Hospitalet

Page 1

hospitalet

OFFENTLEG INFORMASJON

Ei avis fr책 Haukeland universitetssjukehus

Ikkje frisk, men sprek s. 8 - 9

Lytteposten s. 6

s. 27

Nye Haukeland s. 22

Global helse s. 10

fb.me/haukelanduniversitetssykehus

Makelause maskiner s. 14 -17

twitter.com/haukeland_no 1

www.helse-bergen.no


hospitalet Fatale feil

s. 6 Rause vener

s.. 7

Stolt av medarbeidarane mine! Det er ei sann glede å vere leiar for Helse Bergen i desse dagar. Vi har nådd nokre milepælar som er særdeles viktige for at vi kan vidareutvikle tilbodet til pasientane våre. Første viktige milepæl er at vi no er i ferd med å få orden på økonomien slik at vi held oss innanfor dei rammene politikarane har gitt oss. Og då må eg ile til med ein gong og presisere at budsjettbalanse ikkje er noko mål i seg sjølv. Det er eit verktøy som gir oss handlefridom til å vidareutvikle tilbodet til pasientane. Vi har ein pengesekk, og den skal dekkje både drift og investeringar. Greier vi ikkje å halde drifta innanfor rammene, får vi mindre til å investere i nye bygg, medisinteknisk utstyr og liknande. For nokre veker sidan, gjesta statsminister Jens Stoltenberg Haukeland universitetssjukehus. Bodskapen hans var at regjeringa har lagt inn eit lån på 700 millionar kroner til nytt barne- og ungdomssenter i forslaget til statsbudsjett for 2011. Heilt fantastisk! Endå ein ny milepæl er nådd i vidareutviklinga av tilbodet til pasientane våre.

Grunngivinga statsministeren hadde for at regjeringa no seier ja til at Haukeland kan få bruke 700 millionar kroner av fellesskapet sine middel, var nettopp at vi no har orden på økonomien – samstundes som vi har auka aktiviteten i sjukehuset. ”Det er flott at dere klapper, for det er dere selv dere klapper for”, sa statsministeren då dei frammøtte jubla og klappa for meldinga om kva som ligg i statsbudsjettet. Statsministeren var også opptatt av den faglege kvaliteten på pasienttilbodet, og dette var også eit av momenta som gjekk i favør av å satse på Haukeland universitetssjukehus. Trass i at det ofte er mykje snakk om økonomi, så er det alltid det faglege innhaldet som er viktigast. Eg er stolt over medarbeidarane mine som har gjort ein kjempejobb og ført oss dit vi er i dag. Så veit eg sjølvsagt samtidig at alt dessverre ikkje er perfekt. Vi høyrer om alvorlege enkelthendingar og om system som ikkje fungerer godt nok. Men vi jobbar heile tida for å bli betre. Vi har brukarding undersøkingar, system for melding

Raskare hjelp til barn

s. 11

av alle feil, skade- og klageutval og Lytteposten; alt dette gir oss verdifull informasjon om område der vi kan bli betre. Men trass i enkelte utfordringar: Vi har drive godt, og det betalar seg i form av at vi no har handlefridom til å realisere mange nye byggjeprosjekt, både på Haukeland, Sandviken, Kronstad og Voss. Nye bygg i seg sjølv er ikkje eit mål, dei er verktøy for å vidareutvikle det faglege innhaldet og sikre meir effektiv drift. Helse Bergen har no kome i ein fase der vi kan konsentrere oss meir om vidareutvikling og nytenking enn om meir eller mindre kortsiktige tiltak for å ta inn tidlegare budsjettunderskot. Det skal ikkje eg som administrerande direktør ha æra for, den æra skal alle dei vel 11 000 tilsette ha, som har gjort ein kjempejobb. Vi har eit godt sjukehus, og vi skal leve opp til visjonen vår om å fremme helse og livskvalitet.

Ei seng på vegen heim

s. 12 Angrar ikkje det gram

s. 18 Tar tak i rusproblemet

s. 20 Løpske hjarte

s. 24 Rimelegare parkering

s. 26 S Stener K Kvinnsland i l d Administrerande direktør

Haukeland universitetssjukehus på nett

www.helse-bergen.no

hospitalet

Hospitalet er ei infomasjonsavis som går ut til alle i Helse Bergen sitt opptaksområde. Med denne avisa gir vi deg eit innblikk i kva som skjer på sjukehuset.

fb.me/haukelanduniversitetssykehus ØMERKE ILJ T M

Utgivar: Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus Trykk: Media Trykk AS Foto forside: Odd Mehus / Ole-Christian Amundsen / www.colourbox.no / KHR arkitekter Redaksjon: Linda Anette Hilland, Ragnhild Dårflot Olsen, Ole-Christian Amundsen, Anette Hellstrøm, Camilla Crone Leinebø Ansvarleg redaktør: Mona Høgli

twitter.com/haukeland_no 24

59

1 Trykksak

2

9

flickr.com/photos/haukeland


Forsking

Når minstemann får migrene

– Det første anfallet var det verste eg har hatt. Då gjorde det så vondt i hovudet at eg følte eg ikkje fekk puste, seier Stine (14).

3


Forsking

Tekst: Anette Hellstrøm Foto: Odd Mehus

– Det begynte i åttande klasse, alt den første veka på skulen. Først trudde eg det var synet mitt det var noko gale med. Eg såg ikkje tavla. ”Det er sikkert ein filleting som går over. Det er vel sånn det er å bli gammal”, tenkte eg for meg sjølv, seier Stine og foldar hendene. – Men anfalla med hovudverk forsvann ikkje, fortel Stine. 14-åringen sit godt planta med beina i sofaen, og rettar forsiktig på brillene mens ho fortel om sjukdommen sin.

Ubalanse i nervesystemet

Nærare åtte prosent av alle barn i verda har migrene. Migrene er ei vanleg form for hovudpine som kjem anfallsvis og som opptrer forskjellig frå person til person. – Svært forenkla kan vi seie at det oppstår ein forbigåande ubalanse i nervesystemet som kan føre til smerte, kvalme, oppkast, lys-, lyd- og luktfølsemd og ei generell kjensle av å vere uvel, forklarar professor og overlege på Barneklinikken, Kristian Sommerfelt. Sommerfelt er migreneekspert og skal, saman med Klinisk forskningspost barn (KFPB) ved Haukeland universitetssjukehus, kartleggje effekten av ein migrenemedisin som hittil berre har vore tilgjengeleg for vaksne.

Bagatellisert diagnose

– Hovudpine er ofte ein tilstand som blir bagatellisert av foreldre og lærarar. Dette medfører at barna etter ei tid sluttar å klage, og lir i det stille. Eit ubehandla migreneanfall kan typisk vare frå fire timar heilt opp til tre dagar. For oss er barn med migrene eit prioritert område som vi tar særs alvorleg. Barn har like mykje krav på god behandling som vaksne, seier Sommerfelt. Når vaksne blir diagnostisert med migrene har dei fleire typar migrenemedisin dei kan ty til. – Vaksne som er plaga med migrene har minst sju migrenemedisinar som dei kan bruke i behandlinga av anfalla. Nokre gonger hjelper ikkje den eine medisinen, så då kan dei prøve ein av dei andre. For barn er det berre éin migrenemedisin tilgjengeleg – og denne hjelper ikkje på alle, forklarar Sommerfelt.

Frøken detektiv: – Eg har blitt ein detektiv, og kan ved å tolke kroppen sine signal kjenne om det blir eit stort eller lite migreneanfall, seier Stine (14).

Det er rart å ha vondt ein plass kor andre ikkje kan sjå at eg har vondt.

Haukeland vil det bli rekruttert mellom seks og ti ungar til prosjektet.

– Det passer aldri

Stine kan skrive under på at medisin med god effekt er svært viktig for å kunne fungere som normalt i kvardagen. Den aktive jenta som vanlegvis syng i kor, passar ungar, lagar mat og les krimbøker – gjerne alt på same dag dersom ho får tid etter at leksene er unnagjort – får fleire gonger i månaden akutt migrene. Dei tunge anfalla har stor innverknad på kvardagen hennar. – Når eg får vondt i hovudet toler eg ikkje lys eller lyd, og eg kan bli så dårleg at eg kastar opp. Eg blir lett sint på folk, og det skal ingen ting til før eg kjeftar på dei heime. Anfalla kan vare i alt frå ein time til resten av dagen og kjem som regel alltid når det passer som minst. Då må eg berre droppe alle planar slå av lysa, dra ned persiennene og leggje meg til å sove, fortel Stine.

Internasjonal storstudie

KFBP er derfor med i ein internasjonal storstudie for å kartleggje effekt og sikkerheit rundt medisinen Rizatriptan. Medisinen har tidlegare berre vore godkjent for bruk hos vaksne, men dersom studia går rett veg vil den i framtida også kunne bli brukt av barn og ungdom mellom 6-17 år med akutt migrene. Over 1000 ungar på verdsbasis er med, og på

Kvifor forske på barn?

KFPB, med Sommerfelt i spissen, skal passe på at migreneprosjektet blir gjennomført på ein trygg og forsvarleg måte.

4

Støtte frå dei næraste: – Det er viktig at både familien og skulen er med og støttar opp når ungane får migrene, understrekar Solveig, mor til Stine.


Eit migreneanfall kan delast inn i fire fasar.

migreneanfall.

o x.n bo ur

Migrene = tolmod

– Føremålet med slike studiar er å finne gode medikament og riktig dosering under strenge krav. Tidlegare var det vanleg å tru at ein berre kunne gi mindre dose av ein medisin til barn enn det som vart gitt til vaksne – men vi veit i dag at det ikkje er rett måte å gjere det på, seier Sommerfelt.

Stine er glad for at det snart kan bli meir hjelp å få, då ho ikkje har vore så nøgd med effekten på medisinen ho har brukt fram til no. – Det er rart å ha vondt ein plass kor andre ikkje kan sjå at eg har vondt. Eg må tvinge meg sjølv til å ta det med ro, og lytte til kroppen sine signal heile tida. Kanskje kvardagen min kan kome tilbake til normalen etter kvart?, undrar Stine.

– Laboratorieforskaren testar ut idear i laboratoriemiljøet, men det er ikkje dermed sagt at resultata blir dei same i eit menneske. Vi kan derfor ikkje bruke forskingsresultata før dei også er testa på menneske. Her på forskingsposten testar vi ut nye legemiddel, diagnostiske metodar og behandlingar, seier han.

– Ein ting er heilt sikkert, og det er at når ein har migrene må ein ha godt tolmod – utan det slit du!

Arveleg KOLS – Nokre funn hadde vi forventa, andre er meir overraskande, seier professor dr.med. og prosjektleiar Per Bakke. Ein studie avslutta i 2004 avslørte to gen som kan føre til KOLS (Kronisk obstruktiv lungesjukdom). No har forskarar ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen funne minst fem nye gen som kan føre til sjukdommen. KOLS-studien starta i 2006 med ein avtale om opptil 92 millioner kroner frå legemiddelfirmaet GlaxoSmithKline. Studien er den største i sitt slag i verda. – Den vil gi oss meir kunnskap om kva

Klinisk forskingspost barn • Klinisk forskingspost barn (KFPB) er den første av sitt slag i Norden. • Her skal nye legemiddel, metodar og behandlingar prøvast ut på barn for aller første gong. Posten skal og teste bruk av ny teknologi både for det lokale forskarmiljøet ved Haukeland, Universitetet i Bergen, og eksterne oppdragsgivarar. • Eit nytt direktiv frå EU er klar i sin tale. Alle legemiddel som blir nytta til barn skal vere klinisk testa. Dette direktivet vil gjere at studium på barn blir prioritert høgare.

same mekanismen ikkje berre påverkar huda, men også andre organsystem via eit aldringsgen, opplyser Bakke. I følgje prosjektleiaren er styrken med dei nye funna at ein gjennom samarbeid med forskingsgrupper i andre land har klart å gjenfinne same gen i andre populasjonar enn vår eigen. – Det bidrar til å tru at dette ikkje er tilfeldige funn, påpeikar han. - Og vi trur det er endå fleire gen som er assosiert med det å få KOLS enn vi har funne til no.

Nye resultat frå verdas største KOLS-studie viser at det finst fleire gen som gir auka risiko for KOLS. Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen

w

Kvar skuleklasse har i gjennomsnitt to barn med migrene.

Fot o: w

Om lag 10 prosent av befolkninga i Noreg har migrene.

lo co w.

Migrene er arveleg.

Kj

Det er rart å haDei fleste som får e får det før vondt ein plassmigrene dei har fylt 50 år. kor andre ikkje Stress, menstruasjon, på søvn og kan sjå at eg har mangel uregelmessig inntak av mat kan vere vondt. utløysande faktorar til

eforbund igren es m org :N lde

Ingen test eller undersøking er spesifikk for migrene.

Diagnosen vert stilt etter at pasienten har hatt ein grundig samtale om sin eigen sjukehistorie med lege eller nevrolog.

som skjer i lungene ved KOLS og den vil hjelpe oss til å kunne skreddarsy behandlinga til den enkelte pasient. Endeleg vil studien også auka kunnskapen vår om samanhengen mellom arv og miljø for utvikling av KOLS, seier Bakke.

Om lag 660 personar frå Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane deltar i KOLS-studien, av desse er vel 400 KOLS-pasientar og vel 200 friske. Det er røykarar og ikkje-røykarar i begge grupper. - Røyking er framleis rekna som ei av dei viktigaste årsakene til KOLS, men samspelet mellom arv og miljø er også viktig. Vi vil forske vidare på det genetiske og halde det opp mot andre, ytre miljøfaktorar, seier Bakke. Forskingsgruppa har no fått pengar til å følgje pasientane i tre nye år. – Vi planlegg òg å snakke med barna til

Dei nye funna er gen som kan medverke til å gi KOLS både gjennom auka betennelsesforandringar i luftvegane og auka risiko for kroniske infeksjonar i luftvegane. – Eit anna gen som er påvist relatert til KOLS, er kopla til aldringsprosessen. Ein kan sjå på endringane i lungene ved KOLS som ei framskunda aldring. Det er frå før påvist at røykarar har aldersforandringar i huda på eit tidligare tidspunkt enn ikkje-røykarar. Det er mogleg at den

5

Professor og prosjektleiar Per Bakke

dei som er med i studien, fortel Bakke. Førekomsten av KOLS er aukande. Berre i Hordaland bur det potensielt 30.000 KOLS-pasientar. I 2020 vil talet vere 45.000.


Pasientsikkerheit

100 prosent sikkerheit er Ta kontakt med Lytteposten Har du noko du har lyst til å fortelje oss? Noko du er fornøgd med eller misfornøgd med på Haukeland universitetssjukehus? Då kan du kontakte Lytteposten. Dette er eit tilbod til pasientar og pårørande som ønskjer å gje tilbakemelding om korleis dei har opplevd sitt møte med sjukehuset. Ta kontakt på telefon 95 89 05 55 tysdag og torsdag frå klokka 11.00 til 15.00 eller send ein e-post til lytteposten@helse-bergen.no

ikkje mogleg – På eit sjukehus er det ein risiko for feil i alt du gjer. Men vi skal gjere vårt beste for å minimere den risikoen, seier fagdirektør Alf Henrik Andreassen.

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Ole-Christian Amundsen

Sjølv om fullstendig sikkerheit ikkje er mogleg, understrekar Andreassen at det ikkje er farleg å vere pasient i Noreg i dag. – Men vi har vesentleg forbetringspotensiale, seier han.

Openheit om feil

I alle einingane i Helse Bergen blir det jobba målretta med forbetring heile tida. – Vi oppfordrar til openheit om feil, og vi har ein stadig betre meldekultur. Haldninga blant dei tilsette er avgjerande. Vi er opptatte av at det ikkje er snakk om å straffe nokon, men om å lære av feila vi gjer, seier Andreassen. I det elektroniske meldesystemet Synergi kan avdelingane i føretaket lage nyttige rapportar over farlege forhold, nestenuhell og feil. Slik kan både dei sjølve og andre lære av hendingane. – Leiarane følgjer opp meldingane som kjem med konsekvensutgreiing og tiltak, opplyser Andreassen. Dei mest alvorlege sakene vert vidare behandla av det sentrale Skade og klageutvalet.

Feil i helsevesenet fører til nærare 4000 dødsfall i året.

Stig Harthug er kvalitetssjef ved Haukeland universitetssjukehus. – Vi ønskjer å gjere helsetenesta tryggare, seier han. – Og Haukeland er eitt av dei få sjukehusa i Noreg som reint formelt har sett dette på dagsorden. Ikkje minst har intensivmiljøet ved Haukeland universitetssjukehus jobba systematisk med pasientsikkerheit og vore i forkant på dette området i mange år. Det føregår også mykje forsking på området ved sjukehuset. Kvalitetssjefen understrekar òg kor viktig det er at ei konstruktiv tenking om feil også blir fremma både i grunnutdanninga og i vidareutdanning av helsepersonell.

4000 dødsfall

Fem år med psykiatriambulansen Den psykiatriske ambulansen er blitt tatt godt i mot av både pasientar, pårørande, politi og helsevesen etter at den starta å køyre for snart fem år sidan. Psykiatriambulansen var den første av sitt slag. Målet er å sørgje for at psykisk sjuke får eit tilbod om transport som er prega av respekt og likeverd. – Psykiatriambulansen har vore ein suksess fordi pasientar blir henta av helsepersonell i staden for politi, noko som kan opplevast som stigmatiserande for psykisk sjuke og deira pårørande, fortel seksjonsleiar Jarle Johannessen.

Feil, eller såkalla uønska hendingar i helsevesenet, kan vere alt frå feilmedisinering til fall. Feila fører til nærare 4000 dødsfall i året, sa helsedirektør Bjørn Inge Larsen under Den nasjonale pasientsikkerheitskonferansen i Bergen i september. Mange av desse feila kunne vore unngått.

på Festplassen Skandinavias største forskingsfestival gjekk av stabelen i slutten av september. Haukeland universitets-

sjukehus var ein sentral aktør og bidragsytar med foredrag, skuleprosjekt, forskingsstasjonar og deltaking i Forsker Grand Prix. Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival der forskings- og kunnskapsba-

6

Norske helsetenester sitt forbetringspotensiale • 10 prosent av alle pasientar i sjukehus blir ramma av feil. Halvparten av desse hendingane kan førebyggast. • 4000 dødsfall årleg som følgje av feil eller mangelfull behandling. • Éin feil fører i gjennomsnitt til sju ekstra liggedøgn. I norsk helsevesen svarar det til ein kapasitet på 1 610 sjukehussenger - som igjen tilsvarar to store sjukehus. • To milliardar kr/år i ekstra kostnader Peter F. Hjort 2007/ Helsedirektoratet 2010

serte institusjonar viser fram verksemda si for eit allment publikum. På Haukeland sine interaktive stasjonar fekk publikum mellom anna studere bakteriar i mikroskop og sjå på føflekkar. www.forskningsdagene.no/bergen


Haukelands venner

Eitt år med givarglede 12. november er det eitt år sidan Haukelands venner vart stifta. Sidan den gong har dei delt ut flatskjermar, Brann-drakter, leikar, kosebamsar, massasjestolar, kjøkkenutstyr og pussa opp rom for pårørande. Vennene har ingen planar om å gje seg.

Tekst & foto: Anette Hellstrøm

– Det er fantastisk at vi har venner som vil oss vel, og som bidrar til å skape ein lettare kvardag både for pasientar og pårørande ved sjukehuset, seier ein takknemleg administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Stener Kvinnsland. – Vi er heilt avhengige av gode medhjelparar, og det er rørande å sjå eit slikt engasjement, held han fram. Haukelands venner er ein paraplyorganisasjon både for enkeltmenneske, bedrifter og organisasjonar som i all hovudsak ønskjer å bidra på ulike måtar til trivnaden for pasientane på Haukeland.

Eldsjeler

Eldsjelene bak Haukelands venner kjenner godt til behova som finst på sjukehuset. Dei starta alt i 2004 under namnet Medisinsk Høyteknologisk Forskningsfond, og har dei siste åra samla inn fleire millionar

leiar Ingunn B. rørande, seier e på r fo m ro re kunst av Sign pusse opp flei runnen heng kg ne er ba I gj l d vi d. ve ta Vi e es – Hill r pårørand stleiar Trygve ssa rommet fo Hansen og ne på det nyoppu nd. ng la he ke n au te H ns Haugen. Ku king (MIO) på va er ov og iv ns Medisinsk inte

– Det er veldig kjekt å vere med og samle inn pengar til stort og smått. Uansett kven vi spør, så seier dei aldri nei. Alle er med og drar lasset, seier Hansen.

kroner som har vore eit bidrag til finansieringa av PET/CT og kirurgiroboten da Vinci. For eitt år sidan la vennene om profilen frå høgteknologisk utstyr i millionklassen til mindre kostnadskrevjande, men ikkje mindre viktige, trivnadsfremjande tiltak.

Lange ønskjelister

Samarbeidet med avdelingane på sjukehuset er viktig og nært. Avdelingane har alt skrive lang liste over ønskje om mellom anna fjernsynsskjermar, oppussing av rom og nye leiker.

Det vesle ekstra

- Vi er ei foreining for alle som vil bidra til det vesle ekstra som kan gjere kvardagen og sjukehusopphaldet betre for pasientane på sjukehuset. Dette gjeld uansett arena. Både stort og smått er verdsett hos oss, seier leiar av venneforeininga, Ingunn B. Hansen.

- Eg oppfordrar alle til å bli medlem, anten det er privatpersonar eller bedrifter. Alle donasjonar hjelper på, anten det er støttemedlemskap, gåver, tenester, pengar eller besøk. Responsen er alt god, men behovet er stort, avsluttar Hansen.

Ho har sjølv vore behandla for kreft to gonger på Haukeland, og veit godt kva det betyr å vere innlagt og få oppleve små gledesdrypp i form av ein konsert eller liknande. I dag får ho nesten kick av å samle inn til andre.

Reis heim med Helsebussen

Haukeland sjekkar ernæringsstatusen hos alle pasientar som blir innlagt på sjukehuset. Det er til ei kvar tid 25-30 prosent av pasientane som er underernærte, og desse skal følgjast opp og få behandling.

Årsaka er at sjukehuset ønskjer å fange opp pasientar som er i risiko eller har utvikla ein underernæringstilstand.

Sjå side 14-17

Korleis bli medlem av Haukelands venner? www.haukelandsvenner.no

Fanger opp underernærte pasientar Om du blir innlagt på sjukehuset kan du møte helsepersonell som ønskjer å vite vekta og høgda di. Sjukehuset har ei rekkje rutinespørsmål og vil spørje deg om matinntaket og appetitten din; Er den god og som vanleg, eller har du ikkje klart å ete og drikke slik som du har behov for? Har du vanskar med å tyggje og svelgje?

Kva er PET/CT og daVinci?

Er du pasient og bur på Sotra, Askøy og i Nordhordland? Då er Helsebussen eit godt transportalternativ heim frå sjukehuset. Viss du har rekvisisjon frå lege, kan du reise gratis heim med Helsebussen. Sjølv om du reiser med Helsebussen blir du frakta frå dør til dør, på same måte som med drosje. Oppmøte er i ventearealet ved Foajeen i Sentralblokka, seinast femten minuttar før avgang.

Sjukdomsrelatert underernæring, kombinert med eit lite, men plutseleg vekttap, og infeksjonar - aukar risikoen for komplikasjonar, reduserer pasienten sitt funksjonsnivå både fysisk og mentalt, gjer at pasienten blir seinare frisk og kan i verste fall vere livstrugande. Det er mange årsaker til ufrivillig vekttap og grunnen til vekttapet er avgjerande for kva ernæringsbehandling som blir sett i gong.

7


Læring og meistring Trine Merete Vikebø kan vere elendig og kjenne cellegifta herje i kroppen, men likevel gå på trening. Tekst: Camilla Crone Leinebø Foto: Odd Mehus

Ho er ein av ti pasientar med alvorleg kreftsjukdom som trenar saman fast ein gong i veka på Lærings og meistringssenteret (LMS) i Bergen. – Det hadde eg aldri gjort viss eg måtte gå på eit vanleg treningssenter, seier Trine skråsikkert. – Her opplever eg eit fellesskap og treff andre i same livssituasjon. Eg treng ikkje å trene aleine eller å lure på kor hardt eg kan ta i. Det gjer ingenting om eg har ein dårleg dag og må setje meg ned innimellom. Eg tenkjer ikkje over korleis eg ser ut eller om andre ser på meg, det er ei slags uuttalt forståing for kvarandre i gruppa, fortel 46-åringen, som har vore alvorleg kreftsjuk sidan 2009.

Sirkeltrening

Det er ingenting som ikkje minner om eit vanleg, moderne treningsstudio. Rommet har store vindauge, god plass og hi-tech treningsapparat på rekkje og rad. Ein eldre mann tek sit-ups, ei vaksen kvinne spring opp og ned frå step’en, medan ei anna dame “gjer planken” i imponerande lange intervall. Alt skjer akkompagnert av slager på slager frå lydanlegget. Akkurat no durar Roy Orbison sin “Oh, Pretty Woman” ut av høgtalarane. – Åh, låra mine er ikkje bygd for dette, ler Trine, der ho fyk opp og ned frå sitjande til ståande stilling på ein stol. – Det er lov å ta pause, seier spesialfysioterapeut Lise Amundsen mens ho betraktar Trine sin teknikk.

Auka livskvalitet

Lise jobbar i palliativt team ved Smerteklinikken på Haukeland universitetssjukehus, og er ein av tre faste fysioterapeutar som held treningane. – Her har vi fokus på å bevare det friske, sjølv om dei fleste ikkje kan rekne med å bli frisk av kreftsjukdommen sin. Vår hovudoppgåve er å bidra til å oppretthalde og fremje funksjon, samt auke livskvalitet, fortel Lise. På LMS tilbyr dei tilrettelagt trening i trygge rammer. Mange pasientar med alvorleg kreftsjukdom har avgrensingar, til dømes i form av smerte, krefter og kapasitet. – For å trene i denne gruppa må ein ha tilvising frå lege. Vi som har ansvar for timane har oversikt over kva slags behandlingar deltakarane har vore gjennom, eller er midt oppe i. Sjølv om vi trenar i lag er alt tilpassa den enkelte, påpeikar ho.

“Eg er ikkje ferdig Ventetida

Likevel har det vore mange tunge stunder for tobarnsmora.

Trine hugsar godt då ho venta på prøveresultata. – Eg leste alt eg kunne finne på internett om brystkreft, og slukte det rått.

– Sjølvsagt har eg dagar der eg grin og det heile kjennest forferdeleg urettferdig. Men eg har lært meg at det er lov.

Det verste svaret Trine kunne tenkje seg var om det var brystkreft med spreiing. Det var det svaret ho fekk.

For Trine hjelper det å ha mål. Både kortsiktige og langsiktige. – Mitt første mål var å sjå jenta mi bli russ. Det har eg klart. Neste mål er konfirmasjonen til guten min. Og eg har mål som strekkjer seg langt forbi det, innrømmer ho.

– Då er eg ferdig, sa eg til legen.

Mål

– Medan eg var innlagt for min første kur, skjedde det noko med meg. Det er vanskeleg å forklare kva. Legen min fortalde at eg kunne ha mange gode år igjen. Andre fortalde om menneske som har levd med alvorleg kreftsjukdom i tjue år. Det er dette eg har valt å ha fokus på. Eg greip fast i håpet og held framleis fast på det, fortel ho.

Frisktenking

Treninga er eit ledd i frisktenkinga til Trine. Då behandlinga starta var trening aldeles ikkje ein tanke i hovudet hennar. Ho har aldri vore ein treningsperson, og vedgår at ho har hatt nokre støttemedlemskap på treningssenter opp gjennom åra.

8

Sjølvsagt har eg dagar der eg grin og det heile kjennest forferdeleg urettferdig. Men eg har lært meg at det er lov.


Sjuk – kva no?

Gleda over å fungere. – Det beste med treningane er å kjenne at kroppen min klarer å gjennomføre, sjølv om den er alvorleg sjuk. Meistringsfølelsen gir meg positiv energi, seier Trine Merete Vikebø

seg at kroppen er litt fiskepudding etterpå, meiner Trine.

Ikkje på sjukehuset

– Mange i gruppa er glade for at treninga er her og ikkje på sjukehuset. Det er med på å byggje opp under det friske, aktive og normale, seier Lise, og fortel om den eine gongen ho ikkje rakk å skifte før timen:

Du har nettopp fått ein diagnose som snur opp ned på livet ditt. Korleis skal du stille deg til sjukdommen, anten det er kreft, diabetes, ADHD, cøliaki, revmatisme, KOLS, eller anna?

land universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus.

På Lærings- og meistringssenteret i Bergen (LMS) er dei opptekne av korleis ein best kan leve med kronisk sjukdom. LMS ønskjer å formidle kunnskap om korleis ein kan meistre utfordringane i dagleglivet når ein har fått ein sjukdom.

Om du er pasient, pårørande eller helsepersonell som arbeider for brukarorganisasjonar utan opplæringstilbod, kan du ta kontakt med oss. Telefon 55 97 47 80 E-post: lms@helse-bergen.no

Per i dag har LMS Bergen samarbeid med 21 kliniske avdelingar på Hauke-

– Eg fekk ein kommentar om at eg hadde på meg sjukehusklede. No tek eg alltid på meg treningsklede og kjem heller tre minutt for seint, humrar ho.

Saman med fagfolk og brukarorganisasjonar er det utvikla 64 diagnosetilbod.

Målet vårt er å ha eit tilbod til alle som ønskjer det.

Trine bekreftar historia til Lise. – Vi er jo spesielle, sjølv om vi ikkje ønskjer å vere det. Det er jo nettopp derfor mange av oss brukar tilbodet; for å gjere kvardagen så normal som mogleg.

Spel Playstation på sjukehuset Ungdomsrommet er eit tilbod for unge med kreft mellom 15-35 år. Rommet ligg i underetasjen i Sentralblokka på Haukeland (inngang Parkbygget), og er ope heile døgnet alle dagar dersom du ønskjer å ta deg ein pause frå sjukehusavdelinga. Tilbodet er for inneliggjande pasientar, men er òg tilgjengeleg for dei som er inne til dagbehandling. På Ungdomsrommet finn du mellom anna pc og internett, TV, Playstation, DVD-/CD-spelar, bøker og blad. I tillegg er det faste filmkveldar, spelekveldar og quiz. Det blir ofte arrangert konsertar, i tillegg til andre tilstellingar. Les meir om oss på www.helse-bergen.no

Treningstilbodet • Treningstilbodet starta hausten 2009 og er for personar som lever med alvorleg kreftsjukdom. • Gruppetreninga er eit felles prosjekt mellom fysioterapiavdelingane på Haukeland universitetssjukehus og Sunniva klinikk på Haraldsplass diakonale sjukehus.

Trim gjer godt

• Tilbodet er gratis. • Treninga er kvar torsdag frå kl. 11.45-13.30. • Treningsøkta varer frå kl. 12.0013.00. – Så fekk eg vite om dette opplegget av ein sjukepleiar på Haukeland som eg møtte på eit treff via Kreftforeningen. Sidan har treninga blitt eit fast gjeremål kvar veke. Det skal mykje til før eg sluntrar unna, seier ho.

Ein norsk studie, der pasientar frå Haukeland har delteke, viser utelukkande positiv effekt av trening for menneske med alvorleg kreftsjukdom.

• Etter treninga er det samling med kaffi og frisk frukt.

Post.doc Line Oldervoll ved Institutt for Kreftmedisin og molekylærmedisin på Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) står bak studien, der 231 pasientar med forventa levetid på to år blei testa. – Studien viser ikkje reduksjon av fatigue (utmatting), men gir positive resultat på alle symptom og funksjonstestar i treningsgruppa samanlikna med kontrollgruppa. I tillegg rapporterte pasientane auka livskvalitet, mellom anna i form av ein meir meiningsfylt kvardag, håp og livsglede, fortel spesialfysioterapeut Lise Amundsen. Ho har vore med i den delen av forskingsprosjektet som har gått føre seg på Haukeland.

• Det er maks ti deltakarar i gruppa. • Tre faste fysioterapeutar med spesialkompetanse innan kreftsjukdommar rullerer på å halde treningane.

Ta for eksempel ein torsdag for nokre veker sidan. – Då var forma heilt elendig og eg kjente cellegifta herje i kroppen. Før trening hadde eg eit par ærend, og blei heilt utkøyrt etterpå. Eg kom på trening trass alt, og fekk så mykje futt! Sola skein ute og då timen var over var eg oppriktig lei for at eg hadde bilen med meg. Eg kunne nærmast sust heim til fots.

Har du lyst å vere med?

– Kjensla av å meistre det å bruke kroppen, også på dårlege dagar, gir meg masse positiv energi. Det får berre våge

Telefon: 55 97 73 20 E-post: lise.amundsen@helse-bergen.no

Ta kontakt med Smerteklinikken

Redd for å bevege seg

– Mange kreftpasientar er redde for å

9

bevege seg på grunn av smerter. I tillegg veit vi at sjukdommen i seg sjølv, behandlinga og den usikre livssituasjonen, påverkar evna og lysten til å vere i aktivitet. Denne pasientgruppa er ofte plaga med utmatting, manglande tiltakslyst og sosial tilbaketrekking, seier Amundsen. – Det fører ofte til ein negativ spiral der ein blir passiv og mister muskelmasse, og dermed får nedsett fysisk funksjon. Trass i at dei i utgangspunktet har kapasitet til å trene. Dei aller fleste opplever det positivt å vere i fysisk aktivitet og å vere i eit trygt sosialt fellesskap, påpeiker Amundsen, og legg til at; – Det er ikkje dokumentert negativ effekt av fysisk aktivitet hos pasientar med kreft som ikkje kan kurerast.


Global helse Russland

India

Sudan Etiopia

Tanzania Malawi

Ifølgje administrerande direktør Stener Kvinnsland er det mange gode grunnar til det. - For det første handlar det om å ta globalt ansvar, seier han. - Vi er privilegerte og bør kunne yte vår skjerv. Det er eit samfunnsansvar.

volumtrening for å oppretthalde eige kompetansenivå og sikre fullføring av spesialistutdanningsprogram.

Bygge kompetanse

Ekstern finansiering

Avdeling for internasjonalt samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus blei etablert i 2003. I dag er avdelinga blant anna engasjert i ei brannskadeavdeling i Etiopia, Blodbank i Tanzania og Fødeklinikk og ortopediavdeling i Malawi. Så langt har Avdeling for internasjonalt samarbeid vore finansiert utelukkande gjennom inntekter frå eksternfinansierte prosjekt. - Det er viktig å presisere at arbeidet på avdelinga aldri har tatt pengar frå norske pasientar. Dette har ikkje gått ut over kjerneoppgåvene våre, seier Kvinnsland.

Gir perspektiv

Snarare tvert imot. Internasjonalt engasjement betyr gevinst for sjukehuset, på fleire måtar. - Det er godt for oss å sjå helsearbeid under andre vilkår. Det gir balanse og perspektiv, meiner Kvinnsland.

Haukeland er det leiande sjukehuset i Noreg på internasjonalt arbeid. Ønsket er at endå fleire medarbeidarar skal engasjere seg. Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: www.colourbox.no

Han ser òg styrken i det at tilsette i periodar vekslar mellom å arbeide på Haukeland og i andre land med heilt andre utfordringar, og det at helsepersonell frå sør hospiterer her. - Erfaring- og kompetanseutvikling går begge vegar. Den internasjonale erfaringa vil setje våre medarbeidarar i stand til på ein god måte å tilpasse, utnytte og utvikle kompetansen sin under forhold der

helseutfordringane er store og ressursane ofte svært avgrensa. Eit anna viktig moment er nytteverdien dette har for Haukeland når det gjeld sjukdommar som er lite vanlege her heime. - Vi får kompetanse på sjukdommar vi elles behandlar svært sjeldan, for eksempel innan infeksjonsmedisin og gynekologi. Mange av våre fagmiljø treng

Startar unik søvneining på Haukeland

No kan du gi blod i nærleiken av der du jobbar eller bur. Blodbussen er ein mobil blodbank der du kan kome og gi blod. Det er like trygt å gi blod i bussen som på sjukehus. Blodbussen besøker større arbeidsplassar og sentrale stader i Bergensområdet. Blodbussen er Noreg sin første mobile blodbank. Bussen er ei gåve frå Røde kors til Helse Bergen. Blodbussen er i drift fire dagar i veka, måndag til torsdag. Gi beskjed i Blodbanken eller send ein e-post til blodbanken@helse-bergen.no om du ønskjer å gi blod på Blodbussen. Blodbussen har fem tappestasjonar. Les meir på www.blodbussen.no

Snorkar du? Eller har du pustestopp om natta? For første gong i Noreg skal fleire spesialistar innan ulike felt jobbe tett saman for å hjelpe personar med søvnproblem. Ei ny søvneining på Haukeland er i drift frå 1. mars neste år. Les meir om søvn på www.sovno.no

10

Foto: www.colourbox.no

Gi blod der du jobbar eller bur

Avdeling for internasjonalt samarbeid sitt engasjement har vore avhengig av tilgjengelege midlar frå UD, Norad og Fredskorpset, og avdelinga har måtta ta omsyn til skiftande bistandspolitiske strategiar og prioriteringar. Dette har resultert i ei lang rekkje enkeltprosjekt dei siste sju åra, ofte av kortsiktig karakter og mot skiftande land. Flest i Afrika, men også i India og Russland. No legg avdelinga opp til meir langsiktig samarbeid over tid med utvalde partnarsjukehus i sør. – Ei grunnfinansiering frå Haukeland vil sikre ei slik utvikling, seier Kvinnsland. Han understrekar at det viktigaste målet med det internasjonale arbeidet er å bygge kompetanse, slik at dei sjukehusa Haukeland samarbeider med i Sør over tid kan klare seg utan bistand. Det er også eit mål å prioritere samarbeid med institusjonar i land som er hovudsamarbeidsland i det offisielle norske bistandsarbeidet og prosjekt som er i tråd med FNs tusenårsmål. Det blir lagt vekt på samarbeid med andre norske sjukehus i det internasjonale arbeidet.


Barne- og ungdomspsykiatri

Fleire barn får raskare hjelp Talet på barn og unge som blir tilvist til Haukeland med psykiske vanskar har auka med 50 prosent dei siste tre åra. Likevel har sjukehuset klart å korte kraftig ned på ventetida. Tekst: Linda Hilland Foto: www.colourbox.no

I dag er det 262 barn og unge som ventar på psykiatrisk helsehjelp ved Haukeland universitetssjukehus. Av 262 har 119 rett til prioritert helsehjelp. Ventetida for desse pasientane er i dag 47 dagar mot 70 som var gjennomsnittleg ventetid i 2007. Kravet frå styresmaktene er at ingen barn og unge skal vente lenger enn 65 dagar på nødvendig behandling.

4600 treng behandling

- Vi har jobba knallhardt i fleire år for å få ned ventetida. Barn og unge med psykiske vanskar eller rusproblem skal få hjelp så fort som råd er. Men vi er enno ikkje heilt i mål og ved nokre poliklinikkar er det framleis utfordringar å ta tak i, seier Tor Visnes, klinikkdirektør for Klinikk psykisk helsevern for barn og unge.

Behandlar fleire på poliklinikk Talet på ventande har også gått ned på grunn av eit meir systematisk behandlingstilbod til barn og unge. - Vi har jobba mykje med å innarbeide like vurderingsrutinar i alle einingar. Og vi bruker meir av ressursane våre på poliklinisk behandling enn på behandling på sjukehus. På den måten hjelper vi langt fleire barn på eit tidlegare tidspunkt, fortel avdelingssjef Liv Åse Dybdal ved Avdeling for poliklinikkar.

Betre samhandling

I 2008 vart det laga ein avtale med alle kommunane. Den har ført til at informasjonen flyt betre og at dei forskjellige einingane er flinkare til å samarbeide til det beste for pasienten. Dette gjeld også samarbeidet med Bufetat (Barne-, ungdomsog familieetaten). - Det skal vere god samanheng i behandlingstilbodet. Pasienten skal gå gjennom ei dør og hjelpen som blir gitt skal vere fortløpande utan at ”livshistoria” må gjentakast ovanfor fleire fagfolk. Dette er målet, men det er framleis ein del som står ugjort, seier Visnes.

Vi har jobba knallhardt i fleire år for å få ned ventetida.

Fem prosent av alle barn og unge lever med ei psykisk liding som reduserer livskvaliteten deira. Dette tilsvarar heile 4600 barn i Helse Bergen sitt opptaksområde, eller sagt på ein annan måte - omtrent 180 skuleklassar. Derfor er psykisk helse for barn og unge det fagfeltet som har førsteprioritert i strategiplanen til Haukeland universitetssjukehus fram til 2012.

Utdannar fleire spesialistar

– Mykje av årsaka til at vi har fått ventetida ned, er vi har tilsett fleire behandlarar ved alle våre seks psykiatriske poliklinikkar (BUP). Dette gjeld både psykologar, legar, pedagogar og sosionomar, fortel Visnes. Talet på behandlarar dei siste fire åra har auka frå 85 til 103. I tillegg har helseføretaket eit stort fokus på å utdanne legar i spesialisering til å bli barne- og ungdomspsykiater, då det er mangel på legespesialistar i psykisk helsevern i Noreg.

Flest barn med åtferdsforstyrringar

Ventelistegaranti

I dag er den største pasientgruppa barn frå 7 til 12 år med åtferdsvanskar som til dømes ADHD, medan dei litt eldre slit meir med angst og depresjonar. Utviklingsforstyrringar som autismespekter og relasjonsvanskar er mest vanleg hos barn frå 0 til 7 år. – Dette er ein nasjonal trend som har vart i nokre år. Men det er viktig å påpeike at langt frå alle barn passer inn i ei eksakt diagnosegruppe, men har komplekse psykiske lidingar, seier Dybdal.

• Ventelistegarantien i barne- og ungdomspsykiatrien gjeld barn og unge under 23 år med psykiske vanskar. • Garantien seier at vurdering av tilvising ikkje skal ta meir enn ti verkedagar frå tilvisinga er mottatt. • Garantien seier også at helsehjelp skal bli gitt innan 65 verkedagar, dersom retten til prioritert helsehjelp er oppfylt.

11 11


Samhandling

Raskt heim = raskt Fire dagar på Ortopedisk avdeling, ei veke med opptrening på Straume helsesenter og så heim. Ingolf Martin Berge (63) frå Sund sin sjukehistorie er god samhandling i praksis.

k s i r f

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Odd Mehus

– Kom igjen, seier fysioterapeut BrittJorun Sæthre. – Au, svarar Ingolf. Og ler. Han sit halvvegs oppreist i senga, fysioterapeuten har lagt handa under venstre kneet hans. – Press kneet ned mot handa mi, instruerer ho. – Så løftar du opp og held – og så ned. Vi tar fem sånne.

Nytt liv

Ei veke og ein dag har passert sidan Ingolf fekk sett inn ein protese i venstre kne på Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. No har han vore fire dagar på Intermediær avdeling ved Straume helsesenter i Fjell kommune, og han beveger seg raskt mellom senga og badet når naturen krev sitt. Krykkene er med berre for å vere på den sikre sida. Før operasjonen var dei heilt nødvendige for å avlaste kneet. Som var utslite og gav Ingolf store plager. – Det er alt eit nytt liv. Eg har ikkje hatt det så fint på mange år som eg har det no. Eg kan ikkje få takka operasjonsteamet på Haukeland nok, understrekar han.

Var med frå dag ein

Med intermediær behandling forstår ein behandling på eit lågare nivå enn sjukehuset, men høgare enn vanleg sjukeheimsplass. Den intermediære avdelinga ved Straume helsesenter har pasientar frå Haukeland og Kysthopitalet heimehøyrande i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Avdelinga opna i februar 2010. – Samarbeidet var eit initiativ frå Fjell kommune, fortel avdelingssjukepleiar Kjersti Nordanger ved Ortopedisk avdeling. – Vi fekk vere med frå dag ein og plan-

Tre dagar etter operasjonen er Ingolf Martin Berge frå Sund slettes ikkje sikker på om han har lyst til å forlate avdelingssjukepleiar Kjersti Nordanger og dei andre på Ortopedisk avdeling.

der har vore på hospitering på Haukeland.

legge senteret. Ønska våre har blitt godt høyrte.

– Så snart pasienten er ferdig behandla og stabil tenkjer vi at andre, på eit lågare omsorgsnivå, kan ta seg av pasienten vidare, seier Nordanger. – Då treng han ikkje lenger vere på sjukehus. På denne måten får vi rask flyt gjennom sjukehuset i tilfelle der det er mogleg, rehabilitering og så fort heim. Også pasientane sjølve gir uttrykk for at dei er fornøgde, og studiar har vist at dei pasientane som kjem fort heim har raskare betring enn andre.

På sikt skal det etablerast eit større felles lokalmedisinsk senter for dei fire kommunane i nært samarbeid med Haukeland. Senteret er lokalisert på Straume.

Raskare framgang

Per i dag har Haukeland seks sengeplassar på avdelinga. Ortopedisk har fem og Nevrologisk avdeling har ei seng til slagpasientar. Det jobbar ein sjukepleiar frå Haukeland der ute, og dei som jobbar

12

Det vi gjer når vi trenar her, må du halde fram med når du kjem heim.


fornøgd, smiler han. Viss det blir sånne framsteg på Fjell òg, blir det dans neste helg.

Samhandling er framtida

Sju dagars rehabilitering

Dans blir det nok ikkje, men framstega er altså store når sju dagar har gått. – Eg skal heim på torsdag, fortel Ingolf. Gjennomsnittleg liggetid på avdelinga er sju dagar. – Eg er for så vidt klar til å reise heim no eg, men eg synest det er litt kort tid. Det er jo ikkje kona mi som skal stelle meg. Det hadde vore fint om ein kunne fått trening med fysioterapeut heime også. Han ser spørjande på fysioterapeut BrittJorun. – Det vi gjer når vi trenar her, må du halde fram med når du kjem heim. I tillegg vil du få trening på institutt med fysioterapeut. Det er lurt å ringe heimkommunen din og avtale så fort som mogleg, slik at dei har plass til deg med det same du kjem heim, er svaret.

Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Anne Sissel Faugstad, trur det vil bli fleire tilbod som samarbeidet på Fjell dei næraste åra. – Det er flott at kommunar kan samarbeide om denne typen tilbod, understrekar ho. Samhandlingsreforma blei vedtatt i 2009. Den skal sørgje for rett behandling, på rett stad, til rett tid. I tråd med samhandlingsreforma sine intensjonar har Haukeland universi-

Treningsøkta er over. Ingolf har sveitteperler i panna, men er ikkje utsliten. – Eg er veldig fornøgd med deg, skryt Britt-Jorun. – Eg er veldig fornøgd sjølv eg, med framstega, samtykkjer Ingolf.

som har hatt lyst til å reise heim når veka var over, smiler ho. Også Ingolf er fornøgd. – Romma og plassen er flott, og dei som jobbar her er hyggelege og hjelpsame. Vi blir stelt godt med. Eg merkar at det er nokre småting som ikkje er heilt på plass når det gjeld rutinar, men det er veldig greitt her. Det var det på Haukeland òg, veldig profesjonelt.

Godt stell

I følgje Britt-Jorun er dei fleste pasientane på intermediær avdeling positive til opphaldet. – Så langt har vi berre hatt ein pasient

tetssjukehus faste samhandlingsmøte med kommunane i Helse Bergen sitt område. Dette er faste kontaktpunkt for informasjon og samarbeid på begge nivå. Det er også fire samarbeidsutval i kvar region. – Det er ikkje slik at vi ikkje har samhandla med kommunane tidlegare, men vi har ikkje vore gode nok, seier Faugstad.

Les meir om samhandling på www.helse-bergen.no

I følgje Nordanger er dette det første interkommunale samarbeidet på denne måten i heile landet, og det fungerer godt. – No ser vi på om vi skal utvide til fleire sengeplassar, seier ho. Tre dagar etter operasjonen er Ingolf usikker på korleis det blir å reise til Fjell. – Men eg reknar med det er trening, trening og atter trening. Mirakelet må eg gjere sjølv, seier han. Etter fem år med dårleg kne, er han klar for nye tider. – Eg merkar alt endring, og er stor-

– Trill meg til Sartor Senter, spøkar Ingolf. – Du kan jo gå sjølv du, repliserer fysioterapeut Britt-Jorun Sæthre. Etter seks dagar med opptrening på Straume er Ingolf klar for heimreise.

13


KUVØSE

Vesle Ronja i mekanisk livmor I eit reir laga av kvite og gule tøydukar ligg eit ørlite menneske. Heilt stille. Vesle Ronja kom til verda tre månader før ho skulle, og vil eigentleg tilbake til ei varm og trygg livmor. Enn så lenge er ein gjennomsiktig glaskasse heimen hennar. Ei medisinsk mekanisk livmor som hjelper jenta på 785 gram med å halde riktig temperatur og som gir oksygen til raud og gjennomsiktig hud som ikkje er heilt ferdig utvikla. – Kuvøsa gir for tidleg fødde barn eit fuktig klima, noko som dei sårt treng då dei eigentleg skulle ha vore i vatn inne i livmora. Dessutan minskar den risikoen

Menneske og

for infeksjonar og skjermar barnet for høge lydar og skarpt lys, seier barnesjukepleiar Kjersti Johansen ved eining for Nyfødt. Ho stikk handa inn i kuvøsa for å snu vesle Ronja. Mamma Linda Søiland hjelper til. – Det er sjølvsagt vanskeleg å sjå Ronja liggje inni glasboksen. Eg har jo mest av alt lyst til å halde ho i armane mine heile tida. Men eg skjønar at ho treng hjelp. Dessutan får ho stundom kome ut og liggje på brystet mitt. Det gjer godt, seier Linda.

DIALYSEM

maski Alt handlar om menneske, men kva skulle vi gjort utan maskinene? Tekst: Linda Hilland Foto: Odd Mehus

PET/CT Jaktar på kreftceller - Maskina gir eit detaljert og riktig bilete av kor ein finn kreftceller i kroppen. På den måten kan vi gje nokre kreftpasientar riktig behandling tidlegare, forklarar leiar ved PET-senteret Nina Kleven-Madsen mens ho står framfor den store trommelen som pasientar blir køyrt gjennom. PET er ei forkorting for positron-emisjonstomografi. Metoden gjer det mogleg å måle den detaljerte fordelinga i kroppen av eit radioaktivt stoff som ein har injisert i blodet på pasienten. Det radioaktive stoffet blir tatt opp av levande kreftceller og fordelinga blir avbilda. Desse forbindelsane synleggjer vevet

sin funksjon og ikkje berre utsjånad, slik CT gjer. Men saman med CT, i ein PET/CT, får ein det beste frå to verder, både fysiologi og anatomi. – Maskina gir oss viktig informasjon om spreiing, eventuelt attverande kreftvev etter kirurgiske inngrep eller anna behandling, og om korleis ein svulst har reagert på behandlinga. Men den er dessverre ikkje like nyttig for alle krefttypar, fortel Kleven-Madsen. I framtida ser dei for seg at PET kan brukast i samband med andre sjukdommar i hjartet og hjernen. Haukeland er eit av tre sjukehus i Noreg som har tatt i bruk PET.

14

HJARTESTARTAR

Eit nytt fulldigitalisert røntgenlaboratorium. Nye spesialrespiratorar på Barneklinikken. Fleksible skop og mikroskop. Anestesiapparat, nye ultralydmaskiner, strålekniv, operasjonsrobotar. Lista er lang. Ingen veit nøyaktig kor mange maskiner som er med på å behandle pasientar ved Haukeland. Men alle veit at dei kan vere forskjellen på liv og død. Sjukehuset har i dag ein maskinpark verdt ein milliard kroner. Årleg trengs det 130 millionar kroner for å oppretthalde det medisinsk tekniske utstyret. Alt handlar om menneske, men det er svært mykje sjukehuset ikkje kunne ha gjort utan dei makelause maskinene. Her får du presentert nokre av dei viktige apparata ein brukar for ta vare på pasientane på best mogleg måte.

Sjokk til eit skjelvande hjart Ambulansearbeidar Gerry Arne Birkeland huskar godt då eit elektrisk støyt på 2300 volt gjekk gjennom hjartemuskelen til ein eldre mann som fall om utanfor Jernbanestasjonen i Bergen sentrum. Han vakna til etter berre nokre minutt. – Det gav meg ei utruleg herleg kjensle, seier ambulansearbeidar Gerry Arne Birkeland ved sentrum ambulansestasjon. Han dreg fram eit apparat på storleik med ein ghettoblaster. Ei


Ottar si kunstige nyre

MASKIN ASKIN

– Hadde det ikkje vore for denne maskina her, hadde eg lagt seks fot under jorda, seier Ottar Rinde (69) frå Sotra. Han er ein av 40 personar som får dialysebehandling på Haukeland i dag. Ottar ligg i ein stol på medisinsk post 2. Den grå dialysemaskina står trufast ved sidan av han fire dagar i veka. Kvar einaste veke. Behandlinga tek fire timar kvar gong. – Det er mitt ellevte år med behandling. Så du kan sjølv rekne ut kor mange tusen timar eg har vore her. Å få dialysebehandling er på mange måtar jobben min, fortel Ottar. Blodet hans renn ut i ein plastslange som er festa til armen.

Blodet held fram vidare inn i maskina til eit filter som tek bort avfallstoffa i blodet. Ein annan slange fraktar blodet tilbake igjen. Ottar treng dialysebehandling fordi nyrene hans ikkje klarer å fjerne avfallstoffa i kroppen. – Utan dialysebehandling døyr eg. Så enkelt er det, seier Ottar. Han ventar framleis på ein nyretransplantasjon. – For nokre år sidan fekk eg transplantert ei nyre, men kroppen min støytte ho frå seg. Håpet mitt no er ei ny nyre, seier han og ser opp på maskina. Displayet viser at det er ein time og åtte minutt igjen av dagens behandling.

ULTRALYD Konturane av eit nytt liv

kinene

Jordmor Guro Kyte Børsheim tek kald gelé på Synne Hartveit sin veksande kul. Med røynd hand stryk ho ultralydproben over magen og framkallar eit bilete av livet der inne ved hjelp av lydbølgjer. Børsheim studerer videoskjermen. Synnøve og mannen hennar, Frode Bjorøy, følgjer med på ein tvskjerm som er festa på motsett side av rommet. Omrisset av hovudet. Ein arm her, ein fot der. Eit hjarte som pumpar. – Det betyr mykje for oss å sjå at det vesle hjartet slår. Eg trur ultralyd gjer at gravide vert tryggare. Dei får vite om alt står bra til med den vesle der inne, og det er jo ikkje alltid like lett å kjenne seg til. Ein les mykje på internett, og kan fort bli uroa, seier Synne. Ho ser fascinert på omrisset av fosteret som bur inne i magen hennar. 18 veker på veg. Ho har termin 7. mars – Ultralydmaskina gir meg ein moge-

Kor mykje oksygen har du i blodet?

te multimaskin på tolv kilo som blant anna inneheld EKG , hjartestartar og blodtrykksmålar. – Denne maskina har redda mange liv og er det viktigaste vi har med oss utanom sjølve ambulansebilen, fortel Gerry og viser oss elektrodane som fører straum gjennom hjartemuskelen. Elektrosjokket slår ut det elektroniske kaoset i hjartet og hjelper det med å kome inn i ein riktig rytme slik at hjartet igjen kan starte å pumpe blod.

På tuppen av ringfingeren til nyopererte Trond Hole er det festa ei slags grå klesklype. Den avanserte klesklypa er ein sensor med ei lyskjelde som sender skarpt lys mot vev under huda. I klesklypa finst òg ein detektor som les bølgjelengda på lyset som blir reflektert. – På denne måten måler apparatet om pasienten har nok oksygen i blodet til ei kvar tid, fortel seksjonsleiar Elsa Hesjedal Wallestad ved Postoperativ seksjon. Ho peikar opp på skjermen som heng over senga til Trond. Det lyser 95 med rosa skrift. Verdien bør liggje mellom 95 til 100 prosent på eit friskt menneske. Elsa fortel at alle pasientar som kjem til Postoperativ seksjon må ha pulsoksymeter på. – Det er eit svært viktig parameter som gir oss beskjed om pasientane har bra pustefunksjon og får tilført nok oksygen. Det gir også oss ein indikasjon på om organa i kroppen har det bra, fortel Wallestad. Pulsoksymeter er eit vanleg apparat på overvåkingsavdelingar på sjukehuset. – Apparatet gjer at eg kjenner meg trygg, og dessutan er det ikkje det spor vondt å ha på, seier Trond.

legheit til å ta del i det livet som veks i Synne sin kropp. Det betyr mykje mentalt sidan dette er vårt første barn, og samstundes er det kjekt og rørande å sjå han. For det er ein han. Det har vi nettopp fått vite, fortel Frode og smiler. – Det viktigaste med ultralyd av gravide er framleis å finne ut kor morkaka ligg. Er morkaka plassert framfor fødselsvegen, kan ikkje kvinna føde vaginalt. Vi må ta keisarsnitt for å få ut barnet. Ultralyd er sjølvsagt også viktig for å få opplysningar om kor mange barn det er der inne, å setje nøyaktig termindato og så ser vi etter om barnet er friskt. I dag får alle gravide tilbod om ultralydkontroll, seier jordmor Børsheim. Ho fortel at dei bruker i større grad 3D bilete no, men dette inngår ikkje i standardundersøkinga i veke 18.

PULSOKSYMETER

>> 15


LYSBEHANDLING Lindrande lys Det ser ut som eit stort, kvitt solarium, og det langbølgja ultrafiolette lyset gjer huda til Jan Erik Grønsberg glatt og brun. Men det er ikkje det som er misjonen til dei elektromagnetiske strålane som kjem ut av UVA1-maskina. Jan Erik har sjukdommen lymfomatoid papulose, ei sjeldan kronisk hudliding som kan utvikle seg til lymfekreft. -–Eg har utslett over heile kroppen, men mest på beina. Lysbehandlinga gjer at huda blir betre og eg har det generelt betre med meg sjølv, seier Jan Erik. Lysbehandlinga går over periodar. Jan Erik ligg i maskina og høyrer på musikk i 100 minutt kvar dag over tre veker. – Strålane er sett saman på ein spesiell måte slik at vi kan gje ganske store dosar med stråling utan at pasienten vert brent. Strålane går ned i huda og drep T-lymfocyttar som kan utvikle seg til kreftceller. Dette er eksperimentell behandling, då inga anna behandling har virka på Jan Erik sin sjukdom. Vi vil sjå etter ei tid om behandlinga har hatt effekt, fortel overlege Kåre Steinar Tveit ved Hudavdelinga på Haukeland.

Menneske og

Meir nøyaktig enn ei menneskehand Ein firearma blekksprut av metall er plassert over ein bar kvinnemage ved Sentraloperasjonen på Haukeland. Armane står inn i små hol i magen. Gjennom armane går det tynne røyr med instrument og eit videokamera. Gynekolog Per Anders Gulowsen sit i operasjonsfrakk nokre meter unna ved den såkalla da Vinci-roboten. Ved hjelp av eit videobilete som syner pasienten frå innsida, styrer Gulowsen dei to operasjonsarmane. Under huda jobbar to tenger med å fjerne eggstokkar, livmor og lymfeknutar på ei kvinne som har livmorkreft. Operasjonsteamet kan sjå heile inngrepet på ein TV-skjerm. – Prinsippet er det same som ved kik-

holskirurgi. Forskjellen er at kirurgen ikkje utfører operasjonen ståande over pasienten, men sitjande ved ei maskin. Roboten overfører rørslene til gynekologen i notid til instrumenta som utfører dei same rørslene inni magen, fortel gynekolog Kathrine Woie ved Kvinneklinikken.. Roboten syner eit tredimensjonalt og forstørra bilete som gir betre djupnesyn. Stålarmane gir fine og nøyaktige rørsler, og ein presisjon som er vanskeleg å oppnå med annan metode. Haukeland fekk roboten i september i fjor. Den kosta 13 millionar kroner. Les meir om roboten på www.helse-bergen.no

maskinene 16


LASER

Brennmerka, men ikkje blind Knut Aldeholm har hatt diabetes i 36 år. Etter ein rutinekontroll hos augelege vart han tilvist til Augeavdelinga på Haukeland. – For høgt blodsukker over tid kan føre til seinkomplikasjonar i auget og mindre oksygen i netthinna slik at nye blodårer vert danna. Desse kan lett blø, og slike blodårer kan føre til nedsett syn eller at ein til slutt vert blind, forklarar professor dr. med. Jørgen Krohn. Derfor betydde det svært mykje for augefaget då verdas første laser vart laga i 1960. Den blei tatt i bruk hos

augelegar over heile verda på 1970-talet. – Laser er eit svært viktig apparat for oss og har ført til ein dramatisk reduksjon i talet på svaksynte og blinde diabetikarar, seier Krohn. Knut har alt fått over 2000 lasermerke i augebotn. Laserlyset går gjennom pupillen og treff netthinna, der det lagar eit lite brennmerke på omtrent ein halv millimeter i diameter. Brennmerka gjer at ein oppnår betre oksygenbalanse i auget og på den måten får Knut behalde synet.

Vår tids jernlunge

DA VINCIROBOTEN

– Dette er arbeidshesten vår og den absolutt viktigaste maskina på sjukehuset for kritisk sjuke pasientar, fortel seksjonsoverlege Hans Flaatten ved Intensivmedisinsk seksjon. Ved sidan av ei eldre, sovande dame står eit grått apparat med lysande raude tal og runde knottar. Ut frå maskina går både tjukke og tynne slangar. Respiratoren sørgjer for å halde den gamle dama i live ved hjelp av mekanisk pusting. Ein slange bles ei blanding av luft og oksygen ned i pasienten sine lunger, samstundes som luft som inneheld karbondioksid vert pumpa ut. – Det var polioepidemien på 50-tallet som gjorde at respirator for alvor vart tatt i bruk, fortel Flaatten. Polio hemma respirasjonen til unge menneske, og legane sto makteslause. Etterkvart fann legane ut at dei kunne hjelpe pasientane med å puste manuelt med bag. I løpet av nokre veker fall talet på døde frå 90 til 25 prosent. På Haukeland er det om lag 1000 pasientar som får respirasjonsbehandling kvart år. Det finst mange typar respiratorar, både enkle og avanserte. Enkelte pasientar har heimerespirator som dei er kopla til om natta. Haukeland har den nasjonale kompetansen på heimerespirator

17

– Hadde det ikkje vore for laseren, hadde eg truleg vore blind, seier Knut. Kvart år utfører Augeavdelinga omkring 300 laserbehandlingar av pasientar med diabetes. Augeavdelinga bruker også laser i behandlinga av pasientar som har grøn stær, etterstær eller brytningsfeil, og til å førebyggje netthinneløysing.

RESPIRATOR


Sjukleg overvekt

Eit lettare

liv

27. januar 2009. Trebarnsmora Siv Kårdal (44) er på veg til Voss frå Lindås, ei venninne køyrer. Ho er ei av dei få, utanom familien, som veit at Siv har bestemt seg for fedmeoperasjon. Dersom ho har bestemt seg, då.

– No føler eg at eg er den eg er . Kroppen er ikkje lenger ei sperre.

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Odd Mehus

– Eg var grådig i stuss, fortel Siv. – Dei sa på Voss at eg kunne ombestemme meg heilt til eg låg på operasjonsbordet. På vegen opp dit sa eg om og om igjen: er eg dum som gjer dette?

Tar vekk 90 prosent av magesekken

Sidan tilbodet blei oppretta i 2008 har 182 personar blitt operert for sjukleg overvekt ved Voss sjukehus. I inngrepet tar kirurgane vekk 90 prosent av pasienten sin magesekk. – Frå å vere ein sekk blir det til eit tynt røyr. Det betyr mykje mindre magemål for pasientane, slik at dei blir fortare mette, forklarar avdelingsoverlege Olav Lødemel. Tanken på dette, og tanken på eventuelle komplikasjonar, gjorde at Siv vegra seg. Men ho gjorde det likevel. No har snart eitt år passert. Det same har 50 kilo. – No er eg 78 kilo. Eg var 127 kilo då eg var på informasjonsmøte tre månader før operasjonen. Eg har gått ned

nesten 100 prosent av det eg skulle, fortel ho. For anledninga har ho funne fram ei bukse den gamle Siv brukte. No kan den brettast dobbel tilbake over livet. – Eg har vore heldig. Mange har slite med dei siste 10-15 kiloane, også mykje på grunn av all huda som blir til overs når kiloane forsvinn. Hos meg har huda trekt seg tilbake av seg sjølv. Det heng litt her òg, men ikkje mykje. Og det beste av alt: eg lar ikkje lenger utsjånaden hindre meg.

Gode resultat

Eg følte at den eg var innvendig ikkje var den eg såg i spegelen.

Sjukleg overvekt er definert som kroppsmasseindeks (kg/ m2) over 40, alternativt over 35 med alvorleg fedmerelatert sjukdom som til dømes type 2 diabetes mellitus, pustevanskar eller belastningssmerter i muskulatur/skjelett. Etter snart to år med operasjonar på Voss viser det seg at pasientane som har vore på eittårskontroll fram til hausten 2010 har gått ned frå gjennomsnittleg vekt på 130 kilo til 89.

18

– Nokon har gått mindre ned i vekt enn forventa, men dei fleste har gode resultat, seier Lødemel. Felles for dei fleste, uavhengig av vekttap, er at dei er godt fornøgde. – Enkelte har opplevd tilleggsplager etter inngrepet, som for eksempel kvalme, oppkast og diarè. Dette heng saman med korleis dei får i seg mat og kva type mat dei et, forklarar Lødemel. Dette gjaldt også Siv.

Fleire ønskjer operasjon

– Det hender eg saknar det å ete heile måltid. Som når eg lagar raspeballar og går her og luktar på det heile dagen, så er eg mett etter ein halv ball. Det har eg måtta jobba med. Forsøker eg å ete meir, så kjem det opp igjen. No er det lenge sidan det har skjedd, eg har lært meir om kva eg toler. Ifølgje Lødemel er dei aller fleste likevel glade for at dei gjennomførte operasjonen når dei kjem til eittårskontroll. Plagene går over, ein venner seg til den nye magen. I år er målet 130 operasjonar, til neste år 150. Stadig fleire


ønskjer operasjonen, men så langt har Voss unngått fristbrot. – Vi held så vidt unna, seier Lødemel.

Helsa skranta

Siv har berre fem kilo igjen til ideell BMI, kroppen er friskare enn det ho kan hugse. Dette var hovudårsaka til at valet om operasjon blei tatt. – Eg var sjukemeld eit halvt år før operasjonen, med verk i alle ledd. Eg hadde problem med å kome meg ut av senga om morgonen. Fastlegen spurde om eg ville vurdere slankeoperasjon.

På forskingstoppen Haukeland universitetssjukehus har det nest største medisinske og helsefaglege forskingsmiljøet i Noreg. I 2009 vart det avlagt 50 doktorgrader ved sjukehuset. Til samanlikning var talet for fire år sidan 32. Trass i fin stigning gjekk det ikkje an å slå rekordåret frå 2008 då heile 62 doktorgrader vart ferdigstilt. Haukeland ligg også høgt når det gjeld produksjon av vitskaplege artiklar. I 2009 vart det publisert totalt 586 artiklar i ulike vitskaplege tidsskrift. Til saman medverka 4109 forfattarar til desse artiklane. Nytt dei seinare åra er at også stadig fleire sjukepleiarar, fysioterapeutar, radiografar, bioingeniørar og ergoterapeutar forskar, såkalla helsefagleg forsking.

Siv sin første reaksjon var eit kontant: Nei! – Dette må eg klare sjølv, tenkte eg. Og ho prøvde verkeleg, alt frå eigne slankekurar til Grete Roede. – Eg gjekk ned , men det kom alltid på igjen. Eg var lite i aktivitet, og åt feil. Eg trykte i meg det eg hadde lyst på, og vart fort svolten igjen. Samtidig tok det på humøret. – Grådig stor har eg alltid vore, men eg følte at den eg var innvendig ikkje var den eg såg i spegelen. Kroppen hemma meg i sosiale samanhengar. Eg var ikkje deprimert, men eg var lei. I samråd med mannen Jermund og dei tre barna på 15, 16 og 22 ombestemte ho seg, og sa til fastlegen at ho ønskte å bli sett på venteliste til operasjon. – Dei støtta meg, men sa ikkje at eg skulle gjere det. Eg måtte bestemme det sjølv.

Bli blodgivar i dag!

Tar seg sjølv i nakken

Tre månader før operasjon er pasientane inne på sjukehuset i to dagar. Dag ein er det gjennomgang på Lærings- og - No føler at eg er den eg er, at utsida harmonerer med innsida. Kroppen er ikkje lenger ei sperre.

Den næraste familien og ei god venninne var dei einaste som visste om operasjonen. I etterkant har Siv berre fått positive reaksjonar.

terapeut og ernæringsfysiolog lagar opplegget. – Eg gjekk ned sju kilo før operasjonen. Eg var veldig innstilt på at dette skulle gå bra, fortel Siv. Pasientane får også tips, råd og rettleiing i forhold til både kosthald og aktivitet etter operasjonen. Det er då det verkeleg startar.

Det hender eg saknar det å ete heile måltid.

Blodbanken treng DEG. Fødande kvinner treng blod. Brannskadde barn treng blod. Trafikkskadd ungdom treng blod. Har du råd til å la vere å gi blod? I gjennomsnitt vil kvar og ein av oss trenge 1,8 liter blod ved eit sjukehusbesøk i løpet av livet. Men i motsetning til mange andre livsviktige legemiddel kan ikkje blod framstillast kunstig. Dei aller fleste friske menneske mellom 16 og 65 år kan gi blod inntil fire gonger i året. Du kan melde deg som blodgivar ved å ringe 55 97 30 17 eller sende e-post til: blodbanken@helse-bergen.no. Du kan også bruke innmeldingsskjema på www.giblod.no

Aldri vore treningsnarkoman

Siv på ei av tre faste turruter.

19

Auka forsking på rus og psykiatri Styret i Helse Vest løyvde i 2009 over 15 millionar kroner i forskingsmiddel til områda rus og psykiatri. Både psykisk helse, onkologi (kreft), nevrologi og kardiologi (hjarte) har alle vore på prioriteringslista for forsking dei seinaste åra.

Foto: www.colourbox.no

– Eg har tre ruter eg går tur, fortel Siv. Lang på halvannan time, mellomlang på 40 minutt og kort på 25 minutt. – Eg har aldri vore treningsnarkoman, alltid blitt fort trøytt, så eg må ta meg sjølv i nakken. Men eg gjer det. Forklaringa på kvifor ho aldri har klart å trene så mykje, fekk Siv i vår. Ei plutseleg lamming i høgre sida viste seg å vere hjerneinfarkt. I etterkant av det vart det oppdaga at ho har hol i hjarta. – Korleis hadde det gått om eg framleis var stor? Det lurer eg stundom på, seier ho alvorleg. No blir ho vurdert for hjerteoperasjon, men tenkjer ikkje så mykje på det. – Eg føler av og til at det har gått så bra med meg at det ikkje er til å tru.

meistringssenteret om alt som skal skje, også om risikoen ved inngrepet. Der er både kirurg, anestesilege, ernæringsfysiolog, sjukepleiar og fysioterapeut med. Dag to er det individuell poliklinikk for kvar pasient. Med kirurg, anestesilege, sjukepleiar, ernæringsfysiolog og fysioterapeut. I forkant av operasjon får pasientane beskjed om at dei skal gå ned i vekt, slutte å røyke og auke aktiviteten sin. Fysio-


Rus

Ruspasientar skal ha same tilbod som alle andre Administrerande direktør Stener Kvinnsland har møtt seg sjølv i døra fleire gonger etter at rusreforma kom. No jobbar Haukeland systematisk for å gi eit best mogleg tilbod til alle pasientar med rusrelaterte lidingar.

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Arkivfoto: Ole-Chr. Amundsen

Med rusreforma frå 2004 blei ruspasientane ein del av spesialisthelsetenesta sitt ansvar. For menneske med rusproblem betyr det pasientrettar på linje med andre pasientar etter helselovgivinga, for eksempel den viktige prioriteringsforskrifta. – Dersom situasjonen til pasienten inneber ein dårleg prognose, skal dei prioriterast, understrekar Kvinnsland. Og der møtte altså direktøren seg sjølv i døra. – Vi har ikkje prioritert denne pasientgruppa på lik linje med andre, vedgår han.

Store utfordringar

Hovudutfordringane innan rusarbeidet, er for det første pasientar som alt har ein annan diagnose, der rus kjem i tillegg. – Dette problemet møter vi på sjukehuset elles, innan både somatikk og psykisk helsevern. Og vi veit at bruken av rusmiddel har mykje å seie for prognosen ved anna sjukdom. Klarar vi å behandle rusproblemet er sjansen for å lukkast med den andre behandlinga mykje betre. Her må vi utvide kompetansen vår, seier Kvinnsland. – Både om samanheng mellom rusproblem og psykisk og somatisk helse, om ferdigheiter for å møte desse pasientane og om kva behandling som er best for å gje forsvarleg behandling til rusmiddelavhengige pasientar.

Stor pasientgruppe

Om lag 10 prosent av befolkninga har rusrelaterte helseproblem. Pasientar med rusproblem er ei samansett gruppe med samansette helseproblem i tillegg. Dei sjukaste rusmisbrukarane føler seg ofte stigmatiserte og dårleg ivaretatt i møte med helsevesenet. – Gjennom å ha særleg fokus på denne gruppa, er målsetjinga å bidra til at dei får eit forsvarleg behandlingstilbod der dei blir behandla med respekt og profesjonalitet, seier Kvinnsland, som har prioritert denne pasientgruppa i både strategiplan og styringsdokument dei siste åra. Gjennom rusreforma har Haukeland ansvar for både avrusing, utgreiing og spesialisert behandling. Ifølgje Kvinnsland blei rusarbeidet først ført vidare slik det hadde vore, då rusreforma kom. Liten eigenaktivitet og mykje på private hender. Dette er i endring. – Eg har alltid vore av den oppfatning at om det offentlege skal ha større ansvar, så må vi òg kunne styre pasientstraumen betre. Vi meiner at dei private gjer ein god jobb, og skal bestå slik dei har vore når det gjeld behandlingsplassar, Men veksten innan rusbehandling skal skje hos oss.

Vi må ha nokon som held i alle trådane innan dette feltet.

ansvaret for Floen-kollektivet overført frå Psykiatrisk divisjon til Avdeling for rusmedisin. I november opnar Rusakutten, eit samarbeid mellom Haukeland og Bergen kommune. Frå 1. januar 2011 får Haukeland ansvar for LAR-behandling og tvangsbehandling.

Veksten innan rusbehandling skal skje hos oss.

– Vi har fått ansvar for ei rekkje nye område, og eg er veldig glad for at vi bestemte oss for å opprette Avdeling for rusmedisin for to år sidan, som har ansvar for den tverrfaglege, spesialiserte rusbehandlinga. Vi må ha nokon som held i alle trådane innan dette feltet, seier Kvinnsland.

Ansvar for stadig fleire område Tidlegare i år vart poliklinikk for vanedannande legemiddel oppretta, og

20

Ei anna utfording er altså å overta flyten inn i systemet av dei som hovudsakleg er ruspasientar. – Samtidig må vi bygge opp dei tilboda vi alt har, som for eksempel Floen-kollektivet. Sist men ikkje minst kjem pasienten sin flyt gjennom sjukehuset og ut igjen mot kommunal rusomsorg eller private aktørar, slik at det blir eit samanhengande og heilskapleg behandlingstilbod. – Det er ein veldig kompleksitet på området, seier Kvinnsland. – Men vi er i ferd med å oppfylle måla våre når det gjeld ruspasientar. Dei skal få lik behandling som alle andre pasientar.


Rusakutten er open Det nye rusakuttmottaket gir rusavhengige i Bergen eit betre og meir i h heilskapleg il k l tilbod. ilb d

Tekst & foto: Ragnhild Dårflot Olsen

– Dette er eit kjempeflott tiltak for ei sårbar pasientgruppe som tidlegare ikkje har hatt eit heilt klart definert tilbod, seier viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Anne Sissel Faugstad. – No får dei eit samla, godt fagtilbod i nye, flotte lokale. Dei nye lokala er i nabobygget til Bergen kommunale legevakt i Bergen sentrum. Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Hjelle Strøm-Erichsen sto for den offisielle opninga fredag 29. oktober, 1. november starta drifta.

– Vi tar imot mellom 6 og 10 slike pasientar kvart døgn, fortel Faugstad. Samstundes blir ambulansar og personell bundne opp til innbringartenester og til transport.

Stabiliseringspost

I forlenging av opprettinga av eit rusakuttmottak, planlegg Haukeland universitetssjukehus eit stabiliseringstilbod.

10 senger

Regjeringa løyvde 8,25 millionar kroner til etablering av ein rusakutt i Bergen i september i fjor. Tilbodet er eit samarbeid mellom Helse Bergen og Bergen kommune. Akuttposten har 10 senger, der seks er øyremerka ruspasientar. Akuttposten tar hand om akutt medisinsk undersøking, akutt avrusing og kortare avgiftingsforløp. Dei fire andre sengene blir brukt til avklaring av ulike andre sjukdomstilstandar, innan både somatikk og psykiatri.

48 timar

Pasientar kan bli verande på akuttposten i inntil 48 timar. Det er ein stor fordel, meiner legevaktsjef Frank van Betten,

Når legevaktsjef Frank van Betten går ut ambulanseinngangen ved Bergen legevakt, ser han rett over til inngangen på det nye rusakuttmottaket.

som også leier styringsgruppa for den nye akuttposten. – Før måtte vi enten sende pasienten heim, eller på sjukehus. Med den nye akuttposten har vi ein tredje moglegheit. Her kan vi observere pasienten over natta. Vi får ein større fleksibilitet i forhold til dei pasientane som ikkje kan ta vare på

seg sjølve, men som heller ikkje treng innlegging i sjukehus. Det er betre for pasientane, og det avlastar Haukeland. Dei siste åra har det vore ein sterk auke i talet på innleggingar i spesialisthelsetenesta der rus er eit hovudproblem. Auken gjeld både innan psykisk helsevern og i somatisk helseteneste.

Bli kvitt pillene

– Pasienten kan ha stått på sovemedisin i 15 år, og aldri fått tilbod om alternativ behandling. Mange av desse ser ikkje på seg sjølve som rusavhengige, noko som er med på å gjere dette til ei stor, ”skjult” gruppe, seier Lunde.

Om lag 20 000 menneske på Vestlandet er avhengige av vanedannande legemiddel. Haukeland har no opna ein poliklinikk for å behandle denne pasientgruppa. Tekst: Camilla Crone Leinebø

– Vi er nettopp ferdig med første gruppa, og resultata er oppmuntrande. Halvparten av deltakarane har klart å endre på medisinvanane sine, seier leiar for Poliklinikk for vanedannande legemiddel ved Avdeling for rusmedisin, Linn Heidi Lunde. Den typiske pasienten har fått resept på eit medikament han eller ho har trengt i

Før måtte vi enten sende pasienten heim, eller på sjukehus.

Behandlinga blir gitt i grupper på inntil 10 deltakarar. Målet er langsam nedtrapping over mange veker. Deretter får ein tilbod om oppfølgingsmøte innan to månader. Behandlarane er så i kontakt igjen med pasienten etter eit halvt år.

ein vanskeleg livsituasjon. Til dømes problem med angst, smerter eller søvnproblem. – Medikamenta har ofte god effekt i starten, men så treng ein større dose og etter ei stund har pillene knapt nokon effekt. Det hender at biverknader dukkar opp, og desse plagene kan likne dei symptoma som var utgangspunktet for at ein begynte å ta medisinen, forklarar Lunde.

– Gradvis blir medikament erstatta med meir hensiktsmessige måtar å handtere symptoma på. Meistringsstrategiar krev innsats frå pasienten og baserer seg på samarbeid, seier Lunde. Poliklinikken får stadig nye tilvisingar og blir kontakta både av pasientar og pårørande. – Målet er å utvide til eit meir omfattande

Dei som kjem til poliklinikken har i utgangspunktet ikkje ønskt ruseffekten av legemidlane dei brukar.

21

– Ein del av pasientane som kjem til rusakutten, treng vidare behandling. Hovudmålet med stabiliseringsposten er å ivareta pasientar som ønskjer behandling for rusproblema sine, seier Faugstad. Stabiliseringsposten skal vere lokalisert på Haukeland. Den skal sikre ei tverrfagleg, spesialisert utgreiing, og igangsetjing av vidare behandling i direkte tilknyting til utskriving. – Slik får vi eit heilskapleg behandlingstilbod, understrekar Faugstad.

tilbod, men det er ein prosess å byggje opp eit heilt nytt og unikt tilbod. Opplegget er godt forankra i forsking og resultata viser at vi er på rett veg, påpeikar Lunde.

FAKTA • Eksempel på vanedannande legemiddel er; Sobril, Valium, Imovane og Paralgin forte • Kvinner er i fleirtal. Halvparten av dei som brukar vanedannande legemiddel er over 60 år. • Det er fastlegen din som kan tilvise deg til gruppebehandlinga. • Rusavhengige som blir tilvist til tverrfaglig spesialisert rusbehandling, har rett til å få vurdert helsetilstanden sin innan 30 dagar.


Nye Haukeland

Byggjer HUS for framtida Med eit investeringsbudsjett på 2,5 milliardar kroner er det mykje som skal byggast i Helse Bergen dei neste fire åra. Øvst på lista står nytt barne- og ungdomssenter. Tekst: Linda Hilland

– Ei enorm vitamininnsprøyting, jubla administrerande direktør Stener Kvinnsland då statsministeren lova 700 millionar kroner til det nye barne- og ungdomssenteret i statsbudsjettet for 2011. Pengane blir gitt som lån. Første byggetrinn startar i februar. Psykiatrisk klinikk må rivast for å få plass til den nye barnepsykiatriske delen nord for Sentralblokka. Byggetrinnet vil koste 1,4 milliardar kroner og stå ferdig i 2014. Fullt utbygd vil senteret utgjere 66.000 kvadratmeter og er kostnadsrekna til 3,4 milliardar kroner. Planen er at heile senteret skal vere ferdig i 2020.

To nye senter

På Danmarksplass er gravemaskinene alt godt i gang med grunnarbeidet til eit nytt moderne psykiatrisk sjukehus. Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) er i dag spreidd på ulike stader i Bergen og omkrins. I løpet av sommaren 2013 skal heile Kronstad DPS samlast i det nye bygget som er på storleik med Bergen tinghus. – Vi har lagt stor vekt på at nybygget skal få ei utforming som tar omsyn til å redusere støy frå trafikken. Alle pasientrom er plasserte med fasaden vendt bort frå Fjøsangervegen. I tillegg er det viktig for oss å skape eit inneklima som kompenserer for den luftforureininga trafikken lagar, seier direktør i Drift-/ teknisk divisjon, Askjell Utaaker. Alt til neste år skal Øyane distriktspsykiatriske senter stå klart. Fjell kommune står som utbyggjar for senteret som Øyane DPS skal vere leigetakar i. Tilbodet omfattar poliklinisk behandling, ambulant team og 20 sengeplassar for kort- og langtidsbehandling. Senteret skal vere eit tilbod for vaksne personar over 18 år og gjeld for innbyggjarane i kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden.

Nybygg for unge schizofrene

Arbeidet med eit nytt bygg for unge schizofrene er nett starta ved Sandviken.

Grunntanken i det nye barne- og ungdomssenteret er at ”eksperten skal komme til barnet”, det vil seie at barna skal få både utredning, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same stad. Illustrasjon: KHR arkitekter

Eininga skal ha 16 døgnplassar og skal fungere som ein tvillingpost med ein open og ein lukka post. I tillegg skal det vere ein gymsal i bygget som alle pasientane ved Sandviken kan bruke. Bygget skal vere 2500 kvadratmeter og liggje opp mot fjellet i enden av parkeringsplassen mot aust. – Bygget er ein del av planen om å samle all vaksenpsykiatri på Sandviken, fortel Utaaker.

Ombygging av Sentralblokka

Store areal i Sentralblokka er frigjort etter at Laboratoriebygget vart tatt i bruk i fjor. Mest ledig plass er det i 2. etasje. Her er det planlagt eit nytt dagkirurgisk senter med blant anna seks nye operasjonsstover, i tillegg er ein mottaksklinikk for pasientar under planlegging. – Samla investering for ombygging av Sentralblokka er ikkje avklart, men vil nok totalt liggje på rundt 650 millionar kroner.

Meir plass til ruspasientar

Arbeidet med å pusse opp og utvide Floenkollektivet på Radøy er alt i gong. – Det er svært viktig for oss å forsterke kollektivet slik at fleire pasientar kan bli behandla for rusproblema sine. I løpet av neste år skal det stå ferdig eit bygg med tolv rom pluss tilhøyrande fellesrom, fortel Utaaker.

Tomta på Krohnsminde er sentralt plassert og lokalsjukehuset blir lett å nå med bybanestopp like utanfor inngangsdøra. Prislapp: 410 millionar kroner. Illustrasjon: Origo arkitekter

Endeleg MR-maskin på Voss

MR-maskinen har vore på vossingane si ønskjeliste i fleire år. I sommar starta endeleg arbeidet med tilbygget som skal romme ei MR-maskin. Bygget er ei forlenging av Radiologisk avdeling på Voss og vil vere 150 kvadrat over to etasjar. MR-maskina blir etter planen levert til Voss sjukehus i siste halvdel av 2011.

arbeider med. I tillegg er det mange andre mindre byggeprosjekt som skal gjerast ferdige, og planane kan også endre seg, fortel Utaaker. Alle byggeprosjekt er ein del av den overordna arealplanen. Denne planen blir rullert fortløpande og omfattar totale investeringar i Helse Bergen innafor ei tidsramme på 10-15 år.

– Dette er dei største prosjekta som vi no

22

Visste du at... Sentralblokka er det største huset i Bergen? Arealet tilsvarer over 18 fotballbaner med internasjonale mål.


Illustrasjon: KHR arkitekter

Etter at alle laboratoria vart flytta ut av Sentralblokka og inn i Labbygget som sto klart i mars i år, er det no lagt planar om ei storstilt ombygging av Bergen sitt største hus. Ein ser blant anna for seg nye operasjonsstover til både dagkirurgi og hjartekirurgi og ein mottaksklinikk.

Eit nytt barne- og ungdomssenter har vore under planlegging sidan 1990-talet. Både Psykiatrisk klinikk og Barneklinikken blir rive for å gjere plass til det nye moderne barnesjukehuset som er det største byggeprosjektet for Haukeland sidan Sentralblokka. Dei øvste blokkene er første byggetrinn.

Det spesielle med Øyane DPS er at Fjell kommune står som utbyggar, medan Helse Bergen er leigetakar. Eit såkalla ”offentlegoffentleg” samarbeid. – Vi er veldig godt nøgde med samarbeidet med Fjell kommune, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland. Senteret skal lokaliserast ved Blombakkane vest for Fjell sjukeheim på Straume. Illustrasjon: Ottar Arkitekter AS

Denne hausten startar arbeidet med å byggje helikopterlandingsplass på taket til Sentralblokka. Målet er å sikre dei mest skadde og sjuke pasientane rask og effektiv tilgang til Akuttmottaket, utan tidkrevjande overføring slik det er i dag frå basen i Grønneviken i Bergen sentrum. Den nye landingsplattforma skal ligge i andre etasje på det sør/vestre hjørnet av Sentralblokka, mot Parkbygget. Frå denne plattforma skal det gå eit heissystem direkte ned til Akuttmottaket i første etasje. Illustrasjon: Eirik Aarli, Teknisk avdeling

I 24 år har Floenkollektivet på Radøy jobba med langtidsbehandling av rusavhengige mellom 18 og 30 år. No skal kollektivet rustast opp slik at fleire pasientar kan bli behandla for rusproblema sine. Foto: Ole-Christian Amundsen

23


Hjartestartar

Unge hjarteslag Då Jannicke Printzlow fødde sitt første barn sat hjartespesialist Svein Færestrand ved hennar side. No ligg barn nummer to og veks seg klar for verda under hjartestartaren i brystet hennar.

“ Tekst: Linda Hilland Foto: Ragnhild Dårflot Olsen

– Har det vore noko spesielt sidan sist du var på kontroll, spør professor Svein Færestrand før han legg monitoren på brystet til Jannicke. – Nei, ikkje som eg har merka, seier 24-åringen. Han ser på dataskjermen at hjarterytmen er heilt normal og signala er fine. – Det viktigaste med kontrollen er å sjekke om Jannicke har hatt hjerterytmeforstyrringar, og om dette har vore så alvorleg at hjartestartaren har måtta gje elektrisk støyt til hjartet hennar, seier Færestrand. Haukeland universitetssjukehus er det sjukehuset i Noreg som set inn flest pacemakarar. Berre i fjor blei det sett inn og bytta 569 pacemakarar og hjartestartarar (ICD) ved Hjerteavdelinga på Haukeland. Talet aukar

kvart år fordi vi blir stadig fleire eldre, samstundes som fleire overlever etter hjarteinfarkt. – Dei aller fleste som får pacemakarar og ICD er mellom 60 og 80 år, men ein sjeldan gong får vi inn unge pasientar som plutseleg treng hjelp, slik som Jannicke, fortel Færestrand. 14. januar 2003: Jannicke har akkurat gått av skulebussen. På veg opp bakken må ho stoppe fleire gongar for å hive etter pusten. – Eg måtte be klassevenninnene mine om å vente. Andpusten hadde eg alltid vore, men denne gongen var det annleis. Eg hadde brystsmerter og hugsar at eg ropte hjelp. Etter det hugsar eg absolutt ingenting, fortel Jannicke. For der på fortauet ”døde” plutseleg 17-åringen framfor dei to klassevenninnene sine. - Dei har fortalt at dei la meg i stabilt sideleie, medan den eine sprang opp på skulen. Bussjåføren ringte etter lege.

24

Det er merkeleg og skremmande å tenkje på at eg har vore ”død”.

Ein brannmann i nærleiken hørte kva som hadde skjedd og kom ilande til. Han begynte straks med gjenoppliving og etter eit minutt byrja ho å puste igjen. Inne i sjukebilen stoppa ho å puste igjen og registrering av hjarterytmen viste at Jannicke hadde hjartestans. Ho fekk utvendig elektrisk sjokk som fekk hjartet inn i riktig rytme igjen, og vart køyrt til Haukeland med fulle sirener. Hjartet til Jannicke stoppa i heile 13 minutt. Ho er det ein kallar ein ”plutseleg hjartedød overlevar”. På sjukehuset vart ho kjølt ned og lagt i koma for å redusere risikoen for hjerneskade. 17-åringen kom frå det utan skadar og fekk operert inn ein hjartestartar (ICD) under huda på brystet. Hjartestartaren kan automatisk gi hjartet hennar elektrisk støyt dersom det spring løpsk. Legane veit framleis ikkje heilt sikkert kva som var årsaka til at hjarta til Jannicke stoppa, men i dag er hjartet hennar sterkt. 24-åringen har likevel hatt nye livstrugande


Jannicke er på kontroll på Haukeland hos professor Svein Færestrand. Han undersøker om ho har hatt hjarterytmeforstyrringar med urytmiske hjarteslag.

Jannicke Printzlow fekk operert inn hjartestartar då ho var 17 år. I dag er ho 24 og ventar barn nummer to.

rytmeforstyrringar som hjartestartaren har behandla i løpet av sekundar. – Det er merkeleg og skremmande å tenke på at eg har vore ”død”. Men eg tenkjer svært sjeldan på det. Eg føler meg trygg og lever eit heilt normalt og aktivt liv. Hjartestartaren er ein naturleg del av meg, fortel Jannicke. Så naturleg at Jannicke ikkje tenkte på å spørje professor Færestrand om ho kunne bli gravid. - Nei, det gløymde eg, seier 24-åringen og ler. Men Færestrand hadde ingen grunn til å seie nei. – All erfaring tilseier at kvinner med hjartestartar toler godt å vere gravid, men dei må regne med hyppige kontrollar under svangerskapet. Og høgt trykk i det eine hjartekammeret til Jannicke gjorde at vi bestemte oss for keisarsnitt. Å føde normalt er ei påkjenning for hjartemuskelen, fortel Færestrand. 14. august 2007: Tre veker før termin vart Jannike innlagt på Haukeland. Ei lita jente kom til verda utan dramatikk. Professor Færestrand var tilstades på operasjonstova for å styre hjarterytmen hennar.

– Det var ein spesiell augneblink for både mor, far og meg. Hjerterytmen hennar var fin under heile operasjonen. Forsking viser også at dersom hjarterytmen til kvinner med hjertestartar kjem ut av kontroll, toler fosteret eit elektrisk ”sjokk” frå hjartestartaren. No er Mathilde tre år, og veit at inni magen til mamma ligg det ei veslesøster og ventar på å få kome ut. - Denne gongen spurte eg Færestrand om det var greitt å bli gravid, og det var det heldigvis, ler Jannicke. 12. desember 2010. Jannicke har termin med nummer to. Færestrand skal sjølvsagt vere med for å overvake hjartet hennar. – Det er fantastisk å sjå at teknologien er kome så langt at unge menneske kan leve eit innhaldsrik liv med hjartestartar. Jannicke kan føde barn, kjøre bil, gå på fjelltur, fullføre utdanninga si og framfor alt bli gamal. Alt på grunn av hjartestartaren. Det kjennes verkeleg godt å få hjelpe henne, seier professoren.

25

Kva er ein hjartestartar (ICD)? En hjartestartar, også kalt ICD (Implanterbar Cardioverter Defibrillator) er eit apparat som overvaker hjarterytmen din og som automatisk kan starte behandling dersom hjartet ditt spring løpsk, anten med rask elektrisk stimulering (som ein knapt merker) eller med eit elektrisk "sjokk". Den vil også stimulere hjartet dersom hjarterytmen blir for langsam. Ein pacemaker blir derimot brukt for å behandle unormal langsam hjarterytme, og stimulerer hjartet når det er behov for det. I Europa vert det operert inn ca. ein halv million pacemakar og hjartestartarar årleg. I fjor fekk nesten 3500 nordmenn operert inn ein pacemaker eller hjartestartar. I Noreg i dag går om lag 18.000 pasientar til kontroll av sine pacemakarar eller hjartestartarar.


Rimelegare parkering på Haukeland

Pårørande til pasientar som ligg lenge på sjukehus, får no tilbod om rimelege vekeskort for parkering. Prisen på parkering i visittida er også sett ned. Tekst: Camilla Crone Leinebø

Nytt er det også at dersom ein pasient ligg lenger enn ei veke på sjukehuset, vil pårørande få tilbod om å kjøpe parkeringskort for 350 kroner per veke. For å ivareta pasientar som har fleire pårørande, er det mogleg å kjøpe tre kort per pasient per veke. Det er utarbeidd skjema for tilbod til langtidspårørande, der avdelingane kan fylle ut for dei som treng det. Vanleg parkering blir også rimelegare, og takstintervalla blei endra 13.oktober. • I visittida mellom kl. 17.00 – 21.00 blir prisen kr. 10 per 30 minuttar. • For vanleg parkering resten av dagen, blir taksten no kr. 10 per 20 minutt. • Taksten mellom kl. 21.00 – 08.00 blir uendra, det vil seie kr. 5 per time og maks kr. 40

Gode tilbakemeldingar

– Vi er veldig fornøgde med dei nye

Psykiatri:

Foto: www.colourbox.no

Psykiatrisk klinikk har i fleire år slite med korridorpasientar på akuttpostane. No slepp pasientane å liggje på gangen, og Helsetilsynet har avslutta tilsynssaka. - Dette har vore ei svært vanskeleg sak for oss. Derfor er det godt å få ei stadfesting på at vi jobbar forsvarleg, og at heile Psykiatrisk divisjon saman har klart å setje i verk gode tiltak som gjer at pasientane endeleg får eit betre tilbod enn før, seier klinikkdirektør Kristin Bovim.

Felles parkeringsordning

Kommunikasjonsdirektør på Haukeland universitetssjukehus, Mona Høgli, seier enkelthistorier viste at parkeringsprisen var for høg for pårørande til pasientar som må liggje lenge på sjukehuset. – Nokre avdelingar hadde eigne opplegg, men det var ikkje noko felles parkeringsordning for heile sjukehuset. Eg er glad for at vi no har fått i stand rimelegare parkeringsprisar som gjeld alle dei som må ha sine kjære her på sjukehuset over lang tid, seier Høgli.

Studentsjukehuset

Hjelp meg, mamma er sjuk Foto: www.colourbox.no

Fekk bukt med korridorpasientane

parkeringsordningane på sjukehusområdet, og har alt fått mange positive tilbakemeldingar frå pasientar og pårørande, seier leiar for Brukarutvalet, Jorunn M. Bakke. – Brukarutvalet blei kontakta av leiaren for Hospitaldrift på Haukeland i sommar. Sidan har det gått slag i slag, der vi har blitt høyrte og der prosessen heile tida har vore prega av eit godt samarbeid med sjukehuset. Eg synest vi har fått ei god løysing, seier Bakke.

Nærare 80 prosent av fysioterapistudentar og 70 prosent av sjukepleiarstudentar i praksis ved Haukeland kan tenkje seg jobb på sjukehuset etter fullført utdanning. Det viser ferske tal frå ei studenttilfredsundersøking.

Utdanning er ei viktig oppgåve for Haukeland universitetssjukehus av fleire grunnar:

Som universitetssjukehus er utdanning eitt av Haukeland universitetssjukehus sine fire viktigaste fokusområde. Kvart år bidrar sjukehuset til å utdanne mellom 1400 og 1500 studentar, elevar og lærlingar. Føretaket har eit stort spenn i utdanningsfunksjonen sin, med alt frå lærlingar innan elektronikk og finmekanikk til bioingeniørstudentar i praksis og doktorgradsstipendiatar innan medisin og helsefag. Også våren 2007, 2008 og 2009 vart det gjennomført spørjeskjemaundersøkingar om kor tilfredse studentane er med praksisen sin. Over 80 prosent av dei som svarte var fornøgde med Haukeland universitetssjukehus som læringsarena.

• Studentane er framtida si kompetanse og gjennom å ta aktiv del i utdanninga kan sjukehuset påverke denne kompetansen. • Sjukehuset er ein god og mangfaldig læringsarena. • Dei tilsette skjerpar eigen kompetanse når dei underviser og lærer opp studentar. • Det sikrar sjukehuset rekruttering av arbeidskraft. • Sjukehuset ønskjer å vise seg som ein attraktiv arbeidsplass.

26

For å ta betre vare på barn som pårørande, jobbar Haukeland no med å opprette barneansvarleg helsepersonell på fleire sjukehusavdelingar. Barneansvarlege skal vere barna sine vaktbikkjer som sørgjer for at ingen gløymer pasienten sine barn verken i psykiatrien eller i somatikken. Grunnen til at helseføretak i Noreg opprettar barneansvarlege, er ei lovendring som blei vedtatt i Stortinget i sommar. Den skal gi barn med alvorleg sjuke foreldre betre oppfølging.


TV-stjerner frå Haukeland Dokumentarserien Sykehuset var i haust tilbake på TV3, denne gongen frå Haukeland universitetssjukehus. Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: TV3

I fleire månader har tilsette ved Haukeland universitetssjukehus hatt tv-team hengande på slep etter seg på veg til operasjon, brannskadebehandling, opptrening med pasient, fødsel og ambulanseoppdrag. Heile 17 tilsette på ulike avdelingar er denne hausten tv-stjerner på TV3 si storsatsing.

Stolt og audmjuk

I serien får vi eit unikt innblikk i innsatsen som blir gjort på sjukehuset vårt med nesten 10.000 tilsette som behandlar nærare 600.000 pasientar årleg. – Det gjer meg stolt og audmjuk å sjå kor mange dyktige tilsette vi har. Hovudpersonane i serien er dedikerte til arbeidet sitt og det er spesielt flott å sjå korleis dei behandlar pasientar i sårbare situasjonar,

skryt viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad. Ho har gjennom Sykehuset fått bekrefta at dei tilsette er glade i jobben sin.

Vil vise fram engasjementet

– Vi ønskjer at serien skal gi eit unikt og spennande innblikk i kvardagen på Haukeland. Samstundes vil vi vise fram engasjementet og ønske om å hjelpe pasientane i ein travel og krevjande arbeidsdag, seier Glenn Støldal, presse- og informasjonsansvarleg i TV3. Støldal fortel at serien Sykehuset har vore ein suksess de tre første sesongane då dei filma på Ahus. I fjor hadde serien om lag 120.000 sjåarar. Denne sesongen har TV3 auka sendetida frå 22 minutt til 43 minutt for å gå litt meir i djupna og fortelje fleire historier i løpet av ein episode. Sykehuset blir sendt måndag til torsdag kl. 19.30 på TV3. Det blir også sendt i reprise på søndagar og på www.tv3play.no

Har du gått glipp av nokre av episiodane, sjå alle på www.tv3play.no

Den rusforgifta pasienten To utrykkingar om dagen, 50 overdosar per månad. Haukeland universitetssjukehus sine to akuttmottak tar imot 6 til 10 pasientar kvar dag der rusforgifting (intoks) er hovudproblemet. Haukeland har jobba i fire år med å finne den best mogelege måten å ta imot, behandla og følgje opp pasientar med intoks. Prosjektet er ein suksess. Styrken med det er at vi ikkje overlet noko til tilfeldigheitene, understrekar Ola Jøsendal, avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin.

Rosa bil til låns På Haukeland universitetssjukehus står det ein fin rosa bil. Den kan alle kreftpasientar og deira pårørande låne. Bilen er lånt ut av Kreftforeningen, og er ei gåve frå aksjonsgruppa Rosa bil og Nattjazz. Den er gratis å låne, men bensin etterbetalast av lånaren. Ta kontakt med Haukeland hotell på telefon 55 20 92 00 for reservasjon.

Brukarane sitt talerøyr

Dialyse ut til folket

Brukarutvalet i Helse Bergen sitt arbeid skal ivareta og styrkje pasientar og pårørande sine interesser og bidra til ei konstruktiv betring av tenestene. - Vi skal bidra til at dei som behandlar får ei betre forståing for pasientar og pårørande, seier leiaren i Brukarutvalet, Jorunn M. Bakke. Brukarutvalget er oppnemnd av styret i Helse Bergen og er eit rådgivande organ for administrerande direktør og styret i Helse Bergen i brukarrelaterte spørsmål. Brukarutvalet sine nettsider finn du på www.helse-bergen.no

HUS i 100! Ordførar i Fjell kommune, Eli Årdal Berland, snakkar med pasient Samuel Jakobsen (82) som kjem for dialyse to dagar i veka. Jakobsen kjem frå Øygarden og har no meir enn halvert reisetida si til dialysebehandling.

I oktober opna ei ny dialyseeining på Straume, som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune. I følgje avdelingssjukepleiar Njål Olav Husøy ved Medisinsk avdeling post 2 Dialyse på Haukeland er det fleire fordelar med dialyseininga på Straume. – For det første får pasientane i nærområdet kortare veg. For det andre er det ein fordel med kort veg

til sjukehuset dersom noko skulle skje, enten at pasienten brått blir dårleg eller at utstyret sviktar. Opprettinga av desentrale dialysar er også eit alternativ til å byggje ut på Haukeland. Den nye desentrale dialysen på Straume skal dekkje kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, eit område på nærare 60 000 menneske.

27

Hjelp oss å markere Haukeland universitetssjukehus sitt 100 årsjubileum! I 2012 er det hundre år sidan sjukehuset blei opna, og vi har lyst å lage både jubileumsbok og utstillingar. Kan du hjelpe oss? Har du ein artig historie, eit gamalt bilete, eit minne eller noko anna som kanskje kan nyttast i ein slik samanheng? Det hadde vore kjekt å høyre frå deg, ta gjerne kontakt med prosjektleiar Mona Vindenes, på e-post mona.vindenes@helse-bergen.no eller på telefon 416 34 723.


Breistein Manger

Psykiatri

Floni

Somatikk

Knarvik

Psykiatri

Åsane senter

Rus

Psykiatri

Tertnes

Psykiatri

Voss

Somatikk Psykiatri

Straume Psykiatri

HELSE BERGEN Søreide

Psykiatri

Sandviken Psykiatri

Nesttun

Psykiatri

Nordnes Psykiatri

Askviknes Nordås

Psykiatri

Somatikk

Os

Psykiatri

Haukeland Somatikk Psykiatri

Danmarksplass Psykiatri

Hagevik

Somatikk

Visste du at... ... vi i fjor utførte omlag 600 000 pasientbehandlingar. ... Helse Bergen er den nest største arbeidsplassen i Bergen med vel 11.000 tilsette. ... vi kvart år bidrar til å utdanne mellom 1 400 og 1 500 studentar, elevar og lærlingar.

tlf. 05300 www.helse-bergen.no 28


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.