjelder. Kjelder er spor frå fortida, og litteratur er historiske framstillingar.

16


Kva ventar ein av deg i historiefaget?

Vi kan dele dei historiske kjeldene inn i to hovudtypar. Den første er dei tause kjeldene. Det er gjenstandar som er skapte utan tanke på å for­ midle ein bodskap, til dømes bygningsrestar, klesdrakter og reiskapar. Den andre typen er dei talande kjeldene, altså tekstar, bilete og sym­ bolske uttrykk som har ein bodskap ut over seg sjølve. Konkrete døme er kongesogene, stortingsmeldingar, kyrkjemåleri og aviser. Munnlege kjelder høyrer også (sjølvsagt) med til dei talande kjeldene.

Leivning og forteljing

in g

To hovudtypar kjelder

blasfemi: guds­ spotting

Ku

n

til

vu

rd

er

I Monty Pythons film Life of Brian frå 1979 går handlinga for seg i Judea i år 33 e.Kr. Den unge jøden Brian kjempar mot at romarane har okkupert landet, men på grunn av motstandsarbeidet blir han etter­ søkt. Endå fleire vanskar føgjer når han blir forveksla med Jesus. Til slutt blir Brian arrestert og korsfesta. Denne filmen kan vi kalle ei forteljing om forholda i Israel på Jesu tid. Tid og stad i filmen er historisk nøyaktige, men framstillinga er mildt sagt upåliteleg. Som forteljing har filmen altså liten verdi. Dersom vi derimot utnyttar Life of Brian som leivning, som ei kjelde til tida då han vart produsert og vist på kino, er det mykje å hente. I januar 1980 av­ gjorde nemleg Statens filmkontroll at denne filmen ikkje kunne visast i Noreg på grunn av det blasfemiske innhaldet. Mot slutten av året fekk Life of Brian likevel noregspremiere, men ikkje heilt utan vidare. Filmen fekk 18-års aldersgrense, dei mest blasfemiske scenene vart ikkje tek­ sta på norsk, og ein ekstra tekst i innleiingsa opplyste kinopublikum­ met om at Brian ikkje var Jesus. Dersom vi er ute etter å få kunnskap om religiøsitet og moralske oppfatningar i det norske samfunnet rundt 1980, kan Life of Brian – brukt som leivning – vere ei nyttig kjelde. Desse to omgrepa, leivning og forteljing, er sentrale i historieskri­ vinga. Alle overleveringar frå fortida er leivningar frå ei viss tid og kan dermed brukast som kjelder til kunnskap om akkurat den tida. Nokre av dei talande kjeldene fortel om forhold før det tidspunktet då kjelda vart til. Slike kjelder kan vi bruke som forteljingar. Det er vanleg å forklare denne skilnaden ved å vise til Snorre Sturlasons konge­soger. Kongesogene vart nedskrive på Island på 1200-talet, men fortel om dei ­norske kongane frå vikingtida til slutten av 1100-talet. Brukt som leivning vil sogene kunne gi informasjon om Snorre Sturlason og den tida han levde i, til dømes om ­rådande haldningar og verdiar på Island på 1200-talet. Dersom vi brukar sogene som forteljing, er det innhaldet som er hovudsaka, og vi må altså (i alle fall til ein viss grad) stole på Snorres framstilling.

Talande kjelder: beskrivande (deskriptive) og rettleiande (normative) Vi skil mellom to typar talande kjelder: beskrivande (deskriptive) og rettleiande ­(normative). Dei beskrivande kjeldene dreiar seg gjerne om fortida, om det som har vore, men formålet med dei kan også ha vore å seie noko om framtida. Ein prognose for eit framtidig stortingsval er døme på ei slik framtidsretta kjelde. Rettleiande kjelder seier lite om korleis ting faktisk var, men seier korleis det burde ha vore. Døme på rettleiande kjelder er lover og reglar. Vi ser at somme for­ bod, som å drive handel utan løyve, vart gjentekne gong på gong i lovverket. Då er det fort gjort å konkludere med at folk sikkert heldt forbodet. Når lovgivaren var så

17


DEL 1

F R A M G A N G S M ÅTA R

nøye med å følgje det opp, måtte vel folk innrette seg etter det. Sannsynlegvis er den motsette konklusjonen rett: Dersom berre dei med løyve dreiv handel, hadde det ikkje vore nødvendig å stadig minne folk på forbodet. Ein annan type normativ kjelde er trafikkskilt. Sjølv om mange skilt langs motorvegane seier at 90 kilometer i timen er høgaste tillatne fart, er det vanleg at bilar køyrer fortare enn det.

Førstehandsforteljingar og andrehandsforteljingar

rd

er

in g

Du har sikkert ofte høyrt nyheiter om personar du kjenner, frå venner de har felles. Kanskje har du også opplevt at det vennen din, A, fortalde om dykkar felles venn, B, ikkje samsvarte heilt med det du seinare fekk høyre av B? I så fall fekk du stad­ festa at B, som altså er ei førstehandskjelde til sitt eige liv, hadde ei rettare framstil­ ling enn andrehandskjelda A, som formidla vidare informasjon frå førstehandskjelda. Denne erfaringa kan overførast til kjeldegranskinga. Ein historikar vil aller helst ha ei førstehandsforteljing, ei augevitneskildring, som grunnlag for undersøkingane sine. Dersom augevitneskildringa blir formidla vidare gjennom fleire ledd, vil informasjo­ nen sannsynlegvis endre seg undervegs. For å få kjennskap til Roald Amundsens ferd til Sørpolen er informasjon som kjem direkte frå Amundsen, meir verdifull enn det vi kan få vite gjennom personar som kjende han, men som ikkje sjølve var med på polferda. Samtidig må vi vere klar over at Amundsen kanskje ynskte at kommen­ tarane i dagboka skulle framstille han på ein spesiell måte. Difor er det betre å ha fleire kjelder enn berre éi førstehandsforteljing når det er mogleg.

Primærkjelder og sekundærkjelder

vu

Det kan vere vanskeleg å skilje omgrepsparet førstehandskjelde og andre­ handskjelde frå omgrepsparet primær- og sekundærkjelde. Ei primærkjelde er den kjelda vi har som er nærast det som hende. Det kan vere ei førstehandskjelde, men treng ikkje vere det. Andre kjelder, sekundærkjelder, byggjer på primærkjelda. Dersom primærkjelda blir øydelagd, rykkjer næraste sekundærkjelde opp og blir primærkjelde. Eit døme på det er dei norske lovene frå mellomalderen. Dei første lovene som handlar om kristendommen og kyrkja, vart sannsynlegvis vedtatt i 1024, men det eksisterer ingen skriftlege dokument med dette vedtaket. Dersom den første lova hadde vore skriftfesta og bevart, ville det vore primærkjelda til den tidlege kristendommens stilling og kyrkjas første tid i Noreg. Men det finst andre lo­ ver, landskapslovene, som er skrive ned seinare, og som inneheld føresegnene frå den første kristenretten. Landskapslovene er dermed våre primærkjelder i denne samanhengen.

n

til

Kategoriser desse kjeldene i forhold til om dei er tause, talande, førstehands- eller andrehandsforteljingar, og om dei kan brukast som leivning eller forteljing: ei dagbok, ein leikebil, ei avis, eit hus, ein biografi, ein dokumentarfilm, eit intervju og eit trafikkskilt.

Litteraturliste

Ku

Jim Cullen: Essaying the Past. How to Read, Write and Think about History, 2009 Terry Haydn mfl.: Learning to Teach history in the Secondary School. A Companion to School Experience, 2001 Knut Kjeldstadli: Fortida er ikke hva den en gang var, 1999 Bent Egaa Kristensen: Historisk metode, 2007 Erik Lund: Historiedidaktikk for klasserommet. En håndbok for studenter og lærere, 2003 John Tosh: Historisk teori och metod, 2000

18


in g er rd

vu

Historie

til

I denne delen av verket tek vi for oss livet til menneska og samfunna deira, frå dei første sivilisasjonane og heilt fram til våre dagar.

n

Eit mangfald av faktorar har forma livsvilkåra til menneska gjennom hundreåra: natur og teknologi, kultur, religion og kamp om prestisje, makt og ressursar.

Ku

Vi håpar at denne reisa har blitt noko langt anna enn eit langt handlingsreferat. Vi vil presentere tydelege perspektiv, peike på moglege samanhengar og lyfte fram teoriar, anten vi skriv om antikke imperium, føydalsamfunn i mellomalderen eller verdskrigar i det 20. hundreåret.

Det blir hevda at kjernen i historiefaget er behovet som mennesket har for å forstå seg sjølv. Nye kjelder, ny kunnskap og nye oppfatningar av kva som er viktig, vil tvinge fram nye oppfatningar av fortida og kanskje nye oppfatningar av oss sjølve. Historia ligg ikkje fast ein gong for alle. Ho må skrivast igjen og igjen.


KAPITTEL 1

Innhold:

in g

Jordbruksrevolusjonen side 22 Landet til faraoane side 25 Hellas og Roma i antikken side 26 Demokratiet i Athen side 29 Militærstaten Sparta side 30 Romarriket – vekst og fall side 35 Republikken side 36 Romarriket blir delt side 47 Frå Golgata til Roma side 48

er

Sivilisasjonar blir til

vu

rd

Livsforma endra seg då menneska begynte å dyrke plantar og halde husdyr. Menneska vart bufaste, dei skaffa seg meir mat og fekk fleire barn. Samfunna vart større, reiskapane vart fleire, og ein tok i bruk metall. Nye arbeidsoppgåver kom til, med heilt ny arbeidsdeling. Etter kvart voks det fram byar og statar, system for inndriving av skatt, skriftspråk og religionar med eige presteskap. Sivilisasjonar vart til.

Ku

n

til

Innføringa av jordbruket kallar vi ein revolusjon, ikkje fordi endringa kom brått, men fordi verknadene vart så store. Jordbruksrevolusjonen blir rekna som ei av dei største omveltingane i historia om menneskeætta, kanskje den aller største.


Slik såg det ut Dei første sivilisasjonane

Mesopotamia

Tidlege kinesiske kulturar Områda rundt elva Huang He. Ca. 2500 år f.Kr.

rd

er

in g

Området rundt elvane Eufrat og Tigris. Ca. 3500 år f.Kr.

Olmec-kulturen

Peru

Egypt

Området langs nordlege delen av Nilen. Ca. 3000 år f.Kr.

Ku

n

til

Norte Chico-sivilisasjonen Ca. 2000 år f.Kr.

vu

Mellom-Amerika Ca. 1400–400 år f.Kr.

Indus-kulturen

Området rundt elva Indus Ca. 2500 år f.Kr.

Dette har hendt Alle menneske levde i jeger- og samlarsamfunn fram til for ca. 12 000 år sidan. Desse samfunna var små, prega av likskap, og dei var utan skriftspråk. Menneska fiska der det var mogleg, jakta på dyr i nærleiken av buplassane sine og sanka det dei fann av mat – plantar, røter, nøtter og bær. Når det ikkje var meir å finne i nærleiken, måtte dei flytte på seg. Jaktmoglegheitene var truleg den viktigaste grunnen til at menneska braut opp frå gamle buplassar og litt etter litt spreidde seg utover jorda. Dei måtte dra dit viltet fanst. For få dyr å jakte på er sannsynlegvis også ein viktig grunn til at menneska begynte som jordbrukarar.


Kopar kjem i bruk

Ca. 3500 f.Kr.

Dei første sivilisasjonane veks fram i Mesopotamia

Ca. 3000– 1500 f.Kr

Sivilisasjonar utviklar seg rundt elvane Indus og Huang He, og i Mellom-Amerika og Peru

Ca. 2500 f.Kr

Kheopspyramiden i Egypt blir bygd

Ca. 1500 f.Kr

Jernproduksjon

776 f.Kr

Dei første olympiske leikane skal ha blitt haldne

Ca. 500 f.Kr

Roma får ei republikansk statsforfatning

400 f.Kr

Det athenske demokratiet er fullt utvikla

0

Under keisar Trajan er utstrekninga til Romarriket på det største

Ku

n

100

Julius Cæsar blir drepen i eit attentat som banar veg for keisardømmet

til

44 f.Kr

I dag er det over sju milliardar menneske på jorda. For 12 000 år sidan budde det ca. seks millionar menneske spreidd utover store delar av kloden. Seks millionar, berre ein halv million meir enn det bur i Noreg i dag, gjorde at det var altfor mange folk på jorda! Dei var i ferd med å sleppe opp for mat. Grensa for når det blir for mange på jorda, har flytta seg dramatisk. Klimaforhold, naturressursar og teknolo­ gisk nivå er avgjerande for evna som menneska har til å brødfø seg. Tidlegare trudde mange at jeger- og samlarfolk levde i perfekt balanse med na­ turen, at dei automatisk forstod korleis dei kunne ta vare på naturressursane, og korleis dei skulle halde oppe berekrafta i dei små samfunna dei levde i. Slik var det nok ikkje. Jakt på store landdyr, som mammut, hest, bøffel, hjort og kamel, har vore avgjerande for at menneska kunne overleve i forskjellige område. Dei store dyra gav mest mat, og det burde ikkje vere altfor vanskeleg å fange dei. Men slike dyr var det ikkje så mange av. I slutten av den siste istida var mange viktige artar borte i Europa og Amerika, i Afrika sannsynlegvis lenge før. Det kom både av klimaendringar og av at mennesket jakta på dei. Menneska måtte finne andre måtar å livnære seg på. Arkeologiske funn viser at mat frå sjø og hav for første gong vart viktig. Plantar vart utnytta meir enn tidlegare. Jordbruket vart innført gradvis. Menneska oppdaga at nye vekstar grodde betre der brannar hadde herja. Det kjem av at brende plantar raskt gir næringsstoff til jorda. Menneska begynte å svi av skogsområde, leggje frø i oska, reise vidare og kome tilbake seinare for å hauste avlinga. Etter kvart kunne dei bli buande ved eit slik felt i fleire år, til jorda var tømd for næring. Då drog dei vidare. Dette svibruket er den eldste forma for jordbruk. Det er gradvise overgangar, ikkje berre mellom jeger- og samlarsamfunnet og jordbrukssamfunnet, men også mellom det å leve som nomadar og det å bu fast på éin stad.

in g

Ca. 9500 f.Kr

Jordbruksrevolusjonen

er

Jordbruket oppstår i Midtausten

rd

Ca. 10 000 f.Kr

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

vu

HISTORIE

ca. 390

22

Kristendommen einaste tillatne religion i Romarriket

395

Romarriket blir delt

476

Roma blir erobra av gotarar, og Vestromerriket går i oppløysing

Mange kallar den arabiske våren i 2011 ein revolusjon. Kva legg du i ordet revolusjon? Passar jordbruksrevolusjonen inn i di oppfatning av kva ein revolusjon er?


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

02_03

Først i Midtausten

M is A Tigr AMI T PO

O ES Eu f

Middelhavet

ra

t

EGYPT

N il

in g

en

Jordbruk oppstod på forskjellige stader, uavhengig av kvarandre. Forskarane er ueinige om kor mange – somme seier to, somme fem, somme endå fleire. Vi kan vere sikre på at jordbruk oppstod i Midtausten rundt 10 000 år f.Kr. og i Amerika ca. 3000 år f.Kr. Det amerikanske jordbruket var basert på andre plantar og husdyr, og ber ingen spor etter påverknad frå jordbruk og husdyrhald i andre område. Sannsynlegvis har jordbruket oppstått også i Kina nesten like tidleg som i Midtausten. I Afrika sør for Sahara oppstod jordbruket ca. 2000 f.Kr. Det første kjende området med jordbruk, som vi kallar Den fruktbare halvmånen, strekkjer seg frå dagens Palestina til Iran. Sjå på kartet, så får du forklaringa på namnet. Dette området har eit klima med milde, våte vintrar og lange, varme og tørre somrar. Mange plantar i Den fruktbare halvmånen, både kornartar og belgfruk­ ter, har ein vekstsyklus som gjer dei lette å utnytte for menneske. Frå dette området har jordbruk og husdyrhald spreidd seg til Nord-Afrika, Europa og Asia. Det intensive vatningsjordbruket representerer det neste store utviklingssteget. Med det kom også nye samfunnsformer: byar, statar og sivilisasjonar. Dei første sivilisasjonane voks fram i Mesopotamia, «Landet mellom elvane», i dagens Irak ca. 3500 år f.Kr., i Egypt ca. 3000 år f.Kr. og i Indusdalen i dagens Pakistan, ca. 2500 år f.Kr. Nesten heilt frå første stund var det kontakt mellom desse sivilisasjonane, både sjøvegen og over land. I same tidsperioden voks det også fram ein sivilisasjon i Huang He-dalen i Kina. Dette området hadde ikkje kontakt med dei tre andre. Seinare utvikla det seg også sivilisasjonar i Mellom-Amerika og Vest-Afrika. Felles for dei første sivilisasjonane er at dei vart utvikla på grunnlag av vatnings­ jordbruk. I Mesopotamia, i elvedalane ved Eufrat og Tigris, laga folk kunstige vat­ ningsanlegg ved hjelp av kanalar som leidde vatnet ut på jorda. I Egypt brukte dei både kanalar og dike som heldt vatnet tilbake under dei årlege flaumane. Deretter opna dei dika, slik at vatnet fløymde ut over markene. Begge desse metodane auka matproduksjonen, men kunstig vatning skapte også problem. Salt frå djupare jordlag vart ført opp til overflata fordi nivået for grunnvatnet steig. Dermed vart dyrkingsjorda dårleg. Det gjorde vatningsjordbruket mindre berekraftig. Dette jordbruket kravde samarbeid og organisering på eit heilt anna nivå enn før. Byar med tempel og palass voks fram. Handverket vart spesialisert, og ein begynte å handle med område langt unna. Men kva kom eigentleg først? Krev det intensive vatningsjordbruket ei sterkare organisering og dermed ei slags statsdanning? Eller er det slik at ei statsdanning tvingar fram eit intensivt jordbruk for å skaffe mat til dei som arbeider for staten? Det er ikkje lett å seie. Også menneska som dreiv svibruk, kunne greidd å produsere meir mat enn dei trong sjølve. Likevel gjorde dei ikkje det. Difor kan det tenkjast at nokre menneske har greidd å få makt over andre, og at dei tvinga bøndene til å auke produksjonen og gi bort ein del som skatt. Men sikre kan vi ikkje vere. Årsaksforholdet treng heller ikkje ha vore det same i desse første sivilisasjonane. Det vi veit, er at intensivt ­vatningsjordbruk, statsdanningar og sivilisasjonar voks fram om lag samtidig, og at desse utviklingstrekka har samanheng med kvarandre.

Den fruktbare halvmånen.

Ku

n

til

vu

rd

er

Kapittelet heiter «Sivilisasjonar blir til». På side 20 ser du ein ­biletkollasj med bileta frå dette kapittelet. Sjå på biletkollasjen og skriv nokre stikkord om det du trur kapittelet handlar om.

Hardare liv, konsentrasjon av makt Framveksten av statar og sivilisasjonar innebar at samfunnet vart meir komplisert enn tidlegare. Men meir avanserte samfunn innebar ikkje at enkeltmennesket levde eit betre liv. Kanskje var det tvert imot.

Ein stat • har ei form for sentralmakt • er eit samfunn med elitegrupper • har ei sentralmakt som kan støtte seg på maktmiddel av ulike typar (vald, ideologi) • styrer etter lover og byråkratiske prinsipp Ein sivilisasjon • har stor geografisk utbreiing, har ein felles kultur og står ved lag over lang tid • er eit komplekst samfunn med arbeidsdeling og spesialisering • har intensiv matproduksjon • etablerer byar • har som regel eit skriftspråk

23


K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Bisonjakt i førhistorisk tid. Dette var ein av måtane dei kunne brødfø seg sjølve og familien sin på.

in g

vu

rd

Les meir om Dei geografiske aksane. Ved å studere arvemateriale frå ulike skapningar, plantar og dyr er det mogleg å finne ut korleis jordbruk og husdyrhald har spreidd seg. Les meir om det i Perspektiv Skulestudio.

Jegerar og samlarar hadde jamt over betre helse enn menneske som levde i meir avanserte jordbrukssamfunn, og dei levde lenger. Dei leid av færre smittsame sjukdommar, for med jordbruket kom dyrehald som overførte dyresjukdommar til menneske. Bufaste folk budde trongare og mindre reinsleg. Jegerar og samlarar flytte frå si eiga avføring og sitt eige søppel, mens jordbrukarane budde midt oppi det. Reint vatn vart vanskelegare å finne, sidan dyr og menneske forureina vatnet der dei budde. Dei aller fleste arbeidde meir enn før. Staten kravde inn skattar og avgifter. Bruk av plog og vatningsanlegg gav meir mat, men kravde også større arbeidsinnsats enn det gamle svibruket. Bufaste jordbrukssamfunn gjorde det mogleg for enkeltgrupper å sikre seg kon­ troll over vide landområde og over handel, til dømes med metall. Gravfunn viser at nokre få menneske fekk kostbare gåver med seg i døden. Skjeletta avslørar at dei var høgare og hadde betre kost enn andre menneske frå same perioden. Alt tyder på at jordbruksrevolusjonen gjorde dei sosiale skilnadene større. Gapet mellom ­fattig og rik voks.

er

HISTORIE

til

Større skilnad mellom mann og kvinne

Ku

n

Jordbruket førte også til at skilnadene mellom kjønna vart større. Det gjekk kortare tid mellom kvar barnefødsel, og kvinnene vart meir bundne til spedbarna enn ­tidlegare. Arbeidet til kvinna i og nær heimen vart ofte rekna som «innearbeid» og mindre verdt enn «utearbeidet» som mannen gjorde. Det var mogleg for enkeltpersonar å samle rikdom som dei kunne overføre til neste generasjon. Sidan det oftast var menn som hadde denne rikdommen, var det mennene som ynskte å overføre rikdommen til sine eigne barn – ikkje til barn av an­ dre menn. Dermed måtte ein mann sikre seg at barna til kona faktisk var hans. Det vart viktig å hindre at gifte kvinner hadde samleie med andre enn sine eigne ekte­ menn. Det finst talrike døme på at kvinner vart straffa hardare enn menn for seksu­ elle lovbrot. Etter alt å dømme er det ynsket om å unngå tvil om farskap som er ­årsaka. I dei samfunna som har godteke fleirgifte, polygami, har det vore mogleg for menn å ha fleire koner, ikkje for kvinner å ha fleire ektemenn.

Les meir om Mennesket utvikla tidleg evne til å utnytte metall. Les meir om korleis det vart gjort i perioden, i Perspektiv Skulestudio.

24

Vakre metall Sannsynlegvis var det interessa for utsmykking som gjorde at metall vart teke i bruk. Gull kan ha vore det metallet som vart utnytta først, mens kopar truleg er det metallet som først vart utnytta ved smelting.


Landet til faraoane

rd

er

in g

Frå ca. 2500 f.Kr. vart det vanleg å bal­ samere eller mumifisere lik for å ta vare på kroppen for det evige livet. Rituala for dei døde faraoane viser at egyptarane meinte at faraoane hadde udødeleg makt. Rituala styrkte den ideologiske ­ordenen som samfunnet kvilte på. Under mumifiseringa vart hjernen og alle innvolane fjerna av eit spesielt pre­ steskap. Dei fylte bukhola med myrra og knuste urter. Formålet var å ta ut alt som kunne få kroppen til å rotne innanfrå. Så skulle kroppen liggje og tørke i minst 70 dagar. Til slutt vart hundrevis av smale linstrimlar surra rundt liket, og det vart lagt i ei vakkert utsmykka kiste. Gjennom balsameringsprosessen fekk egyptarane god kjennskap til men­ neskekroppen, og dei utvikla etter kvart ei form for legekunst. Legen var også prest og magikar, men egyptarane skilde mellom sjukdom og skadar som hadde ytre årsaker.

vu

Egypt omfattar to skilde naturområde, den smale Nildalen og ørkenen på begge sider. Gjennom kunstig vatning kunne Nil­ dalen dyrkast i heile si breidde, på opptil 25 km. Området var svært fruktbart, og overskot av mat var det fundamentet statsapparatet bygde på. Heilt frå ca. 3500 f.Kr. har det vore kontakt mellom Egypt og bysamfunna i Mesopotamia. Frå den sørlege delen av Egypt vart det eksportert gull. Egypt ­importerte kopar frå Kypros, tinn frå ­Vesleasia og tømmer frå Libanon. Somme år kom ikkje flaumvatnet, så jorda ikkje kunne dyrkast. Då vart det hungersnaud. Ein familie eller ei gruppe kan ha greidd å få kontroll over det som likevel fanst av mat, og som måtte delast ut til folket. Det kan ha vore utgangs­ punktet for den sterke kongemakta i Egypt. Etter kvart vart kongen, faraoen, oppfatta som ein del av ei heilag makt som styrte både natur og samfunn.

Skriftspråk

Historikarane trur at skriftspråk har oppstått fordi elitegruppene måtte halde styr på lover og reglar og skulle kunne gi instruksar til undersåttane. Til å begynne med gjorde dei det i form av bilete som symboliserte gjenstandar. Etter kvart kom det meir avanserte teiknsystem som kunne uttrykkje idear og omgrep. Egypt utvikla to ulike skriftsystem. Det eine var eit biletspråk, hieroglyfar, som vart inngravert på offentlege bygningar og måla på mur, særleg på gravstader. Den andre skrifta, hieratisk skrift, var ein raskare måte å skrive på. Til denne skrifta brukte egyptarane det som er kalla det første skrivepapiret i verda – papyrus – laga av eit siv som voks langs Nilen. Flak av margen inne i stengelen vart pressa saman til tynne ark som eigna seg godt til å skrive på.

Ku

n

til

Faraoen vart rekna som guddommeleg. Pyramidane er enorme gravmonument og symbol på at faraoen hadde evig liv. Keopspyramiden frå ca. 2500 f.Kr. er den aller største. Han var opphavleg 140 meter høg og bygd av nesten 2,5 millionar steinblokkar som kvar vog to–tre tonn. Det skal ha teke 100 000 mann 20 år å byggje han.

Seglet Seglet vart oppfunne rundt 3500 f. Kr. og fekk enormt mykje å seie for Egypt. Den gamle transporten på Nilen gjekk på flåtar, med straumen. Med seglbåtar kunne egyptarane ut­ nytte nordavinden til å segle oppo­ ver elva like godt som dei dreiv ned­ over. Dermed kunne varer og gods enkelt fraktast i begge retningar. Seglet gjorde det også mogleg å gi seg i kast med ope hav. Då egyp­ tarane våga seg ut på Middelhavet, tok dei i bruk store, firkanta segl, ikkje dei lange, smale segla dei hadde på elvebåtane med to master. Havgåande seglskip sette veldig fart i handelen fordi det vart mykje en­ klare å frakte varer over store avstan­ dar. Desse skipa bar bod om ein egyptisk dominans til sjøs som varte i nesten 2000 år.

Lag ei punktliste over dei viktigaste ­kjenneteikna på Egypt i denne perioden.

25


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Hellas og Roma i antikken Ein arv som betyr noko – men kva?

Ku

n

til

vu

rd

er

in g

Du har kome til Hellas på sommarferie. Før du skal ut til havet, skal du vere eit par dagar i Athen. Den første kvelden, når det ikkje lenger er så bankande heitt, tråklar du deg innover dei bratte smaua i gamlebyen, og brått får du auge på ein lysstråle som blafrar over nattehimmelen. Ute på ein liten plass blir blikket ditt fanga av høgda som lysfingeren peikar mot – Akropolis, med det mektige, marmorskinande Partenon-tempelet som tronar aller øvst. Du har nokre rolege haustdagar i Roma og slentrar rundt i det historiske sentru­ met, glanar i butikkvindauge og kjøper ein is på den berømte Café Giolotti like ved parlamentet. Du set kursen nedover mot elva, vil krysse den eksosfylte Corso Vittorio Emanuele for å forsvinne inn i smaua til blomstertorget Campo de’ Fiori. Men før du kjem så langt, blir du ståande og måpe framfor eit tempel frå antikken. Det er fullt intakt med søyler, kuppel og dører som skal ha svinga på hengslene sine i 2000 år: Pantheon. Det er slik dei fleste av oss i dag blir merksame på kulturarven frå antikken, i møte med byggverk og ruinar i byar som var sentrum for den gamle sivilisasjonen. Partenon-tempelet vart reist til ære for bygudinna Pallas Atene på den heilage borg­ klippa i byen, midt på 400-talet f.Kr. Den romerske keisar Hadrian (keisar 117–138) fekk bygt Pantheon – tempelet for alle gudar – på restane av eit endå eldre tempel frå keisar Augustus’ tid. Så tidleg som i antikken var dette to byggverk som vart beundra for sin venleik og si majestetiske utforming. Dei to templa representerer kulturar som seinare ­hundreår har sett opp til.

Lipari

Messina

Segesta

Locri Reggio

Imera

Catania

Selinus

Gela

Makedonia PERSARRIKET

EGEARHAVET

Lesbos

Efesos Teben

M

Milet Athen

ID

Olympia

DE LH AV ET

Peloponnes Sparta

Syrakus

Camarina

Athen med forbundsfellar Sparta med forbundsfellar

Hellas i antikken, ca. 431 f.Kr.

26

Bysants

THRAKIA

Nøytrale område

Knossos

Kreta


500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

vu

rd

er

in g

10 000

Ei ny samfunnsånd

Ku

n

til

Athen, ein sommardag i året 450 f.Kr.: Torget, agora, brusar av liv. Borgarane kjem saman i ei stor forsamling som skal vedta nokre av dei mange lovene i staten. Litt seinare blir medlemmer av folkedomstolen utpeikte gjennom eit sinnrikt loddtrek­ kingssystem som skal sikre at ein borgar ikkje blir dommar i ei sak som han sjølv har interesse i. Utpå kvelden samlast alle på nytt for å hylle ein atlet som har gjort ære på Athen ved å vinne ein av konkurransane i den store idrettsfestivalen i Olympia. Kva er vi vitne til? Det ser ut til å ha brote fram ei anna samfunnsform enn den som kjenneteikna dei store rika med sentralisert og sterk kongemakt i perioden før. I Hellas er dei politiske einingane små, og alle borgarar kan delta. Torget verkar som å vere midtpunkt for eit politisk, religiøst og kulturelt liv verda ikkje har sett før. Det blir skapt arkitektur, litteratur, kunst og filosofiske verk som har inspirert menneske i alle år seinare. Oppdagingar på områda fysikk, matematikk og astronomi legg grunnlag for moderne vitskap. Det blir ofte hevda at Hellas fann opp demokratiet. Men kanskje har ettertida overdrive? Før vi går nærare inn på desse spørsmåla, må vi sjå litt på bakgrunnen. Den eldste historia til dei greske folkestammane er uviss. Sannsynlegvis kom grekarane nordfrå, i ein serie folkevandringar ca. 1100 f.Kr. Før dei greske folkevandringane fanst det ein kultur på Kreta som ikkje var så ulik kongedømma i Mesopotamia og Egypt, og var bygd opp rundt eit mektig ­palass. Framleis kan vi sjå restane av dette palasset i Knossos. I Mykene var det høge murar og forsvarsverk som fortel at krigar prega samtida.

På historisk grunn framfor ­Pantheon. Roma blir også kalla Den evige stad. Kvifor det, trur du?

27


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

er

in g

Rekonstruksjon av polisen Athen, med agora (= open plass) i sentrum. Kva kan du seie om korleis byen er ­organisert, ut frå dette ­biletet?

Polisen

Ku

n

til

vu

rd

Den greske samfunnseininga vart kalla polis. Vårt ord politikk har same stamme og tyder eigentleg ‘tinga i polis’. Polis blir omsett med ‘bystat’. Men ein polis var ikkje berre byen og omlandet. Like viktig som den geografiske eininga var tanken om at borgarane saman av­ gjorde korleis staten skulle styrast. Ein polis var altså ei forsamling av borgarar. Historikarane trekkjer fram desse faktorane når dei skal forklare korleis polisen oppstod: • Folkeauke og ny middelklasse. Koloniseringsbølgja over det greske området ­utløyste sosiale spenningar. Det oppstod ein ny middelklasse av kjøpmenn og handverkarar som budde i byane, og som hadde økonomisk, men ikkje politisk makt. Etter kvart som denne klassen vart større og fekk meir å seie, vart det vanskelegare for overklassen å halde på dei politiske privilegia sine. • Jern og våpen. Grekarane var tidleg ute med å ta i bruk jern, og med jernet kom ein ny måte å føre krig på. Tette rekkjer av fotsoldatar med hjelm, spyd og skjold konkurrerte ut dei gamle overklassestyrkane, som var tungt utrusta enkeltsolda­ tar. For å stille opp som soldatar kunne borgarane forlange noko igjen: innverk­ nad. Den nye krigsteknologien med hoplitthær (av gresk: hoplon = skjold) er noko av forklaringa på kvifor bystatane fekk ein breiare politisk basis enn dei gamle kongedømma. • Geografi. Hellas er kupert, med mange øyar og ei buktande kystline. Mellom by­ ane låg det ofte ei fjellrekkje. Det at landet låg isolert, har gjort sitt til å skape ei kjensle av sjølvstende og stivsinn – kanskje også samhald? • Skrift. Frå ca. år 800 f.Kr. begynte grekarane å utvikle sin eigen versjon av det alfabetet som vart brukt av eit handelsfolk lenger vest, fønikarane. Skrift vart meir utbreidd enn i andre kulturar. • Mentalitet. Grekarane var sjølvstendige og patriotiske, men somme meiner også at dei var rotlause. Samanlikna med egyptarar og kinesarar var dei mindre prega av tradisjonar og historie. Dei æra forfedrane og gudane sine og gamle helte­ segner, men var også meir opne for å tenkje nytt.

demokrati: folkestyre. Av gresk demos (folk) og -krati (makt)

28


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Demokratiet i Athen

in g

Bystaten Athen utvikla eit styringssystem der vanlege borgarar fekk mykje makt og innverknad. Nemninga demokrati kjem av det. Dette var dei viktigaste styringsorgana: Folkeforsamlinga stod i sentrum for styringssystemet. Alle athenske borgarar over 19 år hadde tilgjenge og talerett. Her valde ein embetsmenn, vedtok lover og tok andre viktige avgjersler. Skulle vi samanlikna med vårt system i dag, ville det vore om lag som at alle nordmenn kunne møtt fram på Stortinget og vore med på debattane og avrøystingane der. 500-mannsrådet. Rådet førebudde møta i folkeforsamlinga og la fram sakene som skulle opp der. Alle borgarar over 30 år kunne sitje i rådet. Medlemmene vart skifte ut kvart år, og dei vart plukka ut ved loddtrekking. Det var berre mogleg å sitje i rå­ det to gonger gjennom livet, og det måtte gå ti år mellom kvar gong. Vervet som leiar av rådet gjekk på omgang dag for dag. Det var nesten som om kvar nordmann skulle ha sete i regjering eitt år i livet, og dei fleste av oss måtte rekne med å vere statsminister éin dag. Strategane. Kvart år valde folkeforsamlinga ti strategar, som var dei militære leia­ rane i Athen. Til mange andre embete brukte ein loddtrekking, men strategane vart alltid valde. Stillingane vart rekna som dei viktigaste i polisen. Berre medlemmer av rike og mektige familiar kunne veljast til strategar. Folkedomstolen vart innkalla ca. 200 dagar i året, og medlemmene vart plukka ut ved loddtrekking. Domstolen dømde både i politiske prosessar og i straffesaker, og bestemte om avgjerslene til embetsmennene kunne godtakast eller ikkje.

Prøv å lage ein illustrasjon som viser styresettet i Athen. Korleis var styresettet bygt opp?

vu

rd

er

Les meir om demokrati og demokrati­ utvikling i Mona Ringvejs essay i Perspektiv ­Skulestudio.

Kor demokratisk – eigentleg?

Det athenske folkestyret, slik det vart utvikla på 400-talet f.Kr., kan sjå ut som eit perfekt direkte demokrati. Borgarane hadde full suverenitet gjennom folkeforsam­ linga og folkedomstolen. Det å utøve makt vart rekna som ei plikt som måtte ­fordelast mest mogleg jamt.

til

Men det fanst også negative sider. Som i alle andre samfunn i antikken var borgar­ fellesskapet i Athen og dei andre greske bystatane berre for menn. Kvinner stod utanfor. Dei var ikkje definerte som borgarar. Det same galdt slavane. Dei arbeidde både i jordbruket og i handels- og hand­ verksbedriftene. I Athen fanst det rettsreglar som skulle verne slavane mot grove overgrep, og dei vart behandla nokså mildt, med unntak av i gruvene. Men politiske rettar hadde dei ikkje.

Ku

n

Også frie grekarar frå andre bystatar, metoikarar, stod utanfor borgarfellesskapet i Athen. Det var innflyttarar som fekk lov til å bu i Athen for å drive med handel og handverk mot å betale ein spesiell skatt. Politiske rettar fekk dei ikkje. Det kan ha budd rundt 500 000 menneske i Athen rundt år 400 f.Kr. Av dei var ca. 100 000 slavar og ca. 30 000 metoikarar. Eit overslag over kor mange som var borgarar med politiske rettar, varierer mellom 60 000 og 150 000. I alle fall ­utgjorde dei eit mindretal av den samla befolkninga i Athen. Demokratiet i Athen var ein samfunnspyramide der det ikkje fanst noko demokrati i dei nedste laga. suverenitet: einerådande makt

29


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Steg for steg

vu

rd

er

in g

Trass i dei negative sidene var folkestyret i Athen spesielt. Kva kan forklare det? Kvar kom ideen om demokrati eigentleg frå? Det var nok ikkje slik at det vart innført demokrati for demokratiets eiga skuld. Folkestyret utvikla seg steg for steg, som svar på konkrete politiske og økonomiske utfordringar gjennom fleire hundre år. Frå gammalt av sat ein adeleg overklasse med mest og best jord og dominerte det poli­ tiske livet. Mange bønder eigde ikkje jorda sjølve, og det skapte sosiale spenningar. Samtidig trong makthavarane mange sol­ datar på grunn av den nye måten å føre krig på. Dei måtte samarbeide med den Philipp von Foltz: «Perikles’ tidsalder.» Sjå på detaljane på biletet. Kvifor er akkurat desse detaljane med, trur du? delen av befolkninga som kunne vere fot­ soldatar. Overklassen kunne ikkje skyve Bysants THRAKIA vanlege folk frå seg. Makthavarane såg sjølve at dei ville vere tente med oppslutning frå bøndene. Ein respektert adelsmann, Solon (638–558), fekk fullmakt til å gjennomføre reformer. Han fekk vedteke eit lovverk som delte borgarane i Athen inn i fire klassar etter inn­ Makedonia tektene dei hadde, og som gav politiske rettar til dei ulike klassane. Til dømes var P E R Sveljast A R - til dei viktigaste embeta i staten. Det var det berre dei rikaste som kunne R I K E Trur du dei gamle grekarane langt frå noko folkestyre, men ogsåT dei fattigaste fekk tilgjenge til folkeforsamlinga, ville sagt at vi i Noreg i dag har som skulle velje embetsmenn og gi lover. Solons reformer vart eit viktig steg på eit demokrati? E G E­vA R - mot egen det demokratiske styringssystemet i Athen. Lesbos HAVET

Militærstaten Sparta

Olympia

Peloponnes Sparta

n

HA VE T

Efesos Sparta var ein annan type samfunn enn Athen. Desse to viktigaste greske bysta­ Milet tane låg i langvarig, hardnakka strid med kvarandre. Athen Sparta voks fram sør på halvøya Peloponnes. Elitegrupper mellom innvandrarane, spartiatane, eigde den mest fruktbare jorda og utvikla seg til å bli ein overklasse. Dei sosiale gruppene var strengt skilde. Folkeauken førte til at stadig fleire søner frå overklassen stod utan eigedom. For å tilfredsstille deira ynske om jord angreip Sparta andre bystatar på Peloponnes utover på 700-talet. Etter langvarige krigar tvinga Sparta fram ein militærallianse, det peloponnesiske forbundet. Sparta var uomstridd leiar for dette forbundet. Det Knossos vesle mindretalet på toppen, spartiatane, levde i konstant frykt for opprør nedanfrå. For å vere i stand til å forsvare privilegia sine omforma spartiatane staten til ein krigsstat. Kreta Frå dei var nokså unge, budde spartiatane i brakkeleirar med hard fysisk trening og våpenopplæring. Vaksne spartiatar åt i militære messer mot å betale ein sum i månaden. Borgarane var underkasta militær disiplin heilt til dei var 60 år. Det var som å leve i ein brakkeleir heile livet. Ifølgje lovverket rådde det likskap og demokrati mellom spartiatane, den einaste gruppa med fulle politiske rettar. Men det var på papiret. Meir jord vart samla på færre hender. Arva jord var den inngangsbilletten ein trong for å få politiske rettar. Når det vart færre jordeigarar, vart det også færre menneske med slike rettar.

til

Teben

Polisen Sparta i antikken.

Ku

Athen med forbundsfellar

Sparta med forbundsfellar Nøytrale område

adel: gruppe med spesielle rettar, til dømes høge stillingar i staten. Som regel var adelen store jordeigarar, og rettane følgde slekta gjennom ­generasjonar.

30


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Dessutan var det berre valde embetsmenn og medlemmer av det øvste statsrådet – eldsterådet – som kunne tale i folkeforsamlinga. Dermed fekk dei stor innverknad. Etter kvart danna det seg ein klikk av mektige menn som planla kven som skulle ha leiarstillingane i staten. Det er bakgrunnen for at samfunnssystemet i Sparta blir kalla eit fåmannsvelde.

in g

Samhald og splitting

Ku

n

til

vu

rd

er

Hellas’ historie i antikken er prega av sterkt samhald og djup splitting. Fleire kraftige angrep frå naboen i aust, det ­mektige persarriket, vart slått tilbake. Først kjempa Athen åleine, dernest Athen og Sparta i fellesskap. Herodot (484–425), som er kalla far til historieskrivinga, skildrar i hovudverket sitt dei blodige krigane mellom grekarar og persarar i første ­halvdelen av 400-talet f.Kr. Athen bygde seg opp til ei sjømakt med ein stor krigsflåte. Sparta var ei landmakt med ein sterk hær. Gjennom ein avtale om at dei ikkje skulle konkur­ rere med kvarandre, vart det etablert ein slags maktbalanse. Likevel kom det i 431 f.Kr. til kamp på liv og død mellom dei to greske stor­ maktene. Peloponnesarkrigen varte med seks års pause heilt fram til 404, altså i over 20 år. Den andre store greske historikaren i antikken, ­athenaren Tukydid (460/455–ca. 400), skriv i storverket sitt om peloponnesarkrigen at dei gamle motsetningane og det ulike samfunnssystemet i Sparta og Athen var den djupaste årsaka til krigen. Han meinte også at dei to bystatane hadde hatt ei oppfatning av at det rådde ein maktbalanse dei imellom. At trua på ein maktbalanse forsvann, var ei viktig årsak til krigen, meinte Tukydid. Når historikarar frå vår eiga tid skal forklare årsakene til krigen, peikar dei fleste på at Athen prøvde å dominere dei andre bystatane økonomisk. Det galdt også ­bystatar som var medlemmer av den militæralliansen som Sparta leidde, og som Sparta difor måtte forsvare. Athen og Sparta kan ha blitt drivne inn i ein storkonflikt som ingen av dei eigentleg ynskte. Begge partar vart svekte av den langvarige krigen. Difor vart det politiske tyngde­punktet aust i Middelhavet flytta austover til persarriket.

Kva for eigenskapar prøver kunstnaren å framheve hos kong Leonidas (540–480 f.Kr.)?

Les meir om Under den berømte ­statsmannen Perikles (495–429) var styresettet på sitt mest demokratiske, men denne perioden var også prega av mykje krigs­ politikk. Les i Perspektiv Skulestudio om korleis dette heng saman.

31


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Løparen frå Maraton Maratonløpet er eit høgdepunkt i alle OL. I eit tettpakka felt skal den beste langdistanse­ løparen i verda kårast. Men den første maratonløparen i verda sprang i einsam majestet. I år 490 f.Kr. sette persarane i gang det første knusande angrepet sitt på Hellas. Athenarane måtte ta opp kampen åleine mot overlegne persiske styrkar, men vann ­likevel eit avgjerande slag på Maratonsletta på nordaustkysten av Attika.

in g

Historikaren Herodot nemner ikkje denne hendinga. Kva kan vere årsaka til at løparen frå Maraton dukkar opp i seinare forteljingar om persarkrigane?

Ein gresk soldat vart straks send til Athen. Etter at han hadde sprunge dei 42 kilo­m­eterane frå Maraton, fekk han bere fram sigersbodskapen. Så fall han død om.

Grekarane var stolte av kulturen sin

vu

rd

er

Grekarane var opptekne av fellesskap, sjølv om bystatane gjekk til krig mot kvaran­ dre. Dei var alle grekarar, eller hellenarar som dei sjølve kalla seg. Dei trekte eit skarpt skilje mellom hellenarar og ikkje-hellenarar. Denne kjensla av einskap og fellesskap har kulturelle røter. Alle snakka variantar av det same språket. Ikkje-hellenarane vart kalla «bar-bar» etter lydane dei oppfatta hos folk som ikkje snakka gresk. Det utgjer eit ord du kanskje kjenner igjen? Grekarane hadde også andre inspirasjonskjelder for tankane sine om at dei høyrde til eit eige kulturfellesskap. To litterære storverk, Iliaden og Odysseen, fortel om helte­ dådar under eit felles gresk felttog til Troja i Vesleasia i ei fjern fortid, og om den ­farefulle heimreisa derifrå. Desse diktverka var blitt overleverte munnleg frå generasjon til generasjon, ikkje så ulikt våre eigne folkeeventyr, lenge før dei vart skrivne ned. Grekarane meinte det var éin person som skreiv dei ned, diktaren Homer (ca. 800 f.Kr.), som dei beundra sterkt. I dag meiner historikarane at forteljingane truleg vart skrivne ned av to per­ sonar, kanskje på 700-talet f.Kr. Dikta var åndeleg felleseigedom for grekarane. Den nasjonale stoltheita som dei uttrykkjer, må ha gjort sitt til å sveise dei saman til eitt folk.

Ku

n

til

Mytar og gudar batt verda saman …

32

Iliaden og Odysseen er fargerike forteljingar om kjærleik og død, krig og svik, men forteljingane rommar berre nokre av alle historiene om Troja-krigen. Desse historiene kallar vi mytar. At den norske grunnlova vart til på Eidsvoll i 1814, og at Hitler-Tyskland angreip Noreg 9. april 1940, er historiske sanningar. Forteljingane i Illiaden om den trojanske prinsen Paris er ikkje «sann» på same måten. Likevel framstiller boka det som om alt som hende ved Troja, var faktiske, historiske hendingar. I antikken tok både diktarar og historieskrivarar i bruk mytar når dei for­ talde om korleis verda var blitt til, og om hendingar i eldre tider. Vårt skarpe skilje mellom «myte» og «historie» stammar frå ei nyare tid. Mytar brukte ein for å forklare den eigentlege årsaka til at ting er som dei er. Dei var svært viktige, sjølv om dei ikkje var «sanne» i vår betydning av ordet. Mytar var ein måte å forstå og forklare mange slags fenomen på, også overnaturlege. Difor gleid myte og religion over i kvarandre. Den mektige guden Zevs rasa over himmelen når det torna og lynte, og havguden Poseidon var i ulag når det storma på sjøen. Kjærleiksguden Eros gav opphav til nytt liv.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Jorda, himmelen og havet var folkesett av ein vrimmel av gudar. Forteljingane om dei gav grekarane ei felles forståing av korleis verda hang saman. Dei har inspirert både folketru og dikting i Europa i mange hundreår etter at den greske stordoms­ tida var over.

… men grekarane braut også med myteverda

filosofi: kjærleik til visdom

Greske filosofar i antikken. Kva for verdiar blir framheva her? Samanlikn gjerne også biletet med biletet på side 31.

Ku

n

til

vu

rd

er

in g

Mytane skapte orden i tilværet. Eit klokt menneske var ein som var i stand til å tolke bodskapen i mytane. Kva er grunnlaget for at alle ting er til? Kva har skapt naturen, og korleis og kvifor skifter årstidene? Svara på slike spørsmål vart henta frå mytane. Gudar og andre mytiske makter styrte over verda og greip direkte inn i menneskelivet. Eit slikt mytisk verdsbilete var grekarane ikkje åleine om. Det spesielle med ­grekarane er at dei også bryt med myteverda. Gjennom nokre generasjonar frå 500-talet f.Kr. går det for seg eit omslag i må­ ten somme menneske ser omverda og seg sjølve på. Dei godtek ikkje lenger dei mytiske forklaringane, verken på korleis naturen er bygd opp, eller kva for krefter som bestemmer over menneskelivet. Mennesket er ikkje ei dokke som er styrt av trådar som gudene held i. Omslaget inneber at det oppstår filosofi. Tales frå Milet – ein by på kysten av Vesleasia – levde frå ca. 625 til ca. 545 f.Kr. og blir rekna som den aller første filosofen. Det er fordi han konsekvent prøver å forklare hendingar i naturen ved å vise til naturlege fenomen, ikkje viljen til gudane eller noko anna som ikkje kan observerast. Kva er opphavet til alle ting? Tales’ svar er vatn. At vatn er sjølve «urstoffet», er ikkje nødvendigvis rett, men Tales prø­ ver å gi ei logisk grunngitt forklaring. Ein annan filosof meiner at alt er bygt opp av uforanderlege smådelar, atom, ein tredje seier at alt i naturen heng saman, og med ein gradvis overgang mellom plantar, dyr og menneske. Dei stør­ ste greske filosofane, Platon og Aristoteles, utvikla teoriar om det som ligg til grunn for måten mennesket oppfattar verda på, om samfunnsliv, moral og kunst. Dei har hatt sterk innverknad på filosofar heilt fram til vår tid. Dei greske filosofane gav ulike svar. Men alle fann andre svar enn dei som var kjende frå dei gamle gudefortel­ jingane. Dei var ein del av den viktige overgangen i historia, overgangen frå mythos (= myte) til logos (fornuft).

Les meir om mytar og kva dei tyder, i Gro Steinslands essay i Perspektiv Skulestudio.

33


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Kvifor Hellas?

Ku

in g

vu

n

til

Athen i 2011. Kva ser du på biletet?

rd

er

«Trua på noko overnaturleg er veldig fjern for menneske som lever på 2000-talet.» Er du ­einig i denne påstanden?

Kvifor oppstod desse nye haldningane og denne nye tenkjemåten akkurat i Hellas? Det finst ikkje berre eitt svar, og historikarane har trekt inn både geografiske for­ hold, det greske språket og gresk mentalitet. Mykje bruk av skrift var viktig. Det gjorde at den munnlege forteljetradisjonen som mytane bygde på, ikkje lenger var einerådande. Grekarane var også eit reisande folk med koloniar nesten overalt rundt Middelhavet og Svartehavet. Kontakten med andre folkeslag kan ha fått dei til å innsjå at gudetrua skifte frå stad til stad. Det medverka til å svekkje makta som mytane hadde over dei. Overgangen frå mythos til logos ser ut til å henge saman med at grekarane ­utvikla eit nytt forhold til naturen, og at dei fekk større tiltru til at mennesket evna å styre sitt eige liv. Difor har historikarane retta søkjelyset mot det særeigne samfunns­ system hos grekarane. Vi har sett korleis polisen hos grekarane gav borgarane ein fridom og sjølvråde­ rett vi ikkje kjenner frå dei tidlegare rika med sentralisert styre og sterk kongemakt. Polis var eit fellesskap, noko som galdt alle frie borgarar. Mange historikarar meiner det var utviklinga av bystaten, med sine lover og reglar om borgarrettar, som inspi­ rerte dei første filosofane til også å spørje etter «naturlovene». Dermed utvikla dei den undrande, kritiske haldninga som er ein føresetnad for filosofi og vitskap. Overgangen frå mythos til logos avskaffa ikkje overtrua. Mytane levde vidare. Dei aller fleste grekarar i stordomstida på 400- og 300-talet f.Kr. visste nok lite eller ingenting om dei nye tankane som ettertida har beundra så sterkt.

34


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Leikane i Olympia

rd

Romarriket – vekst og fall

er

in g

Er du interessert i sport? Då følgjer du nok med når OL går av stabelen – det stør­ ste idrettsarrangementet i verda. Du er ikkje åleine. Millionar av menneske benkar seg framfor TV eller plukkar fram nettbretta for å sjå på. Og starten på dette kjempe­ arrangementet, den gjekk i det gamle Hellas. Dei olympiske leikane var dei viktigaste av ei rekkje idrettsfestivalar der unge menn konkurrerte for æra til polisen sin. Dei gjekk av stabelen i Olympia, eit religiøst sentrum nær vestkysten av Peloponnes. Grekarane meinte at dei første leikane i Olympia vart haldne i år 776 f.Kr. Dette året var utgangspunktet for tidsrekninga deira. Dei fire åra etter den første festivalen vart kalla den første olympiaden, dei fire neste den andre olympiaden, osv. Til å begynne med varte festivalen berre éin dag og med éi øving: eit løp over 180 meter. Deretter vart han gradvis utvida til fem dagar, med løp, bryting, boksing, femkamp og hesteveddeløp. Premien til vinnarane var berre ein olivenkrans, men dei vart så berømte at det kan samanliknast med dyrkinga av idrettsstjerner i vår tid. Og fordi dei gjorde slik ære på heimbyen sin, fekk dei også lønn etter heimkom­ sten. Vinnarar frå Athen fekk måltida gratis i byens rådhus resten av livet.

Dei greske bystatane var små samanlikna med Romarriket, som på sitt største omfatta alt land rundt Middelhavet og store delar av Europa. Kva kan vere grunnen til denne skilnaden?

Ku

n

til

vu

Kort etter 350 f.Kr. bukka eit splitta Hellas under for erobrarar frå nabolandet i nord, Makedonia. Erobrarane var sjølve sterkt påverka av gresk kultur og ynskte støtte frå dei greske bystatane, først og fremst for å vinne over det mektige persarriket i aust. Makedonarkongen Aleksander erobra alt land frå Egypt til India – det største im­ periet verda hadde sett. Han ville rive ned barrierar mellom aust og vest, fremje vit­ skap og smelte fleire kulturar saman. Aleksander den store døydde i 323 f.Kr., berre 33 år gammal. Det enorme riket vart splitta opp, og delane vart styrte av nokre av generalane hans. På 200-talet var det stort sett ein spent maktbalanse mellom desse gamle delane av Aleksanders imperium. Byen Aleksandria i Egypt vart eit kulturelt sentrum. Lenger vest i Middelhavet hadde ein annan by for alvor begynt å gjere seg gjel­ dande: Roma.

Ifølgje legenda vart Romulus og broren Remus amma av ei ulvinne.

Les meir om Ifølgje ein eldgammal myte vart Roma grunnlagd av Romulus, son av krigs­guden Mars, midt på 700-talet f.Kr. Les meir om det i Perspektiv ­Skulestudio.

35


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Roma erobrar den italienske halvøya

vu

Kva kan grunnen vere til at folk som først vart erobra, nokre år seinare godtok å bli innlemma i den romerske hæren og sende ut som erobrarar?

rd

er

in g

Om lag på same tid som dei greske folkestammane strøymde inn over Hellas, kom ei anna folkegruppe nordfrå og inn i dei sentrale områda av Italia. Somme slo seg ned på nokre høgder nær munningen av elva Tiberen, og blanda seg med befolk­ ninga som opphavleg budde i området. Denne busetnaden skulle bli til bystaten Roma. Han låg slik til at byen var lett å forsvare, og han låg ved handelsvegar som gjekk i alle fire himmelretningane. Landområda i nærleiken eigna seg godt for både kvegavl og jordbruk. Kamp om ressursar førte Roma ut i krig med andre folk som budde i det områ­ det som i dag er Italia. Erobra område vart ein del av Romas territorium, og dei borgarane som ikkje vart drepne eller selde som slavar, fekk romersk borgarskap. Nokre av dei erobra byane fekk også framleis ha eit visst indre sjølvstyre. Romarane bygde opp eit lappeteppe av ulike samarbeidsavtalar og alliansar med Roma i sentrum. Folk som vart erobra, vart pålagde skattar og andre byrder, men det opna seg også moglegheiter. Som romerske soldatar fekk dei høve til å ta krigsbytte. Dei som vart erobra av romarane det eine året, kunne sjølve vere med og erobre andre det neste. Krigsfangar vart gjorde til slavar, men romarane sette ofte slavar fri etter ­trufast teneste. Tidlegare slavar kunne sjølve bli soldatar og få tildelt jord i erobra område. Gjennom fleire generasjonar kunne folk som budde rett utanfor det romerske området, først bli erobra, så gjorde til arbeidskraft og deretter innlemma i den ro­ merske hæren. Så vart dei sende ut som erobrarar og kolonistar. Den romerske staten stabla på beina eit krigsmaskineri som berre vart sterkare jo større område som vart erobra. Krig la til rette for meir krig.

Republikken

Ku

n

til

I fleire hundre år vart Roma styrt av kongar som også var øvsteprestar, militære sje­ far og øvste dommarar. Kongedømmet vart avskaffa etter militære oppgjer med eit anna folk som heldt til i Sentral-Italia, etruskarane. Rundt 500 år f.Kr. fekk Roma ei republikansk statsforfatning. Også i Roma vart det nye styringssystemet utvikla steg for steg. Dette var dei viktigaste styringsorgana då republikken var ferdig utvikla på 300-talet f.Kr.: Folkeforsamlingar. Det fanst fleire folkeforsamlingar. Medlemmene røysta i grup­ per. Dei rikaste var fordelte på mange grupper med få medlemmer, mens det fattige fleirtalet vart delt i få grupper med mange medlemmer. Dermed fekk røystene til dei rike borgarane langt større vekt enn røystene til dei fattige. Kenturieforsamlinga. Her vart det valt konsular og pretorar. Konsulane var dei øv­ ste militære og sivile leiarane i republikken. Det vart valt to kvart år, og dei hadde nøyaktig same makt. Ordninga skulle sikre at ikkje ein enkelt person vart for domi­ nerande. Pretorane tok seg av administrative oppgåver. Senatet. Senatet var frå gammalt av eit rådgivande organ for kongane. Under re­ publikken hadde det ikkje stor makt formelt sett. I teorien kunne folkeforsamlingane overprøve vedtak i senatet, men i praksis var det som regel utenkjeleg. Årsaka var at medlemmene høyrde til familiar til menn som hadde tenestegjort som konsular. Desse familiane var den øvste eliten i Roma og vart kalla nobiliteten. Medlemmene hadde stor prestisje, og det gjorde senatet til eit mektig politisk organ.

republikk: statsform der makthavarane blir valde, og makta ikkje er arveleg

36


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Sosiale motsetningar …

vu

rd

er

in g

Vi må sjå utviklinga av styringssystemet i samanheng med motsetningane i samfun­ net. På den eine sida stod den gamle overklassen, patrisiarane, som høyrde til dei eldste og finaste familiane. Desse rike familiane kunne vise til at forfedrane deira hadde vore mellom dei aller første leiarane i Roma. Berre medlemmer av desse fa­ miliane kunne utføre religiøse ritual som var innvovne i statsstyringa. For romarane var desse rituala svært viktige. Tryggleik og sikkerheit for alle menneske var avhen­ gig av at rituala vart utførte rett. På den andre sida stod vanlege småbønder og gjetarar, dei såkalla plebeiarane. Somme kan ha stamma frå den opphavlege befolkninga i Italia som vart undertrykt av innvandrarar i ei fjern fortid. Somme var blitt sosialt degraderte på grunn av gjeld, og somme hadde flytta inn til Roma frå andre byar. Patrisiarane dominerte det politiske livet sjølv om dei berre var eit lite mindretal, mens plebeiarane pressa på for å få innverknad og lov til å sitje i dei viktigaste em­ beta. Eit kompromiss vart at plebeiarane fekk velje eigne embetsmenn, tribunar, som kunne verne alle borgarar som dei meinte var blitt utsette for maktmisbruk. Etter kvart fekk tribunane også rett til å føreslå nye lover. Løysinga var typisk for romarane. I staden for å avskaffe eller endre eit gammalt system etablerte dei nye styringsordningar i tillegg til dei gamle, som ei slags mot­ vekt. Slik oppstod mange organ og embete som overlappa kvarandre. Dei innførte det nye og hadde framleis det gamle. Lappverket har gjort det vanskeleg for historikarane å forstå korleis republikken faktisk fungerte. Men gradvis fekk det store fleirtalet av plebeiarar større innverk­ nad. Det betydde ikkje at det vart innført noko demokrati. Berre dei rikaste kunne ha dei viktigaste embetsstillingane eller ta sete i det mektige senatet. I motsetning til i Athen var slike stillingar ikkje lønte, og dermed var dei berre for folk som hadde råd til det.

… og sosiale band

Ku

n

til

Mange menneske i Roma var så fattige at dei berre så vidt greidde seg. Det fanst ikkje noka form for offentleg velferdssystem. Slo sjukdom eller uår til, var ein ille ute.

Cesare Maccari: «Claudius i senatet.» Appius Claudius Caecus (ca. 340–273) var ein romersk politikar frå ein rik patrisiarfamilie.

37


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

vu

rd

er

in g

Denne sårbarheita låg til grunn for eit viktig særtrekk ved samfunnssystemet i Roma og andre bystatar i PATRON = mektig person i Romarriket ­antikken: dei gjensidige, personlege banda mellom ein Patrisier rik patron og dei fattige klientane hans. I dag ville vi kanskje kalle det eit nettverk. I Roma vart det kalla vennskap, men vi må ikkje forveksle det med • Sørgde for å den typen nære band som vi legg i dette ordet. Patron– halde oppe orden • Gav støtte til klient-forholdet var bygt opp av gjensidige avtalar om å • Gav klientane patronen ved val utveksle ulike typar gåver og tenester. sine vern, hjelp og i domstolane og gåver Dei fattige, klientane, trong hjelp og vern. Det kunne • Sørgde for at vere pengegåver når tidene var vanskelege, men det • Kunne vere patronen fekk kunne også vere at ein rik venn brukte innverknaden sin underordna ein makt og høgareståande for å hjelpe klientane sine ut av vanskelege situasjonar. innverknad patron Kva fekk så patronen tilbake? Rike borgarar konkur­ • Kunne ha fleire rerte seg imellom om ære, verdigheit og viktige verv. patronar Grunnlaget for ære var beundring og respekt frå resten av samfunnet. Her kunne dei fattige klientane gjere gjengjeld rett og slett ved at dei viste den rike «vennen» sin beund­ KLIENT = S osialt svakare person i Romarriket ring, og sjølvsagt røysta på han ved val. I Roma spelte dette patron–klient-forholdet større rolle • Ein klient og ein patron kunne ikkje ­­enn kanskje i nokon annan bystat. Rike patronar kunne sak­søkje eller vitne mot kvarandre omgi seg med private følgje på fleire tusen menneske, og slik utstrålte dei makt og verdigheit. Men dei rike gav også noko tilbake. Dei sørgde for vassforsyning og ­kloakksystem, og dei fekk bygt tempel og torg. Slik auka dei si eiga ære. Patron–klient-forholdet spelte ei viktig rolle gjennom heile Romas historie. Det batt samfunnet saman på tvers av sosiale skilje, men det førte også til strid mellom personar og grupper på toppen av samfunnet. Slik strid sette sterkt preg på det politiske livet i Roma.

Ei stormakt blir til

Roma greidde etter kvart å samle heile det området som i dag er Italia. På den ­andre sida av Middelhavet låg Kartago, om lag der Tunisia ligg i dag. Kartago var ei sterk flåtemakt som kontrollerte handelen i den vestlege delen av Middelhavet. Veksten i Roma utfordra posisjonen til Kartago. Det vart utkjempa tre blodige krigar gjennom godt og vel hundre år, frå midt på 200-talet til midt på 100-talet f.Kr., mel­ lom Roma og Kartago. Den endelege sigeren over Kartago vart terskelen til ein ny tidsalder. Romarane dominerte no den vestlege delen av Middelhavet, både økonomisk og politisk, og kunne vende blikket austover – mot den hellenske verda. Men også innetter fekk sigeren over Kartago store følgjer. Den gamle klassen av småbønder vart svekt under krigane, og dei sosiale spenningane auka. Roma vart scene for eit politisk spel med enorme utsikter til gevinst for enkeltpersonar med gamblarinstinkt, ressursar og ambisjonar.

Ku

n

til

Lag ei skisse som illustrerer korleis den romerske repub­lik­ ken var bygd opp. Kva er den største skilnaden på denne og den du teikna for ­Athen (sjå side 29)?

38


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Det romerske militærstellet

Romarane utvikla ei overlegen militær organisering. Hæren var bygd opp av legionar, kvar med ca. 4000 fotsoldatar. Legionane var delte opp i små fleksible ei­ ningar på 100 mann, som raskt kunne flyttast under slag.

I antikken var det vanleg at krigsskipa hadde ein kraftig snabel i baugen som dei med stor kraft køyrde inn i skipa til motstandarane. Også romarane hadde det. Men i tillegg utstyrte dei skipa sine med trebruer som dei kunne heise ned over fiendeskipa. Soldatane sprang på bruene over på dei fiendtlege skipa, slik at dei kunne kjempe mann mot mann på same måten som på land. I krigen mot Kartago vann romarane fleire store sjøslag ved hjelp av dette overraskande våpenet.

Henry A. Payne: «Romarane reiser frå Britannia.»

Ku

n

til

vu

rd

er

Men det aller største trumfkortet var jerndisiplinen til ro­ marane. Soldatane vart grufullt straffa dersom dei viste seg feige eller stakk av, mens dei som skilde seg posi­ tivt ut, fekk rikeleg lønn for det. Veksten i imperiet bygde på det slagkraftige militærapparatet.

Krigsskipa

in g

Militærstellet spelte heilt frå starten ei viktig rolle i Romas historie. Etter kvart vart soldatane betalte, og hæren vart profesjonell.

39


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Cæsars lagnadstunge val

Ku

rd

n

til

vu

Å krysse Rubicon – ingen veg tilbake. Måleri av ein ukjend kunstnar frå seint på 1800-talet. Kor stor innverknad kan enkeltpersonar ha på hendingar i ­historia, trur du?

er

in g

Ei gruppe soldatar i fullt stridsutstyr står hutrande i nattemørket ved breidda av ei lita elv. I åtte år har dei følgt han som er deira øvstkommanderande, statthaldaren i Gallia – i dag Frankrike – på det eine sigerrike felttoget etter det andre. Bak dei ligg Gallia, fram­ for dei, på den andre sida av elva, Italia og Roma. Dersom soldatane kryssar elva, bryt dei ei av dei strengaste romerske lovene. Ein hær må ikkje bere våpen på anna territorium enn i provinsen der han er utstasjonert. Aller mest alvorleg er det dersom ein hærførar marsjerer mot Roma. Det blir rekna som forsøk på statskupp. Statthaldaren, Julius Cæsar, er kjend for handlekraft og lynraske framstøytar. Han hadde ført soldatane sine til yttergrensene for verda, heilt opp til det kalde og tåkefylte Britannia. Men no ventar soldatane på klarsignalet. Stabsoffiserane som står saman med han, ser at han nøler. Cæsar har fått ordre frå senatet i Roma om å leggje ned kommandoen sin. Det ville bety slutten på karrieren hans. Han forstår at eit heilt livsverk står på spel. Det er no eller aldri. Til slutt lyder trompetsignalet. Cæsar kryssar elva Rubicon i spissen for soldatane sine. Slik kan det ha arta seg denne natta, 10. januar i det 705. året etter at Rom vart grunnlagd – 49 år f.Kr. – då Cæsar tok det lagnadstunge valet sitt. Elva var nokså lita. I dag er ein ikkje eingong sikker på kvar ho rann. Men kor viktig valet var, ligg gøymt i ordtaket vi har den dag i dag om «å krysse Rubicon»: Det er ingen veg tilbake.

40


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Republikken blir sundriven

Keisardømmet

vu

rd

er

in g

Då Cæsar gjekk mot Roma, hadde det i mange år vore kaos i romersk politikk. Krigar langt utanfor Italias grenser gjorde det mogleg for hærførarar å samle umåte­ leg store krigsbytte, og det same galdt dei som leidde administrasjonen ute i pro­ vinsen. Slike stillingar var utømmelege kjelder til rikdom og ære, og det vart hard konkurranse om dei. Både enkeltpersonar og eliten var villige til å bryte gamle ­spelereglar for å nå måla sine. Samtidig auka dei sosiale spenningane. Innflyttinga til Roma auka. Småbønder søkte inn mot storbyen. Dei var pressa bort frå landsbygda av rikfolk som la under seg stadig meir jord med slavar som arbeidskraft. Det vart færre bønder å kalle ut til militærteneste. Fattige frivillige begynte å fylle hæren. For at dei skulle vere lojale, vart dei lova jord når krigstenesta var over. Men jord var det mangel på, og for den romerske staten vart det stadig vanske­ legare å oppfylle lovnadene sine overfor soldatane som var ferdig med tenesta. Soldatane knytte difor forhåpningane sine til sterke og karismatiske hærførarar, som Cæsar. Etter kvart venta soldatane at hærførarane, ikkje staten, skulle skaffe dei jord. Då hærførarane begynte å bruke legionane sine til å ta jord frå dei politiske rivalane sine, nærma det seg slutten på den romerske republikken. Julius Cæsar var ikkje den første som brukte dei militære styrkane sine som eit innanrikspolitisk maktmiddel. Likevel vart han oppfatta som ein trussel mot repu­ blikken, sjølv om republikken knapt fanst lenger. Politiske rivalar i senatet tok livet av Cæsar i eit attentat. Påskotet dei brukte, var at han prøvde å samle all makt på sine hender. Cæsar hadde vore populær mellom vanlege folk og hos soldatane sine, som no stod klar til å følgje den som ville ta opp arven etter han. Den som gjorde det, var adoptivsonen Oktavian.

Kva inntrykk får du av Julius Cæsar? Kvifor trur du at han har fått ein så sentral plass i historia om Romarriket?

til

Også Oktavian brukte militære styrkar og rikdom som springbrett. I tillegg må han ha vore svært politisk gåverik. Han bygde opp eineveldig makt, men gav inntrykk av at det heile var ein redningsoperasjon for den gamle sundrivne republikken. Oktavian fekk tilnamnet Augustus – den opphøgde. Han teikna eit bilete av seg sjølv som primus inter pares – den første mellom likemenn. Men makta hans kvilte på kontroll over hæren, direkte styre over dei viktigaste provinsane og ein ufatteleg stor personleg rikdom. Augustus skapte eit monarki, eit keisardømme, ved å til­ passe dei gamle republikanske institusjonane til behova i monarkiet.

n

Kvardagslivet

Ku

Korleis levde vanlege menneske? Kva prega livet deira frå vogge til grav? Det var sjølvsagt avhengig av kvar du budde, og om du var rik eller fattig, fri bor­ gar eller slave, kvinne eller mann. Dei aller fleste var knytte til jordbruket, som også vart rekna som den beste måten å tene til livsopphald på. Eit barn hadde ikkje nødvendigvis rett til å leve sjølv om det overlevde fødselen. Nyfødde vart undersøkte, og faren avgjorde om ein skulle ta hand om barnet eller ikkje. Dersom han sa nei, vart det sett ut for å døy. Var barnet funksjonshemma eller fødd av slavar, var det stor fare for at det fekk ein slik lagnad. Jenter vart oftare sette ut enn gutar. eineveldig: som har all makt samla hos éin eller svært få personar

41


K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Å amme sitt eige barn såg ein som eit ideal. Men dei som hadde råd, valde likevel ofte å kjøpe ein slave eller tilsetje ei fri kvinne som amme for barnet sitt. Døydde barnet, måtte lønna ofte betalast tilbake. Sett med våre auge vart barn utsette for røff behandling. Det var eit ideal å vere hard, særleg i overklassen. Den største anerkjenninga eit barn kunne få, var å bli samanlikna med ein vaksen.

til

Måleri av Modesto Faustini frå 1800-talet. Kvardagsliv i Roma. Trur du denne framstillinga er truverdig?

vu

rd

er

in g

HISTORIE

Ku

n

Skulegang

42

Den tida barna ikkje trong å arbeide, gjekk dei på skule og vart underviste. Det er forklaringa på at ordet skule (gresk skhole) tyder fritid. Både i Hellas og Roma var skulane vanlegvis private. I Sparta var skulane stat­ lege, og barna måtte forlate familien då dei begynte på skulen, oftast i sjuårsalde­ ren. Undervisninga gjekk for seg ute i søylehallar eller heime hos lærarane. Dei aller fleste elevane var søner av frie borgarar, men også nokre jenter og barn av slavar gjekk på skule. Gymnastikk var det viktigaste faget i Hellas (gresk: gymnos = naken), men det vart også undervist i song, musikk, grammatikk og litteratur. I Roma var lesing og skriving viktigast, og retorikk var eit sentralt fag. Greske elevar las Homers dikt. I Roma fordjupa elevane seg både i greske og romerske verk. Skulegangen var ingen dans på roser. Første time begynte ved soloppgang, og disiplinen var hard. Ofte vanka det både slag og pisk på ein skuledag.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Plikter og gleder i vaksenlivet

Ku

n

til

vu

rd

er

in g

Arbeidet var kjønnsdelt. Kvinnene skulle arbeide inne, mennene ute. Men det var nokså sikkert skilnad mellom ideal og realitetar. Også kvinnene arbeidde ute på markene i dei travle periodane når kornet skulle i hus eller olivenane skulle plukkast. I ein storby som Roma var livet mykje meir variert, særleg for frie menn. Alt etter kva ein vaksen mann hadde råd til, kunne han trene, jakte, halde ein stor middag, gå i romerske bad, spele på hesteveddeløp, vere heile dagen på ei vinkneipe, gå på teater eller gå på bordell. Han kunne også prøve å finne ei kvinne å gifte seg med. Familien var etter alt å dømme det viktigaste i livet til dei fleste menn. Det finst mykje litteratur om kjærleiken som menn dyrka, med råd og vink til dei som ville vinne kvinnehjarte. Diktaren Ovid (43–17/18 f.Kr.) skriv i verket Kunsten å elske at menn må passe på at dei ikkje forfell fysisk. Dei må halde kleda i orden, kjemme håret, ikkje lukte sveitte og sørgje for at skolissene ikkje heng og sleng. Men dei må ikkje overdrive. Menn som barberer leggene sine, går for langt, meiner Ovid. Kvinner hadde meir å spele på. Velståande romerske kvinner hadde ei eiga slavinne som hjelpte dei med hårstell og sminke. Ansiktet vart dekt med krem som inneheldt safran. Dei hadde rouge i kinna og kol til å streke opp bryna. Det var vanleg å farge håret eller bruke parykk. Parykken var ofte laga av håret til blonde krigsfangar frå Germania. Men kvinnelivet handla ikkje mest om pynt og stæsj. Det kravet som vart stilt til henne, var at ho først og fremst skulle vere ei plikt­ oppfyllande kone og mor. Eit av dei yrka som var opne for kvinner, var jordmoryrket. Romarane var sann­ synlegvis også dei første som greidde å skjere eit barn ut av magen til mora når det ikkje kunne fødast på vanleg måte. Julius Cæsar vart forløyst slik, og difor kallar vi operasjonen keisarsnitt. Kvinner frå fattige lag kunne bli tenarar. Litt meir velståande kvinner kunne ­arbeide i ein butikk eller som frisørar. I Athen vart det rekna som ei stor ære for ei kvinne at ingen sa namnet hennar offentleg før etter at ho var død. Å bli omtalt i levande live var det same som å ha eit dårleg rykte. Kvinna skulle ikkje vise seg utanfor sitt eige hus. Slik var det ikkje i Roma. Også der var kvinna underlagd faren eller ektemannen, men det fanst kvinner i den romerske eliten som kunne vere for fullt med i det poli­ tiske livet. Somme rike kvinner kunne bli prestinner for visse gudar og gudinner. Vi skal også hugse at dei aller fleste kjeldene frå antikken stammar frå menn. Det var nokså sikkert ein viss skilnad mellom dei ideala kjeldene gir uttrykk for, og korleis kvinnene levde livet sitt i praksis. Ei kvinne skulle ideelt sett berre ta seg av familien. Men skildringar frå samtida, særleg i mange brev som enno finst, tyder på at ho kunne gjere ein del av det same som menn gjorde. Ho kunne til dømes gå på hesteveddeløp og i teateret.

43


in g er

vu

rd

Byggverk, innretningar og underhaldning

Ku

n

til

Om du reiser til Italia i dag, er det enkelt å finne spor etter Romarriket. På dette oppslaget ser du noko av det romarane er kjende for, både impo­ nerande byggverk, vegar som framleis er i bruk, og kulturuttrykk som fascinerer den dag i dag.

44

For å forsyne Roma og andre byar med nok vatn bygde romarane vassleidningar, akve­ duktar. Den lengste akvedukten inn til Roma var på nesten ti mil, og aldri før var det bygt eit så omfattande og sinnrikt system for vassforsy­ ning. Overslag har vist at Roma i antikken vart forsynt med dobbelt så mykje vatn per innbyg­ gjar som i moderne tid.

Romarane var store vegbyggjarar. Dei la lange rette strekningar i ulike terrengtypar for å få både forsyningar og soldatar fort fram. Vegane var laga av steinblokkar eller brustein oppå eit lag med singel, og nivået var høgast på midten for at vatnet skulle renne raskt ut til sidene. Dei fleste vegane frå romartida ligg i dag under vegar som er bygde i ­moderne tid. Men nokre er framleis i bruk, som Via Appia Antica i Roma.


n

til

vu

rd

er

in g

Underhaldning på store arenaer spelte ei vik­ tig rolle i livet til romarane. Det var vanlegvis keisaren sjølv eller andre høge standspersonar som organiserte underhaldninga for at dei skulle bli populære mellom folk flest. Framsyningane kunne vere i mange varian­ tar, men hadde som regel noko til felles: Dei var blodige. Ville dyr kjempa mot andre dyr eller mot forsvarslause slavar. Forbrytarar måtte slåst mot kvarandre. Aller mest populære var gladiatorkampane. Gladiatorar var kriminelle eller slavar som var trente på spesielle skular. Så vart dei sende inn på arenaene til kamp på liv og død. Colosseum i Roma er den største og mest kjende arenaen for slike kampar, og vart bygd berre for forlystingar. Arenaen tok 50 000 til­ skodarar. Golvet kunne dekkjast med vatn, slik at det også var mogleg å framstille sjøslag.

Hypokaustum

Ku

Romarane utvikla ei avansert form for sentralfyring med golv­ varme, såkalla hypokaustum. Det var basert på prinsippet om at varm luft er lettare enn kald og stig opp. Golvet vart lagt på søyler, slik at varm luft strøymde inn på undersida frå store omnar, og ris­ ter i golvet sleppte varmlufta gjennom og fylte romma. Romarane bygde hypokaustum både i offentlege bad og i privathus hos rik­ folk, særleg på stader i Nord-Italia der det er kaldt om vinteren.

Pompeii var ein by ikkje langt frå der Na­ poli ligg i dag. Livet i Pompeii stansa brått og dramatisk då vulkanen Vesuv fekk eit svært kraftig utbrot 24. august i år 79. Gifti­ ge gassar tok livet av mange innbyggjarar midt i kvardagslege gjeremål – ein bakar framfor omnen, ein gjest i ein vinbar. Etter kvart som tida gjekk, lét dei oppsmuldra kroppane etter seg holrom i oskelaget som gravla byen, og desse holromma kan fyllast med gips. Dermed stig pompeiarar i døds­ stunda fram for oss. Pompeii er ei eineståande kjelde til kvardagsliv i romartida. Innskrifter fortel mykje om sosialt liv: Ein leiande person­ legdom takkar for eit val ved å donere kunst og dekorasjonar til teateret i byen, og det skal feirast i amfiteateret med pro­ sesjonar, dyrejakt og slåstkampar. Utgra­ vingane har avslørt eit mylder av ulike yr­ kesgrupper: landarbeidarar, forpaktarar, vingardsarbeidarar, hønsehandlarar, frukt­ seljarar, kvitlauksseljarar, fiskarar, bakarar, gullsmedar og barberarar.

45


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Fred, handel og stabilitet

rd

er

in g

Tida etter Augustus er kalla pax romana – den romerske freden. Imperiet var bygt på krig, og det var stadig mindre krigsutbrot langs grensene. Men i det store og heile rådde det fredelege forhold med gode vilkår for byutvikling og handel. Verdshandelen bygde hovudsakleg på seks vareslag: rav frå Austersjøen, elfen­ bein frå Afrika, tenner av kvalross og mammut frå Sibir, pepar frå India, silke frå Kina og røykjelse frå Sør-Arabia. Det fanst også andre varer, som perler, edelsteinar, skinn og glasvarer. Romarriket var størst i utstrekning under keisar Trajan, ca. 100 år etter Augustus. 50 til 60 millionar menneske budde då innanfor grensene. Roma hadde over ein halv million innbyggjarar, somme forskarar meiner opp mot ein million. Nesten heile riket utanfor Italia var delt opp i provinsar. Ute i provinsane vart ­innbyggjarane pålagde skattar som romarane sjølve var fritekne for, som korn og andre varer. Lokale elitar vart trekte inn i provinsstyringa og kunne dermed oppnå personlege fordelar. Romarane fekk på den måten stabile forsyningar og eit nett­ verk av lojale støttespelarar. Slik gjekk tiåra og hundreåra. Rivningar og rivaliseringar gav uro på mange nivå i samfunnet. Lokale oppstandar og slaveopprør vart slått hardt ned. Men imperiet sjølv verka usårleg. Roma aeterna – det evige Roma – slik var mottoet som vart inn­ gravert på keisarlege myntar.

vu

Romarriket 265 f.Kr.

til

Romarriket på sitt største 117 e.Kr.

BRITANNIA

Ku

Dona u

GALLIA

A

n

GERMANIA MAGNA

lp

ane IL

ITALIA

46

LY

Sv

RI A

MAKEDONIA

Roma

HISPANIA

arte

havet

Bysants (Konstantinopel)

Pompeii

Romersk 113–117 e.Kr.

ASIA Athen SYRIA

Karthago

M

A

Romerriket Romarriket

DAKIA

DALMATIA

FR

MESOPOTAMIA FØNIKIA

i d d e l h a v e t

Jerusalem

Alexandria IC

A

Memfis EGYPT

JUDEA

PARTARRIKET


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Kvifor gjekk Romarriket i oppløysing?

Lukk boka og prøv å peike på dei fem årsakene som er nemnde for at riket gjekk under.

til

vu

rd

er

in g

I tilbakeblikk kan ein likevel mogleg sjå at Romarriket gradvis vart svakare og mista kraft til å stå imot både indre og ytre press. I dag peikar ikkje forskarane på éi enkelt årsak, men trekkjer fram eit knippe av årsaker som til saman førte til at riket til slutt braut saman. (Les om SPØKT på side 14.) • Grenser for vekst. Økonomien i Romarriket var basert på jordbruk. Då imperiet slutta å vekse, måtte den same jordbruksøkonomien bere ein administrasjon og eit militærstell som vart stadig større og dyrare. Korrupsjon og luksusforbruk tyngde. Over tid førte det til økonomisk utarming og mindre stabilitet, særleg i den vestlege delen av riket. • Sentrum – periferi. Skattane var ei belastning for provinsane og tærte på lojalite­ ten til Roma. Sentrum kunne også miste interessa for det som gjekk for seg i periferien. Styringssystemet var avhengig av at lokale maktelitar såg seg tent med romersk herredømme, men slik var det ikkje alltid. Dermed kunne forholdet mellom sentrum og periferi bli svekt. • Press utanfrå. For dei germanske stammane i nord var dei romerske rikdom­ mane attraktive mål. I nokre periodar var forholdet til desse naboane fredeleg, i andre periodar konfliktfylt. Utover på 200-talet var det ikkje lenger romarane som hadde initiativet i desse konfliktane. Germanarane angreip på uventa sta­ der. Sjølv om romarane hadde bygt gode vegar, tok det lang tid å flytte styrkane. Når dei sjølve ikkje lenger kunne bestemme «spelereglane» i krigen, vart ­romarane meir sårbare. • Arvefølgjestrid. Romarane utvikla aldri noko lovverk for korleis keisarmakta skulle overførast til ein ny person. Mangelen på ei fast arvefølgjeordning opna for splid og borgarkrig. På 200-talet mista sentralmakta mykje av kontrollen til mek­ tige hærførarar ute i provinsane med store politiske ambisjonar. Dei begynte å kjempe seg imellom om keisarmakta. • Nedgang i folketalet. Alvorlege epidemiar angreip dei tett folkesette områda rundt Middelhavet på 200-talet. Sjukdommane kom tilbake i fleire store bølgjer i hundreåra som følgde. Nedgang i folketalet gjorde det vanskeleg å skaffe nok soldatar, og det svekte riket endå meir.

Romarriket blir delt

Ku

n

Delar av det veldige Romarriket utvikla seg etter kvart på ulike måtar. Den vestlege delen hadde både dårlegare økonomi og færre byar. Riket vart meir svekt i vest enn i aust. Som følgje av oppløysingstendensane vart Romarriket delt i 395. Då hadde Konstantinopel, i dag Istanbul, alt i fleire tiår vore maktsenteret i riket. På 400-talet auka uroa langs grensene. Mange folkeslag, gotarar, germanarar og vandalar, eta­ blerte nye kongedømme, delvis innanfor dei gamle grensene til Romarriket. I 476 kåra ein gotisk general seg sjølv til konge av Italia, med godkjenning frå keisaren i Konstantinopel. Det vestromerske riket eksisterte ikkje lenger. Årsakene til at Romarriket gjekk i oppløysing, har nesten vore eit eige fag innan­ for historiefaget. Forskarane har vore så opptekne av å finne ei forklaring på det at dei bortimot har fortrengt noko som har like mykje krav på å bli forstått: at Romarriket faktisk stod ved lag så lenge. Eit imperium frå vår eiga tid, Sovjetunionen, eksisterte frå 1917 til 1991 – i 74 år. Romarriket eksisterte i mange hundre år. Også samanlikna med andre imperium i verdshistoria fortonar Romarriket seg som ei svært stabil statsdanning.

Teksten stiller spørsmål om kor­ leis Romarriket kunne eksistere så lenge som det faktisk gjorde. Kva for årsaker trur du det kan vere til at det ikkje gjekk under tidlegare?

47


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Frå Golgata til Roma Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen, for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut. Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»

Lukas 23, 44–47

St. Peterskyrkja i Vatikanet, Roma.

vu

rd

er

in g

Berre nokre få tilhengjarar hadde følgt Jesus dei siste dagane i livet hans, slik dei hadde gjort i dei åra han hadde reist rundt som ein religiøs predikant. Bibelen fortel korleis den vesle flokken av tilhengjarar følgde avrettinga på Golgata-høgda, og korleis dei fekk lov til å ta han ned frå korset og leggje han i ei grav i berget. Korset skulle bli det fremste symbolet for ein verdsomspennande religion. Kristendommen har i dag, ca. 2000 år etter at Jesus vart avretta, nær ein milliard tilhengjarar. Korleis kunne det gå slik? Kva kan forklare at kristendommen fann ­vegen frå Golgata til Roma, frå å vere ei lita, marginal sekt til å bli ein statsreligion for heile det romerske riket? Vi veit ikkje så mykje om Jesus og livet han levde. Det meste av det vi veit, stam­ mar frå skrifter som vart samla minst 40 år etter at han døydde, og desse skriftene har samtidig eit sterkt misjonerande og forkynnande preg. Som historiske kjelder må ein difor behandle det med varsemd og sjå det i samanheng med anna kjeldemateriale. Jesus reiste rundt i Judea, som på hans tid var ein romersk provins. Akkurat som Jesus sjølv var jøde, har den religionen han skulle bli stiftar av, djupe røter i juda­ismen – jødisk kultur og tru. Men kristendommen vart nokså raskt kjend også utanfor Judea. Éin grunn kan vere at dei fleste første kristne var jødar, og at jødane budde spreidd rundt i Romarriket. Ein annan grunn kan vere appellen i den kristne bodskapen. Den kristne trua legg lite vekt på jordisk gods. Fattigfolk kan ha funne trøyst i lovnaden om personleg frelse etter døden som lønn for å tru på Jesus. Det er kanskje inga stor overrasking at kristendommen til å begynne med var ein ­religion som fekk flest tilhengjarar mellom fattigfolk.

Ikkje berre forfølgingar

Ku

n

til

Seinare kristne forfattarar har framstilt forholdet til romarane og keisarmakta som ei samanhengande historie om undertrykking og forfølging. Det er nok ikkje rett. Romarane hadde den grunnhaldninga at vrimmelen av religionar og trusretnin­ gar innanfor det svære multikulturelle riket kunne få vere i fred så lenge dei ikkje laga bråk, og så lenge dei var lojale mot det romerske regimet. Kristendommen var ikkje noko unntak frå denne regelen. Men det fanst kjelder til uro og gnissingar. Dei kristne var ikkje særleg populære i omgivnadene sine, først og fremst fordi dei var så avvisande til tru og gudsdyrking hos andre. Alt i det første hundreåret forbaud keisarmakta kristendommen med den grunngivinga at dei kristne var ei hemmeleg gruppe og ein fare for staten. Men for­ bodet vart ikkje handheva særleg strengt. Framover mot år 300 vart forfølgingane hardare. På denne tida hadde dei kristne også utvikla ein organisasjon, ei kyrkje, med prestar og biskopar. Dette såg keisar­ makta på med sterk mistru. Det var ei uroleg tid med press mot Romarriket både innanfrå og utanfrå. Roma skjerpte difor haldninga si mot ein organisasjon som keisarmakta ikkje hadde kontroll over. Trua i seg sjølv var nok ikkje problemet. Alt tyder på at det var eksistensen av ein konkurrerande organisasjon med sterkt indre samhald som vart oppfatta som ein trussel.

48


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

er

vu

rd

Keisar Konstantin (keisar 324–337) begynte å utvikle ein ny politikk overfor dei kristne. I staden for å ha kyrkja som konkurrent og alternativt maktsenter ynskte han å ha dei kristne og organisasjonen deira på sitt parti. Han tok mange steg for å knyte saman stat og kyrkje. Konstantin stelte seg som ein patron (sjå side 38) overfor kyrkja. Han gav tilbake beslaglagd eigedom, og han tok kristne leiarar inn i krinsen av nære rådgivarar. Til vederlag vende dei kristne ikkje lenger ryggen til keisarmakta. Kor imøtekomande Konstantin eigentleg var overfor kristendommen, er omstridt. Men gradvis vart kyrkja gjord til ein alliert, ikkje ein motstandar, i styringa av im­ periet. Somme trekk gjorde henne godt eigna til ei slik rolle. Kristendommen hadde lite toleranse for folk med ei anna tru og la sterk vekt på forkynning. Begge delar pas­ sar godt for ei sentralisert statsmakt. Ved å knyte tett kontakt med prestane fekk keisarmakta også ein viss kontroll over kyrkjelydane. Om lag 50 år etter at Konstantin døydde, vart kristen­ dommen den einaste tillatne religionen i Romarriket. Kristendommen var blitt eit av styringsreiskapane for keisaren, men han måtte også hanskast med ein organi­ sasjon han ikkje hadde full kontroll over.

in g

Statens religion

Beundra – men ikkje alltid

Ku

n

til

Romarane beundra den greske kulturen og slett ikkje berre på arkitekturområdet. Dei tok til seg mylderet av greske gudar og gav dei sine eigne namn, dei beundra gresk filosofi og kunst, dei las gresk litteratur og lét seg påverke av deira oppseding og talekunst. Det romerske teateret bygde på greske modellar. Danna romarar snakka gresk i tillegg til latin. Dei siste par hundre åra er det brukt store ressursar på utgravingar og restaure­ ringar av kunstverk og bygningar frå antikken, også berømte byggverk som Partenon i Athen og Pantheon i Roma. Vi vil tilbake til opphavet, vite korleis det faktisk var, korleis bygningane eigentleg såg ut, og kva dei vart nytta til. Men slik har det ikkje alltid vore. I andre historiske periodar har folk teke stein frå tempel for å byggje brønnar eller eigne hus, gamle heilagdommar vart plukka sund på grunn av aktuelle behov. På 400-talet vart Partenon gjord om til ei kristen kyrkje, tusen år etter det igjen, på 1400-talet, vart tempelet brukt som moské av musli­ mane, som då hadde makta i Hellas. Då krigarar frå Venezia angreip Athen mot slutten av 1600-talet, vart delar av det gamle tempelet nytta som krutlager. Pantheon i Roma har vore gjennom tilsvarande omformingar. På 600-talet vart bygget vigsla til kyrkje og fekk namnet Santa Maria ad Martyres. I urolege tider på 1300-talet, då paven heldt til i Avignon og ikkje i Roma, vart Pantheon nytta både som festning og som marknad for kjøp og sal av høner. Så vart det montert tårn som seinare vart latterliggjorde og fjerna igjen.

Jesus blir ofte framstilt som ein opprørar som stifta ein organi­ sasjon som seinare vart forfølgd og undertrykt. Korleis vil du karakterisere forholdet mellom kristendommen og keisarmakta etter å ha lese desse avsnitta?

Det du nettopp har lese, har tittelen «Frå Golgata til Roma». Kvifor har forfattaren valt denne tittelen på ein tekst om kristendommen?

49


K A P 1 Sivilisasjonar blir til

at overgangen til jordbruks­ samfunn ikkje nødvendigvis gav betre liv for enkeltmen­ nesket at bruken av metall førte til at bonden fekk betre reiskapar, at våpenproduksjonen auka, og at det vart laga kunst­ nariske utsmykkingar at den greske bystaten vart kalla polis, og at det er den første samfunnseininga der borgarane saman bestemte korleis staten skulle styrast at demokratiet er eit styresett som vart utvikla i polisen ­Athen at den greske antikken også har sett tydelege spor innanfor kunst, filosofi og idrett at Roma gjekk frå å vere ein bystat til å bli eit av dei største rika i verdshistoria at Romarriket også er eit av dei rika som har levt lengst

Politikk

Demokratiforkjemparane under den amerikanske og den franske revolusjonen viste ofte til førebilete frå antikken. Den nye statsforma vart heitande republikk etter ro­ mersk mønster. Nasjonalforsamlinga i Washington kom til å liggje på eit høgdedrag som vart kalla Capitol Hill, etter ei av dei sju høgdene i Roma. Ikkje alt passa. Vi kunne kanskje tru at fridomskjemparar som slost mot adels­ makt og for medråderett og nasjonalt sjølvstende, hadde demokratiet i Athen som høgaste ideal. Men slik var det ikkje. Athen var ein liten bystat, USA og Frankrike store nasjonar. Athen hadde eit ­direkte demokrati som bygde på folkeforsamlingar der alle borgarar kunne møte, mens dei moderne nasjonalstatane utvikla eit parlamentarisk demokrati der folket vel representantar til nasjonalforsamlinga. Inspirasjonen frå Athen ligg kanskje på eit djupare plan: førestillinga om at dei som styrer, må ha godkjenning frå folket for å gjere det. Det var berre samlinga av borgarar, polisen, som kunne gi dei styrande legitimitet. På denne måten kunne ­demokratiet i Athen vere inspirasjonskjelde jamvel om sjølve styringsforma vart annleis.

til

at kristendommen gjekk frå å vere ei marginal sekt til å bli statsreligion i Romarriket

in g

at dei første sivilisasjonane oppstod i Mesopotamia ca. 3500 f.Kr.

Under renessansen (ca. 1350–1500) fekk dei lærde fornya interesse for den antikke kulturarven (sjå side 139). Denne arven vart knytt til ideal om individualisme, huma­ nisme og kritisk tenking. Antikken skulle gjenopplivast som ledd i at samtida braut opp frå den «mørke» mellomalderen, prega av sterk tru på religiøse autoritetar. I dag er nok eit slikt syn både på mellomalderen og antikken forelda. Men ideali­ seringa av antikken i renessansen har likevel farga oppfatningane i ettertida, heilt fram til våre dagar. På slutten av 1700-talet vart den antikke kulturarven mote. Det kunne merkast på ulike område. Overklassehusa i England og Frankrike vart dekorerte med antikke søyler og romerske løver. Utover på 1800-talet vart stovene deira fylte med kopiar av greske vasar og romerske byster. Det var teikn på fin smak og gav prestisje. Parlamentsbygningane i Berlin og Wien vart bygde i ein stil som fekk dei til å likne på templa i antikken. Dei mektigaste landa i Europa jakta på antikke kunst­ gjenstandar. Det er forklaringa på kvifor dei største samlingane av antikk kunst den dag i dag finst på museum i London, Berlin og Paris – ikkje i Athen eller Roma. Antikken er kalla den klassiske epoken i europeisk kulturhistorie. Den retninga i kunst og arkitektur som vart inspirert av antikken, heiter difor nyklassisismen.

er

at innføringa av jordbruket blir kalla ein revolusjon fordi kon­ sekvensane vart så gjennom­ gripande

Antikken som mote og inspirasjon

rd

Dette kapittelet handla om

vu

HISTORIE

Ku

n

renessanse: atterføding. Namn på periode som opp­ stod i Italia på 1300-talet

Litteraturliste Tom Holland: Rubicon, 2008 Gunnar W. Knutsen: Lange linjer i historien, 2010 Jørgen Chr. Meyer: Antikkens historie, 2002 Per-Bjarne Ravnå: Gresk og romersk politisk historie, 2010 Vibeke Roggen, Per-Bjarne Ravnå, Thea Selliaas Thorsen og Siri Sande: Antikkens kultur, 2010

50


Å gjere

Perspektiv

1 Forklar kort kvifor vi kallar jordbruksrevolusjonen ein revolusjon. 2 Lag ei liste med stikkord som beskriv dei viktigaste føresetnadene for at dei første sivilisasjonane skulle oppstå.

2 Perikles skildra ein gong styreforma i Athen slik:

3 Skriv 1–2 stikkord til kvar SPØKT-kategori som du meiner summerer opp det du har lært om Hellas i antikken. Døme: P: direkte demokrati.

5 Lag ein illustrasjon som viser korleis styresettet i den romerske republikken var bygt opp. Kva er den største skilnaden på denne og den du teikna for Athen?

Frå ein tale Perikles heldt for athenarar som døydde under peloponnesarkrigen, fortald av den greske historikaren Tukydid. Omsett etter Aschehougs verdenshistorie, bind 2

rd

6 Finn fem bilete du meiner skildrar viktige hendingar og endringar best i denne perioden, og forklar kvifor du meiner dei gjer det.

er

4 Lag ein illustrasjon som viser korleis styresettet i Athen var bygt opp.

Vi har ei statsforfatning som ikkje hermar etter lover hos andre, i og med at vi sjølve meir er eit føre­ bilete for andre enn at vi etterliknar andre. Denne forfatninga blir kalla demokrati fordi det ikkje er nokre få, men fleirtalet som styrer bystaten. Etter lovene er alle likestilte for retten, men den respek­ ten ein nyt, er avhengig av om ein har noko å ta til inntekt for seg. Ikkje blir ein føretrekt i det offentlege livet fordi ein høyrer til ein viss klasse, men fordi ein er dyktig. Kan ein gagne staten på nokon måte, blir ein ikkje hindra i det sjølv om ein er fattig og av ring ætt.

in g

Har du fått med deg dette?

1 I kapittelet har du lært om fordelar og ulemper ved overgangen til jordbrukssamfunn. Kva for nokre vil du trekkje fram som mest positive og kva for nokre som mest negative?

a Korleis framstiller Perikles demokratiet i Athen?

Samanhengar

b Vurder perspektiva som kjem fram i kjelda kritisk:

vu

1 Framveksten av sivilisasjonar a Vel ei viktig årsak for utviklinga av dei første sivilisa­ sjonane, og skriv eit avsnitt om kvifor akkurat denne årsaka var viktig. (Du kan lese meir om det å skrive drøftande artikkel i kurset på side 505.)

til

b Samarbeid med ein medelev, og les tekstane dykkar for kvarandre. Korleis ville dette avsnittet fungert i ein større artikkel om emnet? Gi kvarandre tilbakemeld­ ing på sterke sider og eventuelle forbetringspunkt.

Ku

n

2 Demokratiet vart ikkje oppfunne for demokratiets eiga skuld, står det i lærebokteksten. Kan leiarane som inn­ førte demokrati i Athen, ha hatt andre motiv enn berre å gi fleire av innbyggjarane demokratisk innverknad? Finn informasjon om Solon, Kleistenes og Perikles. Finn ut (a) korleis kvar av dei endra styresettet i Athen slik at det vart meir demokratisk, og (b) kvifor kvar av dei gjorde desse endringane.

3 Romarriket dekte på sitt største området rundt Middel­ havet og store delar av Europa. Drøft ulike årsaker til at riket vart så stort. Sorter gjerne årsakene etter SPØKT, og vurder kva for årsaker du meiner er viktigast. 4 Det finst mange forklaringar på kvifor Romarriket til slutt gjekk i oppløysing. Kva for nokre av desse forklaring­ ane peikar på indre årsaker, og kva for nokre peikar på ytre? Er det mogleg å peike på ei eller fleire årsaker som meir sentrale enn andre?

• Kva motiv kan Perikles ha hatt for å få styreforma i Athen til å sjå betre ut enn ho var? Finn ut meir om Perikles for å vurdere spørsmålet. • Kor sikre kan vi vere på at Tukydid (som skreiv ned talen) har skrive talen ordrett ned? Var han til stades? • Kva motiv kan Tukydid eventuelt hatt for å pynte på framstillinga? • Les meir om kjeldekritikk på side 16 eller i kurset på side 498, og vurder om du vil leggje til fleire kjeldekritiske spørsmål.

c Basert på vurderingane i b, kva kan kjelda fortelje oss om demokratiet i Athen, om Perikles og om Tukydid? d Tenk deg at du skal skrive ein fagartikkel om demokratiet i Athen der du skal bruke denne kjelda og andre primærkjelder. Kva for andre kjelder ville du brukt? 3 Kva kjenneteiknar posisjonen til kvinnene i Romarriket? Ville biletet av posisjonen deira sett annleis ut dersom vi hadde fleire kjelder frå perioden skrivne av kvinner?

51


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjonar blir til

Kjelde 1: Utdrag frå «Hammurabis lover», ca. 1770 år f.Kr.

Var sivilisasjonane eit framsteg?

Kontekst: Hammurabis lover er frå Babylon i Mesopotamia, ca. 1770 år f.Kr. Babylon var på dette tidspunktet den største byen i verda, og Det babylonske riket var truleg det største i verda, med over ein million innbyggjarar. Det strekte seg over mesteparten av Mesopotamia, inkludert det meste av det moderne Irak og delar av dagens Syria og Iran. Lovsamlinga til kong Hammurabi skulle gi eit meir einskapleg juridisk system i det babylonske riket.

I mesteparten av historia om menneskeætta har vi levt som jegerar og samlarar. Etter jordbruksrevolusjonen, ca. 10 000 år f.Kr., begynte menneske å organisere seg i større samfunn, og det oppstod sivilisasjonar. Men vart menneska og samfunna dei organiserte seg i, eigentleg meir siviliserte? Og korleis skil desse samfunna seg frå moderne samfunn? Desse spørsmåla skal du utforske i dette oppdraget.

Nokre av lovene

in g

Oppdrag 1:

196. Hvis en mann av høy rang blinder øyet til en annen mann av høy rang, skal de blinde øyet hans.

Arbeid saman med ein medelev og undersøk kjeldene ­under. Finn ut kva kvar av kjeldene fortel oss om ­samfunnet kjelda vart til i.

198. Hvis han blinder øyet til en alminnelig mann eller brekker beinet hans, skal han veie opp og avlevere 60 sølvsekler. 199. Hvis han blinder øyet til slaven til en mann av høy rang eller brekker beinet til en slave av en mann av høy rang, skal han veie opp og avlevere halvparten av slavens verdi (i sølv).

rd

Post 2

197. Hvis han brekker beinet til en annen mann av høy rang, skal de brekke beinet hans.

er

Post 1

Plasser kjeldene på ei tidsline. Gjer greie for kva som endra seg for kvar kjelde, og kva som heldt fram som før.

Post 3

vu

Finn meir informasjon om kjelde 1 og minst ei av dei tre ­andre kjeldene. Kva kan forklare at samfunnet vart ­organisert etter desse ideane?

209. Hvis en mann av høy rang slår en kvinne av høy rang og dermed forårsaker at hun mister barnet hun bærer, skal han veie opp og avlevere ti sølvsekler for fosteret. 210. Hvis kvinnen dør, skal de drepe datteren hans. Frå Yuval Noah Harari: Sapiens – en kort historie om menneskeheten, Oslo (2011)

Post 4

til

Finn meir informasjon om sivilisasjonane i Mesopotamia og jeger- og samlarsamfunna. Finn likskapar og skilnader mellom dei to samfunnstypane med vekt på • kosthald og helse

• hierarki versus egalitært samfunn • forholdet mellom kjønna

n

• arbeidsliv og fritid

• tryggleik og sikkerheit

Kjelde 2: Den amerikanske sjølvstendeerklæringa, 1776 (utdrag) Vi reknar desse sanningane som sjølvinnlysande, at alle menneske er skapte like, at Skaparen har gitt dei visse umistelege rettar, og at liv, fridom og leiting etter lykke er mellom dei.

Kjelde 3: FNs universelle menneskerettserklæring, 1948 Artikkel 1. Alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei er utstyrte med fornuft og samvit og bør handle mot kvarandre i brorskapsånd.

Post 5

Kjelde 4: Kongeriket Noregs Grunnlov, § 98

Finn argument for og imot at samfunnet vart betre for men­ neska som levde der, før og etter jordbruksrevolusjonen, med utgangspunkt i det de fann ut i punkt 1–4. Gjennom­ før ein debatt i klassen, eller skriv eit debattinnlegg eller ein fagartikkel.

§ 98. Alle er like for lova. Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjells­ behandling.

Ku

• økologi, natur og berekraft

52


Post 3

Athen på 400-talet f.Kr. har blitt omtalt som det første ­demokratiet i verda. I dette oppdraget skal du utforske ­demokratiet i Athen i antikken, samanlikna med det i Noreg i 1814, Noreg i dag og USA i dag.

Post 1 Diskuter i gruppa. Korleis vil de definere eit demokrati? Lag ei liste med minst fem punkt som de meiner må vere til stades for at eit samfunn skal kallast eit demokrati.

Post 2

Diskuter med utgangspunkt i det de har funne ut, og ­spesielt dei tre kriteria frå post 2. Argumenter for og imot å kalle kvart av desse samfunna demokratiske, og diskuter kva for eit de vil vurdere som mest demokratisk.

rd

Arbeid i grupper på fire og fordel mellom dei styresettet i dei fire samfunna som er viste på bileta. Kvar og ein finn infor­ masjon om styresettet i sitt samfunn. Undersøk korleis samfunnet vart styrt, og finn særleg informasjon om (og om kriteria de sjølve definerte i post 1)

Post 4

in g

Kan demokrati bety ulike ting?

Legg fram det de har funne ut, for dei andre i gruppa. Ta notat frå presentasjonane til kvarandre, slik at alle har oversikt.

er

Oppdrag 2:

– kva for moglegheiter innbyggjarane eller ulike grupper av innbyggjarane har til å påverke politiske avgjersler

– maktfordeling

vu

– kva for moglegheiter innbyggjarane har til å stille dei med makt til ansvar

Eidsvoll 1814, måleri av Oscar Wergeland (1844–1910)

Stortingssalen i dag.

Ku

n

til

Det kvite huset, Washington, D.C., USA

Philipp von Foltz (1805–1877): «Perikles’ tidsalder»

53


KAPITTEL 2

Innhald:

er

Mellomalderen i Europa

in g

Kva er mellomalderen? side 56 Tre store kulturområde side 57 To germanske rike side 58 Det føydale systemet side 59 Folkeauke og teknologi endrar samfunnet side 62 Det kristne Europa side 64 Kva var korstoga? side 66 Byar, handel og handverk side 68 Statane blir til side 70 Keisar og pave – allianse og konkurranse side 71

Ku

n

til

vu

rd

I dette kapittelet skal vi ta for oss samfunnsutviklinga i Europa i rundt tusen år etter at Romarriket braut saman. Dei første hundreåra var prega av oppbrot og folkevandringar, særleg i vest. Etter kvart voks det fram statsdanningar som vi kjenner frå vår eiga tid. Jordbruket dominerte økonomien, og nesten alle var bønder. Kristendommen farga måten folk tenkte på, og kyrkja var ei dominerande samfunnsmakt.


Slik såg det ut Karl den stores rike Delinga av riket i 843 Islamske område ca. 814

an

di

BRETAGNE

Aachen Paris

Det vestfrankiske riket

rs

te

Hamburg El be n

London

H A V E T

Au

BÖHMEN Dona Det u austfrankiske riket MÄHREN

FRANKARRIKET

RIA

Midtriket

Venezia Ravenna

rd

Lyon

ASTU

s

er

A T L A N T E R -

jøe

via

ANGLOSAKSISKE RIKE

n

na

Nords j ø en D ANMARK

in g

Det bysantinske riket ca. 814

Sk

Sv

Kyrkjestaten

arte

havet

Roma

Konstantinopel

vu

SPANSKE EMIRAT

M

TUNISIA

IS

MS

n

til

Europa på 800-talet

LA

i d d e l h a v e t

K O MRÅD E

Dette har hendt Den siste vestromerske keisaren vart avsett i 476, ei storhending som ofte er brukt for å markere slutten på antikken. Det austromerske riket levde vidare med Konstantinopel som hovudstad og kulturelt sentrum. Ein omflakkande jødisk predikant, Jesus frå Nasaret, vart avretta av romarane ca. år 30. Han fekk raskt fleire tilhengjarar, og romarane såg den nye religionen som ein trussel. Etter kvart fann dei i staden ut at dei ville gjere seg nytte av det sterke samhaldet mellom dei kristne og orga­ nisasjonen deira, kyrkja. Kristendommen vart gjord til statsreligion.

Ku

DET BYSANTINSKE RIKET

Acre

Kairo

EGYPT

Damaskus Jerusalem


330

K A P 2 Mellomalderen i Europa

Konstantinopel blir grunnlagd

800

Karl den store blir krona av paven i Peterskyrkja i Roma

987

Hugo Capet vart den første franske kongen av kapetingardynastiet. Same kongeslekta sat på trona dei neste 300 åra

Kva er mellomalderen? Kva legg du i ordet mellomalderen? Var det ein mørk tidsalder, prega av fattigdom og naud, overtru og vald? Kanskje vandrar tankane dine også til dystre borger og kappekledde riddarar med sverd og lanse og heltemot som blir sett på dei største prøver i kampen mot vonde krefter – som i J.R.R. Tolkiens Ringenes herre? Fantasy-litteraturen har i alle fall hatt sterk dragning mot mellomalderen. Denne litteraturen stimulerer fantasien vår. Mellomalderen er eksotisk og spennande. For­fat­ tarar og filmskaparar har funne mykje godt stoff i den perioden vi no skal ta for oss. Inndeling av perioden Tidleg mellomalder: ca. 500–ca. 1050 Høgmellomalderen: ca. 1050–ca. 1300 Seinmellomalderen: ca. 1300–ca. 1500

1088

Det første universitetet i Europa blir etablert i Bologna

1095

Kyrkjemøtet i Clermont gir støyten til det første korstoget

1182

Ein av dei mest kjende helgenane i mellomalde­ ren, Frans av Assisi, blir fødd

1215

Magna Carta blir skriven

rd

Keisar Henrik 4. dreg til Canossa for å få paven til å oppheve bannlysinga av han

Også for historikarane er mellomalderen ein fascinerande epoke, men krevjande å trengje inn i fordi kjeldene er få, og tenkjemåtar og verdssyn var så annleis enn i vår tid. Mellomaldermennesket i Europa levde i ei statisk verd, der alt og alle hadde ein fast plass i Guds store system. Det fanst éi sanning, og den var det kyrkja som forvalta. Men verda stod ikkje still. Teknologi og dyrkingsmetodar vart litt etter litt betre. Kloster og universitet voks fram. Storslåtte katedralar reiste seg mot himmelen. Forløparane til vår tids viktigaste politiske institusjonar, nasjonalforsamlingane, vart skapte i mellomalderen. Sjølve omgrepet mellomalder vart laga etterpå, i renessansen. Då vart det vekt ei ny interesse for kunst og kultur frå antikken. Hundreåra imellom hadde ein ikkje høge tankar om. Lærde folk i opplysningstida på 1700-talet brukte ei tredeling når dei skreiv historiebøker. Dei tok for seg antikken og den nyare tida, mens perioden Den kjende TV-serien «Game of Thrones» (2011–2019) går for seg i eit slags historisk univers. Kan mellomalderen ha sett slik ut?

n

til

1077

er

Vilhelm av Normandie erobrar England

vu

1066

Dante Alighieri begynner på Den guddommelege komedien, eit av dei mest kjende verka i verdslitteraturen

Ku

1307

1331

1347–1348

56

Skytevåpen blir tekne i bruk for første gong i europeisk krigføring, av italienarar i kamp mot tyske styrkar

Svartedauden herjar i Europa

in g

HISTORIE


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

er

in g

Mange mellomalderbyar, som Bagnoregio i Italia, låg godt verna bak murar eller høgt i terrenget.

vu

rd

imellom vart kalla mellomalderen. Dermed festa omgrepa mellomalder eller middel­ alder seg. I dag brukar vi omgrepet mellomalder først og fremst fordi det er så innarbeidd. Dei fleste historikarane meiner at mellomalderen ikkje var ein periode med skarpe skilje før og etter. Dei er særleg skeptiske til tanken i opplysningstida om ein «mørk» tidsalder som det galdt å overvinne. I staden vil historikarane ha fram eit samansett bilete. Banda til periodane før og etter er prega av både brot og kontinuitet.

Tre store kulturområde

Kva tenkjer du på med mellom­ alderen? Skriv tre påstandar som du meiner kjenneteiknar perioden, og sjå seinare i kapittelet om dei samsvarar med det læreverket fortel deg.

til

Romarriket var ein stor sivilisasjon som strekte seg rundt Middelhavet. Roma var det administrative og kulturelle sentrumet i imperiet. Vi har sett at riket vart delt, og i aust heldt ein betre fast på keisarmakt og bykultur enn i vest. På 700-talet voks det også fram eit tredje kulturområde: eit arabisk imperium. Det store middelhavsområdet, som Romarriket hadde bunde saman til éi eining, vart grovt sett delt i tre. Gjennom mellom­ alderen vart grenser flytta, statar voks fram og gjekk i oppløysing, og økonomiske og kulturelle sentrum forskyvde seg. Men denne overordna tredelinga stod ved lag.

n

Forfall i vest

Ku

Det er først og fremst forholda i Vest-Europa som forklarar at samanbrotet i Romarriket blir omtalt som forfall. Nye germanske kongedømme oppstod som resultat av dette samanbrotet og av dei store folkevandringane. Desse konge­ dømma var • ustabile • mangla eit heilskapleg lovverk • prega av at slektskap og personlege band var viktige for organiseringa av samfunnet • utan særlig bruk av skriftspråk Roma hadde opp mot ein million innbyggjarar på det meste i romartida, mens inn­ byggjartalet var kanskje under 50 000 på det lågaste tidleg i mellomalderen. Først i heilt moderne tid, etter 1945, begynte byen å vekse utover bymurane som vart bygde nesten 2000 år tidlegare.

Les meir om korleis store folkevandringar prega over­ gangsfasen mellom antikken og mellomalderen, i Perspektiv Skulestudio.

57


K A P 2 Mellomalderen i Europa

Roma vart redusert frå ein million innbyggjarar til i underkant av 50 000 nokre hundreår seinare. Kva for to årsaker meiner du er dei viktigaste for å forklare det? Sk

an di

n

na

jøe

via

N o r ds jø e n D A NM AR K

Byar krev ein stat som er sterk nok til å sørgje for at bøndene gir frå seg eller sel korn så billig at det er mogleg å brødfø befolkninga i byen. Ein slik stat forsvann med Romarriket. I det store og heile var det heller ikkje lenger grunnlag for byar som sentrum for administrasjon. Redusert folketal på grunn av ein stor byllepest på Karl den stores rike Delinga av riket i 843 500-talet er også ei viktig årsak til nedgangen i byane. Dette var den same typen Islamske område ca. 814 sjukdom som svartedauden, som herja i Europa på 1300-talet. Det bysantinske riket ca. 814

To germanske rike

in g

HISTORIE

London

Aachen Paris

te

rs

I mylderet av germanske kongedømme som oppstod etter at Vest-Romarriket fall, var det berre to som fekk eit meir varig liv: angelsaksarane, som opphavleg kom frå E R T område som i dag er Nord-Tyskland og Danmark, invaderte dei britiske øyane og BÖHMEN BRETAGNE Det Det oppretta eit kongedømme der. England i dag har røter tilbake til dette riket. vestfrankiske austfrankiske riket MÄHREN riket FRANKARRIKET Midtriket Det andre kongedømmet vart etablert av frankarane, ei anna germansk folke­ ASTU havet RIA arte Kyrkjestaten Sv stamme. Frankarane bygde makta si på militære erobringar. Under Karl den store SPANSKE (konge 768–814) ekspanderte riket kraftig, slik at det til slutt omfatta dagens DET EMIRAT BYSANTINSKE RIKET Frankrike, Tyskland, Nederland, Belgia, Luxembourg, Sveits, Austerrike og om lag M halvparten av Italia. i d d FrankarriketTUNISIA år 814. e l h a v e t Karl den store blir rekna som ein av dei kongane som fekk mest å seie i mellom­ IS LA MS alderen. Riket han stod i spissen for, karolingarriket, ber namnet hans (Karl = K O MRÅD a på 800-talet EGYPT E Carolus på latin). Han fekk oppretta mektige alliansar ved giftarmål mellom medlemmer av forskjel­ lige adelsfamiliar. Han etablerte ei felles mynteining og gjekk inn for felles lover. Det vart lagt til rette for ei kulturell oppblomstring, med betre utdanningsinstitusjonar og bibliotek for å ta vare på den litterære arven frå romartida. Hoffet hans i byen Aachen sakralt: heilagt i Tyskland trekte til seg lærde menn og kunstnarar frå heile Europa. Handelen tok seg kraftig opp under Karl den store og i hundreåret etter at han døydde. Med karo­ lingarriket kom det mektigaste riket i Vest-Europa for første gong til å liggje nord for Alpane. Karl den store vart den fremste verja for kyrkja. Det skapte førestillingar om at kongemakta hadde eit sakralt preg. Desse tankane levde vidare lenge etter at Karl den store var død. Dei europeiske kongane kunne teikne eit bilete av seg sjølve som guddommelege, innsette i si høge stilling av Gud sjølv. Dette er kjernen i det vi kallar kongeideologien i mellomalderen: Kongen var ein person utvald av Gud, og han stod over vanlege menneske. Eit slikt syn på kongemakta var noko kongane utnytta for å styrkje si eiga makt. ANGLOSAKSISKE RIKE

Au

s

Hamburg El be n

Dona

Lyon

u

Venezia Ravenna

Roma

Acre

er

Konstantinopel

Damaskus

Jerusalem

til

vu

rd

Kairo

Ku

n

Tradisjonane levde vidare i aust

Les meir om Første juledag i år 800 vart Karl krona til romersk keisar under ei messe i Peterskyrkja i Roma. Han skulle bli den fremste verja for kyrkja. Les meir om det i Perspektiv Skulestudio.

58

Den austlege delen av det gamle Romarriket (sjå kartet på side 46) var den sivilisa­ sjonen som mest direkte førte tradisjonane frå Romarriket vidare. Riket stod ved lag i over 1000 år, frå Konstantin den store grunnla Konstantinopel i 330 til byen fall for muslimske erobrarar i 1453. Ei rad keisarar rekna seg som Konstantins etterfølgjarar. Det greske namnet på Konstantinopel var Byzantium. Gresk var det dominerande språket, og difor blir dette riket kalla Bysants. Staten hadde framleis mykje kontroll, mellom anna over militærmakta og rettssystemet. Det ser vi særleg tydeleg under keisar Justinian, den bysantinske keisaren som har sett sterkast spor etter seg. Justinian (keisar 527–565) hadde ein draum om å atterreise heile Romarriket under si leiing. Ein periode midt på 500-talet erobra han både Italia, kysten av Nord-Afrika og den sørlege delen av Spania frå germanarane. Han hadde full kontroll over kyrkja og førte ein hard kristningspolitikk for å styrkje si eiga makt. Ei kraftig opprydding i lovverket var nødvendig for å sikre stabiliteten i riket,


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

meinte Justinian. Lovene frå Romarriket var blitt så mange at det var umogleg å ha oversikt, og den eine lova kunne slå den andre i hel. På fem år fekk Justinian endra og systematisert det gamle lovverket til ei samling som inneheldt både sjølve lovene og eit samandrag meint for studentar. Lovverket bygde på ei førestilling om keisaren sjølv som lovgivande mynde og øvste dommar. Det innebar at den politiske makta vart samla hos keisaren. Justinians lovverk vart ståande i hundreår. Frå 1100-talet av vart liknande lovverk innførte i Vest-Europa.

Det føydale systemet

vasall: undersått

til

vu

rd

er

Sjå på biletet i margen. To personar gjer ein spesiell avtale seg imellom gjennom ein seremoni som blir gjennomført etter eit fast mønster. Avtalen var ein viktig byggjestein i mellomaldersamfunnet. Difor skal vi gå litt inn på det denne seremonien handla om. Personen som sit, er ein herre. Han som kneler, er ein vasall. Mens han kneler, lovar han å tene herren trufast. Deretter reiser han seg, og dei to kysser kvarandre. Knelinga er eit bevis på at vasallen underkastar seg herren, mens kysset viser at det også handlar om ei form for gjensidig avhengnad. Under seremonien skulle det vere vitne til stades, for dermed vart forholdet mellom herre og vasall bindande for begge partar. Herren gav frå seg bruksretten til godset sitt for kortare eller lengre tid til ein ­vasall. Til vederlag måtte vasallen gi noko tilbake, først og fremst ein lovnad om å gjere krigsteneste. Godset som vart overdrege til vasallen, vart kalla len. Ein vasall kunne ha andre vasallar under seg, og vi skil difor mellom storvasallar og undervasallar. Slik vart samfunnet bunde saman i eit nett av gjensidige, personlege avheng­ nadsforhold. Denne samfunnsforma kallar vi føydalisme, etter det latinske ordet feudom, som er i slekt med det norske ordet fe (kveg, eigedom). Historikarane er stort sett einige om grunnstrukturen i det føydale systemet, slik vi har omtalt det her, og at føydalismen er noko som kjenneteiknar mellomalder­ samfunnet. Men dei er ueinige om kor utbreidd systemet var. Kjerneområdet var i det som er Frankrike i dag. Derifrå breidde dei føydale organisasjonsformene seg utover Europa, men tilpassa seg lokale tradisjonar på ulike måtar. Naturforholda har spelt ei rolle for at føydalsystemet slo gjennom. Føydalismen stod sterkast i flate, folkesette område der jordbruksdrift gav stort nok overskot til å halde liv i vasallar og herrar, som ikkje sjølve arbeidde på jorda.

n

Samfunnet var delt inn i stender

Ku

Føydalsamfunnet var eit delt samfunn, med eit lite aristokrati over eit enormt hav av bønder. Ei slik deling gir oss eit bilete av korleis rikdom, makt og prestisje var fordelt. Men biletet må nyanserast. Det var til dømes større skilnad i velstand mellom dei rikaste og dei fattigaste aristokratane enn det var mellom dei som stod nedst mellom aristokratane, og dei som stod øvst mellom bøndene. Mellomaldermenneska sjølve opplevde nok ikkje at dei var delte inn i grupper etter kor velståande dei var. Skal vi dømme etter kjelder frå samtida, oppfatta dei seg som delte inn i grupper etter det dei gjorde her i livet. Samfunnet fell då i tre grupper, eller stender: dei som ber (prestar og andre geistlege), dei som kjempar (krigarar, vasallar), og dei som arbeider (bønder og handverkarar). Dei to første stendene hadde herredømme over den tredje.

Ein vasall sver eid til kong Jakob 1. av Aragon (1208–1276).

59


Dei som krigar

K A P 2 Mellomalderen i Europa

Dei som ber

Dei som arbeider

Godset – meir enn ein stor gard I mellomalderen var Europa eit bondesamfunn. 90 prosent av befolkninga var bønder. Bøndene arbeidde for vasallane på godset. På norsk har vi ikkje noko heilt godt ord for det godset var, for det var mykje meir enn ein stor gard. Bøndene måtte ar­ beide på godset utan sjølve å hauste fruktene av arbeidet. Dei kunne ikkje forlate det, og dei hadde plikt til å gi vasallane gåver på visse tider av året. Dei var det vi kallar liveigne. I tillegg måtte dei betale avgifter for å bruke mølle, plog og bakaromn. Vasallane kunne dessutan skrive ut bøter. I somme område vart det gitt så mange bøter at det nesten må reknast som ei skattlegging. Maktforholda på godset handla ikkje berre om arbeid og økonomi. Vi må hugse at vasallane også var krigarklassen i samfunnet. Fysisk makt, eller truslar om bruk av slik makt, var ein viktig del av det herredømmet som bøndene levde under.

rd

er

Mellomaldersamfunnet. Samsvarar denne illustrasjonen med korleis du ser for deg at samfunnet var bygt opp? Diskuter også om det er mogleg å lage ein illustrasjon for korleis Noreg i dag er bygt opp?

Førestillinga om at alle menneske er like og har same rettar, som står så sterkt i vår tid, var ein framand tanke i mellomalderen. Mennesket og alle andre skapningar hadde sin faste plass i Guds perfekte skaparverk. Dei store skilnadene mellom menneska godtok ein fordi dei var ein del av skaparverket. Mellomaldersamfunnet var hierarkisk bygt opp.

in g

HISTORIE

Ku

n

til

vu

Rekonstruksjon av eit mellom­ aldergods. Korleis skil mellomaldergodset seg frå storgarden Gausel, som du ser på side 79?

aristokrati: frå gresk, aristos (best) og kratos (makt). Makta går i arv hierarki: system med streng grade­ ring, der somme har meir makt enn andre og har meir å seie liveigne bønder: bønder som ikkje eigde jord sjølve, og som var bundne til godset

60


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Korleis levde folk? Bøndene

in g

Det var store skilnader i levestandarden hos bøndene frå område til område og gjennom hundreåra. Men det er gjort overslag over godsøkonomien i dei beste jordbruksområda. Dei viser at ein vanleg bonde i høgmellomalderen (ca. 1050–1300) arbeidde så hardt at det er vanskeleg å førestille seg det for oss i dag. Etter at dei hadde gjort unna arbeidsplikta på godset og betalt avgiftene dei var pålagde, sat bøndene ikkje igjen med meir enn at dei så vidt greidde å overleve. Hos bøndene var kjernefamilien – mor, far og barn – vanlegvis eitt hushald, som i dag. Familien var også eit arbeidsfellesskap. Menn stod for pløying, mens kvinnene stod for stell av småbarn, spinning, veving og arbeid i huset og kjøkkenhagen. Barna var med i arbeidet så snart dei var gamle nok. Vi har sett at bøndene var knytte til godset med sterke band, men i tillegg var landsbyen viktig. I store delar av Europa var det vanlegast at folk budde i små landsbyar med mellom 50 og 300 innbyggjarar. Åkrane rundt landsbyen var utan gjerde, og dei som budde der, hadde felles utmark. I føydalsamfunnet var bøndene bundne til godset, og mellom vasallane og bøndene var det stor ulikskap i velstand og rang. I landsbyfellesskapet var bøndene derimot knytte til andre i same standen. Her var forholda prega av likskap og nærleik.

rd

er

Alt i sjuårsalderen begynte opp­ læringa for gutar som skulle bli soldatar til hest, og det kunne ta opptil tolv år.

Aristokratiet

Ku

n

til

vu

Dei få som var medlemmer av aristok­ ratiet, levde eit heilt anna liv enn bøndene. Dei kunne ete så mykje dei ville, og det dei ville. Dei drakk vin og øl og budde ofte i borger. Vi kjenner nokre oversikter over inntektene i toppsjiktet av aristokratiet i England på 1200-talet. Dei viser at folk i aristokratiet tente opptil 16 000 gonger meir enn ein vanleg bonde. Praktfulle klede, mange tenarar og strå­ lande festar – slik viste aristokratiet at dei høyrde til ein høgare stand enn bøndene. Luksusforbruket handla difor ikkje berre om økonomi, det var også ein demonstrasjon av rang. Flotte festar viste at ein var mellom dei som var viktige i samfunnet. At festar og sosiale arrangement seier noko om statu­ sen til deltakarane, er vel ikkje heilt ukjent i vår tid heller? Innanfor aristokratiet var tilværet for kvinner og menn meir forskjellig enn mel­ lom bøndene. Kvinner og menn levde heilt ulike liv. Familiar som høyrde til aristo­ kratiet, skulle gjere krigsteneste, og berre menn var krigarar.

61


HISTORIE

K A P 2 Mellomalderen i Europa

er

in g

Måten aristokratiet slost på – kledd i rustning oppå ein hesterygg, med lanse el­ ler sverd i handa – kravde årelang trening. Vasallane sende sønene sine til andre aristo­kratiske familiar då gutane var berre rundt sju år gamle. Opplæringa med ri­ ding og våpentrening kunne ta opptil tolv år. Deretter tok dei teneste hos stormenn og fyrstar. Dei som sjølve ikkje hadde arverett til eit gods, kunne halde fram i slike teneste­forhold livet ut. Også jenter vart sende heimanfrå i sjuårsalderen for å få oppseding, anten i andre aristokratiske familiar eller i kloster. Avtalar om ekteskap var ein måte å inngå alliansar på. Posisjonen til familien var ofte avgjerande for om kvinna ville lykkast på ekte­ skapsmarknaden, sjølv om personlege eigenskaper kan ha spelt inn. Eit viktig krav var at ho var jomfru når ho gifte seg. Unge jenter frå aristokratiet vart difor passa godt på, mens menn hadde mykje større fridom. Begge kjønna måtte i prinsippet innrette seg etter forbodet som kyrkja sette mot sex utanom ekteskapet. I praksis galdt det mest kvinner. Ofte var det berre kvinner som kunne lese og skrive. Menn meinte dette var lite mandig, men mot slutten av mellomalderen endra det seg.

Dei geistlege

rd

vu

Avsnittet «Korleis levde folk?» omtalar ulike samfunnsgrup­ per i mellomalderen. Skriv ein kort, samanhengande tekst (5–10 setningar) om korleis mellomaldermennesket levde.

Ei særskild gruppe innanfor aristokratiet var dei geistlege. Også det var ei saman­ sett gruppe med store skilnader mellom høg og låg. Når vi snakkar om det geist­ lege aristokratiet, tenkjer vi på eliten innanfor kyrkja: biskopar, abbedar og abbedis­ ser. Dei med mest makt innanfor kyrkja måtte også lære seg latin, som var språket til dei lærde i mellomalderen. Dei øvste mellom dei geistlege var mellom dei som hadde aller mest makt i mel­ lomaldersamfunnet. Dei hadde nær kontakt med dei rikaste familiane. Biskopar og abbedar kunne vere vasallar under kongar og fyrstar, og dei hadde sjølve vasallar under seg. Til embeta som biskopane og abbedane hadde, høyrde det ofte store jordeigedommar, og i mange område var kyrkja den aller største jordeigaren.

til

Folkeauke og teknologi endrar samfunnet

Ku

n

Utover i mellomalderen skjer det store endringar med befolkninga i Europa. I dei sørlege og austlege delane av middelhavsområdet ser det ut til at befolkninga har gått tilbake mellom år 500 og år 1000, og deretter heldt folketalet seg nokså konstant. Nord- og Vest-Europa gjekk derimot inn i ein periode med folkeauke frå ca. 750, som auka endå meir frå ca. 1000. Byane voks, nye byar kom til, skog vart hoggen, utmark rydda, og mykje ny jord vart pløgd opp og dyrka. I takt med nyryddinga vart også jordbruket meir effektivt. Dette er dei viktigaste forbetringane:

geistlege: dei som arbeidde i teneste for kyrkja abbedar og abbedisser: dei som leidde munke- og nonne­klostera

62


Meir effektivt jordbruk Frå toåkersystem til treåkersystem. Tidlegare vart éin åker dyrka mens ein annan låg brakk for at jorda skulle få kvile. No begynte bøndene i staden å la ein tredel av arealet liggje brakk, mens dei sådde to tredelar. Jorda vart betre utnytta. Hjulplog. Den klassiske pløyereiskapen i antik­ ken var arden, som ikkje var stort meir enn ein krok som rispa opp det øvste jordlaget. Han gjorde nytten i det tørre jordsmonnet rundt Middelhavet, men ikkje i den feitare og tyngre jorda nord for Alpane. Hjulplogen skjer mykje djupare.

Hestesko og bogtre. Hjulplogen var tyngre å dra enn dei gamle reiskapane, og det var sannsynlegvis grunnen til at hesten vart teken i bruk som trekkdyr. Han er meir uthaldande enn oksen. Hesteskoen verna hovane på hesten. I antikken hadde ein lagt seletøyet over halsen på hesten slik at han kvelte seg sjølv dersom han vart sett til å trekkje tunge lass. Frå Kina fekk europearane bogtreet, eit hengsla stag som gjer at vekta fordeler seg mot heile brystpartiet. Bogtreet gjorde at ein hest kunne trekkje eit over fire gonger så tungt lass.

rd

Kva var årsak, og kva var verknad?

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

500 250 0

er

10 000

Kva for årsaker til folkeauken er omtalte i teksten? Sorter dei ulike årsakene etter SPØKT. (Les meir om SPØKT på side 14.)

n

til

vu

Desse nyvinningane kom gradvis i bruk, samtidig som det vart rydda ny jord og folketalet auka. Det er liten tvil om at det er ein samanheng. Men på kva måte? Tidlegare meinte dei fleste historikarar at dei teknologiske forbetringane kom først og bana veg for folkeauken. Teorien var at det er næringsgrunnlaget som avgjer kor stor ei befolkning kan vere. I dag er det sådd meir tvil om det er slik. Forbetringane i jordbruket, som overgangen til treåkersystemet, kravde nemleg større arbeidsinnsats. Dermed er det rimeleg å tenkje seg at dei kom som resultat av folkeauke, ikkje at dei var årsak til auken. Andre endringar kan ha ført til folkeauke. Klimaet vart sannsynlegvis mildare i Europa frå ca. 700 og framover mot 1200, slik at hungerskatastrofar vart sjeldnare og mindre omfattande. Epidemiar har alltid hatt mykje å seie for utviklinga av folke­ talet. Frå ca. 700 og fram til midten av 1300-talet ser det ut til at Europa har vore spart for nye store pestutbrot. Ein tredje faktor er fråvære av krig. Med krigar følgde det død og forderving, ikkje berre for dei som var med i krigshandlingane. Heile befolkninga vart ramma fordi matreservar og utstyr gjekk tapt, og fordi krigar førte med seg smittsame sjukdommar. Også i tida frå ca. 1000 til 1300 var det krigar i Europa, men ikkje så øydeleggjande som i perioden før og etter.

Ku

Vekst – og ny nedgang

Større overskot la grunnlag for ny vekst. Gamle byar voks, og nye vart til. Forandringane gjorde at det voks fram nye statar. Det vart tettare kontakt mellom ulike regionar, og handelen tok seg opp. Europa var ikkje berre større og tettare ­folkesett i år 1300 enn i år 1000. Det hadde også blitt ein annan type samfunn. Desse utviklingstrekka fekk ein brå knekk midt på 1300-talet. Den viktigaste ­enkeltårsaka var at byllepesten – svartedauden – kom tilbake, først i åra 1347–1951, seinare i fleire mindre bølgjer heilt fram til ca. 1700. Halve befolkninga, kanskje opp mot to tredelar, vart rivne bort på nokså få år.

63


HISTORIE

K A P 2 Mellomalderen i Europa

Det kristne Europa

er

in g

I mellomalderen var kyrkja ei dominerande samfunnsmakt. Kyrkja var ein stor jordeigar, og kristendommen prega verdsbiletet og tenkjemåtane hos folk. Religionen ramma inn heile menneskelivet, det var den som styrte kalenderen og kva som var kvardagar, og kva som var høgtid.

Ku

n

til

vu

Dersom du i dag treng hjelp i eit arve­ oppgjer, oppsøkjer du ein advokat. Er du deprimert, går du til ein psykolog. Slik var det ikkje i mellomalderen. Mange funksjonar som i vår tid er delte mellom forskjellige yrke, var den gongen samla i presterolla. Presten var sjelesørgjar, lege, terapeut, advo­ kat, miljøarbeidar og sosial samlings­ figur. Livet var prega av uvisse. Naturen var full av overveldande, utamde kref­ ter. Avlingar kunne svikte, og storflau­ mar kunne sluke heile landsbyar. Menneska hadde lite å verne seg med. Folk søkte til Gud og helgenar for hjelp mot dei mange ulykkene i tilværet og vond vilje hos andre menneske. Til skilnad frå tidlegare religionar var kristendommen ikkje primært oppte­ ken av det jordiske tilværet. Livet etter døden var viktigast. Kyrkja kunne love frelse og evig liv. Denne lovnaden la mykje av grunnlaget for makta som kyrkja hadde. Samtidig levde førkristne førestillin­ gar vidare. Kyrkja har nok akseptert at det var eit gap mellom folketru og det kyrkja lærte. Ho tilpassa seg. Bonde­ samfunnet heldt fast ved dei gamle, religiøse rituala sine, men i kristen ut­ gåve. Til dømes vart ein gammal skikk med å vandre over markene for å gjere dei fruktbare omgjort til eit opptog for å be om Guds velsigning.

rd

Presten

64

Tenk på det svimlande inntrykket Notre-Dame-katedralen i Paris må ha gjort på menneska i mellomalderen! Kyrkja var den einaste staden og den einaste institusjonen som kunne by på heilt andre opplevingar enn kvardags­ slitet. Gjennom mellomalderen vart gudstenestene og kyrkjene meir stor­ slåtte. Det vart utvikla ein ny stilart som vi kallar gotisk. Notre-Dame er eit døme på denne stilarten, der

mykje av belastninga vart flytta frå veggene til bogar og støttepilarar. Dermed kunne ein lage større vin­ dauge. Kyrkjene strekte seg mot himme­ len, meir høgreiste enn nokon gong, over eit kyrkjerom med spissbogar, ribbekvelvar og eventyrlege glasmå­ leri. Gudshuset må ha gitt inntrykk av å vere ein forsmak på paradiset, og kyrkjebygget strålte av mynde og makt.


500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

10 000

er

«Folk søkte til Gud og helgenar for hjelp mot dei mange ulykkene i tilværet og vond vilje hos andre menneske», står det på førre sida. Kva prega mentalite­ ten i mellomalderen som gjorde ei slik handling naturleg?

Helgendyrking

Den store organisatoren av klosterlivet i Vest-Europa var Benedikt, ein romar av fornem familie som levde på 500-talet. Han formulerte reglar som vart ståande i lang tid: Kvar og ein måtte gi avkall på alt som batt han eller henne til jordisk liv, som ekteskap, familie, seksualliv og personleg eigedom. Munkane og non­ nene skulle berre tene Gud. Klostera førte med seg noko av det som prega dei aller første kyrkjelydane i antikken, nemleg at dei var eigne sam­ funn med eit sterkt indre fellesskap, skilt frå storsamfunnet. Klostera låg ofte på aude, bortgøymde stader. Seinare vart mange kloster lagde i byane. Biskopar og vasallar gav klostera gods, og mange vart rike. Etter kvart kom munkane og nonnene dit som barn. Å sende nokre av barna sine i kloster var ei god gjerning og ein måte å sikre dei eit trygt liv på. Munkar og nonner dreiv undervisning. Det aller meste av det vi har av latinsk litteratur i dag, er kjent gjennom avskrif­ ter som nonner og munkar gjorde i klos­ tera. Klostera tok etter kvart på seg endå ei oppgåve som braut med Benedikts ideal: Dei skulle breie ut kristendommen til nye område. Munkane vart misjo­ nærar, både i England, i det tyske områ­ det og i dei nordiske landa.

Den mangfaldige gudeverda i dei gamle religionane levde vidare i hel­ gendyrkinga i kristendommen. Folk hadde ikkje lenger ein Jupiter, ein Mars og ei Vesta, men dei kunne be til Jesus, Sankt Peter og Sankta Maria i staden. Heilage gjenstandar, relikviar, spelte ei tilsvarande rolle. Splintar av Jesu kors var dei aller mest heilage.

til

vu

rd

Klosterlivet

Tienda

n

Ku

Biskopen av Tournai tek imot tiend i form av øl.

Gullmedaljongen til Karl den store. Medaljongen skal innehalde ei flis av Jesu kors.

Prestar og munkar tok betaling for å lese messer for visse formål. Særleg utbreidd var skikken at folk betalte dei geistlege for å lese messer for seg sjølve eller for familiemedlemmer etter døden, slik at dei lettare kunne bli frel­ ste. Dessutan fekk kyrkja rike gåver. Dersom givaren var gåvmild, auka sjansen for at han fekk eit godt liv her på jorda og frelse etter døden. Kyrkja tok også imot den einaste faste skat­ ten av ein viss storleik, tienda.

65


HISTORIE

K A P 2 Mellomalderen i Europa

Kva var korstoga?

Ku

n

til

vu

rd

er

in g

Byen Clermont i Sør-Frankrike mot slutten av året 1095: Pave Urban 2. stirer utover den ekstatiske forsamlinga av kyrkjelege utsendingar, som ropar i takt: «Gud vil det! Gud vil det!» Paven smiler fornøgd – han har akkurat avslutta ein stormande appell om at den heilage grava i Jerusalem må frigjerast frå dei vantru. Reaksjonen er langt større enn han venta. Om lag slik kan slutten på kyrkjemøtet i Clermont ha arta seg. Urban 2. heldt ein av dei mest berømte og berykta talane i kyrkjehistoria. I grufulle detaljar måla han ut korleis tyrkiske folkeslag hadde forgripe seg på kristne. I Kristi namn oppfordra han alle, høg og låg, til å slutte seg til ei rørsle som skulle utrydde dei vantru. Han forsikra tilhøyrarane om at eit slikt svar ville vere i tråd med dei stoltaste tradisjonane i kristen­ dommen, og minte om korleis Karl den store hadde bringa ære over seg og folket sitt ved å slå ned på heidensk tru og utvide territoria for kyrkja. Paven erklærte at alle som døydde i denne striden, automatisk ville få tilgiving for syndene sine. Kort tid etter var det første korstoget i gang, aller først med oppglødde, men udisi­ plinerte styrkar som raskt vart slått av tyr­ kiske soldatar. Noko seinare drog ein langt sterkare korsfararhær, som etter harde kampar kom til Vesleasia og Syria. I 1099 greidde denne hæren å erobre Jerusalem, der den muslimske befolkninga vart massakrert. Fleire korsfararrike vart oppretta, med kongeriket Jerusalem som det mest vikti­ gaste. Paven organiserte mange nye kors­ tog for å halde på dei erobra områda. Men i lengda lét det seg ikkje gjere, og på slutten av 1200-talet mista korsfararane det siste fotfestet i Midtausten. Kva slags fenomen var eigentleg kors­ toga? Korleis skal vi forstå denne rørsla? Utgangspunktet var at eit tyrkisk folkeslag, seldsjukkane, erobra Palestina i andre halvdelen av 1000-talet. Det skapte problem for kristne på pilegrimsferd til Jerusalem, men vanskane vart truleg overdrivne i dei skildringane som nådde Europa. Erobringane som tyrkarane gjorde, førte også til at Bysants kom i ein pressa ­situasjon, og keisaren i Konstantinopel bad paven om hjelp til å vinne Vesleasia ­tilbake. Det var bakgrunnen for appellen som Urban 2. heldt i Clermont. Men paven gjorde ikkje som keisaren bad om. I staden for å hjelpe bysantinarane i Vesleasia gjekk han inn for å erobre Jerusalem.

Pave Urban 2. i Clermont år 1095. Måleri frå 1400-talet av Sebastian Mamerot. Kvifor har personane på biletet ulik storleik, trur du?

66


500 250 0

1. korstog: 1096–1099

Nordsjøen

LA

HA

NT ER VE T

London

2. korstog: 1147–1149 3. korstog: 1189–1192

Köln

4. korstog: 1202–1204

Paris Vézelay Lyon Toulouse Marseille

Wien Venezia Roma

M

Sett frå arabisk side

au D on

i

d

d e l

artehavet Sv Konstantinopel

h a v e t

Acre Jerusalem

rd

Lisboa

Korstoga på 1100- og 1200-talet.

er

AT

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

10 000

03_16

til

vu

I arabiske forteljingar snakkar ein ikkje om korstog. Arabarane omtalar dei konse­ kvent som krigar og invasjonar som velta inn over landet deira. Fienden er dei bar­ bariske frankarane. Ein slik måte å sjå det på viser samanhengen korstoga bør plasserast i: som delar av ein brei vestleg ekspansjon som vart retta både mot den islamske verda og mot Bysants. Denne ekspansjonen sette inn frå slutten av 1000-talet og markerer starten på ein langvarig vesteuropeisk dominans. Korstoga var knapt det viktigaste. Politisk og økonomisk hadde det meir å seie at det meste av Spania og Sør-Italia vart erobra frå arabarane. Særleg viktig var det at byane i Nord-Italia etter kvart sikra seg ­kontrollen over handel og sjøfart i Middelhavet.

Ikkje berre religion

Ku

n

Korstoga vekte enorm merksemd i samtida, og vi skal ikkje undervurdere den ­begeistringa og gløden korstogstanken utløyste. Mange av dei som var med, var nok religiøse fanatikarar. Men mellom dei 50 000 menneska som samla seg i Konstantinopel før det før­ ste korstoget, var også mange opptekne av gods og gull. Yngre søner utan arv i sikte ville søkje lykka i Midtausten. Også pave Urban 2. lokka med materielle gode for dei som ville vere med. Folkeauke og meir press på ressursane i Europa førte til at ny jord vart rydda, og folk flytta til nye område innanfor landegrensene. Korstoga høyrer også med i dette biletet. Befolkninga i Europa leita etter nye måtar å betre livsvilkåra sine på. Ikkje berre religionskamp spelte inn.

Korstog, krig eller invasjon? Korleis kan den same hendinga opplevast så forskjellig? Kjenner du til andre hendingar som kan ha like motstridande namn?

67


HISTORIE

K A P 2 Mellomalderen i Europa

Riddaren – draum og realitet

Bruk og misbruk av historie

I november 2012 vart Magne Furuholmen, Pål Waaktaar og Morten Harket utnemnde til riddarar av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs orden. Ahamedlemmene fekk heidersteiknet for innsatsen sin i norsk musikkliv. Andre blir slått til riddarar for det dei har gjort på heilt andre samfunnsområde. Når styresmaktene vil heidre ein samfunnsborgar for ein heilt spesiell innsats, kan han eller ho bli slått til riddar.

Myte og verkelegheit flyt ofte over i kvarandre. Forteljingane om korstog og heltemodige riddarar har overlevt heilt til vår tid. Dei som letar etter symbol for hardnakka kampvilje til forsvar for kristendom og kamp mot islam, har gripe til korstog og riddarfigurar.

in g

rd

Riddarskapet utvikla seg til eit militært brorskap. Det høgaste målet var å tene Gud, verne kvinner, straffe dei vonde og forsvare kyrkja. Kyrkja ville prøve å styre valds­ bruken som adelen stod for, inn i Guds teneste. Det er ein del av forklaringa på korstogrørsla.

Han påstår at han er med i ei europeisk motstands­ gruppe, Knight (knight = riddar) Templar – ein tydeleg re­ feranse til kristne riddarordenar i mellomalderen. Behring Breivik prøvde å skape eit bilete av seg sjølv som ein red­ ningsmann, ein som ofrar seg sjølv for å vekkje lands­ mennene sine til kamp for verdiar han meiner er truga. Og han grip til førebilete i mellomalderen for å rettferdiggjere ugjerningane sine. (Sjå også side 484.)

er

Kvifor er det slik? Forklaringa ligg i mellomalderen. Når unge menn av aristokratiet vart tekne inn i krigarfellesska­ pet, vart det markert med ein eigen seremoni – riddarsla­ get. Dei knelte, og eit sverd vart lagt på skuldrene deira. I Storbritannia eksisterer seremonien den dag i dag.

22. juli 2011: Anders Behring Breivik drep 77 menneske i regjeringskvartalet og på Utøya. Han grunngir terrorhand­ lingane med at han ynskte merksemd om manifestet sitt, der han åtvarar mot muslimsk maktovertaking i Europa. Norske makthavarar som lèt det skje, må drepast.

vu

Riddaren vart identifisert med noko som var særleg høg­ verdig. Men når førestillinga om riddarar og riddarideal har overlevt fram til vår tid, kjem det nok av at riddaren også vart ein litterær helt. I hoffdiktinga i Frankrike krydde det av modige riddarar.

til

Denne diktinga spegla av haldningar og ideal i aristokra­ tiet. Her vart gamle segner om kong Arthur og riddarane av det runde bord, om kjærleiksparet Tristan og Isolde og om store heltar frå antikken blanda saman med storslåtte forteljingar om det riddarane hadde utretta under korstoga.

Dømet med Behring Breivik viser korleis historia kan takast til inntekt for noko gjennom ei svært spesiell tolking av eit historisk fenomen – i dette tilfellet riddarordenen. Korleis skal ein kunne hindre at historia blir misbrukt? Diskuter gjerne spørsmålet i klassen.

Byar, handel og handverk

Ku

n

Vi har sett at i mellomalderen var Europa eit bondesamfunn. Men det fanst også byar. Nokre byar overlevde dei urolege folkevandringstidene, særleg der det vart oppretta kyrkjelege institusjonar, som bispesete og kloster. Men hovudmønsteret var at folk flytta frå byane, og alle stader krympa dei i storleik. Frå litt før år 1000 begynte dette biletet å endre seg. Dei gamle byane voks, og mange tusen nye kom til. Seint, men sikkert breidde bylivet seg til alle regionane i Europa. Vekstperioden varte fram til 1300-talet. Historikarane har gjennom åra diskutert årsakene til den markante byutviklinga i høgmellomalderen. Ein teori har vore at bysamfunna vart skapte av menneske som flykta frå ufridommen som prega livet på godsa, og greidde å tene pengar på han­ delsverksemd. Tilhengjarane av teorien har peikt på at nesten alle større byar heilt frå Karl den stores tid låg langs viktige handelsruter. Ein teori i slekt med den er at byen i mellomalderen voks fram som følgje av verksemda som kjøpmennene og handverkarane dreiv. Det var altså produsentar som skapte byane, og som også styrte dei, delvis som eigne politiske fellesskap.

68


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

Andre har meint at det var overskotet frå jordbruksproduksjonen som skapte byar, og dei peikar særleg på at kyrkjelege institusjonar var plasserte i byar. Dei som arbeidde i kyrkja, var avhengige av at jordbruket produserte nok mat til dei. Byane var altså først og fremst ein stad for forbruk, ikkje produksjon eller anna nærings­ verksemd. Ut frå ein slik teori blir det viktig å minne om effektiviseringa av jord­ bruket (sjå side 63), som sette inn på same tid og skapte føresetnader for eit slikt overskot. Dei to hovudteoriane, der den eine la vekt på produksjon og den andre på ­forbruk, er på mange måtar sameinte i den nyaste forskinga: 03_18 • Handel og handverk har fått mykje å seie for framveksten i byane. • Overføring frå jordbruksøkonomien var ein føresetnad for byveksten. • Tryggleik og vern var også viktig. Tettare busetnad gav meir fellesskap. Bergen Oslo • Kyrkjene vart omgitt av murar, og bak dei låg Nordmarknadsplassar. Det A Riga T sjøen L sikra fred og orden når A N H T E bønder og handverkarar London A Danzig R V E kom for å selje eller byte T varer. Slik vart kyrkja ein Paris Köln stimulans for byutviklinga. n

ine

rd

Rh

er

Hanseatiske ruter Venezianske ruter Genovesiske ruter Ruter over land

Lisboa

Venezia

Genova

vu

Toledo

Marseille

Svartehavet

Roma

M

Konstantinopel

i d d e l h a v e t

til

Tunis

D on au

Byar gav sterkare vekst

Ku

n

La oss sjå nærare på nokre kjende byar. Paris var ein av få storbyar i Vest-Europa i mellomalderen, med ca. 100 000 innbyggjarar rundt år 1300. Mange var handver­ karar som hadde sine eigne laug. Paris hadde også ein god del handel, men det at byen var stor og viktig, kom like mykje av at han var sentrum for det som den gon­ gen var den mektigaste staten i Europa. Byen hadde også det største og viktigaste universitetet i Europa. Paris er eit godt døme på korleis ein by trekkjer seg ny og mangfaldig verksemd når først handverk, administrasjon og kultur er samla. Byen var både kongeleg ho­ vudstad, kyrkjeleg sentrum, universitetsby og handelsby. Med så mange funksjonar vart han si eiga drivkraft for ny vekst. Dei viktigaste handelsvegane gjekk over vatn, både langs kysten og på dei breie elvane i Europa. Utover i høgmellomalderen fekk europearane kontroll over Middelhavet, og Nord-Italia vart eit sentrum for handel. Venezia var ein av dei tre–fire byane som svinga seg kraftig opp. Byen vart sentrum for fjernhandel frå Kina, Bysants og Balkan til Nord- og Vest-Europa. Luksusvarer spelte ei stor rolle, som krydder, sukker, silke, edelsteinar og handverksvarer i glas, keramikk og emalje. Slik handel hadde også gått for seg i tidlegare hundreår, men i

laug: lokal samskipnad av handverkarar som verna interessene til medlemmene og dreiv opplæring

69


HISTORIE

K A P 2 Mellomalderen i Europa

Marknader blir knytte saman

in g

høgmellomalderen voks det fram ein ny og mykje større marknad. Luksusvarer vart sende nordover, og tilbake kom tømmer, pelsverk og metall, særleg jern. I kjølvatnet av korstoga følgde det gode utsikter til meir handel med det austlege middelhavsområdet. Saman med Pisa og Genova var Venezia den byen som utnytta dette best. I dei lange periodane utan krig var det rom for handel og kultur­ utveksling. Nye varer kom til Vest-Europa: sesam, hirse, ris, sitronar, melonar og aprikosar. På marknadene i Midtausten vart frankarane kjende med varer som kom endå lenger austfrå, frå Arabia og India. Sukker avløyste honning som det vanlegaste ­søtingsmiddelet. Etterspørselen etter alle dei nye varene stimulerte handelen endå meir og dermed utviklinga av byar i Europa.

vu

Korleis vart marknader knytte saman? Prøv også å forklare kvifor byane var sentrale for veksten i perioden.

rd

er

Handel og marknadsøkonomi spelte ei større rolle for vanlege menneske i NordItalia enn i nokon annan del av Europa. Nord for Alpane hadde Flandern ei ­tilsvarande rolle. Handverkarar i Flandern produserte tekstilar, som var eit av dei aller viktigaste vareslaga. Dei fleste kleda som vart nytta i mellomalderen, var av ull, og frå Flandern vart det eksportert tekstilar til heile Europa. Fargestoff til tekstilane måtte importerast, frå både nord og sør. På 1200-talet var tekstilproduksjonen i Flandern ikkje lenger nok til å dekkje etterspørselen. Produsentane begynte å importere ull frå England, men dei laga og farga stoffa som før, og eksporterte varene sørover. Slik ser vi at tekstilproduksjonen i Flandern knytte marknader sør og nord for Alpane tettare saman. Det peikar framover mot det økonomiske systemet som skulle kome etter mellomalderen.

Statane blir til

Ku

n

til

Noreg er døme på ein stat. Kvart fjerde år vel vi representantar til Stortinget, og det partiet eller dei partia som får fleirtal der, dannar regjering. Vi har ein statsadminis­ trasjon som sørgjer for at avgjerslene som regjeringa tek, blir sette ut i livet, og eit lovverk som gjeld innanfor Noregs grenser. Alt dette koplar vi til det ein stat er. Det har å gjere med styring av nasjonen Noreg. I lang tid har omgrepa stat og nasjon vore knytte så tett saman at tydingane har glide over i kvarandre. Orda har blitt sjølvsagde for oss, og det er ikkje så ofte vi blir tvinga til å tenkje over kva dei tyder. I dag finst det også mange overnasjonale organ, og ein diskuterer kor mykje makt slike organ skal ha før det går ut over det staten bestemmer. Både FN og EU er slike organ, med ulikt mynde. Verdshandelsorganisasjonen, WTO, har makt på det økonomiske området. Lovverk og rettspraksis blir også fastsette av Den europeiske menneskerettsdomstolen. Vi kan ikkje sjå bort frå at historikarar i framtida vil kome til at den tida vi lever i, innleidde slutten på ein lang periode med staten som den viktigaste styringseininga i Europa. Når vi sjølve lever midt oppi det, er det ikkje lett å ha oversikt over slike prosessar. Nokre historikarar meiner staten begynte å miste den dominerande posi­ sjonen sin ca. 1950. Andre seier rundt år 2000. Ein del historikarar og samfunns­ forskarar meiner at staten fekk meir å seie igjen frå ca. 2010. Vi lever altså i ei tid der statssystemet i Europa er i endring. Men når begynte det europeiske styringssystemet å vekse fram? Det begynte i mellomalderen. Men det gjekk for seg over lang tid og i samspel

70


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

og kamp mellom ulike institusjonar, samfunnsgrupper og enkeltpersonar, der også ulike geografiske og økonomiske føresetnader spelte inn. Difor vart også dei ­europeiske statane forskjellige.

Ei sterkare sentralmakt Les meir om utviklinga i nokre viktige land, som Frankrike, England og Det tysk-­ romerske riket, i Perspektiv Skulestudio.

vu

rd

er

in g

Som vi har sett, var mykje makt, både politisk og økonomisk, samla på godsa tidleg i mellomalderen. Oppover i samfunnet stod vasallar og herrar i eit avhengnads­ forhold til kvarandre gjennom føydalsystemet (sjå side 59). I høgmellomalderen (ca. 1050–1300) vart sentralmakta igjen styrkt, slik at det gjekk ut over vasallar og lokale makthavarar. Kongane vart mektigare. Dermed vart dei i stand til å løyse interne konfliktar og skape ordna forhold i samfunnet. Etter kvart knytte kongemakta til seg fleire administratorar og byråkratar. Det var grupper som såg seg tent med ei sterkare sentralmakt. Ein føresetnad for ei slik utvikling var at ikkje berre kyrkja sine folk kunne lese og skrive. Ein ny elite, knytt til universitet, støtta opp om statsmakta. Og når utviklinga først var i gang, vart statsmakta ei eiga drivkraft for i neste omgang å få utdanna nye elitegrupper. Ein annan viktig føresetnad for det nye styringsapparatet var at ytingane til ­kongemakta og statsmakta vart gitt i form av pengar i staden for varer. Tenestemennene hos kongen kunne få lønn, ikkje eit len som dei skulle leve av. Krigføring førte også til at staten voks. Evne til å løyse konfliktar, bruk av skrift, eit meir utvikla administrasjonsapparat, eit større økonomisk overskot og framvekst av pengeøkonomi – samla medverka alt dette til ei sterkare statsmakt i Europa.

Keisar og pave – allianse og konkurranse

Tysk måleri frå 1800-talet. Pave Gregor (1020–1087) på trona. Kva for symbol finn du på biletet? Kvifor er dei med, trur du?

Ku

n

til

På 900-talet rådde det kaos i Italia. Pavedømmet forfall, og det kjende seg truga av lokale stormenn. Pave Johannes 12. bad den tyske kongen Otto om hjelp og lova han keisarkrona som takk for hjelpa. I 962 vart Otto krona til keisar i Roma, og «Det heilage ro­ merske riket av den tyske nasjonen» var danna. I namnet skulle dette riket stå ved lag heilt fram til 1806. Otto visste at også andre tyske fyrstar stod klare til å blande seg inn i maktkampen i Italia. At han lét seg krone til keisar i Roma, var eit ledd i den indre maktkampen i Tyskland. Han meinte at paven og kyrkja var underlagde hans eiga, verdslege makt – det var jo paven som hadde bede om hjelp. I den statsskikken keisar Otto utvikla, kunne ingen pave veljast eller innsetjast i embetet sitt utan godkjenning frå keisaren. Dette systemet bygde på samarbeid mellom konge og kyrkje. Keisaren gav store jordeigedommar til bispesete og kloster, og han bygde opp eit administrasjonssystem med biskopar i dei viktigaste stillingane. Keisaren meinte at han hadde god kontroll over dette sys­ temet så lenge han fekk bestemme kven som skulle vere biskopar. Pave Gregor 7. (pave frå 1073 til 1085) blir rekna som ein av pavane som var mest dominerande i mellomalderen. Han kravde at kyrkja skulle vere mest mogleg uavhengig av keisaren og andre institusjonar som ikkje var ein del av kyrkja. All kyrkjeleg makt skulle underleggjast paven i Roma. Gregor ville at berre geistlege

71


K A P 2 Mellomalderen i Europa

at folketalet minka i vest, og byane forfall sterkt. I aust vart tradisjonane frå Romarriket førte vidare, med Konstantino­ pel som hovudstad og kultu­ relt sentrum for det bysantin­ ske riket at Europa var eit bonde­ samfunn i mellomalderen. 90 prosent av befolkninga var bønder at samfunnet var bunde sa­ man i eit nett av gjensidige avhengnadsforhold. Ein herre gav frå seg bruksretten til ein del av godset sitt til ein vasall. Til vederlag måtte vasallen love å gjere krigsteneste. Dette er kjernen i det føydale systemet

in g

at etter delinga av Romarriket tok utviklinga ulik retning i vest og aust

skulle innsetje personar i geistlege embete. Det vart eit stridsspørsmål i fleire land. Som regel fann partane likevel fram til løysingar, eller dei greidde å unngå at ­konfliktane vart sette på spissen. Men i Tyskland vart det ein større konflikt. Årsaka var at makta til keisaren kvilte så sterkt på dei geistlege embetsmennene som det var viktig for han å ha kontroll over. Både paven og keisaren kravde å vere den som utnemnde personar til dei høgaste geistlege stillingane. Denne investiturstriden rasa i nesten 50 år (1075–1122). Til slutt kom partane fram til eit slags kompromiss: Biskopane skulle veljast av kyrkja, men ved val av tyske biskopar skulle keisaren få vere til stades og ha siste ordet dersom veljarane ikkje vart einige. Keisaren sikra seg mykje innverknad over bispevala i Tyskland. Kyrkja greidde aldri gjennom høgmellomalderen å bli heilt uavhengig av verdslege styresmakter, slik pave Gregor hadde ynskt. På lengre sikt fekk likevel den harde striden mellom keisar og pave følgjer. Paven markerte seg som den verkelege leiaren av kyrkja, og pavedømmet vart sterkare. Den tyske keisaren vart svekt av striden, og den tyske sentralmakta var framleis svak.

Canossagang

Januar 1077, utanfor borga Canossa i dei norditalienske fjella: Den tyske keisar Henrik 4. står og hutrar ute i vinterkulda, berrføtt. Inne i borga sit pave Gregor 7. I tre dagar lét han Henrik stå der ute i snøfonnene før han slepper han inn. Investiturstriden toppa seg mellom pave Gregor 7. og keisar Henrik 4. Det enda med at paven lyste Henrik i bann. Å bli lyst i bann var det same som å bli støytt ut av det kristne fellesskapet. Henrik drog til Canossa for å få paven til å opp­ heve bannlysinga. Episoden er ein av dei mest berømte i mellomalde­ ren, og kanossagang har blitt eit uttrykk som står for total audmjuking.

n

til

at handel og bynæringar tok seg opp. Handverkarar organi­ serte seg i eigne laug. Mot slutten av mellomalderen var byborgarane blitt ei gruppe å rekne med i samfunnet

vu

at kristendommen prega ten­ kjemåten til folk, og at kyrkja hadde stor økonomisk makt at sentralmakta vart styrkt i høgmellomalderen, og at det gjekk ut over lokale makthava­ rar. Kongane vart mektigare

er

Dette kapittelet handla om

rd

HISTORIE

Ku

investitur: seremonien når nokon blir innsett i eit kyrkjeleg embete

72

Henrik 4. framfor porten til pave Gregor 7. Teikning frå tidleg på 1900-talet.

Litteraturliste Sverre Bagge: Europa tar form. År 300 til 1350, 2010 Patrick Bruun: Asia møter Europa: 1200–200 f.Kr.. Aschehougs verdenshistorie, bind 3, 1991 Thomas Greer & Gavin Lewis: A Brief History of the Western World, 1997 Erik Gunnes: Religioner på marsj: 500–1000. Aschehougs verdenshistorie, 1991 Leidulf Melve: Europeisk politisk historie 400–1750. Frå førstatleg samband til einskapsstat, 2009


Å gjere

Perspektiv

1 Teikn ei enkel skisse der du viser korleis eit typisk mellom­ aldersamfunn var. Kva for samfunnsgrupper fanst det? Prøv å forklare omgrepet føydalsamfunn for deg sjølv eller ein medelev, med utgangspunkt i denne skissa.

b Kva for moglegheiter og utfordringar baud yrka du valde, på? Lag ei liste over fordelar og ei liste over ­ulemper ved desse yrka i mellomaldersamfunnet. Du kan til dømes leggje vekt på stabil inntekt, tryggleik, variasjon i arbeidsoppgåver og komfort.

in g

Har du fått med deg dette?

1 Yrkesvegar i mellomalderen a Finn informasjon om 2–3 moglege yrkesvegar i mellomalderen, til dømes bartskjerar, bødker, garvar, steinhoggar, nonne eller abbed. Finn nøkkelinforma­ sjon om kva arbeidsoppgåvene gjekk ut på, kor ut­ breidd yrket var, og kven som kunne velje dette yrket.

2 Sjå på overskriftene i dette kapittelet, og skriv inn 2–3 stikkord til kvar av dei som du meiner summerer opp det avsnitta handlar om.

2 Bruk internett og finn ut kva mellomaldermenneska åt. Kva for lover galdt for kva som var lov å ete, og korleis vart desse lovene grunngitt?

3 Endra samfunnet seg gjennom mellomalderen? a Ta utgangspunkt i anten den sosiale, den politiske, den økonomiske, den kulturelle eller den teknolo­ giske sida (SPØKT) ved mellomaldersamfunnet. Kor­ leis var forholda i mellomalderen for den sida ved samfunnet som du har teke for deg, og var dette noko som endra seg i perioden?

rd

4 Lag lappar med fagomgrepa som er forklarte i margen i kapittelet, og spel Alias (sjå side 509) med ein eller fleire medelevar: sakralt, aristokrati, hierarki, liveigne bønder, geistlege, abbedar og abbedisser, laug, investitur.

c Finst dette yrket framleis (eventuelt i ei anna form)? Dersom det forsvann, kvifor forsvann det?

er

3 Lag ei tidsline med 5–7 årstal som du meiner summerer opp dei viktigaste hendingane og endringane i Europa gjennom mellomalderen. Du kan velje nøyaktige eller meir omtrentlege år, til dømes «300-talet». Samanlikn årstala du valde, med ein medelev, og diskuter kva for årstal de meiner var viktigast.

Samanhengar

b Vil du karakterisere den sida ved samfunnet som du har teke for deg, som prega av brot eller kontinuitet?

vu

1 Hierarkisk samfunnsstruktur. a Finn 1–3 likskapar og 1–3 skilnader mellom føydal­ samfunnet i mellomalderen og patron–klient-forhold i Romarriket, som du kan lese om i kapittel 1.

til

b Den hierarkiske samfunnsordenen vart i mellom­ alderen grunngitt med at dette var Guds vilje. Kan det også vere andre forklaringar? Kvifor vart desse s­amfunna organiserte på denne måten?

2 Både kongar, keisarar og pavar hadde makt over ­samfunnet i Vest-Europa i mellomalderen. a Finn ut korleis paven og kongen/keisaren i mellomal­ deren legitimerte makta si.

n

b Finn deretter likskapar med og skilnader mellom ­korleis keisarar i Romarriket legitimerte makta si i antikken. Kva kan forklare skilnadene?

Ku

3 Kva kan forklare at sentralmakta (kongemakta) vart styrkt i høgmellomalderen, slik at det gjekk ut over lokale makthavarar? Vel det du meiner er to sentrale årsaker. Skriv kvifor kvar av desse årsakene var viktige. 4 Årsaker til korstoga. a Finn 1–2 moglege årsaker til korstoga innanfor kvar SPØKT-kategori. b Ranger deretter årsakene ut frå kor viktige du meiner dei var for å forklare korstoga, og grunngi rangeringa di. Samanlikn med ein medelev.

4 Kjeldeoppgåve: Karl den store, skildra av vennen Einhard (775–840), som var munk, historikar og tenaren til Karl den store.

Karl hadde en fyldig og kraftig kropp. Han var høy, men ikke over normal høyde, etter sigende sju ganger så høy som føttene hans var lange. Issen hans var avrundet, øynene noe framspringende og levende, nesen litt større enn det normale. Han var vakker hvithåret, hans ansikt muntert og fornøyd. Slik skaffet han seg stor innflytelse både når han reiste seg, og når han satt, selv om halsen hans var tykk og noe for kort og magen noe framstående. Men dette la man ikke merke til fordi den øvrige kroppsbygningen var så harmonisk. Han gikk med faste skritt, og hele holdningen var mandig. Likevel passet den øvrige klare stemmen hans mindre godt til kroppsbygningen. Frå Preben Frandsen: Møde med historien, 1974.

a Korleis er Karl den store skildra i denne kjelda? b Kva grunnar kan Einhard ha hatt for å skildre Karl på denne måten? c Korleis ville du brukt denne kjelda dersom du skulle lage ein presentasjon av Karl den store? Kva for ­andre kjelder ville du brukt i tillegg?

73


K A P 2 Mellomalderen i Europa

Oppdrag:

Post 4: Utforsk lange liner

27. november 1095 heldt pave Urban II ein glødande tale framfor domkyrkja i Clermont. Han oppfordra dei kristne i Europa til å dra ut for å frigjere Jerusalem og andre stader i Det heilage landet frå muslimsk kontroll:

Difor forkynner eg dykk, brør, at de skal halde hendene borte frå broderstrid, og i staden, saman med trusfellar, vende dykk mot dei framande folkeslaga. Dra ut med Kristus til førar som ein kristen uovervinneleg hær! (…) Anten skal de vende sigerrike heim, eller de skal vinne ein evig sigerspris med dykkar raude blod. (…)

Post 1: Lag deg eit inntrykk av korsfararane a Kva veit du om korsfararane og korstoga frå før?

– persarkrigane: Konflikt mellom dei greske bystatane og Persarriket på 400-talet f.Kr.

– konflikten mellom Al-Andalus (det muslimsk-kontrollerte Spania) og Frankarriket på 700-talet e.Kr. – konflikten mellom Det tysk-romerske riket og Det osmanske riket på 1500–1700-talet – konflikten mellom USA og Iran etter 1979

rd

Dette vart startskotet på den konflikten vi i dag kallar korstoga. I dette oppdraget skal du utforske korleis desse korsfararane eigentleg var, og korleis forteljingane om dei blir nytta i dag.

Korstoga er verken det første eller siste dømet i historia på ein konflikt mellom Vest-Europa/Vesten og regime i Midtausten og Nord-Afrika. Vel ein av konfliktane under, og lag ei oversikt over likskapar og skilnader mellom denne konflikten og korstoga. Det kan vere aktuelt å samanlikne verdiar og idear partane i konflikten representerte, korleis konflikten gjekk for seg eller vart utkjempa, og resultatet. Diskuter deretter kva som kan forklare skilnader og likskapar.

in g

Ekstremistar eller riddarlege riddarar?

er

HISTORIE

Finn døme på korleis høgreekstreme personar eller organi­ sasjonar har brukt historia om korstoga og korsfararane. Kvifor vil mange kalle dette misbruk av historie? Er histo­ riske mytar som denne ufarleg leik med historie eller farleg propaganda?

vu

b Søk på internett og finn eit bilete (måleri, teikning eller noko frå ein spelefilm) av korsfararar. Finn fem adjektiv som du meiner skildrar korsfararane slik dei er framstilte på biletet du fann.

Post 5: Tenk kritisk: Korleis kan denne historia brukast og misbrukast?

til

c Diskuter deretter med ein eller fleire medelevar: Korleis samsvarar framstillinga av korsfararane på biletet med inntrykket du har av korsfararane frå før?

Post 2: Undersøk ulike skildringar av korsfararar

Undersøk kjelde 1, 2 og 3. Kva inntrykk gir dei ulike ­kjeldene av korsfararane? Kva samsvarar med, og kva er i konflikt med inntrykket du hadde etter post 1?

n

Post 3: Undersøk kjeldene og tenk kritisk

Ku

a Vurder kor truverdig kvar enkelt kjelde beskriv korsfararane. b Vurder deretter kjeldene opp mot kvarandre, og ta stilling til kva for ei kjelde som gir den mest truverdige beskrivinga av korsfararane. c Kjenner du til andre hendingar frå moderne tid som kan oppfattast like ulikt som korstoga? Kvifor kan ei og same hendinga opplevast så forskjellig, og kva kan vi gjere for å finne ut kvifor somme meiner noko og andre noko anna?

74

Statue av Salah al-Din Yusuf Ibn Ayyub frå Damaskus, betre kjend som Saladin (1138–1193).


Kjeldene

Dette fortel Halldor Skvaldre:

[D]å byen praktisk talt var erobra av frankarane, kjempa sarasenarane framleis på den andre sida, der greven angreip muren som om byen aldri skulle bli teken. Men no som mennene våre hadde teke kontroll over murane og tårna, kunne vi sjå fantastiske ting. Nokre av mennene våre (og dette var ein meir miskunnsam framgangsmåte) skar hovudet av fiendane sine, andre skaut dei med piler, slik at dei datt ned frå tårna; andre torturerte dei lenger ved å kaste dei i flammene. Ein kunne sjå haugar av hovud, hender og føter i gatene i byen.

rd

in g

D’Aguiliers var med i, og er dermed eit augevitne til, det første korstoget til Jerusalem (1096–1099). Greven han snakkar om i kjelda, er leiaren for den korsfarararmeen han var med i.

Den heidne byen vann du med velde, men bort du gav han, gjevmilde krigar! Alltid du ære vann i striden. Einar Skulason seier også om dette: Dølakongen tok Sidon, slikt vil nok mange minnast. Valslyngjer i slaget svinga seg der med velde. Stridsmannen braut ei festning som stod som ein trugande fare. Fagre sverd vart raude; fyrsten fekk gledeleg siger.

er

Kjelde 1: Utdrag frå Raymond d’Aguiliers «The Siege and Capture of Jerusalem»

Kjelde 2: Utdrag frå Ibn Al-Qalanisis historie om Damaskus om perioden 1056–1160

Folk sprang til husa i Ma’rrat for å søkje tilflukt i dei, og frankarane [korsfararane] lova at dei skulle vere trygge der. Dei handla svikefullt mot dei, og reiste kors over heile byen, og tok frå innbyggjarane landjorda. Dei heldt ingen av lovnadene sine, dei plyndra alt dei kom over, og dei kravde ting av innbyggjarane som dei ikkje var i stand til å gi dei.

n

til

vu

Al-Qalanisi var ein arabisk politikar og historikar som budde i Damaskus. Han levde frå 1071 til 1160. Qalanisi oppgir sjeldan eksakte kjelder til kvar han har informasjonen frå. Men han levde under det første korstoget, og hadde sjølv inntrykk av korsfararane. I kjeldeteksten skildrar han det som hende då korsfararane (frankarane) tok byen Ma’rrat al-Nu’man i desember 1098.

Ku

Kjelde 3: Skaldekvad frå Heimskringla om den norske kongen Sigurd Jorsalfare. Sigurd Jorsalfare var med i korstog i Jerusalem i 1110 e.Kr. Kvada er henta frå Soga om Magnussønene i Heimskringla, skrivne av Snorre Sturlason (1778/79– 1241).

Gerhard Munthe (1849–1929): biletvev av kong Sigurds reise til Jerusalem.

75


KAPITTEL 3

Innhald:

rd

er

Vikingtida og mellomalderen i Noreg

in g

Eit hierarkisk samfunn side 78 Vikingferdene side 80 Samane stig fram side 82 Eit kongedømme blir til side 83 Frå mange gudar til berre éin side 80 Borgarkrig og stordomstid side 88 Ein norsk stat blir til side 90 Byar gjer samfunnet meir mangfaldig side 92 Seinmellomalderen – tap av sjølvstende og ny vekst side 95 Pest, politikk og union side 95

Ku

n

til

vu

I den perioden vi no skal ta for oss, stig konturane av «Noreg» fram for første gong. Det var dramatiske hundreår. Vikingane herja langt utanfor landegrensene. Kristendommen trengde unna den norrøne gudelæra. Samlingsprosessen begynte så smått og peikte fram mot ei norsk statsdanning. Dette er ein periode vi framleis merkar spora etter.


Slik såg det ut Vikingtida samar

ISLAND Kvitsjøen

85 nla n d c a . 9

.8 Ca

70

00

0

Færøyane Ca .8 50

Hjaltland (Shetland) Sudrøyane (Hebridane) . Ca

nordmenn

Orknøyane

0 84

Uppsala svear Birka

Kaupang

NORDSJØEN Lindisfarne

gotarar

danar

AUSTERSJØEN

York

Dublin

DANELAGEN

Novgorod

Dv in a

Hedeby

London

Don

Pisa

au

Roma

Sevilla

Nordmenn Danskar

86

0

Hovudsakleg norske vikingar Hovudsakleg danske vikingar Hovudsakleg svenske vikingar

n

Svenskar

C a.

til

Gibraltarsundet

epr

MIDDEL

ISLAM

Ka

sp

ih

av

et

Ca. 840

Orleans

Lyon

Dn

Volg a

rd

Normandie Se ine Paris

Bulgar

Rostov

GARDARIKE

Kiev

inen Rh

Rouen

Santiago de Compostela

in g

d

er

la n

1

SVARTEH AVET

Konstantinopel

DET BYSANTINSKE RIKET

HAVET

SKE RIKE

Dette har hendt

Ku

n T il V i

. ca

vu

T il G r ø

Det vestromerske riket gjekk gradvis i oppløysing utover på 400-talet. Dermed forsvann også det styringssystemet som i mange hundre år hadde prega store delar av Europa. Hundreåra som følgde, var urolege og prega av folkevandringar og svake politiske einingar. Den kristne kyrkja bygde opp ein mektig organisasjon og fekk sterk innverknad over livet til menneska. Kontakten som folket i Noreg hadde med Europa, auka i dei siste hundreåra fram til viking­ tida begynte rundt år 800. I mange bygder vart det bygt forsvarsborger. Det var ei uroleg tid også her. Folk livnærte seg av fedrift og korndyrking, fangst og fiske. Dei lærte å utnytte at naturen er så ulik rundt om i landet. Arbeidet vart meir spesialisert. Reiskapane som ein brukte for å dyrke jorda, vart betre.

Bagdad

Jerusalem


HISTORIE

Ca. 500–800

K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Om lag 20 høvding­ sete i Noreg blir reduserte til seks på 300 år

Periodeinndeling Vikingtida:

ca. 800–ca. 1000

Mellomalderen:

ca. 1000–ca. 1500

Tidleg mellomalder: ca. 1000–ca. 1130

1030

Olav Haraldsson fell i slaget på Stiklestad. Han blir Noregs store helgenkonge, Olav den heilage, eller Heilag-Olav

1152

Erkebispesetet blir oppretta i Nidaros. Noreg blir eigen kyrkje­ provins

1177

Sverre Sigurdsson blir leiar for birkebeina­ rane. Borgarkrig i Noreg

1240

Håkon Håkonsson uomstridd konge. Borgarkrigsperioden slutt

Garden

Ute i Europa var landsbyen mest vanleg. I Noreg budde flest menneske på enkelt­ gardar. Garden var sjølve fundamentet som samfunnet kvilte på. Skilnadene bøndene imellom var enorme. Nokre stormenn eigde svære gardar som dei leigde ut til leiglendingar eller lèt trælar drive dei. Andre dreiv småbruk som var så små og fattige at avlingane berre så vidt kunne halde liv i dei som budde der, til og med i gode år. Bonden stod i spissen for arbeidet på garden. Men kvinna var truleg ikkje under­ ordna mannen. På store gardar var det to hierarki, det eine vart leidd av husfrua,

Noreg får ei landslov

1319

Den siste kongen i Sverre-ætta, kong Håkon 5. Magnusson, døyr. Noreg får felles konge med Sverige

Ku

n

1274

1349

Svartedauden kjem til Noreg. Rundt halvparten av befolk­ ninga døyr

Ca. 1350

Hansaforbundet etablerer kontor på Bryggen i Bergen

1397

Kalmarunionen blir grunnlagd

78

in g

Leiv Eiriksson dreg til Vinland (Amerika)

Vi veit ikkje sikkert, men på 800-talet levde det kanskje i overkant av 100 000 men­ neske i det landområdet som i dag utgjer Noreg. Det var eit samfunn som var sterkt lagdelt. Det som bestemte sosial status og rettar for ein person, var ættebakgrunn og eigarskap til jord. Noko likskapsideal eksisterte ikkje. Nedst i hierarkiet stod den rettslause trælen. Ein træl var slave og kunne også brukast som handelsvare. Det var herren som var ansvarleg for handlingane til ein træl, ikkje trælen sjølv. Trælane gjorde det tyngste, skitnaste og minst verdsette ­arbeidet. Dei laga gjerde, gjødsla åkrar og stelte grisar. Dei aller fleste trælar var træl livet ut. Ein træl kunne løysast frå slaveriet etter faste reglar, men plikta framleis å gi den tidlegare eigaren truskap og støtte. Dersom han ikkje respekterte desse pliktene, vart han træl igjen. Først sonesonen til ein træl kunne få full fridom. Vi veit ikkje kor stort trælehaldet var. Somme historikarar meiner at opp mot ein tredel av befolkninga var trælar då omfanget var på det største rundt år 1000. I alle fall har trælehaldet vore viktig. Undertrykkinga av trælane gjorde det mogleg for ­andre menneske lenger opp i samfunnshierarkiet å gjere noko anna enn å arbeide på gardane – som å dra på vikingtokter og drive med handel.

til

1000

Eit hierarkisk samfunn

er

Slaget ved Hafrsfjord

Seinmellomalderen: ca. 1350–ca. 1500

rd

Ca. 872

Høgmellomalderen: ca. 1130–ca. 1350

Vikingar angrip eit kloster på Lindisfarne på dei britiske øyane

vu

793


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

det andre av mannen hennar. Husfrua rådde innandørs og leidde alt arbeidet der. Kvinnene var nokså sikkert med ute i dei mest hektiske arbeidsperiodane, når kornet skulle i jorda om våren og hentast i hus om hausten. Fornemme kvinner ar­ beidde berre med spinning og veving. Kvinner kunne ha både makt og prestisje. Velutstyrte kvinnegraver viser det.

Bygda og tinget Prøv å illustrere korleis lagde­ linga såg ut i perioden. Kven var på toppen og på botnen? Lag ein illustrasjon.

rd

er

in g

Mannen hadde ansvaret for alt utearbeidet. Maktposisjonen hans utandørs gjekk igjen i bygdesamfunnet, og det var berre menn som møtte på tinget. Posisjonen til kvinna i samfunnet var avhengig av posisjonen som mannen hadde. Difor var ­enkjene dei kvinnene som oppnådde størst sjølvstende. Dersom mannen til enkja hadde eigd ein gard, kunne ho drive garden til eventuelle søner overtok. Dersom ho ikkje hadde barn, kunne ho drive han til ho døydde. På tinget kom alle frie bønder saman for å diskutere saker som galdt heile bygda, som jaktrettar og bruk av beitemark. At kvinnene ikkje kunne vere med på tinget, viser at dei vart haldne utanfor samfunnslivet, bortsett frå det som hadde å gjere med garden og slekta. I kyststrøka dreiv bøndene med fiske, og her hadde kvinnene eit større ansvar for sjølve gardsdrifta. Slik var det også i bygder der bøndene utvann jern av jern­ malm, og i dei periodane av året då mange var på jakt.

Høvdingane gav vern i bytte mot støtte og lojalitet

leiglending: bonde som leigde jord av ein jordeigar, vanleg­ vis kyrkja eller ein adelsmann

ting: folkeforsamling i norrøn tid der alle frie menn eller representantar møtte og drøfta saker av allmenn interesse, til dømes lovspørsmål hird: hær

Illustrasjon av storgarden Gausel i Stavanger kommune, utgraven i 1997–1999. Gausel er ein sen­ tral funnstad for fleire graver frå vikingtida, mellom anna den såkalla Gauseldronninga og fleire skipsgraver. Sei noko om dei teknologiske forholda i vikingtida ved å studere ­illustrasjonen.

Ku

n

til

vu

Å eige mykje jord var det som gav høvdingane makt. Høvdinggarden var makt­ senteret i samfunnet, og høvdingane knytte alliansar til bøndene i sitt område. Det var ikkje eit likeverdig forhold, men likevel var det prega av yting og gjenyting for begge partar. Bonden støtta høvdingen og viste han respekt. Til vederlag fekk han vern, hjelp og gåver. Slik bygde høvdingen eit nettverk av lojale støttespelarar, ikkje så ulikt det patron–klient-forholdet som var så viktig i Romarriket (sjå side 38). Jo meir nettverket til høvdingens voks, jo større makt og innverknad fekk han. Etter alt å dømme leidde også høvdingane tinget i området sitt. Høvdingane kniva om makt og innverknad, og dei hadde alltid ei gruppe profe­ sjonelle krigarar rundt seg, ei hird. Også desse krigarane knytte høvdingane til seg ved hjelp av gåver. Sannsynlegvis fanst det tidleg på 800-talet meir enn 20 store og fleire titals mindre høvdingdømme i det området vi i dag kjenner som Noreg. Dei kjempa om kontrollen over ressursane. Høvdinggardane var økonomiske maktsenter, og dei hadde også administrative og religiøse funksjonar. Her vart dei største festane haldne og dei flottaste gåvene utdelte. Kostbare gåver var ein måte å sikre at høvdingane framleis hadde støtte

træl: slave

79


HISTORIE

K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Dette året kom det fryktelige varsler over northumbrernes land, og befolkningen ble skremt. De besto av voldsomt uvær og lyn, og man så ildsprutende drager flygende på himmelen. Disse tegnene ble etterfulgt av stor hungersnød, og den 8. juni samme år kom herjende, hedenske menn og ødela med rov og drap Guds kirke på Lindis­ farne med plyndring og manndrap

rd

er

Vikingferdene

in g

hos bøndene i kampen mot andre høvdingar. Desse gardane måtte vere synlege, for synet av rikdom og makt medverka i seg sjølv til å konsolidere makta. Gardsbygningane skulle helst vere dei største og finaste i mils omkrins. Dersom høvdingen greidde å gi bøndene vern og gåver, vart bøndene også lo­ jale mot han, og bandet dei imellom heldt seg sterkt. Lojaliteten kunne han bruke til å utvide si eiga makt. Var han ein stor krigar, styrkte det posisjonen hans endå meir. Ei trufast og sterk hird var viktig. Men dersom høvdingen ikkje evna å setje seg i ­respekt, vart posisjonen hans svekt. Fleire historikarar har samanlikna høvdingmakta med ein snøball. Ballen voks når han var i rørsle, men når han stoppa opp, begynte han å smelte. Utan vekst risi­ kerte høvdingen å miste makt og innverknad. Difor måtte han ekspandere, også ut av landet. Han drog på vikingferd.

Sitert etter Jon Vidar Sigurdsson: Det norrøne samfunnet

til

vu

Denne forteljinga i den anglosaksiske krøniken om overfallet på klosteret i Lindisfarne i 793 har blitt ståande som det første og mest typiske dømet på den brutale framferda til vikingane. Valdsmenn frå nord plyndra og hogg ned for fote. Så drog dei heim igjen, like brått som dei kom, søkklasta med tjuvegods. Ein del av dette krigsbyttet fordelte høvdingane som «gåver» til bøndene for å få deira støtte. Men vikingferdene var også noko anna enn slike overfall. Visst drap vikingane, og visst røva dei med seg verdifulle metall og anna gods. Dei tok fangar som dei gjorde til trælar. Men vikingane dreiv også med handel og handverk, dei oppdaga nytt land, og dei drog ut for å dyrke jorda der dei kom. Både i Irland og England etablerte dei byar – Dublin og York er to av byane som vart grunnlagde av vikingar.

Kvar reiste dei?

Ku

n

Vikingane spreidde seg over eit enormt område, frå Kvitsjøen i nord til Nord-Afrika i sør og frå Newfoundland i vest til sentrale delar av Russland i aust. Det gjekk han­ delsruter heilt til Konstantinopel – i dag Istanbul – og til Bagdad. Sølv og andre edle metall, krydder, keramikk, vin og smykke var dei viktigaste varene som strøymde til det nordiske området, både som resultat av herjingar og gjennom handel. Motsett veg, frå Norden og ut i Europa, gjekk kleberstein, jern, skinn, tre, bein og ikkje minst pelsverk. Jo lenger nord pelsverket kom frå, jo betre var kvaliteten. Vikingane reiste ut frå ulike delar av det området som i dag utgjer Skandinavia. Ikkje alle drog same vegen. Dei frå Sverige for stort sett austover, til austersjøområ­ det og på dei store elvane innover i Russland. Vikingar frå Danmark angreip oftast busetnader i England og Frankrike. Også norske vikinghærar herja der, men dei for særleg til øyane i Irskesjøen og i Nord-Atlanteren. På desse øyane bygde nordmen­ nene gardar og la under seg eigedom i ubygde område. Det kallar vi landnåm. Det største og viktigaste landnåmet gjekk for seg på Island. Landnåmsmennene tok med seg familie, arbeidsfolk og trælar. Alt dei trong for å klare seg, husdyr, vå­ pen og reiskapar, vart stua om bord i skipa før dei la ut. Etter å ha slått rot på Island

80


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

ser det ut til at mange oppfordra slektningar og venner til å kome etter, ikkje så ulikt det som hende under utvandringa frå Noreg til Amerika på 1800-talet – 1000 år seinare. Det var lettare for neste bølgje å bryte opp frå heimlandet når nokon alt hadde slått seg ned i det nye landet.

Vikingtida ISLAND

70

d

1

Færøyane

in g

nl a n

. ca

Hjaltland (Shetland)

Sudrøyane (Hebridane) . Ca

nordmenn

Orknøyane

0 84

Lindisfarne

DANELAGEN

rd

vu

til

n

Hedeby

London

Rouen Normandie Se ine Paris Orleans

Lyon

Santiago de Compostela

Pisa

Ro Sevilla Gibraltarsundet

Nordmenn Danskar Svenskar

Vi har alt vore inne på ei av årsakene til vikingferdene: Lokale høvdingar ville skaffe seg rikdommar for å få ein sterkare posisjon overfor bøndene og for å stå sterkare i kampen mot andre høvdingar. Men også andre faktorar spelte inn. Ein jamn folkeauke var ein føresetnad for vikingtoktene. Ei større befolkning førte til at det trongst meir dyrkingsjord. Eit av formåla med utferdene, særleg mot øyane i vest, var nokså sikkert å skaffe seg jord som kunne dyrkast. Slik vart viking­ samfunnet meir berekraftig. Etter at ein ny busetnad først var etablert, dreiv behovet for forsyningar fram nye ekspedisjonar. Historikarar trur til dømes at busetjarane på Grønland henta tømmer frå Vínland. Reisa dit var kortare enn til Island og Noreg. Det var ei uroleg tid. Høvdingar rømde landet fordi dei var taparar i maktkampen

Ku

go

danar

York

Dublin

Ca. 840

Kvifor reiste dei?

Kaupang

NORDSJØEN

er

T il V i

inen Rh

Busetnaden på Island danna utgangspunkt for nye seglasar til ukjende område. Ifølgje ei islandsk soge vart vikingen Eirik Raude driven frå Noreg til Island på grunn av ei drapssak ein gong midt på 900-talet. Han sette seg føre å utforske eit nytt land i vest som han så vidt hadde høyrt om. Han fann dette landet og kalla det Grønland, det grøne landet. Han meinte dette namnet ville verke forlokkande. Eirik Raude vende tilbake til Island. I 985 drog han vest­ over igjen, og Eirik og følgjet hans busette seg permanent i Vesterbygda på Grønland. Det var starten på den norrøne ­busetnaden på Grønland som varte i ca. 500 år. Grønland vart springbrett for endå dristigare ferder. Bjarne Herjolfsson heitte ein mann som skulle segle frå Island til Grønland. Han vart overraska av uvêr, dreiv langt mot vest og skal ha sett nokre framande kystar. Då son til Eirik Raude, Leiv, fekk høyre om dette, drog han ut frå Grønland og kom til eit land han kalla Vínland (vín – eng, beitemark), der han over­ vintra før han reiste tilbake til Grønland. Det var rundt år 1000. Historia om Leiv Eiriksson er kjend gjennom ei islandsk soge om grønlendingane, skriven rundt 1200. Men om han verkeleg kom til Vínland, og kvar dette landet eigentleg låg, har vore usikkert. Eit sterkt haldepunkt for at Leiv Eiriksson «oppdaga» Amerika nesten 500 år før Columbus, fekk vi først tidleg i 1960-åra. Forskarekteparet Anne Stine og Helge Ingstad gjorde då grundige undersøkingar av kystområde i Nord-Amerika og fann restar av norrøne hustufter på nord­ spissen av Newfoundland. Ved seinare utgravingar vart det også funne jernfragment og slagg, som tyder på at her hadde europearar halde til. Jernutvinning var ukjent for indianarar og inuittar på den tida funna stamma frå.

00

0

Oppdagingsferder

85 nla n d c a . 9

.8 Ca

T il G r ø

C a.

86

0

Hovudsakleg vikingar Sjå Dei norskenorske vikingferdene. heile kartetHovudsakleg på side 77. danske vikingar Hovudsakleg svenske vikingar

«Leiv Eiriksson ‘oppdaga’ Amerika nesten 500 år før ­Columbus», står det i avsnittet ovanfor. Kvifor står ordet oppdaga i hermeteikn, trur du?

81

ISL


K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

til

vu

Med reiskapar av jern kunne bøndene rydde nytt land og dyrke jorda mykje meir effektivt enn før. Jernnaglar gjorde skipa sterkare og smidigare. At jern kom i allmenn bruk, fekk mykje å seie for heile samfunnsutviklinga. Nokre historikarar meiner jernet set eit like stort skilje i his­ toria som den industrielle revolusjonen på 1800-talet.

in g

Heilt frå omkring 500 f.Kr. har menneske i Norden vunne ut jern frå myrmalm. Etter ca. år 600 vart teknik­ ken betre, slik at ein fekk ut meir jern av same mengda myrmalm.

som gjekk for seg i Noreg, og ikkje ville underordne seg det nye kongedømmet som var under utvikling. Det er bakgrunnen for mykje av utflyttinga til Island. Teknologiske forbetringar er også viktig for å forstå det som hende. Jernet hadde vore kjent lenge, men på 700- og 800-talet auka bruken. Meir og betre jern gjorde at folk fekk betre reiskapar og våpen, som igjen førte til at naturressursane kunne utnyttast betre. I neste omgang la dette eit grunnlag for det overskotet som gjorde det mogleg å dra ut. Sjølve vikingskipet var det aller viktigaste teknologiske framsteget. På 600- og 700-talet vart teknikken for bygging av skip mykje betre. Dei gamle skipa som berre kunne drivast fram med årer, fekk ein solid kjøl og vart utvikla til havgåande seglskip som var sterke, raske og lette å manøvrere. Dei kunne segle i grunne farvatn, slik at vikingane overraskande kunne angripe stader på kysten og opp langs elvane. Gode skip var ein føresetnad for vikinganes suksess. Vikingferdene hadde ikkje vore ­moglege utan dei. I vikingtida var ære viktig. Æra verka inn på handlemåten til folk, og det var nær samanheng mellom ære og sosial status. Det å verne om æra og aller helst auke henne, var viktig. Å vere i stand til å gi flotte gåver gav, som vi har sett, større ­prestisje. Med vikingtokt viste høvdingar makta si, og ei vellykka vikingferd gav høg status når dei kom heim. Både tenkjemåte og religiøse førestillingar var prega av ein krigarkultur. Den mektigaste guden, Odin, var krigarguden. Alle som døydde i kamp og slag, kom til Valhall, og ein slik brå død var ærefull. Forholda ute i Europa spelte også ei rolle. Frå slutten av 600-talet auka handels­ aktiviteten i Nord-Europa. Dette handelsfellesskapet kom Norden også med i, sær­ leg på grunn av større etterspørsel etter skinn og pels. Langt fleire varer var i omløp enn før. Dermed var det også langt meir å plyndre. Samtidig var den politiske situasjonen ustabil. På dei britiske øyane eksisterte det mange mindre rike som ofte låg i strid med kvarandre. Vikingane spelte på mot­ setningane mellom lokale herskarar. Nokre gonger allierte dei seg med dei, andre gonger gjekk dei til angrep på dei. Alliansar kunne endre seg fort. På Kontinentet vart det etablert eit mektig imperium utover på 700-talet, karolin­ garriket, som var på høgda av makta si under Karl den store. Etter at han døydde, vart riket delt. Uro og politisk kaos la vegen open for vikingane. Andre halvdelen av 800-talet var ei krigersk og uroleg tid overalt i Europa. Overfallsmennene frå Norden var nok ikkje så mykje verre enn andre. Den store ­skilnaden var at vikingane var heidningar, mens dei som skreiv om dei, var kristne. Dette har farga skildringane av vikingferdene og oppfatning av dei i ettertida.

er

Jernet

rd

HISTORIE

Ku

n

Avsnittet ovanfor omtalar fleire føresetnader og årsaker til vi­ kingferdene. Les om SPØKT på side 14, og prøv å kategorisere årsakene til vikingferdene ved hjelp av desse kategoriane.

82

Samane stig fram

Den første skriftlege kjelda som nemner «Nordweg», er frå slutten av 800-talet. «Nordweg» – «vegen mot nord» – var kyststripa langs det som i dag er Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Tenk på kva Noreg heiter på engelsk – Norway. Samanhengen med det gamle namnet er lett å sjå. Denne kjelda var ei forteljing om ein nordnorsk høvding som heitte Ottar, og som segla langs denne kysten. Dette er også den første skriftlege kjelda som viser at sa­ mane vart oppfatta som ei eiga etnisk gruppe. Helleristingar viser at reindrift kan ha blitt ein dominerande næringsveg i Finnmark alt i bronsealderen. Kanskje var det då samane utvikla seg til å bli ei eiga etnisk gruppe. Funn av ein heilt spesiell keramikk


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

e r s a m a

Bjarkøy

Tjøtta

vu

rd

er

LO

GA

LA

ND

in g

i Finnmark og Nord-Troms frå det siste tusenåret f.Kr. tyder på ein eigen samisk identitet. Dessutan ser befolkninga på denne tida ut til å begynne med sesong­ basert flytting mellom innlandet om vinteren og kysten om sommaren, i tråd med flyttemønsteret som samar har fram mot vår eiga tid. I språkutviklinga er mykje usikkert. Språkforskarar trur at befolkninga over store delar av Nordkalotten snakka eit samisk-finsk urspråk i bronsealderen. Samisk har utvikla seg frå dette urspråket, mens den bufaste befolkninga på finnmarkskysten vart meir påverka av språk i den germanske språkgruppa. I hundreåra framover mot vikingtida har skilja truleg blitt skarpare. Samane levde av jakt og fangst og orienterte seg meir austover, mens den norske befolkninga hadde fiske og jordbruk som livsgrunnlag. Dei bufaste nordmennene vart trekte inn i nettverket av høvdingdømme som grodde fram langs norskekysten. Forteljinga om Ottar viser at dei nordnorske høvdingane gjerne ville ha dei va­ rene samane rådde over – hud, skinn, pels, kvalbein og dun. Kanskje var skatten som høvdingane påla samane, den viktigaste inntektskjelda for dei. Men truleg var forholdet mellom nordmenn og samar meir gjensidig og likeverdig enn dei norske kjeldene gir inntrykk av. «Samane stig fram» har vi kalla dette avsnittet. Men dei blir lite synlege for oss. Dei norske kjeldene utover i mellomalderen skildrar samane utanfrå – som eit eksotisk folk med andre skikkar og tradisjonar, som det galdt å stå på rimeleg god fot med. Skriftlege kjelder som kunne justert dette utanfråperspektivet, finst ikkje. Den samiske kulturen var ingen skriftkultur i mellomalderen. Vi har difor Hjørungavåg svært ufullstendig kunnskap om den eldste historia til sa­ mane. Dessutan stod samane lenge utanfor det som har blitt n o r d m e dei store historiske forteljingane – dei som handlar om utvik­ linga av ein stat og om det nasjonale. Samane har fått tildelt ein posisjon som «dei andre» i historieskrivinga, slik også Fitjar andre urfolk har vore for europearane.

Ladegard Område som Harald Hårfagre sannsynlegvis kontrollerte.

n

n

Område som Harald Gråfell sannsynlegvis kontrollerte. Olav Tryggvason og Olav den Heilage utvida riket til Austlandet.

s

v

e

a

r

VIKA

Skiringsal (Kaupang) g

o

t a

r

a

r

Kong Harald sende nokre av mennene sine etter ei jente som heitte Gyda, dotter til kong Eirik frå Hordaland; ho vart fostra i Valdres hos ein storbonde. Kongen ville ha henne til frille, for ho var ei ovende ven jente; men ho var heller kaut. Då sendemennene kom dit, sa dei ærendet sitt til jenta. Ho svara som så at ho ville ikkje spille møydommen sin ved å ta til mann ein konge som ikkje hadde større rike enn berre nokre fylke å rå over. (…) [ho] bad dei bere desse orda hennar fram til kong Harald, at ho ville ikkje samtykkje i å bli kona hans på anna vilkår enn at han for hennar skuld først la under seg heile Noreg (…).

Ku

n

til

Eit kongedømme blir til

Avaldsnes Hafrsfjord

Frosta Stiklestad

Slik begynte samlinga av Noreg, ifølgje Snorre. Harald skal ha lova at han verken skulle kjemme seg eller klippe håret før både Noreg og Gyda var hans.

frille: elskarinne

83


HISTORIE

K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Kven: Snorre Sturlason Kva: islandsk høvding, historikar og skald Når: 1178/79–1241

in g

Snorre Sturlason er særleg kjend for Heimskringla, ei samling på 17 soger om norske kongar. Det gjer Snorre til ein tidleg norsk historikar. Snorre vart stempla som svikar av kong Håkon Håkonsson, og vart til slutt drepen midt på natta av Gissur Torvaldsson, tidlegare bestevenn og svigerson. Kor mykje utfordringa frå Gyda kan ha hatt å seie, veit vi lite om. Dei færraste historikarar i dag festar særleg lit til Snorres segner. Vi har få kjelder som kan gi sikker kunnskap om det som dreiv samlingsarbeidet fram.

Kva fekk vikingferdene å seie for samlinga av Noreg?

Ku

n

til

vu

rd

er

Sjølv om kjeldene er få, er det mogleg å slå fast at samlinga av Noreg, eller det ­historikarane ofte kallar rikssamlinga, har nær samanheng med vikingferdene. Politiske impulsar kom utanfrå. Småkongar skaffa seg meir makt og rikdom gjen­ nom plyndring og handel. Rikdommane som dei tok med seg heim, vart ujamt for­ delte, slik at somme høvdingar og somme slekter vart mykje mektigare enn andre. Skipsleia langs norskekysten, «nordvegen», har spelt ei nøkkelrolle for rikssam­ linga. Nordfrå kom skinn, pels, dun og kvalrosstenner, som var luksusvarer lenger sør i Europa. Høvdingane i Vestfold, med handelssenteret Skiringssal, hadde sterke interesser i varetransporten langs kysten. Ein teori går ut på at vestnorske vikinghøvdingar truga denne handelsruta ved at dei kravde avgifter eller dreiv regelrett plyndring av skipa. Harald Hårfagre, som kan ha hatt kontroll over handelen til Vestfold, allierte seg då med den mektigaste ­høvdingen i Trøndelag, ladejarlen. Denne alliansen la grunnlaget for samlinga. Ifølgje ein annan teori var det Haralds erobringar som truga trafikken langs kysten. Denne trusselen fekk ladejarlen og danskekongen, som hadde interesser i Vestfold og Vika (området rundt Oslofjorden), til å slå seg saman mot Harald. Området som i dag utgjer Danmark, var eit av dei mektigaste rika i Nord-Europa rundt år 800. Det var bakgrunnen for den makta danskekongen hadde i Vestfold og Vika. Der var det danskekongen som inn­ sette lokale småkongar. Men utover på 800-talet vart han svekt av indre strid i Danmark, og dermed var hel­ ler ikkje grepet danane hadde om dei norske områda, så sterkt som tidlegare. Dei fleste historikarar er einige om at dette er ein viktig grunn til at Harald var i stand til å leggje under seg større område. Allianseforholda er usikre. Vi veit ikkje eingong sikkert kven som var Haralds motstandarar i slaget ved Hafrsfjord i 872, som ein reknar som sluttoppgjeret i Haralds rikssamling. Men same kven som kjempa mot kven, tyder alt på at det var handelsinteressene og kontrollen over skipsleia som pressa fram samlinga av Noreg. Harald Hårfagre samla aldri heile det Noreg vi kjenner i dag. Jæren og Sørvestlandet var kjernen i riket hans. Kyststrøka lenger nord på Vestlandet og delar av Agder hadde han også kontroll over. Han var først og fremst ein vestlandskonge og støtta seg til hirda, den profesjonelle hærstyrken som følgde kongen når han reiste rundt til kongsgardane.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Korleis såg landet ut før samlinga?

Frå slutten av 800-talet og fram til 1030 var det stadig samlingsforsøk av større område, både rundt Vika (heile perioden), på Vestlandet (900-talet) og i innlandet (1000-talet).

er

Frå mange gudar til berre éin

Les meir om Harald Hårfagre utvikla ikkje noko sentralisert styre, og maktgrunnlaget hans var hirda – den profesjonelle hærstyrken som følgde han. Les meir om det i Perspektiv Skulestudio.

in g

Så tidleg som på 800-talet var det forsøk på samling, men langt frå av heile det om­ rådet vi i dag kjenner som Noreg. Heller var det folkegrupper og enkeltpersonar som fekk til to typar samlingar. Den eine var organiserte tingområde med eit allting. Den andre organisasjonsforma var smårike med småkongedømmet som samlingsorgan. Området rundt Trondheimsfjorden hadde truleg eit felles lovområde med hovudting på Frosta (Frostating). I Sørvest-Noreg og på Austlandet spelte småkongedømme ei sterk rolle. Det var også småkongar i Vestland, Rogaland og Agder.

Ku

n

til

vu

rd

Harald Hårfagres erobringar var første steget i ein samlingsprosess som gjekk over fleire hundre år. Det neste store steget i denne prosessen handla ikkje om handel eller kontroll over «nordvegen». Det handla om religion. Religionen spelte ei viktig rolle i vikingtida. Før kristendommen tenkte menneska seg at gudar var til stades overalt. Dei var makter som ein måtte ta omsyn til og ­alliere seg med. Dei heilage handlingane, kulten, var sjølve kjernen i den norrøne religionen. Under kulten vart det bore fram offergåver, og formålet var å sikre seg støtte og hjelp frå gudane. Kulten gjekk for seg på spesielle religiøse stader, på høvdingseta og på gardane. Religionen var noko som menneska brukte for å forklare prosessane i naturen og for å finne sin eigen plass i universet. Menneska måtte tilpasse seg ei mengde gudar, slik vi også hugsar frå gresk mytologi. Odin var som nemnt krigarguden. Tor styrte over vêr og vind, regn og tore, og var nær knytt til strevet bøndene hadde med å skaffe nok mat. Tor hadde difor stor plass i tankelivet hos folk. Fruktbarheitsgudane Frøy og Frøya var også mellom dei viktigaste gudane i det norrøne guderiket. Den norrøne religionen hindra ikkje at folk i Noreg også kunne ha kontakt med kristen lære. På Vestlandet har arkeologane funne ut at gravskikken vart endra så tidleg som på 700-talet. Det tyder på kristne impulsar. Midt på 900-talet var misjo­ nærar aktive på Austlandet. Kristentru og den gamle norrøne gudelæra ser ut til å ha eksistert side om side utan store spenningar. I dag legg historikarar større vekt på det langsiktige og det gradvise i kristnings­ prosessen enn ein gjorde før. Først med utviklinga av ein kyrkjeorganisasjon, etter at landet vart offisielt kristna, vart mange av endringane gjennomførte i praksis. Likevel har det vore periodar med skarpare konfrontasjon mellom det gamle og det nye. To kongar, Olav Tryggvason (konge 995–1000) og Olav Haraldsson (konge 1015–1028), tok i bruk harde middel for å kristne landet. Det viktigaste var å få høv­ dingane i dei ulike landsdelane til å la seg døype, så ville folket følgje etter på grunn av lojalitetsbandet mellom høvdingar og bønder. Både tap av eigedom, tortur og drap kunne vente dei som nekta. Begge kongane var vikinghøvdingar som var vane med å sigre, men dei hadde også levt i kristne miljø i Europa. Om det personlege forholdet deira til religionen veit vi ikkje så mykje. Derimot veit vi ein god del om korleis kristendommen kunne bru­ kast som ein politisk reiskap i kampen for å styrkje kongemakta, og dermed også kvifor det var så viktig for kongane å få landet kristna.

Les meir om mytar i Gro Steinslands essay «Mytene som skapte Norge» i Perspektiv Skulestudio.

85


HISTORIE

K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Religionen til kongane

til

Peter Nicolai Arbo: «Olav den Hellige i bønn før Stiklestadslaget» (ca. år 1860). Korleis trur du Olav den heilage ville blitt framstilt av kunstnarar i dag?

vu

rd

er

in g

I Europa på 900- og 1000-talet var det ei vanleg oppfatning at kongen var verje for kristendommen. Kongen knytte saman verdsleg og åndeleg makt. Under han stod biskopane, og under dei igjen prestane, som hadde nær kontakt med lokalsamfunnet. Kyrkjemakta og kongemakta utfylte og hadde gjensidig nytte av kvarandre. Dersom folket er overtydd om at makta til kongen er noko som ein allmektig Gud har bestemt, vil dei også lyde kongen. Men kyrkja var også avhengig av kon­ gen. Kongen støtta kyrkja økonomisk gjen­ nom gåver, og ein sterk konge kunne sør­ gje for ro og fred i samfunnet, slik at det vart lettare å drive misjonsarbeid. Kyrkja trong det vernet kongemakta kunne gi. I periodar var det likevel strid mellom kyr­ kjemakta og kongemakta, til dømes om rett til skattlegging. Forholdet var prega både av samarbeid og konkurranse. Som elles i Europa vart Noreg kristna frå toppen av samfunnspyramiden og ned­ over. Det var eliten som dreiv gjennom den nye religionen. Kampen stod først og fremst mellom kongen og høvdingane. Høvdingane kunne godta den nye religionen dersom dei sjølve såg seg tente med å alliere seg med kongen. Men det var også ulemper. Kristninga innebar at høvdingane underordna seg kongen. Dei allierte seg oppover i samfunns­ hierarkiet og knytte si eiga makt og sin eigen lagnad til kongen. Dermed risikerte dei å svekkje sin eigen posisjon som leiarar for eit lokalsamfunn. I den gamle trua hadde høvdingane spelt ei viktig rolle som leiarar av kulthandlingar. Desse religiøse oppgå­ vene medverka til å styrkje makta deira. Difor hadde høvdingane også noko å tape ved å bli kristne. Det er noko av grunnen til at tvangskristninga møtte motstand. For Olav Tryggvason og Olav Haraldsson vart denne motstanden for sterk. Den mektige Håkon Ladejarl i Trøndelag nekta å la seg tvangskristne. Truleg var det ein allianse mellom danskekongen og son til Håkon, Eirik, som felte Olav Tryggvason i slaget ved Svolder i år 1000.

Ku

n

Kva vil det seie at eit land er kristent? Held det at den som styrer, er kristen, eller må ein viss prosentdel av folket også vere det?

årmann: lokal teneste­ mann for dei første kongane, styrte kongs­ gardane

86

Olav den heilage Olav Haraldsson var rik då han kom til Noreg i 1015. Eit par år før hadde han vore med på å dele den største utbetalinga av danegjeld nokon gong – den skatten en­ gelske kongar betalte for å sleppe å bli angripne av norske og danske vikinghærar. Olav brukte rikdommen sin til å kjøpe seg støtte hos norske stormenn. Pengar, ­gåver og rå maktbruk var Olavs metode for å vinne oppslutning, både om seg sjølv som konge og om kristendommen.


500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Tolv månader og fem netter etter kong Olav døydde, vart dei heilage leivningane hans tekne opp, og da var kista til kong Olav mest kommen opp or jorda att, og kista var liksom ny, nett som ho var nyhøvla. Grimkjell bisp kom til da dei lét opp kista til kong Olav, og da stod det ein yndeleg ange av ho. Da nækte bispen andletet til kongen, og han var ikkje det minste annleis i åsynet, og han var så raudleitt i kinna som om han nyleg hadde sovna. Dei som hadde sett kong Olav da han fall, kunne godt sjå kor mykje håret og neglene hadde vakse sidan, mest likså mykje som dei ville ha gjort om han hadde vore i live her i verda heile tida sidan han fall.

vu

rd

Ein helgenkonge blir til

er

Olav prøvde å gjennomføre eit meir direkte styre over det meste av Noreg ved hjelp av nye støttespelarar. Han lyfte fram velstå­ ande bønder frå sjiktet under dei gamle høvdingane, bønder som vart trufaste og lojale mot kongen fordi det var han som hadde gitt dei den nye maktstillinga deira. Han gav også gards­ styrarane, årmennene, oppgåver i styret av lokalsamfunnet. Ein slik politikk utfordra dei gamle, mektige høvdingættene. Ikkje berre religionen sjølv, men tvangen som følgde med, var vanskeleg for dei å godta. Olav Haraldsson begynte å miste kontrollen utover i 1020-åra fordi høvdingane mobiliserte mot han og fekk mange av bøndene med seg. Dessutan spelte utanrikspolitiske forhold inn – som så ofte i maktkampen i Noreg. Danskekongen Knut den mektige ville ikkje gi opp det han oppfatta som sin rettmessige norske arv, og Olavs norske motstandarar samla seg rundt Knut. Det var denne alliansen mellom kong Knut og norske stormenn og bønder som Olav Haraldsson møtte i slaget på Stiklestad i 1030, der Olav fall.

in g

10 000

Detalj frå Olavsalteret (ca. 1300) som står i Nidarosdomen. Tenk deg at du skal bruke dette biletet i ein presentasjon av slaget på Stiklestad. Korleis ville du brukt biletet?

Frå Heimskringla

Ku

n

til

Denne forteljinga frå boka Heimskringla av Snorre er det Olavslegenda byggjer på. Livet til kong Olav enda i nederlag, han fall på Stiklestad. Men den viktige historiske rolla han spelte, var ikkje slutt med det. Det er som helgenkonge med førestillin­ gane om at han var ein heilag mann, Olav har sett djupe spor i norsk historie. Også i denne legenda ser vi korleis verdsleg og åndeleg makt spelar på lag. For stormennene rundt den nye kongen, Magnus, son til Olav, var det ein stor fordel at far til kongen kunne oppfattast som heilag. Det styrkte oppslutninga om han. Men meir avgjerande var den innsatsen kyrkja sjølv gjorde. Ved å opphøgje Olav til nasjonalhelgen auka kyrkja si eiga makt og sin eigen prestisje. Alt i 1040, ti år ­etter at Olav døydde, hadde han blitt ein norsk helgen. At ein konge hadde overnaturlege evner og kunne ha eit liv etter døden, var in­ gen ny tanke. Også i førkristen tid levde slike førestillingar. Det kan ha fått fleire til å tru på forteljinga om den heilage Olav. I alle fall fekk Olavslegenda enormt gjennom­ slag i folketrua utover i mellomalderen. Heilaggjering av kongar var ikkje uvanleg, det var ein helgenkonge i så godt som alle land i Europa. Helgenkongane styrkte rikssamlingsprosessane fordi desse kon­ gane vart lyfte fram både fordi dei kunne lækje folk og vere store verjer. Kongane etter dei hadde fordel av omdømmet til helgenkongane. Slik tente Olav den heilage sentralmakta også etter at han var død. Gjennom han fekk kongedømmet ein dominerande posisjon hos folk.

legende: forteljing med religiøst eller mytisk innhald

87


HISTORIE

K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Kva: slaget på Stiklestad Kvar: Stiklestad, i det som er Verdal kommune i dag, Trøndelag Når: 29. juli 1030 Involverte: kong Olav Haraldsson og hirda hans (ca. 3500 mann, ifølgje Snorre) med svenske og islandske følgjesmenn, mot Kalv Arnesson, Tore Hund og Hårek frå Tjøtta som leidde ein bondehær (ca. 7000 mann, ifølgje Snorre)

in g

Kvifor: I år 1028 måtte Olav Haraldsson gå i eksil i Gardarike (Russland) då ein allianse mellom Håkon Jarl og Knut den mektige overtok makta i området hans. Året etter drukna Håkon Jarl, og Olav såg at det kunne vere mogleg å overta makta igjen. Olav hadde lite støtte i Noreg på denne tida, i motsetning til bondehæren han skulle møte.

Etter Stiklestad

er

Kva hende: Bondehæren viste seg å vere overlegen, og Olav vart raskt omringa av fienden. Ifølgje Snorre døydde Olav etter tre øksehogg, det siste og dødelege skal ha vore i halsen, men ein er ikkje einig om kven som påførte kong Olav dette hogget. Med Olavs død vann bondehæren slaget.

til

vu

rd

Olavs fall var ein siger for lokale høvdingar som ynskte ein fjernare herskar som ikkje så direkte blanda seg inn i dei indre forholda i landet. Men sigeren skulle vise seg å bli kortvarig. På få år snudde stemninga. Fleire forhold forklarar dette brå omslaget. Danskekongen Knut den mektige innsette sonen Svein og den engelske mor hans, Alfiva, som herskarar i Noreg. Under deira herredømme vart dei norske stormennene som hadde vore allierte med Knut, sette utanfor styret av landet. Det var ikkje dette dei hadde tenkt seg. Avlingane slo feil fleire år på rad, og bøndene fekk tyngre byrder. Motviljen mot danskestyret auka. Berre fem år etter at Olav døydde, samla dei norske stormennene seg om den vesle sonen hans, Magnus, og ville ha han til konge. Dei innsåg at dei ville ha større nytte av ein innanlandsk konge som dei kunne ha kontroll med. Svein og Alfiva måtte rømme frå landet.

Borgarkrig og stordomstid

Ku

n

I tiåra etter at Olav den heilage var død, stod kongedømmet på nokså solide bein. Harald Hardråde (konge 1047–1066) fullførte det nokre historikarar har kalla den første fasen i prosessen med å samle Noreg. Han greidde å slå ned dei sterkaste høvdingane ved hjelp av si eiga hird. Dessutan slapp han innblanding frå danske kongar på grunn av intern uro i Danmark. Harald overtok ambisjonane som danske­ kongane hadde hatt om herredømme i England, men fall i slaget ved Stamford bru i 1066. Etter Harald Hardråde følgde ein lang periode prega av fred og vekst i Noreg. 100 år seinare er biletet eit heilt anna. Det er ufred og borgarkrig. Kongsemne står mot kongsemne, hær mot hær. Snorre fortel om ein flokk valdsmenn, harde og krigerske, som skapte skrekk og frykt der dei for fram. Dei rømde ofte til skogs når overmakta vart for stor. Der surra dei never, den ytste delen av bork frå bjørketre, rundt beina for å halde varmen. Difor vart dei kalla birkebeinarar (birki (norrønt) = bjørk).

88


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Kvifor borgarkrig?

in g

Kvifor vart det borgarkrig? Kva var grunnen til at freds- og vekstperioden etter Harald Hardråde ikkje varte ved? Mange historikarar har peikt på at skilnadene mellom folk vart endå større enn dei hadde vore før. Folkeauke førte til knappe ressursar. Fleire vart jordlause. Rikdommar frå vikingferder hadde lagt grunnlaget for den politiske makta til ­stormennene. Då vikingferdene tok slutt, gjekk det ut over maktgrunnlaget til­ aristokratiet, og det resulterte i hardare konkurranse mellom stormennene. Etter kvart makta ikkje kongane å lønne tilhengjarane sine. Stormenn kniva seg imellom om ressursane til kongemakta. Dei mange kongsemna fann misfornøgde stormenn som ville støtte dei i kampen om trona. Dermed var det skapt føresetna­ der for borgarkrig. Høvdingen Erling Skakke greidde å samle størstedelen av aristokratiet rundt kongedømmet til sonen Magnus Erlingsson. Kyrkja hadde utvikla seg til å bli den andre store samfunnsmakta, ved sida av kongedømmet. Samarbeidet med kyrkja var viktig for Magnus’ kongedømme. Magnus vart krona av erkebiskopen på eit riksmøte i 1163, den første kroninga i sitt slag i Norden. Han kunne kalle seg konge av Guds nåde. Kyrkja på si side sikra seg lovnad frå kongen om at han skulle ­respektere sjølvstende for kyrkja i åndelege spørsmål.

rd

er

Kva for årsaker til borgarkrigen er omtalte her? Ranger dei ulike årsakene etter kor viktige dei er.

Kong Sverre: propagandist og geriljaleiar

baglarane: kjem av ordet bagall (norrønt) = bispestav

Knud Bergslien: «Birkebeinerne» (1869). Dette biletet er måla på 1800-talet. Kva kan det ha å seie for korleis personane er framstilte?

Ku

n

til

vu

Sommaren 1176 kjem ein prest frå Færøyane, Sverre Sigurdsson, til Noreg. Han hevdar at han er son av ein tidlegare konge. Sverre blir leiar for birkebeinarane og kastar seg inn i kampen om kongemakta. Det siste og avgjerande slaget mellom kong Magnus og Sverre Sigurdsson stod ved Fimreite i Sogn i 1184, der kong Magnus vart drepen. Men etter kort tid be­ gynte ei ny mobilisering mot Sverre, og han måtte kjempe mot ei bølgje av opprørs­ flokkar. Den viktigaste av desse flokkane var baglarane, leidde av biskopen i Oslo. Striden var framleis ikkje avslutta då Sverre døydde i 1202. Ei viktig kjelde til historia om kong Sverre er Sverresoga. Første delen er skriven mens Sverre levde, og han hadde sjølv kontroll over innhaldet. Då er det kanskje ikkje overras­ kande at han er framstilt som Guds utvalde leiar, ein overlegen militær taktikar og inspira­ tor. Birkebeinarane blir forvandla frå ein sa­ manraska røvargjeng til ein slagkraftig gerilja­ hær, takk vere han. Denne delen av Sverresoga må vi altså ta med mange klyper salt. Likevel er historikarane einige om at Sverre var ein effektiv hærførar som vann mange slag mot overlegne styrkar. Historikarane har vore fascinerte av kong Sverre, og grunnen er nok at han var ein slags oskeladd. Om kampen hans mot kong Magnus heiter det i Sverresoga at Gud sende ein liten og låg mann frå utskjera, som skulle velte hovmodet til motstandarane, og den mannen var Sverre sjølv. Dette må lesast som propaganda. Men Sverre var ein outsider, ein som kom beint ut av lufta og erobra

89


K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

in g

Les meir om kulturimpulsane frå Europa, som nådde landet i desse åra. Her stod kyrkja i ei særstilling som ei kulturell bru mellom landa. Sjå Perspektiv Skulestudio.

kongemakta mot alle odds. Historikarane åtvarar likevel mot å tru at Sverre var ein opprørar som snudde opp ned på alle maktforhold i samfunnet. Det gjekk nok ikkje hardt ut over aristokratiet. Striden mellom Sverre og kyrkja var nesten ikkje til å unngå. Kyrkja krona kong Magnus og stilte seg heilhjarta bak kongedømmet hans. Då Sverre gjekk til krig mot Magnus, fekk han også kyrkja som fiende. Men striden handla også om at konge­ makta ville ha kontroll med kyrkja, slik vi såg i investiturstriden ute i Europa (sjå side 72). Sverre sette seg imot kravet om sjølvstyre for kyrkja og kravet om at berre geistlege kunne utnemne personar i kyrkjelege embete. Eit anna viktig stridspunkt var kven som skulle forvalte kyrkja og kyrkjegodset. Son til Sverre, Håkon Sverresson, gjekk med på forlik og gav etter for mange av krava frå kyrkja. Det er difor tolka som ein siger for kyrkja. På den andre sida vart sonen til Sverre fullt ut godteken som lovleg konge.

Birkebeinarane i dag

er

HISTORIE

rd

Ferda over fjellet mellom Lillehammer og Rena er kjend som ein av dei store heltedå­ dane i noregshistoria, og er skildra mange gonger i målarkunst og historiske forteljin­ gar. Kvart år (så nær som i koronaåra 2020 og 2021) blir Birkebeinerrennet arrangert til minne om den dramatiske skituren for over 800 år sidan.

Ein norsk stat blir til

til

vu

Soneson til kong Sverre, Håkon Håkonsson, vart som 13-åring hylla som norsk konge i 1217. Ein hertug, Skule Bårdsson, fungerte som riksstyrar mens Håkon var ung, men braut seinare med kongen og leidde sjølv eit opprør mot han. Det vart slått ned, og Skule Bårdsson vart drepen i 1240. Borgarkrigsperioden var slutt. Stormannsslektene vart færre under borgarkrigen, og kongemakta styrkte seg med større skattar og høgare bøter for lovbrot. For å seie det litt enkelt: Ei større kake og færre til å dele henne gjorde det mogleg å avslutte borgarkrigane. Stormennene i landet såg seg tent med å avslutte striden og samle seg om Håkon Håkonssons kongedømme. Då Skule fall i 1240, markerte det også slutten på den andre og siste fasen i den lange prosessen med å samle Noreg. Framover mot 1300 begynte Noreg å bli ein stat.

Ku

n

Meir makt heime og ute

90

I samarbeid med aristokratiet bygde kongane utover på 1200-talet ut ei lovgiving og ein administrasjon som var fullt ut på høgde med det som fanst ute i Europa. Dette var grunnlaget for sentralmakta som voks fram: Kongeideologi. Med støtte frå kyrkja kom ein tydeleg kongeideologi på plass. Kongedømmet var knytt til Guds allmakt, og det skulle vere arveleg. Ein krona konge var ikkje lenger berre ein person, men også eit symbol på Guds makt. På dette grunnlaget kunne han krevje lydnad frå undersåttane sine. Kyrkja. Kyrkja vart verna av kongemakta. Kyrkjemakt og kongemakt støtta seg til tomaktslæra: Både den verdslege og den åndelege makta sprang ut frå Gud, og staten og kyrkja var suverene på kvart sitt område. Men forholdet mellom kyrkja og kongen var motsetningsfylt gjennom heile høgmellomalderen (ca. 1130–1350). Det var prega av både rivalisering og samarbeid.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

vu

rd

er

in g

Lovgiving og handheving av rettar. Også før vikingtida eksisterte det ting. Utover i vikingtida vart tingordninga fastare organisert, og det vart utvikla lovverk for større geografiske område, som Gulatingslova for Vestlandet og Frostatingslova for Trøndelag (sjå side 85). På 1200-talet stod kongemakta i spissen for ei bølgje av lovgivingsarbeid over store delar av Europa. Slik var det også i Noreg. Eit utbygt rettsstell var viktig for kongemakta, og kongen var autoriteten bak lovgivinga. Noreg fekk ei lov i 1274 som skulle gjelde for heile landet, ei landslov. Kongen på denne tida, Magnus, var son av Håkon Håkonsson. Magnus Håkonsson har fått tilnamnet Lagabøte («lovforbetraren»). Meir bruk av skrift. Vi hugsar at kong Sverre fekk skrive si eiga soge, Sverresoga, som ledd i kampen han førte mot motstandarane sine. Etter hans tid vart det stadig vanlegare å bruke skrift. Skrift var eit verktøy kongemakta nytta for å utvide det ad­ ministrative apparatet sitt, og dermed fekk kongen sjølv ei sterkare stilling. Under Håkon Håkonsson skaut denne utviklinga fart. Gjennom lovgivinga ville kongemakta sikre seg einerett, monopol, på valdsbruk i landet. Resten av samfunnet måtte godta at berre kongemakta hadde denne ret­ ten. Det er den rolla politiet har i våre dagar – berre politiet har lov til å bruke vald. Kongen var den høgaste dommaren i riket, og berre han hadde rett til å benåde. Ute i lokalsamfunna spelte kongelege tenestemenn, sysselmennene, ei nøkkelrolle. Sysselmannen hadde politi- og påtalemynde og kravde inn bøter på vegner av kongen. Militærstell. Frå gammalt hadde kvar fri mann plikt til å vere med i forsvaret av lan­ det. I Noreg vart slik mobilisering kalla leidang. Det var forløparen for verneplikta i våre dagar. I dei fleste land i Europa vart slik militær tenesteplikt gjord om til ein skatt utover i mellomalderen. Folket måtte betale ein skatt som gjekk til å forsørgje profesjonelle soldatar. Slik var det til dels også i Noreg. Kongane avskaffa ikkje den militære 04_ 20 ­leidangsplikta, men fekk full kontroll over henne. Ved sida av rettsapparatet var

til

G r ø nla nd nland

P

O

Håkonshallen i Bergen, innvigd i år 1261. Trur du nokon av bygningane vi byggjer i dag, vil stå om tusen år?

Noregsveldet ca. år 1265. Større enn det har landet aldri vore.

E T A V L H

Ku

n

IS L A N D

Norskehavet

F æ r ø yan e H j al t l an d O r k n ø yan e

S uder ø ya n e

Bjørgvin

Nidaros NOREG Hamar Oslo

Stavanger SKOTTLAND

Nordsjøen I R LAN D

ENGLAND

91


K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

in g

rd

Prøv å rangere årsakene til fram­ veksten av ei norsk sentralmakt. Kva årsak er viktigast, og kva for ei er minst viktig?

militærstellet den organisasjonen som verka mest samlande og batt riket tettast saman. Ein aggressiv utanrikspolitikk. Det var meir regelen enn unntaket at europeiske kongar i mellomalderen ville leggje under seg område og folkegrupper. Kontroll over landområde gav større inntekter i form av skattar og avgifter frå handelsverksemd. I tillegg stod ein sterkare overfor moglege rivalar. Med sterkare makt innetter i riket og eit svakare dansk kongedømme kunne også dei norske kongane føre ein aggressiv utanrikspolitikk. Utover på 1200-talet vart norske sendemenn sende så langt som til Tunisia i sør og Novgorod i aust. I 1261 svor dei norrøne busetjarane på Grønland truskap til norskekongen. Dei tenkte truleg at det ville sikre livsviktige forsyningar frå Noreg av korn, jern og tre. Island hadde ikkje eigen konge, og Håkon Håkonsson knytte islandske høvdin­ gar til si eiga hird. Han sikra seg etter kvart kontrollen over landet ved å utnytte motsetningane mellom dei islandske høvdingane. Rivalisering med kyrkja. Erkebiskopen i Nidaros hadde til å begynne med makt over eit større område enn det kongen rådde over. For at kongen skulle stå fram som like mektig, måtte han herske over eit like stort område som det erkebiskopen var åndeleg leiar for. Etter å ha fått kontroll over Grønland og Island oppnådde ­kongen det.

er

HISTORIE

Byar gjer samfunnet meir mangfaldig

Ku

n

til

vu

Sjå for deg ein by i mellomalderen: Folk budde tett, og det var liv og leven overalt. Avfall flaut i dei tronge smaua. Flokkar av sauer og kyr kunne brått sperre vegen for dei som skulle fram. Også byfolk heldt husdyr. Kongsgardar, kyrkjer og bispegardar vart gjerne bygde i stein. Resten av byg­ ningane var trehus kloss i kvarandre. Brann vart fort ein forferdeleg katastrofe. I høgmellomalderen budde det store fleirtalet av befolkninga, ca. 95 prosent, på landsbygda og livnærte seg som bønder. Men som elles i Europa var byane viktig­ are for samfunnsutviklinga enn innbyggjartalet kunne tyde på. Bakgrunnen for byutviklinga var mellom anna at kongemakta og kyrkja trong ­administrative sentrum. Handel og handverk blomstra opp. Stavanger og Hamar vart til byar fordi kyrkja oppretta bispesete der. Skien voks fram på grunnlag av eksport av trelast og brynesteinar. Framveksten av byar førte til at samfunnslivet vart meir mangfaldig og spesialisert. Den langt største byen, truleg den største i Norden, var Bjørgvin (Bergen). Med ca. 9000 innbyggjarar i 1300 var det ein mellomstor by i europeisk målestokk. Byen var eit knutepunkt for handel, med tørrfisk nordfrå som den store eksportvara. Oslo og Nidaros (Trondheim) hadde ca. 3000 innbyggjarar kvar. Alle dei andre norske byane var endå mindre.

92

Ulike grupper i byane Ein titt inn i bysamfunnet rundt år 1300 viser oss eit større og meir samansett miljø enn før. Bergen er den byen vi har flest opplysningar om. Det øvste samfunnssjiktet var dei som eigde tomter og hus. Bygardane var både varelager og utsalsstader, og det gav huseigarane store leigeinntekter. Huseigarane var dei som kunne vere med i styre og stell i byen. I denne gruppa finn vi kjøpmenn, dei mest velståande mellom dei geistlege, og toppsjiktet mellom handverkarane, som gullsmedane. Truleg var over ti prosent av befolkninga i Bergen geistlege.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Kven vakta moralen?

rd

er

in g

Handverkarar og småhandlarar utgjorde eit mellomsjikt. Bylova reknar opp eit trettitals handverksfag – det fortel oss at arbeidslivet har blitt meir spesialisert. Kvinner og menn arbeidde saman. Konene til handverkarane og handelsmen­ nene var i praksis partnarar i næringsverksemda. Formelt ser kvinnene også ut til å ha hatt ei friare stilling enn i bondesamfunnet. Dei kunne eige hus og drive ­forretning, og somme kvinner eigde bygardar. Nokså mange kvinner i det sosiale mellomsjiktet var ølseljarar, bakstekoner og småhandlarar. Under handverkarar og småhandlarar fanst det ei stor gruppe som var knytte til bygardane som tenarar og arbeidarar. Andre var sjømenn eller sesongarbeidarar som dreiv med lossing og lasting av skip. Fattige og sjuke stod heilt nedst på samfunnsstigen. Det fanst ei viss sosialom­ sorg for dei. I Bergen skulle dei flytte rundt i bygardane, slik at folk skifte på å hjelpe dei. Frå rundt 1250 oppretta kyrkja hospital som skulle ta seg av dei som hadde det vanskelegast. Ein firedel av tienda, den faste skatten til kyrkja, skulle brukast på dei fattige. Å gi almisse, pengar eller andre gåver til dei fattige vart rekna som ei plikt for alle kristne. I byar med mange tilreisande og ugifte menn var seksuelle tenester etterspurde. Dei prostituerte hadde låg status. Dei var pålagde å gå enkelt og billig kledd, og hadde ikkje lov til å vitne i rettssaker. I ein by som Bergen kan det ha budd eit par hundre prostituerte rundt år 1300. Dei utgjorde dermed ei nokså stor yrkesgruppe.

Rekonstruksjon av Bergen i mellomalderen. I bakgrunnen ser vi Håkonshallen, som fram­ leis finst i byen.

Ku

n

til

vu

Det var langt fleire prestar og andre geistlege per innbyggjar enn det er i Noreg i dag. Prestane hadde plikt til å sørgje for at alle i kyrkjelyden fekk nok religiøs kunn­ skap til å følgje levereglane som kyrkja sette, til dømes at ein ikkje skulle arbeide på søndagar, kva tid ein skulle faste, og korleis ein skulle oppføre seg under dåp, natt­ verd og bryllaup. Kyrkja kravde at begge partar måtte gi sitt samtykke for at ekteskapet skulle vere gyldig, men dette kravet hadde lite å seie. Det var foreldra eller andre verjer som hadde det siste ordet. Ekteskapet var ei pakt mellom to familiar, der formålet var å utvide familieforholdet for å skape større økonomisk tryggleik. Det innebar at langt frå alle kunne gifte seg. Å eige eller leige ein gard ser ut til å ha vore ein føresetnad.

93


K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

HISTORIE

Ein reiskap – for kven?

Kven tente på den kraftige utbygginga av makta og styringsapparatet til kongen i høgmellomalderen? Var kongedømmet ein reiskap for ei spesiell gruppe? Slike spørsmål har vore mykje diskuterte mellom historikarane. Tidlegare var det eit vanleg syn at kongen tente interessene til aristokratiet. Tilhengjarar av denne teorien pei­ kar på at kongemakt og aristokrati tvinga bøndene til å gi frå seg mykje av det dei produ­ serte. Undertrykkinga vart hardare under den lange borgarkrigsperioden fordi det ofte vart sett SET I GANG! inn våpenmakt mot vanlege folk, men under­ Men ver forsiktig. Inga kjæling. trykkinga heldt også fram for fullt på 1200-talet. Ingen utuktige kyss. Den såkalla stordomstida var det reine terror­ Ingen munnsex. Ingen sære stillingar. veldet, der vanlege menneske levde på Berre éin gong. Prøv å ikkje nyte det. sveltegrensa. Lykke til! Andre historikarar har derimot meint at Hugs vask etterpå! denne synsmåten legg for lite vekt på dei po­ Ja sitive verknadene kongedømmet hadde for Vil du ha barn? Nei befolkninga. Det som var avgjerande for at både kongemakta og kyrkjemakta voks, var Nei at begge institusjonane tok hand om viktige Ja Er du i kyrkja? interesser for vanlege menneske. Nei Styresmaktene handheva lov og rett, dei skapte fredelege forhold, og lovbrot vart Ja Er du naken? straffa. Kongen stod fram som ein garantist for Nei STOPP! fred, og kunne dermed få gjennomslag for kra­ Ja Er det dagslys? vet om lydnad. Å vere lojal mot han var både SYND! Nei rettferdig og nødvendig. Trass i all usemje har historikarane samla Ja Er det laurdag? seg om det synet at kongedømmet og kyrkja i Nei høgmellomalderen overtok oppgåver som Ja Er det fredag? bondesamfunnet tidlegare hadde løyst på eiga hand. Men sjølvstyreorgana i bondesamfunnet Nei slutta aldri heilt å fungere. Somme hevdar difor Ja Er det onsdag? at det gjennom heile mellomalderen var ei form Nei for gjensidig avhengnad mellom kongemakta Ja Er det søndag? og lokalsamfunnet, som ingen – heller ikkje Ja Ja kongen – kunne rive seg heilt laus frå. Nei

er

Illustrasjon frå «Miracles de Nostre Dame» av Jehan Miélét (ca. 1460).

in g

Å setje barn til verda var det viktigaste med ekteskapet. Det hadde nær saman­ heng med korleis arven skulle fordelast, det vil seie korleis eigedom og andre v­ erdiar skulle overførast frå éin generasjon til den neste. Å få barn sikra at denne overføringa gjekk for seg etter dei arvereglane som var fastsette i lova. Kyrkja sette difor mykje inn på å ha kontroll over dette livsområdet. Ikkje berre var det forbode med sex utanfor ekteskapet. Kyrkja ville også regulere kor ofte ektefolk hadde sex med kvarandre: aldri sex på høgtidsdagar, aldri når det er messe morgonen etter, aldri når det er faste, osv. Å setje grenser for seksualiteten ser ut til å ha vore viktig, men om folk verkeleg følgde desse reglane, er vanskeleg å vite.

Er du kåt?

rd

04_22_1

Nei

Er du gift?

vu

Ja Nei

Ja Er det kona di?

Nei

Ja

Ja

Menstruerer kona di? Nei

Nei

til

Gift i meir enn tre dagar?

Er kona gravid?

Ja

Ja

n

Nei Ammar ho?

Ja

Nei

Ja

Ku

Er det faste? Nei

Er det advent?

Ja

Nei

Er det pinseveke?

Ja

Nei Er det påskeveke?

Nei

Ja

Er det heilagdag?

Nei

Er det fastedag?

Figur etter ein idé av James A. Brundage, forfattar av Law, sex and Christian Society in Medieval Europe.

94


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Seinmellomalderen – tap av sjølvstende og ny vekst

in g

Året 1536 blir rekna som eit merkeår i norsk historie. Det året avgjorde den nye danske kongen, Kristian 3., at Noreg ikkje lenger skulle vere eit eige rike, men ein provins i Danmark og underlagd Danmarks krone «til evig tid». Godt og vel 200 år tidlegare, rundt år 1300, stod det norske kongedømmet sterkt både utetter og inn­ etter. Etter 1536 fanst det ikkje lenger eigne norske politiske institusjonar. Landet hadde tapt sjølvstendet sitt. Korleis kunne det gå til? Kva er forklaringa på at landet utvikla seg frå å vere eit sjølvstendig kongerike til å bli eit lydrike? Historikarane har vore opptekne av dette spørsmålet i mange år. Den politiske utviklinga – frå stordomstid til lydrike – har også forma den vanlege oppfatninga av seinmellomalderen som ei einaste lang krise- og nedgangstid. Men kriser og uro for dei som styrte landet, betyr ikkje nødvendigvis det same for befolkninga under eitt. Samtidig som historikarane dei siste åra har prøvt å finne gode svar på kvifor Noreg mista det politiske sjølvstendet sitt, har dei prøvt å nyansere biletet av seinmellomalderen.

er

rd

Pest, politikk og union

lydrike: land som er tvinga til å lyde og følgje påbod frå eit anna land

På samme tid seilte et skip fra England med mange menn om bord, som la inn til Vågen i Bergen. Noe av lasten ble losset, og siden døde alle folkene om bord. Straks godset fra dette skipet kom opp i byen, begynte folk i byen å dø. Da for sotten omkring i hele Norge og la landet øde.

vu

Sitert etter Mosseng mfl.: Norsk historie 750–1537

Til å begynne med oppsto det i lysken eller i armhulene, på menn og kvinner uten forskjell, noen kuler som vokste seg mer eller mindre store, noen som et middels eple, andre som et egg, og som folk kaller byller. Fra disse kroppsdelene tok så denne dødelige pestbyllen til å spre seg ut over hele kroppen uten unntak.

n

til

Slik skildrar den islandske presten Einar Havlideson korleis svartedauden, eller «den store mannedauden», kom til Noreg i 1349. Det kan ha vore rottene på skipet, det vil seie lopper på rottene, som bar pestbakterien med seg. I åra før hadde epidemien herja som ein eldebrann ute i Europa, etter at han først kom til Krimhalvøya ved Svartehavet via karavanerutene frå Asia. Derifrå vart bakterien frakta vidare til Italia med handelsskip. Den italienske forfattaren Giovanni Boccaccio skildrar eit sjukdomstilfelle som det ikkje er lett å gløyme:

Sitert etter Orning: Norvegr, bind 1 (2011)

Ku

I dag ville antibiotika ha teke knekken på pesten, men mellomalder­ menneska var prisgitte sjukdommen. Etter få dagar døydde rundt 60 prosent av dei som vart smitta. Sjukdommen kunne også slå seg direkte på lungene, og då kom døden endå meir nådelaust. Nesten alle som vart sjuke på denne måten, omkom. Er rottene uskuldige? I dei seinaste åra er det forska på om det faktisk var rottene som spreidde pesten. Mellom anna er det lansert teoriar om det kan ha vore eit ebolaliknande virus som var årsaka til sjuk­ dommen. Teorien er førebels ikkje stadfesta. Dette viser at nye funn og teoriar framleis kan endre vår oppfatning av historia.

95


HISTORIE

K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Eit utdøydd landskap

Inn i unionen

I 1319 døydde kong Håkon 5. Magnusson, den siste mannlege arvingen av slekta etter kong Sverre. I ettertid er døden hans blitt ståande som eit symbol på Noregs vanskelege stilling og framtidige nedgang. Han var utan mannleg arving. For første gong skulle Noreg dele konge med Sverige. Det vart starten på ei stadig tettare ­samanfiltring med nabolanda Sverige og Danmark. Inntektssvikten er noko av grunnen til at kongedømmet vart svekt. Men svarte­ dauden og dei andre epidemiane gir inga fullgod forklaring på utviklinga. Andre land i Europa, også Sverige og Danmark, vart sannsynlegvis like hardt ramma av epide­ miane. Kvifor vart Noreg så politisk svekt i seinmellomalderen, og forsvann til slutt inn i det Henrik Ibsen kalla «firehundreårsnatten»? Det er eit samspel av mange faktorar, og historikarane har ikkje greidd å leggje alle brikkene saman til eit bilete alle kan bli einige om. Men hovudlinene ser slik ut:

til

Theodor Kittelsen: «Pesta farer landet rundt» (1904). Kvifor trur du Kittelsen har valt å skildre svartedauden på denne måten?

vu

rd

er

in g

Einar Havlideson meinte at to tredelar av be­ folkninga i Noreg døydde av pesten i 1349. Rundt halvparten er nok eit rettare overslag. Men epidemien kom tilbake om lag kvart ­tiande år, både i Noreg og i resten av Europa, sjølv om utbrota ikkje var like kraftige som det første. For første gong sidan det vestromer­ ske riket fall, gjekk folketalet i Europa tydeleg nedover. I Noreg budde det ca. 200 000 men­ neske i 1500, rundt 40 prosent færre enn 150 år før. Deretter voks talet seint igjen, men kan­ skje ikkje før nærare 1700 hadde det kome opp på same nivået som før svartedauden slo til. Verknadene av eit slikt folketap var enorme, både for økonomi og samfunnsliv. Område vart avfolka, gardar forfall. I Asker utanfor Oslo var det tidleg på 1300-talet eit myldrande liv på 129 gardsbruk. Då Oslobiskopen Øystein Aslaksson besøkte området i 1389, var berre 59 gardar i drift, mens 75 låg avfolka. I meir avsidesliggjande bygder var bi­ letet endå dystrare. Der kunne alt menneske­ liv vere borte. Jordprisane fall fordi etterspør­ selen etter jord vart mindre, og både kyrkja og staten mista store skatteinntekter. På den andre sida vart meir og betre jord tilgjen­ geleg for dei som overlevde.

Ku

n

Korleis trur du det var å leve i ei tid då pest tok livet av halv­ parten av befolkninga?

«firehundreårsnatten»: omgrep brukt om dei ca. 400 åra Noreg var i union med Danmark

96

Hansaforbundet. Alt på slutten av 1200-talet hadde nordtyske handelsbyar med Lübeck i spissen slutta seg saman for å fremje sine eigne økonomiske interesser. Byane låg i utkanten av Det tysk-romerske riket, der keisaren stod stadig svakare. Byane hadde mykje sjølvstyre. Kvar by var organisert i gilde (hansaer), som var samanslutningar av kjøpmenn som styrte på vegner av borgarane. Midt på 1300-talet slo byane seg saman til eit mektig forbund, Hansaforbundet.


500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

er

in g

10 000

Hansabyen Rostock. Kva for bygningar og båttypar ser du på biletet? Kva kan dette fortelje om byen Rostocks betydning?

vu

rd

Hansaen stod i spissen for den omfattande handelen i austersjøområdet, og henta korn, tømmer, tjøre og sild frå Aust-Europa. Forbundet sette sterkt politisk press på heile det nordiske området for å sikre makta si og handelsprivilegia sine. Ei av handelsrutene gjekk til Bergen, der mange av dei tyske handelsfolka kjøpte eller leigde seg hus langs Bryggen og danna eit sjølvstendig samfunn. Dei kjøpte tørrfisk av nordnorske fiskarar og frakta han ut i Europa. Noreg var avhengig av å kjøpe korn frå utlandet for å brødfø befolkninga. Hansaen kontrollerte etter kvart mykje av handelen, og Noreg var avhengig av tysk korn. Det gjorde landet sårbart.

Ku

n

til

Dynastimakt over landegrensene. Dei nordiske stormannsslektene vart innvovne i kvarandre gjennom giftarmål. Desse slektene utvikla sosiale og økonomiske ­interesser på tvers av nasjonsgrensene. Støtta til eit nasjonalt kongedømme vart svakare. Nedgangen etter pestepidemiane er ein del av dette biletet. Det vart ­rasjonelt å samle fleire rike under éin herskar fordi statsinntektene skrumpa inn. Riksrådene. Formyndarstyre for mindreårige kongar var ikkje uvanleg. Styret var sett saman av ei gruppe stormenn. Men etter Håkon 5. Magnusson vart dette for­ malisert i eit riksråd som i ustabile tider også kunne brukast mot kongemakta. Presset frå Hansaforbundet er viktig for å forstå bakgrunnen for at dei tre nor­ diske landa vart samla i Kalmarunionen i 1397, med dronning Margrete som mek­ tig regissør. Den norske eliten var velvillig innstilt til henne. Unionen vart oppfatta som ein blokk mot hansamakta og nordtyske fyrstar som ynskte å dominere i Norden. Men på lengre sikt medverka denne unionen til å undergrave stabiliteten og svekkje Noregs stilling endå meir. Det tette samarbeidet og interessefellesskapet mellom kongemakta og aristokratiet vart brote. Etter kvart vart det norske konge­ dømmet underordna interessene til danskekongen. Dette bana veg for at landet mista det politiske sjølvstendet sitt.

Ikkje berre ei nedgangstid

Tapet av politisk sjølvstende har gjort at seinmellomalderen ofte har vore oppfatta som ei lang krise- og nedgangstid. Men biletet må nyanserast. Pestepidemiane ramma heile folket hardt, og redsla for døden kasta djupe ­skyggar over livet til menneska. Men dei som overlevde, fekk nye moglegheiter. Gjennom heile høgmellomalderen hadde det vore ein jamn folkeauke som gjorde at

dynasti: arvefølgje av her­ skarar eller statsoverhovud som høyrer til den same familien, og som står ved lag i fleire generasjonar

97


04_27 K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Dette kapittelet handla om

Grønl and PO L H AV ET

at lokale høvdingar drog ut på vikingferder for å styrkje si eiga makt

ISLAND

at vikingane både plyndra og dreiv med handel at vikingferdene opna Norden mot Europa og samtidig dreiv fram forsøka på å samle ­Noreg til eitt rike

A

T

LA

NT

at kyrkja og kongemakta la saman kreftene sine for å samle landet, men at forholdet også var prega av rivalisering

NOREG

ER

HA

Nordsjøen

DANMARK

Ku

er

n

til

at det tyske hansaforbundet var ein viktig maktfaktor i Norden

rd

at Noreg i seinmellomalderen vart dregen inn i unionar med Sverige og Danmark

folk tok i bruk jord som eigentleg var for dårleg til å dyrkast. Etter svartedauden minka presset. Folk flytte frå dårleg jord til gardar med betre dyrkingsforhold. Dei store jordeigarane mista inntekter på grunn av nedgangen i folketalet. Det galdt kyrkja, det verdslege aristokratiet og kongen. I Nidaros var 14 kyrkjer i bruk mot slutten av høgmellomalderen, mens det litt ut på 1500-talet var berre tre. Den kraftige reduksjonen skreiv seg frå både inntektstap og lågare folketal. Men heller ikkje for byane er biletet heilsvart. Handelen har truleg vakse gjennom heile seinmellomalderen. Bergen har kanskje ikkje hatt nedgang i folketalet i det heile. Det kom av at byen var sentrum for fjernhandel med fisk. Hansaforbundet stod sentralt i denne fjernhandelen. Historikarane har i det store og heile vurdert Hansaen som ei negativ kraft fordi dette forbundet hindra fram­ veksten av eit norsk byborgarskap og dermed gjorde det vanskelegare for det nor­ ske samfunnet å stå på eigne bein. Hansaen sende dessutan ein del av overskotet frå fiskehandelen ut av landet i staden for at det kunne blitt investert i Noreg. Men på den andre sida fekk norske varer tilgang til ein større marknad gjennom Hansaen, og forbundet sikra import av ei mengde varer til Noreg. Handelen med tørrfisk auka og la grunnlag for større velstand i kystdistrikta nordpå. Fiskarbøndene, bønder som dreiv både med fiske og litt jordbruk, har etter alt å dømme fått betre økonomiske kår gjennom heile seinmellomalderen. Mange vanlege menneske fekk det betre i den perioden som er karakterisert som ei nedgangstid.

vu

at kyrkja og kongemakta byg­ de mykje av makta si på leige­ inntekter frå jord, og at desse inntektene minka sterkt

SVERIGE

VET

at Noreg i høgmellomalderen vart ein stat med sterkare sentralmakt enn før at svartedauden var den første av mange pestepidemiar som førte til kraftig nedgang i folke­ talet

Norskehavet

in g

HISTORIE

Kartet over: Kalmarunionen: vart grunnlagd på eit møte på Kalmar slott i 1397, og var ein politisk samskipnad mellom kongerika i Noreg, Sverige og Danmark. Erik av Pommern (1382–1459) vart krona som konge over dei tre kongerika. Etter 1434 stod Sverige reelt utanfor unionen. Unionen vart oppløyst i 1521.

98

Litteraturliste Sverre Bagge: Mennesket i middelalderens Norge, 2005 Claus Krag: Vikingtid og rikssamling 800–1130, Aschehougs norgeshistorie, bind 2, 2005 Ole Georg Moseng, Erik Opsahl, Gunnar I. Pettersen og Erling Sandmo mfl.: Norsk historie 750–1537, 2007 Hans Jacob Orning: Norvegr. Norges historie, bind 1, 2011 Jon Vidar Sigurdsson: Det norrøne samfunnet, 2008


Å gjere Har du fått med deg dette?

3 Skriv fem setningar som summerer opp dei viktigaste skilnadene mellom norrøn tru og kristendommen. 4 «Kyrkjemakta og kongemakta utfylte og hadde gjensidig nytte av kvarandre», står det i teksten (side 86). Finn tre døme på det, og forklar samanhengane for ein medelev.

Samanhengar

b «I seinmellomalderen kom Noreg i unionar med Sverige og Danmark fordi …»

in g

2 Leidang, hird, træl, høvding og tiend er viktige omgrep i dette kapittelet. Lag éi setning til kvart omgrep som viser kvifor dei er viktige.

5 Fullfør desse påstandane med ei setning: a «Kyrkja og kongemakta vart svekte etter svartedauden fordi …»

c «Det tyske hansaforbundet var ein viktig maktfaktor i Norden fordi …»

er

1 Lag tre problemstillingar som du meiner eignar seg til å summere opp dette kapittelet. Forklar vala dine av ­problemstillingar for ein medelev.

rd

Perspektiv

1 Lag ei liste over a) motiv for vikingferdene, og ei over b) føresetnader for vikingferdene. Ranger motiva og ­føresetnadene etter kor viktige du meiner dei var, og grunngi rangeringa di.

2 Norske idrettssupporterar brukar gjerne vikingsymbol, til dømes vikinghjelmar. Kva ville du sagt til ein suppor­ ter frå eit anna land som meiner at å bruke slike sym­ bol er forkasteleg? Ville du vore einig eller ueinig? Kva argument ville du brukt?

vu

2 Kva for eit år meiner du er rimelegast å velje dersom vi skal seie at Noreg vart ein stat: 872, 1030, 1163, 1260 eller 1274? Vel eitt av årstala, finn informasjon om det som hende, og grunngi kvifor dette var det året Noreg vart ein stat. Samanlikn dine val og grunngivingar med det medelevar meiner.

1 «Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike.» Finn minst to argument som talar imot denne påstanden.

til

3 Korleis merka ein vanleg bonde overgangen frå norrøn tru til kristendommen? Skriv eit avsnitt til ei fiktiv dag­ bokforteljing der du skildrar korleis bonden kan ha opplevt endringane.

n

4 Sosiale, politiske og økonomiske konsekvensar av svartedauden. a Lag ein tabell med tre gonger fem ruter. Skriv inn bonde, adel og prest i dei ulike kolonnane vassrett, og sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle og teknologiske konsekvensar loddrett.

3 Lag ei tidsline med fire punkt som du meiner kan vere uttrykk for brot i den norske historia som er skildra i dette kapittelet. Samanlikn di tidsline med tidslina til ein medelev, og diskuter likskapar og skilnader. 4 Under den andre verdskrigen vart vikingsymbol flittig nytta av dei norske nazistane. Etter krigen vart viking­ symbola meir eller mindre borte. Korleis brukar vi vi­ kingsymbol i dag? Finn minst tre døme (bilete) på bruk av vikingsymbol i vår tid. Lag ein kort presentasjon der du forklarar bruken og tek stilling til om du liker han ­eller ikkje.

Ku

b Fyll ut rutene med tanke på konsekvensane som svartedauden hadde for kvar av gruppene. c Kva for ei gruppe vil du seie kom sterkare ut av svartedauden, og kva for ei vart hardast ramma? Grunngi svaret.

99


K A P 3 Vikingtida og mellomalderen i Noreg

Krigerfølgene rundt norrøne konger tok form som tett sammenvevde brorskap (…). Mennene sverget en ed på et sverd om å kjempe og dø om nødvendig for herren, og å hevne ham om han ble drept. Til gjengjeld belønnet herren dem med ‘gaver’, det vil si at han distribuerte plyndregods i form av penger, kunstgjenstander, verdifulle kleder, våpen, hester, skip, slaver, husdyr og gull- og sølvringer.

Frå Tore Skeie: Hvitekrist

Vikingar og gåver Til jul og bursdag gir vi venner og familie gåver. Det er både hyggjeleg og fint. Men kva betyr eigentleg det at vi gir ­kvarandre gåver? Kva funksjon har det?

Post 1: Gåver i dag Diskuter med ein medelev kva funksjon gåver har i samfun­ net i dag. Er det av og til gale å gi gåver? Hender det at det å ikkje gi gåver er gale?

Post 2: Vikingar og gåver I vikingtida hadde gåver ei heilt spesiell betydning. a Kva fortel kjelda under om kva gåver betydde i det norske vikingsamfunnet?

vu

c Er det mogleg å sjå likskapar mellom kvifor ­vikingane gav gåver, og kvifor vi gjer det?

rd

b Kva trur du kan forklare at gåver hadde ei anna be­ tydning i vikingtida enn dei har i dag? (Les meir om gåver på side 79.)

43. Venen sin skal ein vera ven, honom og hans ven. Men med uvens ven venskap halda høver kje fagna folk.

42. Venen sin skal ein vera ven og løna gåve med gåve. Til lått skal mann med lått svara og møta lyging med lygn.

44. Veit du ein ven som vel du trur, og du hjå han fagnad vil få: gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte.

Ku

n

til

41. Med våpen og klede skal vener gåvast, det vert på dei sjølve synt. Likt gjevande lengst er vener, om elles alt seg lagar.

100

in g

Oppdrag 1:

er

HISTORIE

Frå Håvamål, sitert etter Vemund Skar (1959)


Oppdrag 2:

Diplomatarium Norvegicum IV, 348 Regesta Norvegica V, 1204

Pest og livsmeistring

Oslo, 3. oktober 1349

Tor Eirikson og Trond Erlingson sender alle menn som ser eller høyrer dette brevet, Guds og sine helsingar.

Vi vil kunngjere for dykk at vi var i Hallvardskyrkja i Oslo laurdag etter Mikkelsmesse i det 20. året til vår vørde herre Magnus, med Guds nåde Noregs, Sveriges og Skånes konge. Der høyrde vi at Olav Peterson vedgjekk at Jon Vigleiksson hadde betalt 54 mark gjengs mynt for 12 øresbol (…) på Romerike, som sira [herre, prest] Gyrd Asleson, kannik [korsbror] i Oslo, og Trond Krakeson hadde kjøpt til Sebastiansalteret. Det var pengar som bymennene i Oslo hadde løyvt.

På denne sida finn du to kjelder frå Oslo. Studer kjeldene nøye. a Kven har skrive kjeldene, og kven handlar kjeldene om?

Til sant vitnemål om dette set vi segla våre på dette brevet, som er skrive på dagen og året som før er nemnt.

rd

b Legg merke til kva tid kjeldene er skrivne. Kva veit du om denne perioden?

er

Post 1

in g

Til ulike tider har pandemiar ramma verda. Konsekvensane har vore død og liding. Den verste pandemien vi kjenner til, var svartedauden. Han tok livet av om lag ein tredel av be­ folkninga i Noreg, og kanskje så mange som 50 millionar i heile verda. Korleis handterte menneske på 1300-talet pesten? Kva gjorde dei for å verne seg?

c Kva er det desse to kjeldene fortel om?

d Finn ut meir om St. Sebastian og kva han var helgen for.

Post 2

vu

e Kva kan kjeldene fortelje oss om menneska på 1300-talet og forholdet deira til religion og pest?

Diplomatarium Norvegicum II, 298

I Perspektiv Skulestudio finn du andre kjelder som kan for­ telje oss om korleis menneske handlar når pesten rammar. Undersøk kjeldene og prøv å finne både likskapar og skil­ nader mellom handlingane i fortida og våre handlingar.

Regesta Norvegica V, 1120

til

Oslo, 20. februar 1349

Eirik Øysteinson, Halvar Bjørnson og Arnulf Steinarson, korsbrør i Oslo, sender alle menn som ser eller høyrer dette brevet, Guds og sine helsingar.

Vi kunngjer at vi var i kannikgarden same dagen og høyrde at Bothild Arnesdotter gav husbonden sin, Olav Peterson, 12 øresbol [øresbol = ei jorde­ godseining] i Folvell i Nes sogn, slik at han kunne reise til Roma. Deretter selde Olav jorda vidare til det nyreiste Sebastiansalteret i Hallvardskyrkja.

Ku

n

101


KAPITTEL 4

Innhald:

in g

Islam – ein ny verdsreligion side 104 Eit arabisk imperium side 107 Islam samlar og skil side 109 Det osmanske imperiet side 113 Midtriket side 114 Slektssamfunn i Afrika side 120

rd

er

Store imperium og nomadefolk

Eit stort imperium med base på den arabiske halvøya voks fram i mellomalderen. I dette kapittelet tek vi for oss dette imperiet og korleis

Ku

n

til

vu

folk levde der. Vi rettar også søkjelyset mot utviklinga i Kina og i Afrika.


Slik såg det ut Utbreiinga av islam ved slutten av 800-talet Poitiers

Kaspihavet

ehavet Svart

Samarkand

Konstantinopel

Bukhara

Cordoba Bagdad Damaskus Kerbala Jerusalem Wasit Alexandria Kufa Basra Kairo

Medina Mekka

rd

er

Nilen

Tripoli

us

Fès

In d

Tanger

in g

Kabul Kairovan

vu

Det mongolske riket til Djengis Khan og etterkomarane hans frå ca. 1200 til 1280

Moskva Kiev

ehavet Svart

Kaspihavet

Tabris

Samarkand Bukhara Kabul

Karakorum Beijing Ningxia

n

In d

Isfahan Bagdad

us

til

Konya

Saray

Ku

Dette har hendt Perioden frå ca. 800 f.Kr. til ca. 500 e.Kr. blir ofte omtalt som perioden med dei klassiske imperia. Store imperium dominerte svære område frå middelhavsregionen i vest til Kina i aust. I tillegg til Romarriket var det tre andre imperium: Persarriket, Mauryariket (India) og Han-dynastiet (Kina). Alle fire eksisterte i fleire hundre år, og alle vart viktige for den vidare utviklinga i områda sine. Dei aller fleste innbyggjarane var bønder. I den tida imperia eksisterte, utvikla det seg ei viss økonomisk spesialisering. Eit område spesialiserte seg på ein type handverksprodukt, til dømes metallvarer. Det skapte grunnlag for handel innanfor kvart imperium. Det fanst også noko fjernhandel, mest med luksusvarer. Kinesisk silke vart frakta vestover langs den berømte Silkevegen. Kontakt direkte mellom dei store imperia i antikken var det lite av. Store område låg imellom, som buffersoner. Riket til Aleksander den store er unntaket. Det var ei bru mellom middelhavsregionen og India.


Tang-dynastiet kjem til makta i Kina. Dei neste 300 åra er eit høgdepunkt i kinesisk historie

622

Markerer år null i islams tidsrekning

Ca. 635

Arabarane tek til å ekspandere. På 100 år erobrar de store delar av Midtausten, Nord-Afrika og Den iberiske halvøya

Ca. 750

Boktrykkjarkunsten kjend i Kina

Ca. 1100

1250

Inkariket blir eta­ blert i Andesfjella i Sør-Amerika

Det mongolske imperiet er på sitt største

Venezia stor handels­ makt i middelhavs­ regionen

Det vidstrekte Sudan-området blir dominert av storriket Mali

Ku

Ca. 1320

1368–1644

1453

104

Kina på høgda av si makt under Ming-dynastiet

Konstantinopel blir erobra av dei muslimske osmanarane

Koranskulebygning i Samarkand i det som er Usbekistan i dag.

Kulturelle impulsar

Ein religiøs grublar, Muhammed ibn Abdallah, mediterte ofte i nokre holer utanfor heimbyen Mekka. I året 610 hadde han ei religiøs oppleving som gjekk ut på at Gud påbaud han å forkynne. Han stod fram som Guds profet. Slik var den spede opptakten til ein ny verdsreligion, islam. Muhammeds liv og virke markerte også starten på ein politisk ekspansjon og arabisk imperiebygging i stor stil. Kva er forklaringa på det? På Muhammeds tid var befolkninga på den arabiske halvøya delt i klanar som vart leidde av sjeikar. Mange levde som nomadar med fedrift som hovudnæring. Dei hadde felles beiteområde og stod samla utetter i tilfelle konflikt. Solidariteten var sterk innetter i kvar enkelt familie og kvar enkelt klan. På Muhammeds tid, som i dag, var store delar av den arabiske halvøya eit aud­ sleg ørkenlandskap, og nomadane levde eit hardt liv. Men ikkje heile området var like tørt og audsleg. Lengst i søraust låg Oman, eit land med fruktbare dalar, dad­ delpalmer og frukttre. I sørvest, i Yemen, gav monsunvindane rikeleg med regn, og kostbare varer, som krydder og røykjelse, skapte grunnlag for ei rik statsdanning alt før vår tidsrekning begynner. Kystlandskapet i vest, mot Raudehavet, hadde også mange fruktbare oasar. Arabarane hadde hatt samband med Romarriket gjennom handel med eigne varer, men også karavanefart mellom aust og vest og mellom Afrika og Asia skapte kontakt og gav kulturelle impulsar.

n

Ca. 1260

Det arabiske imperiet går i oppløysing

til

Ca. 1050

Akkurat som kristendom og jødedom har spreidd seg til nye område og fått tilhengja­ rar i nye kulturområde, slår islam røter nye stader. Utviklinga i Noreg og Europa er eit døme på det. Fleire europeiske land har hatt muslimsk befolkning i mange hundre år, men dei siste 30–40 åra har tilstrøyminga auka. I dag bur det rundt 55 millionar musli­ mar i Europa. Det har kome muslimar frå mange land i Midtausten, Nord-Afrika og Asia. Difor blir også skilnadene så store, det gjeld både korleis religionen blir praktisert, og korleis forholdet til samfunnet rundt artar seg. Vi kan ikkje snakke om éin muslimsk kultur. Også mellom land som ein omtalar som muslimske, er kontrastane store. I Iran er dei øvste religiøse leiarane også statsleiarar. I eit Albania er fleirtalet av befolkninga mus­ limar, men staten er sekulær, og grunnlova slår fast at staten er nøytral i alle trus­spørsmål. Skilnadene mellom ulike muslimske sam­ funn har vakse fram gjennom den lange og brokete historia til islam. Men historia har eit utgangspunkt. Det skal vi ta for oss no.

in g

618

Islam – ein ny verdsreligion

er

Mayakulturen i MellomAmerika innleier stor­ domstida si

rd

250

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

vu

HISTORIE


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Religionsstiftar og politisk leiar

til

vu

rd

er

in g

Muhammed var knytt til handelsstanden i Mekka. Han høyrde ikkje til nokon av dei mest velståande klanane, men gifte seg med ei rik enkje. Dermed var han økono­ misk sikra og kunne bruke mykje av tida si på dei religiøse grubleria han var så oppteken av. Både heime i Mekka og på reiser har han etter alt å dømme kome i kontakt med jødedommen og kristendommen. Den religiøse læra han utforma, vart påverka av desse religionane. Befolkninga i Mekka dyrka fleire gudar, og Muhammed greip fatt i det. Han hevda at det fanst berre éin Gud, Allah. På dommedag, som snart ville kome, ville Allah lønne og straffe kvart enkelt menneske. Dei gode ville få evig sæle og dei vonde evig straff. Ei slik lære må ha provosert mange i Mekka. Byen var eit blomstrande sentrum, ikkje berre på grunn av handelen, men også fordi han hadde ein berømt heilagdom, ein svart stein som var mura inne i bygningen Kaba. Folk valfarta til denne heilag­ dommen frå heile Arabia, og det gav byen store inntekter. Muhammed vart møtt med raseri fordi han nedvurderte religionen til forfedrane, og fordi han undergrov ­respekten for ein stor heilagdom. I 622 var situasjonen blitt uuthaldeleg for Muhammed og tilhengjarflokken hans. Dei utvandra til ein liten oaseby litt lenger nord, Medina. Denne storhendinga, hidsjra (= utvandring) markerer starten på tidsrekninga for islam. I dei neste åra bygde han alliansar med fleire klanar, og etter kvart fekk han eit nett av forbundsfellar som gjorde det mogleg å tvinge Mekka til å underkaste seg. Motstanden braut nok også lettare saman då han erklærte at steinen i Kaba kunne bevarast, berre ein fjerna avgudsbileta. Då Muhammed døydde i 632, hadde så godt som heile Arabia slutta seg til islam under hans leiarskap. Eit viktig trekk ved islam (= underkasting) er at denne religionen stiller kvar enkelt overfor eit personleg val: frelse eller fortaping. Dei som trudde på Muhammeds ord og slutta seg til han, skilde seg ut frå alle ikkje-truande. Fellesskapet med andre tru­ ande vart viktigare enn tidlegare sosiale band. Islam var samfunnsdannande. Når vi tenkjer på samhaldet i dei første kristne kyrkjelydane, ser vi at tett fellesskap er noko som var typisk for både kristendom og islam. Då Muhammed kom til Medina, vart det avtalt at alle, både klanane som heldt til der frå før, og utvandrarane frå Mekka, skulle utgjere eitt religiøst fellesskap, umma. Snart fekk dette fellesskapet også politisk karakter, med Muhammed som leiar. Fellesskapet var innstilt på å kjempe for islam, også med militære middel.

I omtalen av kristendommen på side 48 stod det at kristendom­ men må ha provosert mange i samtida. Korleis trur du Muham­ meds lære vart teken imot?

n

Religion og samfunn

Ku

Dei openberringane Gud gav Muhammed, vart rundt 650 samla i Koranen (= det framsagde). Det er altså Guds eigen bodskap som er nedskriven i denne boka, slik muslimane ser det. For dei er Koranen ei heilag bok. Bodskapen i Koranen retta seg til kvart enkelt menneske, uavhengig av kjønn, familie, klan eller nasjon. Vi seier difor at islam er ein universell religion, slik kristen­ dommen er. Arabarane er ikkje Guds utvalde folk, slik jødane er det i jødedommen. Likevel vart arabarane ståande i ei særstilling, særleg på grunn av det arabiske språket. Gud hadde talt til menneska gjennom Koranen, som jo var på arabisk. Kvart einaste ord var formulert av Gud sjølv, og difor kunne inga omsetjing formidle Guds meining like godt som originalen. Koranen hadde røter i ein patriarkalsk kultur, slik dei heilage skriftene i jøde­ dommen og kristendommen også har. Mellom anna skulle kvinna lyde far sin, ek­ temannen eller ein mannleg slektning. Ho måtte gifte seg med den familien valde,

105


HISTORIE

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

til

vu

rd

er

in g

Pergament frå 1282. Ein muslim og ein kristen spelar sjakk.

Ku

n

og ekte­skapet var gyldig sjølv om brura nekta. Kvinna var utestengd frå offentlege verv. Det arabiske samfunnet var langt frå åleine om å vere dominert av slike patriar­ kalske maktforhold på denne tida. Sannsynlegvis har islam gjort at kvinnene fekk ei sterkare stilling i det arabiske området enn dei hadde tidlegare. Førislamske arabarar gravla nyfødde jentebarn i sanden dersom dei ikkje ville fø på dei. Denne skikken la Muhammed ned forbod mot. Kvinner fekk rett til å ha eigedom og til å arve. Enkjer kunne nekte å gifte seg igjen. Det arabiske samfunnet hadde vore prega av krigar mellom klanane, og difor var det overskot av kvinner. Ein reknar at kvinneoverskotet var ein hovudgrunn til at ­polygami var vanleg – arabiske menn kunne ha mange koner. Muhammed sette ei grense. Ingen mann skulle ha meir enn fire koner. Dei truande vart bundne saman av ei lære, men også av felles åtferd. Det var handlingar som viste at dei underkasta seg Allah, som bønn, faste og pilegrimsfer­ der. I motsetning til i kristendommen sette ikkje islam noko skilje mellom det ånde­ lege og det materielle. Ein viste seg ikkje som from ved å gi avkall på gode her i verda eller ved å isolere seg frå menneskeleg samvære. Det viktige var å lyde Gud. Islam hadde ei positiv haldning til familieliv og samfunnsliv.

106


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Eit arabisk imperium

Samarkand

Damaskus Jerusalem A RA BI A Medina Mekka

Det arabiske imperiet, ca. år 750. Kva for land og landområde vart del av det arabiske imperiet? Studer kartet over, og finn ut kva for land som i dag finst i desse områda.

n

til

vu

rd

er

in g

Muhammed makta å samle dei arabiske nomadestammane og handels- og kjøp­ mannsstanden i byane. Evnene hans som religiøs, politisk og militær leiar har heilt klart spelt ei stor rolle. Samtidig fekk han draghjelp av den religiøse bodskapen. I det gamle klansamfunnet var ære og tapper framferd viktig, mens det arabiske by­ samfunnet la vekt på at den enkelte hadde personleg ansvar for livsførselen sin. Islam smelta desse verdiane saman i éi lære. Likevel utløyste Muhammeds død ei akutt krise, for eininga viste seg å vere hel­ ler skøyr. Mange stammar var blitt pressa på brutale måtar, og meinte at truskapen deira overfor Muhammed var ein personleg lovnad som dei ikkje lenger var bundne av no når han var død. Dei gjorde opprør, men Muhammeds etterfølgjar, Abu Bakr, kvelte det etter nokre månader med felttog. Abu Bakr stod med store styrkar under våpen. Dersom han sende krigarane heim, mista han kontrollen over dei uregjerlege nomadestammane. I så fall kunne han frykte nye og kanskje større oppstandar. Å halde styrkane på krigsfot og samle dei mot ein felles ytre fiende kan ha vore eit meir freistande alternativ. 05_07 angreip busetnadane i meir Det var ikkje noko nytt at arabiske nomadestammar fruktbare område når tørke og uår tvinga dei til å finne nye beiteområde. Sannsynlegvis var det ein hard tørkeperiode nettopp på Muhammeds tid som har gjort stammane uro­ lege og aggressive. Det kan ha spelt ei rolle for Toledo at Abu Bakr bestemte seg for ein militær offen­ siv og innleidde ein langvarig ekspansjon. Alexandria M A G H RE B Muhammed og etterfølgjarane hans greidde å skape ein ideologi som samla splitta arabiske klanar om felles mål. Militære sigrar og erobrin­ gar vart ikkje berre ein kamp for materiell gevinst. Dei vart også ein kamp for trua. Samtidig har indre forhold i dei erobra om­ råda hatt noko å seie for den arabiske ekspan­ sjonen i andre halvdelen av 600-talet og framover mot 750. Den bysantinske keisarmakta var populær hos befolkninga i Syria og Egypt, som raskt fall i hendene på arabarane og vart springbrett for vidare ekspansjon. Elitane i desse samfunna oppfatta ikkje tidsnok at arabarane utgjorde ein stor trussel. Dei alvorlege pest­ epidemiane på 500-talet hadde ramma hardast i dei tett folkesette områda som arabarane slo til mot. Også av den grunn var forsvarsevna i landa blitt svakare.

Ku

Økonomi og handel Arabarane tok kontroll over mesteparten av territoria til to tidlegare imperium: Romarriket og Persarriket. Til å begynne med etablerte arabarane seg i eigne festningsbyar og kravde inn skatt som hadde gått til tidlegare herskarar. Skattepresset ser ut til å ha auka etter at erobringskrigane var over og arabarane hadde bygt ut styringsapparatet sitt. Etter kvart vart stillinga til bøndene forverra. Arabarane overtok også jord som dei gamle herskarane hadde eigt, eller frå folk som hadde flykta under krigane. Jorda vart gitt til arabiske stammar og til enkelt­ personar som dei nye herskarane ville påskjønne. Slik vart det skapt ein klasse av arabiske godseigarar.

107


K A P 4 Store imperium og nomadefolk

I mange område ser det ut til at både produksjonen og storleiken på dei dyrka areala minka under arabarane, men vi kjenner ikkje årsakene til det. Kanskje har jord­ eigarar blitt meir interesserte i anna verksemd fordi det opna seg nye moglegheiter innanfor handverk og handel. Arabarane samla eit enormt landområde, frå Atlanterhavet i vest til India i aust. Handelen fekk meir å seie enn i dei tidlegare imperia. Tyngdepunkta forskyvde seg etter kvart frå middelhavsområdet og austover. I Bagdad heldt hoffet til. Her budde dei rikaste, som hadde pengar til å kjøpe dei varene som kom med fjernhandelen: krydder, parfyme, edelsteinar, perler og silke. Også handverksproduksjonen auka, mellom anna tekstil- og glasproduksjonen. Frå ca. 750 kom det eit nytt produkt – papir. Det var kinesarar som lærte arabarane å framstille det. Transport av massevarer, som korn og tekstilar, auka, også over grensa mellom dei to gamle imperia. Her vart det tidlegare berre frakta luksusvarer. Kjøpmenn vart ein viktig del av eliten i byane. For å forstå kor viktig handelen var, må vi også trekkje inn verdisynet: Romarane såg med ei viss forakt på handelsverksemd. For dei var det jordbruket som stod hø­ gast i kurs, ikkje berre reint økonomisk, men også frå ein moralsk synsvinkel. Å leve av jorda var den edlaste måten å skaffe seg ei utkome på. Aristokratiet som voks fram i Europa etter at Vest-Romarriket braut saman, var farga av same verdisynet. Slik såg ikkje arabarane på det. Handelen hadde vore viktig i deira område før dei etablerte noko imperium, og Profeten sjølv hadde jo vore kjøpmann. Både det statlege byråkratiet og den religiøse eliten vart i stor grad rekruttert frå kjøpmenn og handverkarar. Omvendt fekk aristokratiet som eigde jord, redusert status og inn­ verknad. Men det handla mest om forskyvingar i status og betydning. Inntekter frå jordbruk var det vanlegaste grunnlaget for rikdom også i det arabiske imperiet.

vu Ulike epokar

Etter nokre hundre år begynte det arabiske imperiet å slå sprekkar. Det vidstrekte imperiet vart etter kvart delt opp mellom erobrarar som kom utanfrå. Imperiet viste seg å vere ei langt svakare og mindre stabil statsdanning enn Romarriket, trass i dei rike ressursane det hadde kontroll over. Kvifor var det slik? Det er vanleg å dele tidsperioden med det arabiske imperiet inn i fleire skilde epokar. Vi skal gjere det i denne boka også, for når vi ser på skilnadene mellom ­fasane, er det lettare å drøfte årsakene til at imperiet fall. Erobringsfasen frå ca. 635 til ca. 750. Den raske ekspansjonen gir store økono­ miske overskot, og erobrarane etablerer seg som ein militær overklasse. Sentrum i riket ligg i Syria, og styret er prega av samhald innanfor eliten. Men motsetningar lurar under overflata, mellom anna på grunn av strid om korleis krigsbytte skulle fordelast. I denne første erobringsfasen var gamle arabiske stammemotsetningar ikkje heilt døde og gravlagde. Arabarane i Arabia kjende seg fortrengde og tilsidesette av arabarar i Irak og Syria, som på si side vart splitta av gamle motsetningar mellom desse to landa. Og kven skulle eigentleg stå på toppen av imperiet? Kven kunne halde det saman? Dette siste spørsmålet utløyste borgarkrigen som førte til eit dynastiskifte. Dei nye makthavarane meinte at berre ein leiar som nedstamma frå Profetens eigen fa­ milie, kunne ha styrke og autoritet til å leie det store imperiet. Ein framifrå strateg og organisator, persaren Abu Muslim, tømra saman ein allianse av ikkje-arabiske mus­ limar og konservative krefter som meinte at regimet hadde fjerna seg for langt frå Profeten. Hans kandidat til å overta makta stamma frå onkel til Profeten, Abbas – namnet abbasidane kjem av det – som kom til makta i 750.

Ku

n

til

Arabarane overtok eit enormt landområde. Korleis gjekk det for seg? Lag ei liste over årsa­ ker, og sjå om du kan rangere årsakene etter kor viktige dei var.

rd

er

in g

HISTORIE

108


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

Konsolideringsfasen frå ca. 750 til ca. 900. Det var under abbasidane at det ­islamske imperiet nådde høgda av si makt. Dei styrte i ei økonomisk og kulturell blomstringstid. Nye grupper vart tekne opp i leiinga. I den nye hovudstaden Bagdad vart det bygt opp ein sentraladministrasjon med mykje makt. Men svake si­ der som på lang sikt gjorde det vanskeleg å halde imperiet saman, begynte å vise seg. Den militære ekspansjonen tok slutt. Store inntekter frå krigsbytta tørka inn. I staden måtte det brukast mykje pengar på grenseforsvar. Frå 900-talet begynte ein fase som var prega av tendensar som peikte i ulike retningar. Det enorme imperiet tok til å falle frå kvarandre. Området som arabarane kontrollerte, vart mindre. Men kulturelt var det framleis ei blomstringstid. Gradvis vart sentraladministrasjonen isolert frå resten av imperiet. Det var ein viktig grunn til at imperiet til slutt gjekk under. Midt på 1200-talet vart Bagdad øydelagd av mon­ golske erobrarar. Det vart den endelege slutten på det arabiske imperiet.

er

Kalifen rådde over liv og død

n

til

vu

rd

La oss sjå litt på det styringsapparatet som vart bygt opp i det arabiske imperiet då det stod på høgda av si makt. Imperiet vart leidd av ein kalif. Frå slutten av 600-ta­ let var dette blitt eit arveleg embete. Men under abbasidane endra posisjonen seg. Kalifen vart fjern og opphøgd. Kalifen var allmektig. Ein bøddel stod ved sida av trona som symbol på korleis kalifen styrte over liv og død. I Bagdad var den indre byen blitt til ei festning der ­hoffet levde i fullstendig isolasjon, omgitt av tenarar. Haremet talde tusenvis av ­slavinner frå ulike kantar av verda. Berre ein sjeldan gong steig kalifen fram for ­folket og imponerte folk med rause gåver. Kalifen greidde på den eine sida å skape eit statsapparat som var lausrive frå politiske og økonomiske pressgrupper i samfunnet. På den andre sida vart han av­ hengig av dei institusjonane han støtta seg til – sentraladministrasjonen og hæren. Særleg det siste skulle bli lagnadstungt. For også hæren vart splitta av rivalisering og motsetningar mellom ulike fraksjonar. Desse rivningane førte til at maktgrunnla­ get til kalifen smuldra opp. I Romarriket vart det skapt ein heilskapleg elite som keisarane og sentralmakta kunne støtte seg til. Slik gjekk det ikkje i det arabiske imperiet. Statsapparatet i Bagdad med kalifen i spissen hadde lite kontakt med elitane rundt om i imperiet. Provinsguvernørar tok til å gjere seg uavhengige av sentralmakta, samtidig som dei møtte meir og meir press frå nomadefolk i Sentral-Asia og Nord-Afrika. Kalifen vart etter kvart redusert til eit symbolsk overhovud utan særleg reell makt. Frå ca. 900 hadde han i realiteten berre effektiv kontroll over Irak.

Islam samlar og skil

Ku

Når det arabiske imperiet eksisterte i kortare tid enn andre store imperium, har det truleg også samanheng med religionen islam. Det islamske imperiet vart etablert på kort tid og over ei stor befolkning som i all hovudsak ikkje var muslimar. Dei arabiske erobrarane kunne gå nådelaust fram for å spreie trua si, men i førstninga dreiv dei ingen aktiv misjonspolitikk, nesten tvert om. Dei vantru vart skattlagde hardare enn muslimar, så av omsyn til statsfinansane var det ein fordel at ikkje altfor mange omvende seg. Lokalbefolkninga fekk til å ­begynne med ha sin gamle religion i fred. Dei lovene som Profeten og dei næraste etterfølgjarane hans fastsette for straffe­ rett, ekteskap, familieliv og økonomiske forhold, vart rekna som bindande fordi dei hadde røtene sine i openberringar frå Gud. Men ikkje-muslimar var ikkje bundne på

konsolidere: gjere sterk, solid dynasti: herskarslekt kalif: som er i staden for ein annan, etter­ følgjar, forvaltar

109


K A P 4 Store imperium og nomadefolk

same måten. Ulike tradisjonar i forskjellige delar av imperiet fekk også prege styringa. Sprikande lovverk og lokale ulikskapar førte til at styringa vart svakare. Det tok lang tid før fleirtalet av befolkninga i dei erobra områda gjekk over til å bli muslimar. Prosessen var langt frå fullført då imperiet fall frå kvarandre. I lang tid ­etter erobringa var ikkje-muslimar i fleirtal. Trass i at islam som religion rettar seg til alle individ, gjorde islam som samfunns­ makt ikkje det same. Abbasidane fekk støtte frå religiøse krefter som meinte at ­kalifen først og fremst skulle stå fram som ein religiøs leiar. Men den sosiale kløfta mellom det styrtrike hoffet i Bagdad på den eine sida og vanlege truande på den andre vart djupare og djupare. Den isolerte posisjonen hoffet hadde, gjorde at det voks fram religiøse rørsler som kalifen ikkje kontrollerte. Etter kvart stod det også fram lovkyndige og skrift­ lærde som folk støtta seg til for å få vite kva som var den rette forståinga av boda i Koranen. Dermed mista kalifen og maktapparatet hans ein viktig funksjon, nemleg som fremste tolkar av lova. Islam er lettfatteleg. Religionen stilte moralske krav som det ikkje var så vanske­ leg å leve opp til, og som medverka til samkjensle og fellesskap mellom dei truande. Etter kvart fekk islam stor utbreiing – større enn det området arabarane okkuperte. Men veksten i islam styrkte ikkje kalifen og statsapparatet hans. Dei religiøse rørs­ lene bygde opp ein ideologi som når alt kom til alt, vende ryggen til statsmakt og politikk. Vi må gå ut frå at det isolerte luksusliv som kalifen levde, medverka til det. Islam hadde heller ikkje noko som svarte den kristne kyrkja: ein sterk og hierar­ kisk organisasjon som staten kunne ha nytte av i utbygginga av sitt eige styringsapparat. Islam var ein åndeleg støttespelar då arabarane etablerte imperiet sitt. Men et­ terpå batt ikkje islam riket saman. Religionen medverka ikkje til å byggje ein stat som var sterk nok til å stå imot dei kreftene som førte til at imperiet gjekk i oppløysing.

vu

Denne delen heiter «Islam samlar og skil». Kva for faktorar verkar samlande, og kva verkar splittande? Lag to stikkordlister.

rd

er

in g

HISTORIE

Kulturen sigrar

Ku

n

til

Det arabiske imperiet vart oppdelt etter nokre hundre år, men islam levde vidare. Dei områda som vart muslimske under og etter det arabiske herredømmet, er ­framleis muslimske den dag i dag. Spania er det einaste unntaket. Arabisk vart etter kvart også talespråket for størstedelen av befolkninga. Ei slik utvikling er historisk sett svært spesiell. Det normale har vore at eit fåtalig erobrar­ folk – slik arabarane var – overtek språket til dei erobra. Ofte vil dei også overta reli­ gionen, slik til dømes dei germanske folkestammane vart kristna etter at dei tok seg inn over grensene i Vest-Romarriket. Med arabarane var det motsett. Deira religion og språk sigra. Vi må altså skilje mellom ei politisk utviklingsline på den eine sida og ei kulturell på den andre. Det som vart kalla Bilad al-Islam, Islams land, overlevde kulturelt ­etter at det ikkje lenger eksisterte som ei politisk eining. Sigeren for det arabiske språket heng nokså sikkert saman med dei tette banda mellom religion og språk. Kjennskap til arabisk var nødvendig for å tolke Koranen rett. Studiet av den heilage boka og gudsdyrkinga elles gjekk for det meste for seg på arabisk. Språket hadde vore svært viktig kulturelt i Arabia lenge før Muhammeds tid. Særleg spelte poesien ei sentral rolle, både munnleg og skriftleg. Sansen for det språklege uttrykket var høgt utvikla. Det kan ha hatt noko å seie for at ei bok, Koranen, fekk ein så dominerande posisjon i islam. Seinare vart Koranen sjølv viktig for utviklinga av det arabiske skriftspråket.

110


500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

til

vu

rd

er

in g

10 000

Tusenvis av pilegrimar rundt den sentrale islamske heilag­ dommen Kaba i Mekka. Kva kan vere drivkrefter for ei slik pilegrimsferd?

Ku

n

Arabarane mangla derimot tradisjonar innanfor biletkunst. Kanskje er det ein grunn til at islam overtok forbodet i jødedommen og Moselova mot bilete og statuar av dyr og menneske. Det viktigaste kulturbygget i islam, moskeen, vart i staden ut­ smykka med ein mosaikkunst med innfløkte og dekorative mønster, etter førebilete frå Iran, Irak og India. Kulturelle og vitskaplege impulsar følgde handelsvegane tvers over det vid­ strekte imperiet. Meir handel og større overskot i dei viktigaste byane la eit ­økonomisk grunnlag for teologar og rettslærde, naturvitskapsmenn og legar. Arabisk vart eit fellesspråk for miljø med forskjellig nasjonalt opphav. Det gjorde sitt til at kunnskap og vitskap blomstra. Mange lærdomsmiljø vart inspirerte av ­kvarandre. Papir var eit billig skrivemateriale som kom i bruk for alvor utover på 800-talet. Det vart enklare å spreie kunnskap.

111


HISTORIE

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

Sinn på leiting

til

vu

rd

er

in g

«Det er Guds vilje at vi utforskar universet og lærer å kjenne årsaksforholda.» Geografen Ibn Rusteh (ca. 900) skal ha kome med denne utsegna. Filosofen AlKindi (ca. 800–870) skreiv at «sanninga må vi ta imot, same kva kjelde ho kjem frå». Ikkje alle var einige i slike haldningar, men dei viser at muslimske lærde på denne tida ikkje såg noka motsetning mellom religiøs tru og det å ha eit ope, søkjande sinn. Alexandria hadde vore eit sentrum for gresk og hellenistisk kultur i antikken. Byen skal ha hatt det største biblioteket i verda. Derifrå gjekk impulsane til det nær­ liggjande Syria, som var sentrum for den islamske kulturen det første hundreåret imperiet eksisterte. Det var gjennom lærde miljø i Syria at arabarane fekk kjennskap til den greske kulturarven. Denne kulturarven vart omsett og vidareutvikla. Europearane vart kjende med dei greske filosofane som hadde levt i antikken, via det arabiske kunnskapssenteret Toledo i Spania. Aller sterkast var påverknaden frå grekarane innanfor vitskapen. Det var på dette feltet innsatsen til arabarane sjølve var størst og varte lengst, sær­ leg i medisin og matematikk. Legen Ibn Sina, som levde på 1000-talet, vart ein stor medisinsk autoritet også i Vest-Europa. Arabisk medisin var særleg velutvikla når det galdt å stille rett diagnose og behandle sjuke med medikament. Arabarane vidareutvikla dei geografiske kunnskapane i samtida. Dei teikna meir nøyaktige kart enn dei som fanst frå før. I matematikken kom dei fram til ein ny måte å løyse likningar på, og framleis brukar vi arabiske tal. Algebra er eit arabisk ord, men vi har andre lånord frå arabisk som viser at arabarane påverka eit mangfald av livsområde: alkohol, almanakk, ­admiral, arsenal, magasin, tariff og divan. Etter kvart vart det lagt mindre vekt på vitskapleg arbeid. Det er ikkje heilt enkelt å forklare kvifor, men det at Koranen hadde ein spesiell posisjon, kan ha hatt sitt å seie. Reglane og normene som fanst i den heilage boka, var så sterke og hadde så stor autoritet at det kan ha hindra nytenking. Religionen utvikla seg i ikkje-filosofisk retning, med vekt på streng lydnad over­ for Gud. I verdslege miljø i byane dyrka ein filosofi og vitskap, men desse miljøa vart svekte då imperiet gjekk i oppløysing.

Ku

n

«Den største lykka er å slå fienden, drive han framfor deg, sjå byane hans bli til oske, sjå dei som elska han, riste i gråt og trykkje inn til brystet konene og døtrene hans. Eg er Guds straff. Dersom de ikkje hadde gjort store synder, ville ikkje Gud sendt dykk ei straff som meg.»

112

Sitatet skal stamme frå Djengis Khan. Om han verkeleg har sagt noko slikt, veit ingen. Legender, overdrivingar og sannferdige forteljingar synest vere uløyseleg vovne saman i biletet som ettertida har av mannen som samla det mongolske ryttarfolket til ein overveldande hærstyrke, la ut på veldige erobringstokter og skapte det største imperiet i verda. I Perspektiv Skulestudio finn du eit større opplegg om Djengis Khan og imperiet hans.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Det osmanske imperiet

til

vu

rd

er

in g

På 1200-talet la mongolske nomadefolk under seg nesten heile det euroasiatiske landområdet, så nær som Indo-Kina, India, Arabia og Vest-Europa. Det var det største imperiet som nokon gong hadde eksistert, men herredømmet til mongolane var nokså kortvarig. På 1200-talet oppretta tyrkiske nomadestammar ein stat i den nordvestlege ­delen av Vesleasia. Her grunnla Osman 1. det riket som skulle få bli oppkalla etter han, det osmanske imperiet, og som skulle bli det siste av dei store imperia som fram gjennom historia har herska over områda rundt det austlege Middelhavet. Dei muslimske osmanane ekspanderte i alle retningar. I 1453 fall Konstantinopel i deira hender, ei hending som vekte veldig oppsikt i Europa. Etter at Konstantinopel fall, vart det viktig for mange i Vest-Europa å finne ein ny veg til India. Dei ynskte ikkje å krysse muslimsk territorium. Med Konstantinopel som hovudstad bygde osmanane ut ein administrasjon og eit militærstell som kunne styre og forsvare imperiet effektivt, og som vart både be­ undra og frykta i Europa. I åra etter erobringa av Konstantinopel rykte osmanane nordover på Balkan, og i 1459 tok dei Serbia, i 1463 Bosnia. Dei la også under seg store delar av Midtausten. Imperiet stod på høgda av si makt under sultan Suleiman den store (1520– 1566). Trass i at sentralmakta minka utover på 1600-talet, greidde imperiet å ek­ spandere vidare. Kringsetjinga av Wien i 1683 har i ettertida blitt ståande som eit avgjerande vendepunkt. Islam stod ved portane til byen, men vart slått tilbake utan at byen fall. Deretter følgde ei langvarig nedgangstid for det osmanske imperiet. Både indre oppløysingstendensar og press utanfrå er trekte fram for å forklare nedgangen. Forteljinga liknar den som har blitt fortalt om Romarriket og det ara­ biske imperiet: Nye erobringar er nødvendig for å finansiere drifta av dei gamle. Når eit imperium når grensene for ekspansjonen sin, set nedgangen inn litt etter litt. I tillegg førte den europeiske oversjøiske ekspansjonen til at osmanane tapte terreng innanfor handel og handverk. Men først etter at den første verdskrigen var slutt i 1918, gjekk riket heilt i oppløysing. 05_13

Det osmanske imperiet 1566–1683.

Wien

Ku

n

EUR O PA

Beograd

A SI A

Svartehavet Konstantinopel Bagdad

Alger

Kairo AF R I K A

Mekka

113


HISTORIE

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

Midtriket

Den

Hu

til

vu

rd

er

in g

«Kina har vore Kina svært lenge», blir det ofte sagt. Til samanlikning vart land i Europa europeiske mykje seinare. Område i Amerika har blitt amerikanske, og ­afrikanske land har blitt afrikanske lenge etter at Kina vart Kina. Kva ligg eigentleg i det? Ingen andre land har så mange innbyggjarar som Kina. Landet er på 9,6 milli­ onar kvadratkilometer – det svarar til ca. 30 gonger Noregs storleik. Landområdet er avgrensa av store fjellbarrierar i sør, vest og nord og av hav i aust, men innanfor desse barrierane er dei geografiske kontrastane store: fruktbare sletteland, skrinne fjell- og ørkenområde, tørre platå og fjellrekkjer på kryss og tvers som deler landet opp i hundrevis av landskapsformasjonar. Likevel er det ingen andre større område i verda som har hatt ein så langvarig og samanhengande religiøs og kulturell identitet som Kina. Kreftene som knytte riket saman, har gjennom hundreåra vore sterkare enn kreftene som trekte i motsett ­retning, mot mangfald og oppløysing. Reint fysisk er det to gigantiske elvesystem, Huang He og Chang Jiang, som bind landet saman. Dei er kalla pulsårene i Kina. Begge elvane har ført med seg ­veldige mengder med slam, og flaumvatnet om våren har bygt opp store sletter og delta med fruktbar jord som har lagt grunnlaget for jordbruk. Kjerneområdet av Han-dynasti­ et i Kina, ca. 220 f.Kr.–200 e.Kr. Frå dei tidlegaste tider har Kina vore ein elvedalsivilisasjon, som dei første sivili­ sasjonane i Mesopotamia og Egypt. Ettersom det regner lite, var bøndene nøydde til å leie vatnet frå elvane ut på markene gjennom eit sinnrikt system av kanalar. Statsdanninga voks fram i sam­ spel med dei store fellesoppgåvene som dette vatningssystemet kravde. Kva som var årsak, og kva som var A I verknad, er vanskeleg å avgjere, slik vi GOL n MON e også såg i Mesopotamia. n ørke ke mur e n Gobi kine sis Historikarane går ut frå at det så tid­ leg som for om lag 2500 år sidan var ein Korea J A P A N n g He privilegert adel som eigde og forvalta GuleLuoyang havet jorda gjennom eit føydalsystem, ikkje så TIBET Changan ulikt det vi kjenner frå mellomalderen i J i a Nanjing ang ng Ch Europa. Dei store lensherrane låg ofte i strid med kvarandre, men éi mektig adelsslekt greidde å leggje under seg Aust-Kinahavet alle andre.

Ku

n

a

114

Hainan

Sør-Kinahavet

Han-dynastiet Etter ein uroleg periode kom Handynastiet til makta ca. 220 f.Kr. Det sat ved makta i ca. 400 år, i same tids­ perioden som Romarriket dominerte middelhavsområdet. Han-imperiet blir rekna som eit av dei store imperia i antikken. Styret vart sentralisert og administrasjonen


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

samordna. Frå å ha omfatta dei store slettelandskapa rundt Huang He-elva, vart r­ iket under Han-keisarane utvida til det hadde nesten same utstrekning som det moderne Kina. Det var i denne perioden arbeidet med den kinesiske muren vart sett i gang for å verne riket mot mongolar og andre nomadefolk som heldt til på steppene i nord. I over 1000 år vart det bygt på muren, til han omsider var over 8000 km lang. Det er det største byggverket i verda. Han-dynastiet var eit stabilt styre. Mykje av grunnlaget vart lagt for styresettet i hundreåra som følgde, og for dei verdiane som har gjennomsyrt det kinesiske sam­ funnet opp gjennom historia. Desse verdiane må vi forstå først og fremst i lys av den tankeretninga som vi kallar konfutsianismen.

Konfutse

Ku

n

til

vu

rd

er

Konfutse (ca. 551–479 f.Kr.) var ein fattig adelsmann og filosof som reiste rundt og knytte seg til fyrstehoffa i den urolege borgarkrigsperioden før Han-keisarane kom til makta. Han meinte samfunnet var betre og meir harmonisk før den urolege peri­ oden han sjølv levde i. På grunnlag av studiar av tidlegare tiders samfunnsforhold utvikla han tankane sine til ei allmenn lære om den enkeltes plass i samfunnet. Konfutse hadde eit grunnleggjande positivt menneskesyn. Mennesket vil gjere det rette berre det får kunnskap om kva som er rett. Vonde gjerningar kjem av van­ kunne, det at ein ikkje veit betre, og difor legg han sterk vekt på utdanning og det å vere eit godt føredøme for andre. Godleik, velvilje og fellesskapskjensle er grunnleg­ gjande verdiar for Konfutse. Ideala hans var måtehald, sjølvdisiplin og lojalitet og lydnad mot overhovuda i familien og staten. Ingen annan enkeltperson har hatt så stor innverknad på moralsk tankegang i Kina heilt frå antikken og fram til vår tid. Det har vore hevda at Konfutse var revolusjonær, i og med at han har tillit til van­ lege menneske og det dei kan utrette berre dei får nok kunnskap. Men han legg også stor vekt på disiplin og respekt for autoritetar. Mannen er herren i huset og den absolutte herskar i familien. Keisaren er den absolutte herskar i staten, så sant han ter seg moralsk høgverdig. Difor kan konfutsianismen tolkast i ulike retningar, alt etter kva ein ynskjer å oppnå. Læra hans har såleis blitt brukt til ulike formål gjennom tidene. Konfutse har inspirert dei som ville velte eit styre dei meinte var urettferdig, men sidan lydnad og respekt har så stor plass i læra hans, har konfutsi­ anismen vore brukt først og fremst til å legitimere keisarmakt og statskontroll. Under Han-imperiet vart Konfutses lære offisiell – det var konfutsianismen staten skulle byggje på. Med si sterke vekt på utdanning og kompetanse passa denne læra godt for herskarar som ville forsterke makta si gjennom eit omfattande statleg byråkrati. I prinsippet kunne alle menn som var opplærte i konfutsiansk tradisjon, gå gjen­ nom mange opptaksprøver og søkje stilling som keisarlege embetsmenn – manda­ rinar. Gjennom historia har konfutsianismen teke opp i seg impulsar frå andre idé­ tradisjonar, mellom anna buddhismen. Men det byråkratiske systemet og den mektige mandarinstanden stod ved lag heilt fram til tidleg på 1900-talet. Det har medverka sterkt til å gi styreforma i Kina uvanleg kontinuitet, og er ein viktig grunn til at Kina har vore Kina så lenge.

Dynasti og maktkampar Kinesisk historieskriving har lagt all vekt på denne kontinuiteten. Riket har utvikla seg gjennom 25 keisardynasti, der det eine har avløyst det andre, i ei ubroten line av rettmessige herskarar som har stått i spissen for eit storslått rike. Førestillinga om Kina som Midtriket kan vi forstå på ulike måtar. Keisaren var himmelsonen, send av Gud, og dermed ein verdsherskar. Kina var sentrum i verda,

115


HISTORIE

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

vu

rd

er

in g

Den kinesiske muren. Det stør­ ste byggverket i verda. Over 8000 kilometer lang, mellom 6 og 15 meter høg, bygd av jord og stein. Tenk på alle lidingane som ligg bak bygginga av eit slikt byggverk!

Ku

n

til

og riket omfatta alle «siviliserte» menneske, mens «barbariske» folk budde utanfor landegrensene. Som vi ser, er dette førestillingar som minner nokså mykje om ­tankar som grekarane hadde om seg sjølve i antikken. Kina har for ein stor del vore sjølvforsynt og har ikkje måtta importere varer. Dei kontaktane kinesarane har hatt med andre folk, har vore med enklare sivilisasjonar, ikkje så komplekse som deira eigen, særleg nomadefolk i nord. Utover i mellom­ alderen voks det fram fleire nye statar rundt Kina – dei viktigaste var Vietnam, Korea og Japan – som alle var sterkt påverka av kinesarane, både kulturelt og økonomisk. Alt dette kan ha bygt opp under førestillinga om eit Midtrike. Ein kan kanskje forstå historia som ei ubroten rekkje av keisardynasti, men då må ein sjå bort frå at det også har vore konfliktar og maktkampar. Eit nytt dynasti erobra oftast trona gjennom eit militært oppgjer med det gamle regimet, ikkje ved at makta på fredeleg vis vart overført frå ein gammal keisarfamilie til ein ny. Dessutan var det nokså lange periodar då ikkje noko dynasti dominerte. Eit godt døme er hundreåra etter at Han-dynastiet fall i 220, då det var nesten 400 år med uro, split­ ting og folkeflyttingar. Mongolske folkestammar braut inn i nord, og det økonomiske og kulturelle tyngdepunktet i landet vart forskyvt sørover. Samanlikna med stabiliteten og den materielle veksten under Han-perioden ver­ kar desse 400 åra som ein forfallsperiode. Men slike mellomperiodar kunne også gi rom for kulturelle nyvinningar. Det var i perioden etter Han-dynastiet at ein ny reli­ gion trengde inn i Kina frå India: buddhismen. Denne religionen vart seinare svært utbreidd i Kina.

Teikning frå 1922. Konfutse (ca. 551–479 f.Kr.): «Vonde gjer­ ningar kjem av vankunne.» Er du einig i denne utsegna?

116


500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

vu

rd

er

in g

10 000

To samfunnspilarar: embetsstanden og familien

Ku

n

til

Den keisarlege administrasjonen fekk i store trekk si endelege utforming så tidleg som under Tang-dynastiet (618–906). Mandarinane var delte inn i eit rangsystem og overtok på denne tida leiinga av samfunnet. Dei vart ryggrada i den kinesiske staten i alle hundreåra etterpå. Embetsverket var innstilt på å bevare samfunnsforholda slik dei var. Den hierarkiske oppbygginga av samfunnet vart forsterka av at det store fleirtalet av menn frå enkle kår, menn som greidde å få seg utdanning, sjølve gjekk inn i statstenesta. Dei intellektuelle identifiserte seg med staten og det han stod for. Kina stod på høgda av si makt under Ming-dynastiet (1368–1644). Tida var prega av kulturell blomstring og økonomisk vekst. Kunsten, særleg porselenskun­ sten, nådde nye høgder. I den første tida under dette dynastiet var Kina den mest utvikla sivilisasjonen i verda. Mandarinane arbeidde i det store og heile nokså upå­ verka av at ulike keisarfamiliar kom og gjekk. Under mandarinane har det kinesiske samfunnet alltid vore eit bondesamfunn. Det er først i våre dagar med rivande ­industrialisering og modernisering at dette er i ferd med å endre seg. Det store, store fleirtalet av menneske livnærte seg som bønder, som dyrka hirse i nord og ris i sør. For dei var familien den viktigaste grunneininga i samfunnet. Familien var med på å stabilisere samfunnet fordi han utgjorde eit ubryteleg felles­ skap leidd av mannen, som hadde uavgrensa makt over familiemedlemmene og andre som høyrde til husstanden. Ein dyrka forfedrane i familien, og det gjorde at samfunnet såg meir bakover enn framover. Erfaring, alderdom og visdom høyrde saman og var dei verdiane som ein sette høgast.

117


HISTORIE

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

er rd

Under Tang-dynastiet (618–906) fann kinesarane opp krutet, men ein kjenner ikkje detaljane rundt oppfinninga. Krut er laga av trekol, svovel og salpeter. Det brenn svært fort og kan brukast som drivstoff i skytevåpen. Kinesarane brukte krutet til fyrverkeri, som dei utvikla til ein kunst. På 1000-talet vart det brukt til militære formål, men i liten målestokk: i små rakettar som ein brukte til å skremme hestane til fienden. Først på 1300-talet utvikla kinesarane ein kanon. Europea­ rane begynte å bruke krut i våpen om lag samtidig, sjølv om dei fekk kjennskap til krutet mykje seinare enn kinesarane.

Ku

n

til

vu

Papir er ei kinesisk oppfinning frå 100-talet e.Kr. Før det skreiv kinesarane på tretavler, bambusplater, lerret og etter kvart også på bitar av silke som var opp­ løyste i vatn og deretter banka saman. Det blir hevda at ein skrivar ved det keisarlege hoffet i Han-perioden skal ha eksperimen­ tert lenge med forskjellige typar plante­ fibrar, og han lykkast til slutt å utvikle ein teknikk der han la fibrar i bløyt, og pressa og tørka dei. Resultatet vart solide ark av papir, men det tok nesten 500 år før papi­ ret slo gjennom som skrivemateriale. På 700-talet lærte arabarane kunsten å framstille papir, og frå dei vart teknik­ ken litt etter litt kjend også i det greske Bysants og det latinske Vest-Europa. Kunsten å trykkje bøker var kjend i Kina frå 700-talet, og den eldste boka som framleis finst, er eit verk med buddhis­ tiske skrifter frå ca. 750. Alle store religi­ øse og filosofiske åndsretningar fekk på 900- og 1000-talet trykt dei viktigaste tekstane sine i store opplag. Teksten vart skoren inn i ei treplate, side for side, og desse treplatene la ein så i ei presse og brukte dei til trykking heilt til treet var nedslite. Teknikken kallar vi blokktrykk. Trykking med lause teikn, eller typar, som ein samla i ei metallramme, vart kjend frå 1000-talet. Til å begynne med var typane av brend leire, seinare av tre og frå 1300-talet også i bronse eller kopar. Men teknikken slo aldri for alvor gjennom i Kina, kanskje fordi det var så mange skriftteikn. I Korea, derimot, vart det vanleg å trykkje med lause typar. Biletet viser det som skal vere den eldste kjende framstillinga av ein bok­ handel, ein detalj frå eit kinesisk måleri frå ca. 1100. Bøkene på disken og på hylla i bakgrunnen er laga med blokk­ trykk.

in g

Store oppfinningar

118


er

in g

Så tidleg som under Han-perioden produserte kinesarane ein glasert keramikk som var forløparen til porselen, men først på 500-talet kom dei fram til ein forbren­ ningsteknikk som gjorde det mogleg å lage det skøyre og raffinerte porselenet. Porselenet utfordra kunstnerisk form og dekor, og bruken av porselen gjekk hand i hand med utbreiinga av te, som dei først drakk i Søraust-Kina, der tebusken voks vilt. Porselen vart ein av dei store eksportartiklane for Kina.

Kompasset

Ku

n

til

vu

rd

Kinesarane kjende kompasset og måten det fungerte på, frå 1000-talet. Oppfinninga er knytt til ei åndsretning som vi kallar taois­ men, og truleg var det taoistane som først vart kjende med magne­ tismen. Dei meinte at ein kunne bli udødeleg ved å finne dei inste løy­ ndommane i naturen, og difor var dei opptekne av å studere natur­ kreftene. Til å begynne med vart kompas­ set brukt i ein slags spådomskunst. Men det tok ikkje så lang tid før ein innsåg kor viktig kompasset kunne bli for navigasjon til sjøs. Shen Kuo (1031–1095) skal ha oppdaga at kompassnåla peikte mot den mag­ netiske nordpolen, ikkje den geo­ grafiske, og at ein kunne bruke kompasset i skipsfarten. Shen Kuo blir rekna som eit universalgeni, og han gjorde seg gjeldande som na­ turvitskapsmann, matematikar, geolog, feltherre og diplomat.

Kor mange av desse oppfinningane er framleis i bruk? Og kor mange er framleis viktige for oss i dagleglivet?


HISTORIE

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

Slektssamfunn i Afrika

Ku

vu

n

til

Verdskart frå 1400-talet. Kartet er teikna på grunnlag av opplys­ ningar i ei geografibok som den egyptiske astronomen Ptole­ maios skreiv på 100-talet. Kvifor er Afrika teikna på denne måten, trur du?

rd

er

in g

Historia om menneskeætta begynte i Afrika. På den afrikanske savannen levde dei før­ ste menneskeflokkane som jegerar, sankarar og fiskarar. Gruppene var sjeldan på meir enn 30 personar. Dei levde som nomadar, men heldt seg likevel innanfor eit avgrensa område der dei fann den maten dei trong. Frå Afrika spreidde grupper av nomadar seg smått om senn utover jorda, ei utvandring som begynte for ca. 60 000 år sidan. Den største ørkenen i verda, Sahara, dekkjer ein tredel av det afrikanske konti­ nentet. Sahara har ikkje alltid vore ein ørken, men klimaendringar for ca. 5000 år ­sidan sette i gang ei uttørking som førte til at området vart den enorme øydemarka vi kjenner i dag. Om lag samtidig spreidde jordbruket seg raskt i områda nord for Sahara, langs heile sørkysten av Middelhavet. Sahara vart liggjande som ein barriere for kontakt mellom nord og sør, og det har skapt avgjerande rammer for utviklinga i Afrika. Store delar av kontinentet sør for Sahara var fram mot vår tidsrekning dominert av jeger- og samlarsamfunn, mens Nord-Afrika vart dominert av egyptarar, fønikarar, romarar og arabarar. Også andre geografiske og klimatiske faktorar gjorde jordbruk sør for Sahara vanskeleg, og gav dermed dårlegare vilkår for å etablere rike og sivilisasjonar. Jordsmonnet i det tropiske Afrika er tynt og fattig på organisk materiale fordi dette materialet rotnar så fort. Mange stader toler ikkje jorda intensiv dyrking med plog. Men dei store elvesystema i Afrika skapte livsgrunnlag. Nilen er nesten 7000 ­kilometer lang og er den lengste elva i verda. Utan det fruktbare slamvatnet frå Nilen ville det vore umogleg å drive jordbruk i Egypt. Elva Niger på 4000 kilometer har vore avgjerande for utviklinga av jordbruk i store område i Vest-Afrika. Utviklinga var prega av lokale tilpassingar, det galdt både kornplantar og hjelpemiddel.

120


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Samfunn av storfamiliar

in g

Korleis dei afrikanske jordbrukssamfunna har utvikla seg og vore organiserte frå den tida då vår tidsrekning begynner, har historikarane liten direkte kunnskap om. Med unntak av Etiopia utvikla dei ingen skriftkultur. Av den grunn er dei nokså tause for ettertida. Men forskarane har prøvt å lage eit bilete av samfunnsorganiseringa ut frå studiar av liknande samfunn i vår eiga tid. Ein slik metode kan forsvarast sidan jordbrukssamfunna har vore stabile og endra seg lite over tid. Både arkeologiske funn og språkforsking har påvist eit mangfald av folkeslag sør for Sahara, men likevel er det mogleg å trekkje fram ein del fellestrekk. Menneska har som regel budd i storfamiliar, med ein familiefar, fleire koner og mange barn, gifte og ugifte søner, og kan hende gamle foreldre og andre slektnin­ gar. Kanskje hadde storfamilien også slavar. I alt kan hushaldet ha hatt mellom ti og førti medlemmer. Ei viktig årsak til dette familiemønsteret har vore den låge folketettleiken, med mykje jord per innbyggjar. Den tryggaste vegen til sikkerheit og makt var å ha kon­ troll over menneske, ikkje over jorda, slik det som regel var i Europa. Det er truleg noko av bakgrunnen for at polygami, fleirkoneri, har vore normalt.

er

Statue frå Kongo, ukjent opp­ hav. Kva funksjon kan ein slik statue ha hatt?

«Utan barn er du naken»

Ku

n

til

vu

rd

For eldre menn har polygamiet vore ein måte å kontrollere tilgjenget til kvin­ ner på, og dermed også det å få barn. Ordninga var sikkert ikkje fri for kon­ fliktar. Innanfor ein polygam familie var det solidaritet, men også rivalisering om arv og andre privilegium mellom barn av ulike kvinner i storfamilien. Konfliktar mellom eldre og yngre menn har vore vanleg i afrikanske sam­ funn, og det heng truleg også saman med polygamiet og mangelen på kvinner. Respekt for eldre var ein dominerande verdi. Når ein ungdom skulle stige inn i den vaksne verda, vart det markert med strenge og detaljerte innviingsritual. Begge delar har blitt tolka som ein måte å disiplinere unge menn på, få dei til å lyde familiefedrane. Formålet var både å halde dei borte frå kvinnene og sikre at dei stilte muskelkrafta si til rådvelde for arbeidet ute på markene. Høge barnedødstal, mykje på grunn av tropesjukdommar, har vore ein viktig motivasjon for å få mange barn. Fekk du mange barn, auka sjansane for at i alle fall nokre av dei voks opp. «Utan barn er du na­ ken», lydde eit ordtak hos eit folk i Nigeria. At mange afrikanske reli­ gionar har sterke innslag av fruktbarheitskult, kan truleg forklarast ut frå behovet for å setje mange barn til verda. Samfunna sør for Sahara var typiske ættesamfunn, der individet var underordna behova i slekta. Fellesskapet i slekta var sterkt, men ikkje kon­ fliktfritt. Likskap var ingen føresetnad for samfunn baserte på slike ættefel­ lesskap. Ættene flytta ofte saman i landsbyar, og då oppstod det lett ulik­ skap. Dei ættene som kom først, fekk ofte ei leiarstilling. Desse ættene dominerte det religiøse livet, som gjerne handla om å tilbe åndelege krefter som rådde over avlingar og fruktbarheit. Her ser vi starten på ei lagdeling, ei oppdeling av samfunnet, som pei­ kar fram mot etablering av større høvdingdømme og rike. Denne utviklinga har truleg blitt forsterka ved at somme høvdingslekter har fått kontroll over varebyte, handel og krig. Nokre slekter vart rikare enn andre. I neste omgang førte det til at meir makt vart samla på færre hender.

121


HISTORIE

K A P 4 Store imperium og nomadefolk

Lite kontakt

til

vu

rd

er

in g

Den eldgamle sivilisasjonen i Egypt voks fram på grunn av dei fruktbare jordbruks­ områda ved Nilen. Men kva slags kontakt og kulturpåverknad det var mellom Egypt og folka lenger sør, er meir usikkert. I kolonitida meinte europeiske historikarar at sivilisasjonen hadde breidd seg frå nord og sørover. Sentraliserte kongedømme i det svarte Afrika hadde oppstått med førebilete i det egyptiske gudekongedømmet, meinte ein. Lyshuda folkestammar, «hamittane», skal ha vandra sørover, både nedover høgslettene i Aust-Afrika og inn­ over i det enorme Sudan-området. Så spreidde dei kultur og sivilisasjonar der dei for. Denne synsmåten er avvist innanfor den historieskrivinga som har oppstått i Afrika etter avkoloniseringa som vart fullført i 1960-åra. I staden la ein vekt på dei føresetnadene landa sør for Sahara sjølve hadde for statsutvikling og kulturvekst. Ein trekte liner langt bakover i historia for å finne førebilete for dei sjølvstendige ­afrikanske statane. Vi kjenner godt til dette frå norsk historieskriving også. Stordomstida i høgmel­ lomalderen (sjå side 88) var den perioden norske historikarar på 1800-talet konsen­ trerte seg om, mens Noreg framleis var i union med Sverige og under sterk kultur­ påverknad frå Danmark. Historieskriving har vore ein del av nasjonsbygginga, både i europeiske og afrikanske land. I dag vil dei fleste historikarar peike på kor lite kontakt det eigentleg var mellom det gamle Egypt og resten av Afrika. Det heng saman med at Sahara-området tørka inn til ein ørken og hindra kontakt mellom områda i nord og sør nettopp i den perioden då den egyptiske sivilisasjonen vart til. Mange historikarar meiner at det er eitt viktig unntak: Kunsten å utvinne jern spreidde seg via Egypt, sørover langs Nilen og deretter utover heile kontinentet. Dei siste åra har også dette vore omstridt. Arkeologiske funn har vist at det vart smelta jern i Aust-Afrika så tidleg som på 800-talet f.Kr. Framveksten av afrikanske kongedømme er tett knytt til jordbruksutviklinga. Jordbruket må gi eit overskot for at det kan vekse fram større og meir samansette samfunn. Men akkurat som i andre delar av verda har handelen, særleg fjernhandel med luksusvarer, vore ein viktig del av maktgrunnlaget for kongedømma også i Afrika. Ved å ta for oss nokre av desse rika skal vi sjå korleis jordbruk og handel, men også kulturimpulsar og religion, har medverka til å forme afrikansk historie.

Etiopia – det kristne unntaksriket

n

Dei fruktbare høgslettene i dagens Etiopia var viktige for utviklinga av jordbruket sør for Sahara. Om lag då vår tidsrekning tek til, voks det fram eit kongedømme som strekte seg frå dette høglandet ut mot kysten av Raudehavet. Folket heldt husdyr, og både god jord og nok nedbør skapte gode livsvilkår. Riket heitte Aksum, som var namnet både på ein mektig by og ein stat. Byen var eit viktig knutepunkt for handelen mellom Romarriket og India. Kongedømmet ut­ vikla ein sjølvstendig kultur, og skriftspråket i riket, geez, overlevde som skriftspråk lenge etter at kongedømmet gjekk i oppløysing på 600-talet. Ei slik utvikling kjenner vi frå Vest-Europa også. Latin var i mange hundre år eit fellesspråk for dei lærde, upåverka av korleis nasjonalspråka utvikla seg. Nord-Afrika vart det første store området der kristne misjonærar prøvde å få folk til å tru på den nye religionen. På 300-talet fanst det over 50 bispedømme i Egypt. Misjonærar frå den egyptiske kyrkja, den koptiske kyrkja, spreidde kristendommen vidare sørover, gjennom Nildalen og til området som i dag er Etiopia. Kristendommen vart statsreligion i Aksum i 333.

Sahara

Ni l e n

Ku

05_24

ETIOPIA

Etiopia tidleg i mellomalderen.

122


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Ghana og den viktige handelen

er

in g

Kongedømmet Etiopia vart etablert etter at Aksum var gått i oppløysing, og det overtok den kristne arven. Kongedømmet henta mykje av styrken sin frå eit tett samarbeid med kyrkja. På 700-talet erobra arabarane og islam Egypt og resten av Nord-Afrika. Etiopia mista den viktige handelen over Raudehavet. Kyrkja og kristendommen vart isolert i Etiopia, men heldt stand. Ein ny kongefamilie som kom til makta på 1200-talet, hevda at dei stamma direkte frå kong Salomo og dronninga av Saba. Salomo var, ifølgje Bibelen, son av kong David, og Israel skal ha hatt ei stordomstid under han. Det nye dynastiet hevda også at steintavlene som Herren gav Moses på Sinaiberget, var frakta til Etiopia. I tråd med denne ideologien vart Etiopia Herrens land, skapt av Guds utvalde folk. Etiopia vart aldri kolonisert av noko europeisk land. Trua på at kongedømmet hadde ei guddommeleg stilling, og alliansen med den nasjonale kyrkja vart ein styrke for den etiopiske staten gjennom historia. Denne styrken er ein viktig del av forklaringa på den nesten ubrotne tradisjonen staten hadde heilt fram til keisarriket fall, så seint som i 1974.

til

vu

rd

Maghreb – «solnedgangens land» – er namnet arabarane gav det nordvestlege Afrika, dagens Algerie, Tunisia og Marokko. Dei fullførte erobringa av dette området på 700-talet. Frå den arabiske halvøya tok arabarane med seg dromedaren. Etter kvart som han vann innpass, etablerte berbarane – eit folkeslag i Maghreb som eksisterer den dag i dag – viktige handelsruter gjennom Sahara-ørkenen. Dei utvikla seg til tre faste ruter. Målet for karavanane, som kunne ha opptil 12 000 dromedarar, var det svære området arabarane kalla landet «Bilad-es-Sudan» – landet til dei svarte. Dette om­ grepet, Sudan-området, har blitt brukt om heile savannebeltet sør for Sahara, frå Atlanterhavet i vest til Nilen i aust. Fleire rike voks fram i dette savannebeltet, med Ghana og Mali som dei mest kjende. Ghana i mellomalderen må ikkje forvekslast med den staten som i dag heiter Ghana. Kjerneområdet i det gamle Ghana strekte seg frå den øvre delen av Niger og sørover mot Senegalelva. Om det var handelen gjennom Sahara som skapte staten Ghana, har vore omdiskutert. Landet er nemnt i kjelder frå 700-talet, men staten er truleg noko eldre.

n

Gull, elfenbein og slavar

GHANA-RIKET ge r

Ku

05_29

Ni

Handelen har nokså sikkert bygt opp under og styrkt statsdanninga. Hovudstaden i Ghana låg akkurat der den vestlegaste ruta gjennom Sahara kom ut frå ørkenen og møtte savannen. Den viktigaste vara nordfrå var salt, som berbarane kunne skaffe både frå havet og frå Atlasfjella. Andre vareslag var kveite og dadlar. Motsett veg gjekk gull, elfenbein og slavar. Slavehandelen hadde størst omfang på dei austlege rutene gjennom Sahara, og truleg var etterspørselen etter afrikan­ ske slavar størst i Egypt og på den arabiske halvøya. Sikre tal for omfanget finst ikkje, men truleg vart ca. fire millionar slavar frakta gjennom ørkenen mellom år 600 og 1400. Lenger vest var gullhandelen viktigast. Dei muslimske kjøpmennene i nord, som etter kvart smelta saman med berbarane, tente formuar. Difor vart det viktig for dei å ha herredømme over karavanevegane gjennom Sahara. Gullhandelen var også svært viktig for Ghana, der kongen hadde store tollinntekter og sørgde for at det

Ghanariket ca. år 1000.

123


K A P 4 Store imperium og nomadefolk

ikkje vart så høg produksjon av gull at verdien minka. Gullet kom frå store skogs­ område lenger sør. Ghana var eit transittland, eit mellomledd, for denne verdifulle handelen.

rd

Karavane på ei av handels­ rutene gjennom Sahara. Måla av Felix Ziem (1821–1911).

er

in g

HISTORIE

Storriket Mali

Timbuktu

N ig

Sahara

MALI-RIKET

til

er GHANARIKET

Grunnlaget for makta til kongen i Ghana var at han greidde å sikre fredelege forhold langs dei livsviktige handelsvegane. Kva som hende, er uvisst, men mot slutten av 1000-talet mista Ghana-kongen denne kontrollen. Dei viktigaste handelsrutene flytta seg truleg austover, slik at Ghana ikkje lenger var så viktig som transittland og gjekk glipp av store inntekter. Det følgde ein periode med uro og krigar mellom ulike folke­ slag. Deretter voks det fram eit nytt afrikansk storrike: Mali. Gjennom militære erobringar fekk kongen i Mali kontroll over dei områda i sør som produserte gull, og som Ghana berre hadde handla med. Herredømmet over denne rikdomskjelda gjorde kongen av Mali til ein politisk maktfaktor i heile det vidstrekte Sudan-området. I tillegg kom kontrollen over dei gamle handelsvegane. På 1300-talet var Mali større enn noko rike i Europa på same tid, og landet var ei internasjonal stormakt. Ettertida veit relativt mykje om dette riket, fordi arabiske oppdagingsreisande besøkte det og skreiv reiseskildringar, særleg frå hovudstaden Timbuktu. Den mest kjende av dei, Ibn Battuta, skriv begeistra om korleis kara­ vanar strøymer til Timbuktu frå alle kantar, og korleis kongen held fred og orden i det mektige riket. «Verken reisande eller fastbuande treng å frykte røvarar eller ­andre forbrytarar», skriv Battuta. Som så ofte i verdshistoria følgde religionen handelsvegane. Kongane i Mali vart muslimar, og den mest kjende av dei, Mansa Musa, skal ha gjort ei pilegrimsferd til Mekka i 1320-åra. Der skal han ha sløst med gull, truleg for å vise all verda for eit rikt og mektig land han kom frå. Legenda fortel at pengeverdien fall med 20 prosent i Egypt under besøket hans der. Så mykje gull etterlét han! Også i Europa vart Mali kjend for å vere rikt på Mansa Musas tid. Landet bygde opp berømte lærdomssenter og opna seg for kulturimpulsar frå den arabiske verda, særleg innanfor arkitektur.

vu

05_31

Ku

n

Mali-riket ca. år 1350.

124


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Bystatar på austkysten

at eit stort imperium med base på den arabiske halvøya voks fram frå ca. 650 at profeten Muhammed grunnla ein ny religion, islam. Han var både ein religiøs, politisk og militær leiar

in g

Vi har sett korleis den arabiske erobringa av Nord-Afrika og utbreiinga av islam verka inn på utviklinga sør for Sahara. Desse områda vart knytte til den arabiske verda kulturelt og økonomisk gjennom karavanehandelen. Handelen var også ei av drivkreftene i statsdanning og politisk utvikling i savannebeltet sør for den store ørkenen. I endå eit område fekk den arabiske ekspansjonen langvarige ringverknader: langs kysten av Aust-Afrika. Denne kysten har frå gammal tid vore trekt inn i ein omfattande handel over Indiahavet, og arabarane var mellommenn. Arbeidsdelinga var truleg slik: Arabarane tok hand om den oversjøiske handelen, mens afrikanske folkegrupper førte ettertrakta varer frå innlandet til kysten: gull, elfenbein og slavar. Særleg var elfenbein sterkt etterspurt i India og Kina. Frå 1200-talet begynte ei ny stor islamiseringsbølgje i Asia. Både India og Indonesia fekk islamske herskarar. Kystområda på kvar side av Indiahavet vart knytte tettare saman enn nokon gong, og arabarar tok til å slå seg ned i store mengder langs den afrikanske austkysten. I alt vart opp mot 40 handelsbyar grunnlagde langs kysten, og dei utgjorde ein særeigen bystatskultur gjennom mellomalderen. Vi kallar han gjerne swahilikulturen etter språket som vart snakka langs heile kysten. I utgangspunktet er det eit afri­ kansk språk, men mange arabiske lånord viser den sterke arabiske innverknaden. Økonomisk og politisk var desse byane sjølvstendige heilt fram til 1700-talet.

Dette kapittelet handla om

at imperiet til arabarane vart delt opp etter nokre hundre år, men den religiøse og kulturelle innverknaden varte lenge etter at imperiet gjekk i oppløysing som politisk eining

rd

er

at utbreiinga av islam følgde karavanerutene

at Kina har vore ein eldgam­ mal og stabil jordbrukskultur. Tankeretninga konfutsianis­ men har hatt sterk innverknad på historia til landet at Nord-Afrika vart trekt inn i middelhavskulturen og har vore under egyptisk, gresk, romersk og arabisk innverk­ nad at i områda sør for Sahara voks det fram ættesamfunn som bygde på storfamiliar. Framveksten av større konge­ dømme var tett knytt til jord­ bruksutviklinga og fjernhandel med luksusvarer. Ghana og Mali var to av dei største ­kongedømma

Ku

n

til

vu

Litografi av Hippolyte Leon Benett. Biletet viser Ibn Battuta (1304– 1368/69) i Egypt. Battuta var ein arabisk oppdagingsreisande. Han reiste i Nord- og Vest-Afrika, AustEuropa, Midtausten og store delar av Asia, mellom anna Kina. Battuta er rekna som ein av dei verkeleg store oppdagingsreisande i histo­ ria. Korleis var det å gjennomføre slike reiser på 1300-talet, trur du?

at eit ryttarfolk, mongolane, erobra enorme landområde rundt år 1200 på grunn av sin overlegne militære taktikk. Det er kanskje det mest kjende dømet i historia på korleis ein nomadekultur ekspanderte slik at det gjekk ut over ­bufaste jordbrukskulturar

Litteraturliste

Erik Gunnes: Religioner på marsj, 500–1000, Aschehougs verdenshistorie, bind 4, 1991 Gunnar W. Knutsen: Lange linjer i historien, 2010 Rhoads Murphey: A history of Asia, 2009 Tore Linné Eriksen: Afrika. Fra de første mennesker til i dag, 2019 Jarle Simensen: Afrikas historie, 2009

125


K A P 4 Store imperier og nomadefolk

Å gjere

Perspektiv 1 Kjeldeoppgåve: Timbuktu på 1500-talet

1 Kva meiner vi med at ein religion er samfunnsdannande? 2 Den islamske tidsrekninga begynner i år 622 e.Kr., og eit år har 354 dagar. Rekn ut kva fødselsdatoen din ville vore om du hadde blitt fødd i eit samfunn som brukar den islamske kalenderen. 3 Ca. år 750 var erobringsfasen i det arabiske imperiet over. a Sjå på kartet på side 107, og finn ut kva for nokre av dagens land som låg i det arabiske riket. b Kva for nokre av desse landa er muslimske i dag? 4 «Kina har vore Kina svært lenge», står det på side 114. Skriv 3–5 setningar der du forklarar kva dette sitatet tyder.

Her finnes mange leger, dommere, prester og andre lærde menn, som alle har sin rikelige lønn av sultanen. Det er stor etterspørsel etter litteratur, som blir importert fra Maghreb (Marokko, Tunisia, Algerie). Handelen med bøker gir større fortjeneste enn noen annen handelsvirksomhet. (…) Innbyg­ gerne er i overmåte rike, især innflytterne. Det fins mange brønner med friskt vann, og når Niger går over sine bredder, blir elvevannet ført i kanaler nedover ørkenen så det kan dyrkes langt nord for elva. Jordbruket produserer korn, kveg, melk og smør i overflod. Leo Africanus, marokkansk skribent (1500-talet), i Simensen: Menneskenes liv og historie: Afrika, 1970

a Les kjelda. Kva fortel ho om Timbuktus posisjon som handelsby? b I teksten på side 124 kan du lese det arabaren Ibn Battuta seier om forholda i Timbuktu. Korleis vil du beskrive handelsbyen etter å ha lese desse to kjeldene?

rd

5 Les side 122–124 om Etiopia, Ghanariket og Maliriket. Lag ei liste som viser det rika har til felles, og ei liste over det som er ulikt.

in g

Har du fått med deg dette?

er

HISTORIE

Samanhengar

c Korleis fekk Timbuktu og andre tilsvarande byar ein slik status? Kva kan vere årsaker til at nokre byar vart meir sentrale enn andre i perioden?

vu

1 Vi har sett at innbyggjarane i det arabiske imperiet ikkje måtte konvertere til islam. a Kvifor trur du dei arabiske herskarane lét befolkninga få ha sin eigen religion? b Hadde religionsfridommen i det arabiske imperiet negative følgjer for herskarane?

til

2 I dette kapittelet har du lese om mange rike og impe­ rium som har oppstått og gått under. Tenk deg at du er rådgivar for ein herskar som har store ambisjonar. a Kva er det beste rådet du kan gi herskaren dersom han gjerne vil overta andre område og skape seg eit nytt rike?

n

b Kva er det beste rådet du kan gi herskaren dersom han gjerne vil halde oppe riket sitt og sørgje for at det ikkje går under?

Ku

3 På side 115 kan du lese om Konfutse og filosofien hans. Tenk deg at du skal skrive ein fagartikkel der du skal drøfte denne påstanden: «Konfutses filosofi passar per­ fekt for leiarar som vil halde på si eiga makt!» Finn minst to argument som støttar påstanden, og to som går imot. Kva for ein er du mest einig i? Les gjerne meir om Konfutse på internett. 4 I alle rika du har lese om i dette kapittelet, har religion spelt ei rolle. Vi har sett døme på at religion vart brukt til å samle eit større rike, og at dei som har kome inn og overteke, har konvertert til den religionen som har vore rådande i området. Vel to av rika, og sei noko om korleis religionen prega det samfunnet.

126

2 Historia om Afrika er prega av dei som har skrive henne. På 1800-talet var det vanleg mellom europearar å sjå på Afrika som ein naturressurs som stormaktene i Europa kunne bruke til sin eigen fordel. Eit meir mo­ derne syn finn vi hos afrikanske historikarar, som frå 1960-talet la vekt på dei tidlege statsdanningane for å forklare og legitimere dagens Afrika. a Trur du europeiske historikarar på 1800-talet var opptekne av å studere og forske på dei tidlege sivilisasjonane som fanst sør for Sahara? Grunngi svaret ditt. b Tenk at du er tilsett som historikar og skal skrive his­ toria om eit land som finst i dag. Oppdragsgivaren din ber deg om å finne døme frå tidlegare historie som kan brukast til å inspirere og gjere menneske i dag stolte. Vel eit av rika som det står om i dette ka­ pittelet, og skriv ned minst to døme som du meiner kan brukast til å støtte opp om nasjonsbygging i eit moderne land.


Oppdrag 1:

Kjelder

Kjelder til «Arabisk ekspansjon»

Utdrag 1. Frå Slaget ved Yarmouk (636). Skrive av den persiske historikaren Al-Baladhuri på 800-talet.

Post 1

Utdrag 2. Frå fredsavtalen som vart inngått i år 713 mellom den muslimske generalen Abd al-Aziz og den kristne kongen i området, Theodemir, etter den muslimske invasjonen av Spania.

rd

Kan desse kjeldeutdraga forklare korleis arabarane greidde å overta eit stort imperium på kort tid? Finn minst to årsaker til den arabiske ekspansjonen. Du må ha med minst eitt døme frå kvar kjelde.

er

Les kjeldeutdraga på denne sida. Tenk gjennom kven som har skrive kjeldene, når dei er skrivne, og kva forfattaren prøvde å oppnå. Kva for ei kjelde er mest truverdig? Grunngi svaret ditt.

Post 2

Muslimane stod samla, og den austromerske hæren marsjerte mot dei. Dei austromerske soldatane var lenka saman slik at ingen av dei kunne springe vekk. Slaget ved Yarmouk var ekstremt valdeleg og blodig. 24 000 muslimar var med i dette slaget. Med hjelp frå Allah vart 70 000 austromarar drepne. Resten av hæren deira flykta så langt som til Palestina, Antiokia, Aleppo, Mesopotamia og Arme­ nia. I slaget ved Yarmouk var nokre muslimske kvinner med. Dei kjempa på valdeleg vis. Mellom dei var Hind, dotter av Utbah og mor til Mu’awivah ibn-abi-Sufyan, som ropte gong etter gong: «Kutt av armane på desse ikkje-muslimane!»

in g

I dette kapittelet har du lese om det arabiske imperiet, eit stort rike som dominerer store delar av Midtausten og NordAfrika frå midten av 600-talet og fram til ca. år 1050. I dette oppdraget skal du bruke dei to kjeldeutdraga til å utforske det store arabiske riket og øve deg på kjeldeanalyse.

Post 3

I Guds namn, den nådefulle, miskunnsame. Vi vil ikkje plage eller fjerne Theodemir frå makta. Dei som er lojale mot han, vil ikkje bli drepne eller tekne til fange. Dei vil heller ikkje bli skilde frå sine kvinner og barn. Dei vil ikkje bli utsette for tvang når det gjeld religion. Kyrkjene deira vil ikkje bli brende. Religiøse objekt vil ikkje bli tekne ut av kongedømmet. Så lenge han lyder våre krav: Han gir ikkje ly til dei som rømmer frå lova eller til fiendane våre. Han oppmuntrar ikkje dei vi styrer over, til å frykte oss. Han skjuler ikkje nyheiter om fiendane våre. Han og kvar og ein av mennene hans skal også betale dette kvart år: éin gullmynt, fire måleiningar med kveite, bygg, fruktjus, eddik, honning og olivenolje. Slavar må betale halvparten av det.

til

vu

I historiefaget kategoriserer vi kjelder på ulike måtar. Det dreiar seg om tause og talande kjelder, førstehandsog andrehandsforteljingar og primær- og sekundærkjelder. Les om kjelder på side16 og i Perspektiv Skulestudio, og kategoriser kjeldeutdraga på denne sida. Grunngi vala dine.

Oppdrag 2:

Møte mellom imperium

Ku

n

I dette kapittelet har du lese om fleire store rike og imperium. Kontakten mellom dei var nok svært liten, og menneska som levde i dei ulike delane av verda, hadde lite kunnskap om livet andre stader. Du skal no utforske korleis eit møte mellom kinesaren Liu Bang (566–635) og arabaren Harun al-Rashid (763–809) kunne ha arta seg. Hugs at personane ikkje veit noko om rike, kulturar og levesett hos den andre.

Post 2 Gå saman med ein medelev, og del spørsmåla mellom dykk. Prøv å svare på dei du har fått tildelt. (NB! Dersom fleire held på med same oppgåva, kan det vere lurt å sam­ arbeide om å finne god nok informasjon til å lage gode svar.)

Post 1

Post 3

Kva spørsmål ville det vere naturleg å stille for å finne ut mest mogleg om det samfunnet den andre kjem frå? Prøv å setje deg inn i korleis verda må ha sett ut for eit individ på denne tida. Skriv minst fem sentrale spørsmål som vil avdekkje mest mogleg.

Gjennomfør eit rollespel der de får belyst likskapar og ulik­ skapar mellom dei to rika på best mogleg måte. Svara skal halde seg til det historiske fagstoffet, men det er lov å vere litt kreativ også.

127


Innhald:

KAPITTEL 5

Ei sjøreise som forandra verda side 130 Eit kontinent blir folkesett side 133 Handel, kapitalisme og statar side 138 Renessansen side 139 Reformasjonen side 143 Europa blir splitta side 144 Eit nytt verdsbilete side 145 Nye land kjem opp side 146 Kongemakta blir sterkare side 148 Manglar ved eineveldet side 152

in g

Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

er

Perioden frå rundt 1400 til 1750 er ei tid prega av store omveltingar. Verdsdelane blir knytte saman. Eit nytt økonomisk system utviklar seg. Nye sosiale grupper dannar seg, og staten blir sterkare. Tankesett og mentalitet forandrar seg. Det er eit tidlegare fattig og tilbakeliggjande kontinent, Europa, som går føre i desse endringsprosessane.

vu

rd

Slik såg det ut

John Cabot John Cabot 1498 1498

til

NORDNORDAMERIKA AMERIKA

ENGLAND ENGLAND

EUROPA EUROPA

Asorane Asorane

busbus um olum or lC C r e Madeira e Madeira f ff f stoisto Herman CortézSanSan Herman Cortéz Kri Kr 2–9923–93 Salvador 14914 Salvador 1519 1519 MEXICO MEXICO Hispaniola Hispaniola

n

Aztekarriket Aztekarriket

Ku

AFRIKA AFRIKA

Kapp Verde Kapp Verde

Mayakulturen Mayakulturen

STILLESTI LLEBRASIL BRASIL

HVET A VET HA

Inkariket Inkariket

SØRSØRAMERIKA AMERIKA

IN ATLANTERATLANTERVasco Gama Vasco da da Gama 1497–99 1497–99

HAVET HAVET Kapp gode Kapp detdet gode håphåp

Fernão Magalhães Fernão de de Magalhães 1519–22 1519–22

Europasoversjøiske oversjøiskeekspansjon ekspansjon Europas

Kapp Horn Kapp Horn


in g er rd vu til

KINA KINA

n

INDIA INDIA

Kinesiske Kinesiske ekspedisjonar ekspedisjonar 1400-talet på på 1400-talet

FILIPPINANE FILIPPINANE

Ku

Calicut Calicut

I ND IAHAVE T NDIAHAVET

AUSTRALIA AUSTRALIA

Dette har hendt Dei 1000 åra frå ca. år 500 til 1500 kallar vi mel­ lomalderen. Biletet som ofte blir teikna av denne perioden, er at det store fleirtalet sleit ute på mar­ kene for at eit lite mindretal skulle leve godt. Sjukdommar og epidemiar herja. Ein mørk ­kristendom fekk folk til å frykte straffa som venta etter døden. Er dette biletet rett? Dei aller fleste var bønder og arbeidde hardt for å overleve. Religionen stod sterkt. Men menneska opplevde også samanheng og samhøyrsle i alle ting, sidan trua på Gud gjen­ nomsyra tilværet. Klostera var kunnskapssenter der det også vart skrive om andre ting enn religion, som planteliv og legekunst. Europa fekk sine første universitet. Svartedauden var ein katastrofe. Men at mange gardar vart øydegardar, gav meir og betre jord for dei som overlevde. I mellomalderen vart det eta­ blert politiske organ, stenderforsamlingar, som pei­ kar fram mot nasjonalforsamlingane i vår tid. Mot slutten av perioden tok handel og byvekst seg kraf­ tig opp. Handverksproduksjonen vart større og meir spesialisert. Etter dei store mongolinvasjonane vart kontakten tettare mellom kontinenta. Europa og Asia kom nærare kvarandre enn i hundreåra før.


HISTORIE

1455

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Johann Gutenberg trykkjer den første boka i Europa

Ei sjøreise som forandra verda

Columbus’ ekspedisjon kjem til Amerika

in g

1492

Torsdag 11. oktober 1492: Karavellen «Niña», som var den hurtigste seileren av de tre skipene, oppdaget land først og ga de signalene som admiralen hadde gitt ordre om. Den som først fikk land i sikte, var matrosen Rodrigo de Triana. Admiralen selv hadde likevel sett lys allerede kl. 10 kvelden før, da han sto på akterkastellet. Men det hadde vært så usikkert at han ikke våget å påstå at det virkelig var land han hadde skimtet. Sitert etter Holmboe: Historie. Den nyere tid til ca. 1750

Martin Luther offentleggjer dei 95 kritiske tesane sine om kyrkja. Reformasjonen tek til

1524

Kraftig bondeopprør i Tyskland blir slått brutalt ned

1602

Børsen i Amsterdam blir grunnlagd

Rettssak mot Galileo Galilei, som gjekk inn for det heliosentriske verdsbiletet – at jorda går i bane rundt sola

n

1633

30-årskrigen i Europa. Fredsavtalen i 1648 la grunnen for statssystemet i Europa i lang tid framover

til

1618–48

er

1517

Slik skildrar historieskrivaren Bartholomeus de las Casas, basert på Columbus’ eiga dagbok, den avgjerande stunda på ferda som Kristoffer Columbus håpa ville opne sjøvegen til India. 11. oktober hadde den vesle flåten på tre skip vore i open sjø i 33 døgn. Columbus hadde nådd land, men det var ikkje India. Det var kontinentet som snart skulle få namnet Amerika. Kvifor ville Columbus finne sjøvegen til India, og kvifor reiste han vestover – over Atlanterhavet? Kva var bakgrunnen for at det hende no, mot slutten av 1400-talet? Var det tilfeldig at han kom frå ein by i Nord-Italia, og at han reiste ut med støtte frå det spanske kongeparet? Og kva førte ferda hans til? Vi skal sjå nærare på desse spørsmåla i tur og orden. Ferda Columbus gjorde i 1492, er den mest berømte av mange store sjøreiser i desse åra, og ferda fortel noko vesentleg om den tida då ho gjekk for seg. Historia om Kristoffer Columbus kan fortelje oss noko om prosessane som litt etter litt endra samfunnet, kva område som gjekk føre, og kva for samfunnskrefter som stod mot kvarandre.

rd

Leonardo da Vinci målar «Mona Lisa»

vu

1503

Solkongen Ludvig 14., konge av Frankrike

Ku

1643–1715

1648

Oliver Cromwells diktatur i England. Den første store emigrant­ bølgja frå England til Nord-Amerika

1682

Det osmanske impe­ riet når si største utbreiing mot vest under kringsetjinga av Wien

130

Rekonstruksjon av «Santa Maria», det største av dei tre skipa til Colum­ bus. Ville du vore om bord i eit av skipa hans, eller stått på land i Amerika og sett skipa kome?


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Impulsar frå Portugal

til

vu

rd

er

in g

Columbus vart fødd i 1451 i Genova i Nord-Italia. I Italia var det teke betre vare på arven frå antikken enn mange andre stader. Mange kunne lese og skrive. Columbus gjekk på skule, men var eigentleg ingen lærd mann. Som ung arbeidde han sann­ synlegvis både som vevar, kjøpmann og sjømann, og eit slikt mangfaldig yrkesliv var truleg vanleg. I 1476 besøkte han Lisboa. Opphaldet fekk avgjerande innverknad på livet hans. Portugal var det første riket på den iberiske halvøya som reiv seg laus frå det mus­ limske herredømmet. Alt i 1283 fekk landet sine noverande grenser – dei eldste i Europa som har overlevt fram til i dag. På 1400-talet låg Portugal eit godt stykke bak dei mest avanserte områda i Europa i økonomisk utvikling. Landet var heller ikkje noko sentrum for kunnskap og vitskap. Likevel vart det portugisarane som skulle gå føre i utforskinga av verdshava. Noko av grunnen kan vere det dårlege forholdet Portugal hadde til den næraste naboen sin, Castilla, som var det største landet i dagens Spania. For ikkje å stå åleine bygde Portugal gode kontaktar med andre land, mellom anna dei italienske bystatane. Hovudstaden Lisboa med 40 000 innbyggjarar var ein stor by og var av­ hengig av import av varer. Kongemakta greidde å samle mykje av makta på sine hender ved å støtte seg til kjøpmenn og handverkarar i byane. Genova og andre byar i Nord-Italia hadde i lang tid vore leiande handelsmakter, og genovesarane hadde eit fast handelssamband med området rundt Den engel­ ske kanalen. Lisboa var ein naturleg stopp på vegen, og det voks fram ein genove­ sisk koloni i den portugisiske hovudstaden. Før Columbus kom til Portugal, hadde portugisarane gjennomført dristige sjø­ ferder sørover vestkysten av Afrika. Øygruppene Azorane, Kapp Verde og Madeira vart koloniserte og jorda dyrka. Det gav kongen inntekter, og øyane vart forsynings­ basar for nye framstøytar sørover langs Afrika-kysten. Portugisarane kjende til gull og andre rikdommar som arabarane frakta til NordAfrika og Europa med karavanetrafikken gjennom Sahara. Eit mål var å sjølve få ­direkte tilgang til gullet i landa sør for Sahara, og det vart snart oppretta handels­ stasjonar langs kysten av Vest-Afrika. Portugisarane kom i kontakt med lokal­ befolkninga, som sørgde for tilgang på både gull og slavar. Kontakten med handelsmiljøet i Lisboa og historiene om sjøferdene må ha ­inspirert den unge Kristoffer Columbus.

Rett å dra vestover?

Ku

n

Europearane kjende til at det budde kristne i India. Behovet for å få kontakt med dei utan å måtte dra gjennom muslimske område vart til eit ynske om å finne sjøvegen til India. Men var løysinga å dra vestover? Vi veit ikkje korleis Columbus fekk ideen om å finne sjøvegen til India ved å dra vestover. Dei vala enkeltpersonar gjer, og kva dei har hatt å seie seinare, er mykje diskutert mellom historikarar. Det var ikkje sjølvsagt at det skulle dukke opp ein idé­ rik person som Columbus. Men samtidig fanst det føresetnader i Columbus’ samtid som gjorde det mogleg å tenkje slik han gjorde. At jorda var rund, var noko opplyste menneske visste. Berre ei kuleform kunne forklare astronomiske observasjonar som ein hadde gjort på forskjellige breiddegradar. Jordkrumminga kunne ein også sjå med berre auget når eit skip vart borte i horisonten. Skroget forsvann før den høge masta. Likevel var skepsisen stor. Columbus leita høgt og lågt for å finne støtte for ideen sin. Han oppsøkte den portugisiske kongen João 2. med planane sine, men

131


K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Ukjent land

rd

er

Kristoffer Columbus (1451–1506).

fekk tvert nei. Kongen og rådgivarane hans meinte Columbus undervurderte av­ standen til Asia, og det hadde dei heilt rett i. Columbus trudde nemleg at det euro­ asiatiske kontinentet var større enn det er, ei villfaring som stamma frå Marco Polos reiseskildringar. I tillegg gjorde Columbus endå ein feil: Han meinte at storleiken på jordkloden var om lag tre firedelar av det som er rett. Eit for stort kontinent og ein for liten klode – desse to feila fekk Columbus til å tru at sjøvegen til India ved å dra vestover var mykje kortare enn han eigentleg er. Når den portugisiske kongen sa nei, er nok forklaringa at landet hadde sine eigne sjøfararar som var så godt i gang med å utforske vegen til India i motsett ret­ ning – rundt sørspissen av Afrika. Kvifor skulle ein då satse pengar og prestisje på det risikable prosjektet til Columbus? Berre nokre få år etter Columbus’ reise vest­ over kom såleis ein portugisisk ekspedisjon, leidd av Vasco da Gama, fram til India. Denne reisa førte til at handelsnettverka og seglskipsrutene i Europa og Asia vart knytte saman for aller første gong. Columbus forlét Portugal og søkte i staden støtte i Spania. Der var dronning Isabella og ektemannen hennar, kong Ferdinand II, djupt engasjerte i krigen mot det siste islamske riket på Pyrenéhalvøya, Granada, som låg heilt sør på halvøya. Det fall i januar 1492, og den kristne gjenerobringa av halvøya var fullført. Sigersrusen har kanskje gjort sitt til at Columbus endeleg fekk ja.

in g

HISTORIE

vu

Landet som matrosen Rodrigo de Triana fekk auge på den oktoberdagen i 1492, var ei av øyane i Bahamas-gruppa – vi veit ikkje kva for ei. Derifrå utforska ekspedi­ sjonen mange av dei karibiske øyane, særleg den Columbus kalla Hispaniola, som i dag heiter Haiti. Dette skulle bli basen til spaniarane for vidare ekspansjon. Columbus fann ingen store sivilisasjonar eller rike byar, slik han hadde trudd og nokså sikkert håpa. Likevel var han overtydd om at han hadde nådd austkysten av Asia. Han kalla befolkninga indianarar fordi han trudde han var i nærleiken av India. Om indianarane på Hispaniola skriv han ei forteljing som på mange måtar føregrip utviklinga seinare: De har ingen våpen og går helt nakne. De kjenner ikke til krigskunsten og er i denne henseende så store kujoner at et tusen av dem ikke ville våge å holde stand overfor tre av våre menn. Man ser av dette at de uten vansker vil la seg underkaste, og man kan la dem arbeide, dyrke jorda og gjøre alt som man anser for nyttig. De vil kunne bygge byer og venne seg til å være påkledd og oppføre seg som oss.

til

Ku

n

Sitert etter Niels Steensgaard: Aschehougs verdenshistorie (1991)

Reisene til Amerika. Sjå heile kartet på side 128.

132

Columbus vende tilbake til Spania i triumf. Då han døydde i 1506, etter tre nye sjø­ ferder til Amerika, var han framleis overtydd om at han hadde funne ein vestleg veg til Asia.

Asorane

Herman Cortéz San Salvador MEXICO 1519

Aztekarriket Mayakulturen

STILLE-

John Cabot 1498

NORDAMERIKA

ENGLAND

EUROPA

bus olum er C Madeira f f o st Kri 2–93 9 14 Hispaniola Kapp Verde

AFRIKA


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Den overtydinga levde ikkje lenge. Mange nye ferder gjorde det klart at europe­ arane hadde kome til eit kontinent som tidlegare var ukjent for dei. Den italienske sjøfararen Amerigo Vespucci leidde fleire ekspedisjonar til dette kontinentet i åra ­etter Columbus. Kontinentet vart oppkalla etter han – Amerika. Det er ein verdsdel som har si eiga sjølvstendige historie lenge før europearane kom. 06_08

in g

Eit kontinent blir folkesett

Aztekarriket

Mayariket

SØRAMERIKA

Inkariket

Dei største kulturane i MellomAmerika og Sør-Amerika på 1500-talet.

vu

rd

er

Det amerikanske kontinentet vart opphavleg folkesett frå nord. For 30 000–40 000 år sidan var det eit landfast samband der Beringsundet i dag ligg, og folkegrupper kom over frå Asia. Smått om senn spreidde dei seg sørover i tusenåra som følgde. Som på resten av kloden livnærte innbyggjarane i Amerika seg i denne tidlege tida av jakt og fangst. Vi veit ikkje når dei begynte med jordbruk, men det kan ha vore ca. 4000 år f.Kr. Områda der jordbruket oppstod, er lettare å påvise: i høg­ landsområda i det sentrale Mexico, i den nordlege delen av Mellom-Amerika og i Peru. Forskarane er framleis ikkje einige om jordbruket oppstod uavhengig av ­kvarandre i desse områda, eller om det eine området lærte av det andre. Den amerikanske jordbruksrevolusjonen vart ikkje så omfattande som den som gjekk for seg i Asia. Mange folkegrupper var framleis fangstfolk, sjølv om somme dreiv jordbruk som attåtnæring. Det vart ikkje utvikla fehald. Eigna dyr fanst ikkje. Dermed mangla det nære samspelet mellom jordbruk og husdyrhald som vi kjenner frå Europa og Asia. Hesten, som har spelt så stor rolle både som trekkdyr og ridedyr i Asia og Europa, fanst ikkje før europearane kom. Også i bruk av metall var det viktige skilnader. Fleire folkegrupper i Amerika kunne utvinne metall, og dei kjende til bronse. Men jern var ukjent. Dei fleste ­reiskapar og våpen var av stein.

Ny mat for europearane

til

Det viktigaste kornslaget i Amerika var mais. Andre jordbruksplantar var potet, tomat, ananas, graskar, paprika og jordnøtter. Ingenting av dette var kjent i Europa. Fisk var også ei viktig næringskjelde for mange landsbysamfunn.

n

Fleire slags erobringar

Ku

«Ei sjøreise som forandra verda», kalla vi ferda som Kristoffer Columbus gjorde i 1492. Dersom vi gjer eit langt sprang fram i tid, til midten av 1700-talet, er det ikkje så vanskeleg å sjå at reisa hans var startpunktet for dramatiske endringar. Dei amerikanske høgkulturane hadde gått til grunne (sjå nettressursane til boka). Indianarane var blitt ein minoritet i sine eigne landområde. I Nord-Amerika var britar og franskmenn blitt koloniherrar, i Sør-Amerika spaniarar og portugisarar. Millionar av afrikanarar var tvangsflytta til Amerika som slavar. Heile Amerika var prega av ­europeiske språk, rettssystem, statsdanningar, kulturar og religionar. Dei store oppdagingane er uttrykket som tidlegare vart brukt om ferdene som innleidde desse dramatiske forandringane. Amerika var nytt for europearane. Leiv Eirikssons ferd til Vinland nesten 500 år tidlegare (sjå side 81) var ukjend, sidan ho ikkje hadde fått varige følgjer. Men Amerika og land i Asia som europearane også reiste til, hadde vore busette i fleire tusen år. Dei var «oppdaga» for lenge sidan.

133


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Den europeiske oversjøiske ekspansjonen er ei meir dekkjande nemning på det som hende. Det var Europa som ekspanderte over verdshava, politisk, økonomisk og kulturelt.

Nybyggjarar og erobrarar

Ku

n

til

Kvifor er ikkje dei store opp­ dagingane eit dekkjande ut­ trykk? Kva meiner læreboka kan vere ei meir dekkjande nemning?

rd

Les meir om I Perspektiv Skulestudio finn du eit eige opplegg om dei amerikanske kulturane. Her kan du lese om og arbeide med til dømes mayakulturen, aztekarkulturen og inka­ kulturen.

vu

Inkabyen Macchu Picchu i Peru.

er

in g

Kva var dei viktigaste drivkreftene bak erobringa av Amerika? Var det ein målretta prosess? Korleis kan det ha blitt oppfatta av indianske urfolk? Med bakgrunn som kjøpmann og sjøfarar hadde Columbus tenkt å opprette handels­ stasjonar, slik europearane hadde gjort langs vestkysten av Afrika. Men han fann ikkje det han trudde han skulle finne: sivilisasjonar og byar som han kunne drive handel med. I sta­ den begynte han å leite etter andre måtar å gjere landet økonomisk lønnsamt på for seg sjølv og dei kongelege støttespelarane sine i Spania. Den andre ferda hans, i 1493, var ein enorm ekspedisjon – nesten 1500 mann og mange dyr. Ferda var ein rein koloniseringsframstøyt, nybyggjarar skulle leggje under seg Hispaniola. Derifrå skulle dei jakte på gull og andre metall. Dette førte raskt til konfliktar med indianarane, både på Hispaniola og dei andre øyane i området. Spaniarane for hardt fram. Med skytevåpen og sverd var dei tek­ nologisk overlegne. Men det er langt frå heile forklaringa på dominansen deira. Dødelegheita mellom indianarane vart skyhøg etter at europearane kom, mykje hø­ gare enn det som kan forklarast med krig og drap. Dei døydde av meslingar, kop­ par og andre smittsame sjukdommar som europearane tok med seg. I fleire tusen år hadde europearar levt i tett kontakt med husdyr og utvikla immunstoff mot far­ lege bakteriar som stamma frå dyra. Dette forsvarsapparatet mangla indianarane. Epidemiane fekk følgjer for utviklinga vidare. Også for spaniarane var den høge dødelegheita eit problem. Dei var ikkje interesserte i folketomme øyar og land, men ville ha indianarane til å arbeide for seg, om nødvendig som slavar. Men kongen for­ baud å gjere spanske undersåttar til slavar. Derimot kunne alle fiendar møte ein slik lagnad. Og alle som ikkje frivillig underkasta seg den spanske krona, vart rekna som fiendar. Difor vart det både lønnsamt og ærerikt å utruste krigs- og slavefangarekspedi­ sjonar og segle mot område der befolkninga ikkje hadde underkasta seg. Den høge dødelegheita mellom indianarane dreiv koloniseringsprosessen vidare og førte til at spaniarane la under seg nye område.

134

Konkurranse mellom europearane Rivalisering mellom europeiske statar spelte også inn i erobringa av Amerika. Utviklinga i Brasil er eit døme på det. Det var portugisarane som kom først til Brasil, i 1500. Men dei første tiåra dreiv dei verken erobring eller kolonisering. Portugisarane nøgde seg med å segle langs kysten og drive bytehandel med lokale indianarstammar. Det var særleg tømmeret frå eit spesielt tre, paubrasil – namnet på landet kjem av det – portugisarane var interesserte i.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

in g

Etter kvart vart også franske sjøfararar interesserte i trevirket frå paubrasiltreet. Men for portugisarane var franskmennene uvelkomne rivalar. Dei ville ikkje miste kontrollen over eit område dei rekna som sin eigedom. Franskmennene hevda at eit område måtte vere okkupert for at ei europeisk makt kunne gjere krav på det. Det var ikkje nok å drive handel. For å halde fransk­ mennene unna begynte Portugal difor å kolonisere Brasil. Dei etablerte sukker­ plantasjar i landet. Sannsynlegvis prøvde portugisarane å bruke indianarar som arbeidskraft på desse plantasjane. Men dei har snart kome på ideen å bruke same arbeidskrafta som på plantasjane dei hadde etablert på øyane utanfor Guinea på vestkysten av Afrika: afrikanske slavar. Afrikanarane bukka ikkje under for sjukdommar slik indi­ anarane gjorde, og dei tolte klimaet godt. Og i motsetning til indianarane var dei vane med jordbruksarbeid.

Slavar under dekk på skipet «Albanez», måla i 1845 av Francis Meynell, som var løytnant om bord på skipet. Overfarten til Amerika kunne ta mange veker. Kan du førestille deg korleis ei slik reise var?

Ku

n

til

vu

rd

er

Slik ser vi at utviklinga gjekk i etappar: • Portugal ynskte å ha kontroll over Brasil. • For å halde Frankrike unna begynte portugisarane å kolonisere landet. • Afrikanske slavar vart nytta som arbeidskraft på plantasjane. Det vart starten på ein omfattande slavehandel over Atlanterhavet.

135


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Kva tenkte urbefolkninga?

in g

Det finst ikkje eitt svar på dette spørsmålet. Det var heller ikkje éi urbefolkning, men mange ulike grupper som fekk ulike erfaringar med europea­ rane, i forskjellige fasar av koloniseringa. Det aller første møtet mellom Columbus-ekspedisjonen og befolkninga i Bahamas skal ha vore harmo­ nisk. Tupi-indianarane langs kysten av Brasil stod til å begynne med på vennskapleg fot med ­portugisarane. Seinare vart det annleis.

rd

vu

Dette er eit møte vi veit nokså mykje om. Nokre av dei indianarane som sjølve hadde vore vitne til at aztekarriket gjekk under, lærte seg det la­ tinske alfabetet og skreiv ned forteljingar. Ein fransiskanarmunk, Bernardino de Sahagún, samla i mange år alt han kunne finne ut om his­ toria og kulturen til aztekarane. Siktepunktet var å drive misjon, og vi må forstå forteljingane hans i lys av det. Men forteljingane avslører også ei open og kunnskapstørst innstilling. Han prøvde å forstå dei framande kulturane.

er

Vi skal vere forsiktige med å generalisere, og det er lite vi veit om korleis indianarsamfunna opp­ levde europearane. Likevel kan møtet mellom spaniarane og aztekarane kaste lys over reak­ sjonane hos urbefolkninga og dei utfordringane europearane representerte for herskarsjikta i dei amerikanske imperia.

til

Eit rike går under

I åra rundt 1520, altså knapt 30 år etter Columbus’ første ferd, var Hernán Cortés ein av dei rikaste spanske kolonistane på Cuba. Då guvernøren på øya kom tilbake etter ein første ekspedisjon langs kysten av Mexico med 75 kg gull, vart det ­bestemt at det raskt skulle utrustast ein ny ekspedisjon. Cortés leidde denne ekspedisjonen. I april 1519 ankra 11 små skip opp der Vera Cruz ligg i dag. I utgangspunktet hadde Cortés berre fullmakt til å drive handel og utforsking, men han bestemte seg snart for å gjere ferda om til eit erobringstokt. Dette seier i seg sjølv noko viktig om koloniseringa. Ho vart ofte driven fram av eventyrarar og gamblarar som var lokka av utsiktene til å vinne makt, gull og ære. Dei følgde ikkje alltid instruksar frå guver­ nørar eller kongar. Då Cortés tok denne avgjersla, hadde han alt hatt ein første kontakt med utsen­ dingar frå aztekarane. Kanskje medverka deira haldningar til avgjersla om å erobre området. Aztekarane var eit sigersvant krigarfolk. Keisaren deira, Moctezuma, skal ha rådd over fleire titusen elitesoldatar. Cortés kom med 508 soldatar og 110 sjømenn. Dei ville blitt feia på havet dersom aztekarane hadde angripe dei med ein gong.

Ku

n

Korleis trur du den indianske urbefolkninga oppfatta dei såkalla oppdagingane? Og kva trur du dei tenkte om «oppdagarane»?

136


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Men det vi kan lese ut av det Sahagún og andre skreiv, er at aztekarane var lamslått. Ein bonde skal ha kome til hovudstaden med urovekkjande nyheiter: Jeg gikk ned til kysten, og jeg så noe komme flytende midt på havet, noe som lignet et fjell eller en høy bakke. Det rullet fra side til side, men det kom aldri helt inn til stranden, og det var mennesker i det flytende fjellet, noe lignende har vi aldri sett før.

in g

Sitert etter Niels Steensgaard: Aschehougs verdenshistorie (1991)

er

Aztekarane stod overfor noko dei ikkje greidde å plassere i si eiga omgreps- eller førestillingsverd. Utsjånaden til spaniarane, klesdrakta deira, hestar, våpen av stål, skytevåpen – leiarane i riket prøvde å forstå noko ufatteleg. Keisaren sende kostbare gåver til Cortés, mange av dei med religiøst innhald. Kanskje kom aztekarane til at det ikkje var menneske dei stod overfor, men gudar. Ein aztekisk myte fortel at ein mektig gud ein gong skulle vende tilbake til landet deira og regjere over landet, slik han hadde gjort ein gong i ei fjern fortid. Det er også mogleg at keisar Moctezuma og rådgivarane hans gjorde ein tak­ tisk bommert. Tanken kan ha vore å lokke spaniarane inn i landet og slå til på eit seinare tidspunkt. Men spaniarane greidde å alliere seg med folkeslag som azteka­ rane hadde kjempa mot. Aztekarane var sjølve eit herskarfolk som hadde skaffa seg mange fiendar i tiåra før spaniarane kom. Dermed ser det ut til at aztekarane undervurderte motstandarane sine. Etter langvarig kringsetjing fall hovudstaden til aztekarane. Riket deira gjekk til grunne.

rd

vu

Kvifor Europa og ikkje Kina?

Hernán Cortés (1485–1547)

Den oversjøiske ekspansjonen blir ofte omtalt som innleiinga til ein ny epoke i verds­ historia. For første gong blir menneska i alle dei store befolkningssentra på kloden knytte saman gjennom erobringar og handel. Land i Vest-Europa dreiv denne ­prosessen fram.

til

Litt etter litt voks det fram ei ny samfunnsform. Men kva var grunnen til at land i Europa gjekk føre i utviklinga? I tiåra før den store oversjøiske ekspansjonen var det lite som tydde på at nettopp Europa skulle bli den leiande verdsdelen. Kina var det største riket i verda og truleg den mest avanserte sivilisasjonen som fanst rundt midten av 1400-talet. Eit nytt, mektig dynasti hadde kome til makta om lag hundre år tidlegare, Ming-dynastiet. Landet var betre organisert og administrert enn Europa og låg føre når det galdt vitskap og utdanningssystem.

Ku

n

Kina førte ein aktiv utanrikspolitikk. Utsendingar vart sende til mange land i Asia for å få dei til å uttrykkje respekt for Midtriket, og Ming-keisarane sjølve leidde mange si­ gersrike felttog. Og det mest slåande av alt: Dei første tiåra av 1400-talet sende dei ut imponerande flåteekspedisjonar til Vietnam, Java, Sumatra og heilt til swahilibyane på austkysten av Afrika. Nokre av ekspedisjonane var enorme, med over 60 skip og nesten 30 000 mann. Rundt midten av 1440-åra tok det brått slutt. Årsakene har vore mykje diskuterte, men den viktigaste grunnen var nok nye og sterkare mongolangrep mot grensene i nord. Kinesarane sette alle ressursar inn i forsvaret der. Flåten forfall, og privat handel med utlandet vart forbode. Kontroll over eige rike stod i fremste rekkje hos keisarmakta. Utviklinga i Kina gir noko av svaret på spørsmålet vårt. At Europa rykte inn og overtok førarsetet, har samanheng med stagnasjon andre stader. Vi kan ikkje sjå berre på Europa. Men det er langt frå heile forklaringa. Utviklingstrekk i Europa er også ein del av forklaringa på leiarrolla til europearane. (Sjå neste side.)

137


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Handel, kapitalisme og statar

in g

Det økonomiske livet i Europa i seinmellomalderen kan vi summere opp slik: • Handelen har blitt viktigare, og dei som levde av handel, fekk ei sterkare stilling. • Det var større omsetning av råvarer og halvforedla varer (ull, tømmer, fisk, korn, lin, hamp, salt) – ikkje berre luksusgjenstandar. • Europa var eit av områda i verda med mest spesialisert handverk. • Pengar og pengeøkonomi fekk eit kraftig oppsving. Som oppfinning er pengar om lag like gammal som skrift, og nokre av dei aller eldste skriftlege ytringane vi kjenner til, er rekneskapar. Men no vart sjølve synet på pengar eit anna. Pengar vart rekna som eit springbrett for å skaffe meir pengar. Investering vart den vikti­ gaste kjelda til rikdom, ikkje sparing. Pengane kunne vere ei sjølvstendig kjelde til inntekt dersom ein tok ein risiko og investerte dei. Dette er ein grunntanke i det økonomiske systemet som vi kallar kapitalisme.

er

Ei brytingstid

Ku

n

til

vu

rd

Kapitalismen viste seg å bli eit økonomisk system som verkeleg fekk hjula til å snurre fortare. Bystatane i Nord-Italia, Genova, Firenze og Venezia, gjekk føre. Her voks det fram bankar og forsikringsselskap – institusjonar som kapitalismen hadde behov for. Dei første bankeigarane var suksessrike kjøpmenn og handelsmenn som ville investere pengane sine i ny verksemd. Å låne ut pengar var utrygt, men kunne også gi skyhøge gevinstar. Det var nettopp den forma for risiko som prega mentali­ teten i den nye kapitalismen. Kongemakta i mange land følgde utover på 1500-talet etter utviklinga i dei ­italienske bystatane. Kongane vart meir og meir merksame på fordelane ved å ­samarbeide med handelsfolk og kjøpmenn. Deira verksemd kunne gi større skatteinntekter. Politisk var Vest-Europa splitta opp i mange mindre einingar. Tidlegare har truleg det medverka til at verdsdelen var fattig. Men politisk splitting var ikkje nødvendigvis ei ulempe lenger. Konkurranse mellom politiske maktsenter i Europa gjorde at driftige og initiativ­ rike enkeltpersonar – som Columbus – lettare kunne finne støtte. Avslag frå éin konge kunne auke sjansane for støtte frå ein annan. I det konkurransesamfunnet som no var under utvikling, kan den politiske rivaliseringa som fanst i Europa, ha vore eit fortrinn. Kina blir ofte trekt fram som eit motsett døme. Der vart nyskapande initiativ lamma av ei sterk, overgripande imperiemakt. Alliansen mellom kongemakta og borgarskapet, den nye konkurransementalite­ ten, økonomisk profitt som drivkraft – alt dette var noko som voks seint fram, og med sterke motkrefter. Columbus vart driven av eit ynske om økonomisk gevinst. Men mot slutten av livet sitt skreiv han ei bok full av religiøs mystikk. Han meinte han kanskje hadde funne hagen i Eden, det jordiske paradiset, som somme geo­ grafar i mellomalderen meinte låg litt aust for det Asia ein kjende til. Han drøymde om å erobre Jerusalem og redde byen for den kristne verda, akkurat som korsfara­ rane tre hundre år før han. Columbus stod med eitt bein i mellomalderen og eitt i nyare tid. Tida han levde i, var også ei brytingstid mellom gammalt og nytt.

138


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Renessansen Kvifor var det akkurat Europa som gjekk føre i den oversjøiske ekspansjonen? Nemn tre årsaker.

er

in g

Sjå på dei to måleria. Det eine er frå mellomalderen, det andre frå perioden som vi kallar renessansen. Renessansekunstnaren har teke i bruk eit matematisk prinsipp, sentralperspektivet. Det går mellom anna ut på at gjenstandar langt borte blir ­mindre på netthinna i auget enn nære gjenstandar, og at parallelle liner ser ut til å nærme seg kvarandre jo lenger bort dei strekkjer seg. Målarkunsten i mellomalderen hadde først og fremst tent kyrkjelege behov, ved å framstille helgenar og hendingar i Bibelen. Utsjånad og romverknad var ikkje ­viktig. Sjølve biletframstillinga var skjematisk. Med utviklinga av sentralperspektivet vart bileta meir naturtru. Den måla ­overflata vart som eit vindauge til den verkelege verda. Framfor alt vart den nye ­teknikken brukt til meir realistiske framstillingar av mennesket – individet. Sentralperspektivet i målarkunsten blir ofte trekt fram som eit døme på korleis ein ny tenkjemåte sette mennesket i sentrum i staden for Gud. Mennesket var ikkje berre ein syndefull skapning, ei lita brikke i Guds store plan for ei verd som ingen kunne påverke. Mennesket var også eit sjølvstendig, myndig individ, fullt av ­moglegheiter og skaparkraft.

rd

Ei kulturell rørsle

Ku

n

til

vu

Ordet renessanse tyder ‘atterføding’ og blir brukt i tydinga atterføding av kunst og kultur i antikken. Renessansen var ei kulturell rørsle som først fekk fotfeste i Italia på 1400-talet, og som spreidde seg nordover til Frankrike, England, Det tyske riket og også til Polen og Ungarn.

Renessansemåleri, «Bryllaupet i Kana» (ukjend målar, ca. 1580). Måleri frå mellomalderen,«Karl 3. av Frankrike held bankett» (ukjend kunstnar, ca. 1350). Korleis har kunstnaren prøvt å få fram djupneperspektivet i dei to måleria?

139


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

in g

Renessansen har blitt oppfatta som eit radikalt og omfattande brot med men­ neskesynet og verdsbiletet i mellomalderen. Mellomalderen var ein mørk tidsalder som mennesket måtte frigjere seg frå, og renessansen fann sine ideal om det full­ komne individet i antikken, urørt av menneskesynet i kristendommen. Ein slik synsmåte er for enkel. For det første vart antikken oppdaga på nytt så tidleg som i mellomalderen. Bøker vart skrivne av og kopierte, og skriftene til filoso­ fane – særleg av Aristoteles – vart lesne og studerte. For det andre kom ikkje re­ nessansekulturen brått, han hadde røter i mellomalderen sjølv. Det gjeld særleg innanfor utdanningssystemet. Både katedralskulane frå 1100-talet og universiteta frå 1200-talet gav ei breiare utdanning enn dei gamle klosterskulane. Opphavleg var universiteta religiøse institusjonar, men etter kvart knytte dei tette band til den verdslege, ikkje-religiøse delen av samfunnslivet. Morsmålet fekk ein større plass, og det gjekk ut over kyrkjespråket latin.

Ku

n

til

vu

rd

er

Anatomisk studie av fosteret i livmora. Ei av skissene som finst etter Leonardo da Vinci (1452–1519). Kva var det med renessansen som gjorde slike studiar viktige?

140


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

er

Boktrykkjarkunsten endrar kultur og samfunn

Lag ei liste over alle vitskapane Leonardo da Vinci meistra. Fortel det oss noko om tida han levde i?

in g

Historikarar i vår tid held likevel fast ved at renessansen kom med noko nytt. Ta ein person som Leonardo da Vinci. Han var målar, bilethoggar, ingeniør, arkitekt, oppfinnar og vitskapsmann! Måleria hans inkluderer meisterverk som «Mona Lisa» og «Nattverden», han teikna bruer og helikopter og fekk konstruert ein hengglidar. Han var med på obduksjonar for å lære mest mogleg om menneskekroppen, og laga detaljerte teikningar av menneskeleg anatomi. Dei etterlatne skriftene hans er på 13 000 sider, og er ei blanding av kunst og vitskap. Da Vinci blir ofte omtala som det typiske renessansemennesket. Det er trongen til å lære av naturen og evna til å gå nye vegar som ligg bak. Ei tilsvarande utfalding på så mange forskjellige verkefelt er det vanskeleg å sjå for seg innanfor tenkjeset­ tet i mellomalderen. Dessutan vart antikken oppdaga på nytt på ein annan måte. I mellomalderen vart antikke skrifter kopierte ukritisk. I renessansen innsåg dei lærde at antikken var ein annan historisk periode, og at tankegods frå den gongen ikkje nødvendigvis passa i samtida.

til

vu

rd

Boktrykkjarkunsten fekk særleg mykje å seie. Det visste gullsmeden Johann Gutenberg (ca. 1390–1468) lite om då han i 1455 stod med den første trykte boka i hendene, ei praktutgåve av Bibelen, i verkstaden sin i Mainz i Tyskland. Han hadde ikkje brukt ei ferdigskoren treplate, slik kinesarane gjorde, men lause bokstavar, ­typar, av bly som han sette saman i ei ramme. Ramma svarte til ei trykkside. Fem år etter var fleire verkstader i gang i Mainz, og ein trykte latinske skulebø­ ker, kalendrar, bønnebøker og biblar. Så gjekk det fort. Alt i 1480 fanst det trykkjeri i over 110 byar i Vest-Europa. Fram mot 1500 vart det trykt rundt 80 000 bøker med eit samla opplag på kanskje 40 millionar. Hundre år seinare skal talet ha kome opp i 200 millionar bind. Det var relativt enkelt å skaffe presse og typar, men å kjøpe papir, leige eigna lo­ kale, tilsetje arbeidarar til trykkjeriverkstadene og organisere salet kravde mykje pengar. Ofte var det rike kjøpmenn og handelsfolk som skaffa dette, og difor ser vi tidleg eit tydeleg mønster. Dei fleste boktrykkjarane fanst i dei store handelsbyane, som Venezia, Milano, Lyon, Paris, Strasbourg, Basel og Antwerpen. Koplinga mellom teknikk på den eine sida – boktrykkjarkunsten – og privat kapi­ tal på den andre, er ei viktig årsak til at boktrykkjarkunsten slo så mykje kraftigare gjennom i Europa enn til dømes i Kina.

Johann Gutenberg

Meir kunnskap, nye marknader

Ku

n

Før Gutenberg var det enormt arbeidskrevjande å produsere ei bok, og ei bok skal ha kosta om lag det same som eit hus. Med boktrykkjarkunsten fall prisen til ein ­firehundredel av det han hadde vore før. Då biskop Arne Sigurdsson i Bjørgvin døydde i 1314, eigde han 32 bøker. Det var nok til at biskopen lét etter seg Noregs største private bibliotek, og at Bjørgvin var kjend for å vere ein by med mykje kunnskap og lærdom. Etter Gutenberg kunne ein vanleg borgar kjøpe seg fleire bøker enn det var i eit heilt klosterbibliotek i mellomalderen. Nye sosiale lag kunne få tilgang til kunnskap når bøkene vart så mykje billigare. Denne nye bokmarknaden utvikla seg i ulike retningar. På den eine sida vart det mogleg å trykkje mange forskjellige bøker, med ymist innhald. Talet på titlar auka svært mykje. På den andre sida vart kulturlivet i Europa meir einskapleg. Gjennom eit system av bokhandlarar og omreisande seljarar merkte ein seg kva for bøker som selde

Les meir om Kva trur du? Er den trykte boka i ferd med å miste den dominerande posisjonen sin, og trur du vi framleis vil trykkje bøker om 50 år? Les meir om «Gutenberg­parentesen» i Perspektiv Skulestudio.

141


K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Lag 2–3 fordi-setningar som forklarar kvifor boktrykkjar­ kunsten vart så viktig.

best, og fekk trykt nye opplag av nettopp dei. Folk begynte å lese det same overalt. Bøkene fekk same standardar på format, typografi og utsmykking. Boka vart eit masseprodukt. Latin var eit felles språk for dei lærde. Men snart begynte boktrykkjarane også å ta i bruk folkespråka for å nå ut til eit endå større publikum. Dette gjorde sitt til å løyse opp den einskaplege kulturen frå mellomalderen, som var dominert av latin og kristendom. Alt dette tok tid. Vi skal vere forsiktige med å overdrive dei sosiale verknadene av boktrykkjarkunsten på kort sikt. Leseferdigheitene var ikkje så store. På 1500talet var det kanskje fem prosent av befolkninga på landsbygda som kunne lese. I byane var prosenten høgare, og han steig utover på 1600- og 1700-talet.

in g

HISTORIE

Å lære av det nye

til

Quinten Matsys: «Pengeutlåna­ rane» (1514). Studer biletet. Kan du finne teikn på at dette er eit måleri frå renessansen og ikkje frå mellomalderen?

vu

rd

er

Frå ca. 1450 fekk Vest-Europa ei leiarstilling i verda som har vart nesten fram til vår eiga tid. Nokre historikarar meiner at vi må heilt tilbake til 1000-talet for å finne noko av forklaringa på Vest-Europas dominans. Då skaut folkeauken i Vest-Europa fart, mens han stagnerte i Bysants og den arabiske verda. Oppdaginga av sjøvegen til Amerika var avgjerande. Europearane tileigna seg store oversjøiske landområde. Dei gav marknader for ferdige produkt og forsynte Europa med råvarer. Etter kvart kunne også befolkningsoverskotet i Europa ­emigrere til Amerika. Europearane møtte avanserte sivilisasjonar, og dei konkurrerte med kvarandre om erobringar og forteneste. Dei vart utfordra på ein annan måte enn kinesarane på deira sjøreiser. Europearane reiste ut med ein misjonerande religion som motiverte til meir kontakt med folka dei møtte i den nye verda. Dessutan kom europearane til noko heilt nytt og ukjent. At Amerika faktisk fanst, var eit bevis på at den samla kunnskapen som eksisterte i Europa, ikkje var fullsten­ dig. Den gamle verda sat ikkje inne med alle svar. Europearane kom over enorme landområde, menneske, dyr og plantar som ingen hadde lese om – ikkje eingong i Bibelen! Den oversjøiske ekspansjonen var ein kraftig inspirasjon til ei ny haldning til det å få kunnskap og innsikt. Ein måtte sjølv sjå seg om i verda, skaffe seg erfaringar, ­utforske kloden. Det var ikkje nok å lese gamle skrifter som ein gjekk ut frå var ufeilbarlege.

Teknikk og vitskap blir knytte saman

Ku

n

I jordbrukssamfunnet vart stabilitet verdsett framfor forandring. Jordbruk og hus­ dyrhald var basert på erfaring frå slektsledd til slektsledd. Feilslåtte eksperiment kunne bli ein dyr lærepenge i samfunn som ofte levde på kanten av svolt og ­hungersnaud. Difor var det lite rom for nytenking. Teknologisk sett var jordbrukssamfunna nokså stilleståande. Gammal og kjend teknologi vart nok forbetra, men lite heilt ny teknologi kom til. Nye oppfinningar som faktisk vart utvikla, vart i liten grad tekne i bruk. Det blir hevda at grekarane fann opp dampmaskinen alt i antikken. Men kva vart maskinen brukt til? Til å opne ­dørene i eit tempel. Det fanst nok muskelkraft til å gjere jobbane. Aristokratiet, store jordeigarar, keisarar og kongar kunne setje folk lenger nede i hierarkiet til å arbeide for seg. Arbeid var ikkje noko for dei mektige i samfunnet, det var noko «vanlege» ­menneske dreiv med. Litt forenkla kan vi seie det slik: Overklassen i alle jordbruks­ samfunn har sett med forakt på fysiske aktivitetar, med unntak av jakt, leikar (t.d. riddarturneringar) og krigføring.

142


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Kyrkjedøra i Wittenberg i dag. Her hengde Luther ifølgje ­legenda opp dei 95 tesane sine for ca. 500 år sidan.

er

in g

Gjennom hundreåra har denne haldninga smitta over på gruppene i samfunnet med mest utdanning og danning. Dei lærde har vore ein del av overklassen. Anten var dei det frå fødselen av, eller så vart dei det gjennom utdanninga dei fekk. Dei lærde tok til seg overklassesynet på fysisk arbeid – dei var ikkje interesserte. Dermed vart vitskap og teknologi skilde frå kvarandre. Det var lite kontakt mellom desse sfærane. Etter mellomalderen vart dette skiljet gradvis brote ned. I Europa vart teori og ­intellektuell verksemd knytte saman med manuelt arbeid på ein måte som ikkje hadde skjedd før. På 1400- og 1500-talet kom det tekniske framsteg i stadig større tempo: Europa vart leiande innanfor støyperiteknikk, metallutvinning og skipsbyg­ ging. Krut vart brukt i gruvedrift. Vasshjulet var ei gammal oppfinning, men vart no utvikla til nye formål. Det dreiv pumper som fekk vatn vekk frå gruvesjaktene, slik at ein kom seg djupare inn i berget enn før. Blåsebelgar og hammarverk gjorde ­produksjonen av jern mykje meir effektiv enn før.

Kva kan forklare at teori og praksis fann kvarandre på nye måtar?

vu

rd

Svartedauden og pestepidemiane som følgde, førte til knapt med arbeidskraft. Mindre tilgang på muskelkraft kan ha auka behovet for å utvikle ny arbeidssparande teknologi. Den gryande kapitalismen medverka også til å bryte ned skiljet mellom teori og praksis. I ein kapitalistisk økonomi leitar ein heile tida etter nye måtar å gjere ting på, slik at ein kan tene meir pengar. Dermed endra haldningane seg, også i eliten. Dei lærde vart opptekne av mekaniske innretningar, korleis dei kunne forbetrast og gjere arbeidet meir effektivt. Boktrykkjarkunsten gjorde at ny praktisk kunnskap vart spreidd i eit omfang som hadde vore umogleg tidlegare. Det sette fart i endrings­prosessane.

Reformasjonen

Ku

n

til

31. oktober 1517, i byen Wittenberg i Tyskland: Lyden av hammarslag rungar på ein uvanleg stad. Det er universitetsprofessoren i teologi her i byen, den 34 år gamle Martin Luther, som spikrar opp nokre store ark på døra til slottskyr­ kja. Dei som nærma seg kyrkjedøra, kunne lese 95 kritiske tesar (påstandar, læresetningar) om kyrkja. Slik lyder legenda om den storhendinga som innleidde reformasjonen, ei rørsle som skulle splitte kyrkja, utløyse endelause feidar i åra som følgde, og endre det politiske kartet i Europa. Vi seier «legenda», for det er nok ikkje rett at Luther spikra opp tesane sine på kyrkjedøra. Det er ei forteljing som stammar frå ein av Luthers gode venner og støttespelarar, som kom til Wittenberg først mange år seinare, og som sidan har vore gjenteken ukri­ tisk. Sannsynlegvis sende Luther tesane sine til biskopane i fleire tyske byar og til nokre lærde venner. Luther tok særleg opp ordninga med avlat. Avlat gjekk ut på at folk kunne bli tilgitt syndene sine og sleppe straff. Når ein kristen har angra og vedkjent si synd, får han Guds nåde og unngår evig fortaping. Likevel må han gjere bot her i verda, til dømes med gode gjerningar, pilegrimsvandringar eller almisser. Dette tankegodset vart utvikla til ein avlatshandel: Ein

Martin Luther (1483–1546).

143


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Les meir om Martin Luther var ikkje den einaste som kritiserte kyrkja, og etter kvart voks det fram fleire opprør mot rolla som kyrkja spelte i samfunnet. Det kan du lese meir om i Perspektiv Skulestudio.

kunne sleppe desse botshandlingane ved å kjøpe avlatsbrev. Sidan avlatsbreva kosta pengar, vart dei ei viktig inntektskjelde for den katolske kyrkja. Marknadsføringa av slike avlatsbrev vart meir påtrengjande på Luthers tid. Dominikanarmunken Johann Tetzel reiste rundt i tyske byar og lova tilgiving både for synder ein hadde gjort seg skuldig i, og framtidige synder dersom ein kjøpte ­avlatsbrev. Pengane skulle gå til bygginga av den nye Peterskyrkja i Roma – den kyrkja som står der i dag. Som salsargument for avlatsbreva skal Tetzel ha påstått at paven hadde så stor makt både i himmelen og på jorda at dersom han lova ­tilgiving, måtte Gud berre godta det! Tetzels aggressive avlatshandel var den utløysande årsaka til at Luther skreiv ­tesane sine. Men retta Luthers kritikk seg berre mot misbruket av avlat og penge­ suget i kyrkja, eller mot den katolske kyrkja meir generelt? Ynskte han å endre den katolske kyrkja innanfrå, eller styrte han heilt frå starten mot eit brot? Desse spørsmåla har vore mykje diskuterte. Mange teologar imøtegjekk i alle fall tesane hans, fordi dei – same kva som var Luthers siktemål – vart oppfatta som ­farlege for autoriteten til paven og økonomien i kyrkja. Dermed var det sett i gang ein prosess som raskt førte til uforsonlege motsetningar. Reaksjonane frå teologane førte til at Luthers kritikk vart meir radikal og om­ fattande. Han avviste den katolske læra om at ein måtte vere knytt til kyrkja for å kunne få frelse. Dermed forsvann mykje av det kyrkja bygde eksistensen sin på. Det var strengt teke ikkje nødvendig med noko mellomledd mellom det enkelte mennesket og Gud. Luther avviste dei fleste sakramenta, helgendyrkinga, pilegrimsferdene, ja, sjølve pavestolen – alt saman var menneskelege påfunn utan belegg i Guds ord. I 1520 vart Luther oppfordra til å trekkje tilbake påstandane sine innan 60 dagar. Med sikker sans for effektar brende Luther offentleg brevet med kravet frå paven. Dermed vart han bannlyst, og ein open konflikt med pavekyrkja var eit faktum.

Europa blir splitta

Desse avsnitta peikar på at Europa vart splitta i ein ka­ tolsk og ein protestantisk del. Kva kjenneteiknar denne splittinga? Kan vi finne de­ linga igjen i Europa i dag?

144

Brotet med pavekyrkja førte etter kvart til full splitting i Europa mellom ei katolsk og ei protestantisk verd. Utover 1500-talet gjekk England, Nederland, Sveits, Skottland og dei skandina­ viske landa over til forskjellige former for protestantisme. Dei tyske områda vart delte. Keisaren gjekk sterkt inn for katolisismen. Men mange tyske fyrstar støtta Luther og lutheranarane, som tilhengjarane hans vart kalla. Fyrstane lét lutherana­ rane organisere kyrkje- og skulelivet. Kyrkja vart omorganisert med fyrsten sjølv som øvste autoritet. Dermed kunne også fyrstane overta gods som hadde høyrt til den katolske kyrkja. Stadig fleire katolikkar innsåg at den katolske kyrkja måtte svare på utfordrin­ gane ved sjølv å fornye seg. Det er bakgrunnen for motreformasjonen, der særleg jesuittordenen fekk mykje å seie. Medlemmene av jesuittordenen kunne ikkje tvile på noko av det paven sa, og dei sette lydnad og disiplin høgt. Ei årsak til at jesuittordenen fekk stor innverknad, var at han la så sterk vekt på god utdanning. Jesuittskulane bygde raskt opp eit omdømme for dei gode resultata sine, og dei trekte til seg elevar frå elitesjiktet i samfunnet. Dersom ein fyrste knytte til seg rådgivarar som var jesuittar, kunne heile fyrstedømme vinnast for pavekyrkja.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Bokbål Reformasjonen utløyste ein hard kamp om menneskesjelene, og pavekyrkja prøvde å få kontroll over tankar og meiningar hos folk. Slik kontroll var blitt mykje vanskelegare etter at boktrykkjarkunsten gjorde det mogleg å spreie propagandaskrifter og bøker. Sensur vart organisert gjennom den pavelege inkvisisjonen, som sette opp ei lang liste over forbodne bøker. Men også andre enn pavekyrkja tok i bruk hardhendte ­metodar. På fleire tresnitt er Luther framstilt der han brenner «gudlause bøker som ­talar om rettane til pavestolen». Bokbål flamma opp over Europa.

Eit nytt verdsbilete Gjennom oppdagingar av ukjent land, gryande kapitalisme og religiøse reforma­ sjonsrørsler braut Europa litt etter litt opp frå verdsoppfatninga og tenkjemåten i mellomalderen. Renessansen sette spørsmålsteikn ved etablerte sanningar og lyfte fram ­moglegheiter og skaparkraft hos mennesket. Denne haldninga vart ført vidare og forsterka i det som i ettertid er kalla vitskapsrevolusjonen: framveksten av ein sjølvstendig vitskapleg tenkjemåte, frigjord frå religionen. Mot slutten av 1500-talet og utover på 1600-talet stod det fram myndige ­filosofar med ei ny livshaldning. Ein av dei fremste var engelskmannen Francis Bacon (1561–1626), som meinte at ein måtte begynne med blanke ark for å b ­ yggje opp sikker kunnskap. Berre erfaringar, observasjonar og eksperiment var sikre ­kjelder til sann kunnskap. Det er bakgrunnen for at Bacon blir omtalt som erfaringsfilosof. Andre filosofar på denne tida meinte at sansane ikkje var til å stole på, og heldt fram at sann kunnskap berre byggjer på fornufta. Berre strengt logiske konklusjonar kunne aksepterast som sanningar, slik vi kjenner det frå matematikken. Den mest kjende av desse fornuftsfilosofane var franskmannen René Descartes (1596–1650).

Francis Bacon (1561–1626).

Galilei og kampen med kyrkja Det som fekk aller mest å seie, var likevel omveltingane innanfor astronomi og ­fysikk. Italienaren Galileo Galilei (1564–1642) blir rekna som grunnleggjar av den matematiske fysikken. Han braut radikalt med det kyrkja lærte om at universet var delt i to skilde delar: Den himmelske var uforanderleg og evig, mens alt kunne gå under og bli endra der menneska budde, i den jordiske sfæren. Galilei meinte at den fysiske verda ikkje er noko anna enn det mekanisk-matematiske systemet som fysikken beskriv. Han var overtydd om at jorda bevegar seg rundt sola – ikkje omvendt. Galilei hadde forløparar. Polakken Nikolaus Kopernikus (1473–1543) hevda at jorda ikkje stod still, men at ho roterte rundt sola, ein tese han hadde kome fram til ut frå matematiske kalkylar. I 1609 konstruerte Galilei det mest avanserte teleskopet på den tida, og vende det mot himmelen – det var ikkje gjort før. Han kunne dermed observere at Kopernikus’ teoriar var rette, og han kunne sjå at månen hadde fjell og dalar. Himmellekamane var av same substans som jorda, i motsetning til det kyrkja hevda. Galilei meinte også at ein ikkje burde forstå skapingsforteljinga i Bibelen bokstavleg, og at ein generelt burde halde religion og vitskap frå kvarandre. Det som så hende, viser kor brysam ei slik lære var for kyrkja. Ho forbaud det skriftet som hadde inspirert Galilei, Kopernikus’ bok om himmellekamar, heile 73 år

145


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Galileo Galilei viser teleskopet sitt, Venezia 1609. Kva var det med denne perioden som skapte slik kunnskapstørst?

Galilei vart sett i husarrest, og teoriane hans vart erklærte som «uakseptable». Kva var det i Galileis lære som provo­ serte kyrkja så mykje? Kunne ein teori ha utfordra religionen på same måten i dag, trur du? Kva seier dette om posisjonen til kyrkja før og no?

etter at det var utgitt. Men Galilei heldt fram med å målbere det nye synet på univer­ set, og han var eit førebilete på grunn av arbeidsmetodane sine. Han var alltid villig til å endre hypotesane og teoriane sine dersom observasjonar og eksperiment ikkje støtta dei. Kyrkja tvinga han til å ta tilbake det han hadde sagt, og gav han husarrest i Firenze. Kyrkja erklærte at det heliosentriske verdsbiletet som plasserer sola i sentrum, var «filosofisk falskt og teologisk uakseptabelt». Men trass i motstanden frå kyrkja var det umogleg å stanse frammarsjen av det nye verdsbiletet.

Nye land kjem opp Den oversjøiske ekspansjonen utløyste blodige krigar mellom europeiske land om koloniar, om herredømmet på havet og om makta i Europa. Spania og Portugal var først ute med å utnytte ressursane i Amerika, men snart kom andre land etter. På 1500-talet vart England ei leiande handelsmakt. Engelskmennene dreiv han­ del med spanske kolonistar, og dei kapra spanske skip som kom med sølv frå dei rike gruvene i Sør-Amerika. Denne piratverksemda er ein del av bakgrunnen for at den spanske kongen sende heile krigsflåten sin mot England i 1588, men det enda i eit knusande nederlag for spaniarane. Spania kom aldri skikkeleg på fote igjen, trass i det store koloniriket sitt.

Motpolane Spania og Nederland Spania var kanskje det mest katolske landet i Europa. Fleire menneske tente kyrkja som munkar eller prestar enn i noko anna land. Korstogsånda var sterk. Dette sær­ trekket skreiv seg etter alt å dømme frå at det spanske samfunnet i hundreår hadde vore i krig og konflikt med muslimske herskarar.

146


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Forfølgingar av muslimar og jødar førte til at Spania mista mange av sine beste kjøpmenn og handverkarar. Nødvendige varer, først og fremst korn, måtte importe­ rast, og Spania hadde sjølv ikkje så mykje å byte med. Mykje av sølvet som kom frå koloniane, strøymde nordover i Europa som betaling for dei varene Spania trong. Mot slutten av 1500-talet og fram mot 1650 står Nederland på mange måtar fram som ein motpol til Spania. Landet hadde ein driftig borgarklasse, det hadde Europas høgaste bruttonasjonalprodukt per innbyggjar, og dreiv omfattande ­handel. Amsterdam var det viktigaste finansielle sentrumet i Europa heilt fram til den franske revolusjonen i 1789. Det har vore mykje diskutert om kalvinismen, som stod sterkt i Nederland, var ei åndeleg rørsle som i seg sjølv førte til økonomisk framgang. På same måten som lutheranarane meinte kalvinistane at frelse var noko ein fekk berre gjennom Guds nåde. Men kalvinistane hadde ein tilleggsteori: Dersom ein greidde å leve eit ærleg og nøysamt liv og investere overskotet sitt i ny verksemd i staden for å sløse det bort, var det eit sikkert teikn frå Gud på at ein høyrde til dei utvalde. Økonomisk suksess tydde på at frelse var innanfor rekkjevidde. Historikarar i dag er meir var­ same enn før med å trekkje ei direkte årsaksline mellom kalvinisme og kapitalistisk ekspansjon. Men vi kan heller ikkje sjå bort frå at det kan vere ein samanheng. Befolkninga i Nederland hadde fordel av trykkjefridom, ytringsfridom og religi­ onsfridom som ikkje noko anna land i Europa kunne vise maken til. Jødar og andre forfølgde religiøse minoritetar søkte tilflukt her. I rak motsetning til det som hende i Spania, trekte Nederland til seg store skarar høgt kvalifiserte immigrantar som ­medverka til vekst og framgang.

Kva hende i Nord-Amerika? Utover på 1600-talet vart Nederland og England dei leiande handelsmaktene i Europeiske koloniar i Nord06_29 Amerika rundt 1750. Europa, etterfølgde av Frankrike og Sverige. Spania og Portugal fekk mindre betyd­ ning. Den endra maktbalansen kom også til å prege utviklinga i Nord-Amerika, der handelsmaktene la ­under seg nye område. Engelskmennene grunnla Jamestown, som vart opptakten til kolonien Virginia. Det nederlandske handelskompaniet Det vestindiske kompaniet grunnla Ny Amsterdam, som seinare fekk namnet New York. Nederlendarane kjøpte i 1624 ei øy Hudsoni Hudsonelva frå ein indianarstamme som heitte bukta Manhattan. Prisen skal ha vore 24 dollar! Quebec kom på franske hender, og svenskar bu­ Quebec sette seg i Delaware. Frå midten av 1600-talet sette Montreal det inn ei stor emigrasjonsbølgje frå England, og dei Boston New York britiske kolonistane kom til å dominere heile den aust­ Philadelphia lege delen av dagens USA. Dei svenske og dei neder­ Jamestown landske områda vart innlemma i dei britiske koloniane, STILLEAT L A N T E R New som utover på 1600-talet vart frihamn for religiøse mi­ Orleans H AV E T H AV E T noritetar som var utsette for forfølging og undertryk­ Mexicoking i Europa: kvekarar, baptistar, kalvinistar og andre. golfen I Nord-Amerika fann ikkje eventyrarane og kolonis­ Mexico Grensene i dag tane rike sivilisasjonar, som i Mellom- og Sør-Amerika. Britisk område Urbefolkninga budde i landsbyar og dreiv jordbruk eller Fransk område levde av jakt og fiske. Men på eitt tragisk punkt gjentok Spansk område historia seg: Europearane tok med seg bakteriar som 170˚

90˚

60˚

50˚

50˚

40˚

40˚

30˚

30˚

20˚

20˚

10˚

120˚

110˚

100˚

90˚

80˚

70˚

147

10˚


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, 06_31 nye verdsbilete

Trekanthandelen. Sjå på kartet. Kva følgjer fekk koloniseringa for kvart av kontinenta?

Ferdigvarer som bomullstøy NORDAMERIKA

Befolkningsoverskot

Matplantane potet og mais, ukjende i Europa Råvarer som sukker, bomull og tobakk EUROPA

Sterk folkeauke

Urbefolkninga døyr. Europeiske nybyggjarar Ferdigvarer som bomullstøy

SØRAMERIKA

Slavar

AFRIKA Slavehandel og væpna tokt frå kystbyar inn i landet for å skaffe slavar. Samfunn blir øydelagde

urbefolkninga ikkje hadde noko immunforsvar mot. Millionar av menneske bukka under for sjukdommar som var harmlause for europearane, men dødelege for indianarane. På dei karibiske øyane vart det midt på 1600-talet etablert mange store sukker­ plantasjar. Det vestindiske kompaniet meinte at det låg forlokkande moglegheiter for økonomisk forteneste i produksjon av sukker for den europeiske marknaden. Det var rett. Marknaden i Europa voks kraftig. Den samla produksjonen av ­sukker i Amerika vart tidobla frå tidleg på 1600-talet til midten av 1700-talet. Dermed fekk også slavehandelen eit kraftig oppsving. Importen av slavar spreidde seg raskt til plantasjar på det nordamerikanske fastlandet, der det særleg vart produsert bomull. Eksakte tal for slavehandelen over Atlanterhavet finst ikkje. Men fram til slaveriet vart avskaffa midt i 1860-åra, vart det kanskje frakta 12 millionar slavar til Amerika. Rundt 170 skip la kvart år ut frå Afrika med slavar om bord. Også norske og danske skip var aktivt med i denne trafikken. Dei menneskelege lidingane slavehandelen førte med seg, finst det ingen målestokk for.

Kongemakta blir sterkare einskapsstat: stat der det politiske myndet er samla i nasjonale organ og institusjonar

148

«Den sterke kongemakta» er ei overskrift som ofte blir brukt om tidsrommet frå slut­ ten av mellomalderen til fram mot midten av 1700-talet. Men det var store skilnader frå land til land. Dessutan deler historikarane ofte perioden i to underperiodar for å få fram viktige endringar undervegs: Tida mellom ca. 1450 og 1650 er perioden for den dynastiske staten. Frå 1650 veks einskapsstaten fram.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

50˚

Kartet viser Habsburg-dynastiet på høgda av si makt under Karl 5. (keisar 1519–1556).

Brussel

Wien 40˚

Madrid Napoli

30˚

Vi møtte omgrepet dynasti i avsnitta om Kinas historie (sjå side 115). Det inne­ ber at posisjonen som statsoverhovud går i arv innanfor ein og same familie, og at den same familien sit med makta i fleire generasjonar. Ein kongefamilie som sit lenge med makta, er eit dynasti. At familiar sat med makta gjennom fleire slektsledd, var ikkje noko nytt i Europa. Grunnen til at ein brukar omgrepet dynastisk stat om dei 200 åra frå 1450 til 1650, er at slektskap og familieband fekk så mykje å seie for kven som sat med makta over svære territorium. Giftarmål og arv vart brukt som aldri før for å sikre seg makt og innverknad. Det vart etablert imperium som var nasjonalt og etnisk lite einsarta, men ein prøvde å halde dei saman ved hjelp av dynastiet heilt på toppen.

Les meir om Habsburg-monarkiet vart omtalt som «imperiet der sola aldri gjekk ned». Les meir om dette gigantiske riket i Perspektiv Skule­ studio

Fire lange liner La oss sjå på nokre hovudtrekk i den lange utviklinga fram mot ei sterkare kongemakt: Økonomi. Pengeøkonomien vart viktigare. Det gav ein sterkare borgarklasse som kongane kunne samarbeide med og støtte seg til. Men kongane ville ikkje gi borga­ rane meir makt og innverknad enn nødvendig. Krigar. Kostbare leigehærar kom i staden for dei gamle hærstyrkane som adels­ menn hadde hatt ansvar for å rekruttere. Krutvåpena vart meir effektive, og kampen om marknader og koloniar gjorde at det trongst ein sterkare krigsflåte. Alt dette kravde ein sterkare stat som førte til samling om kongemakta. Kamp om koloniar og herredømme på sjøen skapte gryande nasjonalkjensle som trekte i same retning. Rolla til adelen. Adelen tapte terreng som krigarstand. Adelsmennene prøvde å tilpasse seg den nye situasjonen som best dei kunne, ved å støtte kongen og sikre seg retten til dei høgaste stillingane i staten. Samtidig prøvde adelen å halde på dei gamle privilegia sine. Stat – kyrkje. Kongane fekk makt over kyrkja eller sikra seg i det minste støtte frå henne. Monarkane kunne utnytte den religiøse splittinga etter reformasjonen til fordel for seg sjølv og staten.

149


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Teksten nemner fire hovud­ trekk som gjorde at kongen fekk meir makt. Skriv fire setningar som summerer opp desse trekka.

Desse hovudtrekka må ikkje få oss til å gløyme at utviklinga også var prega av ulik­ skapar mellom forskjellige land. Til dømes var det ikkje slik at det var samarbeid mellom stat og kyrkje berre innanfor éi religionsform. Kongar samarbeidde med protestantar i dei nordiske landa og i Storbritannia, og med katolikkar i Frankrike, Spania og Polen. Storriket i aust, Russland, gjekk på mange måtar sin eigen veg. Der støtta kongemakta seg til adelen. Men eitt fellestrekk var at endringar i måten krigar vart ført på, fekk mykje å seie for utviklinga av staten. Det må vi sjå litt nærare på.

Krigen gjer staten sterkare Den fremste krigsmannen i mellomalderen var ryttaren – adelsmannen til hest. Stigbøyelen var ei oppfinning som europearane fekk frå mongolane, og som gjorde at ein sat mykje fastare på hesteryggen. Etter at stigbøyelen kom i bruk, hadde ­fotfolket lite å stille opp med. Ved utgangen av mellomalderen fekk fotfolket, infanteristane, større betydning Det kongelege slottet i Praha 23. mai 1618. Tre embetsmenn blir kasta ut av vindauget. Kvifor vart dei det?

150


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

igjen. Det kom av at hærar med fotfolk vart mykje betre organiserte og leidde enn tidlegare. Skytevåpena fekk større eldkraft og vart meir treffsikre. Utover 1400-talet fekk ryttarane tjukkare og tyngre rustningar i håp om at dei kunne stå imot kuler og krut. Til slutt var dei så tunge at ryttarane ikkje kunne bevege seg. Rundt 1500 var rustningane blitt museumsgjenstandar. Endringane er kalla den militære revolusjonen. Dei nye hærane i Europa omfatta et­ ter kvart alle dei våpengreinene vi kjenner i dag: kavaleri, infanteri og artilleri. Samspelet mellom våpengreinene avgjorde dei mange krigane i Europa på 1500- og 1600-talet. Dermed vart også krigane mykje dyrare. Berre fyrstar som hadde råd til å betale for heile det kostbare krigsmaskineriet, kunne gjere seg gjeldande i storpolitikken. Å skaffe pengar til krig var ein konstant hovudverk for kongane, men samtidig var det om å gjere for kongemakta å halde liv i krigane så lenge som råd. Jo meir krigføring, jo enklare var det for kongane å få gjennomslag for ynske om meir pen­ gar gjennom skattar og avgifter. Meir skattar kravde meir byråkrati og administra­ sjon. På denne måten vart krigane noko som fekk statsveksten til å skyte fart.

Trettiårskrigen Det kongelege slottet i Praha 23. mai 1618: Ei gruppe protestantiske adelsmenn trengjer seg inn i ein av dei staselege salane og kasta tre keisarlege embetsmenn ut av det næraste vindauget. Alle tre overlevde fallet fordi det låg ein svær haug med møkk rett under. Hendinga er det mest kjende dømet i verdshistoria på det som med eit framand­ ord heiter defenestrasjon, som har vore ein måte å vise djup politisk forakt på. Protestantar i Praha og resten av Bøhmen var djupt frustrerte over det dei oppfatta som religiøs undertrykking frå keisarmakta. Det som begynte som ein religiøs strid i Bøhmen, skulle utvikle seg til ein euro­ peisk storkonflikt med det spansk-habsburgske riket, Frankrike og Det tysk-romer­ ske riket i hovudrollene. Også Sverige og Danmark-Noreg var med. Krigen varte meir eller mindre samanhengande i 30 år og var ein katastrofe, særleg for sivil­ befolkninga i dei tyske områda. Bortimot 20 prosent av befolkninga døydde som følgje av plyndring, svolt og epidemiar i kjølvatnet av krigen. Det grufulle blodbadet er ikkje einaste grunnen til å trekkje fram trettiårskrigen. Mange av dei viktigaste konfliktlinene i tida vart synlege i denne krigen: religiøse spørsmål som var innvovne i storpolitikk, økonomi, tryggleiksbehov og personleg prestisje for fyrstane. På grunn av dei enorme kostnadene ved den langvarige ­krigen måtte kongane også rekruttere soldatar frå heimlandet, ikkje berre basere seg på leigesoldatar. Under trettiårskrigen voks det for første gong fram nasjonale hærar. Det var ein viktig berebjelke for den nye einskapsstaten. Eit krigstrøytt Europa fekk til slutt utarbeidd ein fredsavtale i Westfalen i 1648 (sjå kartet på side 152) – den første store diplomatiske konferansen i Europas histo­ rie. Her vart grunnen lagd for statssystemet i Europa i fleire hundre år framover. Stat og nasjon vart knytte tettare saman. Vi er over i einskapsstat-epoken i Vest-Europa. I dette biletet er Det tysk-romerske keisarriket eit unntak. Den tyske keisaren var mellom taparane i trettiårskrigen. Han ynskte å etablere eit samla katolsk monarki, men dei tyske fyrstedømma fekk tvert om større sjølvstende. Keisaren vart ein nokså makteslaus gallionsfigur på toppen. I ein einskapsstat kan nasjonalforsamlinga delegere mynde til lokale einingar, til dømes kommunar, gjennom vanlege lover. Noreg er i dag ein einskapsstat. Tyskland er derimot ein forbundsstat. Der er myndet som delstatane har, fastsett i grunnlova.

kavaleri: soldatar som kjempar til hest, i dag med stridsvogner infanteri: fotsoldatar artilleri: soldatar utstyrte med kanonar defenestrasjon: frå latin: de = ut av, fenestra = vindauge einskapsstat: stat der den politiske makta er samla i nasjonale organ gallionsfigur: eigentleg fellesnamn på figurar festa til baugen på segl­ skip, men nemninga blir også brukt om ein fram­ ståande person utan reell makt

151


K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

06_32_1

I hovudrollene under trettiårskri­ gen stod Frankrike og Det tyskromerske riket, men også Sve­ rige og Danmark-Noreg deltok. Krigen hadde utgangspunkt i ein religiøs strid i Praha og resten av Bøhmen. Sjølve krigshandlin­ gane var svært uoversiktlege sidan spreidde plyndringar var ein stor del av taktikken til ­partane som krigast.

ENGLAND

DANMARK-NO RE G

HISTORIE

SVERIGE

DEI SAMEINTE NEDERLANDA DET TYSKROMERSKE RIKET Praha

FRANKRIKE Grense for Det tysk-romerske riket i 1648, etter at krigen var slutt Grensene i dag

SPANIA

Manglar ved eineveldet Historikarane har oftast teke for seg to vesteuropeiske land for å få fram kor ulikt styringsformene kunne utvikle seg i dei 100 åra etter trettiårskrigen og fram til midten av 1700-talet. Dei to landa er Frankrike, som fekk ei eineveldig styringsform, og England, som utvikla seg i retning av eit avgrensa, eller konstitusjonelt, monarki. «Staten – det er meg!» Du har kanskje høyrt denne utsegna før, som skal skrive seg frå Ludvig 14., som var konge frå 1643 til 1715 i Frankrike. Orda samanfattar det viktigaste ideologiske innhaldet i eineveldet. Ein fransk biskop som sjølv levde på Ludvig 14.s tid, skreiv dette:

Kongemakten er for det første hellig, for det andre faderlig og for det tredje uinnskrenket. Fyrsten handler som Guds tjener og som hans stedfortreder på jorda. I kraft av dette utøver han sitt herredømme. Vi ser altså at den kongelige tronen ikke er et menneskes trone, men Guds egen trone. Kongene skal utøve sin makt med ærefrykt og bare bruke den til det allmenne beste. Denne makt kommer fra himmelen, men derfor må de ikke tro at de har samme makt som Herren. De skal tjene folket i gudsfrykt og måtehold. De må huske at makten er gitt dem av Gud, og at han kommer til å kreve regnskap for hvordan de har brukt den. Sitert etter Holmboe: Historie. Den nyere tid til ca. 1750

Særleg tre trekk står sentralt i den eineveldige styreforma: • Makta til kongen går ut frå Gud. • All makt ligg i kongens hender. Han treng ikkje ta omsyn til andre grupper i ­samfunnet, som aristokrati eller borgarskap. • Kongen hadde eit sentralisert byråkrati til rådvelde. Det skulle setje avgjerslene hans ut i livet og hjelpe han med å halde andre maktfaktorar i sjakk. Slik såg styreforma ut – på papiret. Men skilnadene mellom teori og praksis var ­ifølgje nyare historieforsking større enn ein tidlegare har trudd.

152


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Ludvig 14. er den som sterkare enn nokon annan personifiserer eineveldet. Adelen mista retten til å halde eigne krigsfolk og forskansa borger. Som vi har sett, vart dei også mindre viktige på grunn av ny krigsteknologi. Krigarar med hest og rustning greidde ikkje stå imot fotfolk med skytevåpen. Kanonar skaut og øydela borgene til adelen. Makta vart sentralisert under Ludvig 14., og det gjekk ut over makta til aristokra­ tiet. Han stod sjølv på toppen og tok militære og diplomatiske avgjersler etter å ha høyrt på rådgivarane sine. I 1660- og 1670-åra sende han ut ein imponerande straum av nye lover som dekte både sivilrett, strafferett, sjøfart, handel og koloniar. Det vart bygt opp ein kultur som gjorde hoffet til den viktigaste politiske arenaen i landet, og majesteten vart dyrka som ein heilag figur. Luksuslivet ved hoffet stod i skarp kontrast til korleis vanlege menneske levde. Hoffet var eit spegelbilete av ­korleis «Solkongen» stod over alle andre. Men mange av Ludvigs nye lover vart kort og godt oversette av embetsmen­ nene som skulle setje dei ut i livet. Verken provinsforsamlingane, aristokratiet, mili­ tærstellet eller domstolane vart utraderte som sjølvstendige institusjonar. Trekk frå tidlegare styreformer levde vidare. Kongen var nøydd til å ta omsyn til personlege relasjonar, som vennskap og slektskap, når han bygde opp maktapparatet sitt. Eineveldet var ikkje absolutt.

Stenderforsamling på sidelina Den institusjonen i Frankrike som kunne samanliknast med eit parlament, var sten­ derforsamlinga. Det var eit organ med røter i mellomalderen, med representantar for dei tre stendene i samfunnet: adelen, presteskapet og tredjestanden, som var personar utan privilegium. Den franske stenderforsamlinga hadde nokså stor makt på 1300-talet, særleg i skattespørsmål, og likna dermed det engelske parlamentet. Men så gjekk utviklinga i stikk motsett retning. Parlamentet i England fekk ei større og viktigare rolle, mens stenderforsamlinga i Frankrike vart skyvd ut i kulissane. Ho vart kalla inn éin gong i 1614, men så skulle det gå heile 175 år før forsamlinga vart kalla inn igjen. Det var då den franske revolusjonen braut ut i 1789. Spegelsalen i Versailles. Kva var grunngivinga for å byggje slike overdådige byggverk? Kva slags kjelde er dette? Korleis kan du bruke denne kjelda i ein tekst om Ludvig 14.?

153


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Dette kapittelet handla om at den europeiske oversjøiske ekspansjonen fører til at verdsdelane vart knytte saman gjennom erobringar og handel at sivilisasjonane i Amerika vart utsletta. Behovet for arbeidskraft i Europa førte til massiv slavehandel over Atlanterhavet at auka handel og ein gryande kapitalisme sette ny fart i sam­ funnslivet. Dei italienske by­ statane gjekk føre i utviklinga at renessansen var eit oppbrot frå verdsbiletet og menneske­ synet i mellomalderen. Indivi­ det vart sett i sentrum at boktrykkjarkunsten revolu­ sjonerte kulturlivet. Bøker vart billigare, og kunnskapen vart mykje meir spreidd at reformasjonen splitta ­Europa politisk og religiøst at eineveldet var eit absolutt, eineveldig herredømme meir i teorien enn i praksis

Utviklinga i England 1600-talet var ein dramatisk epoke i England. I 1640-åra var landet herja av borgar­ krig. Kongen, Karl 1., vart dømd til døden og halshoggen i 1649. Parlamentet ved­ tok å avskaffe kongedømmet, og republikken var eit faktum. Oliver Cromwell, leiaren av den hæren parlamentet hadde oppretta, var den mektigaste mannen i landet. Han oppløyste parlamentet og styrte landet som eit slags militærdiktatur fram til han døydde i 1658. Somme har kalla det eit «einevelde innført bakvegen». Det var i denne urolege tida at den første bølgja av engelske emigrantar drog over Atlanterhavet til Nord-Amerika. Styresettet braut raskt saman etter Cromwell, og monarkiet vart innført igjen. Først utpå 1700-talet fekk parlamentet overtaket og la grunnlaget for det vi i dag kallar ei parlamentarisk styreform. Skilnadene mellom Frankrike og England er tona ned på nokre viktige punkt av historikarar i vår tid. Den personlege kongemakta stod sterkt i England også, med førestillingar om at kongen hadde fått makta si direkte frå Gud. Fleire engelske 1600-talskongar styrte som om dei hadde eineveldig makt, slik dei franske kongane gjorde i same perioden. Både i Frankrike og England spelte adelsmenn og andre stormenn ei viktig rolle. Noko byråkrati i den moderne tydinga av ordet hadde verken Frankrike eller England. Like fullt veit vi at utviklinga i dei to landa gjekk i ulik retning. Parlamentet i England hadde lange tradisjonar, heilt tilbake til 1100-talet. Det hadde mynde til å lage lover, sjølv om dette myndet stort sett berre vart brukt i krigssituasjonar når det var nødvendig å krevje inn nye skattar. Men det viktigaste var at institusjonen eksisterte. Parlamentet kunne ta på seg nye oppgåver, dei heldt stadig oftare møte, og med­ lemmene sat lenger saman. Det inneber ikkje at England var demokratisk i vår tyding av ordet, for røysteretten var sterkt avgrensa. Parlamentsmedlemmene tente interes­ sene til den overklassen dei sjølve høyrde til, og parlamentet gjekk ikkje til kamp mot kongemakta – tvert imot. Parlamentet og kongemakta stod som oftast saman.

Nye grupper var skeptiske til autoritetar Frå rundt 1650 samla intellektuelle grupper seg i kaffihusa i Londons for å diskutere samfunnsspørsmål og politikk. Dei var skeptiske til autoritetar av alle slag. Trykkpresser spydde ut aviser, tidsskrifter og politiske brosjyrar, som var ein fø­ resetnad for desse debattmiljøa. Engasjementet spreidde seg både sosialt og geo­ grafisk og vart ein maktfaktor som kongen og parlamentet måtte ta omsyn til. Ein britisk historikar meiner at den mest markante endringa i England på 1600-talet var at folket etter kvart vart politisk aktive. Med sin skepsis til autoritetar og si sterke tru på menneskeleg fornuft hadde denne kulturen røter i renessansehumanismen og vitskapsrevolusjonen. Folk kom saman i kafear og salongar i mange av storbyane i Europa for å drøfte politiske spørsmål. Debattkulturen bana veg for opplysningstida på 1700-talet. Litteraturliste Finn Fuglestad: Fra svartedauden til Wienerkongressen, 2010 Finn Fuglestad: Latin-Amerika og Karibiens historie, 2009 Thomas H. Greer & Lewis Gavin: A Brief History of the Western World, 1997 Gunnar W. Knutsen: Lange linjer i historien, 2010 Leidulf Melve: Europeisk politisk historie 400–1750. Frå førstatleg samband til einskapsstat, 2009 Niels Steensgaard: Verden på oppdagelsenes tid, Aschehougs verdenshistorie, 1991 Kurt Ågren: Et nytt Europa 1500–1750, Aschehougs verdenshistorie, 1991

154


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Skriv 3–5 setningar om kvifor Columbus ynskte å finne sjøvegen til India.

7 Reformasjonen og Martin Luther forandra den euro­ peiske historia. Lag ei liste over dei europeiske landa som følgde Luther og framleis er protestantiske.

2 Columbus’ reise til Amerika i 1492 forandra verdshistoria. Skriv 5–8 stikkord som summerer opp dei viktigaste endringane.

8 Trekanthandelen er eit kjent og viktig omgrep i historia. a Teikn ein enkel figur som viser kva som vart frakta kvar.

3 Skriv eit avsnitt der du grunngir kvifor sivilisasjonane i Amerika vart utsletta etter at europearane kom. 4 I dette kapittelet har du lese om årsaker til at europeiske land tok kontroll over Amerika. Skriv minst fire årsaker, to motiv (kva dei ynskte å oppnå) og to føresetnader (det som gjorde det mogleg). 5 På side 138 står det: «Kapitalismen viste seg å bli eit økonomisk system som verkeleg fekk hjula til å snurre fortare.» Skriv di eiga forklaring på kva kapitalisme er.

b Kvifor kallar vi det trekanthandel? 9 I dette kapittelet har du lese om eineveldet som styre­ form. I dag synest vi at einevelde er udemokratisk og gammaldags. Greier du å finne tre argument for å ha ­einevelde i samfunnet i dag? 10 Lag tre problemstillingar som summerer opp kapittelet. Samanlikn gjerne problemstillingane med nokre andre, og sjå om de er einige.

6 Leonardo da Vinci blir ofte trekt fram som symbolet på renessansen. Skriv 3–5 setningar om ei av oppfinningane hans eller ei av dei vitskaplege oppdagingane han gjorde.

Samanhengar

Perspektiv

1 Den europeiske oversjøiske ekspansjonen i Amerika førte til det somme kallar den kolumbianske utvekslinga. Omgrepet omfattar utveksling av plantar, dyr, matvarer, menneske, sjukdommar og idear mellom kontinenta i åra etter 1492. a Bruk internett, og lag ei liste over dei nye tinga som vart sende mellom Amerika og Europa.

1 Det budde menneske i Amerika lenge før europea­ rane kom og sette sitt preg på kontinentet. Ta ut­ gangspunkt i to av kulturane, og lag eit 3 minutts ­foredrag om den kulturen du har valt. Vel mellom mayakulturen, aztekarkulturen og inkakulturen.

b Vel ut den tingen som du meiner har hatt mest å seie for menneske i dag, og skriv eit avsnitt som grunngir valet ditt. 2 I dette kapittelet har du lært om utviklinga både i og utanfor Europa. Ta stilling til denne påstanden: «Den økonomiske og kulturelle utviklinga innetter i Europa var årsaka til at det var dei europeiske landa som tok ­kontroll over Amerika.» Grunngi svaret ditt. 3 I renessansen blir trua på vitskapen sterkare, og samtidig motarbeidde kyrkja viktige vitskaplege gjen­ nombrot, som det heliosentriske verdsbiletet. Kvifor trur du kyrkja vart så provosert over den nye vitskapen? 4 I perioden 1400–1750 går det for seg store endringar i kyrkja og kristendommen i Europa. Vil du seie at den religiøse utviklinga i perioden er prega mest av brot eller mest av kontinuitet? Grunngi svaret ditt.

2 På side 132 kan du sjå kva Columbus tenkte då han skildra innbyggjarane i Amerika i dagboka si. Tenk deg at du skal skrive eit liknande avsnitt i dagboka til ein av dei som Columbus møter. Korleis ville dei ha skildra europearane som kom over havet? Bruk opp­ lysningar frå kapittelet, og skriv dagbokinnlegget. 3 På side 145 kan du lese at Martin Luther brende det han meinte var «gudlause bøker». Bokbål og øydeleg­ ging av «farlege eller skadelege» tekstar er ikkje ukjent i historia, og heller ikkje i våre dagar. a Bruk internett, og finn tre døme på bokbål frå verds­historia. Noter ned når, kven og kvifor somme ynskte å øydeleggje bøkene. b Også i dag blir det ofte kraftige reaksjonar når nokon brenner bøker. Skriv eit avsnitt der du kjem med dine tankar om kvifor det å brenne bøker er så kontroversielt. Synest du at det skal vere lov å brenne tekstar ein er ueinig i?

155


HISTORIE

K A P 5 Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

Oppdrag 1: Personifisering av verda? Biletet på denne sida viser at det tidlegare var vanleg å framstille verdsdelane og kontinenta som personar, gjerne kvinner. I dette oppdraget skal vi sjå nærare på kva det kan fortelje oss om fortida.

Post 3 Tenk deg at du skal lage ei slik framstilling av verda i dag. Lag korte lister med motiv, gjenstandar og personar som du meiner representerer dei ulike delane av verda i dag. Gå saman med 2–3 medelevar, og lag ei moderne fram­ stilling. De kan anten teikne for hand eller bruke eit digitalt verktøy til å lage biletet dykkar.

Post 4

Post 1 Sjå på biletet. Kva for personar meiner du representerer dei forskjellige verdsdelane? Grunngi svaret ditt. Samanlikn svaret ditt med svaret til ein medelev. Greier de å bli einige?

Det finst framleis mange ulike historiske kart frå ulike tids­ epokar. Kva er grunnen til at vi menneske har vore så opp­ tekne av å teikne kart? Finst det kart som er typiske for vår tid? Snakk med ein medelev, og finn ut om de er einige.

Post 2 Kva kan bilete fortelje oss? Det er ofte slik at kjelder kan for­ telje meir om dei som har produsert kjelda, enn dei kjelda handlar om. Kva kan dette biletet fortelje om den tida og det samfunnet biletet er laga i? Skriv eit avsnitt om kva slike framstillingar fortel om synet på resten av verda. Tenk på vala av motiv og symbolbruk i biletet.

Joan Blaeu (1596–1673): «Geographia Blaviana»

156


Oppdrag 2:

Post 2

Slaveskip I dette kapittelet har du lært om trekanthandelen. Ein svært viktig del av den var slavetransporten frå Afrika over Atlanterhavet, til Amerika.

Post 1 Sjå på teikninga av slaveskipet. Tenk deg at vi skal bruke denne teikninga som ei kjelde til å forstå slavehandelen. Kva ville du ha brukt denne kjelda til? Skriv ned to påstandar om slavehandelen der du brukar biletet til å grunngi det du skriv. Samanlikn påstandane dine med det ein medelev har skrive.

Post 3 På denne sida finn du to utdrag av brev som kapteinen på «Fredensborg» skreiv til eigarane av skipet. Desse utdraga skal du bruke i podkasten din. Kva kan breva fortelje oss om Noregs rolle i slavehandelen? Kva seier kjeldene om menneskesynet til slavehandlarane?

Post 4

10. juli

Noreg er også ein del av historia om den transatlantiske slavehandelen. Eit døme på det finn du ved å søkje på sla­ veskipet «Fredensborg» på norgeshistorie.no. Du skal lage ein podkast om dette emnet. Lag minst fem spørsmål som du kan stille til ein historikar som er ekspert på dette området.

Jeg ønsker av mitt hjerte at de høye herrers og hele kompaniets velgående navn være det mest fullkomne. I går den 9. juli er vi, Gud være lovet, med 237 slaver lykkelig her [til St. Croix] ankommne. Vi seilte den 22. april med 153 mannsslaver, 78 kvinnesla­ ver, 9 pike- og 20 gutteslaver, til sammen 260 slaver og 5 slaver tilhørende Sr. Reimers, (…)

Gå saman med nokre medelevar, og lag ferdig podkasten om Noregs rolle i den transatlantiske slavehandelen. I podkasten skal de bruke kjeldeutdraga, og de skal ha med intervjuet med ein ekspert på den transatlantiske ­slavehandelen. Ein av dykk må spele historikaren.

Av disse foranførte slaver er døde 17 manns- og 6 kvinneslaver, og 5 til 6 er enda så syke at de nesten ikke vil beholde livet. Dessuten har vi med 80 lodd og 7 ½ v [?] gull og 1642 ½ pund elefanttenner i 42 stykk (…), og avdøde Gouverneur Tychsens hushol­ derske jomfrue Møller er med oss som passasjer.

7. september

Om Gud vil så akter jeg å seile tilkommende søndag, som er den 11. september, herfra. Vi har for nærværende tid i skipet 277 fat sukker, 717 pakker Porto Rico tobakk, hvorav en del holder 6 og en del 4 ruller tobakk, 4 sekker bomull, 9 tønner kanelbark og en del mahogni og Campoeche tre. Dette vil vel bli vår ladning, så som jeg på grunn av mangel og den høye pris på produktene har grunn til å frykte at vi ikke får mer.

Slaveskip, teikning frå seint 1700-tal.

Folkene er for nærværende tid alle friske, dog er en mann syk, men skipet i god seilbar stand. Ferentz Kjelde: norgeshistorie.no

157


KAPITTEL 6

Innhald:

Reformasjonen – eit politisk drama side 160 Brend på bål side 161 Nye nettverk, ny vekst side 164 Danskekongen gjer statskupp side 166 Bondesamfunnet får nok side 168 Sterkare press mot samane side 170 Inspirasjon utanfrå – kritikk innanfrå side 171 Framover mot 1814 side 172

Under dansk flagg Noreg skulle ikkje lenger vere eit rike for seg, men ein del av Danmark til evig tid, vart det slått fast då Kristian 3. vart dansk konge i 1536. Det Henrik Ibsen kalla «firehundreårsnatten», vart mørkare enn nokon gong. Var det verkeleg slik? I dette kapittelet skal vi ta for oss Noreg då landet var underlagt Danmark, og sjå korleis økonomisk framgang og kulturell vekst etter kvart la grunnlaget for større politisk sjølvstende etter 1814.

Dette har hendt Store ting har hendt ute i Europa. Spania og Portugal har sendt sjøfararar til Amerika og rundt sørspissen av Afrika til India. Snart skulle dei leiande handelsmaktene England og Nederland følgje etter. Europa ekspanderte økonomisk, politisk og kulturelt. I Noreg blir seinmellomalderen rekna som ei forfallstid. ­Svartedauden slo ned for fote her som i andre land. Det tyske hansaforbundet hadde stor økonomisk og politisk innverknad.

Aristokratiet var svekt, og det førte gradvis til tap av politisk makt. Tyngdepunktet i unionen vart liggjande i København. For vanlege menneske er det ikkje sikkert livet vart dårle­ gare, så sant dei overlevde pestepidemiane. Med ei svakare statsmakt vart skatte- og avgiftstrykket lettare. Det vart en­ klare å skaffe seg jord. Nordpå greidde fiskarbøndene seg bra.


Slik såg det ut Norden år 1660

Vardø

Dansk og norsk territorium som gjekk tapt til Sverige Grense fastsett 1826

Område som høyrde til Sverige

Omstridde grenseområde Grense fastsett 1751

N O R S K E H AV E T

Trondheims len Under Sverige til 1658–1660

Trondheim

Molde

FINLAND

Jämtland Härjedalen Under DanmarkNoreg til 1645

Ladoga Bergen Christiania Stavanger

Åbo

SVERIGE

Ingermanland

Fredrikstad

D A N M A R K - Bohuslän Christiansand

Ösel

Til 1658

Til 1645

NOREG

Gotland Til 1645

EN

RD

Skåne

Blekinge

S

Til 1658

J

Roskilde

Til 1658

Lund København

Bornholm

Holstein-Gottorp

Vorpommern Svensk 1648

Hamburg

NO

Til 1645

Svensk 1648

Livland

Göteborg

Halland

EN

Estland

Stockholm

Fredrikshald

Ø

Helsingfors

Uppsala

AU

E ST

R

S

Riga


HISTORIE

ca. 1500

K A P 6 Under dansk flagg

Oppgangssaga kjem til Noreg. Fekk mykje å seie for trelastnæringa

1537

Reformasjonen blir innført i Noreg. Det norske riksrådet blir oppløyst, og Noreg mistar sitt politiske sjølvstende

1550

Bibelen blir omsett til dansk og blir utbreidd også i Noreg

1604

Kristian 4.s norske lov erstattar den gamle landslova frå Magnus Lagabøtes tid

1624

Sølvverket på Kongsberg kjem i drift

1643

Den første boka som blir trykt i Noreg, ein almanakk (24 sider), kjem ut

1660

Eineveldet blir innført i Danmark-Noreg

1720

Den store nordiske krigen er slutt. Ein nesten 100 år lang fredsperiode tek til i Noreg

1736

Konfirmasjonen blir innført

1739

Lov om skule for alle

1763

Den første avisa i Noreg, Norske Intelligenz-Seddeler, kjem ut i Kristiania

1772

Den patriotiske foreininga Norske Selskab blir stifta i København

1796

160

Hans Nielsen Hauge står fram som predikant

Reformasjonen – eit politisk drama Første påskedag 1537 gjekk erkebiskopen i Noreg, Olav Engelbrektsson, om bord i eit skip som frakta han bort frå landet for godt. Då Olav såg norskekysten forsvinne i det fjerne, visste han godt at han hadde tapt den viktigaste kampen i livet sitt: kampen mot den framstormande lutheranismen som den nye danske kongen Kristian 3. var ein klar tilhengjar av. Det var dramatiske tider. Danmark hadde dei siste åra vore herja av borgarkrig, der ulike grupper kjempa for kvar sin kongekandidat. Kristian 3. vann til slutt drag­ kampen. Han hadde møtt Martin Luther og var sterkt tiltrekt av reformasjonen. Det låg i korta at dersom han fekk kontroll over Noreg, ville reformasjonen bli innført også her. Akkurat dette var det som hende. Men siger for reformasjonen var noko langt meir enn at det vart innført ei ny kyrkjeordning. Det innebar også at norsk politisk sjølvstende gjekk tapt. I lang tid hadde det politiske tyngdepunktet i unionen mellom Danmark og Noreg lege i Danmark. Det norske aristokratiet var svekt. Den katolske kyrkja fekk derimot ei sterkare stilling utover på 1400-talet. Eit svakare verdsleg aristokrati førte til at erkebiskopen i Nidaros og mennene hans fekk sterkare innverknad over stats­ styret. Samtidig hadde erkebispesetet fått ei meir uavhengig stilling i forhold til Roma. Det kom mellom anna av intern maktkamp og forfall innanfor kyrkja. Resultatet var at den norske erkebiskopen stod i spissen for ein organisasjon som hadde mykje sjølvstyre. Kyrkja var den største jordeigaren i landet, og erke­ biskopen var ein av dei store eksportørane av fisk til marknadene ute i Europa. Erkebispegarden var i tillegg eit sentrum for kunnskap og informasjon om forholda i andre land. Alt dette gjorde erkebiskopen til den mektigaste politiske aktøren i landet. Han var leiar av riksrådet – det høgaste statsorga­ net i Noreg. Ein ny konge måtte bli akseptert av riksråda både i Danmark og Noreg. Olav Engelbrektssons kamp for den katolske kyr­ kja i Noreg var dermed også ein kamp for det som var igjen av det politiske sjølvstendet i landet innanfor unionen med Danmark. Dette var blitt to sider av same saka. Ein dansk militær styrke dreiv Olav Engelbrektsson frå landet, og det norske riks­ rådet vart oppløyst. Kristian 3.s handfesting gjorde det klart at Noreg skulle ha same sta­ tus som danske område, som Jylland, Fyn og Sjælland. Noreg vart meir enn før underlagt Danmark. Grunngivinga var at Noreg ikkje lenger hadde kraft til å vere eit eige rike.

Kva vart følgjene? Vart Noreg verkeleg ein dansk provins? Innebar reformasjonen at alt sjølvstende gjekk tapt? Spørsmålet har vore mykje diskutert. Særleg historikarar på 1800-talet skildra reformasjons­ perioden som ein djup bølgjedal for landet.

Kristian 3., konge av Danmark-Noreg 1536–1559.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

I dag er biletet justert ein god del. Etter 1537 var det rett nok ikkje noko riksor­ gan som representerte Noreg. Den kongen det danske riksrådet valde, vart auto­ matisk konge også i Noreg. Det er ingen tvil om at Noreg vart underordna Danmark. Men Noreg vart ingen dansk provins. Landet vart framleis rekna som eit konge­ rike. Det kom tydeleg fram då andre fyrstar i Norden hevda at dei hadde arverett til den norske trona – då heldt både Kristian 3. og etterkomarane hans hardt på at dei var kongar av Noreg. I traktatar og dokument vart omgrepet «Noregs rike» stadig brukt. I andre halvdelen av 1500-talet vart det også oppretta fleire embetsstillingar med mynde over det norske området. Den viktigaste var statthaldaren. Statthaldaren skulle halde oppsyn med andre embetsmenn og passe på at dei ikkje dreiv med ulovleg skattlegging eller undertrykte vanlege folk på andre måtar. Han skulle også ha tilsyn med godset til kongen og ha oppsyn med biskopane. Den viktigaste endringa på kort sikt som følgje av reformasjonen var at kongen fekk meir økonomisk makt, og at det gjekk ut over kyrkja. All jordeigedom som tid­ legare hadde høyrt til kyrkja, både i Danmark og Noreg, kom no på kongens hen­ der. I Noreg vart kongen den største jordeigaren, og det vart dermed skapt eit øko­ nomisk grunnlag for å byggje ut ei sterkare statleg forvaltning, som igjen førte til tyngre skattlegging. Men desse verknadene vart for alvor merkbare først utover på 1600-talet. Korleis merka vanlege folk i by og bygd omlegginga i 1537? Dei merka nok ikkje stort til det. Helgendyrking skulle det vere slutt på, relikviar forsvann, og gudstenesta skifte form. Men det tok tid før det nye slo gjennom. Kongen gjekk forsiktig fram dei før­ ste tiåra, truleg for å unngå reaksjonar og protestar. På eitt viktig område vart konsekvensane merkbare. I dei aller fleste land gav re­ formasjonen eit kraftig oppsving for eit nasjonalt skriftspråk fordi forkynninga skulle vere på landets eige språk. I Sverige og Island vart Bibelen omsett til nasjonalsprå­ ket, men ikkje i Noreg. I 1550 vart Bibelen omsett til dansk, basert på Martin Luthers tyske omsetjing. Denne danske utgåva kom i bruk også i Noreg. Men etter reforma­ sjonen vart både administrasjonsspråket og bibelspråket i Noreg dansk, ikkje norsk.

handfesting: kontrakt som Kristian 3. inngjekk med det danske riksrådet før han vart vald til konge. Handfestinga inneheldt programmet han skulle styre etter

«Kva vart følgjene?» er overskrifta på denne delen. Skriv eit kort avsnitt (5–8 setningar) der du summerer opp følgjene av reformasjonen i Noreg.

Brend på bål Tidleg på året i 1620 vart den ugifte mora Karen Eddisdotter klaga for svart magi under ein rettsprosess i Tana i Finnmark. Ho vart skulda for å ha mektige trolldoms­ krefter, og skulle ha skadd naboar og folk ho var uvenner med. Karen nekta alt, og etter fleire vitneutsegner var det framleis tvil. Retten avgjorde då at ho skulle utsetjast for vassprøven, ein vanleg metode for å avklare skuld­ spørsmål i trolldomssaker. Karen vart kledd naken, bunden til eit tau og kasta i sjøen. Dersom ho sokk, var ho uskuldig. Flaut ho derimot opp, var ho skuldig i trolldomskunster. Tankegangen var at vatn er eit reint element og vil trekkje til seg det reine og uskuldige. Motsett vil vatnet støyte frå seg og nekte å ta imot det skitne og ureine, som hekser og trollmenn. Om ein uskuldig drukna, så var det ein uheldig konsekvens av testmetoden, men ein tok det ikkje veldig tungt. Eit betre liv venta i himmelen. For Karen gjekk det ikkje så bra denne maidagen i 1620. Ho flaut. Då ho var trekt på land igjen, tilstod ho mykje av det ho var klaga for. Kort tid etter vart ho brend på bålet, ein avrettingsmetode som ikkje var tilfeldig, sidan eld skulle ha den eigenskapen at han reinsa verda for trolldom. Noko av det

Les meir om Kristian 4. (konge 1588–1648) var særleg oppteken av Noreg, og han gjorde mange reiser nordover. Les meir om det i Perspektiv Skulestudio.

161


HISTORIE

K A P 6 Under dansk flagg

Tre kvinner blir brende på eit torg i Guernsey, ca. 1580. Tresnitt frå år 1580. Var det eigentleg mogleg for dei tiltalte å overleve vassprøven?

Les meir om Heksefeberen i Europa hadde røter i eldgamle førestillingar om magi og overnaturlege evner. Det nye var at slik magi vart kopla til vondskap hos djevelen. Det kan du lese meir om i Perspektiv Skulestudio.

siste Karen fekk sagt før flammene slukte henne, var namnet på ei anna kvinne som var like dyktig i trolldom som ho sjølv, Lisbet Nilsdotter. Året etter vart det reist sak mot Lisbet også, som først nekta alt, men tilstod etter vassprøven og fortalde om kor­ leis ho hadde drive med svart magi. Så vart ho også brend. Om lag 750 trolldomssaker er dokumenterte i Noreg frå ca. 1550 til 1700, og om lag 300 enda med dødsdom og avretting. Det reelle talet er truleg høgare fordi somme prosessar ikkje vart registrerte. Heksebåla flamma opp, ikkje berre i Noreg. Rundt 50 000 menneske vart brende som hekser eller trollmenn i Europa i same tidsrommet. Uro og økonomisk krise i lokalsamfunnet er ofte trekt fram som ei mogleg forklaring på hekse­ prosessane. I så fall rimar det godt at prosessane loga opp etter reformasjonen. Somme har forklart prosessane med at ofra vart oppfatta som snyltarar, og ­samfunnet svarte med å støyte ut dei som ikkje bidrog. Å slå hardt ned på det som vart definert som magi og overtru, var ein måte å samle folk bak kyrkja på. Urolege tider kan ha forsterka ynsket om å disiplinere ­befolkninga. Ofte pressa prestane på for å få dømt dei tiltalte. 1600-talet var ei brutal tid i Europa, med mange krigar. Menneska levde med død og liding tett inn på seg. Likevel har vi i dag vanskar med verkeleg å forstå ­korleis det var mogleg å oppfatte medmenneske som hekser og brenne dei på bål. Både livsvilkår og menneskesyn var grunnleggjande annleis enn det som pregar ­europeiske samfunn i dag. Trolldomsprosessane teiknar eit mønster. Karen Eddisdotter og Lisbet Nilsdotter var typiske offer: Dei var kvinner: Rundt 80 prosent av dei som vart avretta, var kvinner, både i Noreg og elles i Europa. Ifølgje læra om korleis djevelen kunne ta makt over men­ neske, demonologien, var kvinner mest utsette for at djevelen skulle få makt over dei, fordi dei var mentalt svakare enn menn. Dermed var dei meir utsette for ­freistingar frå djevelen. Dei var ressurssvake: Opplysningar frå rettsprosessane tyder på at både Karen og Lisbet var fattige. Det galdt mange av dei som vart drepne, men ikkje alle. Enkja etter bergensbiskopen Absalon Pedersson Beyer vart brend som heks i 1598. Svigersonen hennar meinte at lensherren hata henne og difor pressa fram hekse­ prosessen. Øvrigheitspersonar kan ha utnytta frykta for hekser og trolldom til å bli kvitt gamle fiendar.

demonologi: (frå gresk daimon = overnaturleg ånd) læra om korleis djevelen verkar på jorda øvrigheitsperson: person som representerer offentleg mynde landstrykar: omstreifar

162

Dei var frå Finnmark: Karen og Lisbet vart dømde og brende i Finnmark. Det var flest hekseprosessar i denne delen av landet. Finnmark må reknast som eit ustabilt og rotlaust samfunn på 1600-talet, og befolkninga var både nordmenn og samar. Mange var konstant på flyttefot. Tiggarar, landstrykarar og kvinner som vart dømde for å ha hatt seksuell omgang utanfor ekteskapet, vart forviste til fiskevær langs finnmarkskysten. Talet på trolldomsprosessar nådde ein topp i åra mellom 1620 og 1640, deretter ebba dei nokså fort ut. Krava til bevis vart skjerpte. Bruk av tortur under avhøyr vart mindre vanleg. Det spelte nok også inn, både i Noreg og Europa, at eit anna syn på


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Frå ei lærebok om demono­ logi frå 1600-talet, skriven av Richard Bovet. Kva kan vere årsaka til at studiar av verksemda til djevelen på jorda var så vanlege i perioden?

Korleis blir det forklart at ressurssvake kvinner frå Finnmark var typiske offer for hekseprosessane? Prøv å fortelje om årsakene utan å lese teksten på nytt.

menneske og samfunn vann fram etter vitskapsrevolusjonen (sjå side 145). Innanfor eit verdsbilete som bygde på fornuft og erfaring, var det ikkje plass til hekser og trollmenn.

163


Nye nettverk, ny vekst Vi har sett korleis det økonomiske tyngdepunktet i Europa forskyvde seg nordvestover på 1500- og 1600-talet – frå middelhavsområdet til Nederland og England (side 146). Det hadde samanheng med den nye trafikken over Atlanterhavet og framveksten av ein kapitalistisk verds­ økonomi. Også det nordiske området vann innpass i handelsnettverka. Fleire regionar vart trekte inn i varehandelen og vart ein del av økonomiske nettverk som strekte seg langt utover lande­ grensene. Det la i neste omgang grunnlaget for byvekst og kulturell utvikling som smått om senn skulle forandre Noreg.

Trelast Ei teknologisk nyvinning, oppgangssaga, kom til Noreg ca. 1500. Oppgangssaga var eit par meter langt sagblad som vart ført opp og ned av ein arm driven av eit vasshjul. Ein kunne då sage bord som var tynne og smidige, sam­ anlikna med grove plankar i tidlegare tider. Oppgangssaga fekk stor betydning, mellom anna for skipsbygginga. Mange sagbruk vart etablerte. Nederland, Danmark og England var så godt som avskoga og hadde skrikande behov for tømmer. Bønder som eigde skog, fekk ei viktig biinntekt. Trelasteksport vart drivkraft for den økonomiske utviklinga på Austlandet, Sørlandet og Sørvestlandet. Ut­ over på 1600-talet var mykje av skogen nær kysten hoggen. Å utnytte skogen i innlandet og føre tømmeret ut til kys­ ten kravde større investeringar. Bøndene vart fortrengde og fekk ei meir underordna rolle i næringa enn før.

Skrei og sild Gjennom heile mellomalderen hadde kystområda i NordNoreg vore den regionen som var tettast knytt til han­ delsøkonomien i Europa. Det viktigaste eksportproduktet var tørrfisk framstilt av skrei. No endra maktforholda seg. Hansaen vart svekt. Tørrfiskeksporten steig. Talet på utanlandske skip som kom til Bergen, auka frå ca. 100 per år rundt 1520 til ca. 300 i 1660. Frå midten av 1500-talet kom også sildefisket til å bli svært viktig. Det gjekk med mykje salt, og båtar og reiska­ par som vart nytta i dette fisket, var dyre. Både adelsfolk og borgarar engasjerte seg i sildefisket.

164

Sildefisket har gjennom hundreåra gitt stor, men ustabil rikdom langs kysten. Plutseleg kjem silda, like plutseleg for­ svinn ho, og dukkar så opp igjen ein ny stad. Nokre byar opplevde ei stordomstid som aldri kom tilbake. Marstrand nordvest for Göteborg var på slutten av 1500-talet den fjerde største byen i Noreg, og byborgarane der betalte like mykje skatt som Oslo og Trondheim til saman. Grunnen var at byen var den viktigaste utskipingshamna for silda som strøymde inn til Båhuslen-kysten på denne tida.


Bergverk Bergverksdrift tok til på 1500-talet, og i 1540 kom den første bergverkslova i landet. Bakgrunnen var at Kristian 3. hadde overteke ei kopargruve i Telemark

som hadde høyrt til biskopen i Hamar, og i koparmalmen fann dei litt sølv. Der­ med ville kongen satse på bergverk i Noreg. Edle metall vart rekna som den aller sikraste inntektskjelda for staten.

Ved sida av kopargruver i Telemark vart det etablert jernverk i Fossum og andre stader rundt Oslo. Men først med den militære opprustinga på 1600-talet kom det i gang ei storsatsing. Behovet for jern til krigsmateriell auka, og dei store krigsutgiftene gav støyten til meir leiting etter sølv og kopar. Sølv vart funne nær Kongsberg. Sølv­ verket vart ei storbedrift og la grunnlaget for Kongsberg by. Midt på 1700-talet var dette den nest største byen i landet, etter Bergen. På 1600-talet vart bergverksdrifta den tredje største eksportnæringa i Noreg, etter fisk og trelast. Kraftig pris­ auke på metall var ein viktig grunn til at bergverka etter kvart vart lønnsame. Næringa fekk ringverknader. Koparver­ ket på Røros dreiv fram eit handels­ borgarskap i Trondheim og medverka til å kople byen til internasjonale handels­ nettverk. Men fordi det trongst brensel til gruvedrifta, vart området rundt Røros avskoga.

Sjøfart Sjøfart vart stadig viktigare, og næringa skapte mange arbeidsplassar. Det be­ gynte med frakt av norske varer, særleg trelast, men utvikla seg også til ei næ­ ring som tok fraktoppdrag for andre land. Under krigar der Danmark-Noreg ikkje var med, blomstra skipsfarten, mens fred førte til nedgang i konjunktu­ rane. Krigar med dansk-norsk deltaking var katastrofale for handelen. Rett før 1700 var flåten komen opp i 600 skip. Så gjekk det opp og ned ut­ over på 1700-talet, før pilene peikte rett til vêrs frå ca. 1780. På grunn av behovet for gode hamner, transport og nærleik til marknader var sjø­ farten knytt til byar. I 1730-åra gjekk Aren­ dal forbi Bergen som den største sjøfarts­ byen i landet. Andre byar som voks fram, var Kragerø, Langesund, Mandal, Grim­ stad og Risør. Sjøfarten hadde mykje å seie for at talet på byar i Noreg femdobla seg mellom 1660 og 1801. Marker på eit kart alle stadene i Noreg som er omtalte i tek­ sten ovanfor. Skriv også inn kva for næringar det var på dei ulike stadene. Kva trur du næringane har å seie for busetna­ den i Noreg den dag i dag?

165


HISTORIE

K A P 6 Under dansk flagg

Danskekongen gjer statskupp

Les meir om Unionen mellom Sverige, Danmark og Noreg vart endeleg oppløyst tidleg på 1500-talet. Etter det kjempa Sverige og Danmark i fleire hundre år om å vere mekti­ gast i Norden. Les meir om maktkampen i Norden i Perspektiv Skulestudio.

Heile perioden frå reformasjonen fram til ca. 1800 er prega av det vi kallar statsvekst. Staten voks seg stadig sterkare og greip inn i kvardagslivet til befolkninga. Staten kunne krevje meir pengar ved å auke skattane, og han kunne forlange meir arbeids­ innsats ved at bønder måtte gi embetsmenn skyss, eller ved at dei måtte skaffe brensel til bergverka. I siste instans kunne staten krevje at innbyggjarane gav livet sitt når dei måtte vere soldatar i dei mange krigane, særleg på 1600-talet. Dramatiske hendingar på København slott hausten 1660 vart ein milepåle i denne utviklinga. Situasjonen var prekær. Statskassen var tom etter fleire kostbare og feilslåtte krigar mot Sverige, som no var blitt Nordens mektigaste stat. Utgiftene måtte ned, inntektene opp. For å få støtte til høgare skattar kalla kongen inn til ei stenderforsamling – ei forsamling på ca. 200 personar som representerte adelen, prestane og byborga­ rane. Men adelen sette seg bestemt imot at dei også skulle betale ein ny forbruks­ skatt. Skattefridom var ein av dei gamle privilegia som adelen hadde. Grunngivinga for det var at adelen gav kongen militær støtte med væpna ryttarar og fotfolk, og difor skulle sleppe å betale skatt. Men den militære rolla til adelen høyrde snart for­ tida til. Innsatsen under dei siste krigane hadde vore så laber at dei to andre sten­ dene oppfatta kravet om vidare skattefritak som ein rein provokasjon. Situasjonen var fastlåst. Det kom opp eit forslag om å gi kongen meir makt ved å innføre arvekongedømme – at den eldste sonen til kongen automatisk arvar riket. Forslaget innebar også at det ­viktigaste maktorganet som adelen hadde, riksrådet, skulle avskaffast. Gjennom riksrådet hadde adelen kunna krevje ei handfesting, ein styringskontrakt som kongen var bunden av. Adelen nekta å akseptere forslaget. Kongen erklærte unntakstilstand og stengde stenderforsamlinga inne på slottet – det hadde vore fare for at adelen ville forlate plassane sine, slik at forsamlinga ikkje vart vedtaksfør. Etter eit par dagar gav adelen etter. Nokre månader seinare var kongen igjen på offensiven. Han la fram ei erklæring som gjekk ut på at all makt og alt mynde skulle ­liggje hos kongen, og dette vart lovfesta i ei kongelov i 1665. Dermed var eineveldet ­innført i Danmark-Noreg.

Wolfgang Heimbach: «Kong Frederik 3. til hest» (1680). Frederik 3. (1609–1670) var monarken som innførte eineveldet i Danmark-Noreg i 1660. Korleis er han framstilt på dette biletet?

166


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Styringssystemet før 1660

Styringssystemet etter 1660

• Danmark-Noreg var eit valkongedømme.

• Danmark-Noreg vart eit arvekongedømme.

• Riksrådet, med ca. 20 medlemmer, valde kongen. Stort sett valde rådet konge i tråd med arverekkje­ følgja, men det vart utarbeidd ein kontrakt, ei hand­ festing, som den nye kongen måtte halde seg til.

• Riksrådet vart avskaffa. Det vart bygt opp ein meir faginndelt sentraladministrasjon som hadde ­ansvar direkte overfor kongen.

• Kongen peikte ut medlemmer av riksrådet mellom dei høgaste adelsmennene. • Styringa utover landet var bygd opp gjennom eit lensstell. Kvart distrikt, eller len, vart styrt av ein lensherre som var adeleg. Både i Danmark og Noreg var dei aller fleste lensherrane danske. • Lena var forskjellige. Den eldste typen var teneste­ len. Der var lensherren ansvarleg for all lokal forvalt­ ning, men han fekk alle inntekter frå lenet mot å be­ tale ei fast avgift til kongen og stille med soldatar i krig. Rekneskapslen gjekk ut på at kongen sjølv hausta inntektene frå lenet, mens lensherrane fekk fast lønn mot å styre lenet på vegner av kongen. • Det gjekk for seg ein kamp om lensstellet fram mot 1660. Adelen ville framleis ha tenestelen, konge­ makta ynskte rekneskapslen for å få større inntekter og meir kontroll. Dei gamle personlege banda mel­ lom lensherre og konge vart gradvis mindre viktige.

• Lensstellet forsvann. Landet vart delt opp i stifts­ amt, som igjen var delt inn i amt, leidde av ein amtmann. Amtmennene trong ikkje vere adelege, dei kunne også kome frå borgarskapet. • Amtmannen hadde mindre ansvar enn lensherren. Viktigast var det at han ikkje hadde militært mynde. Også lågare tenestemenn i det lokale ­styringsapparatet vart tilsette av kongen. • Det vart oppretta spesialembete som fekk ansvar for særleg viktige fagområde, som militærstell, bergverk, skogsdrift, tollinntekter, kyrkjegods, poststell og vegstell.

Prøv å summere opp overgangen til eineveldet i tre setningar. Den første setninga skal seie noko om korleis situasjonen var før 1660, den andre skal seie noko om gangen i hendingane, og den siste setninga skal seie noko om situasjonen etter 1660.

Kven vann, og kven tapte? Innføring av eineveldet var først og fremst eit kraftig tilbakeslag for adelen. Kongemakta og adelsmakta hadde halde kvarandre i sjakk gjennom valkonge­ dømme og lensstell, eit system prega av gjensidig avhengnad og maktkamp. Med innføringa av arvekongedømme og avskaffinga av lensstellet vart denne maktkam­ pen avgjord i favør av kongen. Meir av inntektsstraumen gjekk til kongen, mindre til lokale adelsmenn. På papiret var det dansk-norske styringssystemet etter 1660 eit av dei mest gjennomførte einevelda i Europa (les meir om eineveldet på side 152). Kongen stod i spissen for eit sterkare, meir einskapleg og meir straumlineforma statsstyre enn før. I dei periodane når det sat driftige og ambisiøse kongar på trona, kunne kongen setje sitt personlege preg på styret. Men styringsapparatet i staten svulma samtidig kraftig opp og vart meir profe­ sjonelt, både på sentralt og lokalt nivå. I forhold til situasjonen før 1660 var det langt fleire, ikkje færre, som fekk ein plass i både det sivile og det militære maktappara­ tet. Eineveldet som statsform var ein del av eit felleseuropeisk tankegods på 1600-talet, og vart rekna som den beste måten å sikre ro og stabilitet på i ­samfunnet. Men det innebar ikkje at kongane kunne styre heilt etter eige hovud. Borgarskapet var på veg opp, i Danmark-Noreg som elles i Vest-Europa. Statskuppet i 1660 vart gjennomført av ein allianse mellom kongen og elitegrupper frå borgarskapet. I den nye statsforma fekk borgarar tilgang til mektige embets­ stillingar som tidlegare var berre for adelen. Næringsvekst innanfor handel og ­handverk gav grunnlag for skattar og avgifter som staten og kongemakta trong. Det førte til sterkare band mellom høgborgarskapet og kongemakta.

Kven tente på innføringa av ­eineveldet, og kven tapte?

167


HISTORIE

K A P 6 Under dansk flagg

Måleri av Wolfgang Heimbach (1655–1678). Frederik 3. pro­ klamerer den danske krona i København 1660. Kva funksjon kunne ein slik seremoni ha?

Folkeauken i Noreg År Innbyggjarar 1520 ca. 150 000 1660 ca. 450 000 1701 ca. 500 000 1801 ca. 885 000

Bondesamfunnet får nok

fogd: fogden hadde politiog påtalemynde i lokalsam­ funnet. Han kravde også inn skattar og bøter korrupsjon: det å bestikke eller ta imot bestikkingar i form av pengar, gåver eller tenester

168

Bergen 18. april 1765: To tusen illsinte bønder stormar gjennom gatene i byen på jakt etter stiftsamtmann Ulrik Fredrik von Cicignon. Han blir redda i siste liten av ­soldatar frå Bergenhus festning, som arresterer hovudmennene bak opprøret. Uroa og misnøyet hadde ulma ei god stund, og for første og siste gong i heile ­einevaldsperioden vart det sendt krigsskip frå Danmark for å sikre ro og orden i Noreg. Ein ny skatt, koppskatten (etter Kopf, tysk for hovud), der kvar borgar over 12 år skulle betale like mykje til staten, uavhengig av inntekt, hadde sett sinna i kok. Striden toppa seg i den dramatiske konfrontasjonen i Bergen, kalla strilekrigen. Opprøret ebba ut, og leiarane vart fengsla. Det kunne tyde på eit fullstendig nederlag for dei rasande bøndene. Så enkelt er det ikkje. Stiftsamtmann von Cicignon vart flytta mot sitt eige ynske, og fogden i distriktet måtte gå av då det vart klart at han hadde vore slurvete, kanskje også korrupt, under arbeidet med å krevje inn skattane. Leiarane for opprøret fekk først strenge straffer, men vart raskt ­benåda. Og etter fleire protestar og skattenekt over store delar av Noreg vart ­koppskatten fjerna i 1772. I Danmark vart han ståande. Strilekrigen fortel oss noko viktig om det norske samfunnet på denne tida. Trass i at det grodde fram nye næringar, var Noreg framleis eit bondesamfunn. På 1700-talet budde ni av ti nordmenn på landsbygda og levde av jordbruk og fiske. Samtidig førte høg fødselsrate og fallande dødsrate til sterk folkeauke. Frå 1660 til 1801 dobla folketalet seg i Noreg. Midt på 1600-talet var dei aller fleste gardane som stod tomme etter svarte­ dauden, igjen blitt rydda og tekne i bruk. Arbeidsmetodar og produktivitet var lite endra. Kva var svaret frå bondesamfunnet på at det vart fleire munnar å mette?

Fleire fattige Det fanst to svar. Ein kunne dele garden, til dømes at fleire søner delte foreldregar­ den likt. Eller den eldste sonen kunne overta garden, mens yngre brør fekk mindre delar og plussa på inntektene ved å ta arbeid på hovudgarden. Denne siste


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

løysinga kunne ha den fordelen at produktiviteten vart halden oppe på hovud­ garden, men det førte til kvassare lagdeling på landsbygda, og ein ny sosial ­underklasse voks fram: husmennene. Frå 1650 og fram til midten av 1800-talet kom begge løysingane i bruk. På Vestlandet, i Nord-Noreg og i Agder vart gardane som regel delte. På Austlandet og i Trøndelag vart det danna ei landarbeidargruppe som sat på svært små bruk. Men eit hovudmønster teiknar seg tydeleg over heile landet: Dei gruppene som eigde svært lite eller inga jord, auka mest. Dei sosiale skilnadene vart større. Koppskatten i 1765 var dropen som fekk begeret til å flyte over. I tiåra før var skattetrykket blitt mangedobla. No fekk bondesamfunnet nok.

Grenser for kor langt staten kunne gå Løysinga på strilekrigen fortel også noko viktig om forholdet mellom dei som styrte, og dei som vart styrte. På den eine sida var staten og kongemakta interesserte i å trekkje mest mogleg ressursar ut av jordbruket og andre næringar. På den andre sida ville statsmakta unngå opprør og sosial uro. Det fanst altså grenser for kor langt staten kunne gå. At opprørarane vart benåda og koppskatten trekt tilbake, kan tyde på at statsmakta kom til at grensa var overskriden. Eineveldet var ei autoritær styreform. Det vart slått hardt ned på kritikk av sjølve styringssystemet. Men statsmakta hadde samtidig behov for meiningsytringar frå allmugen for å kunne korrigere kursen eller få vite om embetsmenn som misbrukte makta si. Innbyggjarane kunne skrive klagemål direkte til kongen. Skikken gav kon­ gen og sentralmakta ei viss oversikt over kva det lågare embetsverket dreiv med. Som styringssystem var eineveldet prega av kontroll, men det fanst altså nokre ­kanalar inn til maktkjernen, som vanlege folk kunne nytte seg av.

Staten stadig ivrigare etter å styre På 1600-talet var den dansk-norske staten sterkt oppteken av å skaffe nok pengar og soldatar til dei mange krigane. Danmark-Noreg var ein militarisert stat. I forhold til folketalet var Noreg kanskje det landet i Europa som stilte med flest soldatar. Utover på 1700-talet kom det ein lang fredsperiode. No viste den statlege sty­ ringsiveren seg på nye område. Einevaldsstyret ville prøve å forme kvardagslivet til folk meir enn det som hadde vore mogleg tidlegare. Styringsiveren gjorde seg særleg gjeldande på det religiøse området. Kristian 6. (konge 1730–1746) var påverka av ei religiøs retning som gjorde seg sterkt gjel­ dande i Tyskland frå tidleg i hundreåret, og spreidde seg vidare til Danmark-Noreg: pietismen. Pietismen var ei fromheitslære som var oppteken av omvending, moral og det nære, personlege forholdet til Gud. Kristian 6. ynskte å gjere pietismen til trusgrunnlaget i staten, og difor har nokre historikarar kalla pietismen ei «statleg vekkingsrørsle». Denne gravalvorlege forma for kristendom førte til at teater og andre former for underhaldning vart forbodne, men slike forbod varte ikkje særleg lenge. På andre område fekk pietismen derimot varige og viktige følgjer.

Krav om skulegang Noko av det viktigaste i den kristne trua er at Jesus er Guds son og døydde på kor­ set for å frelse alle andre menneske. Dette er noko av det ungdom på 1700-talet måte vite før dei kunne ta imot nattverden, som var viktig for alle truande. Nattverden var eit heilag måltid som, ifølgje kristen tru, vart innsett av Jesus skjær­ torsdag i påskeveka. Prestane måtte vite sikkert at ungdommane var klar over det,

169


HISTORIE

K A P 6 Under dansk flagg

Adolph Tidemand: «Overhøring» (1847). «Barna skulle lærast opp til å bli fromme, lydige og flittige undersåttar», står det i teksten. Korleis kjem det fram på ­biletet? from: gudfryktig, audmjuk, mild kyrkjesokn: område, distrikt med eiga kyrkje allmuge: opphavleg heile folket, seinare brukt om småfolket på landsbygda runebomme: tromme som sjamanane brukar

før dei kunne få nattverden. Dette er utgangspunktet for ordninga med konfirmasjon. Frå gammalt fanst det reglar som prestane måtte følgje for å få oversikt over kor mykje ungdommane visste. I 1736 kom desse reglane inn i fastare former. No skulle ungdommane stadfesta dåpslovnaden sin i ein seremoni, ein konfirmasjon. Undervisninga som leidde fram til konfirmasjonen, skulle vere ei ­opplæring i korleis ein skal forstå den sanne trua. Det var klokkarane i kyrkjesoknet som ofte hadde stått for det som var av religiøs undervisning. Men ofte hadde også dei smått med kunnskap. Undervisninga måtte bli betre. Med kravet om ­konfirmasjon var steget difor kort til å opprette eit skuleverk. Ein obligatorisk norsk allmugeskule vart innført i 1739. Alle barn skulle gå på skule frå dei var sju til dei var ti år gamle, frå sju om morgonen til seks om ettermiddagen. Først skulle dei lære å lese, så skulle dei lære god kristendom. Konfirmasjonen var målet. Det ideologiske grunnlaget for allmugeskulen var tydeleg. Barna skulle lærast opp til å bli fromme, lydige og flittige undersåttar. Prestegjeldet fekk ansvaret med å forme ut skuleverket i praksis, og enno i lang tid kom klokkarane ofte til å spele ei viktig rolle i opplæringa. Dei lokale variasjonane var store, for kravet om allmuge­ skule vart ikkje følgt opp med klare reglar om kven som skulle betale. At folk budde så langt frå kvarandre, var også eit problem. Ofte måtte presten forhandle med bonderepresentantar, både om finansiering og kor lang tid barna skulle gå på skule. Bøndene heldt igjen fordi dei trong barna i gardsarbeidet. Konfirmantane hadde ofte berre nokre månaders skulegang bak seg, sjølv om dei på papiret skulle ha gått på skulen i fleire år. Innføringa av allmugeskulen var berre ei sped spire til skuleverket i Noreg. Men skulen var komen for å bli.

Sterkare press mot samane

Kva var grunnen til at det kom krav om skulegang? Kva trur du styresmaktene ynskte å oppnå med å innføre obligatorisk norsk allmugeskule?

170

Statsmakta viste ein religiøs iver som innebar strengare krav til undersåttane. Alle måtte slutte seg til det kristne trusgrunnlaget som staten bygde på. Dermed kom samane og deira religion under sterkare press enn før. Den ­samiske religionen var sjamanistisk. Mellom anna vart tilværet oppfatta som tredelt: ein guddommeleg sfære i den øvre verda, ei underverd der dødsgudinna og dei døde heldt til, og ei mellomverd der menneska hadde tilhaldsstad. Den religiøse ­leiaren, sjamanen eller noaiden, var bindeleddet mellom gudar og menneske. Han skulle mellom anna lækje sjuke og gi jaktlykke. Pietismen førte med seg misjonsiver, og dei samiske rituala vart oppfatta som farleg heidendom som måtte utryddast. Difor for ein hardt fram mot dei religiøse samlingsstadene, brende runebommene og straffa dei som leidde seremoniane. Mot slutten av 1700-talet kravde statsmakta at samane skulle lære norsk språk. Eit større og meir profesjonelt styringsapparat kravde eitt språk, var opp­ fatninga. Mens misjonen tidlegare var blitt driven på samisk språk, vart no opp­ læringa i den kristne trua gitt på norsk. Kulturen og eigenarten hos samane vart undertrykt.


10 000

500 250 0

250 500 750 1000 1250 1500 1750

Fleire varer Eksport av fisk, sal av tømmer og arbeid for bergverksindustrien knytte bøndene til ein veksande handelsøkonomi. Men mot slutten av 1700-talet fanst det også verk­ semd som meir direkte opna bondesamfunnet og gjorde det meir mangfaldig og marknadsretta. Gjennom nærstudiar av storgardar har historikarane dei siste åra vore i stand til å kaste nytt lys over denne utviklinga. Desse studiane viser at bondeøkonomien var basert på at alle familiemedlemmene var aktivt med i arbeidet, også på husmannsplassane.

Les meir om historia til samane i Bjørg Evjens essay i Perspektiv Skulestudio.

Inspirasjon utanfrå – kritikk innanfrå Ei av hovudlinene i dette kapittelet handlar om eit samfunn som opnar seg litt etter litt. Nye næringar, veksande handel og meir marknadsøkonomi gav meir kontakt med omverda. Folk kryssa både distrikts- og landegrenser i jakt på arbeid og eit betre liv. Men når seglskipa klappa til kai langs sørlandskysten, svenske arbeidarar tok seg over grensa til Noreg for å arbeide i jernverka, eller unge jenter tok teneste i Amsterdam, gav det også kulturelle impulsar. Folk vart kjende med og inspirerte av tradisjonar og tankegods i andre land. Særleg galdt dette elitegruppene i samfunnet, dei som hadde høve til å skaffe seg utdanning, lære seg språk, kanskje reise til Tyskland, Frankrike eller Italia. Mange ville bruke kunnskapen sin til beste for samfunnet, og dei kunne ha eit svært praktisk og jordnært siktemål med det dei skreiv. Potetar er eit godt døme. Potetdyrkinga spreidde seg raskt i Noreg på grunn av innsatsen frå dei såkalla potet­ prestane. Ein av dei mest kjende var Peder Harboe Hertzberg, som i 1761 skreiv Underretning for Bønder i Noreg om den meget nyttige Jord-Frugt Potatos. Som vi hugsar (side 133), var potetplanten ukjend i Europa før han vart oppdaga i Amerika.

Kritikk mot København På same tid voks det fram ein annan litterær sjanger: detaljerte skildringar av lands­ delar i Noreg, med nøye kartlegging av ressursar og naturforhold, dyre- og planteliv, korleis folk levde, gamle skikkar, og kva dei åt og drakk. Den topografiske bølgja er denne litteraturen kalla. Det var oftast prestar som skreiv, og eit av siktemåla var at makthavarane i København skulle forstå meir av landet i nord. Dei topografiske forteljingane hadde ofte ein kritisk undertone: Noreg var rikare og hadde meir å by på enn København forstod, og statsfellesskapet med Danmark tok ikkje godt nok vare på Noregs interesser. Sjølv om desse forfattarprestane var lojale overfor styret i København, låg kritiske spørsmål mellom linene: Vart Noreg stemoderleg behandla i dobbeltmonarkiet? Var det Danmark og danske interesser som vart prioriterte? Så tidleg som i 1567 hadde bergenspresten Absalon Pedersson Beyer skrive Om Norgis Rige, eit verk der han samanliknar forfallet i samtida si med Noregs stor­ slåtte fortid. Han meinte at ressursane var rike, og at folket kunne reise seg igjen. Verket hadde ein patriotisk grunntone som styresmaktene i København tydeligvis frykta. Boka vart ikkje trykt før forfattaren hadde vore død i over 150 år. Ludvig Holberg var mellom dei som med størst kraft tok opp tråden frå Absalon Pedersson Beyer. I vår tid er Holberg mest kjend som komedieforfattar, men for­ fattarskapet hans dekte også filosofi, historie, økonomi og politisk teori. I 1729 skreiv han Dannemarks og Norges Beskrivelse, der han hevda at Danmark utnytta Noreg. Han lyfter fram bonden som ein berar av norsk nasjonal identitet. «Ein adels­ mann i miniatyr», var heidersnemninga Holberg gav bonden.

topografi: skildring av terreng, landskap stemoderleg: urettferdig, urettferdig behandla

Holbergstatuen på Vågsallmen­ ningen i Bergen. Kjenner du til nokre av Holbergs komediar? Kva syn på dei ulike samfunnsgruppene kjem fram i stykka hans?

171


HISTORIE

K A P 6 Under dansk flagg

Dette kapittelet handla om at reformasjonen vart innført i Noreg då Kristian 3. vart dansk-norsk konge i 1536. Det innebar mellom anna at Noreg mista eigne politiske organ, men landet vart fram­ leis oppfatta som eit eige rike at Norden vart trekt inn i dei handelsnettverka som fanst i Nordvest-Europa på 1500- og 1600-talet. Trelast, fisk, berg­ verk og sjøfart var nærings­ vegar som la grunnlag for ny økonomisk vekst i Noreg at den dansk-norske kongen gjorde statskupp i 1660, i allianse med eliten i borgar­ skapet. Adelen var svekt og fekk aldri så mykje makt som han hadde hatt før. Styrings­ systemet vart meir sentralisert og einskapleg at sterk folkeauke gav kvas­ sare sosiale motsetningar. Fleire vart fattige. Mot slutten av 1700-talet opna bonde­ samfunnet seg også meir opp mot pengeøkonomien at ein allmugeskule vart opp­ retta i 1739. Pietismen var det ideologiske grunnlaget. Borgarane skulle bli fromme og lydige undersåttar at ei patriotisk kulturell rørsle voks fram mot slutten av 1700-talet. Grunnhaldninga var at makthavarane i Køben­ havn ikkje tok vare på Noregs interesser

riksdalar: eldre dansk og norsk sølvmynt

Litteraturliste Ole Georg Moseng, Erik Opsahl, Gunnar I. Pettersen og Erling Sandmo: Norsk historie II 1537–1814, 2003 Magne Njåstad: Norvegr. Norges historie 1400–1840, 2011 Geir Atle Ersland og Hilde Sandvik: Norsk historie 1300–1625. Eit rike tek form, 2008

172

Norske Selskab Utover på 1700-talet grodde det fram kulturelle nettverk som vi kjenner frå Europa på same tida, folk som møttest i foreiningar og klubbar for å diskutere dei store spørs­ måla i tida. I Trondheim vart det danna eit vitskapsselskap i 1760, og i Bergen danna ein intellektuell krins Det Nyttige Selskab i 1770-åra. Mest kjent i ettertida er Norske Selskab, ei foreining av norske studentar i København, som vart stifta i 1772. Der kom nokre diskusjonsglade festløver saman. Diktaren Johan Herman Wessel og den seinare biskopen i Bergen, Johan Nordahl Brun, var forgrunnsfigurar. I dette miljøet voks det fram nasjonal bevisstheit, med uhemma noregsdyrking og patriotisme, aller tydelegast uttrykt i Johan Nordahl Bruns drikkevise «For Norge, Kiæmpers Fødeland». Visa vart forboden i København. Mange av dei som vanka i denne krinsen, skulle eit par tiår seinare bli ein del av den nye ­kulturelle og politiske eliten i Noreg.

Framover mot 1814 Det vart etter kvart ei dominerande haldning at «fedreland» og «stat» ikkje er det same. Utover på 1700-talet meinte mange nordmenn at styresmaktene i København behandla Noreg på ein nedlatande måte. Mot slutten av hundreåret munna frustrasjonen ut i meir konkrete krav. Den norske økonomien var meir retta mot utlandet enn mot den danske, særleg på grunn av eksporten av trelast. Norsk eksport var på nær 3,5 millionar riksdalar på slutten av 1700-talet, mot 2,5 millionar riksdalar for Danmark. Overskotet på handelsbalansen med utlandet var endå skeivare: For Noregs del var det på nær 2,5 millionar riksdalar, for Danmark under 100 000 riksdalar. Nordmennene kravde eigne norske bankar som kunne vere til hjelp for ekspor­ tørane. Men København sa nei. Der meinte makthavarane at norsk sjølvstende­ rørsle ville få vatn på mølla dersom slike krav vart innfridd. Eit anna norsk krav var å få eit eige universitet. Også det fekk tommelen ned i København. Dette var to krav, det eine frå den økonomiske sfæren og det andre frå den kul­ turelle, som var typisk for den sjølvstenderørsla som voks seg sterkare rundt 1800. Men det var dei endra maktforholda i Europa i kjølvatnet av napoleonskrigane som la forholda til rette for at Noreg fekk ei eiga grunnlov og reiv seg laus frå Danmark i 1814.


­

Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Summer opp perioden ved hjelp av SPØKT. Kva for sosi­ ale, politiske, økonomiske, kulturelle og teknologiske end­ ringar meiner du er dei viktigaste i perioden? Diskuter gjerne med medelevar. (Les meir om SPØKT på side 14.)

4 Lag 1–3 problemstillingar som du meiner viser dei spenningane som fanst i det norske samfunnet ved utgangen av perioden. Kva for problemstillingar er sentrale no når vi nærmar oss 1800-talet?

2 Ta stilling til denne påstanden, og grunngi moglege saman­ hengar: «Reformasjonen gav kongen ei sterkare stilling.»

5 «Eineveldet var ei autoritær styreform», står det i tek­ sten. Finn fem døme som kan underbyggje denne påstanden.

3 Kva for nye fagomgrep har du møtt i dette kapittelet? Lag ei liste der du både skriv fagomgrepa og forklarar kva dei tyder. Samanlikn lista di med lista til ein medelev, og legg til omgrep du eventuelt ikkje har teke med.

Samanhengar

Perspektiv

1 Les påstandane nedanfor. Kva for påstandar er du mest einig og ueinig i? Grunngi vala dine. a «Noreg vart utradert som eigen stat i løpet av ­dansketida.»

1 Er det noko frå dansketida du meiner bør vere med for å forstå korleis Noreg ser ut i dag, og er det noko frå denne perioden som kan forklare ein norsk mentalitet? Diskuter gjerne spørsmåla i plenum.

b «Noreg tapte politisk, men vann både økonomisk og kulturelt i løpet av dansketida.» c «Dansketida spelte lita rolle for Noreg, sidan det politiske maktsenteret låg i København og styres­ maktene brydde seg lite om situasjonen i Noreg.» d «Dansketida var mindre negativ for Noreg enn inn­ føringa av ei eineveldig styreform skulle tilseie.» e «Sett under eitt var dansketida ei oppgangstid for Noreg.» 2 Frå 1520 til 1801 nesten seksdobla den norske befolk­ ninga seg, frå ca. 150 000 til 885 000. Finn ut meir om årsakene til denne veksten og dei sosiale konsekvensar det fekk. 3 Finn ut meir om Bernt Anker (1746–1805). Kva kan vi lære om det norske samfunnet på 1700-talet ved å ­studere Bernt Anker? 4 Thomas Malthus (1766–1834) var ein britisk samfunns­ forskar. Han var oppteken av befolkningsutviklinga og meinte at folkeauken ville vere raskare enn veksten i mat­ vareforsyningane. Resultatet ville bli krig og hungersnaud dersom befolkninga ikkje vart redusert, meinte han. Den norske befolkninga voks kraftig på 1700- og 1800-talet utan at hypotesen til Malthus om krig og hungersnaud slo til. Bruk kunnskapane dine om det norske samfunnet på 1700-talet, og gi Malthus eit svar der du forklarar ­kvifor han tok feil i det norske tilfellet.

2 Om hekseprosessane: Kan menneska i perioden faktisk ha trudd på at det fanst hekser, trur du? Kva kan for­ klare at ein på 1600-talet gjennomførte vassprøvar for å avgjere tvilstilfelle? Diskuter i grupper eller i plenum kva som kan påverke mentaliteten i eit samfunn i ein histo­ risk tidsperiode. 3 Lag eit foredrag der du samanliknar sentrale trekk ved det økonomiske systemet på 1700-talet og i dag. I fore­ draget bør du ha med desse omgrepa: privilegium, laug, stand og merkantilisme. 4 I historiefaget skal du mellom anna sjå på politisk utvik­ ling over ein lengre periode. Kva vil du notere deg frå denne perioden med tanke på at du eventuelt seinare skal skrive ei oppgåve om politisk utvikling i Noreg? Er det til dømes viktige moment her med tanke på demokratiutvikling? 5 Du har heilt sikkert fått dette spørsmålet: Kva skal du bli når du blir stor? Spørsmålet er heilt naturleg for oss, men meiningslaust dersom du levde på 1600- eller 1700-talet, mykje på grunn av standssamfunnet. Lag ein illustrasjon som viser korleis eit standssamfunn er bygt opp. Plasser ulike grupper, til dømes prestar og fu­ tar, kjøpmenn og handverkarar, bønder og sveinar, inn i illustrasjonen, og prøv å gjere greie for korleis dei levde, og kva for framtidsutsikter barna deira hadde.

173


HISTORIE

K A P 6 Under dansk flagg

Oppdrag 1:

Post 1: Dei aller fattigaste

Rik og fattig – korleis tek eit samfunn hand om sine fattige? Korleis stilte ein seg til fattige før velferdsstaten? Kva kunne dei fattige gjere? Fanst det nokre ordningar for dei? I 1733 var kong Kristian 6. på reise i Noreg. Han vart sjokkert over det han fekk sjå av dygder og laster i det norske samfun­ net, mellom anna dei mange tiggarane, også kalla betlarar. Han gav ordre om å finne løysingar. Thomas Malthus reiste i 1799 rundt i Noreg og skildra både fattigdom og velstand.

Post 2: Husmenn og tenestefolk Bondestanden kan grovt sett delast i to: gardbrukarar og husmenn. Mellom desse to gruppene kunne det vere store skilnader. Finn ut korleis ein husmann på 1700-talet levde. Kva plikter hadde han, og kva åt han?

Post 3: Dei aller rikaste Dette sted [Kongsberg] vrimler, som Christiania, av tiggere, som stimler sammen ved døren til verts­ huset og utgjør en gjeng av meget frastøtende individer. Hver enkelt forsøker å presse den reisende for penger (…) ved å fremvise forvridde lemmer, vanskapthet og åpne sår. (…) Vi var glade for å komme vekk fra dem. Vi fant et stort selskap og gikk til bords, to- eller treogtyve utenom gjestene ved et bord i et tilstøtende værelse. Middagen var en av de solideste vi hadde spist, og besto av suppe, høns, skinke, fisk og nesten halvparten av en stekt kalv, foruten mindre retter. Til dessert fikk vi en overflod av markjordbær og digre boller med fløte [side 88]. [Malthus ble invitert til middag hos grev Molkte i Trondheim.]

Finn ut korleis staten og lokalsamfunnet på 1600- og 1700-talet prøvde å ta vare på dei aller fattigaste. Stikkord du kan bruke i søka dine, er: almisser, legd, tukthus, ­verdige og uverdige fattige.

Kystbefolkningen er den fattigste og den som har det vanskeligst. De gifter seg som regel meget unge og har store familier, som de håper å kunne underholde ved fiske. I et svartår, når fisket slår feil, blir de bragt i en tilstand av grenseløs fattigdom [side 89]. Frå Thomas Robert Malthus: Reisedagbok fra Norge 1799 (2005)

Fleire kjelder og meir materiale kan du finne i Perspektiv Skulestudio.

174

Bernt Anker var Noregs rikaste mann i 1800. Finn ut meir om livet hans og korleis han kunne bli så rik.

Post 4: Rik og fattig, oppsummering No har du studert tre ulike samfunnsgrupper. Kva kan under­ søkingane dine fortelje om samfunnet på 1700-talet, særleg om standssamfunnet og privilegiesamfunnet? Skriv ein tekst der du summerer opp funna dine og trekkjer slutningar.


Oppdrag 2:

Kjelde 2: Rapport til København frå befalingsmann over Nordlanda, Hartvig Bille (22. juli 1609), etter rettssak mot tre samar i lagtinget i Tromsø

Hekseforfølgingar På 1600-talet kan så mange som 2000 menn og kvinner i Noreg ha blitt skulda for å vere hekser eller trollmenn. Av dei vart ca. 350 dømde til døden, ofte ved å bli brende på bålet. Særleg i Finnmark var lukta av brent menneskekjøt ikkje uvanleg. Finnmark hadde 14 prosent av sakene, men berre 1 prosent av befolkninga. Forfattaren Ludvig Holberg undra seg over det:

«Det er jo underligt, at Fanden, som gaar for at forføre Siæle, skulde vælge Wardehuus til sin Residentz, hvor foruden Amptmanden der er kun een Corporal med 8 a 9 Soldater; og skulde gaae forbi London og Paris, hvor han kunde faae saa meget at bestille.»

I dette oppdraget skal du undersøkje tre spesielle trekk ved hekseprosessane i Noreg: • Kvifor hadde Noreg relativt mange hekseprosessar? • Kvifor vart så mange kvinner dømde? • Kvifor var så mange av hekseprosessane i Finnmark?

Post 1: Hypotese – kva kan vere moglege forklaringar? Det første du må gjere, er å tenkje ut éin hypotese til kvart av dei tre spørsmåla. Ein hypotese blir gjerne formulert som ein påstand, til dømes at «grunnen til dei mange hekse­ prosessane var vankunne hos folk (det at dei ikkje visste betre)». Du veit ikkje om hypotesen stemmer, men du vil teste han for å vurdere om han kan vere rett eller ikkje.

Post 2: Undersøking – kva seier kjeldematerialet? Er det noko i desse kjeldene som kan setje deg på sporet av moglege forklaringar? I Perspektiv Skulestudio finn du fleire kjelder. Kjelde 1: Brev frå kong Kristian 4. til lensherre Claus Gagge på Vardøhus festning (1609)

«Som erfaringa viser, har dei nemnde finnane og lappane av natur sterk hang til å bruke trolldom. Av den grunn tør verken nordmenn eller andre fromme folk å bu i nærleiken av dei, langt mindre busetje seg i dei fjordane der det er mange finnar. Difor skal du ha eit strengt og alvorleg oppsyn med dei, slik at dei som blir funne skuldige i å bruke trolldom, blir avliva gjennom dom og straff, utan all nåde.»

«Då eg var der i vår, vart desse tre skulda for å ha gjort folk sjuke med gand. Dei sjuke var sjølve til stades og vitna. Etter brev og mandat frå herren min vart dei difor straks avretta.» Kjelde 3: Dansk og Norsk lov av 1683 og 1687 (artikkel 6–1–9):

Befindis nogen Troldmand, eller Troldquinde, at have forsvoret Gud og sin hellige Daab og Christendom, og hengivet sig til Diævelen, den bør levendis at kastis paa Ilden og opbrændis. Kjelde 4: Om trolldom i Mosebøkene

Ei trollkvinne skal du ikkje la leva (2. Mos 22,18).

De skal ikkje venda dykk til gjenferd og ikkje søkja til spådomsånder så de blir ureine ved dei (3. Mos 19,31).

Når ein mann eller kvinne har eit gjenferd eller ei spådomsånd i seg, skal dei døy (3. Mos 20,27).

Post 3: Vurdering – blir hypotesane styrkte eller svekte i møte med kjeldematerialet? Den siste posten dreiar seg om å vurdere hypotesane dine i lys av undersøkingane du har gjort. Har nokre av hypotesane blitt styrkte eller svekte, eller må du rett og slett vrake dei? Finst det andre forklaringar som er meir rimelege?

Post 4 Det er fleire ting ved hekseprosessane som er rare, og som vi kan undre oss over. Kvifor i all verda skulle heksene bren­ nast? Kan det verkeleg ha vore slik at folk trudde det fanst hekser? Ut frå det du har lese til no, kva vil svara dine vere? Diskuter tankane dine med resten av klassen.

Post 5 Det er kanskje lett å oppfatte det menneske i fortida gjorde, som rart og merkeleg. Men kan det gjelde oss også? Vil noko vi i dag er redde for, eller handlingar vi gjer, verke rart for menneske om 300 år? Diskuter tankane dine med resten av klassen.

175


KAPITTEL 7

Innhald:

Opplysningstida: Våg å vite! side 178 Revolusjonen i Amerika side 179 Revolusjonen i Frankrike side 182 Napoleon Bonaparte side 188 Den industrielle revolusjonen side 191 Nye tankar: ismane side 194

Revolusjonar Frå slutten av 1700-talet til tidleg på 1900-talet kom det store og relativt raske forandringar i Europa og Amerika. Vi seier gjerne at det gjekk for seg ei modernisering. Moderniseringa var synleg innanfor alle felt i samfunnet. Nye tankar og idear om religion, vitskap, samfunnsorden og politikk voks fram. Etter store økonomiske og sosiale endringar følgde det omfattande politiske endringar, ikkje berre for den enkelte mann og kvinne, men også for dei europeiske statane og Amerika.

Dette har hendt 1600-talet hadde lagt grunnlaget for moderne naturvitskap. Vitskapen medverka til å endre synet på verda og på menneska. Nye idear og oppdagingar om universet ut­ fordra det kyrkja lærte, og bana veg for ei meir kritisk haldning til religiøse sanningar og gamle autoritetar. Rundt midten av 1700-talet var det europeiske samfunnet eit standssamfunn. Folk vart fødde inn i ein stand, ei samfunnsgruppe som var avgrensa frå andre gjen­


Slik såg det ut Europa år 1748 Norsksvensk-russisk fellesområde

Island

en

(dansk)

Ka

Kongeriket Sverige

Bergen

Stockholm

Kongeriket

l

Ladoga

Helsingfors

Åbo

Christiania

re

St. Petersburg Narva

Danmark-

Moskva

Noreg Irland Kongeriket Storbritannia London

Italienske hertugdømme 1 Milano 2 Parma 3 Modena 4 Genova

Rouen

Nantes

Bordeaux

Kongeriket Portugal Madrid

Hannover

Warszawa

Berlin

Amsterdam

Kongeriket Polen

Dei austerrikske Nederlanda Aachen Köln

DET TYSK- Böhmen ROMERSKE Mähren RIKET Wien

Paris Versailles

Kongeriket Frankrike

Sveits

Austerrike

Venezia Savoie 1 Re 2 4 p. 3 Marseille Ve Toscana Kyrkjestaten Korsika Roma

Serbia ne

zia

Moldova

Valakia

RTEHAVET

Montenegro Kgr. Napoli

ke Ma

don

ia

a Athen

Gibraltar Tanger

SVA

DET OSMANSKE RIKET

Bosnia

ni

Sardinia

Kongeriket Ungarn

ba

Kongeriket Spania

Nederland

Kongeriket Preussen

Al

Lisboa

Tsarriket Russland

København

Sicilia

nom bestemte rettar og plikter. Så gjekk dei gjennom livet i fotspora til foreldra sine, utan at rolla eller den sosiale statusen deira endra seg. Tidleg på 1800-talet var Storbritannia blitt den mektigaste stormakta i verda. I Europa fanst det i tillegg til Storbritannia fire viktige statar: Frankrike, keisarriket Austerrike, Preussen og Russland. Dagens Tyskland og Italia omfatta mange mindre statar. Overalt hadde folket lite politisk innverknad. Makta låg hos monarkane og toppsjiktet i befolkninga, mens vanlege folk ikkje hadde politiske rettar.

Konstantinopel


HISTORIE

1700-talet

Frå 1770-åra

K A P 7 Revolusjonar

Opplysningstid

Den industrielle revolusjonen begyn­ ner i Storbritannia

1776

Den amerikanske sjølv­ stendeerklæringa blir vedteken

1789

Den franske revolusjonen begynner

1792

1800–1815

1815

Frå 1830-åra

Frankrike blir republikk

Napoleonskrigane

Slaget ved Waterloo, Belgia: Napoleons endelege nederlag. Sigerherrane møtest til fredskongress i Wien

Storstilt utbygging av jernbanenettet i Storbritannia

1861

Samlinga av Italia er fullført

1871

Samlinga av Tyskland er fullført

Frå 1870-åra

1880-/1890-åra

178

USA og Tyskland utfordrar Storbritannias posisjon som fremste industrinasjon

Industrialiseringa spreier seg til utkant­ områda i Europa

Opplysningstida: Våg å vite! «Våg å vite!» oppfordra den tyske filosofen Immanuel Kant (1724–1804). For å bli fri frå autoritetane i samfunnet må menneska tore å tenkje eigne tankar, dei må tore å stole på eiga fornuft, meinte Kant. Det var tankar som bar preg av ei ny tid. Kjenneteikn på 1700-talet er stor tru på framgang og vitskap, på kunnskapstørst og evne til fri tanke hos det enkelte mennesket. Filosofane vart meir opptekne av menneskeleg forstand enn det som måtte vere Guds vilje, og haldninga var at kunnskap og opplysning medverka til å frigjere menneska. Difor er denne perioden kalla opplysningstida. Kva: filosofane i opplysningstida Kven: Montesquieu, Voltaire og Rousseau Når: 1700-talet Dei viktigaste tenkjarane i opplysningstida var franske, men også i Storbritannia og i Tyskland levde det filosofar som skulle få stor innverknad, som John Locke (1632– 1704), Adam Smith (1723–1790) og Immanuel Kant (1724–1804). Charles Montesquieu (1689–1755) Montesquieu var mest oppteken av korleis samfunnet vart styrt. Han hadde lite til overs for eineveldet, og meinte at makta burde fordelast mellom samfunnsgrupper og institusjonar, til dømes adel, kyrkje, parlament og byar. Den utøvande, den lovgivande og den dømmande makta burde vere skilde, ikkje samla på éi hand. Det kallar vi maktfordelingsprinsippet.

Voltaire (1694–1778) Voltaire var ikkje negativ til eineveldet, men han meinte at herskaren måtte styre fornuftig og sørgje godt for undersåttane. Han var oppteken av at mennesket har grunnleggjande rettar. Eit sitat som ein ofte tilskriv Voltaire, «eg avskyr det du skriv, men vil ofre livet for retten din til å skrive det», viser kor sterkt han forsvarte ytringsfridommen.

Jean-Jacques Rousseau (1712–1778) Rousseau sette fokus på folket og på fellesskapet i samfunnet. Han meinte at samfunnet måtte baserast på ei form for kontrakt menneska imellom, der allmennviljen, ikkje kongen, var øvste autoritet. Allmennviljen kunne til dømes kome til uttrykk i val, og det var ei oppgåve for statsstyret å sjå til at allmennviljen vart følgd.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Gjennom opplysningstida vart synet på staten og statsstyret endra. Opplysningsfilosofane argumenterte for maktfordeling, ytringsfridom, religions­ fridom, tru på like rettar og respekt for folkemeininga. Dette er viktige prinsipp i eit moderne demokrati, men på 1700-talet var slike idear revolusjonære. Den franske hovudstaden vart sentrum for utveksling av desse nye tankane. Overklassekvinner i Paris hadde faste dagar der dei inviterte forfattarar, tenkjarar, diplomatar og andre personar med autoritet til samtalar og debatt. Gjestene og vertskapet diskuterte politikk, filosofi, vitskap og religion, og slik fekk kvinner, som eigentleg ikkje hadde høve til å delta i det politiske livet, indirekte innverknad. Befolkninga vart meir lesekyndig, og det skapte ein marknad for aviser og tids­ skrifter. Dermed nådde tankane til filosofane ut til eit mykje breiare publikum enn tidlegare. Samtidig som opplysningsfilosofane argumenterte for menneskerettar, makt­ fordeling og folkeleg innverknad på politikken, hadde dei eineveldige kongane i Europa sin glansperiode. Gapet mellom den politiske verkelegheita og tankane til filosofane var stort. I mange europeiske kongedømme fanst det ingen som kunne utfordre kongemakta. Trass i at opplysningsfilosofane først og fremst var franske, britiske og tyske, var det ikkje i Europa, men i Nord-Amerika tankane deira først fekk konkrete følgjer. Men før 1700-talet var over, skulle teoriane til opplysningsfilosofane om folkestyre bli ein realitet også i Europa.

maktfordeling: det at fleire organ deler på makta i eit samfunn

Bla gjennom kapittelet og ­studer bileta. Skriv eitt til to stikkord til kvart bilete. Får du oversikt over kva kapittelet handlar om på denne måten?

Revolusjonen i Amerika Kampen for sjølvstende

1756–1763 Sjuårskrigen. Frankrike mistar koloniane sine i Nord-Amerika

1764 Storbritannia aukar avgiftene på importvarer til koloniane, til sterke protestar frå kolonistane

1770 Avgifter på importvarer til koloniane blir avskaffa på alle varer, så nær som på te

1773 Teselskapet i Boston

1774 Den første kontinentalkongressen møtest i september og vedtek boikott av britiske varer

1775 April: Sjølvstendekrigen bryt ut Mai: Den andre kontinentalkongressen møtest og peikar ut George Washington som øvstkommanderande for ein felles amerikansk hær

1776 Kongressen erklærer at Amerikas sameinte statar (Sambandsstatane) er uavhengige av Storbritannia. Den amerikanske sjølvstendeerklæringa blir vedteken 4. juli

1778 Allianseavtale mellom Frankrike og USA. Storbritannia og Frankrike erklærer kvarandre krig

1781 Det avgjerande slaget i sjølvstendekrigen. Dei britiske styrkane overgir seg

1783

Februar: Storbritannia erklærer at krigen mot USA er over September: Amerikanske og britiske representantar møtest i Paris og inngår ein formell fredsavtale

179


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

«(…) desse sameinte koloniane er, og har rett til å vere, frie og sjølvstendige statar (…)» I juli 1776 var om lag femti utsendingar frå dei britiske koloniane i Nord-Amerika samla til felles møte i Philadelphia, Pennsylvania. Forsamlinga vart kalla Kontinental­ kongressen og var ei slags amerikansk skyggeregjering. Året før hadde det brote ut krig mellom koloniane og Storbritannia, og no meinte amerikanarane at tida var inne til å få sjølvstende. Thomas Jefferson (1743–1826), ein av representantane frå Virginia, vart utpeikt til å skrive utkast til ei sjølvstendeerklæring. Etter berre éin dags arbeid presenterte han utkastet sitt for forsamlinga, og to dagar seinare, om ettermiddagen 4. juli 1776, vedtok Kontinentalkongressen erklæringa:

Formuler innhaldet i dette sitatet i to setningar. Kva vil du leggje vekt på?

Vi meiner det er ei openberr sanning at alle menneske er fødde like, at dei er gitt visse umistelege rettar av skaparen sin, og at retten til liv, fridom og lengt etter lykke er mellom dei. Vi meiner at regjeringar er oppretta mellom menneska for å sikre desse rettane, og at dei byggjer sin rett til å styre på samtykke frå dei som dei styrer over. Når ei styreform blir slik at ho skader desse formåla, har folket rett til å avskaffe henne og innføre eit nytt styre, bygt på dei grunnsetningane og organisert i dei formene som synest best eigna til å sikre velferd og lykke. (…) Vi, representantane for Amerikas sameinte statar, erklærer difor at desse sameinte koloniane er, og har rett til å vere, frie og sjølvstendige statar, og at dei er løyste frå all truskap mot den britiske krona, og at alt politisk samband mellom dei og den britiske staten er og bør vere fullstendig oppløyst.

Røtene til sjølvstendeerklæringa

skyggeregjering: gruppe av opposisjons­ politikarar som er ­førebudd på å overta regjeringsmakta

I desember 1773 nekta britiske kolonistyresmakter alle skip å forlate Boston før kolonistane hadde betalt teskatten. 16. desember borda amerikanske aktivistar, utkledde som mohawk­ indianarar, skipa i Boston hamn. All teen om bord vart dumpa på sjøen. Denne hendinga er sidan kjend som Teselskapet i Boston.

180

Kvar fekk Thomas Jefferson desse tankane frå? Jefferson må kunne kallast ein opplyst mann. Han var utdanna jurist, snakka fem språk flytande og hadde studert matematikk, naturvitskap og – ikkje minst – filosofi. Sjølvstendeerklæringa vart innleidd med at menneska har grunnleggjande rettar, i tråd med til dømes tankane til Voltaire: «alle menneske er fødde like». Dessutan slo erklæringa fast at dei som styrer, har fått makta si frå folket for å sikre desse ret­ tane, slik Rousseau hevda at allmennviljen var den øvste autoriteten. Erklæringa


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

listar opp mange døme på britiske maktovergrep, og konkluderer med at det britiske styret i Nord-Amerika er ugyldig. Difor har folket rett og plikt å erstatte ­kolonistyret med eit anna styre. Vi ser altså at sjølv­ stendeerklæringa hadde klare røter i opplysnings­ tida, og vi kan seie at opplysningsfilosofien var ein føresetnad for den amerikanske kampen for sjølv­ stende. Men ei fullgod forklaring på det som hende, får vi først ved å trekkje inn andre årsaker i tillegg.

Kvifor ynskte kolonistane sjølvstende? • Det hadde vakse fram ein eigen amerikansk identitet. Tilknytinga til Storbritannia var viktig for britiske kolonistar, men immigrantar frå ­andre stader hadde ikkje spesielle band dit. Banda og lojaliteten hos kolonimakta vart svekte parallelt med at ein amerikansk ­identitet vart sterkare. • Dei tretten britiske koloniane hadde sine eigne lover og reglar. Dei vart styrte på ulikt vis og hadde forskjellige valutaer. Så lenge dei hadde sine eigne fungerande styresmak­ ter, vart det britiske parlamentet mindre ­relevant for kolonistane. • Frankrike vart ikkje lenger oppfatta som ein trussel mot dei britiske koloniane i NordAmerika. Etter sjuårskrigen vart Frankrike tvinga til å avstå Canada til Storbritannia. Når Frankrike ikkje lenger hadde koloniar i NordAmerika, hadde ikkje dei britiske kolonistane det same behovet for at Storbritannia skulle verne dei mot franske interesser. • Misnøyet med styret i Storbritannia auka. Gjennom fleire år hadde det britiske parlamentet innført nye skattar og avgifter i dei nordamerikanske koloniane. Kolonistane syntest det var urimeleg å skulle betale skatt og avgift til Storbritannia utan samtidig å få innverknad på britisk politikk. Amerikanarane samla seg i store protestar under slagordet «No taxation without representation» (inga skattlegging utan representasjon).

Sjølvstendeerklæringa 4. juli 1776. Er dette eit av dei viktigaste historiske dokumenta som er skrive?

Amerikas sameinte statar (Sambandsstatane) Protestane mot ein felles motstandar verka samlande på amerikanarane og gjorde sitt til samarbeid på tvers av kolonigrensene. Difor var det ein felles amerikansk hær, leidd av George Washington (1731–1799), som gjekk til væpna opprør mot kolonimakta i 1775. Etter tre års krig gjekk Frankrike inn i krigen på amerikansk side, og det vart avgjerande for utfallet. I 1781 kapitulerte dei britiske styrkane. Gjennom krigen hadde Kontinentalkongressen fungert som eit fellesorgan for dei amerikanske statane, men då krigen tok slutt, vart det behov for eit fastare ­forbund. I 1787 møttest valde representantar frå dei amerikanske statane for å ut­ arbeide ei felles grunnlov. Endå ein gong var opplysningsfilosofien ei inspirasjons­ kjelde for amerikanarane. Grunnlova slo fast at den lovgivande makta skulle liggje hos Kongressen, den utøvande makta hos presidenten og den dømmande makta hos domstolane. Kongressen skulle ha to avdelingar, Senatet og

181


Europa år 1748 Norsksvensk-russisk fellesområde

K A P 7 Revolusjonar

HISTORIE

nd

sk)

en

Representanthuset, med medlemmer som vart valde inn for høvesvis seks og to år. Eit fleirtal av den mannlege befolkninga fekk røysterett. Med den amerikanske grunnlova vart altså både Montesquieus maktfordelingsprinsipp og Rousseaus teori om allmennviljen sette ut i l praksis. re Grunnlova tok til å gjelde i 1789. Samtidig vart George Washington innsett som Ka Kongeriket Ladoga Sverige den første presidenten i Amerikas sameinte statar. Helsingfors Bergen St. Petersburg Åbo Christiania Den nye staten USA var annleis enn dei gamle statane i Europa på mange omStockholm Narva Kongeriket råde. Det var ingen adel og ingen grupper i befolkninga med arvelege privilegium. Kvifor ynskte folket i koloniane Danmark- Folket hadde religionsfridom, og det var ingen grenser for trykkjefridommen. Mens sjølvstende? Moskva Noreg Europa var styrt av monarkar som hadde fått posisjonen sin ved arv, vart dei som styrte USA, valde av folket. Den nye staten stodTsarriket dermed fram som eit førebilete for København Russland ei opplyst befolkning i Europa. Kongeriket Kongeriket

rland

Storbritannia London

Rouen

Nantes

Nederland

Preussen Hannover

Dei austerrikske Nederlanda Aachen Köln

Warszawa

Kongeriket Dårleg økonomi og ugunstige privilegium Polen

DET For Frankrike var det svært viktig at tankane til Voltaire, Montesquieu og Rousseau TYSK- Böhmen vart verkeleggjorde i USA. Det at ideane frå franske filosofar om styringsformer og ROMERSKE Mähren RIKET allmenneWien rettar utgjorde grunnlaget for både sjølvstendeerklæringa og grunnlova,

Paris Versailles

Kongeriket Frankrike

Revolusjonen i Frankrike

Berlin

Amsterdam

Austerrike gjorde at fleireKongeriket såg for seg eitMoldova liknande styre i Frankrike. Ungarn I 1780-åra stod Frankrike i eit økonomisk uføre. Støtta til den amerikanske sjølvVenezia Bordeaux Savoie 1 stendekrigen hadde kosta mykje, og store statlege utgifter vart difor finansierte Re Valakia RTEHAVET 4 2 3 p. S V Avar rikt på ressursar, hadde staten Serbia Marseille med lån. Sjølv om Frankrike i utgangspunktet Ve ne zia Bosnia til å D E T inntektene O S M A Nsine S Kfor E åRkunne I K E Tgreie låna. Det hadde saToscana Kyrkjesmå moglegheiter auke Montenegro staten manheng med mellom anna gamle privilegium som var berre for dei få. Til dømes Madrid Korsika Konstantinopel ia Roma d o n som eigde mesteparten av jorda, fritekne for å betale Frankrike år 1748. e var adelen og presteskapet, k Kgr. Ma ket Napoli eigedomsskatt, og ein stor del av privat eigedom og inntekt vart dermed ikkje Sardinia a skattlagd. Athen Etter kvart vart det heilt opplagt at privilegia måtte innskrenkast. Det var jo ikkje Sicilia store ekstrainntekter staten kunne få frå borgarar og meir eller mindre ufrie bønder. Problemet for kongen var at dei adelege sette klare vilkår for å godta innskrenking av privilegia sine: Kongen måtte kalle saman stenderforsamlinga og opne for reformer som gav kongen mindre makt og adelen meir makt. Kong Ludvig 16. gjekk til slutt med på det, og i mai 1789 møttest representantar for dei tre franske stendene på slottet til kongen i Versailles. Sveits

Al

ba

ni

a

Mens du les, skriv du ned det som står i teksten om årsakene til revolusjonen i Frankrike. Skriv U (utløysande årsak), M (medverkande årsak) eller G (grunnleggjande årsak) i parentes bak punkta dine, avhengig av kva du meiner dei er.

182

Dei tre stendene I 1789 hadde Frankrike ei befolkning på omkring 25 millionar menneske. Befolkninga var delt inn i tre stender. Dei geistlege (presteskapet) utgjorde førstestanden, andre­ standen var dei adelege, mens resten av befolkninga, om lag 98 prosent, høyrde til tredjestanden. Tredjestanden var altså ei stor og variert gruppe, som inkluderte mellom anna juristar, lågare funksjonærar, handelsmenn, handverkarar, arbeidarar, bønder og legar. Førstestanden og andrestanden hadde rettar som tredjestanden mangla, til dømes skattefritak.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Revolusjonsåret 1789

April Uro i Paris. Fleire hundre sivile blir drepne.

5. mai Stenderforsamling i Versailles

6. mai Tredjestanden krev – og får – like mange representantar som dei to andre stendene til saman

17. juni Tredjestanden erklærer seg som nasjonalforsamlinga i Frankrike

24. juni Dei fleste representantane for førstestanden og andrestanden sluttar seg til nasjonalforsamlinga til tredjestanden

27. juni Kongen resignerer og gjev ordre om at førstestanden og andrestanden skal slutte seg til nasjonalforsamlinga

14. juli Bastillen blir storma. Uroa spreier seg til andre delar av Frankrike

4. august Nasjonalforsamlinga avskaffar standsprivilegia

26. august Nasjonalforsamlinga vedtek «Erklæringa om rettane til menneska og borgarane»

November Nasjonalforsamlinga inndreg eigedommane til den franske kyrkja, og krev at alle geistlege skal sverje truskap til revolusjonen

Stenderforsamlinga i Versailles Tredjestanden representerte den største delen av befolkninga i Frankrike. Difor fekk denne standen like mange representantar på stenderforsamlinga som dei to andre stendene til saman. Men ettersom det skulle vere berre éi røyst for kvar stand, var tredjestanden likevel i mindretal. Delegatane frå tredjestanden kom likevel til å prege møtet. Dei var generelt betre utdanna enn representantane frå dei andre stendene, og henta inspirasjon frå opp­ lysningsfilosofien og den amerikanske frigjeringskrigen. Etter at stendene hadde vore samla i Versailles i halvannan månad utan å ha kome nokon veg, kravde tred­ jestanden at stenderforsamlinga måtte erstattast av ei nasjonalforsamling. I staden for å møtast som representantar for ein stand skulle medlemmene av nasjonalfor­ samlinga representere heile folket. Medlemmene skulle kome frå alle stendene, og kvar medlem skulle ha éi røyst. Fleire adelege og geistlege var einige i kravet frå tredjestanden og slutta seg til tredjestanden. I juni erklærte dei seg som nasjonal­ forsamlinga i landet. Dei slo fast at kongen var underordna nasjonalforsamlinga, og avskaffa dermed eineveldet. Dette var ein politisk revolusjon. Kongen svarte med å tilkalle militæret.

Slutten på det gamle regimet

Ei gruppe, leidd av representantar for tredjestanden, avskaffa eine­ veldet og erklærte seg som nasjonal­forsamlinga i landet. Korleis kunne det gå slik?

Samtidig auka uroa i resten av Frankrike. Det var ei tid med vanskelege levekår for folk flest: Brødprisane steig, arbeidsløysa auka, og lønningane minka. I Paris engsta folk seg då troppestyrkane til kongen samla seg i Versailles, berre halvanna mil frå hovudstaden. Det gjekk rykte om ei samansverjing mellom adelen og dei geistlege, og etter kvart fekk oppdemd bekymring og misnøye hos folket utløp. 14. juli 1789 gjekk revolusjonære parisarar til angrep på Bastillen og erobra festninga. Nyheita om denne sigeren inspirerte til liknande opprør på landsbygda. Bønder angreip lokale slott og herskapshus, og rykte om røvartokt og plyndring spreidde frykt overalt.

183


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

Bastillen var opphavleg eit mellomaldersk festningsbygg aust i Paris. I 1789 fungerte det som fengsel for personar som var fengsla utan lov og dom, og bygningen var blitt eit sym­ bol på det eineveldige styret. 14. juli, datoen då Bastillen vart storma, har sidan blitt nasjonal­ dagen til Frankrike

184

Nasjonalforsamlinga, som framleis var samla i Versailles, forstod at noko måtte gjerast for å unngå eit omfattande bondeopprør. 4. august avskaffa difor nasjonal­ forsamlinga alle føydale privilegium. Dette var ein sosial revolusjon, som innebar slutten for det gamle regimet.

Menneskerettane: utgangspunktet for ny styreform Under desse vekene med masseprotestar og uro heldt nasjonalforsamlinga seg samla i Versailles. Eit hovudmål for representantane var å forfatte ei fransk grunnlov, men då måtte dei først bli einige om kva for prinsipp som skulle leggjast til grunn for den nye styreforma. Med «Erklæringa om rettane til menneska og borgarane», som vart vedteken i august 1789, vart dei nye styringsprinsippa kunngjorde. Erklæringa understreka at folket og grunnleggjande rettar for den enkelte var ut­ gangspunktet for statsstyret. Dette var radikalt forskjellig frå styret i det gamle regi­ met, der kongelege befalingar og tradisjonelle privilegium hadde vore avgjerande. Men dei same ideane som låg til grunn for den franske menneskerettserklæringa, kjenner vi igjen frå den amerikanske sjølvstendeerklæringa.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Den franske menneskerettserklæringa skil seg frå den amerikanske ved å vere universalistisk. Det vil seie at ho ikkje handla om rettane til det franske folket spesielt, men om rettane til alle menneske. Alle hadde rett til fridom, eigedom og tryggleik og til å gjere motstand mot undertrykking. Når det galdt dei politiske ­rettane, derimot, meinte ein det måtte vere visse grenser: Berre aktive borgarar, altså dei som betalte ei viss mengde skatt, fekk røysterett. Det utgjorde om lag 75 prosent av den mannlege befolkninga. Kvinner kunne verken få røysterett eller stille til val. Dessutan var det framleis nokre menneske som ikkje hadde rett til fridom eingong: dei afrikanske slavane som arbeidde for franske plantasjeeigarar i Vestindia. Etter at nasjonalforsamlinga hadde blitt einige om prinsippa for eit nytt styre, ­begynte dei arbeidet med sjølve grunnlova. Då ho tok til å gjelde i september 1791, vart Frankrike formelt eit konstitusjonelt monarki. Det vil seie at kongen framleis var statsoverhovud, men han var ikkje lenger eineveldig. For det første måtte han inn­ ordne seg føresegnene i grunnlova (konstitusjonen), og for det andre var makta no delt mellom kongen, nasjonalforsamlinga og domstolane.

universalistisk: som gjeld alle

Revolusjonen møter motstand Alt hausten 1789 vart dei revolusjonære splitta. Ei vesentleg årsak til det var at nasjonalforsamlinga omorganiserte kyrkja og kravde at alle geistlege måtte sverje lojalitet til revolusjonen. Bortimot halvparten av prestane nekta. Dermed vart den franske kyrkja i praksis todelt: dei som svor lojalitet, og dei som ikkje gjorde det. Motstanden i kyrkja medverka til at revolusjonen mista oppslutning i delar av folket. Ludvig 16. hadde liten grunn til å vere fornøgd med tilstanden etter revolusjo­ nen. Offisielt hadde han godteke den nye grunnlova, men eigentleg arbeidde han for å kome tilbake som eineveldig konge. Ludvig 16. hadde stor sympati hos dei europeiske hoffa. Mange franske adelege som forlét Frankrike i 1789, hadde søkt tilflukt hos utanlandske hoff, og dei ivra for krig mot dei franske revolusjonære. Det var heller ingen framand tanke for andre europeiske monarkar, som frykta for sin eigen lagnad.

Kvinner på veg til Versailles, 5. oktober 1789. Kva kan det ha hatt å seie at kvinnene også var med i opptøyane?

185


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

Monarkiet fell

Kvifor fall monarkiet i Frankrike? Gi døme på ei utløysande og ei grunn­ leggjande årsak.

I april 1792 erklærte Frankrike krig mot Austerrike og Preussen. Krigserklæringa hadde samanheng med at revolusjonen hadde sterke motstandarar i utlandet, og at dei revolusjonære ynskte å spreie revolusjonen utanfor Frankrikes grenser. I første omgang skulle krigen få alvorlege konsekvensar for kongefamilien. Dei austerrikskprøyssiske styrkane var nemleg mistenkjeleg suksessrike, og folket mistenkte ade­ len for å spele på lag med fienden. Det viste seg også at dronninga i Frankrike, Marie Antoinette, som var syster av den austerrikske keisaren, forsynte bror sin med dei franske planane for krigføringa. Dessutan var krigen, slik krigar ofte er, ­årsak til at brødprisane steig til nye høgder. Det førte til ny revolusjonær glød i Frankrike, og kravet om at kongen måtte avsetjast, vart stadig sterkare. 10. august 1792 storma folket slottet til kongen i Paris. Kongen vart avsett, kongefamilien vart fengsla, og det franske monarkiet vart erstatta med ein republikk. 25. januar 1793 kunne London Times melde at fire dagar tidlegare hadde «det barbariske mordet» på kong Ludvig av Frankrike gått for seg, og dei franske repu­ blikanske tyrannane hadde gjennomført ein svært djevelsk, vondskapsfull, vill og blodig plan. Ifølgje avisa hadde kongen vore roleg då han steig opp på skafottet, og han hadde vist lite frykt, typisk for ein som er uskuldig. Straks Ludvig hadde sagt at han var uskuldig, og tilgitt fiendane sine, vart hovudet hans skilt frå kroppen. Klokka var om lag kvart over ti.

Fridom, likskap og brorskap? Etter at republikken var oppretta, kom det ei svært valdeleg tid, som blir kalla terro­ ren. Motstandarar av revolusjonen vart dømde til døden eller avretta utan lov og dom, og om lag 40 000 franskmenn mista livet året 1793/1794. Kvar var det blitt av ideane som rådde då revolusjonen begynte? Korleis gjekk det med tanken om at menneska var likeverdige, og at folk hadde rett til fridom og tryggleik? Kva med ­retten til å gjere motstand mot undertrykking? Då terroren begynte, hadde det gått fire år sidan den første oppstanden i 1789. Folk hadde ikkje fått innfridd håpet om eit betre tilvære, og rundt om i landet var det uro og oppstand. Dei revolusjonære var overtydde om at republikken var det einaste rette målet, og for å sikre republikken oppfatta dei altså terror og under­ trykking som legitime middel. Terroren spreidde frykt, også mellom revolusjonære. Kven var den neste som ville miste livet etter skuldingar om å vere motstandar av revolusjonen? Sommaren 1794 kom motreaksjonen. Den valde nasjonalforsamlinga, Nasjonalkonventet, sørgde for at fleire leiande, radikale revolusjonære vart arresterte og sidan avretta. Det betydde slutten på terroren. Året etter vedtok Nasjonalkonventet ei ny grunnlov som gav utøvande makt til ei gruppe på fem menn som vart utpeikte mellom dei valde representantane til nasjonalforsamlinga. Dette femmannsstyret, Direktoriet, var det nye regjeringsorganet i Frankrike.

Årsaker til revolusjonen og verknader av han Både politiske, økonomiske og kulturelle forhold må trekkjast inn når det gjeld årsa­ kene til den franske revolusjonen. Opplysningsfilosofane sette fram nye tankar om maktfordeling, politisk deltaking og menneskerettar, og hadde stor tru på fornuft hos enkeltmennesket. Slike tankar fann gjenklang i ein stat der kongen var einevel­ dig, men ute av stand til å løyse aukande økonomiske problem. Ein stadig større tredjestand var misfornøgd med at det var berre førstestanden og andrestanden som fekk politisk innverknad og økonomiske privilegium. Delar av befolkninga levde

186


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

i stor fattigdom, og i periodar med dårlege avlingar vart levekåra endå vanskele­ gare. Det skapte grobotn for misnøye og protest. Revolusjonen innebar slutten på det gamle samfunnet i Frankrike. Eineveldet og standsprivilegia vart avskaffa, og ideen om folkestyre vart sett ut i praksis. Men re­ volusjonen fekk verknader også utanfor Frankrike. I nokre land vart folk gripne av revolusjonsgløden og gjorde opprør mot styret. Andre stader kom det ein tydeleg reaksjon mot revolusjonen. Hos naboane til Frankrike i dei tyske områda var revolu­ sjonen, og ikkje minst krigen frå 1792, ein spore til sterkare nasjonalkjensle. Alt i alt fekk den franske og den amerikanske grunnlova, sjølvstendeerklæringa og erklæringa om menneskerettane mykje å seie for utviklinga av moderne demo­ krati. Dei to grunnlovene gav også inspirasjon til den norske grunnlova frå 1814 (sjå side 206).

Ludvig 16. vart halshoggen 21. januar 1793. Måleri av Pierre Berthault. Bøddelen viser fram det avkappa hovudet. Kva for symbolverdiar ligg i ein slik avrettingsmetode?

Dersom du gjorde oppgåva på side 182, kva for årsaker til revolusjonen har du notert? Kan du trekkje fram ei årsak som du meiner er viktigare enn dei andre? Kvifor meiner du ho er viktigast?

187


Napoleon Bonaparte Bakgrunnen til Napoleon Napoleon (1769–1821) vart fødd på Korsika. Ti år gammal vart han send heimanfrå for å begynne på krigsskule. Han var ein flink elev, og difor fekk han utdanne seg vidare ved det nasjonale militærakademiet i Paris. Der tok han eksamen etter berre eitt års studiar, og i 1785, seksten år gammal, vart han offi­ ser i den franske hæren. Då revolusjo­ nen kom og mange høgare offiserar flykta til utlandet, opna det seg store moglegheiter for unge, talentfulle offi­ serar av lågare rang, som støtta revolu­ sjonen. Mellom dei var Napoleon.

Krigane og freds­ slutninga

Frå hærførar til keisar I 1790-åra hadde Napoleon stor suk­ sess som hærførar. Han vann over den eine framande hæren etter den andre og vart ein svært populær general, og dermed også mektig. Alle sigrane gjorde at han såg seg sjølv som overle­ gen andre menneske. Han meinte det var hans lagnad i livet å oppnå store ting, og 9. november 1799 gjennom­ førte han statskupp. Napoleon avskaffa Direktoriet og utnemnde seg sjølv til ­førstekonsul. Fem år seinare vart han keisar i Frankrike, i ein seremoni der han krona seg sjølv. Historikarar har diskutert om Napoleon trudde på dei revolusjonære ideane han hadde kjempa for. På den eine sida vart ideane om folkestyre, allmennvilje og maktfordeling forlatne då Napoleon gjorde statskupp, i og med at den politiske makta igjen vart samla hos éin person. Men på den andre sida var lovverket Na­ poleon fekk vedteke, prega av tankegod­ set frå opplysningstida og revolusjonen.

188

«Napoleon kryssar Alpane» av Jacques Louis David.


Leiren til Napoleon kvelden før slaget ved Austerlitz i desember 1805.

Napoleonskrigane Napoleon treivst like dårleg når det ikkje var krig, som han gjorde når han tapte i krig, og alt vinteren 1800 vende han tilbake til slagmarka. Han tok med seg hæren, drog over Alpane og kjempa mot austerrikarane i Nord-Italia. Gjen­ nom åra som følgde, leidde Napoleon dei franske styrkane til siger i det eine slaget etter det andre, og store territo­ rium kom under fransk styre. Napoleon var særleg interessert i å øydeleggje stil­ linga som Storbritannia hadde som lei­

Waterloo 1815 ande sjøfarts- og handelsnasjon, og han prøvde å stengje alle hamnene på Kontinentet for britiske skip. Men i 1812 snudde krigslykka. Napoleons hærtog mot Moskva denne hausten var ein fiasko, og året etter vart dei franske styrkane overvunne av ein al­ lianse med mellom anna Storbritan­ nia, Russland, Preussen, Austerrike, Portugal, Spania og Sverige. I 1814 tok dei allierte styrkane Paris. Keisar Napoleon gjekk av og vart send i eksil til øya Elba i Middelhavet.

Wienerkongressen I 1815 møttest dei allierte som hadde vore med på å sigre over ­Napoleon, i Wien. Formålet var å sikre freden i Europa. Møtedele­ gatane ville skape balanse mellom dei europeiske statane for å hindre at somme statar vart for mektige og dermed ville utgjere ein trussel for andre statar. For å få det til reviderte dei europakartet: Grenser mellom statane vart trekte på nytt, territorium vart over­ førte frå éin stat til ein annan, og gamle kongeslekter vart igjen inn­ sette som statsoverhovud. Det nye europakartet tok ikkje omsyn til lokalbefolkninga og ein gryande nasjonalisme som vart synleg frå slutten av 1700-talet. (Sjå kartet på side 190.)

Etter eitt år i eksil rømde Napoleon frå Elba. Han vende tilbake til Frankrike for å ta makta på nytt. Napoleon var fram­ leis populær hos det franske folket. Det eine regimentet etter det andre som var sendt ut for å stoppe han, slutta seg i staden til sin tidlegare øvstkomman­ derande. Tilbake i Paris reiste Napo­ leon ein ny hær, og i juni 1815 møttest styrkane til Napoleon og dei allierte styrkane til eit avgjerande slag ved Wa­ terloo i Belgia. Her opplevde Napoleon sitt endelege nederlag. Han måtte igjen gi frå seg makta, og vart nok ein gong send i eksil, men denne gongen til ei øy som låg meir avsides, St. Helena i At­ lanterhavet. Her døydde han i 1821.

Napoleon om bord i HMS «Bellerop­ hon» etter nederlaget i 1815.

189


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

Europa år 1815 Island

Storhertugdømmet Finland

Kongeriket Noreg i union med Helsingfors Kongeriket Christiania Sverige Stockholm

Kongeriket Danmark

Kongeriket Storbritannia Irland og Irland

Moskva

eu Hannover t Pr e k i r n g e Berlin Nederlanda Ko

Amsterdam Haag

Andre tyske statar

Paris

Kongeriket Franrike

Venezia

3 Toscana Madrid

Kongeriket Spania

Kongeriket Sardinia

1 Parma 2 Modena 3 Lucca

Warszawa

Polen

Serbia Montenegro

Kyrkjestaten

Roma Napoli

Kongeriket dei to Joniske øyar Sicilia (under Storbr.)

Etter Wienerkongressen vart Europa delt inn slik du ser på kartet over. Samanlikn dette kartet med korleis Europa såg ut i 1748 (sjå side 177). Kva er dei største endringane?

190

n

Keisarriket Austerrike

1 2

Kongeriket Portugal

sse

Wien

Sveits Torino

Lisboa

Ts a r r i k e t Russland

København

Bremen Dei Sameinte

London

St. Petersburg

D

et

SV

TE AR

HAVET

os Konstantinopel ma nsk e riket


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Den industrielle revolusjonen Mens amerikanarane kjempa for sjølvstende og franskmennene for republikken, gjekk det for seg omfattande endringar også i Storbritannia. Her dreia det seg like­ vel ikkje om politiske endringar, men om ei omfattande økonomisk og teknologisk forvandling, som i neste omgang skulle få store konsekvensar for sosiale og ­kulturelle forhold. Denne forvandlinga er kjend som den industrielle revolusjonen. Mens politiske hendingar kan tidfestast til eit visst år eller ein konkret dato, er det ikkje mogleg å slå nøyaktig fast når den industrielle revolusjonen begynte. Men mot slutten av 1700-talet var det tydeleg at handkraft litt etter litt vart erstatta av maskinkraft. Denne utviklinga skaut fart på 1800-talet. Britisk tekstilproduksjon gjekk føre, mens andre europeiske land og USA følgde etter.

Bomullsbyen Manchester Ein reisande som tok toget til Manchester i Nordvest-England i 1830-åra, ville i god tid før han kom fram, ha fått eit førevarsel om at han nærma seg byen. På lang av­ stand kunne han sjå at himmelen over byen var dekt av mørk røyk som steig opp frå talrike fabrikkpiper. Langs jernbanelina dei siste mila låg det fleire mindre byar, alle med ei bomullsmølle omgitt av to–tre gater. Dei var som små versjonar av den store industribyen Manchester. Då toget kom fram til Manchester, stod passasjeren med eitt midt i røyken frå pipene, midt i bråket frå byen og omgitt av lydar frå arbeid som aldri tok slutt. Dagslyset var dempa, ettersom solstrålane berre delvis trengde gjennom røyken. Byen hadde gater med flotte butik­ kar og store hotell, men også dystrare kvartal med einsformige mursteinshus som var farga grå av fabrikkrøyken. Det var heilt tydeleg at bomullsproduk­ sjonen var det viktigaste for byen. Offentlege parker og område der folk kunne gå turar og trekkje frisk luft, fanst ikkje. Fram til midten av 1700-talet hadde Manchester vore ein liten mark­ nadsby, der delar av befolkninga var sysselsette i produksjon av ullstoff, lin og bomull. Inntil 1783 vart tekstilpro­ duksjonen utført med handkraft, men dette året fekk byen si første bomulls­ mølle med maskinar som kunne spinne garn og veve stoff. Til å be­ gynne med var det vasskraft som dreiv maskinane, men det tok ikkje lang tid før dampmaskinar overtok som energikjelde. Ved inngangen til 1800-talet stod Manchester framfor ei rivande utvikling. I dette hundreåret skulle byen bli verdsleiande sentrum for bomullsproduksjon. På slutten av 1800-talet fekk nesten heile Vest-Europa bomull frå Manchester. Byen voks både i utbreiing og folketal. Folk frå landsbygda søkte til byen for å få arbeid, og ­folketalet i Manchester auka frå 75 000 innbyggjarar i 1801 til 544 000 innbyg­gjarar i 1901.

Litografi av Arthur Fizwilliam Tait (1819–1905) som forestiller broen over elva i Manchester. Tenk deg at du tek bort alt på dette biletet som ikkje fantes femti år tidlegare. Kor mykje står att? Kva seier det om ­perioden?

191


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

Føresetnader for industrialiseringa Den veksande marknaden i Europa for bomullstekstilar var ei viktig drivkraft for den industrielle revolusjonen. For å møte etterspørselen måtte tekstilproduksjonen bli meir effektiv. Det førte til teknologiske endringar der handkraft gradvis vart erstatta med maskinkraft. Men større etterspørsel etter bomull var ikkje den einaste årsaka til endrin­ gane som følgde. I tillegg var kraftig folkeauke, større jordbruks­ produksjon og betre måtar å distribuere matvarer på avgjerande for industrialiseringa vidare.

Folkeauke: fred, vaksinar og potetar På slutten av 1700-talet begynte folketalet i Europa å vekse, og utover på 1800-talet vart folkeauken nokså dramatisk. Storbritannia var landet med sterkast folkeauke, og på 1800-talet vart talet på britar tredobla. Tre forhold medverka til at barnedødelegheita minka og levealderen auka, slik at folketalet i Europa voks: • 1800-talet var ein nokså fredeleg periode i europeisk historie. Jo mindre ressursar som gjekk med til krigføring, jo større ressursar kunne brukast på formål til beste for befolkninga. • Det kom vaksinar som gjorde at enkelte farlege sjukdommar vart sjeldnare. • Poteten, som kom til Europa frå Amerika på 1500-talet, vart vanleg rundt midten av 1700-talet. Poteten er næringsrik og hardfør, og berga mange frå svolt og død. Transportmiddel anno 1899.

Større jordbruksproduksjon Overgangen frå jordbrukssamfunn til industrisamfunn inneber at ein større del av befolkninga har andre arbeidsoppgåver enn å produsere mat. Fabrikkarbeidarar og offentlege tenestemenn har ikkje gardar, og kan ikkje sjølve halde kyr og dyrke korn, dei er avhengige av å få kjøpt mjølk og brød. Mjølk og brød blir berre ­tilgjengeleg for sal dersom bøndene produserer meir enn det dei treng sjølve. Jordbruksproduksjonen må altså ha eit overskot som kan seljast til arbeidarar og funksjonærar. Alt tidleg på 1800-talet var nye metodar tekne i bruk i jordbruket i Storbritannia. Gjødsling, nye reiskapar og systematisk avl gjorde sitt til å effektivisere gardsdrifta og auke produksjonen. Dermed kunne britiske bønder produsere nesten tre gonger så mykje korn i 1830-åra som på 1700-talet. Den auka effektiviteten i jordbruket og industrialiseringa påverka kvarandre: Med mindre behov for arbeidskraft i jordbruket vart det frigjort arbeidskraft til indus­ trien. Etter som talet på industriarbeidarar auka, fekk bøndene større marknad for produkta sine. Jo meir bøndene tente på å selje matvarer til industriarbeidarane, jo meir pengar hadde bøndene å kjøpe industrivarer for.

Betre moglegheiter for distribusjon I tillegg til meir folk og eit jordbruk som produserte med overskot, var det avgje­ rande å kunne frakte varer frå produsent til forbrukar på ein effektiv måte. Igjen stod Storbritannia i ei særstilling. Landet hadde gode førekomstar av kol, som vart brukt som brennstoff i dampmaskinar, og jern, som var nødvendig for å byggje maskinar og jernbane. Dessutan låg mykje av kol- og jernførekomstane

192


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

i nærleiken av farbare elvar eller ved kysten, slik at råstoffa enkelt kunne transporte­ rast dit det var behov. Med dampmaskinane vart transporten både til lands og på landjorda forbetra. Toga frakta varer, gods og passasjerar snøggare og billigare enn før, og mjølk, kjøt og andre ferskvarer kunne fraktast over lengre avstandar utan å bli skjemde eller bederva før dei nådde marknadene.

Evne til investering Vi har sett at Storbritannia var det landet som hadde størst folkeauke, at det britiske jordbruket vart modernisert tidlegare enn andre stader, og at naturforhold medverka til at kol og jern var lett tilgjengeleg. Men også økonomisk hadde Storbritannia spesielle føresetnader for å gå føre i industrialiseringa. For det første var det ingen tollbarrierar som splitta øylandet, slik det var på Kontinentet. I dei tyske statane, til d ­ ømes, fanst eit mylder av tollgrenser som gjorde importvarer dyrare og hemma ­varetransporten. For det andre var Storbritannia alt før industrialiseringa ei økono­ misk stormakt med tilgjengeleg kapital for investeringar. Storbritannia dominerte handelen og hadde koloniar som gav tilgang til marknader verda over. For det tredje var det få hindringar for initiativrike entreprenørar: Banksystemet var relativt godt utvikla, og lovverket la til rette for å etablere ny industri. Velståande kjøp­ menn og landeigarar med kapital og vilje til å satse på usikre investeringar hadde altså gode utsikter til å gjere nettopp det. Storbritannia var eit ope og tolerant samfunn som verdsette private initiativ og hadde større sosial mobilitet enn på Kontinentet.

Teksten nemner fleire årsaker til den industrielle revolusjo­ nen. Skriv ei setning om kvar av årsakene.

Sosiale følgjer av den industrielle revolusjonen Utviklinga i Manchester kan tene som eit døme på dei sosiale følgjene av den in­ dustrielle revolusjonen. Med eit meir effektivt jordbruk vart det mindre behov for ar­ beidskraft på landsbygda. Samtidig voks det fram nye arbeidsplassar i byane, og mange reiste i staden inn til byane for å finne jobb der. Innflyttinga til byane og den generelle folkeauken gjorde at byane voks. Vi seier at det gjekk for seg ei urbanise­ ring. Industribyar voks fortast, men veksten var tydeleg også i typiske administra­ sjonssenter og byar som levde først og fremst av handel. Omkring 1850 budde om lag halvparten av alle britar i byar, og det var ikkje lett for styresmaktene å følgje opp den raske folkeveksten. Mangel på politi, meir kriminalitet, vanskeleg tilgang på reint vatn, og dårleg kloakk- og søppelsystem var typiske byproblem.

Fabrikkarbeidar David Rowland Ein av dei som medverka til vekst i Manchester, var arbeidaren David Rowland. Han begynte i sin første jobb på tekstilfabrikken berre seks år gammal. Truleg var også foreldra hans arbeidarar på denne fabrikken. Her vart David sett til å utføre arbeid som kravde ein liten kropp, til dømes å samle saman bitar av bomull som hamna på golvet under maskinane. Det måtte han gjere mens maskinane gjekk, og det var stor fare for å bli skamfaren eller lemlesta av maskinhjula. Difor måtte David ofte leggje seg flat på golvet og vente mens dei store maskinhjula passerte over han, slik at han ikkje skulle bli klemd i hel under arbeidet. Såpass mange mista eller skadde kropps­ delar i maskinane at ein tyskar som kom til Manchester i 1842, syntest det såg ut som om hæren akkurat hadde kome heim etter eit slag. Gatene krydde nemleg av folk utan armar og bein. Slik som mange andre industriarbeidarar vart David øydelagd av arbeidet i fabrikken. I hans tilfelle var årsaka ikkje ei ulykke, men dårlege arbeidsforhold, lange arbeids­ dagar (opptil seksten timar i døgnet), ulageleg arbeidsstilling og dårlege levekår.

193


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

Klassesamfunnet veks fram Industrialiseringa medverka til at sosiale skilnader mellom grupper av folket vart tyde­ legare. I byane voks det fram ein større middelklasse, som opplevde stor framgang og meir velstand, og som hadde midlar til å busetje seg i dei betre strøka i byen. Mange levde eit behageleg liv, med fritid som dei nytta til å reise eller til å lese eit stadig større utval av romanar, aviser og politiske skrifter. For industriarbeidarane var ikkje livet like behageleg. Ei industriarbeidarlønn rakk ikkje til å brødfø heile familien, og difor måtte som regel begge foreldra, og også barna, arbeide på fabrikken. Arbeidarbustadene var små og usunne. Fleire storfami­ liar kunne leve samantrengt i små hus eller i fuktige kjellarar. Oppvekstvilkåra for barn var dårlege, og i typiske arbeidarstrøk var barnedødelegheita framleis høg, mens den venta levealderen var låg. Det at skilnadene mellom fattig og rik auka, førte til at arbeidarane begynte å sjå på seg sjølve som ein eigen klasse i samfunnet. Det var ikkje lenger slik som i det gamle samfunnet at tilknytinga til standen eller lokalsamfunnet var sterkast. Økonomiske ressursar var blitt meir avgjerande for tilhøyrsla. I det gamle samfunnet var skomakaren og skomakarlærlingen knytte saman i gjensidig lojalitet. No var sko­ makarlærlingen blitt fabrikkarbeidar og hadde berre eit økonomisk forhold til fabrikk­ eigaren. Arbeidarane hadde motsette interesser enn det fabrikkeigaren hadde, og lojaliteten overfor arbeidskollegaene var dermed sterkare enn overfor fabrikkeigaren.

Nye tankar: ismane Når vi snakkar om den industrielle revolusjonen, tenkjer vi først og fremst på teknolo­ gisk og økonomisk forandring. Men vi har jo også sett at industrialiseringa fekk følgjer for sosiale forhold og forandra måten folk levde på. Generelt er det slik at endring på eitt område i samfunnet fører til endring på dei andre samfunnsområda. Difor kan vi gå ut frå at den teknologiske overgangen frå handkraft til maskinkraft verka inn på politiske og kulturelle forhold. Denne hypotesen blir stadfesta av at frå tidleg på 1800-talet kom visse nyord i bruk i engelsk: liberalisme, sosialisme, konservatisme og nasjonalisme. Alle er nemningar på ideologiar, altså systematiske tankar om kor­ leis samfunnet bør vere organisert, og om korleis ein skal få det til. Desse ideologi­ ane, som vi også kallar ismar, hadde røter delvis lenger tilbake i tida, men no kom dei til uttrykk på ein meir systematisk og tydeleg måte. Ball hos prins Metternich under Wienerkongressen i 1815.

194


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Konservatismen: trua på det ein er van med Frå latin conservare, som tyder ‘bevare’. Konservatismen hadde røter i det gamle førindustrielle samfunnet, men på 1800-talet stod konservatismen fram som ein reaksjon på dei radi­ kale ideane frå den franske revolusjonen. Dei konservative hadde stor tru på forholda slik dei var. Brå forandringar førte ikkje til noko godt, samfunnet burde endrast gjennom små, gradvise tilpassingar. Etter deira meining var tradisjonelt monarki den beste styreforma, og det var best at folket vart leidd av ein liten, ansvarsfull elite. Idear om medråde­ rett og personleg fridom hadde dei altså lite til overs for. Medlemmer av hoffet, aristokratiet og presteskapet var hovudsakleg konservative.

Liberalismen: politisk og økonomisk fridom Frå latin liber, som tyder ‘fri’. I det gamle samfunnet galdt mange rettar og moglegheiter berre for medlemmer av overklassen i samfunnet, og det ynskte liberalistane å endre. Dei argumenterte for at alle menneske skulle vere like for lova. Statsstyret måtte ha ein viss legitimitet frå folket, og autoriteten til mo­ narkane måtte avgrensast av ei form for folkeleg representasjon, gjen­ nom lovverk og føreseieleg rettsutøving. Dette var tankar som passa godt for den veksande middelklassen, og liberalismen var kanskje den viktigaste ismen på 1800-talet. Kravet frå middelklassen om å få politisk innverknad som samsvarte med at dei vart meir økonomisk viktige, vart stadig tydelegare.

Førsteutgåva av Adam Smiths Wealth of Nations frå 1776.

Ein stor del av borgarskapet var engasjert i privat næringsliv som forretningsmenn, godseigarar eller fabrikkeigarar. Dei ynskte ikkje berre politisk, men også økonomisk fridom, og dei meinte at minst mogleg statleg regulering var best for private nærings­ livsinteresser. Det ville skape overskot og velstand, som i neste runde ville kome dei fleste til gode. Etter kvart vart det likevel tydeleg at dette ikkje galdt for arbeidarane. Så lenge arbeidslivet vart regulert berre av marknadsmekanismar, vart dei fattige endå fattigare. Difor endra mange liberalistar oppfatning og meinte at staten likevel burde regulere arbeidsmarknaden. Denne forma for liberalisme, som opnar for at ­staten skal utføre ei viss tilrettelegging og regulering, kallar vi sosialliberalisme.

Sosialisme: draumen om eit klasselaust samfunn Frå latin socius, som tyder ‘følgjesvein’ eller ‘kamerat’. Over heile Europa var det i perioden 1820–1850 væpna folkelege opprør. Folket kravde å få delta, mannleg røysterett, ytringsfridom og sosiale forandringar. Makteliten ville at samfunnet skulle vere meir eller mindre slik det var, mens radikale krefter drøymde om eit nytt samfunn med økonomisk og politisk rettferd for alle. Dei som høyrde til den siste gruppa, samla seg om ideologien sosialisme. Sosialismen er ideologien til arbeidarklassen. Sosialismen veks ut av klassesamfunnet og byggjer på motsetningsforholdet mellom overklassen/kapitalistane og arbeidar­ klassen/proletarane. Målet for sosialismen var det klasselause samfunnet, men mens somme sosialistar meinte ein måtte gripe til revolusjon, ville andre arbeide mot målet innanfor det demokratiske systemet.

Marxisme/kommunisme: sosialisme gjennom revolusjon I 1848 samla radikale sosialistar frå mange land seg i London for å vedta ei felles pro­ gramerklæring. Programerklæringa var ført i pennen av tyskarane Karl Marx (1818– 1883) og Friedrich Engels (1820–1895). Dei kalla programmet «Det kommunistiske

195


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

Tysk postkort frå 1895.

manifestet», og her oppfordra dei arbeidarklassen i ulike land om å stå saman i ­kampen mot kapitalistkreftene.

La dei styrande klassane skjelve av ein kommunistisk revolusjon. Proletariatet har ingenting å tape, bortsett frå lenkjene sine. Dei har ei verd å vinne. Arbeidande menn frå alle land, samein dykk! Frå «Det kommunistiske manifestet» (1848)

Marx utarbeidde ein grundig analyse av det kapitalistiske samfunnet i hovudverket sitt, Kapitalen. Ifølgje Marx er det kampen om ressursane som er drivkrafta i sam­ unnet. Gjennom historia har ein overklasse utnytta ein underklasse. I det moderne, ­kapitalistiske samfunnet stod kapitalistane mot proletariatet. Marx meinte at på grunn av indre motsetningar i kapitalismen ville proletariatet vinne fram til slutt, gjennom ein revolusjon, og dermed verkeleggjere det klasselause samfunnet. Den kommunistiske rørsla var internasjonal, og den første kommunistiske revolusjonen kom i Russland i 1917.

Sosialdemokrati: sosialisme gjennom reformer Etter kvart justerte andre Marx’ lære og framheva at ein kunne arbeide mot eit klasse­ laust samfunn med demokratiske middel, og ikkje berre gjennom revolusjon. Dei som støtta klassekamp gjennom reformer og demokrati, kallar vi sosialdemokratar eller demokratiske sosialistar. Sosialdemokratiske parti har hatt stort gjennomslag i NordEuropa og Skandinavia.

Nasjonalisme: kvart folk sin stat Frå latin natio, som kan tyde ‘slekt’, ‘herkomst’ eller ‘folkegruppe’. Sjå på dei politiske partia i Noreg i dag. Kan du finne spor etter nokre av desse ismane i partia? Kva for ein isme står sterkast i dag, og kva for ismar vil du seie ikkje lenger er sentrale?

196

Nasjonalismen hevda at folk som har felles språk, kultur og historie, høyrer til same nasjon, dei har same nasjonalitet. For å ta vare på kulturen i dei ulike nasjonane har kvar nasjon rett til ein eigen stat. Alle personar frå ein nasjon bør bu i den same ­staten, og dei som styrer, skal ha same nasjonalitet som dei som blir styrte. Nasjonalismen gjekk altså ut på at folkegrupper skulle ha rett til politisk fridom og sjølvråderett, og her ser vi slektskapet mellom nasjonalismen og liberalismen, som var oppteken av fridom for individet.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Nasjonalkjensla aukar i Europa Det europakartet som vart trekt opp på Wienerkongressen i 1815, var i store trekk uendra fram til 1860-åra. Før 1860 var det få europeiske statar som hadde ei noko­ lunde einskapleg befolkning med felles språk, kultur og historie, og som altså kunne kallast nasjonalstatar. Berre innanfor Danmarks grenser budde det danskar, tyska­ rar, inuittar, islendingar og færøyingar, og i Austerrike-Ungarn fanst det om lag 20 forskjellige nasjonalitetar. Italienarar, tyskarar, polakkar og slavarar var fordelte på ulike statar, og var delvis underlagde styresmakter av ein annan nasjonalitet. Særleg frå midten av 1800-talet vart det tydelegare at det Europa som Wienerkongressen trekte opp, var langt unna ideala i nasjonalismen om at kvart folk har rett til sin eigen stat, med styresmakter av same nasjonalitet som folket. Mens maktbalansen mellom statane i Europa hadde vore det viktigaste då hundreåret ­begynte, vart ideen om nasjonale fellesskap viktigare frå omkring midten av hundre­ året. Det måtte få konsekvensar.

Nasjonalismen sameinar Rundt midten av 1800-talet var den italienske og den tyske befolkninga spreidde på fleire statar. I løpet av ein tjueårsperiode, frå tidleg i 1850-åra til tidleg i 1870-åra, vart både Italia og Tyskland samla.

Samlinga av Italia Italia hadde vore delt i fleire einingar sidan antikken, og etter forhandlingane på Wienerkongressen omfatta det italienske området tre kongedømme, fleire fyrste­ dømme og pavestaten. Berre eitt av dei tre kongedømma, Sardinia-Piemonte, hadde ei italiensk kongeslekt på trona. Dei to andre var styrte av høvesvis ei grein av det franske kongehuset og den austerrikske keisaren. Også fyrstedømma hadde delvis italiensk, delvis austerriksk styre. Samlinga av Italia gjekk for seg med utgangspunkt i Sardinia-Piemonte, der kong Viktor Emanuel (1820–1878) regjerte. Adelsmannen Camillo di Cavour (1810–1861), som vart statsminister i 1852, spelte ei viktig rolle i samlinga av Italia. Cavours store mål i livet var å sameine italienarane i éin felles stat. Dette målet hadde støtte mellom mange aristokratar og hos folk frå det øvre sjiktet av 08:26

T S A R D I N I A - P I E MO N T E

Ø MM E GED

Til venstre: Den italienske halv­ øya i 1859, to år før samlinga.

AUSTERRIKE KONGEDØMMET LOMBARDIA OG VENEZIA

PARMA MODENA

MASSA OG CARRARA TOSCANA

K ON

FR

ANK

RIKE

SVEITS

SAN MARINO

Roma

DET OSMANSKE RIKET

KYRKJESTATEN

KONGEDØMMET DEI TO SICILIA

Til høgre: Giuseppe Garibaldi (1807–1882) var ein sentral person for samlinga av Italia. Med utgangspunkt på Sicilia samla han ein geriljahær som med vekslande støtte under­ vegs til slutt vart avgjerande då kongeriket Italia vart grunnlagt i 1861. Kor mykje kan enkeltmenneske påverke historia?

197


K A P 7 Revolusjonar

middelklassen, særleg ettersom misnøyet med den austerrikske dominansen i Nord- og Sentral-Italia auka. I tillegg eksisterte det meir folkelege rørsler, der nasjo­ nalistiske mål var knytte saman med ynskte om liberale reformer. Med kløktig taktikk og diplomatiske krumspring greidde Cavour å leggje mesteparten av det italienske området inn under Sardinia-Piemonte, og i 1861 var målet om eit samla Italia nådd.

Dette kapittelet handla om at gjennom opplysningstida på 1700-talet vart synet på staten og statsstyret endra at nye ideologiar voks fram som ei følgje av samfunns­ endringane

Samlinga av Tyskland

at opplysningsfilosofane argumenterte for maktforde­ ling, ytringsfridom, religions­ fridom og like rettar at revolusjonen i Amerika var kampen til koloniane for å frigjere seg frå Frankrike og Storbritannia at den amerikanske sjølvstende­ erklæringa vart vedteken 4. juli 1776 og var prega av ideala i opplysningstida at opplysningstida og den amerikanske revolusjonen er ein viktig bakgrunn for den franske revolusjonen i 1789

Nasjonalismen splittar

at den franske revolusjonen forkasta det eineveldige styre­ settet og erstatta det med ei grunnlov basert på maktforde­ lingsprinsippet at den franske revolusjonen vart møtt med motstand, og etter terror, krigar og masse­ avrettingar enda det med at Napoleon gjorde statskupp og tok makta i 1799 at napoleonskrigane enda med Wienerkongressen i 1815, der europakartet vart revidert for å sikre betre ­balanse på Kontinentet

Mens nasjonalismen verka samlande for tyskarar og italienarar, var ideen om ­nasjonal­staten ein trussel for det austerrikske imperiet. I tillegg til den tyske majori­ teten var befolkninga i imperiet sett saman av ein stor ungarsk minoritet, italienarar, tsjekkarar, rumenarar, polakkar, ukrainarar og fleire andre slaviske nasjonalitetar. Då Tyskland og Italia var etablerte som moderne nasjonalstatar, auka redsla for at tyske og italienske regionar ville bryte ut for å slutte seg til dei nye statane. Dersom andre nasjonalitetar kom til å krevje innverknad eller sjølvstende, kunne det bety slutten på imperiet. Styresmaktene reagerte difor sterkt mot både liberale og nasjonale rørsler. Det austerrikske imperiet vart stadig meir utfordra av dei etniske minoritetane sine og deira krav om sjølvstende. Det var framleis ein faktor som skapte ustabile tilstandar innanriks og i forholdet mellom Austerrike og utlandet.

08_28

at folkeauke, større jordbruks­ produksjon og endra kommu­ nikasjonar var føresetnader for industrialiseringa • at den industrielle revolusjo­ nen begynner i Storbritannia ca. 1790 og endrar samfunnet på mange område, mellom anna ved at det veks fram nye samfunnsklassar at nasjonalismen hadde ­potensial til både å splitte og sameine folk og statar

Mens den italienske samlinga hadde utgangspunkt i eit liberalt monarki, var utgangs­ punktet for den tyske samlinga antiliberalt. Samlinga vart leidd av den konservative adelsmannen Otto von Bismarck (1815–1898), som var statsminister i Preussen frå 1862. På dette tidspunktet omfatta det tyske området 39 kongerike, fyrstedømme og frie byar, med Austerrike og Preussen som dei to viktigaste statane. Felles var tysk språk, kultur og tradisjon. Etter kvart som tanken på eit samla Tyskland mognast, vart det reist spørsmål om kva for ein av dei to statane som burde vere den domine­ rande. Burde ein samlast om ei «stortysk løysing» med Austerrike som den leiande staten, eller skulle ein heller gå for ei «vesletysk løysing», utan Austerrike, men med Preussen som den leiande staten? Bismarcks mål var å sikre Preussens leiarstilling. Han var ein dyktig manipulator når det galdt både diplomati og krigføring, og gjen­ nom delvis framprovoserte krigar mot Danmark, Austerrike og Frankrike vart Tyskland samla til éin stat, utan Austerrike, i 1871.

Området som vart samla til Tyskland i 1871, omfatta i alt 39 kongerike.

DANMARK

NEDERLAND BELGIA

FRANKRIKE

HISTORIE

Berlin RUSSLAND AUSTERRIKEUNGARN

SVEITS

Preussisk område Andre tyske statar Alsace-Lorraine

Litteraturliste John Merriman: A History of Modern Europe. From the Renaissance to the Present, 2009 Lars Arne Nordborg: Det sterke Europa, 1815–1870. Aschehougs verdenshistorie, bind 11, 2001 R.R. Palmer og Joel Colton: A History of the Modern World Since 1815, 2006 Jarle Simensen: Vesten erobrer verden, 1870–1914. Aschehougs verdenshistorie, bind 12, 2001 Kåre Tønnesson: To revolusjoner, 1750–1815. Aschehougs verdenshistorie, bind 10, 2001 Elisabeth Aasen: Opplysningstidens kvinner: «Lad dem studere. Lad dem regiere», 2010

198


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Kvifor begynte kolonistane i Amerika ein revolusjon? Skriv ned dei 2–3 årsakene du meiner er dei viktigaste, og grunngi kvifor dei var viktigast. 2 Fullfør denne setninga: Den amerikanske revolusjonen medverka til utbrotet av den franske revolusjonen fordi … 3 Skriv ned det du meiner er dei 2–3 viktigaste samfunns­ endringane som den franske revolusjonen førte til, og grunngi kvifor du meiner dei var viktige. 4 Forklar kort kvifor folkeauke, større jordbruksproduksjon og endra kommunikasjon var føresetnader for industrialiseringa. 5 Finn 2–3 stikkord som kan forklare kvifor den industrielle revolusjonen begynte akkurat i Storbritannia. 6 Kvifor voks det fram nye samfunnsklassar på grunn av industrialiseringa? 7 Forklar kvifor nasjonalismen kunne sameine statar i somme område, men splitte statar i andre område.

Samanhengar 1 Undersøk utdraget frå den amerikanske sjølvstende­ erklæringa på side 180. Finn minst to døme i teksten som viser at erklæringa er prega av ideane til opplysningsfilosofane. 2 Den franske revolusjonen. På side 182 vart du beden om å notere årsakene til revolusjonen, og markere ­årsakene med G, M eller U. a Sjå på denne lista igjen (eller lag ei ny). b Forklar kvifor du meiner kvar av årsakene er grunn­ leggjande, medverkande eller utløysande. c Vel ut dei tre av desse årsakene som du meiner var viktigast. Grunngi kvifor du meiner desse årsakene var viktigare enn dei du valde bort. 3 Omgrepa fridom, likskap og brorskap var idealet under den franske revolusjonen. Likevel enda det med terror, masseavrettingar og krig. Korleis kunne det gå slik?

Perspektiv 1 Dette kapittelet heiter «Revolusjonar» og dreiar seg om fleire revolusjonar. a Finn 3–5 punkt som du meiner alle revolusjonane du har lært om i kapittelet, har til felles. b Vel ut dei to revolusjonane du meiner er mest ulike. Skriv to setningar som forklarar kva måte dei er ulike på. Skriv deretter to setningar som forklarar kvifor begge likevel kan kallast revolusjonar. 2 Den franske revolusjonen. Lag eit SPØKT-skjema, og undersøk endringane i Frankrike i perioden 1750 til 1805. (Les meir om SPØKT på side 14.) a Skriv 2–3 korte setningar om utviklinga i perioden innanfor kvar SPØKT-kategori. b Ta stilling til om utviklinga innanfor kvar SPØKTkategori er mest prega av endring eller mest prega av kontinuitet. (Les meir om omgrepa på side 14.) Skriv ei kort grunngiving for kvar kategori. c Tidlegare i denne boka har vi drøfta revolusjons­ omgrepet, mellom anna om jordbruksrevolusjonen eigentleg var ein revolusjon (sjå side 22). Vil du seie at den franske revolusjonen er ein revolusjon? Og er han det innanfor alle SPØKT-faktorane? 3 Samanlikn statsstyret i Frankrike før revolusjonen i 1789 og under napoleonstida. a Kva for likskapar og skilnader finn du? b Ta på grunnlag av dette stilling til om Napoleon var ein venn eller ein fiende av revolusjonen. Skriv ei kort grunngiving. 4 Kjeldeoppgåve om Napoleon a Sjå på dei to bileta av Napoleon på side 188 og 189. Kva inntrykk får du av han på desse bileta? b Kva trur du målarane har prøvt å få fram ved å ­presentere han på desse to måtane? c Korleis trur du eit måleri av Napoleon ville sett ut dersom ein av motstandarane hans hadde fått bestemme? d Kva for spørsmål bør du stille deg dersom du skal bruke måleri som kjelder til ein historisk periode eller, som her, til ein historisk person?

4 På Vg2 lærte du om framveksten av vitskapleg tenkje­ måte / vitskapsrevolusjonen. Kan vitskapsrevolusjonen ha hatt innverknad på nokre av årsakene til den industrielle revolusjonen (les om føresetnadene for den på side 192)? 5 Ulike historikarar gir ulike svar på kva forhold det er som driv historia framover. Nokre vanlege svar er enkeltper­ sonar, samfunnsgrupper, teknologi, økonomiske og so­ siale forhold og klima. Vel ein eller fleire av revolusjonane i kapittelet, og vurder kva desse ulike drivkreftene betydde.

199


HISTORIE

K A P 7 Revolusjonar

Oppdrag 1: Korleis har menneske organisert seg i samfunn? Det franske samfunnet før revolusjonen i 1789 var eit standssamfunn der dei tre stendene hadde ulike juridiske rettar og plikter. Dette var noko langt anna enn ideala i den franske menneskerettserklæringa frå 1789. Der står det mellom anna at «menneska er fødde og blir verande frie og like i rettar». Nokre andre viktige punkt:

2 Målet for alle politiske samanslutningar er å ta vare på dei naturlege og umistelege rettane som mennesket har. Desse rettane er fridom, eigedoms­ rett, tryggleik mot og rett til motstand mot under­ trykking. 3 Opphavet til all suverenitet er slik det ligg føre hos folket. 7 Ingen kan bli klaga, fengsla eller halden fast utan i dei tilfella som lova fastset, og i samsvar med dei formene som lova føreskriv. 10 Ingen skal forfølgjast for meiningane sine, heller ikkje religiøse, med mindre dei gir dei til kjenne på ein måte som forstyrrar offentleg ro og orden (…). 11 Ein av dei mest dyrebare rettane for menneske er fritt å kunne seie sine tankar og meiningar til andre; kvar borgar kan difor tale, skrive og trykkje fritt, med det atterhaldet at han skal svare for misbruk av denne fridommen i dei tilfella som lova fastset.

I dette oppdraget skal du utforske kva plass desse verdiane har hatt i ulike samfunn, og kva som kan forklare det.

Post 1 Vel eitt samfunn før den franske revolusjonen og eitt samfunn etter revolusjonen, og undersøk korleis desse samfunna vart organiserte, med utgangspunkt i desse spørsmåla: a Har menneska i samfunnet ulike eller like juridiske rettar og plikter? b Dersom ulike grupper har ulike rettar og plikter: Kva for grupper dreiar det seg om, og kva for rettar og plikter har dei ulike gruppene? c Prøv å forklare kvifor samfunnet vart organisert på denne måten. Kan det ha hatt nokre fordelar? Kva var grunngivingane for at samfunnet vart organisert slik? d Korleis blir makt legitimert? (Er det til dømes ein konge som har makta si frå Gud?) Forslag til samfunn du kan undersøkje: • Athen på 400-talet f.Kr. • Romarriket under republikken • Vest-Europa i mellomalderen • Frankrike på 1800-talet • Storbritannia på 1800-talet • USA på 1930-talet • Noreg i dag

Post 2 Tenk at du skal lage ein presentasjon av demokratiet gjen­ nom alle tider. Finn argument for og imot denne påstanden: «Den franske revolusjonen er den viktigaste historiske ­hendinga i historia om demokratiet i moderne tid.» Aktuelle hjelpespørsmål du kan bruke til å finne argument for og imot: a Kor «ny» var eigentleg denne måten å organisere ­samfunnet på? b Kor varige vart endringane på kort og lengre sikt? c Er ideen om demokrati som kjem til uttrykk til dømes i kjelda over, tilstrekkeleg til at vi kan kalle noko eit demo­ krati i dag? Samanlikn med dykkar eigne kriterium for at vi vil kalle eit samfunn i dag demokrati.

200

Den franske «Erklæringa om rettane til menneska og borgarane» frå 1789.


Oppdrag 2: Berekraftig og rettferdig produksjon? Den industrielle revolusjonen var på mange måtar eit stort framsteg, men fekk også nokre negative sosiale konsekven­ sar, og er ei viktig årsak til miljø- og klimautfordringane verda står overfor i dag. I dette oppdraget skal du utforske konse­ kvensar av produksjon av klede før og etter den industrielle revolusjonen, og bruke historiekunnskap til å drøfte bere­ kraftige løysingar for framtida.

Post 1 Finn informasjon om korleis klede vart produserte a) før den industrielle revolusjonen, b) i industrisamfunnet på 1700- og 1800-talet, og c) i dag. Du bør finne ut dette: a Kva tekstiltypar som blir/vart mest nytta, og korleis desse tekstilane blir/vart produserte b Kvar (i verda, i landet) produksjonen går for seg c Korleis sjølve produksjonen går for seg. Kva for reiskapar blir nytta? Kva rolle spelar menneska i produksjonen? Kor lang tid produksjonen tek

Post 2 Lag lister over det du vurderer som positive og negative konsekvensar av dei ulike produksjonsmåtane på dei tre historiske stadia. Vurder konsekvensar for a samfunnet som produksjonen går for seg i b dei som skal kjøpe/bruke kleda c verda sett under eitt d miljøet/naturen/klimaet

Post 3 Arbeid saman med tre medelevar, og del dykk inn i to lag som skal finne argument for korleis klesproduksjonen i verda bør vere om 10 år, dersom verda skal greie å nå FNs berekraftmål nr. 13 og to andre berekraftmål som de vel sjølve. Bruk historisk kunnskap i argumenta.

Post 4 Gjennomfør ein debatt med utgangspunkt i det de fann ut i post 3.

d Kostnad ved å produsere klede e Kostnad ved å kjøpe klede f Behov for transport

Dhaka, Bangladesh, 2020.

201


KAPITTEL 8

Nasjonsbygging og vekst I Noreg var 1800-talet ein periode som innebar stor forandring. Den utviklinga som gjekk for seg elles i Europa, nådde etter kvart også Noreg. Sterk folkeauke førte til flytting frå bygda inn til byane og vidare til Amerika. Jordbruket vart meir moderne og frigjorde arbeidskraft til industrien. Dei politiske endringane var viktige: Mens Noreg tidleg på 1800-talet var underlagt ein eineveldig dansk konge, var Noreg tidleg på 1900-talet blitt ein sjølvstendig, demokratisk nasjon.

Dette har hendt Ved starten av 1800-talet hadde Noreg vore i union med Danmark i om lag 400 år. Dei aller fleste nordmenn var bønder, og samanlikna med Europa var det svært få nordmenn som budde i byar. Embetsstanden, som hadde stadig fleire norskfødde medlemmer, utgjorde den gamle eliten i sam­funnet, men borgarskapet i byane voks og vart stadig viktigare. På slutten av 1700-talet kom motsetningar mellom bønder og elite til uttrykk gjennom fleire store bondeprotestar. På same tid auka patriotismen og vart synleg i krava om eige universitet og eigen bank. På slutten av 1700-talet fekk nye tankar om statsstyre og om folks rett til innverknad innpass i revolusjonane i USA og Frankrike. Revolusjonen i Frankrike vart innleiinga til ein lengre periode med krig, og Napoleons felttog i Europa var ein blodig start på eit nytt hundreår. Mens ulike alliansar, med Storbritannia i spissen, tok kampen opp mot Napoleon, førte Danmark-Noreg ein politikk som tok sikte på å halde landa utanfor napoleonskrigane.


Innhald:

Historie ovanfrå: Politisk utvikling side 204 Grunnlova side 206 Ein ny union side 207 Maktforholdet endra side 207 Riksrettsdom og parlamentarisme side 211 Historie nedanfrå side 211 Endringar i jordbruket side 212 Industrialisering side 213 Folk flyttar side 213 Motkulturar side 220 Vegen til sjølvstende side 218 Ut av unionen side 222

Slik såg det ut Noreg 1801 og 1900 Finnmarken 33 387

2767 Finnmarken 13 134

4231 Tromsø 72 966

Nordland 24 703

Nordland 150 637

12 354

1801

Karta viser dei norske amta med innbyggjartal for høvesvis 1801 og 1900. Mindre enn 30 000

1900

31 000–80 000 81 000–120 000

20 423 Nordre Trondhjem 83 449

Nordre Trondhjem 20 920

121 000–140 000

21 384

Romsdal 27 510

Søndre Trondhjem 28 918

141 000 og over

På kartet til høgre står talet på personar som har utvandra til oversjøiske land, utanfor kvart amt. Tala gjeld perioden 1836–1900. 34 304

Søndre Trondhjem 134 718

15 213 Romsdal 136 519

38 343 Hedemarken Kristians amt 29 507 32 350

Nordre Bergenhus 25 169

Søndre Bergenhus 37 561

Buskerud 30454

Bratsberg 22 718 Stavanger 19 886

Nedenes 14 735 Lister og Mandal 18 420

69 292 34 304

Akershus med Christiania 31 619 Smålenene 24 346 JarlsbergLarvik 18 996

Nordre Bergenhus 88 214

Søndre Bergenhus med Bergen 204 554

Hedemarken Kristians amt 126 703 116 280

34 341 Buskerud Akershus med Kristiania 112 743 345 997 29 972

30 389

Bratsberg 98 298 30 114

Stavanger 125 658

13 519

Nedenes 75 925

Smålenene 136 167

7564

Jarlsberg-Larvik 101 003

Lister og Mandal 11 814 78 259

4774

22 490


HISTORIE

1807

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Danmark-Noreg kjem med i napoleonskrigane på Frankrikes side

1814

Grunnlova blir vedteken. Noreg i personalunion med Sverige

1825

Dei første utvandrarane til Amerika forlèt Noreg

1837

Formannskapslovene blir vedtekne. Kommunane får sjølvstyre, og det blir innført lokalt demokrati

Frå 1840-åra

Dei første norske industribedriftene blir etablerte

Historie ovanfrå: politisk utvikling 11. juni 1913 vedtok Stortinget å endre Grunnlova slik at alle norske borgarar over 25 år, både menn og kvinner, fekk rett til å røyste. Grunnlovsendringa vart sanksjonert av kong Haakon 7. av Noreg. Hundre år tidlegare fanst det ikkje noka norsk grunnlov, ikkje eit norsk storting, ingen røysterett og heller ingen eigen norsk konge. Noreg var ein del av Danmark og vart styrt av den danske kongen i København. Danskekongen var eineveldig og hadde uavgrensa makt. Utviklinga frå å vere underlagd ein utanlandsk, eineveldig konge til å bli ein sjølvstendig nasjon med allmenn røysterett gjekk for seg i fleire etappar. Historia kan studerast ut frå forskjellige perspektiv. I dette kapittelet skal vi først ta utgangspunkt i den politiske historia. Politisk historie dreiar seg om styret i eit land og om forholdet landet har til andre makter. Hovudaktørane i ei slik framstilling er leiarane i samfunnet, dei som har politisk makt. Ettersom utgangspunktet er det øvste sjiktet i samfunnet, kan vi sjå det som historie ovanfrå. I neste omgang tek vi det motsette perspektivet og undersøkjer historia nedanfrå. Då vil livet til vanlege folk vere i fokus.

Eidsvoll 1814 1854

Noregs første jernbaneline blir opna (Eidsvoll–Kristiania)

1869

Vedtak om årlege storting

1884

Riksrettssaka. Innføringa av parlamentarismen. Venstre og Høgre blir stifta

1885

Nynorsk (landsmål) og bokmål blir jamstilte målformer

1887

Arbeidarpartiet blir stifta

1898

Allmenn røysterett for menn

1905

Unionsoppløysinga

204

Om morgonen første påskedag 1814 førebudde sokneprest Leganger i Eidsvoll seg til å preike for ei uvanleg forsamling. Framståande menn, utsendingar frå Vest-Agder i sør til Nord-Trøndelag i nord, var venta til gudsteneste i den gamle steinkyrkja hans. Den mest framståande av dei alle var den danske prinsen Kristian Fredrik, som inntil Kielfreden i januar 1814 hadde vore tronarving til Danmark-Noreg. Prinsen stod på kyrkjebakken og tok imot mennene som kom. Før dei gjekk inn i kyrkja, oppfordra han alle om å be Gud velsigne det store arbeidet dei skulle i gang med. Presten heldt ei god preike, sjølv om mange syntest strevet hans for å smigre prinsen var i meste laget. Til og med prinsen sjølv meinte presten tok hardt i. «Heldigvis lar jeg meg slett ikke villede av all den rosen man overvelder meg med», skreiv Kristian Fredrik i dagboka si. Etter gudstenesta reiste mennene – også prinsen – til hovudbygningen ved Eidsvoll Verk. Det var der arbeidet deira skulle gå for seg. Her skulle dei kome fram til ei grunnlov for eit sjølvstendig Noreg. Eidsvollsbygningen. Her møttest 112 framståande menn i 1814 for å gi landet ei grunnlov.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Bakgrunn: Noreg under napoleonskrigane Heilt sidan slutten av 1300-talet hadde Noreg vore i union med Danmark, men ­folket som budde her i landet, vart gjennom heile perioden omtalt som nordmenn, ikkje som danskar. Det fanst med andre ord ei forståing av at nordmenn var eit eige folk. Frå slutten av 1700-talet vart denne forståinga kopla saman med nasjonalistiske idear (sjå side 196). Men fram til tidleg på 1800-talet hadde likevel tanken om at Noreg burde bli ein sjølvstendig stat, ikkje stor oppslutning. Napoleonskrigane endra det. Fram til hausten 1807 hadde Danmark-Noreg som mål å bli ståande utanfor krigane som herja i Europa. På dette tidspunktet hadde Sverige alt gått inn i alliansen mot Napoleon, og Napoleon hadde bestemt seg for å stengje europeiske hamner for britiske skip. Både britar og franskmenn prøvde å presse den danske kongen til å gå med i krigen, særleg fordi Danmark-Noreg hadde ein stor flåte som var ettertrakta hos begge partar. I august 1807 segla britiske skip inn til København. Storbritannia ville overta den dansk-norske flåten, men danskane gjekk ikkje med på det. Britane svarte med å bombardere København. Danskane måtte kapitulere, og britane kunne reise av garde med den dansk-norske flåten. Det gjorde at Danmark-Noreg kom med i ­krigen på Napoleons side. Som alliert med Napoleon hadde Noreg fiendtlege statar på begge sider. Storbritannia i vest gjennomførte ein blokade av norskekysten for å bryte kontakten mellom nordmennene og Danmark og for å ramme den norske handelen med utlandet. Dermed stoppa den viktige trelasteksporten opp, og importen av korn tok slutt. På same tid slo kornhausten feil, og vintrane 1809 og 1812 var det stor naud i landet. Økonomiske tap og matmangel førte til misnøye med det danske styret. I aust venta den svenske tronfølgjaren Karl Johan (1763–1844) på eit høve til å leggje under seg Noreg. I 1809 hadde Sverige mista Finland til Russland, og sjølv om svenskane ynskte å få Finland tilbake, vurderte Karl Johan det som urealistisk. Eit meir overkomeleg mål var å overta Noreg frå Danmark.

Kva vil det seie å sjå historia ovanfrå? Basert på det du veit om 1800-talet i Noreg frå før, kva for emne trur du vil bli behandla i denne første delen av kapittelet? Lag ei liste.

Karl Johans gate i 1880-åra, og statuen av Karl Johan slik han ser ut i dag. Samsvarar denne statuen med ditt inntrykk av Karl Johan?

205


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Korleis skal Noreg styrast? Napoleon, og dermed Danmark-Noreg, tapte krigen. Ved fredsoppgjeret i januar 1814 måtte den danske kongen seie frå seg retten til Noreg, til fordel for den svenske kongen. Men det er mykje som tyder på at danskekongen ikkje hadde planar om å gi opp Noreg. Mellom anna var tronarvingen Kristian Fredrik innstilt på å overta makta her i landet, og då han fekk vite resultatet av fredsforhandlingane, tok han rolla som norsk leiar av motstanden. Kristian Fredrik reiste deretter rundt for å søkje støtte hos norske stormenn for eit opprør mot Sverige. Undervegs vart Kristian Fredrik kjend med ideane hos nordmenn om korleis landet skulle styrast framover. Mange var inspirerte av tankane frå den franske revolusjonen, og dei argumenterte for at makta til kongen måtte avgrensast av ei grunnlov og vere underlagd ei folkeforsamling. Sterke krefter hevda at då den danske kongen gav opp makta si over Noreg, vart makta ført tilbake til nordmennene. Kristian Fredrik konkluderte difor med at det luraste var å kalle inn representantar frå heile landet til ei riksforsamling som skulle lage ei norsk grunnlov. Og det var altså desse mennene som etter gudstenesta reiste vidare til hovudbygningen på Eidsvoll Verk. Kva: riksforsamlinga Kven: 112 representantar som skulle gi Noreg ei grunnlov Når: april–mai 1814 Av dei mennene som kom saman på Eidsvoll i april 1814, var 57 embetsmenn og militære, 18 var næringsdrivande, og 37 var bønder. På grunn av lange avstandar nådde ingen representantar frå dei nordlegaste fylka fram tidsnok. Etter berre to dagars samling vart det klart at forsamlinga var splitta i to grupper: Unionspartiet Mindretalet var leidd av grev Herman Wedel Jarlsberg. Dei ynskte ein laus union med Sverige, der Noreg hadde ei eiga grunnlov. Sjølvstendepartiet Fleirtalet var leidd av sorenskrivar Christian Magnus Falsen. Deira mål var i første omgang eit sjølvstendig monarki med Kristian Fredrik som norsk konge. I neste omgang kunne det føre Noreg tilbake i ein union med Danmark, ettersom Kristian Fredrik var tronarving i Danmark. Trass i usemje mellom dei to grupperingane var det ei samrøystes forsamling som vedtok og underteikna Grunnlova 17. mai 1814. Deretter valde dei Kristian Fredrik til norsk konge.

Grunnlova

Den norske grunnlova viser slektskap med den franske og den amerikanske grunnlova, står det i teksten. Korleis gjer ho det?

206

Den første paragrafen i Grunnlova slo fast at Noreg skulle vere eit fritt, sjølvstendig og udeleleg rike. Makta skulle delast mellom ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt. • Lovgivande makt: Stortinget. Det var altså folkeforsamlinga som fekk mynde til å gi lover, skrive ut skattar og avgifter og løyve pengar. • Utøvande makt: Kongen og regjeringa fekk ansvar for å setje ut i livet lovene Stortinget vedtok. Kongen kunne likevel utsetje iverksetjinga av lover han var ueinig i, men dersom tre storting etter kvarandre vedtok den same lova, vart lova gyldig, til og med utan sanksjon frå kongen. Det skal vi seinare sjå vart svært viktig. Kongen hadde også ansvar for utanrikspolitikken, militærstellet og embetsverket. • Dømmande makt: Domstolane har til oppgåve å dømme på grunnlag av lovene Stortinget gir.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Dei folkevalde på 1800-talet hadde mindre makt enn stortingsrepresentantane i dag. Stortinget møttest berre tre månader kvart tredje år, så stortingsrepresentantane hadde ikkje så mykje å seie når det galdt den kontinuerlege styringa av landet. I tillegg var røysteretten avgrensa. Berre menn over 25 år som eigde jord, eller var byborgarar eller embetsmenn, fekk rett til å røyste. Det svarte til ca. 7,5 prosent av befolkninga. Derimot hadde kongen meir makt enn i dag. Det var han som bestemte kven som skulle sitje i regjeringa, heilt sjølvstendig av samansetninga på Stortinget. Paragrafane i Grunnlova om maktfordeling og folkesuverenitet viser tydeleg slektskap med den franske og den amerikanske grunnlova. I tillegg inneheld Grunnlova føresegner der menneskerettserklæringane har spelt inn.

Ein ny union Noregs sjølvstende vart kortvarig. Sommaren 1814 møttest svenskar, nordmenn og Kristian Fredrik til forhandlingar. Vekene gjekk utan at dei vart einige, og i slutten av juli gjekk Karl Johan til krig mot Noreg. Krigen førte partane tilbake til forhandlingsbordet, og 14. august var dei einige. Svenskane godtok Grunnlova, Kristian Fredrik abdiserte, og Karl 13. av Sverige vart vald til norsk konge. Han fekk tittelen Karl 2. av Noreg. Unionen mellom Noreg og Sverige var ein persona­l­ union. Det vil seie at dei to landa ikkje skulle reknast som éin stat, slik som unionen Danmark-Noreg. Noreg og Sverige var framleis to statar, men med felles konge og felles utanrikspolitikk.

Grunnlova av 1814, under­ teikna og med segl.

Maktforholdet endrar seg Etter 1814 fekk embetsmennene ein sterkare posisjon, og dei komande tiåra skulle bli glanstida deira. Den norske eliten omfatta for det meste embetsmenn, ettersom adelen var få i talet og det ikkje fanst noka stor gruppe rike forretningsmenn. Dessutan hadde embetsmennene – i kraft av stillingane sine – kontroll med lokal­ administrasjonen og sentraladministrasjonen. Både sosialt og administrativt hadde altså embetsmennene stor betydning. Med det politiske styret som vart innført i 1814, fekk dei også sterk politisk inn­ verknad. For det første var det stort sett embetsmenn som kongen valde til å sitje i regjeringa, og for det andre valde gjerne både bønder og borgarar embetsmenn som sine representantar på Stortinget. Trass i at embetsmennene berre utgjorde omkring 2 prosent av befolkninga, var om lag halvparten av dei folkevalde embetsmenn fram til 1830. Deretter minka prosenten gradvis. Frå borgarskapet i byane vart færre handelsmenn og fleire handverkarar representerte på Stortinget utover på 1800-talet. Samtidig fekk funksjonærane, som var ei veksande gruppe i sam­ funnet, fleire representantar. Den delen av befolkninga som hadde størst auke i talet på representantar, var bøndene.

abdisere: seie ifrå seg trona embetsmann: person som har eit høgare embete (ei stilling) i statstenesta, utnemnd av Kongen i statsråd

«Sildesalaten», det norske flagget under unionen med Sverige, kom i bruk frå 1844.

207


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Kongen får mindre makt veto: frå latin: ‘eg forbyr’. Kongen hadde rett til utsetjande veto i lovsaker, og kunne altså forseinke innføringa av lover han var imot. Retten til utsetjing galdt to gonger. Dersom den same lova vart vedteken av tre ulike storting, var kongen nøydd til å sanksjonere (godkjenne) lova. Hadde han hatt absolutt veto, kunne han ha stoppa lova heilt

Frå 1840-åra og fram mot 1870 fekk kongen mindre makt til fordel for regjeringa. Det hadde samanheng med persondom og eigenskapar, både hos kongane og hos statsrådane. Dei som kom etter Karl Johan, var mindre styringsdyktige enn forfaren sin, og dei norske statsrådane fekk større handlingsrom. Juristen Frederik Stang (1808–1884) vart førstestatsråd i 1861, og i han fekk den norske regjeringa ein handlekraftig og myndig leiar.

Stortinget får meir innverknad Dei første tiåra etter 1814 prøvde regjeringa og kongen å avgrense innverknaden frå dei folkevalde, men stortingsrepresentantane var svært påpasselege med å ikkje gi frå seg rettane Grunnlova gav dei. Fleire forslag som kunne ha gitt Stortinget ­mindre makt, vart vraka. Samtidig som dei folkevalde heldt på rettane sine, fekk Stortinget i det stille gradvis meir makt i forhold til regjeringa. Det var hovudsakleg eit resultat av den økonomiske utviklinga. Vi hugsar at det var Stortinget som hadde i oppgåve å ­fordele pengane i statsbudsjettet. Frå 1814 til 1850 voks statsbudsjettet med 130 prosent, og frå 1850 til 1880 med endå 240 prosent. Større summar å fordele innebar større makt. I tillegg gjekk Stortinget bort frå å gi store, uspesifiserte løyvingar, og begynte i staden å løyve mindre summar til konkrete mål. Stortingets moglegheit til å utøve makt hang altså nøye saman med kontrollen over statsbudsjettet. Noko som heilt klart avgrensa den reelle makta stortingsmennene hadde, var ­føresegna i Grunnlova om at Stortinget skulle vere samla berre tre månader kvart tredje år. Dei folkevalde prøvde stadig å forlengje denne perioden. Etter kvart vart det vanleg praksis å vere samla i seks til åtte månader, og frå 1869 vart det årlege storting. I og med at dei folkevalde møttest meir permanent, auka den offentlege aktiviteten, og representantane fekk breiare erfaring og vart meir sjølvsikre. Dermed var grunnlaget lagt for ein samanhengande og langt meir offensiv politikk overfor regjeringa.

«All makt skal samlast her i denne salen …»

Kongen fekk mindre makt i perioden, og Stortinget fekk meir innverknad. Kva gjorde det med maktfordelinga i det norske samfunnet i perioden?

kulminere: nå høgdepunktet parlamentarisme: politisk styreform der den utøvande makta (regjeringa) går ut frå eit fleirtal i den lovgivande ­forsamlinga (Stortinget)

208

Frå omkring 1840 til 1869 var forholdet mellom Stortinget og regjeringa balansert og avslappa, men dei neste femten åra skulle bli prega av strid. Tre år etter avgjersla om årlege storting i 1869 følgde nemleg eit nytt stortingsvedtak som skulle skape stor konflikt. Striden kulminerte i 1884 med innføringa av parlamentarismen. Den stortingsrepresentanten som stod klarast fram som motstandar av embetsmannsstyret, var Johan Sverdrup (1816–1892). Han vart vald inn på Stortinget ­første gongen i 1851, 35 år gammal, og var stortingspresident frå 1871 til 1885. Sverdrup og majoriteten av stortingspolitikarane meinte at dei folkevalde hadde for lita makt. Målet, ifølgje Sverdrup, måtte vere at «all makt og kraft skal samlast her i denne salen [stortingssalen] for å avgjere dei viktigaste sakene i samfunnet. Det kan ikkje lenger regjerast utan Stortinget, det må regjerast med Stortinget». I 1872 vedtok dei folkevalde at statsrådane plikta å møte i Stortinget for å ­forsvare politikken sin. Det hadde vore ei kampsak for Stortinget i fleire tiår. Statsrådane var klare motstandarar av vedtaket. Dei frykta at regjeringa dermed måtte innordne seg Stortinget, og dei meinte at det ville svekkje prinsippet om maktbalanse. Kongen gjorde som statsrådane ynskte, og nekta å sanksjonere lova. Dei folkevalde stod på sitt, og i mars 1880 vedtok Stortinget for tredje gong at statsrådane måtte møte i Stortinget. Kongen nekta framleis å sanksjonere, og ­dermed var striden eit faktum. Kva var det mogleg å gjere no?


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Ifølgje Grunnlova hadde kongen altså utsetjande veto i lovsaker, han hadde rett til å nekte å sanksjonere ei ny lov to gonger. Men kongen hevda at han hadde absolutt veto i grunnlovssaker, slik som denne. Det var ikkje Stortinget einig i, og i juni same året gjekk 74 av 114 stortingsrepresentantar inn for å kunngjere lova som ­gyldig utan sanksjon frå kongen. Med dette gjekk konflikten over til å bli eit spørsmål om grunnleggjande prinsipp for styringa av landet, om forholdet mellom statsmaktene. Når Stortinget var så viljefast i denne saka, innebar det ei krigserklæring mot regjeringa, med riksrett som neste steg.

Stortingssalen fotografert i 1870. «All makt i denne salen!»

Kva er riksrett? Dersom regjeringsmedlemmer, stortingsrepresentantar eller høgsterettsdommarar gjer straffbare handlingar, som å stele bilar eller drive økonomisk bedrageri, skal dei dømmast i ein vanleg rettsinstans. Men dersom den same personen, i kraft av si stilling som regjeringsmedlem, stortingsrepresentant eller høgsterettsdommar, utfører handlingar som er i strid med Grunnlova, skal han eller ho stillast for riksrett. Inntil 2009 hadde Stortinget to avdelingar: Odelstinget og Lagtinget. Tre firedelar av stortingsrepresentantane utgjorde Odelstinget, mens den siste firedelen utgjorde Lagtinget. Ved ei riksrettssak var Odelstinget påtalemakt, som altså hadde i oppgåve å reise tiltale. Dei som skulle dømme i saka, var medlemmene av Lagtinget og dei faste dommarane i Høgsterett.

Striden som førte fram mot innføringa av parlamentarismen, er komplisert. Lag 2–3 problemstillingar om det striden stod om.

I 1880 røysta eit fleirtal av stortingsrepresentantane for at grunnlovsendringa var ­gyldig utan sanksjon frå kongen. Likevel var det såpass mange representantar som støtta regjeringa, at det ikkje ville vere fleirtal for å få nokon dømd i ei riksrettssak. For at det skulle vere ei sikker riksrettssak, måtte opposisjonen vere stor nok både til å fylle alle plassane i Lagtinget og samtidig ha fleirtal i Odelstinget.

209


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Venstre mot Høgre Før valet i 1882 mobiliserte både motstandarar og tilhengjarar av riksrett. Dei politiske partia var enno ikkje etablerte, men nemningane Høgre og Venstre vart nytta for å skilje dei to grupperingane frå kvarandre. Venstresida, som ynskte riksrett, samla seg rundt Johan Sverdrup. Ein stor del av høgresida var embetsmenn som støtta regjeringa. Begge sider dreiv omfattande valkamp. Mens høgresida baserte seg på støtte frå regjeringsvennlege aviser, satsa venstresida på å spreie synspunkta sine gjennom folkemøte.

Et leve for det norske folk! Bjørnstjerne Bjørnson på eit folkemøte i 1882

Bjørnstjerne Bjørnson talar på Stiklestad under valkampen til Venstre i 1882. Kva ser du på biletet?

210

Venstre opna valkampen sin i 1882 med eit stort folkemøte på Stiklestad. Staden var ikkje tilfeldig vald. Den fremste folketalaren i samtida, Bjørnstjerne Bjørnson, som skreiv nasjonalsongen, var hovudattraksjonen på møtet. I talen sin trekte han trådane tilbake til slaget på Stiklestad i 1030 og understreka at dette var «vår gamle selvstendighets største sted». Applausen frå publikums avbraut talaren fleire gonger, og det lydde jublande hurrarop frå forsamlinga då Bjørnson avslutta talen med å be om eit leve (eit hurra) for det norske folket, som igjen skulle få oppleve æra ved å vere sjølvstendig.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Riksrettsdom og parlamentarisme På heile 1800-talet hadde valdeltakinga vore låg, som regel under 50 prosent, men mobiliseringa før valet i 1882 førte til ei valdeltaking på heile 72 prosent. Valet vart ein siger for Venstre. Partiet fekk 83 av 114 stortingsrepresentantar, og Lagtinget kunne fyllast med venstrerepresentantar, samtidig som Venstre framleis hadde fleirtalet i Odelstinget. Ikkje uventa bestemte Odelstinget å ta ut riksrettstiltale mot regjeringa, til sterke protestar frå Høgre. Utover vinteren og våren 1884 kom dommane frå Lagtinget. Dei fleste regjeringsmedlemmene vart kjende skuldige. Ved å rå kongen ifrå å sanksjonere lova om møterett for statsrådane hadde dei forbrote seg mot embeta sine. Difor vart dei dømde til å forlate embeta dei hadde hatt. Riksrettsdommen slo fast at regjeringa stod ansvarleg overfor Stortinget for politikken dei førte, men det var framleis ei oppgåve for kongen å peike ut regjeringa. Oscar 2. utnemnde difor ei ny regjering av embetsmenn som høyrde til høgresida i politikken. Det vart dårleg motteke av venstrefleirtalet på Stortinget, og dermed hadde kongen ingen annan utveg enn å be Sverdrup, leiaren for Venstre, om å lage ny regjering. Slik fekk Noreg for første gong ei regjering som hadde utgangspunkt i stortingsfleirtalet, og som stod ansvarleg overfor Stortinget. Ei slik styreform, der den utøvande makta (regjeringa) er avhengig av støtte frå den lovgivande forsamlinga (Stortinget), kallar vi parlamentarisme. No var makta samla i stortingssalen.

Les meir om demokratutvikling i Mona Ringvejs essay i Perspektiv Skulestudio.

Historie nedanfrå Til no har vi hatt fokus på dei som hadde makt. Framstillinga har dreia seg om det politiske nivået, om konge, regjering og storting. Vi kan lett få inntrykk av at norsk historie på 1800-talet handla om maktkampen mellom styringsorgan. I røynda reflekterte dei politiske hendingane endringar elles i samfunnet. Folk engasjerte seg meir i korleis samfunnet burde vere. Det hadde samanheng med den generelle ­utviklinga i Noreg i dette hundreåret. I 1837 fekk kommunane sjølvstyre, og det vart innført lokalt demokrati. Skuleverket vart bygt ut og betra, slik at opplysningsnivået i befolkninga auka. Samtidig medverka ulike former for kommunikasjon, som tog, dampskip og vegar, og dessutan telegraf, til at folk fekk meir informasjon om det som rørte seg i ­samfunnet. Fleire nye aviser og større tilgang på bøker gjorde også sitt til å auke samfunnsengasjementet i befolkninga.

Kven var nordmannen?

Kva trur du historie nedanfrå kjem til å handle om? Lag ei liste over dei emna du trur denne delen av kapittelet vil ta for seg.

Kvinne i folkedrakt, teikna av Adolph Tidemand.

Noen er i sannhet flotte karer, men de synes ofte å være svekket av sterk henfallenhet til brennevin og ser ut som folk som på grunn av slit og strev er blitt for tidlig gamle. (…) Meget av den troskyldighet som de en gang var kjent for, er borte, og i visse distrikter er de like flinke til å utnytte den reisende som sine brødre i de sveitsiske alper. Så henfalne er disse menneskene til drikk at man nesten kan undre seg over at det ikke forekommer mer selvantennelse blant dem.

Sitatet er frå den engelske marineoffiseren William Henry Breton. Etter ei rundreise i Noreg i 1834 bestemte han seg for å gi ut ei bok om det han opplevde på reisa, først og fremst med tanke på andre engelskmenn som kunne tenkje seg å vite litt meir om Noreg. Breton reiste med hest, til fots og med båt. Han fortel om strekningar med overraskande gode vegar, mens andre stader var kvaliteten såpass dårleg at det truga

211


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

både knoklane til passasjeren og køyretøyet. Han syntest godt om dei norske ­prestane han møtte, men bøndene hadde han mindre til overs for. Tonen i Bretons skildring frå noregsturen er i det heile prega av ei sjølvsikker ovanfrå-og-ned-haldning. Noreg var eit fattig land i Europa, det låg perifert til og var lite viktig i europeisk samanheng. Den norske befolkninga var meir homogen enn befolkninga i dei fleste andre europeiske landa, til dømes var 96–97 prosent av folket etnisk norske. Resten var samar og kvenar/finnar som hadde innvandra til Noreg austfrå på 1600- og 1700talet. Trass i ei einsarta etnisk befolkning medverka geografisk og sosial avstand til store ulikskapar på mange område. Språk, næringsgrunnlag, utdanningstilbod og kvardagsliv varierte med økonomiske ressursar og bustad.

Folketalet aukar

ham: hud, pels, fjørdrakt. Skifte ham: forandre utsjånad

Les meir om I Perspektiv Skulestudio kan du lese historia til Rogneby gard på Austre Toten, og om korleis utviklinga her speglar viktige trekk frå 1800-talet og fram til i dag.

I 1815 budde det nesten 900 000 menneske i Noreg. I dei neste seksti åra voks innbyggjartalet med 100 prosent, slik at i 1875 var folketalet kome opp i 1,8 milli­ onar menneske. I same perioden auka talet på sjølvstendige gardbrukarar med omkring 50 prosent. Desse tala fortel oss fleire ting. Først og fremst seier det seg sjølv at jo fleire gardsbruk det var, jo knappare var tilgangen på jord. Dermed vart det vanskelegare for bondesønene å følgje i fotspora til faren. Dessutan var folkeauken dobbelt så stor som veksten i gardsbruk. Det innebar at fleire og fleire måtte finne arbeid andre stader enn i jordbruket, og samtidig måtte dei som dreiv jorda, brødfø ei stadig større befolkning. Dermed kan vi konkludere med at i Noreg, som elles i Europa, måtte effektiviteten i jordbruket aukast.

Endringar i jordbruket Effektiviseringa av det norske jordbruket hang tett saman med betre kommunikasjon. Frå omkring 1820 begynte norske styresmakter å byggje ut dampskipstrafikken langs kysten, og rundt midten av hundreåret eksisterte det eit samanhengande rutenett for båttrafikk. Frå 1830-åra skaut vegutbygginga fart, og i 1854 vart den første jernbanen opna på strekninga mellom Kristiania og Eidsvoll. Etter kvart som sambandet mellom by og land vart betre, fekk bøndene betre tilgang til marknader for produkta sine. Dermed gjekk bøndene bort frå å produsere berre for sjølvberging, og begynte i staden å produsere det dei tente mest på ved å selje. Slik vart gardsdrifta meir spesialisert. Gjødsling og ny teknologi gjorde også sitt til å auke produktiviteten i jordbruket. Nye reiskapar, til dømes slåmaskinen, kom i bruk og reduserte behovet for arbeidskraft. Samtidig førte dei nye maskinane til at mindre jordstykke vart samla i større einingar, og det effektiviserte drifta endå meir. Alle desse endringane i landbruket omtalar vi ofte som det store hamskiftet.

Rogneby gård år 1869.

212


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Industrialisering Endringane på landsbygda gjekk for seg samtidig med at industrialiseringa begynte. Frå 1840-åra vart det etablert fleire industribedrifter, først og fremst spinneri og mekaniske verkstader, langs Akerselva utanfor Kristiania. Fabrikkane langs Akerselva var lenge dei største industribedriftene i landet, og samla utgjorde dei ein av dei største norske arbeidsplassane. Fleire andre norske byar, som Bergen, Trondheim, Kristiansand og Drammen, fekk også tidleg moderne industribedrifter. I tillegg til tekstilproduksjon og mekaniske verkstader var trelastnæringa viktig. Ho hadde tyngdepunktet sitt ved utløpa av dei store vassdraga ved Skien, Fredrikstad/Sarpsborg og Drammen. Frå omkring 1875 overtok treforedlingsindustrien den posisjonen trelasthandelen hadde hatt, og treforedling vart den første internasjonale storindustrien i Noreg. Det hang saman med at i heile Europa vart folk meir lesekyndige, og dermed auka marknaden for lesestoff. Behovet for avispapir var stort, og norsk treforedlingsindustri var i stand til å møte denne etterspørselen. Frå omkring 1860 var det stadig færre som arbeidde i primærnæringane jordbruk og fiske, mens talet på industriarbeidarar auka. Omkring 1890 gjekk talet på sysselsette i primærnæringane ned til under 50 prosent, men det var likevel ikkje før etter hundreårsskiftet at industrisamfunnet fekk sitt endelege gjennombrot i Noreg. Det var då ingeniørane oppdaga den store ressursen som låg i den norske fossekrafta.

Akerselva i Oslo i 1867 og i 2006. I dag er dei gamle industri­ bedriftene erstatta med serveringsstader, kontorlokale og bustader.

Det er lett å tenkje at mange av desse endringane var positive for samfunnet sidan dei gav fleire arbeidsplassar og nye marknader og førte samfunnet inn i ei meir moderne tid. Var dette positivt, synest du? Kva for eventuelle negative konsekvensar fekk utviklinga?

Folk flyttar Gjennom hundreåret frå 1815 til 1915 emigrerte 40 millionar europearar til Amerika. Det gjekk for seg ei internasjonal folkevandring vestover, der folk frå Irland, Storbritannia og Tyskland hadde føringa. På 1800-talet forlét om lag 800 000 nordmenn heimane sine for å etablere eit nytt liv i Amerika, men somme reiste også til Australia, New Zealand og Sør-Afrika og busette seg der. Det var svært mange norske utvandrarar. Berre Irland hadde fleire utvandrarar enn Noreg i forhold til folketalet.

Les meir om migrasjon i Knut Kjeldstadlis essay i Perspektiv Skulestudio.

213


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Frå bygdene Vinteren 1860 hadde det falle uvanleg mykje snø på Austlandet og Sørlandet. Våren var sein dette året, men i slutten av mai kom det store mengder regn, og snøen smelta raskt. I juni kom storflaumen. Store område vart sette under vatn. Frå VestAgder til Sør-Trøndelag og frå Sogn og Fjordane til Hedmark kom det rapportar om store flaumskadar. Mange stader var denne flaumen den største nokon gong, ikkje berre på grunn av enorme vassmengder, men også på grunn av at han varte så lenge. I august kom det nemleg ein ny flom, først og fremst i Akershus og Østfold, og i november fløymde Glomma over igjen. Øydeleggingane var umåteleg store: Gardar, heimar og avlingar vart øydelagde. 1860 vart eit uår for svært mange nordmenn, og 1860-åra var rett og slett ein periode med kaldt klima og dårlege avlingar. Det var ikkje berre i jordbruket det var krise, også fisket vart dårlegare omkring 1870. På dette tidspunktet forsvann plutseleg silda frå kysten, og det var alvorleg for kystbefolkninga, som hadde vore avhengig av sildefisket for å overleve. Bygdefolk, både i innlandet og ved kysten, såg ingen annan utveg enn å begynne eit nytt liv i byen. Uår og krise var ei av fleire årsaker til at folk flytta. Ei anna viktig årsak var den sterke folkeauken på 1800-talet. Gjennom hundreåret vart gardsdrifta meir effektiv, og behovet for arbeidskraft i jordbruket minka. I Bygde-Noreg vart det dermed eit befolkningsoverskot som måtte finne nye vegar. Folk hadde hovudsakleg tre vegar å gå: 1 Nordover, til Nordland, Troms og Finnmark 2 Til byane og dei nye industriarbeidsplassane der 3 Ut av landet, først og fremst til Amerika Livet som gardbrukar var ofte knapt, og med dårlegare tilgang på jord opplevde mange naud og svolt. Bondesøner og husmannssøner flytta fordi dei mangla jord. Når dei ikkje hadde høve til å drive gardsbruk i heimbygda si, var det ikkje anna å gjere enn å prøve å finne jord ein annan stad. Alt frå slutten av 1700-talet hadde ­familiar frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Sør-Trøndelag reist nordover for å slå seg ned i område med mindre befolkningspress. Flyttinga til Nord-Noreg auka etter kvart som kommunikasjonane vart betre utover på 1800-talet. Fleire flytta til Finnmark enn til nokon annan stad i landet, og i mange av bygdene i Troms var det berre folk som hadde kome sørfrå.

Til byane I William Bretons reiseskildring frå noregsturen i 1834 sukkar forfattaren litt over mangelen på norske byar:

Dette fravær av byer er i seg selv nok til å skape store vanskeligheter for den som skriver om reiser i Norge. Leseren må til slutt bli trett av å slite seg gjen­ nom skildringer av naturen alene, uten innslag av beretninger om bygninger, fortidslevninger og andre ting av interesse, som så ofte er å se i andre land.

Hadde Breton kome tilbake nokre tiår seinare, helst etter 1875, ville han ha fått eit anna bilete: Den delen nordmenn som var busett i byane, hadde auka kraftig. Nye tettstader hadde vakse fram, og tilflyttinga til dei gamle byane var stor. Kristiania var den byen som hadde størst innflytting, og i 1875 var 58 prosent av befolkninga i Kristiania fødde andre stader. Tala viser at også andre byar hadde stor tilflytting: I 1865 hadde alle dei største byane, Bergen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Drammen, mellom 30 og 45 prosent innflyttarar.

214


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Storgata i Kristiania. Når kan dette biletet vere frå? Ser du noko på biletet som gjer at du kan tidfeste det?

Dei fleste som forlét bygda og flytta til byen, var dårleg stilte. For mange var det ikkje mogleg å livnære seg som gardbrukar eller gardsarbeidar. Når det var krisetider i jordbruket, var det fleire som flytta til byen, til dømes var det svært mange som drog frå austlandsbygdene til Kristiania etter storflaumen i 1860. Men det var ikkje berre naud som dreiv folk heimanfrå. Mange, kanskje særleg unge folk, reiste ut for å prøve lykka, for å oppsøkje moglegheiter andre stader.

Frå bondesamfunn til arbeidarliv Å kome til byen var ikkje det same som å finne lykka. Det var stor fattigdom i byane også, og det nye bylivet var ofte like hardt som livet på landsbygda. Innflyttarane fekk som regel dårlegare jobbar og lågare lønningar enn dei som var fødde i byen. Fordi bustadbygginga gjekk seinare enn folkeauken, levde mange innflyttarfamiliar trongt og usunt. Eit fleirtal av mennene som flytta til byen, vart sysselsette i eit yrke dei kjende hei­ manfrå, til dømes som handverkarar eller tenestefolk. Men i takt med at industrialiseringa auka, vart fleire og fleire tilsette som fabrikkarbeidarar, og dei fleste arbeidarane kom opphavleg frå bygdene. Men det var ikkje berre menn som tok seg arbeid i fabrikkane. For mange kvinner vart fabrikkarbeid eit alternativ til det vanlegaste kvinneyrket, som var arbeid som tenestejente. Fabrikkarbeidarane hadde både ­høgare inntekt og større fridom enn tenestejentene. Men kvinnene fekk dårlegare betalt enn mennene, og kvinneyrke hadde lågare prestisje enn mannsarbeid. Arbeidarkvinnene var oftast unge og ugifte. Det var ikkje enkelt å kombinere ­familieliv og yrkesliv, og dei fleste slutta å arbeide når dei gifte seg. Men det fanst også arbeidande kvinner med familie, og rundt 6–7 prosent av dei var einslege ­mødrer. Somme hadde ei mor eller ei svigermor som tok seg av barna på dagtid, men elles måtte barna greie seg sjølve. Då måtte fabrikkjentene skunde seg heim i middagspausen for å stelle barna sine og lage mat til dei. Litt eldre barn kunne få jobb i fabrikkane. Barn fekk endå mindre betalt enn kvinner, men for arbeidarfamiliane kunne inntekta frå arbeidet til barna vere nødvendig. Arbeidsforholda i fabrikkane var usunne. Høgt støynivå svekte høyrsla, og dårleg lys gjekk utover synet. I tillegg var arbeidarane plaga av kvalme og oppkast fordi dei pusta inn fabrikkstøv som var blanda med smørjeolje frå maskinane.

Korleis var det med din eigen familie? Kan du finne døme i di eiga slekt på nokre av desse flytteprosessane?

215


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Amerikabåten «Montebello» ved kai i Oslo, rett før avgang (ca. år 1900). Rundt 800 000 nordmenn utvandra til Amerika på 1800-talet. Kva for drivkrefter stod bak utvandringa?

Til Amerika For mange var flyttinga til byane berre den første etappen på ei lengre reise. Den neste etappen gjekk til sjøs, hovudsakleg over Atlanterhavet, til Amerika. Det første organiserte utvandrarfølgjet forlét Noreg i 1825, då fem bondefamiliar frå Stavanger, eit følgje på 53 vaksne og barn, gjekk om bord i skipet «Restauration» med kurs for Amerika. Desse første utvandrarane hadde heilt bestemte grunner for å forlate Noreg. Dei høyrde til eit eige trussamfunn, kvekarane, men på denne tida, og fram til 1845, var det ikkje lov for nordmenn å høyre til andre trussamfunn enn Den norske kyrkja. Difor søkte kvekarane vestover, til Amerika, der det var religionsfridom. Reisa til kvekarane over Atlanteren utløyste ingen amerikafeber mellom nordmennene. Det var ikkje før i 1836 at eit nytt følgje la ut på den lange reisa vestover, men etter dette vart norske utvandrarfølgje eit årleg fenomen. Vestlendingane gjekk føre i utvandringa og forlét gamlelandet med båt frå Stavanger eller Bergen. Utvandringa frå austlandsbygdene tok for alvor til i 1860-åra, etter flaumåret i 1860 og fleire år etter det med dårlege avlingar. Dermed vart Kristiania den tredje store utvandrarhamna.

Årsaker til utvandringa

kvekarar: kyrkjesamfunn, stifta ca. år 1650 i England, kjent i Noreg frå 1818 haugianarar: tilhengjarar av lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (sjå side 220) lekfolk: personar utan presteutdanning

216

Når historikarane skal forklare utvandringa til Amerika, skil dei gjerne mellom pushfaktorar, forhold i heimlandet som dreiv folk av garde, og det vi kallar pull-faktorar, forhold i Amerika som trekte folk dit. Både push-faktorar og pull-faktorar spelte inn for utvandringa på 1800-talet.

Push-faktorar Vi har sett at dei første norske utvandrarane var kvekarar som forlét Noreg av religiøse grunnar, men også haugianarane hadde problem med norsk lovgiving. Lekfolk i haugianarrørsla forkynte Guds ord og arrangerte religiøse møte utan godkjenning frå soknepresten, trass i at det var forbode. For mange haugianarar vart utvandring ei løysing.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

I tillegg til religiøs opposisjon var politisk opposisjon ei årsak til å forlate heimlandet. Marcus Thrane, som var leiar for den første arbeidarrørsla i Noreg, emigrerte til USA i 1863. Då hadde han sete fleire år i fengsel på grunn av opposisjonell verksemd. I utgangspunktet var thranittrørsla sosialistisk og arbeidde mellom anna for allmenn røysterett, billigare korn, betre kår for husmenn og betre skuleverk. Etter kort tid vart rørsla meir radikal, og i 1851 vedtok thranittane å gå inn for revolusjon. Det førte til at Thrane sjølv og om lag 200 tilhengjarar vart arresterte og dømde til straffarbeid og fengsel. Den sterke reaksjonen frå styresmaktene gjorde at mange thranittar reiste til Amerika, der dei demokratiske rettane stod sterkare. Økonomiske og sosiale forhold var nok likevel dei viktigaste push-faktorane. Med den sterke folkeauken vart det mindre tilgang på jord, og ny teknologi i jordbruket førte til mindre behov for manuell arbeidskraft. Generelt var det dårlegare utsikter for å livnære seg i landbruket. I tillegg auka utflyttinga frå bygdene i periodar når forholda på landsbygda var særleg vanskelege, til dømes etter flaumane i 1860 og dei dårlege avlingane utover i 1860-åra. I 1861 var det fleire utvandrarar til Amerika enn nokon gong før, og også innflyttinga til Kristiania nådde nye høgder i dette tiåret.

Kva er push-faktorar og pullfaktorar? Skriv to setningar som forklarar omgrepa.

Pull-faktorer

Jeg har ikke lengtet til Norge siden de første dagene jeg kom her til lands. Vi befinner oss vel her i Amerika og angrer ikke på at vi forlot Norge. Bernt Mehus i eit brev til vennen Peder Mo i 1876

Når det galdt forholda i Amerika, kan ikkje den auka flyttinga dit i 1860-åra forklarast berre med vanskelege tider i Noreg. I 1862 vedtok nemleg USA ei lov som gav 650 mål jord til alle som ville busetje seg og dyrke jorda. Utsiktene til å få sitt eige gardsbruk – gratis – verka nok som ein stor pull-faktor for mange bondesøner og husmannssøner. På denne tida var USA dessutan meir liberalt, både politisk og religiøst, enn Noreg. Frå 1820-åra hadde alle kvite menn røysterett, og i 1860-åra fekk kvinner røysterett i enkelte statar. Landet hadde ytringsfridom, organisasjonsfridom og næringsfridom. Ved å etablere seg i USA kunne altså kvekarar og haugianarar utøve trua si slik dei ynskte, og Marcus Thrane kunne halde fram med sitt politiske engasjement. Etter kvart som dei norske busetnadene i Amerika vart større, vart terskelen for å reise lågare. Slekt, venner og naboar som hadde utvandra, skreiv brev heim og fortalde om det nye livet i vest – slik vi ser ovanfor at utvandraren Bernt Mehus skreiv til vennen Peder Mo på Rennesøy i Rogaland etter at han var komen vel fram til Amerika. Året etter skreiv Ole Li heim og fortalde om overfarten til USA og reisa vidare vestover: «Ikke forsto vi hva folk sa, og ikke visste vi hvor vi skulle gå. Vi ble stående [på jernbanestasjonen] omtrent en times tid, så traff vi en nordmann som vi kunne snakke med, og han ledsaget oss til Det norske hotell, og der traff vi nordmenn nok.» Vel framme i Wisconsin, som var målet for reisa, var det også nordmenn nok:

Vi kom til Mount Varnon torsdag 12. juli. Der traff vi Olaug Børtnes og hennes familie, og hun hadde det meget fint og godt. Her ble vi til fredag, og da kom Halsten Bøn også dit, og han fulgte oss til Guttorm (farbror). Søndagen var vi i kirken og hørte John Fjeld preke. Ved kirken talte jeg med Gunhild, konen til Ole farbror, og da vi kom hjem, kom også Ole farbror hit.

217


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Skuronn i Nord-Dakota i 1910. Tresking med damp­ driven traktor. Livet i Amerika baud på hardt arbeid og var svært usikkert. Kva gjer ein når ein skal begynne eit nytt liv i eit ukjent land?

Kvifor reiste folk til Amerika? Lag ei oversikt over dei ulike årsakene, og ranger årsakene ut frå kor viktige dei er.

Det at mange nordmenn alt hadde funne vegen til Amerika, verka i seg sjølv som ein pull-faktor. Det å skulle etablere seg i eit nytt land kjendest ikkje like lagnads­ tungt når det nye landet var fullt av nordmenn. Dessutan fekk folk i Noreg betre kjennskap til amerikanske forhold gjennom amerikabreva, og det gjorde sitt til å lette avgjersla om å reise. Også økonomisk sett kan det ha vore ein fordel å ha slektningar i Amerika. Dei første utvandrarane frå ei slekt betalte gjerne reisa for dei som kom etter.

Vegen til sjølvstende Då parlamentarismen vart innført i 1884, vart maktbalansen mellom regjering/konge og storting/folk endra. Både før og etter 1884 var det ei oppgåve for kongen å utnemne regjering, men det vart ei vanskelegare oppgåve etter 1884. Mens kongen tidlegare kunne utnemne statsrådar på eiga hand, måtte statsrådane no ha støtte frå stortingsfleirtalet. Og det var folket, gjennom frie val, som avgjorde samansetninga av Stortinget.

Meir med i samfunnslivet

Det velkjende symbolet til Den Norske Turistforening. DNT vart stifta i 1868.

218

Folk var meir med i det politiske livet enn før, ikkje berre ved å røyste ved stortingsval. Frå 1840-åra hadde det vakse fram ein ny type offentlegheit der både menn og kvinner vart meir aktive deltakarar i samfunnslivet. Folkeleg engasjement gjorde at det vart oppretta ei mengde foreiningar med ymse formål. Mellom dei første ­foreiningane var det ei overvekt som hadde etiske formål, til dømes Det Norske Misjonsselskap, som vart stifta i 1842, og Den norske forening mot brennevinsdrikk i 1845. I tillegg vart det tidleg etablert arbeidarforeiningar og lokale foreiningar for fattighjelp. Andre organisasjonar kunne også fremje fellesaktivitetar, som skyttarlag, songforeiningar, turnforeiningar og turlag. Den Norske Turistforeining vart stifta i 1868 og Norges Jeger- og Fiskerforbund i 1871. Dei første politiske partia vart etablerte forholdvis seint. Høgre og Venstre vart grunnlagde i 1884 og Arbeidarpartiet i 1887. Det eksisterte nemleg lenge ein sterk uvilje mot eit partisystem. Idealet var den uavhengige stortingsrepresentanten, klok og samvitsfull, som representerte veljarane, ikkje visse grupper. Men frå midten av hundreåret var det somme grupperingar som opererte med valprogram og vallister, og frå 1865 samla bøndene seg i ein landsomfattande organisasjon som hadde eit klart mål om å påverke stortingspolitikken. Gjennom foreiningane fekk vanlege folk høve til å påverke samfunnet. Sjølv om foreiningane kunne ha svært ulike formål, var fellesnemnaren at dei utgjorde ein arena der nye grupper kunne få erfaring og makt ved å vere med i diskusjonar, på møte og i styre.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Krav om breiare røysterett Samfunnsendringane på 1800-talet førte til at talet på røysteføre i realiteten minka. Vi hugsar at dei som fekk røysterett i 1814, var menn over 25 år som anten eigde jord, var borgarar i ein by eller var embetsmenn. Stadig fleire i befolkninga var tilsette i industrien, og dei gamle røysterettskriteria gjorde demokratiet mindre og mindre representativt. I 1884 vart røysteretten utvida. Heretter fekk alle menn som betalte skatt, rett til å vere med i val. Kvinnene hadde framleis ingen demokratiske rettar, men no begynte krava om kvinneleg røysterett å bli tydelegare. Kvinnerøysterettsforeininga, som vart stifta i 1885, samla underskrifter og fremja saka overfor Stortinget. I 1890åra vart spørsmålet om kvinneleg røysterett røysta ned tre gonger av eit stadig ­mindre stortingsfleirtal. Før noka kvinne fekk rett til å røyste, vart det innført allmenn røysterett for menn. Det var i 1898. Framleis skulle det gå femten år før kvinnene fekk røyste.

Aukande nasjonalkjensle I Noreg, som i resten av Europa, var siste halvdelen av 1800-­talet ei tid prega av nasjonalismen. Asbjørnsen og Moe hadde samla og gitt ut norske folkeeventyr sidan 1840-åra, og Ivar Aasen ­lanserte rundt 1850 landsmålet sitt, basert på norske dialektar. Historikaren P.A. Munch presenterte ein teori om at nordmenn var eit eige folk, utan slektskap med danskar og svenskar. 17. mai 1870 arrangerte Bjørnstjerne Bjørnson det første barnetoget gjennom Kristiania. Dei konservative oppfatta barnetoget som ein demonstrasjon frå opposisjonen, og toget hadde utan tvil eit anna og tydeleg politisk formål enn 17. mai-toga i dag.

Misnøye med utanrikspolitikken Mot slutten av 1800-talet var det berre USA og Storbritannia som hadde større handelsflåte enn Noreg. I 1884 var 50 000 nordmenn sysselsette i handelsflåten, og i forhold til folketalet var Noreg landet med størst lastekapasitet. Skipsfarten og handelen med utlandet var altså svært viktig, men likevel hadde ikkje Noreg eiga utanriksteneste. Utanrikspolitikken var felles for Noreg og Sverige, men kontrollen med utanrikspolitikken låg i Stockholm, og det var svenske konsular og diplomatar som skulle sikre Noregs interesser i utlandet. For svenskane var ikkje skipsfarten like viktig. Den svenske flåten var ein tredel av den norske, og dessutan var det ikkje alltid slik at Sverige og Noreg hadde interesser i dei same områda. I mange av dei hamnebyane som var mest trafikkerte av norske skip, fanst det ingen svensk-norsk representasjon. Mangelen på ei eiga utanriksteneste vart meir og meir alvorleg for Noreg, parallelt med at skipsfarten auka i omfang og vart viktigare økonomisk. På Stortinget vart kravet om norsk representasjon i utlandet sett fram med stadig større styrke. Det førte til fleire kriser mellom Stortinget og regjeringa/kongen utover i 1890-åra. I Noreg gjorde det for alvor sitt til å vekkje tanken om å løyse opp unionen, og svenskane vart nøydde til å handle deretter. Etter svensk-norske forhandlingar om organiseringa av utanrikstenesta vart det lagt fram eit forslag som sa at Sverige og Noreg skulle ha kvar sine konsular. Forholdet mellom konsulane og ambassadane og utanriksministeren skulle regulerast av likelydande lover for dei to landa.

17. mai 1870 i Kristiania. Landet var i union med Sverige, men likevel feira folk 17. mai. Kvifor det?

konsul: diplomat som representerer landet sitt i utlandet. Konsulen har ingen eigen ambassade, men er underlagd ambassaden til eit anna land i det landet der han eller ho held til, eller ambassaden som landet har i eit anna land

219


Motkulturar

Rundt midten av 1800-talet kunne Morgenbladet konstatere at framveksten av nye foreiningar og organisasjonar var eit typisk teikn i tida. Ifølgje avisa var organisasjonane den viktigaste drivkrafta for samfunnsutviklinga og for vekst i næringslivet. Gjennom organisasjonane fekk nye grupper innverknad i norsk offentlegheit. Organisasjonane dreiv regelmessig møteverksemd for medlemmene sine, hadde eit styre med valde representantar, skreiv møtebok, førte rekneskap og gav kanskje til og med ut medlemsblad, og difor fekk folk erfaringar som gjorde dei til aktive samfunnsaktørar. Det var ein avgjerande faktor for at parlamentarismen vart innført i 1884. Alle desse gruppene kallar vi med ein fellesnemning motkulturar.

Haugianarane Haugianarrørsla har fått namnet sitt etter Hans Nielsen Hauge (1771–1824). Då Hauge var 25 år, fekk han eit kall frå Gud, som gjekk ut på at han skulle vitne om Herrens namn for menneska og formane dei til å omvende seg. Det var problematisk, for på denne tida hadde ikkje lekfolk lov til å drive forkynning. Styresmaktene såg det slik at det også var eit anna problem med Hauge, nemleg dei økonomiske gjeremåla hans. Hauge sette i gang omfattande næringsverksemd og dreiv handel utan å ha privilegium til det. På fleire felt dreiv

220

altså Hauge eit slags opprør mot makt­ eliten: religiøst ved å preike for folk utanfor kyrkja, økonomisk ved å oppfordre bønder til å begynne næringsverksemd, og politisk ved å utfordre gamle autoritetar i samfunnet. Haugianarane opna i tillegg for at kvinner kunne ha leiande stillingar, og mange kvinner verka som forkynnarar i rørsla.

Målsaka Å kome ut av unionane var målet for den nasjonale rørsla i Noreg i siste halvdelen av 1800-talet. Det galdt ikkje berre å bli fri frå den politiske unionen med

Sverige. Frigjeringa frå den språklege unionen med Danmark var like viktig, og eit ledd i denne frigjeringa var å utvikle eit eige norsk skriftspråk. Mens mange meinte at den beste vegen til eit eige skriftspråk gjekk gjennom fornorsking av det danske (etter kvart kalla riksmål, seinare bokmål), utarbeidde Ivar Aasen eit nytt skriftspråk som var basert på norske dialektar (landsmål, seinare kalla nynorsk). Oppslutninga om landsmålet auka raskt. Etter kvart vart målsaka ein del av politikken til venstresida, og i 1885 vart dei to målformene jamstilte. Det var eit omstridt vedtak, og det resulterte i ein langvarig målstrid i Noreg.


Misjonen I 1842 vart Det Norske Misjonsselskap stifta i Stavanger, og året etter begynte Misjonsselskapet å utdanne norske misjonærar. Nokså snart vart misjonsrørsla ei folkerørsle. Tidsskriftet deira hadde store opplag, og rundt om i landet dukka det opp hundretals lokale misjonsforeiningar. Fleire av dei lokale foreiningane var kvinneforeiningar, og dei vart ein svært viktig del av misjonsrørsla. Kvinner i lokalsamfunnet kom saman på faste møtedagar for å arbeide med å skaffe pengar til misjonen. Tidleg på 1900-talet kom 75 prosent av inntektene til misjonen frå om lag 100 000 kvinner i dei lokale misjonsforeiningane. Fordi kvinnene var så viktige for økonomien til misjonen, vart det naturleg at dei fekk formell innverknad i Misjonsselskapet, og i 1904 fekk kvinnene røysterett i organisasjonen.

Kjølvegen Misjonsforening, stifta i 1885. Biletet er frå ca. 1900.

Fråhaldsrørsla Den første foreininga som arbeidde for å redusere ­a lkoholforbruket, ei måtehaldsforeining, vart stifta i 1830-åra, og alt rundt midten av hundreåret hadde måtehaldsforeiningane over 20 000 medlemmer. Desse foreiningane var først og fremst opptekne av å redusere brennevinsbruken. Ettersom det vart tydeleg at mindre forbruk av brennevin vart kompensert med meir forbruk av øl og vin, vart det etablert totalfråhaldsforeiningar. Som med misjonsrørsla hadde fråhaldsrørsla sterkt fotfeste på Sørvestlandet, og utgangspunktet for rørsla var delvis religiøst. Etter kvart som industrialiseringa skaut fart og arbeidarklassen voks, vart fråhaldssaka viktig også for arbeidarrørsla. Ifølgje legerapportar frå 1860-åra var det ein klar samanheng mellom fattigdom og alkoholforbruk i arbeidarklassen: Aukande øldrikking hadde mykje av skulda for at ­a rbeidaren «befant seg i samme dårlige økonomiske forfatning som tidligere».

Finst det motkulturar i det norske samfunnet i dag? Er det grupperingar eller foreiningar som kan samanliknast med motkulturane på 1800-talet? Kva kjempar eventuelt desse grupperingane for?

221


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Ut av unionen

Korleis trur du denne perioden vart oppfatta i Sverige? Kva argument kan ha blitt nytta der for å svare på Noregs ynske om eit eige konsulatstell?

Postkort frå 1905. Det kom internasjonale observatørar for å kontrollere at grensefestningane mellom Noreg og Sverige vart nedlagde. Frå venstre: oberst Snyders frå Holland, oberst Schott frå Tyskland og oberst Blaim frå Austerrike. Bak står den norske og den svenske adjutanten i kommisjonen, kaptein Graff-Wang frå Noreg (til venstre) og kaptein Stålhane frå Sverige.

222

Den norske regjeringa kom med forslag til likelydande lover for utanrikstenesta ­våren 1904, mens den svenske regjeringa la fram sitt utkast eit halvt år seinare. Forslaga viste tydeleg at det ville vere vanskeleg for dei to landa å bli einige. Nordmennene ville ha eigne konsular, men for svenskane var det avgjerande at Noreg ikkje fekk ei sjølvstendig utanriksteneste. Det var det same som å svekkje unionen. Difor inneheldt forslaget frå den svenske regjeringa formuleringar som gav den svenske utanriksministeren rett til å avsetje norske konsular som for «forstyrrande» fram. I tillegg sa forslaget at Sverige alltid skulle nemnast før Noreg i diploma til dei norske konsulane. Haldninga i det svenske forslaget var altså at Sverige og Noreg ikkje skulle vere to likestilte land i unionen, men at Sverige var overordna Noreg. Det vart ikkje godt motteke her i landet, og forhandlingane om dei to ­lovforslaga stranda i slutten av februar 1905. Det som i utgangspunktet var problemet, behovet for ei utanriksteneste som varetok norske behov, var ikkje løyst. Tvert imot var det heilt klart at spørsmålet ikkje lenger var berre ja eller nei til norske konsular, men at det var framtida for unionen som stod på spel. Stortinget visste at det var slik, og vedtok difor samrøystes i mai 1905 ei lov om eit norsk konsulatstell. Lova vart lagd fram for kong Oscar 2. på slottet i Stockholm i slutten av mai. Kongen nekta å sanksjonere, og den norske regjeringa svarte med å gå av. 30. mai kom dei avgåtte statsrådane tilbake til Kristiania. Noreg var utan regjering, men folket hylla motstanden statsrådane hadde vist overfor kongen. 7. juni 1905 møtte statsminister Christian Michelsen i Stortinget for å gjere greie for hendingane den siste tida. Michelsen opplyste at kongen hadde vedgått at han ikkje greidde å skaffe Noreg ei ny regjering, som ifølgje Grunnlova var ei oppgåve kongen hadde. Det innebar at kongen ikkje var i stand til å oppfylle plikta si som konge av Noreg. Stortinget konkluderte med at «foreningen med Sverige under en konge er oppløst, som en følge av at kongen har opphørt å fungere som norsk konge».


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Eit sjølvstendig, demokratisk Noreg For å overtyde svenskane om at nordmennene stod samla bak avgjersla om å løyse opp unionen, vart det arrangert ei folkerøysting i august om unionsoppløysinga. Resultatet var ei overveldande støtte til 7. juni-vedtaket: 368 208 røysta ja til ­unionsoppløysinga, mens berre 184 røysta nei. Folkerøystinga i 1905 var berre for menn, for dei hadde røysterett. Landskvinnerøysterettsforeininga bad om at også kvinner skulle få røyste, men Stortinget sa nei. For at kvinnene også skulle få gi uttrykk for si meining, arrangerte røysterettsforeiningane i staden ein underskriftskampanje. På under tre veker samla «Kvinnenes folkeavstemning» nesten 280 000 underskrifter på oppropet sitt til støtte for unionsoppløysinga. Oppropet førte til at spørsmålet om allmenn røysterett også for kvinner fekk større oppslutning. Stadig færre såg det slik at kvinner ikkje evna å gjere seg opp meiningar om politikk og samfunnsspørsmål, og stadig færre meinte at røysterett for kvinner ikkje hadde noko for seg, fordi dei berre kom til å røyste slik mannen deira gjorde. «Kvinnenes folkeavstemning» i 1905 beviste at kvinnene kunne handle som sjølvstendige politiske individ. I 1907 kom debatten om kvinneleg røysterett igjen opp i Stortinget. Resultatet vart innføring av avgrensa røysterett for kvinner, og det første stortingsvalet der kvinnene deltok, gjekk roleg og fredeleg for seg. Tida var inne for at alle, kvinner så vel som menn, skulle ha røysterett. I 1913 vart forslaget om allmenn kvinneleg ­røysterett samrøystes vedteke i Stortinget. Dermed var utviklinga frå einevelde til demokrati fullført.

Kvifor vart det ikkje krig i 1905? Oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige i 1905 vart fredeleg, og det kan verke rart med tanke på korleis andre lausrivingar ofte går for seg. Kvifor vart ho så fredeleg? Det er fleire grunnar til det. Ei viktig årsak var at moderate krefter på begge sider vann fram. Ein sterk opinion i Sverige ynskte ei fredeleg løysing, og landa hadde blitt så demokratiserte at slike krefter kunne vinne fram på begge sider. Ei anna årsak er at Sverige hadde lite anna å vinne på ein militær konflikt enn nasjonal ære. Eit overveldande fleirtal i Noreg ville rive seg laus, også dei som tidlegare hadde støtta unionen, så jamvel ein svensk militær siger ville vere vanskeleg å følgje opp for svenskane i ettertid. Somme historikarar legg også vekt på at kong Oscar 2. på dette tidspunktet var så gammal, sjuk og sliten at det kan ha hatt innverknad på viljen til å halde fram med striden. At det i motsetning til i 1814 heller ikkje var andre stormakter innblanda i konflikten, kan også ha hatt sitt å seie.

I det hele tatt er det vanskelig å se hva Sverige skulle kunne vinne på en krig. De aller fleste politikere og militære skjønte det – også slike som i utgangspunktet var svært så aggressivt innstilt mot Norge. Det er enda en grunn til at utgangen i 1905 ble så fredelig. Historikar Øystein Sørensen

Likevel var stemninga spent i 1905: Soldatane stod klar langs norskegrensa, og eit feilval kunne ha sett i gang krigshandlingar. Men slik gjekk det heldigvis ikkje.

Dette kapittelet handla om at Noregs lagnad i 1814 hadde samanheng med utfallet av napoleonskrigane at den norske grunnlova tok opp i seg idear frå opplysningstida, og henta inspirasjon frå den amerikanske og den franske grunnlova at i løpet av 1800-talet fekk bøndene større politisk innverknad at Stortinget gjennom 1800-talet førte ein vellykka kamp for større innverknad og meir politisk makt at riksrettssaka resulterte i at parlamentarismen vart innført i 1884 at samfunnsengasjementet til vanlege folk auka gjennom heile 1800-talet at folkeauken, effektiviseringa i jordbruket og industrialiseringa i Noreg likna utviklinga i Storbritannia at det gjekk for seg store folkeflyttingar i og frå Noreg, særleg frå midten av 1800-­ talet at flyttinga til USA må forklarast med både push-faktorar og pull-faktorar at røysteretten vart gradvis utvida i løpet av hundreåret at usemje om utanrikspolitikk og utanriksteneste var ei viktig årsak til unionsoppløysinga i 1905

Les meir om Tenk om det hadde blitt krig med Sverige i 1905. Les meir om kontrafaktisk historie i Øystein Sørensens essay i Perspektiv Skulestudio.

223


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Sjå på overskriftene i dette kapittelet. Skriv 2–3 stikkord til kvar av overskriftene som du meiner summerer opp innhaldet i avsnitta.

3 Kva problemstillingar har blitt nemnde som viktige i dette kapittelet? Kva var dei store stridsspørsmåla i perioden? Diskuter gjerne med ein medelev.

2 Tidsline a Skriv årstala på ei tidsline. Leit i kapittelet og fyll inn hendingar for kvart årstal: 1807, 1814, 1825, 1837, frå 1840-åra, 1854, 1869, 1884, 1885, 1887, 1898, 1905 og 1913.

4 Lag lappar med fagomgrepa som er forklarte i margen i kapittelet, og spel Alias med ein eller fleire medelevar: ­abdisere, embetsmann, veto, kulminere, parlamenta­ risme, sanksjonere, hamskifte, kvekarar, haugianarar, l­ekfolk, konsul.

b Tenk deg så at du skal lage ein presentasjon av den viktigaste utviklinga i Noreg på 1800-talet for ein 10.-klasseelev, der du berre har plass til å snakke om fem av hendingane. Vel ut dei fem hendingane du vil ha med, og grunngi kvifor dei var viktige.

Samanhengar 1 Årsaker til 1814 a Kva for hendingar førte til at Noreg kom i union med Sverige i 1814? Lag ei tidsline, og skriv nokre få stikkord som utdjupar kvart punkt på lina. b Sorter punkta som årsaker: Skriv éi setning om kvart punkt, og grunngi om årsaka er grunnleggjande, medverkande eller utløysande. (Les meir om grunnleggjande, medverkande og utløysande årsaker på side 500.) 2 Kva er likskapstrekk mellom den norske grunnlova og den franske og den amerikanske? Lag ei liste med 3–6 punkt med fellestrekk for dei tre grunnlovene. 3 Kva hadde desse faktorane å seie for den demokratiske utviklinga i Noreg på 1800-talet: aviser, tidsskrifter, organisasjonar, hemmelege val, formannskapslovene. Ranger kvart av punkta på ein skala frå 1 til 6, der 6 tyder svært viktig for demokratiseringa, og 1 tyder mindre viktig. Grunngi rangeringa di, og samanlikn og diskuter deretter med ein medelev. 4 Samanhengar mellom politiske endringar. a Lag ei liste med dei viktigaste politiske endringane i Noreg på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. b Kunne desse endringane skjedd uavhengig av kvarandre? Kunne til dømes parlamentarismen blitt innført utan Grunnlova av 1814, og kunne Noreg ha rive seg laus frå Sverige utan endringane i tiåra før? Grunngi synspunkta dine. c Var ei av hendingane viktigare enn dei andre? Korleis vil du i så fall grunngi valet ditt?

224

5 Årsaker til utvandring. a Læreboka deler årsakene til utvandringa på 1800-talet inn i push-faktorar og pull-faktorar. Skriv ei kort forklaring på kvart av omgrepa. b Lag ei oversikt over push-faktorane og pull-faktorane som er nemnde i lærebokteksten. Ranger dei deretter ut frå kor viktige du meiner dei var. c I kapittelet er det teke med utdrag frå fleire amerikabrev (sjå side 217). Finn minst eitt anna amerikabrev på internett, og formuler 2–3 kjeldekritiske spørsmål til kvart brev som du meiner det er viktig å finne svar på dersom du skal bruke breva som primærkjelder for årsakene til utvandringa. 6 Kontrafaktisk historieskriving. a Kva er kontrafaktisk historieskriving? Les essayet til Øystein Sørensen i Perspektiv Skulestudio, eller undersøk i andre kjelder på internett. b Vel ei av dei store endringane i Noreg på 1800-talet. Korleis kunne Noreg sett ut i dag om denne endringa ikkje hadde kome? Kva kunne vore annleis? c Kva kan vi lære av kontrafaktisk historieskriving?


Perspektiv 1 Kapittelet er delt i ein del som omtalar historia nedanfrå, og ein del som omtalar historia ovanfrå. a Kva er skilnaden på desse to? Skriv to setningar som forklarar dei to måtane å studere historia på. b Kva for andre perspektiv kan vi bruke for å studere historia? Nemn nokre alternativ, og skriv ei setning til kvar av dei også. c Kor forskjellig kan ei og same historiske hending omtalast dersom vi vel ulike perspektiv? Gi 1–2 døme. 2 Tenk deg at du skal lage ein presentasjon om den viktigaste utviklinga i Noreg på 1800-talet for ein 10.-klasseelev der du brukar fem av bileta som er tekne med i dette kapittelet. a Bla deg gjennom kapittelet, og vel fem av bileta til presentasjonen. Skriv 1–3 setningar om kvart bilete, der du forklarar kva du meiner dette biletet kan fortelje, og kvifor det er viktig. b Tenk over kva for perspektiv du no har valt å ta med i presentasjonen, og kva for perspektiv du har valt bort. Kvifor valde du å ta med akkurat desse perspektiva, og kvifor valde du bort andre, trur du? 3 Korleis såg folk som levde på 1800-talet, på urfolk og minoritetar, samanlikna med i dag? Kva kan forklare endringane? 4 Motkulturar. a Finst det grupperingar eller foreiningar i Noreg i dag eller andre samfunn i verda som kan samanliknast med motkulturane på 1800-talet? Kva kjempar dei for? b Finn ut kva omgrepet identitetspolitikk tyder, og samanlikn det med motkulturomgrepet. c I norsk historie blir motkulturane framheva som ei drivkraft for demokratiseringa på 1800-talet. I dag diskuterer ein om identitetspolitikk er ein trussel mot demokratiet. Er motkulturar og identitetspolitikk demokratiserande eller ein trussel mot demokratiet? Finn argument for dei ulike synspunkta, og gjennomfør ein debatt.

5 Teknologiske endringar og forventningar til framtida. a I løpet av 1800-talet gjekk det for seg store teknologiske endringar som endra landbruket og kommunikasjonane, skapte industri osv. Det er lett å tenkje at mange av desse endringane var positive for samfunnet ved at dei gav fleire arbeidsplassar og nye marknader, og førte samfunnet inn i ei meir moderne tid. Er det positivt, synest du? Lag ei liste over positive og negative konsekvensar av utviklinga. b Sjå på biletet av familien på Rogneby gard på side 212. Korleis trur du desse endringane påverka ­forventningar til framtida for dei ulike gruppene på biletet, og kvifor? 6 Finn informasjon om ei eller fleire av dine eller andre sine familiemedlemmer på 1800-talet. Intervju ein slektning, eller bruk tilgjengelege skriftlege kjelder, digitalarkivet eller bygdebøker, og prøv å finne ut om nokon i din familie vart påverka av ei eller fleire av endringane i Noreg på 1800-talet: urbanisering, utvandring, demokratisering, motkulturar, industrialisering osv. 7 I kapittelet er det teke med utdrag av fleire skriftlege kjelder frå perioden. Sjå til dømes sitatet av Johan Sverdrup på side 208 og sitatet av William Henry Breton på side 211. a Vel ei av kjeldene, og tenk at du skal bruke denne kjelda i ein presentasjon. Formuler ei problemstilling til denne presentasjonen. b Bruk internett eller skulebiblioteket, og finn 1–3 andre primærkjelder du kan bruke saman med kjelda i a, slik at du får svart på problemstillinga frå fleire perspektiv. Lag disposisjonen til presenta­ sjonen, eller lag sjølve presentasjonen. 8 Frå andre perspektiv. Korleis vil du beskrive perioden ut frå perspektivet til embetsmennene og ut frå perspektivet til svenskane? Skriv 2–3 setningar som gjer greie for utviklinga frå eit embetsmannsperspektiv og deretter frå eit svensk ­perspektiv. Kva kan du lære av det?

Litteraturliste William Henry Breton: Gamle Norge. Reisehåndbok anno 1834, 2004 Ståle Dyrvik: Norsk historie 1536–1814. Vegar til sjølvstende, 2011 Gro Hagemann: Det moderne gjennombrudd. Aschehougs norgeshistorie, bind 9, 1997 Finn Nanseth: Veien til unionsoppløsningen i 1905, 2001 Jostein Nerbøvik: Norsk historie 1860–1914. Eit bondesamfunn i oppbrot, 1999 Magne Njåstad: Norvegr, Norges historie, bind II, 1400–1840, 2011 Arent Olafsen: Kong Christian Fredriks dagbok fra hans ophold i Norge i 1814, 1914 Tore Pryser: Norsk historie 1814–1860. Frå standssamfunn mot klassesamfunn, 1999 Marit Skoie: Da tiden ble normal, 2002 Orm Øverland (red.): Fra Amerika til Norge. Norske utvandrerbrev 1875–1884, 2002

225


HISTORIE

K A P 8 Nasjonsbygging og vekst

Oppdrag:

GRUPPER

Kven skal bestemme? Makt og innverknad for samfunnsgrupper i det norske samfunnet frå 1814 til 1913 I løpet av 1800-talet endra situasjonen seg for fleire samfunnsgrupper i det norske samfunnet. Nokre grupper fekk meir makt og innverknad, andre mindre. I dette oppdraget skal du utforske ei samfunnsgruppe, og sjå utviklinga gjennom 1800-talet ut frå perspektivet til denne gruppa. Målet er at du skal få djupare forståing av endringane både nedanfrå og ovanfrå i det norske samfunnet på 1800-talet.

Post 1 Klassen fordeler samfunnsgruppene under mellom seg. Finn informasjon om situasjonen til di samfunnsgruppe på 1800-talet, og lag ein presentasjon. Litteraturforslag: dette lærebokkapittelet, norgeshistorie.no, snl.no

1: Norske bønder Tips til namn, omgrep og hendingar: bondestorting, Søren Jaabæk, bondevennene, striden om parlamentarisme (riksrett, vetostrid, statsrådssak), motkultur, myrmann.

Finn ut: a Kva slags samfunnsgruppe var dette? Kva arbeidde dei med? b Kva posisjon hadde gruppa i samfunnet i 1814? Var ho representert på Eidsvoll i 1814? c Vart det fleire eller færre i gruppa i løpet av 1800-talet? d Kva for andre grupper i samfunnet var samarbeidspartnarar, og kva for grupper var motstandarar?

2: Embetsmenn Tips til namn, omgrep og hendingar: Frederik Stang (biletet), Christian August Selmer, striden om parlamentarisme (riksrett, vetostrid, statsrådssak).

e Korleis endra den politiske situasjonen for gruppa seg i løpet av 1800-talet? Prøvde ho å få meir makt? I så fall korleis? Fekk gruppa meir eller mindre (eller uendra) makt? f Oppsummering: Korleis var situasjonen for gruppa i 1905? Hadde ho fått meir eller mindre makt? Kva kan forklare endringane?

Post 2 Presenter det de har funne ut, for kvarandre.

Post 3 Diskuter desse spørsmåla med utgangspunkt i det de har funne ut: • Var den politiske utviklinga i Noreg på 1800-talet eit framsteg? For alle? For kven? • Er det rimeleg å beskrive 1800-talet som eit fridomshundreår?

226

3: Kongemakta (konge av Sverige og Noreg) Tips til namn, omgrep og hendingar: Forholdet mellom kongen og Stortinget, striden om parlamentarisme (riksrett, vetostrid, statsrådssak), konsulatsak, unionsoppløysinga i 1905, kong Oscar 2.


4: Mannlege byborgarar frå middelklassen Tips til namn, omgrep og hendingar: Norges Lærerlag, diktarar som Alexander Kielland og Henrik Ibsen, Johan Sverdrup, Hagbart Emanuel Berner, Dagbladet, striden om parlamentarismen og forholdet mellom gruppa og partia Venstre og Høgre, Søren Jaabæk.

5: Arbeidarar Tips til namn, omgrep og hendingar: arbeidarsamfunn, Eilert Sundt, thranittrørsla, Olaus Fjørtoft, opprettinga av landsdekkjande fagforbund, opprettinga av Det norske Arbeiderparti i 1887, Marcus Thrane.

6: Kvinner Tips til namn, omgrep og hendingar: Norsk kvinnesaksforening, Camilla Collett, Gina Krog, Fredrikke Marie Qvam (biletet), striden om parlamentarismen og forholdet mellom gruppa og partia Venstre og Høgre, og etter kvart Det norske Arbeiderparti, kampen for røysteretten.

7: Minoritetar Tips til namn, omgrep og hendingar: Kautokeino-opprøret, fornorskingspolitikk, jødeparagrafen, Henrik Wergeland.

227


Slik såg det ut

KAPITTEL 9

Innhald

Kolonitid side 230 Kva var årsakene til kappløpet? side 231 Sivilisering side 234 Kva følgjer fekk kolonikappløpet for Europa? side 236 Afrikansk motstand side 238 Imperialismen i Asia side 236

Mellom 1870 og 1914 la europeiske statar under seg store delar av verda. Denne tida var prega av eit kappløp mellom stormaktene i Europa om å skaffe seg herredømme over område i Afrika og Asia. Kolonikappløpet i Afrika og Asia førte til at europeiske statar kontrollerte 84 prosent av befolkninga i verda i 1914. Ein slik politikk, der ein stat utvidar makta si og kontrollen sin over landområde, ressursar og befolkning i ein annan region, kallar vi imperialisme.

Imperialismen år 1914

S N B

T

F I P Sp Tunisia

F

Marokko

Algerie

Sp F F

P Liberia

Libya

Fransk Vest-Afrika

S

S T

Kampen om verda, 1870–1914

Egypt

I

S

S

T Belgisk Kongo

F

B P T

I

Sudan

F

S S

Sør-Afrika

Etio

S

Ke

T

P


Storbritannia og Storbritannia og (S) britiske britiske koloniarkoloniar (S) Frankrike og Frankrike og (F) franske franske koloniarkoloniar (F) Italia ogItalia og italienske (I) italienske koloniarkoloniar (I) Spania og Spania og (Sp) spanskespanske koloniarkoloniar (Sp) Tyskland og Tyskland og tyske koloniar (T) tyske koloniar (T) Nederland og Nederland og nederlandske (N) nederlandske koloniarkoloniar (N)

R U S SRLUASNSDL A N D J

J

Det osmanske Det osmanske riket riket

J

J Tibet

gypt

S

S

S

Tibet

k B r i t i sBk r i t i s S IndiaIndia

K I N AK I N A

F

S

S Iudan IS S F BritiskF Britisk Somaliland

Somaliland opia Etiopia Italiensk Italiensk S Somaliland Somaliland enya Kenya

P

Russland Russland Belgia og Belgia og (B) belgiskebelgiske koloniarkoloniar (B) Japan og Japan og japanske (J) japanske koloniarkoloniar (J) Grensene Grensene i dag i dag

J

J F

Filippinane Filippinane Fransk Fransk (USA) (USA) IndokinaIndokina

S

SS

S Tysk N Ny-Guinea Ny-Guinea

Nederlandsk Nederlandsk India India Tysk

N N P N P

T

og PortugalPortugal og portugisiske (P) portugisiske koloniarkoloniar (P)

JAPANJAPAN

P

S

S

Madagaskar Madagaskar

F

F

S

ika

S

RALIA A U S TARUASLTI A

Dette har hendt Omkring 1870 var europakartet enklare og meir oversiktleg enn nokon gong. Etter at dei fleste tyskarar og italienarar var samla i dei to nye nasjonalstatane, var det langt færre europeiske land enn før. Men det skulle framleis gå ei tid før dei store fleirnasjonale statane i Aust-Europa (Det austerrikske imperiet, Russland og Det ottomanske riket) vart løyste opp i fleire mindre einingar. Hundre år etter at den britiske tekstilproduksjonen vart mekanisert, hadde Vest-Europa følgt etter Storbritannia inn i den industrielle tidsalderen. Dermed var det fleire land som kunne

S

S

masseprodusere dei same varene, og dette skjerpte konkurransen mellom landa. I løpet av 1800-talet var verda blitt mindre. Dampbåtar og tog effektiviserte transporten både til vanns og på landjorda, og opninga av Suezkanalen i 1869, gjorde avstanden mellom Europa og Asia mykje kortare. Utbygginga av telegrafnett, både innanfor eit kontinent og mellom kontinent, revolusjonerte formidling og kommunikasjon av nyheiter over lange avstandar.


HISTORIE

1858

1859

Frå 1860/70åra

K A P 9 Kampen om verda, 1870–1914

India blir ein britisk koloni

Darwin publiserer teorien om opp­ havet til artane

Store gull- og diamantførekomstar blir oppdaga i det sørlege Afrika

1869

Suezkanalen blir opna

1875

Storbritannia får kontroll over Suezkanalen

1879

Britane går inn i Zululand

1882

1884/85

1885

Trippelalliansen mellom Tyskland, AusterrikeUngarn og Italia

Berlinkonferansen om koloniseringa av Afrika

Kolonitid Det var ikkje noko nytt at europeiske statar la under seg område i andre delar av verda. Heilt sidan dei store oppdagingsferdene på 1400- og 1500-talet hadde europearane etablert koloniar i fjerne strøk (sjå side 130). Som ei følgje av dette vart det importert nye eksotiske varer, som kanel, sukker, kaffi, te, tobakk, kakao, edle metall og edelsteinar til Europa. Etterspørselen var stor, og det gav god forteneste å handle med slike produkt. Utover på 1600-talet vart den oversjøiske handelen stadig viktigare, mellom anna på grunn av trekanthandelen (sjå side 148) med slavar og kolonivarer mellom Afrika, Amerika og Europa. For å verne tilgangen til attraktive råvarer var det avgjerande å ha kontroll over handelsplassane. Difor etablerte europearane busetnader, eller koloniar, på strategiske stader der dei hadde handelsinteresser. Slik sørgde dei for at varehandelen kunne gå for seg uforstyrra, samtidig som dei var sikra nødvendige forsyningar for lange overfartar til sjøs. Fram til 1870-talet var det likevel lite interesse hos europeiske statsleiarar for å erobre oversjøiske område. Dei fleste meinte at koloniar i fjerne strøk innebar større utgifter enn inntekter. Men på få år skulle denne haldninga bli totalt endra, og Europa såg særleg mot Afrika.

Berlin, vinteren 1884–1885 Om ettermiddagen laurdag 15. november 1884 kom det mange prominente personar til den staselege bustaden til den tyske kanslaren i Berlin. Baronar, grevar og oberstar, utsendingar frå fjorten europeiske land, steig ut av vognene som stoppa framfor det gule teglsteinshuset i Wilhelmstrasse 77. Mennene vart følgde inn i huset og opp trappene til eit stort rom, der dei fann plassane sine ved møtebordet. Bordet hadde form som ein hestesko, og ved den opne enden av bordet sat verten, Otto von Bismarck, rikskanslar i Tyskland. Bismarck hadde spelt ei avgjerande rolle i europeisk politikk heilt sidan han vart statsminister i Preussen i 1862. Formålet med møtet i Berlin var todelt. Det eine var å bli einig om generelle ­retningsliner for korleis dei europeiske statane skulle gå fram når dei la under seg

Kong Leopold 2. tek Kongo som sin personlege koloni Tyskland tek kontroll i Aust-Afrika

1896

Etiopia vinn over italienske invasjonsstyrkar

1910

Sør-Afrikaunionen blir oppretta

1914

Bortsett frå Liberia og Etiopia er heile Afrika under europeisk styre Den første verdskrigen bryt ut

230

Berlinkonferansen 1884. Kvite menn deler eit kontinent mellom seg.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

område i Afrika. Det andre var å avklare situasjonen i området rundt Kongoelva, som renn gjennom Sentral-Afrika og Vest-Afrika. Her heldt fleire europeiske land på å hamne i konflikt med kvarandre på grunn av motstridande interesser. Etter meir enn to månaders møteverksemd var avtalen ferdig. 26. februar 1885 kunne utsendingane signere dokumentet. Det var semje om at dei europeiske landa ikkje kunne ta eit område som sin koloni berre ved å trekkje opp grenser på eit kart. Dei måtte ha reell kontroll over området. Avtalen sa også at dei landa som alt hadde busetnader langs kysten, skulle ha førerett til område i innlandet. Dessutan måtte europeiske styresmakter sørgje for å orientere kvarandre om kva for område dei ­rekna som sine. Omsynet til afrikanarane, som alt budde i dei områda europearane ville leggje under seg, var mindre viktig. Trass i at koloniseringa heilt klart kom til å ha stor innverknad på livet til afrikanarane, var ingen representantar frå Afrika til stades på Berlinkonferansen. Ei viss bekymring for levesettet til afrikanarane var det likevel mellom forsamlinga i Wilhelmstrasse. Avtalen inneheldt nemleg også punkt som dreia seg om å spreie sivilisasjon hos afrikanarane, sørgje for moralsk opprusting og avskaffe slavehandelen.

imperialisme: politikk der ein stat utvidar makta si og kontrollen sin over landområde, ressursar og befolkning i ein annan region

Kvifor var ingen afrikanarar til stades? Kva trur du dei europeiske leiarane tenkte om dei afrikanske landa dei var i ferd med å dele mellom seg?

Idégrunnlag: sosialdarwinisme I 1859 publiserte Charles Darwin (1809–1882) teorien sin om opphavet til artane. Her hevda han at levande organismar hadde utvikla seg over lang tid ved hjelp av naturleg utval. Den britiske filosofen Herbert Spencer (1820–1903) lét seg inspirere av Darwins teori. Spencer hevda at teorien om naturleg utval galdt ikkje berre i naturen, men også for menneske. Det er dette som blir kalla sosialdarwinisme, og Spencer formulerte uttrykket «survival of the fittest», retten til den sterkaste, for å få fram kjernen i teorien. Spencer peikte på at i samfunnet var det somme som hadde større økonomisk og sosial suksess enn andre. Han meinte det kom av at dei hadde lykkast i kampen for tilværet, og hatt best evne til å tilpasse seg. Fattige og uutdanna menneske var mindre tilpassingsdyktige og difor taparane i konkurransen. Ved å unngå fattighjelp og velferdsordningar ville det naturlege utvalet gå sin gang. Dei best tilpassa ville overleve og reprodusere seg, mens dei minst tilpassa ville døy ut. Dermed var ­samfunnet sikra framgang og utvikling. I sosialdarwinismen ligg ein tanke om at dei vellykka og mektige har ein grunnleggjande rett til å rå over menneske med mindre suksess. Denne ideen passa godt med imperialismen. At folkeslag i Afrika og Asia vart rekna som underlegne og tilbakeliggjande i forhold til folk i Europa, gjorde sitt til å rettferdiggjere imperialismen som dei europeiske statane dreiv. Mens europearane var siviliserte og velutvikla, var afrikanarane og asiatane usiviliserte, barbariske og farlege, og hadde behov for skikkeleg (altså europeisk) leiarskap.

Charles Darwin

Kva var årsakene til kappløpet? I løpet av nokre få år i 1870-åra fekk europeiske statar så stor appetitt på koloniar at det førte til ei intens rivalisering mellom dei. Kva var årsakene til kappløpet deira om å få ein bit av Afrika? Vi skal sjå nærare på dei tre viktigaste forklaringane: • rivaliseringa mellom dei europeiske statane om å vere mektigast og ha innverknad • økonomiske motiv: tilgang til marknader og råvarer • ynsket om å sivilisere folk som vart oppfatta som mindre utvikla

231


HISTORIE

K A P 9 Kampen om verda, 1870–1914

Rivalisering mellom dei europeiske stormaktene Les meir om imperialismen, slik afrikanarane såg det, i John Kwadwo OseiTutus essay i Perspektiv Skulestudio.

Sjølv om 1800-talet var ein relativt fredeleg periode i europeisk historie, var det ikkje konfliktfritt. Frå midten av hundreåret vart det utkjempa fleire mindre krigar, mellom anna i samband med samlinga av Italia og Tyskland. I desse krigane galdt det stadig å ha gode alliansar og å meistre det diplomatiske spelet. Krigane endra også maktbalansen som hadde eksistert i Europa etter Wienerkongressen, særleg ved at Tyskland no stod fram som ei sterkare makt og kravde landområde frå Frankrike. Konfliktane mellom dei europeiske statane spreidde seg til andre kontinent.

Britar og franskmenn med kryssande planar Både Frankrike og Storbritannia hadde interesser i Afrika før kolonikappløpet tok til. Frå 1807 var Kappkolonien på sørspissen av kontinentet underlagd Storbritannia, mens Algerie hadde vore fransk koloni sidan 1830-talet. Mot slutten av 1800-talet sette Frankrike seg som mål å ha kontroll tvers over kontinentet, frå aust til vest. Det var planar som britane likte dårleg. Dei hadde eigne planar om eit imperium som strekte seg frå Kairo i nord til Kapp i sør, og det passa ikkje med franske planar om kontroll frå aust til vest. Vendepunktet i rivaliseringa mellom Frankrike og Storbritannia i Afrika kom rett før hundreårsskiftet. I 1890-åra vart dei to landa ueinige om kontrollen i Sudan. I 1898 møttest franske og britiske troppar i Fashoda i dagens Sør-Sudan, og både i Storbritannia og i Frankrike var det høglydte krav om krig. Det heile enda likevel med forsoning. Den fredelege utgangen på Fashoda-krisa medverka til at dei to landa vart allierte under den første verdskrigen.

Italias feilslåtte imperialisme Eit land med stor appetitt, men med dårlege tenner. Otto von Bismarck om Italia

Italias interesse for afrikanske koloniar fekk næring frå nasjonalismen, som hadde vore ei drivkraft for samlinga av riket i 1861. For at Italia skulle kome på like fot med dei gamle europeiske statane, var det nødvendig med oversjøiske koloniar. Men det skulle vise seg at dei italienske ambisjonane om koloniar i Afrika var langt større enn det faktiske resultatet. I første omgang vart Tunisia blinka ut som ein høveleg koloni, men Frankrike, oppmuntra av Tyskland og Storbritannia, kom Italia i forkjøpet og erobra området i 1881. Opplevinga av å stå åleine mot fleire allierte nasjonar førte til at Italia vart med i ein allianse med Tyskland og Austerrike-Ungarn i 1882, den såkalla trippelalliansen (sjå side 247). Det enda med at Italia erobra mindre koloniar i Aust-Afrika, og at afrikanske troppar stoppa erobringsforsøk innover på kontinentet. Kong Menelik 2. av Etiopia (1844–1913) i slaget mot italienarane i 1896.

232


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Tyskland blir imperiemakt Bismarck var opphavleg ikkje interessert i at Tyskland skulle ha koloniar, men etter kvart vart også han overtydd om at det kunne føre med seg visse fordelar. Éin fordel for Bismarck var å sikre eigen posisjon innanriks. I oktober 1884 var det riksdagsval, og berre eit halvt års tid tidlegare erklærte Tyskland overherredømme over sine første koloniar sørvest i Afrika. Etter valet auka oppslutninga om Bismarck i Riksdagen betydeleg, heilt i tråd med intensjonen. Også for Tyskland var rivaliseringa med andre europeiske statar ei drivkraft i kampen om koloniar. Utsiktene til å øydeleggje for Storbritannia motiverte Bismarck til å gå inn i kampen om koloniar. Det var også tydeleg etter kvart at mykje av det som gjekk for seg mellom dei europeiske landa i Afrika, vart avgjerande for europeisk politikk og for forholdet mellom dei europeiske landa. Det ville Bismarck vere ein del av.

Økonomiske motiv Heilt fram til tidleg i 1880-åra meinte mange statsleiarar at det ikkje var mykje å tene på koloniane. Tvert imot var det kostbart å ha koloniar langt borte. Frykta for store utgifter var ein av grunnane til at Bismarck i utgangspunktet var skeptisk til å ha koloniar, men etter kvart vart også han overtydd om at det heller ville gi økonomisk gevinst. Koloniane opna for nye marknader der imperiemaktene kunne få selt produkta sine. I neste omgang ville det føre med seg nye jobbar, både heime og ute. Journalist og oppdagingsreisande Henry Morton Stanley (1841–1904) gjorde utrekningar som viste at det venta store økonomiske gevinstar når afrikanske marknader vart opna for europeiske varer. Stanley rekna nemleg ut at dersom alle mannlege kongolesarar kjøpte éin søndagsdress og fire kvardagsdressar, trongst det 350 000 mål med bomull. Prisen på det svarte til 16 millionar pund, ein enorm ordre for ­bomullsprodusentar i Manchester og andre europeiske byar. Det låg også godt til rette for å hente ut verdifulle råvarer frå det afrikanske kontinentet. At det fanst store gullførekomstar i Afrika, hadde europearane visst om, i alle fall sidan mellomalderen, og på 1600-talet hadde nederlendarane gjort det stort på handel med elfenbein frå støyttennene til afrikanske elefantar. Då dampskipa kom i bruk midt på 1800-talet, opna det for meir omfattande handel, der mellom anna palmeolje og nøtter vart importerte til Storbritannia i bytte mot britiskprodusert bomull. I 1860-åra vart det dessutan oppdaga diamantførekomstar i det sørlege Afrika, og også det gjorde sitt til at fleire europeiske statar ynskte sterkare kontroll.

Otto von Bismarck. Korleis vil du karakterisere Bismarck med utgangspunkt i dette biletet?

Kong Leopolds koloni i Kongo Som koloniherre i Kongo samla kong Leopold 2. av Belgia seg ein enorm formue. Handel med elfenbein åleine ville vore nok til at engasjementet i Kongo vart lønnsamt, men det var likevel ei anna afrikansk råvare som skulle gi Leopold endå større inntekter: rågummi frå gummitre. Gummi vart brukt til å framstille produkt som var essensielle i den industrielle verda, til dømes gummidekk, gummislangar, gummistøvlar og gummi­ isolasjon til stadig lengre straumleidningar, telefonleidningar og telegrafliner. Etterspørselen etter gummi var stor, prisen på den vestlege marknaden var høg, og i Kongo var det mykje gummi å få tak i.

Men kongolesarane var ikkje så interesserte i å gjere den strevsame og til dels farlege jobben med å utvinne gummi for dei belgiske kolonistane. Dette problemet løyste Leopold og folka hans i Kongo med forferdeleg brutalitet. Det vart innført eit system der landsbyar fekk tildelt ein viss kvote med gummi som dei måtte levere kvar fjortande dag. Dersom dei sette seg til motverje, vart dei terroriserte. Pisking og tortur, drap og gisseltaking var verkemiddel ­belgiarane brukte.

233


HISTORIE

K A P 9 Kampen om verda, 1870–1914

Sivilisering: den kvite manns byrde Det var ei utbreidd oppfatning i Europa at kvite menneske plikta å opplyse og oppdra andre folkeslag. Bak ei slik oppfatning låg tanken om at vestleg sivilisasjon var overlegen andre sivilisasjonar, og at europearane var moralsk ansvarlege for å spreie kulturen og sivilisasjonen sin ut i verda. Fordi kolonimaktene var overlegne, hadde dei rett til å herske over det dei meinte var mindre utvikla kulturar. Det var den kvite manns byrde å sivilisere dei lågareståande folk i verda. Slik vart imperialismen rettferdiggjord.

Kva: «The White Man’s Burden» Kven: Rudyard Kipling Når: utgitt i 1899 «The White Man’s Burden» er eit kjent dikt som er skrive av den britiske forfattaren og nobelprisvinnaren Rudyard Kipling. Diktet vart første gongen utgitt i 1899. Kipling vart fødd i Bombay i India. «The White Man’s Burden» er ved sida av Jungelboken den mest kjende teksten Kipling skreiv. Diktet handlar om «byrda» som «den kvite mann» hadde i møte med «primitive» folkeslag. Diktet blir oftast brukt som eit døme på korleis europearane såg på andre folkeslag under imperialismen, og teksten blir tolka som positiv til meir kolonisering. Den første strofen i diktet lyder slik: Take up the White Man’s burden – Send forth the best ye breed – Go bind your sons to exile To serve your captives’ need; To wait in heavy harness, On fluttered folk and wild – Your new-caught, sullen peoples, Half-devil and half-child.

Kva er den kvite manns byrde? Korleis vil du beskrive siviliseringa no når du har lese om korleis europearane såg på dette?

234

I eit sivilisert liv stod kristendommen sentralt. Misjonærar hadde engasjert seg i Afrika sidan før imperialismen skaut fart, men betre kommunikasjon og auka handelssamband gjorde det enklare å bere evangeliet ut i verda. Manglande kristentru vart brukt som forklaring på at Afrika var underlegent det kristne Europa. Misjonen var nødvendig for å lyfte fram «underlegne» kulturar. Berre gjennom kristning og moralsk opprusting kunne nye folkeslag få oppleve ei materiell forbetring som svarte til den som hadde gått for seg i Vesten. Det å gå bort frå den lokale afrikanske religionen for å slutte seg til læra som misjonærane kom med, var ikkje berre eit spørsmål om å endre tru. Ein måtte også tilpasse seg europeisk levesett og fjerne seg frå tradisjonell kultur. Til dømes var kleda som afrikanarane gjekk med, ofte problematisk for europeiske misjonærar. Det sømde seg ikkje for ein kristen å gå rundt halvvegs tildekt, berre med lendeklede eller kort skjørt. I staden vart vestlege antrekk, bukse og jakke for menn og lange kjolar for kvinner, mønsteret for korleis ein skulle kle seg. Like eins kunne lokal byggjeskikk bli oppfatta som upassande. Det var ikkje greitt at kvinner og menn, gutar og jenter sov i same rom. Difor kunne misjonærane oppfordre sine kristne til å byggje firkanta, vestlege hus, der søner, døtrer og foreldre fekk separate soverom, i staden for tradisjonelle runde hus med eitt stort rom.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Kva følgjer fekk kolonikappløpet for Europa? Gjennom kolonikappløpet mellom dei europeiske statane kom gamle motsetningar og rivaliseringar til syne. I staden for å halde fast ved målet frå Wienerkongressen i 1815 (sjå side 189) om maktbalanse i Europa vart kvar nasjon oppteken av å sørgje for sine eigne interesser. Ved å stå fram som vellykka kolonimakter beviste dei europeiske nasjonane at dei høyrde til sigerherrane i kampen for tilværet. Det kunne gjerne vere eit poeng å erobre berre for å hindre at andre europeiske statar greidde å utvide koloniriket sitt. Å bli eit imperium, ei kolonimakt, var eit mål i seg sjølv. Imperialismen var altså kopla til sterk nasjonalisme. Det vart raskt tydeleg at når stormaktene hadde kryssande interesser, slik som i Kongo-området, kunne det føre til krig. Då Bismarck kalla inn til møtet i Berlin i 1884, var det altså eit tiltak for å unngå alvorleg fiendskap mellom dei europeiske statane. Likevel fekk europeisk imperialisme følgjer som peikar mot verdskrigen i 1914. Som ei følgje av rivaliseringa mellom statane allierte nokre statar seg med kvarandre: Trippelalliansen vart inngått i 1882 mellom Italia, Tyskland og AusterrikeUngarn, mens trippelententen mellom Russland, Frankrike og Storbritannia vart oppretta i tidleg i 1890-åra. Dette var utgangspunktet for alliansesystemet som framleis var verksamt då den første verdskrigen braut ut.

Les meir om Kva fekk kolonikappløpet å seie for afrikanarane? Det går vi nærare inn på i Perspektiv Skulestudio, der Zululand er brukt som eit døme.

KVA: styresett i koloniane Kven: dei europeiske stormaktene og koloniane Når: frå ca. 1885 Koloniane vart styrte på ulike måtar, men felles for dei fleste var at afrikanarane hadde lite reell innverknad på korleis politikken i landet vart utforma. Det er vanleg å skilje mellom to former for styresett i koloniane. Direkte styre: Frankrikes modell var basert på direkte styre. Ein såg ikkje på koloniane som eigne område, men som vanlege delar av Frankrike. Det direkte styret var mindre prega av rasisme, men ein prøvde å gjere koloniane så «franske» som råd. Det innebar at lokal kultur og språk vart undertrykt. Etter den andre verdskrigen fekk innbyggjarane i dei vestafrikanske koloniane avgrensa røysterett til det franske parlamentet. Indirekte styre: Storbritannias modell for koloniane var indirekte styre. Britane heldt kontroll ved hjelp av tradisjonelle elitar. Unntaket var Kenya og Sør-Rhodesia (dagens Zimbabwe), der britiske settlerar fekk ha eige lokalstyre. Det indirekte styret førte til avstand mellom kolonistane og befolkninga i kolonien. Avstanden gjorde at lokale kulturar fekk leve nokså uforstyrra, men det gav også grobotn for nedlatande rasistiske haldningar.

235


Imperialismen i Asia Koloniseringa av Asia hadde begynt alt på 1500-talet. Fram mot omkring 1850 var dei europeiske statane først og fremst opptekne av å sikre handelen, og dei trakta ikkje etter å ta kontroll over store landområde. Unntaket var Storbritannia, som hadde herredømme i India frå siste halvdelen av 1700-talet. Storbritannia, Frankrike og Nederland var dei gamle kolonimaktene i Asia, men frå omkring 1870 kom nye land med i konkurransen om koloniar i Asia: Tyskland, Russland, Japan og USA. Før den første verdskrigen var nesten heile Asia underlagd kolonimakter.

236


Nederlandsk Austindia Då Nederland for alvor etablerte seg som ei kolonimakt i Søraust-Asia på 1800-talet, hadde landet hatt handels­ koloniar i området i to hundre år. På 1800-talet var Nederlandsk Austindia (dagens Indonesia) den viktigaste nederlandske kolonien. På grunn av rike naturressursar var landet ein ideell koloni, og råvareeksporten frå Austindia var ein viktig grunn til industrialiseringa i kolonimakta Nederland.

Japan Til skilnad frå dei andre asiatiske landa var Japan framleis både reelt og formelt eit sjølvstendig land. Japan hadde vore isolert frå vestleg innverknad i meir enn to hundre år då landet opna opp for kontakt i 1850-åra. I 1868 vart det sett i verk ei mengde reformer, inspirerte av vestleg praksis. Det juridiske systemet og militærsystemet vart endra, økonomien vart modernisert, og det vart innført ein nasjonal skule. Dermed viste Japan seg omkring 1900 som ei verdsmakt med imperialistiske ambisjonar.

Prinsen av Wales på troféjakt i India i 1876.

Britisk styre i India Sidan 1600-talet hadde det britiske Austindiakompaniet hatt monopol på handelen med India. Det var likevel ikkje før i 1757, etter at britane hadde slått franske styrkar i India, at vegen låg open for britisk dominans i SørAsia. Dei neste hundre åra var det Austindiakompaniet som administrerte India på vegner av parlamentet i London. I 1858 braut det ut opprør mellom indiske soldatar som tenestegjorde for britane, og det kom til å endre forholda i kolonien. Ei grunnleggjande årsak til opprøret var generelt misnøye med det britiske styret. Den utløysande årsaka skal ha vore at patronhylsene til soldatane var innsmurde med ei blanding av svinefeitt og kufeitt, og at det krenkte trua til både hinduistiske og muslimske soldatar. Soldatopprøret fekk stor oppslutning i det indiske samfunnet, og i indisk historieskriving reknar ein dette som den første krigen for indisk sjølvstende. Etter at opprøret var slått ned, overtok den britiske staten styret av India. Det varte til 1947, då India fekk sjølvstende.

Japanske soldatar kringset Seoul, Korea, 11. februar 1904. Kva kjenneteiknar imperialismen i Asia, og korleis skil han seg frå det du har lese om imperialismen i Afrika? Bruk gjerne eit venndiagram for å samanlikne.

237


HISTORIE

K A P 9 Kampen om verda, 1870–1914

Dette kapittelet handla om at frå slutten av 1800-talet konkurrerte dei europeiske statane om å få koloniar i Afrika og Asia at sosialdarwinismen med si lære om retten til den sterkaste var med på å legitimere imperialismen til europearane at ei årsak til imperialismen var at europearane hadde ambisjon om å sivilisere folk i andre verdsdelar at dei europeiske statane kunne ha stort økonomisk utbytte av koloniane sine at imperialismen hadde ­samanheng med industri­ aliseringa at det å ha koloniar vart viktig for sjølvkjensla til dei europeiske nasjonane at det fleire stader var sterk afrikansk motstand mot at europearane trengde seg inn at trippelalliansen mellom Italia, Tyskland og Austerrike hadde samanheng med rivaliseringa i Afrika at Storbritannia og Frankrike etter kvart greidde å løyse konfliktane sine i Afrika på ein fredeleg måte at kappløpet om Afrika fekk betydning for utbrotet av den første verdskrigen at Russland, Japan og USA, i tillegg til Storbritannia, Frankrike, Nederland og Tyskland, hadde imperieambisjonar i Asia 10_14

N il e n

Sahara

ETIOPIA

Etiopia i 1870-åra.

238

Afrikansk motstand Då europearane erobra Afrika, gjorde dei det ved hjelp av teknologi som afrikanarane mangla. Gevær og kanonar var meir effektive enn tradisjonelle afrikanske ­våpen. Dampbåtane gjorde avstanden mellom dei to kontinenta kortare, slik at ­europeiske soldatar og byråkratar kunne kome seg nokså fort til Afrika. Etter kvart som jernbanen vart bygd ut, kunne europeiske troppar flyttast raskt omkring på det afrikanske kontinentet, koordinert via telegrafen. Bortsett frå sjukdom var det altså ikkje mykje som skulle kunne setje dei europeiske kolonistane ut av spel. Afrikanarane gjorde likevel motstand. Som regel var motstanden utan store resultat, men slett ikkje alltid. Då britane invaderte Zululand (i dagens Sør-Afrika) i 1879, gjekk dei på det mest audmjukande nederlaget sitt i heile hundreåret. Britane var utstyrte med moderne våpen, mens zuluane hadde spyd som angrepsvåpen og skjold av kuskinn som vern. Zuluane hadde likevel to fordelar: Dei angreip overraskande, og dei var om lag ti gonger så mange som britane (2000 britar mot 20 000 zuluar). Nederlaget kom likevel overraskande på britane. Det skulle jo ikkje vere mogleg for eit primitivt afrikansk folk å vinne over industrinasjonen og imperiemakta Storbritannia! Britiske styresmakter tenkte på omdømmet til nasjonen, at tapet ville svekkje den britiske innverknaden, og at det skulle få økonomiske konsekvensar. Men det vart berre dette eine tapet. Nokre månader seinare var zuluane slått. Italia skulle derimot oppleve eit meir definitivt nederlag. Dei italienske koloniane var berre mindre område i Aust-Afrika, og ynsket om å sikre seg større delar av det afrikanske kontinentet var stort og levande. I 1889 fekk italienarane til ein byteavtale med den etiopiske keisaren: Etiopia skulle gje frå seg visse område til Italia mot at etiopiarane fekk våpen og pengar. Men avtalen inneheldt nokre uklare punkt. Italienarane meinte avtalen innebar at Etiopia vart underlagt Italia, men det meinte ikkje etiopiarane. For å presse igjennom si tolking av avtalen gjekk italienske troppar inn i Etiopia i 1895. Det avgjerande slaget i krigen mellom Italia og Etiopia stod 1. mars 1896. Nett som zuluane som vann over britane, var etiopiarane langt fleire enn italienarane. Dei italienske troppane omfatta om lag 15 000 menn, mens etiopiske styrkar truleg hadde så mange som 100 000 menn. Til skilnad frå zuluane, som berre måtte stole på eigne krefter, hadde Etiopia ein mektig alliert i Russland, som sende både våpen og soldatar til kampen mot Italia. I tillegg hadde den etiopiske keisaren fått tak i våpen frå Frankrike og Storbritannia, så styrkane hans var betre utstyrte enn det zuluane hadde vore. Dei italienske styrkane var dessutan dårlegare rusta enn det britane hadde vore i Zululand. Dei hadde unøyaktige kart, gamle våpen og låg kampmoral. Alt i alt gjorde det at etiopiarane vann over italienarane. Italienarane leid store tap. Bortimot halvparten vart drepne. Nederlaget var ein katastrofe for Italia. Dette betydde slutten på draumen om eit austafrikansk kolonirike, og gjorde sitt til at den italienske sjølvkjensla fekk ein alvorleg knekk. For Etiopia fekk sigeren mykje å seie. I fredsavtalen som vart inngått etter slaget, måtte Italia godkjenne at Etiopia vart sjølvstendig. Dermed kom Etiopia til å vere det eine av berre to afrikanske land som aldri vart koloniserte.

Litteraturliste Tore Linné Eriksen: Globalhistorie, 1750–1900. En sammenvevd og delt verden, 2010 Adam Hochschild: Kong Leopolds arv. (...), 2005 John Merriman: A History of Modern Europe. From the Renaissance to the Present, 2004 Thomas Pakenham: The Scramble for Africa, 1876–1912, 1991 Robert Ross: A Concise History of South Africa, 2008 Jarle Simensen: Vesten erobrer verden, 1870–1914. Aschehougs verdenshistorie, bind 12, 2001


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Fullfør desse påstandane: a Sosialdarwinismen med si lære om retten til den sterkaste var med på å legitimere imperialismen fordi … b Dei europeiske statane kunne ha stort økonomisk utbytte av koloniane sine fordi … c Imperialismen hadde samanheng med industri­ aliseringa fordi … d Koloniar vart viktige for sjølvkjensla til dei europeiske nasjonane fordi … e Fleire stader gjorde afrikanarane motstand mot at ­europearane trengde seg inn, fordi … f Russland, Japan og USA, i tillegg til Storbritannia, Frankrike, Nederland og Tyskland, hadde imperie­ ambisjonar i Asia fordi … 2 Lag fem påstandar som du knyter til innhaldet i dette kapittelet, fire rette og éin feil. Samle alle påstandane klassen har laga. Gå saman med ein medelev. Trekk fem lappar kvar. Les opp for kvarandre, ta stilling til om påstandane er rette eller feil, og grunngi svara. 3 Sjå på kartet på side 229. Forklar for ein medelev kva som skil europeisk kolonisering på 1400- og 1500-talet frå koloniseringa som europearane dreiv på 1800-talet.

Perspektiv 1 Den britiske historikaren Huge Trevor-Roper sa i 1963: «Afrika utgjer ikkje ein del av verdshistoria. (…) Kanskje vil det ein gong i framtida vere mogleg å undervise i afrikansk historie, men nett no er det ingenting. Det einaste er historia om europearane i Afrika. Resten ligg i mørket, og mørket er ikkje eit felt for historikarar.» a Kva kan forklare ei slik utsegn? b Kva for haldningar til Afrika og historie kjem fram i utsegna? 2 Eit spørsmål som ofte blir stilt i samband med imperialismen, er om dei afrikanske landa berre vart utnytta av kolonimaktene, eller om dei også hadde utbytte av det sjølve. a Lag to lister der du skriv argument for dei ulike syna. b Vurder kva for ei liste du meiner inneheld dei beste argumenta. c Drøft gjerne konklusjonen din med ein medelev eller i plenum. 3 Trur du Afrika ville ha utvikla seg mykje annleis utan koloniseringa? Grunngi svaret ditt.

4 Sjå på tidslina på side 230. Vel fire av hendingane du meiner er viktigast for å beskrive den europeiske koloniseringa av Afrika på 1800-talet. Grunngi kvifor.

Samanhengar 1 Imperialisme er ein politikk der ein stat utvidar makta si og kontrollen sin over landområde, ressursar og befolkning i ein annan region. Kvifor ynskte dei europeiske ­statane å gjere det? Skriv ei liste over dei viktigaste ­årsakene, og ranger dei etter kor viktige dei er. 2 Motiv versus føresetnader. I kapittelet kan du lese om motiva som europearane hadde for koloniseringa. Kva meiner du er dei tre viktigaste føresetnadene for at ­europearane kunne kolonisere Afrika? 3 Imperialismen var ein viktig bakgrunn for den første verdskrigen, står det i kapittelet. Kvifor var han det? Lag tre fordi-setningar som forklarar samanhengen. (Les meir om fordi-setningar på side 510.) 4 Vurder om det kan vere samanhengar mellom den europeiske koloniseringa og situasjonen i Afrika i dag. Døme på stikkord du kan trekkje inn: etniske og religiøse konfliktar, utvinning av naturressursar, fattigdom og infrastruktur. Fransk tidsskrift frå 1934.

239


HISTORIE

K A P 9 Kampen om verda, 1870–1914

Oppdrag 1:

Kjelde 4

«Kva skulle Frankrike med all den sanden?»

Gabriel Hanotaux (1854–1944), fransk politikar og historikar:

Mange meiner at ynsket om å skaffe seg rikdom er ei av dei viktigaste drivkreftene for det menneske gjer. Økonomi er ein drivar av historia. Det var nok også eit motiv for europearane då dei koloniserte Afrika. Behovet for råvarer og nye marknader for europeiske industrivarer blir ofte nemnt som ei viktig årsak til at Afrika vart kolonisert. Men kan det vere heile forklaringa? Hadde europearane også andre motiv? For dersom tilgangen til råvarer var så viktig, kva skulle Frankrike då med all den sanden i Sahara? Må vi leite etter fleire motiv?

Kjelde 5 Cecil Rhodes (1853–1902), britisk imperiebyggjar:

Post 1 På denne sida finn du utsegner frå politikarar og offentlege personar om koloniseringa på slutten av 1800-talet. Les ­sitata og sorter dei i tre grupper etter innhaldet. Når du les utsegnene, må du altså leite etter likskapar og skilnader. Grunngi kort kvifor du plasserer sitata saman, og gi gruppene namn.

Joseph Chamberlain (1836–1914), engelsk koloniminister:

Lord Curzon (1859–1925), britisk visekonge i India og utanriksminister:

«Overalt der dette imperiet har utvida grensene sine, (…) har elende, undertrykking, anarki og fattigdom, overtru og religiøs blindskap hatt ein tendens til å forsvinne, og har blitt erstatta med fred, rettferd, velstand, humanisme og tenkje-, tale- og handlingsfridom.»

Kjelde 2 Heinrich von Treitschke (1834–1896), tysk historikar og politikar:

«(…) spørsmålet om vi også kan bli ei stormakt på den andre sida av hava, [er] i realiteten eit spørs­ mål om vår eigen eksistens som stormakt. I motsett fall står vi overfor den fryktelege mogleg­ heita at England og Russland deler verda mellom seg (…).»

Kjelde 3 Léon Gambetta (1838–1882), fransk politikar:

«For å halde fram med å vere ein stor nasjon, eller for å bli ein, må ein kolonisere.»

«Eg påstår at vi er det beste folket i verda, og at det er betre for menneskeætta jo større delar av verda vi rår over.»

Kjelde 6

Kilde 1

«Ei utviding av Frankrike kan ein ikkje sjå som utslag av erobringslyst eller maktpolitikk. Ei slik utviding inneber i staden at ein av dei eldste nasjonane på jorda med rette breier ut prinsippa i sivilisasjonen til framande land (…). Fransk ekspansjon har alltid hatt ein sivilisatorisk, religiøs og misjonerande karakter.»

«Dersom det i morgon er mogleg å redusere det britiske imperiet til dei britiske øyane med eit pennestrøk, ville i alle fall halvdelen av befolkninga vår kome til å lide naud. (…) Med dette atterhaldet ville det vere eit spørsmål om liv og død for oss at vi ikkje vart utestengde frå desse framtidsmarknadene.»

Kjelde 7 Bernhard von Bülow (1849–1929), tysk statsmann, utanriksminister og statsminister:

«Når engelskmennene snakkar om eit Greater Britain, når franskmennene snakkar om eit Nouvelle France, når russarane vender seg mot Asia, har vi også krav på eit større Tyskland.»

Post 2: Slutningar Legg til grunn dei kjeldene du no har lese og kategorisert. a Kva for slutningar vil du trekkje om motiva europearane hadde for å erobre Afrika? b Kva inntrykk får du no av motiva europearane hadde for å kolonisere Afrika? c Vil du framheve eitt av motiva som viktigare enn dei andre? Grunngi argumenta dine, og diskuter dei gjerne med medelevane dine.

Post 3: Kjerneelement Reflekter over korleis det arbeidet du no har gjort, kan knytast til kjerneelementa i faget og dei store spørsmåla.

240


Oppdrag 2:

Post 1: Finn ut

«Ned frå sokkelen!» versus «Nei, la dei stå!» Overalt i verda set vi opp statuar av menn som var viktige i fortida, for å minnast dei og kanskje for å kjenne oss stolte over deira bragder. Ikkje sjeldan blir det debatt om minnesmerke, og frontane kan vere harde. Mens somme ser mennene som skurkar og overgriparar, ser andre dei som heltar. Vi opplever altså fortida forskjellig, avhengig av kven vi er, kvar vi kjem frå, og kva for erfaringar vi har. I ein slik debatt kan ein seie at begge sider brukar historia mellom anna for å skape identitet. Under ser du fire statuar som det har vore diskusjon om dei siste åra. Alle kan på ulikt vis koplast til den europeiske imperialismen.

Set dykk saman i grupper og fordel statuane mellom dykk. Finn ut meir om din person. Kven er det? Kva gjorde han? Når vart statuen sett opp, og av kven? Kvifor kan personen oppfattast som kontroversiell? Presenter funna dine for dei andre i gruppa.

Post 2: Skriv! Vel ein av statuane. To av dykk skal saman skrive eit Facebook-innlegg der de argumenterer for at statuen bør rivast. To andre skal skrive eit innlegg som argumenter for at han skal stå. Les innlegga for kvarandre, og diskuter argumenta.

Post 3: Ta stilling! Gjer deg opp di eiga meining! Kva meiner du det er rett å gjere: Bør statuen rivast eller stå? Grunngi svaret ditt.

Post 4: Kjerneelement Diskuter i gruppa, og skriv tre grunngivingar for korleis arbeidet med dette oppdraget kan knytast til kjerneelement i historiefaget og dei store spørsmåla. Diskuter det med resten av klassen.

Cecil Rhodes.

Winston Churchill.

Statue av Edward Colston som blir kasta i elva Avon i Bristol, sommaren 2020. . Ludvig Holberg.

241


K A P I T T E L 10

Slik såg det ut C Ca an na ad da a

Innhald:

Europa 1914 side 244 Utbrotet side 245 Bakgrunn side 246 Gangen i krigen side 248 Blodige slag side 251 Dei som var der side 254 Fredsslutninga i Versailles side 256

Den første verdskrigen – den store katastrofen Då ein konflikt mellom Serbia og AusterrikeUngarn eskalerte sommaren 1914, snakka mange om at ein ny europeisk storkrig låg i lufta, men ingen kunne sjå for seg den ufattelege katastrofen det skulle bli. Krigen spreidde seg over heile Europa og utvida seg til å bli den mest øydeleggjande konflikten i verdshistoria til då. I fire år kasta statane enorme ressursar og menneskeliv inn i kampen. Den første verdskrigen har vore kalla «urkatastrofen», og han skulle få enorme ringverknader for heile verda. I Europa døydde millionar av soldatar i slag som ingen tidlegare hadde sett maken til. Hat voks fram mellom folk og land. Korleis kunne dette skje?

U US SA A (frå (frå 6. 6. april april 1917) 1917)

Mexico Mexico

Cuba Cuba

Venezuela Venezuela Colombia Colombia Ecuador Ecuador

B Br ar as si li l Peru Peru

Første Førsteverdskrigen verdskrigenår år1917 1917

Bolivia Bolivia

Trippelalliansen Trippelalliansenogogdeira deiraallierte allierte Trippelententen Trippelententenogogdeira deiraallierte allierte Nøytrale Nøytralestatar statar Italia Italiahøyrde høyrdetiltiltrippelalliansen trippelallianseni starten i startenavav krigen, krigen,men menbytte bytteside sidei 1915. i 1915.Russland Russlandtrekte trekte seg segututavavkrigen krigendådåkommunistane kommunistanetok tokover over makta maktaetter etterrevolusjonen revolusjoneni 1917. i 1917.

Dette har hendt Tyskland vart samla i 1871 etter å ha vore i krig med nabo­ statane. Alliansepolitikken til den tyske kanslaren Otto von ­Bismarck gjorde at det vart ein lang fredsperiode i Europa. Utanfor Europa konkurrerte dei europeiske stormaktene om koloniar og innverknad. Særleg fekk Afrika merke koloni­ kappløpet. Den vestlege verda opplevde kraftig folkeauke, økonomisk vekst og teknologisk utvikling på 1800-talet. Men utviklinga innebar større økonomiske og sosiale skilnader. Sosialistiske arbeidarar prøvde å organisere seg på tvers av landegrensene. Somme av dei meinte at revolusjon ville vere nødvendig for å få eit rettferdig samfunn. Fleire store ideologiar vart utforma på 1800-talet. Nasjonalismen var ein viktig faktor for samlinga av Italia og Tyskland. Samtidig kunne nasjonalismen også medverke til å splitte statar.

Argentina Argentina


Svalbard Svalbard GG r ør nø lnal na dn d

Sverig Sverige e

Island Island

Finland Finland

Noreg Noreg

RR u u s s s s l l a a n n d d (til(til 3. 3. mars mars 1918) 1918)

Storbritannia Storbritannia Danmark Danmark NederIrland Irland NederTyskland land landTyskland Belgia Belgia

Mongolia Mongolia

ØsterrikeØsterrikeAusterrikeAusterrikeSveits Sveits Ungarn Ungarn Sarajevo Frankrike FrankrikeSarajevo Romania Romania

Spania Portugal Portugal Spania

Serbia Serbia Bulgaria Bulgaria Italia Italia Det Det Albania Albania Hellas Hellas

Fransk Fransk VestVestAfrika Afrika

Libya Libya

Nigeria Nigeria Togo Togo fallfall 1914 1914 Kamerun Kamerun Fransk Fransk fallfall 1916 1916 EkvatorialEkvatorialAfrika Afrika Tysk Tysk SørvestSørvestAfrika Afrika fallfall 1915 1915

K Ki in na a

osmanske osmanske riket riket

Egypt Egypt

Japan Japan

Persia Persia

Arabia Arabia

Britisk Britisk India India

Sudan Sudan Etiopia Etiopia Belgisk Belgisk Kongo Kongo

Tysk Aust-Afrika Tysk Aust-Afrika fallfall 1918 1918

Madagaskar Madagaskar

Sør-Afrikaunionen Sør-Afrikaunionen

AA u su tsrtar lai lai a


HISTORIE

1871–1914

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

Fredeleg periode i Europa, men konfliktar om koloniar

1897

Storstilt flåteopprustingsprogram blir sett i gang i Tyskland. Storbritannia svarar ved å ruste opp

1914

28. juni. Skota i Sarajevo 28. juli. AusterrikeUngarn erklærer krig mot Serbia. Landa i trippel­ ententen og trippel­ alliansen erklærer kvarandre krig 1. august. Tyskland erklærer krig mot Russland Det osmanske riket kjem med i krigen på tysk side. Japan erklærer krig mot Tyskland

1915

1915–1916

1917

Italia kjem med i krigen på same sida som ententen

Skyttargravskrig

Tyskland – «ny» stormakt. Tyskland vart i 1871 samla til eitt land frå mange småstatar, etter krigar mot nabolanda Frankrike, Danmark og Austerrike. Landet var omringa av Frankrike mot vest og Russland mot aust. Ein keisar og ein rikskanslar styrte utanrikspolitikken og militæret utan innblanding frå den folkevalde forsamlinga. Vernepliktige soldatar med god trening utgjorde den mest imponerande hæren i Europa. Tyskland var i sterk vekst når det galdt økonomi, folketal og industri. Austerrike-Ungarn – dobbeltmonarki med ein keisar i Wien som statsoverhovud. Det var eit rike med mange nasjonalitetar og offisielle språk. Den politiske eliten snakka tysk og ungarsk, men fleirtalet i riket var slavisk, og dei syntest dei var dårleg representerte. Riket omfatta store område i Sentral-Europa og Balkan, mellom anna Bosnia-Hercegovina.

Den russiske revolusjonen

Storbritannia – «verdsfabrikken» med lengst historie som industrialisert land. Det var ein av dei mektigaste statane i verda, som styrte rundt ein firedel av verda i 1914. Britane hadde herre­ dømmet over verdshava.

11. november: slutt på krigshandlingane Russland inngår fred med Tyskland

244

Stormaktene

Det osmanske riket. Osmanane hadde styrt det nære Midtausten og Balkan i over 400 år, men i 1914 heldt dei på å miste imperiet sitt. Dei andre stormaktene ynskte kvar sin bit av det store riket etter kvart som det gjekk i oppløysing.

Kina erklærer krig mot sentralmaktene

1919

Gjennom 1800-talet auka befolkninga over heile verda. Økonomien i Europa voks raskt. Industrialiseringa førte til ei revolusjonerande teknologisk utvikling på mange område. Maskinar, byvekst og betre levekår var kjenneteikn på det moderne samfunnet. Folkegrupper fann saman på tvers av gamle skiljeliner og kravde politisk innverknad, slik som arbeidarrørsla og kvinnerørsla – for i dei fleste land hadde arbeidarar og kvinner enno ikkje røysterett. Europeiske stormakter fekk ei dominerande rolle i verda då dei la nesten heile Afrika og område i Asia under seg med makt og styrte dei som koloniar. I Europa var det stort sett fred gjennom 1800-talet, men Tyskland vart samla i 1871 etter krigar med nabolanda. Tyskland stod etter kvart fram som ei ny stormakt med vekst og ambisjonar som uroa dei andre stormaktene.

Kanskje ein million armenarar blir drepne i det som er dagens Tyrkia

USA går inn i krigen

1918

Europa 1914

Fredsavtale i Versailles

Frankrike – den største staten i Europa sidan mellomalderen, men i ferd med å miste sin gamle stormaktsposisjon. Det var ein republikk med mange koloniar i både Afrika og Asia. Franske leiarar og befolkninga kjende seg truga av Tyskland, og ynskte revansj for tapet av Alsace-Lorraine til Tyskland i 1871. Russland – eit enormt fleirnasjonalt imperium med gammaldags samfunnsstruktur og ein bortimot eineveldig tsarfamilie på toppen. Russarane støtta serbarane på Balkan og ville gjerne ha tilgang til Middelhavet gjennom det smale sundet frå Svartehavet.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Utbrotet: skota i Sarajevo «Alle store ting tek til i det små», seier eit gammalt ordtak. Det er vanskeleg å tenkje seg ei enkelthending som har fått større konsekvensar for Europa og resten av verda enn det som hende i Sarajevo 28. juni 1914. Denne dagen var tronarvingen i Austerrike-Ungarn, Franz Ferdinand, på offentleg besøk i Sarajevo. Saman med kona Sofie vart han køyrd mellom mottakingar og seremoniar. Det ingen i følgjet hans visste, var at mellom tilskodarane i gatene venta ei gruppe menn med pistolar og granatar. Desse mennene høyrde til ei serbisk ­nasjonalistisk terroristgruppe som hadde planlagt å drepe tronarvingen, fordi dei såg Austerrike-Ungarn som ein fiende av Serbia. Tronarvingen vart køyrd seint gjennom tronge gater i ein open bil. Ein av terroristane i folkemengda kasta ein handgranat som landa mellom seta i bilen. Men granaten var gammal, og han eksploderte ikkje. Sjåføren sette opp farten og akselererte forbi ein av dei andre terroristane, studenten Gavrilo Princip, som ikkje rakk å gjere noko. Kronprinsen og kona hans var tilsynelatande utanfor fare, men så køyrde sjåføren feil, slik at han måtte snu og køyre tilbake den same gata. Dermed kom Gavrilo Princip på skothald. Denne gongen lét han ikkje sjansen gå frå seg, men lyfte pistolen og skaut inn i bilen som passerte på kloss hald. Skota drap både Franz Ferdinand og Sofie.

Korleis kunne eit attentat i Sarajevo føre til at det braut ut ein verdskrig? Ha dette spørsmålet i bakhovudet mens du les dei neste sidene.

Juli-krisa Skota i Sarajevo skulle bli gneisten som sette fyr på eit Europa der alt låg til rette for ein storkonflikt. I etterforskinga la Austerrike-Ungarn skulda for attentatet på Serbia. I krangelen mellom dei to landa stilte Austerrike-Ungarn ei mengde krav som ville svekkje Serbia og styrkje Austerrike-Ungarn. Serbia godtok nokre av krava, men ikkje alle.

Franz Ferdinand og kona Sofie minutt før attentatet 28. juni 1914.

245


HISTORIE

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

Mens denne sentraleuropeiske konflikten bygde seg opp i juli 1914, vart dei allierte til dei to partane trekte inn. Den mektige stormakta Russland hadde tidlegare lova serbarane støtte dersom det skulle bryte ut krig. Like eins hadde den relativt nye stormakta i sentrum av Europas sentrum, Tyskland, lova militær støtte og hjelp til Austerrike-Ungarn. Både Tyskland og Russland sa klart frå at dei stod ved lovnadene sine. Situasjonen eskalerte difor då Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Serbia. Det fekk den russiske tsaren til å kunngjere at han mobiliserte det enorme militære apparatet sitt. Tyskland gjekk så til det drastiske steget å erklære krig, ikkje berre mot Serbia og Russland, men også mot den store naboen i vest, Frankrike, som var alliert med Russland. Så svarte Frankrike med å erklære Tyskland krig. Då Tyskland angreip Belgia, erklærte Storbritannia krig mot Tyskland. I løpet av berre nokre ­veker hadde altså skota i Sarajevo utløyst den mest dramatiske konflikten i Europa sidan napoleonskrigane hundre år tidlegare.

Bakgrunn Knapt noko historisk spørsmål har blitt meir diskutert enn årsakene til den første verdskrigen. Dei fleste forklaringar tek utgangspunkt i sentrale utviklingstrekk i Europa og verda på 1800-talet.

Endringar i maktbalansen Les meir om skilnaden mellom grunn­ leggjande, medverkande og utløysande årsaker på side 500.

Fransk karikatur frå 1903 som førestiller rivaliseringa mellom Spania, Tyskland, Storbritannia og Frankrike om Marokko. Korleis ville du framstilt konflikten?

Etter at napoleonskrigane var slutt i 1815, etablerte dei europeiske statane eit ­system for å hindre at ein ny storkrig skulle bryte ut. Sentralt her var eit prinsipp om maktbalanse, altså at ingen stat skulle vere mykje mektigare enn dei andre. Maktbalanseprinsippet hindra lenge store konfliktar i Europa, men etter som tida gjekk, vart balansen endra. Samlingane av Italia og Tyskland undergrov makt­ balanseprinsippet. Særleg i Tyskland voks industrien raskt. Med sterk økonomi og store ambisjonar skremde Tyskland dei andre stormaktene.

Imperialisme Dei nyleg industrialiserte statane på denne tida var avhengige av råvarer (jernmalm, kopar, tinn, gummi og mineral) og tilgang til marknader, hamner og handelsruter for å produsere og selje varene sine. Slik du har lese i kapittel 9, var dei imperialistiske statar. Litt enkelt sagt vil det seie at det var ein elite av politikarar og forretningsmenn som styrte dei, og som arbeidde aktivt for å skaffe ressursar til sitt eige land ved å ta frå andre. På slutten av 1800-talet vart konkurransen om ­ressursar stadig meir intens og slo ut i direkte rivalisering og fiendskap.

Maktkampar I Aust-Europa var det gamle osmanske riket, som i hundreår hadde styrt område i både Midtausten og Europa, i ferd med å gå i oppløysing. Dei europeiske stormaktene prøvde å få kontroll over område som osmanane hadde styrt. Eit slik område var Balkan, der Austerrike-Ungarn og Russland konkurrerte om å få innverknad. Også i Nord-Afrika støytte stormaktene fleire gonger mot kvarandre når dei prøvde å utvide makta si.

246


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

I tida før verdskrigen var det direkte maktkamp og konflikt mellom stormaktene om å kontrollere land og folk utanfor sine eigne landegrenser. Konfliktane auka spenninga mellom dei: Kva: Balkan-krigane Når: 1908 og 1912–1913 Konsekvensar: Det osmanske riket mista kontrollen over Balkan. Serbia voks og var på offensiven mot Austerrike-Ungarn. Kva: Marokko-krisene Når: 1905 og 1911 Konsekvensar: Eit forbund med Frankrike, Russland og Storbritannia vart sterkare då Tyskland prøvde å hindre franskmennene i å ta større kontroll over Marokko.

Alliansar Slike samanstøytar klargjorde både kven som var ueinige, og kven som hadde samanfallande interesser. Gjennom 1800-talet inngjekk dei europeiske statane stadig nye alliansar med kvarandre. Det dreia seg om forsvarsalliansar som var juridisk bindande og skulle verke avskrekkande, fordi eit land som erklærte krig mot eit anna, ville hamne i krig med fleire sterke motstandarar. Mot slutten av hundreåret stod to mektige allianseblokkar mot kvarandre og delte Europa i to. På den eine sida stod Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia. Denne alliansen vart kalla trippel­ alliansen. På den andre sida stod Frankrike, Russland og Storbritannia. Denne ­alliansen vart kalla trippelententen.

Militarisering Dei europeiske stormaktene konkurrerte ikkje berre om ressursar og koloniar. Stormaktene investerte stadig meir i eit rustingskappløp der alle prøvde å byggje det mest slagkraftige militærstellet. Til dømes konkurrerte tyskarane og britane om å byggje den største flåten med moderne slagskip. Den generelle opprustinga gjorde at militære leiarar fekk stadig meir makt og innverknad. Militære planleggjarar utarbeidde planar for korleis styrkane skulle brukast dersom det braut ut krig. Krigsmaskineria var kompliserte og tunge å mobilisere, med hundretusenvis av soldatar, utstyr og forsyningar, og kravde detaljert planlegging. I ettertid har historikarar peikt på at den høge militære beredskapen nesten tvinga fram sjølve krigen, fordi når først eitt land begynte å truge med mobilisering, måtte dei andre følgje etter.

Fredelege løysingar forkasta Det fanst mange som frykta krig og arbeidde for fredelege løysingar. Delar av den internasjonale arbeidarrørsla var klart antikrigersk og demonstrerte mot utviklinga med eit brekt gevær som symbol. Fleire internasjonale fredskongressar vart haldne i den nederlandske byen Haag, med ambisjonar om å få til nedrusting, men utan å lykkast. Der vart også Haagdomstolen oppretta, ein rettsinstans som skulle løyse mellomfolkelege konfliktar. Den svenske kjemikaren og forretningsmannen Alfred Nobel, som etterlét seg ein formue og eit testament då han døydde i 1896, ville gi pengar og ein årleg fredspris til den eller dei «som har verka mest eller best for forbrødring mellom folka, avskaffa eller minka ståande armear, og danna fredskongressar». Fredsprisen vart på denne tida gitt til folk som arbeidde for mekling og nedrusting.

entente: frå uttrykket entente cordiale, ‘vennskapleg avtale’.

247


HISTORIE

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

Nasjonalisme og patriotisme På den andre sida verka mektige krefter for krig. Det var hundre år sidan ein større krig vart utkjempa i Europa. Med andre ord levde det ingen som hadde erfart kva ein storkrig mellom moderne industristatar innebar. Store grupper såg på krig som eit romantisk eventyr, ein sjanse til å slåst for fedrelandet sitt. Nasjonalistiske og ­patriotiske straumdrag var sterke i dei fleste land og i alle samfunnsklassar. Ein krig kunne dessutan vere heldig for den økonomiske og ­politiske eliten i dei industrialiserte landa. Våpenprodusentar ville tene på krig. Politikarar som frykta sosial uro, såg på krig som noko som ville samle folk i ein felles kamp. Det var desse kreftene som vann fram då land etter land erklærte krig sommaren 1914. Dei fleste gjekk ut frå at krigen «skulle vere over før jul». Soldatar frå mange land marsjerte mot fronten under gledesscener som minte om fest. Alle undervurderte kor destruktiv og blodig denne krigen kom til å bli.

Propagandaplakat frå den første verdskrigen. Kva for eit perspektiv på konflikten kjem fram i denne plakaten? Kva vil avsendaren få fram?

248

Gangen i krigen Angrep i august Dei første krigshandlingane gjekk for seg i august 1914 då tyskarane marsjerte inn i det nøytrale Belgia. Tyskarane følgde ein aggressiv plan som var utforma av general­ oberst Alfred von Schlieffen – Schlieffenplanen. Planen gjekk ut på at Tyskland skulle gå hardt inn i Frankrike via Belgia og tvinge franskmennene til å overgi seg raskt, slik at tyskarane kunne vende seg mot Russland i aust, som ville trenge mange veker på å innkalle og væpne soldatane sine. Tyskland rekna med å kunne avgjere krigen fort og dermed unngå krig på to frontar, inneklemt som landet var mellom to motstandarar. Augevitne i Belgia fortel om endelause rekkjer av tyske soldatar på veg til fronten. Før den første verdskrigen hadde soldatar bore fargerike uniformer og faner, men tyskarane, i sine grå uniformer og grå stålhjelmar, var nesten usynlege mot den grå bakken. Den tyske hæren var den mest moderne, best utrusta, best førebudde og best organiserte i Europa. Soldatane bomba og slo seg fram gjennom Belgia og Nord-Frankrike og verka først uslåelege. Hæren nådde nesten fram til Paris før franskmennene stoppa dei. Den dristige Schlieffenplanen var militærteknisk briljant, men han var utforma på skrivebordet og viste seg å vere vanskeleg å gjennomføre. Framrykkinga vart forseinka, og franskmennene fekk tid til å omgruppere soldatane sine. I ei halsbrekkande mobilisering, der til og med taxisjåførar frå Paris køyrde soldatar til fronten, fekk dei samla seg til motstand. Dessutan mobiliserte russarane langt raskare enn tyskarane hadde trudd. Uventa raskt gjekk Russland inn i Aust-Preussen, den


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

austlegaste delen av Tyskland, og snart stod tyskarane i nøyaktig den situasjonen dei hadde prøvt å unngå, nemleg i ein krig på to frontar.

Ein restaurant i Berlin omgjord til sjukehus for skadde soldatar.

Vestfronten Hausten 1914, litt aust for Paris, støytte tyske og franske troppar mot kvarandre ved elva Marne. I dette første verkeleg store slaget kjempa over ein million soldatar på kvar side. Verken Tyskland eller Frankrike vann, men den tyske frammarsjen vart stoppa. Slaget innebar enorme tap av menneskeliv på begge sider. Etter Marneslaget stivna fronten til, og i november 1915 grov troppane seg ned i skyttargraver. Lenger vest vart britiske soldatar, som var allierte med franskmennene, sende over kanalen, der dei forma sin eigen front mot tyskarane. Den første verdskrigen er kjend for skyttargravene på vestfronten, der soldatane levde i ein slags halvunderjordisk tilstand med komplekse kanalsystem verna av piggtrådsperringar og miner. I dei underjordiske gangane var tilværet prega av ­rotter, lus og stank. Mellom dei britiske og dei franske soldatane på den eine sida og dei tyske på den andre sida oppstod det eit ingenmannsland, eit gjørmete, deformert landskap. Massiv bruk av bomber og granatar jamna tre og hus med jorda. Til og med jorde og gras forsvann. Begge sider prøvde å overvelde motstandarane med angrep der titusenvis av soldatar storma over ingenmannsland. Tusen på tusen sprang rett i døden, meidde ned av maskingevær og artillerigranatar. I den moderne, industrialiserte krigen hadde forsvarsteknologien blitt så effektiv at angrep ofte enda i reine massakrar. Med maskingevær, granatar, piggtråd og

249


HISTORIE

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

skyttargraver var det mykje lettare å forsvare seg enn å angripe. Likevel trudde begge sider på ein avgjerande offensiv som kunne endre gangen i krigen. Aldri tidlegare i nokon krig var tapet av menneskeliv så stort – millionar av unge menn vart ofra. På vestfronten flytte fronten seg nesten ikkje gjennom dei fire krigsåra. Krigen vart ein lang kamp for å halde ut, der dei med størst reservar av menneske og våpen skulle vinne. Ein britisk poet sa det slik: «Neither [side] had won or could win the war. The war had won and would go on winning.»

Austfronten

Livet i skyttargravene på vestfronten i Frankrike. Biletet er teke av ein britisk offisiell fotograf. Trur du dette er ei korrekt framstilling av korleis livet i skyttargravene arta seg?

Krigen på austfronten vart også svært blodig, men fronten flytta seg meir. To russiske armear som rykte inn i AustPreussen, vart raskt knuste. Alt i det første slaget ved Tannenberg vart det synleg at russarane var dårleg organiserte og utrusta. Tyskarane rykte fram og tok heile Polen og dei baltiske områda frå russarane. Russland leid enorme tap. I 1915 hadde nesten to millionar russarar blitt drepne, såra eller fanga. I 1916 var russarane på frammarsj og vann fleire slag, men dei russiske soldatane levde under umenneskelege forhold, og den russiske hæren heldt på å gå i oppløysing. Den første verdskrigen kom til å undergrave lojaliteten som russarane hadde til tsardømmet, for tsar Nikolaj 2. insisterte på å leie hæren sjølv, med ein strategi som kosta folket dyrt. Store grupper av soldatar ved fronten deserterte, dei flykta rett og slett frå krigen og gjekk heim til fots. Den russiske revolusjonære ideologen Lenin, som var i eksil i Sveits, var heilt imot krigen, og skrytte av dei ­deserterte soldatane som han sa «røysta mot krigen med beina sine». På Balkan, der krigen hadde begynt, kjempa russarane og serbarane mot Austerrike-Ungarn. Austerrikarane slo Serbia ut av krigen alt i 1915, men russarane heldt stand. Italia gjekk same året inn i krigen på same sida som ententen, altså med Storbritannia, Frankrike og Russland. Italienarane vart lova store territorium langs grensene sine i nord i byte for krigsinnsatsen. På same vis vart Romania også ein del av kampen til ententemaktene i 1916. Gjennom hemmelege avtalar fekk statsleiarar lovnader om land og pengar frå stormaktene for å bli med i krigen.

Afrika og Midtausten Kamphandlingane spreidde seg til det afrikanske kontinentet då ententemaktene ville overta tyske koloniar. Til dømes vart Togo i Vest-Afrika raskt teken av britiske og franske styrkar med stort innslag av afrikanske soldatar. I alt 2,5 millionar afrikanarar gjorde teneste i krigen – både i Afrika og i Europa. Dei afrikanske soldatane vart behandla dårleg og vart ofte sette til dei farlegaste oppgåvene. Det osmanske riket, som sjølv om dei hadde mista store område, framleis dekte delar av Midtausten, kom med i krigen som Tysklands allierte i november 1914. Kontrollen over dei nordafrikanske hamnene, Suezkanalen og sunda ved Svartehavet var særleg ettertrakta for begge sider. Britiskleidde styrkar – mange kom frå det britiske samveldet – slost mot osmanane i Midtausten. Slaget om Gallipoli ved Bosporos i april 1915 førte til store tap på alliert side. Svært mange soldatar frå Australia og New Zealand fall der. Millionar verva seg frå dei britiske koloniane Canada, Australia, New Zealand og India. Til dømes kjempa soldatar frå Jamaica mot osmanske styrkar i Palestina og Jordan. Lett kavaleri med Waler-hestar frå Australia var godt tilpassa eit varmt klima

250


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

og gjorde ein stor innsats i ørkenen. Her flytta soldatar seg også på kamelar. Det var sanneleg ein konflikt som tok i bruk ressursar frå heile verda. Konflikten blir kalla verdskrig fordi det var den første verdsomspennande krigen i historia. Krigen begynte i Europa, men dei fleste europeiske stormaktene var koloni­ makter. Frå heile kloden vart difor folk og ressursar trekte inn i den øydeleggjande styrkeprøven. I Midtausten allierte britane seg med arabarane og lova dei gevinstar i form av sjølvstende og sjølvstyre etter krigen. Arabarane gjorde opprør mot osmanane i 1916. Men under krigen var det to diplomatar, briten Sir Mark Sykes og franskmannen Charles François George Picot, som forhandla fram ein hemmeleg avtale der dei delte heile Midtausten mellom sine eigne land. Sykes-Picot-avtalen stod i motstrid med lovnaden som arabarane hadde fått. Avtalen braut også med erklæringa i eit brev frå den britiske utanriksministeren Balfour i 1917 om å opprette «ein jødisk nasjonalheim i Palestina». Etter krigen vart lovnadene til arabarane brotne. (Les meir om Israel–Palestina-konflikten på side 456.) Under krigen vart den armenske befolkninga, ein kristen minoritet i Tyrkia, forvist av tyrkiske styresmakter og tvinga på flukt mot eit område i dagens Syria, Irak og Tyrkia. Under flukta vart mange drepne av tyrkiske soldatar. Andre døydde av svolt og utmatting. Til saman døydde mellom ein halv og ein million menneske. Det er omstridt kor planlagt drapet på armenarane var. Dersom det fanst ein tyrkisk plan om å utrydde armenarane, kan dette kallast eit folkemord, og mange meiner det var det. Men Noreg har ikkje godkjent drapet på armenarane som eit folkemord, slik til dømes Tyskland har gjort. (Les meir om folkemord på side 332.)

Ved Verdun stod dei døde så tett at dei ikkje datt, skreiv eit samtidig fransk blad.

Blodige slag Krigen på vestfronten rulla vidare. Ein tysk framstøyt i 1916 ved Verdun, ein by som låg strategisk til mellom Frankrike og Tyskland, resulterte i eit av dei lengste og blodigaste slaga i krigen. Månad etter månad kjempa soldatane mot kvarandre, og ein meiner at 350 000 menn fall på kvar side. Hærane vart svekte, men ingen vann. Verdun vart eit symbol på den meiningslause krigen, men også på fransk uthald og motstand. Fram til Verdun hadde tyskarane vore på offensiven, men slaget vart eit vendepunkt, og gradvis snudde krigen til fordel for ententen. I slaget ved Somme, som begynte etter ein fransk og britisk framstøyt i juli 1916, vart 20 000 britiske soldatar drepne og nesten 40 000 såra berre den første dagen. I tillegg til å vere ekstremt blodig har slaget ved Somme ein plass i militærhistoria som den første staden der ein brukte panservogner, ei oppfinning som skulle få mykje å seie i seinare krigføring. At politiske og militære leiarar var villige til å sende soldatar inn i krigen og sløse med liv, har blitt sterkt fordømt i ettertid. «Dei var løver leidde av esel», vart det sagt om dei britiske soldatane. Statane gøymde unna dei enorme tapa av liv for befolkninga ved å sensurere pressa og lage propaganda. Det var til tider eit massivt press mot unge menn som ikkje verva seg. Då det vart færre frivillige som verva seg, vedtok Storbritannia i 1916 ei lov om tvungen verneplikt og hard straff for militærnektarar.

251


HISTORIE

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

Moderne krig

«General Tank»: Stridsvogna var ei britisk oppfinning som først vart brukt i slaget ved Somme i 1916.

252

Mykje var nytt i den første verdskrigen. Moderne maskingevær, handgranatar, ­stålkanonar og giftgass forbløffa verda med effektiviteten sin. Den industrielle ­revolusjonen hadde gjort det mogleg å lage automatiske våpen som hadde lengre rekkjevidde og var større, raskare og meir dødelege enn dei gamle. Soldatar reiste på jernbanar til og frå fronten. Den kanskje mest skremmande nyvinninga i den industrialiserte krigen var kjemiske våpen. 22. april 1915 ved Ieper i Flandern tok tyskarane i bruk gass for første gong. Dei opna tankar med dødeleg klorgass og sennepsgass slik at vinden bles gassen mot soldatane til fienden. Gassen kvelte og blinda soldatane, og mange var vitskremde over eit slikt våpen. Likevel vart gass brukt på begge sider av fronten. Til forsvar mot gassangrep utvikla militæret gassmasker. Dette var ein krig ingen hadde sett maken til. For første gong vart også lufta ei slagmark. Då krigen braut ut, brukte ein først spinkle fly til rekognosering. Men den teknologiske utviklinga av flygemaskinen gjekk svært raskt, og etter kvart kjempa pilotar mot kvarandre i propelldrivne kampfly utstyrte med maskingevær. «Luftriddarane» vart dyrka som nasjonale heltar. Tyskarane sende også luftskip utrusta med bomber inn over fiendebyane, men dei viste seg å vere lite effektive. Viktige delar av den første verdskrigen gjekk for seg til havs – både over og under havflata. Partane brukte sjeldan krigsskip i direkte kamp mot kvarandre. Dei prøvde i staden å blokkere transport og ferdsel for kvarandre på sjøen. All handel og transport av livsviktige varer og våpen gjekk over havet. Hovudvåpenet for Tyskland her var ubåtar. Då britane sperra Nordsjøen i 1915, svarte tyskarane med å seie at alle skip frå motparten – anten dei var krigsskip eller ikkje – ville bli senka. Seinare begynte tyskarane også å angripe skip frå nøytrale land. 829 norske skip vart senka, 2000 sjøfolk kom aldri heim. Ein ubåt kunne ramme skip med torpedoar utan å bli oppdaga. Mange tusen skip vart senka på denne måten i dei åra krigen varte. Men ubåtkrig var langt frå ufarleg for mannskapet på fartøya som gøymde seg i havdjupet. Eit motsvar til ubåt­ angrep var å sende skip i konvoiar, det vil seie at handelsskip og passasjerskip drog i grupper eskorterte og verna av militære fartøy som var utstyrte med effektive lytteapparat, djupvassbomber og miner i havet. Mange ubåtar vart senka.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

USA inn i og Russland ut av krigen Eit av dei nøytrale landa som vart ramma av den gjennomførte ubåtkrigen som tyskarane dreiv, var USA. Den amerikanske presidenten Woodrow Wilson hadde ynskt å halde USA utanfor den europeiske konflikten, men i 1917 bad han Kongressen erklære Tyskland krig. 6. april 1917 røysta Kongressen for krig. Om lag samtidig som USA kom inn i krigen, braut Russland saman under tysk press. I Russland herja det svolt, streik og sosial uro. I februar vart den russiske tsaren i St. Petersburg styrta i den russiske revolusjonen. For å skape endå meir problem for russarane sende tyskarane Lenin, som budde i eksil i Sveits, tilbake til Russland i ei forsegla jernbanevogn. I løpet av sommaren og hausten 1917 leidde Lenin dei kommunistiske bolsjevikane til makta. «Brød og fred» var slagordet deira. Dei nye makthavarane forhandla raskt fram fred med Tyskland og Austerrike-Ungarn. Partane skreiv under på ei fredsavtale i Brest-Litovsk i mars 1918, over eit halvt år før resten av krigen var over. Der gav Russland frå seg Finland, dei baltiske landa, Polen og Ukraina. Alle dei tyske soldatane kunne overførast frå austfronten til vestfronten for ein siste ­offensiv før amerikanarane kom med for fullt.

Les meir om den russiske revolusjonen på side 265.

Sentralmaktene bryt saman Trass i freden med Russland stod Tyskland i 1918 i ein håplaus militær situasjon. Både heime og ute var folk svært trøytte av krigen, og dei siste tyske offensivane førte ikkje fram. Utover sommaren 1918 var den tyske marinen i trøbbel fordi ­matrosane nekta å slåst vidare. Streik og mytteri truga. Austerrike-Ungarn var alt i full oppløysing. Tsjekkarar, slovakar, kroatar, slovenarar og andre slaviske folk kravde fridom. Bulgaria kapitulerte. Etter å ha blitt slått i Irak og Palestina braut troppane til Det osmanske riket også saman sommaren 1918. Eit år etter at Lenins bolsjevikar hadde teke makta i Russland, vart også den tyske keisaren Vilhelm 2. kasta, av ei gruppe politikarar og generalstaben i ein «revolusjon ovanfrå». Keisaren flykta til Nederland, der han vart verande resten av livet. Ei regjering med liberale, katolske sentrumsparti og sosialdemokratar tok makta. Den nye regjeringa vende seg til ententemaktene. 11. november 1918 klokka 11.00 tok våpenkvila til å gjelde.

Kvifor vart krigen så kostbar og langvarig? • Forsvarsvåpena og forsvarstaktikken var meir effektive enn angrepstaktikken. • Det var ingen avgjerande slag under krigen. Det vart ein utmattingskrig. • Det industrielle produksjonsapparatet leverte effektive våpen på svært kort tid. • Arbeidskrafta i dei industrielle samfunna kunne setjast inn på fronten. I eit jordbrukssamfunn trengst til dømes all arbeidskraft til innhaustinga, men på 1900-talet var det færre og færre som arbeidde i jordbruket. • Nasjonalisme, propaganda og sensur gjorde at det var liten folkeleg motstand mot krigen. • Patriotismen stod sterkt. Pasifistar og antimilitaristar vann ikkje fram. • Statane brukte enorme ressursar på å lage nye våpen, setje kvinner til å produsere våpen, trene opp soldatar og ofre alt i krigen.

253


Dei som var der

Franske kvinner byggjer militærbrakker. Under krigen overtok kvinnene fleire av dei tradisjonelle mannsyrka, både i fabrikkar, i verkstader og i politiet. Kvifor det?

Kvinner Kvinnene fekk eit anna handlingsrom då mennene drog til fronten. Mange kvinner var sjukepleiarar. Andre kom for første gong ut i lønt arbeid då dei tok rollene som menn hadde, i fabrikkar, på kontor og på andre arbeidsplassar. Sjølv om dei

254

fleste måtte gi frå seg arbeidsplassane då krigen var over, hadde kvinner gjort ein viktig innsats og vist at dei kunne utføre arbeidet til menn. Storbritannia, Tyskland og USA gav kvinner røysterett etter den første verdskrigen.


Soldatar Dei fleste som kjempa som soldatar, var ikkje profesjonelle militære, men sivile. Dei var frivillige som verva seg eller vart tvangsutskrivne til kamp. Soldatane måtte gjennom trening før dei drog til fronten, men lite kunne førebudd dei på det dei møtte. Det vart etter kvart heilt klart at førestillingar om tapre krigarar som døydde ærefullt på slagmarka, høyrde til ei anna tid. Den industrialiserte krigen med masseslakt var så grufull at mange mista trua på mennesket. Gass, granatar og artilleri øydela både kropp og sjel. Utan antibiotika førte djupe sår i ein fot eller arm ofte til amputasjon. Prøvde ein å flykte eller desertere, risikerte ein dødsstraff. Ein tysk diktar skreiv: «Fronten er eit bur der vi ventar i frykt på det som kan hende. Vi ligg under eit nett av granatar, og lever i usikker spenning. Lagnaden heng over oss.» Somme, Frankrike, 14. juli 1916. Allierte styrkar med indiske soldatar. Den første verdskrigen var verkeleg ein verdskrig.

Arbeidarklassen

Høgreekstremisme

Arbeidarrørsla i dei fleste land vart radikalisert under krigen. Fordi prisane steig, auka skilnadene mellom folk. Nokre kapitalistar og krigsprofitørar tente gode pengar på våpenproduksjon, transport og varesal, men lønningane heldt seg låge. Ein annan grunn til radikaliseringa var den russiske revolusjonen, som inspirerte sosialistar og kommunistar over heile verda.

Nasjonalister på høgresida utnytta misnøyet etter krigsoppgjeret til å skaffe seg oppslutning. I Tyskland lanserte nazistane ein konspirasjonsteori – «dolkestøytlegenda» – som gjekk ut på at dei sosialistiske og jødiske politikarane hadde svike militæret og inngått fred, utan at det var nødvendig. Fascistiske og nazistiske rørsler var langt på veg eit direkte produkt av den første verdskrigen. Tilhengjarane deira dyrka militarismen, maskineriet og disiplinen som prega soldatlivet.

Adolf Hitler Ein som fann seg ein «heim» i ingenmannslandet, var austerrikaren Adolf Hitler. Etter at han vart innrullert i den tyske hæren, opplevde han meistring og kameratskap som han til då hadde mangla i livet. Hitler kom ut av krigen med fleire heidersmedaljar for tapper framferd, og stor kjærleik til militæret. Som mange andre på tysk side kunne han ikkje akseptere at den andre sida vann, og behandlinga dei gav Tyskland i krigsoppgjeret. Rasande vende han seg til politikken for å gjenreise den tyske stormakta.

255


HISTORIE

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

Fredsslutninga i Versailles Til Paris i 1919 kom dei reisande – i skip og med tog – dei om lag tusen delegatane som skulle vere med i fredsslutningane etter den første verdskrigen. Dei stod framfor ei formidabel oppgåve. «Aldri meir krig!» var målet og draumen alle delte. Men korleis skulle ein gjennom fredsavtalar sikre at ingen ny storkrig braut ut? Det var det store spørsmålet. Fredskonferansen var ein konfrontasjon mellom idealisme og hemnlyst. Dei store profilane i Paris var statsleiarane i USA, Frankrike og Storbritannia. Dei representerte ulike syn på korleis ein framtidig fred skulle sikrast. Den amerikanske ­presidenten, Woodrow Wilson, tidlegare professor i statsvitskap ved Princeton, var idealisten. Tidleg i 1919 lanserte han sine «14 punkt», ein fredsplan for fred og samarbeid i Europa. Hovudideen var at freden skulle vere rettferdig og byggje på sjølvråderetten til dei ulike befolkningane, ikkje berre på avgjerslene til dei sigrande stormaktene. Ein annan viktig idé var å skape ein overnasjonal organisasjon, Folkeforbundet, som skulle løyse konfliktar på fredeleg vis i etterkrigstida. Den franske presidenten og den britiske statsministeren var langt meir hemngjerrige. Desse landa hadde lide store tap og ville ha ei hard og straffande fredsslutning. Landa hadde ført kostbare krigar, teke opp store lån under krigen og stod i djup gjeld, særleg til USA. No ynskte dei kompensasjon. Dessutan var Storbritannia og Frankrike bundne av hemmelege avtalar og lovnader dei hadde gitt arabarar, ­rumenarar, italienarar og andre under krigen, for å få dei med på si side. Det vart vanskeleg å finne gode løysingar som alle var fornøgde med. Den viktigaste fredstraktaten vart signert i det gamle kongeslottet Versailles utanfor Paris. I spegelsalen, i same rommet som Bismarck i 1871 hadde proklamert Det tyske keisarriket, måtte dei tyske politikarane i 1919 skrive under på eit aud­ mjukande dokument. Versaillestraktaten inneheldt ei mengde krav. Her er nokre av dei viktigaste: a Tyskland måtte gi frå seg store landområde til statane rundt, inkludert AlsaceLorraine og Rheinland, som skulle vere demilitariserte. b Tyskland og Austerrike fekk forbod mot å alliere seg. c Tyskland og Aust-Preussen vart delt, og ein «polsk korridor» gav Polen tilgang til Austersjøen. d Tyskland måtte gi frå seg alle koloniane sine. e Militæret i Tyskland skulle avgrensast til 100 000 mann og marinen til nokre få skip. Dette vart forbode: flyvåpen, ubåtar, giftgass, tungt artilleri og stridsvogner. f I artikkel 231 i traktaten fekk Tyskland åleine skulda for krigen. g Tyskland var ansvarleg for alle tap og skadar som ententemaktene hadde lide, og skulle difor betale ei krigsskadeerstatning på 132 milliardar gullmark.

demilitarisert: fritt for militære troppar og anlegg

256

Tyskland protesterte kraftig mot Versaillestraktaten, som dei syntest var urimeleg og krenkjande. Særleg skapte skuldspørsmålet raseri. Ikkje berre dei tyske representantane, men også dei frå mange andre land, reiste misfornøgde heim frå fredskonferansen. Italia, Kina og Japan, som hadde kjempa på same sida som ententen, hadde håpa på langt større gevinstar for innsatsen sin. Lovnader gitt til arabiske folk om sjølvråderett i eit Stor-Arabia, vart ikkje haldne. I koloniane til stormaktene kom ingen av dei lova endringane, sjølv om mange soldatar derifrå hadde reist til fronten og kjempa for koloniherrane. Folkeforbundet vart ein realitet, men USA ratifiserte ikkje vedtaket om å opprette det, trass i at det var president Wilsons idé. Folkeforbundet kom til å arbeide under


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

vanskelege kår i etterkrigstida. Men i 1925 vart landa einige om Genèvekonvensjonen, som ­forbaud bruk av kjemiske våpen i krig.

Konsekvensar Den første verdskrigen – den store katastrofen – fekk omfattande konsekvensar. Krigen hadde vore den dødelegaste konflikten i verda til då, med over 10 millionar døde og minst dobbelt så mange skadde. Soldatar med store skadar måtte leve ­resten av livet som invalide, ute av stand til å ­arbeide. Legar tok i bruk plastisk kirurgi for å reparere deformerte ansikt, og i tillegg til å behandle kroppslege skadar måtte dei behandle mentale ­lidingar. Mange soldatar leid av «granatsjokk» og traume som dei hadde fått under umenneskeleg stress og larm ved fronten. Omgrepet ein tapt ge­ nerasjon er brukt i skjønnlitteratur frå krigen om dei unge soldatane som mista trua på framtida etter krigsopplevingane. Det som sjokkerte generasjonen som opplevde den første verdskrigen, og det som har prega minnet deira, er den grunnleggjande meiningsløysa. Ein annan konsekvens var eit nytt verdskart. Dei tre keisarrika Russland, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket gjekk under. Det tyske keisarriket forsvann også, men Tyskland overlevde som stat. Nye nasjonalstatar oppstod i kjølvatnet deira: Tsjekkoslovakia, Austerrike, Ungarn, Jugoslavia og Tyrkia. Finland frigjorde seg frå Russland, som etter ein borgarkrig vart Sovjetunionen. Polen stod opp igjen etter å ha vore styrt av andre land i over hundre år. Storbritannia og Frankrike skulle styre det arabiske området til osmanane under sine mandat, det vil seie eit slags mellombels styre som i praksis fungerte som eit kolonistyre. Mandatområdet til Frankrike var Syria og Libanon. Mandatområdet til Storbritannia var Irak, Jordan og Palestina. Stormaktene fordelte også dei fleste tyske oversjøiske koloniane mellom seg. Ein meir langtrekkande verknad var at dei europeiske stormaktene samla sett skulle få ei mindre dominerande rolle i verda. Stormaktsspelet til Frankrike og Storbritannia tok lite omsyn til folka som budde i områda som fekk nye makthavarar. Wilsons idé om sjølvråderett for folka galdt berre dei kvite, til dømes polakkane, ikkje arabarar eller afrikanarar. På sikt kom den første verdskrigen dermed til å auke misnøyet med kolonimaktene i koloniane. Fridomsforkjemparar som Mahatma Gandhi brukte det for å fremje indisk nasjonalisme på 1920- og 1930-talet. Statane hadde spelt ei aktiv rolle i den første verdskrigen, og det var noko nytt. Sidan den førre europeiske storkrigen, då fyrstar var stats- og krigsleiarar, hadde moderne nasjonalstatar vakse fram. Soldatane var vernepliktige, eller dei verva seg for å kjempe for landet sitt. Kvinner arbeidde i industrien sidan heile samfunnet vart innretta på å produsere krigsmateriell og kjempe. Statsleiarar prioriterte å setje av mat, råvarer, pengar, produksjonsmiddel, arbeidskraft, forsking og transport til krigføringa. Matvarer vart rasjonerte. Det kravde sterk statleg styring for å organisere alt dette. Slik vart staten viktigare gjennom krigen. Då krigen var over, kunne staten påverke den enkelte person og familie meir enn før. Krigen hadde vore svært dyr. For å få midlar til å krige hadde mange land lånt pengar, selt statsobligasjonar og trykt opp meir pengar. Det skapte kaos i dei ­internasjonale penge- og valutasystema utover i etterkrigstida.

Tyske delegatar høyrer på ­Clemenceaus tale ved signeringa av Versaillestraktaten. Kva land, grupper og personar fekk innverknad på utfallet av desse forhandlingane, trur du?

257


HISTORIE

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

Dette kapittelet handla om at den første verdskrigen varte frå 1914 til 1918 at den første verdskrigen var ein krig mellom to alliansar, og at stormaktene Tyskland og Austerrike-Ungarn mot Storbritannia, Frankrike og Russland var sentrale aktørar at den utløysande årsaka til krigen var ei politisk krise som følgje av skota i Sarajevo at moglege grunnleggjande og medverkande årsaker er alliansesystemet, imperialisme, nasjonalisme, kapprusting, indre sosial og politisk uro i landa og haldningar til krig at krigen vart ein langvarig skyttargravskrig på vest­ fronten at det som i utgangspunktet var ein europeisk krig, vart ein verdskrig fordi dei stridande landa var kolonimakter at Russland gjekk ut av krigen og USA kom inn i krigen i 1917 at konsekvensar av krigen var tap av menneskeliv, materielle skadar og store endringar i landegrenser at tyskarane oppfatta vilkåra i Versaillestraktaten som urettferdige

Den kvelden då Storbritannia og Tyskland erklærte kvarandre krig i 1914, utbraut den britiske utanriksministeren: «Lysa blir sløkte over heile Europa. Vi skal ikkje sjå dei bli tende igjen i vår levetid.» Han fekk langt på veg rett. I 31 år var det ein nesten ubroten tilstand av økonomiske kriser, med maktskifte, krig og millionar av drap fram til 1945. Den første verdskrigen vart kalla «den store krigen» av dei som opplevde han. Det er «den store krigen» som er omtalt på minnesmerka og i dikta. Han fekk omfattande ringverknader og gav grobotn for ein ny, større verdskrig ein generasjon seinare. Det var først då den krigen var over, at ein snakka om «den første ­verdskrigen» og «den andre verdskrigen».

Spanskesjuken 28. mai 1918 skreiv den norske avisa Aftenposten at den spanske «kongen, førsteministeren, og flere andre er blevet syge. De lider af en mystisk sygdom, som har opptraadt over hele landet og har angrebet 30 % av befolkningen. Sygdommen ­ansees ikke som at være farlig». Sjukdommen fekk namnet spanskesjuken fordi Spania, som nøytralt land, ikkje sensurerte pressa, og informasjonen om dei sjuke kom ut. Dei krigførande landa heldt alt hemmeleg, inkludert sjukdom ved fronten, men det har seinare vist seg at svært mange soldatar var sjuke. Ein har også ­spekulert på om sjukdom var litt av årsaka til at partane var villige til å forhandle og inngå fred på det tidspunktet då dei gjorde det. Spanskesjuken var ein influensa som utvikla seg til å bli ein av dei største pandemiane i historia. Immuniteten i heile verda, særleg mellom barn og ungdom, var låg. Globalt tok influensaen livet av så mange som 50–100 millionar menneske. Forskarane reknar med at om lag ein tredel av befolkninga i verda var smitta mellom 1918 og 1920. Det er fleire teoriar om opphavet til sjukdommen, men forskarane går ut frå at spreiinga hadde å gjere med krigen. Då freden kom, spreidde både soldatar og ­sivile sjukdommen i samband med feiringane av fredsoppgjeret. Dessutan var ­størsteparten av helsepersonellet sett til å hjelpe dei skadde etter krigen. Det var store skilnader i korleis sjukdommen ramma etniske grupper, geografiske område og sosiale lag. Før trudde ein at spanskesjuken var ein sosialt nøytral sjukdom, at han ramma høg og låg like hardt. Til dømes døydde prinsen av Sverige, 28 år gammal. Fleire nye studiar viser at fattige land og grupper vart langt hardare ramma. Det var mykje høgare dødelegheit i India enn i Sverige. Urfolk, som samane i Noreg og det amerikanske urfolket, var særleg utsette. Og i byar med stor ulikskap såg ein heller store sosiale skilnader i dødelegheit. Årsakene var mellom anna at dei fattige ikkje kunne vere borte frå jobben når dei var sjuke, dei budde trongt og hadde dårlegare tilgang til såpe og vatn.

Dei unges sjukdom: Spanskesjuken var ein influensaepidemi som raste i 1918–1919 og kravde millionar av menneskeliv. Krigen gjorde sitt til at sjukdommen spreidde seg raskt, og dødstala vart så høge også fordi befolkninga var svekt på grunn av dårleg ernæring som følgje av krigen. I Noreg vart truleg 1,2 millionar sjuke av epidemien, og rundt 15 000 døydde. Namnet kom av at sjukdommen særleg vart omtalt i den spanske pressa. Spania var nøytralt under krigen, og sjukdommen vart difor ikkje halden hemmeleg.

258


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Skriv inn 2–3 stikkord til kvar av desse titlane i dette ­kapittelet: «Utbrotet», «Bakgrunn», «Gangen i krigen», «Moderne krig», «Fredsslutninga i Versailles», «Spanskesjuken». 2 Set deg inn i desse omgrepa og spel Alias (sjå side 510): blankofullmakt, trippelalliansen, trippelententen, imperia­ lisme, opprusting, futurisme, sosialdarwinisme, pansla­ visme, infanterist, rasjonering, desertere, bolsjevikane, isolasjonistisk politikk. 3 Teknologiske nyvinningar hadde mykje å seie for korleis krigen utvikla seg, og for kor øydeleggjande han vart. Ta for deg ein av desse våpentypane, og lag ein kort presentasjon: ubåtar, stridsgass, stridsvogner, maskin­ gevær, krigsfly. 4 Fullfør fordi-setningane: a Den utløysande årsaka til krigen var skota i Sarajevo fordi … b Krigen vart langvarig fordi … c Russland gjekk ut av krigen fordi … d USA kom med i krigen fordi … e Tyskarane oppfatta Versaillestraktaten som urettferdig fordi …

Samanhengar 1 Gå saman med ein medelev og finn fem bilete de meiner belyser interessante og viktige sider ved den første verdskrigen. Skriv korte bilettekstar til kvart av bileta, der de forklarar kva biletet viser, og kva forhold de meiner det belyser. 2 Den første verdskrigen var ein europeisk konflikt som vart til ein verdskrig. Korleis og kvifor kom land utanfor Europa med i krigshandlingane? 3 Historikarar legg ofte vekt på ulike forhold i forklaringane sine. Vurder kor rimelege dei to forklaringane under er, og vurder om forklaringane utelukkar kvarandre. a «Dei store hærane som var bygde opp for å skape tryggleik og ta vare på freden, førte nasjonane ut i krig som følgje av si eiga vekt» (A.J.P. Taylor: The first World War (1963)). b «Tyskland startet med overlegg en europeisk krig for å unngå å bli forbigått av Russland (David Fromkin: Europas siste sommer (2005)). 4 «Den første verdskrigen medverka til å endre situasjonen for kvinnene.» Diskuter denne påstanden ved å finne argument for og imot. 5 Dersom vi kallar den første verdskrigen eit brot i historia, kva gjekk i så fall brotet ut på? Finn tre moglege moment. Vurder kor tydeleg dette brotet er, samanlikna med andre brot du kjenner til i historia.

f Ein konsekvens av krigen var endringar i landegrenser fordi … 5 Vurder og ta stilling til kor rimelege du meiner påstandane under er. Utdjup grunngivingane dine med ­konkrete hendingar. a «Alliansesystemet i Europa fungerte avskrekkande.» b «Imperialismen var ei grunnleggjande årsak til den første verdskrigen.» c «Den første verdskrigen bør heller kallast ein e ­ uropeisk borgarkrig.» d «England eigde verda, Tyskland ville eige henne!»

Litteraturliste Christopher Clark: The Sleepwalkers. How Europe Went to War in 1914, 2007 Tore Linné Eriksen: Afrika. Fra de første mennesker til i dag, 2019 Eric Hobsbawm: Ekstremismens tidsalder. Det 20. århundrets historie, 1997 James Joll & Gordon Martel: The Origins of the First World War, 2007 Barbara Tuchman: The Guns of August, 1962 Hilde Henriksen Waage, Rolf Tamnes og Hanne Havtvedt Vik (red.): Krig og fred i det lange 20. århundre, 2019

Perspektiv 1 Den britiske historikaren Eric Hobsbawm seier: «In 1914 the peoples of Europe, for however brief a moment, went lightheartedly to slaughther and to be slaughtered. After the First World War they never did so again.» Kva vil du leggje vekt på når du skal forklare kva det var som gjorde den første verdskrigen så annleis enn tidlegare krigar? Lag ein disposisjon til eit foredrag. 2 Tenk deg at du står og ser på demonstrasjonstog i London og Berlin i samband med at Versaillestraktaten er offentleggjord. Korleis ville parolane sett ut i London og Berlin? Lag forslag til parolar, og grunngi vala dine. 3 I januar 1918 sette president Woodrow Wilson i USA opp 14 punkt som han meinte skulle leggje grunnlaget for fred (sjå side 270). Kva trur du ville sett annleis ut i verda dersom Wilsons fredsforslag hadde fått ­gjennomslag fullt ut? 4 Granatsjokk vart eit nytt omgrep under den første verdskrigen. Finn ut korleis det kunne gå med soldatar som leid av granatsjokk. Kva vil vi kalle lidinga i dag?

259


HISTORIE

K A P 10 Første verdskrig – den store katastrofen

Oppdrag 1:

Post 3

Mission Impossible: Stopp hendinga som kunne ha hindra den første verdskrigen! Den første verdskrigen fekk enorme konsekvensar, med store tap av menneskeliv, hat og fiendskap i lang tid etterpå. Kunne det vore unngått? Du blir no send ut på eit spesielt oppdrag: å redde Europa og verda frå ufatteleg liding!

Når du kjem tilbake til vår tid, må du rapportere om den hendinga du valde, og vise korleis hendinga eller prosessen kunne ha hindra den første verdskrigen.

Post 4 Medelevar har kanskje valt andre hendingar enn deg. Lytt til vala deira og argumenta dei brukar. Korleis vil du argumentere for at di hending er viktigare?

Post 1 Somme reiste før deg og prøvde å hindre attentatet mot Franz Ferdinand. Det hjelpte ikkje. No held du lagnaden til verda i dine hender, og du må bruke kunnskapane dine til å finne ei anna hending som kan hindre krigsutbrotet. Skriv ned moglege hendingar, og lag ei liste med argument for og imot at dette er den viktige hendinga.

Post 5 Dette er kontrafaktisk historie. Diskuter i klassen kva som skal til for at slik tenking om historie kan vere opplysande.

Post 2 Reis tilbake til rett tid og stad for hendinga. Skriv ned det du gjer, seier og eventuelt presenterer som alternative løysingar for dei du møter.

Irland, 1916

260

England, 1915

Russland, ca. 1915


Oppdrag 2:

Post 3: Grunngi tolkingane dine og trekk slutningar

Propagandaplakatar

Når du skal grunngi tolkingane dine, kan du bruke desse startsetningar som hjelp:

«Sanninga er det første krigsofferet», har det blitt hevda. Under den første verdskrigen tok styresmaktene på begge sider i konflikten i bruk både sensur og mykje propagandaverksemd. I dette oppdraget skal du studere og gå djupt inn i bruken av propaganda under den første verdskrigen.

a «Plakaten viser tydeleg at … fordi …» b «Ut frå denne [detaljen] kan vi vere sikre på at … fordi …» c «Denne [detaljen] viser at …» d «Det blir ikkje sagt rett ut, men [noko] er sannsynleg fordi …»

Post 1: Finn plakatar på nettet På internett finst det enorme mengder propagandaplakatar frå den første verdskrigen. Du skal no leite i dette materialet for å finne fem plakatar: a ein som vender seg til kvinner b ein som oppfordrar til å støtte krigen økonomisk

Post 4: Samanlikn og diskuter Gå saman med tre andre elevar. Samanlikn plakatane de har funne, og vel ut dei tre som de meiner viser dei mest ­interessante perspektiva på propaganda. Grunngi svara og perspektivet.

c ein som oppfordrar menn til å verve seg d ein som framstiller fienden på ein negativ måte

Post 5: Propaganda i dag – ta stilling!

e ein som framstiller krigen som «morosam» og «hyggjeleg»

Diskuter i gruppa: a Kva kan propagandaen fortelje oss om ulike haldningar under den første verdskrigen?

Post 2: Tolk plakatane Når du tolkar plakatane dine, kan du

b Finn døme på korleis vi i dag blir utsette for propaganda. Vurder deretter kor godt de meiner han verkar.

a beskrive det du ser – korleis plakaten er utforma, bruk av tekst, bilete og fargar, osv.

c Kvar går grensa mellom propaganda, opplysning og haldningskampanje?

b peike på bruk av symbol, ladde ord, kontrast mellom gode og vonde, fiendebilete osv. c vurdere kven bodskapen er meint for

Storbritannia, ca. 1914

USA, ca. 1917

Russland, 1915

261


K A P I T T E L 11

Innhald:

Europa etter den første verdskrigen side 264 Kommunistane mot makta side 265 Fredshåp og tru på demokratiet side 270 Livet og kvardagen i Vest-Europa side 271 Krakket side 274 Fascistiske og nazistiske straumdrag side 276 1930-åra: ei fiendtleg verd side 280 Den spanske borgarkrigen side 282 Utanfor folkefellesskapet side 285

Ved eit vegskilje 1919 –1939 Tida etter den første verdskrigen var prega av optimisme og tru på demokratiet. Internasjonalt samarbeid skulle sørgje for at det ikkje vart nye krigar. Fleire statar fekk demokratiske grunnlover. I mange land fekk arbeidarar og kvinner røysterett for første gong. Men optimismen skulle bli knust av ei økonomisk krise som ramma heile verda. Dei demokratiske løysingane vart utfordra av kommunismen i Sovjetunionen og seinare av fascistiske ideologiar i mellom anna Italia, Tyskland og Japan.


Slik såg det ut Europa 1919–1939

Område som kom under ny stat

Reykjavik

Til Polen (1919, Galicja 1921) P

ISLAND

Til Romania (1919) R Til Frankrike (1919) F Til Italia (1919) I

FINLAND NOREG

monarki

monarki

Tallinn

Stockholm

Oslo

Jugoslavia vart oppretta i 1918 av det tidlegare Serbia, Montenegro, Makedonia, Bosnia, Slovenia og Kroatia.

republikk

SVERIGE

Leningrad Helsinki

ESTLAND

Land som vart sjølvstendige: Finland, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tsjekkoslovakia, Irland.

rep.

LATVIA

DANMARK

IRLAND

monarki Nord-Slesvig

Dublin

NEDER- TYSKLAND LAND republikk

London

mon.

(diktatur frå 1933)

BELGIA

mon.

LUXEMBOURG Versailles

F Saar

Paris

AlsaceLorraine

Berlin

rep. (diktatur I frå 1934)

I

rep.

Galicja

Ukraina P

IA Bessarabia

Budapest

UNGARN mon.

Beograd

RO

R

MA

R

NI A

mon.

Bucuresti

JUGOSLAVIA

PORTUGAL republikk (diktatur frå 1926) Lisboa

Warszawa

AUSTERRIKE

republikk

rep.

republikk

TSJ Praha EKK OSLO VAK München

rep.

SOVJETUNIONEN

POLEN

Weimar

SVEITS

FRANKRIKE

LITAUEN

P

Wien

F

rep. = republikk mon. = monarki

rep. Kaunas AustWilna KvitePreussen Danzig russland (tysk)

København

STORBRITANNIA monarki

rep.

Riga

ITALIA Madrid

Barcelona

Korsika

Roma

SPANIA republikk (diktatur frå 1938)

Gibraltar (britisk)

Sardinia

monarki

monarki (diktatur frå 1922) ALBANIA mon.

BULGARIA

Sofia

mon.

Istanbul

HELLAS monarki (diktatur frå 1936)

Ankara

TYRKIA rep.

Athen

Kypros (britisk)

Dette har hendt I den første verdskrigen (1914–1918) vart store delar av verda trekte inn. Stormaktene Storbritannia, Frankrike, Russland og USA stod imot Tyskland og Austerrike-Ungarn. Tyskland og Austerrike-Ungarn tapte krigen. I Versaillestraktaten vart det bestemt at Tyskland måtte betale store krigserstatningar og ta på seg skulda for krigen. Tyskland fekk også forbod mot å drive militær opprusting. Austerrike-Ungarn gjekk i oppløysing. Den russiske revolusjonen tvinga Russland til å trekkje seg ut av krigen i 1917.


HISTORIE

1917

1919

1920-åra

1922

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Den russiske revolusjonen

Fredsavtale i Versailles. Folkeforbundet blir oppretta

Fredsoptimisme og stadig meir internasjonalt samarbeid

Borgarkrigen mellom «dei raude» og «dei kvite» er over, Sovjetunionen blir grunnlagd, og Josef Stalin blir leiar i landet (1924) Benito Mussolini og fascistane kjem til makta i Italia

1929

1930-åra

Krakket på New York-børsen utløyser ei langvarig krise i verdsøkonomien

Tvangskollektivisering, hardhendt industrialisering og Moskvaprosessane i Sovjetunionen Ekstrem nasjonalisme dominerer japansk politikk

Europa etter den første verdskrigen Etter den første verdskrigen låg Europa i ruinar. Aldri før hadde så mange soldatar og sivile mista livet. Byar, jernbanar, bruer og åkerlandskap låg øydelagde igjen ­etter den valdelege krigføringa. Kva gjer det med menneske å sjå så mykje øyde­ legging rundt seg? Samtidig vart landegrenser teikna på nytt, spesielt i Aust-Europa. Store menneskemengder var drivne på flukt på grunn av krigen, og mange opplevde at landet dei ein gong hadde budd i, vart borte eller fekk nye grenser og nytt styresett. Sigerherrane, særleg den amerikanske presidenten Woodrow Wilson, hadde høge tankar om moglegheitene som følgde med å kunne teikne opp eit nytt Europa. I hans auge var målet sjølvråderett – folk skulle sjølv få avgjere kva stat dei ville høyre til. I praksis lét det seg ikkje gjennomføre. Då Polen fekk sjølvstendet sitt tilbake, var det berre to tredelar av befolkninga i landet som definerte seg som polakkar. Innanfor grensene budde det no også fire millionar ukrainarar, tre millionar jødar og éin million tyskarar. Verdskrigen hadde dessutan fått direkte konsekvensar for kvardagslivet, ikkje minst fordi så mange hadde mista livet. Fødselsraten gjekk ned, og rolla som kvinnene hadde i samfunnet, var i endring. Til ein viss grad fylte kvinnene tomromma etter soldatane i fabrikkar og kontor, og etter kvart kravde dei større politisk innverknad over sitt eige liv. Kvinner hadde lenge organisert seg i kamp for fråhaldsrørsle og misjon, men no arbeidde dei for sine eigne rettar til utdanning og arbeid, og framfor alt: røysterett. Då Storbritannia i 1918 innførte røysterett for alle menn over 21 år, fekk også kvinner over 30 med eit minimum av inntekt lov til å røyste. Mange tolka det som ein takk for innsatsen kvinnene gjorde for å halde hjula i gang under krigen. Det skulle likevel gå ti år til før britiske kvinner fekk røysterett på lik line med menn. I Frankrike fekk ikkje kvinner røysterett før i 1944. «The war to end all wars», hadde Woodrow Wilson kalla det då USA kasta seg inn i den første verdskrigen. Freden kom med tru på ei betre framtid, på krafta i ­demokratiet. Dei åtte nye statane som vart oppretta i Aust-Europa, hadde demokratiske grunnlover. Arbeidarar og kvinner fekk større politisk innverknad. Folkeforbundet vart stifta, som eit forsøk på å løyse internasjonale konfliktar ved hjelp av dialog og samarbeid – ikkje våpen. Folk flest fekk meir fritid, betre helse og tilgang til ny teknologi som prega kvardagen. I 1920-åra var det optimismen og framtidstrua som rådde. Men så kom krakket i 1929. Tusenvis av bedrifter over heile verda gjekk konkurs, arbeidsløysa skaut i vêret, og 1930-åra fekk ei anna retning. Den økonomiske krisa gjorde at stadig fleire snudde ryggen til demokratiet.

Krigen som måtte kome? 1933

Adolf Hitler og nazistane kjem til makta i Tyskland Utover i 1930-åra rustar landet opp. Dei tyske jødane blir utsette for stadig verre undertrykking

1936

264

Den spanske ­borgarkrigen bryt ut

Mellomkrigstida kallar vi perioden mellom dei to krigane, 1919–1939. Teikn som peikar i retning av ein ny krig, blir meir synlege når vi ser heile samfunnsutviklinga som ein uunngåeleg veg mot den andre verdskrigen. Det er lett å oversjå den d ­ emo­kratiske utviklinga, framstega og fredsinitiativa. Historia er ikkje fastsett på førehand. Kva vegar ho går, er avhengig av slumpetreff, trendar og hendingar, og menneska. Andre val og andre slumpetreff kunne gitt heilt andre utfall. Difor har vi valt å kalle dette kapittelet «Ved eit vegskilje». Tenk på alle statsleiarane som kunne gjort andre val, tenk på korleis freds­ forhandlingane kunne vore løyste på ein annan måte, eller sjå for deg kva som ville hendt om New York-børsen aldri var blitt ramma av krakket som sende verdsøkonomien ut i krise. Historia er full av slumpetreff.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Statsministeren i Storbritannia frå 1940, Winston Churchill, var mellom dei som såg på den første og den andre verdskrigen som ein lang trettiårskrig. Den andre krigen var berre ein ny runde, der det igjen galdt å stagge tyskarane, som ville skaffe seg verdsherredømme. Versaillestraktaten var for mild til å knuse tyskarane, men også så hard at økonomien og politikken i landet leid under det. Dermed vart det rom for ein mann som Adolf Hitler. Avslutninga av den første verdskrigen bar i seg spirene til nye konfliktar. Dei nye grensene i Aust-Europa som vart teikna med håp og optimisme, utløyste etter kvart misnøye og uro mellom ulike folkegrupper. Og snart skulle demokratiet få konkurranse frå både kommunismen og ein blomstrande fascisme i Europa.

buffersone: nøytral sone som ligg mellom statar og skal hindre militære konfliktar krakk: økonomisk samanbrot

Kommunistane mot makta Sosialistane vart ved inngangen til 1900-talet splitta i to leirar. Kommunistane venta på ein revolusjon, og mange av dei såg for seg at han ville kome i eit industrielt utvikla samfunn, til dømes Tyskland. Men både i Skandinavia og i Tyskland fekk tanken om revolusjon mindre kraft. I staden vart arbeidarane inkluderte i det parlamentariske systemet. Dei fekk utvida rettar, dei kunne røyste ved val, og i mellomkrigstida fekk sosialdemokratiske parti danne regjering. Mange sosialistar ville heller arbeide for samfunnsideala sine innanfor det politiske systemet, ikkje ved ein revolusjon. Men i Russland gjekk utviklinga i ei anna retning. Sjølv om landet hadde ein relativt liten arbeidarklasse, og sjølv om kommunistane streva med oppslutninga, var det her den store revolusjonen skulle kome.

Kva trur du dette kapittelet skal handle om? Lag 2–3 problemstillingar som du trur kapittelet vil gi svar på.

St. Petersburg Byen – som var russisk hovudstad fram til revolusjonen – har bytt namn tre gonger. Under den første verdskrigen høyrdest namnet for tysk ut og vart endra til det meir russisk-klingande Petrograd. Etter at Lenin døydde, fekk byen namn etter han: Leningrad. Då Sovjetunionen fall, vart namnet igjen endra til St. Petersburg. I dette kapittelet er byen kalla St. Petersburg.

Lenin heitte eigentleg Vladimir Iljitsj Uljanov (1870–1924). Storebror hans, Alexander, vart hengd i 1887 for å ha vore med på å planleggje eit attentat mot tsaren. Denne opplevinga førte til at tenåringen Vladimir kom med i hemmeleg revolusjonær politikk.

265


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Russland før 1917

Å drøfte om ei hending representerer brot eller kontinuitet, er vanleg i historiefaget. Ha det i bakhovudet når du les om den russiske revolusjonen. Var det brot på alle samfunnsområda?

Tsar Nikolaj 2. ante ikkje at han skulle bli den siste tsaren i det russiske keisarriket då han overtok makta etter far sin seint på 1800-talet. Inn i det nye hundreåret regjerte han over eit fattig bondeland der flesteparten av innbyggjarane var analfabetar, og rike godseigarar eigde jorda. Nikolaj var oppteken av å halde på keisarmakta og tradisjonane, og forslag om reformer kalla han «meiningslause draumar». Likevel var store forandringar i emning. Radikale politiske grupper eksisterte, den best organiserte av dei var bolsjevikane, som var leidde av Vladimir Lenin. Men desse gruppene levde i frykt for det hemmelege politiet i regimet. Tre revolusjonar skulle ramme tsaren. Den første kom i kjølvatnet av krigen mot Japan i 1905. Russland tapte, og tsar Nikolajs popularitet nådde botnen då ei fredeleg gruppe demonstrantar marsjerte mot Vinterpalasset i St. Petersburg med eit opprop til tsaren. Rundt 200 menneske vart skotne ned og drepne, og «den blodige søndagen» førte til streikar, demonstrasjonar, drap og plyndring av husa til rike gods­ eigarar. Revolusjonen vart slått ned, og tsaren valde noko motvillig å gå med på politiske reformer. Dumaen vart oppretta, og grunnleggjande borgarrettar innførte, men makta låg framleis like fullt hos tsaren. Ei ny bølgje av arrestasjonar og avrettingar av politiske motstandarar følgde. Særleg vart jødane utsette for forfølging, pogromar, og i desse åra utvandra mange russiske jødar vestover. Då dei to neste revolusjonane kom med kort mellomrom under den første verdskrigen, var likevel tsarens dagar talde.

Bolsjevikar og mensjevikar Bolsjevikane var ein del av dei russiske sosialistane. Ordet bolsjevik tyder ‘fleirtalsmann’, i motsetning til mensjevik – ‘mindretalsmann’. Bolsjevikane og mensjevikane høyrde i utgangspunktet til same parti, men grupperingane braut heilt med kvarandre frå 1912. Bolsjevikane ynskte eit strengt styrt eliteparti, mens mensjevikane ville ha eit masseparti.

Revolusjonsåret 1917

pogrom: forfølging og drap på jødar februarrevolusjonen og oktoberrevolusjonen: blir også kalla marsrevolusjonen og novemberrevolusjonen. Årsaka er at den russiske kalenderen vart endra under revolusjonen. Etter den gamle kalenderen gjekk revolusjonane for seg i mars og november. I dette kapittelet har vi valt å gå ut frå den nye tidsrekninga. sovjet: råd eller forsamling abdisere: gi frå seg trona

266

Innstillinga til krigen hos folk forandra seg i mange europeiske land. Patriotismen og optimismen måtte etter kvart vike for krigstrøyttleik og aukande utfordringar med hungersnaud. Russland hadde vore ein av dei største korneksportørane i verda før krigen, men greidde ikkje skaffe nok mat til byane. I 1916 slo avlingane feil. Ved fronten førte manglande forsyningar og dårleg krigføring til at soldatane nekta å ­følgje ordre. Mange deserterte, og det oppstod streikar og plyndring. Både soldatar og sivile mista tiltrua til tsaren, som alt før krigen hadde ord på seg for å vere ­udugeleg og korrupt. Betre vart det ikkje då det vart allment kjent at den mystiske sektleiaren Rasputin fungerte i ei slags rådgivande rolle for tsarekteparet. Dei store lidingane og krigen som tok på, gjorde at vegen låg open for revolusjon. Dei revolusjonære gruppene hadde framleis med politiske attentat, men då februarrevolusjonen kom i 1917, overraska det bolsjevikane. Ettersom dei var redde for livet, heldt fleire av leiarane i rørsla seg i New York, mens Lenin var i Sveits. Tyske styresmakter sørgde for å frakte Lenin med tog nordover, gjennom Sverige og Finland, tilbake til Russland, i håp om at han og kollegaene ville lage så mykje uro at landet vart nøydd til å trekkje seg ut av krigen. I Russland vart tsar Nikolaj 2. tvinga til å abdisere, mens Dumaen oppretta ei mellombels regjering. Samtidig vart det oppretta eit arbeidar- og soldatråd, eit sovjet. I oktober dette året tok bolsjevikane makta. Det har blitt kjent som oktoberrevo­ lusjonen, men var i røynda eit kupp. Bolsjevikane arresterte ministrar, overtok


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

offentlege bygningar og sørgde for at den mellombels regjeringa fekk kort levetid. Då valet til Dumaen gjekk som planlagt i desember, og resultatet viste at bolsjevikane ikkje vart det største partiet (det var eit moderat sosialistisk parti som vann), oppløyste dei folkeforsamlinga og erklærte i staden eit revolusjonært diktatur. Den viktigaste grunnen til at bolsjevikane kunne ta makta på denne måten, var at regjeringa framleis hadde den upopulære krigen. Med slagord som «Fred koste kva det koste vil» og «Jord, fred, brød» var det lett å appellere til eit folk som hadde fått nok av krig og rike godseigarar som heldt fram med å styre jordbruket. Etter oktoberrevolusjonen vart tsaren, kona hans og dei fem barna deira internerte i industribyen Jekaterinburg. Dei skulle etter planen stillast for retten, men då fiendtlege styrkar nærma seg sommaren 1918, vart heile familien ført ned i kjellaren der dei budde, og skotne.

Frå borgarkrig til Sovjetunionen

Lag ei tidsline. Det er mange viktige hendingar som til saman utgjer den russiske revolusjonen. Noter stikkord på tidslina om gangen i revolusjonen mens du les.

Akkurat slik tyskarane hadde håpa då dei plasserte Lenin i den forsegla jernbanevogna med retning Russland, sørgde bolsjevikane for å trekkje landet ut av den første verdskrigen. Men dei greidde ikkje å unngå at det braut ut full borgarkrig i 1918. Striden stod mellom «dei raude», dei som støtta bolsjevikane, og «dei kvite», som var ei samansett gruppe av antibolsjevikar, og inkluderte sosialdemokratar, nasjonalistiske grupper som ville rive seg laus frå Russland, og tilhengjarar av det gamle tsarveldet. Borgarkrigen varte til 1922, og sjølv om «dei kvite» vart støtta av Storbritannia og Frankrike, leid dei under mangel på felles leiing og ideologi. Då ­krigen var slutt, vart Unionen av sosialistiske sovjetrepublikkar, Sovjetunionen, grunnlagd. «Dei raude» og støttespelarane deira såg for seg at kommunismen skulle gi eit nytt, rettferdig og klasselaust samfunn, men det lét seg ikkje gjennomføre med det første. Bankane var blitt nasjonaliserte, privat handel vart forbode, og styresmaktene sette i gang tvangsinndraging av korn frå bøndene. Det førte til stor motstand på landsbygda. Resultatet vart hungersnaud og opprør, og Lenin bestemte seg for at det mest pragmatiske var å bøye av. Alt i 1921 vart det avgjort at Lenin og Stalin. Då Lenin døydde i 1924, overtok Stalin makta etter ein hard maktkamp der mellom andre Lev Trotskij fekk merke Stalins nådelause metodar.

267


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

blandingsøkonomi: økonomisk system med både privat og statleg næringsverksemd

tvangsinndraginga skulle ta slutt, og at ein skulle gå saktare fram med reformene. NEP (Ny økonomisk politikk) vart lansert. Det var ei form for blandingsøkonomi som gjorde det lovleg å drive privat handel og industri i mindre skala. Kommunismen skulle få kome i rykk og napp. Tidleg på 1920-talet gjekk det også for seg ein maktkamp innanfor det sovjetiske kommunistpartiet. Lenin var blitt alvorleg sjuk, han døydde i 1924. Etter kvart var det éin mann som steig fram som uomstridd leiar for partiet og landet, og han skulle sikre makta med nådelaus valdsbruk.

Stalins terror og paranoia Då Lenin døydde, var det Josef Stalin (1878–1953), ein tidlegare korgut og prestestudent frå Georgia, som skulle stige til toppen av kommunistpartiet. I 1922 vart han vald til generalsekretær. Han brukte tida på å setje ulike fløyer av partiet opp mot kvarandre, mens han sjølv på snedig vis sikra seg stadig meir makt. Etter kvart vart denne samlinga av makt stadig meir valdeleg og paranoid. Lev Trotskij, mannen dei fleste hadde trudd skulle følgje etter Lenin, var ein offentleg kritikar av Stalin. Han vart først utvist i 1929, sletta frå alle historiebøker og i 1940 drepen med ei isøks av ein sovjetisk agent i Mexico. Å hamne i unåde hos diktatoren i Sovjetunionen var livsfarleg. Stalin fekk i stand persondyrking av seg sjølv, som varte heilt til etter at han var død. I Sovjetunionen styrte han med terror. I 1930-åra begynte Moskvaprosessane, der mange av Stalins partikameratar og høgtståande kommunistleiarar begynte å tilstå merkelege brotsverk. Etter tortur og truslar var dei villige til å tilstå fabrikkerte lovbrot. Valdsbruken og paranoiaen førte til dømes til at 98 av dei 139 medlemmene som sat i sentralkomiteen i partiet i 1934, vart arresterte og skotne. Ingen kunne kjenne seg trygg under Stalins styre, ikkje eingong dei som vart rekna som gode kollegaer eller venner. Under høgdepunktet i terroren i 1937–1938 vart over 1,3 millionar menneske dømde for «kontrarevolusjonær verksemd». Rundt halvparten vart skotne, den andre halvparten vart sende til straffeleirar (GULag), der dei vart tvinga til å gjere tungt industriarbeid i dei minst gjestmilde delane av landet i årevis. Dei fleste som vart ramma av Stalins terror, var personar i partiet eller statsapparatet, eller dei høyrde til minoritetsbefolkninga nær grenseområda. I tillegg vart mange av generalane i Sovjetunionen drepne, og om lag halvparten av offiserskorpset vart utrydda. Det fekk katastrofale følgjer for forsvarsberedskapen i landet.

Tvang, svolt og femårsplan

Vi ligg 50 eller 100 år bak dei utvikla landa. Vi må ta igjen forspranget i løpet av 10 år. Klarar vi ikkje det, vil vi gå under. Josef Stalin, 1931

Lenin, og mange med han, håpa at den første verdskrigen skulle endra seg til ein slags internasjonal borgarkrig – ein krig mellom klassane, ikkje mellom land. Tanken var at den russiske revolusjonen skulle fungere som gneisten som skulle tenne eit verdsbål. Det skulle bety slutten på kapitalismen i Europa, men slik gjekk det ikkje. Stalin ville ikkje vente på dei andre landa, men heller utvikle sosialismen i Sovjetunionen. Han lanserte eit nytt slagord: «Sosialisme i eitt land». I 1928 vart det vedteke ein femårsplan og sett i gang storstilt industrialisering i ein sentralstyrt planøkonomi som skulle sørgje for at Sovjetunionen kunne bli sjølvforsynt. For å sikre korn til byane og hæren vart bøndene tvinga til å godta kollektivisering av

268


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Russiske familiar blir deporterte til Sibir. Kva kan dei ha tenkt om det som venta dei?

jordbruket. Privat næringsdrift vart igjen forbode. Sjølv om måla i femårsplanen ikkje vart nådd, var produksjonsauken oppsiktsvekkjande. Men kollektiviseringa skapte også uro og kaos. Mange vart avretta eller sende til tvangsarbeid sidan dei gjorde motstand, andre flytte til byane som trong arbeidarar til industrijobbar. I sum for­ svann eit titals millionar menneske frå landsbygda. Dessutan var det mange bønder som ikkje ville at kollektivet no skulle eige husdyra, og det gjorde at unormalt mange dyr vart slakta. Då hungersnaud ramma i 1932–1933, tok det livet av minst fem millionar menneske. Det kom delvis av dårleg vêr, men også av kaoset som tvangskollektiviseringa hadde skapt. Styresmaktene hadde stilt urealistiske krav om levering av korn til byane. Då svolten skylde inn over Sovjetunionen, var dei ikkje i stand til å handtere det som vart rekna som den verste krisa i europeisk historie. I staden forsvarte styresmaktene det som gjekk for seg. Ein sentralt plassert tenestemann i Ukraina sa: «Vi veit at millionar døyr. Det er uheldig, men Sovjetunionens strålande framtid vil rettferdiggjere det.»

Det sovjetiske samfunnet I den første femårsplanen til kommunistane var kampen mot analfabetisme eit viktig punkt. Skulle kommunistane byggje ein ny elite av arbeidarar og bønder, trong dei ei befolkning som kunne lese og skrive, og gjerne kjende til dei grunnleggjande delane av politikken. Det vart satsa stort på utdanning. I tillegg låg det i kommunismens natur at det var eit samfunn med stor sosial mobilitet. Då låste klassestrukturar mjukna, vart det mogleg for barn av fattige bønder å bli byråkratar eller legar. I tillegg sørgde den massive satsinga på industrialisering og produksjon for at kvinner tok arbeid også utanfor heimen. Mange fekk eit betre liv under kommunismen. Det var også det dei hevda og agiterte med overfor andre. Men i det sovjetiske samfunnet var det mykje som ikkje fungerte. I røynda var det ein eittpartistat der innbyggjarane levde i frykt for valdsbruken i regimet. Det var ingen ytringsfridom og inga moglegheit til å demonstrere eller organisere seg. Staten straffa motstandarane sine med død eller tvangsarbeid, og dei storstilte endringane i produksjonsmåtar og økonomisk politikk viste seg å fungere dårleg over tid.

paranoid: sjukeleg mistenksam, ikkje stole på nokon planøkonomi: økonomisk system der staten har kontrollen over produksjon og omsetning tvangskollektivisering: Bøndene vart tvinga inn i kollektivbruk i staden for å drive eigne gardar for seg sjølve. Kollektivbruk er store gardar der bøndene arbeider saman og deler utgiftene og inntektene.

269


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Komintern GULag: den delen av det hemmelege politiet i Sovjet­ unionen som dreiv slavearbeids- og konsentrasjonsleirar Moskvatesane: reglane for medlemskap i Komintern

Mange såg på den økonomiske framgangen i Sovjetunionen som eit teikn på at kommunismen var politisk overlegen. Gjennom Komintern vart medlemmer av kommunistparti over heile verda organiserte frå Moskva. Det var venta streng lydnad overfor retningslinene som vart ramsa opp i Moskvatesane frå 1920. Reformistar og sentrumsorienterte skulle reinsast ut av partia. Etter kvart gjekk det som elles i Europa med den norske arbeidarrørsla: Ho vart delt i to retningar, den kommunistiske og den sosialdemokratiske. Den siste tok avstand frå Komintern og skulle bli den mest dominerande. Då sjansane for revolusjon i Europa utover 1920-talet verka små, vende Sovjetunionen seg mot andre delar av verda, der det såg lysare ut for kommunismen. Lenin meinte at utfallet av kampen ville bli avgjort av «det faktum at Russland, India og Kina osv. til saman har overveldande fleirtal av befolkninga på jorda».

Fredshåp og tru på demokratiet i 1920- og 1930-åra Folkeforbundet og internasjonalt samarbeid

London 1909.

270

I januar 1919 møttest sigerherrane etter krigen til ein fredskonferanse i Paris. President Woodrow Wilson i USA tok initiativ til å opprette Folkeforbundet. Han meinte at demokratiet som styresett var ein føresetnad for fred – på den måten ville fredsviljen til folk skine igjennom. Og han såg for seg at eventuelle problem ­framover kunne løysast med mekling i ein verdsorganisasjon. Allianseavtalar og hemmeleg diplomati hadde vist seg å vere farleg og øydeleggjande. No skulle Folkeforbundet vere verktøyet som hindra væpna konfliktar, og i 1920-åra såg det ut til å kunne bli ein suksess. Trass i at Senatet i USA stoppa amerikansk medlemskap, var stormaktene Storbritannia, Frankrike, Italia og Japan med. I Aust-Europa gav Folkeforbundet humanitær hjelp og handterte grensekonfliktar. Då også Tyskland fekk medlemskap i 1926, ynskte den franske utanriksministeren Aristide Briand velkomen med desse orda: «Vekk med rifler, maskingevær og artilleri. Rydd veg for forsoning, samarbeid og fred!» Tyskland vart ei hard nøtt å knekkje for naboane sine. Landet var meir folkerikt, og folketalet auka. Det same gjorde økonomien og industrien. Dei store krigsskadeerstatningane som var fastsette i Versaillestraktaten, vart vanskelege å handtere, og i 1924 utarbeidde ein internasjonal kommisjon Dawes-planen for å hjelpe Tyskland tilbake til ein sunn økonomi. Store lån, særleg frå USA, som hadde pengar til gode etter krigen, sørgde for at Tyskland fekk fart på industrien. Samtidig vart det avtalt ein mildare og meir langsiktig plan for betalinga av krigsskadeerstatningar. Dei gamle fiendane Frankrike og Tyskland inngjekk fleire avtalar som betra samarbeidet. Avspenninga vart særleg markert med Locarnoavtalen i 1925, der tyske, franske og belgiske styresmakter skreiv under på at dei ville akseptere landegrensene mellom seg. Tyskland gjekk med på at Rhinland framleis skulle vere ein demilitarisert sone, og handelen mellom landa auka. Siste halvdelen av 1920-talet vart ein roleg periode, og ein håpa at problema frå verdskrigen var i ferd med å bli eit avslutta kapittel. Men krakket som venta i 1929, skulle setje press på verdsøkonomien og dei fredelege forholda som rådde. Folkeforbundet skulle møte langt større utfordringar på 1930-talet, og skulle vise seg å vere ineffektivt når stormaktsinteressene vart for tydelege. Forbundet var makteslaust då Japan og Kina barka saman i Mandsjuria-regionen. Det lykkast


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

ikkje med dei økonomiske sanksjonane mot Italia etter angrepet på Etiopia, og greidde ikkje å stagge aukande oppslutning om Tyskland og nazistane og brot på grensene som det var semje om. Då Tyskland og Italia kasta seg inn i den spanske borgarkrigen på Francos side, var Folkeforbundet handlingslamma. Mot slutten av tiåret hadde Woodrow Wilsons draum om ein fredsskapande organisasjon smuldra opp.

«Deeds, not words» Emily Davison (1872–1913) hadde universitetseksamen frå Oxford. Ho valde å vie livet sitt fullt og heilt til den militante kvinnerettsrørsla Women’s Social Political Union (WSPR). Davison vart fengsla for fleire aksjonar og gjekk til sveltestreik. I 1913 kasta ho seg framfor hesten til kongen i eit Derby-løp og vart trampa til døde. På gravsteinen hennar står det: «Deeds, not words.»

Livet og kvardagen i Vest-Europa

Radioen forvandla livet til dei fattige, og framfor alt livet til dei heimearbeidande fattige kvinnene, slik ingenting hadde gjort før. Radioen førte verda inn i heimen. Ikkje eingong den mest einsame trong å vere einsam heretter. Eric Hobsbawm, britisk historikar

Framtida kjem med eit lite klikk i ein brytar og lyser opp natta. I mellomkrigstida vart det satsa på elektrisk lys over heile Europa. I Storbritannia var det nesten ingen hus som hadde straum då den første verdskrigen var over, men ved inngangen til den andre verdskrigen hadde to tredelar av alle husa i landet elektrisitet. Store oppfinningar begynte å finne vegen inn i kvardagen til folk: elektriske motorar, bilar, fly og

271


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Moten for kvinner i 1920-åra. Skjørtelengda kraup heilt opp til kneet. Det vart vanleg med berre armar og kort hår. Forandringane spegla det nye, aktive kvinneidealet.

suffragette: kvinne som kjempar for røysterett (engelsk suffrage = røysterett). For det meste brukt om britiske røysterettsforkjemparar frå slutten av 1800talet

Les meir om den spanske borgarkrigen på side 282.

272

ikkje minst radioen, som særleg utover 1930-talet bar nyheiter, underhaldning og folkeopplysning inn i stovene. I mange land skapte radioen eit fellesskap, eit oss, fordi alle høyrde dei same programma. Kinoar var populære og vart bygde overalt i byane. På 1920-talet fanst det berre stumfilm. Charlie Chaplin og Buster Keaton var heltar på lerretet, gjerne akkompagnerte av pianistar i kinosalane. Film med tale kom først i 1928 og forandra kinoane for alltid. Mellom dei første var Walt Disneys filmar, med Mikke Mus i spissen. Hollywood produserte over ti storfilmar i veka, men det var Japan som laga flest spelefilmar. Eit anna trekk var at folk fekk meir fritid. Dei kunne ta med seg reisegrammofonen på feriar, sveive han opp og danse til foxtrot eller tango. I løpet av 1930-talet vart det vanleg med ei veke betalt ferie. Bading og soling vart populært, og mange pakka teltet og drog ut på landsbygda. Dei færraste hadde råd til bil, så nær som i USA, der han vart eit vanleg framkomstmiddel i mellomkrigstida. Det gamle arbeidarkravet om åttetimarsdag var blitt innført i dei fleste vestlege landa etter krigen, og folk brukte meir av fritida si mellom anna på lesing. Massemedium vart ein del av livet til folk, aviser og vekeblad vart spreidde i stadig større opplag. Skuleverket vart også betre. Når mørket kom, var det berre å skru på lysbrytaren. Stadig fleire fekk telefon, først kontora og deretter privatheimane. Avstand vart noko anna enn før. Verda vart større i alle retningar. Albert Einstein snudde opp ned på tankane som folk hadde om kva verdsrommet var, med relativitetsteorien sin. Om lag samtidig hadde forskarar vist at grunnstoffa kunne delast opp i elektron og proton, og energi kunne frigjerast ved spalting av atom. Mennesket var i ferd med å finne fram til ­krefter som skulle forandre historia for alltid. Framtida var komen.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Uro for folketal og arvemateriale Nedgang i folketalet hadde vore ein trend alt før verdskrigen braut ut. I tillegg feia spanskesjuken over kloden mellom 1918 og 1920. Pandemien tok over dobbelt så mange liv som den første verdskrigen gjorde, og også den ramma spesielt unge vaksne. Namnet fekk han på grunn av pressesensur. Det var framleis krig då dei første dødsfalla vart melde i USA, men det vart dyssa ned i pressa for å ta vare på moralen. Men journalistane i det krigsnøytrale Spania stod fritt til å rapportere om sjukdommen då han spreidde seg der. Det fanst ikkje medisinar til å behandle sjukdommen, og sjølv om overslaga varierer frå 17 til rundt 100 millionar døde, er det ingen tvil om at viruset fekk store globale konsekvensar. Nokre stillehavsøyar vart særleg hardt ramma og mista store delar av befolkninga. I Irland stod pandemien for ein tredel av alle dødsfalla i dei verste 12 månadene. På slagmarka spreidde sjukdommen seg raskt og nådelaust mellom soldatane som låg tett på kvarandre under dårlege hygieniske forhold. Somme har også argumentert med at viruset avgjorde krigen, ettersom pandemien spreidde seg mellom soldatane til sentralmaktene før mellom soldatane til dei allierte. Etter ein pandemi og ein brutal krig var det kanskje ikkje så rart at folkeauken stoppa opp eller gjekk ned i fleire europeiske land. Det var rett og slett færre unge vaksne som kunne stifte familie. Samtidig var det som nemnt ein trend at ein fekk færre barn, særleg i Vest-Europa. Det uroa religiøse og politiske leiarar. Ei stor og sterk befolkning var ein føresetnad for å forsvare landet mot fiendar. Dessutan stod tanken om rasehygiene, det vi i dag kallar eugenikk, sterkt i land som USA, Tyskland og Storbritannia og i Skandinavia. Her galdt det å dyrke fram «det beste arvematerialet». For å få det til måtte menneske med det ein meinte var meir verdifulle arvelege eigenskapar, få fleire barn enn dei som vart vurderte som mindreverdige. Internasjonale tidsskrift vart gitt ut, organisasjonar stifta og store konferansar haldne. På 1920-talet var det eugeniske rørsler i meir enn 30 land over heile verda. Dei som innbilte seg at den europeiske rasen var overlegen, kunne no sjå teikn på at han heldt på å døy ut. Eugenikken skulle etter kvart stikke ut kursen i NaziTyskland, der ein ville dyrke fram ein arisk «eliterase». Jødar, sigøynarar og funksjonshemma var mellom dei som skulle kome til å representere det motsette av den sunne og sterke rasen nazistane såg for seg. Konsekvensane for desse gruppene skulle bli katastrofale. Men i dei fleste europeiske landa var det om å gjere å hjelpe på folkeauken, og dei europeiske regjeringane oppmuntra mødrene til å produsere barn for fedrelandet (i Frankrike, Belgia og Tyskland vart det delt ut medaljar til mødrer som fødde mange barn). I tråd med tidsånda gjorde blomsterhandlarar morsdagen populær i 1920-åra. Abort vart forbode i mange land, mellom anna i Frankrike (1920) og i Storbritannia (1929). Likevel vart det utført på kvinner frå alle sosiale lag. Å få gjennomført ein abort på denne tida var eit ulovleg, farleg og smertefullt inngrep – anten det vart gjort på eiga hand eller hos meir eller mindre legekyndige. I fleire land var det også forbode å selje og reklamere for prevensjon.

273


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Krakket – den økonomiske krisa som ramma heile verda

Kva var årsakene til det øko­ nomiske krakket? Lag ei årsaks­kjede. (Les meir om årsakskjeder på side 510.)

Det er teke bilete av folkemengda som samla seg utanfor børsen i Wall Street i New York mot slutten av oktober 1929. Menn i hatt og frakk omringa bilane og hestane i gata nedanfor, stimla uroleg oppover trappene til børsen, somme var avventande, andre viste teikn på panikk. Ante dei kva som venta? Den økonomiske krisa som begynte her, skulle bli lengre og meir inngripande enn noka anna krise verda hadde sett. Samanbrotet toppa seg 29. oktober, dagen som seinare har blitt kalla «Black Tuesday». I løpet av få dagar var verdien av aksjane på børsen nesten halvert, og nedturen heldt fram. Med avisoverskriftene spreidde panikken seg over heile verda. Finanskrisa som følgde, sende verdsøkonomien ut i ein årelang depresjon. Mange land prøvde å redde sin eigen økonomi ved å innføre tollmurar og stoppe import av utanlandske varer. Resultatet vart at verdshandelen minka, og at krisa vart forlengd. I USA var følgjene av krakket at ei konkursbølgje ramma næringslivet. Folk mista jobb og sparepengar, og utan noko sikringsnett fall etterspørselen etter varer og tenester dramatisk. Mange streva med å greie låna sine, for millionar endra livet seg nesten over natta. Økonomien stagnerte. I 1933 var 14,5 millionar amerikanarar arbeidslause. Kvar fjerde innbyggjar stod utan jobb. Korleis kunne det gå slik? I tiåret etter krigen var USA eit land med stor framtidstru, pilene peikte oppover. Mange menneske flytta inn til byane i håp om eit betre liv og jobb i den stadig veksande industrien. Men sjølv om det kokte i byane, vart situasjonen etter kvart heilt motsett for bøndene. Hard konkurranse med andre land som produserte korn, hadde ført til internasjonal overproduksjon. Prisane, og med det inntektene, fall. Då valde mange bønder å spare pengar i staden for å bruke dei. Fleire økonomiske fareteikn vart tydelegare: Talet på amerikanske lån og investeringar i Europa minka i tida før 1929. Folk vart meir forsiktige med pengane sine. Bustadmarknaden stagnerte. Færre kjøpte bilar. No ville amerikanarane spare, ikkje kjøpe dyre forbruksvarer. Dermed fall prisane, og industribedriftene begynte å få problem. Samtidig var trua stor på at aksjemarknaden ville halde fram med å stige, og mange spekulerte i det, ofte med lånte pengar. Etter kvart var bobla nøydd til å sprekke. Og då det hende, ville alle selje aksjane sine, som heldt på å bli verdilause.

«New Deal»-politikken i USA Ein følgje av krakket, meiner mange, var at demokraten Franklin D. Roosevelt vann presidentvalet i 1932. Bilsalet i USA var halvert, folk hadde mista tiltrua til bankane, og arbeidsløysa var rekordhøg. Framtidstrua var blitt til knuste draumar for amerikanarar flest. Roosevelt gjekk til val med lovnader om å gjenreise balansen i den amerikanske økonomien, og han lanserte «New Deal»-programmet sitt. Politikken han innførte, braut med den tradisjonelle amerikanske tilnærminga, spesielt til økonomien. Presidenten ynskte at staten skulle ta større ansvar for velferd for enkeltmennesket, og mange såg det som ei uheldig «europafisering» av USA. Men krisa gjorde at mange mista trua på økonomisk liberalisme (sjå side 195). Det vart utarbeidd nye samfunnsøkonomiske teoriar om at staten måtte styre meir av økonomien. Noko av det første Roosevelt gjorde, var å stengje bankane, som først fekk opne igjen når staten kunne garantere at dei var solide. Mest oppsiktsvekkjande var det at han innførte retten til arbeidsløysetrygd i 1935. Tidlegare hadde arbeidslause måtta håpe på hjelp frå frivillige organisasjonar, men no spelte staten ei ny og aktiv

274


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

rolle i livet deira. Tanken bak det var at ein arbeidarklasse med meir stabil økonomi og tryggare framtid ville bruke meir pengar, og dermed få sving på økonomien igjen. Fleire sosiale velferdsordningar vart innførte, og fleire store offentlege prosjekt kom i gang for å gi folk arbeid. Utover 1930-talet vart det bygt store damanlegg, lange vegstrekningar og fleire offentlege bygningar. Sakte, men sikkert reiste den amerikanske økonomien seg.

Les meir om Hitlers veg til makta på side 283.

Verknader av krisa i Sovjetunionen og Tyskland Store kriser kan også gi store moglegheiter. Slik vart det definitivt for fleire av dei politiske leiarane på 1930-talet. Krisa kunne lett framstillast som eit bevis på at ­parlamentariske demokrati mangla evne til å løyse slike veldige problem. Dei som derimot såg ut til å ha funne løysinga, var land med totalitære styresett. I Sovjet­ unionen merka dei lite til den internasjonale krisa fordi landet hadde satsa alt på sjølvforsyning, og nesten var økonomisk isolert. Stalins idé om «sosialisme i eitt land» (sjå side 268) hadde ført til at Sovjetunionen på 1930-talet bygde opp industri i stor skala, og difor ikkje fekk eit arbeidsløyseproblem. I Tyskland skulle krisa, som vi skal sjå seinare, bidra til Adolf Hitlers veg mot makta. Krakket gjorde at dei høgreradikale straumdraga fekk ny grobotn, mykje på grunn av iherdig propagandaarbeid. Fleire vart opne for ideen om ein handlekraftig, eineveldig leiar som kunne få nasjonen på fote igjen. I januar 1933 vart Hitler utnemnd til rikskanslar, og etter berre nokre månader stramma han grepet. Landet vart dermed ein totalitær eittpartistat. Storstilte byggjeprosjekt og enorm militær opprusting, saman med store lån frå utlandet, førte til ein stadig betre tysk økonomi. Hitler og naziregimet vart populære, og rusta seg for krigen som skulle kome. I 1935 innførte Hitler allmenn verneplikt, og året etter marsjerte tyske troppar inn i demilitariserte Rhinland.

tollmurar: toll er ei avgift som styresmaktene legg på varer som skal inn i landet. Tollmurar vil seie at avgiftene blir sette ekstra høgt for at det skal bli dyrare å kjøpe utanlandske varer enn varer som er produserte i heimlandet totalitært styresett: diktatorisk styresett der alt skal underordnast statlege interesser

Adolf Hitler – far til «die Autobahn», som vart førebiletet for moderne motorvegar. Hitler tok det første spadetaket i 1934. Vegprosjektet gav 15 000 arbeidarar jobbar i 1934, og var ei viktig strategisk førebuing til krig. I propagandaen vart motorvegane hylla som «pyramidane i Det tredje riket», og det vart halde utstillingar med kunst som var inspirert av bygginga.

275


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Fascistiske og nazistiske straumdrag Utover i mellomkrigstida greip ekstreme og nasjonalistiske høgreparti makta i mange europeiske land. Statsleiarane ynskte å føre samfunnet tilbake til slik det var før røysteretten og demokratiet vart innførte. Fascismen og nazismen var moderne høgreekstreme ideologiar. Dei tilbaud eit nytt nasjonalt fellesskap, samtidig som dei vart oppfatta som tydelege motstandarar av kommunismen i Sovjetunionen. Etter kvart skulle endringane i Tyskland og Italia føre til krig.

Fascistane til makta i Italia

Benito Mussolini (1883–1945). Postkort frå 1924. Kvifor brukte fascistane symbol frå antikken i propagandaen sin?

276

Lenge før verda kjende namnet Benito Mussolini, skreiv ein italiensk politikar heim til kona si frå ein partikonferanse, og fortalde at det hadde dukka opp ein «vedunderleg ung mann» som var «lagnadbestemt til å dominere partiet». Han var, ifølgje ­brevet, «mager, hard, brennande og høgst original med sine veltalande utbrot». Politikaren var sikker i si sak: Den vedunderlege unge mannen hadde ei stor framtid framfor seg. Forteljingane om Benito Mussolinis vakre røyst og store talegåver skulle følgje han heile vegen mot toppen. Då Italia gjekk inn i den første verdskrigen, var det med håp og lovnader om gevinst i form av koloniar og nye territorium. Det unge landet låg bakpå i kappløpet om koloniar og hadde tapt krigen mot det som skulle bli Etiopia, då dei prøvde seg der første gongen i 1896. Då den første verdskrigen var over, fekk dei ikkje løn for strevet, slik mange italienarar hadde håpa. Nasjonalistar meinte fredsavtalen i praksis var eit svik mot det italienske folket, at landet hadde blitt lurt av dei andre sigersmaktene. Samtidig ulma det av sosial og politisk uro i landet. Det største partiet var Sosialistpartiet. Dei ynskte revolusjon, og vegen mot det skulle bruleggjast med massestreikar og fabrikkokkupasjonar. Overalt i industrien og jordbruket vart det streika, til stor ­irritasjon for bedriftseigarar og borgarskapet elles. I 1920 var det nesten 2000 ­streikar, og mange var redde for at ein sosialistisk revolusjon låg framfor dei. Styresmaktene valde å godta at fascistane brukte vald mot arbeidarane. Det passa både dei liberale og dei borgarlege partia, og dessutan kongefamilien og kyrkja, at fascistane voks fram som hovudmotstandarane til sosialistane. Dermed fekk fascistane vind i segla utover 1920-talet. Det kom til blodige samanstøytar, ei mengde fagforeiningskontor vart brende ned, og dei sosiale spenningane prega kvardagen for folk. I politiet og hæren var sympatien med fascistane stor. Der såg ein dei som gode hjelparar i kampen mot streikeuroa. Fascistpartiet vart grunnlagt av Benito Mussolini i 1919. Far hans var smed og mor hans lærarinne, og familien budde i ein liten italiensk landsby. Mussolini engasjerte seg tidleg i arbeidarrørsla. Han var i ein periode redaktør for ei sosialistisk avis, men braut med sosialistane då dei ikkje ville vere med i den første verdskrigen. Dermed var ein annan kurs staka ut for det politiske talentet. Mussolini såg for seg eit samfunn styrt av ein revolusjonær elite som handla på vegner av folket. Og denne eliten skulle leiast av han. I staden for ein verdsrevolusjon av og for arbeidarar, slik sosialistane såg for seg, ynskte fascistane ein nasjonal revolusjon. Til å begynne med var dei opptekne av typiske kampsaker for arbeidarklassen, men arbeidde også for eit sterkt, stolt og imperialistisk fedreland, med blikket retta bakover mot det gamle Romarriket. For fascistane var nasjonen, staten, det største av alt. Flagg, symbol, opptog og den gamle romerske helsinga – eine armen rett opp – vart ein viktig del av rørsla. Det vart også valdsbruken. Valden i den politiske kampen vart gjord til noko heroisk.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Svartskjorter. Dei svarte skjortene til fascistane symboliserte død. Inspirasjonen til uniforma vart henta frå ein spesialstyrke under den første verdskrigen. Mange av dei første fascistane hadde kjempa i krigen.

Fascistane hadde sin eigen halvmilitære styrke, svartskjortene. Mange av medlemmene var unge og hadde vore soldatar i krigen som hadde herja Europa. Etter ein periode med politisk uro og sosialistisk massestreik i 1922 greip Mussolini sjansen. I «marsjen mot Roma» samla over 25 000 svartskjorter seg utanfor den italienske hovudstaden. Marsjen vart viktig i mytologien som fascistane laga seg, ei vakker forteljing om gjennombrotet, men i røynda utgjorde dei ingen trussel mot det italienske militæret. Dei var dårleg væpna, flesteparten berre med klubber, men i ein spent politisk situasjon og eit samfunn der fascistane hadde teke kontrollen med valdsbruk i fleire mindre byar, valde kong Victor Emmanuel å bøye av. Løysinga vart eit kompromiss med fascistane, der Mussolini vart regjeringssjef i ein koalisjon med dei liberale. Etterpå paraderte svartskjortene gjennom brusteinsgatene i Roma. Fascistane hadde kome til makta på lovleg vis, men den overhengande trusselen om valdsbruk spelte ei viktig rolle.

Mussolinis Italia Den moderate sosialistiske politikaren Giacomo Matteotti var ein av dei som ope kritiserte valdsbruken til fascistane og klaga dei for valfusk. Etter ein lang og oppheta Mussolini-kritisk tale i parlamentet i 1924 skal han ha fortalt partikollegaene sine at dei kunne begynne å førebu gravtalen hans. Halvanna veke seinare vart han bortført og drepen. Drapet skapte sterke bølgjer i den italienske opinionen, pressa kravde at Mussolini måtte gå av, og i ein periode såg det ut til at kritikken kunne få alvorlege konsekvensar for fascistane. Men på nyåret 1925 trassa Mussolini opposisjonen og heldt ein glødande tale der han tok ansvaret for valden som hadde herja i landet, og utfordra parlamentet til

koalisjon: mellombels allianse mellom partar, til dømes parti eller statar

277


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

å stille han for riksrett. Ingen våga. Det fanst ingen samla opposisjon. I staden stilte dei seg bak han. Mussolini erklærte seg ansvarleg berre overfor kongen. Parlamentet vart oppløyst, og i åra som følgde, voks det fascistiske diktaturet fram. Fascistpartiet vart det einaste tillatne partiet, og fagforeiningar som ikkje var fascistiske, vart forbode. Streik og lockout vart også forbode. Pressesensuren sørgde for å fjerne kritiske røyster.

Kvifor fascisme?

Kva kjenneteiknar fascismen i Italia? Noter stikkord du seinare kan bruke i eit venndiagram med nazismen i Tyskland.

Kva gjer at ei befolkning sluttar opp om parti og leiarar som vil innføre diktatur og dermed ta frå dei makta? Historikarar peikar på nokre fellestrekk. Ein føresetnad er gjerne at samfunnet strevar med store økonomiske eller politiske problem. Depresjon og arbeidsløyse testar trua på demokratiet og kan gjere folk opne for alternativ. I Italia var det først og fremst store politiske spenningar som gjorde utslaget. Frykta for kommunistane var med på å bane veg for fascistane. Samtidig er det avgjerande kor stabilt det politiske systemet er. Dersom dei andre partia mislykkast i møtet med kriser, dersom opposisjonen er splitta og folket har lite tillit til politikarar, er det meir rom for tanken om ein sterk og handlekraftig leiar som bortimot åleine lovar å vise veg tilbake til gammal stordom. I Italia vart makta konsentrert hos «Il Duce», som Mussolini vart kalla. Ytringsfridommen forsvann, det vart oppretta eigne instansar for å ta seg av «politiske brotsverk», og overvakinga av befolkninga auka. Ideen om ein stolt og samla nasjon med imperialistiske ambisjonar vart viktig. Då Italia angreip Etiopia i 1935, følgde millionar av ektefolk oppfordringa om å ofre gullringane sine til støtte for krigen. Ein god italienar var den som vigde livet sitt til å tene staten. Med fascistane ved roret skulle Italia vere ein korporativ stat, der all verksemd vart organisert under staten. Dersom arbeidarar og arbeidsgivarar vart ueinige, skulle det løysast i eigne råd som staten styrte. I praksis sørgde det for at staten fekk større kontroll, spesielt over arbeidarane. Italia vart ikkje ein fullt ut totalitær stat. Det fascistiske regimet var på mange måtar basert på kompromiss med dei andre samfunnsmaktene: kyrkja, kongehuset, dei militære, næringslivet og rettssystemet. Dermed vart ikkje fascistane så dominerande som nazistane i Tyskland. I tillegg skilde den italienske fascismen seg frå nazismen på eit viktig punkt: Han var ikkje antisemittisk. Først i 1938, etter påtrykk frå Tyskland, begynte jødeforfølgingane i Italia, og det møtte ein god del motstand i befolkninga. Deltakinga i krigen skulle i det store og heile bli katastrofal for Italia, og det var det som avgjorde Mussolinis lagnad. I 1945 vart han teken til fange og ­avretta av italienske partisanar.

Den tyske Weimarrepublikken 1919–1933 Vatikanstaten: området rundt Peterskyrkja i Roma, den minste staten i verda dynamisk: med kraft, energi korporativ stat: stat der representantar frå ulike samanslutningar (korporasjonar), slik som bedrifter eller fagforeiningar, har makta, i staden for folkevalde representantar frå ulike parti

278

Den tyske økonomien og framveksten av nazismen er nær knytt til kvarandre i ­mellomkrigstida. Nazismen gjorde seg først gjeldande under inflasjonen i 1923, og forsvann nesten då økonomien betra seg kraftig mot slutten av 1920-åra. Men då den økonomiske krisa også ramma Tyskland i 1930-åra, skaut nazismen fart igjen. Republikken som erstatta det gamle keisardømmet i Tyskland, fekk ein brysam fødsel. Nederlaget i den første verdskrigen hadde kome som eit sjokk på befolkninga. Det hadde ikkje vore kampar på tysk jord, og dersom folk flest skulle tru ­propagandaen dei hadde fått servert, låg tyskarane an til ein sikker siger. I dette rommet mellom forståing og verkelegheit fekk «dolkestøytlegenda» feste. Denne myten gjekk ut på at Tyskland tapte krigen i dei siste dagane på grunn av svikt i


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

heimefronten, der revolusjonære sosialistar og andre forrædarar sveik fedrelandet og søkte fred og nederlag framfor å vinne krigen. Trass i at hæren sjølv hadde avvist dette, vart myten populær, og Adolf Hitler skulle etter kvart bruke myten ukritisk og i mange samanhengar på sin veg mot makta. «Eg vart klar over lagnaden min (…) Eg bestemte meg for å bli politikar», skulle han skrive om krigsnederlaget. Versaillestraktaten med sine audmjukande retningsliner, forbod mot militær opprusting og store erstatningskrav førte til mykje misnøye i Tyskland. Det var den sosial­ demokratiske regjeringa som hadde vore nøydd til å skrive under på fredsavtalen. Dermed var Weimarrepublikken frå første stund knytt til nederlaget. Tilliten til politikarane og systemet var liten så lenge republikken eksisterte. Men midt i dei urolege tidene fekk Tyskland ei demokratisk grunnlov med allmenn røysterett – også for kvinner. Som om ikkje dei politiske utfordringane var store nok, var staten også i praksis tom for pengar. Krigen hadde kosta for mykje, og dei økonomiske problema eskalerte. I 1923 invaderte franske og belgiske styrkar det viktige industri­ distriktet Ruhr for å prøve å tvinge tyske styresmakter til å betale krigserstatningane i Versaillestraktaten. Det tyske svaret vart streik, som styresmaktene finansierte. Men streik er dyrt, og for å kunne betale dei som streika, lét styresmaktene setelpressene gå for full maskin. Det førte til hyperinflasjon. Pengar var rett og slett ikkje verde noko lenger. Sparepengane til folk hadde blitt verdilause. Panikken breidde seg. I 1922 kosta eit brød 160 mark, men i november året etter var prisen 200 milliardar mark. Lønningane vart utbetalte i posar, og folk skunda seg til butikkane fordi pengane minka i verdi frå éin dag til den neste. I staden begynte mange å vende tilbake til byttehandel. For fire egg kunne du få ein hårklipp, ei gravferd kosta 40 egg. Middelklassefamiliar bytte sølvtøy og instrument mot sekkar med kveitemjøl. Hyperinflasjonen og arbeidsløysa som følgde med, førte til at mange mista trua på politikarane. Nazistpartiet auka i popularitet, og det var i denne situasjonen at Adolf Hitler for ­første gong prøvde å kome til makta gjennom «kuppet i ølhallen». Nazistiske troppar storma eit politisk møte i München for å prøve å presse delstatsregjeringa til å støtte Hitler, men kuppet var mislykka. 16 av partimedlemmene hans døydde, og Adolf Hitler vart sikta for høgforræderi. Men då rettssaka kom opp, nytta Hitler høvet til å bruke talarstolen han hadde fått: Korleis våga dei å kalle han forrædar, han som berre hadde ynskt å styrte forrædarane som hadde underteikna Versaillestraktaten? Hitler var langt frå den einaste som var misfornøgd med vilkåra etter freden. Og jamvel då Weimarrepublikken hadde sin glansperiode frå 1925, låg nederlaget og audmjukinga og lurte ein stad under overflata. Men økonomien betra seg kraftig, velferdsordningane var gode, og Tyskland vart rekna som eit kulturelt sentrum og eit høgteknologisk land utover 1920-talet. Mykje av framgangen var ­likevel basert på store utanlandske lån, som var sårbare for utviklinga i verdsøko­ nomien. Og då den økonomiske krisa skylde inn over Tyskland i 1930, må Hitler ha sett det som ei gyllen moglegheit for nazistane.

Hitler og Hindenburg i 1933.

antisemittisk: jødefiendtleg hyperinflasjon: ekstrem form for inflasjon. Inflasjon vil seie at prisane aukar fordi det er mykje pengar i omløp. Pengane mistar verdi

279


1930-åra: Ei fiendtleg verd Det internasjonale samarbeidet i krise I løpet av 1930-åra braut dei fascistiske statane stadig internasjonale spelereglar. Folkeforbundet stod makteslaust. Det siste forsøket på internasjonalt samarbeid var nedrustingskonferansane i Genève i 1932–1934. Konferansane viste at ingen land

torde å skjere ned på dei militære styrkane sine. Tyskland melde seg ut av Folkeforbundet og trekte seg frå forhandlingane då Hitler kom til makta. I Europa vart Tyskland, alliert med Italia, den dominerande makta. I Asia var det Japan som dominerte.

Ei gruppe kvinnelege spanske nasjonalistar på besøk i Berlin i 1938. Beskriv biletet.

280


Ekstrem nasjonalisme i Japan, 1930–1945 Hæren spelte ei anna rolle i Japan enn i vestlege statar i mellomkrigstida. Landet voks til ein sterk og relativt sjølvstendig industrinasjon, og gjennomførte store demokratiske reformer, men hæren var likevel sjølvstendig og hadde ein sterk maktposisjon. Nye, liberale idear vart populære på 1920-talet, men nasjonalistane, med hæren i spissen, mislikte samfunnsendringane – det vestlege hadde ingen plass i japansk kultur. Då krisa ramma verda etter 1929, utløyste det ein depresjon i Japan som gjorde at den ekstreme nasjonalismen fekk endå fleire tilhengjarar. Politiske mord vart etter kvart vanleg, og hæren dreiv ein imperialisme som ikkje lét seg stanse av at regjeringa ynskte noko anna. På eige initiativ, mens dei bevisst ignorerte protestar frå styresmaktene, begynte nasjonalistiske japanske hæravdelingar å erobre delar av Mandsjuria-regionen nordaust i Kina. Det internasjonale samfunnet protesterte, men hærleiinga nekta å følgje avtalen politikarane gjorde med Folkeforbundet. Ingen våga å stille opp mot hæren, og i Japan vart forholda meir brutale. Landet melde seg ut av Folkeforbundet og inngjekk i staden ein avtale med Tyskland i 1936, Antikominternpakta. Nazistane, som kanskje ikkje hadde mykje til overs for japanarane i sitt raseide-

Italia angrip Etiopia Eit jubelbrøl frå fleire hundre tusen menneske høyrdest i Roma. Benito Mussolini hadde stige ut på balkongen på Palazzo Venezia. Han stod breibeint med hendene på hofta, og skaut den karakteristiske haka fram, slik han gjerne gjorde. Svart skjorte, grå uniform og den runde, svarte lua som den fascistiske militsen brukte. Så lyfte han handa, og folkemengda tagde i kveldsmørket. «Eit storverk er fullført», sa han. Året før, i 1935, hadde Italia gått til angrep på keisardømmet Etiopia. Fascistane hadde tapt popularitet, og tanken var at draumen om eit «itali-

ologiske tankegods, meinte likevel at Japan kanskje kunne bli ein handlekraftig alliert i Aust-Asia. Japan­ arane hadde sjølve sterke rasistiske haldningar overfor nabolanda sine, og det kom til å prege den massive krigføringa i Kina. I periodar kom det også til samanstøyt med Sovjetunionen, men japanarane skulle snart vende blikket sørover. Nasjonalismen og imperialismen, kombinert med ein overlegen militær styrke, skulle sørgje for at enorme landområde kom under japansk kontroll. Sjølvtilliten voks. Og ein søndag i desember 1941 skulle dei trekkje amerikanarane inn i krigen då dei første flya vart observerte på Hawaii, og angrepet på Pearl Harbor var i gang.

ensk imperium» skulle gi Mussolini ny lia forlét Folkeforbundet i protest og prestisje på heimebane. Kamphandlin- knytte seg nærare Tyskland, slik fleire gane hadde vore brutale, og italienahadde frykta. Men i Italia heldt dei fram rane var overlegne med sine bombefly, med å hylle Mussolini. 12_22 stridsvogner og kjemiske våpen (sjølv om dei hadde skrive under på ­Genève­konvensjonen i 1925, som ERITREA forbaud det), mens etiopiarane hadde fleire soldatar. Men det å skaffe seg koloniar vart FRANSK SOMALILAND ikkje lenger oppfatta på same måten BRITISK SOMALILAND Addis som nokre tiår før. Etiopia var medlem Abeba av Folkeforbundet, og då keisar Haile Selassie appellerte om hjelp, var det innlysande at det militære angrepet ITALIENSK Italienske SOMALImåtte leie til sanksjonar. Krigføringa territorier territorium LAND Italienske vart fordømd, og økonomiske sanksjoframrykninger framrykkingar nar mot Italia innførte. Det gjorde at Ita-

281


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Den spanske borgarkrigen – krig med europeiske dimensjonar Valet i 1936 førte til at den sosialistiske og republikanske Folkefronten kom til makta i Spania. Landet stod overfor store sosiale motsetningar, spesielt i jordbruket, med store godseigarar på den eine sida og småbønder og jordbruksarbeidarar på den andre. Nasjonalistane, med støtte frå aristokratiet, hæren og kyrkja, prøvde eit statskupp. Det utvikla seg til ein blodig borgarkrig som varte til Madrid fall i 1939, og general Francisco Franco vart diktator. Han skulle kome til å styre Spania fram til midten av 1970-åra. Både Italia og Tyskland bestemte seg for å støtte styrkane til Franco med våpen, fly, forsyningar og troppar. Den andre sida, dei som kjempa for den republikanske regjeringa, fekk støtte frå Sovjetunionen og hordar av frivillige som melde seg til teneste i såkalla internasjonale brigadar. Mange av dei var fagforeiningsfolk, kommunistar og sosialistar. Om lag 300 nordmenn drog dit for å kjempe, sjølv om det var forbode. Borgarkrigen i Spania gjorde at mange tok til å sjå på trusselen frå fascistane med nye auge – pasifistiske idear kom på vikande front, og fleire meinte det var rett å ty til våpenmakt for å ­forsvare demokratiet. Frankrike og Storbritannia tok initiativ til ein ikkje-innblandingsavtale gjennom Folkeforbundet, der dei europeiske stormaktene lova å halde seg utanfor konflikten.

Men det vart i staden eit stort nederlag ettersom det var innlysande for alle at Sovjetunionen, og spesielt Italia og Tyskland, braut avtalen. Det gav Franco og nasjonalistane ein fordel. Samtidig som aksemaktene – Italia og Tyskland – vart knytte endå nærare kvarandre, såg dei at Frankrike og Storbritannia var interesserte i å bevare freden i Europa, koste nesten kva det koste ville. Dermed vart det mogleg for dei å gå endå lenger. Då tyske fly terrorbomba den vesle spanske byen Guernica i april 1937, skremde det opp ei heil demokratisk verd. Men dei store demokratiske maktene valde likevel ikkje å blande seg inn i konflikten. Inger Hagerup var ein av dei mange europeiske forfattarane og diktarane som engasjerte seg i og skreiv om borgarkrigen. Her er det ­første verset av diktet «Spania» frå 1951:

Vi trodde på det samme. Husker du den tid da hjertene våre banket for Madrid? Husker du Guernica, husker du håpet, som blødde ifra oss dråpe for dråpe?

KVA: Mein Kampf Kven: Adolf Hitler Når: 1925 Mein Kampf I fengselet nytta Hitler månadene til å skrive Mein Kampf, det politiske manifestet hans som skulle bli som ein bibel for nazistane. Etter kvart vart boka ei vanleg konfirmasjonsgåve i Tyskland. Hitler fortel om oppveksten sin i Austerrike, like ved grensa til Tyskland, som han meiner var den måten lagnaden fortalte han at desse landa skulle samlast igjen. «Felles blod høyrer heime i eit felles rike», skriv han. Hitler drøymde om å bli arkitekt eller kunstnar, og han krangla med faren, som arbeidde i tollverket og ynskte at sonen også skulle inn i statstenesta. Det enda med at Hitler drog til Wien og levde i kummerlege forhold utan utdanning. Då verdskrigen kom, drog han til Bayern og verva seg frivillig. Han gjorde suksess som soldat og fekk tildelt jernkorset to gonger. Etter krigen skulle interessa for politikk og motviljen mot kommunistane prege livet hans meir og meir. I Mein Kampf legg han ut tankane sine om rasehierarki og om det geografiske området den nordiske (ariske) rasen trong for å kunne herske over dei andre. «Lebensraum» måtte ein skaffe ved å drive ut dei mindreverdige rasane i aust. Det galdt dei slaviske folka og sigøynarar, og framfor alt jødane. Hitler sa rett ut at han forakta jødane, dei var «svulstar», «basillar», «pest» og «gift». Dei var «rotter», og «den jødiske trusselen» måtte overvinnast, sjølv om Hitler ikkje peikte konkret på metodar som skulle takast i bruk. Kampen mot marxistane og jødane handla, ifølgje Hitler, om framtida for mennesket på jorda. Då var demokratiet verdilaust og skadeleg – Hitler argumenterte for førarprinsippet. Då den andre verdskrigen begynte, var det selt over 5 millionar eksemplar av boka, og ho var å få kjøpt i 11 land.

282


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Nazistane tek makta gjennom val Etter det mislykka kuppet vart Adolf Hitler dømd til fengsel i fem år. Han sona berre eitt, men nazistpartiet låg med broten rygg. Då Hitler slutta seg til partiet i 1919, hadde det berre nokre få medlemmer. Men med sine lidenskaplege talar vart han raskt den uomstridde leiaren og trekte eit stadig større publikum. Hitler bestemte seg for å bli heiltidspolitikar. Partiet bytte namn til Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP), og programmet var ein kombinasjon av radikal sosial politikk, jødehat og djup motvilje mot hovudfienden kommunistane. I tillegg kom raseriet mot Versaillestraktaten. Hitler kravde at Tyskland igjen måtte bli ei stormakt, og han forstod verdien av massepropaganda. Partiet tok i bruk ritual og symbol, hakekorset vart synleg, og nazistane fekk si eiga helsing. Samtidig utvikla den valdelege armen til partiet seg: «Sturmabteilung», mange av dei unge mennene frå arbeidarklassen i karakteristiske brune skjorter, skulle vise at nazistane også brukte vald og terror for å nå sine politiske mål. NSDAP fekk medlemmer frå alle sosiale lag, og auka jamt i storleik, fram til det mislykka kuppet i 1923. Då forsvann oppslutninga. Av dette lærte Hitler at han måtte vinne makta gjennom val, slik fascistane gjorde i Italia. I siste halvdelen av 1920-talet verka det tyske demokratiet trygt og stabilt. Økonomien var på veg oppover igjen, og landet vart medlem av Folkeforbundet og forbetra forholdet til andre land. Så kom krakket på den amerikanske børsen i 1929. Då verknadene i 1930 skylde inn over Tyskland, slo det politiske systemet sprekkar. Dei mange småpartia i Riksdagen greidde ikkje å kome fram til ein samla og handlekraftig økonomisk politikk. Nyval vart utlyst for å prøve å få til fleirtal, men i staden var det Adolf Hitlers parti som hadde fått vind i segla. Tilliten til dei etablerte partia var tynnsliten, bedrifter gjekk konkurs, og i 1932 var seks millionar tyskarar arbeidslause. På kort tid vart NSDAP det største partiet i Riksdagen, i hovudsak røysta fram av den tyske middelklassen. Dei borgarlege partia valde å samarbeide med Hitler, som vart koalisjonsleiar for ei samlingsregjering. I 1933 vart det halde nyval for å prøve å sikre fleirtal for Hitlers regjering. Valkampen var omsynslaus. Ein brukte propaganda og vald, og valet vart omtalt som «det siste valet på 100 år». Då det reint tilfeldig vart sett fyr på Riksdagen, visstnok av ein pyroman, sørgde Hitler for å gi kommunistane skulda, og erklærte unntakstilstand. Lovendringane som følgde i kjølvatnet, utvida fullmaktene til nazistane og vart kalla «eit forsvarstiltak mot kommunistiske valdshandlingar som set staten i fare». I praksis gjorde dei det umogleg for opposisjonen å drive valkamp. NSDAP fekk 44 prosent av røystene ved valet og danna fleirtal i Riksdagen saman med det tyske nasjonalpartiet. Deretter ynskte Hitler å innføre ei fullmaktslov som ville gi han bortimot diktatorisk makt. Det kravde endring av grunnlova og dermed to tredels fleirtal, og det lét seg gjere fordi kommunistane anten var fengsla eller på flukt. Det var ei pinleg stemning under avrøystinga. I salen hang det eit stort flagg med hakekors, og troppar frå «Sturmabteilung» kontrollerte utgangane. Det sosialdemokratiske partiet røysta imot, men det heldt ikkje. I månadene som følgde, begynte Hitler å bruke makta han hadde skaffa seg. Moglege motstandarar vart likviderte. Det galdt folk i partiet og leiaren for «Sturmabteilung», som Hitler meinte var blitt for mektig. Under «dei lange knivars natt» sommaren 1934 vart dei avretta utan lov og dom. Nazistane tok kontroll over fagforeiningane, og leiarane hamna i konsentrasjonsleirar. Desse leirane vart kontrollerte av det som hadde vore Hitlers private vaktstyrke, SS. Rundt 25 000 regimemotstandarar vart raskt plasserte i konsentrasjonsleirar. Det sosialdemokratiske partiet vart forbode, mens dei andre partia vart

Kva inntrykk får du av 1930åra når du les side 276–285? Kva kunne vore gjort for å endre utviklinga?

283


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Kor langt kom Hitler og NSDAP med «lovlege middel», og når braut dei demokratiske spele­ reglar på veg mot makta i Tyskland?

«Jødar er ikkje ynskte i dette området.» Slike plakatar fanst det fleire hundre av over heile Tyskland mot slutten av 1930-åra.

284

tvinga til å løyse seg opp sjølve. NSDAP vart dermed det «statsberande» partiet. Byråkratar og folk i rettsstellet som ikkje var einige med nazistane, vart fjerna fordi dei var «politisk upålitelege». Regimet oppretta eigne domstolar for politiske saker, med dommarar som var pålitelege nazistar og kunne gje dødsstraff. Etter kvart vart det hemmelege politiet, Gestapo, sett over lova. Dei kunne fritt arrestere folk som var blitt frikjende i ein domstol. Då den gamle presidenten døydde i 1934, vart makta endå meir konsentrert. Hitler gav seg sjølv tittelen «førar og rikskanslar», han var overhovudet for staten og øvstkommanderande i militæret. Han kravde at alle i dei væpna styrkane skulle sverje truskap til han. «Der Führer» hadde no all makt i sine hender.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Kontrollen over livet til folk Då motstandarane var rydda av vegen, begynte einsrettinga av det tyske samfunnet. Alt skulle no formast og fargast slik nazistane ynskte: Både barneoppseding, utdanning, forsking, kulturliv, arbeidsplassar og pressa vart nazifiserte. På dette området styrte eit propagandadepartement, leidd av Joseph Goebbels. Han var stor filmentusiast og overtydd om at film ville påverke massane. Goebbels kunne styre heilt ned på detaljnivå kva filmar som skulle produserast, og kven som skulle vere skodespelarar. Nazistane tok kontrollen over alle sider ved livet til folk: Det dei las, det dei såg på, og det dei lærte, var nøye planlagt av staten. Regimet var spesielt oppteke av å gjere ungdommen til gode nasjonalsosialistar, og 90 prosent av alle gutar mellom 14 og 18 år var organiserte i Hitlerjugend (som frå 1936 var blitt obligatorisk). Der bar dei uniformer og fekk ei slags førebuande militær trening. Motstykket for jentene var Bund Deutscher Mädel. Også dei fekk uniformer, men der gjekk treninga meir i retning av det å bli gode husmødrer. Det fanst også organisasjonar for yngre barn. I tillegg vart opplæringsplanen i skulane endra. Ein la meir vekt på kropps­ øving og innførte nye fag, mellom anna raselære. Hitler var oppteken av idrett, av sunne menneske. Han snakka om «kjernesunne kroppar» med fast karakter og vilje til å ta avgjersler – dei var meir verde for folkefellesskapet enn smarte «sveklingar», meinte han. For tyskarar flest vart velferdsgoda bygde ut, og fellesskapskjensla og stoltheita over det tyske auka. Det vart arrangert store massemønstringar, produksjonen i ­industrien auka, og fleirtalet av det tyske folket stilte seg bak regimet. Men i draumen om dette einsretta samfunnet var det ikkje plass til alle. Jødane skulle ekskluderast, og til slutt prøvde ein å utrydde dei. Alt i 1933 kom lova som stengde dei ute frå statstenesta. Det var berre det første steget.

Utanfor folkefellesskapet Dei som gjekk imot systemet eller ikkje oppfylte rasekrava, vart sette utanfor folkefellesskapet. Det galdt store delar av befolkninga. For å dyrke fram det «reinrasa» tyske riket såg Hitler for seg at moderne medisin skulle takast i bruk. Han støtta seg på tankar om raselære og ideen om at arvematerialet vart øydelagt ved å blande «mindreverdig» blod med det ariske. Berre friske og sunne foreldre skulle få barn, det galdt også om begge foreldra var ariske. Den høgaste rasen måtte bli herre­ folket i verda dersom menneskeætta skulle kunne møte utfordringane i framtida. Gjennom omfattande propaganda prøvde styresmaktene å overtyde folket om at det var nødvendig å sterilisere eller ta livet av dei funksjonshemma og psykisk sjuke, dei som nazistane meinte var «uverdige liv». Skulebarn fekk matteoppgåver der dei skulle rekne ut kor mange bustader som kunne byggjast for den summen det kosta å drive eit psykiatrisk sjukehus. Nazistane begynte massemorda – med god hjelp frå tyske legar rundt omkring i landet – med dei funksjonshemma og psykisk sjuke. Her testa dei for første gong gasskammer i jakta på ein «meir levedyktig» rase. Det førte til store protestar då folk etter kvart forstod det som gjekk for seg, og Hitler gjekk ut og gav ordre om å avslutte eutanasiprogrammet. Men i løynd heldt nazistane fram med praksisen gjennom krigen. Fleire hundre tusen døydde på denne måten, ein stor del av dei barn. Jødane hadde merka regimeskiftet på kroppen alt då nazistane tok makta. Utover 1930-talet vart lovene strengare og tilværet deira mindre trygt. Jødiske forretningar vart boikotta, valdelege angrep vart vanleg, og jødiske elevar opplevde å

eutanasi: dødshjelp

285


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Dette kapittelet handla om at i 1929 fører ei økonomisk krise til enorm arbeidsløyse. I løpet av 1930-åra vender mange ryggen til demokratiet at bolsjevikane kjem til makta i Russland etter revolusjonen i 1917. Etter borgarkrigen blir Sovjetunionen oppretta. Diktatoren Stalin sikrar seg kontrollen at Folkeforbundet arbeider for internasjonalt samarbeid i 1920-åra. I mange land får kvinner røysterett at fascistane kjem til makta i Italia, nazistane i Tyskland at jødar, psykisk sjuke, funksjonshemma og politiske motstandarar blir forfølgde i Tyskland at fram mot den andre verdskrigen trugar aksemaktene freden – Tyskland og Italia i Europa, Japan i Asia

bli mobba i skulen av både elevar og lærarar. Somme vart nytta som døme i undervisninga i «rasekunnskap». Skilt med påskrifta «Ikkje tilgjenge for jødar» kunne ein sjå overalt i byane. Universiteta var stengde for ikkje-ariske studentar og lærarar. Albert Einstein var mellom dei som måtte slutte, og etter at han hadde kritisert ­nazistane offentleg, rapporterte pressa at det var sett ein pris på hovudet hans, så han måtte flykte. Sjølv tok han oppstanden med stor ro og kommenterte til ein fransk journalist at han «verkeleg ikkje ante at hovudet mitt var verdt såpass». Hausten 1935 vart mange antisemittiske lover samrøystes vedtekne i Riksdagen. Nürnberglovene forbaud ekteskap og seksuelle forhold mellom jødar og «ariarar». Slike lovbrot vart karakteriserte som «rasesvik». Jødane mista røysteretten, og etter kvart mista jødiske legar og advokatar lisensane sine. Krystallnatta mellom 9. og 10. november 1938 vart synagogar sprengde med dynamitt eller sette i brann, og rundt 7000 jødiske hus og forretningar vart øydelagde. Også jødiske barneheimar, sjukehus og sjukeheimar vart ramma. Rundt 25 000 jødar vart sende i konsentrasjonsleirar. Nazistane framstilte det heile som utslag av eit folkeleg raseri, men øydeleggingane var nøye planlagde, og det var Sturmabteilung og Hitlerjugend som leidde dei. Politiet stod og såg på. Hitler hadde gitt ordre om å gripe inn berre dersom flammene spreidde seg til ikkje-jødisk eigedom. Strategien var å drive jødane ut, og titusenvis begynte å forlate Tyskland, mens innstrammingane heldt fram. Jødiske barn fekk ikkje lenger gå i skulen, alle jødar måtte ha eit J-stempel i passet, det vart forbode for dei å besøkje teater, idrettsarenaer, museum, svømmehallar og konsertar. Alle tidlegare straffa jødar vart arresterte. Forskarar har lenge diskutert kva tid nazistane faktisk bestemte seg for å utrydde jødane. I dag meiner dei fleste at jødeutryddinga ikkje var planlagd då nazistane tok makta. Den storstilte og nådelause utryddinga som tok til under den andre verdskrigen, blir gjerne rekna som eit resultat av ein grunnleggjande jødefiendtleg politikk og ei mengde hendingar som sette press på nazistane for å finne ei løysing på det dei oppfatta som «jødeproblemet». Resultatet skulle bli katastrofalt.

Litteraturliste Henning Poulsen: Fra krig til krig 1914–1945. Aschehougs verdenshistorie, 2001 Ottar Dahl: Fra konsens til katastrofe. Kapitler av fascismens historie i Italia, 1996 Raino Malnes og Knut Midgaard: Politisk tenkning fra antikken til vår tid, 2002 Store norske leksikon

286


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Skriv tre stikkord som du meiner summerer opp teksten under desse overskriftene i boka: «Europa etter den ­første verdskrigen», «1930-åra: Ei fiendtleg verd», «Det internasjonale samarbeidet i krise». 2 Summer opp mellomkrigstida i fem setningar. a Skriv ei setning til kvar SPØKT-kategori. Begynn kvar setning med «Det som kjenneteiknar mellomkrigstida sosialt, er først og fremst …» b Vel den SPØKT-kategorien du finn mest interessant, og finn tre konkrete hendingar som kastar lys over det du skreiv.

c Dette kapittelet har fått tittelen «Ved eit vegskilje». Finn minst fire døme frå perioden som du meiner gjer at dette er ein korrekt tittel. 3 Lag ei tidsline over historia til Tyskland i mellomkrigstida, med maksimalt fem hendingar. Forklar for ein medelev kvifor du har valt desse fem. 4 Lag ein tabell med to kolonnar der du i den eine skriv sentrale ideologiske trekk ved nazismen og i den andre trekk ved fascismen. Marker likskapar med grøn farge og skilnader med raud. Peik på det du meiner er dei v­ iktigaste skilnadene.

Samanhengar

Perspektiv

1 I introduksjonsfilmen til dette kapittelet (sjå Perspektiv Skulestudio) heiter det at Europa opplevde ei demokrati­ bølgje rett etter den første verdskrigen, men at ho hadde døydd fullstendig ut i 1939. Korleis vil du forklare denne utviklinga? Lag eit foredrag på maks tre powerpoint-sider, og bruk gjerne SPØKT som disposisjon.

1 Perioden 1919–1939 blir ofte kalla mellomkrigstida. Kva trur du dei kalla perioden i 1920- og 1930-åra?

2 Den russiske revolusjonen a Kvifor vart det revolusjon i Russland i 1917? Gjer greie for ei grunnleggjande, ei medverkande og ei utløysande årsak til revolusjonen. b Korleis kan du bruke sitatet under i ei mogleg forklaring på revolusjonen i Russland?

«Eg er dykkar herre, og min herre er tsaren. Tsaren har rett til å gi meg ordrar, men han har ikkje rett til å gi dei til dykk. På godset mitt er eg tsar, eg er dykkar gud på jord, og eg må vere ansvarleg for dykk overfor Gud i himmelen. (…) Først må ein hest striglast ti gonger med ei jernskrape, så kan han børstast med ein mjuk børste. Eg må strigle dykk nokså kraftig, og kven veit om eg nokon gong vil kome så langt som til børsten. Gud reinsar lufta med lyn og tore, og i landsbyen min vil eg reinse med tore og eld kvar gong eg synest det er nødvendig.» c Den russiske revolusjonen er viktig for å forstå utviklinga på 1900-talet heilt fram til i dag. Kvifor er denne hendinga viktig, trur du?

2 Året er 1932. Du er journalist i ei politisk uavhengig avis og skal lage ein reportasje om korleis landet kan kome ut av den økonomiske krisa. Du oppsøkjer tre politikarar med ulike ideologiske ståstader: ein liberalist, ein sosialist og ein nazist. Kva for løysingar vil dei ha? Summer opp argumenta og skriv reportasjen. 3 Antisemittisme var ikkje nytt i mellomkrigstida. a Finn fem bilete eller utsegner frå før mellomkrigstida som du meiner uttrykkjer antisemittiske haldningar. Grunngi kvifor du meiner dei uttrykkjer antisemittisme. b Samanlikn dei fem døma dine med døme på antisemittisme frå mellomkrigstida. Finn du likskapar og skilnader? Grunngi svaret ditt. 4 Den britiske historikaren A.J.P. Taylor skreiv i 1945 at «det er like tilfeldig at Tyskland enda opp med Hitler, som at ei elv renn ut i havet». Kva meiner du om denne påstanden? Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret ditt. 5 Somme meiner at skal vi lære av historia, må vi samanlikne. Andre meiner at slike samanlikningar kan vere farlege. a Meiner du det kan vere nyttig å samanlikne mellomkrigstida med vår eiga tid? Kva vil du i så fall peike på som likskapar?

3 Adolf Hitler får stor plass når ein skal forklare at det vart ein ny verdskrig. Diskuter denne påstanden: «Utan Hitler hadde det ikkje blitt nokon andre verdskrig.»

b Når vi samanliknar, må vi også trekkje fram det som er ulikt. Kva er dei største skilnadene på mellomkrigs­ tida og vår tid?

4 Folkeforbundet skulle medverke til nedrusting og vere ein stad der ein kunne løyse usemje mellom land. Slik gjekk det ikkje. Kva vil du føreslå for at Folkeforbundet skulle ha fungert meir slik det var tenkt?

c Vurder kva som kan vere potensielle farar ved å samanlikne historiske periodar.

287


HISTORIE

K A P 11 Ved eit vegskilje, 1919–1939

Oppdrag 1: Gjennomtenkte eller tilfeldige val? Ulike val hos to personar Mennesket kan velje. Av og til er vala enkle, andre gonger kan dei vere vanskelege og ha enorme konsekvensar. Ekstra vanskelege er vala når vi står midt oppe i situa­ sjonen. I dette oppdraget skal du undersøkje val som to personar har gjort, og reflektere over kva du sjølv ville ha gjort i situasjonen.

Post 4: Kva kan forklaringa vere? Uansett om det er Landmesser eller Wegert, er vala til mannen nokså ulike dei Blösche tok. Meiner du nokre av stikkorda under kan medverke til å forklare vala deira? Kva for nokre av stikkorda meiner du ikkje er gode forklaringar? slumpetreff, blind lojalitet, indoktrinering, mangel på omsorg i oppveksten, mot, vondskap, skuletapar, følgde ordre, manglande forståing for andre, ideologisk overtyding, trass, tankeløyse

Post 1: Kva tenkjer du?

Post 5: Den vesle og den store historia

Studer biletet under. Legg spesielt merke til mannen som står litt til høgre i biletet med armane i kors. Dersom du skal beskrive det mannen gjer, med eitt ord, kva ville det vere? Diskuter med andre orda som dei har valt.

Du har no utforska historia til vanlege menneske. Korleis kan desse historiene gi oss perspektiv til å forstå perioden? Kva kan slike historier fortelje oss om den historiske per­ ioden? Skriv ned så mange moment som råd. Presenter og diskuter dei med resten av klassen.

Post 2: Kven er denne mannen? Mannen med armane i kors er anten August Landmesser eller Gustav Wegert. Vi veit faktisk ikkje sikkert. Finn ut meir om dei to, og bruk denne informasjonen til å avgjere kven av dei det er mest sannsynleg at vi ser på biletet. Kva var avgjerande for kven du fall ned på?

Post 3: Ein annan mann På side 325 ser du eit anna ikonisk bilete. Mannen med maskingevær veit vi er Josef Blösche. Finn ut meir om han og når biletet vart teke. Er det noko i det du finn, som kan forklare kvifor han valde å gjere noko heilt anna enn mannen med armane i kors? Kan Blösche i det heile teke tenkt at han gjorde det rette?

288

Post 6: Kva med deg sjølv? Sjå på biletet av mannen med armane i kors: Kva ville du sjølv ha gjort, trur du? Ville du følgt mengda, eller våga å skilje deg ut? Er det nokre store, viktige spørsmål i dag som krev vanskelege val og ei handling av oss?


Oppdrag 2:

Post 1: Kvifor demokratisk?

Ulike land, ulike moglegheiter og val Kvifor greidde nokre land å halde på demokratiet i mellomkrigstida, mens andre fekk autoritære styresett eller reine diktatur? Moglege årsaker

Undersøk eitt land som vart verande demokrati fram til 1940. Kva for nokre av momenta i tekstboksen vil du framheve som viktige forklaringar på at landet vart verande demokratisk?

Post 2: Kvifor autoritært styresett eller diktatur? Undersøk eitt land som fekk eit autoritært styresett eller vart eit diktatur i mellomkrigstida. Kva for nokre av momenta i tekstboksen vil du framheve som viktige forklaringar på at landet ikkje vart verande demokratisk?

• ingen demokratiske tradisjonar • autoritære tradisjonar • høg/låg utdanning i befolkninga • manglande «finkultur» • økonomiske kriser

Post 3: Fellestrekk

• sterkt sosialdemokrati

Gå saman med medelevar som har arbeidd med andre land enn du har. Samanlikn det de har kome fram til, og diskuter om det er mogleg å finne likskapstrekk mellom landa som kan forklare kvifor dei vart verande demokrati eller vart ­autoritære eller diktatur.

• sterke konservative parti • polarisering • vilje til kompromiss • vilje til revolusjon • protestantisk samfunn • katolsk samfunn • små/store økonomiske skilnader

Post 4: Ta stilling!

Døme på land

Demokratiet må vi kjempe for kvar dag! Kva vil du seie er dei viktigaste truslane mot demokratiet i dag? Er det nokre av momenta i tekstboksen du meiner det er spesielt viktig at vi kjemper for i dag for å ta vare på demokratiet?

Demokratiske i 1939

Autoritære

Diktatur

Noreg Sverige Danmark Finland Nederland Storbritannia

Polen Ungarn Estland Romania

Tyskland Italia Spania Portugal

Italiensk propagandapostkort frå 1937: «Dei tre store leiarane, forsvararar av fred og sivilasjon»

289


K A P I T T E L 12

Innhald:

Mellom stormaktene side 292 Verdskrigen trengjer seg på side 295 Verknader av verdskrigen side 296 Klassekamp side 299 Økonomisk krise side 303 Kamp om symbola side 305 Ei ny tid side 306

Frå sjølvstende til krig og kriser Noreg hadde blitt sjølvstendig og skulle utover på 1900-talet få stor industriell vekst og framgang, men også møte omfattande krig og kriser. Arbeidarklassen voks fram og kravde innverknad. Det forandra det politiske landskapet og førte til klassekamp i det norske samfunnet. Den første verdskrigen kasta Noreg inn i eit stormaktsspel der landet prøvde å halde seg nøytralt, men vart meir og meir tvinga til å bli ein del av krigen som reiv Europa i filler. Ut av dette kaoset skulle det vekse fram ein meir moderne nasjon, eit nytt politisk landskap og eit ordna arbeidsliv.


Noregsåg 1905 det ut Slik Diagrammet viser oppslutninga om dei viktigaste politiske partia ved stortingsval i perioden 1906–1936. I denne perioden var det stortingsval kvart tredje år. 50 45

Det norske Arbeiderparti

Oppslutning ved valet, prosent

40

Tromsø

35 30 25

Høgre

20

Venstre Senterpartiet (Bondepartiet) Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti

15 10 5 0

Nasjonal Samling Norges Kom1906 1909 1912 1915 1918 1921 1924 1927 1930 1933 1936 munistiske Parti Stortingsval, år

Trondheim

Kristiansund

Røros

Ålesund

Dette har hendt Hamar

Bergen

Eidsvoll Rjukan Kongsberg Stavanger

Kristiania

Drammen Moss Horten Sarpsborg Tønsberg Fredrikstad Skien Porsgrunn Fredrikshald Larvik Kragerø Arendal

Kristiansand

Kartet viser eit utval av vasskraftverk som vart bygde rundt hundreårsskiftet. Det aller første vasskraftverket i Noreg vart etablert på Senja i 1882, men det var særleg etter hundreårsskiftet av vasskraftutbygginga skaut fart. Kraftverk Byar som hadde minst 5000 innbyggjarar i 1801. Byar som hadde minst 5000 innbyggjarar i 1900.

I 1814 vart Noreg, som eit ledd i fredsoppgjeret etter napoleons­ krigane, underlagt Sverige. Den unionen vart oppløyst 7. juni 1905 ved folkerøysting. Kva slags land Noreg skulle vere, hadde ein diskutert lenge. Som i andre europeiske land stod nasjonalismen sterkt. Ein jakta på det verkeleg norske, landet og naturen vart dyrka i storslåtte måleri og i dikting, og arbeidet med å få eit eige skriftspråk tok til. Dei såkalla motkulturane markerte på ulike vis avstand til den tradisjonelle embetsmannsstaten. Innføringa av parlamentarismen i 1884 var resultatet av ein vellykka kamp som Stortinget førte for å få større politisk makt, og gjennom dette hundreåret kom folk meir med i det politiske livet. Foreiningar vart danna, bøndene fekk større politisk innverknad, arbeidarane fekk sitt eige parti, og kvinnene begynte å krevje røysterett. Mens det før var eit bondesamfunn, voks byar og tettstader. Folkeauken i landet var stor, mange søkte lykka i Amerika, andre i byane i ein meir industrialisert arbeidsmarknad. Noreg var i rask endring, og etter å ha vore underlagt naboane sine i hundreår, var det i 1905 ein ung nasjon som skulle finne identiteten sin og ein plass i eit Europa som var prega av stormaktene.


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

1909

Heimfallsretten blir vedteken

1913

Røysterett for kvinner blir innført i Noreg

1914–1918

Noreg ynskjer å vere nøytralt i verdskrigen, men mistar mellom anna 900 fartøy og 2000 sjøfolk

1917

Dyrtidsdemonstrasjonane begynner

1920

Etterkrigskrisa set inn. Prisane fell, bedrifter og bankar går konkurs

Mellom stormaktene Orkesteret spelar Det vesle orkesteret spelar framleis. Musikarane er på dekket på skipet som ikkje kan søkkje. Dei har på seg redningsvestar, og dei spelar der ute i det kalde, endelause mørket denne aprilnatta i 1912. Skipet krengjer kraftig, veggene brest. Dei høyrer skrika og ser desperasjonen, men dei spelar framleis. «Titanic» skal snart forsvinne ned i djupet. Det er 31 nordmenn om bord. Høyrer somme av dei det vesle orkesteret? På ein måte er dramaet der ute på havet eit varsel om det som snart skal kome. Tidleg på 1900-talet har folk framleis tru på framtida, krafta i teknologi og opplysning, større og meir effektive maskinar, ei betre verd for menneska, framtida, lengre jernbanar, større maskinar, tryggare skip. I Noreg temmer vi fossane til vasskraft. Vi sløkkjer parafinlampane, og det elektriske lyset skaper ei ny og lysare natt. Jordbruket blir større og betre. Fiskebåtane kjem lenger ut på havet med nye ­motorar, og anleggsarbeidarar sprengjer veg gjennom fjella og naturen. Landet blir opna. Men all denne nye teknologien som skal redde verda og menneske, blir også snudd til dødsmaskinar. Snart blir Europa vikla inn i eit vanvittig blodbad i skyttargravene. Snart kjem krisene og katastrofane. Det er som om sjølve sivilisasjonen søkk – som eit einsamt skip i natta. Og havariet vil påverke Noreg med massiv kraft.

Etter 1905 1925

Parikrisa slår inn for fullt

1929

Krakket på New Yorkbørsen i oktober sender verda ut i ei internasjonal krise. Særleg går det hardt ut over bygdene i Noreg

1933

Nasjonal Samling blir stifta

1935

Kriseforliket. Arbeidarpartiet får regjeringsmakt Den første Hovudavtalen blir inngått mellom LO og NHO og set dei grunnleggjande spelereglane for arbeidslivet

292

Fossane buldrar – det er lyden av framtida. Etter oppløysinga av unionen med Sverige kom vasskraftutbygginga til å leggje grunnlaget for ein ny storindustri i Noreg. Når ein temmer fossane, blir dei enorme energikjelder. I løpet av dei første 15 åra av 1900-talet blir den norske straumproduksjonen åttedobla. I den same perioden går den vesle staden Rjukan frå å ha 369 innbyggjarar til rundt 9000. Storindustrien veks seg sterk og trekkjer til seg store internasjonale selskap. Debatten rasar i Stortinget: Skal vi kunne selje unna dei norske skogane og fossane og fjella, eller bør den norske staten verne om våre eigne naturressursar? Store ­delar av den norske industrien er det utlendingar som finansierer og eig. Men Stortinget vedtek ei konsesjonslovgiving og sikrar at naturressursane framleis blir verande under norsk kontroll. I Noreg bur folk flest framleis på bygdene tidleg på 1900-talet, men industrien veks fram og kjem til å forandre landet. Utviklinga er med på å binde landet saman. Bergensbanen blir ferdig i 1909, og vegar og jernbane blir bygde ut. Men moderniseringa skaper også avstandar – mellom eigarar og arbeidarar, mellom by og landsbygd. Ein stor arbeidarklasse veks fram og kjem til å forandre samfunnet og politikken. Ved slutten av unionstida var landet dominert av dei store partia frå striden om sjølvstende. Partia Høgre og Venstre såg ikkje at maktgrunnlaget deira snart skulle forandre seg, og i det nye hundreåret heldt dei fram med å krangle om kva slags land Noreg no skulle vere. Dei diskuterte korleis språket vårt skulle sjå ut, kor mykje pengar vi skulle bruke på å hjelpe dei som fall utanfor samfunnet, kor aktiv staten skulle vere – og ikkje minst: korleis ein skulle forvalte dei nyoppdaga ressursane i vasskrafta.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Konsesjonslovene Interessa for naturressursane i Noreg var stor. Utanlandske selskap såg at det kunne liggje stor forteneste i å utnytte norske naturressursar, og ei mengde oppkjøpssaker følgde frå tidleg på 1900-talet. Styresmaktene reagerte ved å innføre ­lover som skulle hindre denne utviklinga. Dei ynskte ikkje at utanlandske selskap skulle kunne kjøpe opp og kontrollere norske skogar, fossar og bergverk. Etter ­mykje strid og mellombels lover vart konsesjonslovene vedtekne i 1909. Selskap kunne søkje om å få innvilga konsesjonar for ein viss tidsperiode. Deretter skulle ­eigedommen bli tilbakeført til staten, heilt vederlagsfritt. Heimfallsretten slo fast at til dømes ein foss, og alle anlegg, tunnelar og røyr som var knytte til han, skulle gå tilbake til staten når konsesjonstida var omme. Det var ei statleg regulering av ­kapitalismen som få hadde sett for seg berre nokre år tidlegare. Heimfallsretten skulle vise seg å få uventa mykje å seie mange år seinare då et norske oljeeventyret begynte i 1960- og 1970-åra. På det tidspunktet eksisterte det i Noreg både eit lovverk og ein lang politisk tradisjon for å møte selskap som var ute etter å gjere seg rike på ressursane i landet.

konsesjon: løyve frå offentlege styresmakter til å drive økonomisk verksemd

I Noreg har heimfallsretten, som vart innført tidleg på 1900-talet, hatt mykje å seie for utviklinga av den norske velferdsstaten. Korleis? Korleis blir naturressursar forvalta i andre land du har kjennskap til?

Vemork kraftstasjon i Rjukan tidleg på 1900-talet og boreplattforma Troll A i 1995. Kvifor trur du erfaringane frå heimfallsretten og konsesjonslovene var så viktige då ein fann olje i 1960-åra?

293


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

Noreg for nordmenn 1900-talet var starten på suksess for kinoen. Noreg fekk sin første kino i 1904. Den første kinoen som fekk lydutstyr, var Eldorado i Oslo i 1929. Før filmen kunne ein sjå denne reklameteksten: «Den norske husmoren driver et viktig samfunnsarbeid når hun gir barna sine et sunt norsk kosthold.» Det norske var blitt viktig i Noreg. Det var som om alt skulle vere norsk no: Norgesglass til «hygienisk hermetisering» og Norgesplaster til «sunn og steril behandling av sår». Vi fekk eit norsk landslag i ­fotball som tapte 3–11 mot Sverige i den første kampen sin i 1908. For den unge nasjonen Noreg galdt det å etablere dette norske. Men kva var eigentleg det norske? Korleis dei to skriftspråka skulle vere, vart heftig diskutert. Både i 1907 og i 1938 vart det til dømes innført nye normer for rettskriving, og ein fjerna danske former frå riksmålet. «Fjeld» vart til «fjell», og «mand» vart til «mann». Namn på stader og institusjonar vart meir meir norske. Til og med hovudstaden Kristiania fekk i 1925 tilbake det gamle norske namnet sitt: Oslo. Mange følgde stolt med i avisene på korleis norske oppdagarar, med Fridtjof Nansen og Roald Amundsen i spissen, erobra ukjende territorium på ytterpunkta på kloden. Biletet av den eventyrlystne, sunne og stolte nordmannen festa seg. Jakta på det norske fekk også store konsekvensar for dei som stod utanfor storsamfunnet. Dei norske samane vart utsette for ein hardhendt fornorskingspolitikk som tok sikte på å fjerne samisk språk og kulturarv. Medlemmer av romfolket som budde i Noreg, taterane, prøvde ein å lære å leve i gode, norske heimar i ein eigen arbeidskoloni der dei kunne øve seg i å bli bufaste. Den Norske Omstreifermisjonen såg med uro på «et fremmed raseelement som det norske folke­ legeme ikke uten videre kan opta». I eit forsøk på å «redde» barna vart mange av dei plasserte i barneheimar – ofte utan at foreldra ville det – og mange vart adopterte bort til norske familiar i håp om å «redde» dei frå den arvelege belastninga ein meinte å finne i denne «mindreverdige rasen». Med utgangspunkt i tanken om kristen nestekjærleik hadde Omstreifermisjonen sterk innverknad på livet til mange menneske. Mellom anna ivra organisasjonen rundt 1930 for ei lov om sterilisering, slik at «de mentalt mest defekte (…) i hvert fall hindres fra å formere seg». Det var ikkje plass til alle når ein skulle definere Noreg. Oslo vart hovudstad i Noreg for første gong i 1314. Frå 1624 fekk byen namnet Kristiania (Christiania), etter kong Kristian 4. Då unionen med Danmark vart oppløyst i 1814, vart Kristiania endå ein gong hovudstad i Noreg. I 1925 fekk byen tilbake det opphavlege namnet sitt, Oslo.

Ei tid med sosialpolitikk

Les meir om «de andre» i norsk historie i Bjørg Evjens essay i Perspektiv Skulestudio.

sosialpolitikk: politikk som angår velferda til menneska – helse, familie, utdanning osv.

294

Åra frå 1905 til 1920 var også ein periode full av sosialpolitiske initiativ og reformer. Med sjukeforsikringslova, som kom i 1909, fekk delar av folket tilskot til legehjelp og sjukehusopphald. Arbeidet med det som seinare skulle bli alderstrygd og utvida støtteordningar for dei fattige, tok også form i desse åra. Eit sosialpolitisk tema som skapte stor splid, var arbeidet med dei castbergske barnelovene. Desse lovene, som var dei mest radikale i sitt slag i verda, gav namne- og arverettar til barn som var fødde utanfor ekteskapet. Dei innførte også ei ordning med økonomisk støtte til dei ugifte mødrene, der kjernen var barnebidrag som faren skulle betale. Lovene møtte motstand i konservative krinsar: Staten skulle då ikkje støtte opp om slik umoralsk åtferd? Husmorforbundet gjekk imot lovene og grunngav det med at ­familiane ville få eit dårlegare økonomisk grunnlag dersom fedrane måtte betale ­bidrag til dei «uekte» barna sine.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

KVEN: Katti Anker Møller Kva: kvinnesakskvinne Når: 1868–1945 Katti Anker Møller var ein kvinnesaksforkjempar som fekk stor innverknad. Den borgarlege bakgrunnen hennar gjorde at ho fekk innpass i maktsirklane. Ho kjempa for prevensjonsopplysning og avkriminalisering av abort. I 1924 etablerte ho det første mødrehygienekontoret. Anker Møller føreslo også at kvinner med barn skulle få ei «mødrelønn» frå staten, og det fekk ho krass kritikk for i samtida. Ideen vart likevel realisert gjennom barnetrygda, som vart lovfesta i 1945, året då Anker Møller døydde.

Kvinnene kjem Den første kvinnesaksorganisasjonen i Noreg vart stifta i 1884, og stiftaren, Gina Krog, ivra for ein likestillingspolitikk der røysterett for kvinner var eit av dei viktigaste punkta. I Grunnlova stod det: «Stemmeberettigede ere de Norske Borgere (…) », men det inkluderte ikkje kvinner. Etter lengre kamp innførte eit samrøystes storting i 1913 allmenn røysterett. No stod det i Grunnlova: «Stemmeberettigede ere de norske Borgere, Mænd og Kvinder (…).» Noreg var eit av dei første landa i verda som innførte lik røysterett for menn og kvinner. Tankane om kvinners plass i samfunnet var i ferd med å endre seg.

Verdskrigen trengjer seg på Utanfor Noregs grenser var det spenningar heilt frå tida rundt unionsoppløysinga. Som ung nasjon på eigne bein handla det om å finne balansen. Noreg ynskte å stå utanfor då stormaktsspelet i Europa tilspissa seg. Utanriksminister Jørgen Løvland sa det slik: «Norges udenrigspolitik må være at ingen udenrigspolitik have.» Men snart skulle det nøytrale Noreg bli avhengig av Storbritannia. Då krigen ramma Europa i 1914, venta ein i utgangspunktet at han kom til å bli kortvarig. I staden trekte det ut. Partane grov seg ned i skyttargraver, og det vart ein blodig stillingskrig. Dermed endra taktikken seg, og forsyningsproblema vart viktigare for dei krigførande partane. Kunne dei hindre motparten i å få forsyningar, ville det vere ein fordel. Men det innebar større problem for Noreg. Noreg var på dette tidspunktet eit av landa i Europa med minst sjølvforsyningsgrad. Med andre ord var økonomien innretta på eksport av varer, som fisk, trelast, papir, metall og kunstgjødsel, mens det vart importert mykje mat, særleg korn og andre viktige varer, som kol og råvarer til industrien. Det gjorde landet sårbart for press. Mens krigen trekte ut, vart skipsfarten truga og importen vanskelegare. Noreg var spesielt avhengig av britiske varer, maskinar og olje, og det førte til at Storbritannia kunne presse hardt og truge med å kutte all tilførsel dersom Noreg ikkje slutta å eksportere fisk til Tyskland. Det enda med ein avtale der britane skulle kjøpe opp nesten heile den norske fiskeeksporten. Også når det galdt annan ­eksport, vart den norske regjeringa pressa. Tyskarane truga med å senke norske skip med dei skremmande ubåtane sine. Samtidig måtte dei passe på at ikkje nordmennene vart pressa heilt over på britisk side. Den første verdskrigen ramma dei norske sjøfolka hardast. Rundt 900 norske skip gjekk tapt på havet. 2000 norske sjøfolk mista livet. Det var høge tal for ein nøytral part, men havområda som dei norske skipa bevega seg i, var ei krigssone

295


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

for tyske ubåtar og britiske skip. Noreg hadde ei omstridd rolle i krigen. Tyskarane meinte, og etter kvart med god grunn, at Noreg var økonomisk alliert med Storbritannia. Dei argumenterte for at nøytralitet og nøytralitetsflagg på havet ikkje betydde noko lenger, og erklærte full ubåtkrig i ei sone rundt Storbritannia. Alle som fann vegen inn i denne sona, var eit mål. Trass i farane heldt varetransporten fram. For dei som våga, kunne det bli ein svært lønnsam affære. I 1914 kosta det 4,60 kroner å frakte eitt tonn varer over Nordsjøen. I juni 1917 var prisen 260 kroner. Skipsaksjar vart mangedobla i verdi, og sjølv om både mannskap, last og skip forsvann i djupet, hadde eigarane som regel forsikra fartøya godt. Noreg mista halvparten av handelsflåten sin under den første verdskrigen, mens somme tente seg søkkrike. Den norske sjømannen Lars Larsen fortel om segling i krigsåra: Jeg var med og ble senket fire ganger under den første krigen, én gang hvert år. Om det var miner eller undervannsbåter, er ikke godt å si. Vi blåste rett og slett opp, vi måtte bare forte oss å komme i båtene. Den ene gangen, det var i 1916, gikk båten ned etter bare et par minutter. Vi kom ned på lo side og måtte dra oss under akterenden. Propellen gikk så det hvinte i lufta bak oss. Det gikk tre mann den gangen. Lars Larsen: Hverdagshistorier fra seilskutetiden (1977)

Mange norske forfattarar var opptekne av Noregs rolle under den første verdskrigen. I skodespelet Vår ære og vår makt (1935) kritiserer Nordahl Grieg det at dei norske skipsreiarane ynskte forteneste i ein krig som tok tusenvis av menneskeliv.

«Det å vere nøytral i ein krig er umogleg.» Reflekter over denne påstanden.

Under krigen rapporterte avisene langs kysten jamleg om vrakrestar, miner og drukna sjømenn og soldatar som dreiv i land – eit stilt vitnemål om ­dramaet ute i bølgjene.

«Den nøytrale allierte» Noreg har blitt kalla «den nøytrale allierte». Presset frå britane var svært effektivt, og mot slutten av krigen arbeidde norsk næringsliv for det meste for krigsøkonomien til ententen. Til dømes sette britane ein kolblokade overfor Noreg på nyåret 1917. Dei ville ha slutt på eksporten av krigsviktige materiale til dei tyske fiendane sine. Vintermånadene var kalde, og i dei største norske byane var kol den viktigaste ­varmekjelda. Blokaden stoppa mellom anna norsk kopareksport til Tyskland, som i staden gjekk til Storbritannia til dårlegare prisar. Trass i statusen som nøytral bidrog norsk industri mykje til slagmarka i det sentrale Europa. Hydro på Rjukan produserte ammoniumnitrat, ein viktig bestanddel i sprengstoff. Fabrikken De-No-Fa i Fredrikstad henta ut glyserin frå kvalfeitt, ein annan sentral komponent i eksplosive materiale. Noreg var dessutan storprodusent av nikkel, som var viktig i ammunisjon, skytevåpen og torpedoar. Då Noreg slutta å eksportere fisk til tyskarane, fekk det store konsekvensar for den tyske sivilbefolkninga. I det siste krigsåret døydde over ein million sivile av svolt. «Den nøytrale ­allierte» vart ein del av krigen, same kor lite landet ynskte det.

Verknader av verdskrigen Offisielt heldt Noreg seg altså utanfor krigen. Den første verdskrigen kom likevel til å få store konsekvensar for landet, både økonomisk, sosialt og politisk. Å hamne i spelet mellom dei krigførande partane sette press på norsk politikk og utanriks­ handel. Mangel på mat og råvarer i dei siste krigsåra kom til å endre samfunnet. Livet vart tøffare for folk flest. Prisane steig kraftig, og enkelte varer fanst ikkje i ­butikkane, mens andre vart selde for enorme prisar på svartebørsmarknaden.

296


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

1. mai-tog 1918 i Kristiania. Kva er hovudbodskapen i parolen? Prøv å formulere påskrifta på banneret på ein annan måte.

Denne dyrtida skapte mykje uro og gjorde sitt til å auke dei sosiale spenninga. Mange streva med å skaffe mat til familien og med å halde leilegheitene varme om vinteren. Då mange av dei som alt var dårlegast stilte i samfunnet, opplevde at livssituasjonen forverra seg, auka frustrasjonen. Arbeidarrørsla arrangerte frå 1917 store dyrtidsdemonstrasjonar i dei fleste byane. Klassemotsetningane vart større i dette pressa samfunnet. For mens arbeidarane kravde meir lønn og lågare prisar på matvarer, opplevde bøndene at nettopp regulering av prisane gav dei mindre inntekt. Samtidig auka prisane på dei midla dei trong for å utnytte jorda. Styresmaktene sette også raskt inn maksimalprisar for å sikre forbrukarane overkomelege prisar. I dei siste krigsåra fekk bøndene pålegg om å dyrke meir korn og potetar, og det gjorde at dei ikkje kunne halde like mange husdyr. For bøndene vart krigsåra ei tvangstid. Politikken som styresmaktene førte, provoserte, og som mange andre grupper organiserte også bøndene seg, i det som skulle bli Norges Bondelag.

dyrtid: tid når etterspørselen av varer er større enn tilgangen, og prisane stig for forbrukaren

297


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

Somme vart rike

jobbetid: tid når produksjonen er lågare enn etterspørselen, og fortenesta stig for dei som eig varer og verdiar

Dei kommunale forsyningsnemndene vart oppretta i 1914. Desse nemndene skulle halde seg informert om alt som påverka forsyninga av matvarer, brensel og andre nødvendige varer i kommunane. Biletet under viser eit kveitelager.

298

Men midt i alt dette var det somme som tente seg søkkrike på ulykka til andre. Når folk mangla alt, var verdien enorm hos dei som hadde noko å tilby. Då importen stoppa opp på grunn av krigen, skaut prisane i vêret. På børsen slo aksjespekulantar seg opp i ein eksploderande marknad. For alle desse personane var det ikkje dyrtid, men jobbetid. Dei opplevde sine beste år i ein periode då det store fleirtalet streva. Desse krigsprofitørane må ha provosert andre. Nyrike som mange av dei var, kunne dei kjøpe villaer og halde store festar. Dei kunne ete på dei finaste restaurantane og feriere på høgfjellshotell. Arbeidarane sleit seg ut som slavar i fabrikkar og på gardar, mens dei rike vart rikare, hevda dei revolusjonære. Skulle det bli rettferd i verda, måtte kapitalismen knusast og arbeidarklassen ta makta over staten og ­produksjonsmidla, meinte dei. Då krigen var over i 1918, vart mykje annleis. I dei neste tiåra var det klassekamp, økonomisk kaos og politiske kriser som kom til å prege landet.

Staten veks Ein annan effekt av verdskrigen var at staten fekk større ansvar. Gjennom krigsåra måtte han passe på innbyggjarane sine. Staten sørgde for tilgang på forsyningar og nødvendige varer, som mat og brensel, og prøvde å hindre at prisane kom ut av kontroll. Då klassemotsetningane auka, måtte staten prøve å løyse konfliktane og halde hjula i gang i næringslivet.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

På den måten voks det fram ein meir moderne stat som hadde større ansvar for innbyggjarane sine. Men det kosta. Noreg tok opp store lån i utlandet for å sikre innbyggjarane nødvendige varer til låge prisar. Samtidig prega fleire nye institusjonar det norske samfunnet: kommunale forsyningsnemnder (sjå biletteksten), råd og direktorat. Ein del av desse tiltaka forsvann etter krigen, men fleire vart verande. På den måten auka både statsgjelda og dei offentlege budsjetta. Noreg kom ut av den første verdskrigen som ein gjeldsnasjon. Det vart også innført strenge reguleringstiltak under krigen: matrasjonering, valutakontroll, tvangsdyrking av korn og maksimalprisar. Ikkje alt var ein like stor suksess: Våren 1918 var Noreg så å seie tomt for smør. Sidan bøndene vart tvinga til å dyrke korn, vart det mindre fôr til dyra, og dermed mindre smør. Det førte igjen til at bøndene ynskte å selje smøret rett til forbrukarane for å sleppe unna prisreguleringa. Regjeringa svarte med å forby postpakkar med smør til privatpersonar, og ­ingen fekk lov til å ha meir enn tre kilo smør i kofferten under reiser. Den aktive staten var komen for å bli.

Klassekamp Det norske samfunnet var delt både regionalt og sosialt i mellomkrigstida. Regionalt var det eit skilje mellom by og land, mellom «dei fine og mektige i hovudstaden» og «dei ukultiverte» bygdefolka. Sosialt vart det stor avstand mellom borgarskapet og arbeidarane i industrialiserte område, slik det vart i andre sosiale grupper i fiskeriog jordbruksområde. Dei som hadde jord, maskinar og utstyr, levde eit anna liv enn folk i arbeidarklassen. For mange arbeidarar var fattigdom ein stadig trussel. Folk budde trongt og kummerleg. Men makta i samfunnet låg tradisjonelt hos borgarskapet, og dei ville halde fram slik og verne sine eigne posisjonar. Samtidig var det blitt umogleg å ignorere arbeidarklassen. Arbeidarane, bøndene og borgarskapet utgjorde dei tre samfunnsklassane som prega konfliktane i mellomkrigstida. Arbeidarrørsla, med Arbeidarpartiet og

Rasjoneringskort for erter frå 1919.

299


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

Kanskje er menneske meir mottakelege for ekstreme synspunkt når frustrasjonen og presset aukar? Kanskje er det rett og slett noko menneskeleg ved det? Kva trur du?

arbeidstakarorganisasjonen LO, kjempa for interessene til lønnsarbeidarane. Bondepartiet vart stifta i 1920 og kjempa saman med Norges Bondelag for interessene til bøndene, mens Høgre, Venstre og næringslivsorganisasjonar kjempa for ­interessene til borgarskapet. Då dei økonomiske krisene sette inn etter verdskrigen, fekk folk det vanskelegare. Dette skjerpte klassekampen og dei politiske konfliktane utover i 1920-åra. Mellom 1920 og 1933 hadde landet i alt 12 forskjellige regjeringar. Kampen på Stortinget var ei forlenging av den som gjekk for seg utanfor stortingsveggene. Stadig stod det i avisene om mistillitsforslag og regjeringskriser. Arbeidarane ville ha skikkelege arbeidsforhold, tryggleik, god lønn og rett til å organi­sere seg. Motparten ynskte å kjøpe arbeidskraft så billig som råd. Fram til 1920 hadde arbeidarrørsla vore på offensiven. LO hadde vakse til ein slagkraftig ­organisasjon med 140 000 medlemmer, og lønningane hadde stige. Men så fall ­prisane, og då ville bedriftseigarar, skogbrukarar og gardseigarar setje ned lønna igjen. Det nekta arbeidarane å godta, og dei dårlege tidene vart opptakten til harde kampar i arbeidslivet. Store streikar og brutale lockoutar prega tiåret. Aldri har det vore fleire tapte arbeidsdagar enn i perioden 1920–1935. Det kom til harde konfrontasjonar. Innimellom vart militæret kopla inn, men det vart ikkje løyst skot. I andre land enda konfliktane blodig, og revolusjonsforsøk kosta menneskeliv. Slik gjekk det ikkje i Noreg, trass i demonstrasjonar, samanstøytar og aggressiv stemning mellom partane.

Eit radikalt Ap og antidemokratiske straumdrag

lockout: arbeidskamp der arbeidsgivaren, i motsetning til ved streik, hindrar arbeidarane i å arbeide

300

Røysta hans dirrar. Den eine handa på talarstolen, den andre i vêret. Han ropar til tilhøyrarane no, om interessene til arbeidarklassen og om sosialismen som må ­lyftast fram i sinn og samfunn. «Bær sosialismen fram til seier!» ropar han. Og dei jublar, folkemengda under han, alle desse mennene med frakk og mørke hattar. Det er tusenvis av dei, og dei jublar for Martin Tranmæl (1879–1967). Mellomkrigstida var også ei tid for ekstremisme. Fattigdom, konfliktar og kriser tærte på tolmodet til folk. Ekstreme tankar fekk fotfeste lengst ute på begge sider i det politiske landskapet. Noreg har aldri vore nærare ein revolusjon enn i åra ­mellom 1918 og 1923. Det vart oppretta eigne arbeidarråd på arbeidsplassar for å førebu revolusjonen, og frykta for eit blodig oppgjer meldte seg. Martin Tranmæl, mannen dei står og jublar for, var ein bondeson frå Melhus. Han vart den viktigaste leiaren i Arbeidarpartiet, og var med på å dreie partiet i ei ­radikal retning. I 1918 leidde han den delen av partiet som såg for seg ein revolusjon der arbeidarane skulle reise seg mot overklassen. Den andre delen av partiet – den sosialdemokratiske – ville nytte seg av val og folkefleirtal for å få innverknad. Det var den radikale fløya som fekk makta, og Arbeidarpartiet vart offisielt eit «revolutionært klassekampparti». Året etter melde partiet seg inn i Komintern, den internasjonale samanslutninga av kommunistiske og venstresosialistiske parti. Dermed kom dei inn under Sovjetunionens og Lenins kommando, og det vart starten på fleire splittingar i partiet. Korleis kunne det gå slik? Ein viktig faktor var den russiske revolusjonen i 1917, som kom til å prege nyheitsbiletet også i Noreg. Kommunistane hadde teke makta frå det gamle tsarveldet, og ein meinte at det var noko dei norske arbeidarane måtte lære av. Samtidig var folk svært frustrerte over dyrtida, og demonstrasjonar samla enorme folkemassar. Desse straumdraga i tida opna vegen for Martin Tranmæl og hans likesinna. Arbeidarpartiet skulle bli eit handlingsparti, ikkje eit lydig og underlegent stortingsparti. No skulle arbeidarane reise seg!


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

KVA: Landsorganisasjonen (LO) Når: stifta i 1899 LO vart stifta fordi det vart stadig fleire arbeidarar i Noreg, ei gruppe som til å begynne med hadde få rettar. LO har som mål å fremje interessene til arbeidstakarane. Sentrale arbeidsområde for LO er å kjempe for lønna og helsa til arbeidarane. Enkeltpersonar kan ikkje vere direkte med i LO. Medlemskap får ein indirekte ved å organisere seg i fagforeiningar. Organisasjonen har heilt frå starten spelt ei sentral rolle i utviklinga av det moderne Noreg.

Revolusjonen som aldri kom Men revolusjonen kom aldri – ikkje i Noreg. Det er det sjølvsagt fleire grunnar til, men nokre peikar seg ut. For det første vart streikar som kunne utarte, tidleg slått ned på med sterk handlekraft, og dei små troppane arbeidarrørsla kunne mønstre, hadde lite å stille opp med mot staten. Samtidig vart radikaliseringsbølgja dempa ved at nettopp staten innførte reformer som arbeidarane lenge hadde ynskt. Åttetimarsdagen, eit gammalt arbeidarkrav, vart innført i 1919. Gjennomsnittslønna for organiserte arbeidstakarar auka. Folk fekk sjå at det var mogleg å få resultat gjennom det demokratiske systemet. Ein annan sentral grunn var innføringa av ei meir rettferdig valordning i Noreg. Etter valet i 1921 fekk Arbeidarpartiet ei langt større stortingsgruppe enn før, som representerte betre røystetalet dei hadde fått. Det tok lufta ut av argumenta om at borgarskapet heldt på ei diskriminerande valordning for å kneble arbeidarrørsla. Partiet fekk ein sterk og jamn framgang i åra som følgde. Radikaliseringa splitta Arbeidarpartiet. Den sosialdemokratiske opposisjonen trekte seg ut og stifta eit eige parti. Etter kvart auka også misnøyet med føringane frå Komintern, dei såkalla Moskvatesane, som kravde at medlemspartia skulle ha ei nesten diktatorisk leiing. Samtidig forvitra trua på at den russiske revolusjonen var starten på ein verdsrevolusjon. I 1923 gjekk partiet ut av Komintern, men ein del ynskte å bli verande og stifta Norges Kommunistiske Parti (NKP). Martin Tranmæl (1879–1967) på Youngstorget i 1937: «Bær sosialismen fram til seier!»

301


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

pari: lik verdi opposisjon: motstandarar av dei som styrer

Etter kvart vart det tydeleg for arbeidarrørsla at klassekamp ikkje ville løyse problema i samfunnet. Dei måtte få bukt med krisa i staden. Dei interne konfliktane hadde gått hardt ut over den politiske innverknaden partiet hadde, og etter press frå LO gjekk Arbeidarpartiet i 1927 igjen saman med den sosialdemokratiske opposisjonen. Martin Tranmæl, som ti år tidlegare hadde leidd partiet i ei radikal retning, kom utover i 1930-åra til å forsvare ei meir parlamentarisk line. Revolusjonslysta og konfliktane vart stagga, og det var med på å leggje grunnlaget for at partiet skulle få regjeringsmakt med statsminister Johan Nygaardsvold frå 1935.

Menstadslaget I juni 1931 utvikla ein av dei mange streikane seg til demonstrasjon og masseslagsmål mellom arbeidarar og politi. Fagforeininga var opprørt over at ikkje-organiserte arbeidarar framleis arbeidde ved Hydro i Porsgrunn. Stemninga vart svært amper. Eit par tusen arbeidarar marsjerte mot hamna på Menstad, der 100 politifolk passa på dei arbeidarane som ein såg på som streikebrytarar. Tre politimenn vart alvorleg skadde i samanstøytane. Regjeringa svarte med å sende politiforsterkningar, og dessutan eit gardekompani og fire marinefartøy, som ikkje vart sette inn mot dei streikande. Det skapte ro og orden, men usemja var stor. 20 demonstrantar vart dømde til fengsel.

Politi i kamp med demonstrantar ved Skotfoss, 5. juni 1931.

302


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Økonomisk krise Økonomi handlar mykje om psykologi. Då krigen breidde seg og drog ut, vart folk i Noreg nervøse og strøymde til bankane for å ta ut sparepengane sine. Samtidig svikta importen og tollinntektene. Staten fekk mindre inntekter. Pengebehaldninga forsvann, og den kjappe løysinga var å trykkje fleire setlar. Krona vart fristilt frå den internasjonale gullstandarden, og ho minka stadig i verdi mens setelpressene gjekk. Når det er mange setlar i omløp, begynner folk å bruke pengar igjen, og dei er villige til å betale høgare prisar for å sikre seg ting. Då stig prisane, gjerne på faste verdiar, som jord, skog, bustader og skip. Mange valde å setje pengar i banken. Bankane, derimot, hadde ikkje råd til å sitje med så store innskot. Dei ynskte difor å låne ut pengar, og det gjorde dei billig. Dermed var det mange som lånte meir enn dei normalt ville gjort. Dei kjøpte kanskje ting dei lenge hadde vurdert om dei hadde råd til, og andre lånte til aksjespekulasjonar. Utlåna vart mangedobla, til befolkninga, til bedrifter og til staten. Og folk kjøpte til høge prisar. Dersom desse låntakarane ikkje greidde å gjere opp for seg, ville det gå hardt ut over bankane. Det var akkurat slik det gjekk då etterkrigskrisa sette inn i 1920. Bankane som hadde lånt ut pengar, fekk store problem. Slik var det i heile Europa. Då krigen var slutt i 1918, kom det ein kraftig økonomisk oppgang. Soldatane vende tilbake til arbeidet. Krigsindustrien vart snudd til ein industri for ­sivilbefolkninga, men marknaden var mindre enn før. Mange var døde i krig eller i spanskesjuken som hadde herja. Etterspørselen etter varer minka etter kvart. Prisane fall, og bedrifter gjekk konkurs. Det var som om heile korthuset rasa ­saman. Til og med bankane gjekk konkurs. Folk mista sparepengane sine, og Europa og Noreg gjekk inn i ein økonomisk depresjon. Over 100 norske bankar gjekk konkurs i 1920-åra. Dette er dei store linene, men så dramatiske omveltingar rammar enkeltindivida hardt. Når bedriftene måtte stengje, var det generasjonar av ungdom som streva med å få arbeid. For første gong i Noreg vart det stor arbeidsløyse, og mange flytta tilbake til bygdene då dei merka at det ikkje gjekk an å livnære seg i byane.

Norges Kommunistiske Parti vart danna i 1923 etter at Arbeidar­partiet melde seg ut av Komintern. Kvifor har NKP desse symbola i logoen sin?

Fleire kriser og tvangsauksjonar I 1925 slo det som er kalla parikrisa, inn for fullt. Denne politikken innebar at ein prøvde å knyte den norske valutaen til gullstandarden igjen, tilbake til det som hadde vore normalt før krigen. Men det var ein uheldig politikk, for prisar og lønningar måtte setjast ned, og konsekvensen vart fleire arbeidskonfliktar og store problem for norske bedrifter. Rentenivået vart høgt, låna dyrare og gjeldskrisa større. Småbrukarar som under krigen hadde våga å kjøpe til høge prisar, fekk no store vanskar med å betale for seg. Også bedriftene fekk problem. Dei selde mindre, som igjen kasta folk ut i arbeidsløyse. Og det skulle bli verre. Då krakket sette inn på New York-børsen i slutten av ­oktober 1929, var det opptakten til ei internasjonal krise. I Noreg sette krisa no for alvor inn i bygdene. I byane var folk vane med innskrenkingar og arbeidsløyse, men på landsbygda hadde gjelda blitt ei hengemyr som familiar ikkje kom ut av. Behovet for meir pengar førte til overproduksjon og lågare prisar. For mange vart 1930-åra prega av personlege tragediar. 300 000 levde av fattighjelp. I 1932 vart 6000 ­norske bruk selde på tvangsauksjon. Noko måtte gjerast.

303


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

Kriseforliket Mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet hadde det vore djup fiendskap og oppheta politiske konfliktar, men etter kvart vart det tydeleg at dei også hadde felles interesser. Dersom arbeidarane i byane skulle få tilbake jobbane sine, var dei avhengige av at bygdefolket hadde meir pengar å handle for. Då måtte prisane på varene deira stige. Arbeidarfamiliar trong på si side å kome i arbeid for å vere i stand til å kjøpe dyrare jordbruksprodukt. «By og land – hand i hand» var slagordet til Arbeidarpartiet ved valet i 1933. Då kriseforliket vart eit faktum i 1935, fekk Arbeidarpartiet regjeringsmakt med støtte frå Bondepartiet, som til vederlag fekk gjennomslag for mykje av politikken sin. No skulle staten vere meir aktiv og stimulerande. Pengar skulle brukast for å få fart i arbeidsmarknaden igjen. Prisane på jordbruksvarer auka, ny industri vart etablert, og det vart innført velferdsordningar. Sjølv om dei to partia ikkje var einige i alt, stod forliket mellom Ap og Bondepartiet ved lag resten av tiåret. Dei gjennomførte fleire ordningar som avgrensa marknadskreftene. Større kjøpekraft gav meir etterspørsel og arbeid til fleire. Mellom dei meir radikale kreftene i begge partia vart ­kriseforliket rekna som eit svik. Samtidig var den internasjonale krisa alt i ferd med å gå over, og norsk eksport begynte gradvis å tene pengar igjen. Det lysna. For å kunne arbeide seg ut av krisa var det viktig med ro i arbeidslivet, som dei siste 15 åra hadde vore prega av mykje turbulens. Ap pressa på for at LO skulle inngå Hovudavtalen med NAF. Det vart starten på eit sett med spelereglar som framleis fungerer – i revidert form – som ei slags «grunnlov i arbeidslivet». Avtalen gjorde stemninga mellom partane langt rolegare. Ut av konfliktar og klassekamp var det dermed kome eit ordna og meir moderne arbeidsliv. Den halvmilitære organisasjonen Samfundsvernet øver på 1920-talet.

304


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Kamp om symbola I 1924 var konfliktane så store mellom ulike samfunnsgrupper i Noreg at det i hovudstaden vart halde to forskjellige barnetog på 17. mai – eitt for arbeidarbarn og eitt for dei borgarlege. Den store jernstreiken hadde halde på i månadsvis, og konflikten toppa seg i mai. Sosialistane meinte at barnetoget feira kapitalismen og kongen som ein gallionsfigur. Oppstyret enda med at arbeidarklassen arrangerte eit eige raudt barnetog, der barna gjekk med raude flagg og raude sløyfer. Og i staden for nasjonalsongen song dei «Internasjonalen», arbeidarane sin eigen song, Det raude toget vart nekta å gå opp Karl Johans gate, ettersom politiet ikkje kunne garantere for tryggleiken deira. Toget med arbeidarbarna enda til slutt på austkanten av byen. Det borgarlege barnetoget gjekk til Slottet og fekk helse kongen. Dagen etter hadde avisene heilt forskjellige rapportar om barnetoga, alt etter den politiske ståstaden dei hadde. Aftenposten omtalte det borgarlege toget som det vakraste og største nokon gong, mens Arbeiderbladet hevda at det raude toget hadde samla heile 5000 barn. Skiljet mellom arbeidarklassen og borgarskapet fann vegen inn på dei fleste kulturelle arenaene. Avstanden prega både kvardagsliv og fritidsaktivitetar. Arbeidarane laga sine eigne songkor, korps, fråhaldslag og idrettsklubbar i staden for å vere med i dei borgarlege alternativa. Då arbeidarrørsla stifta eit eige idrettsforbund i 1924, forklarte leiar Rolf Hofmo det slik: «Arbeideridrettsmennene er arbeiderklassens armé – som skal vite å ta opp kampen mot borgerskapets armé.» Klassekampen gjennomsyrte altså samfunnet. Først året etter kriseforliket på Stortinget i 1935 inngjekk organisasjonane eit idrettsforlik. Då spelte dei vennskapskampar i dei forskjellige idrettane.

Arbeiderbladet 18. mai 1924.

Borgarleg ekstremisme Også på høgresida i det norske sam­ funnet fanst det ekstremisme som kom til uttrykk i mange små organisasjonar. Somme ville slå ned arbeidarrørsla. Andre var motstandarar av demokratiske rettar og likskapsideal. Enkelte organisasjonar bygde på raseideologi, ideen om at nokre rasar var overlegne andre. Dei meinte det galdt å kvitte seg med dårleg arvestoff, som fanst til dømes hos kriminelle, psykisk sjuke og menneske frå «underlegne» rasar. Nokre organisasjonar såg for seg eit førarstyre eller ei sterk regjering over og utanfor partia. Det var altså ikkje folket som skulle styre, men nokre nøye utvalde menn.

305


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

Dette kapittelet handla om at vasskraftutbygging la grunnlaget for ein storindustri i Noreg etter unionsoppløysinga at konsesjonslovene sørgde for at Noreg framleis hadde kontroll over naturressursane sine at dette var ei tid for sosialpolitikk, og at barn og kvinner fekk utvida rettar at Noreg har blitt kalla «den nøytrale allierte» fordi landet gav mykje etter for britisk press og forsynte britane i staden for tyskarane med viktige materiale og råvarer at samfunnet var prega av klassekamp etter krigen. Dei tre samfunnsklassane arbeidarar, borgarskap og bønder hadde forskjellige interesser og stod i konflikt med kvarandre fram til midten av 1930åra. Det førte til streikar og lockout, men revolusjonen som somme frykta, kom aldri

I 1933 vart partiet Nasjonal Samling stifta. Partiet ynskte eit førarstyre, det hadde mange likskapstrekk med det tyske nazistpartiet, og det var ein tidlegare major og forsvarsminister, Vidkun Quisling, som var leiar.

Ei ny tid I gatene vart det stadig fleire bilar. I 1910 var det registrert 320 bilar i Noreg. I 1920 var talet 9100, og berre ti år seinare rulla det 120 000 bilar på norske vegar. Landet forandra seg. Ein kunne høyre byen skifte lyd. Motor og maskineri var dei nye lydane, og på nokre tiår forsvann den velkjende klakkinga av hestesko mot brusteinane. Folk ringte kvarandre. Det summa i telefonrøyr. Stolpane vart dunka i bakken, og leidningar trekte lenger og lenger. Samfunnet vart knytt saman. Og sjølv om ­arbeidsløysa var høg i heile perioden, vart «dei harde trettiåra» på mange måtar også ein ny start. For dei som ikkje mista jobben, var perioden prega av økonomisk vekst. Industrien voks igjen. Fisket og jordbruksproduksjonen auka. I 1940 var det norske bruttonasjonalproduktet om lag dobla sidan 1920. Mot slutten av 1930-åra hadde mange nordmenn også skaffa seg radio. Dei sat i stova og kunne lytte til verda, og verda opna seg. For folk flest såg framtida lysare ut. Dei visste enno ikkje at den tida dei levde i, skulle få namnet mellomkrigstida. Dei visste ikkje kva som skulle kome.

at både hos arbeidarar og dei borgarlege var det grobotn for politisk ekstremisme at Noreg etter den første verdskrigen vart ramma av fleire økonomiske kriser. ­Bankar gjekk konkurs, ­arbeidsløysa var skyhøg, og gardar vart selde på tvangsauksjon at kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935 vart starten på ei varig regjeringsmakt for Arbeidarpartiet, eit mindre konfliktfylt arbeidsliv og ein stat som tok større grep mot marknads­ kreftene

Demonstrasjonstog i New York i 1913. Litteraturliste Berge Furre: Norsk historie 1914–2000, 2000 Per Haave: Sterilisering av tatere 1934–1977, 2000 May-Brith Ohman Nielsen: Norvegr. Norges historie, 2011

306


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Bla gjennom kapittelet og sjå på overskrifter og bilete. Skriv 8–10 stikkord som du meiner summerer opp dette temaet. 2 Kraftutbygging og industrialisering gjorde at små stader raskt voks seg større. Forklar kvifor Rjukan voks fram ­tidleg på 1900-talet. 3 Etter at Noreg vart sjølvstendig i 1905, vart det gjort ­endringar i skriftspråket. Til dømes vart «fjeld» til «fjell». Kva trur du grunnen til det var? 4 Jørgen Løvland, som var utanriksminister frå 1905 til 1908, sa at «Norges udenrigspolitik må være at ingen udenrigspolitik have». Kva trur du han meinte med det?

6 Mellom 1920 og 1933 hadde Noreg 12 ulike regjeringar. a Bruk internett og finn ut kva for parti som hadde statsministeren i denne perioden. b Skriv 3–5 setningar som kan forklare kvifor det var så mange regjeringsskifte i perioden. 7 Før valet i 1933 tok Arbeidarpartiet i bruk slagordet «By og land – hand i hand». Les om kriseforliket på side 304, og skriv 3–5 setningar om korleis eit samarbeid mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet skulle hjelpe folk både på landsbygda og i byen. 8 I 1924 oppretta arbeidarrørsla Arbeidernes Idrettsforbund (AIF). Kvifor var det nødvendig med eigne idrettsklubbar for arbeidarar i Noreg på 1920-talet? Grunngi svaret ditt.

5 Noregs rolle under den første verdskrigen har blitt omtalt som «den nøytrale allierte». Kva meiner ein med det, og er du einig i denne utsegna? Grunngi svaret.

9 Lag tre problemstillingar som du meiner er sentrale for dette kapittelet. Utfordre ein medelev til å løyse ei av dei.

Samanhengar

Perspektiv

1 Kapittelet handlar om Noreg i perioden 1905–1940. a Kvifor trur du dette tidsrommet er valt som avgrensing for perioden? Grunngi svaret ditt.

1 I 1913 vedtok eit samrøystes Storting at også kvinner skulle ha allmenn røysterett i Noreg, som eit av dei første landa i verda. Tenk deg at du bur i eit anna land og kjempar for røysterett for kvinner der. Du er send til Noreg for å skaffe gode argument for å innføre røysterett for kvinner i ditt eige land. a Undersøk kva argument som vart nytta i kampen for kvinneleg røysterett i Noreg fram mot 1913.

b Korleis ville du delt opp perioden 1905–1940 i kortare periodar? Grunngi inndelinga di. 2 Tidleg på 1900-talet såg mange utanlandske selskap potensialet i norske naturressursar. Som eit svar utforma norske styresmakter konsesjonslovene. a Kva er konsesjonslovene, og kvifor var dei viktige for Noreg før 1940? b Forklar kvifor konsesjonslovene også vart svært ­viktige for Noreg etter oljefunnet i 1969. Grunngi svaret ditt. 3 Noreg var tidleg ute med å innføre lover som skulle sikre barn fødde utanfor ekteskap rettar og økonomiske bidrag frå far (sjå side 294). a Forklar kvifor desse lovene var viktige for likestilling og kvinnefrigjering. b Mange møtte lovene med motstand, mellom anna Husmorforbundet. Kvifor gjorde dei det, trur du? 4 På side 297 står omgrepa dyrtid og jobbetid forklart. Skriv eit avsnitt der du forklarar samanhengen mellom dyrtid og jobbetid, og kva for delar av befolkninga som vart ramma av dei to fenomena.

b Bruk eitt eller fleire av argumenta du har funne, til å lage ein plakat som skal overtyde folk og politikarar om at kvinner bør få røysterett. Du kan teikne for hand eller bruke eit dataprogram. Hugs at bodskapen må kome godt fram. 2 Vasskraftutbygginga og det norske oljeeventyret viser korleis inngrep i naturen kan gi inntekter og høgare ­levestandard. For 100 år sidan såg ein på vasskraft­ utbygginga som eit fantastisk framsteg – i dag skaper vindkraft og oljeutvinning stor debatt. Drøft denne påstanden: «Hadde levestandarden i dag vore den same som på 1900-talet, ville ingen ha demonstrert mot ­vindmøller og oljeutvinning.» a Finn argument for og imot påstanden. Er du mest einig eller mest ueinig? b Skriv ein konklusjon der du summerer opp dei ulike argumenta og tek stilling til påstanden.

5 Mellom 1905 og 1940 vart det norske demokratiet utvida på fleire område. Fleire fekk røysterett, og det vart mogleg å kunne påverke sin eigen arbeidskvardag. Kva var årsakene til ei slik utvikling?

307


HISTORIE

K A P 12 Frå sjølvstende til krig og kriser

Oppdrag: Kva kan vi lære av reklame? På denne sida ser du innhald og annonsar som er henta frå vekebladet Urd, tidleg på 1930-talet.

Post 1 Les gjennom innhaldet på sida. Kven trur du er målgruppa for dette vekebladet? Finn konkrete døme som du kan bruke til å grunngi svaret ditt.

Post 2 Reklamane på denne sida er nesten 100 år gamle. Korleis trur du dei ville blitt mottekne i dag? Vel ein annonse som du meiner ikkje ville ha fungert i dag. Kvifor reagerer du på den annonsen, og kva ville du ha endra for å få han til å fungere i dag? Grunngi svaret ditt.

Post 3 Slike reklameannonsar kan også hjelpe oss til å forstå fortida. Sjå for deg at du skal bruke annonsane som kjelder for ein fagartikkel du skal skrive om Noreg i mellomkrigstida. Lag minst to forslag til problemstillingar for ein slik fagartikkel.

Post 4 Mange av produkta frå reklamane er framleis aktuelle i dag. Vel eit produkt, og finn minst to døme på moderne reklame for dette produktet. Kva er skilnadene på reklamen frå i dag og den frå 1930-talet? Finn du likskapar?

Post 5 Kva trur du historikarar om 100 år kjem til å seie om reklamane frå vår tid? Kan reklamane du har plukka ut, fortelje noko om samfunnet vi lever i? Er det noko ved reklamane som du trur menneske om 100 år vil kome til å reagere på?

308


309


Slik såg det ut

K A P I T T E L 13

Innhald:

Europeisk storkrig side 312 Verdskrig side 317 Total krig side 320 Store slag side 322 Holocaust side 324 Avslutninga side 327 Rettsoppgjeret side 329

USA USA

CANADA CANADA

UUSSAA

A

Pearl Pearl Harbor Harbor

MEXICO MEXICO

CUBA CUBA

VENEZUELA VENEZUELA

Alliansar Alliansardesember desember1942 1942

Den andre verdskrigen

Dei Deiallierte alliertelanda landaogogandre andre statar statarpåpådeira deiraside side

BRASIL BRASIL PERU PERU

Tyskland, Tyskland,Tysklands Tysklandsallierte allierteogogtysktyskokkuperte okkuperteområde område Japan Japanogogjapanskokkuperte japanskokkuperteområde område 1942 1942 Nøytrale Nøytraleland land Åstad Åstadfor forstort stortslag slageller ellerbombeangrep bombeangrep

Den andre verdskrigen vart både total og global. Så godt som alle område på jordoverflata vart påverka. I løpet av åra krigen varte, vart mellom 60 og 70 millionar menneske drepne. Overgrepa mot sivile var dei mest omfattande nokon gong, og den andre verdskrigen skulle bli den mest øydeleggjande konflikten i verda.

BOLIVIA BOLIVIA

Dette har hendt Mellomkrigstida var ein periode prega av økonomiske og sosiale kriser over store delar av verda. Fascistiske parti fekk makta i både Italia og Tyskland. I begge landa avskaffa dei nasjonale førarane demokratiet og innførte diktatur. ­Japan fekk eit militærdiktatur i same perioden. Tyskland, Italia og Japan knytte band i ein felles kamp mot den ideologiske hovudfienden til fascistane: kommunistane. Dei samarbeidde om å slå kommunistane i den spanske borgarkrigen. Linene mellom Berlin, Roma og Tokyo gjorde at ein kalla denne alliansen aksemaktene.

ARGENTINA ARGENTIN


Grønland Grønland

SOVJETUNIONEN SOVJETUNIONEN Finland Finland Leningrad Leningrad STORBR. STORBR. Normandie Normandie FRANRIKE FRANRIKE

AATTLLAANNTTEERR- -

Moskva Moskva TYSKTYSKLAND LAND

Kursk Kursk

SPANIA SPANIA

MONGOLIA MONGOLIA

Stalingrad Stalingrad

JAPAN JAPAN

HHAAVVEETT

Hiroshima Hiroshima

KINA KINA

TYRKIA TYRKIA

LIBYA ALGERIE ALGERIE LIBYA

ElEl Alamein Alamein

Britisk Britisk India India

Midway Midway

Nanjing Nanjing

IRAN IRAN

SSTTI ILLLLEEHHAAVVEETT Fransk Fransk Indokina Indokina

SUDAN SUDAN

Belgisk Belgisk Kongo Kongo

L

I INNDDI IAAHHAAVVEETT

Nederlandsk India Nederlandsk India

Guadalcanal Guadalcanal Front 1942 Front 1942

Madagaskar Madagaskar

SØR-AFRIKA SØR-AFRIKA

AUSTRALIA AUSTRALIA

NA A NEW NEW ZEALAND ZEALAND


HISTORIE

1937

K A P 13 Den andre verdskrigen

Krigen i Asia begynner

Europeisk storkrig Bakgrunnen

1939

1939–1940

1. september Tyskland angrip Polen. Storbritannia og Frankrike erklærer krig mot Tyskland

Vinterkrigen i Finland

1940

vår Tyskland okkuperer Danmark, Noreg, Belgia, Nederland og Frankrike

1940

juli–oktober Slaget om Storbritannia

1941

22. juni Tyskland invaderer Sovjetunionen

1941

7. desember Japan angrip Pearl Harbor. Krigen blir global

1942

USA vinn fleire slag i Stillehavet

1942–1943

Slaget om Stalingrad. Krigen på austfronten snur

1944

6. juni D-dagen

1945

8. mai Tyskland kapitulerer. Krigen i Europa er over

1945

august Atombomber over Hiroshima og Nagasaki. Den a ­ ndre verdskrigen er slutt

312

I Nord-Europa var slutten på august månad i 1939 uvanleg varm og fin. Folk bada og koste seg i ferien. Samtidig var stemninga spent og til dels elektrisk. Folk frykta krig. Det var velkjent at Tyskland under leiing av Adolf Hitler og nazistane kravde retten til polske område som hadde lege under Tyskland før den første verdskrigen. Storbritannia og Frankrike hadde erklært at dei ville støtte Polen i eit tysk angrep. Med britisk og fransk støtte i ryggen nekta Polen å godta dei tyske krava. Verda stod ved eit vegskilje. Ingen veit kva Hitler tenkte i august 1939. Sannsynlegvis var han i tvil om dei vestlege stormaktene faktisk ville støtte Polen. Leiarane i Storbritannia og Frankrike hadde bøygt av for tyske krav tidlegare. Fleire gonger hadde dei godteke Hitlers brot på vilkåra i Versaillesavtalen (sjå side 256). I 1936 hadde tyskarane igjen rusta opp det demilitariserte Rheinland. Deretter voks Tyskland med innlemminga av Austerrike i 1938 og okkupasjonen av Tsjekkoslovakia i 1938 og 1939. Utvidinga av det tyske riket hadde gått for seg ved hjelp av diplomati og hardt politisk press, men dei tyske leiarane var villige til å nå lenger med militære middel. Dei hadde førebudd seg i lang tid. Stikk i strid med Versaillestraktaten hadde nazistane rusta opp den tyske krigsmakta. Hitlers politiske prosjekt var nettopp å gjenreise æra til det tyske folket og Tysklands stormaktsposisjon. Fleire hendingar i slutten av 1930-åra gjorde det tydeleg at det gamle diplo­ matiske systemet ikkje fungerte. Folkeforbundet hadde vist seg å vere ute av stand til å hindre borgarkrigen i Spania, Japans angrep på Kina, Tysklands utviding i Sentral-Europa og Italias erobring av Etiopia. Usemja mellom landa i Folke­ forbundet hindra ein effektiv allianse mot Tyskland. Vestlege regjeringar nølte ­dessutan med å forhandle med Sovjetunionen. Britane meinte dei var betre tente med at Tyskland og Sovjetunionen svekte kvarandre i ein krig. Statane hadde ulik geografi, historie og økonomi, og særleg erfaringane frå den første verdskrigen gav leiarane deira ulike perspektiv på verda. Nazistane i Tyskland ynskte omkamp, mens leiarane i Storbritannia og Frankrike meir enn alt anna frykta ein ny storkrig. Når dei no stod overfor Hitlers politiske aggressivitet, var dei difor tvilrådige og vaklande.

Ikkjeangrepspakta sjokkerer Hitler håpte at dei vestlege maktene ville avstå frå ein intervensjon i Polen, men han visste at leiarane i nabolandet til Polen i aust, Sovjetunionen, ville mislike eit Tyskland heilt innpå seg. Tyskland og Russland var fiendar under den første verdskrigen, og etter den kommunistiske revolusjonen i 1917 (sjå side 266) og sigeren til nazistane i 1933 var landa i tillegg bitre ideologiske motstandarar. Hitler viste tydeleg at han hata tyske kommunistar og heimlandet til kommunismen, Sovjetunionen. Han kopla kommunisme og jødedom saman i omgrepet jøde­ bolsjevisme, som for han representerte alt det Tyskland ikkje stod for. Likevel ynskte Hitler å utsetje eit militært oppgjer med Sovjetunionen. I staden sende han utanriksministeren sin, Joachim von Ribbentrop, for å tilby Sovjetunionen ein ikkjeangrepsavtale. Sommaren 1939 flaug Ribbentrop i løynd til Moskva og inngjekk ein slik ­avtale med Stalins utanriksminister, Molotov. Då Molotov–Ribbentrop-avtalen vart kjend 23. august 1939, sjokkerte det ei heil verd. Få hadde trudd at dei to ideologiske hovudfiendane ville inngå ein slik avtale. I korte trekk gjekk avtalen ut på at Sovjetunionen ikkje skulle bry seg om kva Hitler


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

dreiv med i dei vestre delane av Polen, mens tyskarane til vederlag lova Sovjetunionen frie hender i nærområda deira – dei tidlegare russiske områda i Romania, Aust-Polen, Finland og dei baltiske statane. For Stalin innebar avtalen at Sovjetunionen kjøpte seg tid til å førebu seg på ein eventuell krig. Ved å halde seg utanfor kunne Stalin håpe at dei kapitalistiske landa svekte kvarandre, og det ville vere til fordel for hans eigen stat.

Den andre verdskrigen blir ofte omtalt berre som Krigen (med stor K). Reflekter over kvifor du trur nettopp denne krigen blir omtalt på denne måten.

Hitlers ynske om «Lebensraum» Historikarane er einige om at det var Tyskland som var den aggressive parten og var årsaka til at den andre verdskrigen braut ut. Sidan Hitler overtok makta i 1933, hadde han hevda at tyskarane trong «Lebensraum», livsrom, for å kunne utfalde seg. Ambisjonane hans om å opprette Det tredje riket innebar å erobre store delar av Sentral-Europa og Aust-Europa. Landområde i Polen, Ukraina og Sovjetunionen skulle koloniserast av tyske nybyggjarar. Adolf Hitler hadde hastverk. Den tidlegare korporalen frå den første verdskrigen ynskte utan tvil ein ny storkrig, der Tyskland skulle snu det audmjukande nederlaget i fortida til siger. For at det skulle bli lettare å vinne, ville han setje krigen i gang før motstandarane var førebudde.

Krigsutbrotet I timane og dagane som følgde etter at Molotov–Ribbentrop-avtalen var inngått, prøvde både britar og polakkar fåfengt å få dei tyske leiarane i tale for å få til ei fredeleg løysing. Hitler hadde alt gitt troppane sine ordre om å gå til krig mot Polen. Tyske soldatar marsjerte inn i Polen natt til 1. september 1939. Angrepet kom frå nord, vest og sør, og det var massivt. Mobiliseringa i Polen var kaotisk. Den polske regjeringa hadde i det lengste unngått å kalle saman soldatane fordi ein frykta at det ville gi tyskarane eit påskot for å angripe.

demilitarisert: fritt for militære troppar og anlegg diplomati: system som er utvikla for å ta seg av den formelle kontakten mellom statar intervensjon: innblanding, det å gripe inn Det tredje riket: nazistisk nemning på Hitler-Tyskland (1933–1945). Nemninga spelar på dei to føregåande store rika i den tyske historia: Det tysk-romerske riket (962– 1806) og Keisarriket (1871–1918)

Føraren helsar soldatane. Adolf Hitler tek imot troppane sine i den polske hovudstaden Warszawa 5. oktober 1939.

313


HISTORIE

K A P 13 Den andre verdskrigen

Lag ei pilforklaring på gangen i krigsutbrotet. (Les meir om ­pilforklaringar på side 510.)

3. september stod Storbritannia og Frankrike ved sine garantiar og erklærte krig mot Tyskland. Storbritannia og Frankrike gav ikkje Polen militær hjelp, dei førebudde seg i staden på forsvarskrig. Polakkane kjempa imot, men måtte gi seg etter godt og vel ein månad. Mindre enn tre veker etter det tyske angrepet gjekk sovjetiske soldatar inn i Polen frå aust. I hemmelege vedlegg til ikkjeangrepsavtalen hadde Tyskland og Sovjetunionen blitt einige om å dele Polen og fleire område i Aust-Europa mellom seg. At dette var avtalt spel, vart ikkje heilt avklart før ein fann det dokumentert i russiske arkiv etter at Sovjetunionen fall i 1991. I det tyskkontrollerte området vart Polen delt inn i fylke («gau»), der eigne guvernørar fekk ansvaret for å germanisere folket og landet. Det innebar ei utreinsking av den jødiske befolkninga i Polen på rundt tre millionar menneske. I nokre tilfelle hjelpte antisemittiske grupper i den polske befolkninga til med jødeutryddingane. Befolkninga elles vart behandla omsynslaust, og mange intellektuelle og politiske motstandarar vart fengsla. Tyske innsatsgrupper drap folk som kunne leidd ei polsk motstandsrørsle: aristokratar, dommarar, journalistar og professorar. Russarane drap eller fengsla dei som kunne halde oppe polsk nasjonalisme: advokatar, lærarar, prestar, offiserar og journalistar. Store delar av det polske offiserskorpset vart tekne til fange i 1939 og drepne året etter av sovjetisk hemmeleg politi (KGB) i Katynskogen. Hendinga er kjend som Katynmassakren. I resten av Europa førebudde ein seg på krig vinteren 1940. Britane kalla tida «the phoney war», «liksomkrigen». Det var fordi dei vestlege stormaktene formelt sett var i krig, men framleis ikkje involverte i krigshandlingar.

Situasjonen i Norden

germanisere: gjere germansk/tysk buffer: område for å hindre at andre makter kjem for nær innpå

Les meir om krigen i Noreg på side 336.

314

Men i Finland gjekk det for seg krigshandlingar. Finland vart krigsskodeplass vinteren 1939/1940. Bakgrunnen var at Sovjetunionen ville ha ein buffer rundt Leningrad (dagens St. Petersburg), men Finland sa nei til det sovjetiske kravet om å avstå landområde. Seint på hausten 1939 gjekk difor Sovjetunionen til krig mot Finland, Vinterkrigen. Den finske befolkninga gjorde kraftig motstand, men måtte gi seg etter ein tre månader lang kamp. Finland måtte gi frå seg 10 prosent av landområdet sitt til Sovjetunionen. Som med Noreg angreip tyskarane Danmark 9. april 1940. Danmark gav raskt opp den militære motstanden mot Tyskland mot ein garanti for politisk sjølvstende og territoriell integritet. Den danske kongefamilien og regjeringa vart altså sitjande ved makta, men var underlagde tysk kontroll. Då motstandsrørsla i Danmark auka mykje omkring 1942–1943, tok nazistane full kontroll over landet. Sverige erklærte seg nøytralt og vart difor offisielt ståande utanfor den andre verdskrigen. Samtidig gav svenskane stor materiell og humanitær hjelp til dei nordiske nabolanda sine, mellom anna ved å sende mat og utstyr, og dei tok imot tusenvis av flyktningar. Som nøytral makt lét Sverige også tyske troppar ­bevege seg over svensk territorium, og dei selde jern til Tyskland i dei første krigsåra. Frå 1943 vart det likevel slutt på det, og seinare støtta Sverige berre dei allierte. Island vart okkupert av britiske og amerikanske troppar 10. mai 1940. Landet var då i union med Danmark, som var okkupert av nazistane. Etter kort tid samarbeidde dei islandske styresmaktene med okkupasjonsstyrken, sjølv om dei formelt følgde ein nøytralitetspolitikk. I 1944 braut Island ut av unionen med Danmark og erklærte seg som ein sjølvstendig republikk.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Blitskrig Angrepa på Danmark og Noreg 9. april 1940 var ein del av ein stor tysk offensiv, der målet var kontroll over heile Vest-Europa. Berre ein månad seinare angreip tyskarane Belgia, Nederland og Frankrike. Taktikken vart kalla blitskrig – lynkrig. Med nye og moderne stridsvogner og fly overrumpla og omringa tyskarane fiendane før dei rakk å organisere effektiv motstand. Den første verdskrigen hadde vist styrken til defensive våpen og taktikk. Sidan dei allierte vann krigen, vart dette eit bevis for dei på at det lønte seg å satse på forsvarsstyrkar. Franskmennene konstruerte eit massivt forsvarsverk, Maginotlina, langs den tysk-franske grensa. Men tyskarane, som hadde tapt den første verdskrigen, tenkte annleis og satsa massivt på å byggje stridsvogner og kampfly med stor fart og rørsle. Frå 1935 hadde dei rusta kraftig opp. Ingen hadde fleire stridsvogner, kampfly og bombefly enn dei. Då krigen begynte, var den tyske hæren den mest mekaniserte og best trente i Europa. Den tyske taktikken viste seg å vere nesten sjokkerande effektiv. På nokre veker i mai 1940 erobra tyske hærstyrkar Belgia, Nederland, Luxembourg og størstedelen av Frankrike. Spesielt for den gamle stormakta Frankrike var det raske nederlaget traumatisk. Frankrike hadde sidan den første verdskrigen stått svakt militært, og greidde ikkje å stå imot den tyske offensiven.

Berlin 6. juli 1940. Etter triumfen i Frankrike nådde Hitler toppen av sin popularitet i heimlandet. Her tek han saman med Herman Göring imot hyllest frå folket på balkongen i Rikskanselliet på Wilhelmplatz i Berlin. Bygget vart øydelagt dei siste dagane i krigen og finst ikkje lenger.

315


HISTORIE

K A P 13 Den andre verdskrigen

Storbritannia står imot

Winston Churchill (1874–1965).

London i 1945. Kva for ein ­bilettekst høver til dette biletet, synest du?

316

Eg har ikkje anna å tilby enn blod, slit, sveitte og tårer.

Desse orda kom frå ein av dei store profilane under den andre verdskrigen, den ­britiske statsministeren Winston Churchill. Forgjengaren hans, Neville Chamberlain, gjekk av på grunn av mistillit i mai 1940. Årsaka var mellom anna at han var for ­ettergivande overfor Tyskland, og den mislykka innsatsen i slaget om Narvik i ­Nord-Noreg. Den nye statsministeren skulle også snart få hendene fulle. Då Frankrike fall, vende Tyskland seg mot den siste krigsmotstandaren sin med full styrke. I over ein månad vart Storbritannia bomba, dag og natt, og målet med det langvarige flyangrepet var å øydeleggje britiske fabrikkar og flybasar for å førebu ein invasjon. London åleine vart utsett for 71 bomberaid på 57 dagar. Mange bybarn vart sende ut på landsbygda for å vere skåna for bombeangrep, og mange av dei møtte aldri foreldra sine igjen. Britane heldt stand. Det kom aldri nokon landinvasjon, og Winston Churchill greidde på ein særeigen måte å motivere landsmennene sine. I radiosende talar roste han krigsmoralen, peikte på at motstanden mot Hitler ville bli hugsa som «the finest hour» for britane, og mante til vidare kamp. At Storbritannia aldri overgav seg, var svært viktig for den vidare kampen mot den tyske krigsmaskinen. Mange europeiske regjeringar, også den norske, heldt til i London i krigsåra, og motstandsstyrkar vart trente på dei britiske øyane. Det var også Storbritannia som var utgangspunktet for den avgjerande invasjonen av Normandie i 1944 (sjå side 323).


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Sentral-Europa og Balkan Bulgaria, Romania, Slovakia og Ungarn slutta seg til tremaktspakta mellom Tyskland, Italia og Japan i 1940. I april 1941 angreip Tyskland Hellas og Jugoslavia med blitskrigtaktikk. På få veker var begge landa erobra. Hundretusenvis av jugoslaviske krigsfangar vart sende mellom anna til Noreg for å byggje jernbane, vegar og flyplassar under umenneskelege forhold. For Tyskland var det viktig å ta kontroll over oljefelta i Romania for å kunne halde oppe produksjonen og drivstoffreservane, men eit sovjetisk press mot rumenarane auka mistrua mellom Tyskland og Sovjetunionen. Det vart klart for Hitler og nazistane at eit oppgjer mot kjempa i aust hasta. Dei planla eit angrep på Sovjetunionen våren 1941. Hitler rekna optimistisk med at det skulle ta tre månader å vinne kampen mot Sovjetunionen. Det skulle vise seg å bli det største feilgrepet hans.

Meiner du at det er andre ­hendingar i verdshistoria som omfattar heile verda? Tenk på dei hendingane du har lese om tidlegare. Kor mange og kven av dei har hatt innverknad på alle verdsdelane innanfor eit kort tidsrom?

Verdskrig I løpet av 1941 vart krigshandlingane i Europa og Asia kopla saman til éin stor, verdsomspennande krig. To hendingar markerer utvidinga: det tyske angrepet på Sovjetunionen og det japanske angrepet på Pearl Harbor. I slutten av 1941 var ­krigen difor over i ein ny fase med global krigføring.

Austfronten 22. juni 1941 sette Hitler i gang det største militære angrepet i verdshistoria, Operasjon Barbarossa – angrepet på Sovjetunionen. Utan forvarsel og i løpet av ­timar flytte tre millionar godt trente, utstyrte og organiserte tyske soldatar seg, til fots, i panservogner og lastebilar eller på motorsyklar, over grensa til det største landet i verda. Stalin, som hadde håpa og trudd at Hitler ville oppfylle ikkjeangrepspakta dei to statane hadde inngått, var blitt halden for narr. Austfronten var opna. Krigen mellom Tyskland og Sovjetunionen blir ofte omtalt som den verste krigen i historia, og han vart utkjempa med ein råskap som saknar sidestykke i historia. Tapstala var ofte større enn talet på soldatar som vart drepne i kampane sør og vest i Europa. Frå 1941 til 1945 døydde meir enn 30 millionar russarar. Tre millionar sovjetiske soldatar vart tekne til fange av tyskarane i dei første krigsvekene, og innan 1941 hadde mange av dei døydd av svolt. Gjennom sommaren og hausten 1941 rykte dei tyske troppane fram til Leningrad. Dei invaderte ikkje byen, men begynte ei kringsetjing som varte i fleire år, og førte til at éin million av innbyggjarane i byen døydde av svolt og mangel­sjukdommar. I oktober same året nådde den tyske krigsmaskinen Moskva, men heller ikkje her tok dei byen. Då vinteren kom, snudde krigslykka for tyskarane. Dei hadde satsa på ein rask triumf, og styrkane var ikkje førebudde på vinterkrig. Soldatane hadde ikkje vinteruniformer, og våpena fungerte dårleg i kulda. Det som til no hadde vore ein angrepskrig, vart frå vinteren 1941/1942 i langt større grad ein stillingskrig. I dei erobra områda viste dei tyske soldatane ingen nåde. Tusenvis av landsbyar og gardar på landsbygda vart brende ned til grunnen. I kjølvatnet av soldatane følgde innsatsgrupper som myrda alle jødar, sigøynarar og andre uynskte individ. Over halvparten av dei drepne var sivile, svært mange av dei kvinner og barn. Noko av bakgrunnen for den brutale framferda var ei spesiell førarbefaling. Adolf Hitler hadde gitt ordre om at soldatane ikkje skulle ta fangar, men drepe alle representantar for den kommunistiske staten og partimedlemmer. I praksis vart ordren brukt til å rettferdiggjere drapa på langt fleire, og ikkje berre dei med kommunistisk

Frå slaget om Moskva. Biletet er frå 1942.

317


HISTORIE

K A P 13 Den andre verdskrigen

partimedlemskap. Førarbefalinga var eit markant brot på internasjonale reglar for korleis krig skulle førast. Mottrekket frå Sovjetunionen var å auke mobiliseringa. Millionar av nye soldatar frå heile landet vart innkalla til krigsteneste. Kvinnene tenestegjorde ikkje berre som sjukepleiarar, men også som snikskyttarar og pilotar. Samtidig vart fabrikkar som produserte krigsmateriell, flytta utanfor rekkjevidde for tyskarane, og både kvinner, barn og eldre vart sette inn som arbeidarar. Snart produserte dei våpen raskare enn tyskarane. Produktiviteten til dei ulike krigsmaktene vart avgjerande for utfallet av den andre verdskrigen.

Krigen i Asia Også i aust hadde økonomisk depresjon skapt eit farleg og aggressivt regime. Sidan slutten av 1800-talet hadde Japan vore ei militær stormakt, og militæret hadde stort spelerom i landet. Etter den økonomiske depresjonen i 1930-åra auka oppslutninga om militante og nasjonalistiske krefter. På same måten som Hitler i Europa ynskte sterke krefter i landet å utvide Japans territorium med makt.

Japan angrip Kina Alt i 1931 hadde Japan okkupert Mandsjuria, nord i Kina, for å få kontroll over råvarene der. Frå før styrte Japan Korea og Taiwan. Kinesisk motstand kom seint i gang fordi nasjonalistpartiet som styrte Kina, leidd av Chiang Kai-shek, først ville slå ned dei kommunistiske opprørarane i landet. Først i desember 1936, etter at Chiang Kai-shek var blitt kidnappa, gjekk han med på å gå saman med kommunistane for å slå tilbake dei japanske angrepa. I 1937 braut det ut full krig mellom Kina og Japan like utanfor storbyen Beijing. Japanske styrkar hadde eit overtak og angreip dei meir velståande handelsbyane på austkysten av Kina. Japan okkuperte store delar av Aust-Kina. På same måten som Tyskland hadde Japan stor suksess med aggressiv krigføring i den første delen av krigen. Som Tyskland viste japanarane forakt for diplomati og fredelege løysingar, og gjekk til overraskande angrep før dei erklærte krig. Dei raske angrepstaktikkane deira var effektive. Både Japan og Tyskland var industrimakter med nye høgteknologiske våpen og moderne kampmetodar, og dei hadde begge stor militær slagkraft. Ei grunngiving japanarane brukte for å forsvare krigføringa, var å «redde» kinesarane frå eit kommunistisk styre. Men den brutale japanske angrepskrigen medverka heller til at kommunistane, under leiing av Mao Zedong, fekk større oppslutning i Kina. Japan gjekk brutalt fram og nytta bombefly mot sivile mål. I tillegg tok japanarane i bruk biologisk og kjemisk krigføring. Ei topphemmeleg eining innanfor det ­japanske militæret utførte medisinske eksperiment på levande menneske i Mandsjuria. Japanarane for verst fram i Nanjing, som då var den kinesiske hovudstaden. I Nanjing-massakren i 1937 vart mellom 300 000 og 400 000 kinesarar drepne på bestialsk vis i løpet av seks veker. Japanarane kokte, halshogg, skaut, batt med piggtråd og køyrde over menneske med panservogner. Somme vart også gravlagde levande. I tillegg vart titusenvis drivne på flukt, og mange tusen jenter og ­kvinner vart utsette for massevaldtekt. Menneskesynet som låg bak slike handlingar, er vanskeleg å forstå. Det er ­tydeleg at dei japanske soldatane såg på kinesarane som undermenneske, med ei forakt som likna det synet nazistane hadde på jødar. Ein japansk soldat skreiv til

318


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

dømes i dagboka si at kinesarane var som «maur som kraup rundt i sanden». Soldatane som var med på massakren, tok sjølve bilete som dokumenterte dei barbariske handlingane. Mange japanarar var overtydde om at dei var eit rasemessig og kulturelt overlegent folkeslag. Noko av årsaka til den japanske brutaliteten under den andre verdskrigen var denne ekstreme forma for nasjonalisme. Krigen gjorde at forholdet mellom Kina og Japan framleis er spent. Japanarane har ikkje bede om unnskyldning for krigsbrotsverka i Kina. I alt vart over 20 millionar kinesarar drepne i krigen mellom Kina og Japan, som varte i nesten åtte år.

Shanghai, 28. august 1937. Biletet vart teke rett etter eit japansk bomberaid over byen. Mor til barnet døydde, og biletet av det einsame vesle barnet førte til massiv kritikk mot ­japansk krigføring.

Japan og Sovjetunionen i krig På grunn av motstridande interesser i Aust-Asia hamna Japan og Sovjetunionen i konflikt med kvarandre. I Mongolia stod det eit langvarig slag mellom sovjetiske og japanske styrkar sommaren 1939, som sovjetarane til slutt vann. Skremde av nederlaget bestemte japanarane seg for å utvide imperiet sitt sørover og ikkje nordover. Då dei europeiske landa samtidig hamna i krig med Tyskland, fekk Japan ein gyllen sjanse til å sjå mot dei franske, nederlandske, britiske og amerikanske koloniane i Søraust-Asia og stillehavsområdet. Den japanske krigføringa omfatta etter kvart planar om eit heilt kolonivelde i SørøstAsia. Men desse planane kolliderte med USAs interesser i Stillehavet, og det kom snart til konflikt om områda. Det første trekket USA gjorde, var å stoppe sal av olje til Japan, Og då vart det umogleg for Japan å drive dei militære operasjonane sine. Japans mottrekk skulle vise seg å få konsekvensar langt utover stillehavsområdet.

Tapstala i den andre verdskrigen er ufattelege. Kvifor vart tapstala så ekstreme i denne krigen, trur du? Er det noko som skil han frå tidlegare konfliktar, som kan ­forklare det?

319


HISTORIE

K A P 13 Den andre verdskrigen

Japan angrip USA

Indokina: dagens Vietnam, Laos og Kambodsja

Tidleg om morgonen søndag 7. desember 1941 gjekk japanske kampfly og mini­ ubåtar til angrep på den amerikanske flåten som var stasjonert i Pearl Harbor på Hawaii. Angrepet kom svært overraskande på alle. På eit par timar var det heile over, og resultatet var over 2300 drepne amerikanske soldatar og ei stor mengde totalskadde fly og krigsskip. Angrepet på Pearl Harbor vart, saman med invasjonen av Sovjetunionen, dei verkelege vendepunkta under den andre verdskrigen. Grunnen var at USA dagen etter erklærte krig mot Japan. Få dagar seinare svarte Tyskland med å erklære krig mot USA. Slik vart USA dregen inn i det som no med rette kunne kallast ein verdskrig. Hitler fekk då krig på fleire frontar. USA, Sovjetunionen, Storbritannia og Frankrike stod no saman om å kjempe mot Nazi-Tyskland og Tysklands allierte. For Hitler var dette ei nesten umogleg oppgåve, og krigen skulle frå no av bli ei uthaldsprøve. Økonomisk styrke vart avgjerande for utfallet, slik det også var under den første verdskrigen. Trass i den nye situasjonen gjekk det framleis bra for aksemaktene. I 1941–1942 sigra japanarane i stillehavsområda, og dei europeiske koloniane fall ein etter ein. Indonesia, Indokina, Malaya, Filippinane, Ny-Guinea og Singapore kom under ­japansk kontroll, i tillegg til delar av Kina.

Total krig Som under den første verdskrigen spelte kvinnene ei viktig rolle i krigsindustrien. Korleis trur du det gjekk etter krigen? Fekk dei framleis ha jobbane?

Den andre verdskrigen blir omtalt som ein total krig fordi store område vart trekte med, og fordi sivilsamfunnet vart hardt ramma. Bortimot halvparten av alle som døydde, var sivile. Dei største tapstala finn vi i Sovjetunionen, Kina, Polen og Jugoslavia. Total krig tyder at krigen gjennomsyrte heile samfunnet. Mellom anna i Storbritannia og USA vart soldatar mobiliserte til fronten gjennom tvangsutskriving og vervekampanjar. Rasjonering av matvarer vart ein viktig måte for staten å kontrollere og planleggje ressursbruk på. Folk vart oppfordra til å så grønsaker i hagen eller ha ein gris på kjøkkenet, og det vart ikkje produsert «luksusprodukt», som sminke og godteri. Befolkninga skulle i tillegg kjøpe krigsobligasjonar for å gi staten meir pengar til å lage våpen og skaffe forsyningar til fronten.

Rolla til kvinnene Kvinnene stod for ein avgjerande innsats under krigen, og dei heldt hjula i gang på mange samfunnsområde. Mellom anna overtok dei arbeidsplassane i fabrikkane då mennene vart sende til fronten. Det gjorde dei likevel ikkje i Tyskland, sidan det, ifølgje nazistisk ideologi, var i heimen kvinnene skulle vere. I staden brukte tyskarane arbeidarar frå okkuperte land og krigsfangar i industrien sin. Kvinner frå andre land kunne arbeide i tyske fabrikkar. Det einaste landet der kvinner fekk gjere aktiv militær innsats, var Sovjetunionen. Omkring ein million russiske kvinner vart mobiliserte, mange av dei ved fronten. Det var ikkje verneplikt for desse kvinnene, dei verva seg frivillig.

320


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Propaganda Hitler beundra propagandaen frå dei allierte under den første verdskrigen, og han såg kor viktig det var for å få folket med seg i kampen. Difor la Tyskland stor vekt på propaganda under den andre verdskrigen, mellom anna ved å utnemne ein eigen propagandaminister, Joseph Goebbels. På enorme folkemøte og i radiosende talar hamra Hitler inn den enkle bod­ skapen sin om «det reine tyske folket» og deira behov for «Lebensraum», og det lykkast for han å skape effektive fiendebilete.

Naziststyret Dei tyskokkuperte områda vart styrte på ulike måtar, avhengig av planen som dei tyske styresmaktene hadde for landet etter at krigen var over. I all hovudsak var planen at «ariske område» i Nord-Europa og Vest-Europa skulle innlemmast i ein framtidig nazistisk stat, mens dei erobra områda i Aust-Europa skulle koloniserast av tyske nybyggjarar. Soldatane plyndra og fordreiv befolkninga i Polen og Sovjetunionen og klargjorde områda for tysk busetnad. I alle område gjekk det for seg ei etnisk reinsing av jødar og sigøynarar, i tillegg til fengsling og avretting av politiske motstandarar. Millionar av tyske menn var stasjonerte som soldatar over heile Europa. Berre i Noreg var det 400 000. Størsteparten av den tyske krigsmaskinen var Wehrmacht-soldatar, det statlege militæret. Wehrmacht var ikkje gjennomnazi­ fisert, sjølv om soldatane måtte sverje truskap til Hitler. I tillegg hadde nazistane sin eigen militære eliteorganisasjon, Waffen-SS, leidd av Heinrich Himmler, ein mann som Hitler hadde overlate oppgåva til. Medlemmene i Waffen-SS var overtydde ­nazistar som hadde verva seg frivillig til teneste og var svært lojale overfor Hitler. Gjennom okkupasjon og samarbeidsavtalar fekk Tyskland tilgang til råvarer og industri. Korn, kjøt, olje og kol vart teke frå dei austlege områda, jernmalm fekk ­landet frå Frankrike. Arbeidskraft vart også rekruttert frå okkuperte område, og krigsfangane måtte arbeide i tyske fabrikkar når den tyske arbeidarklassen vart verva til militærteneste. Tyske soldatar ved fronten og i okkuperte område kunne fritt plyndre verdisaker, kunst og møblar – særleg på austfronten, og frå jødar som vart fengsla og internerte. Dei sende store verdiar heim til Tyskland. Saman med eigedelane til tyske ­jødar og fengsla opposisjonelle vart dette delt ut til den lojale delen av den tyske befolkninga. Dermed fekk mange betre levestandard, og det auka oppslutninga om krigen.

«Også DU høyrer til Føraren». Tysk propagandaplakat frå 1937. Korleis ville ein tilsvarande ­plakat blitt motteken i dag, trur du?

321


STORE SLAG El Alamein Etter to slag sommaren og hausten 1942 vann dei allierte over tyske styrkar ved den egyptiske hamnebyen El Alamein. Sigeren var viktig fordi det hindra tyskarane i å nå fram til Suezkanalen og vidare til oljefelta i Midtausten. I panserslaget vart aksemaktene leidde av «ør-

kenreven» Erwin Rommel og dei allierte av Bernhard Montgomery, to av dei mest kjende feltherrane under krigen. For britane var slaget ved El Alamein eit vendepunkt fordi dette var den første sigeren deira, og etter slaget sa Winston Churchill: «Dette er ikkje slutten. Det er ikkje eingong starten på slutten, men

kanskje det er slutten på starten.» Slaget kosta tusenvis av soldatar livet. På kyrkjegarden med dei døde soldatane frå det britiske samveldet, Tyskland og Italia har mange av gravsteinane innskrifta «incognito», ukjend.


Kursk Det største panserslaget i historia stod ved Kursk 5.–23. juli 1943. Tusenvis av stridsvogner og fly var med i slaget. Tyskarane prøvde å påføre den raude armeen eit knusande nederlag, men under slaget utvikla det seg til eit sviande nederlag for tyskarane. Tyskarane slo retrett etter at begge sider hadde lide store tap. Dette var den siste store tyske operasjonen på austfronten, og slaget vippa balansen i favør av sovjetarane ein gong for alle. Det var Stalins fremste general, den omsynslause og effektive Georgij Zjukov, som leidde dei sovjetiske styrkane.

Stalingrad

D-dagen

Slaget ved den sovjetiske byen Stalingrad blir rekna for å vere eit av dei blodigaste slaga i historia. Det var også eit viktig vendepunkt i krigen. Byen var sentral i oljetransporten frå Kaspihavet, og på grunn av namnet hadde byen også eit symbolsk innhald. Dei tyske styrkane nådde byen på seinsommaren 1942, men snø og streng kulde gjennom hausten og vinteren skulle vere ramma for det største enkeltståande slaget i historia. Kampane gjekk for seg i utbomba byblokkar, raserte fabrikkar og nede i kloakksystemet, ofte på så nært hald at soldatane slost med spadar og knivar. Tyskarane døypte den skremmande nærkampen «Rattenkrieg» – rottekrig. Slaget varte i 199 dagar, og tapstala er omdiskuterte, men ufattelege. Mellom 1,7 og 2 millionar menneske skal ha blitt drepne berre på sovjetisk side, mens ca. 850 000 skal ha omkome på tysk side. I tillegg vart svært mange tekne til fange. Etter Stalingrad pressa den raude armeen dei tyske troppane lenger og lenger tilbake. Land etter land som låg under tysk okkupasjon, vart frigjorde: Hellas, Polen, dei baltiske statane og Bulgaria. Til slutt gjekk den raude armeen inn i Tyskland, og i april 1945 nådde dei Berlin.

«Dei kjem!» Ved daggry 6. juni 1944 vart invasjonen i Normandie sett i gang, ein av dei største militære operasjonane som er gjennomført. Eit telegram skrive av ein tysk soldat kl. 04.20 om morgonen lyder slik: «Tusenvis av skip oppdaga. Dei kjem!» Ein brei front av allierte styrkar angreip tyske postar med 300 000 soldatar, 250 krigsskip, 10 000 fly, 24 000 fallskjermjegerar og 4000 landgangsbåtar. Då kystlina var sikra, kom det fleire allierte soldatar. Tyskarane heldt likevel stand lenge, og det tok seks dagar før dei allierte greidde å halde ei samanhengande kyststrekning. Etter ein månad stod ca. ein million allierte soldatar på fransk jord.

Landgangen i Normandie, D-dagen i 1944. I løpet av dei første 24 timane gjekk 150 000 soldatar i land her.

Midway Den amerikanske sigeren over japanarane ved laguneøya Midway i Stillehavet i juni 1942 var eit av dei viktigaste sjøslaga under den andre verdskrigen. Det var første gongen amerikanarane slo japanarane, og etter slaget fekk amerikanarane eit overtak som skulle vare krigen ut. USAs industri produserte fleire nye fly og skip, og amerikanarane hadde tilgang på fleire soldatar enn Japan.

323


HISTORIE

1933

K A P 13 Den andre verdskrigen

Nazistane kjem til makta

1935

Nürnberglovene

1938

9. november Krystallnatta

1939

hausten: massedrap og oppretting av eigne gettoar for jødar

1942

januar: Wannseekonferansen med vedtak om «den endelege løysinga»: utrydding av alle jødar i Europa

1942

Auschwitz blir opna som leir for systematisk masseutrydding

1942

oktober–november: norske jødar blir arresterte og sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland

1943

april: jødar gjer oppstand i gettoen i Warszawa, Polen

1944

juli: Majdanek-leiren blir frigjord

1945

januar: sovjetiske styrkar frigjer Auschwitz

Indoktrineringa av tyske skulebarn begynte tidleg. På tavla står det: «Jøden er vår største fiende! Pass deg for jøden!»

324

Holocaust Nazistane gjorde folkemord på jødane, kjent som holocaust. Ordet holocaust kjem frå gresk og tyder ‘brennoffer’. Ved å ta i bruk industrielle metodar gjennomførte nazistane eit systematisk utryddingsprogram med ein effektivitet og i eit omfang som verda aldri hadde sett maken til. Til saman vart over seks millionar av jødane i Europa myrda. Nazistane drap også fleire millionar sovjetiske krigsfangar, romfolk, homofile og funksjonshemma. Jødeforfølgingane under den andre verdskrigen var langt frå den første antisemit­ tiske hendinga i europeisk historie, men ho var unik på grunn av omfanget sitt. Det hadde levt jødar i Europa i nesten to tusen år. I mellomalderen, då religion var ein viktig identitetsmarkør, var dei ofte ei diskriminert folkegruppe. Jødane hadde eit lukka fellesskap som skapte fordommar, og mange skulda dei for å drive med hemmelege og skadelege ritual. Antisemittisme, det vil seie jødehat, kunne slå ut i direkte forfølging og fordriving, til dømes i Spania, England og Tyskland på 1400-talet. I moderne tid vart jødehatet kopla til rasebiologi. Antisemittar i andre halvdelen av 1800-talet skumla om at jødane hadde spesielt negative eigenskapar som gjekk i arv. Det verserte også førestillingar om ei jødisk samansverjing som verka på eit overnasjonalt nivå for å overta heile verda. Slike tankar stod heilt sentralt i den nazistiske ideologien då han vart utforma på 1920-talet. Det store problemet i samfunnet, slik nazistane såg det, var at den tyske nasjonen var kua og urettferdig behandla etter den første verdskrigen. Nazistane peikte ut jødar og sosialistar som skuldige i å ha forhandla fram ei urettferdig fredsslutning på vegner av Tyskland, og dermed for å ha dolka hæren og ­folket i ryggen. Jødar og sosialistar var ikkje ekte tyskarar, men snarare fiendar av staten og folkefellesskapet, meinte nazistane. Jødane fekk også skulda for finansielle problem og økonomiske kriser. I dei turbulente mellomkrigsåra med depresjon og naud var dette ein bodskap som trefte


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Deportasjon av jødar i Warszawa i 1943.

mange. Jødehatet auka i takt med Tysklands politiske, økonomiske og sosiale problem. Målet for nazistane var å reinske det tyske samfunnet for slike «skadelege» element for å berge det tyske folkefellesskapet.

Før krigen Tyskland før den andre verdskrigen utvikla seg til eit mareritt for den jødiske befolkninga. Nazistane brukte aktivt jødehat i propagandaen alt frå 1920-åra. Då nazistane kom til makta i 1933, og antisemittismen vart sett ut i praktisk politikk, prøvde mange tyske jødar å flykte frå regimet. Men det var ingen stader dei kunne dra. Andre land, inkludert Storbritannia og Noreg, stengde grensene for jødiske flyktningar. Med Nürnberglovene i 1935 tok ein frå jødane rettane deira som tyske borgarar og gjorde dei til andrerangs menneske i juridisk forstand. Vaksne jødar vart utestengde frå offentlege stillingar, og jødiske studentar vart nekta å studere. Ei eiga lov forbaud seksuelle relasjonar mellom jødar og «ariarar». Jødar vart nekta å feire bursdag 20. april, same dagen som Føraren, Adolf Hitler, hadde bursdag. Krystallnatta i 1938 viste viljen hos nazistane til å drepe jødar og øydeleggje jødisk kultur. Då vart jødiske synagoger brende, jødiske butikkar øydelagde og mange jødiske menn drepne, fengsla eller sende i konsentrasjonsleir (sjå også side 286).

Biletet er teke i Warszawa i mai 1943 etter den jødiske oppstanden i gettoen der. Biletet har blitt eit kjent symbol for holocaust. Kva gjer biletet spesielt verknadsfullt? Kva rolle spelar bilete som kjelder i samband med den andre verdskrigen og andre konfliktar?

Under krigen Etter at Tyskland hadde okkupert Polen og delar av Sovjetunionen, fekk nazistane kontroll over storparten av jødane i Europa. Vi reknar med at over fem millionar ­jødar budde i desse områda. Eigne gettoar vart oppretta i Polen, der jødane vart innesperra og ikkje kunne flykte. I gettoane utvikla det seg forferdelege forhold med svolt, naud og redsle. Nazistane diskuterte ulike planar for jødane. Éin måte som vart drøfta, var å sende dei til Madagaskar, ein annan å sende dei til Sibir. Men krigen skapte ein ekstrem situasjon der planar om deportasjon gradvis vart til ei avgjersle om å utrydde

antisemittisk: jødefiendtlig

325


HISTORIE

K A P 13 Den andre verdskrigen

jødane. 1941 vart eit vendepunkt. Dette året begynte tyske innsatsgrupper (SS) i erobra område i Sovjetunionen å myrde jødar. Berre i éin enkeltståande operasjon ved den ukrainske hovudstaden Kiev vart over 33 000 jødar skotne i løpet av to dagar i september 1941. Hendinga er kjend som Babij Jar-massakren. Men det viste seg å vere vanskeleg å drepe tusenvis av menneske ved skyting eller med eksos i lastebilar, og nazistane trong ein meir effektiv, koordinert metode for å få utrydda alle jødane i Europa. 20. januar 1942 møttest tyske tenestemenn, politi og nazistiske leiarar i ein stor villa ved innsjøen Wannsee, like utanfor Berlin. Planen som der vart lansert, var å tilinkjesgjere den jødiske befolkninga i Europa. Dette var «den endelege løysinga» for nazistane på jødespørsmålet. I Tyskland eksisterte det konsentrasjonsleirar heilt frå 1933. Dei var drivne av SS. Mange politiske motstandarar av naziregimet, først og fremst sosialistar og kommunistar, vart sende dit før krigen, i tillegg til grupper av jødar, sigøynarar og homofile. Avrettingsmetoden med eit avlusingsmiddel, zyklon B-gass, var alt velutvikla i Tyskland gjennom det såkalla eutanasiprogrammet. Eutanasi tyder ‘dødshjelp’, hjelp til ein smertefri død. Barn med fysiske og psykiske funksjonshemmingar, som ikkje passa inn i «det ariske folkefellesskapet», vart drepne med gass frå 1. september 1939, då programmet vart sett i verk. Då «den endelege løysinga» vart vedteken på Wannsee-konferansen, vart fleire konsentrasjonsleirar ombygde til å bli dødsleirar med gasskammer som kunne drepe hundrevis av menneske kvar dag.

Auschwitz Auschwitz var den største dødsleiren. Han stod klar som dødsfabrikk i 1942. I tillegg til Auschwitz var det gassanlegg i Chelmno, Majdanek, Belzek, Treblinka og Sobibor. I land etter land vart jødane registrerte, tvinga til å bere ei gul stjerne som identifikasjon, samla og deporterte til leirane med båtar og tog. Når dei kom fram, måtte dei gjennom ei utveljing. Dei sterkaste skulle brukast til tvangsarbeid, mens

Fangar i konsentrasjonsleiren Buchenwald rett før frigjeringa i 1945.

326


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

barn og gamle, og dei som ein meinte ikkje var sterke nok, vart gassa i hel med ein gong. Etter utveljinga var det viktig å leggje beslag på dei få eigedelane som jødane hadde med seg. Det kunne vere verdigjenstandar, som smykke, pengar og klokker. Hår, feitt og hud vart nytta til ymse produkt. Eigne fjell med briller ligg framleis i stablar i Auschwitz. Rettsekspertar gjorde jødane statslause, for at ingen i heimlandet skulle undersøkje kvar dei hadde blitt av. Eigedommane dei forlét, vart konfiskerte. Gassanlegga var utforma som dusjar, slik at menneska ikkje skulle forstå at dei skulle gassast, og ikkje få panikk. Etter at dei var gassa i hel, vart kroppane kremerte. Medfangar i leirane måtte vere med på å få folk inn i og ut av gassanlegga og vidare til krematoria. Etter kvart som det vart klart at Tyskland kom til å tape ­krigen, trappa nazistane opp intensiteten på drepinga. Det første togsettet som hadde med seg jødar som gjekk rett i gasskammera, kom frå Slovakia. Det inneheldt berre kvinner. Holocaust var både eit tysk og eit europeisk brotsverk. Det vart organisert av dei nazistiske leiarane som sat i Berlin, men mange gjerningsmenn var med på å gjennomføre planane – også ikkje-tyske. Frå Frankrike åleine vart heile 76 000 jødar deporterte til dødsleirane, ein stor del til Auschwitz. Berre 2500 kom tilbake. Og det var fransk politi som stod for kartlegging, arrestasjon og eskortering til interneringsleirane. Ikkje ein einaste tysk soldat trongst i aksjonen. Det same hende i fleire europeiske land, mellom dei Noreg. Omkring halvparten av dei rundt 2000 norske jødane vart sende til dødsleirar. Danmark var eit av få land som makta å redde den jødiske befolkninga si frå å bli kraftig redusert, i ein storstilt redningsaksjon i 1943. Sjølv om dei allierte etter kvart fekk rapportar om behandlinga av jødar og andre folk i konsentrasjonsleirar og dødsleirar, vart det gjort lite for å stoppe det. Bombetokta vart retta mot dei tyske byane, ikkje mot leirane. Majdanek var den første dødsleiren som vart frigjord då den raude armeen rykte inn i Polen sommaren 1944. Auschwitz vart frigjord i januar 1945. Etter krigen vedtok FN ein eigen folkemordkonvensjon. Landa som har skrive under på han, forpliktar seg til å arbeide ikkje berre for å hindre, men også for å straffe folkemord. Folkemord er definert som drap eller skade på folk «gjort med det formålet å øydeleggje heilt, eller delvis, ei nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe». Dessverre har ikkje konvensjonen hindra nye folkemord. I Kambodsja, Rwanda, Bosnia, Kosovo og Myanmar har folk blitt drepne i tusental på grunn av etnisiteten eller religionen sin, eller fordi dei høyrde til ei viss sosial gruppe.

Korleis kan vi hindre at det vil kome nye folkemord?

Avslutninga Det tredje rikets fall

Vi kan gå under. Men vi kjem til å ta ei verd med oss. Adolf Hitler, januar 1945

Hitler var villig til å la folket sitt kjempe til siste slutt. Då krigen gjekk han imot og nederlaget nærma seg, var han meir fanatisk enn nokon gong, fast bestemt på å ta med seg sitt eige folk i undergangen. Ein spesiell «Nero-ordre» som Hitler sende ut 19. mars 1945, viser det tydeleg. Ordren, som var oppkalla etter den romerske keisaren som det blir sagt brende sin eigen by, inneheldt instruksar om å øydeleggje all infrastruktur i den tyske sivilisasjonen: fabrikkar, vassystem, vegar, kloakkar, gardar og hus. Ikkje eitt tysk kornstrå skulle falle i hendene på fiendane som nærma

327


HISTORIE

K A P 13 Den andre verdskrigen

Sovjetiske troppar invaderer Berlin. Krigen er over.

seg. Konsekvensane som slike tiltak ville få for sivilbefolkninga, spelte mindre rolle for Hitler. Han hadde no vendt tilinkjesgjeringskrigen mot sitt eige land. Sjølv om tyskarane ikkje visste at Hitler tenkte slik, er det spesielt at det tyske folket heldt fast ved leiaren sin heilt til fienden stod i nasjonalforsamlinga. Det tyske militæret og store delar av sivilsamfunnet var lojale overfor Hitler heilt fram til den endelege kapitulasjonen i mai 1945. Men nokre unntak fanst. I 1944 prøvde ei gruppe Wehrmacht-offiserar som ynskte ei avslutning på krigen, å drepe Hitler i eit attentat. Dei lykkast nesten. Ein koffert med sprengstoff vart smugla inn i eit møterom der Hitler var, men eksplosjonen var ikkje sterk nok til å ta livet av Føraren. Hitler vart skadd og psykisk lamslått. I sluttfasen av krigen viste han seg så svekt at det gjorde inntrykk på folk som møtte han. Han skalv ­tydeleg på høgre handa, hadde svarte posar under auga og fekk ukontrollerte raserianfall. Dei siste dagane i Det tredje riket gøymde Hitler og dei næraste seg i ein bunker under regjeringskvartalet i Berlin, mens den raude armeen rykte inn i byen. Hitler kommanderte ut ungdommar og pensjonistar til å kjempe side om side med dei siste SS-styrkane. 300 000 menneske fall i slaget om Berlin. 30. april 1945 skaut Hitler seg sjølv og kjærasten Eva Braun, som han berre nokre timar tidlegare hadde gift seg med. Nokre dagar seinare, 8. mai 1945, kapitulerte Tyskland. Den andre verdskrigen var over i Europa.

Avslutninga i Asia I Asia heldt kamphandlingane fram etter at Tyskland hadde kapitulert. Dei japanske soldatane var villige til å kjempe bokstavleg talt til siste mann. I fleire slag gjorde ­japanske soldatar heller harakiri, sjølvmord, enn å la seg ta til fange. Å bli teken til fange vart sett på som eit nasjonalt svik og fullstendig ærelaust. Amerikanarane nærma seg Japan. For å unngå ein landinvasjon som ville koste livet til tallause amerikanske soldatar, og for å avgrense Sovjetunionens innverknad i Japan, valde USAs president, Harry S. Truman, ei radikal løysing. 6. august 1945 sleppte eit amerikansk bombefly «Little Boy» over Hiroshima – den første atombomba i verda. Tre dagar seinare sleppte eit anna fly den andre atombomba, «Fat Man», over Nagasaki. Byane vart nesten totalt øydelagde, og til saman mista fleire hundre tusen menneske livet. Den japanske regjeringa kapitulerte straks og overgav seg formelt nokre veker seinare. Med atombombene over Hiroshima og Nagasaki enda den andre verdskrigen. Hiroshima i desember 1945, fire månader etter at atombomba fall.

328


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Rettsoppgjeret Etter at krigen var slutt, vart det gjennomført rettsoppgjer i både Tyskland og Japan. Politiske og militære leiarar vart dømde og straffa, ikkje heile befolkninga. Det var dei sigrande statane, Sovjetunionen, USA, Storbritannia og Frankrike, som arrangerte rettsoppgjeret i Tyskland. USA gjennomførte også eit eige rettsoppgjer i Japan. Det mest kjende oppgjeret har fått namnet Nürnbergprosessen, etter den sørtyske byen det vart gjennomført i. Rettssaka gjekk for seg i åra 1945–1946, og det vart reist tiltale mot 24 politiske og militære leiarar frå det nazistiske Tyskland. Tolv vart til slutt dømde til døden ved henging. Sju fekk fengselsstraffer, og tre vart frifunne. Dødsstraffene vart fullbyrda 16. oktober 1946. Dommane galdt brotsverk mot menneska, krigsbrotsverk og brotsverk mot freden.

Konsekvensar Alle store krigar endrar samfunnet, somme meir enn andre. Den andre verdskrigen fekk djuptgripande konsekvensar for heile verda, og det er få enkelthendingar som har prega ei heil verd på same måten som den andre verdskrigen. Dei materielle øydeleggingane var enorme. Tyskland, Japan og store område i Sovjetunionen og Asia låg i ruinar etter invasjonar og bombetokter, og øydeleggingane i resten av Europa var også store. Mellom 60 og 70 millionar menneske hadde omkome. Millionar var skadde og drivne på flukt. Det største sjokket var likevel det industrielle massedrapet på omkring seks millionar jødar. Men når det gjeld talet på døde, omkom det fleire sivile både i Sovjetunionen og i Kina. 14_23_1

Falne under den andre verdskrigen Folketal 1939

Militære dødsfall

Sivile dødsfall

Holocaustoffer

Døde i alt

Sovjetunionen

168 500 000

10 700 000

15 400 000

Kina

517 568 000

3 800 000

16 200 000

1 000 000

27 100 000

Tyskland

69 623 000

6 533 000

Polen

34 849 000

560 000

3 600 000

160 000

10 293 000

3 440 000

3 000 000

Japan

71 380 000

2 600 000

580 000

-

Jugoslavia

15 400 000

446 000

1 014 000

67 000

9 129 000

300 000

80 000

500 000

Frankrike

41 700 000

512 000

267 000

83 000

Romania

19 934 000

300 000

64 000

469 000

Italia

44 394 000

501 400

145 100

8000

Storbritannia

47 760 000

482 600

67 800

-

131 028 000

516 800

1 700

-

2 575 000

-

212 000

141 000

15 300 000

25 000

43 000

277 000

Ungarn

USA Litauen Tsjekkoslovakia Latvia

1 995 000

-

147 000

80 000

Nederland

8 729 000

7 900

88 900

106 000

Finland

3 700 000

95 000

2 000

-

Bulgaria

6 458 000

22 000

3 000

-

Noreg

2 945 000

3 000

5 800

700

Danmark

3 795 000

2 100

1 000

100

Sverige

6 341 000

-

300

Kva konsekvensar fekk den ­andre verdskrigen? Lag ei stikkordliste, og legg til nye ord på lista etter kvart som du les ­vidare.

Vi har ikkje sikre tal for kor mange menneskeliv som gjekk tapt under krigen. Du vil finne ulike tal i forskjellige kjelder. Prosent av folketalet i 1939 5 10 15 20 25 %

20 000 000 7 000 000 3 180 000 1 527 000 880 000 862 000 833 000 654 500 550 400 518 500 353 000 345 000 227 000 202 800 97 000 25 000 9 500 3 200 300

329


HISTORIE

K A P 13 Den andre verdskrigen

Dette kapittelet handla om at den andre verdskrigen begynte med Tysklands ­invasjon av Polen i 1939 og Japans angrep på Kina i 1937, og vart avslutta etter at USA sleppte to atombomber over japanske byar i 1945 at den andre verdskrigen var den mest øydeleggjande ­konflikten i historia at bakgrunnen for den andre verdskrigen var mellom anna tysk misnøye med oppgjeret frå den første verdskrigen, den økonomiske depresjonen i mellomkrigstida og framveksten av diktatur i fleire land at dei andre stormaktene i verda ikkje greidde å stanse Tysklands og Japans ekspansjon med fredelege middel at krigshandlingane i Sovjet­ unionen og Kina var spesielt brutale og blir rekna som dei verste krigshandlingane dersom vi ser på tap av menneskeliv og øydeleggingar at under den andre verds­ krigen gjennomførte nazistane eit industrielt folkemord der rundt seks millionar jødar vart myrda (holocaust) at folkemordet til nazistane også inkluderte ein halv million sigøynarar, funksjonshemma og homofile at den andre verdskrigen vart vunnen av ein allianse der Sovjetunionen, USA og Storbritannia var dei leiande ­statane at mange overnasjonale institusjonar som vart stifta etter den andre verdskrigen, hadde som mål at det ikkje skulle bli nokon ny verdskrig

Teknologi og vitskap Den teknologiske utviklinga skaut fart under krigen. Det same gjorde den medisinske forskinga. Til dømes vart penicillin teke i bruk i stor skala. Penicillin brukar vi framleis i dag for å få bukt med infeksjonar. Datateknologien begynte også så smått under den andre verdskrigen. Behovet for å systematisere store informasjonsmengder tvinga fram nye metodar. På den andre sida kan vi seie at teknologien langt på veg gjorde krigen mogleg. Med ny teknologi vart det utvikla effektive våpensystem. Kommunikasjonsteknologien opna for meir bruk av propaganda, og forsking gav nye medisinar, men medverka også til utviklinga av avrettingsmetodar.

Større oppslutning om nasjonalstaten I dei aller fleste land hadde det vore stor oppslutning om nasjonalstaten i kampen mot den ytre fienden. Statane fekk meir makt og innverknad under og etter krigen. Med den massive mobiliseringa av ressursane i samfunnet under krigen hadde ­staten på meir gjennomgripande vis styrt innbyggjarane i landa. Etter krigen måtte statane halde fram med å ta ansvar for befolkninga, mellom anna ved hjelp av ­rasjonering i ei knapp etterkrigstid. Nye regjeringar og nytt byråkrati skulle stablast på beina i dei okkuperte områda. Nye samfunn var i støypeskeia. For kvinnene innebar den første etterkrigsperioden eit tilbaketog til heimen då mennene kom heim frå fronten og skulle tilbake i arbeid.

Internasjonalt samarbeid Dei sameinte nasjonane (FN), vart oppretta i 1945 og er eit direkte resultat av den andre verdskrigen. Det same gjeld økonomiske samarbeidsorganisasjonar, som Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF). Dei skulle sørgje for at ­industri og infrastruktur vart bygde opp igjen, og at verda skulle unngå djupe, ­økonomiske kriser som den ein hadde opplevt i mellomkrigstida. Fascismen og nazismen var overvunne. Det var ikkje lenger politisk mogleg å rangere menneske etter biologiske kriterium. Sosialismen og kommunismen kom sterkare ut. Det galdt særleg i Sovjetunionen og i Kina, men også i andre land der desse ideologiane voks.

Nye stormakter I sum må vi slå fast at Europa som politisk kraftsenter i verda vart svekt under den andre verdskrigen. Dei nye supermaktene var Sovjetunionen og spesielt USA. USA unngjekk kampar på eiga jord, og industrien i landet voks seg sterkare gjennom krigsåra. Amerikanarane kunne raskt etter fredsslutninga tilby varer og tenester som var sterkt etterspurde i eit krigsramma Europa. Med deltakinga i verdskrigen gjekk USA bort frå den isolasjonistiske lina si, og vart med det ei leiande internasjonal makt i åra som følgde. Sovjetunionen hadde fått kontroll over enorme landområde i AustEuropa, og hadde den største hæren i verda då krigen slutta. Alt då den andre verdskrigen gjekk mot slutten, var ein ny konfliktfront i ferd med å dele verda i aust og vest. Litteraturliste

isolasjonisme: diplomatisk politikk som går ut på at ein ynskjer å unngå alliansar med andre land

330

Antony Beevor: Stalingrad, 1998 Antony Beevor: The Second World War, 2012 Joachim Fest: I Hitlers bunker. Det tredje rikets siste dager, 2004 Max Hastings: Inferno. The World at War 1939–1945, 2012 Laurence Rees: Nazistene, 2006 Laurence Rees: Auschwitz, nazistene og den endelige løsningen, 2007 Peter N. Stearns: World Civilizations, the Global Experience, 2004


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Tenk deg at du skal summere opp opptakten til den andre verdskrigen for ein elev som ikkje har hatt faget før. Vel 5–6 punkt du vil ha med, og presenter eit samandrag av opptakten munnleg for ein medelev. 2 Begynte den andre verdskrigen i 1937, 1939, 1940 eller 1941? Grunngi svaret ditt. 3 Skriv 2–3 stikkord om korleis den andre verdskrigen påverka kvart av desse områda: Storbritannia, Frankrike, Polen, Norden, Aust-Europa, Sovjetunionen, Japan, Kina, Sovjetunionen. Døme: Polen: angripe, delt, okkupert. 4 Finn ut kva desse omgrepa tyder, og lag lappar med dei: ikkjeangrepspakt, aksemaktene, dei allierte,

Samanhengar 1 «Slutten på den første verdskrigen var starten på den andre. Det måtte gå slik.» Finn argument for og imot denne påstanden. 2 Mange krigar kjem mellom anna av forholda som er nemnde nedanfor. Undersøk årsakene til den andre verdskrigen, og vurder kva årsaker som passar for denne krigen. Kva for andre årsaker meiner du må med i tillegg? • regionale maktkampar om eit område • etniske konfliktar mellom folkegrupper • økonomiske konfliktar om tilgangen til ressursar

forsoningspolitikk, holocaust, blitskrig, SS, Wehrmacht, den raude armeen, austfronten, propaganda, total krig. Spel Alias med ein eller fleire medelevar med alle omgrepa. 5 Fullfør fordi-setningane: a Den andre verdskrigen blir kalla ein verdskrig fordi … b Krigen gjennomsyrte heile samfunnet fordi … c Krigen fekk større konsekvensar enn noka anna ­enkelthending i moderne tid fordi … 6 Ta stilling til om du er einig, ueinig eller delvis einig i påstandane nedanfor. a «Storbritannia vann den andre verdskrigen.» b «Dersom Hitler ikkje hadde angripe Sovjetunionen, kunne utfallet av krigen ha vore annleis.» c «D-dagen hadde eigentleg svært lite å seie for utfallet av krigen.»

5 Konsekvensar, endring og kontinuitet a Lag eit SPØKT-skjema med nokre stikkord til kvar kategori om viktige konsekvensar av den andre ­verdskrigen – i Norden og resten av verda. b Slutten på den andre verdskrigen blir gjerne framheva som eit svært viktig brot i moderne historie. ­Innanfor kva for SPØKT-kategoriar kan vi seie at dette var brot? c Finn 2–3 døme på at noko heldt fram som før ­(kontinuitet). Kva kan det fortelje oss om brot og ­kontinuitet i historia?

• religiøse konfliktar • ideologiske konfliktar

Perspektiv

• kjensle av urettferd

1 Lag ei oversikt over likskapar og skilnader mellom den første og den andre verdskrigen.

3 Forsoningspolitikken (sjå side 270) som Storbritannia førte overfor Tyskland på 1930-talet, har blitt kritisert. a Kva kan forklare at Storbritannia ikkje prøvde å stoppe Hitler tidlegare? b Kunne den andre verdskrigen vore unngått dersom Storbritannia hadde reagert tidlegare? Finn 2–3 ­argument for og 2–3 argument imot. 4 Tapstala i den andre verdskrigen (sjå side 329) er ­ufatteleg store. Kvifor trur du dei vart så ekstreme i denne krigen? Er det noko som skil han frå tidlegare konfliktar som kan forklare det?

2 Nokre historikarar har meint at ein bør sjå på den første og den andre verdskrigen som éin lang europeisk borgarkrig, og ikkje som to separate krigar. Lag ei liste med argument for og imot dette perspektivet. 3 Undersøk tabellen over tapa av liv under den andre verdskrigen på side 329. Kva for eit land hadde flest falne i absolutte tal? Kva for eit land hadde flest falne i prosent av befolkninga? Er det noko du blir overraska over i denne tabellen? 4 I rettsoppgjeret i Nürnberg vart dette slått fast som Nürnbergprinsipp nr. 4: «Det faktum at ein person handla etter ordre frå regjeringa si eller ein overordna, fritek han ikkje frå ansvar under internasjonale lover, såframt eit moralsk val faktisk var mogleg for han.» Kvifor var det viktig å slå dette fast? Finn 1–3 døme i historia der enkeltpersonar har teke moralske val og samtidig utsett seg sjølve for fare, og diskuter prinsippet i lys av desse døma.

331


HISTORIE

K A P 1 Sivilisasjoner blir til

Oppdrag 1: Vegen til folkemord Holocaust, massedrapet på jødar under den andre verds­ krigen, står som eit av dei største brotsverka i historia. I dette oppdraget skal du utforske korleis det kunne gå slik, og reflektere over viktige problemstillingar som denne ­hendinga reiser.

Post 1: Forstå omgrepa Studer teksten under som beskriv fem stadium på vegen mot eit folkemord. Finn ut kva orda i stadia tyder.

Mausoleum til minne om ofra etter folkemordet som vart gjort av Pol Pot-regimet i Kambodsja.

Vegen til folkemord Dette kan seiast å vere fem stadium på vegen mot folkemord: 1 Visjon og ideologi 2 Identifikasjon og eksklusjon 3 Stigmatisering og fiendebilete 4 Diskriminering, audmjuking og dehumanisering 5 Segregering, fordriving og tilinkjesgjering

Post 2: Kategoriser årsaker Plasser kvar av desse hendingane eller omgrepa i eit av dei fem stadia. Bruk eventuelt læreboka og andre kjelder til hjelp.

Sovjetisk arbeidsleir, ca. 1932.

Sosialdarwinisme

Getto

Antisemittisme

Jødestjerne

Antisemittiske talar og tekstar i aviser

Antijødiske lover

Krystallnatta

Beslaglegging av eigedelar

Jødefiendtlege filmar og barnebøker

Jødefrie soner

Nürnberglovene

Austfronten

Kartlegging av jødar

Wannsee-konferansen

Antisemittisk undervisning

Auschwitz

Post 3: Beskriv stadia med eigne ord Basert på årsakene du har kategorisert: Beskriv med eigne ord kva kvart av dei fem stadia går ut på, og korleis kvart stadium var eit steg nærare folkemord.

Post 4: Samanlikn med andre folkemord Finn informasjon om eit anna folkemord i moderne tid, og samanlikn mekanismane som har ført til folkemord. Vel eitt av desse døma eller eit anna døme du kjenner til: • Stalins GULag-leirar, 1930- og 1940-talet • Raude Khmer, Khambodsja, 1970-talet • hutuar og tutsiar, Sør-Afrika, 1990-talet

332

Deportasjon

Post 5: Korleis kan vi hindre nye folkemord? Diskuter på grunnlag av det du har funne ut: Korleis kan vi hindre at det vil bli nye folkemord?


Oppdrag 2: Korleis kan ein skape fred? Ynske om å skape varig fred etter krigar går som ein raud tråd i historia. Sjølv om ein har ynskt det same, har løysingane variert. Somme har vore meir varige enn andre, men ingen har greidd å hindre nye konfliktar og krigar fullstendig. I dette oppdraget skal du utforske og samanlikne tre fredsslutningar, og reflektere over ulike faktorar som kan skape fred.

Post 1: Undersøk tre fredsslutningar Finn informasjon om dei tre fredsslutningane nedanfor, som alle har hatt som mål å skape varig fred. Finn ut kva strategi dei tre fredsslutningane brukte for å nå dette målet.

Post 2: Vurder korleis det gjekk Finn ut kor lenge freden varte etter kvar av fredsavtalane. Vurder årsakene til kvifor det gjekk som det gjekk i kvart tilfelle.

Post 3: Kva skal til for å skape varig fred? Det har førebels ikkje blitt nokon tredje verdskrig. Somme hevdar at atombomba er ei forklaring på det, fordi tredje verdskrig ville ført til at atommaktene ville ha utrydda kvarandre. Men kva rolle har til dømes FN spelt, og kor viktig vart sjølve fredsoppgjeret? Studer kjelde 1 og kjelde 2, og bruk det du fann ut i post 1 og post 2. Lag ei liste med punkt som du meiner må vere med for at det ikkje skal bli krig med det same etter ein stor og opprivande konflikt.

• freden i Westfalen, 1648 • freden etter den første verdskrigen, 1919

Kjelde 1: Om målet med å opprette FN, av den kinesiske delegaten dr. Wellington Koo til Dumbarton Oaks-møtet i 1945.

• freden etter den andre verdskrigen / opprettinga av FN, 1945

The establishment of an effective international peace organisation is the united hope and aspiration of all the freedom-loving peoples who have been making such heroic sacrifices in life, blood and toil. We owe it to them, as well as to humanity at large, to subordinate all other considerations to the achieve­ ment of our common object

Kjelde 2: Den franske soldaten Jean Richardot, som var på slagmarka i Nord-Frankrike i 1945, fekk tak i ei sølete og oppriven avis der han kunne lese om planane om å opprette FN «to banish war forever from the face of the globe». Etter krigen var han ein av 20 000 søkjarar til ein jobb i FN.

The news had a tremendous impact on me – like a message sent by God. Right then and there I prayed for peace and the success of this great enterprise and solemnly, in my foxhole, promised myself that I would do everything in my power to join this new organization if I came through the war alive. Keith Lowe: Prisoners of History, side 288

Frå opprettinga av FN, San Francisco, 1945.

333


K A P I T T E L 14

Innhald:

Landet blir invadert side 336 Kvifor Noreg? side 336 Nasjonal Samling side 338 Sivil motstand side 339 Militær motstand side 340 Kvardagsliv under krigen side 342 Det norske holocaust side 344 På feil side side 347 Freden kjem side 348 Rettsoppgjeret side 349

Ny krig og eit vanskeleg oppgjer Den andre verdskrigen nådde Noreg våren 1940. Tyske soldatar invaderte landet utan store problem. Sjølv om kampane i NordNoreg drog ut, sørgde krigsutviklinga på Kontinentet for at Noreg kapitulerte alt i juni. Vidkun Quisling og partiet hans, Nasjonal Samling, vart det einaste lovlege partiet i Noreg. Etter krigen hadde Noreg eit svært omfattande retts­oppgjer. Titusenvis av nordmenn vart dømde som landssvikarar. Sjølv om Noreg på mange måtar kom betre frå det enn mange andre land, kom krigen til å prege landet og innbyggjarane i generasjonar.

Dette har hendt Noreg hadde bak seg ein periode med stor industriell vekst og modernisering. Då den første verdskrigen braut ut, vart også Noreg påverka. Etter krigen auka klasseskilnadene i landet, og ein periode med mykje strid, både i arbeidslivet og i politikken, førte til djup splitting i det norske folket. Samtidig vart landet ramma av økonomiske kriser. Arbeidsløysa var høg. Bønder mista gardane sine. ­Bankar gjekk konkurs, og bedrifter vart nedlagde. Utover i 1930-åra betra økonomien seg igjen, og konfliktane vart ytterlegare dempa då Arbeidarpartiet og Bondepartiet fann saman i eit kriseforlik. Men ingen visste at nok ein verdskrig nærma seg.


Slik såg det ut Noreg våren 1940 Tysk angrep 9. april 1940 Allierte styrkar

Tromsø

Flukta til Kongen 9. april–7. juni

Narvik

en ng o K

lie Al

rt e

ev

t rt ue k a

il

an gl n E

ri ap r ka yr st

ai l/ m

d

19

Kiruna

ni ju 7.

40

Trondheim

Molde Åndalsnes

FINLAND SVERIGE (Nøytralt) Nybergsund

Hamar

Bergen

Elverum Kongsvinger

Oslo Stavanger Kristiansand

Ø

JØ S

SJ

EN

Okkupert april 1940

R

RD

EN

NO

DANMARK København

A Kiel Hamburg

TYSKLAND

U

S

T

E


HISTORIE

1940

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

9. april Noreg blir angripe 10. juni Noreg kapitulerer 25. september Rikskommissær Josef Terboven utnemner eit kommissarisk statsråd. Nasjonal Samling blir det einaste lovlege politiske partiet 22. november «Idrettsstreiken»

1941

10. september Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm blir avretta som dei første under okkupasjonen

1942

1. februar Vidkun Quisling blir utnemnd til ministerpresident 26. oktober Deportasjonen av dei norske jødane til tyske konsentrasjonsleirar tek til

1943

27. februar Tungtvassaksjonen på Rjukan. Alliert sabotasjeaksjon for å stanse utviklinga av ei tysk atombombe

1944

19. mai Heimefronten sprengjer arbeidskontoret i Akersgata 55 i Oslo. Dette blir rekna som ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonane under krigen 28. oktober Tvangsevakuering av Finnmark. Tyskarane brukar «den brende jords taktikk» over heile landsdelen

1945

8. mai Dei tyske styrkane i Noreg kapitulerer 7. juni Kong Haakon vender tilbake til Oslo frå London

336

Krigen i Noreg Landet blir invadert 9. april: Dei ser båtane. Først som uklåre silhuettar, som skuggar i mørket. Det er norske vaktbåtar ved Færder fyr som i den dunkle skodda får auge på dei mørklagde skipa. Med kryssaren «Blücher» i spissen er fleire tyske skip på veg mot Noreg. Det er våren 1940, og invasjonen har begynt. Klokka 04.21 har kommandanten ved Oscarsborg gitt ordre om å skyte mot skipa som glir innover Oslofjorden. Det drønnar kraftig frå dei gamle kanonane. To granatar treffer skipet. Det brenn. Deretter blir det skote med mindre batteri frå den andre sida av sundet. Fem minutt seinare får skipet nådestøyten der det glir seint gjennom sundet. «Blücher» blir torpedert og kjem til å søkke. Hundrevis av tyske soldatar mistar livet i det iskalde vatnet. Dei andre tyske skipa snur og forsvinn sørover. Dette er likevel berre ein liten del av forteljinga om 9. april, datoen som skulle bli rissa inn som eit symbol i det felles norske minnet: «Aldri meir 9. april.» Trass i at «Blücher» vart senka, lét ikkje den tyske invasjonen seg stoppe. Snart var flyangrepet over Oslo i gang, og det norske forsvaret var dårleg førebudd. Mange byar, så langt nord som til Narvik, vart hærtekne på berre nokre få timar den morgonen. Det tyske angrepet var effektivt og vellykka.

Kvifor Noreg? Kva interesse hadde dei krigførande partane av eit relativt fattig land heilt nord i Europa? Noreg ynskte å vere ein nøytral part også i denne krigen, ein krig som hadde halde på i sju månader. Nordmenn flest vart difor overraska då angrepet kom. Men Noreg hadde ei stund vore ein del av krigsplanane til både tyskarane og dei allierte. Først og fremst var landet i nord interessant på grunn av den lange kystlina si. Der kunne ein byggje støttepunkt for fly og krigsskip. Tyskarane ville unngå å bli sperra ute frå Atlanterhavet, og begge partar ynskte å hindre den andre i å kontrollere Noreg og hava utanfor. I tillegg var Noreg rikt på fisk som kunne forsyne eit Drøbaksundet, natt til 9. april 1940. «Blücher» er senka, og soldatar kavar seg mot land.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

krigsherja folk, og endå viktigare: metall. Svensk jernmalm vart frakta ut gjennom hamna i Narvik. Dei hardaste kampane i Noreg gjekk for seg i nord. Det norske forsvaret var dårleg rusta for eit angrep. Tøffe økonomiske kår og elendige statsfinansar i mellomkrigstida gjorde at Noreg ikkje hadde styrkt forsvaret. Landet var ikkje førebudd på angrep, det galdt både soldatar, trening og våpen. Motstanden var spreidd og dårleg organisert. Det må ha vore forvirrande veker for norske soldatar. I ein radiotale gav Vidkun Quisling ordre om å stanse all motstand, og ein del av dei norske offiserane sympatiserte med tyskarane. Nokre ­avdelingar la straks ned våpena og overgav seg til tyskarane utan motstand. Ein viktig effekt av at «Blücher» vart senka og angrepet på Oslo bremsa, var at kongen, Stortinget og regjeringa kunne flykte med toget til Hamar om morgonen. Då tyske soldatar tok opp jakta på dei, heldt flukta fram innover i landet. Om kvelden, i Elverum, vart det halde eit møte der Stortinget bestemte at regjeringa åleine skulle få ansvar for å ta avgjersler og sikre Noregs interesser. Dette er kjent som Elverumsfullmakta. Då eit tysk sendebod kom for å forhandle med kongen, nekta kong Haakon å utnemne Quisling som statsminister. Han ville heller abdisere. «Jeg har nøye prøvd meg selv og overveid min stilling, og jeg kan ikke utnevne Quisling, som jeg vet ingen tillit har – hverken i vårt folk som helhet, eller i dets representasjon – Stortinget – til statsminister.» Denne motstandsviljen skulle gjere kongen til ei samlande kraft under krigen. Regjeringa slutta seg samrøystes til standpunktet til kongen. No var det ingen veg tilbake.

Hardast i nord 9. april segla ti tyske krigsskip inn til Narvik. Norske panserskip vart senka, og 2000 spesialsoldatar invaderte byen. Nokre dagar seinare senka allierte styrkar heile den tyske flåten og pressa tyskarane inn mot svenskegrensa. Det vart rekna som den første sigeren over tyskarane for dei allierte, og hendinga fekk stor internasjonal merksemd. I Noreg heldt kampane på i omkring to månader, hovudsakleg i nord, der det såg ut til at eit meir vellykka felttog kunne halde tyskarane på avstand. Men så fekk krigen i Europa konsekvensar for Noreg. Frankrike braut saman på vestfronten, og dei allierte avgjorde å trekkje seg ut av Noreg for å konsentrere seg om kampar på Kontinentet. Den norske regjeringa hadde flykta gjennom landet og nordover til Tromsø, og derifrå i eksil til Storbritannia. Med seg hadde dei gullbehaldninga til Noregs Bank: 3000 gullbarrar på til saman 49 tonn! Eksilregjeringa i London skulle få ei utfordrande oppgåve. Det kunne sjå ut som om regjeringsmedlemmene hadde rømt med halen mellom beina frå eit audmjukande militært nederlag. Korleis kunne Noreg bli invadert så lett? Kritikken mot regjeringa og debatten rundt dette spørsmålet gjekk både under og etter krigen. Likevel greidde regjeringa å byggje opp ein viktig posisjon i motstandskampen, og dei kommuniserte med det norske folket via radiosendingar frå BBC. Mykje av legitimiteten sin fekk regjeringa frå kong Haakon, som med sin steile motstand mot tyskarane vart eit samlande nasjonalt symbol. Han stod heile vegen saman med regjeringa. 10. juni 1940 kapitulerte Noreg. To månader etter invasjonen var Noreg okkupert.

Narvik 1940.

Radiokuppet Først var det stilt. Berre ei svak knitring frå radioapparatet. Så ei røyst: «Vidkun Quisling, den norske regjerings nye sjef, gir nå en erklæring til det norske folk.» Kva tenkte folk der dei sat samla rundt radioane om kvelden 9. april? I løpet av éin dag

337


HISTORIE

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

Vidkun Quisling (1887–1945). Omgrepet quisling er i dag synonymt med svikar og landsforrædar, også på engelsk.

Kor lett er det for styresmaktene å forme haldningar og meiningar hos folk i mediesamfunnet i dag, trur du?

Nasjonal Samling brukte det historiske solkorset som sitt symbol. Kvifor valde dei eit så gammalt symbol, trur du?

338

var Noreg hærteke, og Vidkun Quisling, leiaren for eit fram til no uviktig og lite parti, forkynte på direkten at Nasjonal Samling hadde teke makta i landet, og at han hadde oppnemnt ei ny regjering. All motstand måtte ta slutt. Folk måtte gå tilbake til det vanlege arbeidet sitt, og ifølgje Quisling skulle militæret no lyde hans ordre. «Jeg tilføyer, at slik situasjonen har utviklet seg, er enhver fortsatt motstand ikke bare ­nytteløs, men direkte ensbetydende med kriminell ødeleggelse av liv og eiendom.» Denne talen vart seinare kalla det første statskuppet over radio. Quisling hadde troppa opp i NRK og utnytta den store krafta i det nye mediet. Den andre verdskrigen vart den første radiokrigen der partane kappast om å formidle sin versjon av hendingane. Dei fleste i Noreg møtte krigen nettopp gjennom radioen. Kva folk høyrde, og kven dei høyrde på, var avgjerande for korleis dei stilte seg til omgivnadene sine. Mediet var makt. For å få kontroll over denne makta begynte tyskarane å inndra radioapparata hausten 1941. Mange nordmenn høyrde på sendingane frå BBC, og kunne på den måten følgje krigsutviklinga utan at ho var prega av tysk propaganda. Difor vart det viktig for mange å gøyme radioapparata sine då det vart ­forbode å høyre på dei. Bodskapen frå radiosendingane vart gjerne formidla vidare i illegale aviser som florerte i krigsåra. Dei vanlege norske avisene måtte innrette seg etter sensur og instruksjonar frå tyskarane. Mange redaktørar og journalistar i Europa bøygde av for ynska til okkupanten. I Noreg gjorde til dømes Aftenposten og Morgenbladet det. Aviser som gjorde motstand, vart nedlagde. Då Quisling forlét NRK om kvelden 9. april, var det etter å ha teke i bruk eit ­effektivt og moderne medium for å kuppe makta i kaoset som rådde i Noreg. Men leiaren av Nasjonal Samling lykkast berre i nokre dagar.

Nasjonal Samling Nasjonal Samling (NS) var eit lite parti i 1940. Då krigen kom, var det svekt av indre strid og dårlege valresultat. Berre sju år tidlegare hadde Vidkun Quisling stifta partiet. Det var eit nasjonalistisk parti med sterke innslag av fascisme. NS såg for seg ein sterk stat med ein sterk leiar, ein førar, og rekna Sovjetunionen og kommunismen som dei største fiendane sine. Hovudtanken var å erstatte politisk rot og usemje med samling rundt denne sterke leiaren, eit slags visjonært overmenneske. Frå fleire norske raseideologar og det tyske nazistpartiet (NSDAP) hadde NS henta tankar om rasehygiene, forakt for veikskap og ideen om at dårleg arvemateriale spreidde seg nedover i generasjonane. Ein måtte verne om den sunne, norske rasen, hevda NS. Det gamle Noreg skulle reisast igjen med orden og disiplin. Partiet brukte symbol frå vikingmytologien og gammalnorske nemningar til å byggje opp under det nasjonalistiske, og som andre politiske masserørsler den gongen var dei opptekne av uniformering. Før krigen hadde partiet nokre få tusen medlemmer, men i 1943 var 43 000 nordmenn blitt NS-medlemmer. Kven var desse menneska? Dei kom frå alle lag av befolkninga: arbeidarar, bønder og offentleg tilsette. Oppslutninga var størst på Austlandet og i Trøndelag. I starten av krigen var terskelen lågare for å melde seg inn. Då såg det ut til at Tyskland skulle vinne på alle frontar, og det fanst ingen sterk motstand i Noreg. Mange rekna krigen som avslutta her i landet. NS argumenterte med at dei var dei einaste som kunne få til ei fredsløysing med tyskarane. Dei fleste som melde seg inn i partiet, gjorde det frivillig. Dei trudde på den politiske bodskapen. Men det fanst også andre grunner til medlemskap. Somme vart pressa inn. Dei kunne miste jobben om dei lét vere. Andre igjen såg moglegheiter til å få fart på sin eigen karriere i ei uroleg tid med store omskifte. Då krigslykka snudde, minka medlemstalet gradvis fram mot frigjeringa.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Terboven tek kontrollen Bare nokre dagar etter invasjonen forstod dei tyske leiarane i Noreg at kuppet til Vidkun Quisling 9. april førte til ekstra motstand mellom nordmennene. Han var eit hinder for samarbeid, meinte dei, og tyskarane var definitivt interesserte i at samfunnet skulle fungere om lag som normalt. Dei avsette difor Quisling 15. april til ­fordel for eit sivilt administrasjonsråd av norske embetsmenn som skulle leie ­forvaltninga i dei tyskokkuperte områda. Like etter vart Josef Terboven utnemnd til Reichskommissar. Terboven var ­direkte underlagd Adolf Hitler og hadde fått mynde til å styre Noreg diktatorisk. Terboven var heller ikkje spesielt begeistra for Quisling, men sterke krefter i Berlin støtta NS-leiaren. I ein radiotale i september 1940 kunne Terboven fortelje at kongen og regjeringa var avsette, og at NS no var det einaste politiske partiet som ikkje var forbode. Det vart følgt opp med hardare press og krav om kontroll av politiske parti, organisasjonar og pressa. Terboven utnemnde eit kommissarisk statsråd der det stort sett sat NS-medlemmer, til å styre departementa i landet. På mange måtar var det eit kompromiss frå Terbovens side. Maktkampen mellom han og Quisling hadde halde på heile sommaren. Hitler ynskte at NS skulle få plass i styret av Noreg, og hadde uttrykt støtte til Quisling, mens Terboven i utgangspunktet heller ville hatt eit meir direkte tysk styre. 1. februar 1942 vart Quisling utnemnd til ministerpresident og fekk danne si eiga regjering. Han kunne då utøve ei viss makt, men i realiteten hadde tyskarane framleis kontrollen. NS hevda at dei stod for ein norsk nasjonal revolusjon, men i røynda tok dei ingen viktige avgjersler utan tysk godkjenning. Tanken om eit «fritt» Noreg, styrt av NS, viste seg å vere urealistisk. Hitler hadde ingenting til overs for denne planen, og NS hadde altfor lite støtte i folket til å styre på eiga hand. I staden vart partiet ein reiskap for tyskarane.

kommissarisk statsråd: ikkje-demokratisk basert statsråd, sett saman av statsrådar som den tyske okkupasjonsmakta valde ut

Sivil motstand Nasjonal Samling prøvde å nazifisere samfunnet, og det auka den sivile motstanden. Hausten 1940 begynte partiet arbeidet med å få kontroll over dei store ­organisasjonane i landet. Noko av det første NS kasta seg over, var idrettsrørsla. Ho hadde rundt 300 000 medlemmer, dei fleste unge. Då Idrettsforbundet nekta nazistisk innblanding, sørgde NS for å lage eit nytt forbund med sine eigne folk som leiarar. Dette forbundet vart ingen suksess. Idrettsmedlemmene melde seg ut, og «Idrettsstreiken» varte gjennom heile krigen. Folk flest nekta å møte opp på arrangementa til styresmaktene. I staden arrangerte dei sine eigne stemne. På mange måtar var det ein kamp om tankane, ein haldningskamp. Kva for idear skulle få lov til å gjennomsyre samfunnet? Kva skulle barna lære i skulen? Kva skulle prege kvardagen til folk? Det er vanskeleg å førestille seg no korleis kvardagen var då den sivile motstanden breidde om seg. Alt ser som regel klarare og enklare ut når vi ser tilbake. Men motstanden reiste seg i ein periode då det ikkje var lov å halde møte eller demonstrere. Nazistane kontrollerte avisene. Berre eitt politisk parti var tillate, og radioapparata var beslaglagde. Samtidig var nazistane på høgda av makta si i Europa. Vinteren og våren 1942 kontrollerte dei mesteparten av Kontinentet, og offensiven mot Sovjetunionen var framleis vellykka.

Kvifor var idrettsforeiningane så viktige for NS, trur du?

Sivil motstand. Mange stader i Noreg kan vi finne monogram til kongen, H7, teksten «Leve kongen» eller V-teiknet måla på fjell, rissa inn i tre eller tilsvarande. Her ser vi ei gruppe skiløparar som viser sin motstand mot okkupasjonsmakta.

339


HISTORIE

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

Motstand kunne vere så mangt: frå å gå med binders på jakkeslaget og ei raud topplue som symboliserte motstand mot okkupanten, til å måle namnet til kongen på gatehjørne og lese illegale aviser. Den sivile motstanden breidde om seg, men motstanden i det okkuperte Noreg skulle etter kvart også ta meir militære former.

Motstand mot NS Det var ikkje berre idrettsforeiningar som NS prøvde å kontrollere. I alle organisasjonar møtte NS motstand. Arbeidarorganisasjonar, handelsforbund, lærarorganisasjonen, legeforeininga, kvinneorganisasjonar – alle protesterte mot valdshandlingar og brot på folkeretten. Også kyrkja vart tidleg sentral i den sivile motstandskampen og protesterte mot makthavarane. Ein av dei mest omfattande reaksjonane kom då partiet ville ta kontrollen over den yngre generasjonen. NS meinte at lærarar skulle samlast i eit eige NS-styrt forbund, og at alle unge mellom 10 og 18 år skulle meldast inn i partiet. Då protesterte både lærarar og foreldre. Titusenvis av protestbrev strøymde inn til styresmaktene, og NS svarte med å arrestere 1100 lærarar og sende dei til Finnmark på tvangsarbeid.

Militær motstand Mange nordmenn fekk militær trening i utlandet slik at dei kunne setjast inn i eventuelle militære operasjonar i Noreg. Saman med kongen, regjeringa og tusenvis av krigsseglarar utgjorde dei det som har blitt kalla Utefronten. Dei kjempa vidare mot tyskarane utanfor Noregs grenser. Spesielt dei norske sjøfolka gjorde ein utruleg innsats med å frakte materiell, troppar og forsyningar til dei allierte. Norske sjøfolk, rundt 24 000 av dei, segla på alle verdshav. Dei var med i dei store sjøslaga og blir rekna som det viktigaste norske bidraget til alliert siger. Mange segla under heile krigen, og mange kom seinare til å streve med varig angst og psykiske skadar etter å ha levt med konstant redsle for å bli torpederte i år etter år. Heime i Noreg fekk Heimefronten etter kvart ein militær organisasjon: Milorg. Tanken var at Milorg skulle gå inn bak tyske liner ved ein alliert invasjon, og dei som var med, var soldatar og offiserar som hadde gøymt unna våpen og halde kontakten seg imellom etter invasjonen. Etter kvart kom fleire til, og organisasjonen tok sakte, men sikkert form i løpet av det første krigsåret. Den allierte invasjonen kom aldri, men Milorg organiserte, i samarbeid med eksilregjeringa og britisk militær­ apparat, fleire sabotasjeaksjonar og likvideringar mot slutten av krigen. I tillegg var det kommunistiske sabotasjegrupper som stod for fleire av aksjonane mot ­okkupanten. Etter at Tyskland angreip Sovjetunionen i juni 1941, dreiv kommunistiske motstandsfolk i Noreg aktivt motstandsarbeid. Mange vart drepne og torturerte. I det store og heile var den militære motstanden i Noreg aldri særleg omfattande. Dei største skadane var det allierte bombefly som stod for under bombetokta sine over viktige industrianlegg i Noreg. Nesten 1800 sivile nordmenn omkom i krigen.

Aksjonar og «gutta på skauen» Ein av dei viktigaste sigrane i motstandsarbeidet kom våren 1944. Tyskarane hadde problem på slagmarka og trong nye mannskap frå okkuperte land. Tre årskull med norsk ungdom vart kalla inn til arbeidsteneste. Ein var redd for at det betydde at ungdom skulle tvingast ut i krigen på tysk side. Kvelden før dei skulle møte opp til registrering på arbeidskontoret i Akersgata 55, sette leiinga i Heimefronten i gang ein sabotasjeaksjon. Dei ville sprengje Akersgata 55, slik at ungdommane morgonen etter kom til å møte ei rykande branntomt. Leiaren av Oslo-gjengen, Gunnar Sønsteby, fekk oppdraget, og berre få timar seinare sykla han og gruppa hans ned til bygningen med fleire kilo dynamitt i ei svart veske på sykkelen.

340


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Til venstre: Ei gruppe av «gutta på skauen» under krigen (udatert). Til høgre: Frå filmen Max Manus (2008). Kva for ­norske filmar om krigen kjenner du? Kva tenkjer du om framstillinga av norsk krigshistorie i desse filmane?

Vi kom ned til plassen utenfor Akersgaten 55 og satte fra oss syklene inntil veggen. Max skulle dekke oss opp hvis det ble bråk. Vi kom opp i tredje etasje og inn døren til selve kontorene. Gregers gikk straks til venstre bort i et hjørne, satte ned vesken og begynte å gjøre ladningen klar. Jeg gikk bort til den lange ekspedisjonsluken, og her var det fullt av folk innenfor. På et gitt signal tente Gregers lunten, og nå hadde vi to minutter å gjøre på. Jeg hadde på meg en lys anorakk, og for å gjøre meg litt ugjenkjennelig for folkene på kontoret, tok jeg på meg et par solbriller. Så høyt jeg overhodet kunne, skrek jeg nå: – Kom dere ut! Huset går i lufta om to minutter! Gunnar Sønsteby: Rapport fra «nr. 24»

Huset gjekk i lufta, og sabotasjeaksjonen var effektiv. KVEN: «gutta på skauen» Når: 1944–1945 Kva: ein del av den militære, norske motstandsrørsla Mange unge nordmenn følgde oppfordringa frå Heimefronten om å nekte å delta i tysk arbeidsteneste i 1944. For dei som nekta, hadde Milorg sett opp leirar i skogen. Nokre av ungdommane flykta til Sverige, mens andre vart igjen i skogen og fekk militær trening. Det er frå denne gruppa uttrykket «gutta på skauen» skriv seg. Dei fekk rykte på seg for å vere tøffe, unge menn som låg i skogen med våpen, klar til å slåst – trass i at dei færraste av dei faktisk kom i kamp mot tyskarar.

Som ein reaksjon på motstandsarbeidet hende det at tyskarane tok i bruk harde ­represaliar også mot sivilbefolkninga. Eit av dei verste døma er frå bygda Telavåg i Hordaland. Då to Gestapo-offiserar vart drepne i kamp med norske motstandsfolk, vart heile bygda øydelagd. Josef Terboven kom personleg til Telavåg for å sjå til at bygda vart straffa. Tyskarane sprengde alle bygningane, slepte bort båtar og avliva husdyra. Alle vaksne menn vart sende til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der nesten halvparten av dei døydde. Dei andre innbyggjarane vart internerte andre stader i Noreg resten av krigen. I tillegg vart 18 fangar som var arresterte for heilt andre forhold, avretta. Tyske represaliar kunne vere nådelause og verka nok avskrekkande på nordmenn.

represaliar: straffereaksjonar

Er det i nokre situasjonar ­akseptabelt å drepe?

Drapet på Marthinsen I februar 1945 sette Heimefronten i verk operasjon «Buzzard». Sjefen for Statspolitiet og hirda, Karl A. Marthinsen, skulle likviderast, trass i frykta for harde represaliar. Gøymde bak ein vedstabel venta Milorg-soldatane på han i snøen med maskingevær. Marthinsen vart drepen med fleire skot i framsetet på ein bil i nærleiken av heimen sin på Blindern i Oslo. Som hemn og til avskrekking drap tyskarane 28 nordmenn som var involverte i motstandsarbeid.

341


Kvardagsliv under krigen

Korleis var krigen for folk flest? I etterkant er det ofte militærhistorie som dominerer, ei historie om harde slag og bombing, om nesten ufattelege tal og datoar ein aldri vil gløyme. Men korleis var krigen for nordmenn flest? Krigen arta seg forskjellig for folk. Somme mista livet, sat fanga og vart torturerte. Andre hadde eit uproblematisk forhold til tyskarane. Somme vart rike på å samarbeide med dei. Andre ofra livet sitt for nazismen. Men for dei fleste handla krigsåra om å skape ein best mogleg kvardag for seg sjølv og sine næraste. Den andre verdskrigen fekk katastrofale konsekvensar for store delar av den europeiske befolkninga. Tala kan gi eit bilete av brutaliteten: Polen mista 17 prosent av befolkninga si, meir enn 6 av 35 millionar. Jugoslavia mista 10 prosent og Sovjetunionen 6 prosent. Noreg mista 0,03 prosent. Krigen var sjølvsagt ei enorm ­belastning for mange her i landet, men Noreg slapp relativt billig frå det under den tyske okkupasjonen. Kvifor vart det slik? Det er fleire grunnar til det. Nordmenn hadde blondt hår og blå auge, ein utsjånad som låg nær opp til det tyske idealet om den ariske rasen. Stort sett likna vi okkupantane. Dessutan budde det få jødar i Noreg. Få byar og bygder vart utsette for bombing eller stridshandlingar, og nokså raskt kom det til ein slags «normaltilstand» der folk måtte ha med okkupanten å gjere – og omvendt.

Matauk og villagrisar Overalt der du gjekk, var du nøydd til å kunne vise passet ditt og gjere greie for kven du var, og kva du dreiv med. Under krigen var samfunnet gjennomregulert. Det var nok den effekten av krigen folk flest merka best. Skulle du på lengre reiser innanlands, trong du løyve frå politiet. Daglege innkjøp gjorde du med rasjoneringskort. Krisetider og ei befolkning som auka med fleire hundre tusen soldatar og krigsfangar, sette press på produksjonen. Plutseleg vart det ei utfordring for mange å skaffe nok mat. Ei oppgåve som tidlegare hadde vore enkel og daglegdags, kunne no krevje timevis i kø. Folk gjorde det dei kunne for å sørgje for sine næraste. Fleire dyrka små jordlappar som dei fekk leige, eller dei dreiv mat-

342

auk ved å så grønsaker i hagen for å spe på rasjonane. Mange hadde såkalla villagrisar eller villahøner. Det var dyr som folk kunne halde i villastrøk, gjerne i kjellarar eller på verandaer, og som vart fôra med matavfall og anna ein kunne få tak i. Mangelen på råvarer førte til mange kreative erstatningsløysingar. Krisekrem var ei blanding av skummamjølk, potetmjøl og raspa potetar som ein piska til det likna krem. Folk fann erstatningar for såpe, kaffi, brød og tobakk. Svartebørshandelen florerte. Hadde du pengar nok, kunne du til dømes skaffe deg eit brød for 15 kroner eller kaffi til fleire hundre kroner kiloet. Talet på tjuveri auka mykje i krigsåra. Folk stal klede frå tørkestativ, rasjoneringskort, syklar og matvarer der det var


Nordmenn og tyskarar

å finne. Krigen sette press på moralen. Levestandarden vart dårlegare, og det var mangel på viktige varer, men folk leid stort sett inga naud. Med hjelp frå naboar, matauk og sparsamt forbruk greidde dei fleste seg nokså bra. Om kveldane og om natta var byane heilt mørke. Det var påbode med blendingsgardiner som hindra lys i å kome ut av vindauga, og på den måten skulle gjere det vanskelegare for fly å navigere over byar og tettstader. Også tilfluktsrom vart ein del av kvardagen. Gjekk flyalarmen, var det om å gjere å finne det næraste tilfluktsrommet og halde seg der til faren var over. Korleis trur du det var å leve under krigen? Kva kjenneteiknar kvardagslivet under krigen, slik det er skildra her? Dersom du kjenner ­nokon som levde under krigen, kan du spørje dei også for å fylle ut biletet.

Fleirtalet av dei tyske soldatane som vart sende til Noreg, var vanlege vernepliktige. Dei var ikkje vane med kamp ved frontlinene og kjende ikkje til den brutaliteten som vart ein del av krigen lenger sør. Samanlikna med folk i resten av Europa vart den norske sivilbefolkninga behandla godt. Tyskarane var også interesserte i å ha eit godt og relativt fredeleg forhold til lokalbefolkninga. Dei heldt den upopulære Vidkun Quisling og Nasjonal Samling i stramme taumar for å ikkje provosere til motstandskamp og protestar. Så lenge det var fredelege tilstandar i Noreg, kunne norsk industri arbeide vidare nesten som før, og forsyne det tyske krigsmaskineriet og ei pressa tysk befolkning med materiell og råvarer. Nordmenn innretta seg stort sett slik tyskarane ville, og forsynte okkupanten med viktig krigsmateriell, som aluminium, kopar og svovel, i tillegg til store mengder fisk til den tyske befolkninga. Om lag 130 000 nordmenn arbeidde på tyske anlegg. Norske selskap hjelpte til med ekspertise, maskinar og arbeidskraft for tyskarane. Graden av samarbeid med okkupanten var eit tilbakevendande problem. Kva var eigentleg akseptabelt? Det var nødvendig å produsere viktige varer, fordele mat og halde oppe ro og orden, men når gjekk ein over grensa? I krigsåra var folketalet i Noreg om lag 3 millionar. På det meste var det ein halv million tyskarar i landet, i dei siste krigsåra rundt 350 000. Mange stader levde folk tett på dei tyske soldatane, og med åra vart det for mange viktigast å kome overeins med dei. Det verka andre vegen også. Jo lenger dei tyske soldatane vart verande i Noreg og i forskjellige lokalsamfunn, jo større forståing viste dei overfor lokalbefolkninga. Vennskap voks fram. Kjærleiksforhold også. Mange nordmenn opplevde at det var menneske dei hadde med å gjere, ikkje berre fiendar.

343


HISTORIE

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

Nortraships kontor i London i 1944. Det dreia seg om risiko og store pengar. Reiarane kunne tene seg rike på skipsfarten, men halvparten av den norske handelsflåten vart ­øydelagd.

Eit paradoks For mange nordmenn kom krigen til å betre den personlege økonomien. Det var nok av arbeid. Inntektene auka, og samtidig var det færre ting å bruke pengane på. Dermed voks bankinnskota. Mange nytta høvet til å betale ned gammal gjeld frå dei tøffe mellomkrigsåra. Skatteinntektene i kommunane auka, og mange gjekk med overskot. Etter krigen var dei store økonomiske problema frå mellomkrigstida borte. Folk fekk likevel ein vanskelegare kvardag, endå frontane var langt unna, og Noreg slapp unna dei verste krigshandlingane. I alt mista over 10 000 nordmenn livet i krigen. Mellom dei var det soldatar, krigsseglarar, motstandsfolk og sivile. Men frykta for bombeangrep, for tryggleiken til familiemedlemmer og for ei usikker framtid lét seg ikkje måle eller talfeste. Mange sleit med psykiske etterverknader etter krigen. Spesielt galdt det dei norske krigsseglarane som hadde levt i krigssoner ute på det opne havet. Rundt 3700 norske sjøfolk mista livet på sjøen i alliert krigsteneste. Éi gruppe stod likevel i ei særstilling etter krigsåra. For dei norske jødane skulle krigen få katastrofale følgjer.

Det norske holocaust Det er ein morgon under krigen som skil seg frå dei andre, i november 1942. Politiet samlar dei norske jødane. Dei opnar portar og bankar på dører over heile Oslo. «Pakk varme klede for nokre dagar», seier dei til familiane. «De skal ut og reise.» Jødane stod på lista til nazistane over mindreverdige, saman med sigøynarar og homofile. Også før nazistane kom til Noreg, var det mange som oppfatta jødane som annleis. Kort tid etter okkupasjonen auka presset mot dei. Snart kom det antisemittiske artiklar i pressa. Jødiske forretningar vart øydelagde og tilgrisa, og anti­ jødisk propaganda florerte. Politiet skaffa lister over jødane i landet. Hausten 1941 begynte registreringa av eigedommane til jødane. Jødiske pass skulle stemplast med ein raud J. «Stemplinga er gratis», vart det informert om. I februar 1942 sette Politidepartementet i gang ei omfattande kartlegging av jødar i Noreg gjennom eit

344


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

spørjeskjema. Der måtte alle jødar fylle ut mellom anna bustad, familiesituasjon, yrke, utdanning og telefonnummer. Ein av dei som fylte ut spørjeskjemaet, var Kathe Lasnik, ein 16 år gammal skuleelev i Oslo. Ho skreiv svara med sirleg handskrift: fødselsdato, adresse og trussamfunn. Som yrke har ho notert «Skoleelev». Etter spørsmålet «Når kom De til Norge?» har ho skrive «Alltid vært i Norge». Kvifor skreiv ho det? Då Kathe fylte ut skjemaet midt i november 1942, hadde dei jødiske mennene alt blitt arresterte. Butikkar og formuar var beslaglagde. Kanskje svarte ho «Alltid vært i Norge» som ei form for vern, som ei slags bønn: «Jeg er en av dere, ikke gjør meg noe»? Skjemaet til Kathe og alle dei andre norske jødane brukte det norske statspolitiet under arrestasjonane. Dei jødiske mennene i Oslo-området vart arresterte i ­slutten av oktober. Ein månad seinare, om morgonen 26. november 1942, var turen komen til kvinner og barn. Politiet banka på dører. Dei fann vegen inn i oppgangar og innkøyrsler. Det er elles den einaste gongen norsk politi har fått i oppdrag å ­arrestere barn. Alle jødane vart samla på kaia ved Akershus festning, der skipet «Donau» venta, og Kathe forsvann om bord saman med hundrevis av andre jødar – menn og kvinner, barn, sjuke og gamle. Skipet sette kurs mot konsentrasjonsleirane i Tyskland med 532 jødar om bord. Av dei overlevde berre 8 – alle menn. Kathe Lasnik vart sannsynlegvis drepen i Auschwitz berre kort tid etter at ho kom fram. I alt vart 772 norske jødar arresterte og deporterte i perioden 1942–1945. berre 34 av dei overlevde. Den dagen skipet la frå kai i Oslo, fann eit avskilsbrev vegen til skulen Kathe gjekk på. Ho hadde skrive med raud fargeblyant: «Takk for meg. Nå får dere ikke se meg mer. I natt ble vi arrestert.» I løpet av ein månad etter dei første arrestasjonane 26. oktober 1942 flykta fleste­parten av dei norske jødane over grensa til Sverige. Mange kvinner hadde opplevt at søner eller ektemakar var blitt arresterte, og dei var skeptiske til å forlate landet. Andre var redde for at ei flukt ville føre til straff for dei arresterte familie­ medlemmene. Dei som valde å flykte, og greidde det, låg ofte i dekkleilegheiter i fleire veker før flukta kunne gjennomførast. Oppgåva med å halde jødar i dekning kravde hjelp frå ei stor gruppe menneske. Fleire nordmenn fekk sitt første møte med ­illegalt arbeid i samband med aksjonen mot jødane. Ei typisk fluktrute for jødane gjekk frå Oslo på lastebilar der flyktningar vart kamuflerte under potetsekkar eller liknande. I nærleiken av grensa fekk dei hjelp av såkalla grenselosar, folk som kjende terrenget og kunne leie dei trygt til svenskegrensa. Dei som hjelpte jødane, gjorde det med stor fare for sitt eige liv.

deportere: utvise eller frakte ut av landet med tvang

Ein anna krigshistorie. Deportasjonen av dei norske jødane har vore lite omtalt i norsk krigshistorie. Kvifor det, trur du?

«Vår dype beklagelse» Lenge var ikkje den norske medverknaden til jødeforfølginga eit tema i historia om den andre verdskrigen. Kvifor var det slik? Kanskje passa den delen av historia dårleg

345


HISTORIE

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

Vårt felles minne. I mange europeiske byar er det lagt ned slike steinar i asfalten for å minnast jødiske offer for nazismen.

Deportasjonen av dei norske ­jødane er ein skammeleg del av norsk historie. Kva kan hindre oss i å gjere noko liknande igjen?

inn i biletet av den nasjonen Noreg vi ynskte å vere ein del av? Noreg og nordmenn var ikkje delaktige i dei grufulle planane til nazistane. Eller var vi det? Skulda for jødedeportasjonen i Noreg vart lagd på tyske og norske nazistar. Det var «dei» som gjorde det, ikkje «vi». Men mange ikkje-nazistiske nordmenn var også på ulike måtar med i prosessen som førte til at 772 norske jødar vart deporterte. Dei fanst i det offentlege Noreg, i departementa og i politiet. Det norske statspolitiet var sjølve spydspissen i jødedeportasjonen. Nokre av dei som var med, ville berre halde på jobben sin. Dei var uinteresserte i politikk, men var vane med å følgje ordre, og heldt fram med det etter at krigen kom og politiet vart underlagt okkupanten. Andre såg sitt snitt til å gjere karriere i desse nye tidene. Somme var ivrige nazistar. Somme våga ikkje å protestere sjølv om dei syntest dei gjorde urett. Med nokre unntak der jødar vart varsla og slapp unna, levde det norske politiet opp til tyske forventningar når det galdt å registrere, ­arrestere, internere og til slutt deportere norske jødar. 27. januar 2012. Akershuskaia i Oslo er dekt av eit tynt lag snø når statsminister Jens Stoltenberg tek ordet framfor nokre hundre menneske på den internasjonale holocaustdagen. Det er lenge sidan den novemberdagen i 1942 då unge og gamle vart slusa inn på eit skip akkurat her. Dette er første gongen det kjem ei offisiell unnskyldning frå høgaste politiske hald i Noreg: «Drapene er uten tvil nazistenes verk. Men det var nordmenn som arresterte. Det var nordmenn som kjørte bilene. Og det skjedde i Norge. Jeg finner det i dag riktig å uttrykke vår dype beklagelse over at dette kunne skje på norsk jord.»

Krigsfangane i Noreg «Vi er sende hit for å døy.» Han skriv orda på russisk i dagboka og gøymer henne så ikkje vaktarane i leiren skal finne henne. Kva går gjennom hovudet hans når han skriv dette? Tenkjer han på familien heime i Sovjetunionen? Så langt unna denne avsidesliggjande, skitne leiren i Harstad. Konstantin Severdintsev er berre ein av over 100 000 krigsfangar i Noreg. Det er vinteren 1943, og det han skriv, skal bli verkelegheit om berre nokre månader. Han kjem til å døy, han også. Ein krig krev store mengder arbeidskraft. Tyskarane var opptekne av å samarbeide godt med norsk industri og norske arbeidarar, og samtidig var dei avhengige av å hente inn store ressursar frå utlandet i form av krigsfangar. Dei fleste som mista livet på norsk jord i den andre verdskrigen, var ikkje nordmenn eller tyskarar, men krigsfangar frå Aust-Europa og Sovjetunionen. Det fanst bortimot 500 leirar for krigsfangar i Noreg. Dei fleste og største låg i Nord-Noreg. Fangane vart nytta til arbeidet med å sikre den norske kystlina. Dei bygde kanonstillingar og bunkerar som skulle kunne stå imot eventuelle allierte angrep. I tillegg bygde dei vegar og jernbane i Nordland, og dei stod for arbeidskrafta til dei store ubåtbasane som vart bygde i Trondheim. Fleire av leirane fungerte nesten som utryddingsleirar. Fangane vart mishandla, og mange bukka under for sterk kulde, fysisk utmatting og sjukdom. Andre vart avretta. Så mange som 70 prosent av dei jugoslaviske fangane som vart sende til Noreg, døydde på norsk jord. I alt mista rundt 16 000 austeuropearar livet som ­slavearbeidarar i dei tyske leirane. Av 100 000 sovjetiske krigsfangar i Noreg omkom rundt 13 000 (tala er usikre, kanskje var det fleire). Hundrevis av nordmenn ­arbeidde i desse tyske fangeleirane, mens andre vart ein del av motstandsarbeidet med å prøve å hjelpe krigsfangane. Konstantin Severdintsev, ein av alle desse krigsfangane, vart stua om bord saman med 200 andre i ein liten båt på hamna i Trondheim vinteren 1943. I det tronge og fuktige rommet under dekk visste ingen kva som venta dei. Dei visste ikkje at skipet

346


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

var på veg nordover til Harstad. Då Konstantin var framme i leiren, skreiv han i dagboka si: «Leiren er 3 til 4 km frå byen og mykje verre enn den vi forlét. Der er det sommarbrakker som ser ut som ein vedstabel. Dei er skitne, fuktige og kalde. Eg vil finne ut om reglar og føresegner i morgon, men til og med no er det klart for meg at vi er sende hit for å døy. Av 600 krigsfangar som kom hit for fire månader sidan, er det no berre 247 igjen. Resten er døde. Gud, ver miskunnsam, tilgi meg syndene mine, og hjelp meg til å halde ut alt. Så forferdeleg å døy ukjend i eit framandt land!» Noreg var nytt etter krigen. Fangane hadde bygt jernbane, vegar og flyplassar. Dei hadde vore med på å utvikle infrastrukturen, og mange av dei hadde gjort det med livet som innsats. Nokre vegstrekningar i Nordland vart kjende som «Blodvegen». Tusenvis av fangar mista livet mens dei bygde delar av det som i dag er E6 og Nordlandsbanen.

På feil side Frå januar 1941 melde mange tusen unge norske menn seg til teneste på tysk side. Vidkun Quisling talte i NRK og mante «de nasjonalbevisste nordmenn til kamp under våre tyske brødres seierrike faner». Unge norske menn måtte gjenreise Noreg som stormakt i Europa, meinte Quisling. Omkring 5000 slapp gjennom nålauget, og dei fleste av dei kjempa mot Sovjetunionen på austfronten. Mange av desse soldatane var gutar i tenåra. Det er vanskeleg å skildre brutaliteten på austfronten. Dei norske soldatane som vart sende til Leningrad, gjekk gjennom landsbyar fulle av lik. Mange av lika var nakne. Alt som kunne brukast, vart teke frå dei døde. I desember 1942 kjem den tyske ordren om å slutte å ta krigsfangar. Den norske soldaten Harald noterer i dagboka si: «Enkelte av dem som vi har tatt til fange, var helt ufarlige. Fingrene var så stive og krokete av kulda at det må ha vært helt umulig for dem å klare avtrekkeren på våpenet. I dag fikk jeg ordre om at ingen skulle tas til fange, men skytes. Dette letter ­arbeidet betraktelig.» Sovjetunionen stod imot, og fleire av dei norske frontkjemparane var med på heile den tyske tilbaketrekkinga, gjennom Polen og heilt til samanbrotet i ruinane av Berlin. Ein reknar med at rundt 850 norske frontkjemparar vart drepne i krigen. Over 300 av dei har framleis status som sakna. Dei vart liggjande i massegraver eller der dei fall på slagmarkene rundt omkring i Europa. Dei som overlevde og kom heim, vart stort sett dømde som landssvikarar. Det galdt også fleire av dei norske sjukepleiarane som hadde verva seg til teneste for den tyske Raudekrossen. Bortimot 500 norske sjukepleiarar arbeidde under livsfarlege forhold for å redde tyske liv. Det kom til å straffe seg då krigen var over.

Austfronten i januar 1943. 5000 nordmenn, mellom dei mange gutar i tenåra, kjempa på tysk side under krigen. Kvifor verva dei seg, trur du?

347


HISTORIE

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

«Den brende jords taktikk», Vadsø i 1944. Tyskarane set fyr på byen før dei trekkjer seg tilbake. Kva var ­ for­målet?

dei allierte: Storbritannia, Sovjetunionen, USA og Frankrike

348

Freden kjem I Nord-Noreg var dei materielle øydeleggingane enorme etter krigen. Då nazistane var på vikande front og retretten frå Nord-Noreg begynte hausten 1944, vart det bestemt å bruke «den brende jords taktikk» for å hindre sovjetiske soldatar i å utnytte ressursane som fanst. Det førte til at nesten alle husa i Finnmark og NordTroms vart brende ned, og rundt 50 000 menneske vart fordrivne sørover. Ingen båtar, ingen hustak og ingen dyr skulle vere igjen. 12 000 bustader, 150 skular, 500 småbedrifter, 350 bruer, 21 sjukehus, 11 kyrkjer og om lag 22 000 telegrafstolpar vart brende ned. Landsdelen måtte byggjast frå grunnen av etter krigen. 8. mai 1945 kapitulerte dei tyske styrkane i Noreg. Adolf Hitler hadde teke sitt eige liv. Krigen var over, men det stod framleis 350 000 tyske soldatar i Noreg. Overleveringa til dei allierte gjekk for seg utan problem, og tyske soldatar hjelpte også til då dei allierte arresterte Gestapo-folk og medlemmer av sikkerheitspolitiet. Reichskommissar Josef Terboven gjorde sjølvmord før allierte styrkar kom for å ­arrestere han, mens NS-leiar Vidkun Quisling raskt vart arrestert. Det same vart ­regjeringa hans og sentrale partifolk i Nasjonal Samling. 7. juni kom kong Haakon tilbake til landet. Gatene var dekorerte med norske flagg og kongesymbol då kortesjen køyrde gjennom gatene i Oslo. Folkemengda langs brusteinsgatene jubla. Dei veifta med flagg og lyfte hattane. Det skulle bli ­tydeleg at krigen også hadde vore med på å prege innstillinga i befolkninga til ­monarkiet. Kong Haakon var blitt eit symbol på norsk motstandsvilje, og det har gjort sitt til at monarkiet i Noreg har stått sterkt fram til vår tid. Sterke vart også relasjonane til dei allierte. Noregs framtid hadde vore prisgitt spelet til stormaktene, og det at ein var svært avhengig av dei allierte, skulle kome til å prege norsk utanrikspolitikk i tiåra som følgde. Men først skulle det takast eit rettsleg oppgjer med dei ein meinte hadde svike landet.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Rettsoppgjeret Etter 8. mai vart det sett i gang omfattande arrestasjonar. Så mange som 92 800 nordmenn vart etterforska eller rettsforfølgde, mistenkte for landssvik. Det utgjorde 3 prosent av befolkninga, og det gjorde at Noreg hadde det mest omfattande rettsoppgjeret i forhold til folketalet. Då Frankrike vart frigjort, fekk sinnet i den franske befolkninga fritt utløp. Tusenvis av menneske vart drepne utan lov og dom i heimane sine og i gatene. Styresmaktene var redde for at det ville bli liknande tilstandar i Noreg, og dei raske ­arrestasjonane skulle vise kontroll og handlekraft. 40 prosent av sakene vart lagde bort, men mange folk vart straffa på forskjellige måtar også utanfor rettssalane. Somme mista posisjonar i arbeidsliv og organisasjonar på grunn av forholdet dei hadde hatt til tyskarane. Tusenvis av familiar måtte leve i tiår med den belastninga det var å ha stått på feil side. I rettssalane vart det norske rettsoppgjeret i stor grad eit oppgjer med politisk landssvik. Mykje handla om medlemskap i Nasjonal Samling, og alle medlemmene vart frådømde røysterett og moglegheit til å gjere militærteneste i ti år. I tillegg fekk dei ­individuelle straffer, basert på kor involverte dei hadde vore. Fleire reagerte på at dei som til dømes hadde tent store pengar på å samarbeide med tyskarane, slapp tiltale, mens passive medlemmer av NS vart dømde. Kanskje var det slik at dersom landet skulle byggjast opp igjen, kunne ikkje styresmaktene forfølgje den arbeidskrafta og dei bedriftene Noreg var avhengig av? Som nemnt vart kvinner som hadde gjort teneste i den tyske Raudekrossen, dømde som landssvikarar. Det førte til at Den internasjonale Raudkross-komiteen protesterte og peikte på at folkeretten gir rett og plikt til å yte humanitær bistand til alle partar i ein krig. Forfølging av Raudekross-personell var eit krigsbrotsverk, meinte dei. Norsk Høgsterett var ueinig og sa at «den ting å gjøre tjeneste for fienden like bak fronten er et meget alvorlig forhold». Mange av dei norske frontsystrene vart dømde mellom anna til tvangsarbeid og til å betale tilbake lønna dei hadde fått.

Jubelscener 8. mai 1945.

Korleis skal vi dømme? Norske dommarar dømde strengare når dei sat med bevis på mishandling, tortur og avrettingar, og når dei meinte å finne at dei tiltalte handla ut frå vond vilje. Hadde den tiltalte eit fjernare forhold til handlingane, fekk vedkommande som regel ein mildare dom. I etterkant har det blitt argumentert med at byråkratar og politimenn som til dømes organiserte og gjennomførte deportasjonen av dei norske jødane, slapp altfor billig unna i rettsoppgjeret. Svært få av dei nesten 4000 politimennene som var medlemmer av NS, vart dømde. For mange jødar skapte mangelen på oppgjer nye sår då dei vende tilbake til eit Noreg i fredsrus. Domstolen hadde inga erfaring med landssvik og måtte ta omsyn til harmen hos folk. I 1902 hadde Noreg avskaffa dødsstraff. Den gongen vart det sett på som eit framsteg, som eit steg mot ein sivilisert og moderne stat. Men krig set press på moralske vurderingar. Så mykje vondt var gjort, så mykje var skadd, så mange var døde. Korleis skulle vi dømme etter alt dette? Stortinget innførte igjen med stort fleirtal dødsstraff i fredstid for saker som var knytte til rettsoppgjeret i 1945. Somme meinte det var å ta i bruk metodar som høyrde til det brutale naziregimet, at det ikkje kledde eit sivilisert Noreg. 25 nordmenn

Korleis vurderer du Noregs måte å dømme på etter at den andre verdskrigen var over? Kva for ­utfordringar har teksten om ­rettsoppgjeret peikt på?

349


HISTORIE

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

Dette kapittelet handla om at den tyske invasjonen av Noreg var vellykka 9. april 1940, men at kongen, regjeringa og Stortinget rakk å flykte og gjekk i eksil i Storbritannia at Noreg kapitulerte 10. juni 1940 etter spesielt harde kampar nord i landet at Vidkun Quisling og partiet hans, Nasjonal Samling, tok makta, men raskt vart erstatta med Josef Terboven som øvste leiar for okkupasjonsmakta at på det meste var 43 000 medlemmer av NS, men at talet varierte med utviklinga i krigen at motstanden mot tyskarane var både sivil og militær at i forhold til andre land i Europa kom Noreg ut av den andre verdskrigen med relativt få tapte liv og materielle øydeleggingar at 772 av dei norske jødane vart arresterte og deporterte til konsentrasjonsleirar i Tyskland. 34 overlevde at rundt 5000 norske menn, nokre midt i tenåra, kjempa på same side som nazistane under forferdelege forhold på austfronten. Rundt 850 av desse frontkjemparane mista livet at det norske rettsoppgjeret var det mest omfattande i Europa. I alt 46 000 nordmenn vart dømde for landssvik. 25 nordmenn og 12 tyskarar vart avretta

og 12 tyskarar vart avretta. I alt 46 000 nordmenn vart på ein eller annan måte dømde for landssvik. Dødsstraffene skulle etter kvart bli omdiskuterte. Jo lenger det leid etter krigen, jo mindre var hemnlysta. Det er tydeleg at straffene i rettsoppgjeret vart mildare med tida. Og det vart stilt spørsmål. Var det rett å dømme folk i fredstid etter lover som vart vedtekne i ein krigssituasjon? I 1948, etter kritikk frå fleire hald, bestemte Stortinget igjen med stort fleirtal at dødsstraff skulle avskaffast. Ein del dødsdømte som ikkje var blitt avretta, vart no benåda. Den siste dommen i rettsoppgjeret fall i 1951, og dei fleste dømde slapp fri før tida. Den sist dømde vart sett fri i 1957.

Tyskartøser og krigsbarn Oppgjeret etter krigen tok også uformelle og brutale vendingar. Norske kvinner som hadde vore saman med tyske menn, såkalla tyskartøser, vart i frigjeringsdagane uthengde og trakasserte i mange norske byar. Det var gatejustis. Ingen av kvinnene hadde brote lova, men dei kunne likevel bli skamklipte, avkledde og utsette for overgrep med seksuelle undertonar. Somme stader vart dei kasta i sjøen, til stor glede for mobben. Andre stader køyrde polititroppar dei rundt i byen på opne lasteplan. Om lag halvparten av kvinnene måtte sitje i eigne leirar i om lag eitt år som straff. Det var rundt 50 000 kvinner som hadde eit kjærleiksforhold til tyske soldatar under krigen. Hatet mot denne gruppa skulle kaste lange skuggar inn i livet til mange. Fleire enn 10 000 barn vart fødde med norsk mor og tysk far. Desse uskuldige ungane møtte hat og mobbing i oppveksten. Mange hamna på barneheim og vart utstøytte. Først i 2003 vedtok Stortinget å be krigsbarna offisielt om unnskyldning for måten samfunnet hadde behandla dei på.

«Jeg er uskyldig» Klokka 02.40, natt til 24. oktober 1945, var det mørkt og kaldt på Akershus festning. Duskregnet var tydeleg i flaumlyset. Soldatane tusla rundt og prøvde å halde varmen. Vidkun Quisling vart frakta til festninga i ein lastebil. Han vart følgd bort til murveggen der han skulle avrettast. Det vart festa ein liten papirbit ved hjartet hans, ein stad å sikte. Han fekk bind for auga, og idet geværa til dei ti soldatane vart retta mot han, sa Quisling: «Jeg er uskyldig.» Så vart ordren gitt om å skyte.

at det utanfor rettssalen gjekk for seg eit lite ærefullt oppgjer, der harmen til folk gjekk ut over mellom andre kvinner som hadde hatt eit forhold til tyske soldatar i krigsåra

Litteraturliste Hans Fredrik Dahl: Quisling: En norsk tragedie, 2011 Berge Furre: Norsk historie 1914–2000, 2000 Per Ole Johansen: På siden av rettsoppgjøret, 2006 Arnfinn Moland: Over grensen? 2011 May-Brith Ohman Nielsen: Norvegr. Norges historie, 2011 Espen Søbye: Kathe, Alltid vært i Norge, 2003 Eirik Veum: De som falt, 2009

350


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Skriv 2–3 stikkord til titlane i dette kapittelet: «Landet blir invadert», «Nasjonal Samling», «Sivil motstand», «Militær motstand», «Det norske holocaust», «Krigsfangane i Noreg». 2 Lag ei tidsline frå 1940 til 1945. Plasser det du meiner er dei fem viktigaste hendingane i perioden, på tidslina. Grunngi vala dine overfor ein medelev, og diskuter ­lik­skapar og skilnader mellom dei to tidslinene. 3 Kven skal ut? Diskuter med ein medelev kva for eit av dei fire omgrepa som ikkje passar i kvart punkt. Kanskje må du gjere nokre søk på internett for å finne ut meir. a Milorg, Weserübung, Operation Nordlicht, Festung Norwegen b Max Manus, Gunnar «Kjakan» Sønsteby, Asbjørn Sunde, Eva Jørgensen c frontkjempar, jøssing, hirdmedlem, brakkebaron 4 Gå saman i grupper og fordel omgrepa og personane i oppgåve 3 mellom dykk. Finn ut meir om kvart omgrep eller kvar person, og hald miniforedrag for kvarandre. 5 Krigen og okkupasjonen medverka til at dagleglivet endra seg for folk. Lag ei liste over det du meiner var dei største endringane i kvardagen som følgje av at Noreg var okkupert. Samanlikn lista di med lista til ein medelev.

Samanhengar 1 Nazifisering: Både den tyske okkupasjonsmakta og det norske NS-regimet prøvde å nazifisere samfunnet. a Kva mener vi med nazifisering? b Finn døme på forsøk på nazifisering, og vurder kor godt det lykkast. c Vurder kva som kan vere årsakene til at nazifiseringa lykkast eller ikkje lykkast. 2 Lag ei problemstilling som interesserer deg om den ­andre verdskrigen i Noreg. Finn og vurder tre historiske kjelder som du meiner belyser problemstillinga di. Grunngi kvifor. 3 Rettsoppgjeret. Finn ut meir, og samanlikn det norske rettsoppgjeret etter den andre verdskrigen med eit rettsoppgjer i eit anna land eller ei anna tid. a Finn argument for positive sider ved rettsoppgjera. Kvifor er dette positive sider, meiner du?

Perspektiv 1 Kvinner under krigen. Finn ut meir om Eva Jørgensen, Hanna Kvanmo og tyskarjentene som gruppe. Undersøk kva for val dei tok under krigen, og kva som hende med dei etter krigen. a Korleis vil du forklare vala dei tok? b Er det mogleg å forstå det dei vart utsette for etter krigen? c Meiner du det som hende med dei etter krigen, står i rimeleg forhold til det dei hadde gjort? Diskuter spørsmåla med medelevar. 2 I 2012 bad statsminister Jens Stoltenberg og politi­ direktør Odd Reidar Humlegård dei norske jødane om unnskyldning for deportasjonen i 1942. Finn ut meir om rolla til politiet i samband med deportasjonen av dei norske jødane. Reflekter over og ta stilling til desse spørsmåla: a Kvifor tok det så lang tid før unnskyldningane kom, trur du? b Var det rimeleg at det vart bede om unnskyldning? c Finst det andre grupper i samfunnet som burde få ei offisiell unnskyldning, synest du? Grunngi svaret. 3 Vurder denne påstanden: «Motstanden viste at Norge overhodet ikke var disponert for den nazistiske ideologien, heller ikke i krigstid. Tankegodset var fremmed. Det lå ikke for norske kvinner og menn å gå i takt. Nazismens ensretting basert på blind lydighet gikk på tvers av vår mentalitet, vårt demokratiske tankesett, vår motstandskultur» (Arnfinn Moland (2015)). a Korleis stiller du deg til denne påstanden om hald­ ningane hos nordmenn til nazismen under krigen? b Diskuter med klassen om påstanden er rimeleg eller ikkje. 4 Minnesmerke og minnekultur. Finn bilete av fire minnesmerke du meiner skal minne oss på personar, hendingar eller sider ved krigen i Noreg. Lag ein plakat med dei fire minnesmerka, der bilettekstane gjer greie for a når og kvar minnesmerka vart sette opp b kva eller kven dei skal minne oss om c kor tydeleg det er at ein skal bli mint om nettopp dette d kva minnesmerka kan fortelje oss om vår haldning til og forståing av krigen

b Finn moglege uheldige sider ved rettsoppgjera. Kvifor er desse sidene uheldige? c Dersom vi i framtida må ha eit rettsoppgjer, korleis vil du at det skal vere?

351


HISTORIE

K A P 14 Ny krig og eit vanskeleg oppgjer

Oppdrag 1:

Antisemittisme i Noreg Antisemittisme har ei lang historie i Europa, og Noreg var ikkje noko unntak. I dette oppdraget skal du undersøkje antisemittismen i Noreg, og prøve å sjå han i samanheng med resten av Europa.

Halldis Neegård Østbye i brev til Quisling, 7. oktober 1942

Post 1 Nedanfor kan du lese fleire antisemittiske utsegner. Grupper utsegnene i tre kategoriar: a) før, b) under og c) etter den andre verdskrigen. Beskriv det du ser, og om det er noko som overraskar deg.

(…) den jødiske race er et slikt fremmed legeme, som ubønhørlig maa bringe forstyrrelse ind i noget saa kulturfint som et jordbrukerfolk. Naar den jødiske race (…) faar fuld økonomisk utøvelsesmagt over en saa idealistisk og lite ciferdyrkende rase som de nordgermanske jorddyrkere, da maa det før eller senere ende med en katastrofe for utplyndrings­objektet.

Det er en selvfølge at den endelige løsning av jødeproblemet må gjennemføres uten sentimentali­ tet når det gjelder å sikre vårt eget folk, og Europa mot et nytt jødisk framstøt.

44 % av et utvalg Oslo-borgere erklærte tidlig på 1950-tallet at de var helt eller delvis enig i påstan­ den om at det i høy grad var jødenes egen skyld at de var blitt forfulgt. 43 % var helt eller delvis uenige i en påstand om at jødene ikke er mer grådige enn andre. Undersøking gjord av Institutt for samfunnsforsking

I ei undersøking av HL-senteret (2012) svarte om lag halvparten at dei har erfart at «jøde» har vore brukt som skjellsord.

Post 2: Stereotypiar Les utsegnene igjen, og leit etter stereotypiar. Skriv ned dei du finn. Ut frå det du veit om antisemittisme i andre land, er det likskapar og skilnader i skildringane av jødane? Kvifor / kvifor ikkje?

Lederartikkel i Namdalen, 13. mars 1923

Der er snart ikke en fruktbutikk, et utsalg av brukte klær, et lager av ure og annet kram uten at der står en smilende jøde bak disken. Østerhaugsgaten er fremtidens Ghetto eller jødekvarter. Men bare vent. Om nogen tid finner vi dem som smarte eiere av villaer på vestkanten (…) Snart har de foten indenfor en avis, en bank, universitet og Nationalgalleriet!

Post 3 Bruk utsegnene over som kjelder, og skriv ein tekst om antisemittisme i Noreg i fortida og i dag. I teksten kan du gjerne vurdere om også andre grupper i samfunnet i dag blir framstilte einsidig og med stereotypiar.

Aftenposten, 3. juli 1924

Vi vet ikke noget om i hvilken utstrekning det tyske folks lidelse skyldes jødenes metoder og mentalitet. Vi vet bare at det har blitt forhatt, og vi får gå ut fra at dette ikke skyldes bare mindreverdighetsfølelse og misunnelse, men har reelle årsaker. Aftenposten, 4. april 1933

Jøden er orientaler, han hører ikke heime i Europa, og enda mindre har han noenting å gjøre i Norge. Han er et internasjonalt, ødeleggende element. Det urgamle jødeproblem skyldes ikke at de andre er så slette, det er jødene selv som ved sitt vesen og sin handlemåte skaper problemet. Vidkun Quisling, 6. desember 1942

Frå ei varemesse i Haugesund, 1935. Eigaren av firmaet, Moritz Rabinowitz, døydde i tysk konsentrasjonsleir i 1942.

352


Oppdrag 2: Tyskarjentene – ekte kjærleik, landssvik eller begge delar? I krig og kjærleik er allting lov, heiter det. Under den andre verdskrigen hadde fleire tusen norske kvinner eit forhold til tyske menn. For dei, og ikkje minst for barna frå tysk-norske relasjonar, vart kombinasjonen krig og kjærleik svært problematisk. Men hadde ikkje kvinnene sett seg i denne situasjonen sjølve? Burde dei ikkje halde seg unna mennene til okkupasjonsmakta? Burde dei ikkje ha forstått at dette ville bli oppfatta som landssvik?

Post 1 Sjå på annonsane. Kva trur du har hendt? Kva kan vere bakgrunnen for at desse annonsane vart tekne inn i avisene?

«Hvem vil ha mitt barn, som ventes i neste måned. Bill.mrk. 936»

«Udøpt guttebarn ønskes bortsatt uten vederlag. Bill.mrk. 729»

«Venter et barn sist i september. Er det noen snilde mennesker som vil ta det til seg som sitt eget. Bill.mrk. 1216»

Post 2 Etter krigen forklarte mange handlingane til tyskarjentene mellom anna med at dei var «dumme», «åndssvake», «svake for uniformer», hadde eit «sjukeleg erotisk begjær» eller ynskte å få luksusartiklar. Kvifor trur du slike forklaringar vart nytta? Kor velgrunna meiner du forklaringane er? Bruk kjelder du finn i Perspektiv Skulestudio, til å underbyggje svaret ditt. Kva kan tenkjast å vere andre forklaringar?

Post 3

Det blir en forferdelig pris de kvinner får betale for resten av sin levetid, som ikke avviser tyskerne. Toralv Øksnevad, kjend som «stemma frå London», via BBC radio under krigen

Ja, tøs du var den verste av dem alle. Et hakekors skal brennes på din skalle. «X» i eit lesarbrev i Arbeiderbladet, 29. mai 1945

(…) tyskertøsene, disse gjennområ, beregnende, asosiale individer som har levet høyt på de tyske stridshingster. (…) Hvem skulle være mer passende til å ta møkka etter ‘herrefolket’ enn nettopp disse kvinnene som har ligget med dem, mottatt penger, mat, drikkevarer og sigaretter av dem? Lesarinnlegg i Arbeiderbladet, 27. juni 1945

Omtrent alle tyskerjentene var mer eller mindre åndssvake.

«På vegne av regjeringen [vil jeg i dag] si unnskyld for måten norske myndigheter gikk fram på og behandlet jenter og kvinner som hadde en relasjon til tyske soldater under andre verdenskrig», sa statsminister Erna Solberg i 2018. Finn ut kva som hende med tyskarjentene etter krigen, som gjorde det nødvendig for statsministeren å kome med ei unnskyldning. På bakgrunn av det du finn ut, skal du ta stilling til dette spørsmålet: Korleis bør «taparar» i ein konflikt behandlast? Finn ein eigna måte å presentere funna dine på.

Post 4: Korleis lækjer ein eit land? Situasjonen til tyskarjentene kan inngå i eit større spørsmål: Korleis skal freden handterast? Korleis kan ein gjere opp for urett og skape forsoning? Korleis har land som Tyskland, Bosnia eller Rwanda prøvt å handtere etterkrigssituasjonen? Vel eitt av landa, og finn ut meir. Gå saman med elevar som har valt eit anna land, og del det de har kome fram til. Meiner de dei vala landa har teke, er gode?

Politilege og psykolog Augusta Rasmussen, 1947

De var et pust fra den store verden … i sine uniformer, herregud for noen flotte menn, vi trodde ikke våre egne øyne. Intervju med Astrid S., i Ebba D. Drolshagen: De gikk ikke fri (2009)

Post 5: Ta stilling! FN har i ein resolusjon kravt at fleire kvinner skal vere med i krig og fredsprosessar. I Noreg har vi innført verneplikt også for kvinner. Ta stilling til og diskuter denne påstanden: «Fleire kvinner gir eit fredelegare forsvar og meir siviliserte krigar.»

353


K A P I T T E L 15

Innhald:

Kva var den kalde krigen? side 356 Utviklinga i Europa side 358 Den kalde krigen blir global side 359 Då verda heldt pusten side 365 Kald krig i Afrika side 367 Opprør i AustEuropa side 372 Det nye Vesten side 369 Ei amerikanisert verd side 374 Den kalde krigen tek slutt side 376 Tragedien Jugoslavia side 380 Teoriar om den kalde krigen side 382

Den kalde krigen I fleire tiår etter den andre verdskrigen var verda dominert av to land, USA og Sovjetunionen. Spenninga mellom desse to supermaktene skreiv seg frå skarpe ideologiske motsetningar, men også ynsket om politisk dominans og motstridande økonomiske interesser. Den kalde krigen begynte med delinga av Europa, der supermaktene stod mot kvarandre på kvar si side av skiljet mellom aust og vest. I Europa kom det ikkje til noko militært oppgjer. Men i Asia og Afrika var det annleis. Der prøvde begge supermaktene å få eit overtak ved å støtte og dominere kvar sin part i mange væpna konfliktar.

Dette har hendt I 1945 låg store delar av Europa i ruinar etter seks år med krig. Mange byar, særleg i Aust-Europa og i det knekte Tyskland, var fullstendig øydelagde av bombinga. Folk kraup saman i skur og kjellarar. Dei hadde meir enn nok med å skaffe mat frå den eine dagen til den neste. Over heile Kontinentet var folk på vandring. I Tyskland flakka millionar av menneske rundt. Det var overlevande frå konsentrasjonsleirane, slavearbeidarar, flyktningar frå aust og menneske som var bomba ut av heimane sine. Europa var truga av humanitær katastrofe og politisk kaos. Korleis skulle gjenoppbygginga gjerast, og kven skulle gå i spissen for det? Storbritannia og Frankrike høyrde til sigersmaktene, men var svekte og utmatta av krigen. Dei to dominerande statane i Europa var dei landa som hadde teke leiinga då HitlerTyskland vart knust: Sovjetunionen og USA. Snart skulle motsetningane og den gjensidige mistrua mellom desse to landa blusse opp igjen og prege både Europa og resten av verda.

Den kalde krigen i Europa Den kalde krigen i Europa VESTBLOKKEN VESTBLOKKEN NATO (fråinkl. 1949), inkl. MedlemMedlem av NATOav(frå 1949), og Canada utanfor kartet. USA og USA Canada utanfor kartet. Spania vart medlem NATO i 1976. Spania vart medlem av NATOavi 1976. NøytraleNøytrale vestlegevestlege land. land.

AUSTBLOKKEN AUSTBLOKKEN av Warszawapakta (frå MedlemMedlem av Warszawapakta (frå 1955) 1955) Land* vart til Austblokken Land* som vartsom rekna til rekna Austblokken å bli av Sovjetunionen utan å bliutan styrte avstyrte Sovjetunionen *Jugoslavia varunder nøytralt kalde *Jugoslavia var nøytralt denunder kaldeden krigen, ogkrigen, og Albania varav medlem av Warszawapakta Albania var medlem Warszawapakta til 1961, til 1961, seinare med i allianse seinare i allianse Kina.med Kina.

Grense som markerer skiljet mellom Grense som markerer skiljet mellom ein vestleg, demokratisk del og ein ein vestleg, demokratisk del og ein sovjetkontrollert, austleg, austleg, sovjetkontrollert, kommunistisk del. kommunistisk del. Kvvit=grense Kvvit grense grensa=i grensa dag i dag Trass i oppfatninga av at dei landa vestlege Trass i oppfatninga av at dei vestlege var landa var demokratiske, det seg fleirei diktatur i demokratiske, utvikla detutvikla seg fleire diktatur Vest-Europa i etterkrigstida. Vest-Europa i etterkrigstida.

Berlin Berlin fransk sektor britisk sektor

fransk sektor

10 km 10 km Brandenburger Brandenburger Tor Tor

AUST- AUST-

TYSKLAND TYSKLAND britisk Checkpoint sektor Checkpoint Charlie

Charlie

amerikansk amerikansk sovjetisksovjetisk sektor sektor sektor sektor PotsdamPotsdam muren muren AUST-TYSKLAND AUST-TYSKLAND


Slik såg det ut ISLANDISLAND

SVERIGE SVERIGE FINLAND FINLAND NOREGNOREG

DANMARK DANMARK IRLANDIRLAND STOR- STORAUST- AUSTBRITANNIA BRITANNIA NEDER-NEDER- TYSK- TYSKBerlin POLEN Berlin POLEN LAND LAND LAND LAND

SOVJETUNIONEN SOVJETUNIONEN

BELGIABELGIA VESTT SJ T SJ EKKO EKKO SILAOVAKIA SLO TYSKLAND TYSKLAND VAK

VESTLUXEMBOURG LUXEMBOURG

AUSTERRIKE AUSTERRIKE FRANKRIKE FRANKRIKE SVEITSSVEITS UNGARN UNGARN ROMANIA ROMANIA JUGOSLAVIA JUGOSLAVIA PORTUGAL PORTUGAL SPANIASPANIA

BULGARIA BULGARIA ITALIA ITALIA

ALBANIA ALBANIA HELLAS HELLAS

TYRKIATYRKIA


HISTORIE

1945

Slutten av 1940-åra

K A P 15 Den kalde krigen

Den andre verds­ krigen tek slutt

USA gir økonomisk hjelp til dei vest­ europeiske landa (Marshallhjelpa) NATO blir oppretta Sovjetunionen ­strammar grepet Tyskland blir delt

1951

Koreakrigen bryt ut

1955

Warszawapakta blir oppretta

1957

Romatraktaten blir til. Dette er avtalen som EF/EU byggjer på

1961

Bygginga av Berlinmuren

1962

Cubakrisa utløyser frykt for atomkrig

1960-åra

Ca. 1960– 1975 1975–1979

1970–1980åra

Sterk økonomisk vekst i Vest-Europa, borgarrettsrørsla (USA), Vietnammotstand, ­kvinnerørsle og studentopprør

Vietnamkrigen

Raude Khmer-regimet ansvarleg for folkemord i Kambodsja

1970-talet prega av økonomiske kriser. Svak vekst i Sovjet­ unionen også på 1980-talet.

1986

Tsjernobyl-ulykka

1989

Berlinmuren fell

1990

Tyskland blir samla

1991

Sovjetunionen går i oppløysing

356

Kva var den kalde krigen? Rivaliseringa mellom USA og Sovjetunionen hadde røter langt tilbake i tida. Ved inngangen til det 20. hundreåret var USA ei stormakt. Amerikanarane såg på seg sjølv som spesielle, deira samfunn var sterkare, meir avansert og meir framtidsretta enn noko anna samfunn. Nokre amerikanske leiarar meinte det greidde seg at USA var eit føredøme for alle andre. Andre meinte det var nødvendig å blande seg meir direkte inn i verdspolitikken. Den russiske revolusjonen i 1917 kom som eit sjokk på vestlege leiarar. Lenin og bolsjevikane var overtydde om at den kapitalistiske verda ikkje ville nøle med å bruke makt mot dei. Dei gløymde ikkje at vestmaktene hadde støtta dei kontra­ revolusjonære mot slutten av den første verdskrigen og deira forsøk på å knuse ­revolusjonen. I vest frykta eliten valdeleg revolusjon etter at Lenin hadde erklært at dette var hans mål for heile Europa. Gjensidig mistru var altså ikkje noko nytt då Tyskland var slått i 1945. Den kalde krigen var ein skarp ideologisk konflikt. På den eine sida stod USA, på den andre Sovjetunionen. USA gjekk inn for kapitalisme og fri handel mellom ­nasjonane. Landet skulle verne verda mot maktpolitikken til dei gamle koloniherrane. FN var det viktigaste organet for internasjonalt samarbeid. Institusjonar som Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet skulle leggje til rette for økonomisk vekst og utvikling. Sovjetunionen var blitt kommunistisk etter revolusjonen i 1917. Økonomien vart styrt etter planar som kommunistpartiet utarbeidde. Leiarane i Moskva meinte at USA og andre kapitalistland utnytta fattige land og undertrykte arbeidarklassen. Det endelege målet var siger for kommunismen i verda. Ei forsoning med dei kapitalistiske kreftene var ikkje mogleg. Denne ideologiske konflikten levde nesten heilt til den kalde krigen tok slutt rundt 1990. Men den kalde krigen var ikkje berre ein kamp mellom ideologiar og økonomiske system. Maktpolitiske motiv spelte også ei viktig rolle. USA stod for ei form for idealisme. Landet hevda at det kjempa for prinsipp som var til beste for heile verda. Men politikken vart like fullt tilpassa nasjonale eigeninteresser. Den sterke vekta på frihandel var ein fordel for den økonomisk sterkaste makta, og det var USA. Washington var imot den gamle politikken med å dele verda inn i interessesfærar. Likevel ville USA gjerne ha kontroll over Latin-Amerika. I Moskva vog omsynet til nasjonale og sikkerheitspolitiske interesser tyngst. Erfaringane frå krigen var at landet til sjuande og sist berre kunne stole på seg sjølv. Sovjetunionen hadde eit sterkt ynske om dominans i dei områda som landet ­oppfatta som livsviktige for sin eigen tryggleik, til dømes Aust-Europa. Målet om verdsrevolusjon måtte vente. USA og Sovjetunionen var utan samanlikning dei to største militærmaktene i verda. Difor vart dei kalla supermakter. Mot slutten av krigen hadde USA greidd å utvikle atombomba, som vart brukt mot Japan i august 1945. Berre fire år seinare hadde Sovjetunionen si eiga atombombe. Dei to supermaktene skaffa seg fleire tusen atomvåpen. Dei kunne plasserast på rakettar, langtrekkande fly eller ubåtar. Alle stader på kloden kunne bli angripne med atomvåpen. For første gong i verdshistoria fanst det våpen som kunne utslette alle menneske i verda. Millionar av menneske, både i aust og vest, var redde for atomkrig. Dersom dei fekk spørsmål om kva den kalde krigen innebar for dei, ville dei svare med eitt ord: frykt.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Periodane i den kalde krigen 1945–1949: Den kalde krigen oppstår 1949–1963: Den kalde krigen blir global 1963–1975: Tillitsskapande tiltak og avspenning 1975–1985: Ny spenning mellom aust og vest 1985–1990: Den kalde krigen tek slutt

Ei bipolar verd Under den kalde krigen var verda bipolar. USA og Sovjetunionen stod i spissen for kvar sin maktblokk. Spenningsforholdet mellom blokkane var ideologisk, maktpolitisk og økonomisk. Med rustingskappløpet og trusselen frå atomvåpena kom det ei ny form for frykt og uhygge inn i verda.

Eit teknologisk kappløp Knivinga mellom supermaktene arta seg også som eit teknologisk kappløp. Utviklinga innan romfartsteknologi var særleg viktig fordi det hadde samanheng med våpenkappløpet. Generelt var USA teknologisk overlegen, men Sovjetunionen var lenge fullt på høgde med USA på dei områda partileiinga la størst vekt på. Romfartsteknologi var eit slikt område. Sovjetunionen var først ute med å skyte ein satellitt opp i verdsrommet. Det var i ­oktober 1957. Landet tok eit langt steg vidare då Jurij Gagarin vart det første ­mennesket i verdsrommet i romfartøyet «Vostok 1» i april 1961. Amerikanarane innsåg at Sovjetunionen låg framfor dei i kappløpet om verdsrommet. Dei brukte enorme ressursar i kampen for å ta igjen det tapte. President John F. Kennedy erklærte at innan ti år skulle USA ha sendt menneske til månen. I juli 1969 vart Neil Armstrong det første mennesket som sette sin fot på ein annan himmellekam.

Kva forstår du med den kalde krigen? Kva for hendingar trur du kan knytast til konflikten?

Kampen om Berlin. Då Tyskland vart delt, vart Vest-Berlin ­liggjande som ei øy i DDR, Deutsche Demokratische Republik (Aust-Tyskland). Sovjetunionen stengte alle vegar og jernbanar inn til Vest-Berlin i 1948– 1949. Berlinblokaden vart mislykka fordi amerikanske og britiske fly frakta inn forsyningar.

357


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Utviklinga i Europa Frå samarbeid til mistru

Josef Stalin

5. mars 1946 gjekk Winston Churchill, som hadde vore statsminister i Storbritannia, på talarstolen på eit universitet i Fulton i Missouri i USA. Den store britiske krigshelten visste at orda han valde, ville vekkje oppsikt over heile verda: «Frå Stettin ved Austersjøen til Trieste ved Adriaterhavet har eit jernteppe sige ned over Europa.» Bak dette jernteppet, i heile Aust-Europa, var Moskva i ferd med å skaffe seg full kontroll, åtvara Churchill. Etter denne talen vart jernteppe eit vanleg bilete på ­delinga av Europa. Sovjetunionen og vestmaktene hadde kort tid før dette vore allierte i kampen mot Hitler-Tyskland. No stod dei på kvar si side av ei skarp delingsline. Kva hadde skjedd? Stalin hadde ikkje hatt nokon klar plan for det som skulle skje i Europa etter at krigen var slutt. Det som vart avgjerande, var kva for område som var okkuperte av Den raude armeen då Tyskland braut saman. Soldatar på bakken gav Stalin det maktmiddelet han trong for å oppnå det som var viktigast: sikre grensene til Sovjetunionen, og etter kvart byggje opp ein «ring av sosialistiske broderland» i Aust-Europa. Desse landa skulle vere ei trygg sone mot moglege angrep vestfrå ein gong i framtida. Litt etter litt festa Moskva grepet i Polen, Bulgaria, Romania og dei andre austeuropeiske landa. Metodane varierte, men målet var det same: setje politiske ­motstandarar ut av spel, og sørgje for at kommunistane fekk stadig meir kontroll. Styresmaktene i Tsjekkoslovakia gjekk inn for politisk og militært samarbeid med Moskva, sjølv om landet såg vestover økonomisk og kulturelt. Våren 1946 vart det halde frie val. I motsetning til dei fleste landa i Aust-Europa stod kommunistpartiet sterkt og fekk 38 prosent av røystene. Ei samlingsregjering under borgarleg leiing vart danna. I februar 1948, då kommunistpartiet var svekt og heldt på å miste makt, greip kommunistane makta med eit statskupp. Kuppet vart støtta av Sovjetunionen. Kuppet i Tsjekkoslovakia fekk mykje å seie for at frontane i Europa fraus til. Vestmaktene hadde sett korleis Stalin fekk på plass Moskva-lojale regime i AustEuropa. Kuppet var eit skremmande døme på kor langt kommunistane var villige til å gå. Mange frykta sovjetisk ekspansjon i Vest-Europa, og kommunistpartia i ­vestlege land vart stempla som potensielle forrædarar. Det innanrikspolitiske klimaet vart også prega av harde frontar og kald krig.

Gjenoppbygging og marshallhjelp USA sat i førarsetet på vestleg side, både politisk og økonomisk. Amerikanarane ville spreie bodskapen sin om liberalt demokrati og frihandel. Dette var verdiar som alle andre land også ynskte å slutte opp om, meinte dei amerikanske leiarane. USA kom etter kvart til at det var umogleg å gjenreise Europa økonomisk utan at Tyskland vart bygt opp igjen. Å halde ein overvunnen fiende nede var heller inga god oppskrift dersom målet var politisk stabilitet. Etter den første verdskrigen hadde dei brutale vilkåra som Tyskland måtte godta, bana veg for Hitler og nazismen. I juni 1947 la utanriksministeren i USA, George Marshall, fram ein stor gjenreisingsplan for Europa som fekk namnet Marshallplanen. USA lova omfattande finansiell hjelp til landa som hadde fått økonomien sin øydelagd av krigen. Europearane måtte sjølve forme ut planen. Det skulle vere ei felles satsing som ikkje retta seg mot noko land eller nokon ideologi, men berre «mot svolt, fattigdom, desperasjon og kaos», som det heitte.

358


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Den amerikanske kongressen måtte godta Marshallplanen. Overfor kongress­ representantane vart det hevda at planen var hjelp til sjølvhjelp. Pengane ville utvikle marknader i Europa for amerikanske varer og dermed kome USA til gode. Dei vesteuropeiske landa fekk i alt ca. 12 milliardar dollar, og 90 prosent av summen var reine gåver. Storbritannia fekk mest, 2,7 milliardar, og både Vest-Tyskland og Italia fekk 1,3 milliardar. Noreg fekk 250 millionar dollar. Sovjetunionen og landa i Aust-Europa fekk også tilbod om å ta imot marshallhjelp. Sovjetunionen hadde meir behov enn alle andre for økonomisk hjelp. Men Stalin sa nei. Han meinte at USA hadde ein baktanke med planen: å dominere Europa, og stempla planen som ei innblanding i indre saker i Europa. Dersom landa i AustEuropa takka ja, ville det bli oppfatta som ei antisovjetisk handling. Dei takka nei. Ei viktig side ved Marshallhjelpa var at planen lyfte både Vest-Europa og VestTyskland. Ei brei gjenreising skulle gjere det lettare for vesteuropearane å kvitte seg med fiendebiletet av Tyskland. Tyskarane skulle takast inn i det gode selskapet. Økonomisk vart planen svært viktig. Han vart starthjelpa som drog i gang velstandsutviklinga utover på 1950- og 1960-talet. Samtidig kom planen til å gjere kløfta ­mellom aust og vest djupare, sidan berre Vest-Europa fekk nyte godt av hjelpa.

To tyske statar Sigersmaktene etter krigen delte det overvunne Tyskland inn i okkupasjonssoner. Dei amerikanske, britiske og franske sonene låg i vest og sør og vart slått saman til éi. Sovjetunionen fekk ei sone i aust. I 1949 vart den vestlege sona til Forbundsrepublikken Tyskland (BRD), eller Vest-Tyskland. Same året vart den sovjetiske sona til Den tyske demokratiske republikken (DDR), eller Aust-Tyskland.

To doktrinar Truman-doktrinen var oppkalla etter Harry S. Truman, president i USA 1945–1953. Ifølgje doktrinen ville USA støtte alle frie nasjonar i kampen mot utanlandske krefter og væpna opprørarar. Målet var å motverke kommunistisk påverknad. Denne ­oppdemmingspolitikken gav USA rolla som verdspolitimann. Bresjnev-doktrinen var oppkalla etter Leonid Bresjnev, sovjetisk partisjef 1964–1982. Ifølgje doktrinen hadde Sovjetunionen og dei som var allierte med landet, rett til å gripe inn i eit anna land, også militært, dersom dei meinte sosialismen der var truga.

Den kalde krigen blir global Det har vore vanleg å rekne at den andre halvdelen av det 20. hundreåret var langt betre og fredelegare enn den første. Ved første augekast verkar eit slikt syn rimeleg. Mellom 1900 og 1950 mista millionar av menneske livet i to verdskrigar. I mellomkrigstida herja det arbeidsløyse og politisk ustabilitet. I åra frå 1950 til 2000, der­ imot, var velstandsutviklinga utan sidestykke. Motsetningane mellom supermaktene var djupe, men det kom ikkje til noko direkte militært oppgjer. Freden heldt. Men denne synsmåten konsentrerer seg om situasjonen i Europa. Andre delar av verda var opprørte over mange konfliktar i andre halvdelen av det 20. hundreåret. Desse konfliktane hadde som regel rot i lokale og nasjonale motsetningar. Likevel vart dei knytte til rivaliseringa mellom USA og Sovjetunionen, mellom ­kapitalisme og kommunisme. Den kalde krigen omforma og forstørra mange konfliktar. Den kalde krigen vart global, og slett ikkje berre kald.

Krigane under den kalde krigen blir ofte kalla «krigar med ­vikarar». Kva trur du det ligg i dette omgrepet? Kjenner du nokre døme på slike krigar?

359


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

16_16 RUSSLAND KINA

NORDKOREA P’yongyang

38º

Seoul SØRKOREA JAPAN

16_16_1

Korea Kambodsja

360

Vietnam

Blodig oppgjer i Korea Då den andre verdskrigen slutta, var den koreanske halvøya delt i to delar langs den 38. breiddegraden. I nord stod sovjetiske styrkar, i sør stod amerikanske. Ingen tenkte at delinga skulle bli varig. Delinga var eit tiltak som skulle gjere det enklare å administrere Japans kapitulasjon i Korea. Områda i nord var underlagde Kim Il Sung, ein kommunistleiar som hadde vore offiser i den sovjetiske raude armeen. I sør styrte Syngman Rhee, ein autoritær, antikommunistisk leiar med nære band til USA. Frå 1948 var det to statar på den koreanske halvøya, ein i sør og ein i nord. Dei amerikanske og dei sovjetiske ­styrkane trekte seg etter kvart ut, men USA støtta Sør-Korea, og Sovjetunionen støtta Nord-Korea. Begge supermaktene hadde militære rådgivarar på plass. Både Kim og Rhee ynskte å samle og leie Korea, om nødvendig med militære middel, men supermaktene heldt dei tilbake. Verken Sovjetunionen eller USA så seg tent med eit militært oppgjer på den koreanske halvøya. I juni 1950 snudde Stalin. Han gav Kim grønt lys for eit massivt angrep over 38. breiddegrad. Hovudstaden i sør, Seoul, fall etter få dagar. Kim meinte at sigeren ville vere hans i løpet av nokre veker, men undervurderte dei internasjonale reaksjonane. Tryggingsrådet i FN vart straks kalla saman. Rådet slo fast at Nord-Korea var ansvarleg for krigsutbrotet. Medlemslanda vart oppfordra til å slå aggresjonen tilbake og byggje opp igjen freden. Ein militærkommando vart oppretta under FN-paraply, og 16 land sende soldatar for å kjempe på sørkoreansk side. Hausten 1950 hadde FN-styrkane fått overtaket, og i oktober fall hovudstaden i Nord-Korea, Pyongyang. Store kinesiske styrkar rykte inn på Nord-Koreas side og angreip amerikanske einingar. Den blodige krigen bølgja vidare i lang tid. Mange frykta at ein tredje verdskrig var nær. Då våpenkvila vart inngått i juli 1953, var landet framleis delt ved 38. breiddegrad. Tre og ein halv million koreanarar var blitt drepne eller såra. Ti millionar var ­avhengige av matvarehjelp for å overleve. Byane låg i grus. Var alt som før krigen, dersom vi ser bort frå øydeleggingane og den humanitære katastrofen? Det var det ikkje. Koreakrigen spegla motsetningane i den kalde krigen, og endra også den kalde krigen. Mange har spurt seg kvifor Stalin gav Kim grønt lys til angrep i juni 1950 når han tidlegare hadde sagt nei. Utan klarsignal frå Stalin ville det knapt blitt nokon krig. På dette tidspunktet hadde kommunistane vunne borgarkrigen i Kina. Stalin kan ha fått det inntrykket at USA ikkje ville blande seg inn i konfliktar i Asia, sjølv om kommunistane rykte fram. Kim kunne få lett spel. Det kan også tenkjast at situasjonen i Europa hadde sitt å seie for Stalins vurderingar. Ein mislykka blokade av Vest-Berlin var nettopp slutt, og Stalin kan ha ynskt å vinne terreng i Asia i staden. Ein teori går også ut på at eit av måla for Stalin var å skape ein permanent konfliktsituasjon mellom USA og Kina, som han kunne utnytte til å få større makt og innverknad i verda. Men både Stalin og Kim feilvurderte reaksjonane. Angrepet vart frå første stund sett som eit kald-krig-oppgjer, ikkje berre noko som galdt Korea. FN-resolusjonane var viktige sigrar for USA, og dei innebar at motangrepa gjekk for seg under FN-flagg. Likevel vart dette ein amerikansk krig. Nesten 90 prosent av soldatane som kjempa på sørkoreansk side, var amerikanarar. Amerikanske offiserar leidde alle FN-styrkane. Koreakrigen gjorde sitt til at den kalde krigen vart brutalisert. Alt vart sett meir i svart-kvitt. Den som ikkje var venn, var fiende. USA valde alliansepartnarar ut frå kven som stod opp mot kommunismen, ikkje ut frå kor demokratiske dei var. Presidenten i Sør-Korea, Syngman Rhee, var ingen demokrat, han forfølgde


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

«Vår store leiar»: Kim Il Sung (1912–1994) fekk i stand ei ­ekstrem persondyrking av seg sjølv, samtidig som han sørgde for at innbyggjarane ikkje fekk informasjon om omverda. NordKorea er framleis eit av dei mest lukka landa i verda.

opposisjonelle på brutalt vis. Men USA støtta han fordi han ville motarbeide ­kommunismen, og fordi amerikanarane ikkje såg betre alternativ. Den kalde krigen vart militarisert etter Koreakrigen. USA meir enn dobla ­forsvarsbudsjettet sitt, og auken gjekk berre delvis til kamphandlingane i Korea. I Vest-Europa auka frykta for eit sovjetisk angrep. Samarbeidet i NATO gjekk frå å vere mest politisk til å bli først og fremst militært.

Den store heksejakta Den amerikanske senatoren Joseph McCarthy kasta i 1950 fram klagemål om at 200 kommunistsympatisørar hadde greidd å få jobb i utanriksdepartementet i USA. Det vart starten på ein prosess der fleire komitear og utval i Kongressen gjekk i spissen for ei omfattande heksejakt på kommunistar.

NATO (North Atlantic Treaty Organization): militærallianse for land i Europa og Nord-Amerika. Organisasjonen vart stifta i 1949 på grunn av frykt for sovjetisk ekspansjon. Noreg er eit av dei 12 landa som har vore med sidan starten. I dag har NATO 30 medlemsland

«Komiteen for uamerikansk verksemd» hadde begynt kampanjen sin nokre år tidlegare. Men det var då McCarthy stod fram, at jakta verkeleg tok av. Koreakrigen fekk frontane til å hardne til, og skapte eit antikommunistisk hysteri i det amerikanske samfunnet. Krigen vart eit springbrett for mccarthy­ ismen, som dette hysteriet vart kalla. Tilsette i sentraladministrasjonen og kjende personar i Hollywood var særleg utsette. Charlie Chaplin var berre ei av stjernene som vart skulda for kommunistsympati. Dei mista mykje av rettsvernet sitt. Mange mista jobben. Mccarthyismen var eit ekstremt utslag av svart-kvitt-mentaliteten og krava til lojalitet under den kalde krigen. Hollywood tilpassa seg dette mentale klimaet og produserte mange filmar med klart antikommunistisk innhald. McCarthy sjølv oppfatta seg kanskje som ein amerikansk patriot, men i Europa var det knapt nokon person som skadde omdømmet til USA meir enn han. Mccarthyismen styrkte dei kreftene som var mest skeptiske til den amerikanske dominansen.

361


16_23 HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

KINA

Dødsmarkene i Vietnam

Hanoi LAOS 17º

THAILAND

VIETNAM

KAMBODSJA

Saigon (Ho Chi Minh-byen)

Korleis kunne det gå til at amerikanarane måtte rømme ut av Vietnam? Les vidare, og noter medan du les, årsaker til at krigen enda på denne måten for amerikanarane.

Under den andre verdskrigen var Vietnam okkupert av Japan. Ei nasjonal ­frigjeringsrørsle kjempa mot okkupantane. Etter 1945 heldt krigen fram, no mot den gamle kolonimakta Frankrike, som gav opp kampen i 1954. Same året vart det halde ein stormaktskonferanse som førte til at Vietnam vart delt i to, ein nordleg og ein sørleg del. Delelina gjekk langs 17. breiddegrad. Vietnamesarane sjølve hadde knapt eit ord med i laget då landet vart delt. Kommunistpartiet under leiing av Ho Chi Minh hadde stått i spissen for den nasjonale frigjeringskampen heilt frå 1920-talet. Han vart president i staten som vart etablert i Nord-Vietnam etter sovjetisk mønster, Den demokratiske republikken Vietnam. I sør vart det oppretta ein annan stat, Republikken Vietnam, med den ­konservative katolikken og antikommunisten Ngo Dinh Diem som president. Mellom desse to regima var det kraftige spenningar. På slutten av 1950-talet braut det ut nye krigshandlingar. Gjennom nabolandet Laos sende Nord-Vietnam styrkar og forsyningar til ei kommunistisk undergrunnsrørsle i sør, FNL. Målet var å styrte Diem og samle Vietnam under éi nasjonal, ­kommunistisk regjering. Nokså snart braut kald-krig-mønsteret fram. Sovjetunionen, og særleg Kina, støtta Nord-Vietnam og FNL. USA svarte med å gi militær og økonomisk støtte til det vaklande Diem-regimet i Sør-Vietnam. Til å begynne med hadde amerikanarane berre nokre hundre militære rådgivarar i landet, men dei sende etter kvart eigne kampstyrkar. Då USA var sterkast med i kampen, mot slutten av 1968, var det ­nesten ein halv million amerikanske soldatar i Vietnam. USA prøvde å bombe Nord-Vietnam til å gi opp kampen. Det vart sleppt to til tre gonger så mange bomber over Vietnam som over heile Europa under den andre verdskrigen. USA var teknologisk fullstendig overlegen, men greidde ikkje å tvinge i kne ein motstandar som kjempa med høg kampmoral og effektiv geriljataktikk. Dei første åra slutta dei fleste amerikanarar opp om krigen. Men stemninga snudde i andre halvdelen av 1960-åra etter kvart som tapstala steig for USA, og stadig fleire innsåg at krigen ikkje lét seg vinne. Vietnamkrigen var den første TV-overførte krigen i verda. Fjernsynsbileta frå ei slagmark der den mektigaste krigsmakta i verda bomba eit fattig bondefolk i filler, gjorde sterkt inntrykk både i USA og andre vestlege land. Frå 1968 auka krigs­ motstanden, med stadig fleire protestar og demonstrasjonar mot krigen, særleg på amerikanske universitet. Presidentane John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson hadde trappa opp krig­ føringa. Då Richard Nixon rykte inn i Det kvite huset i 1969, bestemte han seg for å «vietnamisere» krigen. Dei amerikanske styrkane skulle ut, men samtidig skulle USA gjere sørvietnamesiske regjeringsstyrkar i stand til å krige vidare på eiga hand. I 1973 vart det inngått våpenkvile mellom USA og Nord-Vietnam, men krigen heldt fram i to år til. I denne perioden var dei sørvietnamesiske styrkane på vikande front, trass i støtta frå USA. I 1975 fall Saigon, hovudstaden i Sør-Vietnam, og Vietnam vart samla. USA tapte den mest omfattande konflikten etter den andre verdskrigen. Korleis kunne supermakta ende opp i den hengjemyra Vietnamkrigen vart? Dominoteorien. Washington rekna Nord-Vietnam og Sør-Vietnam som to land. Difor vart Nord-Vietnams militære infiltrasjon i sør oppfatta som ein invasjon. Bak denne aggresjonen stod dei kommunistiske stormaktene Sovjetunionen og Kina,

362


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

meinte amerikanarane. Dermed vart krigen knytt direkte til tankegangen frå den kalde krigen. Dersom ikkje USA stod opp mot kommunistisk aggresjon i Vietnam, ville kommunismen spreie seg til Thailand og andre land i Søraust-Asia. Dette var den såkalla dominoteorien: Dersom éi brikke fall, ville også andre land falle. Difor måtte USA halde fast ved oppdemmingspolitikken sin. Elles kunne det kome ­tilbakeslag andre stader, til og med i Europa. Frykt for å verke svak. Frykt for å verke svak spelte også inn. Dersom USA gav opp Sør-Vietnam, ville det undergrave USAs styrke og truverd. Prestisje. Frå ca. 1965 var USA sterkt involvert og hadde lagt mykje prestisje i Vietnam-politikken sin. Redsla for å miste ansikt gjorde det vanskeleg å snu. Nord-Vietnams kampvilje. Sett frå Hanoi var Vietnam ikkje to land, men eitt. Dei nordvietnamesiske leiarane rekna i alle år krigen som ein nasjonal frigjeringskrig, og difor var kampviljen så stor. Det stod heller ikkje ein samla kommunistblokk bak. Tvert imot auka motsetningane mellom Sovjetunionen og Kina utover på 1960-­talet. Den hjelpa Moskva gav Nord-Vietnam, var bagatellmessig samanlikna med støtta USA gav Sør-Vietnam. Det at Nord-Vietnam sigra, kan ikkje forklarast med den hjelpa landet fekk utanfrå.

29. april 1975. Eit amerikansk helikopter evakuerer sivile frå den amerikanske ambassaden i Saigon timar før FNL invaderer byen.

363


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Massakren i My Lai Tidleg om morgonen 16. mars 1968 nærma ei gruppe på ca. 100 amerikanske soldatar seg den vesle landsbyen My Lai i Quang Ngai-provinsen i Sør-Vietnam. Over lengre tid var eininga deira blitt utsett for blodige nålestikkangrep frå ein særleg effektiv FNL-styrke, 48. bataljon, som opererte i denne provinsen. Dagen før hadde soldatane fått vite at FNL-styrken var spora opp. Endeleg skulle dei få høve til å slåst mot FNL-soldatane ansikt til ansikt. I verkelegheita var det ingen FNL-soldatar i My Lai. Dei vietnamesiske soldatane i 48. bataljon heldt til i eit fjellområde nesten 70 kilometer lenger vest. Amerikanarane var frå kompani Charlie i 1. bataljon i 20. infanteriregiment. Dei rykte inn mot My Lai frå vest, med 1. tropp i front, leidd av løytnant William Calley. Dei møtte ingen motstand. Likevel opna Calley og mennene eld. Den neste timen vart kvinner, barn og gamle menn stua saman og skotne på kloss hald.

Fenrik Hugh Thompson flaug i helikopter i låg høgde over My Lai mens massakren stod på. Sjokkert vart han vitne til det som hende. Han såg nokre amerikanske soldatar nærme seg ei gruppe på 12–15 kvinner og barn. Thompson landa helikopteret sitt mellom dei to gruppene, opna dørene og gav dei to maskingeværskyttarane sine ordre om å opne eld mot dei amerikanske soldatane, hans eigne landsmenn, dersom han vart hindra i å ta ­vietnamesarane om bord. Han greidde å fly dei til ein trygg stad. Thompson og dei to medsoldatane hans fekk i 1998 tildelt Soldatmedaljen for ekstraordinært mot. Det heile var over på under tre timar. Då låg 500 vietnamesarar i alderen frå eitt til åtti år døde igjen på bakken. Éin amerikansk soldat vart såra. Han skaut seg i foten då han skulle prøve å ordne eit gevær som hadde kilt seg.

2. tropp kom inn frå nord og skaut også på alt som rørte seg. 3. tropp følgde hakk i hæl, sette fyr på dei spinkle husa og skaut dei som hadde overlevd. Mange kvinner vart valdtekne før dei vart drepne.

Hæren sette i verk ein omfattande tildekkingsoperasjon for å skjule det som hadde hendt. Men litt etter litt kom sanninga for ein dag, også på grunn av vitnemålet frå Thompson. Ein begynte å etterforske saka, og fleire personar vart sikta, men dei aller fleste vart lagde bort på grunn av mangel på bevis. Berre éin person vart dømd for My Lai-massakren, løytnant William Calley. Han sona tre og eit halvt år i husarrest.

Sersjant Ron Haeberle, ein fotograf knytt til kompani Charlie, tok bilete med to kamera. Det eine hadde svart-kvitt-film, og desse bileta leverte han til det offisielle arkivet for hæren. Det andre kameraet, med fargefilm, var Haeberles private. Dei bileta dukka seinare opp i amerikanske nyheitsmagasin.

Begge partar gjorde krigsbrotsverk under Vietnamkrigen. Drapa i My Lai var ikkje den einaste massakren. Men ikkje mange vart så godt dokumenterte. Meir enn noka anna hending vart My Lai symbolet på råskapen under krigen og overgrepa frå USA. Massakren fekk mykje å seie for at krigsmotstanden auka i USA. Saigon, 1968.

364


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Då verda heldt pusten I midten av oktober 1962 flaug eit amerikansk spionfly av typen U-2 over Cuba. Bileta som flyet tok, viste tydeleg at sovjetiske atomrakettar var i ferd med å bli utplasserte på øya. Desse rakettane kunne nå mål over store delar av det sørlege og austlege USA. President John F. Kennedy kravde at rakettane måtte fjernast. Ville Moskva bøye av? Cuba låg berre 160 kilometer frå kysten av Florida, og var det mest folkerike landet i Det karibiske havet. Nærleiken til USA gjorde at Cuba gjennom etterkrigstida vart tett knytt til USA, økonomisk og politisk. Den viktige sukkerindustrien var dominert av amerikanske selskap. Som i mange land i Latin-Amerika var Cuba prega av fattigdom, skarpe sosiale skilje og politisk vanstyre under den stadig meir diktatoriske president Fulgencio Batista. Mot slutten av 1956 gjekk ei lita gruppe opprørarar i land på Cuba, leidd av den karismatiske Fidel Castro. Castro sette i gang ein geriljakrig mot regimet og vann snart tilslutning frå bønder og fattige landarbeidarar. I januar 1959 marsjerte han inn i hovudstaden Havana i triumf. Castro sette i verk store reformer innan jordbruk, helse og utdanning, men forfølgde også medlemmer av det gamle regimet. Mange vart avretta, og endå fleire drog i eksil. Då eksilkubanarar begynte militære operasjonar frå basar i USA, vart forholdet til Washington raskt dramatisk forverra. Castro vende seg til Sovjetunionen for å få støtte til revolusjonen sin. Cuba skulle få billig sovjetisk olje, mot at Cuba eksporterte sukker til Sovjetunionen. USA erklærte handelsblokade av Cuba og braut det diplomatiske sambandet i januar 1961. Castros Cuba vart rekna som eit bruhovud for verdskommunismen, faretrugande nær USA. Partisjef Nikita Khrusjtsjov ville beskytte revolusjonen på Cuba. Men avgjersla om å plassere ut atomrakettar på øya var også ein del av maktspelet med USA. Washington hadde atomrakettar i Tyrkia, ikkje langt frå grensa mot Sovjetunionen. Ved å plassere atomrakettar på Cuba ville Khrusjtsjov stå opp mot amerikansk press. Den nye presidenten i USA, John F. Kennedy, mangla erfaring og var usikker, meinte Khrusjtsjov. Han gjekk ut frå at Kennedy ville vike unna dersom han vart pressa. I ein dramatisk radio- og TV-tale 22. oktober 1962 erklærte Kennedy at atomrakettane på Cuba var ein trussel mot heile den vestlege halvkula, og kravde at dei måtte trekkjast tilbake. Khrusjtsjov avviste alle krav og fordømde den amerikanske blokaden av Cuba. USA bygde opp ein invasjonsstyrke. 27. oktober vart eit amerikansk U-2-fly over Cuba skote ned av ein sovjetisk rakett. Verda heldt pusten. Den amerikanske forsvarsministeren, Robert McNamara, har fortalt korleis han denne kvelden, etter eit av dei mange krisemøta i Det kvite huset, ­forlét møterommet hos presidenten og stirte opp på den klare stjernehimmelen over Washington. Han trudde at han ikkje ville leve lenge nok til å oppleve ein slik kveld igjen. Kennedy prøvde å vinne tid. Basen som den sovjetiske raketten vart skoten opp frå, vart ikkje bomba, slik han hadde truga med. Samtidig som han sette hardt mot hardt, opna han i all løynd ei diplomatisk bakdør. Justisminister Robert Kennedy, bror til presidenten, møtte den sovjetiske ambassadøren same kvelden som McNamara trudde alt håp var ute. Dersom alle sovjetiske rakettar vart trekte tilbake frå Cuba, ville USA garantere at Cuba ikkje skulle bli invadert. USA tilbaud også å fjerne atomrakettar frå Tyrkia. Khrusjtsjov visste at verda stod på randa av atomkrig. Han visste også at dersom ein slik krig verkeleg braut ut, ville det gå aller hardast ut over Sovjetunionen. USA hadde større atomvåpenstyrkar enn Sovjetunionen.

«Verda heldt pusten», blir det ofte sagt om Cubakrisa. Kvifor trur du dette uttrykket blir brukt? Les teksten med dette spørsmålet i bakhovudet.

365


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

New York Times, 29. oktober 1962. Korleis er løysinga på krisa framstilt i artikkelen?

Moskva slo retrett. Khrusjtsjov aksepterte avtalen amerikanarane tilbaud. 28. oktober var den akutte krisa over.

Følgjene av Cubakrisa Mange har spurt kven som vann, og kven som tapte under Cubakrisa. Historikaren Odd Arne Westad meiner alle vann. Verda unngjekk atomkrig. I ettertid er rakettkrisa i oktober 1962 blitt ståande som eit vass-skilje. Krisa viste at den kalde krigen verka inn på heile verda. Cuba hadde tradisjonelt vore eit land som var dominert av USA, men no var landet tett knytt til Sovjetunionen. Også Latin-Amerika var blitt trekt inn i den kalde krigen. Han var blitt verdsomspennande.

366


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Aldri før hadde verda stått nærare stupet og eit kjernefysisk ragnarok. Både i USA og Sovjetunionen slo tanken rot om at ei viss form for avspenning var ­nødvendig for å unngå akutte atomkriser i framtida. Etter Cubakrisa følgde ein periode med avspenning og ulike tiltak mellom supermaktene, som skulle skape større tillit mellom dei. Denne perioden varte fram til midten av 1970-talet. Helsingforserklæringa i 1975 blir rekna som eit høgdepunkt i denne avspenningspolitikken. Dei 35 landa som underteikna erklæringa, godtok grensene i Europa, slik dei var blitt etter krigen. Det var viktig for Sovjetunionen. På den andre sida erklærte austblokklanda at dei støtta menneskerettane. Helsingforserklæringa vart difor eit nyttig verktøy for opposisjonsgrupper i AustEuropa i åra etterpå. Dei kunne vise til at regima i austblokken ikkje følgde prinsipp dei sjølve hadde underteikna. Ny opprusting mot slutten av 1970-talet auka igjen spenninga mellom aust og vest. Då Sovjetunionen invaderte Afghanistan i 1979, fraus frontane for alvor til igjen.

Kald krig i Afrika Både USA og Sovjetunionen sette mykje inn på å få meir innverknad i mange område. Begge landa støtta regime i den tredje verda som stilte seg på deira side i den politiske og ideologiske rivaliseringa. Dei ville gjerne ha alliansar med land som hadde viktige naturressursar. Vennskaplege regjeringar kunne dessutan gi supermaktene grønt lys for å etablere militærbasar på territoriet sitt. Slik vart også det afrikanske kontinentet trekt inn i den kalde krigen. Både politiske, økonomiske og militærstrategiske omsyn spelte inn. Gamle og svekte kolonimakter, som Storbritannia, Frankrike og Portugal, var på veg ut, og mange afrikanske land kjempa for nasjonalt sjølvstende. Undertrykkinga i kolonitida gjorde at mange afrikanske land leita etter nye alliansepartnarar. Men mange av dei landa som fekk militær og diplomatisk støtte frå Moskva, var ikkje nødvendigvis så ­opptekne av sjølve å innføre sosialisme. Nasjonalt sjølvstende var viktigast. Kolonimaktene hadde ofte dyrka og støtta etniske motsetningar i landa for å sikre sitt eige grep om makta. Motsetningane blussa opp når kolonimaktene trekte seg ut, og gjorde det vanskelegare å skape fredelege og levedyktige nasjonalstatar. USA og Sovjetunionen på si side prøvde å fylle maktvakuumet etter dei gamle kolonimaktene med både pengar og våpen. Det førte ikkje sjeldan til det som er kalla «krigar med vikarar». Her skal vi ta for oss eit par døme på kriser og krigar som hadde direkte ­tilknyting til den kalde krigen.

16_44

Kongo-krisa Sahara

N il e n

Kongo var ein tidlegare belgisk koloni som vart sjølvstendig i 1960. Den første statsministeren i landet, Patrice Lumumba, var ein nasjonalist som ynskte eit samla Kongo, og som ville at dei store mineralressursane i landet skulle kome heile landet til gode. Han vart raskt motarbeidd av mektige gruveselskap, som frykta nasjonal kontroll over desse ressursane. Fleire mineralrike provinsar braut ut og erklærte seg som eigne statar. Kongo mista dermed store inntekter, mellom anna frå eksport av det verdifulle mineralet uran. Lumumba bad forgjeves om hjelp frå USA for å gjenreise landet som éin nasjon. Etter avslaget vende han seg til Sovjetunionen, som sende våpen og anna

DEN DEMOKRATISKE REPUBLIKKEN KONGO

367


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

hjelp. Dette aksepterte ikkje vestlege land, som frykta at Lumumba ville leie eit sterkt sentralstyre som Moskva kunne påverke. Vesten støtta difor utbrytarstatane. Den kalde krigen skylde no inn over Kongo. Amerikanske militærrådgivarar hjelpte til i eit kupp mot Lumumba i 1961. Han vart arrestert og send til Katangaprovinsen, som hadde fått vestleg støtte. Der vart Lumumba avretta. No vart det sett inn ei ny regjering som samarbeidde med vestlege regjeringar og gruveselskapa. Men fred vart det ikkje. Det braut ut opprør i delar av landet der det hadde vore oppslutning om Lumumbas nasjonale og radikale politikk. Etter fleire år med krig slo regjeringsstyrkane ned opprøret, støtta av USA. Ein tidlegare offiser, Joseph Mobutu, greip makta i eit militærkupp i 1965. Den USA-vennlege Mobutu vart sitjande som president heilt til 1997.

16_45

Borgarkrigen i Angola N il e n

Sahara

ANGOLA

368

Angola var ein gammal portugisisk koloni. Motsetningar mellom folkegrupper i ­landet gjorde sitt til at tre rivaliserande frigjeringsrørsler voks fram på 1950- og 1960-talet. I 1974 braut det ut borgarkrig. Krigen vart utkjempa langs etniske og ideologiske skiljeliner og hadde utspring i interne forhold. Sjølvstenderørslene hadde forskjellige visjonar for eit fritt Angola, og fekk støtte frå ulike grupper i samfunnet. Alle dei tre organisasjonane hadde ­autoritære trekk. Dei prøvde å knekkje kvarandre i staden for å prøve å inngå kompromiss. Folkerørsla for frigjering av Angola (MPLA) stod sterkast ved frigjeringa i november i 1975 og danna regjering. Denne organisasjonen vart støtta av Sovjetunionen og Cuba. Ei konkurrerande sjølvstenderørsle, UNITA, la ikkje ned våpena. Denne organisasjonen hadde ein mektig støttespelar: Sør-Afrika. Apartheidregimet i Sør-Afrika førte ein aggressiv politikk i heile det sørlege Afrika. Målet var å hindre at fleirtalsstyre og frigjeringsrørsler i nabolanda skulle inspirere den sørafrikanske befolkninga. Denne politikken fekk alvorlege følgjer for Angola, der store område sør i landet vart okkuperte av sørafrikanske styrkar. Etter at Ronald Reagan vart president i 1981, kom USA meir på banen, sjølv om Reagan nøgde seg med våpenhjelp og økonomisk støtte til motstandarane av MPLA. Det fekk i sin tur Sovjetunionen og Cuba til å trappe opp si støtte til MPLA. På det meste hadde Cuba nesten 36 000 soldatar i Angola, mens Sovjetunionen hjelpte til med jagarfly og artilleri. Krigen heldt fram med ulik intensitet heilt fram til 2002, då UNITA-leiaren Jonas Savimbi vart drepen. På det tidspunktet hadde UNITA vore på defensiven i fleire år. Apartheidregimet i Sør-Afrika var avvikla for lenge sidan. Frykta for at Sovjetunionen ville etablere militærbasar i Angola, var noko av ­forklaringa på at USA engasjerte seg. USA var også redd for at eit kommunistisk Angola ville føre til kommunistisk maktovertaking i fleire afrikanske land. Igjen følgde ein logikken i dominoteorien. Samtidig var amerikanarane engstelege for å få eit nytt Vietnam. Dei bitre erfaringane frå Vietnamkrigen er noko av forklaringa på kvifor USA ikkje sende eigne styrkar. Økonomiske forhold spelte også inn. Utanfor kysten av Angola låg det enorme oljeførekomstar under havbotnen. Verken USA eller Sovjetunionen ville at denne ­oljen skulle falle i hendene på motparten.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Det nye Vesten Vekst og integrasjon i Vest-Europa Frå rundt 1950 skaut veksten i Vest-Europa fart. Det handla ikkje lenger om gjen­ reising etter øydeleggingane frå krigen, men om ei gjennomgripande omforming av samfunnet, både økonomisk, politisk og sosialt. Eit viktig trekk ved denne omforminga var rolla til staten. Både kapitaleigarar og privat eigedomsrett stod sentralt i det samfunnssystemet som vart bygt opp, men det var ikkje slik at alt vart overlate til den frie marknaden. Staten spelte ei viktig regulerande rolle. Slik var det under både konservative og sosialdemokratiske regjeringar. Det sterke økonomiske oppsvinget gjekk for seg innanfor rammene av statleg styring og kontroll. Statskontrollert kapitalisme er ei nemning som er brukt. Både arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar var prega av ein ny vilje til samarbeid og kompromiss. Forpliktande avtalar regulerte arbeidslivet. Nasjonalt samhald gav rom for ein regulerande stat, og var kanskje ein føresetnad for det blandingssystemet som vart utvikla. Folk merka at dei fekk det betre enn før: kortare arbeidstid, lengre feriar, høgare lønningar og betre trygdeordningar. I motsetning til i tidlegare periodar følgde det inga politisk polarisering i kjølvatnet av industrialiseringa. Den sosiale framgangen førte til at dei politiske ytterfløyene fekk mindre appell. Når folk ser at reformer ­verkar, blir revolusjon mindre freistande. Fleire internasjonale institusjonar var eit viktig rammeverk for utviklinga. Samarbeidet med USA gjennom NATO var eit av dei. Leiande vesteuropeiske ­politikarar, både kristelegdemokratar og sosialdemokratar, meinte at banda til den sterkaste militærmakta i verda var ein garanti for tryggleiken. Tryggleikskjensle og framtidstru var nødvendige psykologiske føresetnader for investeringane som måtte til for å dra hjula i gang. Det andre rammeverket var den økonomiske og politiske integrasjonen mellom dei vesteuropeiske landa. Ulike institusjonar vart som klossar i eit stort byggverk, der dei første klossane kunne fjernast når nye og større var på plass. OEEC og OECD. Den europeiske økonomiske samarbeidsorganisasjonen (OEEC) vart etablert i 1948 for å administrere Marshallhjelpa til europeiske land. OEEC hjelpte også til med å få fjerna kvoter og andre reglar som hindra handelen. OEEC vart eit startpunkt for europeisk integrasjon. Seinare vart organisasjonen erstatta av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), då med USA og Canada som nye medlemmer. Kol- og stålunionen. Det var eit langt steg vidare då Den europeiske kol- og stål­ unionen vart oppretta i 1952. Ideen kom frå franskmannen Jean Monnet, som ­overtalte utanriksminister Robert Schumann til å arbeide for å få til ein slik union. Grunntanken var at det skulle vere felles overstatleg mynde over tyske og franske kol- og stålførekomstar. Ei samling av desse ressursane skulle bane veg for at andre sektorar i økonomien også kunne vekse saman. Eit nettverk av økonomiske kontaktar over landegrensene ville i neste omgang bryte ned nasjonale motsetningar og leggje til rette for det Monnet eigentleg drøymde om: Europas sameinte statar. Det var ikkje tilfeldig at ein begynte med kol og stål, som alle land trong i store mengder for å kunne føre krig. Ein overstatleg kontroll av kol- og stålproduksjonen skulle gjere ein ny krig mellom dei gamle erkefiendane Tyskland og Frankrike umogleg.

369


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Romatraktaten blir signert i Palazzo de Conservatori i Roma 25. mars 1957. Kva ser du på biletet?

Italia, Nederland, Belgia og Luxembourg slutta seg også til samarbeidet i kol- og stålunionen, som vi må forstå i lys av det politiske klimaet under den kalde krigen. Trusselen frå aust fekk vestlege land til å knyte nærare band, både økonomisk og politisk. EEC og EFTA. I 1957 utvida dei seks medlemslanda i kol- og stålunionen ­samarbeidet. Den økonomiske integrasjonen skulle gå fortare og omfatte stadig fleire sektorar. Det vart fastsett i ein ny avtale som vart underteikna i Roma. Denne Romatraktaten vart «grunnlova» til Det europeiske økonomiske fellesskapet (EEC), med mål om å etablere ein felles marknad i Europa. Sju andre europeiske land, mellom dei Noreg, slutta seg eit par år seinare saman i eit anna frihandelsforbund. Dette forbundet, EFTA, hadde ikkje same overnasjonale avgjerdsmynde som EEC.

monetær: som har med valuta og pengestell å gjere

370

EU. Den europeiske unionen (EU) vi kjenner i dag, er ei direkte forlenging av EEC, eller Fellesmarknaden, som organisasjonen også vart kalla. Stadig fleire land har slutta seg til. Storbritannia kom med i 1973. I 1981 vart Hellas medlem, som ikkje mange år tidlegare hadde vore styrt av ein militærjunta. Dei tidlegare diktaturlanda Spania og Portugal kom med i 1986. Då Berlinmuren fall i 1989, opna det for at fleire aust­ europeiske land slutta seg til EU i åra som følgde. I 2020 hadde EU 27 medlemsland.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

I mange år utvikla samarbeidet innetter i EU seg i éi retning: Samarbeidet vart tettare, og meir avgjerdsmynde vart overført frå nasjonalstatane til organa i EU. Maastricht-avtalen frå 1992 var ein viktig milepåle. Medlemslanda bestemte å opprette ein politisk union, og ein økonomisk og monetær union. Målet var å skape ein felles økonomisk politikk i heile EU. EU har oppretta ein institusjon, Europaparlamentet, der medlemmene er direkte folkevalde. Desse folkevalde representantane har gjennom åra fått meir formell ­innverknad. Formålet var å styrkje det demokratiske grunnlaget for avgjerds­ prosessane i EU.

Det tyske mirakelet I etterkrigstida vart det moderne forbrukarsamfunnet til. Kjøleskåp, TV-apparat og vaskemaskinar vart allemannseige. Stadig fleire privatbilar rulla omkring på europeiske vegar. I Frankrike, Storbritannia, Vest-Tyskland og Italia var det om lag fire ­millionar bilar då krigen slutta. Midt på 1960-talet hadde talet auka til 30 millionar. Ikkje i noko land var veksten så sterk som i Vest-Tyskland. Bruttonasjonalproduktet voks med over fem prosent kvart einaste år gjennom 1950- og 1960-talet. Bedriftene fekk den kreditten dei trong, valutakurs og utlånsrenter var stabile. Arbeidsplassar vart skapte i rekordtempo. Nye bustader spratt opp. Wirtschaftswunder vart det kalla – eit økonomisk mirakel. Mirakelet hadde ikkje berre éi årsak. Marshallhjelpa og det at den vesttyske valutaen var knytt til dollar, var viktig. Veksten vart stimulert av den gradvise integrasjonen i Vest-Europa. Krigsskadeerstatningane landet vart pålagde, var relativt lette. Dei massive øydeleggingar av produksjonsutstyr og transportmiddel under krigen tvinga fram nykjøp. Og alt dette utstyret var nytt og moderne – meir nytt og moderne enn i land der krigen ikkje hadde øydelagt like mykje. Det gav Vest-Tyskland fordelar når hjula først var sette i gang. For første gong på over ein generasjon unngjekk tyskarane sosial utryggleik og politisk uro. Det inspirerte til innsats. Tyskarane hadde lengre arbeidsdagar enn dei fleste andre europearar, og produktiviteten auka raskt. Kjøpekrafta dobla seg frå 1950 til 1960. Dei vesteuropeiske nabolanda til Vest-Tyskland var lenge redde for at regjeringa i Bonn kunne velje å bli nøytral. Lovnader om nøytralitet kunne få Moskva til å godta ei samling av dei to tyske statane. Dette «tyske spørsmålet» var ein verkebyll under den kalde krigen, særleg dei første åra. Konrad Adenauer, som var forbundskanslar (statsminister) i Vest-Tyskland gjennom heile 1950-talet, ynskte som dei fleste andre tyskarar tysk samling. Men forankring i Vesten, både politisk og økonomisk, var endå viktigare for han. Gong på gong forsikra han at Vest-Tyskland høyrde heime i den vestlege leiren. Men éin ting er politiske erklæringar, noko anna er økonomiske realitetar. Det sterke økonomiske oppsvinget styrkte Vest-Tysklands band til Vesten og dempa uroa hos nabolanda. Difor hadde det økonomiske mirakelet også viktige politiske konsekvensar.

371


Opprør

i Aust-Europa Etter Stalin Stalin døydde i 1953. Han hadde dominert sovjetisk politikk i fleire tiår, og då diktatoren døydde, utløyste det uro og rivalisering i partileiinga. Nikita Khrusjtsjov trekte til slutt det lengste strået i maktkampen. I 1956 tok Khrusjtsjov eit sviande oppgjer med fortida. I ein berømt tale på den 20. partikongressen fordømde han utreinskingane og undertrykkinga i Stalin-perioden. Khrusjtsjov stod fram som ein reformator.

I åra som følgde, veksla det mellom mildvêr og ny innstramming. Det kom bøker og filmar som tok opp undertrykking og maktmisbruk. Mest kjend er Alexander Solzjenitsyns skildring av forholda i dei sovjetiske fangeleirane i romanen En dag i Ivan Denisovitsjs liv frå 1962. Khrusjtsjov var ein impulsiv og uføre­ seieleg leiar. Resten av partileiinga såg etter kvart den eigenrådige framferda hans som ein trussel. Han vart skyvd til side i 1964.

Nikita Khrusjtsjov og USAs visepresident Richard Nixon under «kjøkkendebatten», 1959.

372

Oppstand i Ungarn Khrusjtsjovs knusande oppgjer med Stalin utløyste uro i fleire austeuropeiske land. I Ungarn voks uroa til eit nasjonalt opprør. Det ungarske kommunistpartiet styrte med hard hand. I slutten av oktober 1956 braut det ut eit opprør mot den harde lina. Moskva prøvde å få kontroll igjen ved å setje inn den meir liberale Imre Nagy som statsminister, som ­partiet visste hadde meir støtte i befolkninga. Men opprøret rulla ­vidare, med stadig meir radikale krav. Nagy vart riven med. Han innsåg at eittpartisystemet mangla støtte, og stilte seg bak krava om politisk demokrati og full nasjonal sjølv­råderett. Nagy erklærte at ­Ungarn ville trekkje seg ut av det militære samarbeidet i Warszawapakta. Han bad om hjelp frå FN. Alarmen gjekk i Moskva. Reformer var éin ting, eit sjølvstendig og ikkje-kommunistisk Ungarn noko heilt anna. Store ­sovjetiske militærstyrkar slo ned opprøret. Ca. 2000 ungararar vart drepne i kampane, dei aller fleste under 30 år. 200 000 flykta til ­Vesten. Imre Nagy og fleire av dei andre ungarske leiarane vart avsette og seinare avretta.


Praha-våren 1968 Etter at kommunistane overtok makta, var Tsjekkoslovakia kanskje den mest trufaste forbundsfellen Sovjetunionen hadde i Aust-Europa. Det endra seg då Alexander Dubček tidleg i 1968 vart vald til leiar i det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet. Dubček varsla reformer. Partiet skulle få ei ny og meir tilbaketrekt rolle. Sensuren vart oppheva. Det opna for kritikk og reformforslag som gjekk lenger enn det Dubček hadde tenkt seg. Håp og optimisme prega landet under det som fekk namnet Praha-våren. Moskva følgde utviklinga med mistru. Sovjetleiarane frykta at kommunistpartiet ville miste maktposisjonen sin, og at Tsjekkoslovakia til sjuande og sist ville gå tapt for den sosialistiske leiren. 21. august 1968 rykte sovjetiske militærstyrkar inn i Tsjekkoslovakia. Der møtte dei raseri og hat, men ikkje militær motstand. Dubček og andre reformkommunistar vart arresterte. Praha-våren var knust.

Studentar og intellektuelle, særleg forfattarar, spelte ei viktig rolle under Praha-våren. Ein av dei var dramatikaren Václav Havel (1936–2011), som vart president i Tsjekkoslovakia etter at kommunismen fall.

373


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Ei amerikanisert verd Det 20. hundreåret blir ofte kalla USAs hundreår. Alt ved inngangen til hundreåret var USA ei stormakt. Men det var først etter den andre verdskrigen USA for alvor rykte frå alle andre land i makt og innverknad, politisk og økonomisk. Det var berre på det militære området den andre supermakta, Sovjetunionen, kunne måle seg med USA. Både sovjetiske og amerikanske styresmakter tok kultur og massemedium i bruk for å vinne kampen om sinna. Klassisk kultur som Sovjetunionen satsa på, som teater og ballett, hadde enorm prestisje overalt i Vesten. USA produserte ­kulturprogram som skulle sørgje for at amerikanske verdiar fekk gjennomslag. Etterretningsorganisasjonen CIA stod bak radiostasjonen Radio Free Europe, som formidla nyheiter bak jernteppet, på språka til dei austeuropeiske landa. Den kalde krigen var også ein propagandakrig. USA fekk dessutan gjennomslag på område som ikkje hadde noko å gjere med propagandaen frå styresmaktene. Særleg på det populærkulturelle området fortener det førre hundreåret nemninga USAs hundreår. Eit lite døme: Frankrike var eit land med ein stolt filmtradisjon. I 1947 produserte Frankrike 40 filmar. Same året importerte landet 340 filmar frå USA. Verda ville ha idol, og dei var amerikanske: Elvis Presley, James Dean og Elizabeth Taylor var berre nokre av dei. Desse stjernene var ikkje offisielle representantar for noko som helst. Det var den private musikk- og filmindustrien som spreidde platene og filmane deira så å seie over heile verda. Disney, Coca-Cola, McDonald’s, Nike, Levi’s – alt dette er merkenamn som symboliserte korleis amerikanske produkt og amerikansk livsstil vart dominerande på mange livsområde. Bak jernteppet var det ingen varer som var så ettertrakta og hadde så høg prestisje som amerikanske. USA fekk kulturell dominans. Også det var ein del av makta til USA.

374


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Borgarrettsrørsla i USA 1. desember 1955 sat Rosa Parks på ein buss i Montgomery i Alabama. Sidan ho var farga, var ho i den delen av bussen der farga fekk lov å sitje. Delen som var reservert for kvite, var full. Då ein kvit mann kom på, bad sjåføren Rosa Parks gi frå seg setet sitt, slik at mannen fekk sitjeplass. Det nekta ho. Ho vart arrestert og dømd fordi ho hadde brote raseskiljelovene i Alabama. Den afroamerikanske befolkninga hadde vore diskriminert og undertrykt også etter at slaveriet vart oppheva. På 1950-talet, då den kalde krigen tilspissa seg, lova amerikanske leiarar at USA skulle stå opp og forsvare fridom og rettferd rundt om i verda. Afroamerikanarane samanlikna desse lovnadene med den behandlinga dei sjølve fekk. Kontrasten mellom ord og verkelegheit var skarp. Den kalde krigen skjerpte frontane. Stadig fleire afroamerikanarar nekta å godta diskrimineringa og urettferda. Borgarrettsrørsla fekk vind i segla. Rosa Parks-saka vart ein gneiste. Kvelden etter arrestasjonen kom ca. 50 borgarrettsleiarar saman for å diskutere korleis dei burde reagere. Ein av dei var den då nokså ukjende pastor Martin Luther King. Dei bestemte seg for å boikotte bussane i Montgomery, ein aksjon som kom til å vare i over eitt år, og som tvinga fram at lova som tillét raseskilje på offentlege transportmiddel, vart oppheva. Borgarrettsrørsla organiserte demonstrasjonar, boikottaksjonar og «sit-in»-­ aksjonar. Alt dette var fredelege kampformer som stod i skarp kontrast til den ­rasistiske valden dei ofte møtte. Martin Luther King var kanskje den aller mest kjende borgarrettsforkjemparen, og ikkjevaldslina hans vann fram. Han fekk Nobels fredspris i 1964. Same året vart det vedteke ei borgarrettslov som forbaud all diskriminering på offentlege stader, på arbeidsmarknaden og i det politiske livet. Lova gav integreringspolitikken eit juridisk fundament, men diskrimineringa og undertrykkinga forsvann ikkje. Utover på 1960-talet fekk kampen nye former og retta seg like mykje mot skjult diskriminering og sosial urettferd. Ein urimeleg stor del av dei fattige i USA var afroamerikanarar og andre farga. Ein ny, meir militant ­generasjon av afroamerikanske leiarar stod fram.

Alabama, 1955: Rosa Parks (1913–2005) vart arrestert då ho nekta å gi frå seg buss-setet sitt til ein kvit passasjer.

Martin Luther King (1929–1968) framfor Lincolnmonumentet, Washington 1963.

375


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Frå 1967 skaut protestane mot Vietnamkrigen fart, særleg mellom studentar. Desse protestane fekk kraft frå kampen til afroamerikanarane. For mange vart motstand mot Vietnamkrigen og motstand mot rasismen heime i USA to sider av same saka. «Kvifor skal eg skyte vietnamesarar? Dei kalla meg aldri nigger», sa verdsmeisteren i tungvekt, Muhammad Ali, då han skulle innrullerast i hæren for å bli send til Vietnam. Rasismen stod særleg sterkt i Sørstatane. Spesielt Alabama, Mississippi og SørCarolina tviheldt lenge på raseskiljepolitikken. Kampen for likskap og rettferd har halde fram heilt til våre dagar. Då Barack Obama vann presidentvalet i 2008, vart det ein viktig milepåle for mange.

Den kalde krigen tek slutt Berlinmuren fell og Sovjetunionen går i oppløysing

Kva vil du seie er årsakene som låg bak då Berlinmuren fall, og kva vil du seie var den utløysande årsaka?

Berlin, 9. november 1989: Günter Schabowski, medlem av det mektige Politbyrået i kommunistpartiet i DDR, held ein pressekonferanse som blir overført direkte på TV. Mot slutten, nokre minutt før klokka 19.00, les han opp dei nye reisereglane som austtyske styresmakter nettopp har vedteke. Mykje er uklart i det Schabowski seier. Men han skaper det inntrykket at austtyskarar no kan reise til Vest-Tyskland på ­privat besøk utan løyve på førehand. Det blir stilt i nokre sekund. Så får han eit spørsmål frå ein av journalistane om når dei nye reglane tek til å gjelde. Schabowski svarar: «Ab sofort» – med ein gong. Sidan Berlinmuren vart bygd i 1961, hadde han vore ei ca. 50 km lang fysisk sperre av betong, piggtråd og elektriske gjerde rundt Vest-Berlin. Muren skulle hindre at folk flykta til Vesten, og grenseovergangane vart strengt vakta av austtysk politi. Etter Schabowskis pressekonferanse stimla fleire tusen austberlinarar saman ved grensestasjonane, men der heldt politiet vakt som vanleg. Dei hadde ikkje fått melding om at det var innført nye reglar. Folk kravde at sperringane skulle fjernast. Dei hadde høyrt og sett Schabowski på TV, og vesttyske radiostasjonar hadde alt meldt at muren var opna. Spenninga steig. Sidan vaktene ikkje hadde klare ordrar å halde seg til, og den opphissa folkemassen pressa på, valde vaktene ved ein av grensestasjonane å opne bommane. Så følgde ein annan stasjon etter, og deretter endå ein. Muren fall. Var det ei misforståing som gjorde at muren fall? Korleis kunne det ha seg at styresmaktene i DDR totalt hadde mista styringa?

«Saman i klatretauet»

DDR: forkorting for Den tyske demokratiske republikken, altså Aust-Tyskland

376

I mars 1985 valde det mektige kommunistpartiet i Sovjetunionen den 54 år gamle Mikhail Gorbatsjov til partisjef. Han tok med seg handlekraft og reformvilje inn i toppen av sovjetisk politikk etter stagnasjon i mange år under gamle og sjukelege leiarar. Den økonomiske veksten i Sovjetunionen stoppa nesten opp i slutten av 1970åra. Våpenkappløpet med Vesten og ein ekspansiv utanrikspolitikk, særleg krigen i Afghanistan, hadde kosta enorme summar. Forsvarsbudsjettet utgjorde over 20 prosent av bruttonasjonalproduktet. Fallande oljeprisar utover i 1980-åra forverra økonomien. Gorbatsjov var overtydd om at sovjetsystemet måtte reformerast for at det skulle leve vidare og vere nokolunde jamgodt med USA og Vesten. Endringar var heilt nødvendig, det galdt både forholdet til omverda og i landet. Sovjetleiarane hadde rekna at den fredelege sameksistensen med Vesten var ein mellombels tilstand, og at den grunnleggjande ideologiske konflikten til slutt måtte


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

ende med siger for sosialismen og kommunismen over heile verda. Med Gorbatsjov kom ei avgjerande haldningsendring. Han såg samarbeidet som varig. Knivinga mellom den kapitalistiske og den sosialistiske leiren måtte vere underordna dei store, felles utfordringane menneska stod overfor. Gorbatsjov sa det slik: Alle land i verda er ei gruppe fjellklatrarar som er bundne saman i eit tau. Anten når dei toppen saman, eller så styrtar dei i avgrunnen saman.

Glasnost og perestrojka

TV-bileta av jublande aust­ tyskarar som strøymer inn i Vest-Berlin utover kvelden og natta til 10. november 1989, som hoppar og dansar og ­hakkar laus bitar av den hata muren, har blitt ståande som sjølve symbolet på at den kalde krigen var slutt i Europa.

Arbeidet for å reformere sovjetsystemet vart kjent under to overskrifter: glasnost (openheit) og perestrojka (omforming). Gorbatsjov gjorde det klart at opposisjonelle, menneskerettsforkjemparar og kunstnarar ikkje lenger skulle kneblast. Filmar og bøker som hadde vore forbodne, vart lovlege. Negative sider ved samfunnet i Sovjetunionen skulle diskuterast i radio, aviser og TV. Det galdt både fattigdommen, korrupsjonen og ulempene med den tungrodde, sentralstyrte økonomien. Den nye openheita hadde fleire siktemål: • Media skulle brukast i kampen mot korrupsjon og svake sider ved styringssystemet. • Glasnost skulle føre til ny dynamikk i samfunnet. • Openheita skulle mobilisere støtte for den nye politikken. Målet med perestrojka var å omforme styringssystemet, løyse på maktmonopolet som kommunistpartiet hadde, og opne for meir initiativ og konkurranse i økonomien. Ingenting av dette var mogleg å oppnå utan glasnost. Det var to sider av same saka.

377


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Den verste atomkraftulykka i verda

Reaktor 4 i atomkraftverket i Tsjernobyl i Ukraina. Over store delar av Europa kom det kjernefysisk nedfall frå denne reaktoren.

Men openheita ramma også maktkjernen, sjølve kommunistpartiet, mykje hardare enn Gorbatsjov hadde tenkt seg. Samtidig kunne han ikkje snu prosessen utan å undergrave sitt eige truverd. Ein snøball heldt på å rulle. Å prøve å stanse han ville skadd forholdet til Vesten, og Gorbatsjov ynskte avspenning og nedrusting. Eksplosjonen i atomkraftverket i Tsjernobyl i 1986, den verste atomkraftulykka i verda, viste dilemmaet med reformpolitikken. Først heldt makthavarane ulykka hemmeleg og bagatelliserte konsekvensane – stikk i strid med parolane om openheit. Men omfanget av katastrofen var det umogleg å halde skjult fordi store delar av Europa vart ramma av kjernefysisk nedfall. Saka fekk stor merksemd i Vesten, og etter kvart også i sovjetiske medium. Søkjelyset vart retta både mot det at makt­ eliten opphavleg hadde dyssa hendinga ned, og mot dei katastrofale forholda i ­sovjetisk atomkraftindustri. Gorbatsjovs politikk – vidtgåande reformer innanfor rammene av sovjetsystemet – vart stadig vanskelegare å realisere. Fram mot 1990 vart det klart at den økonomiske politikken hans var mislykka. Reformene medverka til å undergrave det gamle, statsstyrte systemet, men noko eigentleg nytt kom ikkje på plass. Køane voks. Produksjonen minka meir under Gorbatsjov enn i perioden før han. I 1990 levde om lag ein firedel av befolkninga under fattigdomsgrensa. I Vesten var Gorbatsjov populær på grunn av glasnost og avspenning, men i Sovjetunionen auka aggresjonen mot han.

Massakren på Himmelfredsplassen Den første alvorlege oppstanden mot dei kommunistiske regima kom utanfor Europa. I mai 1989 var Mikhail Gorbatsjov på statsbesøk i Kina. Tusenvis av studentar ­demonstrerte for demokratiske reformer på Himmelfredsplassen i Beijing. Opprøret vart slått brutalt ned 4. juni. Det er uvisst kor mange demonstrantar som vart skotne eller avretta som forbrytarar i vekene etterpå.

378


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Partia fell i Aust-Europa Gjennom heile etterkrigstida hadde kommunistpartia i Aust-Europa samarbeidd nært med det sovjetiske kommunistpartiet. Regima i Aust-Europa var avhengige av full støtte frå Moskva for å kunne halde seg ved makta. Under Gorbatsjov vart dette snudd rundt. Makthavarane i Budapest, Warszawa, Praha og Aust-Berlin kunne ikkje lenger stole på at dei hadde støtte frå Moskva for motstanden sin mot reformer og liberalisering. Tvert om – frå Moskva kom det ­oppfordringar om at dei austeuropeiske regima måtte slakke på taumane overfor opposisjonen i sine eigne land. Særleg i Polen hadde kommunistane lite oppslutning. Den katolske kyrkja stod sterkt, og kyrkja vart endå meir populær då ein polakk, den karismatiske Karol Wojtyla, vart vald til pave i 1978. Som pave Johannes Paul 2. vart Wojtyla litt av ein folkehelt i heimlandet, og gjorde sitt til å svekkje autoriteten til kommunistpartiet. Sommaren 1980 braut det ut omfattande streikar i protest mot auka prisar som var innførte for å skaffe staten meir inntekter. Hamnebyane langs Austersjøen, med Gdansk i spissen, tok leiinga, og dei streikande verftsarbeidarane stod i tett kontakt med opposisjonsgrupper mellom intellektuelle. Eit hovudkrav var at arbeidarane måtte få etablere fagforeiningar som var uavhengige av kommunistpartiet. Fagorganisasjonen Solidaritet vart danna med streikeleiaren frå Gdansk, Lech Walesa, som leiar. Solidaritet vart raskt eit tredje maktsentrum i Polen, ved sida av kommunistpartiet og kyrkja. Organisasjonen kravde at sensuren måtte opphevast, og etter kvart kom det også krav om frie val. Styresmaktene svarte i ein periode med militær unntakstilstand, og Solidaritet måtte gå under jorda. Men etter at Gorbatsjov kom til makta i Sovjetunionen, vart det gradvis vanskelegare å halde fast ved ei slik hard line. Solidaritet vart den store vinnaren av valet i Polen i juni 1989. Ringverknadene slo raskt inn i andre austeuropeiske land, særleg i Ungarn, der det alt var innført liberale reformer. I DDR var det store demonstrasjonar utover hausten, med massemønstringar kvar veke i byen Leipzig. Mange austtyskarar drog til Ungarn, som hadde opna grensa si mot Austerrike, og tok seg vidare til Vest-Tyskland. Regima kom under sterkare og sterkare press frå si eiga befolkning då det vart klart at Gorbatsjov ikkje ville slå ned demonstrasjonane, slik andre sovjetleiarar hadde gjort før han. Krava om frie val, demokrati og reisefridom greidde ingen av regima å stå imot når dei ikkje lenger hadde ryggdekning i Moskva. På berre eit halvt år, frå valet i Polen i juni 1989 til diktatoren Nicolae Ceausescu fall i Romania i desember, gjekk heile den gamle ordenen i Aust-Europa over ende. Tyskland vart samla i 1990 etter å ha vore to statar sidan 1949.

Sovjetunionen raknar Den nye openheita utløyste ynske om nasjonal sjølvstende i dei fleste av dei 15 ­republikkane som Sovjetunionen bestod av. Glasnostpolitikken innebar ikkje berre meir fridom for intellektuelle, han gav også rom for sterkare nasjonalisme og fridomslengt i republikkane. Revolusjonane i Aust-Europa i 1989 slo hardt inn i Sovjetunionen. Frå dei små baltiske statane i vest til det veldige Kasakhstan i aust kom det krav om lausriving frå Moskva. Gorbatsjov var sjølv ein varm forsvarar av nasjonal einskap i Sovjetunionen, men vart driven frå skanse til skanse. I juni 1990 erklærte den overlegent viktigaste republikken, Russland, seg som sjølvstendig, og året etter fekk republikken sin eigen folkevalde president, Boris Jeltsin. Sovjetunionen var i ferd med å rakne innanfrå. Reformprosessen kom ut av

379


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

kontroll både politisk og økonomisk. Hausten 1991 suspenderte Jeltsin det russiske kommunistpartiet, og i desember vart Sovjetunionen oppløyst. Mikhail Gorbatsjov, presidenten i unionen, hadde ikkje lenger nokon union å vere president for. Arbeidarane ved Leninverftet i Gdansk i Polen sette i 1980 i gang ein streik og etablerte fagorganisasjonen Solidaritet. Solidaritet fekk brei oppslutning og vart leiande i motstanden mot det polske kommunistpartiet. Lech Walesa var streikeleiar, og seinare fekk han Nobels fredspris og vart president i Polen i 1990.

Korleis var det mogleg?

Skriv ned tre setningar om årsakene til at Sovjetunionen fall. Var alle like viktige, trur du?

I 1985 var Sovjetunionen den andre supermakta i verda ved sida av USA. Seks år seinare eksisterte ikkje landet lenger. Korleis var det mogleg? Korleis kan ein slik kollaps forklarast? Historikarane har ikkje samla seg om éi forklaring. Dei fleste trekkjer fram desse momenta, som ein må sjå i samanheng med kvarandre: Manglande berekraft. Gjennom heile etterkrigstida brukte Sovjetunionen veldige ressursar på å konkurrere med USA innanfor våpenindustri, teknologisk forsking og romfart. Ein ekspansiv utanrikspolitikk og støtte til sovjetvennlege regime rundt om i verda kosta også enorme summar. Landet mangla over tid berekraft til å føre ein slik politikk. Det vart investert altfor lite i den delen av industrien som kunne gi befolkninga gode bustader og andre ­varige forbruksgode (bilar, TV, kjøleskåp, vaskemaskinar). Levestandarden sakka stadig meir akterut samanlikna med Vesten, og det undergrov regimet. Då Mikhail Gorbatsjov overtok makta, kom ei djup og lenge førebudd politisk og sosial krise til overflata. Reformpolitikken. Mikhail Gorbatsjov var ein av dei store reformatorane på 1900-talet. Han ville fornye og styrkje sovjetsystemet, men vart overmanna av dei som ut frå forskjellige motiv ynskte å kaste heile systemet på skraphaugen. Gorbatsjovs reformer var som å fjerne ein propp i ei demning. Moderne datateknologi undergrov informasjonsmonopolet som kommunistregimet hadde, og forsterka ulike opposisjonsrørsler. Nasjonalisme, etnisk tilhøyrsle, kulturelle motsetningar og forverra levekår sprengde sund Sovjetunionen. Presset frå USA. For Ronald Reagan (president i USA 1981–1989) var ikkje målet status quo i forholdet til Sovjetunionen, slik det hadde vore for forgjengarane hans. Vesten skulle vinne over det han kalla «vondskapens imperium». Reagan sette i gang ei kraftig militær opprusting. Politikken hans gjorde det klart for Moskva at den gamle konkurransen med Vesten ville koste stadig meir. Gorbatsjovs reform­ politikk var eit resultat av USAs faste haldning. I den andre halvdelen av 1980-åra følgde Reagan opp Gorbatsjovs initiativ til nedrusting. Fleire store nedrustings­ avtalar var til fordel for USA og peikte framover mot slutten på den kalde krigen.

Tragedien Jugoslavia

status quo: uendra tilstand

380

Historia om samanbrotet til kommunismen er oppsiktsvekkjande lite blodig i lys av kor dramatiske desse hendingane var. Dei fleste historikarar gir Mikhail Gorbatsjov ein stor del av æra for det. Han ville ikkje halde på makta med militære middel. I Jugoslavia gjekk det annleis. Kommuniststyret som Josip Tito stod i spissen for etter krigen, var meir sjølvstendig enn elles i Aust-Europa. Sterk motstand mot


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

21_06

Eit blodig sluttspel

AUSTERRIKE SLOVENIA

UNGARN ROMANIA KROATIA

Vojvodina

BOSNIAHERCEGOVINA

Ad

ri

ah

SERBIA

MONTENEGRO

av

Kosovo

et

I juni 1991 erklærte Slovenia og Kroatia seg som ITALIA sjølvstendige statar. Makthavarane i Beograd sette seg imot lausrivinga, men den verkelege borgarkrigen begynte då Bosnia-Hercegovina erklærte at landet var sjølvstendig, i februar 1992. Denne republikken var eit etnisk lappeteppe av serbarar, kroatar og muslimske bosniarar. Alle dei tre gruppene stod for grove overgrep, men ingenting var meir ­bestialsk enn det at serbarane drap fleire tusen muslimske gutar og menn ved byen Srebrenica i juli 1995. Etter dette bomba NATO-styrkar serbiske posisjonar. Det ­internasjonale presset mot Serbia auka til USA tvinga fram ein endeleg fredsavtale mot slutten av 1995. Tre år seinare braut det ut ein uforsonleg konflikt i Kosovoprovinsen, der det albanske fleirtalet sette seg imot serbisk styre. USA og NATO tvinga serbarane ut av Kosovo etter bombing i fleire veker i 1999. Kosovo vart ein sjølvstendig stat i 2008. Krigane i Jugoslavia i 1990-åra kosta kanskje 150 000 menneskeliv, og ca. to millionar menneske vart drivne på flukt.

BULGARIA

sovjetisk innblanding gjorde forholdet til Moskva spenningsfylt, og medverka til samhald i Jugoslavia. Men under overflata ulma det. Jugoslavia var eit land med tre religionar, fleire språk og over 20 folkeslag – det etnisk mest samansette landet i Europa. Kontrastane var store mellom det relativt velståande nord og det langt fattigare sør. Titos autoritære styre heldt spenningane i sjakk, men etter at han døydde i 1980, vart dei meir synlege. Økonomiske tilbakeslag utover i 1980åra skjerpte motsetningane.

MAKEDONIA

ALBANIA

HELLAS

Jugoslavia endra stemninga Det at Berlinmuren fall i 1989, og at Tyskland vart samla, skapte ei stemning av ­optimisme og framtidstru i Europa. Jugoslavia endra det. Fangar svalt i konsentrasjonsleirar. Folk vart jaga bort frå heimane sine i etnisk reinsing. Dei fleste europe­ arane trudde at den andre verdskrigen sette sluttstrek for slike redsler i Europa. Dei vart tvinga til å endre oppfatning. Dei nasjonale og religiøse skilja i Jugoslavia hadde røter heilt tilbake til tida då det osmanske imperiet ­ekspanderte på Balkan på slutten av 1300-talet. Makthavarane i dei ulike republikkane spelte bevisst på historiske motsetningar, slik særleg leiaren i Serbia, Slobodan Miloševic, vart berykta for. Det jugoslaviske dramaet viste korleis historiske erfaringar kan misbrukast i politisk propaganda.

etnisk reinsing: planlagd og overlagd fjerning av personar frå ei viss etnisk gruppe frå eit visst territorium, gjerne med makt

Ein bit av Berlinmuren.

381


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Dette kapittelet handla om at den kalde krigen var ein konflikt mellom to super­ makter, USA og Sovjetunionen, og mellom deira allierte at vi seier at krigen var «kald» fordi det aldri vart direkte krig mellom supermaktene. Men supermaktene var direkte eller indirekte innblanda i mange lokale krigar at Europa var delt i to: eit kapitalistisk, demokratisk Vest-Europa, støtta av USA, mot Aust-Europa med plan­ økonomi og eittpartistyre, dominert av Sovjetunionen at dei sosiale sidene kan summerast opp med store ulikskapar i organisering av bustad, utdanning, rolla til kvinnene, arbeidsliv og forbruk at dei politiske sidene kan summerast opp med innblanding i mange konfliktar og krigar at dei økonomiske sidene kan summerast opp med to konkurrerande system – marknads­ økonomi og planøkonomi at dei kulturelle sidene kan summerast opp med forsøk på å spreie kulturen sin. Den kalde krigen la også restriksjonar på kulturlivet

Teoriar om den kalde krigen Kvifor vart verda kasta ut i kald krig etter den andre verdskrigen? Var det nokon som hadde skulda? Dette er spørsmål som fleire generasjonar historikarar har vore opptekne av. Det finst nesten like mange svar som historikarar, men dei kan grovsorterast i to hovudgrupper: Tradisjonalistane. Mellom vestlege historikarar var tradisjonalistane dominerande i mange år. Dei plasserer hovudansvaret på Sovjetunionen og legg særleg vekt på korleis Moskva la under seg Aust-Europa dei første åra etter krigen. Dei meiner at USA var tilbakehalden og la vekt på internasjonalt samarbeid i FN. Det at USA ­endra kurs i retning ein meir pågåande politikk, ser dei som eit svar på sovjetisk ekspansjon. Revisjonistane. Historikarane som representerer den revisjonistiske skulen, ser annleis på det. Dei meiner at USA så tidleg som under den andre verdskrigen prøvde å avgrense Sovjetunionen og innverknaden frå sosialistiske krefter mest mogleg. For å oppnå det tok amerikanarane både militære taktikkar og økonomiske midlar i bruk. Deira oppfatning er at Sovjetunionen var mest oppteken av å forsvare seg, og at det som hende i Aust-Europa, var eit mottiltak mot USAs ambisjonar om å dominere Europa. Mange historikarar prøver å kombinere synspunkt frå dei ulike skulane, og det har også kome nye trendar til. Postrevisjonistane meiner at USA hadde ambisjonar om dominans, også den utanrikspolitiske lina vart klart antikommunistisk. Men dei avviser at ekspansjonen til Moskva i Aust-Europa var berre eit svar på amerikanske planar. Andre meiner at begge partar må ta ansvar for utviklinga i dei avgjerande åra etter krigen. Dei meiner at aggresjonen til Sovjetunionen var ein realitet, men peikar samtidig på at Washington ikkje evna å gripe moglegheitene for avspenning. Eit døme på det er perioden etter at Stalin døydde i 1953. Den nye leiinga i Moskva slakka grepet og understreka verdien av fredeleg sameksistens. Desse signala kunne ein ha møtt med meir velvilje i vest, meiner desse historikarane.

at dei teknologiske forholda kan summerast opp med satsing på våpenteknologi, romfart og datateknologi at det er ulike teoriar om kvifor den kalde krigen tok slutt at det stort sett var ei fredeleg avvikling av eittpartistyret i Aust-Europa

Litteraturliste Geir Lundestad: Øst, vest, nord, sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945, 2010 Odd Arne Westad: The Cold War. A World History, 2017 Tony Judt: Postwar: A History of Europe since 1945, 2010. Philip Zelikow & Condoleezza Rice: Germany Unified and Europe Transformed, 1997 Tore Linné Eriksen: Afrika. Fra de første mennesker til i dag, 2019.

382


Å gjere Har du fått med deg dette? Vurder om påstandane under er rette eller feil. Skriv ei setning til kvar påstand der du grunngir vurderinga di. a Den kalde krigen var eigentleg ikkje ein krig, men ein ideologisk konkurranse mellom supermaktene. b Marshallhjelpa sikra USA allierte i Vest-Europa etter den andre verdskrigen. c Levestandarden i Sovjetunionen og Aust-Europa var nesten lik den i vest gjennom heile den kalde krigen.

f Sjølv om planøkonomi i førstninga gav økonomisk vekst, er det tydeleg at den kommunistiske måten å styre økonomien på førte til økonomisk krise og dårlegare velstand i Sovjetunionen. g Den kalde krigen var også ein kulturkamp, der USA og Sovjetunionen konkurrerte om å vinne menneskehjarta over heile verda. h Ein av grunnane til at det ikkje vart direkte krig mellom USA og Sovjetunionen, var at begge landa hadde så ­mykje atomvåpen at ein var redd for korleis det ville gå dersom det vart krig.

d Truman-doktrinen (sjå side 359) er ei viktig årsak til ­mellom anna Koreakrigen og Vietnamkrigen.

i Glasnost og perestrojka var sovjetleiar Mikhail Gorbatsjovs forsøk på å få til ei avgjerande militær opprusting som skulle sikre Sovjetunionen sigeren i den kalde krigen.

e Konsekvensane av Cubakrisa var at forholdet mellom USA og Sovjetunionen vart dårlegare, og at den kalde krigen vart kaldare.

j Ein av dei viktigaste grunnane til at Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991, var at det vart brukt for mykje pengar på våpenkappløpet med USA.

Samanhengar

Perspektiv

1 Den kalde krigen blir kalla nettopp det fordi det ikkje er nokon direkte og «varm» krig mellom USA og Sovjetunionen. Lag ein temperaturskala som viser periodar som var «varme» (nær direkte krig) og «kalde» (fredeleg periode). Bruk hendingane du finn på tidslina på side 356, og set dei inn i temperaturskalaen din.

1 Med mål om å få på plass eit stabilt kommunistisk regime invaderte Sovjetunionen Afghanistan i 1979. Ti år seinare trekte dei seg ut utan å ha nådd målet. a «Den sovjetiske invasjonen av Afghanistan blir kalla ‘Sovjetunionens Vietnam’.» Les om konflikten på internett, og forklar kva som ligg i den p ­ åstanden.

2 Den kalde krigen medverka også til eit kappløp om verdsrommet. a Kvifor var verdsrommet viktig for supermaktene? Grunngi svaret ditt. b Sovjetunionen sende i 1963 Valentina Tereshkova ut i verdsrommet, som første kvinne. Kvifor trur du Sovjetunionen meinte det var viktig med ein ­kvinneleg kosmonaut? 3 Les om den kalde krigen i Afrika på side 367. Vurder om utsegna «fienden til fienden min er min venn» passar på konfliktane som utvikla seg i Afrika. Skriv eit avsnitt som forklarar korleis supermaktene bytte på kven dei støtta i denne konflikten. 4 Kvifor enda den kalde krigen slik han enda? a Skriv ned fem årsaker som du meiner er viktige for å forklare at den kalde krigen tok slutt. b Sorter årsakene frå den viktigaste til den minst viktige.

b USA var aldri involvert direkte i krigen i Afghanistan. Undersøk korleis USA var indirekte involvert i Afghanistan på 1980-talet. 2 Frå midten av 1970-talet sette Aust-Tyskland i gang eit statleg dopingprogram for å oppnå betre resultat på idrettsbanen. Programmet heitte Staatsplanthema 14.25 og vart halde hemmeleg for idrettsutøvarane som var med. a Kvifor trur du styresmaktene i DDR begynte ­systematisk doping av eigne utøvarar? b Heidi Krieger, «Hormon-Heidi», vann EM-gull i kule­støyt i 1986. Bruk internett og finn ut korleis det gjekk med Heidi etter idrettskarrieren. Kva kan det fortelje om konsekvensane av dopinga i AustTyskland? 3 Dei siste åra er det stadig fleire som påstår at verda er på veg inn i ein ny kald krig. a Søk etter nyheiter, og finn ut kva land som blir nemnde som potensielle deltakarar i ein ny kald krig. b Tenk deg at du skal drøfte moglegheitene for ein ny kald krig i ein fagartikkel. Finn argument for og argument imot at vi er på veg inn i ein ny kald krig.

383


HISTORIE

K A P 15 Den kalde krigen

Topp 10 i Norge i 1965 1 Fröken Fräken – Sven-Ingvars 2 Help! – The Beatles 3 (I can’t get no) satisfaction – The Rolling Stones 4 Yesterday – The Beatles 5 Blue blue day – The Spotnicks 6 Ticket to ride – The Beatles 7 King of the road – Roger Miller 8 I feel fine – The Beatles 9 Rock and roll music – The Beatles 10 Crying in the chapel – Elvis Presley I ein tale i 1965 sa leiaren i Aust-Tyskland, Walter Ulbricht: «Er det slik at vi er nøydde til å kopiere absolutt all driten som kjem frå Vesten? Kameratar, eg meiner at vi skal setje ein stoppar for den monotone yeah, yeah, yeah-musikken.»

Oppdrag 1: Aust Dei kommunistiske regima brukte store ressursar på å stoppe kulturelle impulsar som kom frå vestlege land. I dette oppdraget skal du utforske kulturkampen under den kalde krigen.

Post 1 Walter Ulbrichts utsegn om «yeah, yeah, yeah-musikk» er berømt. Kvifor trur du han var oppteken av å forby rock? Trur du forbodet fekk folk til å slutte å høyre på musikken?

Post 2 For å få ungdommen i aust bort frå vestleg kultur vart det sett i gang mange prosjekt som skulle gi dei unge «sunnare» føre­ bilete. Lag forslag til tiltak som du meiner kan hjelpe regjeringa med å få ungdommen engasjert i kulturaktivitetar som støttar opp om staten og den kommunistiske ideologien.

Post 3 Ovanfor ser du ei oversikt over dei 10 mest populære låtane i Noreg i 1965. Bruk YouTube eller ei anna strøymeteneste, og høyr på nokre av songane. Tenk deg at du skal bruke songane og lista som ei kjelde til å forstå Noregs tilknyting til den kalde krigen. Kva kan dette fortelje oss? Treng du andre kjelder for å svare på denne oppgåva?

384

Post 4 For å vise verda det beste frå sin eigen kultur sende AustTyskland ofte gode musikarar, kunstnarar og idrettsutøvarar til Vesten for å opptre. Nokre av dei valde å hoppe av, dei reiste ikkje tilbake til heimlandet sitt, men etablerte seg i Vesten. Bruk det du kan om Aust-Tyskland og den kalde krigen, til å lage minst tre argument for og tre argument imot at ein austtysk musikar skulle hoppe av til Vesten. Leiaren i Sovjetunionen, Nikita Khrusjtsjov, sa mellom anna dette under «kjøkkendebatten» i Moskva i 1959:

«(…) dette er det Amerika har fått til, og kor lenge har det eksistert? 300 år? 150 års sjølvstende og så er det dette nivået de er på. Vi har ikkje heilt nådd å bli 42 år, og på 7 år vil vi vere heilt på nivå med Amerika, og etter det vil vi gå forbi. Når vi passerer, skal vi vinke og seie hei til dykk, og dersom de vil, skal vi stoppe og seie: ‘Følg gjerne etter oss.’ (…) Dersom de vil leve under kapitalisme, får det vere opp til dykk, det bryr vi oss ikkje om. Vi kan synast synd på dykk, men eigentleg vil de ikkje forstå. Vi har alt sett korleis de forstår ting.»


Oppdrag 2: Vest På slutten av 1950-talet vart det gjort forsøk på kulturutveksling mellom dei to supermaktene. Kvart land skulle arrangere ei stor messe som skulle vise fram kulturen frå sitt land til innbyggjarane i det andre landet. Desse store arrangementa vart sjølvsagt ein del av propaganda­ krigen mellom USA og Sovjetunionen.

Post 1

Post 3

Dei amerikanske styresmaktene har gitt deg ansvaret for innhaldet i utstillinga til USA i Moskva. Dei vil at du skal vise vanlege russarar kor fantastisk livet er i Amerika. Lag ei liste med 10 gjenstandar som du meiner kjem til å imponere russarar og vise fordelane med det amerikanske samfunnet. Samanlikn gjenstandane dine med dei ein medelev har valt, grunngi vala de har gjort, og bli einige om ei felles liste.

Under utstillinga i Moskva debatterte USAs visepresident, Richard Nixon, med Sovjetunionens leiar Nikita Khrusjtsjov. Det som i ettertid har blitt kalla «kjøkkendebatten», vart filma og vist på TV, både i Vesten og i Sovjetunionen. På denne sida kan du lese noko av det Khrusjtsjov sa. Korleis trur du dette vart motteke i Sovjetunionen og i USA? Trur du kommunikasjonsrådgivarane i Sovjetunionen var fornøgde med det leiaren sa?

Post 2 Til utstillinga i Moskva var det også med 75 guidar som skulle vise russarane rundt og svare på spørsmål. Dei skulle vere levande reklameplakatar for livet i Amerika. Lag stillingsannonsen som skal rekruttere folk til denne jobben. Kva for kvalifikasjonar treng personen, og kva for personlege eigenskapar er viktige?

385


K A P I T T E L 16

Innhald:

Gjenreising side 388 Dei gylne tiåra side 392 Velferdsstat side 393 1970-åra, protesttiåret side 398 Inn i oljealderen side 402 Mindre styring, meir marknad side 404 Eit fleirkulturelt samfunn side 405 Oljerikdom 1990–2020 side 406

Noreg – frå gjenreising til oljerikdom Etter den andre verdskrigen var det store prosjektet i Noreg å gjenreise og modernisere landet. Dette kapittelet handlar om korleis den norske velferdsstaten vart til, og om utviklinga som har ført til at Noreg i dag er eit av dei rikaste landa i verda.

Dette har hendt Då krigen kom til Noreg i 1940, flykta regjeringa og kongen til London. Okkupasjonsmakta overtok styret i landet. Krigsåra var prega av varemangel og frykt, men fellesskapskjensla auka hos folket. Mellomkrigstida og den andre verdskrigen fekk store konsekvensar både for Noregs forhold til andre land og for den indre utviklinga i landet i etterkrigstida.


Slik såg det ut Det moderne Noreg med havområda

Fiskevernsone 1977 Bjørnøya

Fiskerisone 1980

te rn as jon

a lt No fa r re vat gs n øk on 19 om 77 is k

Jan Mayen

Hammerfest 70°

Tromsø Kolahalvøya

RUSSLAND

Lo fo te n

In

e

ne so

Del eline

Snøhvit Gass Produksjonsstart 2007

Polarsir kel

Draugen Gass og olje Produksjonsstart 1993

Gullfaks / Statfjord Gass og olje Produksjonsstart 1986 Oseberg Gass og olje Produksjonsstart 1988 Frigg Det første gassfeltet Produksjonsstart 1977

en

Trondheim 62°

FINLAND

Bergen Oslo

SVERIGE

Stavanger Ekofisk Det første oljefeltet Produksjonsstart 1971 (Norge sjølvforsynt med olje frå 1975)

ESTLAND

DANMARK

Noreg -Russland 2010

Svalbard

LATVIA


HISTORIE

1945

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

8. mai Tysk kapitulasjon. Noreg blir frigjort

1945

november Arbeidarpartiet vinn Stortingsvalet og sit med regjeringsmakta fram til 1963

1949

NATO-medlemskap

1950-åra

1967

1969

Industrivekst og urbanisering

Lov om folketrygd

Det første olje­ funnet på Ekofisk

Gjenreising 1945–1952 Sommaren 1945 kunne ein observere menn, kvinner og barn i fullasta båtar langs norskekysten. Ferda gjekk nordover. Det var titusenvis av dei. Kva var det som gjekk for seg? Dei som reiste, var nordlendingar og finnmarkingar på veg heim. Etter evakueringa i 1944 hadde rundt 50 000 personar frå Nord-Noreg budd i mellombels bustader lenger sør i landet. På grunn av at tyskarane hadde brukt «den brende jords taktikk», låg store delar av den nordlegaste landsdelen i ruinar, som ei branntomt. Politikarar og samfunnsplanleggjarar lurte no på om dei ikkje berre kunne bli verande sørpå. Men nordlendingane reiste likevel, utan å spørje om lov. Tilbake i nord sette dei opp provisoriske brakker, og etter kvart kom det permanente bustader, med hjelp frå staten. Nord-Noreg vart folkesett igjen. Gjenreisinga etter den andre verdskrigen gjekk for seg over heile landet der det var øydelagde byar og bygningar, men størst var innsatsen i Nord-Noreg. Eit moderne land voks fram.

År null 1945 blir av og til kalla år null i moderne noregshistorie. Overgangen frå krigen til ­etterkrigstida var så stor og gjennomgripande at samfunnet på mange måtar vart født på nytt. Kristiansund 31. mai 1947. Sentrum av byen blir gjenreist etter krigen.

1972

Folkerøysting gav nei til norsk EF-medlemskap

1975

Innvandringsstopp

1978

Røysterett for alle som fyller 18 år i valåret Likestillingslova

1980-åra

Høgrebølgja

1989

Sameting

1994

Folkerøysting gav EU-nei Lovfesta rett til treårig vidaregåande opplæring

2001

388

Schengen-avtalen


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Politisk samling bak Arbeidarpartiet Maktkampen om kven som skulle leie landet, var i gang straks krigen var over. Statsministeren, Johan Nygaardsvold, og formannen i Arbeidarpartiet, Oscar Torp, som begge kom heim til Noreg etter eksil i London, vart vraka til fordel for Einar Gerhardsen. Gerhardsen hadde vore med i norsk motstandsarbeid under krigen, hadde sete i konsentrasjonsleir i Tyskland og sat i fangenskap på Grini då krigen tok slutt. Gerhardsen vart statsministerkandidat for Arbeidarpartiet. Alle dei politiske partia samarbeidde om å utarbeide eit fellesprogram med ein ­framtidsplan for heile landet. Det mest sentrale i fellesprogrammet var å få alle menn ut i arbeid. Frå mellomkrigstida hadde ein lært kor farleg arbeidsløyse kunne vere. I stortingsvalet hausten 1945 fekk Arbeidarpartiet 41 prosent av røystene. Det innebar reint fleirtal på Stortinget. Høgre og Venstre var dei nest største partia i Noreg. Norges Kommunistiske Parti, NKP, gjorde det beste valet dei nokon gong hadde hatt, og fekk nesten 12 prosent av røystene. Einar Gerhardsen og Arbeidarpartiet danna ei fleirtalsregjering hausten 1945. Ein yngre generasjon kom inn i toppolitikken – gjennomsnittsalderen i den nye regjeringa var 44 år. Halvard Lange, som hadde sete i tysk fangenskap under heile krigen, vart utanriksminister. Berre 30 år gammal vart Jens Christian Hauge forsvarsminister. Han hadde under krigen vore leiar for Milorg, organisasjonen til Heimefronten. Regjeringa Gerhardsen i statsråd på Slottet, 1949.

389


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Optimisme og babyboom.

Ein ny start

Ingen skal ha kake før alle har fått brød.

Einar Gerhardsen

frihandel: handel med industrivarer utan toll

I dette sitatet ligg mykje av grunntanken i gjenreisingspolitikken til Arbeidarpartiet, som var prega av nøysemd og planlegging. Det var bustadmangel og varemangel i butikkane. For å unngå opprør og sosial uro var det nødvendig å gi folk eit anstendig liv med hus og arbeid så raskt som råd. Staten løyvde billige lån frå den nyoppretta Husbanken, slik at mange familiar kunne byggje hus med plass til éin eller helst to familiar. Staten sørgde også for å få bygt blokkar med familieleilegheiter i byane. Full sysselsetjing for alle menn var målet. Mat og andre varer var det knapt om i lang tid framover, slik det hadde vore under krigen. Rasjoneringa av matvarer varte heilt til 1952. For nordmenn flest handla det om å kome på fote igjen, og stemninga var glad og optimistisk. Eit teikn på framtidstrua var ein babyboom som slo inn i 1946, eit ­fenomen som ikkje berre galdt Noreg. Over heile den vestlege verda vart det fødd fleire barn i 1946 enn nokon gong før.

Ny utanriks- og tryggingspolitikk Internasjonale organisasjonar

Les meir om kva Marshallplanen fekk å seie for utviklinga av Europa, på side 358.

390

Noreg vart raskt ein aktiv deltakar på verdsnivået i FN og andre internasjonale institusjonar. I 1947 valde den norske regjeringa å takke ja til Marshallplanen. Planen var eit amerikansk tilbod om store pengegåver og lån til oppbygging av 17 europeiske land (sjå side 358). Med hjelpa følgde amerikanske krav om fri utanrikshandel. Noreg kom med i organisasjonen som skulle koordinere denne planen, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Kald krig og NATO-medlemskap Eit av dei vanskelegaste spørsmåla etter krigen var korleis det norske forsvaret skulle vere utforma i framtida. «Aldri meir 9. april!» var eit slagord som innebar at ein måtte unngå kaoset som oppstod då Noreg vart angripe i 1940. Alt under krigen hadde amerikanske og britiske styresmakter planlagt å ta Noreg med i eit permanent forsvarssamarbeid når krigen var slutt. Utforminga av utanrikspolitikken i etterkrigstida var prega av inngangen til den kalde krigen. Geografisk hadde Noreg grense mot Sovjetunionen, og det skapte hovudbry: Kva ville Stalin gjere dersom Noreg valde ein vestleg allianse? Løysinga vart å først byggje bru mellom Noreg og stormaktene. Brubyggings­ politikken gjekk ut på å føre ein utanrikspolitikk som ikkje provoserte nokon av stormaktene. Samtidig prøvde politikarane å få til eit samarbeid om eit skandinavisk forsvarsforbund. Den norske forsvarsministeren forhandla med representantar for den svenske og den danske regjeringa. Det var ikkje lett å bli einige. Sverige var ­bestemt på å framleis vere nøytralt, mens Noreg og Danmark ville noko anna. Den endelege avgjersla kom etter ei dramatisk utvikling i Aust-Europa som skremde verda. I februar 1948 tok kommunistar makta i Tsjekkoslovakia gjennom eit kupp, og konflikten mellom aust og vest auka. Stalin tilbaud Finland ein militæravtale, som finnane ikkje våga anna enn å godta. I Noreg spreidde frykt seg. I memoarboka si frå denne perioden skriv Einar Gerhardsen: «Vi var redde for at Stalins ønske om et ‘sikkerhetsbelte’ rundt Sovjetunionen også omfattet Norge.» Både Noreg og Danmark, i tillegg til ti andre land, valde å bli med i ein vestleg forsvarsallianse, Den nordatlantiske traktatorganisasjonen (NATO). Med Marshallplanen og NATO-medlemskap hadde Noreg valt å tilpasse seg ei vestleg verd dominert av USA. NATO vart stifta i Washington i april 1949. Medlemskapet i NATO markerte eit brot og ei nyorientering i norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk. Gjennom NATO fekk Noreg ei sikkerheitspolitisk plattform som sikra hjelp ved eit eventuelt angrep. Landet forplikta seg til å støtte andre NATOland militært dersom dei vart angripne. Som ein del av denne avtalen plikta militæret å trene med dei andre landa i militære øvingar, og å kjøpe våpen av andre NATOallierte. Ein annan viktig konsekvens var utvidinga av allmenn militær grunn­ utdanning i form av verneplikt for alle menn.

Kald krig i Noreg Under den kalde krigen var Noreg likevel ein «NATO-alliert med atterhald». Norske politikarar vedtok at ein verken ville ha utanlandske styrkar stasjonert i landet eller lagre atomvåpen og rakettar her. Dette var vedtak som skulle betre forholdet til ­nabolandet Sovjetunionen. Like fullt auka den kalde krigen skepsisen mot Sovjetunionen og støttespelarane til dette landet. Etter kuppet i Tsjekkoslovakia i februar 1948 heldt Einar Gerhardsen ein tale på Kråkerøy ved Fredrikstad. I talen åtvara han mot kommunistar: «Den ­viktigste oppgaven i kampen for Norges selvstendighet, for demokratiet og retts­ sikkerheten er å redusere Kommunistpartiet og kommunistenes innflytelse mest mulig.» Ved valet året etter gjekk NKP drastisk tilbake. Kommunistane hadde vore ­overvakte, både lovleg og ulovleg, gjennom heile den kalde krigen. Gjenreisingsperioden varte fram til 1952. Då hadde Finnmark fleire hus enn før krigen. Rasjoneringa av matvarer tok slutt. Dei som var dømde for landssvik, var for det meste ferdige med straffa si. Arbeidarpartiet var det dominerande partiet, og den kalde krigen var blitt ein slags vane.

391


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Dei gylne tiåra: 1950- og 1960-åra

urbanisering: flytting av menneske, marknader og aktivitetar frå landsbygda til byane

Samling rundt TV. I 1960 begynte NRK med TV-sendingar. I dei neste åra fekk mediet stor oppslutning og samla det norske folket rundt felles opp­levingar på ein annan måte enn ­tid­legare.

I dei gylne tiåra auka velstanden for folk flest. Eit fleirtal av befolkninga fekk utdanning, høgare lønn og materielt sett eit rikare liv med tryggare økonomiske rammer. Langvarig økonomisk vekst var eit felles trekk for vestlege land, men det var likevel nokre særtrekk ved den norske økonomien i perioden, her summert opp i fire punkt: 1 Statleg deltaking. Noreg satsa på ein blandingsøkonomi, ein kombinasjon av statleg og privat eigarskap til bedrifter. Staten investerte i industri og infrastruktur over heile landet. Staten la også planar for økonomien. Nasjonalbudsjett og langtidsplanar var nye innslag i politikken. Trua på at staten kunne drive betre næringspolitikk enn marknaden, var svært sterk. 2 Full sysselsetjing. Regjeringane satsa kraftig på full sysselsetjing. Lønningane auka. Eit trepartssamarbeid mellom staten, arbeidslivsorganisasjonar og arbeids­ takarorganisasjonar førte til lite konfliktar i arbeidslivet. Det er verdt å merke seg at i dei fleste land, medrekna Noreg, galdt ikkje målet om full sysselsetjing for kvinner før på 1970-talet. 3 Internasjonalisert handel. Handelen vart internasjonalisert, med ei arbeids­ deling der ulike land spesialiserte seg på ulike varer. I Noreg vart kvotar og toll på utanlandske varer gradvis reduserte, og frihandelen slapp for alvor laus på 1960-talet. Det gav meir inntekter frå import og eksport. 4 Tilgang på energi. Eit viktig moment for Noreg var at landet hadde god tilgang på energi i form av vasskraft frå fossar og elvar, og at denne energien var billig og miljøvennleg samanlikna med andre energiformer. Industrialisering var eit stort og overordna mål. I Noreg var det sterk vekst i kraftkrevjande industri, som metallindustri, og i skipsbyggingsindustri, verkstadindustri, kjemisk industri, maskinindustri og elektronisk industri. Tradisjonelle norske næringar, som sjøfart og fiskeri, blomstra. Utnytting av naturressursar, som vasskraft og mineral, var næringar i sterk vekst. Nedbygginga av landbruket gjekk raskt. I 1950 arbeidde 1 av 4 yrkesaktive i jordbruket, men i 1970 berre 1 av 10. Nye driftsformer i jordbruket førte til færre bønder, men det vart likevel produsert meir mat.

Urbanisering Gjennom 1950- og 1960-åra flytta mange frå landsbygda til byane, og sette med det i gang ei utvikling der byane voks, mens det gjekk ut over landsbygda. Det vart gjort forsøk på å snu trenden i 1960-åra. Mange politikarar hadde som mål å plassere regionale vekstsenter med industribedrifter og offentlege tenester i distrikta. Siktemålet med distriktspolitikken var å halde oppe busetnaden på landsbygda. For dei minste stadene kunne denne distriktspolitikken resultere i at endå fleire flytta, men regionale knutepunkt demde opp for noko av flyttestraumen. Det var delvis vellykka. Samanlikna med Sverige bur det langt fleire på den norske landsbygda i dag.

392


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Velferdsstat Midt i denne perioden med jamn vekst lanserte politikarane eit system som er unikt i verdshistoria: velferdsstaten. I det gamle samfunnet hadde staten ei svært lita rolle. Litt enkelt sagt gjekk det ut på å halde lov og orden og samle inn skatt som vart brukt til å finansiere krig­ føring. I det moderne samfunnet som utvikla seg etter krigen, fekk staten langt fleire oppgåver. Staten sørgjer for utdanning, helse og omsorg til befolkninga – og i desse sektorane arbeider også ein stor del av befolkninga. Gjennom velferdsordningar som blir utbetalte som trygd, yter staten omsorg. Motivasjonen for å utvikle omfattande støtteordningar for heile befolkninga var å unngå nye krisetider. Ein meinte at ein sterk stat som fordelte goda mellom folk, var ein garanti til felles beste for alle. Velferdsstaten er nær knytt til sosialdemokratisk politikk, men det har vore og er framleis brei politisk semje om desse ordningane i Noreg. Frå 1967 vart alle trygdene samla i folketrygda, under ei borgarleg regjering. Folketrygda omfattar alle som bur i Noreg, og inneheld desse stønadene: • alderstrygd • arbeidsløysetrygd • ulykkestrygd • uføretrygd • barnetrygd • sjuketrygd

Den nordiske modellen I Noreg, som i Sverige og Danmark, har velferdsordningane vore universelle. Det vil seie at dei ikkje er avhengige av økonomisk status for den enkelte innbyggjar. Barnetrygd og alderstrygd skal ikkje behovsprøvast, men gjeld alle, ut frå like kriterium.

393


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Kjenneteikn på den nordiske modellen er • stor og universell velferdsstat med gratis skulegang og billige helsetenester • kollektive forhandlingar om lønn i staten, fagforeiningar og arbeids­givar­organisasjonar • mange kvinner i arbeid

Offentleg sektor Kva for velferdsordningar nyt vi godt av i dag? Korleis ville det vore dersom den norske staten ikkje hadde slike ordningar?

Gjennom utbygginga av velferdsstaten i 1960-åra ekspanderte den offentlege ­sektoren sterkt. Til saman arbeider i dag godt over 30 prosent av alle sysselsette i Noreg i offentleg sektor. Særleg auka talet på kommunalt tilsette i takt med dei nye goda. Lengre skuletid kravde fleire lærarar, og betre helsetenester kravde fleire sjukepleiarar og helsearbeidarar på helsestasjonar og sjukeheimar. Kommunane bygde bibliotek, kulturhus og idrettsanlegg som alle kunne bruke.

Forbrukarsamfunn Dersom du hadde levt i Noreg rett etter krigen, ville du hatt eit heilt anna forhold til forbruk enn det som er vanleg i dag. Vareutvalet i butikkane var svært lite, og det var gjerne ein person som stod bak disken og vog opp og pakka inn varene. Middagsmåltidet var basert på norske råvarer. Nye klede fekk du gjerne til høgtider, som jul, og ofte var det mor som hadde strikka eller sydd dei. Få hadde eige utstyr for sport og fritid. Ein tur til Sverige var det folk kunne drøyme om. Handelen og forbruket endra seg mykje utover i 1950-åra. For første gong kunne folk handle i supermarknader, det vil seie daglegvarebutikkar med sjølvbetening. Noreg vart eit forbrukarsamfunn. Det er vanleg å setje året 1960 som eit tidsskilje for inngangen til forbrukarsamfunnet i Noreg. To storhendingar som forandra kvardagslivet til nordmenn, kom dette året: NRK begynte å produsere fjernsyns­ sendingar, og bilsalet vart frigjort. Då rasjoneringa for sal av bilar tok slutt i oktober 1960, kunne alle som hadde råd, kjøpe seg bil. Elektroniske hjelpemiddel, som ­vaskemaskin, støvsugar og kjøleskåp, vart allemannseige utover på 1950- og 1960-talet. Frå ein supermarknad på Tveita i Oslo, 1965.

394


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Sportsarrangement, særleg vinteridrett, var spesielt populære. Det eksisterte ein eigen kult rundt skøytesporten. Folk sat framfor radioapparatet og noterte rundetider og heia på skøyteheltane.

Harmoniske tiår? Husmora står gjerne som symbol på dei harmoniske og konfliktfrie 1950- og 1960åra. Ho skulle vere heime og drive med husarbeid og sørgje for at alle i familien hadde det bra. Talet på husmødrer auka frå 1930-åra til 1960-åra, mens det vart færre i perioden etter. Både høgresida og venstresida idealiserte husmødrene. Frå 1930 til 1970 var det aldri meir enn 30 prosent yrkesaktive kvinner over 16 år. Husmortida gav trygge oppvekstrammer for barna, men var ofte eit einsformig og ufritt tilvære for kvinnene. Inntrykket av harmoni og fellesskap vart skapt mellom anna gjennom media. Radioen og etter kvart fjernsynet medverka til eit felles offentleg rom. Til dagleglivet høyrde faste radio- og fjernsynssendingar. I radioen var «Barnetimen» om laurdagane og «Ønskekonserten» om måndagane faste og kjære program. Kriminalhøyrespel i radioen, som «God aften, mitt namn er Cox», var svært populære. Sidan den einaste kanalen var NRK, fekk alle med seg dei same programma. Det verka samlande. Noreg var eit homogent samfunn i 1950- og 1960-åra, med ei etnisk nokså lik befolkning. På bilete ser vi at mange har den same strikkegenseren, og at små­ jenter er kledde likt med sløyfe i håret. Likevel var det grupper av befolkninga som fall utanfor det einskaplege fellesskapet. Gutar med åtferdsproblem og tilpassingsvanskar kunne bli sende til ein guteheim, til dømes på Bastøy like ved Horten. Denne skulen vart driven fram til 1970. Samar og kvenar hadde vore utsette for fornorskingsforsøk medan nasjonalismen stod høgt i kurs (sjå side 294). Etter 1945 vart assimileringspolitikken gradvis lagd vekk, og eigenarten til samane vart meir akseptert enn tidlegare. Samisk språk og kultur vart offisielt godkjende først i 1960-åra, og på slutten av 1960-talet ­begynte ein med samisk språkopplæring i skulane. Romfolk vart mislikte fordi dei hadde ein omflakkande livsstil. Desse menneska vart utsette for statlege overgrep. Ut frå deira perspektiv var ikkje 1950-åra i Noreg ein frigjerande og harmonisk periode. Ei streng lausgjengarlov frå 1900 galdt heilt fram til 1970, og inkluderte mellom anna tvangsarbeid for omstreifarar. I 1951 gjorde ei ny dyrevernlov det forbode for omstreifarar å halde hest, og det ramma særleg romfolket. Rombarn vart tekne frå foreldra sine og plasserte på barne­ heimar. Nokre få vaksne menn og kvinner vart lobotomerte og steriliserte.

assimilering: det å gjere lik

395


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Paris, mai 1968.

1968

Det var året for «sex, drugs and rock and roll». Det var også året med drapene på Martin Luther King og Bobby Kennedy, våren i Praha, tet-offensiven i Vietnam og antikrigbevegelsen, studentopprøret som lammet Frankrike, kampen for borgerrettigheter, begynnelsen på slutten for Sovjetunionen og starten på den nye kvinnebevegelsen. Det har aldri vært et år som 1968, og det er lite trolig at det vil komme et som ligner. I en tid der nasjoner og kulturer fortsatt var adskilte og veldig ulike – for Polen, Frankrike, USA og Mexico var mer ulike enn de er i dag – oppsto det et spontant bål av opprør rundt om i verden. Mark Kurlansky, 1968 (2004)

I fleire vesteuropeiske og amerikanske byar var det store studentopprør i slutten av 1960-åra. Utgangspunktet for opptøyane var i fleire tilfelle misnøye med forhold ved universiteta, men det tok ikkje lang tid før protestane utvikla seg til å handle om ­generell samfunnskritikk. I USA galdt det spesielt krigføringa i Vietnam (sjå side 362). Det mest omfattande opprøret gjekk for seg i Paris i mai 1968. Tusenvis av studentar demonstrerte, bygde barrikadar og slost mot politiet i gatene. Opprøret utvikla seg til ein massiv generalstreik, der rundt 11 millionar franske arbeidarar var med. Hendinga skaka Frankrike og inspirerte ungdom elles i Vesten. Ei anna hending som har blitt ståande som eit kjennemerke på opprørstida, er rockefestivalen Woodstock i USA same året. 500 000 publikummarar var med. Festivalen gjekk roleg for seg, men var eit tydeleg teikn på oppbrot mot samfunnet slik det var.

396


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Ungdomsopprøret i Noreg Året 1968 var ikkje spesielt vilt, valdeleg eller ustyrleg i Noreg. Her var mange ­opptekne av giftarmålet mellom kronprins Harald og Sonja Haraldsen det året, og dei diskuterte framtida til monarkiet. Men i ettertid har 1968 blitt ståande som eit symbol. Ungdomsopprøret kom til å prege politikk og kultur over ein lengre fase i åra før og etter 1968. Sekstiåttar er framleis ei nemning vi brukar om personar som var inspirerte av politiske haldningar og antiautoritære idear på den tida. Ungdomsopprøret i Noreg begynte alt i slutten av 1950-åra med den nye musikk­ sjangeren rock og artisten Elvis Presley. Ungdommen fekk for første gong i historia sin eigen musikk og sin eigen mote. Ungdomsblad som Det Nye og eigne ungdomsklubbar med popmusikk og milkshake breidde om seg.

Ungdomsopprøret fekk store konsekvensar. Før var det ikkje vanleg å snakke om ei eiga ungdomstid. Ein var barn eller vaksen, og overgangsritualet var konfirmasjonen i 14–15-årsalderen. Ungdomstida innebar ein meir uforpliktande periode ­mellom barnelivet og vaksenlivet, med studiar, reiser og sjølvrealisering. Forholdet mellom generasjonane vart snudd på hovudet: Ungdomstida var ikkje berre ein mellomfase, men ein periode då mange fekk gi uttrykk for sjølve meininga med livet. Ungdomsopprøret handla om å skape ein eigen, individuell livsstil. Ein historikar har skrive at ein kan forstå opprøret som «individets triumf over samfunnet». Det braut med gamle levereglar og skikk og bruk hos borgarskapet. Mellom anna gjekk ein frå den formelle tiltaleforma «De» til å seie «du». Andre merkbare utslag var at både menn og kvinner gjekk i jeans og kunne ha langt hår. For ein del innebar oppbrotet ein ny seksualmoral. Det vart meir vanleg med fleire seksualpartnarar før ein gifte seg. Fleire levde i sambuarforhold utan å inngå giftarmål. Med p-pilla fekk kvinner større kontroll over sin eigen seksualitet. I 1970-åra kom det også organisasjonar som arbeidde for homofil og lesbisk frigjering. I 1972 vart forbodet mot homoseksualitet oppheva. Haldningar og åtferd var i endring. Årsakene til desse endringane finst i store samfunnsprosessar, som modernisering, individualisering og sekularisering. Religion og andre autoritetar fekk mindre ­innverknad på normer i samfunnet. Ragnarock i Holmenkollen i 1973. 30 000 menneske deltok. Ungdomsopprøret handla om å skape ein eigen livsstil. Korleis kjem det til uttrykk på biletet?

397


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

1970-åra, protesttiåret Opprøret til den generasjonen som voks opp i 1970-åra, var også politisk. Særleg tre saker kom til å få stor og varig verknad: EF-kampen, kvinnesaka og miljøsaka.

EF-kampen

Om kvelden 25. september var det såkalt valgvake nede hos Harry Ahlsen på Damhaugen. Der blei det fullt hus. (…) – Skal du ikke ned i Folkets Hus da, hadde Inge spurt Eivind Nordskog, for å feire resultatene sammen med Folkebevegelsen? – Nei, svarte Nordskog, nederlag nytes best aleine. – Det blir ikke noe nederlag, svarte Inge, det blir en stor seier. Og det blei det. Ei stund så det mørkt ut, men det lysna etter midnatt. Stemningen steig faretruende i det gamle huset nede på Damhaugen. Axel var der, enda han egentlig skulle ha jobba den natta, men han hadde ordna seg med bytte. Han var full som ei alke, og glad som ei lerke. Han hadde vendt hjem nå. De satt klistra til fjernsynsskjermen alle sammen. Det er det beste fjernsynsprogram som noen gang har vært sendt i norsk TV. (…) Makta hadde lidd nederlag. Det utrulige hadde skjedd. Men forandra det Norge? Motstandsbevegelsen hadde vært i arbeid i to år. Hva gjorde de? Etterpå kan man spørre hverandre: Ja, hva gjorde vi egentlig? Vi kan si: Vi holdt møter, vi diskuterte, hadde studiesirkler, solgte materiell, satte opp stands, spredde aviser og løpesedler i postkasser, organiserte folk i motstandsarbeidet, greidde å gjøre dette til et spørsmål som alle og enhver måtte ta stilling til, for seg sjøl. Tilhengerne skreik: Tillit, tillit, det er et spørsmål om tillit. De tapte. Forandra det Norge? Ja. Dag Solstad, fra 25. septemberplassen (1974)

Les meir om Noregs forhold til EU i Jonas Gahr Støres essay og i Anne Engers tekst i Perspektiv Skulestudio.

kabinettsspørsmål: pressmiddel i eit parlamentarisk politisk system. Regjeringa tilbyr seg å gå av dersom deira synspunkt ikkje får støtte i nasjonal­ forsamlinga

398

Spørsmålet om norsk medlemskap i EF vart den store politiske saka tidleg i 1970åra og overskygde alt anna. Det handla om Noregs formelle suverenitet, kvar makta skulle liggje, og kva slags veg samfunnet skulle ta. Frå 1960 var Noreg tilslutta Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA). EFTA vart danna for å fremje frihandel mellom sju land som ikkje var tilslutta EF. Seinare i 1960-åra kom planane om å innlemme EFTA-landa i EF, og Noreg søkte saman med Danmark, Storbritannia og Irland forhandlingar om medlemskap. I 1972 skulle det haldast folkerøysting om Noreg skulle gå inn i EF. Men det var tydeleg at det politiske leiarskapet i landet, med ei samla presse, Arbeidarpartiet, Høgre, LO og NHO i spissen, gjekk inn for norsk medlemskap. Folkerøystinga resulterte i ei folkeleg rørsle mot lina som leiarskapet førte. Folkerørsla mot norsk medlemskap i EF vart stifta i 1970 og var ein tverrpolitisk ­allianse frå ulike samfunnsgrupper, med 130 000 medlemmer over heile landet. 25. september 1972 røysta 53,5 prosent nei til EF, 46,5 prosent ja. Då resultatet endeleg var klart den spennande valnatta, dansa mange i gatene for å feire. Mange kjende det slik at folket hadde sigra over eliten i EF-spørsmålet, slik utdraget frå Solstads roman viser. EF-kampen i 1970-åra påverka det partipolitiske landskapet. Arbeidarpartiregjeringa, som hadde stilt kabinettsspørsmål i EF-saka, gjekk av. Sosialistisk Valforbund (seinare Sosialistisk Venstreparti) vart forma i møtet mellom fleire mindre parti, og fekk 16 stortingsrepresentantar ved stortingsvalet i 1973. På høgresida dukka Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep opp. Partiet bytte i 1977 namn til Fremskrittspartiet.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Kvifor sa folket nei til europeisk samarbeid? Det har vore sagt at den geografiske, sosiale og kulturelle periferien sigra over ­sentrum i EF-saka. Ei forklaring på resultatet er at næringsinteresser, mellom anna jordbruk og fiske, vog tungt. Dei som røysta nei, var redde for at norske fiskarar og bønder ville tape i konkurransen mot varer frå EF-land. Klassekamp i industrien forsterka motstanden mot eliten. Dei unge var i fleirtal på neisida. Nasjonalisme og eit ynske om å halde på norsk sjølvstende var truleg særleg viktig. Bak seg hadde Noreg ei lang unionstid, frå mellomalderen til 1905. Ein ny runde med kamp om Noregs forhold til Europa kom i 1994, då det som tidlegare heitte EF, var blitt EU. Noreg søkte saman med Sverige, Finland og Austerrike om å bli tekne opp som ­medlemmer, og på nytt gav politikarane folket ei viktig rolle med ei rådgivande folkerøysting. Folkerøystinga om EUmedlemskap i november 1994 gav eit nytt, men litt knappare neifleirtal enn i 1972. 52,2 prosent røysta nei.

To EU-avtalar er svært viktige for Noreg. Den eine er avtalen om europeisk økonomisk samarbeid (EØS-avtalen), som vart inngått i 1994. Med EØS-avtalen vart Noreg ein del av den indre marknaden i EU. Kjøp og sal av jordbruksprodukt og ­fiskeprodukt er rett nok haldne utanfor denne avtalen. Den andre avtalen er Schengen-konvensjonen. Med Schengen vart dei indre grensene mellom EU-land avskaffa. Noreg slutta seg til Schengen i 2001. Ein av konsekvensane er ein opnare arbeidsmarknad.

Er du for eller imot framtidig norsk medlemskap i EU?

Kvinnesak Uløyseleg knytt til den generelle radikaliseringa og opprørsstemninga mellom ungdom i 1970-åra var også den nye kvinnerørsla. Eit mangfald av ulike organisasjonar og grupperingar oppstod med kvinnefrigjering som kampsak. Dei kravde sjølv­ bestemt abort, likestilling i yrkeslivet og offentlege tilbod om barnehagar, slik at kvinner kunne vere yrkesaktive. Stortinget vedtok ei lov om lik lønn for kvinner og menn i 1961, men det var framleis langt mellom teori og praksis. Under slagordet «det personlege er politisk» utfordra kvinnerørsla den tradisjonelle kvinnerolla. Ein feministisk ideologi, fundert på korleis kvinnene sjølve opplevde kvinnelegheit, morsrolle og partnar, vart debattert og utforma. Forventningane som kvinnene hadde til arbeidsliv og samliv, endra seg med utdanning – dei ville ikkje lenger berre vere husmødrer og mødrer. Med den gradvise opphevinga av samskatten etter 1959 vart det meir lønnsamt for gifte kvinner å ta lønt arbeid. Kvinnefrigjeringa er truleg den største frigjeringsprosessen på 1900-talet. Vi kan snakke om ein ny «kjønnsorden», der kvinner har fått ein likestilt plass med menn.

samskatten: i ekteskapet vart menn og kvinner likna saman frå 1921 til 1959. Det lønte seg difor lite å ha to inntekter i ein familie. Sidan skatten auka med høgare inntekt, kan vi seie at det meste av inntekta til kvinna gjekk til å betale skatt

399


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

1. mai-tog i Oslo i 1978. Berre månader seinare vedtok Stortinget ei lov om sjølvbestemt abort.

Den kollektive kampen for kvinnerettar gav resultat. Stortinget vedtok ei lov om sjølvbestemt abort i 1978, same året som likestillingslova kom. I likestillingslova heiter det: «Kvinner og menn skal gis like muligheter til utdanning, arbeid og kulturell og faglig utvikling.» Det vart sett som ein siger for kvinnekampen i Noreg då Gro Harlem Brundtland vart statsminister i 1981, som den første kvinnelege statsministeren i Norden. «Kvinneregjeringa» til Brundtland i 1986 fekk merksemd over heile verda.

Miljøvern Kampen for miljøet vart for første gong ei viktig politisk kampsak i 1970-åra. Mange fekk auga opp for at den økonomiske veksten hadde øydeleggjande og farlege konsekvensar. Forureininga auka parallelt med auken i forbruket av fossilt brensel, og utsleppa skadde livsgrunnlaget for dyr og menneske. Det norske samfunnet var delt i to ulike syn på industrien. Somme syntest industrien hadde eit positivt forteikn. For dei som delte eit slikt syn, hadde industriveksten gitt økonomisk vekst og jamna ut sosiale skilnader. Andre såg det slik at industrien hadde gitt økonomisk vekst, men også miljøkrise, overflod og manglande solidaritet med dei fattige. Miljøkampen var ein del av ei framveksande, internasjonal miljørørsle. I Noreg gav denne kampen seg særleg utslag i motstand mot vasskraftutbygging. Den første store konfrontasjonen kom med Mardøla-aksjonen i 1970. Då utbyggjarane ville regulere ein foss i Romsdal til vasskraftutbygging, sette aksjonistar seg imot inngrepet i naturen og slo leir der arbeidet skulle begynne. Mardøla-aksjonen vart ei viktig sak fordi dette var første gongen sivil ulydnad vart teken i bruk her i landet.

400


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Sivil ulydnad vart på nytt teken i bruk i samband med motstanden mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget i 1979. Då slo samar leir utanfor Stortinget og innleidde sveltestreik, samtidig som aksjonistar prøvde å stoppe anleggsarbeidet. I Mardøla og Alta leid miljørørsla nederlag. Kreftene som ville byggje ut vasskrafta til energi, var for sterke i begge tilfella. På andre område fekk miljørørsla gjennomslag. Mange menneske som ville kjempe for naturen og miljøet, samla seg i nye miljøorganisasjonar utover i 1970­- åra. Staten følgde opp med å etablere Miljøverndepartementet i 1972 og Statens forureiningstilsyn i 1974. Fleire nasjonalparkar, der store naturområde vart verna, vart grunnlagde: Rondane i 1962, Jotunheimen i 1979 og Hardangervidda i 1981. Knytt til motstanden mot Alta-utbygginga var også arbeidet som samerørsla dreiv for rettane til urfolk. Utbygginga gjekk ut over reindrifta, og det gjorde saka særleg viktig for samar. Vitskaplege bevis støtta aksjonistane i deira uro for naturen. I dag, 50 år etter at miljøkampen begynte, er miljø framleis viktig i den politiske debatten. Problema er langt frå løyste, snarare er dei større enn nokon gong.

Kva meiner du om sivil ulydnad som politisk virkemiddel?

Aksjonistar frå gruppa «Natur og Miljøvern» demonstrerer mot utbygging av Mardalsfossen i august 1970. Vann dei fram med aksjonane sine?

401


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Inn i oljealderen Starten på det norske oljeeventyret Veslejulaftan i 1969 fekk det norske folket ei julegåve som vil bli ståande som ein milepåle i historia til landet vårt. Det amerikanske oljeselskapet Phillips fann olje på leitefeltet Ekofisk i Nordsjøen, midt mellom Noreg og Skottland. Raskt vart det gjort investeringar i kompetanse og utstyr, slik at ein kunne begynne oljeutvinninga. Dei som ville bore etter olje, måtte søkje staten om konsesjon eller utvinningsløyve. Gjennom forhandlingar om grenseliner på havbotnen sikra Noreg seg store soner for verksemda. Med havrettskonvensjonen kom Noreg til å råde over havområde som er fire gonger så store som Fastlands-Noreg. Eit hopp i oljeprisane etter oljekrisa i 1973 gjorde dei tidlege norske oljefunna svært lønnsame.

Moglegheiter og utfordringar

handlingsregelen: det at staten ikkje skal bruke meir enn 4 prosent av avkastinga frå oljefondet til å dekkje underskotet i statsbudsjettet inflasjon: vekst i det generelle prisnivået som gjer at kroneverdien minkar. I 1945 kunne ein til dømes få langt fleire varer og tenester for 100 kroner enn vi gjer i dag. Kortvarige, store inflasjonar er uheldige for pengesystemet

Frå Osebergfeltet i Nordsjøen. Korleis trur du Noreg hadde sett ut i dag om vi ikkje hadde funne olje?

402

Oljen har gjort Noreg til eit av dei rikaste landa i verda. Men oljen i seg sjølv er ikkje nok til å gjere eit folk rikt. Oljeinntektene har blitt investerte i Statens pensjonsfond utland, kjent som Oljefondet. Formålet er at oljepengane skal kome fellesskapet til gode i lang tid framover. Noreg har investert oljepengar i eigedommar, aksjar og obligasjonar over heile verda. Med få unntak er det tverrpolitisk semje om den såkalla handlingsregelen, som set sterke grenser for kor mykje av pengane som kan brukast i det norske statsbudsjettet for å unngå inflasjon. Like fullt har den norske staten, i motsetning til mange land med store lån, tilgang på pengereservar. Det gir økonomisk tryggleik og føreseielege forhold til beste for den vesle befolkninga. Noreg er difor betre skjerma enn dei fleste mot svingingar i den internasjonale økonomien. Det norske oljeeventyret har også ei skuggeside. Oljeindustrien fører med seg store utfordringar for det norske samfunnet, først og fremst trusselen mot miljøet. Spesielt i sårbare havområde med rikt fiske- og dyreliv og i polområda vil utslepp vere katastrofale. Miljøvernorganisasjonar har kritisert det norske statlege oljeselskapet Statoil (i dag Equinor) for å bruke omstridde utvinningsmetodar ved skifergassproduksjon i USA og oljesandproduksjon i Canada.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Mørke kapittel i oljehistoria Dessverre har det vore ulykker i norsk oljehistorie. I 1977 kom det ei ukontrollert oljeutblåsing frå eit av borehola på Ekofisk Bravo-feltet. Utblåsinga varte i over ei veke før profesjonelle «brønndreparar» frå USA greidde å stoppe oljestraumen. Fleire utslepp frå plattformer og oljetankarar har ført til miljøskadar i havet og på sjøfugl. Den største ulykka hende 27. mars 1980. I dårleg vêr og høge bølgjer knakk ei av dei fem beresøylene på plattforma «Alexander L. Kielland» på grunn av slitasjebrot. Ein av dei som overlevde, fortalde seinare: «Plutselig hørte vi et kraftig smell i det ene ankerfestet da det ble revet over. I løpet av noen få sekunder raste ‘Alexander L. Kielland’ over ende, og alle folkene som hadde klamret seg fast, styrtet i sjøen. En mann lå rett under plattformen da den tippet rundt, og jeg ser ennå hvordan han løftet armene i været, for liksom å verge seg mot kolossen som raste over ham. Han ble knust rett foran øynene mine.» Mange vart også stengde inne i plattforma, som til slutt vart liggjande opp ned i sjøen. Av til saman 212 personar om bord mista 123 livet. Det vart tydeleg for alle kor farleg arbeidet på ei oljeplattform langt til havs kunne vere. Strengare sikkerheitskrav vart ein dyrekjøpt konsekvens.

«Alexander L. Kielland»plattforma dagen etter at ho kantra i 1980. 123 menneske mista livet i ulykka.

403


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Mindre styring, meir marknad Gjennom 1970-åra var det skiftande økonomiske vilkår i Noreg. På grunn av oljenæringa voks økonomien, målt i BNP. Servicenæringane voks også, særleg i offentleg sektor. Men industrien og eksportnæringane gjekk det dårlegare med. Det hang saman med ein internasjonal økonomisk lågkonjunktur som førte til låge prisar på norske eksportvarer og mindre inntekter for skipsfarten og verftsindustrien. Frå 1975 til 1977 dreiv Arbeidarpartiet ein motkonjunkturpolitikk der staten støtta ­økonomisk dei mest utsette industribedriftene for å halde oppe arbeidsplassane. Konsekvensen var at prisane steig i Noreg. Det vart vanskelegare å selje varer i utlandet, og gjelda til utlandet auka. Frå 1978 til 1980 gjennomførte regjeringa full lønns- og prisstopp for å bremse prisveksten. Mange industriarbeidsplassar gjekk tapt som ein konsekvens av det, og mange bedrifter flytta verksemdene sine til ­utlandet. Frå 1980-åra auka arbeidsløysa.

Høgrebølgja

BNP: forkorting for brutto­ nasjonalprodukt, som er verdien av dei varene og tenestene som er produserte i eit land gjennom eit år avregulering: det å fjerne statleg kontroll og reglar

Statsminister Kåre Willoch med regjeringa si på Slottsplassen 14. oktober 1981.

404

Den urolege økonomien var vanskeleg å styre, slik det vart gjort på 1950- og 1960-talet. Krefter som ynskte mindre statleg styring og byråkrati, fekk innverknad på den norske økonomiske politikken i 1980-åra. Rundt 1980 kom det også eit politisk skifte. Kåre Willoch vart statsminister for ei rein Høgre-regjering i 1981. I 1983 danna Høgre, saman med Senterpartiet (Sp) og Kristeleg Folkeparti (KrF), fleirtalsregjering. Eit stykke på veg innebar Høgre-regjeringa eit systemskifte. Økonomi og politikk vart nyordna gjennom liberalisering, avregulering og privatisering. Til dømes var ­bustadmarknaden tidlegare delt mellom ein prisregulert og ein fri marknad. I 1981 fjerna Høgre-regjeringa den prisregulerte bustadmarknaden. Kredittmarknaden vart også avregulert, slik at det å utsetje nedbetaling vart meir vanleg for folk flest. Bankane innvilga folk lån og kreditt utan sikkerheit. Fleire enn før spekulerte i bustader, og mange tente raske pengar. NRK-monopolet vart oppløyst, og folk fekk høve til å ta inn fleire fjernsynskanalar. Matvarebutikkar fekk lengre opningstid. Mange offentlege verksemder vart privatiserte. I tillegg vart det opna for private helsetenester i tillegg til dei offentlege.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Høgre og Arbeidarpartiet byttest på å styre åleine og i mindretal gjennom 1980og 1990-åra. Arbeidarpartiet og Høgre vart meir og meir like, og Arbeidarpartiet kom til å føre vidare den avreguleringspolitikken Høgre hadde sett i gang. Marknadsmekanismar prega mediebiletet meir og meir. Mange av avisene som tidlegare var knytte til politiske parti, vart fristilte og tabloidiserte. Media forandra stil og fokuserte meir på person og mindre på sak. Folk vart på fornamn med politikarane. Særleg galdt det partileiarane i dei største partia, som «Kåre» (Willoch) og «Gro» (Harlem Brundtland). TV-sende debattar gjorde at personleg karisma og ­appell vart viktigare. Auka forbruk finansiert med lån førte til den største finanskrisa i Noreg sidan 1920- og 1930-åra. Då Gro Harlem Brundtland danna ny regjering i 1986, stramma regjeringa inn lønningar og kroneverdien. Renta var høg. Det var vanleg med 13 prosent rente på huslån, og dermed vart det strammare levekår for dei aller fleste. Arbeidsløysa dobla seg i 1988 og auka fram til 1992. Folk vart redde for å miste jobbane sine. Noko av denne uroa gjekk ut over framandarbeidarar og ­innvandrarar i Noreg.

Eit fleirkulturelt samfunn På ein måte kan vi seie at Noreg lenge har vore eit fleirkulturelt samfunn, men fram til 1960-åra var befolkninga stor sett etnisk einsarta. Tidleg i 1960-åra kom det arbeidsinnvandrarar frå land utanfor Europa. Det var nytt, og dei kulturelle og etniske skilnadene gjorde desse gjestearbeidarane synlege. Gjestearbeidarane kom i all hovudsak frå Sør-Europa, Jugoslavia, Tyrkia og Pakistan. Mange av dei arbeidde i industrien, på hotell, i restaurantar og med reingjering – dei hadde lågstatusjobbar. Delvis kom det av behovet for arbeidarar der, men det kunne også vere vanskeleg å lære godt nok norsk og få godkjent utdanninga si frå heimlandet. Arbeidsinnvandring er ikkje nytt i norsk historie. På 1600-talet henta bergverka inn tyske fagfolk, og på 1800-talet kom det 100 000 svenske innvandrarar for å arbeide på anlegg og med jernbane. Frå 1960 begynte det å kome arbeidssøkjarar frå fjernare himmelstrøk.

Frå utvandrarland til innvandrarland Stortinget innførte innvandringsstopp i 1975. Med dette vedtaket stoppa arbeidsinnvandringa. Etter det bestod innvandringa til Noreg først og fremst av flyktningar og familiegjenforeining, fram til arbeidsinnvandringa igjen tok seg opp etter Schengen-avtalen i 2001. I 1970-åra kom det mange politiske flyktningar frå Chile og Vietnam til landet. Seinare har fleire kome frå Asia og Afrika på grunn av konfliktar og vanskelege leveforhold der. I 1990-åra drog mange flyktningar hit frå Jugoslavia. Kvar gong det er konflikt ein stad i verda, blir det fleire og fleire flyktningar. Nokre av dei kjem til Noreg. Innvandring og integrering byr på fleire utfordringar. Det har nok ført til framandfrykt og mistru i delar av den norske befolkninga. Mange innvandrarar i Noreg har opplevt å bli diskriminerte på arbeids- og bustadmarknaden. I 1980-åra vart det etablert fleire innvandringsfiendtlege organisasjonar i Noreg utan at dei fekk stor oppslutning. Auka rasisme gjorde at det vart oppretta fleire antirasistiske grupper

tabloidisere: presentere stoff på en lettfatteleg og gjerne sensasjonsprega måte for å tene mest mogleg pengar

405


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Melafestivalen i Oslo samlar kvart år mange menneske med ulik bakgrunn til felles kulturopplevingar.

og organisasjonar som har som mål å kjempe mot rasisme. Det har også vore utfordringar med integrering og ulovleg innvandring. I løpet av hundre år, frå 1880 til 1980, har Noreg gått frå å vere eit utvandrarland til å bli eit innvandrarland. Som ein rik og velfungerande velferdsstat er Noreg eit ­attraktivt land for mange rundt om i verda. Gradvis er regelverket blitt strengare. Samtidig er Noreg mellom dei landa som tek imot flest innvandrarar i forhold til ­innbyggjartalet. I 2020 utgjer innvandrarar ca. 15 prosent av befolkninga, og det bur innvandrarar i alle kommunar. Gjennom EØS-samarbeidet har Noreg fått ein felles arbeidsmarknad med Europa. Den største innvandrargruppa i landet i dag (2020) er difor arbeids­ innvandrarar frå Polen.

Oljerikdom 1990–2020 Kanskje kjem folk flest til å hugse 1990-åra for 1994, det året Noreg arrangerte OL på Lillehammer? Som eit utslag av nasjonal stoltheit sa Gro Harlem Brundtland: «Det er typisk norsk å være god», ei utsegn som vart mykje diskutert seinare. Men at det gjekk veldig godt i Noreg, var dei fleste einige i.

406


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Frå 1990-åra og fram til i dag har det vore gode tider på grunn av høge og stabile oljeprisar. Det har stadig blitt gjort funn av nye oljefelt i Nordsjøen, og norsk ­teknologi og kunnskap har blitt ei eksportvare til land som begynner med olje- og gassproduksjon. Frå tusenårsskiftet voks oljefondet. Det vart stadig meir klart for alle at Noreg hadde ein stor oljeformue. Viljen til å spare pengar minka hos politikarane når referansane til mellomkrigstid, krig og gjenreising kom på avstand. I 1990-åra vart fleire statseigde selskap delprivatiserte og omgjorde til aksjeselskap, til dømes Statoil og Televerket, som bytte namn til Telenor. Det same galdt Vy, tidlegare NSB, og Postverket. I dag blir mange av dei statlege bedriftene styrte etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Tanken var at med meir konkurranse ville også offentlege tenester bli meir effektive.

«Det er typisk norsk å være god», sa Gro Harlem Brundtland. Korleis tolkar du denne utsegna?

Høge krav Noreg er eit industrialisert land og eit oljeland. Landet har ein servicebasert, høgteknologisk økonomi som krev stor produktivitet og kompetanse hos borgarane. For somme blir det vanskeleg å fylle alle krava i arbeidslivet. Noreg er det OECDlandet med størst del yrkesaktiv befolkning som tek imot sjukelønn eller uføretrygd. Noreg har hatt låg arbeidsløyse, og den store gruppa kvinner i yrkeslivet er eit særtrekk. Den største endringa frå 1945 til i dag er den store nedgangen i talet på ­sysselsette i landbruket. Det skil oss mest av alt frå folk før i tida. Utdanningssystemet speglar behova i arbeidslivet. Fram til 1960 var det eit fåtal som tok høgare utdanning og vart studentar i Noreg. Men frå då har landet gått gjennom ein utdanningsrevolusjon. Statens lånekasse for utdanning har gjort det mogleg for menneske i alle samfunnslag å ta utdanning. I Noreg har det sidan 1994 vore ein lovfesta rett for alle norske borgarar å kunne gjennomføre 13-års skulegang, ei utdanning som fører fram til studiekompetanse eller fagbrev. Målet er at alle skal kunne skaffe seg kompetanse for eit yrkesliv, ­anten som fagarbeidar eller som akademikar. Når det gjeld ufaglært arbeidskraft, er det ein stadig større del innvandrarar som tek slike jobbar. Det er difor svært urovekkjande når skuleelevar droppar ut av ­vidaregåande opplæring, og dermed står i fare for å hamne utanfor arbeidslivet.

Noreg i verda Ei anna veksande uro gjeld klimaet. På 1990-talet vart ein klar over menneskeskapte klimaendringar. Internasjonal forsking og rapportar beviste at den ­g lobale temperaturen auka. Også Noreg blir påverka av klimaendringane. Her reknar ein med at konsekvensane blir varmare klima, meir nedbør og storm i framtida. Under den kalde krigen vart Noreg ein fredsmeklar i verda. Norske diplomatar har mekla mellom anna i Guatemala, på Sri Lanka, i Aust-Timor og i Midtausten. Gjennom Oslo-prosessen la norske politikarar og diplomatar til rette for ein fredsavtale mellom Israel og PLO, og denne avtalen vart underteikna i 1993 (sjå side 466). Noreg har internasjonal prestisje i rollen som fredsmeklar, men det er ikkje alltid prosessane leier fram til fred. Noreg får også ein del merksemd for internasjonalt fredsarbeid i samband med den årlege utdelinga av Nobels fredspris. Samtidig har Noreg etter 1990 delteke med soldatar og materiell i fleire krigar, mellom anna i Kosovo (1998), Afghanistan (2001) og Libya (2011). I andre land er Noreg kjent for å eksportere fisk og olje, men også for å vere eit rikt land med sterke likskapsverdiar. Kong Harald fekk merksemd i både innland og

407


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

Dette kapittelet handla om at Noreg valde militært og økonomisk samarbeid med stormaktene i vest etter den andre verdskrigen at det frå 1945 var Arbeidarparti-regjeringar kontinuerleg i rundt 20 år at Noreg vart ein velferdsstat med eit omfattande trygdesystem at landet fekk del i den internasjonale økonomiske veksten etter krigen

utland for ein tale han heldt i samband med ein hagefest i Slottsparken i 2016. Talen er ei feiring av fellesskapet:

Stortingspresident, statsminister, høyesterettsjustitiarius

Etter at vi gjennom mange år har reist rundt i det meste av landet, er det veldig hyggelig å få være vertskap for representanter fra hele Norge! Hjertelig velkommen til oss, alle sammen! Dere som er samlet her, utgjør bredden av det Norge er i dag.

Så hva er Norge? Norge er høye fjell og dype fjorder. Det er vidder og skjærgård, øyer og holmer. Det er frodige åkre og myke heier. Havet slår mot landet fra nord, vest og syd. Norge er midnattssol og mørketid. Det er både harde og milde vintre. Det er både varme og kalde somre. Norge er langstrakt og spredt bebodd.

Men Norge er fremfor alt mennesker. Nordmenn er nordlendinger, trøndere, sørlendinger – og folk fra alle de andre regionene. Nordmenn har også innvandret fra Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria. Mine besteforeldre innvandret fra Danmark og England for 110 år siden. Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører. Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er – og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser.

Nordmenn er unge og gamle, høye og lave, funksjonsfriske og rullestolbrukere. Stadig flere er over hundre år. Nordmenn er rike, fattige og midt imellom. Nordmenn liker fotball og håndball, klatrer fjelltopper og seiler – mens andre er mest glad i sofaen.

Noen har god selvtillit, mens andre sliter med å tro på at de er gode nok som de er.

Nordmenn jobber i butikk, på sykehus, på oljeplattform. Nordmenn arbeider for at vi skal være trygge, arbeider med å holde landet rent for søppel, og leter etter nye løsninger for en grønn fremtid. Nordmenn dyrker jorda og driver fiske. Nordmenn forsker og lærer bort.

Nordmenn er engasjert ungdom og livserfarne gamle. Nordmenn er enslige, skilte, barnefamilier og gamle ektepar. Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre.

Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting. Nordmenn liker Grieg og Kygo, Hellbillies og Kari Bremnes. Med andre ord: Norge er dere. Norge er oss.

Når vi synger «Ja, vi elsker dette landet», skal vi huske på at vi også synger om hverandre. For det er vi som utgjør landet. Derfor er nasjonalsangen vår også en ­kjærlighetserklæring til det norske folk.

Mitt største håp for Norge er at vi skal klare å ta vare på hverandre. At vi skal bygge dette landet videre – på tillit, fellesskap og raushet. At vi skal kjenne at vi – på tross av all vår ulikhet – er ett folk. At Norge er ett.

Igjen – varmt velkommen til oss – jeg håper vi får en fin stund sammen.

at Noreg vart ein oljenasjon med store inntekter frå olje og gass i Nordsjøen at det voks fram ein eigen ungdomskultur i perioden at 1970-åra var ei oppbrotstid med politiske protestar, kvinne­ kamp og miljøsak at nordmenn har røysta nei i to folkerøystingar om norsk medlemskap i EF/EU at perioden er prega av auka internasjonal handel og ­globalisering at Noreg gjekk frå styrings­ økonomi til meir og meir ­marknadsøkonomi ved ­overgangen til 1980-åra at innvandringa frå fjerne kontinent begynte på slutten av 1960-talet at miljøvern og klimakrise kom på dagsordenen

Litteraturliste Edgeir Benum: Overflod og fremtidsfrykt. Aschehougs norgeshistorie, bind 12, 2005 Berge Furre: Norsk historie 1914–2000. Industrisamfunnet – frå vokstervisse til framtidstvil, 2000 Einar Lie: Norsk økonomisk politikk etter 1905, 2012 Finn Olstad: Frihetens århundre. Norsk historie gjennom de siste hundre år, 2010 Francis Sejersted: Sosialdemokratiets tidsalder. Norge og Sverige i det 20. århundre, 2005

408


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Forklar kort kvifor du trur at historikarar kallar 1945 år null i samtidshistoria. 2 Kvifor trur du at Noreg og andre land valde ei felles ­regjering med mange parti i 1945? 3 Etter den andre verdskrigen knytte Noreg nye band til verda. a Ranger Noregs medlemskap i FN, NATO og OECD ­etter når landet vart medlem. b Ranger NATO, FN og OECD etter kor viktige du meiner dei har vore for Noreg i etterkrigstida. Grunngi svara dine. 4 Etter 1945 vart Noreg ein velferdsstat. Skriv 3–5 stikkord som seier noko om kva ein velferdsstat er.

6 På side 397 står det: «Sekstiåttar er framleis ei nemning vi brukar om personar som var inspirerte av politiske haldningar og antiautoritære idear på den tida.» Gi døme på idear og haldningar som er ­typiske for ein sekstiåttar. 7 Kampen om norsk medlemskap i EF vart den store politiske saka tidleg i 1970-åra. Bruk internett, og finn ut kva parti som var for, og kva parti som var imot norsk medlemskap i 1972. 8 Opphevinga av samskatten i Noreg vart sett på som ein viktig siger for kvinnerørsla her i landet. Kva var samskatten? Kvifor var opphevinga viktig for kvinne­ frigjeringa? Skriv 3–5 setningar.

5 Kvifor vart Noreg i perioden mellom 1945 og 1961 kalla ein eittpartistat?

9 På side 406 kan du lese om kva det norske oljefunnet har hatt å seie for Noreg. Skriv svar på desse spørsmåla: Kva har oljen gjort for deg? Kva har oljen gjort for Noreg?

Samanhengar

Perspektiv

1 I valet i 1945 fekk Norges Kommunistiske Parti det beste valresultatet dei nokon gong har hatt. Bruk det du veit om tida før og etter 1945, til å forklare den gode oppslutninga.

1 Kven fall utanfor? Historia om Noreg etter 1945 til i dag er på mange måtar ei positiv historie, der mange menneske har fått det betre. Samtidig er det grupper i samfunnet som har falle utanfor fellesskapet i denne peri­oden, og det har vore ført politikk som ikkje har slått heldig ut for alle. a Kva vil du spesielt trekkje fram som ikkje har fungert godt i perioden?

2 Åra frå 1950 til 1970 blir ofte kalla dei gylne åra fordi svært mange menneske opplevde velstandsvekst og at livet vart enklare. Kva trur du historikarar i framtida kjem til å kalle vår tid? Grunngi svaret ditt. 3 På side 406 står det: «I løpet av hundre år, frå 1880 til 1980, har Noreg gått frå å vere eit utvandrarland til å bli eit innvandrarland.» a Kva er samanhengen mellom økonomisk utvikling og innvandring? Skriv eit avsnitt der du grunngir svaret ditt. b Innvandringsstoppen i 1975 stoppa ikkje innvandringa til Noreg, nye grupper innvandrarar heldt fram med å kome. Undersøk korleis ein kan kome som ­innvandrar til Noreg i dag, og skriv 3–5 setningar som forklarar dei ulike måtane ein kan få opphald på i Noreg. 4 I dette kapittelet har du lese om at 1970-åra var ei oppbrotstid i Noreg. Ho var prega mellom anna av protestar mot norsk medlemskap i EF, kvinnekamp og miljøaktivisme. a Kva for spor av opprøra finn vi igjen i samfunnet i dag? Lag eit tankekart der du noterer ned mest mogleg av arven etter 1970-talet.

b Finst det perspektiv eller grupper som du meiner ikkje har kome tydeleg fram i kapittelet, men som seier noko om utviklinga i Noreg etter krigen? 2 Noreg vart som kjent medlem av NATO etter krigen, og har vore det sidan. a Kvifor valde Noreg å bli medlem av NATO og ikkje Warszawapakta? Skriv ned dei to viktigaste argumenta. b Mange i Noreg var motstandarar av norsk medlemskap i NATO. Finn minst to argument mot at Noreg skulle bli NATO-medlem. c Dersom Noreg hadde valt den andre sida, korleis ville landet sett ut i dag? Skriv eit avsnitt som viser korleis du trur landet hadde sett ut.

b Vel ei av kampsakene frå 1970-talet, og skriv eit ­avsnitt som grunngir kvifor du meiner denne saka har vore viktig for Noreg i dag.

409


HISTORIE

K A P 16 Noreg – frå gjenreising til oljerikdom

410

Oppdrag 1:

Post 2

Bli kjend med statsministrane

Du får utdelt ein av desse statsministrane utan å vite kven. Læraren festar ein lapp med namnet på ryggen din. No skal du bevege deg rundt i klasserommet og stille for-eller-imotspørsmål (ja eller nei) til dei andre i klassen. Du kan stille berre eitt spørsmål til kvar person. Du skal også svare på spørsmål frå medelevane, men hugs at du berre har lov til å svare for eller imot (ja eller nei). Når du har fått svar på åtte spørsmål, skal du bestemme deg for kven du trur du er, og grunngi kvifor du trur det. Summer opp felles i klassen til slutt.

Statsminister-Alias

I dette kapittelet er det trekt fram nokre sentrale statsmini­ strar i Noreg etter 1945. I dette oppdraget skal du bli endå betre kjend med dei og det dei stod for i politikken.

Post 3 Lag eit portrettintervju av ein tidlegare norsk statsminister. Formuler minst fem spørsmål som du ville ha stilt han eller henne. Bruk det du kan om Noreg etter 1945, til å lage spørsmål som viser kva som var dei viktigaste politiske s­akene for den statsministeren du har valt.

Post 4 Lag ei høveleg overskrift, og skriv det innleiande avsnittet til portrettintervjuet i post 3.

Post 1 Lag ein tabell som liknar på denne: Politikar/sak

Statleg styring av boligmarknaden

Gerhardsen

For

Norsk medlemskap i EU

Kjønnskvotering i arbeidslivet

Torp Brundtland Stoltenberg

Imot

Willoch Bondevik Borten

Imot

Solberg

Undersøk kva dei ulike politikarane meinte om sakene, og fyll ut i skjemaet.

410

Formuesskatt

Statleg eigarskap av industribedrifter


Oppdrag 2: Nyromantikk På denne sida ser du eit måleri av Rolf Groven frå 1972. Biletet heiter «Norsk nyromantikk», og det fekk mykje merksemd i den harde debatten om Noreg skulle bli medlem av det europeiske fellesskapet (EF, EU i dag).

Post 1 Tenk deg at du har fått jobben med å lage ei kort beskriving av måleriet, som skuleelevar kan høyre på samtidig som dei ser på biletet. Lag ei beskriving som er enkel å forstå. Er det nokre symbol i biletet som du må forklare? Prøv gjerne ut beskrivinga på kvarandre i klassen.

Post 2 Dette måleriet vart brukt aktivt av den eine sida i EF kampen, for å få støtte for sitt synspunkt. Korleis fungerer det som politisk reklame i dag? Gjer biletet deg meir positivt eller ­negativt innstilt til norsk medlemskap i EU? Til slutt kan du bruke internett og undersøkje kva for ei side det var som brukte måleriet.

Post 3 Når vi brukar kjelder i historiefaget, seier vi ofte at vi kan bruke kjelda som leivning eller som forteljing. I postane over har du fokusert på kva motivet i måleriet kan fortelje oss – du har brukt det som forteljing. No skal du bruke biletet som leivning og vurdere kva måleriet kan fortelje oss om tida og situasjonen då det vart måla.

Rolf Groven (f. 1945): «Norsk nyromantikk» (1972)

411


K A P I T T E L 17

Innhald:

Eit mislykka besøk til draketrona side 414 Ein sivilisasjon i krise side 414 Kina blir republikk side 417 Den kommunistiske revolusjonen side 419 Maos Kina side 420 Ei ny supermakt? side 422

Det moderne Kina På 1800-talet møtte – eller nesten kolliderte – det eldgamle Kina med den moderne verda. Krig og revolusjon følgde kvarandre gjennom 1900-talet, og innebar mykje kamp og liding for det kinesiske folket. I dag har Kina den nest største økonomien i verda og ser ut til å ha vunne igjen den gamle maktposisjonen sin.


Slik såg det ut Område under japansk kontroll 1910–1945

Sakhalin (japansk 1905) Kurilane

(japansk 1875)

R

U

S

S

L

A

N

D

Hokkaido

Bajkalsjøen

Sapporo

Mandsjuria

Kyzyl

Harbin

Tannu Tuva 1921–1944

Manchukuo (japansk lydrike 1932–1945)

Ulaanbaatar

sjølvstyre1911 sjølvstendig 1921

Mukden

Mo re d In

kinesiske m uren Den

ng

o

Taiyuan

sh

m

ir

New Delhi

tibetanske

platået

K

I

TIBET

H sjølvstyre 1912 im al NEPAL a y a Kathmandu

Dalian (russisk til 1905, deretter japan japansk)

N

A

Chengdu

Jinan

Pyongya Pyongyang

g an Hu

Tokyo

Kyoto Osaka

Seoul Hiroshima Pusan

Weiaiwei (brit.) Qingdao (tysk)

H

Shikoku

Nagasaki

Kyushu

Nanjing

Shanghai

Wuhan iang gJ an

Ryukyu (japansk frå 1879)

Changsha

Chongqing

Lhasa

Korea (japa (japansk frå 1910)

Tianjin

Xian

Ch

Det

lia

Beijing

Yanan

Ka

JAPAN

e

Gobiørkenen Ürümqi

Xinjiang

Honshu

Changchun

MONGOLIA Balkashsjøen

Vladivostok

Taipei

Taiwan (Formosa) (japansk frå 1895)

Thimpu Thimp

BHUTAN

Kunming

BRITISK INDIA

Kanton/Guangzhou Nanning

Dhaka

Hong Kong (brit.) Macau (port.)

Hanoi Kolkata

FRANSK

Burma

FILIPPINANE

(amerikansk 1898)

Hainan

Vientiane INDOKINA

Aust-Asia tidleg på 1900-talet

THAILAND Yangon

Dette har hendt Kina er den eldste sivilisasjonen i verda. Eit kinesisk imperium vart samla under eitt dynasti 200 år f.Kr. Sidan då har keisardynasti kome og gått, men Kina har kontinuerleg eksistert som éin sivilisasjon. Les meir om Kinas tidlege historie på side 114.

Manila


HISTORIE

1850–1900

1912

1937–1945

K A P 17 Det moder ne Kina

Sosial uro og folkeopprør i Kina

Kina blir republikk

Japan og Kina i krig

Eit mislykka besøk til draketrona I løpet av 1700-talet hadde britane fått smaken på te. Import av te og andre varer frå Austen kunne ein tene gode pengar på. Porselen og silke frå Kina var ettertrakta luksusvarer i Europa. Britane kunne drive handel berre i to kinesiske handelsbyar, under streng overvaking av kinesiske statsmenn. Dei ville ha meir. I 1793 leidde den britiske adelsmannen George Macartney ein ekspedisjon til Kina. Keisaren sat på draketrona i Beijing (tidlegare Peking, «den nordlege hovudstaden»), i eit enormt palassområde, Den forbodne byen, og han vart rekna som ein slags gud. Macartney skulle leggje fram britiske ynske om betre handelsmoglegheiter, men det tok lang tid før keisaren gav han audiens. Kvifor skulle keisaren snakke med barbarar frå utlandet? Britane oppfatta på si side at dei kom frå sentrum i verda. Etter eit mislykka besøk drog Macartney tilbake til kongen av England med eit velformulert, og temmeleg overlegent brev frå keisaren i bagasjen:

1949

Folkerepublikken Kina blir grunnlagd

Eg har notert meg di respektfulle underkasting. Eg vil ikkje gløyme den einsame og avsidesliggjande øya di, avskoren som ho er frå verda av det enorme havet. [Men] vårt himmelske imperium har overflod av alle ting. Vi har ingen behov for barbariske produkt. Brev frå keisar Qianlong til kong Georg 3. av England i 1793

Tilbake i England skreiv Macartney: 1949–1976

Mao Zedong er partiformann i Kina

1958–1960

«Det store spranget» og hungersnaud i Kina

1971

Internasjonal godkjenning av Folke­ republikken Kina

1989

Studentdemonstrasjonen på Himmelfredsplassen i Beijing

2008

Kina arrangerer Sommar-OL

414

Kina er som eit gammalt, merkeleg krigsskip, som somme med hell har halde flytande dei siste hundre og femti åra. Det imponerer omgivnadene sine med storleiken og utsjånaden sin. Men, med ein gong ein udugeleg mann får kontroll på dekk, forsvinn disiplinen og sikkerheita om bord. Skipet vil kanskje ikkje søkkje med ein gong, men drive rundt som eit vrak, og til slutt bli knust i møte med land. Det vil aldri kunne bli bygt opp igjen på same grunnen.

Ein sivilisasjon i krise Det Kina som tidleg på 1800-talet var i ferd med å ta steget inn i den moderne tidsalderen, var eit eldgammalt samfunn på veg inn i ei lang krisetid. Om lag samtidig med dei første oversjøiske oppdagingsferdene frå Portugal og Spania på 1400-talet hadde Ming-keisaren utrusta ein enorm flåte som segla ut i verda på oppdagingar. Det dei kinesiske oppdagarane såg, overtydde dei om at dei hadde den mest avanserte kulturen i verda, og at verda utanfor Kina var uinteressant. I hundreåra som følgde, var leiarane i Kina innovervende og meir opptekne av farane frå «barbarar» langs landegrensene enn av kontakt med andre folk – og særleg dei fjerne europearane, som dei kalla «sjøbarbarar», fordi dei kom til Kina over havet. Kinesarane såg ikkje «sjøbarbarane» som nokon trussel. Midtriket var fram til 1800 utan tvil det ­eldste, rikaste og mektigaste landet i verda. Men det skulle snart endre seg.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Det viktige sølvet Kinesiske handverkarar laga varer av høg kvalitet, betre enn i resten av verda. Silke, te og kinesisk porselen («china») var ettertrakta handelsvarer overalt, og særleg i Europa. Varehandelen mellom Kina og Europa gjekk éin veg – frå Kina til Europa. Kinesarane var ikkje interesserte i europeiske handverksprodukt. Det einaste europearane kunne tilby kinesarane, var sølv. Kinesarane hadde lenge brukt sølv til mynt­ produksjon, men dei hadde brukt opp reservane sine og måtte etter kvart importere metallet. Heldigvis for europearane fann dei sølv i store mengder i gruvene i Sør- og Mellom-Amerika. Mykje av det amerikanske sølvet vart frakta over havet og hamna i Kina med europeiske handelsmenn. Behovet for sølv opna for noko meir handel mellom europearar og kinesarar.

Omkring 1800 endra styrkeforholdet mellom Kina og dei europeiske stormaktene seg. Fleire europeiske land hadde utvikla seg til langt meir vitskapleg og teknisk avanserte dynamiske samfunn enn dei var i år 1500. Storbritannia hadde utvikla maskinar som gjorde masseproduksjon mogleg. Sidan Kina var det største landet i verda og den eldste sivilisasjonen i verda, kan vi spørje kvifor den industrielle ­revolusjonen ikkje begynte der. Historikarane har peikt på at Kinas tradisjonar og storleik hindra nyorientering og utvikling. Trass i mange oppfinningar var det ikkje behov for teknologi og maskinar til masseproduksjon, sidan dei hadde god tilgang på arbeidskraft. Dei få som fekk opplæring, skulle pugge klassiske tekstar og meistre dei tre kunstane teikning, ­kalligrafi og dikting, i staden for å lære om vitskap og ingeniørkunst. Teknologisk sett sakka Kina akterut i forhold til europeiske stormakter. Dei vesteuropeiske ­statane var også aggressive og villige til å leggje andre sivilisasjonar under seg, slik dei hadde gjort i Amerika. Omkring 1800 var kinesarane i tillegg svake på eit område som skulle vise seg å bli katastrofalt for dei – krig til sjøs. Dei europeiske «sjøbarbarane» hadde blitt langt farlegare med krigsskipa sine, og kinesarane hadde ingen moderne flåte til å stoppe dei. Drivne av økonomiske motiv begynte europearane gradvis å auke presset på Kina for å tvinge det store og gamle riket under sin kontroll. Indre uro og problem gjorde Kina særleg sårbart for angrep utanfrå.

Les meir om den industrielle revolusjonen på side 191.

Kina ca. 1800 Dette kjenneteikna Kina ved inngangen til 1800-talet: • Press på ressursar. Etter ein rask folkeauke på 1700-talet var folketalet i ferd med å overskride grensa for kor mange som kunne leve i det store jordbruksimperiet. • Administrasjon i krise. Utdanningssystemet, der ferdigheiter var det sentrale, heldt på å bli undergrave av juks og favorisering av sønene til dei som styrte. Korrupsjonen breidde om seg. • Gløymde tradisjonar. Færre fekk klassisk konfutsiansk danning. Konfutse framhevar at dei som styrer, har ansvar og plikt til å tene folket. (Sjå side 115.) • Upopulært styre. Keisardynastiet som regjerte, stamma frå Mandsjuria, eit ­område nord for den kinesiske muren. Mandsjuane greip makta i 1644 og tok dynastinamnet Qing (= rein), men mange kinesarar såg på dei som framande. Under Manchu-styret vart mannlege Han-kinesarar, som var i stort fleirtal, tvinga til å barbere bort håret over panna og gå med hårpisk. Utover på 1800-talet begynte befolkninga i Kina å seie at keisaren var i ferd med å «miste mandatet frå himmelen», eit gammalt uttrykk for misnøye med leiaren.

415


HISTORIE

K A P 17 Det moder ne Kina

Den forbodne byen. Keisaren budde her saman med tusenvis av tenestemenn som alle var evnukkar (kastrert mann, haremsvaktar), og ei mengde konkubiner (elskarinner).

Dersom du var rådgivar for keisaren, kva for endringar ville du føreslått?

Krisene som ramma keisaren, byråkratiet hans og den gamle styreforma, var mange: Pengar samla inn av offentlege tenestemenn hamna gjerne i lommene på nokre få rike familiar. Store fellesprosjekt, som militæret og reparasjon av demningar, vart oversette, med katastrofale følgjer. Når demningane ikkje fungerte, kunne flaumar rive vekk jordbruksland, dyr og grunnlaget for mange familiar. Slik gjekk det fleire gonger, og mange mista livet. Militæret var umoderne og svakt. Med stadig meir av interne folkeflyttingar, svolt og problem auka protestane mot styret innanfrå.

Opiumskrigen Opium er eit sterkt narkotikum laga av tørka plantesaft frå opiumsvalmuen. Aust i India vart det dyrka mykje av det, og Det engelske ostindiske kompaniet tok med seg opium til Sør-Kina for å betale for varer dei kjøpte. Kinesarane vart stadig meir avhengige av opium, både fattige og rike. Til dømes døydde son til keisaren av ein overdose, og ein reknar at éin prosent av den kinesiske befolkninga var avhengige. Britane heldt fram med opiumimporten, trass i fortvilt motstand og forbod frå kinesiske styresmakter. I India, som britane kontrollerte, var det forbode å selje opium. Då eit parti opium som britane eigde, vart beslaglagt og brent av kinesiske t­enestemenn i 1839, gjekk britane til krig for å få halde fram med opiumssalet. Opiumskrigen (1839–1842) synleggjorde at Kina var kome i bakleksa militært og teknologisk. Kvart slag enda med øydelegging av kinesisk militært utstyr og eigedom. Etter ein ny krig i 1858–1860, der Frankrike og Storbritannia okkuperte Beijing og brende sommarpalasset til keisarfamilien, måtte Kina skrive under på fredsavtalar som gjorde slutt på krigane og gav britane og andre utlendingar store fordelar: • Hongkong skulle vere ein britisk koloni. Hundre hamnebyar vart opna for handel. Storbritannia og fleire andre land, mellom dei USA og Frankrike, fekk handels­ rettar og privilegium i Kina. • Britane fekk kontroll over det kinesiske tollverket. Det vart låg toll på importvarer frå Vesten. Kina var dermed opna for utanlandske fabrikkproduserte varer. • Opium vart lovleg, og opiumshandelen begynte igjen. • Kina måtte betale store summar i krigserstatning. • Kinesiske kristne hadde religionsfridom.

416


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Indre opprør Opiumskrigen vart eit audmjukande vendepunkt i kinesisk historie. I etterkant av krigsnederlaga auka også dei sosiale spenningane i samfunnet. Bøndene vart skvisa frå to kantar: Dei måtte arbeide for godseigarane som eigde jorda, og betale skatt til styresmaktene. Det vart lite igjen å leve av. Det var mykje fattigdom og svolt. I tillegg vart Kina ramma av uår med både flaum og tørke. Resultatet vart ­hungersnaud og fleire folkelege opprør. Opprøra kom utover heile 1800-talet, i ulike former: bondeopprør, stammeopprør og frigjeringsforsøk frå muslimar i vest. Krav om modernisering, meir rettferdig fordeling av jordbruksland, sosiale reformer og frigjering for kvinnene låg bak det største opprøret, Taiping-opprøret. Svært mange slutta seg til opprøret som eit stadig svakare Manchu-styre brukte store ressursar på å slå ned. Kampane tappa landet for krefter. Ein reknar at mellom 20 og 30 millionar menneske mista livet i Taiping-opprøret (1850–1864). Eit anna opprør var boksaropprøret mellom 1898 og 1901. Det var antiimperialistisk. Opprørarane, som blir kalla boksarar på grunn av kampsportrituala sine, uttrykte motstand mot den aukande utanlandske innverknaden i Kina. Keisardømmet støtta opprørarane, for dei frykta at Kina skulle bli delt opp, slik det hadde gått med det afrikanske kontinentet like før. Boksarane kjempa mot ein allianse av åtte utanlandske stormakter. Då den utanlandske alliansen vann, vart Kina igjen tvinga til å betale krigsskadeerstatningar.

Kina blir republikk Dei interne problema, kombinert med presset frå utlandet, undergrov utover 1800-talet makta til keisaren og heile styringsapparatet hans. Qing-dynastiet hadde ikkje greidd å hindre at utlendingar overtok handelsbyane, eller å setje i gang nødvendige reformer som kunne betre forholda for folk. Hamna i Canton blir brend under den andre opiumskrigen i 1856.

417


HISTORIE

K A P 17 Det moder ne Kina

Enkjekeisarinna Cixi blokkerte reformer. Ho tok pengar som var tiltenkte bygging av moderne krigsskip, og fekk sett opp ein svær marmorbåt til fest og moro i innsjøen ved sommarpalasset. Ho var ikkje den einaste som sette seg imot endringar. Representantar frå overklassen, som godseigarar og representantar for keisarstyret, ville at samfunnet skulle vere slik det var. Men i 1911–1912 stod keisardømmet så svakt at ei lita gruppe menneske var i stand til å tvinge keisaren, som då var ein liten gut på seks år, til å abdisere. Kinas meir enn to tusen år gamle historie som keisarrike var over, og Kina fekk ei republikansk styreform. Republikken Kina kom til å vere djupt splitta i lang tid. Makta gjekk raskt til folk som kontrollerte hærar. I dei 18 provinsane styrte ulike krigsherrar med sine eigne hærar. Forholda for bondebefolkninga vart endå verre. Ulike fraksjonar av krigs­ herrar kjempa mot kvarandre og splitta opp landet. Pu Yi (1906–1967) var den siste keisaren i Kina. Den tragiske livshistoria hans personifiserer nokre av dei store endringane Kina gjekk gjennom i denne tida. Pu Yi vart fødd i Den forbodne byen og vart keisar før han var tre år gammal. Då han var seks år, avvikla ei lita opprørsgruppe keisarinstitusjonen. Pu Yi held fram med å bu i Den forbodne byen til han vart jaga derifrå i 1924. Då Japan i 1931 okkuperte Mandsjuria i Nordaust-Kina, overtalte japanarane Pu Yi til å fungere som keisar der. Samarbeidet med japanarane gjorde Pu Yi svært upopulær i Kina, og framleis er dei delane av Den forbodne byen som Pu Yi budde i då han var liten, umåla og forfalne for å markere sviket hans. Då krigen var over, sat Pu Yi i sovjetisk og kinesisk fangenskap i til saman 15 år. Kona hans, Wan Rong, som han hadde gift seg med etter at han plukka henne ut på eit fotografi då han var 16 år gammal, døydde etter kort tid i fengsel. Ho leid av psykiske problem og opiumsmisbruk. Etter at Pu Yi kom ut av fangenskapet i 1960, vart han omskolert til gartnar, og levde i Beijing saman med ein sjukepleiar til han døydde i 1967. Han skreiv ei bok om livet sitt: Jeg var keiser av Kina.

Politisk vekking I kriseåra etter at keisardømmet fall, vart Kina svekt politisk, men det var ingen som såg kva slags politisk løysing kinesarane skulle velje. Militærstyret heldt fram. Nasjonalisme og kommunisme – dei to motstridande ideologiane som tidleg på 1900-talet vekte og inspirerte politiske rørsler over heile verda – kom også til Kina. Det kinesiske nasjonalistpartiet vart forma i 1912 under leiing av antiimperialisten Sun Yat-sen (1844–1925), og styrt vidare av Chiang Kai-shek (1887–1975). Kommunistpartiet vart stifta i Shanghai 1921, mellom anna med Mao Zedong (1893–1976) til stades. Begge partia hadde mål om å styrte militærdiktaturet, men elles hadde dei heilt ulike visjonar for framtida til Kina. Då nasjonalistpartiet invaderte Beijing i 1928 og fjerna militærdiktaturet, vart Chiang Kai-shek president i Kina. Han vende seg mot kommunistane, som hadde vore mykje med i kampen mot krigsherrane, og sette i gang utreinsking av dei. For å sleppe unna gjekk kommunistar over tusen mil til fots, frå sørvest til nordaust i Kina. «Den lange marsjen» i 1934–1935 var både krevjande og dødeleg, men avgjerande for framtida til partiet. Langs ruta, og særleg i området dei slo seg ned i, auka sympatien for kommunistane hos dei fattige bøndene. «Den lange marsjen» vart også viktig som myte og som symbol på styrke, uthald og til slutt: siger for kommunistane.

418


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Verdskrig og borgarkrig Under den andre verdskrigen gjekk nasjonalistane og kommunistane saman igjen mot ein felles fiende: invasjonshæren frå Japan. Den japanske invasjonen av Kina var blodig og grufull og nesten utan sidestykke i verdshistoria. Hundre millionar menneske vart drivne på flukt, og bortimot 30 millionar kinesarar vart drepne. Kommunistane slost utan frykt mot japanarane. Dei hadde ikkje avanserte våpen, som fly, tanks og artilleri, men brukte ein geriljataktikk som nordvietnamesarane seinare skulle kopiere under Vietnamkrigen. Gjennom krigen vann kommunistane også meir støtte i folket. Då den andre verdskrigen tok slutt i 1945, blussa fiendskapen mellom nasjonalister og kommunistar opp på nytt. Kommunistane fekk våpen frå Sovjetunionen, og nasjonalistane fekk støtte frå USA. Men kommunistane var overlegne. I 1949 flykta nasjonalistane til øya Taiwan då kommunistane overtok makta i heile Kina. Chiang Kai-shek og nasjonalistregjeringa såg på seg sjølve som den ekte regjeringa for Republikken Kina. Verdssamfunnet støtta dette synet og gav eksilregjeringa på Taiwan – ikkje det kommunistiske Kina – ein plass i Tryggingsrådet i FN. Først i 1971 vart det endra.

Den kommunistiske revolusjonen Den kommunistiske revolusjonen i Kina blir rekna som den mest omfattande i historia på grunn av omfanget, radikalismen og konsekvensane av han. Etter at makta var vunnen, gjekk Kina inn i ein ny historisk epoke. Kommunistane skulle ikkje lenger krige mot andre styre, dei skulle leie heile det vidstrekte, folketette og krigsherja landet inn i ei ny framtid. Kolossale utfordringar låg framfor dei. Leiaren for kommunistane var Mao Zedong, ein bondeson og bibliotekar som hadde blitt general og formann under «den lange marsjen». Han hadde leidd kommunistane gjennom verdskrigen og borgarkrigen. 1. oktober 1949 stilte Mao seg opp framfor hundretusenvis av frammøtte i Beijing, og proklamerte at «det kinesiske folket har reist seg» etter hundre år med framand undertrykking. Folkerepublikken Kina var ein realitet. Kvifor vart det ein kommunistisk revolusjon? Frustrerte kinesarar som ynskte forandring, vart inspirerte av kommunismen. Marx’ lære gav kinesarane ein teori som dei tilpassa kinesiske forhold, og som gjekk ut på å lyfte bøndene ut av undertrykking. Kommunistane hadde sosiale og økonomiske program for reform av Kina, og programma fekk stor oppslutning mellom bønder, studentar og byråkratar. Nasjonalistpartiet mista støtte på grunn av brutalt styre, og dei tapte reint militært.

Mao Zedong leidde marsjen, som varte i heile 370 dagar. Så mange som 70 000 kan ha omkome under den nesten 10 000 kilometer lange marsjen.

419


Maos Kina Leiarane

«Maos vesle raude»

Mao (1893–1976), Zhou Enlai (1898–1976) og Zhu De (1886–1976) var leiarane etter revolusjonen. Mao var ideologen, Zhou Enlai diplomaten og Zhu De generalen.

«Maos vesle raude» inneheldt ei samling av Maos politiske tankar. Boka vart delt ut til alle medlemmer i kommunistpartiet. Under kulturrevolusjonen torde ingen å gå omkring utan boka og Maomerket, som var symbol for ­personkulten rundt Mao.

Kollektivisering og nasjonalisering Med den første kinesiske femårsplanen i 1953 vart jordbruket kollektivisert og industrien nasjonalisert. Bønder som hadde fått jord rett etter revolusjonen, måtte no gi henne frå seg igjen til staten. Både produksjon og forbruk vart kollektiviserte i store kommunar med gjennomsnittleg 5000 hushald. Ein kommune var ei produksjonseining i jordbruket eller industrien. Alle i kommunen skulle ete i lag i store kantiner.

«La hundre blomstrar blomstre» I kampanjen «La hundre blomstrar blomstre, la hundre skuleretningar kappast med kvarandre» i 1956–1957 opna partileiinga for kritikk av seg sjølv. Kampanjen vart etter kvart eit vonbrot for Mao, og han skrinla kampanjen. Deretter forfølgde han alle som bar fram kritikk. Mykje av Maos skepsis for professorar, kunstnarar og intellektuelle stamma herifrå, det kom tydeleg fram i denne parolen: «Betre å vere raud enn ekspert». Opposisjonen opplevde kampanjen som ei felle for å røykje ut motstandarar av regimet. Millionar vart fengsla.

420


Det store spranget framover «Det store spranget» i 1958– 1960 var ein kampanje for å auke produksjonen i industrien. Sentralt vart det sett ekstremt høge mål for kva Kina skulle produsere av mat og industrivarer. I praksis var det umogleg å nå måla, men «Det store spranget» vart sett i gang utan seriøs planlegging. Bønder vart drivne inn i fabrikkar, og det vart få igjen til å stelle jorda og hauste avlingane. Produksjon av ris, kveite og korn minka drastisk. Resultatet vart ein svoltkatastrofe utan sidestykke. Det er ingen som veit kor mange menneske som svalt i hel. Barn ned i femårsalderen vart sette til å jage sporvar, rotter, mygg og fluger som skulle utryddast, og som i tillegg utløyste ein økologisk tragedie. Smelteomnane symboliserte «Det store spranget». Då Mao fekk sjå ein liten smelteomn som folk flest kunne handtere, tenkte han at det ville vere mogleg å nå dei grandiose måla for stålproduksjon med småskalaproduksjon. Bortimot ein million smelteomnar vart sette opp i bakgardane til folk og fôra med alt frå steikjepanner og kjelar til sakser og syklar, for å smelte det om til stål. Men stålet som kom ut av omnane, var ofte ubrukeleg. Mykje kol vart brukt opp, og folk gjekk laus på skogen for å få omnane til å brenne døgnet rundt. Trass i skepsis våga ikkje andre partitoppar å seie imot Mao for å få stoppa «Det store spranget». Eit heiderleg unntak var kommunist­ leiaren i Beijing, Peng Zhen. Han fall i unåde etter kritikken og vart fjerna av Mao. Etter at Mao var død, vart Peng Zhen innsett igjen.

Kulturrevolusjonen Kulturrevolusjonen frå 1966 til 1976 var ein langvarig og ekstrem kampanje for å gjenopplive dei revolusjonære ideala. Ungdom, som vart kalla raudegardistar, skulle knuse alle former for tradisjonell elite: foreldre, lærarar, partitoppar og makthavarar. Fiendar av revolusjonen skulle reinskast ut, tradisjonell etikk og moral brytast ned. Omkring 17 millionar vart sende frå byane til omskolering på landsbygda. Ingen veit kor mange menneske som vart torturerte og drepne, og det var ikkje berre «vanlege» folk. Ein av dei drepne var Liu Shaoqi, kommunistleiar og tidlegare president. Den fjerde kona til Mao fekk ei viktig rolle som kulturambassadør. All musikk, kunst og litteratur skulle vere revolusjonær – utanlandsk kultur av alle slag var forbode. Den gamle kinesiske kulturen skulle også fjernast: 4922 av 6843 kulturhistoriske stader i Beijing vart øydelagde.

«Kvinnene held halve himmelen» Frå gammalt av var jentebarn eit tapsprosjekt. Årsaka var at jenter flytta ut frå heimen når dei gifte seg, og slik vart arbeidskrafta på garden mindre. I tillegg måtte dei ha med medgift til den nye familien. Mao var tidleg oppteken av stillinga til kvinnene. Han sa: «Kvinnene held halve himmelen.» Etter revolusjonen vart kvinner likestilte med menn i ekteskapet, dei fekk rett til skilsmisse og eigedom, men kjønnsrollemønsteret var framleis tradisjonelt. Mange kvinner var med i den kommunistiske rørsla, men i realiteten var det få som fekk topp-posisjonar.

Klede Klede kan symbolisere nasjonalt samhald og revolusjonære ideal. Mao-dressen vart eit svært mykje brukt klesplagg i Maos Kina, særleg etter kulturrevolusjonen, då folk med vestlege klede vart angripne. Både menn og kvinner i alle aldrar bar dressen, som kunne vere grå, blå, svart eller grøn.

421


HISTORIE

K A P 17 Det moder ne Kina

Ei ny supermakt? Stormakter som veks og fell, er eit sentralt tema i historiefaget. Somme kjem og går, og står opp igjen. Nokre få europeiske stormakter og supermaktene USA og Sovjetunionen var leiande gjennom dei to siste hundreåra. Før det var Kina og India størst i fleire tusen år. I dag har Kina ein plass mellom dei aller fremste maktene i verda. Er Kina supermakta i framtida? Utviklinga i Kina dei siste 40 åra la ­grunnlaget for at dei no har nådd denne posisjonen.

Økonomisk liberalisering «Mao hadde 70 prosent rett og 30 prosent feil.»

Sitatet stammar frå Deng Xiaoping (1904–1997), mannen som vart den nye leiaren i Kina i 1977 etter at Mao var død. Fleire av dei ideologiske kampanjane under Mao hadde ført til katastrofar for store delar av befolkninga. Under Deng Xiaopings leiing slo kommunistpartiet inn på ein ny kurs og unngjekk slike eksperimentelle kampanjar. Deng Xiaoping effektiviserte Kina gjennom «fire moderniseringar»: utvikling av teknologi, jordbruk, næringsliv og militæret. Kinesarane la om produksjonen frå tungindustri til forbruksvarer. Dei gjekk bort frå kollektiva og opna for større privat initiativ for bøndene. Private entreprenørar slapp til i næringslivet. Landet opna dørene for investeringar. Deng Xiaoping kalla det «sosialisme med kinesiske trekk». I realiteten var det økonomisk liberalisering. Konsekvensane av reformene var ein kraftig auke i handel og eksport. Kina blir gjerne kalla «verdsfabrikken». Ein stor del av befolkninga er likevel fattig i vestleg målestokk. Men aldri i historia har så mange menneske blitt lyft ut av absolutt fattigdom som i Kina mellom 1970 og 2000. Alle har fått skulegang og eit enkelt helsetilbod. Styresmaktene betrar vegane og jernbanenettet. «Vil du byggje velstand, må du først byggje veg», lyder ein regel for kinesisk modernisering. Dei store veg- og demningsprosjekta i Kina er av dei største prosjekta i verdshistoria.

Ikkje politisk liberalisering Det politiske systemet i Kina har ikkje blitt demokratisert i takt med den økonomiske veksten. Kina er ein totalitær eittpartistat. Det kommunistiske partiet i landet er det største politiske partiet i verda, med mange millionar medlemmer. Det er leidd av ein sentralkomité på 200 medlemmer og eit politbyrå med 25 personar. Dei sju personane i den ståande komiteen i politbyrået er heile tida dei mektigaste personane i landet. Kommunistpartiet kan ta avgjersler mykje raskare enn politikarar i demokratiske land. Det er ikkje frie val og ytringsfridom. Staten har brukt rå makt i konfrontasjon med krav om demokrati og reformer. I samband med at Berlinmuren fall og demokratibølgja deretter slo inn over verda, arrangerte studentar ein fredeleg demonstrasjon på Himmelfredsplassen i Beijing i 1989. Rundt 1000 menneske vart meidde ned av politistyrkar og tanks. Kinesarane vil seie at dei har ei fleire tusen år lang historie, som har lært dei at dei lir mest når den sentrale regjeringa er svak og delt. Målingar viser at mellom 80 og 90 prosent av den kinesiske befolkninga er fornøgde med styret. Truleg har den formidable økonomiske veksten dempa krav frå befolkninga om demokratiske reformer. Kinesarane trekkjer også fram at då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, fall den gjennomsnittlege levealderen, barnedødelegheita auka, og lønningane vart raserte.

422


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Overvaking Kontrollen med eiga befolkning er stor. I 2020 uroar mange i Vesten seg for korleis eit sosialt og moralsk overvakingsprogram med poeng via ein app skal slå ut. Appen gir poeng for oppbyggjeleg framferd, som å følgje med på nyheitsoppdateringar, lese artiklar om kinesisk historie og dele dei med venner.

Kina i verda Kina har sidan 1960-åra investert i infrastruktur og drive bistandsprosjekt på andre kontinent, først og fremst i Afrika. Varebytet omfattar stort sett råvareeksport frå afrikanske land i byte mot ferdigvarer frå Kina. På denne måten har Kina overteke etter Vesten, som tidlegare dominerte i Afrika. Ein har vore redd for at Kinas vekst kan skape internasjonale spenningar. Likevel har Kina unngått krig med andre land, og er det einaste faste landet i Tryggingsrådet i FN som ikkje har angripe eit anna land på 30 år. Kina og president Xi Jinping har likevel globale ambisjonar. «Belte- og veginitiativet» er eit svært ambisiøst infrastrukturprogram. Det kinesiske selskapet Huawei vil byggje ut 5G-nett i heile verda. Varsel om handelskrig mellom USA og Kina har også skapt utryggleik. Den 45. amerikanske presidenten, Donald Trump, heva i 2019 tollsatsane på kinesiske eks­ portvarer frå 10 til 25 prosent. Kina svarte med å gjere det same med amerikanske varer. Dei høge tollsatsane gjer det vanskelegare for begge landa å selje produkta sine hos kvarandre, og det rammar økonomien i heile verda. Luftvegssjukdommen SARS (2003) og den langt meir alvorlege viruspandemien covid-19 (2020) begynte i Kina, og det kan ha svekt tilliten til landet i det internasjonale samfunnet. Som dei fleste andre strevar kinesarane med å finne sin eigen veg i framtida. Korleis kan dei modernisere landet sitt utan å miste tradisjonane? Kina er høgmoderne, men jordbrukssystemet, litteraturen, dei politiske og sosiale institusjonane og kunstformene har urgamle røter.

Dette kapittelet handla om at Kina møtte den moderne verda på 1800-talet at vestlege stormakter tvangsopna Kina gradvis for handel på 1800-talet at det fleire tusen år gamle keisarstyret i Kina vart velta i 1911 på grunn av indre uro og ustabilitet, kombinert med press utanfrå at Japan og Kina slost mot kvarandre i den andre verdskrigen at den kommunistiske revolusjonen i Kina i 1949 førte til at det på nytt vart oppretta eit stabilt styre at Kina under Mao Zedong gjekk gjennom fleire destruktive kampanjar som førte til svolt og liding for befolkninga at Kina opna opp for meir marknad og mindre styring i slutten av 1970-åra og vart meir med i internasjonal handel at Folkerepublikken Kina har den nest største økonomien i verda og får stadig meir innverknad i verda

Kina er ei sovande kjempe. La henne sove, for når ho vaknar, vil det skake verda. Napoleon Bonaparte, ca. år 1800

Litteraturliste Patricia Ebrey: The Cambridge Illustrated History of China, 2010 Jonathan Fenby: The Penguin History of Modern China. The Fall and Rise of a Great Power 1850–2009, 2009 Mette Halskov Hansen: Kina. Stat, samfunn og individ, 2018 Rhoads Murphey: The History of Asia, 2003 Jarle Simensen og Sven Tägil: Verden i oppbrudd. Verdenshistorien etter den kalde krigen, 2005 Peter N. Stearns: World Civilizations. The Global Experience, 2004 Pu Yi: Kinas siste keiser, 1988

423


HISTORIE

K A P 17 Det moder ne Kina

Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Skriv overskriftene frå kapittelet i kronologisk rekkjefølgje. Kva får du vite om Kina gjennom overskriftene? Skriv 2–3 stikkord til kvar overskrift.

3 Forklar desse orda og slagorda for ein medelev: «La hundre blomstrar blomstre», «Maos vesle raude», «Det store spranget», kulturrevolusjonen.

2 Tenk deg at du skal halde ein presentasjon for ein ungdomsskuleklasse om utviklinga i Kina frå 1800-talet. Kva vil du ha med i ein slik presentasjon? Lag ein disposisjon for presentasjonen.

4 Fullfør desse setningane: «Keisarstyret i Kina vart velta i 1911 fordi …», «Revolusjonen i 1949 førte til eit stabilt styre fordi …», «Kinesiske kampanjar leidde til svolt og ­liding fordi …», «Kina har den nest største økonomien i verda fordi …».

Samanhengar

1 Kjeldeoppgåve. Kulturmøtet mellom europearar og kinesarar. Dokument frå eit stort folkemøte mot engelskmenn i Kanton i 1842.

Sjå den skammelege engelske nasjonen! Herskaren der er av og til ei kvinne, så ein mann, og deretter kanskje ei kvinne igjen; folket der er som gribbar eller villdyr, med meir ustyrlege og rasande trekk enn tigeren og ulven, og med ein meir grådig natur enn anakondaen eller svin. Desse folka har lenge gradvis fortært alle dei vestlege barbarane, og som demonar i natta vil dei no plutseleg slå seg ned her. Under styret til keisarane Qianlong og Jiaqing [kinesiske keisarar på slutten av 1700-talet og tidleg 1800-talet] har dei engelske barbarane audmjukt bønnfalle om å få moglegheit og løyve til å levere tributt og gåver; dei drista seg deretter til å be om å få Chusan; men våre herskarar, som tydeleg oppfatta svikferda, gav dei eit bestemt avslag. Frå den tid har dei samarbeidd med svikfulle kinesiske handelsmenn, begynt med handel og forgifta vårt tapre folk med opium.

Sanneleg vil dei engelske barbarane drepe så mange av oss som dei kan. Dei er hundar, og behovet deira kan aldri bli tilfredsstilt. Difor treng vi ikkje spørje om freden dei no har laga, er ekte eller innbilt. La oss alle reise oss, med våpen i hand og gå mot dei i lag. Vi bind oss her til hemn og uttrykkjer her våre ærlege intensjonar, høge prinsipp og patriotisme. Himmelgudane ser ned på oss; la oss ikkje miste vår rette og faste handlekraft. a Kva er bakgrunnen for kjelda (opphavssituasjonen)? b Kva seier kjelda om førestillingar om utlandet, sett frå Kina? c Kva kan kjelda fortelje oss om kulturmøtet mellom kinesarar og engelskmenn?

2 Etter at Mao var død, overtok Deng Xiaoping som leiar i Kina. Med han begynte også ein reformperiode. Gjer greie for to reformtiltak, og vurder kva dei hadde å seie for den politiske og økonomiske utviklinga i Kina. 3 Det blir hevda at utviklinga i Kina har hjelpt millionar av menneske ut av fattigdom. Finn tre årsaker som kan forklare denne utviklinga. Vurder om dei tre årsakene du har funne, kan seiast å vere eit brot med den kommunistiske ideologien i Kina eller ikkje.

Perspektiv 1 Drøft kva fordelar den vitskaplege og industrielle revolusjonen gav europearane i forhold til Kina frå 1800-talet og framover. Vurder også om det var forhold (SPØKT) i Kina som avgrensa moglegheitene for industrialisering. 2 Kinas historie vart til dels forma av europeiske imperialistar på 1800-talet. Skriv små notat der du framstiller Kina frå ein kinesisk og ein europeisk ståstad. Korleis endrar framstillinga seg, alt etter ståstaden?

424

3 Kina er ein totalitær eittpartistat der innbyggjarane ikkje har full fridom. For oss som lever i eit demokrati, kan det verke rart at 80–90 prosent av det kinesiske folket støttar styret sitt. Tenk deg at du er ein kinesar som skal forklare dette til ein nordmann. Kva kan vere dei tre viktigaste argumenta han eller ho ville ha brukt?


Oppdrag 1: Kinas plass i verda – i dag og i morgon Gjennom historia har stormakter gått under, og nye har vakse fram. Mange har spekulert på om det 21. hundreåret vil vere Kinas hundreår.

Post 4 Sjå for deg at Kina om 50 år er den viktigaste stormakta i verda. • Korleis trur du at verda ser ut då? • Kva vil det kunne ha å seie for nordmenn at Kina er den største stormakta i verda?

Post 1

Samanlikn scenarioa dine med det andre meiner, og vurder sterke og svake sider ved dei.

Basert på det du kan om kinesisk historie, skal du finne argument som støttar dei to utsegnene nedanfor. Vurder deretter kva for ei av dei du meiner kan vise seg å vere mest rimeleg. Diskuter med ein medelev.

Oppdrag 2:

1 Dei to kinesiske dynastia som liknar mest på den kommunistiske epoken, er Qin (221–207 f.Kr.) og Sui (589–618). Begge initierte store utbyggingsprosjekt og innebar meir rikdom, men også nådelaust tyranni, massedød som følgje av tvangsarbeid og katastrofar, som brenning av bøker og lærde («dissidentar») som vart gravlagde levande. Begge dynastia vart kortvarige (frå Perry Link, 2012). [Regjeringstida til andre kinesiske dynasti varierte frå ca. 260 til 460 år.]

«Det store spranget»

2 Enten du liker det eller ikke, så kommer de [Kina] til å være den neste supermakten. Selve folketallet gjør dem til en stor regional makt. Tar du med deg lojaliteten, militæret, økonomien og at de jobber hardt, er det bare et tidsspørsmål før de går forbi USA (frå VgDebatt, 2003).

Post 1

Etter at Mao og kommunistane overtok styret i Kina, vart det sett i gang fleire store prosjekt som skulle modernisere landet. Men mange av prosjekta fekk fatale følgjer. «Det store spranget» har blitt karakterisert som den største menneskeskapte tragedien i historia. Meir enn 40 millionar menneske kan ha omkome. Korleis kan det forklarast?

Finn ut kva som var måla og motiva for å setje i gang kampanjen «Det store spranget».

Post 2 Post 2 Lag ein tabell med fire ruter. Skriv «Svært truleg», «Truleg, men ikkje sikkert», «Lite truleg» og «Heilt usannsynleg» i rutene. Finn ut meir om stikkorda under. Vurder i kva grad det du har funne ut, talar for eller imot at Kina kan og vil bli den mektigaste stormakta i framtida. Samanlikn vurderingane dine med det ein medelev meiner. • • • • • • • •

Kina som militærmakt økonomisk vekst i Kina kinesisk innverknad i Afrika Kina kjøper opp verda (Volvo) Kina overvaker verda (Huawei) Kina – frå forureining til grøn økonomi? veksten i Kina kviler på stabilitet og harmoni Kina og «soft power»

Lag ei liste over konkrete prosjekt under «Det store spranget», og vurder konsekvensane dei fekk.

Post 3 Korleis var det mogleg å gjennomføre eit så vitlaust prosjekt? Vurder i kva grad desse momenta kan gi ei forklaring: a Mao-dyrking b revolusjonær begeistring c ingen kritiske røyster i krinsen rundt Mao d fryktkultur e «I historia blir folk med mykje lærdom alltid overvunne av dei som har lite lærdom» (sitat frå Mao)

Post 3

Post 4

Sjå på dei stormaktene som har eksistert i verda i dei siste 200 åra (Storbritannia, Sovjetunionen, USA ofl.). Diskuter kva som eventuelt har vore positivt og negativt med at det finst slike stormakter. Vurder deretter Kina som ei framtidig stormakt, med bakgrunn i argumenta i diskusjonen.

Vurder og ta stilling til denne påstanden: «Det er berre i diktatur at ein kan setje i gang prosjekt som ‘Det store spranget’ og Det tredje riket, og at konsekvensane får så fatale utfall.»

425


K A P I T T E L 18

Innhald:

Kvar er vi? side 428 Den første fasen i avkoloniseringa side 429 Den andre fasen i avkoloniseringa: 1970-talet side 433 Kvifor avkolonisering? side 433 Frå optimisme til pessimisme etter avkoloniseringa side 436 Det håplause kontinentet? side 439 Det lovande kontinentet? side 443

Avkolonisering og nye statar I løpet av rundt tretti år (ca. 1947–1977) fall dei store kolonirika frå kvarandre. Fleire nye, sjølvstendige statar vart oppretta. Ofte var blodige frigjeringskrigar mot kolonimakta avgjerande for at koloniane vart sjølvstendige, men andre stader trekte europearane seg tilbake raskt og fredeleg. Kvifor vart statane sjølvstendige? Kva utfordringar møtte dei nye statane? I dette kapittelet skal vi konsentrere oss om avkoloniseringa av Afrika og tida etterpå.


Slik såg det ut Avkolonisering Statar som vart sjølvstendige før den andre verdskrigen Stater som vart sjølvstendige i perioden 1945–77 Nord-Korea1948

Ikkje-sjølvstendig område

Tunisia 1956

Marokko 1956

Israel 1948

Algerie 1962

Libya 1951

Kuwait 1961 Bahrain 1971 Qatar 1971 Dei sameinte arabiske emirata 1971 Pakistan 1947 Oman Djibouti 1971 1977 Sør-Jemen 1967

Mauritania Mali 1960 Niger Tsjad 1960 1960 Senegal 1960 1960 Sudan Burkina Faso Gambia 1965 1956 Nigeria 1960 Somalia Guinea-Bissau 1974 1960 Sentr.afr. rep. 1960 Guinea 1958 Kamerun 1960 Maldivene Sierra Leone 1961 Uganda Benin 1960 1965 Kenya 1963 1962 1960 Elfenbeinskysten 1960 Kongo Togo Rwanda 1962 1960 1960 Kongo Ghana 1957 Burundi 1962 1960 Gabon 1960 Tanganyika (Tanzania) 1961 Angola Zambia Mosambik 1961 1975 Zimbabwe 1975 Madagaskar 1965/1980 Namibia 1960 Bot. 1990 1966 Sør-Afrika 1910/1961

Dette har hendt På slutten av 1800-talet erobra og koloniserte dei europeiske stormaktene store delar av verda. Industrialiseringa og den teknologiske utviklinga i ­Europa var føresetnadene for at det var mogleg å vinne over lokale her­ skarar i Asia og Afrika. Det europeiske kappløpet om koloniar hadde samanheng med nasjonalisme og maktkamp mellom kolonimaktene. Ein venta økonomisk gevinst, og ideen var å sivilisere folk som ein meinte var mindre utvikla.

Sør-Korea1948

Laos 1953 Bangladesh India 1971 1947 Burma 1948 Kambodsja 1953 Sri Lanka 1948

Taiwan

Vietnam 1954

Filippinane 1946

Malaysia 1963 Indonesia 1945/1954

Papua Ny-Guinea 1975


HISTORIE

1947

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

India riv seg laus frå Storbritannia Pakistan blir oppretta

1948

1954–1962

1957

1960-åra

1960

1970-åra

Apartheid (raseskiljepolitikk) blir innført i Sør-Afrika

Frigjering i Algerie

Ghana riv seg laus frå britisk kolonistyre

Dei fleste tidlegare afrikanske koloniar blir sjølvstendige statar

FN vedtek Erklæringa om sjølvstende for koloniland og folk

Kvar er vi? Vi har tidlegare sett at koloniseringa av Afrika gjekk nokså raskt på slutten av 1800-talet, i eit kappløp mellom dei europeiske landa (sjå side 232). Avkoloniseringa av dette kontinentet etter den andre verdskrigen gjekk også raskt, og det kan vere på sin plass å omtale også dette som eit kappløp. Avkoloniseringa hadde hovudsakleg to fasar: den første i ein tiårsperiode på 1950- og 1960-talet og den andre i siste halvdelen av 1970-talet. Før avkoloniseringa begynte, rett etter den andre verdskrigen, var om lag 30 prosent av befolkninga i verda underlagd ei kolonimakt. Mens somme land forhandla seg fram til sjølvstende, måtte andre land ty til væpna kamp for å bli frie. Ved slutten av 1900-talet, femti år etter at avkoloniseringa tok til, var den delen av befolkninga som framleis var kolonisert, komen ned i 0,1 prosent. Dei store kolonimaktene i Afrika var Storbritannia og Frankrike, men også Belgia, Portugal og Spania hadde afrikanske koloniar. Tyskland hadde vore ei kolonimakt, men vart fråteke koloniane sine i samband med oppgjeret etter den første verdskrigen, og Italia mista koloniane sine i Afrika som ei følgje av den andre verdskrigen. Det var stor variasjon i måten kolonimaktene styrte koloniane sine på (sjå side 230), og det fekk noko å seie både for avkoloniseringa og for styret i dei unge, sjølvstendige afrikanske statane. I dei koloniane der ein brukbar del av befolkninga hadde utdanning, til dømes i Ghana og i mange av dei britiske koloniane i Asia, var overgangen til sjølvstyre forholdsvis smertefri. Andre stader, som i Belgisk Kongo, der svært få hadde høgare utdanning, var overgangen langt vanskelegare. Trass i at ­koloniperioden var nokså kort, fekk han store økonomiske, politiske og kulturelle konsekvensar, som framleis er merkbare i dag.

Krise i verds­ økonomien. Krisa rammar Afrika særleg hardt

1980–1990åra

Økonomiske reformer i dei afrikanske landa

1994

Frie val og slutt på apartheid i Sør-Afrika Folkemord på over 800 000 tutsiar og moderate hutuar i Rwanda

1990–2000åra

Ein eksplosjon i registrerte tilfelle av HIV/ AIDS. Det sørlege Afrika blir hardast ramma

2002

Den afrikanske unionen blir oppretta

428

Eit ungarsk magasin viser afrikansk «vårreingjering» (1960). Gyarmat tyder ‘koloni’.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Den første fasen i avkoloniseringa Då den andre verdskrigen tok slutt, var det fire sjølvstendige land på det afrikanske kontinentet: Etiopia, Liberia, Egypt og Sør-Afrika. Etiopia i aust vart aldri kolonisert. Liberia i vest vart oppretta i 1847 for frigitte amerikanske slavar. Egypt i nord oppnådde eit slags sjølvstende i 1922, men vart verande under britisk innverknad til 1952. Det kvite styret i Sør-Afrika hadde rive seg laus frå det britiske imperiet i 1910. Avkoloniseringa etter den andre verdskrigen begynte med at India, juvelen i krona til det britiske imperiet, vart sjølvstendig i 1947. Men Storbritannia hadde ingen planar om å gi opp resten av imperiet sitt, og rekna ikkje med at Indias sjølvstende skulle bli starten på avslutninga av imperiet. Tvert imot, no kunne britane konsentrere seg om koloniane sine i Afrika. Der fanst det truleg eit stort potensial for større økonomisk utbytte, og det ville vere til god nytte i gjenoppbygginga etter krigen. Det britiske imperiet ville eksistere, og det meste kunne halde fram som det hadde gjort før krigen. Nokså snart skulle det vise seg at her tok britane grundig feil.

Les meir om I Perspektiv Skulestudio kan du lese om korleis avkoloniseringa i India arta seg, om Gandhis kampar og om opprettinga av Pakistan og Bangladesh.

New Delhi 28. august 1947. Visekongen i India, Lord Mountbatten, kringkastar sjølvstendeerklæringa for India og Pakistan.

429


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

Osu Castle var opphavleg eit dansk-norsk handelsfort, Christiansborg. Det var bygt av svenskane i 1652, erobra av Danmark-Noreg i 1658, og brukt som utgangspunkt for eksport av varer frå Gullkysten: slavar, elfenbein og gull. Fortet vart selt til Storbritannia i 1850. Christiansborg var eitt av seks dansknorske handelsfort langs kysten av dagens Ghana.

Frå kolonien Gullkysten til republikken Ghana Laurdag 28. februar 1948 marsjerte ei gruppe menn mot Osu slott i Accra, hovudstaden i den britiske kolonien Gullkysten. Mennene var afrikanske krigsveteranar som hadde kjempa for Storbritannia under den andre verdskrigen, og målet for marsjen deira var den britiske guvernøren som heldt til på slottet. Veteranane var skuffa over forholda som møtte dei då dei kom heim frå krigen. Dei var lova krigspensjon og arbeid, men pensjonane vart ikkje utbetalte, og det var vanskeleg for dei å få seg jobb. No ville dei krevje at guvernøren skulle setje i gang tiltak som kunne betre situasjonen deira. Men krigsveteranane nådde aldri fram til Osu slott. Før dei kom så langt, vart dei stoppa av væpna politi som skaut inn i folkemengda. Tre av mennene vart drepne, og fleire vart såra. Det førte til store opptøyar i Accra. Nyheita om det som hadde hendt, spreidde seg raskt og førte til uro og opprør i fleire andre byar i landet. Mange historikarar meiner at oppstanden som begynte i Accra våren 1948, var det første steget på vegen mot sjølvstende for Gullkysten. Det skulle gå fleire år før landet faktisk vart ein sjølvstendig stat, men 6. mars 1957 gjekk Gullkysten frå å vere ein britisk koloni til å bli den sjølvstendige republikken Ghana. Dagen vart høgtideleg markert. Ved midnatt vart det britiske flagget firt mens det var heilt stilt, og flagget til Ghana – i raudt, grønt og gult med ei svart stjerne som symboliserte eit fritt Afrika – vart heist til jubelrop. Representantar frå bortimot 60 land og delegasjonar frå alle delar av den ferske staten var samla i Accra for å vere med på seremoniane som følgde. Arbeidarar hadde fått fri frå jobben, og titusenvis møtte opp for å feire sjølvstendet. «Endeleg er slaget over!» erklærte den første statsministeren i landet, Kwame Nkrumah, i ein tale til folket. «Frå no av er vi ikkje lenger eit kolonisert folk, men eit fritt og sjølvstendig folk.» Nkrumah minte også om at kampen ikkje var slutt, sjølv om Ghana hadde vunne sitt slag: «Vårt sjølvstende er meiningslaust om det ikkje medverkar til at heile det afrikanske kontinentet blir frigjort.» Og det skulle vise seg at Ghanas sjølvstende var starten på ei frigjeringsbølgje som skylde inn over Afrika dei neste åra.

430


Ikkje-sjølvstendig område

1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021 Tunisia 1956

Marokko 1956

Nord-Afrika blir sjølvstendig Gullkysten/Ghana var ikkje det første landet i Afrika som vart sjølvstendig. I 1956, altså året før Nkrumah kunne feire sjølvstendet for heimlandet, gav Frankrike avkall på to av koloniane sine i Nord-Afrika: Marokko og Tunisia. Her hadde frigjeringsrørsler kjempa for lausriving sidan mellomkrigstida, og motstanden mot kolonimakta auka i omfang og styrke etter den andre verdskrigen. Mens Frankrike relativt raskt gjekk med på krava frå Marokko og Tunisia om sjølvstende, tok kampen for sjølvstende i Algerie, den største av dei nordafrikanske koloniane til Frankrike, fleire år. Algerie hadde status som fransk provins, og franske settlarar utgjorde om lag ti prosent av befolkninga i landet. Verken settlarane eller den franske staten ville trekkje seg ut av Algerie, så i 1954 braut det ut ein blodig krig mellom den algeriske frigjeringsrørsla og den franske kolonimakta. Kolonikrigen førte til politisk krise i Frankrike. Charles de Gaulle vart henta tilbake til makta, i håp om at han ville vere den sterke mann som kunne sikre Algerie for Frankrike. De Gaulle begynte i staden forhandlingar om våpenkvile med frigjeringsrørsla, og i mars 1962 underteikna partane fredsavtalen. I ei folkerøysting nokre månader seinare gjekk over 90 prosent inn for eit sjølvstendig Algerie, og de Gaulle kunne erklære at Algerie var ein sjølvstendig stat.

Israe

Algerie 1962

Libya 1951

Mauritania Mali 1960 Niger Tsjad 1960 1960 Senegal 1960 1960 S Burkina Faso Gambia 1965 1 Nigeria 1960 Guinea-Bissau 1974 1960 Sentr.afr. re Guinea 1958 Kamerun 1960 Sierra Leone 1961 Benin 1960 Elfenbeinskysten 1960 Kongo Togo 1960 1960 Kongo Ghana 1957 1960 1960 Gabon 1960

Angola Zam 19 1975 Zim 196 Namibia Bot. 1990 1966

Sør-Afrika 1910/1961

1960 – mirakelåret for afrikansk sjølvstende Mot slutten av 1950-talet innsåg altså både Storbritannia og Frankrike at tida som mektige kolonimakter i Afrika nærma seg slutten. De Gaulle vedgjekk at dei franske koloniane måtte bli meir sjølvstendige. Store ressursar hadde gått med til krigen i Algerie, og i opinionen auka motstanden mot krigføringa. I 1958 kunne difor dei franske områda sør for Sahara velje mellom indre sjølvstyre i eit forbund med Frankrike eller fullt sjølvstende. Dette valet verkar kanskje opplagt, men Frankrike åtvara koloniane om at dei som valde sjølvstende, straks ville miste all hjelp, og det økonomiske samarbeidet mellom kolonien og kolonimakta ville bli avslutta. I første omgang var det difor berre Guinea som røysta for sjølvstende, men i løpet av 1960 følgde dei andre franske koloniane på det afrikanske kontinentet etter og erklærte seg som sjølvstendige. Ghana var eit førebilete for dei andre britiske koloniane i Vest-Afrika. Ettersom britane hadde opna for sjølvstende for Ghana, var det vanskeleg for dei å argumentere mot at fleire koloniar kunne oppnå det same. Dessutan arbeidde Kwame Nkrumah aktivt for å fremje panafrikanisme og sjølvstende for heile det afrikanske kontinentet, og leiarar for frigjeringsrørsler i fleire andre koloniar fann ein fristad i Accra. Britane var likevel ikkje like raske som Frankrike til å gi avkall på herredømmet i Afrika. I mirakelåret 1960, då så mange som 18 afrikanske koloniar reiv seg laus frå kolonimakta, var Nigeria den einaste av dei britiske koloniane som vart sjølvstendig. Dei britiske settlarkoloniane i Aust-Afrika vart sjølvstendige tidleg på 1960-talet.

Belgisk Kongo Også Belgisk Kongo vart sjølvstendig i 1960. Det kom brått og overraskande, utan at kolonimakta Belgia hadde førebudd kongolesarane på sjølvstyre. I dei franske og britiske koloniane hadde ein god del afrikanarar høgare utdanning, mens i Kongo var det i underkant av 20 kongolesarar med universitetsgrad. Både Frankrike og Storbritannia hadde lagt til rette for at kolonibefolkninga hadde ein viss politisk representasjon, og medlemmer av gamle elitar med tradisjonell makt og nye elitar med høgare utdanning og språkferdigheiter var trekte inn i kolonistyret. I Kongo

settlar: nybyggjar panafrikanisme: pan = som omfattar alle. Kulturell rørsle som arbeider for politisk og økonomisk samarbeid mellom alle afrikanske statar

431


1956

Pakistan 1953 Bangla1947 Algerie Libya Taiwan desh 1962 1951 India 1971 1947 Oman Djibouti og nye H I S T O R I E K A P 18 Avkolonisering statar Burma Filippinane 1971 itania 1977 1948 Mali 1946 Tsjad 960 Vietnam Niger Sør-Jemen 1960 1960 1954 1960 Sudan 1967 Kambodsja Burkina Faso 1956 1960 Nigeria arbeidde det nesten berre1953 belgiarar i koloniadministrasjonen, og dermed var det Somalia 1960 Sentr.afr. rep. 1960 Kamerun 1960 svært få kongolesarar som noka som helst erfaring med administrativt arMaldivene Sri Lanka hadde Malaysia Uganda Benin 1960 1963 1965 1948 1962 Kenya 1963 beid. Den politiske erfaringa var det også dårleg med. Fram til slutten av 1950-talet 60 Kongo Togo 1960 Rwanda 1962 1960 Kongo Indonesia a 1957 1960 var det forbod mot å danne politiske organisasjonar, men i 1957 vart det for første Burundi 1962 Papua Ny-Guinea 1945/1954 1960 Gabon 1960 Tanganyika (Tanzania) 1975 1961 gong halde lokale val der kongolesarar både fekk stille til val og røyste. I samband Angola Zambia med det vart det lov å etablere politiske parti, og i 1958 stifta Patrice Lumumba det 1961 Mosambik 1975 første landsomfattande partiet i Kongo. Dette, saman med at Ghana vart sjølvstenZimbabwe 1975 Madagaskar 1965/1980 Namibia 1960 dig og dei franske koloniane fekk høve til å røyste over statusen sin vidare, gjorde at Bot. 1990 1966 Sør-Afrika 1910/1961

Den første kongolesiske regjeringa, leidd av Patrice Lumumba, 1960.

432

tanken om eit fritt Kongo voks fram. Då det braut ut opprør i delar av Kongo i januar 1959, forstod Belgia, som til no hadde meint at det ville vere lenge før Kongo var modent for sjølvstyre, at å halde på dette store området som ein belgisk koloni ville vere svært ressurskrevjande. Ein brå snuoperasjon følgde. Kongolesarane fekk oppfylt krava sine, og 30. juni 1960 vart Kongo ein sjølvstendig republikk (sjå side 367).


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Den andre fasen i avkoloniseringa: 1970-talet

Mens dei andre europeiske kolonimaktene måtte gi avkall på majoriteten av dei afrikanske koloniane utover på 1950- og 1960-talet, hadde Portugal framleis eit fast grep om koloniane sine. På denne tida var Portugal eit diktatur, og regimet brydde seg ikkje om kva folket, verken portugisarar eller afrikanarar, måtte meine og ynskje. Portugal var dessutan – i europeisk samanheng – eit nokså fattig land. Ettersom dei afrikanske koloniane produserte landbruksvarer for eksport, og i tillegg hadde rike førekomstar av olje og diamantar, var det økonomisk sett viktig for Portugal å ha dei. Det portugisiske kolonistyret var autoritært, og det var forbode for afrikanarane å drive politisk verksemd. Avkolonisering Men også her, i Angola, Mosambik og Guinea-Bissau, lét folket seg inspirere av dei sig­ rande frigjeringsrørslene i andre afrikanske koloniar, og på 1960-talet begynte nasjonasom vart sjølvstendige listrørsler i dei portugisiske koloniane væpna kamp Statar forden sjølvstende. Det fekk dei først før andre verdskrigen midt på 1970-talet, som eit resultat av at det autoritære diktaturet i Portugal fall. Stater som vart sjølvstendige i perioden 1945–77 I Sør-Rhodesia tok kampen for sjølvstende endå lengre tid. Den kvite settlarbeIkkje-sjølvstendig område men dei hadde folkninga i landet utgjorde berre om lag fem prosent av befolkninga, Kuwait 1961 Bahrain 1971 all politisk makt og eigde mesteparten av jorda. Det leiande politiske partiet førte ein Qatar 1971 Dei sameinte arabiske rasistisk politikk med apartheidregimet i Sør-Afrika (sjå side 441) somMarokko førebilete. Tunisia 1956Israel 1948 Pakistan Partiet var absolutt ikkje innstilt på å overlate styret til afrikanarane, og 1956 i 1965, un- Libya 1947 Algerie 1962 1951 India der den første avkoloniseringsbølgja, erklærte det kvite mindretalet i Rhodesia seg 1947 Oman Djibouti 1971 Mauritania 1977 Mali uavhengig av kolonimakta Storbritannia. Lausrivinga vart fordømd både 1960 av britane Niger Tsjad Sør-Jemen 1960 1960 Senegal 1960 1960 Sudan 1967 og av FN. Dei godtok ikkje at Rhodesia var ein sjølvstendig stat, og innførte økonoBurkina Faso Gambia 1965 1956 1960 Nigeria Somalia Guinea-Bissau 1974 miske straffetiltak. Apartheidregimet i Sør-Afrika, derimot, gav Rhodesia solid 1960 Sentr.afr. rep. 1960 Guinea 1958 Kamerun 1960 Maldivene Sri L Sierra Leone 1961 Uganda Benin 1960 1965 støtte. I dei neste femten åra var landet prega av kriser, geriljakrig, stadig meir inter19 Kenya 1963 1962 Elfenbeinskysten 1960 Kongo Togo 1960 Rwanda 1962 1960 1960 nasjonal kritikk og diplomatisk isolasjon. Etter kvart vart den kalde Ghana krigen Kongo 1957avgjeBurundi 1962 1960 Gabon 1960 Tanganyika (Tanzania) rande for lagnaden til Rhodesia. For å unngå kommunistisk innblanding i konflikten 1961 Zambia og sikre at den svarte majoriteten ikkje vart radikalisert, vart settlarstyret pressa til å Angola Mosambik 1961 1975 Zimbabwe 1975 Madagaskar arrangere frie val. Resultatet av valet i 1980 var – ikkje overraskande – at det kvite 1965/1980 Namibia 1960 Bot. settlarstyret vart erstatta av eit svart fleirtalsstyre. Kort tid etter vart Rhodesia, som 1990 1966 var oppkalla etter den britiske imperialisten Cecil Rhodes, omdøypt til Zimbabwe, Sør-Afrika etter det søraustafrikanske mellomalderriket med dette namnet. 1910/1961

Kvifor avkolonisering? Som for andre historiske hendingar kan vi ikkje peike på éi bestemt årsak til avkoloniseringa. Både indre og ytre forhold spelte inn, og fleire ulike, delvis samanvovne faktorar må takast med for at vi skal kunne gi ei tilfredsstillande forklaring på det som hende.

Den andre verdskrigen som utløysande faktor Før utbrotet av den andre verdskrigen var det ei vanleg oppfatning at det europeiske herredømmet i Afrika ville vare så langt ein kunne sjå. Krigen endra det. Mange afrikanske menn kjempa med dei allierte som soldatar i Midtausten og Asia, side om side med europearar, indarar, arabarar og afrikanarar frå andre koloniar. Dei kom heim med nye erfaringar, idear og tankar. Dei hadde sett at det ikkje var sjølvsagt alle andre stader i verda at dei kvite var overlegne. Soldatane hadde fått kjennskap til nasjonalistiske rørsler i Asia og deira ambisjonar om å rive seg laus frå dei europeiske kolonimaktene. I Atlanterhavserklæringa frå 1941 hadde dessutan

Atlanterhavserklæringa: felles erklæring frå USA og Storbritannia om deira felles politikk under krigen og visjonar for etterkrigstida

433


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

USA og Storbritannia slått fast at dei respekterte at alle folk hadde rett til å velje si eiga styreform, og meininga var å innføre denne retten igjen for folk som hadde mista han. Då afrikanarane var med i kampen mot okkupasjonen frå nazistane og for nasjonal sjølvråderett, gjorde det sitt til at mange fekk håp om at også Afrika skulle bli fritt.

Ein ny politisk verdsorden Den andre verdskrigen førte til store endringar i maktforholdet i verda. Mens krigen hadde svekt dei gamle europeiske stormaktene, skulle to statar stå fram som supermakter i etterkrigstida: USA og Sovjetunionen. Begge statane var kritiske til den europeiske imperialismen, og dei viste inga forståing for vesteuropeisk ynske om å halde på koloniane. Særleg Sovjetunionen hadde ei tydeleg antikolonialistisk haldning, og støtta gjerne nasjonale frigjeringsrørsler med pengar og våpen. Etter som den kalde krigen tilspissa seg, vart det viktigare for Vesten å ikkje støyte frå seg ­afrikanske statar for å unngå at dei søkte støtte hos kommunistane.

Dei sameinte nasjonane FN – Dei sameinte nasjonane – vart oppretta i 1945 for å sikre verdsfreden, men ­organisasjonen kom også til å spele ei viktig rolle i avkoloniseringa. FN-pakta inneheldt nemleg ei føresegn om at land som kontrollerte usjølvstendige område, skulle vere med på å utvikle sjølvstyre i desse områda og støtte innbyggjarane i å utvikle frie politiske institusjonar. Ein ny milepåle i prosessen for avkolonisering vart nådd i 1960, då FN vedtok Erklæringa om sjølvstende for koloniland og folk. Erklæringa kravde at kolonimaktene straks måtte sørgje for at koloniane fekk full fridom og sjølvstende. Ingen av dei 98 medlemslanda røysta mot erklæringa. 89 land røysta for, mens 9 land, mellom dei kolonimaktene Frankrike, Storbritannia, Belgia og Portugal, lét vere å røyste.

Lågare lønnsemd Samtidig som motstanden mot kolonimakta auka og frigjeringsrørslene tok i bruk våpen, vart det vanskelegare og dyrare å framleis ha kontroll i koloniane. Det å bruke makt for å slå ned væpna opposisjon var svært kostbart, slik som når Frankrike dreiv krig i Algerie. Krigen kravde enorme ressursar, og de Gaulle konkluderte etter kvart med at det ville vere meir fornuftig å bruke desse ressursane på atomopprusting og økonomisk modernisering i Frankrike. I tillegg til at utgiftene med å halde på koloniane auka, gjekk inntektene frå koloniane ned. Verdshandelen skifte tyngdepunkt og vart meir konsentrert om USA, Vest-Europa og Japan. Endringane i verdsmarknaden og fall i råvareprisen gjorde at koloniane vart mindre lønnsame. Det aukande økonomiske samarbeidet i Europa og opprettinga av EEC (sjå side 370) i 1958 medverka også til å flytte merksemda bort frå koloniane.

Fallande oppslutning i Europa om kolonisystemet I Europa voks det opp ein etterkrigsgenerasjon som var mindre overtydd enn forfedrane sine om at dei kvite hadde rett til å herske over andre folkeslag. Færre var villige til å ofre livet for å halde oppe kolonistyret, og mange meinte det var dårleg ressursbruk å føre væpna kamp for å hindre at koloniane skulle bli sjølvstendige. Også kyrkja, som tidlegare ofte hadde støtta kolonimakta trufast, kritiserte overgrep og brutal undertrykking av frigjeringsrørsler i koloniane.

434


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Panafrikanisme og felles afrikanske mål Då den andre verdskrigen var slutt, viste det seg at kolonimaktene ikkje var innstilte på å gi afrikanarane rett til sjølv å velje si eiga styreform, slik det stod i Atlanterhavserklæringa. Tvert imot ynskte dei at forholdet mellom koloni og kolonimakt skulle vere slik det hadde vore før krigen. Men afrikanarane hadde eit anna syn på saka. Alt i oktober 1945 kom leiande afrikanske intellektuelle og aktivistar saman til ein konferanse i Manchester i Storbritannia. Mellom dei over to hundre deltakarane var han som skulle bli president i Ghana, Kwame Nkrumah, og Jomo Kenyatta, som skulle bli den første presidenten i eit fritt Kenya. Konferansen vart svært vellykka. Afrikanarar frå heile kontinentet samla seg om felles idear om pan­ afrikanisme og nasjonalisme, og dei ignorerte tradisjonelle etniske motsetningar. På veggene i møtesalen hang det plakatar med slagord som «Fridom for alle undertrykte folk», «Afrika for afrikanarar» og «Pressefridom i koloniane!». Oppsummeringa av diskusjonane på konferansen gjorde det heilt klart kva afrikanarane ynskte: Dei ville bli frie og styre seg sjølve. I 1963 fekk panafrikanismen eit konkret uttrykk gjennom opprettinga av Organi­ sasjonen for afrikansk einskap (Organisation of African Unity, OAU). Organisasjonen fekk sete i hovudstaden i Etiopia, Addis Abeba, og ei viktig kampsak var å medverke til at alle afrikanske land reiv seg laus frå kolonistyret og vart sjølvstendige.

Nasjonal politisk mobilisering Vi har sett at nasjonale frigjeringsrørsler voks fram i koloniane etter krigen. Det var først og fremst eit byfenomen. I byane fanst det ei stor gruppe unge menneske med høgare utdanning, men utan relevant jobb. Mange av dei hadde blitt forbigåtte i konkurransar om stillingar ved at ein kvit person vart føretrekt framfor ein svart. Mellom desse godt utdanna, unge menneska auka misnøyet med kolonistyret. Misnøyet delte dei med heimkomne krigsveteranar, som meinte dei ikkje fekk skikkeleg utteljing for åra dei hadde kjempa som soldatar for kolonimakta. Også i andre delar av befolkninga var det uro. Arbeidsløyse, høgare prisar og mangel på varer opprørte ein stadig større del av den afrikanske befolkninga, og i mange afrikanske land stod intellektuelle, underbetalte arbeidarar og krigsveteranar saman i motstanden mot kolonimakta.

Hovudkvarteret til Den afrikanske unionen, Addis Abeba, Etiopia.

435


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

Frå optimisme til pessimisme etter avkoloniseringa Det rådde stor optimisme på vegner av Afrika då avkoloniseringa skaut fart ved ­inngangen til 1960-talet. Dei første åra etter den andre verdskrigen var det høge ­råvareprisar og stor etterspørsel etter afrikanske varer, og både dei som hadde vore kolonimakter, og dei nye afrikanske statane venta rask framgang, med nasjons­ bygging, statsutvikling og industrialisering etter vestleg modell. Det vart likevel snart tydeleg at Afrika stod overfor spesielle utfordringar, mellom anna som følgje av ­koloniseringa. Desse utfordringane fekk mykje å seie for lagnaden vidare for ­kontinentet, så vi skal sjå på nokre av dei her.

Landegrenser og folkegrupper

Kwame Nkrumah: «We face neither East nor West. We face Forward.» Conference speech, Accra 1960.

I motsetning til dei europeiske nasjonalstatane, der befolkninga har felles språk, kultur og historie, var grensene i Afrika trekte opp av kolonimaktene utan spesielt omsyn til den afrikanske befolkninga. Det førte til at dei afrikanske statane omfattar fleire folkegrupper som snakkar kvart sitt språk. I Kongo, til dømes, reknar ein med at det bur om lag 200 forskjellige folkegrupper, og i Ghana bortimot 75. I tillegg er også nokre folkegrupper fordelte mellom fleire land, slik som masaiane, som held til i Kenya og Tanzania. Det vil seie at for dei fleste var identiteten deira heller knytt til familien, slekta eller lokalsamfunnet enn til staten. Masaiane var altså først og fremst masaiar, ikkje kenyanarar eller tanzanianarar. I kolonitida vart motsetningar mellom folkegruppene haldne i sjakk, men etter avkoloniseringa kom slike skiljeliner tydeleg fram. No hadde ein ikkje lenger nokon felles ytre fiende – kolonimakta – å kjempe mot. Dessutan var den nye staten ofte for svak til å kunne sikre fredelege forhold. Kongo hadde berre 16 dagars sjølvstende før det braut ut uro. Hæren gjorde opprør, og i kaoset som oppstod, erklærte Katanga-provinsen seg som sjølvstendig. FN sende fredsbevarande styrkar til landet, men dei hadde ikkje fullmakt til å samle Kongo igjen. Statsminister Patrice Lumumba vende seg difor først fåfengt til USA, og så til Sovjetunionen, for å få hjelp til å samle landet igjen. Slik vart Kongo trekt inn i den kalde krigen, med dei to s­ upermaktene USA og Sovjetunionen som støtta kvar si side i konflikten. Fleire år med blodige stridar følgde, til 1965, då hærsjefen Joseph Mobutu, med hjelp frå USA, tok makta ved eit militærkupp.

Skøyre demokrati blir erstatta av autoritære styre Ved sjølvstendet var det lagt til rette for eit politisk system basert på vestlege demokrati. Eit slikt system var det ingen tradisjon for i Afrika før kolonistyret, og det likna heller ikkje på det autoritære styret kolonimaktene praktiserte under kolonitida. I tillegg hadde afrikanske leiarar som regel lite politisk erfaring. Ein av dei samanlikna overtakinga av statsmakta etter kolonitida med det å skulle flytte inn i ukjende hus hos andre. Trass i kunnskapen om at dei europeiske demokratia hadde fått utvikle seg lokalt, over lang tid og med utgangspunkt i sjølvstendige ­nasjonar, venta ein at dei afrikanske demokratia skulle vere levedyktige nesten frå den eine dagen til den neste. Høge og til dels urealistiske forventningar som ikkje vart innfridde, førte til at dei unge afrikanske demokratia nokså raskt vart erstatta av meir autoritære regime. Mellom 1960 og 1990 var det 60 militærkupp i Afrika, mellom anna i Ghana. Ikkje lenge etter frigjeringa vart Kwame Nkrumahs styre meir udemokratisk, og i 1964 vart det heilt slutt på demokratiet. I staden innførte Nkrumah ein eittpartistat

436


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Avkolonisering

med seg sjølv som president på livstid. Misnøyet med Nkrumah auka både innansom vart sjølvstendige lands og utanlands. Lovnadene hans frå då Ghana vart sjølvstendig, om å få slutt Statar før den andre verdskrigen på fattigdommen i landet og byggje opp velferdsgode, var vanskelege å innfri, Stater som vart sjølvstendige i perioden 1945–77 ­samtidig som eksportinntektene gjekk ned og arbeidsløysa gjekk opp. Misnøyet i Ikkje-sjølvstendig område utlandet hadde samanheng med forholda under den kalde krigen. Nkrumah hadde nemleg kontakt med både Sovjetunionen og Kina, og det gjorde at han mista støtte Tunisia 1956 Marokko Israel 1 i Vesten. Dermed stod døra open for militære kuppmakarar, som tok makta 1956 Algerie Libya i februar 1966 og avsette Kwame Nkrumah. 1962 1951 Det var ikkje berre i Ghana at det demokratiske fleirpartisystemet feila. I 1980 Mauritania Mali 1960 Niger Tsjad 1960 1960 var dei fleste landa i Afrika blitt anten ein eittpartistat, eit militærdiktatur eller styrt av Senegal 1960 1960 Su Burkina Faso Gambia 1965 19 Nigeria 1960 Guinea-Bissau 1974 ein autoritær president. I slike statar var det ofte eit uklart skilje mellom offentlege 1960 Sentr.afr. rep Guinea 1958 Kamerun 1960 Sierra Leone 1961 midlar og privatøkonomien til leiaren. Statsleiaren bevega seg i grenselandet melU Benin 1960 Elfenbeinskysten 1960 Kongo Togo 1960 lom eit byråkratisk styre, som var basert på lover og reglar i landet, og eit personleg 1960 Kongo Ghana 1957 1960 1960 Gabon 1960 styre, som var basert på lojalitetsband. Det innebar mellom anna at regelverket Angola Zamb kunne tøyast og tolkast slik det passa leiaren, og det var gjerne viktigare å ha rette 1961 1975 Zimba kontaktar enn å følgje formelle reglar. Til dømes hadde ein personleg relasjon til 1965/ Namibia Bot. 1990 makthavarane ofte meir å seie for å få jobb i staten enn utdanning og kompetanse, 1966 og for dei som sat med makta, var det avgjerande å tilgodesjå sin region, si etniske Sør-Afrika 1910/1961 gruppe, si slekt eller sine venner for å halde på lojaliteten deira. Somme av dei nye militærregima hadde som mål å opprette eit fungerande sivilt styre, og i Ghana, til dømes, vart makta overført frå dei militære til ei vald sivil regjering alt etter tre år. I Kongo var utviklinga ei anna. Etter at Joseph Mobutu kom til makta ved kuppet i 1965, etablerte han eit eineveldig styre, døypte landet om til Zaïre og tok sjølv namnet Mobutu Sese Seko. Styret hans var i det store og heile korrupt, og etter kvart som Mobuto nasjonaliserte næringslivet, gruveindustrien og landområde, vart mesteparten av økonomien i landet kontrollert av han sjølv og I to av nabolanda til Kongo satt også berykta diktatorar med makta: Jean-Bedel Bokassa i Den sentralafrikanske republikken og Idi Amin i Uganda. Begge var offiserar i hæren, som tok makta ved militærkupp i høvesvis 1966 og 1971. Som i Kongo/ Zaïre vart statskassen nytta nesten som ein personleg formue. Biletet er frå då Bokassa krona seg sjølv til keisar av Den sentralafrikanske republikken. Bokassa brukte rundt 22 millionar dollar på kroninga, som skulle likne kroninga av Napoleon i 1804.

437


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

krinsen hans. Gjennom heile den kalde krigen fekk Mobutu støtte frå Frankrike og USA, og han tok imot våpen, hjelp og gunstige lån frå Vesten. Dermed kunne han bli sitjande med makta i 32 år.

Økonomiske utfordringar I Afrika var dei første 10–15 åra etter sjølvstendet prega av framgang på fleire område: Levealderen auka, fleire unge fekk tilgang til skular og utdanning, og økonomien voks. Men tidleg på 1970-talet stoppa den økonomiske veksten opp. Då steig oljeprisane i verda kraftig, mens etterspørselen etter råvarer frå Afrika minka. Produksjonsog transportkostnadene auka på grunn av dyrare drivstoff, samtidig som prisane på afrikanske eksportvarer, som kaffi, kakao og bomull, fall. I tillegg var det slik at ein stor del av inntektene til dei afrikanske statane kom frå tollavgifter på eksportvarer. I og med at råvareeksporten minka, krympa altså statsbudsjettet tilsvarande. Heilt sidan kolonitida hadde råvareproduksjonen i Afrika vore styrt av etterspørsel frå vestlege land etter visse varer. Inntekta frå eksport av desse varene utgjorde grunnlaget for den afrikanske økonomien. Difor prioriterte statane at jord og ­arbeidskraft skulle brukast til produksjon av slike varer, no og då slik at det gjekk ut over matproduksjonen til eigne innbyggjarar. På grunn av stor folkeauke måtte mange statar etter kvart importere mat, til dømes kveite. Som ein del av rivaliseringa mellom aust og vest under den kalde krigen fekk fattige land tilbod om billige lån dersom dei heldt seg på Vestens side. Under optimismen som rådde etter avkoloniseringa, tok dei afrikanske landa opp store lån, mellom anna til vegbygging, straumforsyning og annan infrastruktur. Men borgarkrigar, etnisk uro og militærkupp var også viktige årsaker til låna, ettersom det kosta mykje å skaffe moderne militærutstyr og betale lønn til militært personell. Utanlandsgjelda voks, og då både gjeldsrenta og dollarkursen steig på 1980-talet, fekk landa store problem med å greie låna sine. Så tok dei opp nye lån for å betale gammal gjeld. Afrika (og Latin-Amerika) var ramma av ei gjeldskrise. For å kunne kome seg økonomisk på fote igjen var landa avhengige av hjelp utanfrå. Det var heilt klart at økonomiske reformer var uunngåelege, og Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet stilte detaljerte krav til dei gjeldstyngde landa som vilkår for hjelpa: Først og fremst måtte dei få kontroll på dei Afrikanske land har hatt ei sterk økonomisk utvikling i seinare år, men kontinentet er framleis det fattigaste i verda. Luanda, Angola, 2018.

438


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

statlege utgiftene. Det kravde store kutt i offentlege budsjett, nedbemanning av statleg og lokal administrasjon og avskaffing av velferdsordningar. Dessutan måtte økonomien bli meir marknadsretta. Det innebar å privatisere statlege bedrifter og leggje til rette for konkurranse frå utlandet gjennom reduserte tollsatsar og subsidiekutt. Dessverre svarte ikkje resultatet til forventningane. Gjelda heldt fram med å auke, trass i reformene. Marknadstilpassinga førte til at råvareproduksjonen vart endå meir einsretta, ettersom etterspørselen frå utlandet omfatta berre få råvarer. I tillegg hadde Asia rykt inn for fullt på den internasjonale marknaden, og afrikanske varer tapte i konkurransen med billige asiatiske varer. På grunn av reformene auka også dei sosiale skilnadene innanlands. Privatiseringa skapte gode investeringsmog­ legheiter for dei som sat godt i det frå før, og overklassen tente mykje på privatiseringa. Samtidig var det dei svakaste i samfunnet som vart hardast ramma av kutta i offentlege budsjett. Når jordbrukssubsidiane forsvann, auka naturleg nok prisen på mat, mens reduserte statsbudsjett førte til dårlegare tilbod når det galdt utdanning og helsetenester.

Det håplause kontinentet? I mai 2000 hadde det britiske nyheitsmagasinet The Economist eit spesialnummer om Afrika. På framsida stod det eit bilete av ein tungt væpna afrikansk geriljasoldat, innramma av eit afrikakart på svart bakgrunn. «The hopeless continent» stod det skrive over biletet. Rundt tusenårsskiftet såg det ikkje så lyst ut for Afrika. Vanstelt offentleg økonomi og ustabile politiske forhold prega livet til dei fleste afrikanarar. Talet på statskupp i Afrika nådde ein topp på 1990-talet, og gjennom heile tiåret gjekk det for seg omfattande og blodige konfliktar på kontinentet. I kjølvatnet av slutten på den kalde krigen gjekk Somalia i oppløysing. Motsetningar mellom ulike somaliske klanar førte til borgarkrig, og i 1991 vart det kommunistiske eittpartistyret i landet kasta. Ein FN-styrke under amerikansk leiing kom på banen for å sikre naudhjelpssendingar og drive fredsbevarande operasjonar, Avkolonisering men innsatsen deira gjekk ikkje som planlagt. I slaget om Mogadishu hausten 1993 mellom somaliske styrkar og FN-støtta amerikanske troppar vart nitten amerikanske soldatar og fleire hundre somaliarar drepne.Statar Detsom varvart heilt klart at den freds­ sjølvstendige før den andre verdskrigen bevarande oppgåva til FN og USA hadde mislykkast, og kort tid etter begynte dei Stater som vart sjølvstendige å trekkje tilbake styrkane sine. Også Liberia, Sierra Leone og Angola var herja av i perioden 1945–77 borgarkrigar gjennom mesteparten av 1990-talet. Ikkje-sjølvstendig område

Folkemordet i Rwanda Tunisia 1956

Kuwait 1961 Bahrain 1971 Qatar 1971 Dei sameinte arabis

Marokko Israel 1948 I Rwanda hadde det lenge vore spenningar mellom dei to folkegruppene i landet, 1956 Pakistan 1947 Algerie Libya hutuar og tutsiar. Hutuane utgjorde om lag 85 prosent av befolkninga, og under 1962 1951 Oman Djibouti ­kolonitida hadde kolonimakta Belgia behandla dei som underklassen i landet. 1971 Mauritania 1977 Mali Tsjad 1960 Tutsiane, derimot, var blitt systematisk favoriserte. Då landet vart sjølvstendig i Niger Sør-Jemen 1960 1960 Senegal 1960 1960 Sudan 1967 Burkina No Faso 1962 og fekk eit meir demokratisk styresett, vart rolleneGambia snudde 1965 på hovudet. 1956 1960 Nigeria Somalia Guinea-Bissau 1974 1960 Sentr.afr. rep. var det hutuane som tok maktposisjonane, mens mange tutsiar flykta til nabolanda. 1960 Guinea 1958 Kamerun 1960 Maldivene Sierra Leone 1961 Uganda Benin 1960 1965 Utover på 1970- og 1980-talet auka spenninga mellom Elfenbeinskysten dei to folkegruppene. I til1962 Kenya 1963 1960 Kongo Togo 1960 Rwanda 1962 1960 Kongo 1960 forlegg til den etniske konflikten var det fleire faktorar som gjorde sittGhana til å 1957 forverre Burundi 1962 1960 Gabon 1960 Tanganyika (Tanzania) holdet mellom hutuar og tutsiar: meir kamp om knappe ressursar, økonomisk ned1961 Angola Zambia gang på grunn av kollaps i kaffiprisen og politisk opposisjon mot eittpartistyret. 1961 Mosambik 1975

Zimbabwe 1975 Madagaskar 1965/1980 Namibia 1960 Bot. 1990 1966 Sør-Afrika 1910/1961

439

Ind 194

S


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

Væpna tutsiar ventar på å få utlevert mat frå Raudekrossen i Rwanda, 1994.

440

6. april 1994 vart eit fly med presidenten i Rwanda om bord skote ned av ­ jerningspersonar som ein enno ikkje veit kven var. Det var starten på eit godt g ­planlagt og effektivt utført folkemord. Ytterleggåande hutuar tok straks kontroll over statsapparatet, og hæren og militsgrupper gjekk til angrep på tutsiar og moderate hutuar. Berre på hundre dagar vart om lag 800 000 menneske drepne, og omkring 70 prosent av tutsibefolkninga vart utrydda. Med FNs folkemordkonvensjon frå 1948 har dei fleste landa i verda forplikta seg til å hindre og straffe folkemord. Under folkemordet i Rwanda sat likevel verdssamfunnet med hendene i fanget. Dette var berre nokre månader etter FNs og USAs mislykka operasjon i Somalia, og USA var fast bestemt på å ikkje kome i ein ­liknande situasjon igjen. Medlemmene av Tryggingsrådet i FN var opptekne av å spele på lag med USA, og lét difor vere å omtale det som hende, som eit folkemord. Mens myrderia gjekk for seg, brukte både FN og USA i staden nemninga «humanitær krise». Men i ettertid har verdssamfunnet vedgått at det svikta, og mellom anna har generalsekretæren i FN, leiaren for Tryggingsrådet, den amerikanske presidenten, den tidlegare kolonimakta Belgia, Frankrike og paven bede Rwanda om unnskyldning. Før tiåret var omme, oppstod det to alvorlege konfliktar til på kontinentet. I 1997 braut det ut storkrig i Zaïre/Kongo, som varte fram til 2003. Kongo-krigen involverte åtte afrikanske land og gjorde at om lag fem millionar menneske mista livet. Ein strid om retten til landområde på grensa mellom Eritrea og Etiopia førte til ein bitter krig mellom dei, frå 1998 til 2000. Krigen vart for ein stor del kjempa som ein ­utmattande skyttargravskrig og kosta mykje, både menneskeliv og ressursar.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Sør-Afrika – «den kvite manns land» Sør-Afrikas historie skil seg ut samanlikna med resten av kontinentet. Republikken Sør-Afrika vart oppretta i 1910, med det kvite mindretalet i landet ved makta og med den svarte befolkninga som andrerangs innbyggjarar. Lovverket avgrensa ­rettane til dei svarte: Svarte sørafrikanarar hadde ikkje røysterett, mesteparten av jorda hadde kvite farmarar einerett på, kvite personar hadde einerett på faglærte jobbar, og det var dei kvite som eigde gullgruvene og fabrikkane i Sør-Afrika. Med andre ord kontrollerte kvite sørafrikanarar økonomien, det politiske systemet og ­lovgivinga i eit land som utover i mellomkrigstida vart stadig meir rasedelt.

Innføringa av apartheid I 1948 – same året som krigsveteranane i Ghana begynte sin kamp mot kolonistyret – vann det sørafrikanske Nasjonalistpartiet valet med innføring av apartheidpolitikk som den viktigaste valkampsaka. Ordet apartheid er afrikaans og tyder ‘å vere skild’, og målet med denne politikken var å gjennomføre eit systematisk raseskilje i Sør-Afrika. Nasjonalistpartiet sette straks i gang med å kategorisere alle sørafrikanarar i fire grupper: kvite, asiatar, afrikanarar og farga. Det som avgjorde kva gruppe ein person vart plassert i, var for det første utsjånaden, som hudfarge, ansiktstrekk og hårtekstur, og for det andre sosial tilhøyrsle, som vart avgjord på grunnlag av mellom anna fødestad, skulegang, bustad og språkkunnskapar. Her var det ofte rom for tvil, og slike tilfelle vart avgjorde til dømes ved å dra ein kam gjennom håret på ein person. Dersom kammen sette seg fast i håret, var personen afrikanar, ­dersom ikkje var han eller ho mest sannsynleg farga.

afrikaans: språket til den delen av den kvite befolkninga i Sør-Afrika som er etterkomarar av dei nederlandske kolonistane som kom til Afrika frå omkring 1650. Om lag 60 prosent av den kvite befolkninga i Sør-Afrika snakkar ­afrikaans

441


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

Raseskiljet femnde om alt. Det var forbode med giftarmål og seksuelle forhold mellom ein kvit person og ein som var afrikanar, asiat eller farga. Strender, parkar, kinoar og offentleg transport var rasedelte, og det var eigne skular, sjukehus og universitet for den svarte befolkninga. Det vart også lovfesta at folkegruppene måtte bu kvar for seg, og Nasjonalistpartiet oppretta eigne reservat i distrikta for den svarte befolkninga. Byane var eigentleg berre for den kvite befolkninga, men andre som hadde ein spesiell grunn, til dømes arbeid, kunne få løyve til å vere der. For at ikkje ulike folkegrupper skulle blande seg med kvarandre i byane, tvangsflytte ­styresmaktene omfattande svarte, asiatar og farga til eigne nabolag eller bydelar. Familiar, venner og lokalsamfunn vart splitta opp og øydelagde då fleire hundre ­tusen måtte flytte frå det gamle nabolaget sitt til eit nytt område. Lova kravde at alle svarte sørafrikanarar over 16 år alltid skulle ha med seg passet sitt. Passa inneheldt informasjon om arbeidsløyve og eventuelt løyve til å halde til utanfor reservata. Slik kunne styresmaktene kontrollere at den svarte befolkninga heldt seg innanfor tillatne område. Dei som ikkje kunne vise passet sitt under ein kontroll, kunne bli arresterte, og kvart år fekk titusentals personar fengselsstraff på grunn av brot på passlova.

Motstand mot raseskiljet

«I have cherished the ideal of a democratic and free society in which all persons live together in harmony and with equal opportunities. It is an ideal wich I hope to live for and to achieve. But if needs be, it is an ideal for which I am prepared to die.» Nelson Mandela i rettssaka i 1964, der han vart dømd til livsvarig fengsel.

Den organiserte motstanden mot raselovgivinga begynte lenge før den andre verdskrigen, men då apartheidpolitikken vart meir omfattande etter krigen, auka innsatsen. Den svarte frigjeringsrørsla, som var organisert i Den afrikanske nasjonalkongressen (ANC, African National Congress), oppfordra til sivil ulydnad, og i 1960 samla ei stor menneskemengde seg utanfor politistasjonen i byen Sharpeville til fredeleg protest. Formålet var å demonstrere mot passlova, som kanskje var det mest hata uttrykket for apartheidpolitikken. Politiet gav eit brutalt svar: 69 personar vart skotne, fleire av dei i ryggen når dei prøvde å flykte. Det førte til stor uro og sterke protestar i heile Sør-Afrika. ANC vart forboden, og mange av leiarane i organisasjonen, mellom dei Nelson Mandela, vart fengsla. Deretter tok motstanden ei ny retning: Frå å fremje ikkjevaldeleg og passiv motstand opna ANC opp for væpna protest og sabotasje. I 1976 tilspissa kampen mot apartheid seg endå meir. Styresmaktene vedtok å endre undervisningsspråket i skulen frå engelsk til afrikaans, språket til dei kvite, og dermed braut det ut protestar. I Soweto, eit byområde for svarte sørafrikanarar, møtte politiet streikande skuleelevar og studentar med kuler og tåregass, og mange vart drepne. Det utløyste uro i heile landet. Ungdom gjekk til angrep på offentlege bygningar, elevar heldt seg borte frå skulane, og arbeidarar streika. Protestane heldt på resten av året. Fleire hundre personar mista livet, og tusenvis vart såra. For mange unge svarte sørafrikanarar vart Soweto-opprøret ein spore til større innsats for å kaste apartheidregimet. For verdssamfunnet vart opprøret eit vendepunkt i forholdet til Sør-Afrika. Den brutale reaksjonen på ungdomsdemonstrasjonane vart sterkt fordømt og førte til sterkare internasjonal støtte for kampen som dei svarte dreiv. Gjennom økonomiske sanksjonar og politisk og kulturell boikott auka verda presset mot det sørafrikanske apartheidstyret.

Apartheidregimet fell 1980-talet vart det siste tiåret for apartheidregiment. Både indre og ytre forhold var årsaker til at regimet fall. Mellom dei viktigaste indre forholda var det at ulike anti­ apartheidorganisasjonar samla seg i ei felles rørsle, slik at motstanden fekk større tyngde. Dessutan gjekk det nedover med den sørafrikanske økonomien, mellom

442


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

anna på grunn av at gullprisen gjekk ned. Ytre forhold medverka til å forverre den økonomiske situasjonen. Dei internasjonale sanksjonane og boikottane førte til at Sør-Afrika vart stadig meir isolert, og utanlandske investeringar stoppa opp. Slutten på den kalde krigen spelte også inn. Då Sovjetunionen fall, innebar det at ANC mista ein viktig støttespelar, og dermed kunne ikkje Nasjonalistpartiet, i håp om å få vestleg støtte, lenger hevde at ANC utgjorde ein kommunisttrussel. Tida var moden for endring. Spørsmålet var berre kva retning endringa skulle ta. Burde politiet og militæret få meir ressursar, slik at styresmaktene framleis kunne kontrollere den svarte befolkninga? Eller burde Nasjonalistpartiet søkje kontakt med Nelson Mandela og ANC? Leiaren for Nasjonalistpartiet, Fredrik W. De Klerk, valde det siste alternativet. Han oppheva forbodet mot ANC og sette Nelson Mandela fri etter 27 år i fangenskap. I april 1994 vart det halde val der alle sørafrikanarar, kvite som svarte, hadde rett til å røyste. ANC fekk nesten to tredelar av røystene, og 10. mai 1994 vart Mandela innsett som president i Sør-Afrika.

Det lovande kontinentet? Kvart år undersøkjer FNs utviklingsprogram (UNDP) korleis levekåra er for befolkninga i alle landa i verda. På denne lista har Noreg fleire gonger vore rangert som nummer éin, og dei aller fleste europeiske landa kjem i same kategorien, altså som svært høgt utvikla land. Dei afrikanske landa, derimot, hamnar eit godt stykke lenger ned på lista. Det landet sør for Sahara som skåra høgast i 2020, var Botswana med ein 100. plass, mens det var 30 afrikanske land mellom dei 33 landa som var rangerte nedst, i kategorien lågt utvikla. Står det verkeleg så dårleg til for Afrika som UNDPs rangering gir inntrykk av? Biletet kan heldigvis nyanserast. Sidan UNDPs undersøking vart gjennomført første gongen i 1990, har utviklinga i verda hovudsakleg gått rett veg, og tendensen

President- og parlamentsval i Ghana, desember 2020.

443


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

Dette kapittelet handla om at i løpet av om lag tretti år (1947–1977) gjekk dei europeiske kolonirika i oppløysing at i Afrika frigjorde koloniane seg frå Storbritannia, Frankrike, Belgia og Portugal rundt 1960 at årsaker til avkoloniseringa var at stormaktene mista styrke etter den andre verdskrigen sidan samarbeid i ­Europa vart viktigare, og at i koloniane voks det fram frigjeringsrørsler, som også samarbeidde over landegrensene at mange afrikanske land sleit med økonomiske vanskar, særleg frå 1970-åra. at i Sør-Afrika vann kampen mot apartheid fram i 1994 at eit av dei verste folkemorda i historia gjekk for seg i Rwanda i 1994 at på 2000-talet er det grunn til optimisme for Afrika, men det er framleis det fattigaste kontinentet at dei unge afrikanske demokratia vart erstatta av meir autoritære regime, mellom anna gjennom militærkupp

framover for dei afrikanske landa ser ut til å vere positiv. Afrika har fått sterk økonomisk vekst, mellom anna ved at eksportinntektene vart nesten firedobla frå 2000 til 2010. Det afrikanske kontinentet er rikt på ettertrakta mineral, mellom anna koltan og kobolt. Desse minerala blir nytta i mobiltelefonar og elbilbatteri, og ­behovet for dei har auka kraftig sidan tusenårsskiftet. I dei siste tiåra er fattigdommen i Afrika redusert. Det vil seie at den delen som er fattige, altså den prosenten av befolkninga som blir definert som fattige, har gått ned. På grunn av sterk folkeauke har likevel det absolutte talet på fattige auka. Den økonomiske veksten har med andre ord ikkje vore stor nok til å kompensere for folkeauken, men denne auken må ein sjå som eit teikn på at Afrika bevegar seg i rett retning. Det er jo slik at befolkninga veks når barnedødelegheita går ned og leve­ alderen går opp, og det vil seie at folk jamt over har fått betre tilgang til legehjelp, vaksinar, reint vatn og betre sanitærforhold. Sidan dei afrikanske landa vart sjølvstendige, har dei fått store summar frå det internasjonale samfunnet (utviklingshjelp), og framleis er mange land avhengige av slik støtte. Det er likevel verdt å merke seg at det også har gått store summar ut av Afrika. På 1980-talet var det til dømes periodar då Det internasjonale penge­ fondet fekk større summar frå afrikanske land, i form av renter og avdrag, enn det dei same landa fekk i lån. Som ei følgje av korrupsjon, kvitvasking og unna­luring av skatt blir det overført verdiar som er opparbeidde på tvilsamt vis, frå Afrika til internasjonale bankar. Dersom vi også reknar med dei enorme summane som utanlandske storselskap hentar ut frå forretnings- og gruvedrift på dette kontinentet, blir den totale pengestraumen ut frå Afrika på storleik med all bistand inn til Afrika.

Meir demokratisering Politisk sett har det gått for seg ei demokratisering i delar av Afrika. Det har vore færre statskupp sidan 1990-talet, og fleire land, mellom dei Ghana, har gjennomført fredelege og vellykka val. I 2002 vart Organisasjonen for afrikansk einskap frå 1963 erstatta av Den afrikanske unionen (AU), som i dag har 55 medlemsland. Målet for AU er vekst og økonomisk utvikling på kontinentet og meir samarbeid mellom dei afrikanske landa. AU har eit eige freds- og tryggleiksråd som har mynde og kapasitet til å gripe inn i konfliktar og kriser, både i og mellom medlemslanda. Ved å fremje panafrikanisme vil AU medverke til at afrikanarane blir herre i eige hus, og gjennom AU har dei afrikanske statane éi felles røyst som aukar sjansen for å bli høyrt i møte med overnasjonale organisasjonar og sterke utanlandske interesser.

Litteratur: Guy Arnold: Africa. A Modern History: 1945–2015, 2017 Tore Linné Eriksen: Afrika. Fra de første mennesker til i dag, 2019 Adrienne M. Israel: «Ex-Servicemen at the Crossroads: Protest and Politics in Post-War Ghana», i: The Journal of Modern African Studies, vol. 30, no. 2, 1992 Kwasi Konadu og Clifford C. Campbell (red.): «Reports on the riots of 1948. Commission of Enquiry into Disturbances in the Gold Coast», i: The Ghana Reader. History, culture, politics, 2016 Deborah Posel: «What’s in a name? Racial categorisations under apartheid and their afterlife», i: Transformation, no. 47, 2001 Jarle Simensen: Mot en ny tid, Aschehougs verdenshistorie, 2001. Jarle Simensen: Afrikas historie, 2004 UNDP: FN Human Development Report 2020 W.M. Spellman: A Concise History of the world since 1945. States and Peoples, 2006

444


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Sjå på overskriftene i dette kapittelet, og skriv 2–3 stikkord til kvar av dei som du meiner summerer opp det avsnitta handlar om. 2 Vel 2–3 årsaker som du meiner var viktige for at dei ­europeiske kolonirika gjekk i oppløysing i løpet av trettiårs­ perioden 1947–1977, og skriv ei kort grunngiving for kvar årsak.

Samanhengar 1 Kva gjorde sjølvstende mogleg? a Les om dei ulike årsakene på side 433, og skriv nokre stikkord til kvar kategori. b Kva kategori meiner du var viktigast for å forklare sjølvstendet? Skriv ei kort grunngiving for kvifor den kategorien var viktigast. 2 «Dersom den andre verdskrigen hadde vore unngått, ville avkoloniseringa gått mykje seinare.» Ta stilling til om du er einig, ueinig eller delvis einig i denne påstanden. Skriv ei kort grunngiving for svaret ditt. 3 Kvifor mislykkast demokratiet i så mange afrikanske land etter frigjeringa? Skriv nokre stikkord til kvar av årsakene nedanfor, og peik ut den du meiner var viktigast. • kunstige politiske einingar

3 Sjå på bileta i dette kapittelet. Kva fortel dei om emna som har blitt omtalt? Ta utgangspunkt i eitt av bileta, og skriv ein bilettekst som seier noko sentralt om avkoloniseringa. 4 Fullfør desse setningane: a Mange afrikanske land sleit med økonomiske vanskar etter avkoloniseringa fordi … b Apartheid vart avskaffa i Sør-Afrika i 1994 fordi … c Eit av dei verste folkemorda i historia gjekk for seg i Rwanda i 1994 fordi …

4 Kjeldeoppgåve. Kvifor er Afrika det fattigaste kontinentet? frå 1990-åra har det blitt vanlegare å leggje vekt på indre årsaker i diskusjonen om Afrikas fattigdom. I utdraget nedanfor presenterer Jarle Simensen (2001) diskusjonen om kulturelle forklaringar på Afrikas fattigdom.

Kunne man også snakke om en afrikansk mentalitet som skapte problemer i forhold til den moderne utvikling? Økonomisk utvikling fordrer langsiktig planlegging, disiplin, punktlighet og pålitelighet i forhold til reglement og regnskap. Mye av dette gikk på tvers av tradisjonell afrikansk kultur. Effektiv organisasjon og ledelse var Afrikas største mangelvare (…). Kontrasten var stor til den disiplinen som var formet i asiatiske samfunn under innflytelse av konfutsianismen.

• verknader av den kalde krigen

a Gi ei vurdering av forklaringa. Er ho rimeleg?

• korrupsjon

b Kva kan vere faren ved slike kulturelle forklaringar?

• brutale leiarar • økonomiske problem • manglande demokratisk tradisjon

Perspektiv 1 Tenk deg at du skal lage ein presentasjon av ein av dei sentrale personane som er omtalte i dette kapittelet. Lag ein disposisjon for korleis du ville presentert personen. Presentasjonen din bør innehalde ei problemstilling som gjeld viktige trekk ved personen og den historiske tida han eller ho levde i. Døme på sentrale spørsmål: • Kva mål hadde personen? • Kva for idear og samfunnsforhold i samtida påverka tankegangen og handlingane til denne personen?

5 Årsaker til folkemord. Undersøk årsakene til folkemordet i Rwanda i 1994. Kva kan forklare at ei gruppe menneske i eit samfunn set i verk folkemord på ei anna gruppe som dei har levt side om side med over lang tid? Sjå eventuelt på oppdraget om folkemord på side 392, og bruk kategoriane du finn der, som utgangspunkt.

• Korleis spelte denne personen ei viktig rolle i historia om landet? • Kor stor makt og kor stort ansvar hadde personen, etter di vurdering? 2 Apartheidregimet i Sør-Afrika var basert på rasisme. Finn eit anna døme på rasistisk politikk frå historia, og samanlikn med apartheidregimet. Korleis vart den rasistiske politikken grunngitt, og kvifor var det så mange som aksepterte han?

445


HISTORIE

K A P 18 Avkolonisering og nye statar

Oppdrag 1:

Post 3: Kvifor er landet framleis fattig?

Utforsk situasjonen i eit afrikansk land

Diskuter med utgangspunkt i SPØKT-skjemaet kva for årsaker som kan forklare at landet framleis er fattig. Diskuter også kva for andre årsaker som kan forklare situasjonen i landet.

Mange av landa som tidlegare var koloniar, har hatt både sosiale, politiske og økonomiske utfordringar etter avkoloniseringa. I dette oppdraget skal du utforske korleis historiske forhold kan forklare situasjonen i eit utviklingsland.

Post 1: Vel eit land, og finn nøkkelinformasjon Vel eit land sør for Sahara i Afrika (sjå kartet side 427), som kan kategoriserast som eit utviklingsland, og som tidlegare var ein koloni. Finn nøkkelinformasjon om den historiske ­utviklinga i landet, og skriv det på ei tidsline. Du bør finne ut dette: • Når vart landet kolonisert, og kven gjorde det? • Kor lenge var landet ein koloni? • Når vart landet avkolonisert? • Korleis har landet blitt påverka av moderniserings­ prosessar, som industrialisering, utbreiing av ideane frå opplysningstida om demokrati og menneskerettar, og sekularisering?

Post 4: Korleis kan landet kome ut av fattigdommen? Forskarar og politikarar er ueinige om korleis utviklingsland kan oppnå økonomisk og sosial utvikling, og slik kome ut av fattigdommen. Somme peikar på at frihandelen er viktig, andre meiner ulike former for bistand. Atter andre peikar på demokrati. a Undersøk kva for sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle og/eller teknologiske endringar som har vore prøvde ut for å få til utvikling i landet du har undersøkt. b Diskuter deretter, med utgangspunkt i analysen du har gjort i dette oppdraget, korleis dette landet kan kome ut av fattigdommen.

• Korleis er situasjonen i landet i dag når det gjeld styresett og utviklingsnivå (undersøk HDI-indeksen)?

Post 2: Korleis påverka kolonitida landet? Undersøk korleis kolonitida påverka dette landet. Lag eit SPØKT-skjema, og finn konsekvensar av kolonitida i dei ulike kategoriane. Ruta med teknologiske forhold er her delvis fylt ut for India for å vise korleis det kan gjerast. Konsekvensar av kolonitida for landet mens det var ei koloni

Konsekvensar av kolonitida for landet etter at det vart avkolonisert

Utbygging av infrastruktur: jernbanenett, vegar, bruer, vatningsanlegg

Landet hadde denne infrastrukturen også etter avkoloniseringa

Sosiale forhold Politiske forhold Økonomiske forhold Kulturelle forhold Teknologiske forhold

446


Oppdrag 2:

Post 3: Diskuter problemstillinga

Kven skriv historia?

Ta utgangspunkt i argumentlista i post 2, og diskuter ­påstanden eller problemstillinga med nokre medelevar.

Historie er bygd opp av mange ulike perspektiv. Kritisk ­tenking i historie handlar mellom anna om å vise at du er bevisst på kva for perspektiv som blir lyft fram i ein historisk fagtekst, og kva for perspektiv som kanskje ikkje er med. Dette er noko meir enn å berre avsløre identiteten til forfattaren av teksten; du må lese teksten grundig og stille kritiske spørsmål til han. I samband med historia om imperialisme og avkolonisering blir det ofte diskutert om framstillinga av denne perioden mellom anna i norske lærebøker er skriven frå eit eurosentrisk eller vestleg perspektiv. I dette oppdraget er det nettopp det du skal utforske, og dermed øve deg i å lese og tenkje kritisk.

Post 4: Framstill historia frå ulike perspektiv sjølv Ta utgangspunkt i avsnittet under overskrifta «Landegrenser og folkegrupper» på side 436 (eller eit anna avsnitt som du vel sjølv). Skriv om avsnittet slik at det er frå eit tydelegare eurosentrisk perspektiv, og skriv eit anna utkast frå eit tydeleg afrikansk eller indisk perspektiv. Samanlikn med ein medelev, og diskuter kva de kan lære av det.

Post 1: Forstå omgrepa

Post 5: Reflekter og diskuter

Finn definisjonar av omgrepa eurosentrisk perspektiv og vestleg perspektiv.

Diskuter og reflekter over, med utgangspunkt i det de nå har gjort, om det er mogleg å omtale eit tema som dette objektivt, og kva som i så fall må til.

Post 2: Les eit utdrag frå lærebokteksten kritisk Les det som står under overskrifta «Den første fasen i av­ koloniseringa» (eller ei anna side i kapittelet), og finn 2–3 argument for og 2–3 argument imot denne påstanden: «Denne teksten er skriven frå eit eurosentrisk perspektiv.»

Kart over Afrika frå 1754.

Johannesburg, Sør-Afrika.

447


K A P I T T E L 19

Innhald:

Situasjonen i Midtausten side 450 Israel/Palestina side 450 Egypt og forsøket på arabisk fellesskap side 454 Israel og forholdet til arabarstatane side 456 Iran og Irak side 460 Lange liner: religiøse og økonomiske endringar i Midtausten side 464 Fredsforsøk og ny vald side 466

Midtausten I Midtausten vart dei tre verdsreligionane jødedom, islam og kristendom til. Det gjer at mange har eit spesielt forhold til regionen. Konfliktane i området – særleg konflikten mellom israelarar og palestinarar – har engasjert verdssamfunnet gjennom mange år. Men ingen har til no greidd å finne ei løysing. Mange meiner at fred og demokrati i Midtausten må til for at verda skal vere trygg og stabil. Kva er bakgrunnen for konfliktane i Midtausten?


Slik såg det ut SVA

GEORGIA Tblisi

RTEHAVET

ARMENIA Jerevan

Istanbul Ankara

TYRKIA

Aleppo

SYRIA

Sulaymaniyah Tig

Tikrit

t

alen

Sinai

IRAN

Najaf Basra

SAUDI-ARABIA

KUWAIT

Pe

Jødisk stat i 1947 n

Arabisk (palestinsk) stat i 1947

i

le

a

rs

Ni

LIBYA

EGYPT

Qom

Bagdad

IRAK

JORDAN

Kairo

Teheran

ris

fra

zkan

Alexandria

isk om rå Diyarbakir de Irbil Mosul

Eu

Nikosia LIBANON Beirut Damaskus Jerusalem Tel Aviv Vestbreidda Gaza Amman

KYPROS Sue

Benghazi

Kaspihavet

Kurd

HELLAS

MI DD ELH AVET

ASERBAJDSJAN NagornoBaku Karabakh

BAHRAIN

bu

Grense for palestinske område i dag: Vestbreidda* og Gaza.

QATAR Doha

Abu Dhabi

DEI SAMEINTE FORENTE ARABISKE EMIRATER EMIRATA

Grensene for Israel i dag

Midtausten etter den andre verdskrigen

Dubai

kta

*Berre delar av Vestbreidda står under palestinsk kontroll.

LIBANON

Dette har hendt Det osmanske riket hadde eksistert sidan 1300-talet og omfatta store delar av Midtausten. Stormaktene i Europa hadde sterk politisk og økonomisk innverknad i Midtausten alt på 1800-talet. Storbritannia hadde den eigentlege kontrollen over Egypt, Frankrike over Libanon og Syria. Denne kontrollen var viktig for å sikre handelsvegane til Asia.

Beirut

SYRIA Damaskus

Jerusalem Tel Aviv

Vestbreidda

Gaza Amman

JORDAN

Sinai


HISTORIE

1948

K A P 19 Midtausten

Israel blir erklært oppretta. Det bryt ut krig med dei arabiske nabolanda

1956

Striden om kontrollen over Suezkanalen

1964

PLO (Den palestinske frigjeringsorganisasjonen) blir oppretta. Yasir Arafat blir leiar frå 1969

1967

Seksdagarskrigen der Israel vinn over Egypt, Jordan og Syria

1973

Yom Kippur-krigen der Egypt og Syria går til angrep på Israel. Oljekrise

1975–1990

1978

1978–1979

Borgarkrig i Libanon

Fredsavtale mellom Israel og Egypt

Revolusjon i Iran

Situasjonen i Midtausten Arabarane og stormaktene etter den første verdskrigen Under den første verdskrigen fall det osmanske riket frå kvarandre. Arabarane i riket hadde lenge vore misfornøgde med å leve under tyrkisk herredømme, og dei gjorde opprør for å bli sjølvstendige. Sigersmaktene etter den første verdskrigen, Stor­ britannia og Frankrike, gav uklare lovnader om å hjelpe arabarane til sjølvstende. Men i oppgjeret etter krigen gjekk dei europeiske sigersmaktene tilbake på lovnadene sine. Storbritannia og Frankrike tenkte framleis som imperialistar, og ville ikkje overlate Midtausten til arabarane. I staden vart Syria og Libanon franske mandat, mens Mesopotamia, Palestina og Transjordan vart britiske. Mandatområda fekk lovnad om å bli sjølvstendige ein gong i framtida, men dei vart på mange måtar styrte som koloniar. I 1920- og 1930-åra vart mandatsystemet gradvis avvikla i Midtausten. Britane og franskmennene prøvde likevel å sikre seg innverknad ved å opprette gunstige avtalar med dei nye statane. Statsgrensene i Midtausten er stort sett dei same som dei britane og franskmennene teikna opp etter den første verdskrigen. Somme forskarar meiner at sjølv om desse grensene var «kunstige», har befolkninga etter kvart godteke dei. Andre meiner at britane og franskmennene øydela for ei demokratisk utvikling i Midtausten. Dei sette inn kongar som befolkninga ikkje hadde ­lojalitet til, og som slo ned demokratiske rørsler.

Israel/Palestina Palestina var eit av dei britiske mandatområda. Ved slutten av den første verds­ krigen var om lag 90 prosent av befolkninga arabiske muslimar, mens kristne og ­jødar utgjorde resten. For jødane, som i all hovudsak budde i Europa, var det same området Det heilage landet Israel.

Kampen for ein jødisk stat Den politiske sionismen

1980–1988

Krig mellom Iran og Irak

1987

Intifadaen, palestinsk opprør bryt ut

1991

Golfkrigen

1993

Oslo-avtalen (Oslo 1) blir inngått mellom palestinarar og israelarar

2000–2003

450

Den andre intifadaen bryt ut i dei palestinske områda

På slutten av 1800-talet auka diskrimineringa av jødar i Europa. I Tyskland og Austerrike vart det stifta antisemittiske parti, og med Dreyfus-saka kom antisemittismen til uttrykk i Frankrike. Forholda var nok likevel verst i Russland, der jødane vart utsette for valdelege forfølgingar og drap, pogromar. Den aukande antisemittismen hadde samanheng med framveksten av nasjonalismen i Europa. Jødane hadde sin eigen religion og kultur, si eiga historie og sitt eige språk, og dei passa dermed ikkje inn i dei europeiske nasjonalstatane. Ein stadig vanskelegare situasjon gjorde at mange europeiske jødar vart overtydde om at problema deira kravde ei politisk løysing. Ein av dei var journalisten Theodor Herzl (1860–1904). Han meinte at jødane måtte reknast som ein eigen nasjon, og at dei dermed trong sin eigen stat. Det er dette som blir kalla politisk sionisme. I 1897 organiserte Herzl den første sionistkongressen, og der vart Verdssionistorganisasjonen (World Zionist Organization, WZO) stifta. Mange av deltakarane på kongressen meinte at problemet for jødane ikkje berre var at dei Midtausten er ikkje eit presist omgrep – det varierer kva land ein reknar med. I denne boka reknar vi at Midtausten er landa frå Egypt i vest til Iran i aust og landa på den arabiske halvøya i sør.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Jerusalem med klagemuren og klippemoskeen i bakgrunnen.

pogrom: øydelegging

vart forfølgde, men også kjensla av å vere «heimlause». Dei vedtok difor at rørsla skulle ha som mål at det vart oppretta ein «sikker heim» i Palestina for det jødiske folket.

Balfour-erklæringa under den første verdskrigen Straks det osmanske riket kom med i den første verdskrigen, begynte stormaktene å leggje planar for det som skulle skje med dette enorme området når krigen var over. Verdssionistorganisasjonen forstod raskt at spørsmålet om Palestina ville bli aktuelt i samband med krigsoppgjeret. Dersom det skulle lykkast for jødane å få ein stat i Palestina, måtte dei handle. Ein av dei mest sentrale leiarane i organisasjonen var Chaim Weizmann. Han var biokjemikar, og under krigen arbeidde han i London med å betre britisk våpenproduksjon. Gjennom dette arbeidet fekk han gode kontaktar i den britiske regjeringa, mellom anna med utanriksminister Arthur Balfour. På grunn av dei diplomatiske evnene sine og eit godt kontaktnett greidde Weizmann å få den britiske utanriks­ ministeren til å stille seg bak målet til sionistane. I november 1917 skreiv Balfour eit brev til Lord Rothschild, leiaren for den britiske sionistrørsla, der han erklærte at han ville støtte opprettinga av ein nasjonalheim for det jødiske folket i Palestina. Den britiske regjeringa godkjende innhaldet i brevet. Brevet frå Balfour, som sidan vart kjent som Balfourerklæringa, var med vilje formulert uklart og tok fleire atterhald. Det var adressert til Lord Rothschild personleg fordi regjeringa ikkje ynskte å gi direkte støtte til Verdssionistorganisasjonen.

Mesopotamia: dagens Irak Transjordan: dagens Jordan Dreyfus-saka: fransk-jødisk offiser som vart dømd basert på falske skuldingar

Konfliktane i Midtausten har halde på lenge og er ikkje så lette å få oversikt over. Kva land tenkjer du på med Midtausten? kva veit du om konfliktane frå før?

I eit brev erklærer utanriksminister Arthur Balfour: «Hans ­Majestets regjering ser med velvilje på opprettinga av ein nasjonalheim for det jødiske folket i Palestina, og vil etter beste evne leggje til rette for at dette målet skal bli nådd, under den klare forståinga at ingenting skal bli gjort som kan gå ut over dei sivile og religiøse rettane til eksisterande ikkjejødiske samfunn i Palestina, eller rettane og den politiske statusen som jødar har i andre land.»

451


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Kvifor gav den britiske regjeringa denne lovnaden? Vi kan formulere fleire svar på dette spørsmålet: • I 1917 var det uklart korleis krigen ville utvikle seg. Russland var på veg ut av krigen, og USA hadde ikkje kome skikkeleg med. Britiske styresmakter ville bruke lovnaden om Palestina i propaganda for å påverke jødiske miljø i Russland og USA. Håpet var at dei kanskje kunne overtyde styresmaktene om å kjempe med dei allierte i krigen. • Ein jødisk stat i Palestina passa godt saman med dei strategiske planane britane hadde i Midtausten. Dersom britane fekk vere til stades i området for å sikre ein jødisk stat, kunne dei samtidig halde på kontrollen over Suezkanalen i Egypt. • Mange britar uroa seg over jødisk innvandring frå Aust-Europa. Fleire sionist­ leiarar var klar over det og meinte at antisemittismen mellom europeiske leiarar ville hjelpe jødane med å få ein ny stat utanfor Europa.

Palestina som britisk mandatområde Då Palestina kom under britisk kontroll, gjekk britane raskt i gang med å leggje til rette for jødisk kolonisering i området. I Balfour-erklæringa hadde britane sagt at dei skulle passe på rettane til dei arabiske innbyggjarane, som no utgjorde over 85 ­prosent av befolkninga i området. Likevel var det tydeleg at det ikkje ville bli teke omsyn til dei. I eit notat skreiv utanriksminister Balfour:

Sionismen, om den er riktig eller gal, god eller dårlig, er forankret i eldgamle tradisjoner, i aktuelle behov, i fremtidige håp av langt mer tungtveiende betydning enn ønskemålene og fordommene til de 700 000 araberne. Sitert etter Butenschøn (2008)

Korleis vil du karakterisere rolla til britane i perioden det står om ovanfor?

Etter at Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, auka den jødiske innvandringa til Palestina kraftig. For å kunne livnære seg kjøpte nykomne jødar opp jordeigedom frå store arabiske jordeigarar, og taparane vart dei palestinske småbøndene som hadde leigt jord. Dei vart gjerne viste bort og enda som arbeidslause. Forholda viste seg å vere eksplosive. Palestina vart herja av streikar, terroraksjonar og eit valdeleg opprør som britane streva med å slå ned. Etter opprøret prøvde britane å bremse innvandringa av jødiske flyktningar. Innstramminga kom i 1939, samtidig som ­tusenvis av jødar flykta for livet frå Hitlers terrorregime. Ikkje overraskande møtte britane massiv fordømming av politikken. Då den andre verdskrigen tok slutt, vart folk flest klar over omfanget av holocaust (sjå side 324). Katastrofen som hadde ramma dei europeiske jødane, gjorde at den politiske sionismen vann terreng og medverka til å gi moralsk legitimitet. Sionistane fekk meir internasjonal støtte for ynsket sitt om ein jødisk stat. Samtidig dreiv jødiske organisasjonar terrorverksemd mot britiske stillingar for å presse dei til å forlate Palestina. Britane innsåg at situasjonen hadde blitt umogleg å løyse og overlét problemet til FN i 1947.

Israel blir oppretta, og det bryt ut krig I november 1947 vedtok FN at det skulle opprettast ein jødisk og ein arabisk stat i Palestina. Området skulle fordelast mellom dei to folkegruppene. Forslaget fekk akkurat så mykje støtte som det trongst for at vedtaket vart kjent gyldig. For at tiltaket skulle kunne gjennomførast, ville det krevje mykje godvilje frå begge sider, og mange innsåg alt då vedtaket vart gjort, at det var urealistisk. Jødane eigde godt under 10 prosent av jorda i Palestina og utgjorde om lag ein tredel av befolkninga, men i FN-vedtaket vart dei tildelte over halvparten av Palestina.

452


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Det ville ikkje palestinarane gå med på. Dei arabiske landa gjorde det klart at dei ville motarbeide vedtaket med militære middel. Mellom jødane var det mange som feira FN-vedtaket som ein siger. Ein del meinte likevel at vedtaket ikkje gjekk langt nok, og at jødane historisk og religiøst sett hadde rett til heile landet. FN var ikkje i stand til å følgje opp vedtaket sitt. Då det braut ut borgarkrig ­mellom palestinarar og israelarar, og seinare krig mellom dei arabiske statane og Israel, stod FN makteslaus og såg på.

Palestinakrigen 1947–1949

I de dager skalv Galilea av frykt: hus i ruiner, mennesker på vandring, fraflyttede landsbyer og alt gikk i surr. (…) I de dager glemte vi igjen barna våre», sa Umm Hassan (…) «I de dager, gutten min, lot vi alt være igjen. Vi lot de døde ligge igjen under åpen himmel og lot oss jage. Frå Elias Khoury: Solens port (2001)

Israelarane kallar palestinakrigen «sjølvstendekrigen». Palestinarane kallar den same krigen «al-nakba», som tyder ‘katastrofen’. Krigen hadde to hovudfasar: • Den første fasen var borgarkrigen mellom israelarar og palestinarane. Han gjekk for seg frå FN-vedtaket vart gjort hausten 1947 og fram til staten Israel vart erklært sjølvstendig i mai 1948. Palestinarane protesterte mot FN-vedtaket, og det oppstod kampar som raskt spreidde seg til heile Palestina. Israelarane prøvde å erobre områda som FN-vedtaket hadde gitt dei, i tillegg til nokre andre område dei gjorde krav på, mens palestinarane prøvde å hindre det. • Den andre fasen begynte i mai 1948, då britane trekte seg ut, og dei arabiske landa Egypt, Jordan, Syria, Libanon og Irak gjekk til angrep på Israel. Målet var å forsvare Palestina og å øydeleggje den nye jødiske staten. Krigen varte til ­januar 1949. Palestinske flyktningar evakuerer landsbyen Zenin, 1948.

453


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

I borgarkrigen viste det seg raskt at israelarane var overlegne. Dei hadde bygt opp militsar med spesialavdelingar der mange hadde kamperfaring frå den andre verdskrigen, og dei hadde skaffa seg store mengder våpen og ammunisjon. Palestinarane var dårleg organiserte, sjølv om dei hadde støtte av frivillige styrkar frå andre arabiske land. Massakren i den palestinske landsbyen Dayr Yasin utanfor Jerusalem blir ofte rekna som avgjerande. 9. april 1948 angreip jødiske militærstyrkar landsbyen og drap over hundre menneske, mellom dei småbarn og gamle. Det braut ut panikk mellom palestinarane. I ein hemnaksjon drap palestinske krigarar uvæpna jødiske legar og sjukepleiarar, og frykta for gjengjelding auka. Palestinarane flykta med det dei kunne bere med seg av eigedelar. For mange skulle det bli siste gongen dei fekk sjå heimen sin. Jamvel når dei arabiske landa gjekk inn med hærane sine, viste Israel seg å vere overlegent. Etter våpenkvileavtalane var Palestina blitt delt mellom Israel, Egypt og Jordan. Over 700 000 palestinarar hadde blitt flyktningar. Kvifor var israelarane så overlegne? Dei israelske styrkane var større, betre utstyrte og betre organiserte enn dei arabiske styrkane. I tillegg kjempa israelarane svært godt. Dei oppfatta krigen som ein kamp på liv og død for den nyfødde israelske staten.

Egypt og forsøket på arabisk fellesskap Ein felles arabisk nasjon? Nederlaget i krigen om Palestina gjorde at leiarane i dei arabiske landa mista tillit i befolkninga, og fleire statskupp følgde. Mange meinte at ein felles arabisk nasjon måtte til for å kunne stå imot innblanding utanfrå, og utover på 1950-talet voks ein panarabisk nasjonalisme fram under leiing av Egypt.

Statskupp i Egypt I 1952 tok ei gruppe unge offiserar makta i Egypt gjennom eit statskupp. Snart stod ein av dei, Gamal Abdel Nasser, fram som den fremste leiaren. Eit av måla til Nasser og offiserane var revansje mot Israel. Dei gjekk inn for ein ideologi som dei kalla «arabisk sosialisme», og kjempa mot dei gamle elitane i landet. Gjennom omfattande landreformer og skattlegging skulle skilnadene mellom rike og fattige egyptarar bli mindre. Dei såg på islamistane i Det muslimske brorskapet som ein trussel og forbaud organisasjonen. I utanrikspolitikken kritiserte Nasser leiarskapet i dei andre arabiske landa. Han ynskte at Egypt skulle ha ein fri og sjølvstendig posisjon overfor dei gamle stor­ maktene Storbritannia og Frankrike. Nasser ville ikkje alliere seg med USA eller Sovjetunionen, og Egypt vart eit av dei førande landa innanfor rørsla av alliansefrie statar. Regimet var udemokratisk, og opposisjonen fekk lite spelerom. Men Nasser vart umåteleg populær i den arabiske verda fordi han torde å stå opp mot «utanlandsk innblanding». Dei vestlege stormaktene var derimot svært skeptiske til Nasser, og meinte det var han som var årsaka til problema i Midtausten.

«Islam er løysinga»: Det muslimske brorskapet Det muslimske brorskapet vart grunnlagt i Egypt i 1928. Medlemmene ynskte modernisering, men meinte at islam framleis måtte ha ein viktig plass i samfunnet. Organisasjonen dreiv velferdsarbeid, skular og sjukehus. Etter eit attentat­ forsøk mot Nasser vart Det muslimske brorskapet forbode og medlemmene forfølgde. Under seinare presidentar fekk nokre representantar for rørsla vere med i samfunnsdebatten, men ikkje stille som eige parti.

454


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Suezkrisa i 1956 Det tydelegaste uttrykket for utanlandsk innblanding i egyptiske forhold var Storbritannias kontroll over Suezkanalen. Det var eit fransk-britisk selskap som eigde kanalen, og britane hadde rundt 80 000 soldatar stasjonerte i kanalområdet, i det som då var den største militærbasen i verda. Mange egyptarar var skeptiske til at britane var der, og hausten 1954 gjekk Storbritannia med på å trekkje seg ut av Egypt. Då britane trekte seg tilbake, vart Israel meir redd for eit angrep frå Egypt. Forholdet mellom dei to nabolanda forverra seg utover vinteren 1955. Sporadisk uro vart avløyst av blodigare samanstøyt, og i februar 1955 angreip Israel ein egyptisk militærleir på Gazastripa. Denne hendinga førte til at Nasser retta fullt fokus mot konflikten med Israel. Han vedgjekk at Egypt måtte skaffe seg moderne våpen for å verne den urolege grensa. Nasser bad først dei vestlege stormaktene om å få kjøpe våpen frå dei, men dei avslo. Då vende han seg i staden til Sovjetunionen, og her fekk han napp. Sovjetunionen godkjende eit stort sal av våpen til Egypt, mellom anna fly, stridsvogner og ubåtar. Sambandet mellom Egypt og austblokken skaka landa i vest. For å vinne igjen posisjonen sin i Egypt, og for å hindre kommunistisk innverknad, tilbaud Storbritannia og USA seg hausten 1955 å finansiere det storslåtte prosjektet som Nasser-regimet sette i verk: utbygginga av Aswandammen, ein enorm, kunstig innsjø i Nilen. Aswandammen skulle gi ny, dyrkbar jord, og vasskrafta skulle forsyne heile landet med straum. Egypt var avhengig av utanlandsk støtte for å finansiere prosjektet. Men alt sommaren 1956 trekte USA tilbake lovnaden om finansiering, og Nasser bestemte seg for å gi tydeleg uttrykk for det han syntest om måten stormaktene for fram på. Berre ei veke etter at USA trekte støtta si, nasjonaliserte Egypt Suezkanalen. Nasjonaliseringa av Suezkanalen var lovleg etter internasjonal rett, men britiske og franske styresmakter reagerte kraftig. Dei inngjekk ein hemmeleg avtale med Israel om å gå til krig mot Egypt. Målet var å sikre Nassers fall og sørgje for at ein mindre sjølvrådig president fekk makta, men planen fall i fisk. Ingen trudde på britiske og franske forsikringar om at dei gjekk inn i Suezkrigen for å sikre fred mellom Egypt og Israel. Egypt stengde Suezkanalen for oljeleveransar, og britisk økonomi hadde enno ikkje kome seg nok etter den andre verdskrigen til å finansiere krigføring. Etter berre ni ­dagar måtte dei fransk-britiske styrkane trekkje seg tilbake med halen mellom beina. Suezkrigen viste at Storbritannia framleis prøvde å vere ei stormakt som forsvarte interessene sine i Midtausten – men den tida var forbi for den gamle britiske kjempa.

nasjonalisere: gjere til statseigedom

Suezkanalen, Egypt. Kvart år passerer over 20 000 fartøy gjennom den 163 km lange kanalen.

Ein felles arabisk nasjon? Nasser var den store sigerherren etter Suezkrisa i 1956. Han vart eit symbol på mot i den arabiske verda fordi han hadde stått opp mot dei gamle imperialistiske stormaktene og Israel. Nasser brukte radio for å spreie den politiske bodskapen sin, og talane hans vart kringkasta over heile den arabiske verda. Den egyptiske presidenten var så populær mellom folk i Syria at politikarane der vende seg til han for å føreslå ein union mellom landa. Den sameinte arabiske republikken vart oppretta i 1958. Tanken var at fleire arabiske land ville slutte seg til, men slik gjekk det ikkje. Syrarane vart misfornøgde med at dei fekk for lite makt i unionen, og han vart snart oppløyst.

455


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Israel og forholdet til arabarstatane Nedanfor finn du omtalar av ulike konfliktar. Mens du les, skal du prøve å notere svar på desse spørsmåla: 1 Kven var involverte i krigen? 2 Kvifor begynte krigen? 3 Kva vart følgjene av krigen?

Staten Israel hadde hatt ein blodig fødsel. Til og med i dei fredelegaste periodane kom det ofte til mindre samanstøytar med dei arabiske nabolanda. Nabolanda frykta at Israel ville prøve å erobre større område, og arabiske leiarar overgjekk ­kvarandre i å fordømme og truge Israel. Mykje av truslane var tom propaganda for å styrkje eigen popularitet, men Israel tok truslane på alvor. Frykta for nabolanda prega det israelske samfunnet. Den første statsministeren i landet, David Ben-Gurion, meinte at Israel berre kunne overleve som ein «nasjon av soldatar». Israelarar hadde lang verneplikt, to år for kvinner og tre år for menn. Prinsippet i utanrikspolitikken var at dei arabiske nabolanda aldri skulle gløyme at Israel var militært overlegent. Aggresjon skulle møtast med rask og kraftig gjengjelding.

Seksdagarskrigen i 1967 I mai 1967 rapporterte etterretningskjelder om at Israel såg ut til å skulle setje i verk ein stor militæroperasjon mot den syriske grensa. I ettertid har det vist seg at rapporten var feil, men dei arabiske leiarane trudde på han. Nasser var igjen oppteken av å vise seg som den sterkaste arabiske leiaren, og han flytte troppar mot den ­israelske grensa. Egypt fekk støtte av Jordan og Syria. Truleg ynskte ikkje Nasser krig. Han gambla med at supermaktene Sovjetunionen og USA ville sørgje for å roe ned stemninga. Men Israel venta ikkje. 5. juni angreip Israel Egypt. Med sin ­overlegne luftstyrke bomba Israel militære flybasar og øydela flyvåpena til Egypt, Jordan og Syria før landa rakk å reagere. Krigen var over etter berre seks dagar. Den korte krigen fekk store konsekvensar. Tusenvis av soldatar frå Egypt, Jordan og Syria mista livet, og militærstyrkane låg fullstendig nede etter bombinga. Krigen førte også til eit stort flyktningproblem. Fleire hundre tusen flyktningar strøymde inn i Jordan. Israel erobra Sinaihalvøya og Gazastripa frå Egypt, Golanhøgda frå Syria og Vestbreidda, Betlehem og Aust-Jerusalem frå Jordan. Israel okkuperte no område der det budde rundt 1,5 millionar arabarar. Seksdagarskrigen gjorde at Israel vart oppfatta som uovervinneleg, både heime og ute. For dei arabiske statane var krigen ein audmjukande fiasko og førte til ­mindre oppslutning om arabisk nasjonalisme. Israelarane vil helst kalle krigen mellom 5. og 11. juni 1967 «seksdagarskrigen». Det namnet har også vore mest brukt i norsk. Arabarane og ein del forskarar brukar «junikrigen» fordi dei ikkje vil fokusere på at krigen varte så kort tid.

Yom Kippur-krigen og fredsavtalen Då Nasser døydde uventa i 1970, overtok visepresident Anwar Sadat makta i Egypt. Sadat forstod at Egypt desperat trong fred med Israel. Turistnæringa leid, og utanlandske forretningsfolk ville ikkje investere i Egypt så lenge konflikten varte. Dei økonomiske problema førte til sosial uro som også truga Sadats eigen maktposisjon. Etter forhandlingar vart det lagt fram forslag til ein avtale mellom dei to landa: Dersom Israel trekte seg tilbake til grensene frå før seksdagarskrigen, skulle Egypt inngå ein fredsavtale med Israel. Det vart avvist av Israel. For å vinne igjen områda som Israel erobra under seksdagarskrigen, planla Sadat ein ny krig, denne gongen med støtte frå Syria. I oktober 1973 gjekk Egypt og Syria til eit koordinert angrep på Israel. Fordi angrepet kom under den jødiske høgtida Yom Kippur, var det israelske forsvaret uførebudd. I krigen som følgde, fekk

456


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Israel enorme mengder våpen frå USA, mens Egypt og Syria fekk forsyningar frå Sovjetunionen. Våpenforsyningane førte til høge dødstal. Etter press frå FN vart det våpenkvile etter tre veker. Dei arabiske landa auka presset i konflikten ved å innføre oljeboikott som dreiv prisane i vêret. Boikotten gjorde at USA og andre land ivra for å få i stand ein fredsavtale, men det var ikkje før i 1978 at Israel og Egypt skreiv under fredsavtalen på Camp David, landstaden til dei amerikanske presidentane. Egypt vart møtt med hard kritikk etter å ha inngått fredsavtalen med Israel. Arabarstatane braut alt samarbeid med Egypt, og palestinarane kjende seg svikne. Avtalen gjorde også president Sadat upopulær i Egypt, og i 1981 vart han drepen av ei islamistisk gruppe i eit attentat. Etterfølgjaren, Husni Mubarak, greidde å leggje lokk på alt opprør og halde seg ved makta til han vart styrta i den arabiske våren i 2011 (sjå side 480).

Palestinarane: livet som flyktningar og okkuperte

Avskil. Israelske soldatar på veg til Yom Kippur-krigen 1973.

Opprettinga av Israel førte til svært mange palestinarar på flukt. I 1950 tok nesten ein million palestinarar imot hjelp frå FN. Etter seksdagarskrigen i 1967 auka talet på palestinarar til 1,3 millionar. Flyktningane levde i leirar i Jordan, Libanon, Syria og på Gazastripa. Dei første flyktningane håpa å vende snart tilbake, men livet som flyktning skulle kome til å bli permanent for mange av dei. I den første tida var det berre enkle telt og brakker i flyktningleirane. Etter som åra gjekk, vart telta bytte ut med hus i betong, skular og butikkar. Men leirane vart ikkje vanlege bysamfunn. Det var stader der heile befolkninga var avhengig av internasjonal naudhjelp, der det ikkje fanst jobbar, fridom eller framtid. Palestinarane vart ikkje integrerte i landa der leirane låg. I Egypt og Libanon fekk ikkje palestinske flyktningar bevege seg fritt eller ta arbeid, og fleire land forbaud palestinarane å danne organisasjonar. Kvifor vart palestinarane behandla slik av dei arabiske vertsnasjonane sine? Dei arabiske landa hadde ikkje økonomiske ressursar til integrering. Stor arbeidsløyse gjorde at dei stengde arbeidsmarknaden for flyktningane. Dessutan følgde det eit sikkerheitsproblem med palestinarane. Dersom palestinarane fekk høve til å organisere seg, ville det utsetje vertsnasjonen for militær gjengjelding frå Israels side. Ikkje alle palestinarar var flyktningar. Etter seksdagarskrigen levde mange under israelsk okkupasjon på Vestbreidda og Gazastripa. Til å begynne med såg den israelske leiinga for seg at desse områda skulle dei gi i bytte mot fredsavtalar med dei arabiske landa. Men etter kvart fekk israelske nybyggjarar busetje seg i områda. Nybyggjarane kom ofte i konflikt med dei palestinske naboane sine. Mange av dei såg på det som ei religiøs plikt å busetje seg her, og på den måten erobre områda for jødane. For israelske styresmakter var busetnadene eit middel for å gjere ­områda israelske og styrkje kontrollen. I åra mellom 1948 og 1967 hadde palestinarane først og fremst håpa på hjelp frå arabiske leiarar. Men nederlaget i seksdagarskrigen gjorde at fleire palestinarar innsåg at dei måtte gjere noko sjølve.

457


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Yasir Arafat og Al-Fatah overtek PLO

Spesielt i periodar med store konfliktar er synet på kva som eigentleg hende, omdiskutert. Kva for ulike syn trur du kan prege perioden du no arbeider med?

Etter seksdagarskrigen vart mange mindre geriljaorganisasjonar aktive på Gazastripa og i Jordan. Ein av dei var Al-Fatah, leidd av Yasir Arafat. Arafat vart også vald til formann i Den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO (Palestine Liberation Organization). PLO var ein paraplyorganisasjon, ei samanslutning av fleire sjølvstendige palestinske grupper. Med Arafat i spissen fekk PLO ei viktig ­internasjonal rolle, og palestinarsaka vart sett på dagsordenen igjen. I 1970-åra var det mange palestinske terroraksjonar, mellom anna flykapringar, som ramma både israelarar og andre. Palestinarane var ikkje samkøyrde som gruppe, så somme støtta terrorismen, andre ikkje. Ei av dei verste hendingane kom under OL i München i 1972, der elleve israelske idrettsutøvarar vart tekne til fange og drepne. Palestinarane oppnådde lite med terroraksjonane sine, anna enn å skape frykt. Israel vart ikkje svekt, og palestinarane stod i fare for å miste sympati for saka si på grunn av terrorismen.

Intifadaen og etableringa av Hamas Palestinarane på Vestbreidda og Gazastripa merka den israelske okkupasjonen på kroppen kvar dag. Dei måtte bere eigne identifikasjonspapir og gjennomgå

Kvinner spelte ei viktig rolle i fleire av dei palestinske terrororganisasjonane som stod bak flykapringar i 1970-åra.

458


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

sikkerheitskontrollar. I lokalsamfunna var det stadig arrestasjonar og politivald. Eit folkeleg palestinsk opprør – intifadaen – braut spontant ut i 1987. Palestinarane engasjerte seg i massedemonstrasjonar, streikar og boikott av israelske varer. Under massedemonstrasjonane vart det kasta stein. Opphavleg forbaud palestinarane bruk av skytevåpen og knivar, men med åra vart intifadaen meir valdeleg. Valden ramma ikkje berre israelarar, men også palestinarar som vart mistenkte for forræderi. Under intifadaen vart det danna ein ny organisasjon som skulle få mykje å seie: Hamas. Hamas var ei undergruppe av Det muslimske brorskapet i Egypt. Mens AlFatah og PLO var sekulære organisasjonar, kjempa Hamas for at Palestina skulle bli ein stat som bygde på islamske verdiar. Med åra opna Al-Fatah og PLO for ei tostatsløysing på konflikten. Det vil seie at dei godtok at staten Israel skulle få eksistere, ved sida av ein eigen palestinsk stat. Hamas var meir kompromisslause. Dei såg Palestina som ein heilskap og kravde at heile området skulle vere ein palestinsk stat. For mange palestinarar var Hamas meir truverdig enn PLO. Hamas dreiv sosialt arbeid og hjelpte fattige. Hamas-leiarane levde sjølve i dei okkuperte områda i Gaza og på Vestbreidda, mens den øvste PLO-leiinga, med Arafat i spissen, budde i eksil i Tunis.

intifada: ‘skjelv, skaking’, arabisk uttrykk for opprør eller motstand sekulær: som ikkje har med religion å gjere

KVA: Borgarkrigen i Libanon Kven: Religiøse grupper i Libanon og innblanding frå nabolanda Når: 1975–1990 Libanon vart oppretta i 1944. Grunnlova fordelte maktposisjonane i staten mellom dei religiøse gruppene – kristne, sunnimuslimar, sjiamuslimar og drusarar. Systemet gjorde at libanesarane ikkje greidde å danne nokon felles nasjonal identitet. I 1975 braut borgarkrigen ut for fullt. Den grunnleggjande årsaka til krigen var at styrkeforholdet mellom dei religiøse gruppene var endra. Den fattige sjiabefolkninga var i fleirtal, men heldt fram med å vere underrepresentert i statsstyret. Kvar gruppe danna sin hær, og alle slost mot alle. Situasjonen vart utnytta av nabolanda Syria og Israel. I 1982 invaderte Israel den sørlege delen av Libanon for å øydeleggje PLO-basar i landet. På ordre frå den israelske statsministeren, Menachem Begin, og forsvarsminister Ariel Sharon vart libanesiske kristne militsmenn sleppte inn i flyktningleirane Sabra og Shatila. Militsmennene drap alle dei fann, over tusen forsvarslause menn, kvinner og barn. Ein tok i bruk bulldosarar for å jamne leirane med jorda – somme av husa med livredde menneske inni. Brutaliteten vekte avsky og store demonstrasjonar i Israel, og dei politisk ansvarlege vart tvinga til å trekkje seg. Borgarkrigen varte fram til ein fredsavtale i 1990. Krigen førte til store lidingar – fleire hundre tusen drap, endå fleire varig såra og mange hundre som levde i eksil. Minna om urettferda og brutaliteten under borgarkrigen gjorde det vanskeleg for folkegruppene å finne saman igjen etter at det hadde blitt fred. Mange norske FN-soldatar tenestegjorde i Libanon under krigen.

Frå krigen i Libanon, januar 1976. Ei palestinsk kvinne ber ein soldat frå den kristne militsen om hjelp.

459


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Iran og Irak Iran: religiøs revolusjon

Kva veit du om Iran og Irak frå før? Lag ei stikkordliste over det du knyter til landa, og kontroller undervegs i lesinga om stikkorda dine stemmer.

Ayatolla Ruholla Khomeini (1902–1989).

460

Iran blir rekna som eit av landa i Midtausten, men landet skil seg ut fordi det er persisk, ikkje arabisk. Dei fleste iranarar er dessutan sjiamuslimar, mens trusretninga sunniislam er mest utbreidd elles i den muslimske verda. Tidleg i 1970-åra var Iran ein av dei viktigaste allierte for USA. Landet vart styrt av den eineveldige sjahen Muhammed Reza Pahlavi, som hadde sete ved makta sidan 1941. Då sjahen prøvde å redusere den posisjonen islam hadde i dagleglivet, vekte det motstand mellom presteskapet. Endå mindre populært for regimet var den økonomiske urettferda i samfunnet. Iran hadde hatt store oljeinntekter, men inntektene var ulikt fordelte. Regimet greidde ikkje å føre ein økonomisk politikk som fekk bukt med fattigdommen. Mange iranarar var også skeptiske til det nære forholdet til USA.


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Religiøse leiarar, med ayatolla Ruhollah Khomeini i spissen, vart dei fremste kritikarane av sjahen. Khomeini vart arrestert og send i eksil, men han heldt fram med å kritisere sjahen og USA i talar som vart tekne opp og spreidde til Iran. Khomeini ville at Iran skulle bli ein islamsk stat, bygd på Koranen og leidd av religiøse menn som kjende dei islamske lovene. Noko av årsaka til revolusjonen i 1978–1979 var den mislykka økonomiske politikken til sjahen. Mange unge var arbeidslause og opne for den revolusjonære bodskapen frå Khomeini. Protestar og demonstrasjonar vart slått ned på brutale måtar, og stadig fleire snudde ryggen til regimet. Presteskapet, sosialistar og kommunistar var med i opprøret mot sjahen, og i den største demonstrasjonen i Teheran deltok det to millionar menneske. Under eit så massivt press forlét sjahen landet. Omforminga av det iranske samfunnet kunne begynne. Det nye lovverket gav alle vaksne iranarar – også kvinner – røysterett. Dei fekk vere med og velje president og parlamentsmedlemmer, men dei viktigaste makt­ posisjonane, i det som blir kalla vaktarrådet, blir ikkje fordelte ved val. Vaktarrådet skal passe på at parlamentet ikkje vedtek lover i strid med islam. Statsoverhovudet, både politisk og religiøst, blir kalla Den øvste leiaren, og dette embetet hadde Khomeini resten av livet. Etter revolusjonen vart alle iranske universitet og høgskular islamiserte. Pensum og lærebøker vart endra. Mange studentar vart utviste. Kvinnelege studentar fekk ikkje lenger studere jus og medisin eller ta ingeniørutdanning, og på eit par år fall delen kvinnelege studentar frå 40 til 10 prosent. Det vart innført strenge reglar for klesdrakta til kvinner, og kvinner mista retten til skilsmisse. For å «reinse» samfunnet vart det slått hardt ned på narkotikahandel, prostitusjon og på dans og musikk på offentlege stader.

Krigen mellom Iran og Irak Det hadde lenge vore mistillit mellom det persiske Iran og det arabiske Irak. President Saddam Hussein i Irak kjende seg truga av revolusjonen i Iran. Khomeini kalla Hussein og det sekulære regimet hans gudlaust. Han oppfordra sjiamuslimane i Irak til å gjere opprør mot Hussein, og tillét kurdarane i nord, som kjempa for å få ein eigen stat, å bevege seg fritt over grensa. Hussein reagerte med å sende troppar inn i Iran i 1980. Det skulle vere ein kortvarig militæroperasjon. I staden vart det ein lang og uforsonleg krig som tok fleire hundre tusen liv og kosta mange milliardar dollar. Eit særleg grufullt trekk ved krigføringa var bruken av kjemiske våpen. Våren 1988 tok iranarane den kurdiske byen Halabja i Nord-Irak. Irakiske styrkar svarte med å bombe byen med giftgass. Minst 5000 sivile liv gjekk tapt. Redsla for kjemiske våpen gjorde Iran villig til å akseptere våpenkvile med Irak i 1988. Ingen av partane hadde oppnådd noko med krigføringa. SVA

GEORGIA Tblisi

RTEHAVET

ARMENIA Jerevan

Istanbul

Kurdarar – eit folk utan stat

Ankara

ASERBAJDSJAN NagornoBaku Karabakh

Kaspiske hav

Teheran Qom

t

Sue

fra

ris

Eu

Tig

Kurd Kurdarane er den fjerde største folkegruppa i Midtausten og tel mellom 25 og 30 mil-TYRKIA isk om rå Diyarbakir de lionar menneske. Fleirtalet er sunnimuslimar, men det finst også mange kurdiske sjiaIrbil HELLAS Aleppo Mosul muslimar, andre islamske retningar og kurdiske jødar. Folkegruppa har aldri hatt sin Sulaymaniyah SYRIA Tikrit eigen stat. Området Kurdistan strekkjer seg over delar av Irak, Iran, Tyrkia, Syria og KYPROS Nikosia LIBANON MI Beirut D Der det eit viktig Armenia. Fordi området har gode vassressursar og er rikt på olje, Damaskus ELH Bagdad AVET Jerusalem IRAK Tel Aviv ­område for alle landa som kontrollerer delar av det. Najafside 449. Vestbredden Sjå heile kartet på Benghazi

IRAN

zkan

a le n

Alexandria

Gaza

Amman

Basra

JORDAN

Kairo

Sinai

SAUDI-ARABIA

KUWAIT

e

k

n

Grense for dagens palestinske områder: Vestbredden* og Gaza.

is

le

EGYPT

461 rs

Ni

LIBYA

Arabisk (palestinsk) stat i 1947

Pe

Jødisk stat i 1947

BAHRAIN

QATAR b u k Dub t Doha Ab


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Irak under Saddam Hussein Den utmattande krigen mot Iran gav Irak store problem. Før krigen hadde regimet brukt store delar av dei gode oljeinntektene til å betre levekåra for dei fleste irakarar. Regimet hadde sørgt for gratis helsetenester og billige matvarer. Kvinnene hadde fått betre høve til å studere og vere med i arbeidslivet. Det vart også gjort mykje for å utrydde analfabetismen. Betre levekår gjorde at mange irakarar aksepterte regimet, trass i at det var undertrykkjande og udemokratisk. Krigen mot Iran forandra dette. Dei mange drapa, øydeleggingane og brutaliteten i krigføringa gjorde folk fiendtleg innstilte mot systemet dei levde under. Regimet satsa på å kvele all motstand for å halde på makta. Det irakiske samfunnet vart styrt ved hjelp av frykt. Dei økonomiske problema etter krigen var enorme. Industri, vegar og hamne­ anlegg låg i ruinar og måtte byggjast opp igjen. Oljeanlegg og oljeleidningar var blitt øydelagde under krigen, og Irak gjekk dermed glipp av store oljeinntekter. Styresmaktene heldt fram med å prioritere opprusting framfor gjenoppbygging. Landet hadde lånt milliardar av dollar for å føre krig. Halvparten av gjelda skulda dei til andre statar ved Persiabukta, mellom anna Kuwait. Dei økonomiske problema i Irak kom også av nedgang i oljeprisane. Oljeprisane var låge fordi nokre land, som Kuwait, produserte langt meir olje enn OPEC-landa (sjå side 465) hadde blitt einige om. Kuwait hadde investert i oljeraffineri og tusenvis av bensinstasjonar i Europa, og jo meir råolje kuwaitarane eksporterte til raffineria i vest, jo meir tente dei. Irak, derimot, som var ein rein råvareprodusent, var avhengig av at det vart produsert lite råolje, slik at prisen vart høg. Nabolanda Irak og Kuwait var også ueinige om grensene. Irak hadde ikkje tilgang til Persiabukta. Å annektere Kuwait ville løyse mange problem for Saddam Hussein. Irak ville ikkje trenge å betale tilbake den enorme gjelda til Kuwait, landet ville få tilgang til gode hamner, og rikdommane som Kuwait hadde, kunne brukast til gjenoppbygging og opprusting. Til saman ville Irak og Kuwait bli ein mektig olje­ gigant med kontroll over meir enn 20 prosent av oljeproduksjonen i verda.

Golfkrigen Golfkrigen begynte då irakiske styrkar invaderte og annekterte Kuwait i august 1990. Irak rekna ikkje med å få mykje motstand frå verdssamfunnet, men der tok dei feil. Dei arabiske landa var sjokkerte over at eit arabisk land invaderte eit anna, og fordømde angrepet. USA, som tidlegare hadde vore støttespelar for Saddam Hussein, tok leiinga i motoffensiven mot Irak. Tryggingsrådet i FN vedtok resolusjonar om handelsboikott, og kravde at Irak skulle trekkje seg ut av Kuwait. Fleire arabiske land prøvde å mekle for å få til ei fredeleg løysing, men Irak nekta å trekkje seg ut. I januar 1991 gjekk ein stor internasjonal styrke til angrep på Irak for å frigjere Kuwait. Heile 34 land var med, mellom dei Noreg, og to tredelar av soldatane var amerikanske. Krigen fekk namnet Operasjon ørkenstorm, og for første gong kunne ein krig følgjast på nært hald ved at fjernsynet dekte hendingane kontinuerleg. Reporterar var med soldatane ved fronten og rapporterte direkte til ei heil verd, minutt for minutt. Dei arabiske landa var splitta i synet på militæroperasjonen, men dei fleste støtta til slutt alliansen. Den palestinske organisasjonen PLO gav derimot støtte til Saddam Hussein. Hussein argumenterte for palestinarane, mot Israel, og som eit svar på den internasjonale intervensjonen fyrte Irak av Scud-rakettar mot sivile ­israelske byar. Saddam Hussein ynskte å ta rollen som talsmann for palestinarane og få arabiske land til å svikte alliansen med amerikanarane. Mange arabarar såg på Saddam Hussein som ein modig leiar fordi han torde å stå opp mot USA og Israel.

462


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

For dei var det hyklersk at vestlege land engasjerte seg for å frigjere oljerike Kuwait, samtidig som dei ikkje brydde seg om korleis Israel behandla palestinarane. Krigen vart kort. Irak var forsvarslaust overfor den massive bombinga, der også mange sivile menneskeliv gjekk tapt. Bakkeinvasjonen tvinga dei irakiske styrkane på retrett etter rundt tre døgn med kampar. Det vart våpenkvile etter 12 dagar med krigføring.

Konsekvensane av den første Golfkrigen Etter nederlaget braut det ut opprør i Irak mellom sjiamuslimar i sør og kurdarar i nord. Opprøret til sjiamuslimane var spontant og lite planlagt, og den irakiske hæren slo det ned fort og brutalt. Det kurdiske opprøret fekk veldige konsekvensar. Kanskje så mange som to millionar kurdarar vart drivne på flukt. Mange kurdarar var livredde for regimet etter gassangrepet på Halabja i 1988. Flukta vart ein tragedie der titusenvis av flyktningar, særleg barn og eldre, døydde av kulde og sjukdom i dei ugjestmilde fjellområda på grensa mot Tyrkia og Iran. Etter krigen sende FN våpeninspektørar som skulle undersøkje om Irak hadde masseøydeleggingsvåpen. Dei irakiske styresmaktene hindra stadig inspektørane i å gjere jobben sin, og landet vart straffa med handelsblokade. Dei økonomiske sanksjonane var omdiskuterte. Rapportar viste at sanksjonane førte til store lidingar for sivilbefolkninga. Barnedødelegheita vart mangedobla. Eit av problema var at Irak vart nekta å kjøpe klor, fordi det kunne bli brukt til kjemisk krigføring. Men utan ­kloring vart drikkevatnet i mange irakiske byar helseskadeleg. Den irakiske eliten, mellom anna familien til Saddam Hussein, tente samtidig gode pengar på å smugle olje ut av landet, og levde eit liv i luksus.

463


Lange liner Religiøse og økonomiske endringar i Midtausten frå 1970-åra og fram til i dag Økonomi og styresett på den arabiske halvøya Oljeressursane forvandla statane på den arabiske halvøya frå fattige, isolerte land til søkkrike samfunn som ­spelar ei sentral rolle i den globale verdsøkonomien. Dei som styrte landa, var konservative kongefamiliar som hadde greidd å skaffe seg kontroll over oljen. Innbyggjarane fekk mykje betre økonomi, men ingen politiske rettar. I Saudi-Arabia er det kongefamilien som tek alle avgjersler, utan at vanlege folk får innsyn i prosessen. Saudi-Arabia er eit strengt religiøst monarki, der kongefamilien forsvarar makta med at dei vernar islam. På 2000-talet voks bankstellet, finansnæringa og turismen til stadig nye høgder i statane ved Persiabukta. Men bak skyskraparane som reiste seg i glitrande byar, som Dubai og Abu Dhabi, auka problema stadig meir:

464

• Landa har få innbyggjarar og er avhengige av utanlandsk arbeidskraft. Menneskerettsorganisasjonar rapporterer stadig om dårleg behandling av immigrantar. • Dei fleste statane blir framleis styrte av eineveldige kongefamiliar. Landa har ei velutdanna befolkning og stadig mindre sensur, og mange ekspertar trur det vil føre til krav om fleire demokratiske reformer. • Det låge folketalet gjer at landa har hatt problem med å byggje opp eit militært forsvar. Dei har difor kjent seg tvinga til å samarbeide tett med USA. Samarbeidet med USA er upopulært i store delar av befolkninga og kan gi uro.


Oljeøkonomien verkar inn Heilt frå 1920-åra har vestlege selskap drive oljeutvinning i Midtausten. Oljeutvinning var både dyrt og vanskeleg, så dei lokale styresmaktene godtok at selskapa betalte berre små beløp for oljen dei tok opp. Etter den andre verdskrigen vart olje meir og meir brukt i industrien og som drivstoff. No når investeringane var gjennomførte og oljeinstallasjonane var på plass, tente dei vestlege selskapa fantastiske summar. Landa i Midtausten vart etter kvart misfornøgde med at vestlege selskap hadde kontrollen over oljeressursane på deira område. I 1960 etablerte Saudi-Arabia, Iran, Irak og Kuwait Or-

ganisasjonen av oljeeksporterande land, OPEC (Organization of Petrol Exporting Countries) saman med Venezuela i Sør-Amerika. Formålet var å få kontroll over oljeprisane og å presse oljeselskapa til å betale meir til landa der oljeressursane fanst. OPEC-landa forstod at kontrollen over oljen kunne brukast som eit politisk pressmiddel for å skaffe seg meir innverknad i verdssamfunnet. Under Yom Kippur-krigen i 1973 (sjå side 456) mellom arabarlanda og Israel gjekk USA inn med store pengesummar og våpen til Israel. Dei arabiske oljeprodusentane reagerte med å boikotte all last av olje til USA og Nederland. Det

neste halvåret vart prisane på olje fleirdobla. Oljen måtte rasjonerast, og verda stod overfor ei økonomisk krise. Oljekrisa tvinga FN, USA og Sovjetunionen til å gå saman om å få i stand fredsavtalar mellom partane i Yom Kippur-krigen. Krisa viste kor avhengig verda hadde blitt av oljen frå Midtausten. No måtte ein ta oljeprodusentane på alvor.

Korleis er dei sosiale og politiske rettane for innbyggjarar og immigrantar i statane på den arabiske halvøya?

Religion I 1950- og 1960-åra hadde sekulære ideologiar, som nasjonalisme, arabisk sosialisme og baathisme, størst ­innverknad på statsadministrasjonen i dei arabiske landa. Vestlege verdiar, institusjonar og teknologi vart rekna som det beste, og land som Tyrkia, Iran, Irak, Syria og Egypt fekk sekulære lovverk. Frå 1970-åra fekk islam større plass i samfunnslivet. På landsbygda og i lågare sosiale lag i byane har religionen vore viktig heile tida, men no spelte religion ei viktigare rolle for den velutdanna middelklassen og eliten. Fleire brukar religiøs klesdrakt og følgjer religiøse tradisjonar, til dømes hijab for kvinner og skjegg for menn. Mange går oftare i moskeen, les religiøse bøker og ser religiøse TV-program. Religiøs tru og religiøse symbol har fått innpass også i politikken, både hos opposisjonelle og hos makthavarane. I fleire land er det reist krav om sharialover. Fleirtalet av dei islamistiske rørslene vil forandre samfunnet på lovlege måtar, men det har også oppstått ekstreme militante grupper som vil bruke terror for å nå måla sine (sjå kapittel 20). Religiøse tenkjarar protesterer mot ideen om at eit samfunn må vere vestleg og sekulært for å vere moderne. Dei vil utvikle sine eigne samfunnsformer, der islam har ein sentral plass.

Beirut. President Ahmadinejad frå Iran besøkjer eit atomkraftverk. Iran er rikt på mineral, mellom anna uran. Satsinga på atomkraft har ­medverka til det spente forholdet til USA.

baathisme: politisk ideologi som legg vekt på felles arabisk nasjonalisme

Kva rolle har religionen spelt for politisk protest i Iran, Syria og Egypt? Kva legg du i omgrepet «moderne» stat? Kva plass kan religion ha i eit «moderne» samfunn?

465


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Fredsforsøk og ny vald Oslo-prosessen – mogleg fred? I 1990-åra sørgde Oslo-prosessen for at mange for første gong våga håpe på fred. Den første avtalen, Oslo I, kom i stand etter hemmelege samtalar mellom israelske og palestinske representantar i Noreg. Ein oppnådde eit meir normalt forhold mellom partane – slik at dei faktisk var i stand til å snakke saman. Avtalen førte også til at Yasir Arafat kunne vende tilbake til Palestina, og at det vart oppretta sjølvstyre for dei okkuperte områda Vestbreidda og Gaza. Avtalen innebar dessutan fred mellom Jordan og Israel. Kva var bakgrunnen for at avtalen kunne kome i stand? På palestinsk side hadde Yasir Arafat greidd å få med seg PLO på å godkjenne staten Israel og fordømme bruk av terror. Det var viktig for at israelarane kunne gå med på samtalar. Arafat samla PLO om eit felles mål: ei tostatsløysing med Israel og Palestina som to sjølvstendige statar. Den palestinske staten skulle omfatte Vestbreidda og Gazastripa, med Aust-Jerusalem som hovudstad. Men PLO hadde likevel problem. På grunn av at PLO støtta Saddam Hussein og Irak i den første Golfkrigen, hadde organisasjonen mista internasjonal støtte. PLO opplevde også at Hamas utfordra dei som representantar for palestinarane. Dersom PLO greidde å oppnå palestinsk sjølvstyre, ville det vere ein triumf. Mange av leiarane i PLO var langt oppe i åra, og for dei var møta i Noreg ein siste sjanse til å oppnå noko dei hadde kjempa for så lenge. Intifadaen hadde gjort israelarar merksame på levekåra til palestinarane. Mange israelarar var trøytte av den endelause valden. Dessutan frykta dei Hamas, som hadde band til islamistiske grupper elles i Midtausten. Israelske styresmakter ville difor heller forhandle med PLO om ei løysing på konflikten, for å hindre at Hamas vart meir populær. Oslo I-avtalen slo fast at palestinarane gradvis skulle få meir sjølvstyre. Ein såg på avtalen som eit stort steg, men fleire vanskelege spørsmål vart utsette: • Jerusalem. Palestinarane ville ha den austlege delen av byen som sin hovudstad. Israelarane ville ikkje at byen skulle delast, og også dei ville ha byen som hovudstad. • Det som skulle skje med israelske busetnader i dei okkuperte områda. • Flyktningproblemet. Som vi har sett, bur mange palestinarar utanfor dei okkuperte områda. Spørsmålet om dei skulle få vende tilbake, vart ikkje teke opp.

Oslo II: Fredsprosessen går over ende Oslo I hadde vore ein mellombels avtale, ikkje ein verkeleg fredsavtale. I 1995 kom avtalen Oslo II, som skulle gi detaljar om palestinsk sjølvstyre. Avtalen fekk mykje kritikk. I avtalen vart Vestbreidda delt inn i soner, og det gjorde at israelarane ­framleis skulle ha mykje av kontrollen over området. Oslo-prosessen møtte no mange problem. Palestinarane levde framleis under okkupasjon. Trass i fredsforhandlingane hadde dei israelske styresmaktene opna for meir nybygging. I det nye sjølvstyret tok Arafat og dei andre PLO-leiarane som kom frå eksil i Tunis, alle dei viktige maktposisjonane. Det førte til at lokale leiarar vart misfornøgde. Arafat viste seg også som ein autoritær leiar. Politisk motstand vart sensurert og undertrykt, og det var mykje korrupsjon. Dei palestinske områda hadde i tillegg store økonomiske vanskar. Israelske styresmakter hindra palestinarane i å reise til israelske område for å arbeide, og arbeidsløysa auka. Hamas

466


1700 1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2021

Eit berømt handtrykk,13. september 1993. Statsministeren i Israel, Yitzak Rabin, og leiaren for palestinarane, Yasir Arafat, markerer Oslo-avtalen i ein seremoni utanfor Det kvite huset i Washington, D.C. President Bill Clinton står i midten. Rabin måtte vedgå at han som gammal soldat var litt ukomfortabel med avtalen. 25 år tidlegare hadde han vore militært ansvarleg for å okkupere Vestbreidda og Gazastripa! Men som han sa under seremonien: «Enough of blood and tears. Enough!» Osloprosessen er også viktig med tanke på at dette var første gongen at Israel godkjende PLO som representant for palestinarane i forhandlingane.

hadde vore imot Oslo-prosessen heile vegen, og problema gjorde at dei fekk meir støtte. I 1994 og 1995 utførte Hamas fleire aksjonar med palestinske sjølvmordsbombarar inne i israelske byar. På israelsk side hadde fleirtalet først vore positive til Oslo-prosessen, men sjølvmordsbombarane førte til frykt. Nokre religiøse grupper meinte at ein ved å gi bort Vestbreidda gav frå seg land som Gud hadde lova jødane. Det israelske samfunnet var djupt splitta i synet på fredsforhandlingane. I ein terroraksjon i byen Hebron i 1994 drap ein israelsk nybyggjar 29 palestinarar i bønn i ein moské, og hausten 1995 vart statsminister Rabin drepen på eit fredsmøte i Tel Aviv. Israelarane røysta fram politikarar som gjekk inn for å bryte fredsprosessen. Hovudproblemet var mangel på tillit mellom palestinarane og israelarane. Det var også eit problem for prosessen at Israel var så mykje mektigare enn palestinarane. Palestinarane hadde ingenting å stille opp med når Israel braut delar av avtalen. I 2000 møttest likevel partane til nye forhandlingar på initiativ frå amerikanarane. Men spørsmålet om Jerusalem gjorde at forhandlingane ikkje førte fram.

Kva for ulike syn finst det på Oslo-avtalane? Lag ei oversikt.

Den andre intifadaen og bygginga av «sikkerheitsmuren» I 2000 braut den andre intifadaen ut. Denne intifadaen var langt meir valdeleg enn den første. Unge menn med laus tilknyting til islamistiske grupper, som Hamas og Islamsk Jihad, gjekk føre. Steinar vart bytte ut med våpen og sjølvmordsbombarar. Resultatet vart ein vond sirkel der dei israelske reaksjonane vart berre hardare og hardare, og det førte igjen til fleire palestinske sjølvmordsbombarar. Mellom 2000 og 2003 kosta den andre intifadaen 2400 palestinarar og 780 israelarar livet. Tidleg på 2000-talet vart det teke fleire initiativ til fredsforhandlingar, men valden øydela tilliten mellom partane og gjorde fredssamtalane umoglege. I 2004 begynte israelarane å byggje ein åtte meter høg betongmur med piggtråd, som sperra av dei palestinske områda på Vestbreidda. Israelarane hevda at muren var nødvendig for å hindre sjølvmordsbombarar i å kome til israelske byar. Palestinarane protesterte fordi muren delte landsbyar og beslagla palestinsk jordbruksland. Også internasjonalt vart mange opprørte over bygginga av muren.

467


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Dette kapittelet handla om at forfølgingar på slutten av 1800-talet førte til at jødar utvandra til Palestina. Her kom dei etter kvart i konflikt med palestinarar som meinte dei hadde krav på det same området at staten Israel vart oppretta i 1948 etter eit FN-vedtak. Det førte til krig mellom palestinarar og israelarar og mellom Israel og dei arabiske nabolanda at Israel utkjempa fleire krigar mot nabolanda. Etter seksdagarskrigen i 1967 okkuperte landet område der det budde mange arabarar at palestinarane organiserte seg i frigjeringsrørsla PLO. I 1990-åra begynte Israel og PLO fredsforhandlingar med Oslo-avtalen. Oslo-avtalen gjekk seinare over ende. Seinare fredsforsøk vart også mislykka

Palestinsk splitting og Gazakrigen Etter at Arafat døydde i 2004, vart Mahmoud Abbas vald til leiar av Al-Fatah. Men Al-Fatah var prega av splitting, mens Hamas voks. I 2005 vann Hamas valet i dei palestinske sjølvstyreområda. Det var eit valresultat som omverda hadde vanskeleg for å akseptere. Hamas nekta å fordømme valdsbruk, godkjende ikkje Israel og erklærte at dei ikkje kjende seg bundne av tidlegare avtalar. USA, EU og andre givarar trekte difor tilbake støtta som den palestinske økonomien var avhengig av. For palestinarar var det provoserande at omverda ikkje godtok valresultatet. Al-Fatah ville ikkje gi frå seg makta frivillig, og Mahmoud Abbas nekta å gi frå seg kontrollen over sikkerheitsstyrkane. Konflikten førte til at Hamas sikra seg kontrollen over Gaza, mens Al-Fatah framleis hadde kontrollen på Vestbreidda. Israel forsterka blokaden av Gaza for å knekkje Hamas. Arbeidsløysa og fattigdommen der vart verre. Varer – og våpendelar – vart smugla inn i Gaza gjennom tunnelar til Egypt. Hamas skaut stadig rakettar mot israelske byar i nærleiken. Rakettane gjorde lite skade, men var ei stor psykisk påkjenning. Vinteren 2008–2009 gjekk israelske styrkar inn på Gazastripa. Målet var å stoppe rakettangrepa og våpensmuglinga inn i Gaza. Hamas og andre grupper heldt fram med å sende rakettar mot sivile mål i Israel. Dei høgteknologiske israelske våpena gjorde meir skade. Over 1000 palestinske liv og 13 israelske gjekk tapt i dei tre vekene Gazakrigen varte.

at Egypt slutta fred med Israel i Camp David-avtalen i 1978 at det braut ut ein religiøs revolusjon I Iran i 1978–1979. Det vart ein langvarig krig mot nabolandet Irak at Irak okkuperte nabolandet Kuwait i 1990. Ein stor internasjonal militærstyrke, dominert av USA, tvinga dei irakiske styrkane ut

Venting: Palestinarane er tvinga til å vente i timevis for å sleppe gjennom israelske grensepostar. Ventinga øydelegg for næringsliv og daglegliv. Dei opplever kontrollen som audmjukande.

Litteraturliste Martin Bunton & William L. Cleveland: A History of the Modern Middle East, 2009 Nils A. Butenschøn: Midtøsten. Imperiefall, statsutvikling, kriger, 2008 Alan Dowty: Israel/Palestine, 2008 Michael H. Hunt: The World Transformed. 1945 to the Present, 2016 Eugene Rogan: Araberne, 2011 Hilde Henriksen Waage: Konflikt og stormaktspolitikk i Midtøsten, 2013

468


Å gjere Har du fått med deg dette? 3 Lag lappar med desse omgrepa (og andre fagomgrep frå kapittelet som du sjølv meiner er viktige): Mesopotamia, Transjordan, nasjonalisere, intifada, sekulær. Spel Alias (sjå side 509) med ein eller fleire medelevar.

1 Sjå på overskriftene i dette kapittelet, og skriv 2–3 stikkord til kvar av dei som du meiner summerer opp det ­avsnitta handlar om. 2 Tidsline a Skriv desse årstala på ei tidsline, og set inn 2–3 stikk­ ord for kvart årstal med utgangspunkt i lærebokteksten: 1947, 1956, 1964, 1967, 1973, 1975–1990, 1978–1979, 1980–1988, 1991, 1993, 2000–2003.

4 Fullfør desse fordi-setningane: a Jødar frå Europa utvandra frå slutten av 1800-­talet fordi … b Staten Israel vart oppretta i 1948 fordi …

b Er nokre av hendingane viktigare enn andre i historia til Midtausten? Vel ut dei tre viktigaste, og grunngi ­kvifor du valde akkurat dei.

c Israel kom raskt i konflikt med nabolanda fordi …

permaktene i den kalde krigen. Kvifor trur du krigen har blitt tolka slik? Kan nokre av dei andre krigane i Midtausten tolkast på liknande måte?

Samanhengar 1 Den første verdskrigen og Midtausten a Lag ei stikkordliste over konsekvensar som den første verdskrigen og fredsoppgjeret etterpå fekk for Midtausten.

c Kva rolle spelar USA og andre stormakter i denne konflikten i dag, samanlikna med under den kalde krigen? 3 Ta for deg eit utdrag frå dette kapittelet som omtalar årsakene til ei hending, til dømes opprettinga av staten Israel på side 452. a Summer opp med eigne ord forklaringane i læreboka på kvifor dette hende.

b Finn argument for og imot denne påstanden: «Utan den første verdskrigen ville det ha vore fred i Midtausten i dag.» 2 Undersøk samanhengen mellom stormaktspolitikk og konflikten mellom Israel og palestinarane. a Finn ut kva land i Midtausten som var allierte med USA, og kva land som var allierte med Sovjetunionen under den kalde krigen. Vel eitt land på kvar side, og finn eit par døme på at den kalde krigen påverka utviklinga i dette landet, eller i forholdet mellom dette landet og andre land i Midtausten.

b Samarbeid med ein medelev. Den eine skriv eit ­avsnitt som forklarar hendinga frå den britiske sida, og den andre skriv eit avsnitt som forklarar henne frå den palestinske sida. c Diskuter: • Kva skil dei ulike forklaringane, og kvifor kan ulike grupper ha så ulike oppfatningar av fortida?

b Somme forskarar meiner at Yom Kippur-krigen (sjå side 456) først og fremst var eit oppgjer mellom su-

• Kor viktig er det å bli einige om historia for å skape fred mellom to land?

Perspektiv 1 Omgrepet Midtausten har blitt kritisert og kalla eurosentrisk. Kva er eurosentrisme, og kvifor trur du omgrepet Midtausten har blitt kritisert? 2 FN gav etter den andre verdskrigen bort landområde over hovudet på innbyggjarane som budde der. Kunne det ha hendt i dag? Kvifor / kvifor ikkje? 3 I 1974 fekk den daverande leiararen for Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), Yasir Arafat, tale til Hovudforsamlinga i FN. Talen vart boikotta av den israelske delegasjonen. Arafat sa at han ynskte seg ein felles

demokratisk stat for kristne, jødar og muslimar i Palestina. Talen slutta slik:

«I dag har eg kome til dykk med ei olivengrein og geværet til ein fridomskjempar. La ikkje olivengreina falle frå mi hand. Eg gjentek: La ikkje olivengreina falle frå mi hand.» a Korleis tolkar du slutten på Arafats tale? b Kvifor var det ein siger for Arafat og PLO å få halde ein tale i Hovudforsamlinga i FN?

469


HISTORIE

K A P 19 Midtausten

Oppdrag 1: Skap fred i Midtausten! Det er gjort fleire forsøk på å skape fred mellom Israel og palestinarane, men til no har alle forsøk stranda. I dette oppdraget skal de prøve å lage ein fredsplan for Midtausten. Dersom det skal bli ein varig fred, må de sørgje for at begge partar aksepterer planen, at han er i tråd med folkeretten og menneskerettane, og at han ikkje er i strid med interessene til stormaktene.

Post 4: Finn ut korleis dette kan bli varig fred Dersom de får aksept for fredsplanen dykkar, bør de også ha ein plan for korleis dette kan bli ein varig fred. Ein varig fred er avhengig mellom anna av at ingen grupper gjer væpna opprør mot avtalen, og at stormaktene og nabolanda aksepterer han over tid. Lag ein plan for kva de vil leggje vekt på for å få det til. Vurder kor viktige desse faktorane er: • samarbeid med stormakter som USA • økonomisk politikk som gir arbeid til alle • felles forståing av historia • skulepolitikk

Post 1: Analyser situasjonen Før de kjem med eit forslag til løysing, må de undersøkje ­situasjonen i området grundig. Noko av bakgrunnen for ­krigar er ofte forholda som er lista opp nedanfor. Kva for nokre av desse faktorane hindrar fred mellom Israel og palestinarane? Kva for andre faktorar bør eventuelt vere med i tillegg? Lag ei liste. • regionale maktkampar om eit område • etniske konfliktar mellom folkegrupper • økonomiske konfliktar om tilgangen til ressursar • religiøse konfliktar • ideologiske konfliktar • kjensle av urettferd

Post 2: Lag ein fredsstrategi Då staten Israel vart oppretta av FN, var målet ei tostats­ løysing med området delt mellom ein palestinsk og ein israelsk (jødisk) stat. Når de no har undersøkt bakgrunnen for konflikten, må de ta stilling til om de vil basere fredsforslaget dykkar på denne tostatsløysinga eller ei anna løysing. Vel ei av løysingane på konflikten, og forklar korleis ho kan sjå ut i praksis. • tostatsløysing • at Israel blir ein multinasjonal stat der både jødar og muslimar får fulle statsborgarlege rettar (einstatsløysing) • ei anna løysing?

Post 3: Finn argument De må no finne argument som gjer at denne løysinga verkar god for alle partar i konflikten. Lag difor ei liste med minst tre gode argument for løysinga for kvar av desse gruppene: • palestinarane • Israel • USA • arabiske naboland

470

• språk- og kulturpolitikk

Post 5: Reflekter og diskuter Diskuter til slutt: a Kva har vore utfordrande med dette oppdraget, og kvifor var det vanskeleg? b Kva har lykkast? Trur de det er realistisk at dette verkeleg ville lykkast? Kvifor / kvifor ikkje? c Kan det de gjorde i oppdraget, overførast til andre konfliktar i dag?


Oppdrag 2:

Post 3: Samanlikn med andre ekstreme ideologiar

Totalitarisme i nye former

Vel ei av maktovertakingane i ein av dei totalitære ideologiane som er nemnde under, og finn likskapar og skilnader mellom denne ideologien og islamismen og Khomeinis maktovertaking i Iran i 1979 når det gjeld a) argumenta som dei revolusjonære brukte, b) kjenneteikn på ideologien og c) kjenneteikn på samfunnet etter maktovertakinga.

I dag er Iran eit islamistisk samfunn, men frå 1934 til 1979 var landet prega av vestlege, særleg amerikanske, impulsar og verdiar. Ayatollah Khomeinis islamistiske revolusjon i 1978–1979 vart slutten på det og starten på regimet i dag. Revolusjonen vart eit vendepunkt. I dag omtalar somme historikarar islamismen (ein ekstrem og fundamentalistisk ideologi som ikkje er det same som religionen islam) som ein totalitær ideologi på line med fascisme, nazisme og kommunisme. I dette oppdraget skal de utforske bakgrunnen for revolusjonen, undersøkje ideologien som låg til grunn, og reflektere over korleis landet hamna i denne situasjonen.

Post 1: Forstå omgrepa Korleis vil de definere omgrepa islamisme og politisk religion? Forklar også skilnaden på ideologien islamisme og religionen islam.

Post 2: Undersøk bakgrunnen for og årsakene til revolusjonen Korleis var utviklinga i Iran før revolusjonen? Undersøk situa­sjonen i landet før 1934 (då landet heitte Persia) og utviklinga frå 1934 til 1979. Bruk denne informasjonen til å lage ei oversikt over grunnleggjande, medverkande og utløysande årsaker til den iranske revolusjonen i 1978–1979.

• fascismen og Mussolinis maktovertaking i 1922 • nazismen og Hitlers maktovertaking i 1933 • kommunismen og oktoberrevolusjonen i 1917

Post 4: Undersøk argumenta i ein ekstrem ideologi i dag Finn eitt eller to døme frå vår eiga tid på enkeltmenneske ­eller grupper som har slutta opp om islamisme eller ein annan totalitær eller ekstrem ideologi. Lag ei liste med argumenta de har brukt. Diskuter likskapar og skilnader mellom desse argumenta og argumenta de fann i post 3.

Post 5: Diskuter! Diskuter desse spørsmåla med utgangspunkt i under­ søkingane de har gjort i dette oppdraget: a Kva får enkeltmenneske og grupper til å slutte opp om slike totalitære og ekstreme ideologiar? Er det heilt andre årsaker i vår eiga tid, eller ser de nokre parallellar? b Etter opplysningstida har religion blitt stadig mindre ­viktig til fordel for vitskap og fornuftstenking. Likevel har fundamentalistisk religion fått mykje større oppslutning i nyare tid. Kva kan forklare det? c Kva kan gjerast for å førebyggje slik radikalisering i det norske samfunnet?

Teheran, Iran, 1979.

471


Slik såg det ut

K A P I T T E L 20

Innhald:

Kampen mot terror side 474 Land i framgang side 477 Nye kommunikasjonsformer side 479 Den arabiske våren side 480 22. juli 2011 – eit norsk drama side 484 Kva no? side 487

C aCnaandaad a

Mot ein ny verdsorden?

USA USA

Mexico Mexico

Cuba Cuba Haiti Haiti Venezuela Venezuela Colombia Colombia

B

Global Globaldemokrati-indeks demokrati-indeks2019. 2019.

Peru Peru

Svakt Svakt demokrati demokrati Middels Middels grad grad avav demokrati demokrati Sterkt Sterkt demokrati demokrati

I dette siste kapittelet tek vi for oss utviklinga frå ca. 1990 og fram til i dag. Den kalde krigen er over, og makt blir forskyvd frå nord og vest til sør og aust. Kina seglar opp som det nest mektigaste landet i verda. Internett og mobil knyter verda tettare saman enn nokon gong før. Mange land reiser seg frå fattigdom, men klimautfordringane står fram som ein trussel mot sikkerheit og stabilitet. 22. juli 2011 vart Noreg utsett for eit av dei største sjokka landet har opplevt i fredstid nokon gong. Ein verdsomfattande epidemi i 2020 og 2021 kan gi eit varig tilbakeslag for dei kreftene som gjer verda mindre og meir samanvoven.

Hybridregime Hybridregime Autoritært Autoritært regime regime

Argentina Argentin Chile Chile

Dette har hendt Etterkrigstida var prega av kald krig og mistillit mellom to maktblokkar som var leidde av USA og Sovjetunionen. Kapitalisme og parlamentarisk demokrati stod mot planøkonomi og eittpartistat. Menneska måtte leve med vissa om at verda kunne gå under i ein altomfattande atomkrig. 1950- og 1960-åra var tida for avkolonisering, og land etter land i Asia og Afrika kjempa seg fram til sjølvstende. Velstandsgapet mellom rike og fattige land var framleis stort. Vestlege industriland utvikla eit moderne forbrukarsamfunn. Bil og TV vart allemannseige og endra kvardagen. Langt fleire fekk høgare utdanning enn tidlegare generasjonar. Mot slutten av perioden kom overforbruk og miljøproblem på dagsordenen for fullt. Økonomisk vekst vart sett opp mot naturvern. No visste ein at det finst grenser for ressursar og berekraft på kloden, og det gav ei ny form for usikkerheit.


Russland Russland Noreg Noreg Sverige Sverige StorStor- DanDanmark mark britannia britannia TyskTyskland land Frankrike Frankrike

Mongolia Mongolia

Kasakhstan Kasakhstan

Japan Japan Tyrkia Tyrkia

Spania Spania

Kina Kina Irak Irak

Algerie Algerie Mali Mali

Libya Libya

Egypt Egypt

Afghanistan Afghanistan Iran Iran Pakistan Pakistan

SaudiSaudiArabia Arabia

Sudan Tsjad TsjadSudan

India India

MyanMyanmar mar Thailand Thailand

Filippinane Filippinane

Etiopia Etiopia Somalia Somalia Kongo Kongo

Brasil Brasil

Tanzania Tanzania

I nI nd do on ne es si ai a

Angola Angola

Papua Papua Ny-Guinea Ny-Guinea

Madagaskar Madagaskar Sør-Afrika Sør-Afrika

Australia Australia

ana

Kjelde: Kjelde: International International IDEA IDEA (International (International Institute Institute forfor Democracy Democracy and and Electorial Electorial Assistance) Assistance)


HISTORIE

1990

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Tim Berners-Lee etablerer world wide web, som smeltar saman med internett

1992

FNs klimakonvensjon slår fast at klima­ endringane er menneskeskapte

1994

Apartheidsystemet blir oppheva i Sør-Afrika

2001

Omfattande terror­ angrep mot New York og Washington, D.C. Internasjonale styrkar veltar Taliban-styret i Afghanistan

2003

USA går til krig mot Irak

2004

EU får ti nye medlemsland Facebook blir etablert

2008

Stor finanskrise bryt ut i USA og spreier seg til Europa Barack Obama blir vald som den første svarte presidenten i USA

2009

Kina går forbi Japan og blir den nest største økonomien i verda, etter USA

2011

Omfattande opprør i mange arabiske land – den arabiske våren Folketalet på jorda rundar sju milliardar Terrorangrep mot regjeringskvartalet i Oslo og mot AUFs leir på Utøya

2020–2021

474

Over 2,5 millionar menneske døydde i ein epidemi, covid-19

Kampen mot terror Om morgonen 11. september 2001 gjekk trafikken som normalt på Logan inter­ nasjonale flyplass utanfor Boston i USA. Ingen la merke til at Mohammed Atta ca. klokka 07.30 sjekka inn på American Airlines Flight 11, ein Boeing 767 som skulle til Los Angeles. Atta var ein ung saudiarabar som eit par år tidlegare hadde studert ingeniørfag i Hamburg. Mange arabarar mistreivst i Tyskland, men Atta hadde verka veltilpassa og full av framtidstru. No hadde han gått på flygarskule i USA i nokre månader. Seinare vart det sagt at éin ting var litt merkeleg. Atta var oppteken av å lære å føre eit fly, men ikkje så interessert i korleis ein landar. Eit kvarter etter at AA11 hadde letta klokka 07.59, gjekk Atta og fire andre kap­ rarar til aksjon. Dei stakk ned og drap to besetningsmedlemmer og ein passasjer. Atta sette seg ved spakane og la kursen mot New York, samtidig som han raskt minska høgda. Klokka 08.43 gjer flyet ei siste kursendring og flyg rett mot Manhattan, hjartet av New York. Tre minutt seinare brasar det inn i det nordlegaste tårnet i World Trade Center. Det var ikkje berre eitt fly som vart kapra denne solfylte haustdagen. Atta leidde ei gruppe på i alt 19 sjølvmordsaktivistar som tok kontroll over fire fly. Eitt smadra det andre tårnet i World Trade Center, eitt brasa inn i Pentagon, det amerikanske forsvarsdepartementet i Washington, og det siste styrta i ein åker i Pennsylvania ­etter at nokre av passasjerane hadde gått til motangrep på kaprarane. Flyet hadde endra kurs og var mest sannsynleg på veg mot den amerikanske kongressbygningen. I alt 2992 personar døydde i det verste terrorangrepet i USAs historie.

Frykt som våpen 11. september-terroristane høyrde til organisasjonen al-Qaida, som var leidd av saudiarabaren Osama bin Laden, som også tidlegare hadde gjennomført terror­ angrep mot amerikanarar i Midtausten og Afrika. Terroristane i al-Qaida og Osama bin Laden var ytterleggåande islamistar. Dei meinte at USA og Vesten dreiv ein kamuflert, men systematisk krig mot muslimar og islamsk sivilisasjon over heile verda, sjølv om berre få innsåg det. Terroraksjonane var hemn for alle muslimar som, ifølgje al-Qaida, hadde blitt offer for USAs politikk, framfor alt i Midtausten. Terror skulle skape frykt og usikkerheit i vestlege land. Al-Qaida ville provosere fram motreaksjonar, slik at den krigstilstanden dei meinte verda var i, vart tydeleg for alle. Dette er trekk nesten alle terroristar har til felles, same kva ideologisk ståstad dei har. Dei vil skjerpe motsetningar, skape konflikt og få dei som dei oppfattar som makthavarane i verda, til å kaste maska og vise sitt sanne, undertrykkjande ansikt. No hadde bin Laden for første gong makta å gjennomføre ein omfattande, ekstremt oppsiktsvekkjande aksjon i hjartet av USA. World Trade Center symboliserte USAs økonomiske makt, Pentagon den politiske. President George W. Bush var på eit skulebesøk i Florida denne dramatiske september­ dagen. Då det andre flyet hadde brasa inn i World Trade Center, kom ein av medarbeidarane inn i klasserommet og kviskra i øyret hans: «USA er under angrep!» Ordvalet fortel noko viktig om korleis aksjonen vart oppfatta. Amerikanarane har følt at to verdshav, Stillehavet i Osama Bin Laden (1957–2011)


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

11. september 2001: Kvifor hende dette? Kva kan vere årsaker til at 19 aktivistar gjer noko så dramatisk? Reflekter over dette spørsmålet før du les vidare.

vest og Atlanterhavet i aust, har halde fiendar på trygg avstand. Var det ikkje slik lenger? Ei ny oppleving av usikkerheit og sårbarheit slo inn over USA. Bush erklærte krig mot terror. Det avgjerande for USAs forhold til andre land var kvar dei stod i kampen mot internasjonal terrorisme. «Den som ikkje er med oss, er mot oss», sa Bush.

Krigen mot Taliban Afghanistan var herja av borgarkrig etter at Sovjetunionen vart driven ut av landet i 1989. Midt i 1990-åra kom Taliban til makta i eit land som i fleire tiår hadde hatt ei svak sentralmakt, og der ulike klanar hadde hatt kontroll over lokalsamfunnet. Taliban var ei politisk rørsle som var prega av religiøs fanatisme, og som kravde at ei konservativ, bokstavtru tolking av islam skulle gjennomsyre heile samfunnet. Afghanske kvinner vart rettslause, underlagde mannlege slektningar og fråtekne ­utsiktene til å få skulegang og utdanning.

475


HISTORIE

EN

IRAN

IS

TA N

N TA

KM

S KI BE US

TU R

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

TADSJI- KINA KISTAN Kabul

AFGHANISTAN PAKISTAN

USA konsentrerte seg om Afghanistan etter terrorangrepa. Al-Qaida hadde sam­ arbeidd med Taliban og hatt treningsleirar i landet. USA fekk mandat frå FN til å ­aksjonere militært, ikkje berre mot dei som var direkte ansvarlege for terroren, men også mot dei som verna terroristane. Etter nokre vekers krig var Taliban-styret velta, men fred vart det ikkje. Taliban begynte ein intens geriljakrig frå basar i grenseområda mellom Afghanistan og Pakistan. Dei internasjonale styrkane leidde av USA avslutta kampoperasjonane sine i 2014, men framleis var det ca. 20 000 amerikanske soldatar i Afghanistan. Planen var at afghanske styresmakter gradvis skulle overta ansvaret for sikkerheita sjølve. Det har regjeringa i Kabul ikkje lykkast med. I 2020 kontrollerte Taliban om lag halve Afghanistan. Same året inngjekk USA og Taliban ein omstridd avtale som gjekk ut på at USA skulle trekkje soldatane sine ut av Afghanistan, mens Taliban forplikta seg til å trappe ned angrepa sine og hindre at internasjonale terrorgrupper heldt til i landet. Taliban skulle også begynne fredsforhandlingar med afghanske styresmakter. Det er venta at desse forhandlingane blir svært vanskelege, med usikkert resultat.

Oppgjer med Saddam Hussein President Bush retta også søkjelyset mot Irak, der diktatoren Saddam Hussein sat med makta. USA prøvde å finne sambandsliner mellom hans regime og al-Qaida, for å grunngi at det var rett å gå til krig mot Saddam. Etter at Saddam fall, var håpet at eit demokratisk og vestlegorientert styresett i Irak kunne påverke utviklinga i heile regionen i ei retning som USA ynskte. Det viste seg å vere langt vanskelegare å vinne internasjonal støtte for denne ­krigen enn for krigen mot Taliban. Kontakten mellom Saddam og al-Qaida var langt frå klar. Det mangla eintydige bevis på at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen, sjølv om USA iherdig prøvde å overtyde verda om det. Russland og Kina frykta ­konsekvensane dersom USA nesten åleine skulle få lov til å fjerne regime som Washington ikkje likte. Med støtte frå Storbritannia gjekk USA til krig mot Irak i mars 2003, jamvel utan støtte frå FN. Dei irakiske styrkane gav opp kampen etter nokre veker, men den militære triumfen vart ikkje følgd opp med politiske sigrar. Befolkninga var skeptisk til den rolla USA gjerne ville spele, og Irak var prega av politisk, religiøs og etnisk uro lenge etter Saddams fall. Irak vart ikkje det føredømet for Midtausten som Bushadministrasjonen hadde håpa.

Terrorrørsler – ein internasjonal aktør? Hendingane det første tiåret etter angrepet mot World Trade Center i 2001 kan gi inntrykk av at internasjonal terror er den største trusselen mot internasjonal sikkerheit i verda i dag. Eit slikt bilete er for enkelt. Gamle konfliktar om grenser, ressursar og territorium lever vidare, både i Afrika og i Midtausten. Skarpe økonomiske skilnader skaper spenningar og uro. Flyktningproblema i verda gjer både statar og regionar ustabile. Atomvåpena er ikkje avskaffa, sjølv om den kalde krigen er det. Risikoen for å miste livet i ein ­terroraksjon er statistisk sett ørliten, same kva land du bur i. Like fullt vil dei fleste seie at ein terrororganisasjon har makt. For regjeringa i Washington handla nesten alt om USAs eigne sikkerheitsbehov i tida etter 11. september 2001. Auken i det amerikanske forsvarsbudsjettet var like stor som dei samla forsvarsbudsjetta til Storbritannia og Frankrike. Søkjelyset vart retta mot alliansen mellom slagkraftige ­terrorrørsler og svake statar, som i Afghanistan. To krigar begynte i kjølvatnet av terrorangrepet. Terrororganisasjonar har evne til å skape merksemd, setje dagsorden og påverke avgjersler. Difor vil mange seie at slike organisasjonar kan vere ein internasjonal, politisk aktør, slik også andre ikkje-statlege organisasjonar er det.

476


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

Land i framgang Kina seglar opp I åra fram mot 2020 stod Kina fram som den nye stormakta i verda. Landet har teke posisjonen som den mektigaste i verda, etter USA. Kina har over 1,4 milliardar innbyggjarar. Frå 1990 har den økonomiske veksten vore på rundt sju prosent kvart år. Drivkrafta for veksten var ein omfattande vare­ eksport, basert på at landet har billig arbeidskraft. 250 millionar kinesarar har sidan 2000 brote opp frå landsbygda for å arbeide i storbyane som veks raskt – den største folkevandringa i verda. Dei siste åra fram mot 2020 snudde denne trenden, og fleire fann jobbar nær heimstaden sin. På 2000-talet bygde kinesarane minst 250 000 fabrikkar, og Kina blir ofte kalla «verdsverkstaden». I 2010 gjekk Kina forbi USA på område som industriproduksjon, energiforbruk og bilsal. Landet har blitt ein storinvestor i Afrika og finansierer ­utviklingsprosjekt i stor stil. Kina ser ut til å greie det Sovjetunionen aldri fekk til: Kommunistpartiet har framleis kontrollen over eit autoritært politisk system, samtidig som økonomien er opna opp og styrt etter marknadsprinsipp som vi kjenner frå kapitalistiske land. Landet har kome i søkjelyset for alvorlege brot på menneskerettane. Situasjonen er særleg vanskeleg for uigurane, ei muslimsk minoritetsgruppe som ikkje får praktisere trua si eller leve i pakt med dei andre nasjonale og kulturelle tradisjonane sine. Mange uigurar er kasta i fengsel utan lov og dom. På den internasjonale scenen ser vi eit Kina som er prega av ny sjølvtillit og sjølvkjensle. Tonen overfor land som kinesarane er ueinige med, er ofte hard og uforsonleg. Ei kraftig opprusting viser at Kina vil bli rekna med, også militært. Strid om øygrupper i Aust-Kina-havet har ført til fleire alvorlege episodar med Japan. I åra fram mot 2020 vart forholdet til USA stadig meir konfliktfylt, særleg på grunn av strid om handel og tollbarrierar. Det var likevel usikkert korleis Kina ville ­utnytte sin nye økonomiske og politiske styrke i åra framover. Guangzhou, Kina

477


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Andre land Også India hadde eit kraftig oppsving frå 1990, med vekstratar på opptil ni prosent somme år. Som i Kina er millionar lyfte ut av fattigdommen. Det som driv veksten, har både vore meir vareeksport og større forbruk, men ikkje minst ein sterk auke i utanlandske investeringar. India har hatt kraftig vekst i IT-sektoren. Byen Bangalore langt sør i landet blir ofte kalla Indias Silicon Valley. India hadde i 2020 ca. 1,3 milliardar innbyggjarar, og fattigdommen var framleis omfattande. Men dei siste 20 åra har middelklassen vore i sterk vekst, og tel no rundt 300 millionar menneske. Ein velutdanna, engelsktalande middelklasse er eit av Indias store konkurransefortrinn. Av alle dei nye landa som stod fram på verdsarenaen etter at Sovjetunionen fall, er Russland utan samanlikning det største og det som har størst tyngde. Økonomien fekk eit kraftig tilbakeslag då Sovjetunionen braut saman i 1991. Lønnsnivået til innbyggjarane fall dramatisk, mens skilnadene mellom fattig og rik auka. På nokså få år snudde utviklinga. Russlands sterke mann etter 2000, Vladimir Putin, har satsa mykje på at staten igjen skal få kontrollen over naturressursane i landet. Russisk økonomi er dominert av energisektoren, og det gjer landet sårbart. Internasjonalt har verda sett eit meir sjølvhevdande og sjølvsikkert Russland, med vilje til å blande seg inn i det som blir oppfatta som interesseområde for landet. Militære aksjonar i Ukraina og annekteringa av halvøya Krim i 2014 utløyste ei djup krise i forholdet til NATO og vestlege land. Ein effektiv landbrukssektor var dynamoen i Brasils økonomiske vekst på 2000-talet, med stor eksport av matvarer, biodrivstoff og dyrefôr. Dei siste åra er det oppdaga store oljeførekomstar på havbotnen utanfor kysten, og på sikt kan det gi landet kraftig vekst. Enkelte år etter 2000 har berre Kina hatt høgare veksttal enn Brasil, og fleire titals millionar menneske har lagt fattigdommen bak seg. På 2000-talet har mange land sør for Sahara fått ein sterk økonomisk vekst der investeringane aukar, middelklassen veks og moderne teknologi blir brukt meir og meir. Sør-Afrika, som har den største økonomien i Afrika, har vore ei drivkraft i utviklinga. Sør-Afrika har hatt ein sterk politisk posisjon etter avviklinga av raseskiljepolitikken rundt 1990. Nelson Mandela, leiaren for Den afrikanske nasjonalkongressen (ANC), stod i spissen for den langvarige kampen mot raseskiljet og for politiske ­rettar til alle. Mandela var president i Sør-Afrika i åra 1994–1999, og kanskje den mest respekterte statsmannen i vår tid. Etter den globale finanskrisa i 2008 har den økonomiske veksten blitt svakare. Rundt 2020 var dei sosiale motsetningane store. Sør-Afrika er framleis mellom dei landa i verda der det er størst ulikskap i fordelinga av inntekt og formue.

Frå to maktsentrum til eitt maktsentrum til …? Åra frå 1945 til 1990 blir ofte omtalte som bipolare – USA og Sovjetunionen leidde kvar sin maktblokk. Etter den kalde krigen stod USA fram som maktsentrumet på kloden. Verda var blitt unipolar. 20 år etter at den kalde krigen var slutt, såg biletet annleis ut. Verda var ikkje lenger dominert av éin maktblokk som andre land måtte underordne seg. Mange land, med ulike samfunns- og styringssystem, kunne gjere krav på nemninga ­stormakt. Verda var blitt multipolar. Nokre samfunnsforskarar meiner at multipolaritet krev ein slags balanse mellom ei handfull stormakter. Men frå ca. 2010 har det blitt for mange maktsentrum i verda. Ikkje berre statar, men internasjonale organisasjonar, som FN, EU, OPEC, Det internasjonale pengefondet og Verdshandelsorganisasjonen, høyrer også med.

478


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

Det same gjeld dei største selskapa med verksemd over heile verda, som Microsoft, Google, Facebook og globale medium, til dømes CNN og Al Jazeera, i tillegg til sterke interesseorganisasjonar, som Amnesty International og Greenpeace. Mange aktørar representerer mykje ulik makt og innverknad. Då kan det vere rettare å seie at vi er på veg mot ei nonpolar verd. Fram mot 2020 har veksten i Kina endra biletet endå ein gong, vil somme forskarar hevde. Kanskje vender verda tilbake til eit bipolart system?

Nye kommunikasjonsformer Då internett vart allemannseige Genève 13. november 1990. Den britiske dataingeniøren Tim Berners-Lee sit på kontoret sitt på forskingsinstituttet CERN og avsluttar arbeidet med eit nytt dataprogram. I fleire år hadde han irritert seg over kor tungvint samarbeidet var med andre CERN-forskarar, sidan alle dokument måtte organiserast og formaterast likt for at dei kunne utvekslast dei imellom. Difor hadde Berners-Lee no utvikla eit peikeog-klikke-program som gjorde det mogleg å søkje i kvart dokument ved hjelp av eit enkelt identifiseringssystem. Ei drivkraft for Berners-Lee var å få til lettare informasjonsflyt mellom forskar­ kollegaer. Men han hadde også ein draum om å etablere eit felles globalt rom for informasjon. Det var dette han fekk realisert med sin Hypertext Transfer Protocol, i dag kjenner vi det gjennom webinitialane http. Den første websida i verda dukka opp på Berners-Lees PC i Genève. Heilt ut av det blå kom det ikkje. Internett eksisterte før Berners-Lee skapte informasjons­ systemet som fekk namnet World Wide Web. Men før Berners-Lee var internett ei kronglete samling av datamaskinar – eit domene for nerdar. No vart det eit lett tilgjengeleg nettverk av dokument, lyd, film og kunnskap – noko for alle. Internett og World Wide Web smelta saman – og tok fullstendig av! I 1992 vart akademia merksam på nyvinninga, og året etter begynte næringslivet å bli interessert. På fem år steig talet på webbrukarar frå 600 000 til 40 millionar, og i ein viss periode dobla talet på brukarar seg kvar 53. dag. Utpå 2000-talet var det knapt nokon som visste kor mange milliardar websider det fanst.

Barrierar blir borte Kva innebar dei digitale omveltingane? Kva var verknadene? Aldri før har så mange menneske kunna samarbeide eller konkurrere på så mange arbeidsområde over ein så stor del av verda som no, ved hjelp av e-post, videokonferansar og appar. Den nye teknologien har drive fram endringar i internasjonal arbeidsdeling, som når vestlege selskap driv nyskaping og produktutvikling i land med låge kostnader, som India og Kina. Eit tilsvarande utviklingstrekk ser vi i mange servicenæringar: Etter år 2000 er millionar av amerikanske skattemeldingar blitt behandla i India.

Ei ny samværsform Populærkulturen er eit av dei samfunnsområda der sosiale medium har slått inn med størst kraft. Vi kan dyrke forholdet vårt til idol gjennom ein flaum av bilete, videoar og meldingar som stjernene sjølve legg ut. Aktiviteten på Twitter og Instagram har preg av omdømmebygging og lojalitetspleie – stjernene passar på at vi legg merke til dei. Men det meste av verksemda på sosiale medium er ikkje einvegskommunikasjon. Facebook vart utvikla av

479


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Kan innføringa av dei nye kommunikasjonsformene kallast ein revolusjon?

Harvard-studenten Mark Zuckerberg i 2004, og var meint som eit internt nettverk for universitetsstudentar. Nettstaden skulle gjere det enklare for studentar å halde kontakt med kvarandre. Slik gjekk det også, men Facebook vart raskt så mykje meir og appellerte også til andre grupper. Folk verda over strøymde til nettstaden. Sosiale medium kan reknast som ei ny samværsform. I motsetning til tradisjonelle medium, der ein redaktør er ansvarleg for alt innhaldet, er det vi som genererer innhaldet. Det har blitt mykje enklare å vere med i samfunnsdebatten. Men det har også blitt enklare å spreie feil og villeiande informasjon «Fake news» er eit gammalt fenomen, men sosiale medium, som Facebook og Twitter, har skapt ei ny og mykje større plattform der dei kan spreiast. Eit anna utviklingstrekk har vore at folk brukar mindre tid på tradisjonelle medium, det vil seie TV, radio og papiraviser. I 2014 vart Facebook den mest brukte mediekanalen i Noreg. Ein stadig større del av omsetninga frå reklame går via dei sosiale media.

Den arabiske våren Fyrstikka som tende den arabiske verda

Demonstrantar utanfor regjeringsbygget i Kairo 19. september 2011.

480

Grytidleg om morgonen 17. desember 2010 trilla Mohamed Bouazizi grønsakkjerra si inn på torget i Sidi Bouzid i Tunisia. Det skulle bli for siste gong. Bouazizi var 26 år og høgskuleutdanna. Men som så mange andre unge i den arabiske verda fekk han ikkje nokon høveleg jobb. I fleire år hadde han livnært seg med å selje frukt og grønsaker frå ei handkjerre. Denne morgonen støytte han på nokre politifolk som hevda at han mangla nødvendig løyve til å selje. Etter alt å dømme var det eit påskot for å få Bouazizi til å bla


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

opp nokre kontantar, ei vanleg form for korrupsjon i Tunisia. Men denne dagen mangla han pengar til å betale seg ut av problema. Kjerra vart konfiskert, og ei ­politikvinne skal ha spytta han i ansiktet. Etter at han fåfengt hadde protestert i ­rådhuset i byen, kjøpte han ei flaske teknisk sprit, tømde innhaldet over seg og tende på. Han døydde av brannskadane 19 dagar seinare. Den desperate aksjonen utløyste store demonstrasjonar over heile Tunisia. Ti dagar etter at Bouazizi døydde, flykta Zine Abdine Ben Ali, som hadde vore president i Tunisia i 23 år, frå landet. For første gong dreiv folkelege protestar eit arabisk statsoverhovud frå makta. Snart spreidde opptøyane seg til fleire land i Nord-Afrika og Midtausten.

Audmjuking, raseri – og SMS Korleis kunne Bouazizis fyrstikk tenne heile den arabiske verda? Det kunne knapt ha hendt dersom ikkje mange hadde det på same måten som han. Millionar av unge arabarar forstod så altfor godt kor audmjuka og fortvila Bouazizi vart. Økonomisk stagnasjon og politisk undertrykking hadde prega heile den arabiske verda i fleire tiår. Frie val eksisterte knapt, og ytringsfridommen var under sterkt press. På toppen sat ein rik og ofte gjennomkorrupt elite, mens det store fleirtalet streva med å finne arbeid og opplevde at makthavarane såg bort i staden for å ta problema i landet alvorleg. Utdanningssystemet var forelda. Rettssystemet vakla. President Ben Alis fall 14. januar 2011 viste at det var mogleg å kaste ein arabisk diktator – ein stor inspirasjon for opposisjonelle i andre land. I Egypt vart president Hosni Mubarak styrta, i Libya vart militærdiktatoren Muammar Gaddafi drepen etter ein krig der fly frå NATO angreip dei militære regimestyrkane. Grunngivinga for at NATO greip inn, var at Gaddafi truga med massakrar på si eiga befolkning. Omveltinga i Egypt har vore kalla den første internettrevolusjonen i verda. Aktivistar la ustanseleg ut forteljingar på Facebook om dei dramatiske hendingane. Bloggar flaut over av debatt, det var ei digital mobilisering. «Undertrykte i alle land, samein dykk!» lydde det gamle slagordet til sosialistane. No kunne det heite: «Undertrykte i alle land, send ein SMS!» Men digitale verktøy er eit tviegga sverd. I Egypt stengde styresmaktene heile ­internett i ein periode, slik det også har hendt i Kina og Syria. Regime under press infiltrerte opposisjonelle nettsider og bloggar for å spreie uro og forvirring. Regimemotstandarar kunne sporast opp og bli arresterte på grunn av aktiviteten sin på bloggar og andre digitale medium. I ein akutt mobiliseringsfase kan internett vere eit uunnverleg hjelpemiddel for opposisjonelle, men det har vist seg at regime også kan slå tilbake gjennom digitale medium.

Omveltingane i Egypt under den arabiske våren har blitt kalla den første internettrevolusjonen i verda. Kvifor det?

Stolne revolusjonar Opptøyane utover våren 2011 hadde mange av dei same trekka frå land til land. Gateaktivistane var unge og sekulære. Dei kravde ytringsfridom, modernisering og frie val. Dei ville kaste autoritære regime. Var det ein liberal vind som feia over den arabiske verda? Det var det, men når protestane først kom i gang, vart gamle religiøse og kulturelle motsetningar i kvart enkelt land vekte til live. Andre krefter enn dei som kjempa for sekularisme og liberale verdiar, lyfte hovudet. I Egypt stod islamistrørsla Det muslimske brorskapet fram som ei dominerande politisk kraft. Mohamed Morsi, ein av dei leiande figurane i brorskapet, vann valet i juni 2012 og vart den første folkevalde presidenten i landet. Valet av Morsi førte ikkje til ro og stabilitet. Han fekk kvass kritikk for å samle for mykje makt på sine eigne hender, for å gi fordelar til partikollegaer og for å innføre

481


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

islamistisk lovgiving. Våren 2013 var det valdelege samanstøytar mellom tilhengjarar og motstandarar av Morsi. Han vart avsett ved eit militærkupp i juli 2013 og sett i husarrest. I juni 2019 døydde han. Militærkuppet vart leidd av general og forsvarsminister Abdel Fattah al-Sisi, som i 2014 vart president i Egypt. Han har blitt den nye sterke mann i landet og står i spissen for eit autoritært regime. I åra frå 2013 til 2019 har over 60 000 islamistar, menneskerettsaktivistar og andre regimekritikarar blitt fengsla, ifølgje menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch. I Libya utløyste opprøret mot Gaddafi eldgamle motsetningar mellom klanar med ulik geografisk forankring. Nesten ti år etter at Gaddafi fall, var Libya framleis prega av tilstandar som likna borgarkrig. Mangelen på stabilitet har utløyst ein debatt om NATO-angrepa i 2011, der også norske jagarfly deltok, var på sin plass. NATO vart kritisert for å ikkje ha nokon plan for kva Gaddafis fall kunne føre til. Etter eit blodig terrorangrep mot eit algerisk gassanlegg i januar 2013 vart søkjelyset også retta mot land som Algerie og Mali, og korleis ekstremistiske grupper kan utnytte mangel på stabilitet i kjølvatnet av den arabiske våren.

Krig i Syria Verst har det gått i Syria. Der utvikla eit opprør mot president Bashar al-Assad seg til ein langvarig, blodig borgarkrig der også andre statar har blanda seg inn og ­medverka til at konflikten har blitt ein nesten uløyseleg floke. Syria er eit land som er gjennomskore av etniske, religiøse og sosiale skiljeliner. For å ikkje miste kontrollen slo al-Assad hardt til mot fredelege demonstrantar ­under den arabiske våren i 2011. Opposisjonen greidde ikkje å danne nokon felles front mot regimet på grunn av motsetningane og mistilliten mellom dei ulike befolkningsgruppene. I løpet av kort tid rådde det kaos og krig. Den ekstreme islamistorganisasjonen Den islamske staten (IS) hadde størst militær framgang etter at krigen i Syria braut ut. I 2014 erklærte IS, som hadde røter i nabolandet Irak, at eit nytt, islamsk kalifat var oppretta. Organisasjonen kontrollerte då område i Syria og Irak som var like store som Storbritannia. IS innførte eit brutalt, kvinne­ fiendtleg styre, der fysiske avstraffingar og offentlege avrettingar var vanleg. Alle som ikkje delte IS’ fundamentalistiske tolking av islam, var vantru og kunne drepast. IS og sympatisørane deira gjennomførte blodige terroraksjonar i fleire land. I Europa er særleg Frankrike blitt hardt ramma. I november 2015 vart 130 personar drepne under seks koordinerte angrep i Paris og nokre av forstadene i byen. IS hevda at aksjonane var ein hemn for at Frankrike engasjerte seg i borgarkrigane i Irak og Syria. På eit anna og djupare plan var motivet å skape frykt i vestlege land og provosere fram motreaksjonar, slik også Al-Qaida ynskte. Det kan vere ein grunn til at særleg Frankrike har blitt ramma av terror. IS kan ha håpa at eventuelle overreaksjonar frå styresmaktene ville føre til at den store muslimske minoriteten i landet vart radikalisert. IS greidde å trekkje til seg framandkrigarar, særleg frå andre land i Midtausten, men også frå Europa og andre delar av verda. Dei vart lokka til Syria for å kjempe mot dei vantru og for islam. Ein har kome fram til at om lag 90 norske muslimar reiste til Syria, og dei fleste slutta seg til IS. Dei vart rekrutterte gjennom personlege kontaktar og på internett. IS vart oppfatta ikkje berre som ein regional, men også som ein global trussel. Hausten 2014 tok USA initiativ til å opprette ein internasjonal koalisjonsstyrke mot IS. Denne styrken og Assads regjeringsstyrkar greidde å presse IS tilbake. Bit for bit har dei ekstreme islamistane mista dei områda som dei tidlegare kontrollerte.

482


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

Aleppo, Syria, 2015. Ein syrisk hjelpearbeidar reddar ein baby som vart skadd under luft­angrep frå syriske regimestyrkar.

Kamp om innverknad Syria ligg strategisk plassert heilt aust i Middelhavet, mellom erkefiendane Israel og Iran. Det gjorde sitt til at borgarkrigen tidleg fekk forgreiningar ut av landet. Ein seier gjerne at konflikten vart internasjonalisert. Mange lokale, regionale og internasjonale aktørar har funne det tenleg å blande seg inn i krigen, direkte eller indirekte. Dei ­forskjellige militsgruppene som kjempa i borgarkrigen, fekk våpen og økonomisk støtte frå ulike land. Det same gjorde den syriske staten. Når Assad har hatt så stor framgang i kampen mot IS, kjem det for ein stor del av støtta regimet har fått frå Russland, som heilt sidan tidleg på 1970-talet har hatt eit nært militært samarbeid med Syria. Regionale stormakter, som Iran og Saudi-Arabia, har brukt Syria som kamp­ arena for å få sterkare innverknad i regionen. Iran og deira allierte har støtta shiamuslimske grupper, og Saudi-Arabia har støtta sunnimuslimske. Israel har sett Irans engasjement som ein livsfarleg trussel mot si eiga sikkerheit, og har gjennomført mange flyangrep mot iranske mål i Syria. Konfliktane rundt den kurdiske befolkningsgruppa har også påverka krigen. Kurdarane har ingen eigen stat, men bur i Tyrkia, Iran, Syria og Irak. Deira kamp for sjølvstende er voven inn i den syriske borgarkrigen. Tyrkia har kjempa mot kurdarane av frykt for at den store kurdiske ­minoriteten som lever i Tyrkia, skulle bli trekt inn i sjølvstendekampen til kurdarane. Dei kryssande konfliktlinene og interessemotsetningane har ført til at alle forsøk på fredsforhandlingar har stansa. Etter nesten ti år med krig står sivilbefolkninga igjen som den store taparen. Syria ligg i ruinar. Ingen veit kor mange som har mista livet, men det dreiar seg om mange hundre tusen. Meir enn seks millionar menneske er flyktningar innanfor Syrias grenser. Over fem millionar har flykta til utlandet, det store fleirtalet til nabolanda Tyrkia og Libanon. I 2020 var krigen mindre intens enn før, mest fordi Assad-regimet hadde makta å igjen få ein skøyr kontroll over store delar av landet. I enkelte område har flyktningar kunna vende tilbake til heimane sine. Men befolkninga er splitta, og såra frå krigen er djupe. Det er venta at Syria vil vere ustabilt i åra framover, og at det framleis vil blusse opp kampar.

483


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

22. juli 2011 – eit norsk drama «911 og Columbine på én og samme dag – i lille Norge.» Slik var ei twitter­ melding klokka 18.54, 22. juli 2011. Det fanst ikkje referansepunkt i norsk historie til det som nettopp hadde hendt. Tvitraren søkte til USA for å finne moglege parallellar, til terrorangrepet 11. september 2001 og skulemassakren på Columbine High School i Colorado i 1999. TV-bilete av det knuste regjeringskvartalet i Oslo gjekk verda over. Snart kom det meldingar om skyting på AUFs sommarleir på Utøya i Tyrifjorden. Verda retta i sjokk og undring auga mot Noreg denne regntunge julidagen. «I feel your pain», var SMS-meldinga som tikka inn på mobilen til utanriksminister Jonas Gahr Støre der han sat i bilen i full fart frå feriestaden ved Tvedestrand til krisemøte i Oslo. Meldinga var frå den palestinske presidenten Mahmoud Abbas. Mistanken hos mange gjekk i retning av islamsk terrorisme dei første forvirra timane etter bombeangrepet. Norske soldatar var med i krigen mot Taliban i Afghanistan. Det hadde ikkje mangla på åtvaringar frå militante islamistar om at det kunne kome hemnaksjonar i Noreg. Men alt utpå kvelden 22. juli vart det klart at ein måtte søkje i andre retningar for å finne ei forklaring. Gjerningsmannen var ein kvit nordmann, 32 år gammal, oppvaksen i Oslo Vest. I periodar hadde han isolert seg frå omverda for å vie seg til internettspelet «World of Warcraft». Han hadde vore aktiv på antiislamske nettsider, og han hadde forfatta eit 1500 siders kampskrift der han la ut om sitt syn på verda og konfliktane i vår tid. No hadde Anders Behring Breivik drepe åtte menneske i regjeringskvartalet, og bilbomba hadde ført til enorme materielle øydeleggingar. På Utøya skaut og drap han 69 menneske, dei aller fleste ungdommar, i ein massakre som med sin ­systematiske, nådelause brutalitet mangla historisk sidestykke.

Høgblokka i regjeringskvartalet, 22. juli 2011. Biletet er teke ca. 15 minutt etter at bomba gjekk av.

484


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

Korleis kunne det skje? Debatten etter 22. juli har grovt sett gått langs to raude trådar. Den eine har handla om krisehandtering og samfunnsansvar både før, under og etter terroraksjonen. Eit hovudspørsmål var korleis gjerningsmannen kunne greie å ta så mange ­menneskeliv og gjere så ufatteleg mykje skade. Ein eigen granskingskommisjon, leidd av advokaten Alexandra Bech Gjørv, peikte på grov svikt på mange plan. Sikringstiltak var vedtekne, men ikkje gjennomførte. Styresmaktene greidde ikkje å verne menneska på Utøya. Politiet kunne ha stansa Breivik tidlegare. Kven som ber det øvste ansvaret for svikten, også på politisk plan, vart diskutert vidare etter at kommisjonen leverte rapporten sin. Når Gjørv-kommisjonen skulle prøve å trekkje lærdom av det som hadde hendt, retta dei ikkje primært søkjelyset mot planar, ressursar eller løyvingar. Dei retta det mot haldningar og kultur på politisk nivå og i statsforvaltning og etatar. Det var utarbeidd både sikkerheitsinstruksar og beredskapsplanar, men alvoret – at det faktisk kunne kome eit terrorangrep – hadde ein eigentleg ikkje innsett. Leiarar hadde ikkje teke det inn over seg. Difor var det ikkje samsvar mellom ord og handling då angrepet kom.

Hemnaren frå Hoff Den andre raude tråden har handla om personen Anders Behring Breivik. Kven er han? Kvar kom hatet hans frå? Ein heftig offentleg debatt før og under rettssaka våren 2012 handla i all hovudsak om Breivik var paranoid schizofren og psykotisk, slik to rettsoppnemnde psykiatarar meinte. I så fall kunne han ikkje straffast, men måtte overførast til tvungent psykisk helsevern og få behandling. Oslo tingrett konkluderte til slutt med at Breivik ikkje var psykotisk, og at han var strafferettsleg tilrekneleg, og dømde han til 21 års forvaring. I prinsippet kan han bli sitjande i fengsel livet ut. Militant nasjonalist er nemninga Breivik brukte om seg sjølv under rettssaka. I kampskriftet, eller kompendiet, manar han fram eit bilete av eit Noreg og eit Europa som er truga av islamsk maktovertaking. Europas kristne sivilisasjon kan gå under. Sjølv er han ein mann med eit oppdrag, ein korsfarar, som er kalla til å vekkje landsmennene sine frå ein forblinda søvn (sjå også side 68). Forrædarane, dei som i dag sit med makta og legg vegen open for muslimane, må døy for å avverje borgarkrig seinare. Både statsvitarar og historikarar oppfattar Breivik som ein typisk høgreekstremist, inspirert av ytterleggåande antiislamske haldningar. Terroren var motivert ut frå eit politisk tankegods som han deler med mange. Breivik var ein einsam ulv, men han kom frå ein flokk. Det var motsett, meinte andre. Breivik var ein einsam ulv som søkte til ein flokk. Ein einstøing, ein personlegdomsforstyrra outsider og kvinnehatar som greip til politisk ekstremideologi for å rettferdiggjere hatet sitt mot det samfunnet han ikkje greidde å bli ein del av. Ein mann som først og fremst hadde eit desperat behov for å bli sett, for å bli lagd merke til. Dei som tolka Breivik på denne måten, las kompendiet med psykologiske briller. Breivik vart utsett for alvorleg omsorgssvikt og traume i barndommen, erfaringar og konfliktar som han no tolka om og lyfte opp på sivilisatorisk nivå. Som liten gut vart Breivik vurdert av Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri, som var uroa for at guten kunne få alvorleg, psykisk skeivutvikling. Kor vesentleg var eigentleg politikk og religion for det Breivik utvikla seg til å bli, og for dei drapsynska han bar på? Den skadelege verknaden av dataspela, opplevinga av å falle gjennom mellom jamaldringar i Oslo Vest, hatretorikken i ulike bloggsfærar, kritikken av islam – alt

485


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Kva vil du seie er skilnaden mellom dei to måtane å forklare 22. juli-terroren på? Treng det vere noka motsetning mellom dei to forståingsmåtane?

Rygge, Østfold. Minnesmerke over ofra frå 22. juli, laga av Nico Widerberg.

486

dette vart trekt fram i den offentlege debatten om kven Breivik var. Eit barnevern som svikta, var kanskje også ein del av historia. Det norske samfunnet har hatt vanskeleg for å forstå kva det eigentleg vart ramma av 22. juli 2011, korleis brutaliteten kan forklarast. Også lenge etter at Breivik vart dømd, var det vanskeleg å setje alle bitane saman til eit samla bilete. Anders Behring Breivik kan ha inspirert andre høgreekstreme terroristar. Australiaren Brenton Tarrant drap 51 menneske i eit angrep på to moskear i byen Christchurch på New Zealand i mars 2019. Tarrant har hevda at Breivik og handlingane hans var ei viktig inspirasjonskjelde. I august same året skaut og drap 22 år gamle Philip Manshaus den 17 år gamle stesyster si, som var av kinesisk opphav. Deretter drog han til Al Noor-moskeen i Bærum, der han løyste fleire skot før han vart overmanna av to personar som var i moskeen. Under rettssaka våren 2020 gjorde Manshaus nazihelsing, og han sa at han angreip moskeen for å skremme muslimar. Han skal ha kjent seg «utvald» av mannen bak Christchurch-massakren, Brenton Tarrant. Høgreekstreme aktivistar ser ut til å stimulere og hisse kvarandre opp i bloggar og andre nettbaserte forum. Manshaus vart dømd til 21 års forvaring, med ei minstetid på 14 år. I åra etter 22. juli-terroren uroar politiet seg meir for høgreekstrem terrorisme, også i Noreg. Kvart år gir Politiets sikkerheitsteneste (PST) ei vurdering av dei mest aktuelle truslane mot Noreg og norske borgarar. I trusselvurderinga for 2020 skreiv PST for første gong at dei vurderer ei høgreekstrem terrorhandling som like sannsynleg som terror frå ekstreme islamistar.


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

Kva no? Lamma av pandemi Torsdag 12. mars 2020 kunngjorde ein alvorstyngd statsminister Erna Solberg at alle barnehagar, skular, høgskular og universitet i landet skulle stengjast. Restaurantar, treningssenter og mange andre bedrifter stengde også dørene. Idretts- og kulturarrangement vart stansa. Kyrkjer og moskear vart lukka. Desse tiltaka frå styresmaktene var dei sterkaste og mest inngripande som Noreg har opplevt i fredstid. Formålet var å stanse spreiinga av ein ny og alvorleg sjukdom. I midten av desember 2019 vart eit nytt virus identifisert i den kinesiske byen Wuhan, hovud­ staden i Hubei-provinsen. Viruset stamma truleg frå flaggermus og vart overført til menneske via eit anna dyr, sannsynlegvis på ein matmarknad. Personar med svekt immunforsvar døydde. Viruset var svært smittsamt, og utover vinteren 2020 spreidde det seg frå land til land. Sidan det var ein ny sjukdom, fanst det verken vaksine eller effektive medisinar. Styresmaktene måtte ta kampen opp mot spreiinga ved å hindre kontakt mellom menneske, slik tiltaka i Noreg og fleire andre land tok sikte på.

487


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Manaus, Brasil 2021.

Pandemi Ein verdsomspennande epidemi kallar vi ein pandemi. Årsaka til pandemien i 2020 og 2021 var viruset SARS-CoV-2, som er eit koronavirus. Mens mange koronavirus berre gir vanleg forkjøling, kan SARS-CoV-2 angripe dei nedre luftvegane og føre til akutt lungesvikt. Sjukdommen viruset gir, blir kalla covid-19 (frå engelsk coronavirus disease 2019). Dei fleste som fekk covid-19, hadde berre lettare symptom og vart raskt friske igjen. Likevel var pandemien alvorleg. Ved utgangen av januar 2021 var bortimot 100 milli­ onar menneske registrert smitta på verdsbasis. Over to millionar hadde døydd. For Noreg var tala 60 000 smitta og 550 døde. Store land, som USA, Brasil og India, hadde flest smitta og døde. I forhold til storleiken på befolkninga var land som Belgia, Storbritannia og Spania hardast ramma. Av dei nordiske landa vart Sverige hardast ramma.

Styresmaktene har lenge vore klar over faren for ein pandemi. Likevel var mange land, også Noreg, dårleg førebudde då koronaviruset slo til. Norske sjukehus ­mangla enkelt utstyr, som smittevernfrakkar og masker, til legar og sjukepleiarar. Helsestellet innsåg at ein ikkje ville greie å behandle mange sjuke samtidig. Difor vart det viktig å vinne tid. Spreiinga måtte stansast slik at ein fekk tid til å skaffe utstyr og byggje opp behandlingskapasitet. Det var ei viktig grunngiving for å stengje ned samfunnet i mars 2020. I Noreg fekk styresmaktene relativt raskt kontroll over smittesituasjonen sommaren 2020. Men nye smittebølgjer kom både hausten 2020 og vinteren 2021, med nye nedstengingar og med alvorlege konsekvensar for næringslivet. Eit omfattande vaksinasjonsprogram kom i gang første halvåret i 2021. Det gav håp om at befolkninga ville få den flokkimmuniteten som var nødvendig for at viruset ikkje lenger ville vere farleg, slik at tilværet kunne bli meir normalt igjen.

488


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

Medisinen verre enn sjukdommen? Pandemien verka inn på kvar og ein av oss. Plutseleg kunne vi ikkje gå på skulen eller på jobben – det som hadde vore sjølvsagt for oss. Grenser vart stengde. Flyplassar låg utan folk som skulle ut og reise. Vi gjekk ikkje på konsert eller fotballkamp, vi hamstra toalettpapir og hermetikk. Millionar av menneske verda over måtte ta inn over seg at ein livstrugande epidemi ikkje var noko som høyrde fortida til. Pandemien viste tydelig kor sårbart samfunnet var, som dei fleste ikkje var klar over, eller i alle fall hadde fortrengt. Nedstenginga fekk dramatiske konsekvensar. Ungdom fekk ikkje den opplæringa dei hadde krav på, trass i digital undervisning. Mange kjende uro for sårbare barn som gjekk heime. Talet på permitterte og arbeidslause gjekk rett til vêrs. I mange land gjekk fleire ledige enn under den store depresjonen på 1930-talet. Noreg var heldig stilt på grunn av robust økonomi og sterke offentlege finansar, slik at styresmaktene kunne gi støttepakkar til næringar og bedrifter, men også her i landet fekk nedstenginga alvorlege følgjer. Pågangen på velferdsetaten NAV frå folk som trong økonomisk hjelp, eksploderte våren 2020. Var medisinen som vart sett inn mot koronaen, verre enn sjølve sjukdommen? Tiltaka ramma heller ikkje likt. Ein IT-konsulent kunne utan problem arbeide heimanfrå, nesten som normalt. Det kunne du ikkje dersom du var reinhaldsarbeidar. I Noreg heldt matvarebutikkar ope, og dei tilsette utsette seg for langt større smittefare enn konsulenten på heimekontoret sitt. Mange har peikt på at nedstenginga også hadde positive sider. Digital kommunikasjon fekk eit oppsving som gjekk ut over klimaskadelege flyreiser. Vi fekk større ro og meir tid saman med våre aller næraste. Men det er liten tvil om at koronaperioden også forsterka eksisterande sosiale skilnader. Folk med høg utdanning framfor heime-PC-en sin kom i det store og heile betre frå det enn folk med jobbar som krev fysisk frammøte.

Globalisering og fragmentering Utviklinga dei siste tiåra har vore prega av globalisering. Stikkorda for denne prosessen er integrasjon og gjensidig avhengnad. Både selskap og land har blitt avhengige av kvarandre. Ein bilfabrikk i Tyskland får delar frå både Kina og Noreg før bilen blir sett saman og seld i Nederland. Slik er det i sektor etter sektor. Mønsteret er ofte at produksjonen blir plassert i land der han er billigast. Den globale pandemien i 2020 og 2021 viste tydelige skyggesidene ved ein økonomi med leveransar på kryss og tvers over heile kloden. Dersom bilfabrikken i Tyskland ikkje fekk nødvendige delar frå Kina, kjøpte han heller ikkje delane frå Noreg. Det samanvovne nettverket var sårbart. Kva konsekvensane blir på lengre sikt, var det vanskeleg å vite så lenge pandemien regjerte. Kanskje vil historikarar i framtida sjå tilbake på 2020 og konstatere at det var året då globaliseringa fekk eit varig tilbakeslag, at flytrafikken aldri kom tilbake til nivået frå før pandemien, at reisevanane våre vart endra for alltid, at flyttinga av arbeidsplassar til lågkostland vart redusert, at handelen over landegrensene vart mindre, og at politiske leiarar som vil stengje landet meir inne, for alvor fekk vind i segla. Men det er ikkje sikkert at verda blir meir fragmentert. Låne- og bankkrisa i USA i 2007–2008 fekk også konsekvensar for heile verdsøkonomien, men førte til få varige endringar. Pandemien viste kor vanskeleg det er å verne seg mot eit nytt, smittsamt virus. Det kan styrkje dei politiske kreftene og dei institusjonane som arbeider for at alle land må samarbeide endå tettare, både økonomisk og politisk, og ikkje satse på eigne nasjonale løysingar.

489


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Fragmentering Mens globalisering og integrering hovudsakleg har vore på eit økonomisk og teknologisk plan, går det for seg ei fragmentering på politisk nivå. I 1945 hadde FN 51 medlemsland, i dag er det over 190. Samansetjinga i Tryggingsrådet spegla maktforholda i verda i 1945, men ikkje i 1990 og 2020. Etter den kalde krigen vart ikkje berre Sovjetunionen splitta i mange mindre einingar. Jugoslavia vart delt i sju delar, Tsjekkoslovakia i to. Aust-Timor har rive seg laus frå Indonesia. I Kina er Tibets status omstridd. USA er den einaste stormakta der ingen set spørsmålsteikn ved den territorielle eininga. I Quebec, Skottland og Catalonia vil sterke krefter rive seg laus seg frå høvesvis Canada, Storbritannia og Spania. Nesten 90 statar har færre innbyggjarar enn fem millionar.

G20 G20 er ei gruppe med dei 19 landa i verda som har sterkast økonomi i tillegg til EU. Denne formelt sett lause samanslutninga står i dag fram som eit av dei viktigaste globale foruma i verda. G20 består av Argentina, Australia, Brasil, Canada, Frankrike, India, Indonesia, Italia, Japan, Kina, Mexico, Russland, Saudi-Arabia, Storbritannia, Sør-Afrika, Sør-Korea, Tyrkia, Tyskland, USA og EU. Til saman representerer dei 85 prosent av verdsøkonomien. Når G20 møtest for å prøve å samordne politikken sin, som under finanskrisa i 2008, gir det eit signal om stabilitet og samhandling som kan medverke til å løyse kriser. Somme peikar på at det er urovekkjande at store land tek seg til rette i ei sjølvoppnemnd gruppering med stor makt.

Eit Europa prega av motsetningar EU fekk Nobels fredspris i 2012. Tildelinga var omstridd. I eit langt perspektiv vil mange kunne seie seg einig i at EU har vore eit fredsprosjekt. Ein krig mellom dei historiske erkefiendane Tyskland og Frankrike verkar utenkjeleg i dag, ikkje minst på grunn av integrasjonen gjennom EU-samarbeidet. Etter at Berlinmuren fall, vart dei fleste landa i Aust-Europa ein del av det forpliktande samarbeidet i EU. Samtidig hadde bank- og gjeldskrisa i Sør-Europa kasta eurosona ut i djup krise. Grekarar og spaniarar, portugisarar og italienarar var rasande over dei budsjettkutta EU stilte som vilkår for at landa deira skulle få nye lån. Dramatiske kutt i pensjonar og lønningar utløyste i 2012 ei sosial krise med høg arbeidsløyse, som i neste omgang førte til større oppslutning om nasjonalistiske og EU-fiendtlege parti, særleg i Hellas. Skulle ei slik utvikling premierast med Nobels fredspris? spurde mange. Fredsprisstriden illustrerte at EU står i eit uroleg kraftfelt mellom integrering og fragmentering. Dette er motsetningsfylte prosessar som går parallelt. Trass i felles valuta i eurosona og felles EU-institusjonar har nasjonalstaten halde skansen som ei vesentleg styringseining. Press utanfrå resulterer i sterkare nasjonal identitet og større oppslutning om det nære og heimlege. Politiske krefter som er imot europeisk integrasjon og overnasjonal styring, gjorde seg meir gjeldande i store EU-land, som Frankrike og Storbritannia, frå rundt 2010. Det same var tilfellet i fleire land i det gamle Aust-Europa. Særleg var det sterk motstand mot EUs forsøk på å utvikle ein felles flyktning- og migrasjons­ politikk. Det kom tydeleg fram under flyktningkrisa i 2015, då borgarkrigen i Syria utløyste ein stor straum av migrantar til Europa.

490


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

I Storbritannia har det alltid vore større skepsis til overnasjonalt, forpliktande samarbeid enn på Kontinentet. I 2016 vart det halde ei folkerøysting om landet framleis skulle vere medlem av EU eller ikkje. Motstandarane av medlemskap vann ein knapp siger. Prosessen med å ta Storbritannia ut av EU etter 43 års medlemskap, «Brexit», vart svært komplisert, både politisk og juridisk. Fleire tidsfristar vart overskridne før britane fekk ein avtale med EU nokre få dagar før dei gjekk ut av unionen 31.12.2020.

Klima, energi og livsstil Dei siste 20 åra har vi fått stadig meir kunnskap om at verda blir varmare, og at det for ein stor del kjem av menneskeleg åtferd – utslepp av CO2 og andre klimagassar. Temperaturstiging er ei global utfordring, og politiske leiarar har prøvt å møte dette med mottiltak på globalt nivå. Kyoto-avtalen frå 1997 var eit internasjonalt rammeverk for reduksjon av utslepp. Avtalen bygde på prinsippet om at industrialiserte land, som forureinar mest per innbyggjar, skal ta mesteparten av kostnadene ved utsleppsreduksjonar. Men avtalen vart undergraven av at USA ikkje godtok han. Det gav inntrykk av at den rike verda ikkje tok ansvaret sitt alvorleg. Før ein klimakonferanse i København i 2009 var målet å utarbeide eit meir ambisiøst avtaleverk, der ikkje berre industrilanda skulle forplikte seg til å redusere utsleppa. Kina auka CO2-utsleppa sine med 172 prosent frå 1990 til 2008. Det viser kor viktig dette målet er. Men København-møtet munna berre ut i semje om frivillige utsleppskutt. Dei fleste miljøvernorganisasjonane var skuffa over at tiltaka ikkje vart forpliktande. Ein ny avtale vart inngått i Paris i 2015. Der forplikta nesten 200 land seg til å gjennomføre utsleppskutt. Det overordna målet var at den globale oppvarminga skulle avgrensast til godt under to grader, samanlikna med temperaturnivået før den industrielle revolusjonen.

Lincoln, England, november 2019.

491


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Det å løyse klimaproblemet er ei av dei største utfordringane i vår tid. Kva trur du må til for at vi skal få til ei berekraftig utvikling?

Klimatrusselen blir ofte trekt fram som eit av dei beste døma på utfordringar i den globale verda. Dei færraste nektar for alvoret i problemet. Samtidig har det vist seg å vere svært vanskeleg å bli einig om tiltak som gjer det mogleg å nå eit mål om å avgrense den globale oppvarminga. Utslepp er knytte til energiproduksjonen i verda, og store økonomiske interesser står på spel. Nasjonale regjeringar fryktar at næringslivet i deira eige land vil tape i den internasjonale konkurransen dersom dei må betale høge utsleppsavgifter. Politikarar som skal vinne neste val, har også vegra seg mot større tiltak, til dømes mot bilkøyring, som vil bety at folk må endre livsstil. Slike omsyn har gjort arbeidet mot klimatrusselen vanskeleg. Problemet er globalt, men det er enkeltstatar som må slutte opp om og gjennomføre klimatiltak. Omlegging til grøn økonomi og utvikling av vindkraft og andre fornybare energikjelder stod likevel høgt på den politiske dagsordenen, både i Noreg og i andre land i tida rundt 2020. Det same gjorde tiltak for å redusere klimautslepp frå transport­ sektoren, til dømes ved å gjere det gunstig å kjøpe elbilar og byggje sykkelvegar i byane. Alt tydde på at klimaspørsmål blir svært viktig i åra framover.

Ei postamerikansk verd? Demokraten Barack Obama var president i USA frå 2008 til 2016. Med Obama fekk USA for første gong i historia ein farga leiar. Etter at borgarrettsrørsla hadde kjempa ein lang kamp for likskap og rettferd, låg det enorm politisk symbolkraft i at familien i Det kvite huset var svart. Då Obama vart vald, var USA utan tvil den sterkaste makta på kloden. Ingen kunne måle seg med USAs militære styrke. Den vestlege samfunnsmodellen med demokrati og marknadsøkonomi som USA stod i spissen for, var på frammarsj i store delar av verda etter Sovjetunionens fall. Landet låg i front innanfor teknologisk forsking og utvikling. Det første tiåret etter slutten på den kalde krigen fekk USA ein sterkare posisjon fordi den sterkaste utfordraren, Japan, opplevde økonomisk tilbakegang. Men rundt år 2010 var ein del underliggjande utviklingstrekk blitt tydelegare, og dei peikte i ei anna retning. Trass i overlegen militær slagkraft viste krigane i Afghanistan og Irak kor vanskeleg det er for USA å vinne over sjølvmordsaktivistar og gerilja­ krigarar. USAs militærstyrkar er ikkje bygde opp med tanke på asymmetrisk krig. I mange år hadde USA hatt underskot på handelsbalansen med utlandet. Berre overfor Kina var underskotet over 200 milliardar dollar per år. Stadig større offentleg og privat gjeld var ei av årsakene til den økonomiske krisa i USA frå 2008, som ramma vanlege innbyggjarar hardt. Arbeidet med å få økonomien på fote igjen prega mykje av det første året for Obama i Det kvite huset. Opplevinga av at USA over tid tapte terreng, og at store, kvite veljargrupper meinte dei var komne i bakleksa i samfunnsutviklinga, medverka til at makteliten i Washington mista tillit. Dette bana veg for at Donald Trump i 2016 gjekk sigrande ut av valduellen mot Hillary Clinton, som hadde vore Obamas utanriksminister. Trump var ein rik eigedomsutviklar frå New York og ein landskjend TV-person som vert for eit populært realityshow. I mange år hadde han leika med tanken på ein politisk karriere før han gjorde alvor av det. Reint politisk er det ikkje heilt enkelt å plassere Trump. Det er vanleg å rekne han som ein del av ei høgrepopulistisk bølgje som har gjort seg gjeldande i mange vestlege land dei siste åra. Trass i nasjonale skilnader har desse rørslene ein del felles trekk: samling om nasjonalstaten, ein restriktiv innvandringspolitikk og front mot ulike typar samfunnselitar.

492


1750 1800 1850 1900 1910 1920 1930 1940 1950 1960 1970 1980 1990 2013 2021

Trump dreiv ein brutal valkamp. Han la stor vekt på at han ikkje var ein del av den politiske eliten i Washington, men ein sterk og handlekraftig forretningsmann som visste kva som skulle til for å skaffe arbeidsplassar og inngå handelsavtalar som var til fordel for USA. Han appellerte til konservative, kvite veljarar som var ­usikre på økonomien på grunn av globalisering og tap av arbeidsplassar til lågkostland. Men analysar av veljargrunnlaget for Trump har vist at økonomiske forhold ikkje var det viktigaste for veljarane hans. Fiendtleg haldning til innvandrarar var mest utslagsgivande for å røyste på Trump. Trump markerte seg med slagord som «Make America Great Again» og «America First». Ein ustoppeleg straum av skarpe twittermeldingar, ofte med harde personangrep, vart eit særmerke for Trumps måte å kommunisere til omverda på. Strategien såg ut til å vere at han ville pleie sin eigen tilhengjarflokk, og ikkje brydde seg om kva andre meinte om han. Han appellerte til amerikansk patriotisme og nasjonalkjensle, og auka løyvingane til militæret. Mellom kjernesakene hans var mindre frihandel, streng innvandringspolitikk og skattelette for bedriftene. Trump ville verne amerikansk industri med tollmurar, særleg mot varer frå Kina. Han ville byggje ein mur mot Mexico for å hindre illegal innvandring, men Kongressen løyvde ikkje dei pengane som trongst for å fullføre prosjektet. Kritikarane meiner han spelte på rasistiske fordommar. Trump har blitt oppfatta som ein sterkt splittande og polariserande president. Internasjonalt markerte Trumps presidentperiode eit tydeleg brot med globalisering og forpliktande multinasjonalt samarbeid. Trump meinte slikt samarbeid har vore til fordel for andre land, mens USA kom dårleg ut. Han ville heller ha tosidige handelsavtalar, der USA får større utteljing for sin eigen styrke. Trump trekte USA ut av Paris-avtalen om kutt i klimautslepp, og det har blitt oppfatta som eit hardt tilbakeslag i kampen mot global oppvarming. Han ynskte å trekkje landet ut av konfliktar der USAs eigne interesser ikkje er direkte truga. I Midtausten spelte USA under Trump ei meir passiv og tilbaketrekt rolle enn før. Det har skapt eit tomrom som ­andre stormakter, som Russland, har vore raske til å fylle. Trump prøvde å bli vald på nytt ved presidentvalet hausten 2020, men tapte mot tidlegare visepresident Joe Biden. Nederlaget innleidde nokre dramatiske veker i amerikansk politikk. Trump hevda at han hadde vunne, men at sigeren vart stolen

6. januar 2021. Trump-tilhengjarar stormar kongressbygningen i Washington. Kva står det på flagget?

493


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

Dette kapittelet handla om at kampen mot terror har stått høgt på den politiske dagsordenen etter angrepa mot New York og Washington i 2001. Angrepa utløyste krigar både i Afghanistan og Irak at utpå 2000-talet var USA ikkje lenger så mektig som før, verken politisk eller økonomisk. Fleire land har hatt mange år med sterk økonomisk vekst. Mange hundre millionar menneske er lyfte ut av fattigdom både i Asia og Afrika at internett har skapt nye kommunikasjonsformer og knytt verda tettare saman at utviklinga på 2000-talet har vore prega både av globalisering og fragmentering

frå han på grunn av valfusk. Han prøvde å gå rettens veg for å få endra resultatet, men vann ikkje fram. 6. januar 2021, nokre veker før Biden skulle innsetjast som president, storma rasande Trump-tilhengjarar kongressbygningen i Washington. Fem personar døydde under samanstøytane med ein liten politistyrke. Trump vart stilt for riksrett, tiltalt for å vere ansvarleg for storminga fordi han hadde hissa opp demonstrantane i ein tale rett før. Han vart frikjend. Etter at han gjekk av, hadde han framleis eit sterkt grep om det republikanske partiet. Han heldt døra open for eit comeback ved presidentvalet i 2024. Joe Biden har satsa hardt på å forsone dei skarpe politiske motsetningane i USA. «Eg vil vere president for alle amerikanarar», har han lova. Han er ein meir ­tradisjonell og langt meir føreseieleg politikar enn Trump. Biden vil ta USA inn igjen i Paris-avtalen om klima, og han er tilhengjar av det multinasjonale samarbeidet Trump var så kritisk til. Men om han vi lykkast, vil tida vise. Forholdet til Kina blir etter alt å dømme den største internasjonale utfordringa for Biden.

Nye land lyfter hovudet USA og Europa har ein mindre del av verdsøkonomien enn før. Mange vestlege ­industriland har ei aldrande befolkning. Den relative tilbakegangen i USA og den vestlege verda vil halde fram, ifølgje analysar frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Verdsbanken. Tilbakegangen kjem altså av at andre land har hatt så mykje sterkare vekst. Etter ein lang periode med Vestens framgang er det mest markante globale utvik­ lingstrekket på 2000-talet blitt kalla «Restens framgang». Veksten har vore mest synleg i Asia, men andre regionar har kome med for fullt. I 2006 og 2007 hadde 124 land ein vekstrate på over fire prosent, av dei var 30 afrikanske – to tredelar av heile kontinentet. I 1981 levde 40 prosent av befolkninga i verda på éin dollar dagen eller mindre. I 2004 hadde talet falle til 18 prosent, og nedgangen har halde fram ­etter det. Utviklinga forsterkar biletet av eit USA og Vesten i relativ tilbakegang. Ein meiner at Europa vil stå for ca. 30 prosent av verdiskapinga i verda i 2050. I 1950 var talet 68 prosent. Men biletet er ikkje eintydig. Donald Trump hadde lita tiltru til internasjonale institusjonar, men under Joe Biden vil USA truleg prøve å vinne igjen den internasjonale leiarrolla si. Bruttonasjonalproduktet per innbyggjar vil etter alle solemerke vere ­høgare i USA og andre vestlege land i mange år framover enn det er i dei nye vekstøkonomiane. USA har mista økonomisk styrke og politisk gjennomslagskraft, men amerikansk populærkultur siv inn i kvar avkrok av verda. Folk over heile verda høyrer på amerikansk musikk og ser amerikanske TV-seriar og filmar. Kva dette betyr, er ikkje så lett å talfeste. Men det er også ein del av historia når vi skal diskutere om vi er på veg mot ein ny, postamerikansk verdsorden. Litteraturliste Randi Rønning Balsvik: Det 20. århundrets historie – et globalt perspektiv, 2010 Aage Storm Borchgrevink: En norsk tragedie. Anders Behring Breivik og veiene til Utøya, 2012 Sten Inge Jørgensen: Globale utfordringer, 2010 Geir Lundestad: Øst, vest, nord, sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945, 2010 Kenneth M. Pollack mfl.: The Arab Awakening, 2011 Fareed Zakaria: The Post-American World, 2008

494


Å gjere Har du fått med deg dette? 1 Lag eit tankekart der du skriv «Krigen mot terror» i midten. Samarbeid gjerne med ein medelev om å finne stikkord du kan skrive inn i tankekartet. 2 I dette kapittelet har du lese om fleire terroraksjonar. Kva trur du terroristar prøver å oppnå med terror­ angrep? Skriv 3–5 setningar som forklaring. 3 Skriv ned to årsaker til at USA ikkje har greidd å få til fred og stabilitet i Afghanistan og Irak. 4 Du har lese om den arabiske våren. Vel eitt av landa der det var demonstrasjonar i 2011, og skriv korleis det har gått etter revolusjonen. 5 Globalisering er eit viktig stikkord for dei siste tiåra. Skriv di eiga forklaring på kva globalisering er.

Perspektiv 1 Med tilgang på enorme mengder informasjon via internett har vi fått nye utfordringar med kjeldekritikk. a Kva fordelar og ulemper ser du med ein slik kjeldetilgang? b Kva for spørsmål er det viktig å stille når du brukar kjelder frå internett? (Les meir om kjelder og kjeldekritikk på side 498.) 2 Kjeldeoppgåve: Kina investerer i Afrika Det har vore kritikk mot at Kina har engasjert seg stadig meir i afrikanske land. Etter tusenårsskiftet gjekk den kinesiske strategien ut på å sikre seg råvareressursar i afrikanske land. Det vart bygt vegar og hamner – alt tilpassa ein overordna kinesisk strategi.

6 «Ei postamerikansk verd?» er ei underoverskrift i dette kapittelet. Skriv ned minst to argument for og to ­argument imot at USAs rolle i verda har blitt mindre dominerande.

President Xi Jinping er klar over denne kritikken, mellom anna om at dette er ei form for kolonisering – tilsvarande det dei europeiske koloniherrane gjorde fram til midten av 1900-talet. Kina har stilt med kapital og arbeidskraft til prosjekt.

7 Klimasaka har blitt viktigare og viktigare dei siste 30 åra. Bruk internett, og finn ei nyheitssak som viser at klimakampen har blitt viktigare for politikarane i verda. Samanlikn saka du har funne, med det ein medelev har funne.

– Kina blandet seg ikke inn i afrikanske lands indre anliggender og tvinger ikke på landene vår vilje.

Samanhengar

a Kva slags kjelde er dette? Kva for spørsmål er det viktig å stille til denne teksten dersom du vil bruke han som kjelde i historiefaget?

1 Dette kapittelet heiter «Mot ein ny verdsorden?». Kva er årsakene til at vi kanskje går mot ein ny verdsorden? Kvifor har forfattaren valt denne tittelen på kapittelet? Grunngi svaret ditt. 2 Du har hatt tilgang til internett gjennom heile livet. I historiefaget har du lært om korleis verda var før internett vart utvikla. a Greier du å sjå for deg eit liv utan internett? Skriv ned dei to beste argumenta du kjem på, for eit liv utan i­ nternett. b Kva meiner du er den største skilnaden på samfunnet før og etter internett? 3 Angrepet på regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011 var både eit angrep på det norske samfunnet og eit ­angrep på eit politisk parti. a Kvifor valde Anders Behring Breivik høgblokken i regjeringskvartalet og AUFs sommarleir som mål for terroraksjonen sin?

DN.no, publisert 03.09.2018

b I teksten kjem det fram at somme samanliknar dei kinesiske investeringane med den europeiske imperialismen i Afrika. Er du einig i den saman­ likninga? Grunngi svaret ditt. c Kva trur du er årsaka til at Kina investerer i afrikanske land? 3 Dette kapittelet handlar om utviklinga i verda sidan 1990. Korleis trur du eit slikt kapittel om berre Noreg ville ha sett ut? a Lag minst fem underoverskrifter som kan passe i eit slikt kapittel. b Finn bilete eller illustrasjonar som passar til dei overskriftene du har laga. c 2020 vart eit unntaksår, både i verda og i Noreg, på grunn av koronapandemien. Tenk deg at du skal lage ei lærebok i historie. Skriv eit avsnitt som omtalar pandemien.

b Nokre dagar etter terroren sa statsminister Jens Stoltenberg at svaret vårt skulle vere «mer åpenhet og mer demokrati». Kva trur du han meinte med det?

495


HISTORIE

K A P 20 Mot ein ny verdsorden?

496

Oppdrag: Synlege verknader av historia På denne sida ser du to bilete av Sjursøya i Oslo frå ca. år 1900 og 2000. Forandringane er enorme. Vi ser verknader av den historiske utviklinga i Noreg.

Post 2 Bileta under er frå Oslo. Du har arbeidd med historie frå heile verda i historietimane. Bruk internett til å finne eit døme frå ein annan stad i verda. Bileta du vel, må vise den same staden og vere knytte til eit av temaa de har halde på med i historiefaget gjennom året. Skriv ei kort forklaring på endringane mellom dei to bileta.

Post 1

Post 3

Studer bileta av Sjursøya, og bruk alt du har lært i historie­ faget, til å skrive ei forklaring på kvifor staden har forandra seg så mykje på 100 år.

Verknader av historia er synlege overalt. Du skal no finne slike synlege forandringar i lokalmiljøet ditt. Bruk internett ­eller biblioteket, eller oppsøk lokale historielag for å finne gamle bilete frå heimstaden din. Ta eit bilete av korleis det ser ut i dag, og skriv ei kort forklaring på endringane mellom dei to bileta. Snakk gjerne med nokon som hugsar korleis det såg ut før.

Post 4 Gå saman med medelevane dine og lag ei utstilling av bileta frå heimstaden dykkar. Utstillinga kan anten vere fysisk på skulen eller ei digital visning. Legg til forklaringane de skreiv i post 3, slik at dei som ser utstillinga, kan lære noko om ­årsakene til endringane i lokalsamfunnet.

Post 5 Korleis trur du heimstaden din kjem til å sjå ut om 100 år? Samtal om det i klassen, og diskuter om endringane i lokalsamfunnet kjem til å vere mest positive eller mest negative.

496


Kurs Korleis skal du arbeide med kjelder i faget? Korleis skal du drøfte ei hending i historia? Desse og liknande spørsmål er utgangspunktet for kursa i denne boka. Tanken er at du skal kunne bruke oppskriftene på dei neste sidene når du skal skrive ei oppgåve, lage ein presentasjon eller løyse ei problemstilling. Det er ikkje meininga at du skal følgje oppskriftene slavisk. Derimot er det viktig at du gjer svaret til ditt eige. Det får du til ved å bruke dine eigne ord, leggje vekt på dei punkta du sjølv meiner er viktige, og ha ein gjennomtenkt struktur i svaret. I Perspektiv Skulestudio finn du fleire kurs.


DEL 3

K U R S Å arbeide med kjelder

KURS Å arbeide med kjelder Historikarane har som oppgåve er å rekonstruere fortida. Det gjer dei med utgangpunkt i historiske kjelder. Vi veit at alle restar frå fortida kan brukast som historiske kjelder. Vi kjenner til at kjeldene kan vere tause eller talande, og vi forstår skilnaden på leivning og forteljing, på førstehandskjelde og andrehandskjelde og på primærkjelde og sekundærkjelde (sjå side 17). Men korleis går vi fram når vi har konkrete kjelder og skal finne ut noko om fortida? Svaret er kjeldekritikk, metoden som historikaren nyttar. Ein kjelde­ kritisk gjennomgang av eit historisk materiale har fleire steg. Undersøk, grav, tidfest, tolk og vurder – gå grundig til verks i kjeldene!

1 Sentralt spørsmål: • Kva slags kjelde er det?

Beskriv kjelda. Aller først bør du finne ut kva type kjelde du har framfor deg. Er det ei taus kjelde, ein gjenstand, eller er det ei talande kjelde? Som kjent er historikarane mest opptekne av dei talande kjeldene, så vi tek som utgangspunkt at det er ei slik kjelde du skal granske. Som regel kan du også seie noko meir om kjelda di enn at ho er talande. Til dømes kan du avgjere om det er eit brev, ein avisartikkel eller ein pengesetel. Du kan seie om det er ei trykt kjelde, eller om ho er handskriven, og du kan truleg også seie noko om språket i kjelda. Til saman vil det kunne gi deg eit overflatisk inntrykk av kva kjelda dreiar seg om.

2 Sentrale spørsmål: • Når er kjelda frå? • Kven er opphav til kjelda? • Kva veit du om opphavs­ personen (eventuelt fleire) eller opphavsmiljøet?

498

Bestem opphavet til kjelda. I neste steg går vi meir systematisk til verks. No skal vi prøve å finne ut kva som er opphavet til kjelda. Ein god start er å prøve å tidfeste kjelda. Ofte er kjeldene utstyrte med dato, men dersom det manglar, kan skriftspråk, papirkvalitet, funnstad og innhald hjelpe oss til å setje ei omtrentleg datering. Til dømes kan vi slå fast at ei kjelde som brukar nemninga Kristiania om Noregs hovudstad, truleg er eldre enn 1925, då byen bytte namn til Oslo. Vi vil også gjerne vite kven eller kva som er opphavet til kjelda. Er det ein namngitt, og kanskje til og med kjend person? Eller er det eit større miljø som står bak? Kjennskap til opphavsstaden er også viktig. Det kan ha hatt noko å seie for om personen/personane bak teksten stod fritt til å uttrykkje seg, og det kan gi ein peikepinn om kva slags informasjon han eller ho har hatt tilgjengeleg då kjelda vart til.


3

Avgjer kva slags formål kjelda hadde. For å kunne seie noko om kva formål kjelda hadde, må vi prøve å avgjere om dette er eit offentleg eller eit privat dokument, og om innhaldet er formelt (nyttårstalen til statsministeren) eller uformelt (kladden til ein rådgivar som skreiv denne talen). Det er også viktig å vite om kjelda har blitt til i ein bestemt kontekst. Er ho til dømes skriven i ein krigssituasjon? Eller er det eit litt merkeleg avisoppslag som er datert 1. april? Vi bør i tillegg stille spørsmål ved kor ekte kjelda er. Dersom kjelda har noko å seie for den økonomiske situasjon til ein eller annan, eller for status og rettar, er det meir sannsynleg at det kan vere ei forfalsking. Det å avgjere om ei kjelde er ekte, har vist seg å vere svært vanskeleg, til og med for erfarne historikarar. Då dagbøkene til Hitler dukka opp på 1980-talet, vart dei først rekna for å vere ekte. Finnaren, som eigentleg var forfalskaren, selde rettane til å publisere dagbøkene og innkasserte enorme beløp før svindelen vart avslørt.

Sentrale spørsmål: • Kva formål har kjelda? • Kva er konteksten til kjelda? • Er kjelda ekte?

4

Tolk innhaldet. Føresetnader for å tolke innhaldet i ein tekst er først og fremst at det er mogleg å lese teksten, at orda er forståelege for oss, og at vi har nok kunnskap om perioden til å forstå kva teksten refererer til. For ein som arbeider med moderne norsk historie, vil det som regel vere greitt, mens historikarar med eldre periodar som sitt felt vil ha mykje større utfordringar. Kjelder frå antikken, vikingtida og mellomalderen kan vere skrivne på latin, på norrønt eller på tidlegare variantar av til dømes engelsk og fransk. Handskrift er gjerne utydeleg og vanskeleg å lese, og språklege omgrep kan ha fått ei anna meining. Éin ting er å kunne lese det som står i kjelda, ein annan ting er å forstå meininga med henne. Det kan vere vanskeleg. Vi må prøve å lese teksten med «fortidsauge» og bruke historisk empati. Det vil seie at vi må ta omsyn til den tida kjelda vart til i og vere bevisste på at det samfunnet vi lever i, er annleis enn det samfunnet kjelda vart til i. Vi må prøve å forstå fortida på premissane frå den tida.

5

Undersøk truverdet. Til slutt prøver vi å seie noko om kor truverdig kjelda er. Kan vi stole på det kjelda fortel? Kva er forholdet mellom tekst og verkelegheit? Spørsmål om kjelda er påliteleg, heng saman med forholdet forteljaren har til innhaldet. Altså er ei augevitneskildring i utgangspunktet meir truverdig enn andrehandsinformasjon. Fleire uavhengige kjelder som stadfestar kvarandre, gjer kjelda meir påliteleg. Ei tendensiøs kjelde, som er tydeleg prega av politisk syn eller ideologi, omsyn til personleg prestisje eller skråsikre førehands­ meiningar, er mindre truverdig.

Sentrale spørsmål:

• Kva betyr teksten? • Kva kan vere meininga med teksten?

• Korleis passar teksten inn i samtida til kjelda?

Sentrale spørsmål:

• Kan du stole på kjelda og opphavspersonen til kjelda?

• Er det andre kjelder som kan stadfeste kjelda?

• Er det ein tendens i kjelda?

Litteraturliste Jim Cullen: Essaying the Past. How to Read, Write and Think about History, 2009 Terry Haydn mfl.: Learning to Teach history in the Secondary School. A Companion to School Experience, 2001 Knut Kjeldstadli: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget, 1999 Bent Egaa Kristensen: Historisk metode, 2007 Erik Lund: Historiedidaktikk for klasserommet. En håndbok for studenter og lærere, 2003 Sebastian Olden-Jørgensen: Til kilderne. Introduktion til historisk kildekritik, 2003 John Tosh: Historisk teori och metod, 2000

499


DEL 3

K U R S Å lage ei problemstilling

KURS Å forklare historiske hendingar Under finn du eit kurs i korleis du kan forklare historiske hendingar. Denne framgangsmåten kan du følgje dersom du skal skrive ei oppgåve, ha munnleg eksamen eller lage ein presentasjon, eller dersom du berre treng ein metode for å lære meir om ei bestemt historisk hending. Kva kurset skal føre fram til, må du avtale med læraren din før du begynner. Hugs at du ikkje treng å følgje punkta slavisk – du bør heller lage din eigen struktur og disposisjon for å gjere stoffet til ditt eige. Målet med ei historisk framstilling er ikkje berre å beskrive noko som hende i fortida, men også å forklare kvifor dette hende. Det er sjeldan berre éi bestemt årsak til ei historisk hending eller eit fenomen. Som regel vil det vere fleire forhold som er med på å forklare kvifor noko skjer. Konkrete hendingar, det ein person gjer, og bestemte behov i samfunnet kan vere med på å forklare det som hende. Pondus, av Frode Øverli.

1

Kva hende? Ei historisk undersøking begynner med å finne ut kva som hende. Difor bør du først gi ei kort skildring av fenomenet eller hendinga du skal forklare. Her har vi brukt vikingferdene som døme:

Sentrale spørsmål: • Kva hende? / Kva skal du finne ut? • Når hende det? • Kven eller kva er involvert?

Vikingferdene gjekk for seg frå omkring år 800 til litt ut på 1000-talet. Sjøfararar frå Skandinavia segla austover gjennom Russland til Konstantinopel. Dei segla sørover til middelhavsområdet og vestover mot dei britiske øyane, Island, Grønland og Vinland (Nord-Amerika). Vikingane er kjende for sine valdelege overfall og plyndringar, men dei dreiv også handel. I tillegg var det ein god del av dei som busette seg på stadene dei reiste til.

2 Sentrale spørsmål:

• Kvifor hende dette? / Kvifor kom denne utviklinga?

• Kva kan vere andre forklaringar?

500

Kvifor hende det? Etter at du har gjort greie for hendinga (plassert henne i tid, omtalt relevante moment, skissert ei tidsrekkjefølgje), kan du ta fatt på oppgåva med å forklare kvifor dette hende. Vi spør altså: Kvifor vart det vikingferder? Det er eit spørsmål som mange historikarar har vore opptekne av, og difor vil du kunne finne fleire ulike svar. Historiske hendingar er samansette, og fleire forhold må vurderast for å kunne forklare kvifor noko hende. Jobben er altså ikkje gjord sjølv om du har funne fram til éi mogleg forklaring. Tvert imot bør du prøve å finne så mange opplysningar som råd som kan hjelpe deg på vegen. I tillegg til læreboka kan du gjerne bruke annan faglitteratur. Ikkje ver redd for å kome med eigne forslag. Hugs å oppgi kvar du hentar informasjonen din frå. Mellom momenta på ei liste som kan forklare vikingferdene, vil truleg dette vere med: plyndring, handel, kolonisering, folkeauke, teknologisk utvikling, skipsbygging, jernproduksjon, førkristen religion, svake politiske einingar i Europa, osv.


3

Sorter årsakene. No har du laga ei oversikt over moment som kan forklare noko om hendinga. Men det å ha ei forklaring på alle tenkjelege årsaker er ikkje det same som å ha ei god forklaring. Ved å sortere og gruppere årsakene får du høve til å vise at du har ei djupare forståing av emnet. Du kan til dømes ta utgangspunkt i SPØKT (sjå side 14) og kategorisere forklaringane ut frå sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle eller teknologiske forhold. Når det gjeld vikingferdene, kan du til dømes seie at folkeauke har å gjere med sosiale forhold, og at statsutviklinga i Europa har å gjere med det politiske. Handel dreiar seg om økonomi, mens den førkristne religionen til vikingane handlar om kulturelle forhold. Kunnskapen om jernutvinning og skipsbygging høyrer til det teknologiske området. Det er ofte slik at ulike forhold har samband med kvarandre. Difor kan det vere vanskeleg å skilje den eine forklaringa frå den andre.

4

Ranger årsakene. Du kan gjere forklaringa di endå betre ved å rangere dei ulike årsakene i forhold til kvarandre. Éin måte å gjere det på er å skilje mellom det vi kallar grunnleggjande årsaker og den årsaka vi meiner er utløysande. Dei grunnleggjande årsakene er ofte langsiktige, slik som klimaendringar og folkeauke. Det same er ideologiske og religiøse motsetningar. Men det er den utløysande årsaka som set i gang hendinga. Den utløysande årsaka er altså noko som skjer kort tid før hendinga du er i ferd med å forklare.

Sentrale spørsmål: • Kva for årsaker kan du sjå i samanheng? • Kvifor passar desse årsakene saman? • Kva for årsaker kan du skilje frå kvarandre?

Sentrale spørsmål:

• Kva for årsaker er grunnleggjande?

• Kva for årsaker er medverkande?

• Kva for årsaker er utløysande?

Utløysande årsak til den første verds­ krigen? Frå søndagsavisa La Domenica del Corriere, 12. juli 1914.

501


DEL 3

K U R S Å forklare historiske hendingar

Sentrale spørsmål: • Kvifor er akkurat denne årsaka viktig? • Kvifor meiner du den årsaka kan forståast slik? • Kva for andre måtar kan årsaka (årsakene) forståast på? • Kvifor er den eine årsaka mindre viktig enn dei andre?

Sentrale spørsmål:

• Stemmer forklaringa di med den historiske konteksten?

• Kva kan andre forklaringar

vere dersom du legg vekt på andre samfunnsforhold? • Vil forklaringa di kunne tolkast på andre måtar seinare, trur du?

5

Drøft. Det er viktig å presisere at målet ikkje er å kome fram til eitt rett svar, men at det er rom for ulike tolkingar og oppfatningar. Difor er ei drøfting av kvifor du har sortert og rangert dei ulike forklaringane slik du har gjort, ein viktig del av framstillinga di. Her grunngir du kvifor du meiner visse forhold er meir avgjerande enn andre. Forklar korleis årsakene heng saman, og vurder om éi årsak peikar seg ut som den viktigaste.

6

Korleis pregar ulike forklaringar historiske framstillingar? I Noreg har historie som vitskapsfag eksistert sidan tidleg på 1800-talet. Dei første norske historikarane var først og fremst opptekne av eldre historie. Sjølv om det har vore skrive talrike bøker om norsk mellomalder sidan den gongen, kjem det framleis ut nye bøker om denne perioden. Det er mellom anna fordi historikarane i dag har andre forklaringar på hendingar og prosessar i mellomalderen enn det historikarane på 1800-talet hadde. Historiske tolkingar endrar seg altså over tid. Ei årsak til dette er at det heile tida går for seg ny forsking. Dei som er historikarar i dag, stiller andre spørsmål om fortida enn historikarane som arbeidde på 1800-talet. Når det gjeld til dømes mellomalderhistorie, var tidlegare historikarar svært opptekne av politiske forhold. Kor stor makt hadde kyrkja i forhold til kongen? Korleis vart det avgjort kven som skulle bli konge? Seinare har mellomalder­ historikarar skrive om sosiale og kulturelle forhold, som rolla til kvinnene, vennskap og haldningar til døden. Ei anna årsak til at historiske tolkingar blir endra, er at historikaren er prega av den tida han eller ho lever i. Forklaringar som kunne verke logiske for nokre generasjonar sidan, er kanskje heilt meiningslause for oss. I dag er det ingen seriøse historikarar som vil forklare koloniseringa på 1800-talet med at afrikanarar er barnslege og tillitsfulle. Ein faghistorikar kan heller ikkje skrive at noko var Guds vilje for å forklare ei historisk hending. Når du finn ulike forklaringar på ei og same historiske hendinga, kan årsaka vere at forklaringane har blitt til på ulik tid. Men du vil nok også oppdage at historikarar frå same tida er ueinige om korleis ei konkret hending skal forklarast. Det kan ha samanheng med at dei er interesserte i ulike delar av historia. Ein historikar som er oppteken av økonomiske forhold, vil kanskje fokusere på marknadsøkonomi og handel i forklaringa si, mens ein historikar som er oppteken av kulturelle forhold, vil trekkje fram utdanningsnivå og ideologi for å forklare den same hendinga.

7

Oppsummering. Punkta ovanfor gir deg eit grunnlag for å forklare ei historisk hending. Som regel vil punkta 1 til 5 vere viktige å ha med i ei drøftingsoppgåve, mens punkt 6 ikkje alltid er nødvendig. Les oppgåveteksten nøye før du tek til å skrive, og kontroller undervegs og til slutt at du har svart på det oppgåva ber om.

Litteraturliste Knut Kjeldstadli: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget, 1999 Ottar Dahl: Problemer i historiens teori, 1986 Anders Floren og Henrik Ågren: Historiska undersökningar. Grunder i historisk teori, metod och framställningssätt, 1998 H.P. Clausen: Hvad er historie, Den historiske videnskabs metodiske grundspørgsmål og nyere synspunkter på historieforskningens teoretiske problemer, 1963 Erik Lund: Historiedidaktikk. En håndbok for studenter og lærere, 2009 E.H. Carr: What is history? 1987 John Tosh: Historisk teori och metod, 2000

502


KURS Å stille spørsmål og formulere problemstillingar Ein viktig del av historiefaget er å stille spørsmål, til dømes: Kva hende? Når hende det? Kvifor hende det? Kva var konsekvensane? På Vg2 ventar ein at du stiller eigne spørsmål til fortida. På Vg3 skal du formulere eigne problemstillingar. Ei problemstilling er hovudspørsmålet for eit forskingsarbeid. Å lage spørsmål og problemstillingar krev at du øver, er aktiv og tenkjer sjølv. Spørsmål og problemstillingar hjelper deg med å avgrense og å gå djupare inn i eit emne. Det kan vere veldig spennande å studere eit emne du sjølv har valt. Dessutan arbeider du då på ein måte som er svært relevant for framtida di. Å stille spørsmål, hente inn og bearbeide informasjon er nyttig i samfunnet, og vil bli endå viktigare i framtida.

Å stille spørsmål i historie For å kunne stille gode spørsmål i historiefaget må du ha øving og noko kjennskap til emnet du spør om. Eit godt spørsmål kan gjerne formulerast etter at du har lese om emnet. Ved å svare på spørsmål som tek til med når, kvar og kven, finn du fram til fakta. Dersom du begynner eit spørsmål med kva eller korleis, opnar du for meir tolking, forklaring og analyse i tillegg til fakta. Spørsmålet kvifor krev utdjupande svar som inneber analyse, tolking og forklaring – som også byggjer på fakta. Til dømes er det stor skilnad på kor omfattande svar desse to spørsmåla krev: «Når begynte den industrielle revolusjonen?» og «Kvifor begynte den industrielle revolusjonen i England?». Når du skal formulere problemstillingar, kan du følgje dette kurset:

1

Vel eit emne. Ofte er det læraren som har valt det emnet du arbeider med. Andre gonger, til dømes når det gjeld vurdering eller munnleg eksamen, kan du få oppgitt eit større tema, som revolusjonar eller konfliktar. Då må du sjølv avgrense emnet og lage ei problemstilling. Å lage ei problemstilling kan også vere aktuelt i samband med fordjupingsoppgåver. I slike tilfelle har du som regel større valfridom til å velje kva du skal undersøkje. Ein føresetnad for å lage ei god problemstilling er at du har lese om emnet på førehand og har ein del kunnskap om det. I dette kurset har vi valt å bruke levekår i Noreg på 1800-talet som emne.

2

Avgrens emnet i tid og stad. Etter at du har valt emne, bør du avgrense det i tid og stad. Eit så stort emne som levekår i Noreg på 1800-talet bør avgrensast endå meir i tid og stad. Det er nødvendig å vite kor lenge du skal arbeide med emnet før du avgrensar det. Er det ei oppgåve som skal løysast på ei økt eller to, eller skal arbeidet gå over fleire veker? La oss seie at du skal arbeide med emnet i ei veke, det vil seie to økter på Vg3. Du vil finne ut korleis folk levde omkring 1800 i dagens Oslo, som då heitte Kristiania.

Sentrale spørsmål: • Kva emne skal du studere? • Kva kan du om emnet frå før? • Kan du finne litteratur og historisk materiale om emnet?

Sentrale spørsmål:

• Kor lang tid har du til å arbeide med emnet?

• Kva for ein tidsperiode vil du ta for deg?

503


DEL 3

K U R S Å stille spørsmål og formulere problemstillingar

3 Sentrale spørsmål: • Er emnet stort nok til å kunne fungere og smalt nok til at du kan svare på det? • Kva for ein del av emnet vil du gå djupast inn i? • Kva innfallsvinkel vel du?

Sentrale spørsmål:

• Tenk over kva for eit spørjeord du skal bruke.

• Er det eit ope spørsmål eller ei open problemstilling, slik at du kan drøfte ulike svar?

Definer emnet. Det er viktig å definere akkurat kva du vil undersøkje. Levekår i Kristiania omkring 1800 er framleis eit breitt tema. Levekår kan handle om mykje: Korleis levde folk? Kor mange var det som budde saman? Kor store var familiane? Kva åt folk, og kva arbeidde dei med? Levekår omfattar forholdet mellom kvinner og menn: Kor gamle var dei når dei gifte seg, og var det foreldra eller partnarane sjølve som bestemte kven dei kunne gifte seg med? Kor mange barn fekk dei, og korleis var oppveksten til eit barn på denne tida? Korleis var ungdomstida? Ei undersøking av levekår kan også handle om mellom anna sjukdommar, kriminalitet og behandlinga av eldre og sjuke. Vi tenkjer oss at du har nokså kort tid, berre ei veke, og difor har vi valt å undersøkje ein familie og kva dei levde av.

4 5

Tenk over bruken av spørjeord. For at du skal kunne drøfte spørsmålet eller problemstillinga di, er det viktig at ho er open nok til å gi ulike svar. Difor bør du ikkje lage ei problemstilling der svaret er eit enkelt ja eller nei.

Fullfør problemstillinga. Du kan no setje saman dei ulike delane frå punkta over. Emnet levekår er avgrensa i tid og stad, det skal handle om ein familie i Kristiania og kva dei levde av. Du skal unngå eit ja/nei-spørsmål. Dermed kan problemstillinga bli slik: «Kva levde ein familie i Kristiania av omkring 1800?» Problemstillinga er open for ulike svar dersom du ser på fleire familiar og ikkje berre éin.

6

Reflekter. Reflekter over dine eigne spørsmål og moglege svar. Korleis blir problemstillinga påverka av din eigen ståstad? kva ligg bak problemstillinga di? Er det personleg interesse? Er det forhold i di eiga tid som gjer at du er nysgjerrig på akkurat dette? Du viser kompetanse i historiefaget når du lagar eigne spørsmål og finn svar. Når du i tillegg finn, tolkar og brukar eit rikt utval av historisk materiale for å svare på spørsmåla og problemstillingane dine, viser du høg kompetanse i faget.

504


KURS Å skrive ein artikkel i historiefaget Frå norskundervisninga veit du at det er vanleg å dele tekstar inn i to hovudkategoriar: skjønnlitteratur og sakprosa. Det kan vere vanskeleg å trekkje eit skarpt skilje mellom dei to kategoriane, men i all hovudsak kan vi seie at ein som les skjønnlitteratur, oppfattar teksten som oppdikta, mens ein som les sakprosa, oppfattar at meininga med teksten er å seie noko som er sant om verkelegheita. Ein historisk artikkel er ein sakprosatekst som er skriven på grunnlag av kjelder og faglitteratur for å seie noko sant om ei fortidig verkelegheit. Dette kurset viser korleis du går fram når du skal skrive ein slik artikkel.

1

Begynn tidleg. Å skrive tek som regel lengre tid enn ein trur, og det er lurt å begynne tidleg. Ikkje vent til rett før innleveringsfristen før du finn fram oppgåveteksten din. Når du har begynt å tenkje på kva du skal skrive, er det sjanse for at gode idear og tankar om korleis du kan løyse oppgåva, dukkar opp på uventa tidspunkt.

2

Avgrens oppgåva. Når du skal skrive ein historisk artikkel, har du sannsynlegvis anten fått utdelt ein presis oppgåvetekst frå læraren din, eller så har du fått oppgitt eit tema eller ein periode som du sjølv må avgrense. Dersom det siste er tilfellet, og du har fått i oppgåve til dømes å skrive om demokratiutvikling i Europa, kan du ikkje ha som mål å ta med alt om dette temaet. I staden må du begynne med å avgrense oppgåva. Det kan du gjere på fleire måtar, til dømes kronologisk (1870–1913), tematisk (kvinneleg røysterett) og/eller geografisk (Noreg). Sjå også kurset på side 503.

3

Finn kjelder og litteratur. Etter at du har avgrensa temaet for artikkelen din, må du leite etter relevant informasjon. Innføringa av kvinneleg røysterett i Noreg er behandla i kapittel 8 i denne boka. Der vil du finne noko informasjon om emnet, men ikkje nok til å kunne skrive ein heil artikkel. Du må altså bruke annan faglitteratur i tillegg, og kanskje også kjelder. Du kan gjerne søkje etter faglitteratur på internett, men hugs at biblioteka har fagutdanna bibliotekarar som gjerne hjelper deg. Eit generelt tips for å finne fram til relevant litteratur er å sjå gjennom litteraturlister. I litteraturlista til kapittel 8 her i boka ser du at ei av bøkene er Jostein Nerbøviks Norsk historie, 1860–1914, ei anna er Gro Hagemanns bind 9 i Aschehougs norgeshistorie. I begge desse bøkene vil du altså truleg finne meir informasjon om kvinneleg røysterett i Noreg. Det kan hende læraren din har kjelder du kan bruke, og det finst også mange tilgjengelege kjeldesamlingar på internett.

505


DEL 3

K U R S Å skrive ein artikkel i historiefaget

4

Lag ein disposisjon. Ikkje tenk at du må ha lese mykje faglitteratur før du begynner skrivearbeidet. Ein disposisjon for heile artikkelen bør du lage nesten med ein gong. Det vil ikkje seie at du på førehand må vite nøyaktig kva artikkelen din kjem til å innehalde, men disposisjonen gir deg eit skjelett for det komande skrivearbeidet. Etter kvart som du les og tenkjer, tek du notat som passar inn i disposisjonen, slik at skjelettet gradvis får meir kjøt på beina. Slik kan ein disposisjon sjå ut:

Innleiing til oppdraget • Presenter temaet ditt. • Definer sentrale omgrep. • Formuler ei problemstilling. Kva er det du skal forsøke å vise i artikkelen din? • Gi ein peikepinn om korleis du har strukturert teksten. Hovuddel • Gjer greie for emnet. • Kven, kva, når og kvar? • Drøft problemstillinga di. • Korleis, kvifor, kva for konsekvensar? Konklusjon • Gi ei kort oppsummering av dei viktigaste poenga frå hovuddelen. • Ta opp igjen problemstillinga du formulerte innleiingsvis, og trekk konklusjonar på grunnlag av drøftinga i hovuddelen. World Trade Center I New York. Når kan dette biletet vere frå?

5

Skriv

Gå rett på sak Det kan vere vanskeleg å avgjere kor mykje bakgrunnsinformasjon du bør ha med. Kampen for kvinneleg røysterett i Noreg heng saman med innføringa av røysterett for menn. Mennene fekk røysterett med 1814-grunnlova, som var inspirert av den franske og den amerikanske grunnlova. Idégrunnlaget for desse to grunnlovene ligg i opplysningsfilosofien, som igjen hadde røter i den vitskaplege revolusjonen på 1600-talet. Dersom du begynner med den vitskaplege revolusjonen når du skal skrive om kampen for kvinneleg røysterett i Noreg på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet, gaper du over for mykje. Då vil du kome til å ha med mykje som ikkje er relevant for oppgåva di. Prøv heller mest mogleg å gå rett på saka. Sørg for tydeleg kronologi. Kronologien, altså tidsrekkjefølgja, er ryggrada i ei historisk framstilling. For å kunne forklare historiske fenomen er det avgjerande å ha kjennskap til det som hende før fenomenet kom. Når du skal gjere greie for hendingsgangen, er det difor viktig å ha ein tydeleg kronologi.

Unngå moralisering Når du skal skrive om fortidige hendingar, kan det vere freistande å moralisere over haldningane til aktørane. Til dømes verkar argumenta som vart nytta mot kvinneleg

506


røysterett på slutten av 1800-talet, nokså latterlege for oss i dag. Unngå moralisering og latterleggjering. Hugs at det dreiar seg om ei anna tid, og at aktørane var produkt av si tid, slik vi er produkt av vår.

Ver presis Det er fort gjort å leggje seg til eit litt innvikla og oppstylta språk når ein skal skrive ein fagartikkel, men det er heilt unødvendig. Tenk heller at du skal skrive så tydeleg og klart som du kan. Bruk gjerne korte, enkle setningar. Framandord brukar du berre dersom du er heilt sikker på kva dei tyder, og dersom du ikkje finn noko godt norsk ord i staden. Prøv å unngå upresise ord og omgrep. Til dømes bør du heller skrive «Stortingsfleirtalet meinte …» enn «Ein meinte …», og heller «Christian Michelsen fortalde …» enn «Det vart fortalt …».

Pass på ordentlege referansar og rette sitat Ein historisk artikkel skal skrivast på grunnlag av kjelder og annan faglitteratur. Det er ingen som ventar at du skal kunne skrive ein fagartikkel berre på grunnlag av kunnskap du alt har. Tvert imot er det eit poeng å vise at du har lese ulike framstillingar av emnet du skriv om. Men når du brukar moment frå annan faglitteratur, må du mest mogleg fortelje innhaldet med dine eigne ord. I tillegg er det viktig at du oppgir skikkelege referansar til faglitteraturen. Det kan du gjere på to måtar: anten i parentes etter kvart i teksten eller i fotnotar. Uansett skal du oppgi etternamnet på forfattaren, årstalet då boka eller artikkelen kom ut, og sida du har henta poenget frå. Slik kan det sjå ut: Nerbøvik 1999, side 104. Det hender at du kjem over formuleringar i faglitteratur eller kjelder som er såpass spesielle at du vel å skrive dei slik dei står, i staden for å skrive om. Det kan du gjere, men då må det gjerast heilt nøyaktig. Eit sitat skal stå i hermeteikn. Du må ikkje sløyfe ord eller teikn utan å markere det på denne måten: (…). Rett etter sitatet må du oppgi kvar det er henta frå. Det er viktig å ha skikkelege referansar og korrekte sitat. Å bruke faglitteratur utan å oppgi referanse er plagiat.

Hugs på litteraturlista Til alle artiklar høyrer det ei litteraturliste. Det er ei alfabetisk liste over alle bøker, artiklar og nettressursar du har brukt for å skrive artikkelen din. Etter kvart av kapitla i denne boka finn du ei litteraturliste. Bruk gjerne det oppsettet som mal når du skal skrive sjølv.

Les gjennom og skriv om Etter at du har skrive det første utkastet til artikkelen din, kan du gjerne la teksten liggje litt før du les igjennom ein gong til og arbeider meir med han. Kanskje har du kome på eit nytt poeng du vil ha med, eller kanskje er det nokre avsnitt som bør kuttast ut? Verkar teksten klar og tydeleg, eller bør du pusse meir på formuleringane dine? Det kan vere nyttig å få andre til å lese igjennom arbeidet ditt og kome med innspel, før du leverer det frå deg. Litteraturliste Tor Egil Førland: Drøft. Lærebok i oppgaveskriving, 1996 History Department Hamilton College: Writing a Good History Paper, 2008 Rael Patrick: Reading, Writing, and Researching for History: A Guide for College Students,

507


DEL 3

K U R S Å skrive ein artikkel i historiefaget

KURS Å tolke og bruke eit bilete

Jevgenij Chaldej: «Livet går vidare» (1944). Bilete frå ­Sevastopol ved Svartehavet.

508

1 Beskriv fotografiet eller måleriet. Sjå på biletet, og sei eller skriv ned det du ser. 2 Finn ut kven som har laga det, og når det vart laga. 3 Kva samanheng vart biletet laga i? Prøv å finne meir informasjon om kva forhold fotografen eller målaren har til motivet. Eit fotografi er eit augneblinksbilete, men biletet kan manipulerast. Eit måleri kan vere laga med stor avstand i tid. Kva har det å seie? 4 Har biletet ein tittel? Kva fortel han deg? 5 Kva for val har fotografen eller målaren gjort når det gjeld motiv, utsnitt, fargar, perspektiv, former og komposisjon? 6 Kvifor trur du fotografiet er teke eller måleriet er laga? Kva trur du opphavs­ personen har ynskt å formidle? 7 Korleis kan du bruke biletet som ei kjelde? Korleis kan det gi informasjon om ei hending? Korleis kan det gi informasjon om opphavspersonen eller tida det vart til i?


Oppslagsdel Lese- og læringsstrategiar I Perspektiv finst det fleire forslag til framgangsmåtar og metodar som kan brukast til å organisere informasjon, kunnskap og eigne tankar om det du har lese eller lært. Mange av skjemaa er nyttige før, undervegs og etter lesinga, i samband med repetisjon eller når du øver til prøver eller arbeider med andre innleveringar. Under finn du ein omtale av dei metodane som det er vist til i verket. På nettsidene til Perspektiv eller i Smartbok finn du fleire.

Tokolonnenotat Å lage kolonnenotat vil seie å organisere stoff i kolonnar (rader). Eit kolonnenotat kan brukast både før, under og etter lesing. Notatet kan vere eit hjelpemiddel når du skal organisere eit fagstoff, til dømes før du skal skrive ein artikkel. Du kan også bruke kolonnenotatet når du repeterer, for å kontrollere kva du har forstått, og kva du hugsar. Dekk over ein av kolonnane, og prøv å fortelje det som står der.

Tokolonnenotat

Venndiagram Eit venndiagram kan brukast for å samanlikne to emne, to periodar eller liknande. Diagrammet kan du bruke i ditt eige arbeid med eit emne, eller som ei øving der læraren bestemmer tema som skal samanliknast. Teikn ein tilsvarande figur, og samanlikn to storleikar ved å skrive kva som er særtrekk og fellestrekk i dei ulike delane av sirklane, som vist under.

Nøkkelord/hovudpoeng

Forklaring/detaljar

Påstand

Bevis/argument

Skilnader/ særtrekk Fellestrekk/ likskapar Skilnader/ særtrekk

Problem

509


OPPSLAGSDEL

Alias

Pilforklaring

Alias er eit spel der du skal forklare eit ord eller eit omgrep utan å bruke sjølve ordet eller omgrepet. Målet er å få motspelarane til å gjette kva ord eller omgrep du vil fram til. Spel to og to saman.

Ei pilforklaring liknar både ei årsakskjede og eit tankekart (sjå over). Meininga er å lage visuelle kart som summerer opp eller forklarar til dømes kvifor noko skjedde. Det er sjølvsagt ingen fasit for korleis dette skal gjerast. Det viktigaste er å lage oversikter som fungerer for deg. Under ser du eit døme.

Fordi-setningar Ei fordi-setning er ei setning der du skal grunngi ein påstand. Her er eit døme: Skota i Sarajevo var ei utløysande årsak til den ­første verdskrigen fordi hendinga direkte førte til at partane erklærte krig mot kvarandre. Påstanden er at «skota i Sarajevo var ei utløysande årsak til den første verdskrigen», mens alt som følgjer etter fordi, er di grunngiving for kvifor du meiner det er slik. Det er nyttig å bruke fordi-setningar for å tvinge deg sjølv til å grunngi det du meiner. Ved å prøve å formulere ei grunngiving for påstanden din finn du ut om argumentet ditt held. Fordi-setningar kan også brukast til å skrive gode samandrag av kapitla på ein nokså enkel måte. Ta utgangspunkt i «Har du fått med deg dette?»-punkta etter kvart kapittel, og gjer dei om til fordi-setningar. Slik får du kontrollert om du har forstått fagstoffet.

Imperialisme maktalliansar kamp hendingsgang årsaker

Den første verdskrigen

avslutning

Årsakskjede Ei årsakskjede er ei visualisering av samanhengar i fagstoffet. Kjeda er sjølvsagt svært forenkla, men ho kan fungere som ei visualisering som gjer det enklare å forstå dei grunnleggjande samanhengane i historia. Under ser du eit døme. (Les pilene som «førte til».) Svartedauden redusert folketal lågare skatteinntekter svakare sentralmakt

510

verknader

nazistane den andre verdskrigen

Versaillestraktaten

Temasetningar I ein tekst vil alltid noko informasjon vere meir overordna enn anna. I eit avsnitt vil ofte éi setning summere opp innhaldet i avsnittet. Det kallar vi ei temasetning. Dei andre setningane utdjupar eller forklarar innhaldet i temasetninga, og desse setningane kallar vi kommentarsetningar. Når du skal repetere innhaldet i ein tekst, kan det vere lurt å plukke ut temasetningane og ved hjelp av dei lage ei oppsummering av teksten. Ei god øving er å finne og skrive ned temasetningane i kvart avsnitt. Ved å gjere det i alle avsnitta i ein tekst får du på ein enkel måte summert opp emnet. Legg deretter til kommentarsetningar dersom du har behov for å forklare temasetningane. I eigne tekstar og presentasjonar i faget bør du også bruke temasetningar.


«Kven skal ut?» Denne øvinga fungerer som ein litt uhøgtideleg, men samtidig nyttig måte å summere opp emne eller ­kapittel på. Øvinga gjer du på den måten at du skal setje saman ulike personar, hendingar, forklaringar, årsaker, verknader eller anna til eit valt emne. Pass på at eitt eller fleire av momenta du presenterer, ikkje passar inn. Test deretter ut stikkorda dine på ein medelev eller i plenum. Det er viktig at du kan grunngi kvifor du har valt nettopp desse stikkorda, og kan grunngi kven som ikkje høyrer med. Døme: Emne: Mellomkrigstida • Rosa Luxemburg • Adolf Hitler • Lenin • Stalin • Karl Marx

Løysing: Her finst fleire moglegheiter. Karl Marx skal ut sidan han ikkje levde i mellomkrigstida. Luxemburg skal ut fordi ho er kvinne. Adolf Hitler skal ut fordi alle dei andre har noko med sosialismen å gjere, osv. Det viktige er altså å grunngi vala dine. På den måten blir du bevisst på samanhengar og får repetert tema. Liknande øvingar kan brukast både om årsaker til ei hending, kva for hendingar som høyrer til ein ­periode, osv.

VØL-skjema Eit VØL-skjema har tre kolonnar, og skjemaet kan brukast som førlesing til eit emne (den første kolonnen), som undervegslesing (den andre kolonnen) og som etterlesing (den tredje kolonnen). I tillegg kan det vere fornuftig å knyte arbeidet til eit læringsmål som læraren definerer på førehand.

VØL-skjema Dette veit eg

Dette ynskjer/treng eg å vite meir om for å nå læringsmålet

Dette har eg lært

511


OPPSLAGSDEL

Register A Abbas, Mahmoud 468 adel 30, 149, 153 Afghanistan 475 African National Congress (ANC) 442 Afrika 22, 120–125, 148, 230–238, 250, 367, 428–444 agora 27, 28 Ahmadinejad 465 Aleksander den store 35 Alexander L. Kielland-plattforma 403 Alexandria 112 Al-Fatah 458, 468 Algerie 232, 431 Al-Qaida 474, 476, 482 Alsace-Lorraine 244, 256 Alta-Kautokeino-vassdraget 401 Amerika 130–137, 146–148, 179–182, 216–218 Amin, Idi 437 Amsterdam 147 Amundsen, Roald 18, 294 ANC 442 Anders Langes Parti 398 andrehandsforteljing 18 Angola 368 antikken 26–52 antisemittisme 324, 325, Antoinette, Marie 186 apartheid 368, 441 Arafat, Yasir 458, 466 arbeidarrørsla 300–302 arbeidarklasse 195, 265, 275, 283, 299 Arbeidarpartiet 389, 390, 405 arbeidsinnvandrar 405 Argentina 490 aristokrati 60, 89, 94, 108, 153, 160 Aristoteles 33, 140 Asia 23, 104, 125, 132, 236, 318, 328, 360 assimileringspolitikk 395 Athen 26–35, 49, 50 atombombe 356, 365, 391 atomvåpen 413 Augustus 41, 46 Auschwitz 324, 326, 345 Australia 250, 490 avkolonisering 426 avlat 143 aztekar 133–137 B Babij Jar-massakren 326 babyboom 390 Babylon 52 Bacon, Francis 145 Bagdad 109 baglar 89 Bahamas 132 Balfour, Arthur 451 Balfour-erklæringa 451 Balkan 317, 381 Bangladesh 429

512

Battuta, Ibn 124 folkeauke 28, 62, 89, 142, 168, 192, 212, 444 Beijing 318, 378, 414, 416, 418, 421 Ben-Gurion, David 456 Beograd 381 forteljing 17 Bergen 91, 92, 95, 164, 168, 213, 292 bergverk 165 Berlin 50, 230, 315, 323, 326, 328, 357, 376 Berlinkonferansen 230 Berlinmuren 15, 356, 376 Berners-Lee, Tim 479 beskrivande (deskriptiv) kjelde 17 Beyer, Absalon Pedersson 162, 171 Bibelen 48, 123, 141, 142, 161 bin Laden, Osama 474 birkebeinar 88–90 Bismarck, Otto von 198, 230–233, 256 bistand 359, 444 Bjørgvin (Bergen) 92, 141 Bjørnson, Bjørnstjerne 210, 219 blandingsøkonomi 268, 392 blitskrig 315 «Blücher» 336 BNP 404 Bokassa, Jean-Bedel 437 boksaropprøret 417 boktrykkjarkunsten 141 bolsjevik 266, 356 Bondepartiet 300, 304 Bondevennene 226 borgar 27 borgarklasse 147, 149 borgarkrig 88, 154, 160, 267, 282, 368, 381, 419, 439, 453, 459, 482 borgarrettsrørsla 375 borgarskap 207, 299, 301 Bosnia 113, 327 Bosnia-Hercegovina 244, 381 Botswana 443 Brasil 134, 478, 488 Breivik, Anders Behring 68, 484 Breton, William Henry 211, 214 bronsealderen 82 brot 14 brubyggingspolitikk 391 Brundtland, Gro Harlem 400, 405 Buchenwald 326 buddhisme 115 buffersone 265 Bund Deutscher Mädel 285 busetjar 92, 466 Bysants, 58, 67, 69, 118, 142 bystat 28, 36, 125, 131, 138 C Canada 250, 369, 402, 490 castbergske barnelover 294 Castro, Fidel 365 Cavour, Camillo di 197 Ceausescu, Nicolae 379 Chamberlain, Neville 316 Chiang Kai-shek 418 Christiania 294 Churchill, Winston 265, 316, 358

CIA 374 Clinton, Bill 467 Clinton, Hillary 492 Collett, Camilla 227 Columbus, Kristoffer 81, 130–135, 138 Cortés, Hernán, 136 Cromwell, Oliver 154 Cuba 136, 365–368 Cubakrisa 365 Cæsar, Julius 40–43 D dampmaskin 142, 191 dampskip 211, 233 Danmark 160–167, 197 Danmark-Noreg 151 Darwin, Charles 231 Davison, Emily 271 Dayr Yasin 454 D-dagen 323 DDR (Den tyske demokratiske republikken) 359, 376 de Gaulle, Charles 431 de Klerk, F.W. 443 dei allierte 273, 314, 322, 337, 348 «dei lange knivars natt» 283 demokrati 29–30, 50, 53, 179, 196, 219, 223, 270, 283, 422, 436, 444 den amerikanske revolusjonen 179–182 den andre verdskrigen 310–330 den arabiske halvøya 104, 123, 450, 464 den arabiske våren 23, 480–483 «den brende jords taktikk» 348 den endelege løysinga 326 Den forbodne byen 414, 418 den franske revolusjonen 182–187 den første verdskrigen 242–260 den kvite manns byrde 234 den industrielle revolusjonen 191 den kalde krigen 354–383 den kinesiske revolusjonen 419 «den lange marsjen» 418 den nordiske modellen 393 «den nøytrale allierte» 296 den russiske revolusjonen 265 den spanske borgarkrigen 282 Deng Xiaoping 422 deportasjon 325, 345 Descartes, René 145 det arabiske imperiet 107, 113 Det kommunistiske manifestet 196 Det muslimske brorskapet 454, 481 det norske holocaust 344 det osmanske imperiet 113 det osmanske riket 244, 250, 450 det spansk-habsburgske riket 151 det store hamskiftet 212 «Det store spranget» 467 Det tredje riket 421 Det tysk-romerske riket 96, 151 «dolkestøytlegenda» 255, 278 dronning Margrete 97 Dumaen 266 dyrtid 297


E EEC 370 EF 398 EFTA (Det europeiske frihandelsforbundet) 370 Egypt 23, 25, 35, 120–123, 322, 429, 454– 457, 481 Eidsvoll 272, 286 einevelde 152–154, 166–169, 183 Einstein, Albert 324 Eirik Raude 81 Eiriksson, Leiv 81 eittpartistat 269, 275 Ekofisk 403 El Alamein 322 Elverumsfullmakta 337 embetsmann 207 Engelbrektsson, Olav 160 Engels, Friedrich 195 England 61, 70, 80, 144, 146, 154, 414 Eritrea 281, 440 Erlingsson, Magnus 89 Etiopia 122, 238, 281, 312, 429, 435, 440 etnisk reinsing 321, 381 EU 370, 490 eurosentrisk 447 EØS 399, 406 F Facebook 479 Falsen, Christian Magnus 206 familiegjenforeining 405 farao 25 Fashoda 232 Fashodakrisa 232 februarrevolusjonen 266 fellesprogrammet 389 feministisk 399 Ferdinand, Franz, 245 filosofi 33 Finnmark 82, 161, 340, 348, 391 Firenze 138, 146 fleirkulturelt samfunn 405 fleirtalsregjering 404 FN 327, 330, 435, 440, 452, 462, 476 FNL 362 folkedomstol 29 Folkeforbundet 256, 264, 270, 281, 283 folkeforsamling 46, 47, 54 Folkefronten 282 folkemordet i Rwanda 439 folkevandring 27, 57, 213, 477 forbrukarsamfunn 371, 394 fornorsking 220, 294, 395 forsoningspolitikk 270 Franco, Francisco 271, 282 Frankarriket 58 Frankrike 59, 66, 139, 151–154, 181–189, 198, 232, 235, 244, 256, 270, 282, 312, 369 Frederik 3. 166 Fremskrittspartiet 398 frihandel 390, 398, 493 førstehandsforteljing 18 føydalisme 59 føydalsystemet 59

G G20 490 Galilei, Galileo 145 Gama, Vasco da 132 Gandhi, Mahatma 429 Garibaldi, Giuseppe 197 gasskammer 285, 326 Gazakrigen 468 geistleg 62 Genova 70, 131 Gerhardsen, Einar 389 Gestapo 284, 341, 348 Ghana 123, 430, 436, 443 Gjørv-kommisjonen 485 gladiator 45 glasnost 377 globalisering 489 Goebbels, Joseph 285 Golfkrigen 472 Gorbatsjov, Mikhail 376–380 granatsjokk 257 grenselos 345 Grunnlova 187, 206 GULag 268 Gullkysten 430 Gutenberg, Johann 141 «gutta på skauen» 340 Göring, Herman 315 H Habsburg-dynastiet 149 Haiti 132 hakekors 283 Hamas 458, 466 handlingsregelen 402 Han-dynastiet 114 Hansaforbundet 96 Haraldsson, Olav 85–88 Hardråde, Harald 14, 88 Hauge, Hans Nielsen 220 Hauge, Jens Christian 389 haugianar 216, 220 Havel, Václav 373 Hebron 467 Heimskringla 84, 87 Hellas 26–43, 49, 317, 323, 370 Henrik 4. 72 Herodot 31 Herzl, Theodor 450 Himmler, Heinrich 321 hird 79 Hiroshima 328 Hitler, Adolf 255, 265, 275, 282–286, 312– 330, 338 Hitlerjugend 285 heimfallsrett 293 Heimefronten 340 Henrik 4. 72 Ho Chi Minh-byen 362 Holberg, Ludvig 171 holocaust 324, 344 Homer 32, 42 Hovudavtalen 304 hungersnaud 25, 142, 267, 417 husmann 171 Hussein, Saddam 461–463, 476

hutu 439 hyperinflasjon 279 høvding 79 Høgre 210, 292, 389, 405 høgrebølgja 404 Haakon 7. 204, 337, 348 Håkon 5. Magnusson 96 Håkonsson, Håkon 84, 90 Hårfagre, Harald 84, 85 I Ibsen, Henrik 96 ikkjeangrepspakta 312, 317 IMF (Det internasjonale pengefondet) 330 imperialisme 228–238 India 230, 422, 429, 478, 490 indianar 132–136, 147 Indokina 320 Indonesia 125, 237, 320, 490 industrialisering 191–194, 213, 268 inkakulturen 134 Internasjonalen 305 intifada 458 investiturstriden 72 Irak 23, 108, 460–467 Iran 23, 104, 460–466, 483 Irland 213, 398 islam 104–106 Island 80, 92, 314 isolasjonistisk 330 Israel 123, 450–454, 456–459, 466–468, 483 Istanbul 47 Italia 232, 238, 246, 256, 271, 276–278, 312, 370, 490 J Jaabæk, Søren 226 Japan 116, 328, 418 Jarlsberg, Herman Wedel 206 Jefferson, Thomas 180 jeger 22, 120 Jeltsin, Boris 379 jern 28, 122, 165, 193 jernteppet 358, 374 Jerusalem 66, 138, 451, 454, 466 jesuitt 144 Jesus 17, 48–49, 65 jobbetid 298 Johnson, Lyndon B. 362 Jordan 250, 257, 453, 456, 466 jordbruksrevolusjonen 22 Jugoslavia 257, 317, 342, 380, 490 jødedeportasjon 346 jødedom 105, 111, 312 jødisk stat 450, 452 K kabinettsspørsmål 398 Kabul 476 Kairo 480 kald krig 354–383 kalif 109 Kalmarunionen 97 kalvinist 147 Kambodsja 320, 360

513


OPPSLAGSDEL

kampen mot terror 474 Kant, Immanuel 178 kapitalisme 138 Kappkolonien 232 Karl 13. 207 Karl 5. 149 Karl den store 58, 65, 68, 82 Karl Johan 205, 207 karolingarriket 58, 82 Kartago 38 katedralskule 140 Katynmassakren 314 keisardømme 41 Kennedy, John F. 357, 362, 365 KGB 314 Khan, Djengis 112 Khomeini, ayatolla Ruhollah 461 Khrusjtsjov, Nikita 365, 372 Kim Il Sung 360 Kina 23, 69, 114–119, 271, 318, 360, 378, 412–423, 477, 489 King, Martin Luther 375, 396 Kipling, Rudyard 234 klassekamp 300 klassesamfunn 196, 230, 299, 399 klient 38 klimatrussel 492 kloster 65 koloni 146, 180, 230–235, 429–435 kolonikappløp 230–235 kolonitid 230–235 Komintern 270, 300 kommunisme 265–270, 312, 338, 377, 419 Konfutse 115 Kongo 121, 233, 367 konsentrasjonsleir 283, 325, 341 konservatisme 195 konsesjonslovgiving 292 Konstantin 49, 58 Konstantinopel 47, 58, 66, 113 konstitusjonelt monarki 185 konsul 36 kontinuitet 14 Kopernikus, Nikolaus 145 Koranen 105, 110, 461 Korea 116, 118, 237, 318, 360 Koreakrigen 360 korporativ stat 278 korstog 66–68 Kosovo 327, 381, 407 krakk 274, 303 krigsseglar 340, 344 kriseforlik 304 Kristeleg Folkeparti (KrF) 404 kristendom 48–49, 64 Kristian 3. 95, 98, 160, 165 Kristian 4. 175, 294 Kristian 6. 169 Kristian Fredrik 204–207 Kristiania 212, 215, 294 Krog, Gina 295 Krystallnatta 286, 325 kulturrevolusjonen 421 kurdar 461 Kuwait 462, 465 kvekar 147, 216

514

kvinnefrigjering 399 kvinneregjering 400 kvinnesak 399 Kyoto-avtalen 491 København 166, 171, 172, 491 L Lagabøte, Magnus 91 landssvikoppgjer 349 Lasnik, Kathe 345 «Lebensraum» 282 leidang 91 Lenin, Vladimir 250, 253, 265–270, 300 Leopold 2. 233 leivning 17 Libanon 450, 457, 459 liberalisme 195 likestilling 295, 399 Lindisfarne 80 LO 301 Locke, John 178 lockout 300 London 316, 337 Ludvig 14. 152 Ludvig 16. 182, 185 Luther, Martin 143 lydrike 95 M Magnus Erlingsson 89 maktfordelingsprinsippet 178 Mali 124 mandarin 117 mandatområde 257, 450, 452 Mandela, Nelson 442, 478 Mandsjuria 271, 318, 415, 418 Manus, Max 341 Mao Zedong 318, 418–421 Maos vesle raude 421 Marathon 32 Mardøla 401 Marie Antoinette 186 marknadsøkonomi 70. 492 Marokko 123, 247, 431 Marshallhjelpa 358, 371 Marshallplanen 358, 371 marsjen mot Roma 277 Marx, Karl 195 marxisme/kommunisme 195 masseøydeleggingsvåpen 463, 476 matauk 342 McCarthy, Joseph 361 mccarthyismen 361 McNamara, Robert S. 385 Mein Kampf 282 Mekka 104, 111 menneskerettserklæringa 184 mensjevik 266 Menstadslaget 302 Mesopotamia 23, 27, 114 Mexico 133, 136, 268, 490, 493 Michelsen, Christian 222 middelklasse 194, 197 Midtriket 114 Midtausten 23, 66, 104, 113, 244, 250, 448–468, 474

migrasjon 213 miljøvern 400 Milorg 341 Miloševic, Slobodan 381 Ming 117, 414 ministerpresident 339 misjonær 221 Mobutu, Joseph-Desiré 368 Molotov–Ribbentrop-avtalen 313 monarki 186, 195, 206, 263 mongol 112 Mongolia 112, 319 Montesquieu, Charles 178 Montgomery, Bernhard 322 Moskva 189, 356, 363, 365, 367, 373, 379 Moskvaprosessane 268 Moskvatesane 270 motkonjunkturpolitikk 404 motkultur 220 Mubarak, Hosni 481 multipolar 478 Mussolini, Benito 276–281 myte 33 Møller, Katti Anker 295 N NAF 304 Nagasaki 328 Nagy, Imré 372 Nansen, Fridtjof 294 Napoleon Bonaparte 188–189 Nasjonal Samling 338 nasjonalforsamling 50, 183 nasjonalisme 196, 197, 198, 219, 248, 380, 418 NATO 355, 361, 381 nazistpartiet (NSDAP) 283–286 Nederland 58, 144, 146, 164, 237, 315, 370, 489 nedrusting 247, 378 NEP 268 «New Deal» 274 New Zealand 213, 250, 486 NHO 398 Nidaros (Trondheim) 92, 98, 160 NKP 301, 303 Nkrumah, Kwame 430, 436 Nobels fredspris 407, 490 nomade 22, 102, 106, 112, 116, 120 nonpolar 479 Nord-Amerika 81, 133, 147, 179 Norges Kommunistiske Parti (NKP) 301, 303 Noregsveldet 91 Nygaardsvold, Johan 389 Nürnberglovene 286, 325 O Obama, Barack 492 OECD 390, 494 oktoberrevolusjonen 266 Olav den heilage 86 Olav Tryggvason 83–86 oljealder 402 oljeboikott 457 oljefond 402


oljekrise 402, 465 olympiske leikar 32, 35 OPEC (Organization of Petroleum Exporting Countries) 462, 465, 478 Operasjon Barbarossa 317 opiumskrigen 416 opplysningsfilosof 178 opplysningstid 178 Oscar 2. 211, 222 Oslo 294, 336, 341, 346, 466, 484 Oslo-prosessen 407, 466 Ovid 43 P Pakistan 23, 405, 408, 429, 476 Palestina 450–459, 466 Palestine Liberation Organization (PLO) 458 panafrikanisme 431 papyrus 25 parikrise 303 Paris 32, 64, 69, 141, 179, 183, 186 Parks, Rosa 375 parlamentarisme 208, 211 patrisiar 38 patron 38 patron–klient-forhold 38 pave Gregor 7. 71, 72 pave Urban 2. 66 Pax Romana 46 Pearl Harbor 281, 317, 320 peloponnesarkrigen 51 penicillin 330 Pentagon 474 perestrojka 377 Perikles 30, 51 Persarriket 30, 35, 107 Persiabukta 462, 464 personalunion 207 Peru 133 pietisme 169 planøkonomi 268 Platon 33 plebeiar 37 PLO 458 pogrom 266 Pol Pot 332 Polen 139, 150, 256, 264, 312–327, 358, 379 polis 45, 48, 52 Polo, Marco 145, 164 porselen 151 Portugal 163–164, 169, 172, 184–185 266– 267, 474, 482 potet 133 Praha-våren 373 Preussen 186, 189, 198, 248, 256 primærkjelde 18 Princip, Gavril 245 propaganda 260, 321 protestant 144, 151 Pu Yi 418 Putin, Vladimir 478 pyramide 25

Q quisling 338 Quisling, Vidkun 336–343, 347 R Rabin, Yitzak 467 radiokuppet 337 raseideolog 305, 338 raseskilje 441, 442, 448 rasjonering 299, 320, 342 Rasputin 266 Raude Khmer 332 Reagan, Ronald 368, 380 reformasjonen 143 reformpolitikk 380 regjeringskvartalet 484 Reichskommissar 338, 348 renessanse 50, 56, 139 republikk 36–41, 417 rettleiande (normativ) kjelde 17 rettsoppgjer 349 revolusjon 22, 176–199, 266, 419 Rhodes, Cecil 241 riddar 68 riksrett 209, 494 riksråd 97, 160, 166 rikssamling 83 Rjukan 293, 296 Roma 36–52, 57, 370 Romania 250, 313, 317, 379 Roma-traktaten 370 Romarriket 36–52 romfolk 294, 324 Rommel, Erwin 322 Roosevelt, Franklin D. 274 Rousseau, Jean-Jacques 178 Russland 80, 450, 476, 478, 483 S Sachsenhausen 341 Sadat, Anwar 456 Sahara 23, 120–123 Saigon 362, 364 same 82, 170, 294 samlar 22, 24 samlingsregjering 283, 358 samskatt 399 Sarajevo 245 Saudi-Arabia 464, 483, 490 Schengen 399, 405 Schlieffenplanen 248 seksdagarskrigen 456 sekstiåttar 397 sekundærkjelde 17 Selassie, Haile 281 senat 36 seinmellomalderen 78, 95 Senterpartiet (Sp) 404 Serbia 245, 250, 381 settlar 431 Sibir 46 «sikkerheitsmuren» 467 sikkerheitspolitikk 390 Silkevegen 103 sivil ulydnad 401 sjiamuslim 459, 460

sjøfart 165 Skandinavia 80, 196, 500 skatt 23, 47, 60, 65, 91, 393, 398, 417 skule 42, 170 skota i Sarajevo 245 skyttargravskrig 249 slave 29, 36, 41, 45, 123, 131, 134, 148, 157 Smith, Adam 178 Solidaritet 379 Solon 30 Somalia 408, 439 sosialdarwinisme 231 sosialisme 195, 268, 300 sosialpolitikk 294 Sovjetunionen 257, 267–275, 312, 317, 319, 329, 347, 356–381 Spania 58, 67, 110, 146, 189, 258, 282, 490 spanskesjuken 258 Sparta 30 SPØKT 14 Srebrenica 381 St. Petersburg 265 Stalin, Josef 267–270, 313, 317, 323, 358, 360, 372, 391 Stalingrad 323 Stang, Frederik 208 Stanley, Henry Morton 233 stat 23 Statens lånekasse for utdanning 407 Statens pensjonsfond utland 402 Stavanger 79, 92, 214, 221, 403 røysterett 185, 195, 219, 221, 223, 235, 254, 279, 295, 349 stender 59, 153 stenderforsamling 153 Stiklestad 87, 88 Stoltenberg, Jens 346 Storbritannia 205, 213, 219, 233, 244, 246, 257, 316, 320, 337, 416, 450, 455, 476 Stortinget 206–211, 222, 292, 300, 337, 349, 399, 405 strateg 29 Strilekrigen 168 studentopprør 396 Sturlason, Snorre 17, 84 Sturmabteilung (SA) 286 Sudan 123, 232 Suezkanalen 452, 455 Suezkrisa 455 suffragette 272 Suleiman den store 113 svartedauden 58, 63, 96 svartskjorte 277 Sverdrup, Johan 206, 210 Sverige 96, 151, 205, 219, 221, 294, 314, 341 Sverre Sigurdsson 89 Syria 108, 112, 455, 465, 482 Sønsteby, Gunnar 341 Sør-Afrika 369, 429, 441–443 Sørensen, Øystein 223 Sør-Rhodesia 235

515


OPPSLAGSDEL

T Taiping-opprøret 417 Taiwan 419 Taliban 475 Terboven, Josef 339 terror 474 Thales frå Milet 33 «The White Man’s Burden» 234 Thrane, Marcus 217 ting 79 «Titanic» 292 Tito, Josip 380 tollmur 493 Torp, Oscar 389 total krig 320 totalitært styresett 275 Tranmæl, Martin 300 trekanthandelen 148, 157 trelastnæring 164, 213 træl 78 trettiårskrigen 151 trippelalliansen 243, 247 trippelententen 243, 247 trolldom 161 Trondheim 92, 164, 213, 346 Trotskij, Lev 268 Truman, Harry S. 328, 359 Truman-doktrinen 359 Trump, Donald 423, 492 Tryggingsrådet 440, 490 Tsjekkoslovakia 257, 312, 368, 373, 391 Tsjernobyl 378 Tukydid 31 Tunisia 38, 92, 123, 232, 431, 480 tutsi 439 tvangskollektivisering 269 Tyrkia 251, 257, 365, 405, 461, 465, 483 tyskartøs 350 Tyskland 58, 71, 141, 151, 169, 178, 197, 198, 231, 233, 244–258, 270, 275, 278– 286, 312–330, 371 U Ungarn 197, 232, 245, 253, 317, 372, 379 ungdomsopprør 397 unionsoppløysinga 223 urbanisering 193, 392 urfolk 134, 136, 147 USA 179, 182, 191, 217, 253, 270, 274, 320, 328, 356–382, 462, 474–476, 492 utvandrar 105, 405 utvandring 216 Utøya 68, 484 V vaksine 192, 444, 487 vasskraftutbygging 292 vasall 59, 65, 71 velferdsstat 393 Venezia 49, 70, 138, 141 Venstre 210, 220 Verdsbanken 330, 356, 438 Verdun 251 Versaillestraktaten 256, 265, 270, 278, 283, 312

516

Vestbreidda 457, 458, 466 Vest-Romarriket 47 Vietnam 116, 362–364 Vietnamkrigen 362 vikingferd 80 vikingtid 76–82 Vilhelm 2. 253 Vinci, Leonardo da 141 vinterkrigen 314 vitskapsrevolusjonen 154, 163 Voltaire 178 W Waffen-SS 321 Walesa, Lech 380 Wannsee-konferansen 332 Warszawa 313, 325, 372, 379 Warszawapakta 355, 372 Washington, George 179, 181 Wehrmacht 321, 328 Weimarrepublikken 278 Wessel, Johan Herman 172 Wien 50, 113, 189 Wienerkongressen 189, 197 Willoch, Kåre 404 Wilson, Woodrow 253, 264, 270 World Trade Center 474 Y Yom Kippur-krigen 456 Z Zaïre 437, 440 Zimbabwe 235 Zuckerberg, Mark 480 Zululand 235, 238 Ø Austerrike 58, 186, 198, 256, 312, 399, 450 Austerrike-Ungarn 232, 244, 250, 253, 257 Austfronten 250, 317, 347 Austindiakompaniet 237 Å Aasen, Ivar 219, 220 årsak og verknad 13, 500 årsaksforklaring 13, 500 22. juli 484 500-mannsrådet 29


Kompetansemåla i læreplanen fordelte på kapitla Kompetansemåla i læreplanen er vide og innhaldsrike. Mange av kapitla i verket vil difor innehalde dei same måla, og somme mål vil kunne brukast på alle emna og periodane. I tillegg dekkjer oppgåvene og kursa i verket fleire av måla. Oversikta under er difor ikkje heilt dekkjande, men gir samtidig ein god peikepinn på korleis ­fordelinga av måla er tenkt.

• gjere greie for korleis handel og økonomiske system har påverka maktforholda og livet til menneske • utforske korleis kommunikasjon og kulturmøte har hatt betydning for menneske i Noreg og elles i verda • vurdere endringar i fordeling og legitimering av makt frå mellomalderen til og med tidleg nytid • gjere greie for årsaker til at menneske har migrert, og diskutere kulturmøta sett frå ulike perspektiv

Del 1: Framgangsmåtar

Kapittel 5: Nye møte, nye tankar, nye verdsbilete

• Utforske fortida ved å stille spørsmål og hente inn, tolke og bruke ymse historisk materiale for å finne svar. • Reflektere over kvifor historikarar deler inn fortida i periodar, og vurdere korleis vi kan periodisere fortida på grunnlag av ulike kriterium. • Drøfte i kva grad utviklinga i ulike periodar har vore brot eller kontinuitet, og vurdere kva som gjer ei hending i fortida viktig.

• beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har påverka maktforholda og livet til menneske • utforske korleis kommunikasjon og kulturmøte har hatt betydning for menneske i Noreg og elles i verda • vurdere endringar i fordeling og legitimering av makt frå mellomalderen til og med tidleg nytid • gjere greie for årsaker til at menneske har migrert, og diskutere kulturmøta sett frå ulike perspektiv • gjere greie for årsaker til at kolonimakter la under seg land­ område, og drøfte konsekvensar for menneske og samfunn i land og område som vart koloniserte

Del 2: Historie Kapittel 1: Sivilisasjonar blir til • gjere greie for viktige endringar i korleis menneske har skaffa seg mat og brukt naturressursar, og vurdere kva dette har å seie for menneske og eit berekraftig samfunn • samanlikne korleis demokratiet i antikken og demokratiet i vår tid har gitt menneske ulike moglegheiter til demokratisk deltaking • vurdere korleis mennesket har tilpassa seg til naturen, forvalta og brukt ressursar, og bruke historiske perspektiv i samtale om berekraftige løysingar

Kapittel 2: Mellomalderen i Europa • beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre (stat–kyrkje) • vurdere endringar i fordeling og legitimering av makt frå mellomalderen til og med tidleg nytid • presentere viktige demografiske endringar og vurdere årsaker til desse endringane og verknader av dei for menneske og samfunn • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har ­påverka maktforholda og livet til menneske

Kapittel 3: Vikingtida og mellomalderen i Noreg • beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre • presentere viktige demografiske endringar og vurdere årsaker til desse endringane og verknader av dei for menneske og samfunn • vurdere endringar i fordeling og legitimering av makt frå ­mellomalderen til og med tidleg nytid

Kapittel 4: Store imperium og nomadefolk • beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre

Kapittel 6: Under dansk flagg • beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre • vurdere endringar i fordeling og legitimering av makt frå ­mellomalderen til og med tidleg nytid

Kapittel 7: Revolusjonar • beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre • gjere greie for viktige endringar i korleis menneske har skaffa seg mat og brukt naturressursar, og vurdere kva dette betyr for menneske og eit berekraftig samfunn • presentere viktige demografiske endringar og vurdere årsaker til desse endringane og verknader av dei for menneske og samfunn • samanlikne korleis demokratiet i antikken og demokratiet i vår tid har gitt menneske ulike moglegheiter til demokratisk deltaking • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til ­demokratisk deltaking • reflektere over korleis teknologiske omveltingar frå den industrielle revolusjonen til i dag har endra livet til menneske og forma forventningar til framtida

Kapittel 8: Nasjonsbygging og vekst • gjere greie for viktige endringar i korleis menneske har skaffa seg mat og brukt naturressursar, og vurdere kva dette betyr for menneske og eit berekraftig samfunn • presentere viktige demografiske endringar og vurdere årsaker til desse endringane og verknader av dei for menneske og samfunn

517


OPPSLAGSDEL

• samanlikne korleis demokratiet i antikken og demokratiet i vår tid har gitt menneske ulike moglegheiter til demokratisk deltaking • utforske korleis menneske har arbeidd for myndiggjering og frigjering i norsk og samisk historie, og gjere greie for korleis dei samtidig har medverka til utviklinga av demokratiet • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • reflektere over korleis teknologiske omveltingar frå den industrielle revolusjonen til i dag har endra livet til menneske og forma forventningar til framtida • gjere greie for årsaker til at menneske har migrert, og ­diskutere kulturmøta sett frå ulike perspektiv

Kapittel 9: Kampen om verda • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har ­påverka maktforholda og livet til menneske • utforske korleis kommunikasjon og kulturmøte har hatt ­betydning for menneske i Noreg og elles i verda • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har medverka til undertrykking, terror og folkemord, som holocaust • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • gjere greie for årsaker til at menneske har migrert, og diskutere kulturmøta sett frå ulike perspektiv • gjere greie for årsaker til at kolonimakter la under seg land­ område, og drøfte konsekvensar for menneske og samfunn i land og område som vart koloniserte

Kapittel 10: Den første verdskrigen – den store katastrofen • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har medverka til undertrykking, terror og folkemord, som holocaust • drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval av andre ­sentrale krigar eller konfliktar, og reflektere over om freds­ slutningar har medverka til å skape fred og forsoning • utforske handlingsrom og valmoglegheiter for menneske i ­konfliktsituasjonar, og vurdere konsekvensar av vala dei har teke

Kapittel 11: Ved eit vegskilje 1919–1939 • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har ­påverka maktforholda og livet til menneske • samanlikne korleis demokratiet i antikken og demokratiet i vår tid har gitt menneske ulike moglegheiter til demokratisk deltaking • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har medverka til undertrykking, terror og folkemord, som holocaust • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval av andre ­sentrale krigar eller konfliktar, og reflektere over om freds­ slutningar har medverka til å skape fred og forsoning

Kapittel 12: Frå sjølvstende til krig og kriser • gjere greie for velferdsutviklinga i Noreg på 1900-talet, og drøfte konsekvensar for livet til menneske • utforske korleis menneske har arbeidd for myndiggjering og frigjering i norsk og samisk historie, og gjere greie for korleis

518

dei samtidig har medverka til utviklinga av demokratiet • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking

Kapittel 13: Den andre verdskrigen • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har medverka til undertrykking, terror og folkemord, som holocaust • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval av andre ­sentrale krigar eller konfliktar, og reflektere over om freds­ slutningar har medverka til å skape fred og forsoning • utforske handlingsrom og valmoglegheiter for menneske i ­konfliktsituasjonar, og vurdere konsekvensar av vala dei har teke

Kapittel 14: Ny krig og eit vanskeleg oppgjer • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har medverka til undertrykking, terror og folkemord, som holocaust • utforske korleis menneske har arbeidd for myndiggjering og frigjering i norsk og samisk historie, og gjere greie for korleis dei samtidig har medverka til utviklinga av demokratiet • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval av andre ­sentrale krigar eller konfliktar, og reflektere over om freds­ slutningar har medverka til å skape fred og forsoning • utforske handlingsrom og valmoglegheiter for menneske i konfliktsituasjonar, og vurdere konsekvensar av vala dei har teke

Kapittel 15: Den kalde krigen • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har medverka til undertrykking, terror og folkemord, som holocaust • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval av andre ­sentrale krigar eller konfliktar, og reflektere over om freds­ slutningar har medverka til å skape fred og forsoning

Kapittel 16: Noreg – frå gjenreising til oljerikdom • gjere greie for viktige endringar i korleis menneske har skaffa seg mat og brukt naturressursar, og vurdere kva dette betyr for menneske og eit berekraftig samfunn • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har ­påverka maktforholda og livet til menneske • gjere greie for velferdsutviklinga i Noreg på 1900-talet, og drøfte konsekvensar for livet til menneske • utforske korleis menneske har arbeidd for myndiggjering og frigjering i norsk og samisk historie, og gjere greie for korleis dei samtidig har medverka til utviklinga av demokratiet • reflektere over korleis teknologiske omveltingar frå den industrielle revolusjonen til i dag har endra livet til menneske og forma forventningar til framtida • vurdere korleis mennesket har tilpassa seg til naturen, forvalta og brukt ressursar, og bruke historiske perspektiv i samtale om berekraftige løysingar


Kapittel 17: Det moderne Kina • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har påverka maktforholda og livet til menneske • reflektere over korleis ideologier og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har bidratt til undertrykkelse, terror og folkemord som holocaust • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking

Kapittel 18: Avkolonisering og nye statar • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval av andre ­sentrale krigar eller konfliktar, og reflektere over om freds­ slutningar har medverka til å skape fred og forsoning • gjere greie for årsaker til at kolonimakter la under seg land­ område, og drøfte konsekvensar for menneske og samfunn i land og område som vart koloniserte

Del 3: Kurs (inkludert dei andre oppgåvene i verket) • reflektere over korleis fortida formar oss som menneske • utforske fortida ved å stille spørsmål og hente inn, tolke og bruke ulikt historisk materiale for å finne svar • utforske og reflektere over korleis ein minner om fortida lokalt og nasjonalt • utforske fortida ved å formulere problemstillingar, finne, vurdere og bruke ulikt materiale og presentere eigne slutningar • reflektere over korleis tolkingar av fortida er prega av notidsforståing og forventningar til framtida • reflektere over korleis ulike aktørar brukar fortida, og drøfte formålet med denne historiebruken • utforske ein historisk person og diskutere hans eller hennar tenking, handlingsrom og val i lys av samtida han eller ho levde i • samanlikne ulike framstillingar av ei hending, og reflektere over at historiske framstillingar blir prega av ståstaden og konteksten til opphavspersonen • drøfte i kva grad utviklinga i ulike periodar har vore prega av brot eller kontinuitet, og vurdere kva som gjer ei hending i ­fortida viktig

Kapittel 19: Midtausten • beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking

Kapittel 20: Mot ein ny verdsorden • beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere den rolla religionen spelar for sjølvoppfatninga hos menneske og synet på andre (stat–kyrkje) • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har ­påverka maktforholda og livet til menneske • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har medverka til undertrykking, terror og folkemord, som holocaust • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere betydninga av dette for at menneske skal ha moglegheit til demokratisk deltaking • reflektere over korleis teknologiske omveltingar frå den industrielle revolusjonen til i dag har endra livet til menneske og forma forventningar til framtida • gjere greie for årsaker til at menneske har migrert, og ­diskutere kulturmøta sett frå ulike perspektiv • vurdere korleis mennesket har tilpassa seg til naturen, forvalta og brukt ressursar, og bruke historiske perspektiv i samtale om berekraftige løysingar

519


OPPSLAGSDEL

Biletliste Kart og figurar: Bokproduksjon SA: Side 21, 26, 46, 55, 77, 83, 103, 114, 128, 159, 177, 190, 203, 228, 242, 263, 291, 310, 335, 355, 387, 413, 427, 449, 472. Kart & Grafikk v/ Gerd Eng Kielland: Side 23, 67, 69, 91, 94, 98, 107, 113, 122, 123, 124, 133, 147, 148, 149, 152, 197, 198, 238, 281, 329, 360, 360, 362, 367, 368, 381, 476. Kollasjar: Ellen-Marie Miljeteig: Side 20, 54, 76, 102, 129, 158, 176, 202, 243, 262, 290, 311, 334, 355, 386, 412, 426, 448, 473. Øvrige illustrasjonar: Side 9: JTBaskinphoto / Moment / Getty Images, 11: Constantine Manos / Magnum Photos / NTB, 13 ø: Anders Beer Wilse / Oslo Museum, n: Ketil Blom Haugstulen, 15: Robert Wallis / Corbis Historical / Getty Images, 16: Fotolia, 17 ø: Orion Pictures / courtesy Everett Collection / NTB, n: Jørn Werner Andersen / frå «Snorres kongesagaer høydepunkter», Gyldendal 2012, 22: Benjamin Lowy / Getty Images, 24: Science Photo Library / NTB, 25 ø.h.: Print Collector / Hulton Archive / Getty Images, n.v.: Photodisc / GNF, n.h.: DEA / G. Dagli Orti / De Agostini / Getty Images, 27: Steve Heap / Shutterstock Editorial, 28: Heritage / NTB, 30: akg-images / NTB, 31: Fotolia, 32: Gyldendal, 33: Erica Guilane-Nachez / Fotolia, 34: Milos Bicanski / Stringer / Getty Images, 35: Circumnavigation / Fotolia, 37: Kunstnar: Cesare Maccari (1840–1919) / Foto: Scala Archives, Firenze, 39: Look and Learn / Bridgeman Images, 40: White Images / Scala, Firenze, 42: Photo © Bonhams, London, UK / Bridgeman Images, 44 ø: Fotolia, n: Max Galli / laif, 45 ø: Fotolia, n.v.: Kunstnar: Severino Baraldi / Private Collection / © Look and Learn / Bridgeman Images, n.h.: Becafouine / Fotolia, 48: Photodisc / GNF, 49: Heritage / NTB, 53 ø.h., n.h.: Stortinget, 53 m.h.: Glowimages / Getty Images, 56: Album / NTB, 57: Fotolia, 58: Kunstnar: Joseph Paul Blanc (1846–1904) / foto: Bridgeman Images, 59: P. Rotger / Iberfoto / Mary Evans Picture Library / NTB, 60: The Granger Collection / NTB, 61: Royal Armouries Museum / Alamy / Imageselect, 63: Fotolia, 64: Kris Ubach / age fotostock / Imageselect, 65 ø: Fotolia, n: The Granger Collection / NTB, h: Classic Image / Alamy / Imageselect, 66: Photo12 / Alamy / Imageselect, 71: United Archives / HistAuge / Bridgeman Images, 72: The Stapleton Collection / Bridgeman Images, 74: akg-images / NTB, 75: Gerhard Munthe (1849–1929) / Foto: © O. Væring eftf. AS, 76: Fotolia, 78: Arkikon, 82: Ove Holst / Kulturhistorisk museum, 84ø: Christian Krohg / GNF, n: Ove Holst / Kulturhistorisk museum, 86: Peter Nicolai Arbo (1831–1892) / foto: O. Væring Eftf. AS, 87: Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, 89: Knud Bergslien (1827–1908) / foto: O. Væring Eftf. AS, 91 ø: Günter Lenz / Image Broker / NTB, 93: Arkikon, 94: Ipsumpix / Corbis Historical / Getty Images, 95: Universal Images Group Limited / Alamy / Imageselect, 96: Theodor Kittelsen (1857– 1914), foto: O. Væring Eftf. AS, 97: The Granger Collection / NTB, 100: Gyldendal, 101 (viruset): Shutterstock, 104: Photodisc / GNF, 106: Index Fototeca / Bridgeman Images, 111: Jasmin Merdan / Moment / Getty Images, 112: Fotolia, 116–117: Fotolia, 116 marg: Stapleton Historical Collection / Heritage Images / NTB, 118 ø: GNF, n: Mary Evans Picture Library / NTB, 119 v: UK Alan King / Alamy / Imageselect, ø.h.: View Stock / Alamy / Imageselect, 120: Science Photo Library / NTB, 121: Werber Forman / Universal Images Group / Getty Images, 124: Heritage Images / Hulton Fine Art Collection / Getty Images, 125: Classic Image / Alamy / Imageselect, 130: Fotolia, 132: Georgios Kollidas / Fotolia, 133, 134: Fotolia, 135:

520

The Art Archive / Shutterstock Editorial / NTB, 136: Bridgeman Images, 137: Quagga Media / Alamy / Imageselect, 139 v: DEA / A. Dagli Orti / De Agostini / Getty Images, h: Photo 12 / Alamy / Imageselect, 140: akg-images / NTB, 141: Fotolia, 142: Kunstnar: Quentin Massys (ca. 1495–1530) / Foto: Index Fototeca / Bridgeman Images, 143 ø: Berthold Steinhilber / laif, n: Fotolia, 145: Kunstnar: Paul van Somer (ca. 1576–1621) / Foto: Bridgeman Images, 146: Shutterstock Editorial / NTB, 150: imageBROKER / NTB, 153: Hemis / Alamy / Imageselect, 156: Kunstnar: Joan Blaeu (1596–1673), foto: © Christie’s Images / Bridgeman Images, 157: The Granger Collection / NTB, 160: Kunstnar: Jacob Binck (1500–1569), foto: Hans Petersen / Det Nationalhistoriske Museum, Frederiksborg, 161: Ukjend kunstnar, foto: O. Væring Eftf. AS, 162: akg-images / NTB, 163: Album / NTB, 164: Svein Grønvold / Samfoto / NTB, 165 n: Foto: Beate Kjørslevik / Norsk Maritimt Museum, 165 ø: Teknisk Museum, 166: Kunstnar: Wolfgang Heimbach (1605– 1678) / Foto: Kit Weiss / Det Nationalhistoriske Museum, Frederiksborg, 168: Kunstnar: Wolfgang Heimbach (1605–1678) / De Agostini Picture Library / Scala, Firenze, 170: Adolph Tidemand (1814–1876) / foto: O. Væring Eftf. AS, 171: Gonzalo Azumendi / age fotostock / Imageselect, 172: Eilif Peterssen (1852-1928) / foto: O. Væring Eftf. AS, 174: Cappelen Damm, 178: GNF, 180: Dea Picture Library / De Agostini / Getty Images, 181: Fotolia, 184: Kunstnar: Francois Leonard Dupont-Watteau (1756–1821) / Bridgeman Images, 185: Photo 12 / Alamy / Imageselect, 187: The Granger Collection / NTB, 188: Kunstnar: Jacques-Louis David (1748–1825) / Foto: The Granger Collection / NTB, 189 ø: Kunstnar: Louis-François Lejeune (1775–1848), foto: The Granger Collection / NTB, n: Historia / REX / Shutterstock editorial / NTB, 191: Science & Society Picture Library / SPPL / Getty Images, 192: The National Archives, London, England / Mary Evans Picture Library / NTB, 194: akg-images / NTB, 195: The Granger Collection / NTB, 196: Hulton Archive / Getty Images, 197: The Illustrated London News / GNF, 200: DEA / G. Dagli Orti / De Agostini Editorial / Getty Images, 201 ø: FN-sambandet, n: Mehedi Hasan / NurPhoto via Getty Images, 204: Morten Normann Almeland / Shutterstock Editorial, 205 v: Library of Congress, h: Fotolia, 207 ø: Stortingsarkivet, n: GNF, 209: Ukjend fotograf / Oslo Museum, 210: Verdalsbilder, 211: Adolph Tidemand (1814– 1876) / O. Væring Eftf. AS, 212 ø: Cappelen, n: Thor Johannes Rogneby, 213 v: Norsk folkemuseum, h: Harald Ingebrigtsen / Alamy / Imageselect, 215: Fotograf ukjend / Johnny Vaagas samling / Oslo Byarkiv, 216: Norsk folkemuseum, 218 ø: Anno Domkirkeodden, n: Trude Blåsmo / Den Norske Turistforening, 219: Ukjend fotograf / Oslo Museum, 220: «Haugianerne», Adolph Tidemand (1814–1876)/ O. Væring Eftf. AS, 221 ø: Hadeland Folkemuseum / Randsfjordmuseene, n: Halden Historiske Samlinger / Østfoldmuseene, 222: Kunstforlaget H. Abel / Østfold fylkes billedarkiv, 226 ø: «En bondebegravelse», Erik Werenskiold (1855–1938) / foto: O. Væring AS, m: NTB, n: Nasjonalbiblioteket, 227 ø: NTB, nest ø: Nasjonalbiblioteket, nest n: Riksarkivet, n: Rubicon / Sandrew Metronome, 230: akg-images / NTB, 231: GNF, 232: akg-images / NTB, 233: The Illustrated London News / GNF, 234: GNF, 235: DEA / G. Dagli Orti / Getty Images, 236: Popperfoto / Getty Images, 237 v: Heritage Images / Hulton Archives / Getty Images, h: akg-images / NTB, 239: © Archives Charmet / Bridgeman Images, 241 ø.v.: Nardus Engelbrecht / AP / NTB, 241 n.v.: NurPhoto / Getty Images, ø.h. + n.h.: Shutterstock, 243 (soldatane i kollasjen): GNF, 244: GNF, 245: The Illustrated London News / GNF, 246: The Granger Collection / NTB, 248: © Galerie Bilderwelt /


Bridgeman Images, 249: Haeckel Archiv / Ullstein Bild / Getty Images, 250: National Library of Scotland, 251: Leemage / UIG / Getty Images, 252: The Illustrated London News / GNF, 254: National Library of Scotland, 255: The Print Collector / Hulton Archive / Getty Images, 257: FPG / Staff / Getty Images, 258: Keystone / Hulton Archive / Getty Images, 260 h: © British Library Board. All Rights Reserved / Bridgeman Images, m + v: The Stapleton Collection / Bridgeman Images, 261 v: Pictorial Press Ltd / Alamy / Imageselect, m: John Parrot / Stocktrek Images / Getty Images, h: Album / Fine Art Images / NTB, 265: Universal Images Group / Getty Images, 267: The Illustrated London News / GNF, 268: The Granger Collection / NTB, 269: Apic / Hulton archive / Getty Images, 270: Heritage / NTB, 271: Hulton Archive / Stringer / Getty Images, 272: Shutterstock Editorial / NTB, 275: bpk / Deutsches Historisches Museum / Indra Desnica, 276: Andrea Jemolo / Scala, Firenze, 277: «Quadrumvirane» (1922), Giacomo Balla (1871–1958) © Giacomo Balla / BONO 2021, Foto: DeAgostini Picture Library / Scala, Firenze, 279: Heritage / Historica Graphica Collection / NTB, 280: Bettmann / Getty Images, 281: Popperfoto / Getty Images, 282 ø: The Granger Collection / NTB, n: Roger Viollet/ Getty Images, 284: Hulton Archive / Getty Images, 288: SZ Photo, 289: Fototeca Storia Nazional / Hulton Archive / Getty Images, 293 ø: Frognes-samlingen / Norsk industriarbeidermuseum, n: Øyvind Hagen / Equinor (Statoil, gammalt bilde), 294: Oslo kommune, 295: GNF, 296: Gyldendal, 297: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, 298: O.R. Nilsen / Riksarkivet, 299: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum, 301 (begge): Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, 302: NTB, 303: NKP, 304 ø: Thor Wiborg / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, n: Jan Kihle / Stiftelsen Toten økomuseum og historielag, v/ Mjøsmuseet AS, 305: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, 306: Arthur Gran / Norsk Folkemuseum, 308–309: Annonsar henta frå tidsskriftet URD, 1930 og 1931, 313: Hugo Jaeger / The LIFE Picture Collection / Getty Images, 315: Roger-Viollet / Getty Images, 316 ø: The Illustrated London News / GNF, n: Toni Frissell / Science Photo Library / NTB, 317: Heritage / NTB, 319, 320: WW2 vol 73 / GNF, 321: akg-images / NTB, 322 ø: US Air Force Photo, n: AP / NTB, 323 v: Archive Farms / Hulton Archive / Getty Images, h: WW2 vol 73 / GNF, 324: Topfoto / NTB, 325: akg-images / NTB, 326: WW2 vol 73 / GNF, 328 ø: Jevgenij Chaldej / akg-images / NTB, n: Alfred Eisenstaedt / The LIFE Picture Collection / Getty Images, 332 ø: Yves Gellie / Gamma-Rapho / Getty Images, n: AKG-images / NTB, 333: AKG-images / NTB, 336: Riksarkivet, 337: Fox Photos / Hulton Archive / Getty Images, 338 ø: NTB, n: GNF, 339: NTB, 341 v: Telemark museum, h: Lise Åserud / NTB, 342 ø: Anno Domkirkeodden, n: Akershusmuseet, 343: Ullstein Bild / Getty Images, 344: Fotograf ukjend / Riksarkivet, 345: Keystone / Hulton Archive / Getty Images, 346: Gunter Demnig, «Stolpersteine», © Gunter Demnig / BONO 2021 / foto: Dan Petter Neegaard / NTB, 347 ø: Private Collection / Peter Newark Military Pictures / Bridgeman Images, n: NTB, 348: NTB, 349: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, 350: NTB, 352: Margit Petersen / Haugalandmuseet, 353: GNF, 357: Historic Images / Alamy / Imageselect, 358: Fotolia, 361 ø: Marc Vérin / Photononstop, n: Mary Evans Picture Library / NTB, 363: Hubert Van Es / Bettmann / Getty Images, 364: Philip Jones Griffiths / Magnum / NTB, 366: The Granger Collection / NTB, 370: European Commission Archives, 371: GNF, 372: Underwood Archives/ Getty Images, 373 ø: Mirrorpix / Getty Images, n: akg-images / NTB, 374: John Dominis / The LIFE Picture Collection / Getty Images, 375 ø: Photo 12 / Universal

Images Group / Getty Images, n: Hulton-Deutsch Collection/ Corbis Premium Historical / Getty Images, 378 ø: Pyotr Sivkov / TASS / Getty Images, n: CNN / 3rd party-misc / Getty Images, 380: GNF, 381: Fotolia, 384: CBV / Alamy / Imageselect, 385: H. Armstrong Roberts / ClassicStock / Archive Photos / Getty Images, 388: Per Bratland / Aktuell / NTB, 389: NTB, 390: Reg Speller / Hulton Archives / Getty Images, 391: NATO, 392: ClassicStock / Alamy / Imageselect, 393: Polyfoto A/S / Østfold fylkes billedarkiv, 394: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, 395: Arne E. Grøvo / Hol bygdearkiv, 396: Bruno Barbey / Magnum Photos / NTB, 397: Aage Storløkken / Aktuell / NTB, 398: Oktober forlag / Design: Egil Haraldsen, 399: Riksarkivet, 400: Samfoto / NTB, 401: Erik Thorberg / NTB, 402: Øyvind Hagen/ Equinor (Statoil. Gammalt bilde), 403: Finn Eirik Strømberg / Aftenposten / NTB, 404: Henrik Laurvik / NTB, 406: Stian Lysberg Solum / NTB, 410 ø.v.: Bettina Flitner / laif, ø.h.: GNF, n.v.: Pia Prestmo / Høyre, n.h.: Terje Pedersen / NTB, 411: «Norsk nyromantikk» (1972), Rolf Groven, BONO 2021, privat samling, foto: © O. Væring eftf. AS, 414: GNF, 416: Photodisc / GNF, 417: The Granger Collection NTB, 418: AKG-images / NTB, 419: The Granger Collection NTB, 420 n: GNF, 420 ø: Photodisc / GNF, 421 n: maggiegowan.co.uk / Alamy / Imageselect, 421 ø: Swim Ink / Corbis Historical / Getty Images, 423: Bloomberg / Getty Images, 428: Frå avisa «Ludas Matyi», 6. okt. 1960, Szego Gizi, / Privat samling / Archives Charmet / Bridgeman Images, 429: Keystone France / Gamma-Keystone / Getty Images, 430: Macabe5387, kjelde: engelsk Wkipedia, 432: Keystone France / Getty Images, 435: Tiksa Negeri / Reuters / NTB, 436: Shutterstock editorial / NTB, 437: AFP / NTB, 438: Eric Lafforgue / Art in All of Us / Getty Images, 440: Scott Peterson / Hulton Archive / Getty Images, 441: DPA / NTB, 442: Per-Anders Pettersson / Getty Images, 443: Pius Utomi Ekpei / AFP / NTB, 447 v: Universal History Archive / Getty Images, h: Greatstock / Alamy / Imageselect, 451 ø: Photodisc / GNF, n: Universal History Archive / Getty Images, 453: John Phillips / The LIFE Picture Collection / Getty Images, 455: Camille Delbos / Art in All of Us / Getty Images, 457: Micha Bar Am / Magnum Photos / NTB, 458: Bettmann / Getty Images, 459: Francoise De Mulder / Roger Viollet / Getty Images, 460: Alain Dejean / Sygma / Getty Images, 462: Tom Stoddart Archive / Hulton Archive / Getty Images, 463: Abbas / Magnum Photos / NTB, 464: Fotolia, 465 ø: Kaveh Kazemi / Hulton Archive / Getty Images, n: AFP / NTB, 467: MPI / Stringer/ Getty Images, 468: Christopher Anderson / Magnum / NTB, 471: Bettmann / Getty Images, 474: Universal Images Group / Getty Images, 475: Carmen Taylor / AP / NTB, 477: simonlong / Getty Images, 479: LeoPatrizi / E+ / Getty Images, 480: Mohamed Hossam / AFP / NTB, 483: Anadolu Agency / Getty Images, 484: Paal Audestad / Aftenposten / NTB, 486: Nico Widerberg, BONO 2021, foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB, 487: Nicolò Campo / LightRocket / Getty Images, 488: Bloomberg / Getty Images, 490: G20, 491: Christopher Furlong / Getty Images, 493 ø: Jim Bourg / Reuters / NTB, n: Win McNamee / Getty Images News, 498: Shutterstock, 500: Strand Comics AS, 501: Album / NTB, 505: Fotolia, 506: Photodisc / GNF, 508: Jevgenij Chaldej / Sammlung Ernst Volland und Heinz Krimmer / our-planet.berlin. GNF = Gyldendal Norsk Forlag For nokre av illustrasjonane har vi dessverre ikkje greidd å komme i kontakt rettshavarane. Vi ber dei ta kontakt. Rettmessige krav vil bli honorerte på same måten som i dei ­tilfella der vi har fått løyve på førehand.

521


© Gyldendal Norsk Forlag AS 2021 2. utgåva, 1. opplaget 2021 Læreboka er skriven etter gjeldande læreplan i faget historie for studieførebuande utdanningsprogram, Vg2 og Vg3. Printed by GPS Group ISBN: 978-82-05-52334-0 Redaktør: Anders H. Nes Biletredaktør: Anne Stuhaug Nynorsk omsetjing: Åshild Nordstrand Hovudkonsulent: Karsten Korbøl Design kollasjar: Ellen-Marie Miljeteig Design: Hanne Dahl Design Sats og layout: Mona Dahl Design Repro: RenessanseMedia AS, Lierskogen Illustratørar: Bokproduksjon SA og Gerd Eng Kielland Omslagsdesign: Lise Mosveen Omslagsbilete: Framsida: Øvst: Keystone / Hulton Archive / Getty Images. Nedst frå venstre: AKG-images / NTB, Toni Frissell / Science Photo Library / NTB, Mohamed Hossam / AFP / NTB, The Illustrated London News / GNF. Ryggen: Per-Anders Pettersson / Getty Images. Baksida: Frå måleriet «Ambassadørene» av Hans Holbein den yngre (1497–1543), foto: incamerastock / Alamy / Imageselect. Hege Roaldset og Ane Bjølgerud Hansen har fått støtte frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening for arbeidet med verket. Materialet i denne boka er beskytta etter føresegnene i åndsverklova. All kopiering, avfotografering eller anna form for framstilling av eksemplar og tilgjengeleggjering av materialet i denne boka er tillate berre dersom det finst lovheimel eller er inngått særskild avtale med Gyldendal Norsk Forlag AS. Verksemder som har inngått avtale med Kopinor, kan kopiere, avfotografere osv. innanfor rammene av avtalen (inntil 15 % av sidetalet i boka). Det er ikkje tillate å kopiere frå arbeidsbøker (eingongshefte). Utnytting i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel. Alle spørsmål om utgivingar kan rettast til: Gyldendal Undervisning Redaksjonen for vidaregåande skule Postboks 6860 St. Olavs plass 0130 Oslo E-post: undervisning@gyldendal.no www.gyldendal.no/undervisning Alle Gyldendals bøker er produserte i miljøsertifiserte trykkjeri. Sjå www.gyldendal.no/miljo


Aisin-Gioro Pu Yi (1906-1967) var den siste keisaren i Kina. Han styrte i to periodar mellom 1907 og 1917. Pu Yi var den tolvte og siste medlemmen av Qing-dynastiet som styrte i Kina. Biletet er teke i 1956 då han sat i eit fengsel for krigsforbrytarar og skulle «reformerast».

Renessansemaleri av Hans Holbein d.y. frå 1533. Dei franske ambassadørane ved hoffet til Henrik 8., Jean de Dinteville og Georges de Selve, er måla med gjenstandar som symboliserer kunnskap og makt på den tida. De Dinteville og de Selve er høvesvis 29 og 25 år gamle.

I Perspektiv Skolestudio finn du undervisningsopplegg til desse bileta.


«Historie er ei samling lygner som alle er einige i» Napoleon Bonaparte

«Lykkeleg er det folket som har ei kjedeleg historie» Henry Million de Montherlant

«Dei som ikkje kjenner historia, er dømde til å gjenta henne» Edmund Burke

«Historia synleggjer denne erkjenninga: Då det hende, visste ingen kva som kom» Haruki Murakami

«Historia er summen av alt som ikkje burde ha hendt» Konrad Adenauer

«Historia skaper vi mens vi les henne» George W. Curtis

«Av historia lærer vi at vi ikkje kan lære av historia» Friedrich Hegel

«Studer historia dersom du vil bestemme framtida» Konfutse

Kairo, Egypt, 19. september 2020. Hundrevis av egyptarar protesterer og krev ein slutt på militære rettssaker mot sivile.

«Historia vil behandle meg godt, for eg har tenkt å skrive henne» Winston Churchill


Perspektiv er eit læremiddel i historie for V2/Vg3 som kombinerer god historiefagleg formidling med eit tydeleg fokus på læringa til elevane.

Perspektiv er ein del av Skolestudio, eit digitalt læringsmiljø for den vidaregåande skulen. www.skolestudio.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.