Forskings- og innovasjonsstrategi for Haukeland universitetssjukehus 2012 - 2016
1
Visjonen for forskinga ved Haukeland universitetssjukehus Haukeland universitetssjukehus skal styrke posisjonen som eit av dei leiande helseføretaka innan forsking og innovasjon for å sikre: • Trygge og nære sjukehustenester • Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk • Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon Måla til Haukeland universitetssjukehus sin forskings- og innovasjonsstrategi er forankra i Helse Vest og Haukeland universitetssjukehus sine strategiplanar. Strategien viser ambisjonane i denne femårsperioden og fell saman med og er knytt til Haukeland universitetssjukehus sin hovudstrategi. Strategiplanen vart vedteken i 2012.
2
2
Forsking og innovasjon for ei betre og meir effektiv helseteneste
Forsking og innovasjon skal vere med å leggje det beste grunnlaget for ei betre og meir effektiv helseteneste. Forsking i spesialisthelsetenesta omfattar pasientretta, klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk, nye medikament og nye behandlingsformer, samt langsiktig, epidemiologisk forsking og forsking for å dokumentere kort- og langtidseffektar av pasientbehandling. Framover må forskinga også ha fokus på nytte og kostnadseffektivitet ved ulike behandlingsmåtar som kan sikre prioriteringar og val som gir oss mest helse for kvar krone. Likeeins må fokus rettast mot forsking som bidreg til å møte pasientane sine behov for informasjon og medverknad når det gjeld avgjerder knytt til eiga helse, behandling og sjukdomsforløp. Det er samstundes eit stort behov for eit sterkare forskingsbasert kunnskapsgrunnlag for organisering og utforming av den kommunale helsetenesta og samhandlinga med og utforminga av spesialisthelsetenesta (jf. samhandlingsreforma). Medisinsk og helsefagleg forsking er avgjerande for å sikre kvalitet i utdanning og yrkesutøving innan helsevesenet. Berre gjennom forsking kan vi utvikle førebyggande, lindrande og helbredande behandling av gamle og nye sjukdomstruslar. I Lov om spesialisthelsetenesta er forsking sidestilt med pasientbehandling, opplæring av pasientar og deira næraste, samt utdanning av helsepersonell. Dette er ei særskilt viktig oppgåve for universitetssjukehusa. Haukeland universitetssjukehus er det nest største helseføretaket i landet når det kjem til resultata av forskingsverksemda. Måling av ressursbruken til forsking syner at Haukeland universitetssjukehus er ein kostnadseffektiv organisasjon innanfor dette feltet. Det gode samarbeidet med Universitetet i Bergen (UiB) er svært viktig for høg vitskapeleg kvalitet. Haukeland universitetssjukehus har eit mål om å styrkje forskingsfinansieringa over eiga ramme til 5% innan 2016. Føretaket ligg då på det nivået som er målsetjinga for alle universitetssjukehus. Ein del sentrale støttefunksjonar knytt til forsking og innovasjon er lagt til stab, men hovudsakleg er forskinga i føretaket forankra i avdelingane. Styrking av forskingsbudsjetta betyr intern omdisponering i helseføretaket, internt i og mellom avdelingar. Det er difor viktig å peike på at kvar avdeling har ansvar for og handlingsrom til å styrke forskinga innanfor eigne budsjett. Klinisk forsking er verksemd som er nært knytt til diagnose, behandling og prognose for einskilde pasientar eller dei vanlegaste grupper av pasientar. Translasjonell forsking er ”samarbeidsforsking eller overføringsforsking”. Omgrepet er mest vanleg brukt om kunnskap som omhandlar ”from bench-to-bedside”. Det handlar om samhandling mellom grunnforsking og klinisk forsking. Ein ønskjer effektiv overføring av ny kunnskap, mekanismar eller teknikkar innan førebygging, diagnostikk eller behandling av sjukdom med betre helsetilstand som
resultat. For mange vil også translasjonell forsking handle om korleis ein kan overføre forsking til klinisk praksis. Det betyr korleis ein kan sikre at ny behandling og kunnskap verkeleg når dei pasientane eller pasientgruppene som slik kunnskap var tiltenkt. Implementering er ein del av denne verdikjeda. Haukeland universitetssjukehus vil legge til rette både for klinisk og translasjonell forsking, samt helsetenesteforsking. Helsetenesteforsking er definert som eit tverrfagleg forskingsområde, der ein studerer korleis sosiale faktorar, finansieringssystem, organisasjonsstrukturar og prosessar, helseteknologi og personleg åtferd påverkar tilgangen til helsetenester, helsetenesta sin kvalitet og kostnadar, og til sist vår helse- og livskvalitet. Endringar i befolkninga sitt sjukdomsbilde og demografi, utviklinga av nye behandlingsmetodar og medisinsk teknologi, eskalerande kostnadar, samt auka fokus på pasientsikkerheit og kvalitet, gjer at helse- og omsorgstenesta må utviklast og forbetrast kontinuerleg. Helsesektoren vert møtt med krav om auka innovasjon. Innovasjon er ei ny vare, ei ny teneste, ein ny produksjonsprosess, bruk eller organisasjonsform som er lansert i marknaden eller tatt i bruk i produksjonen for å skape økonomiske verdiar. I helse- og omsorgssektoren vil innovasjon kunne verte målt i økonomiske verdiar som vert skapt gjennom auka kvalitet, auka effektivitet, auka produktivitet og auka tilfredsheit hjå tilsette, pasientar og pårørande. Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus (20122016) seier mellom anna dette om målsetjinga for forsking, innovasjon og utdanning i føretaket: Vi skal vere på internasjonalt nivå innan forsking, innovasjon og utdanning. Dette er eit ambisiøst mål som vil krevje ein målretta innsats. Haukeland universitetssjukehus er eit av dei største medisinsk-faglege forskingsmiljøa i Noreg. Føretaket har spisskompetanse på internasjonalt nivå innan fleire felt. I komande periode vil forsking i større grad verte integrert i dagleg arbeid og det må leggjast til rette for å styrkje samarbeidet både internt og eksternt. Utdanning er eit grunnlag for forsking, og Haukeland universitetssjukehus vil setje inn tiltak for å auke kvaliteten og samarbeidet på dette området. Innovasjon skal leggje til rette for utvikling av tenestene. Haukeland universitetssjukehus skal vere eit regionalt og nasjonalt tyngdepunkt innan utvikling av helsetenester. Dette tyder at det skal utviklast og takast i bruk metodar for å sikre samsvar mellom behandlingsbehov og behandlingstilbod. Eit likeverdig tilbod og lik tilgang til helsetenester er klare mål, men er ikkje sjølvsagde i Noreg i dag. Haukeland universitetssjukehus vil utvikle kompetanse og ta i bruk kunnskap som sikrar lik tilgang til helsetenester. Kompetansebehov og kapasitet vil få eit særskilt fokus i eit 20 års perspektiv, og det vil måtte identifiserast og setjast i verk naudsynte tiltak i lag med samarbeidspartane. 3
3
Strategisk forskingsprogram
forskingssatsinga Strategisk forskingsprogram. I satsinga vil det tidligare forskingsprogrammet i Innovest AS og den helsefaglege forskingssatsinga verte integrerte i eit program. Programmet vil inkludere både den medisinske forskinga og den helsefaglege forskinga. Programmet skal mellom anna ivareta spissfunksjonar, kompetansemiljø og toppforskingsmiljø. Det vil verte etablert eit fagråd for å følgje opp satsinga. Element som frikjøp av klinikarar til forsking og forskingsprisar til beste forskar / forskingsgruppe, beste publisering og beste formidling vil inngå i satsinga. Frikjøp av klinikarar kan både kome som del av programmet og som resultat av omprioritering i avdelingane sine budsjett. Det må også avsetjast midlar til finansiering av eigenandelar til eksternt finansierte forskingsprosjekt. Haukeland universitetssjukehus har fleire nasjonale behandlings- og kompetansetenester. I Haukeland universitetssjukehus fins det også fleirinstitusjonelle forskingsklynger som til dømes MedViz. Dette er fleirfaglege miljø som bidreg til utviklinga av helsetenesta på tvers av institusjonane dei er del av. Desse miljøa vil alle vere sentrale i å halde oppe forskingskvaliteten og har ei strategisk tyding for føretaket. Om lag 45% av forskingsartiklane i 2010/2011 hadde internasjonale medforfattarar. Det er like fullt eit ønske om å styrke den internasjonale kontaktflata. Utveksling av metodekunnskap og samhandling om konkrete prosjekt vil styrke kompetanse og nettverksbygging. Innan mange forskingsfelt er Haukeland universitetssjukehus regionens leiande sjukehusinstitusjon og har såleis eit særskilt ansvar for å styrke heile regionen. Publisering i vitskaplege tidsskrift er ein sentral del av forskinga. I tillegg vert det stadig større forventningar til at forskarane også skal drive aktiv formidling av det dei arbeider med til befolkninga. Haukeland universitetssjukehus vil legge til rette for å dyktiggjere forskarane innan formidling og oppmuntre til å bidra med den fagkunnskapen dei har i den offentlege debatten. Det er eit nasjonalt ønske å auke talet på kvinner i vitskapelige stillingar og som forskingsleiarar. Det vil på noko sikt gi ein god kjønnsbalanse innan forskings- og innovasjonsverksemda. Kvinnedelen mellom dei aktivt publiserande forskarane har dei seinare åra lagt på over 40%.
Det er eit mål at alle avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus skal drive med forsking og innovasjon. Det skal vere stor takhøgd for ulike forskingstema og val av gode metodar frå ulike tradisjonar, gjerne med fleirfagleg forskingsarbeid som resultat. Slik vert ein sett i stand til å løyse meir komplekse forskingsspørsmål. Ein tydeleg relevans for helseføretaket sine tenesteoppgåver vil verte positivt lagt vekt på. Område eller fagfelt som har eit særskilt behov for utvikling vil verte vurderte særskilt. Haukeland universitetssjukehus ønskjer samstundes å sikre at sterke forskingsmiljø veks og at dei kan verke som gode døme for andre. Miljøa må styrkast slik at kvaliteten vert høg nok til å kunne nå opp i den nasjonale og internasjonale konkurransen om forskingsmidlar. Med bakgrunn i utfordringsbileta som ligg framfor Haukeland universitetssjukehus har føretaket i sin Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016 peika ut seks satsingsområde • Samhandling • Diagnostikk • Høgspesialisert intervensjon og kirurgi • Kreft • Rus • Psykisk helsevern for barn og unge Under dei strategiske satsingsområda rus og psykisk helsevern for barn og unge er forsking nemnd spesielt. Utfordringsbileta er skisserte i strategiplanen. Haukeland universitetssjukehus skal fremme og legge til rette for klinisk forsking i helseføretaket. Eit av tiltaka som er sett i verk er etablering av Klinisk forskingspost. Posten samarbeider med Universitetet i Bergen (UiB) og er delt i to forskingseiningar; ein for vaksne og ein for barn. Forskingsposten legg til rette for kliniske studiar med utspring i det lokale forskingsmiljøet, gjennom tilbod om infrastruktur og kompetanse. Gjennom forskingspostane vert det lagt til rette for at Haukeland universitetssjukehus skal kunne tilby pasientane sine utprøvande behandling. Her kan prosjekta også knytte til seg kompetente forskingssjukepleiarar som bidreg til gjennomføring av kliniske studiar. For å nå målsetjinga om å vere på internasjonalt nivå innan forsking vil Haukeland universitetssjukehus etablere
4
4
Ekstern finansiering av forsking
Tal viser at Helse Vest er det regionale helseføretaket i Noreg som relativt sett har lågast ekstern forskingsfinansiering. Samanlikna med Oslo universitetssjukehus hentar Haukeland universitetssjukehus inn lite midlar frå EU, Noregs forskingsråd, Kreftforeningen og liknande eksterne finansieringskjelder. Her er det altså stort potensiale for å auke forskings- og innovasjonsaktiviteten i føretaket. Ei satsing på dette feltet vil kome pasientane til gode gjennom betre helsetenester. Forskarane får gjennom eksternt finansierte prosjekt utvikla større samarbeidsflater, nasjonalt og internasjonalt, publiseringsaktiviteten vil også auke. Ved utvikling av forskingssøknadar til EU står også innovasjon sentralt. Helse- og omsorgsdepartementet har gjennom fleire år lagt vekt på at helseføretaka skal utvikle forskinga gjennom eksternt finansierte midlar. Med bakgrunn i dette løftar forskingsstrategien difor fram etablering av eit fagsenter for EU-forsking og anna ekstern finansiering, gjerne i samarbeid med andre relevante institusjonar som UiB og Bergen Teknologioverføring AS (BTO AS).
5
5
Tiltaksplan
Den overordna strategiplanen for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016 tek føre seg alle delar av verksemda i Haukeland universitetssjukehus, også forsking og innovasjon. Dei mål og tiltak som er relevante for forskings- og innovasjonsstrategien er her lagt inn i blå boksar. Tiltaka i strategien er delt inn i følgjande tema: o Strategisk forskings- og innovasjonsprogram o Forskingsfinansiering o Internasjonalt forskingssamarbeid o Nasjonale- og fleirregionale behandlings- og kompetansetenester o Kliniske legemiddelstudium o Samarbeid o Samhandlingsforsking og helsetenesteforsking o Publisering o Biobank o Forskings- og kvalitetsregister o Forskingsstøtte o Anna infrastruktur o Innovasjon o Likestillingsarbeid o Etikk og personvern
Vi skal vere på internasjonalt nivå innan forsking, innovasjon og utdanning. Auke ressursinnsatsen innan utdanning, forsking og innovasjon ved å: • auke talet på delte stillingar mellom forsking og klinisk drift • setje av fire prosent av driftsbudsjettet til forsking og innovasjon innan 2016 • styrkje dei forskinggvake fagområda ved å prioritere ressursar • leggje betre til rette for behovs- og kunnskapsdriven innovasjon Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
6
Strategisk forskings- og innovasjonsprogram Haukeland universitetssjukehus vil etablere eit nytt strategisk forskings- og innovasjonsprogram innan utgangen av 2014. Programmet skal mellom anna ivareta spissfunksjonar, kompetansemiljø og toppforskingsmiljø. Forskingsog innovasjonsprogrammet kan utlyse både frie og strategisk retta midlar. Følgjande element skal inkluderast i programmet: • Strategisk frikjøp av klinikarar til forsking og innovasjon
• Finansiering av eigendelar til eksternt finansiert forsking (døme: SFF, KG Jebsen, EU) Det skal etablerast eit fagråd knytt til programmet som mellom anna skal gje råd om bruk av midlane. Mandat for rådet vil verte utvikla. Satsinga vil vere ei vidareutvikling og styrking av Haukeland universitetssjukehus sitt strategiske forskingsprogram, som tidlegare vart administrert av Innovest AS. Fleire element frå satsinga vil verte vidareførte.
• Fire prisar: 1) Haukeland universitetssjukehus forskingspris 2) Pris for beste publikasjon 3) Formidlingspris 4) Innovasjonspris.
Forskingsfinansiering • Haukeland universitetssjukehus vil gradvis styrke forskingsfinansieringa over eiga ramme til 5% i 2016.
• Yte stønad til særskilt viktige fagområde for helseføretaket og samtidig utfordre samarbeidspartar til å fremje eigne tiltak for å støtte dette, som til dømes å finansiere / opprette adjungerte professorat / andre relevante stillingar innan det aktuelle område.
• Forskingsmidlar søkt med forankring i Haukeland universitetssjukehus skal som hovudregel rekneskapsførast i helseføretaket. Kontraktar og rekneskapsføring knytt til kliniske legemiddelstudium med ekstern sponsor kan rekneskapsførast hos Innovest AS.
• Følgje opp plan for helsefagleg forsking i Helse Vest, inkludert plan for kompetansesamansetning i føretaket, ved å arbeide aktivt for å auke talet på helsefagleg tilsette med doktorgradskompetanse, og bidra til at desse aktivt styrker tenesta sine oppgåver.
• Etablere ein gjennomarbeidd politikk for prising av alle tenester i kliniske studium saman med Innovest AS. • Setje ned ei arbeidsgruppe som skal gjennomgå fagfelt med behov for styrking av forskingsaktiviteten. Vurderingar kan gjerast i tråd med etablerte system for måling av forskingstrykk i høve til tapte leveår med god livskvalitet (DALY). Arbeidsgruppa skal levere rapport til føretaksleiinga.
• Vurdere stillingsstruktur for forskarar i helseføretaket. • Vurdere bruk av Innovest AS i høve til oppdragsforsking, konferansearrangør, samt ekstern monitor- og auditfunksjon. Aktiviteten må sjåast opp mot BTO AS.
• Utvikle og eventuelt iverksetje strategiar/planar for aktuelle fagfelt som treng særskilt oppfølging.
Leggje til rette for forsking på internasjonalt nivå ded å: • arbeide for etablering av eit senter for framifrå forsking (SFF) • styrkje forskingsmiljø so har potensial til å nå eit høgt internasjonalt nivå • delta i og / eller få finansiert fleire internasjonale forskingsprosjekt gjennom ulike EU-program • definere kvalitetsnivå for publisering, vurdere og evaluere måloppnåing Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
7
Internasjonalt forskingssamarbeid • Identifisere og stimulere minst tre fagmiljø med deltakarar frå Haukeland universitetssjukehus til å søke Noregs forskingsråd om Senter for framifrå forsking eller Senter for forskingsdriven innovasjon innan 2016.
• Støtte og vidareutvikle Nordic Health Research and Innovation Networks (NRI), som er ei vidareutvikling av Nordic University Hospital Research Conference (NRC) og tilhøyrande nettverk.
• Styrkje moglegheitene for å nå opp i konkurransen om EU-midlar gjennom betre samhandling med UiB, setje ned arbeidsgruppe for utvikling av retningslinjer.
• Vurdere etablering av ei prosjekteining i FoU-avdelinga som kan ta overordna organisatorisk og strategisk leiing av ulike prosjekt som t.d. MedViz satsinga, Mohn kreftforskingssenter og Influensasenteret i Bergen.
• Leggje til rette for og stimulere til at Haukeland universitetssjukehus kan sende minst 4 EU-søknadar, gjerne i samarbeid med UiB, der Haukeland universitetssjukehus sjølv er partnar i perioden 2012-2016.
Utvikle spisskompetanse på internasjonalt nivå innan dei områda vi har eit nasjonalt og fleirregionalt ansvar for. Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
8
Nasjonale- og fleirregionale behandlingsog kompetansetenester • Arbeide for å sikre stabil finansiering og høg fagleg standard av nasjonale tenester inkludert kompetansefunksjonen knytt til desse.
• Utfordre fagmiljøa til å delta aktivt i innovasjons- og forskingsverksemda.
Kliniske legemiddelstudium • Etablere kontaktpersonar for kliniske legemiddelstudium ved alle aktuelle avdelingar etter mal frå avdelingar som patologi, radiologi og Sjukehusapoteka Vest.
• Vidareutvikle opplærings- og dokumentasjonssystem for kvalitetssikring ved gjennomføring av kliniske studium etter malen frå «good clinical practice» (ICH/ GCP). Arbeide vidare med e-læringsprogram for GCP i samarbeid med andre samarbeidspartar.
• Synleggjere pågåande kliniske studium hos Innovest AS for føretaksleiinga og avdelingane.
• Vidareutvikle monitoreringstenesta i samarbeid med Innovest AS.
• Sikre at internt personell til kliniske studium vert rekruttert gjennom ein open og god prosess ved intern utlysing.
• Etablere og ta i bruk ”Standard operating procedures” (SOP-ar ) innan klinisk forsking.
• Arbeide for at Haukeland universitetssjukehus er eit føretrukke senter for internasjonale multisenterstudium både når det gjeld oppdrag frå industrien og forskarinitierte studium.
• Få på plass nettbasert randomiseringstilbod, elektronisk case record form (eCRF) samt nødvendig IKTstøtte. • Vidareføre Innovest AS si rolle som ansvarleg for forhandlingar av industrifinansierte kliniske legemiddel- og utstyrsstudium.
Styrkje pasientretta klinisk og tradisjonell forsking. Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
9
Samarbeid • Vidareføre regelmessige møter mellom relevante fakultet ved UiB og føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Vidareføre ordningar med gjensidig representasjon med UIB på aktuelt nivå i organisasjonen.
• Styrke forsking og innovasjon i grensefeltet mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. • Økt samhandling med kommunehelsetenesta og aktuelle forskingseiningar som til dømes Allmennmedisinsk forskingseining og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, med tanke på prosjekt og forskingsstøtte.
• Ferdigstille rammeavtalane mellom Haukeland universitetssjukehus og UiB, og Haukeland universitetssjukehus og Høgskolen i Bergen (HiB). Mellom anna vurdere optimal utnytting av kombinerte undervisnings- / kliniske stillingar og tilsvarande samarbeid.
• Knytte Haukeland universitetssjukehus til viktige samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt. • Vidareutvikle kultur for utanlandsopphald for forskarane og utvikle tiltak for å auke samarbeidet nasjonalt og internasjonalt.
• Utvikle felles strategi/retningslinjer for adjungerte vitskapelege stillingar ved UiB og HiB. • Ta initiativ til at høgskulane blir gjort kjent med vedtekne ”forskingsrutinar” og vurdere om dette også kan regulere forholdet til høgskulane når det gjeld forskingsprosjekt på tvers av institusjonane (http:// forskining.ihelse.net).
• Styrke brukarmedverknad i forsking. • Auke informasjonen om rolle og funksjon til brukarrepresentantane i føretaket og invitere dei til å medverke innan forsking. • Styrke fleirfagleg forsking, som til dømes klyngebasert forsking, helsetenesteforsking og samhandlingsforsking, gjennom dialog og tiltak i samarbeid med UiB, HiB og kommunehelsetenesta.
• Vidareutvikle samarbeidet med UiB med omsyn på forskarskular og PhD-utdanning. • Samarbeide med høgskular og universitet om å utvikle felles tematiske forskingsområde, område med stort innovasjonspotensial og nettverk.
• Styrke forsking i regionen ved å vere pådrivar til oppretting av fleire faglege nettverk.
• Oppmuntre avdelingsleiingane til regelmessige møter med universitetsinstitutt som naturlig høyrer til avdelinga sitt fagområde.
• Synleggjere eksisterande faglege nettverk i regionen slik at også forskarar i dei mindre helseføretaka kan verte inkluderte ved planlegging av ny verksemd.
Utvikle systematisk samarbeid om utdanning, forsking og utvikling mellom føretaket, utdanningsinstitusjonane og kommunane. Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
10
Samhandlingsforsking og helsetenesteforsking • Etablere eit miljø for helsetenesteforsking i samarbeid med universitet og høgskular. • Vidareutvikle Haukeland universitetssjukehus sitt partnarskap i Senter for omsorgsforsking ved HiB. • Gi oversikt over forskings- og innovasjonsprosjekt knytt til samhandling. • Haukeland universitetssjukehus vil bidra til / søke og legge til rette for forsking på tvers av nivå og sektor for å oppfylle intensjonen i Samhandlingsreforma. Til dømes fokusere på førebygging på tvers av sektorane og generell helsetenesteforsking. • Haukeland universitetssjukehus skal følgje opp avtalar inngått med kommunane om forsking, innovasjon og utdanning ved å bidra inn i kommunehelsetenesta på dette feltet.
Publisering • Sikre at publiseringsetikk vert ivareteke og ansvarleggjere forskarane. Kreditering av forsking skal gjerast i samsvar med vedtekne retningsliner: http:// www.helse-bergen.no/forskning/samarbeidsorganet/ retnlinjer/kreditering.htm • Utvikle e-læringskurs om regelverk og rutinar inkludert rett kreditering. • Utforme tiltak for å dyktiggjere forskarane i populærvitskapleg formidling og stimulere dei til å bidra med fagkunnskapen sin i den offentlege debatten.
Vi skal vere eit regionalt og nasjonalt tyngdepunkt innanfor utvikling av helsetenester Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
11
Biobank
Forskings- og kvalitetsregister
• Skaffe oversikt over føretaket sine biobankar, lokalisering og status med tanke på kvalitet og tryggleik.
• Foreslå, saman med Helse Vest IKT og personvernombodet, korleis ein i større grad kan gjere informasjon i pasientjournalar tilgjengeleg for forsking og kvalitetsarbeid. Vurdere korleis informasjon frå forskingsprosjekt skal gjerast tilgjengeleg i pasientjournalar.
• Avklare og sikre ansvarsdelinga mellom Haukeland universitetssjukehus som eigar og avdelingane og dei kliniske miljøa sine plikter og behov i den daglige drift av biobankane.
• Synleggjere Helse Vest IKT sin forskingsservar (intern og ekstern) og kvalitetsservar slik at alle forskarar i føretaket nyttar desse.
• Følgje opp Helse Vest sitt prosjekt om biobankar, inkludert mellom anna etablering av sporingssystem og tilrettelegging av areal og infrastruktur.
• Effektiv og sikker uthenting og bruk av store datamengder, som til dømes radiologiske bilete og tilhøyrande metadata, til forskingsføremål.
• Utvikle praktisk og organisatorisk støtte til tilsette som ønskjer å opprette kvalitetssikra biobankar.
Forskingstøtte viduell rettleiing. Synleggjering av desse kursa er også sentralt.
• Vidareutvikle Klinisk forskingspost voksen og Klinisk forskingspost barn til å bli nasjonalt leiande og trygge i planlegging og gjennomføring av utprøvande behandling og kliniske studiar i føretaket og for eksterne partar.
• Tilby forskingsmetodisk rådgiving og rettleiing inkludert kvalitativ metode og bioinformatikk. Samhandle med rettleiingstenesta for statistisk støtte ved Medisinsk-odontologisk fakultet, UiB
• Etablere fagsenter for EU-forsking og anna ekstern finansiering med mellom anna støtte for utarbeiding av forskings- og innovasjonssøknadar, synleggjering av utlysingar og oppfølging av prosjekt.
• Synleggjere ulike finansieringskjelder til forsking samt aktuelle utlysingsfristar. • Oppdatere forskingshandboka ”Fra idé til publikasjon” i bok og nettutgåve.
• Vidareutvikle forskarskulen i klinisk medisin der føretaket er ein ansvarleg partnar.
• Evaluere samordningstiltak og gjere bibliotektenestene frå UiB og Helsebiblioteket meir kjent i føretaket.
• Vidareutvikle samarbeid med UiB og HiB om kurs innan alle delar av forskingsverksemda, frå start til publisering. Inkludert i dette vil det kunne vere alt frå kurs i PhD utdanninga, kurs for mindre grupper og indi-
• Sikre god tilgang til og stimulere til nasjonale samordningstiltak for bibliotektenestene. 12
Anna infrastruktur • Tilretteleggje for etablering av utstyrsfond.
• Synleggjere lokal, regional, nasjonal og internasjonal infrastruktur som Haukeland universitetssjukehus eig eller er del av som til dømes Klinisk forskingspost voksen og Klinisk forskingspost barn, EATRIS (European Advanced Translational Research Infrastructure in Medicine) og ECRIN (European Clinical Infrastructure Network).
• Innkjøp av kostbar infrastruktur, som også kan nyttast til forsking, må koordinerast lokalt (HUS-UIB eller liknande), regionalt (Det regionale samarbeidsorganet) og nasjonalt for å sikre optimal ressursutnytting. Forskingsinfrastruktur skal kunne brukast både av internasjonalt leiande fagmiljø i regionen og samtidig av einingar som har avgrensa forskingskompetanse- og ressursar. I den samanheng er det viktig å sikre stabil og god kompetanse knytt til dette utstyret både for klinikk og forsking.
• Avklare ansvarsforhold knytt mot eigarskap, drift og vedlikehald samt serviceavtalar i forkant av kostbare innkjøp • Delta i Helse Vest sitt regionale forskingsinfrastrukturprosjekt for synleggjering og deling av eksisterande forskingsinfrastruktur.
• Synleggjering av 6 UiB kjernefasilitetar (tversgåande teknologiplattformar) som delvis er etablert i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. • Synleggjere tverrfaglege forskingsklynger som til dømes MedViz.
Etablere og vidarutvikle biobankar og andre forskingsarkiv. Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
13
Innovasjon • Føretaket vil vere landsleiande innan utvikling og bruk av innovative løysingar for pasientmedverknad. Gjennom bruk av ny teknologi, endringar i arbeidsprosessar og auka samhandling mellom nivåa i helsesektoren vil ein satse på å utvikle løysingar som kan møte pasientane sine behov for informasjon, medverknad og medbestemmelse når det gjeld eigen behandling og sjukdomsforløp. I perioden skal Haukeland universitetssjukehus ha igangsett og gjennomført eit større prosjekt, og fleire delprosjekt under fana «Pasientmedverknad».
• Betre system for rapportering og oversikt over innovasjonsprosjekt jf. pålegg i oppdragsdokumentet om nasjonal database for innovasjonsindikatorar. • Betre samordning av samarbeidet med ulike aktørar, spesielt BTO, Innovest og andre naturlige samarbeidspartnarar. • Leggje til rette for at fleire miljø søker innovasjonsmidlar frå Noregs forskingsråd, Innovasjon Norge, Innomed, EU og frå nordiske finansieringskjelder. • Auke det regionale samarbeidet på innovasjonsområdet og styrke samarbeid med universitet, høgskular og andre aktuelle aktørar.
• Gjennomføre ei evaluering av innovasjonskultur i føretaket og gjere naudsynte grep for å sikre at innovasjon er godt integrert i føretaket og forankra hos leiing og hos nivå 2-leiarane. • Utnytte muligheita for nyskaping gjennom IKT aktivt for auka effektivitet og kvalitet i føretaket.
• Vurdere å etablere ein mekanisme for finansielt fellesløft for å kunne finansiere verifisering og utprøving av innovative muligheiter (PoC-fond) i samarbeid med regionale og nasjonale aktørar og BTO.
• Fremje innovasjonskultur og innovasjonskompetanse i føretaket, med støtte for erfaringsdeling og læring på tvers.
• Bidra aktivt til å stimulere til og utløyse potensialet for innovasjon i samband med anskaffingar og byggeprosjekter i føretaket.
• Profilere gode innovasjonsprosjekt i avdelingar, på nettet og i andre samanhengar. Bidra til at vellukka innovasjonsprosjekt vert teken i bruk og bredda i føretaket gjennom tydeleg gevinstmåling og kompetanse for evaluering, samt profilering.
• Økt samarbeid med nytt og eksisterande næringsliv om innovative prosesser. • Haukeland universitetssjukehus tek initiativ til eit nasjonalt og nordisk nettverk av innovasjonskontor / einingar ved universitetssjukehusa.
• Leggje til rette for betre og meir systematisk innsamling og behandling av innovasjon idear ved innføring av idéportal.
• Bygge fagmiljø for utprøving av nye medisinske metodar, med særleg vekt på høgteknologisk operasjonsstove (hybridstove), komplett ferdigheitssenter og Intervensjonssenter.
• Saman med Helse Vest fortsetje å gjennomføre screening av søknader frå Haukeland universitetssjukehus til Helse Vest kvalitets- og forskingsprosjekt med tanke på å utvikle prosjekta vidare som forprosjekt i Innomed eller kommersialiseringsprosjekt hos BTO AS.
• Integrere forsking, innovasjon og utdanning som del av ordinær styring og rapportering. • Legge til rette for strategisk frikjøp av medarbeidarar frå helseføretaket for deltaking i innovasjonsprosjekt.
Identifisere, utvikle og profilere fleire innovasjonsprosjekt: • styrkje samarbeidet med universitetet, høgskular, Innovest og andre aktuelle aktørar • byggje fagmiljø for utprøving av nye medisinske metodar, med særleg vekt på komplett ferdigheitssenter, intervensjonssenteret og avansert bildediagnostikk • i større grad bruke Bergen teknologioverføring (BTO) som kommersialiseringskanal Strategiplan for Haukeland universitetssjukehus 2012-2016
14
Likestillingsarbeid • Samarbeide med UiB om å betre kjønnsbalansen i vitskapelege stillingar og innan forskingsleiing.
Etikk og personvern • Ivareta ansvaret som forskingsansvarleg institusjon. • Tilrettelegging for at god og etisk forsvarlig forsking kan gjennomførast ved hjelp av eit tenleg internkontrollsystem. • Gi info til forskarar om regelverk, søknadsprosedyrar, forskingsetikk og personvern. • Revidere forskningsprosjekt, følgje opp avvik og sørgje for at forskingsprosjekt blir gjennomført i samsvar med gjeldande regelverk. • Sikre god informasjonsflyt og samhandling med dei ulike REK-ane. • Sørgje for at forskarane melder RCT (Randomised controlled trials) og andre studium i relevante internasjonale databasar i samsvar med tilrådingar frå tidsskriftredaktørane. • Bidra til å synliggjere og utvikle det felles nasjonale forskingsdokumentasjonssystemet CRIStin. Dette vil blant anna betre styringsinformasjon om forskingsaktivitet og gi verktøy for å følgje opp og halde oversikt.
15
7529 HB Bergen Grafisk
www.helse-bergen.no Haukeland universitetssjukehus Telefon: 05300