Hospitalet jubileum 2012

Page 1

hospitalet eit jubileumsmagasin frå Haukeland universitetssjukehus 2012 OFFENTLEG INFORMASJON

Haukeland gjennom 100 år Side 8

Barn på sjukehus før og no Side 12

Kjendisane om sitt haukeland Side 14

Bli med på robotoperasjon Side 16

HELSE1 BERGEN Haukeland universitetssjukehus


Haukeland sjukehus blei fødd for 100 år sidan 17. januar 1912 opna Haukeland sjukehus. På nøyaktig same dato for 80, 65, 28 og 13 år sidan, vart Audun, Sissel, Annemarte og Sivert fødde her. Alle er dei ei brikke i sjukehuset si historie.

Innhald

Tekst: Camilla Crone Leinebø, foto: Eivind Senneset

Jubilerer med 100-åringen ................ 4

Haukeland si historie .......................... 8

Barn på sjukehus før og no ............. 12

Å bli sett I 2012 er det 100 år sidan eit nytt sjukehus for Bergen by stod klart på Haukeland. På desse åra har pasientrolla endra seg enormt. Vi har fått verdas sterkaste lovfesta pasientrettar, og pasientar og pårørande stiller heilt andre krav til kommunikasjon og medverknad.

Kjendisane om sitt Haukeland ...... 14

Bli med på robotoperasjon ............. 16

Men ikkje alt har endra seg. Noko av det aller viktigaste for oss menneske er å bli sett. Særleg gjeld det når vi er i ein vanskeleg livssituasjon. Når vi sjølve eller nokon vi er glade i er sjuke, då er vi sårbare. Då treng vi at nokon ser oss, at vi blir tekne på alvor. Det å vere pasient eller nær pårørande handlar mykje om følelsar. Slik var det for hundre år sidan, og slik er det i dag. Vi kan vere rasjonelle i kvardagen, men når alvorleg sjukdom rammar, då er vi nærast det inste i oss: Følelsane våre. Og det er ofte dette pasientane våre evaluerer oss på: Korleis blir dei møtt på sjukehuset? Vi har ordninga med Lytteposten, eit tilbod til pasientar og pårørande der dei kan fortelje korleis dei har opplevd møtet med sjukehuset. Svært mykje av dei negative tilbakemeldingane går på for lite eller for dårleg kommunikasjon og på måten pasientane er blitt møtt på av helsepersonell. Eg veit av eigen erfaring at det ikkje er lett alltid å ha tid til den gode kommunikasjonen med pasientar i ein travel kvardag. Eg veit også at det nokre gonger kan vere vanskeleg å nå fram med bodskapen. Sjuke menneske på sitt mest sårbare greier ikkje alltid å ta inn over seg den informasjonen dei får. Så sjølv om vi har informert, så har ikkje bodskapen nådd fram.

vellukka medisinsk behandling, kvalitet er også den opplevinga pasienten har i møtet med dei tilsette på sjukehuset. For meg som øvste leiar for nær 12 000 tilsette, blir oppgåva å sjå korleis vi skal innrette oss for at vi i størst mogleg grad kan ta imot pasientane på ein god måte. Noko ligg på tilrettelegging. Men like viktig er det at vi på sjukehuset minner kvarandre på at sjukdommar og behandling som er kvardagen for oss, kan opplevast som ein katastrofe for enkeltmennesket. Heldigvis viser brukarundersøkingane våre at dei aller fleste pasientar og pårørande er fornøgde med måten dei har blitt møtt på. Desse undersøkingane viser at dei aller fleste av medarbeidarane våre greier å sjå mennesket bak pasienten i sjukehuskvardagen. Men sjølv om vi stort sett gjer ein god jobb, så veit vi at vi kan bli betre. Målet vårt er at vi ikkje berre skal gi pasienten medisinsk behandling vi skal også sjå heile mennesket.

Lærer ute i verda ................................. 20

Kursar psykiatriske pasientar ........ 24

Hospitalet 2012 Magasinet er utgitt av Haukeland universitetssjukehus, og blir sendt alle husstandar i Helse Bergen sitt opptaksområde. Magasinet gir deg eit innblikk i kva som skjer på sjukehuset. Redaksjonen avslutta 13. februar 2012. Utgivar: Helse Bergen – Haukeland universitetssjukehus Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli Redaksjon: Anne Christine F. Olsen (redaktør), Camilla Crone Leinebø og Anette Hellstrøm Foto: Eivind Senneset og Øyvind Blom Design og layout: Nor PR Framsidefoto: Eivind Senneset Trykkeri: Color Print Norge Opplag: 181 000 I bladet nyttar vi QR-kodar som du kan scanne med mobilen om du har smarttelefon. På den måten kjem du rett inn på nettsider med meir informasjon om sakene. Kontaktinformasjon: Internett: www.helse-bergen.no Epost: info@helse-bergen.no Telefon: 55 97 60 00

Stener Kvinnsland Administrerande direktør

ØMERKE ILJ T M

24

59

1

9

Trykksak

fb.me/haukelanduniversitetssykehus

Vi veit det er slik, og dette set ekstra krav til oss som helsearbeidarar. Kvalitet er ikkje berre

twittwr.com/haukeland_no

2

Den 17. januar 2012 kom Martine til verda på Haukeland. Det var på dagen hundre år etter at sjukehuset opna dørene. Saman med alle dei andre som er fødde her, er ho del av sjukehuset si historie.

3


17. januar 1932

17. januar 1947 Audun Mjanger (80) hugsar framleis den dagen Haukeland var i full beredskap for første gong.

17. januar 1932 trekkjer tjuagutten Audun Mjanger sine første andedrag på Kvinneklinikken (KK). I alle fall har han blitt fortalt det.

– Huset vårt i ”Nonnaren” rista som eit ospelauv. Like etter ulte Bergen av sirener, seier han. Bygningar raste saman, vindauga blei knuste og det brann overalt. Det blir sagt at smellet kunne høyrast heilt oppe i Solund kommune yttarst i Sognefjorden. Rundt 70 nordmenn døydde og om lag 4600 personar fekk skadar som måtte behandlast.

Han har òg blitt fortalt at han skreik. Hjarteskjerande høgt. – Eg får vel berre tru på det, for eg hugsar det ikkje, seier han med glimt i auget.

Full beredskap

Ny kvinneklinikk

På sjukehuset forstår dei raskt at noko har skjedd. Kort tid etter smellet kjem dei første ambulansane og lastebilane med skadde frå byen, og Haukeland sjukehus er i full beredskap for første gong. Legar og sjukepleiarar frå heile Bergen kjem på jobb, og alle avdelingar tek imot pasientar. Tal frå operasjonsavdelinga viser at dei hadde utrulege 96 operasjonar den dagen, utført av 18 legar.

I 1924, berre åtte år før Audun fekk testa lungekapasiteten sin for første gong, blei KK etablert slik vi kjenner klinikken i dag. Medan foreldra til Audun fekk deira første og einaste barn, var guten også den einaste babyen som kom til verda på Haukeland denne dagen. – Einebarn og ”forbrelet”. Der har du meg, spøkjer han igjen og fortel om den gongen han som treåring fann ut at han skulle rusle seg ein tur på eiga hand. – Vi hadde akkurat flytta frå Nordnes til Vincent Lunges gade ved Jernbanestasjonen. Truleg passa ikkje mor mi særleg godt på meg, for eg kan framleis hugse små glimt frå turen åleine tvers gjennom byen. Dei fann meg utanfor inngangen til der vi budde før. Eg fekk ikkje kjeft, det var berre lykke over å finne meg heil, ler Audun.

Eit langt liv utan Haukeland Like etter krigen møter Audun hans livs store kjærleik: Bjørg. Dei giftar seg 10. juli 1954 og får sonen Helge i 1957. – Ikkje ein einaste gong har nokon av oss vore innlagde på Haukeland, utanom då Bjørg fødde Helge. Heldigvis. Når sant skal seiast, var eg nære på for ti-elleve år sidan. Då fekk eg eit lite hjarteinfarkt, men det var heldigvis så lite at Haukeland ikkje ville ha noko med meg å gjere, humrar Audun, før han blir alvorleg: – Har eg klart meg så langt i livet utan Haukeland, skal eg jaggu klare resten og.

Dagen det small 20. april 1944 kl. 08.39 smell det i eit hollandsk ammunisjonsskip ved Festningskaia i Bergen. Audun er 12 år, men hugsar framleis denne dagen svært godt.

4

Sissel Sørensen (65) var på ulovleg besøk til ei venninne på Haukeland då ho var åtte-ni år.

17. januar 1947 kjem ein liten engel til verda på KK, som den midtarste i ein syskenflokk på fem. Ho får namnet Sissel, eit namn ho delar med 6347 andre i Noreg.

tur på Fløien. Heilt fram til Sissel fylte åtte-ni år, var Haukeland for ho berre ein plass mora drog til for å kome tilbake med ei søster eller ein bror. Det endra seg då venninna hennar var i ei ulukke og hamna på sjukehuset.

– Eigentleg var det ganske kjedeleg å vere fødd 17. januar. Hugs at eg er født i etterkrigstida, i eit samfunn prega av tronge kår. Då var det ikkje så stas å invitere til bursdagsselskap berre tre veker etter at alle hadde brukt opp pengane sine på julegåver, mimrar Sissel, medan ho kjem på eit godt minne. – Mor prøvde alltid å behalde juletreet til etter bursdagen min. Den gongen hadde dei fleste grantre med levande lys til jul. Eg hugsar at mange gonger var lysa det einaste som var igjen på treet. Alle granbara låg strødd utover golvet, men eg var strålande fornøgd med å ha juletre til ære for meg.

Ulovleg besøk – På den tida var det uhøyrt at barn fekk besøkje nokon på Haukeland, men eg og ei anna venninne luska oss opp dit ein ettermiddag etter skulen. Eg hadde aldri vore der før, fortel Sissel. – Vi fekk ikkje lov til å kome inn, så vi sneik oss bak bygningen og fekk auge på ein smal gesims. Med nasen så vidt over karmen, såg vi inn i ein diger sal med masse folk i kvitt og mange senger på rekkje og rad. Midt blant dei sjuke pasientane låg venninna vår. Utruleg nok såg ho oss. Då ho møtte blikka våre gjennom det svære vindauget og løfta handa si for å vinke, begynte eg å hylgrine. Eg syntest så synd på henne.

Barneklinikken eller Fløien? Om Sissel Sørensen hadde blitt sjuk då ho var liten, ville ho ha hamna på den nye hypermoderne Barneklinikken. I 1950 blei nemleg Barneklinikken gitt i frigjeringsgåve frå Sverige til Bergen og Haukeland. I ein av talane under mottakinga, blei det sagt at Barneklinikken i Bergen var best i verda. Og det var ikkje ein bergensar som sa det. I mange år var bergensarane så stolte over den nye barneavdelinga si, at når høgtståande gjester kom til byen, var ei omvising på Barneklinikken like sjølvsagt som ein

Lokalsjukehuset Haukeland I snart 50 år har Sissel og mannen hennar Atle vore eit team gjennom tjukt og tynt. To barn, fire barnebarn og eit nyklekka oldebarn er komne til fordi dei to fann kvarandre. – Både eg, Atle og familien vår har fått mykje god hjelp frå sjukehuset, både med fødslar og ved sjukdom. For alle oss er det ein tryggleik å vite at Haukeland er vårt lokalsjukehus.

5


17. januar 1984

17. januar 1999 Sivert Hjertås Sulebakk (13) kunne tenkje seg å jobbe på Haukeland universitetssjukehus når han blir vaksen, truleg som kjemikar.

Annemarte Aarland (28) er nybakt mor til Theodor Kristoffer som kom til verda på Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i januar.

17. januar 1984 blir 131 små nurk ønskte velkomne til verda i Noreg. 14 av desse kjem på Haukeland, fem gutar og ni jenter. Knøttet Annemarte Aarland er ei av dei.

– Draumen er sjølvsagt likevel ein eigen bustad, men helst i nærleiken.

Nyutdanna sjukepleiar At Annemarte tok sjukepleiarutdanning, kom ikkje som ei overrasking på andre enn ho sjølv. – Eg har opplevd mykje og veit at livet ikkje alltid er ein dans på roser. Eg har jo alltid vore ein omsorgsperson som vil jobbe med menneske. Så skulelei som eg var då eg var ferdig med vidare­gåande, trudde eg ikkje at eg kom til å klare å gjennomføre høgare utdanning, seier ho. I fjor stod småbarnsmora med eit imponerande vitnemål og godkjenning som sjukepleiar i handa, i tillegg til fast jobb som natte­vakt på Søreide sjukeheim. Framtidsplanane er ikkje heilt spikra når det gjeld vidare karriere, men mogelegheitene i yrket er mange.

Ho blir fødd like ved det nye landemerket i byen: Sentralblokka. I 1983 opna nemleg det dei fleste forbinder med Haukeland universitetssjukehus. Ved foten av Ulriken ligg ein grå, nesten skremmande svær koloss på 125 000 kvadratmeter, som ein kan skimte frå dei fleste stader i byen.

Familiejenta No, 28 år seinare, fekk Annemarte barn nummer to på same plass og omtrent på same dato som ho sjølv kom til verda. Den 23. januar i år fødde ho Theodor Kristoffer på Kvinneklinikken. Martine på 2 ½ år blei stolt storesyster og Ole Kristoffer lukkeleg far til to. – Familien er alt for meg, seier den nybakte mora som bur i andre etasje hos svigermor og svigerfar i deira einebustad på Nesttun. – Mange seier at dei aldri kunne budd så nære svigers, men for oss er det heilt perfekt. Martine kan gå opp og ned trappa som ho vil, oldemor bur i nabohuset, tante og onkel likså. Eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn å ha familien i nærleiken, strålar Annemarte, men legg til:

Mange mogelegheiter – Først ville eg vidareutdanne meg innan psykiatri. Så har eg tenkt litt på jobb ved Haukeland for å få meir øving innan prosedyrar og teknisk utstyr. No kan det vere at det er helsesyster eg skal bli etter kvart. Uansett, grunnen til at eg valde å bli sjukepleiar er utelukkande at eg får hjelpe og kommunisere med menneske i ein sårbar livssituasjon. Men inntil vidare, skal eg bruke all tida mi på å vere ei god mor for dei to små mirakla mine, seier Annemarte.

6

17. januar 1999 kranglar ein velskapt gut seg ut av mors liv. Sivert Hjertås Sulebakk kjem ved hjelp av hastekeisarsnitt kl.04.13, tolv dagar på overtid.

Magen var stappfull av sommarfuglar. Og så kom det ein sjukepleiar som sa at ho skulle få meg til å sove, men eg trudde ikkje på ho for eg hatar å sove. Det neste eg hugsar er at eg vakna fordi eg måtte sånn på do. Då eg stod framfor toalettet blei eg så svimmel at eg tissa oppetter veggen, ler Sivert, medan veslebror Ådne (10) fniser høgt og stel den siste twistbiten med marsipan. Som sjølvsagt er yndlingssjokoladen til Sivert og. – Sivert levde eit svært beskytta liv før han blei storebror, smiler mora.

– Flaks, meiner Sivert, for elles hadde eg ikkje fått dykk på besøk. – Han kom seint og framleis bruker han lang tid på alt han gjer, seier mora Anne Berit kjærleg. – Fødselen var faktisk litt dramatisk, legg ho til, medan ho skildrar ei mørk og stormfull natt, der lyn og torebrak gjorde far til Sivert så bekymra at han måtte spørje personalet på KK kva som ville skje dersom straumen blei borte. – Dei forsikra han om at sjukehuset har naudaggregat om noko slikt skulle hende. Det blei heldigvis ikkje nødvendig, ler ho.

Tilsett på Haukeland? Som fersk tenåring går Sivert siste året på Vestbygd barneskule i Meland kommune utanfor Bergen. No gler han seg til å begynne på ungdomsskulen til hausten. Ein skulle ikkje tru at favorittfaget er kunst og handverk når guten fortel kva han trur han skal gjere når han blir vaksen. – Ein bitte, bitte liten stad inni her, seier Sivert og peikar mot hovudet sitt, så trur eg at eg skal bli kjemikar. Dei gjer så mange kule eksperiment. Det har eg sett på TV. – Eg trur i alle fall han blir akademikar. Han kan sitje med nasen i bøker i mange timar, seier mora. – Kva er ein akademikar?, spør Sivert, men før nokon rekk å svare seier han ivrig: – Kan ein jobbe som kjemikar på Haukeland? I så fall vil eg det.

Historisk omlegging I 2002 blir ei av dei største omleggingane innan sjukehusorganisering i norsk historie gjennomført. Staten overtek ansvaret for alle sjukehusa i Noreg og Haukeland universitetssjukehus blir ein del av føretaket Helse Bergen. Dette merkar sjølvsagt ikkje tre år gamle Sivert, som eit par år seinare har sitt første møte med sjukehuset etter fødselen. Som femåring opererer han ut polyppane.

Operert på Haukeland – Eg sat på venterommet og leikte med ein raud leikesportsbil.

7


1926: Skandinavias mest moderne fødeklinikk 22. februar 1926 opna Kvinneklinikken i Bergen med avdeling for fødsels­ hjelp og kvinnesjukdommar. Den nye Kvinneklinikken hadde 876 fødslar i 1926 og tok gradvis over for heimefødslar. Fram til 1970-talet var det ikkje mogleg for fedrar å vere med under fødsel og rutinane omkring fødsel og barsel var rigide. I dag er Kvinneklinikken i Bergen (KKB) den nest største føde-/barseleininga i Noreg, med om lag 5000 fødslar i året. Klinikken har og ein stor gynekologisk seksjo med eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar. Klinikken har regionansvar for behandling av gynekologiske kreftsjukdommar.

gjennom 100 år Tekst: Anette Hellstrøm

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

1912: Ein medisinsk hjørnestein blir til

1944: Eksplosjonsulukka 20. april

Den 2. januar 1912 opna Haukeland sjukehus dørene for dei første pasientane. Frå 17. januar var det nye sjukehuset i full drift, derfor reknar vi denne datoen som den eigentlege bursdagen til sjukehuset. Haukeland var eit lokalsjukehus for Bergen og det var kampen mot infeksjonane som hadde hovudfokus. I tillegg omfatta sjukehuset drifta av Lungegaardshospitalet, som mottok tuberkulosepasientar og andre kronisk sjuke, og Haukeland Sykehus Sykepleieskole. Det var sett ei ramme på 1 250 000 kroner til utbygginga av Haukeland, men det var overslaget til arkitekten på 1.526.000 kroner som blei vedteke av bystyret i 1907. Då rekneskapen blei gjort opp var det brukt 9.411 kroner under budsjett.

Det hollandske ammunisjonsskipet Voorbode ved Festningskaien i Bergen forårsakar ein enorm eksplosjon. Minst 70 blir drepne med ein gong og 4600 fekk skadar dei måtte ha behandling for. Kirurgisk avdeling tok i mot 117 pasientar denne dagen, og så mange som 96 operasjonar vart gjennomførde. Til Gades kom i alt 83 døde til identifisering og for å få fastslått dødsårsak. Dette var første gongen sjukehuset blei sett i beredskap og ifølgje kjeldene fungerte alt effektivt frå første stund. Foto: Bergen byarkiv, Havnevesenet

Foto: Olav Svanøe/Universitetsbiblioteket

Ca.

1950: Kongeleg opning av Barneklinikken

1912: Utrivelege sjukesalar

Den 30. mai 1950 hadde HKH kronprinsesse Märtha innvigt Barneklinikken ved Rikshospitalet, og dagen etter kom ho med nattoget til Bergen for å innvie Barneklinikken i Bergen. Barneklinikken var ei gåve frå det svenske folket ved Noregs frigjering i mai 1945. Året 1950 blei eit merkeår i Noreg når det gjeld omsorga for sjuke barn og norsk pediatri. Frå å vere eit tilbakeliggjande land med ei skrøpeleg barneavdeling på 40 senger ved Rikshospitalet, fekk vi hypermoderne barneklinikkar både på Rikshospitalet med 110 senger og på Haukeland sjukehus med 96 senger. Same året opna også Ullevål sjukehus ei barneavdeling med 50 senger.

Då sjukehuset opna i 1912 hadde det 250 senger og følgjande avdelingar: Epidemisk avdeling, Medisinsk avdeling, Kirurgisk avdeling, Patologisk anatomisk laboratorium (Dr. Med. F. G. Gades Path. Institut, seinare Gades institutt), administrasjon, vaskeri, kjøkken, telefonsentral, portørteneste og Teknisk avdeling. Sjukesalane var store og opne, og det var ikkje uvanleg at det låg 16-18 pasientar på same rom. På desse salane låg det blant anna både pasientar som venta på operasjon og ferdig­ opererte pasientar med betente operasjonssår. Ventilasjonen var utilfredsstillande og sjukehuslukta gjennomtrengjande. Forholda i Gamle hovudbygg blei etter kvart så kritiske at Helsedirektoratet truga med å stengje bygningen rundt 1970.

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

1914: To nye sjukebilar

1956: Status som universitetsklinikk

”Et stort fremskridt paa Sygetransportens omraade. Bergens to nye sygeautomobiler”. I 1914 fekk Haukeland to nye sjukebilar til den nette sum av 26 000 kroner. I ein avisartikkel frå det året kan ein lese at dei nye bilane var særs etterlengta: ” I bilane er det innretta eit nytt bårearrangement som firmaet har søkt patent på. Dette er særs praktisk og fordelaktig for den sjuke.” I dag er ambulanseyrket i rask og omfattande endring. Det som tidlegare var ei rein transportteneste, er i dag ei avansert og spesialisert teneste ved ulykker, akutt sjukdom og forverring av kronisk sjukdom.

Etter krigen byrja oppbygginga av det som skulle bli Universitetet i Bergen. Haukeland sto sentralt i dette heilt i frå starten og fekk i 1956 status som universitetsklinikk. Utdanning er eitt av Haukeland sine fire viktigaste fokusområde. Sjukehuset tar imot nærare 2000 studentar, elever og lærlingar kvart år. Føretaket har eit stort spenn i utdanningsfunksjonen sin, og har alt frå lærlingar innanfor elektronikk og finmekanikk, til sjukepleieog medisinstudentar. Det er eit tett samarbeid mellom sjukehuset og universitet når det gjeld forsking, og Haukeland er Noregs nest største forskingsmiljø.

Faksimile Bergens Tidende 29.10.1914

Foto: Repro, Universitetets foto- og tegneseksjon

8

9


1960-1969: Livlig byggeverksemd

1984: Endeleg brannskadeavdeling i Noreg

I 1960 blei det utpeikt ein vinnar av arkitektkonkurransen for den nye sentralblokka (sjå faksimile). Vinnarutkastet måtte omarbeidast, og først i 1983 blei nybygget offisielt opna. I løpet 1960-åra føregjekk det mykje bygging på Haukeland. På denne tida mangla helsevesenet personell, særleg legar og sjukepleiarar. For å sikre naudsynt personell, sette derfor Haukeland i gang omfattande bustadbygging og oppretta dagheim for barn av tilsette. I 1961 blei Øre-nese-hals-avdelinga etablert på Kvinne­ klinikken, og året etter kom laboratorium for klinisk biokjemi. I 1963 sto bygningen for Mikrobiologi, Farmakologi og Hygiene ferdig, og i 1967 blei Nevrokirurgisk avdeling, Psykiatrisk klinikk og avdeling for plastisk og rekonstruktiv kirurgi oppretta.

For tretti år sidan fantes det ikkje brannskadeavdeling i Noreg. Allereie i 1979 blei det stadfesta eit behov for ei spesialisert brannskadeavdeling, men det var ei ulykke på Mongstad 3. mai 1981 som sette fart i prosessen. Tre dagar før Brannskadeavdelinga på Haukeland opna 10. september 1984, kan vi lese at dagen vil bli rekna som ein merkedag i norsk medisinsk historie. Sidan då har avdelinga redda mange liv. Over 2000 pasientar har fått livsviktig hjelp. Brannskadeavsnittet (BSA) har framleis landsdekkjande funksjon for behandling av pasientar i alle aldersgrupper med store brannskadar, brannskadar som krev spesiell ekspertise og andre tilstandar.

1975: Kunnskapseksplosjon

2002: Ny helsereform

Saman med den medisinske kunnskapseksplosjonen gjennomgår Haukeland også ei rivande utvikling innanfor felta medikament, utstyr og metodar. Ny kunnskap og teknologi skapar nye diagnosar, forklarings­ modellar og behandlingsformer. Ultralydteknikken blei til dømes tatt opp på Haukeland frå 1970 og utover. Den moderne forma for biletdiagnostikk har vore svært viktig. Mange sjukdommar kan bli oppdaga på eit tidlegare tidspunkt, og dei kan kartleggjast med stor nøyaktigheit. Der som ein tidlegare måtte utføre open operasjon, kan ein i dag bruke ulike formar for innstikk og instrumentering. Biletet viser korleis ein operasjonssal såg ut i 1975.

Den omfattande helsereforma som tredde i kraft i 2002 har prega det nye tusenåret på Haukeland. Ansvaret for sjukehusa i Noreg blei overført frå fylkeskommunane til staten og fem regionale helseføretak blei oppretta. Dermed blei Haukeland ein del av Helse Bergen. På 2000-talet har sjukehuset fått fleire landsfunksjonar, nye avdelingar og ny teknologi og forskingsverksemda held internasjonal standard. Haukeland universitets­ sjukehus er i dag eitt av dei største sjukehusa i landet og også eitt av dei mest veldrivne.

Faksimile Bergens Tidende 7.9.1984

HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus

Foto: Årsmelding Universitetsbiblioteket

1912-2011: Alt kler den smukke

2010: Teknologisk gjennombrot

Tidene har forandra seg! Tidlegare var utsjånaden på uniformene ulike alt etter kva for skule ein hadde gått på. I dag er det bukse og trøye i unisexstil – ingen bukser med gylf eller toppar med innsving. Det er praktiske og lettstelte bomullsklede. Frå venstre på biletet: Forbundsuniforma til Norsk sykepleierforbund (NSF), Haukelandsuniform med lang cape (brukt fram til 1970), Haukelandsuniform med kort cape (brukt fram til 1970), elevuniform frå sjukepleiarutdanninga ved Haukeland sjukehus (brukt fram til 1970) og dagens uniform som blei tatt i bruk på 1990-talet og er felles for alle yrkesgrupper.

I 2010 var Haukeland det andre sjukehuset i Noreg som tok i bruk Positron Emisjons Tomografi, den såkalla PET-teknologien. Den avanserte biletdiagnostikken som er mogleg ved PET-teknologi har særleg stor verdi innan diagnostisering og behandling av kreft. Radioaktive forbindelsar blir injisert i pasientane, og fordelinga i kroppen kan avbildast. Desse forbindelsane synleggjer funksjon til vevet og ikkje berre utsjånaden, slik CT gjer. Men saman med CT, i ein PET-CT, får ein det beste frå to verder, både funksjon og anatomi. Vi kan for eksempel sjå om cellegift faktisk fungerer og korleis den fungerer.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

Foto: Haukeland universitetssjukehus

1983: Nye Haukeland sjukehus opnar

2012: Nærare med samhandling

Då Sentralblokka opna i 1983, blei bygget omtala som ”ein av grunn­ pilarane i norsk sjukehusstell, medisinsk utdanning og forsking”. På den tida var bygget det største som til då var reist i Noreg – like stort som 18 fotballbanar. Vegen fram til det nye regionssjukehuset, sentralsjukehuset, lokalsjukehuset og universitetsklinikken var på mange måtar tung og lang med motbakkar og harde kneiker, med lang modningstid for idear, ønskjer og krav. Økonomiske utfordringar var det også. Likevel var det ein ukueleg optimisme og pågangsmot, og ein seig vilje til å ikkje gje opp. Etter tolv års byggjeperiode stod bygget som hadde som mål å ”samle felles funksjonar i eit felles lokale” klart.

Frå årsskiftet blei ei av dei mest omfattande reformene i helsevesenet sett i verk. Den nye samhandlingsreforma skal sørgje for at avstanden mellom behandlingstilbod og pasient blir kortast mogleg. I praksis vil det seie at fleire oppgåver er overførte frå sjukehusa til kommunane, slik at pasientane skal unngå unødig lange sjukehusopphald. Å innføre desse endringane vil ta tid, og derfor tar Helse- og omsorgsdepartementet høgde for ein innkøyringsperiode på fire år. I Hordaland samarbeider Helse Bergen med 22 kommunar om desse endringane. Foto: Haukeland universitetssjukehus

Foto: Haukeland universitetssjukehus

QR-koden tar deg direkte til Haukeland si historie. Du finn program og informasjon om jubileumsaktivitetane på nettsida haukeland.no/mitthaukeland.

10

11


Kong Mathias boltra seg i Leiketerapien då han var på besøk på Barneklinikken. Leiketerapien nyttar leik som behandlingsmetode, og dette kan gjere sjukehusopphald for barn til ei mindre traumatisk oppleving.

Framtidas sjukehus for barn

Mormor Elisabeth Ødegård, dottera Kjersti Lervik Øgaard og barnebarna Karoline og Mathias har alle vore mykje på sjukehus fordi dei er fødde med leppe-kjeve-ganespalte.

Første byggetrinn for det nye Barne- og ungdomssenteret (BUSP) på Haukeland er allereie godt i gang. Byggetrinnet vil koste 1,4 milliardar kroner og stå ferdig i 2014. Fullt utbygd vil senteret utgjere 66.000 kvadratmeter og er kostnadsrekna til 3,4 milliardar kroner. Planen er at heile senteret skal stå ferdig i 2020. Barnas energisenter blir ein del av BUSP og skal opne i 2014. Barnas energisenter vil ha fokus på fysisk aktivitet retta mot barn og unge med

særskilde behov. Ved å leggje til rette for fysisk aktivitet, vil ein betra livskvaliteten og livsutsiktene til barn og unge med kronisk sjukdom eller funksjonshemming.

Storsatsing på dei små I fjor starta Haukeland Barneprogrammet. Det rettar seg mot alle barn på sjukehuset, og er eit samarbeidsprosjekt mellom sjukehuset, Grieg Foundation og GC Rieber Fondene. Programmet omfattar musikk­ terapeut og sjukehusklovnar. Kultur brukt på riktig måte kan ha positiv verknad for barn innlagde på sjukehus.

Barn på sjukehus gjennom tre generasjonar:

Frå foreldrenekt til sjukehusklovnar

gjorde inntrykk, ler mora.

store fortviling. Eg var vel akkurat gammal nok til å forstå at eg ikkje fekk vere med på moroa 17. mai, fortel Ødegård. Opphaldet varde 14 dagar, og det var ikkje berre den vesle jenta som sakna foreldra sine. Mora sakna dottera, og grein kvar dag medan dottera var aleine på sjukehuset. – Dei fekk tilbake eit barn som hengte rundt halsen deira og ikkje slapp taket på fleire dagar. Truleg hadde det vore traumatisk, så eg er glad eg ikkje hugsar særleg av det, smiler ho.

Utan mor og far

Ei ny verd

For berre 50 år sidan var det lite merksemd rundt barn sine behov ved sjukehusopphald i Noreg. Den rådande haldninga var at barn hadde det best på sjukehuset utan mor og far, fordi dei hadde så lett for å gråte og blei urolege når foreldra kom og gjekk. – Rett etter at eg fylte tre år skulle eg bli operert 18. mai. Mor og far fekk beskjed om å levere meg på Barneklinikken 16. mai, til deira og mi

– Det var ei heilt ny verd å komme på Barne­ klinikken med Kjersti då ho blei fødd. Som lita fekk ikkje eg ha foreldra mine med på sjukehuset, men med Kjersti var det forventa at vi skulle vere der både dag og natt. Det blei nesten litt i overkant, vi hadde jo ein son på to år heime som trong foreldra sine, seier Ødegård, sjølv om ho understrekar lykka over å få ta del sjukehusopphaldet til dottera.

Som treåring måtte Elisabeth Ødegård (53) vere to veker på Haukeland utan at mor og far fekk lov å komme på besøk. Når barnebarna hennar i dag er på sjukehuset, blir dei møtt av sjukehusklovnar og musikkterapeut, medan foreldra sjølvsagt er med. Tekst: Camilla Crone Leinebø, foto: Eivind Senneset

– Det er rart å tenkje på kor annleis det var for mamma å vere barn på sjukehuset, samanlikna med korleis eg og mine ungar har opplevd det. 50 år er jo ikkje så lang tid, seier dottera Kjersti Lervik Øgaard (28).

Tre generasjonar Både Elisabeth Ødegård, Kjersti Lervik Øgaard og hennar to barn, Karoline (5) og Mathias (3), er fødde med leppe-kjeve-ganespalte. Noko som har ført til at familien har brukt meir tid på Haukeland universitetssjukehus enn dei fleste

gjer gjennom eit heilt liv. – Å vere barn eller å ha barn på sjukehus er slitsamt uansett korleis du vrir og vender på det. Eg hugsar eigentleg ikkje så mykje frå då eg var der som liten, men mor har fortalt meg ein del og det er inga solskinshistorie, seier Ødegård, medan ho blir avbroten av barnebarnet: – Sjå mormor, ein klovn, ivrar treåringen og peiker på døra inn til der sjukehusklovnane held til på Barneklinikken. – Under førre innlegging fekk Mathias besøk av klovnane like etter at han blei operert. Det

12

Kjersti Lervik Øgaard minnest tida på sjukehuset i oppveksten med eit smil. – Eg delte rom med fleire andre barn og vi måtte ete alle måltida i lag. Det var berre stas som barn, men då eg kom i tenåra kunne det vere litt meir utfordrande. Ein har gjerne litt meir behov for privatliv då, humrar ho. – Ekstra gøy var det med så mykje besøk heile tida, eg fekk jo godteri og brev frå alle klasse­ kameratane mine. – Det kan verke som det gjekk frå det eine ytterpunktet til det andre, seier mor og dotter.

Englesalve Uvitande om korleis mormor hadde det på sjuke­ huset då ho var lita, har prinsesse Karoline og kong Mathias gått bananas i leiketerapirommet på Barneklinikken. Dei har sjølvsagt valt sjukepleiaruniform og legefrakk frå utkledningsstativet. – Då eg var på sjukehuset sist, så måtte sjukepleiaren stikke meg mange gonger for ho fann ikkje blodåra mi, men det gjorde ikkje så vondt

13

fordi dei smurte sånn englesalve på først, fortel Karoline som berre så vidt rekk å trekkje pusten før ho opplyser at sjukepleiaren fann blodåra til Mathias på første forsøk.

Barn sin rett I dag har barn ei eiga forskrift i sjukehuslova som beskriv deira rettar ved innlegging. Den stiller mellom anna krav til sjukehuset når det gjeld aktivisering av barn og samvær med pårørande. – Verken Karoline eller Mathias har tatt skrekken av sjukehus. Då eg fortalde at vi skulle hit i dag, var det berre forventning å skimte i auga på begge to. Men det er herleg å vere her på besøk for ein gongs skuld og ikkje som pasient eller pårørande, smiler Kjersti Lervik Øgaard.


Dette betyr Haukeland for meg

Tekst og foto: Eivind Senneset

Trine Eilertsen, sjefredaktør Bergens Tidende:

Anne-Grete Strøm-Erichsen, helse- og omsorgsminister:

Thor Brekkeflat, prest:

Christine Guldbrandsen, artist:

– Haukeland er ein institusjon dei fleste vestlendingar møter som pårørande. Ein stor del av oss møter også Haukeland som pasient. Sjølv har eg opplevd begge delar, men dei aller fleste møta med Haukeland har vore som journalist og redaktør. Forskjellen på å møte Haukeland som journalist og som pårørande er dramatisk. Eg har familiemedlem eg i periodar har besøkt mykje på sjukehuset, og då har eg hatt fine opplevingar med tilsette og fagmiljø. Som journalist er det jobben vår å fortelje om det som ikkje fungerer. Derfor vil det alltid vere spenning mellom media og ein så stor institusjon som Haukeland.

– Haukeland har vore åstad for nokre av dei mest dramatiske hendingane i livet mitt. Både triste opplevingar, som dødsfall, og dei mest lykkelege, som då barna mine kom til verda. Faktisk jobba mor mi på Garantikontoret på Haukeland, og nokre av dei tidlegaste barndomsminna mine er frå besøka der. Som helse- og omsorgsminister kan eg slå fast at Haukeland er eit av dei beste og mest effektive sjukehusa i Noreg, og det utmerkjer seg både nasjonalt og internasjonalt. Eg trur alle sjukehustilsette har ein ærekjær yrkesstoltheit uttrykt gjennom høg etisk standard og grunnleggjande respekt for alle menneske.

– Eg har vikariert som sjukehusprest og hatt både dåp, bryllaup og gravferder innanfor veggene til Haukeland. Eg har vigd menneske som ikkje var i stand til å forlate sengene sine og døypt nyfødde som kanskje ikkje ville overleve natta. Dette seier mykje om kontrastane på eit sjukehus. På eit rom kjem eit nytt menneske til verda, medan på eit anna rom takkar ein annan av. For meg betyr Haukeland glede, sorg og faglege utfordringar, og eg har aldri slutta å la meg imponere over dei tilsette der. Dei utfører omsorgs­ oppgåvene sine utan at eg nokon gong har opplevd likegyldigheit eller fått maskinkjensle.

– Eit sjukehus er ein institusjon ein helst ønskjer å unngå, men når behovet kjem prisar ein seg lykkeleg over at det finst. Det er trygt å vite at byen min har eit kompetent sjukehus. Eg er sikker på at eg ville vore i trygge hender der. Mitt første møte med Haukeland var då eg som barn blei innlagd med infiserte vasskoppar. Dessverre blei det ikkje mitt siste sjukehusbesøk, for far min var alvorleg sjuk og døydde då eg var 16 år gamal. Derfor er forholdet til Haukeland motstridande: Institusjonen representerer tryggleik og tillit, men for meg får sjukehuset fram mange triste minne.

Carl-Erik Torp, fotballspelar SK Brann:

Trond Mohn, næringslivsleiar:

Sigmund Grønmo, rektor UiB:

Monica Mæland, byrådsleiar Bergen:

– Eg hadde aldri vore innlagd før eg blei hjartepasient i ein alder av 27 år. Det gjekk i eitt etter at eg fall om i Sogndal-kampen: Luftambulanse, sjukehus, spesialistar, operasjon, pacemaker. Faktisk føler eg meg privilegert fordi eg har tilgang til eit slikt helsetilbod og fordi eg hamna på Haukeland. Eit pasientopphald kunne neppe vore betre. Når ein har vore frisk heile livet, tenkjer ein ikkje på alternativa. No går eg rundt med eit arr på brystet. Det arret har eg frå Haukeland. Og det er eit godt arr.

– Å kome i kontakt med menneske som er genuint opptekne av å hjelpe, trur eg gjer noko med korleis ein opplever livet. Sjukehusa er truleg nokre av dei siste institusjonane som er usjølviske. Ei stor oppgåve for alle sjukehus er å bidra til at folk ikkje blir pasientar. For å førebyggje treng vi forsking, formidling og folkeopplysning, og her stiller Haukeland sterkt med fagfolka sine som usjølvisk gir av seg sjølve til forskinga med ein innsatsvilje som skulle dei vore toppidrettsutøvarar. Vi har eit helsetilbod til gode for alle i samfunnet, og ventelister og behandlingskøar blir eit nødvendig utslag av det velferdssystemet vi nyt godt av.

– Haukeland er den viktigaste samarbeidspartnaren til Universitetet i Bergen (UiB). Det er hovudklinikken for vår medisinutdanning og sjukehuset bidreg til å gjere Bergen til ein sentral aktør innan medisinsk forsking også internasjonalt. Mange sjukehustilsette har bistillingar ved UiB, og mange av våre tilsette har bistillingar på Haukeland. Universitetet og sjukehuset deler også eit grunnleggjande verdisett basert på openheit, integritet og etikk. Dette kjem både forsking og pasientar til gode. Den innsikta eg som universitetsrektor har om kompetansen og kvaliteten i sjukehuset, gir meg også ein ekstra tryggleik som privatperson.

– Gratulerer med jubileet! 100 år er ein flott alder for ein institusjon vi i Bergen er svært stolte og heilt avhengige av. Som institusjon spelar Haukeland også ei langt større rolle enn som sjukehus for bergensarar og vestlendingar. At vi har nasjonalt senter for brannskadar er viktig, og i eit større perspektiv er det bra ikkje alle nasjonale kompetansesenter er samla på Austlandet. For meg er Haukeland også staden eg har oppsøkt i mitt livs tristaste, men også mest lykkelege, augneblink. Eg har alltid blitt tatt varmt imot og møtt med respekt og kompetanse.

14

15


hendene som aldri skjelv Einar Jøssang ligg på operasjonsbordet. Over han tronar seks mekaniske robotarmar. Dei lystrar kvar minste rørsle frå fingrane og føtene til kirurg Yngve Nygård som sit tre meter unna. Tekst: Anette Hellstrøm, foto: Øyvind Blom

16

17


Det er under eitt døgn sidan han blei trilla inn på operasjonsstova. Einar Jøssang er for lengst ute av sjukehussenga. – Eg er mørbanka, men særs imponert. Allereie i morgon reiser eg heim med kona.

Ein av tre Einar Jøssang fekk konstatert prostatakreft i juni 2011. Statistisk sett er han er ein av tre i Noreg som får kreft i løpet av livet. Det var ikkje heilt sånn den spreke rogalendingen hadde sett for seg starten på pensjonisttilveret etter 43 år i Sparebank1 SR-bank. – Eg leverte aldri inn ei einaste sjukemelding. Frisk som ein fisk var eg stort sett heile tida. Ikkje har eg vore på sjukehus eller blitt operert, så alt dette er ny erfaring for meg, seier Jøssang.

Meir spent enn nervøs Han kjende ikkje noko fysisk til kreften då diagnosen blei bekrefta hos ein urolog i Haugesund. Kroppen kjendest ut som han alltid hadde gjort.

– Sjølvsagt har eg hatt dagar der eg har grua meg til operasjonen, men eg har blitt godt teken vare på og har heile tida følt eg har vore i gode hender, seier Einar Jøssang.

Dei nøyaktige robotarmane er med på å gi pasientar med prostatakreft færre biverknader saman med raskare og betre behandling.

– Min far er murar og mine bestefedrar var tømrarar, så du kan trygt seie at eg er tungt slektsbelasta på handverkarsida. Sjølv hadde eg lyst til å ta det litt lengre - så då vart eg kirurg, seier Nygård i skrubben før han skal inn og operere.

Foto: Ole-Christian Amundsen

– Urologen gav meg valet om å fjerne eller la vere: ”Du kan etter alt å dømme leve i fem-seks år eller meir utan at kreften utviklar seg til noko farleg, men du har ingen garanti”. Eg bestemde meg raskt for å få fjerna prostata. Urologen sende tilvising til Haukeland på bakgrunn av at ”dei er best på dette der borte”, og allereie 9. november fekk eg time til operasjon, fortel Jøssang. Dei siste undersøkingane blir gjort før Jøssang gjer seg klar til å faste. Han er meir spent enn nervøs. – Eg lurer veldig på korleis det blir. Eg håpar eg slepp å ha mykje vondt i etterkant av opera­ sjonen, og eg lurer på korleis eg vil fungere etterpå. Kor førleg vil eg bli? No skal det bli godt å komme i gang og få det overstått, seier den ivrige matematikaren og slår i hel ventetida med litt Sudoku.

Hektisk Inne på operasjonsalen er det hektisk aktivitet i god tid før pasienten kjem inn. Ein anestesi­

18

sjukepleiar og to operasjonssjukepleiarar klargjer utstyr, opnar sterile pakkar og testar at antisklimadrassen som Jøssang skal liggje på sit som den skal. Han skal nemleg bli tippa bakover i ein vinkel som gjer at skuldrene og hovudet hans nærmast vil liggje i golvet. Vinkelen han ligg i vil gi roboten rett posisjon til å jobbe seg ned til prostata gjennom buken. – Det er mykje førebuingar som skal til før vi er klare for sjølve operasjonen, seier operasjonssjukepleiar May Solheim.

Roboten vaknar – Det er hektisk for oss i byrjinga – alt skal skje på ein gong, men så roer det seg ned etter kvart, supplerer Sigrun Kramer, også ho er operasjons­ sjukepleiar. Dei driftige damene får dei siste detaljane på plass, og Jøssang blir trilla inn. Medan anestesilege og sjukepleiar sørgjer for at han fell i djup søvn, kler Solheim roboten, som saman med kirurg Yngve Nygård skal fjerne prostataen til Jøssang, inn i plast. Maskina blir

skrudd på, og robotarmane vaknar til liv. Klokka er 13.30, og dei er klare til operasjon.

Høgteknologiens siste skrik Den einaste gongen Nygård fysisk tar i Jøssang er når han skjer seks små inngangar i buken kor robotarmane skal inn. Resten av tida sit han tre meter unna pasienten og opererer med fjernstyrte armar. Det er dette som blir kalla kikhols­ teknologi. Framfor seg ser Nygård ned i to hol som viser tredimensjonale bilete frå innsida av kroppen til pasienten. Han styrer maskina med både fingrane og beina. – Det er nesten som å køyre bil. Eg beveger utstyret inne i pasienten ved hjelp av multi­ funksjonelle hendlar og ein pedal, og det gir meir presisjon enn det eg kunne gjort dersom eg skulle operert pasienten med mine eigne hender, seier Nygård. – Dette er spennande kirurgi, og det er gøy å ta del i den høgteknologiske utviklinga. Roboten er eit veldig godt arbeidsverktøy og pasientane er

meir fornøgde, poengterer Nygård. Med trygge, rolege rørsler svir, brenn og fjernar Nygård den runde kulen som er prostata frå kroppen til Jøssang. Spor av kreft, som ikkje er synlege for auget, forsvinn bit for bit samstundes som Jøssang sine sjansar for å bli fullstendig frisk aukar. Etter to og ein halv time er operasjonen over.

Dagen etter – At kikholsoperasjon ikkje etterlet seg sår im­ ponerer meg, seier Jøssang dagen etter. Han er støl i skuldrene og litt sår i halsen etter puste­ røyret, men har sove veldig godt i natt, og føler seg utkvilt. Kona har nett vore på besøk når vi møter han like etter at han har ete lunsj. I morgon reiser han kanskje heim, eller kan hende blir han ein dag ekstra. Det er opp til han sjølv. – Menn i min alder bør gå til lege med jamne mellomrom for å finne ut om dei har prostata­ kreft, slik kvinner går til mammografi for å finne eventuell brystkreft. Det er mi oppfordring.

19

Kva er da Vinci? • Da Vinci er ein fjernstyrt operasjonsrobot som aldri skjelv på hendene. • Roboten er med på å tryggje inngrep, redusere behandlingstid og minske dei postoperative smertene for pasientar med prostata-, underlivs-, urinblære- og rektumkreft. • Maskina gjer at fleire pasientar kan bli behandla raskare og meir effektivt, samstundes som den ikkje etterlet store operasjonssår på kroppen til pasienten. • Det er mellom anna Medisinsk Høyteknologisk Forskningsfond, Grieg Foundation og Trond Mohn som har skaffa pengar til da Vinci-roboten på Haukeland. Med fullt utstyr kostar den rundt 17 millionar kroner.


Sjå, ho smiler!

Vi driv kompetanse­overføring, og den går begge vegar

Den nyfødde vesle jenta på sjukehuset Mnazi Mmoja på Zanzibar får livgivande oksygen gjennom nasekateteret. Og jammen ser det ikkje ut som om ho smiler. Tekst og foto: Mona Høgli

ZANZIBAR: Det er berre nokre timar sidan ho vart fødd; ei flott lita jente som har problem med å få i gong pustinga. Derfor er ho flytta over på nyføddavdelinga for å bli lagt i kuvøse. Det hovudpersonen sjølv ikkje veit, er at i dag har barnesjukepleiar Gunn Elin Veivåg omsider fått kopla til utstyr ho har hatt med frå Bergen. Som første pasient blir den vesle jenta kopla til apparatet som sørgjer for pustehjelp og måler oksygenmengda i blodet.

Behandling som verkar Ein treng ikkje apparat for å sjå at behandlinga verkar. Det vesle ansiktet får ein friskare farge, og det legg seg eit fornøgd drag over munnen. Nyfødde kan ikkje smile, heiter det. Vel, så var det i alle fall ein grimase som likna eit smil. Denne gongen var det den norske barnesjukepleiaren som kopla til utstyret. Men dette skal ikkje vere hennar jobb. Hennar jobb blir å lære opp dei andre sjukepleiarane i bruken av apparata.

Partnarsjukehus Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar er eitt av partnarsjukehusa til Haukeland universitets­ sjukehus. Barnesjukepleiar Gunn Elin Veivåg og barnelege Kristoffer Brodwall frå Barneklinikken på Haukeland er dei to første som no arbeider på barneavdelinga her på Zanzibar. – Vi var ikkje heilt førebudde på kva som ville møte oss. Vi tok med oss ein del utstyr som vi meinte vi ville få bruk for. Men då vi kom hit, såg vi at dei mangla grunnleggande ting som termo­ meter og fødselsvekter. Vi gav derfor beskjed til kollegaene på Haukeland om at dei måtte kjøpe rimelege vekter og termometer på Clas Ohlsson, og ta det med nedover, fortel dei to.

Lagar mat sjølv Mellom bygningane på sjukehusområdet er det mykje folk. Dei fleste er pårørande. Sjukehuset har ikkje matservering, og pasientane er derfor avhengige av å ha pårørande som kan lage mat og vaske kleda deira. Utanfor ein av bygningane finn vi også ein stor, blå container. Den kjem frå Haukeland, og her er alt frå leiker til kuvøser. – Vi plukkar ut litt om gongen, alt etter kva vi treng, fortel Veivåg. Det kjem bod etter Doctor Kristoffer, som han blir kalla. Han blir bedt om å gå visitten saman med Salama. Ho er korkje sjukepleiar eller lege, men har treårig utdanning som clinical officer, noko som gjer at ho får

Stener Kvinnsland

mykje av ansvaret for pasientane. Sjukehuset har få legar og mange slike clinical officers. Salama og kollegaene hennar må derfor ta mykje av arbeidet med å stille diagnosar og lage behandlings­ opplegg.

Løyser problema saman Salama og barnelegen går frå seng til seng og ser på pasientane: Ein har kreft, ein greier ikkje ete. I ei seng ligg tre år gamle Wasila åleine. Ho har blodforgifting, har vore på sjukehuset i sju dagar, og har hatt fleire tilfelle av feberkrampar. Med nyinnkjøpt termometer frå Bergen tar Salama temperaturen på jenta. Salama og Brodwall diskuterer eit opplegg for korleis dei skal registrere og følgje utviklinga for den vesle feberheite jenta. For barnelegen gjeld det same som med barnesjukepleiaren: Det er ikkje han som skal gjere jobben. Han skal saman med dei tilsette utvikle nye rutinar for å gi enda betre behandling. Dei tilsette på sjukehuset har sin kompetanse, Brodwall har sin. Saman kan dei finne dei gode løysingane.

Dei små ull-luene som ivrige strikkarar på Haukeland har sendt sørover, er viktige for at dei nyfødde kan halde varmen i kuvøsane.

Givande jobbutveksling Dei to tilsette frå Haukeland meiner dei har mykje igjen for å jobbe på sjukehuset på Zanzibar. – Når vi må jobbe under heilt andre forhold enn det vi har heime og med andre sjukdomsbilete, får vi bruk for all vår faglege dugleik. Her har vi ikkje støtte i alt det tekniske utstyret vi har på Haukeland, dermed får vi verkeleg utvikla den kliniske kompetansen vår, seier dei to.

ut i verda for å lære – Partnarsjukehus er ein vinn-vinn-situasjon. Det seier administrerande direktør Stener Kvinnsland i Helse Bergen, Haukeland universitets­sjukehus. Tekst: Mona Høgli

Livreddande luer Tilbake på nyføddavdelinga har Veivåg funne fram ei av dei små ull-luene som ivrige strikkarar på Haukeland har sendt nedover. Nyfødde mistar mykje varme gjennom hovudet, og dei små som må liggje i kuvøsene, treng luene for å halde på varmen. Den vesle, namnlause jenta med nasekateteret får på seg ei knallgrøn lue. Ho gjer framleis fornøgde grimasar.

Tre år gamle Wasila har feberkrampar. Doctor Kristoffer Brodwall og clinical officer Salama diskuterer korleis dei best kan hjelpe den vesle jenta.

20

– Partnarsjukehusa våre får hjelp til å utvikle nye rutinar og system, og Haukeland sine tilsette får verdifull erfaring og trening som dei ikkje har moglegheit til her heime, seier Kvinnsland.

Vinn-vinn Som eksempel på det verdifulle sam­ arbeidet trekkjer han fram at Haukeland har fått status som Nasjonalt behandlings­ senter for gynekologiske fistlar. Dette er ein type fødselsskadar som heldigvis ikkje er så vanlege i Noreg. Men i mange afrikanske land er dette eit stort problem. Gjennom samarbeidet med partnar­ sjukehusa, får tilsette frå Haukeland verdifull

21

klinisk erfaring som kjem pasientane her i Noreg til gode. Samtidig bidrar dei til å lage system og rutinar som betrar behandlinga ved partnarsjukehusa.

Nyttig for begge – Dette er sjølve berebjelken i det inter­ nasjonale arbeidet vårt: Vi driv kompe­ tanse­overføring, og den overføringa går begge vegar, seier Kvinnsland. Han har jamleg kontakt med leiarane for partnar­ sjukehusa i Afrika for å finne fram til kva for prosjekt som skal prioriterast. – Det viktige er at prosjekta speglar det våre partnarar sjølv meiner dei treng, ikkje det vi meiner dei treng, seier Kvinnsland.


Administrerande direktør om framtidas sjukehus:

– Vi må ha evne og vilje til vanskelege val – Framtida vil gi eit hav av moglegheiter og utfordringar, både medisinsk, teknisk og etisk. Då må vi vise at vi har både evne og vilje til å ta dei vanskelege vala, seier Stener Kvinnsland, administrerande direktør i Helse Bergen. Tekst: Mona Høgli

Utviklinga innan teknikk og medisin gjer at grensene for livreddande og livsforlengjande behandling stadig blir flytta. Dette vil tvinge fram ein debatt om individualetikken sett opp mot gruppeomsynet. For eit enkeltmenneske er det sjølv­ sagt at han eller ho skal ha den beste behandlinga som er å oppdrive, sjølv om prisen kan vere fleire hundretusen kroner, ja kanskje millionar, for nokre ekstra månader liv.

Likevel ivrar han for å få ein heilt ny type ”spesialist”, nemleg generalisten. – Vi må få ein ny type legar i sjukehusa som kan mykje om det meste. Haukeland universitetssjukehus er eigentleg eit stort lokalsjukehus. Om lag 75 prosent av alle pasientane våre treng behandling på lokalsjukehusnivå. Det er altså om lag ein fjerdedel som har behov for dei mest kompliserte og høgspesialiserte tenestene våre. Det er ikkje bra verken for pasienten eller ressursbruken på sjukehuset at pasienten kjem inn i ei høgspesialisert behandling når det han eller ho treng, er vanleg lokal­ sjukehusbehandling, seier han.

Mangel på hender

Behandling på rett nivå

Sett opp mot omsynet til ei gruppe andre pasientar, er ikkje svaret så enkelt. Bruker sjukehusa store ressursar på nokre få pasientar, vil det føre til at det blir mindre til andre, store pasientgrupper. Her hjelper det ikkje å vere ”verdas rikaste land”. – Det vil bli mangel på helsepersonell, og dersom mange av dei skal bruke tida si på omfattande behandling av nokre få, vil det bli færre til å ta seg av dei andre. Her vil det komme viktige debattar i åra framover, meiner Kvinnsland. Medisinsk teknikk og IKT kan løyse nokre av desse utfordringane. Robotteknologien har vi berre sett starten på, den vil revolusjonere mykje av det vi driv med. Men kva val gjer vi når teknikken effektivt kan gjere nokre av dei oppgåvene som hendene før måtte gjere?

Framtidsforskaren:

– Størst utfordring med dei eldre – Eldrebølga vil bli den største helseutfordringa i åra som kjem, seier forskingssjef Johan Peter Paludan ved institutt for Fremtidsforsking i København. Tekst og foto: Øyvind Blom

Haukeland planlegg no ein ny mottaksklinikk som i større grad skal sikre at pasientane får behandling på rett nivå. – Her treng vi verkeleg dei gode generalistane! seier Kvinnsland. Behandling på rett nivå vil vere eit nøkkelord i framtidas helsevesen. Skal pasienten ha høgspesialisert behandling på eit universitetssjukehus, på eit lokal­ sjukehus eller i kommunehelsetenesta? – Samhandlingsreforma legg opp til at meir skal ut til kommunane. Det er kommunane som er grunnpilaren i helsetenesta for dei aller fleste innbyggjarane. ”Folk bur i kommunane og er gjest på sjukehuset” var det ein som sa. Det er eit godt bilete på dette, seier Kvinnsland.

Fleire eldre Vi vil få fleire eldre med samansette sjukdommar, og stadig auke i talet på pasientar med til dømes rus, kreft og psykiske lidingar vil krevje mange og vanskelege val i åra som kjem. – Dette krev knallhard prioritering. Ressursane til helsevesenet greier aldri å halde tritt med forventningane hos innbyggjarane. Vi kan aldri gjere alt som alle forventar, seier Kvinnsland.

Rett kompetanse

Han fortel at om ti år vil vi ha svært mange 70-åringar, og om tjue år er denne gruppa blitt 80 år. Demens og andre sjukdommar som rammar den stadig aukande eldre delen av befolkninga vil auke. Det same vil livstilsjukdommar som skuldast røyking, alkohol og overvekt. Infeksjons­ sjukdommar vil det bli færre av ifølgje Paludan.

Fleire psykisk sjuke Psykiske lidingar aukar i befolkninga, både alvorlege lidingar som psykose og schizofreni, men også mildare tilstandar som angst og depresjon. – Psykiske lidingar er ofte kostbare for samfunnet. Desse pasientane lever lenge med sjukdommen sin samanlikna med for eksempel alvorleg kreftsjuke eller andre med kortare leveutsikter, forklarar Paludan.

for seg utfordringar når det gjeld lokalisering. Danmark er i gang med nedlegging av små sjukehus, det skjer både av økonomiske og medisinskfaglege grunnar. – Ny teknologi vil først og fremst gjere det enklare å behandle pasientar over lang avstand. For dei som bur til dømes i Nord-Noreg er dette eit godt alternativ. Ojepengane gjer Noreg privilegert, og landet vil ha gode moglegheiter for eit godt helsevesen også i åra som kjem, meiner framtidsforskaren.

Sentraliserer spesialoppgåvene Instituttet har ved fleire høve gjort utgreiingar for dei danske helsestyresmaktene, og framtidsforskaren ser også

22

– Vi må ikkje velje bort hendene! Den menneskelege kontakten er heilt essensiell. Men vi må ha mot til å sjå med friske auge på kva for hender vi skal ha, seier Kvinnsland.Den store utfordringa innan alle delar av helsevesenet, vil vere mangelen på ulike typar helse­ personell. Det vil komme diskusjonar om kva for kompetanse som trengs, det er ikkje sikkert det er behov for høgspesialiserte fagfolk til alle oppgåvene. – Det blir viktig å spele inn til utdanningsinstitusjonane kva for behov vi har. Til dømes finst det svært få utdanningar som ligg i skjeringspunktet mellom medisin og teknikk, dette har vi stort behov for. Eg meiner også at mange utdanningsløp må endrast, seier Kvinnsland.

Pasientsikkerheit Han er også opptatt av den aukande merksemda på pasientsikkerheit. – Det er bra. Vi skal ikkje skade pasientane! Nokre gonger går det galt uansett kva vi gjer, mange behandlingar har ein risiko ved seg. Men mykje kan likevel førebyggjast, og openheit om arbeidet med å auke pasientsikkerheita vil vere viktig i åra som kjem. Heldigvis går det bra i dei aller fleste tilfella. Vi greier å gjere det beste for pasientane, stiller diagnosen og gir ei skreddarsydd behandling med minst mogleg biverknader, då er det fantastisk å jobbe på eit sjukehus. Og det er mogleg å gjere dette endå betre. Det er dette som er drivkrafta for å planleggje for framtidas sjukehus!

Treng generalistar Kvinnsland presiserer at han ikkje er imot den aukande spesialiseringa innan mange felt, den er heilt naudsynt med den rivande utviklinga som er innan medisinen.

23


– Eg har lært for livet, seier Elin Hansen (til venstre) som dei siste åra har kjempa seg tilbake til kvardagen og arbeidslivet. Oppskrifta har mellom anna vore kurs hos Eva Helen Svendsen ved Bjørgvin DPS.

– Mange av mine pasientar får stadig høyre at dei skal smile til verda, så smiler verda tilbake. Slike tankelause kommentarar er både sårande og krenkjande for den sjuke, forklarar Svendsen. Kursa tek tak i problem som psykisk sjuke ofte har felles, og gjev dei verktøy til å bryte mønster og meistre kvardagen. Jobben må dei gjere sjølve. Det er som å lære eit nytt språk. Resultat krev innsats.

Alt blei svart

Med stø kurs mot håpet Psykiatriske pasientar blir no sendt på kurs med stort hell. Her lærer dei seg meistringsstrategiar. Kjensla av å lukkast med noko i løpet av dagen er sjølve nøkkelen til betre psykisk helse. Tekst: Silje Midttun, foto: Silje Robinson

For fire år sidan låg Elin Hansen i senga si og hadde angst for at ho aldri skulle kome seg derifrå. Etter mange infeksjonar og mykje stress, hadde ho fått den omdiskuterte diagnosen ME tre år tidlegare, og opplevde at kroppen kollapsa. Til slutt var ho sengeliggjande, fullstendig avhengig av andre. Kontakten med venene forsvann gradvis og ho var fanga i energislukande grubling som gav næring til angsten. Ho hadde angst for å hamne på sjukeheim som pleiepasient, og etter kvart tok

også ein sterk dødsangst eit klamt tak i henne og blei altoppslukande. – Når du har vore isolert og levd på sida av samfunnet lenge, føler du deg ekstremt utanfor og aleine, fortel ho stille. – Utanfor storsamfunnet, men også utanfor i ditt eige nettverk og i din eigen familie, utdjupar 35-åringen. Det er tøft å prate om dei tunge åra då ho følte seg som ei byrde. – Du mister tilliten til din eigen kropp, til dine

24

eigne evner – ja, til heile deg.

Einsemd Lågt sjølvbilete og einsemd er eit problem for mange psykiatriske pasientar. – Menneske som har opplevd tap og store belastningar trekkjer seg gjerne tilbake og har mindre energi og initiativ til å ta kontakt med andre. Einsemda er ofte påtrengjande, fortel psykolog­ spesialist Eva Helen Svendsen ved Bjørgvin DPS.

Psykologspesialist Eva Helen Svendsen ved Bjørgvin DPS har hatt stort hell med å bruke kurs i behandlinga av psykiatriske pasientar.

Ho er primus motor for kurstilbodet til psykiatriske pasientar ved senteret, og peikar engasjert på at kursa er viktige på mange plan. Pasientane kjem seg ut av heimen og treff andre, dei kjenner seg igjen i andre sine historier, deler erfaringar, støttar kvarandre og ser at dei ikkje står aleine. – Dessutan er kurs noko alle tek i dag. Det er såleis lite stigmatiserande, seier Svendsen, som er svært oppteken av å byggje ned fordommar i psykisk helsevern.

Då Svein Ove kom til Eva i fjor var han djupt deprimert. Hovudet var sprengt av destruktive tankar. Meir enn ein gong hadde han lurt på om han orka å leva vidare. Meir enn ein gong hadde han nesten sett punktum. Så då han sette seg i ein av dei turkise stolane på Eva sitt kontor var han i grunnen berre ute etter at ho skulle vri om på ein brytar slik at han kunne gå ut att som ein fiksa mann. – Eg er ikkje fiksa, vedgår han. – Det går opp og det går ned, men eg har fått mange reiskap som eg bruker til dagen. Nedturane er ikkje så djupe og skumle lenger, fortel han. Det var eit samlivsbrot som knekte Svein Ove. Familien hadde vore fokuset i livet hans. No kjendes det som han stod aleine og ribba tilbake. Kjærleikssorga overmanna han, i tillegg kom økonomiske vanskar som førde til at han måtte ta ein ekstra deltidsjobb på toppen av ei full stilling. Alt gjekk i svart. Svein Ove deltok på kurs i mindfulness parallelt med at han fekk intensiv samtaleterapi. Det opna ei ny verd. No mediterer han dagleg. Det set ned turtalet og får han til å bli til stades her og no, leggje grublinga bort og våge å håpe. Håpe på betre dagar.

Ber håpet Psykologspesialist Svendsen ser på kursa som ei investering i deg sjølv som aldri kan falle i verdi.

25

– Det er like enkelt som at du skal ta surstoffmaska på deg sjølv før du hjelper andre, seier ho. – Når du opplever meistring i kvardagen, vil det tenne håpet på ny. Håpet er heilt avgjerande, men eit menneske som er mørklagd av depresjon gløymer at ho har eit medfødd potensiale og ein medfødd livsgnist. Då er det mi viktige oppgåve å bere håpet for pasientane til dei klarer det sjølve, forklarer ho. – Det er ein fantastisk jobb å hjelpe folk på vegen. Rørande, seier Eva Helen Svendsen med djupt engasjement. I dag ber Elin Hansen håpet sjølv. Men det tok tid. Og det var hardt arbeid. Både fysisk og psykisk. Ho har trena seg forsiktig opp igjen saman med fysioterapeut, parallelt med at ho har delteke på tre kurs ved Bjørgvin DPS gjennom dei siste åra og samstundes fått individuell terapi.

– Eg har lært for livet Gradvis har ho teke opp igjen kontakten med venene. Ho er kvitt grublinga og har fått verktøy til å meistre angsten. Og med skrekkblanda fryd har ho teke det første skrittet ut i arbeidslivet igjen. – Eg er på veg opp og fram, seier ho spøkefullt.

kurs som behandling • Bjørgvin Distriktspsykiatriske senter (DPS) har sidan 2005 drive kurs for psykiatriske pasientar, og tilbyr kurs i Meistring av belastning, sjølvhevding og mindfulness. • Kursa er eit supplement til anna behandling. • Felles for pasientar innanfor psykiatrien er at dei ofte har mista kjensla av meistring i kvardagen. Derfor står meistring i fokus. • I 2011 deltok 121 pasientar og pårørande på kurs ved Bjørgvin DPS.


Internasjonale kollegaer på Haukeland: Yadira R.A. Halden frå Cuba på Sterilsentralen (øvst) og klinisk ernæringsfysiolog Jenny Hernæs frå Sverige.

Eg las norsk 18 timar i døgnet

Ein fot i begge kulturar

Kahtan Al-Azawy

– Språket kan aldri bli det same når du kjem til eit nytt land som vaksen, men det er ei utfordring ein må ta på alvor, seier avdelingsdirektør Kahtan Al-Azawy frå Irak ved Lungeavdelinga på Haukeland.

Ei dramatisk avgjersle under Golfkrigen i 1991 skulle føre Kahtan Al-Azawy (47) frå Irak til direktørjobb på Haukeland. Der jobbar han saman med folk frå heile verda. Tekst: Anne Christine F. Olsen, foto: Eivind Senneset

På den tida var han 27 år gamal, ferdig med medisinstudiet og jobba som turnuskandidat ved sentralsjukehuset i Baaquba, omlag seks mil nord for hovudstaden Baghdad. – Eg bestemte meg brått for at eg måtte komme meg vekk, og fekk hjelp til å flykte nordover til Tyrkia, fortel Kahtan Al-Azawy. I seks dagar var han på flukt, stort sett til fots i dei kleda han hadde på seg då han drog.

Rømde til Tyrkia – Den sjette dagen gjekk eg saman med fleire då vi blei stoppa av tyrkiske spesialstyrkar berre nokre få kilometer frå ein flyktningleir i Tyrkia, fortel Al-Azawy. Han klarde å rømme frå soldatane, og kom seg til flyktningleiren søraust i Tyrkia. Der melde han seg som frivillig for Sameinte Nasjonar (SN), og jobba som lege blant 10 000 flyktningar i nærmare eitt år. – Etter kvart skjønte eg at det ikkje var mogleg

for meg å reise tilbake, men at det var på tide å kome seg vidare.

i ferd med å ta fagbrev i tekstilreinhald saman med tre andre kollegaer.

Frå song til tang

Valde Noreg

På sterilsentralen på Haukeland sit Yadira R.A. Halden frå Cuba og sorterer sakser, skalpellar, tenger og anna utstyr som skal steriliserast før nye operasjonar. Ho er eigentleg utdanna musikk­ ­­pedagog, men har jobba på Haukeland sidan 1999. – Eg gjer mykje forskjellig, lærer mykje nytt, så det er kjekt å jobbe her, seier ho. I etasjane under sterilsentralen på Haukeland held vaskeriet til, og her jobbar tilsette frå 18 nasjonar. Dei vaskar mellom 10 og 11 000 kilo med tøy kvar dag, og det blir svimlande 2645 tonn tøy på eit år. – Vi er heldige, for vi får reint arbeidstøy kvar dag, spøker vaskeriassistent Sadeta Sahbegovic frå Bosnia. Etter snart 13 år på vaskeriet er ho

Som alle dei andre flyktningane i leiren blei også Kahtan Al-Azawy intervjua av uttakskommi­ sjonen i SN om kor han helst ville dra. Valet sto mellom Australia, Canada eller Noreg. – På den tida var det arbeidsløyse blant legar i Australia og Canada, så valet blei enkelt. Det måtte bli Noreg for meg. Ein av dei siste dagane i mars i 1992 landa han saman med kona på Flesland. Vel framme i Bergen flytta det unge paret inn på asylmottaket ved jernbanestasjonen. Det første året brukte han på å lære seg norsk. – Eg las norsk 18 timar i døgnet. Du må kjenne språket for å kunne bidra, meiner Kahtan Al-Azawy. Innsatsen for å lære seg det nye språket, gav gode resultat. Trass i at norsk ligg langt frå morsmålet arabisk, fekk han svært gode

26

karakterar på norskeksamen, og han bestod også fagprøven. Med papira i orden forventa han at tilbod om jobb skulle kome av seg sjølv gjennom eit brev i posten. Etter kvart skjønte han at det norske systemet var slik at han sjølv måtte søkje arbeid. – Eg sende 65 jobbsøknader til sjukehus i heile Noreg, men fekk ikkje eit einaste positivt svar. Difor oppsøkte eg Haraldsplass og Haukeland, og fekk etter kvart jobb på Haukeland.

I godt selskap På Haukeland er Kahtan Al-Azawy i godt selskap med kollegaer frå 35 nasjonar, mellom anna svenske Jenny Hernæs på avdeling for klinisk ernæring. På spørsmål om kvifor ho busette seg i Noreg, svarer ho kort og kontant: – Ein kar! Og han er eg gift med i dag, ler ho. Haukeland har vore arbeidsplassen hennar dei siste åtte åra.

– Det var for mange svenskar i Oslo, så eg søkte meg til Bergen. Det er tilfeldig korleis livet blir, men eg er utruleg fornøgd med at eg kom hit, summerer ho opp.

norsk som irakisk. Det er så mykje som skjer med eit menneske gjennom eit liv, og eg har ein fot i begge kulturar. Det er ikkje noko du vel, det berre blir slik.

Tilbake til utgangspunktet Etter sin første jobb på Haukeland fekk Kahtan Al-Azawy nye jobbtilbod andre stader i landet, og han flytta frå Bergen. Men i 2002, ti år etter at han kom til sitt nye heimland, var han tilbake i vestlandshovudstaden og klar for ny jobb på Haukeland. Denne gongen som seksjonsoverlege ved Lungeavdelinga, avdelinga han i 2008 blei øvste leiar for. Avdelingsdirektøren er ikkje i tvil om kva som er det beste ved livet i Noreg. – Her har ein fridomen til å gjere det ein vil. Å oppleve slik fridom er ikkje sjølvsagt. – Etter alle desse åra, føler du deg mest som irakar eller nordmann? – I mange samanhengar føler eg meg like mykje

27

Haukeland som inter­ nasjonal arbeidsplass: Med tilsette frå 35 ulike nasjonar er Haukeland universitetssjukehus ein internasjonal arbeidsplass. Sjukehuset har rundt 12 000 tilsette, men har alltid behov for dyktige fagfolk innan dei fleste helsefaglege områda. Om du kunne tenkje deg å jobbe på Haukeland, kan du sjå ledige stillingar på helse-bergen.no.


10 000 får hjelp til sjølvhjelp Visste du at Haukeland låner ut behandlingshjelpemiddel til nærare 10 000 pasientar kvart år? Av: Anne Christine Olsen

– Vi ser at dette er svært nyttig for mange pasientar. Både fordi dei får større kontroll over eigen sjukdom, og fordi det førebyggjer at dei må leggjast inn på nytt. Når vi kan leggje forholda godt til rette for pasientane heime, aukar det tryggleiken deira. Pasientane kan gjere meir sjølve, og dei treng ikkje bruke tid på å gå så ofte til lege, seier Gunn Krogenes Larsen.

Samhandling Krogenes Larsen leier Seksjon for behandlingshjelpemiddel som blei oppretta i 2003 etter at Helse- og omsorgsdepartmentet vedtok at ein del behandlingshjelpemiddel skulle bli overført frå Hjelpemiddelsentralen til helseføretaka. Seksjonen har eit stort lager med blant anna infusjons- og insulinpumper, forstøvingsapparat, heimerespiratorar og oksygenflasker som pasientar kan låne med heim.

Med livet på ryggen Kvar kveld må Per Storm Torjussen (59) ta på seg sekken frå sjukehuset. – Utan den hadde eg ikkje overlevd, seier han. Tekst: Anne Christine F. Olsen, foto: Eivind Senneset

Mange i min situasjon ville nok vore innlagde på sjukehus

Per Storm Torjussen

Sekken han har lånt frå sjukehuset inneheld ei pumpe som dagleg pumpar livsviktig næring inn i kroppen hans. – Kroppen klarer ikkje å ta opp næringsstoff frå maten eg et. Derfor må eg ha på sekken. Den held meg i live, seier Per Storm Torjussen.

Kronikar 59-åringen har levd med den kroniske fordøyelse­ sjukdommen Crohns heile livet, og blei operert første gong i slutten av tenåra. – Legane måtte fjerne overgangen mellom tynn- og tjukktarmen, noko eg levde fint med heilt fram til eg måtte fjerne heile tjukktarmen for nokre år sidan. Det var då eg fekk utlagt tarm og stomi på magen. To gonger har legane forsøkt å sy tynntarmen saman med tjukktarmen, slik at eg skulle sleppe å ha stomi, men det har vore mislykka begge gongene, seier Per Storm Torjussen.

Mørke klede Han er nøye med kva for klede han tar på seg. Dei

28

skal helst vere mørke og sitje laust rundt kroppen, så stomiutstyret ikkje blir synleg. Panikken er at stomiposen skal bli for full, eller sprekke. – Spør meg om toaletta i Bergen – eg veit kor dei er! smiler han. – Korleis er det for deg å ete? – Eg et for å vere sosial og fordi eg liker smaken. Eg kan ete som alle andre fram til eg tar på meg sekken om kvelden. Men eg må vere forsiktig. Får eg i meg til dømes ein for stor kjøtbit, så kan han proppe igjen systemet, forklarer Per Storm Torjussen. Tilfeldigvis er kona hans stomisjukepleiar. – Eg er heldig som er gift med ein stomisjukepleiar, men det er stort sett eg som ordnar opp i høve til sjukdommen. Ho er jo kona mi - ikkje sjukepleiaren min. Det er viktig.

Ventar på operasjon No ventar Per Storm Torjussen på endå ein ny operasjon for å bli kvitt stomien, og skal etter planen bli operert i vår. Medan han ventar, lever han livet så normalt som mogleg med jobb og heimebehandling. Det inneber at sekken må på kvar kveld klokka sju. Først 12 timar seinare, klokka sju om morgonen, kan han kople seg frå sekken. Då har han fått i seg næringa han treng.

Jobbar frilans – Det er vanleg å ha sju meter tarm, men hos meg er tarmen som er kopla til magesekken berre 40 centi­ meter, så tarmen er for kort til å gjere seg nytte av maten eg et. Derfor må eg fjernmatast ved hjelp av sekken, forklarer han. Tidlegare har han reist mykje i samband med jobb i legemiddelbransjen. No fartar

Daglege leveringar

Med hjelpemiddel og oppfølging frå sjukehuset, og ikkje minst ei eiga evne til å sjå moglegheiter, kan kronisk sjuke Per Storm Torjussen halde fram å jobbe medan han ventar på operasjon.

han mest frå heimen ved Mariakirka i Bergen til kontoret som ligg rett i nærleiken. Der jobbar han som frilansar – i hovudsak med omsetjing av medisinske tekstar. – Som frilansar bestemmer eg sjølv kor mykje eg kan jobbe. Eg jobbar som regel kvar dag, men har kortare dagar. Eg har valt å ha alt behandlings­ utstyret heime. Med kort avstand frå kontoret til heimen, kan eg dra heim når eg treng det.

rutinane. På fritida går han gjerne tur for å halde seg i form. Kino har han ikkje forsøkt enno, men han har ei konsertoppleving friskt i minne. – Eg gjekk på konsert, og skulle kose meg med ein øl. Men å stille seg opp ved baren med sekk på ryggen var ikkje særleg populært kan du seie. Det blei trongt, så konserten var ei lite hyggjeleg oppleving, humrar han.

Ordnar opp sjølv

Med god oppfølging og lån av utstyr frå sjukehuset, kan Per Storm Torjussen klare seg sjølv. Han er jamleg i kontakt med sjukehuset. – Eg er takksam for all hjelpa eg får. Fordi eg får låne utstyr frå sjukehuset, kan eg leve så normalt som mogleg. Mange i min situasjon ville nok vore innlagde på sjukehus eller fått hjelp frå heime­ sjukepleia. Men eg trivst med å stå opp om morgonen, ha rutinar og å vere i jobb. Å fylle livet med meining er viktig for meg.

Før Per Storm Torjussen skal opererast på nytt, må han førebu tarmen ved å halde han aktiv. Det gjer han ved å mate tarmen til faste tider fem gonger om dagen. – Eg sprøytar inn næring, slik at tarmen får noko å arbeide med, og det tar ein time kvar gong. For å seie det slik, eg har ikkje fritidsproblem, ler han.

Livsviktige rutinar Alt Per Storm Torjussen skal gjere må planleggast, for han kan ikkje hoppe over dei livsviktige daglege

Dagleg køyrer to bilar ut med medisinsk utstyr, forbruksvarer og ernæring til barn, vaksne og eldre i heile Helse Bergen sitt område. På denne måten får dei hjelp til å hjelpe seg sjølve etter at dei har vore innlagde på sjukehus eller besøkt poliklinikk. Sjåførane tek også med seg medisinsk-teknisk utstyr i retur for reingjering, vedlikehald eller reparasjon. – Vi har tilsette med brei fagkunnskap som kan kome på heimebesøk eller gi opplæring i bruk av hjelpemidla. Vi skal vere eit bindeledd mellom pasient, avdelingar ved sjukehuset og den kommunale heimetenesta, seier Gunn Krogenes Larsen.

Får god oppfølging

29

Dette er Crohns sjukdom (Morbus Crohn): Ein kronisk betennelsessjukdom i fordøyelseskanalen. Det mest vanlege er betennelse i overgangen mellom tynn- og tjukktarm. Du kan lese meir på www.helse-bergen.no.


Nest størst på forsking

Forsking og innovasjon:

– Best på noko, skal bli betre på alt – Vi satsar på forsking for å bidra til at pasientane våre skal få den aller beste behandlinga som finst, seier forskingssjef Ernst Omenaas i Helse Bergen.

Jubilerer heile året

Tekst: Camilla Crone Leinebø, foto: Øyvind Blom

– I dag er vi svært langt framme innan tradisjonell medisinsk forsking, som til dømes hjarte- og lunge­ sjukdom, diabetes, nevrologi, medisinsk genetikk og alle variantar av kreftsjukdommar. Innan fleire av desse er vi ikkje berre best i Noreg, men òg konkurransedyktig internasjonalt. Det er vi stolte av og det skal vi fortsette med, seier Omenaas.

Nye forskingsområde Forskingssjefen trekkjer likevel fram behovet for å bli betre på fleire nye forskingsområde som framleis er unge i norsk samanheng. – Eit viktig stikkord her er pasientnær, klinisk forsking. Vi treng fagfolk som er dyktige til å bruke eksisterande forskingsresultat. Dei skal utvikle system for korleis vi vil prioritere ulik behandling, slik at vi tilbyr effektiv og trygg behandling til pasientane våre. Det krev kunnskapsbasert og akademisk tilnærming for

Visste du at Haukeland universitetssjukehus står for nær ein femtedel av all helse­forsking i Noreg? I fjor hadde forskingsmiljøet på Haukeland universitetssjukehus 561 publi­serande forskarar som publiserte 515 vitskapelege artiklar. I 2011 blei det gjennom­ ført 23 doktorgrader med vesentleg bidrag frå Haukeland. Berre Oslo universitets­ sykehus har større forskingsaktivitet innan medisin- og helsefag. Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene til sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.

å vite korleis vi skal prioritere for å få meir helse ut av helsekronene, fortel Omenaas. Han meiner det er her dei største utfordringane ligg, og her fokuset skal vere framover.

Samhandling Forsking og innovasjon innan samhandling vil og bli vesentleg dei nærmaste åra. – Vi må sjå om tenestene fungerer, eventuelt vere framifrå når det gjeld å betre tenestene, seier Omenaas. – Det er takka vere forsking og innovasjon at pasient­ behandlinga vår stadig utviklar seg. Sam­arbeidet med Universitetet i Bergen er høgt verdsett. No er vi best på noko, men skal bli betre på alt. For å følgje utviklinga i samfunnet, må vi tenkje nytt for å bidra til verdiskaping og den beste behandlinga av pasientane våre.

Den 17. januar i år fylte Haukeland uni­versitetssjukehus 100 år, men feiringa held fram gjennom heile 2012. Det blir mellom anna festframsyning, open dag på sjukehuset, revy, foredrag, stands og to ulike bokprosjekt: Det eine ei portrettbok og det andre eit forskingsprosjekt om utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet med utgangspunkt i Haukeland. Under mottoet Mitt Haukeland vil både tilsette og folk flest få høve til å feire 100åringen. Eigne jubi­ leums­­nettsider og oppdatert program for jubileums­året finn du på www.helse-bergen.no.

Hjelp oss å hjelpe deg – Sjølv om vi har arbeidd mykje med pasientsikkerheit frå før, har vi potensiale til å bli enda betre. For å sikre dette treng vi litt hjelp også frå pasientane våre.

Lytteposten

Tekst: Anette Hellstrøm, foto: Camilla C. Leinebø

Har du noko du har lyst til å fortelle oss? Noko du er fornøgd med eller misfornøgd med? Då kan du kontakte Lytteposten.

Det seier pasientsikkerheitskoordinator Torhild Vedeler. Ho har som oppgåve å følgje opp innsatsområda i den nasjonale pasient­ sikkerheitskampanjen ”I trygge hender”. – For å kunne gjere sjukehusopphaldet enda tryggare for pasientane, ønskjer vi at dei har med seg skriftleg og oppdatert oversikt over dei faste legemidla sine. Problemet er særleg aktuelt hos kronikarar og eldre som ofte er i kontakt med ulike deler av helsetenesta. Oppdaterte legemiddellister kan forhindre feil ordinasjon, feil dose og feil bruk av legemiddel, forklarar Vedeler.

Dette er eit tilbod til pasientar og pårørande som ønskjer å gi ei tilbakemelding om korleis dei har opplevd møtet med sjukehuset. På den måten kan vi få viktig informasjon som vi kan lære av og bruke i vidareutviklinga av tilbodet til pasientar og pårørande.

Kontakt oss Telefon: 95 89 05 55 Telefontid Tirsdag og torsdag kl. 11-15

Lik informasjon Samstemming av legemiddel, som er eitt av fokusområda i kampanjen, handlar om at sjukehuset, fastlegen, heimetenesta, sjukeheimen, pårørande og pasienten skal ha lik informasjon om dei faste medisinane pasienten brukar. I dag manglar tekniske løysingar og rutinar for å sikre at medisinlista til pasienten er oppdatert.

Besøksadresse Kontor i gangen som går ut ved Narvesen i Foajeen i Sentralblokka på Haukeland.

Postadresse

Nye satsingsområde Forsking og innovasjon i samarbeid med Universitetet i Bergen gjer at pasientbehandlinga på Haukeland stadig utviklar seg.

I 2011 har det i pasientsikkerheitskampanjen vore særleg fokus på ”Trygg kirurgi”, men i løpet av 2012 vil enda fleire innsatsområde bli introdusert. – Undersøkingar viser at altfor mange pasientar får skadar under sjukehusopphald. Det kan vi ikkje tolerere. Mange av desse skadane kan bli unngått ved å auke fokus ytterlegare på pasientsikkerheit. Døme på nye tema i år vil vere behandling av hjerneslag, tvang i psykiatrien, førebygging av infeksjonar i sentrale vene­kateter (CVK) og førebygging av liggjesår, fortel Vedeler.

– For å gjere sjukehusopphaldet enda tryggare for pasientane, ønskjer vi at dei har med skriftleg og oppdatert oversikt over dei faste legemidla sine, seier pasientsikkerheits­ koordinator Torhild Vedeler.

Bli blodgivar i dag Er du frisk, over 18 år og veg meir enn 50 kg? Då kan du melde seg som blodgivar og vere med på å redde liv. Blod er ein viktig del av akuttberedskapen og behandlinga i sjukehuset. For å skaffe nok blodkomponentar er det behov for blodgivarar. I dag er rundt 10 000 personar i Hordaland blodgivarar. Det er for lite til at beredskapen skal vere god nok.

Sjukehuset treng blod og ønskjer fleire blodgivarar. Foto: Øyvind Blom

30

31

Lytteposten v/Kommunikasjonsavdelingen Haukeland universitetssjukehus 5021 Bergen

Epost lytteposten@helse-bergen.no


KNOCKOUT av HJERNESLaG Hjerneslag skjer plutseleg. Lær deg symptoma: • Manglande syn på eitt auge • Manglande taleevne • Manglande kraft i arm eller bein

RiNG 113 foR

COmebaCK Ring straks om du sjølv eller andre har eitt eller fleire av desse symptoma. Du har inga tid å miste.

HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus

www.helse-bergen.no/hjerneslag 32


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.