Tema: Kreft

Page 1

Norges beste interne bedriftsblad 2007:

1

Et tidsskrift for deg som jobber i Helse Bergen

NR5 2008

Tema:

Diagnose: Kreft Angrep som medisin

s. 9

s. 3

Mopping p책 arbeidsplassen

s. 30

1


Godt

teamarbeid Å gi god pasientbehandling krever godt teamarbeid. Denne utgaven av Hospitalet viser noe av bredden i dette. Redaksjonen har valgt kreft som tema, og disse pasi­ entene er avhengige av at mange yrkes­ grupper fungerer sammen som et team. Å få kreft er forbundet med voldsomt alvor, det ligger en skjult trussel i ordet kreft. Men det gledelige er jo at utsik­ tene for kreftpasientene blir stadig bedre. Mulighetene for å leve videre etter endt kreftbehandling har bedret seg dramatisk på noen tiår. Dette skyldes ingen enkelt­ faktor. Folkeopplysning, befolknings­ undersøkelser, mer radikal behandling, bedre behandlingsmetoder og sikrere diagnostikk har i sum ført til at ordet kreft ikke lenger har like mye klang av en dødsdom som tidligere. Endringer i behandling har også ført til litt mindre ubehag for pasientene, for eksem­ pel mer presis stråling. Og mange kirur­ giske inngrep er blitt enklere. Det er ikke mange årene siden brystkreftpasienter lå på sykehus i 10 dager i forbindelse med operasjonen. I dag skjer dette som dag­ kirurgi, og resultatet, det er vel så bra i dag. Også innen lindrende behandling er det blitt mye bedre, både som del av behand­ ling og som bidrag til å gjøre avslutningen på livet bedre for de vi ikke greier å kurere. Kreftpasientene på Vestlandet blir godt ivaretatt, kvaliteten på behandlingen er fullt på høyde med andre store sykehus og faktisk bedre på enkelte områder. Kreftforskning er en viktig forutsetning for kvaliteten, og forskningen som drives her er også på svært høyt nivå. Kreft er dessuten ett av seks satsnings­ områder i strategiplanen for Helse Bergen de neste fire årene. Ikke fordi det

2

står dårlig til på feltet, snarere tvert imot, men fordi vi vet at utviklingen går mot en kraftig vekst i antall mennesker som får kreft. Skal vi greie å ta godt vare på alle disse pasientene, må vi forberede oss. Kreftpasienter finnes på en rekke avdel­ inger i dag, og en god behandling krever samarbeid mellom mange yrkesgrupper, slik reportasjene i dette Hospitalet viser. Men teamarbeid gjelder for alle pasienter, uansett diagnose. Selv for de pasientene som er en kort tur innom en poliklinikk og kanskje bare treffer en sykepleier og en lege. Noen har sendt ut innkallingsbrevet, noen har sørget for at sterilt utstyr ligger klart til bruk, noen har skiftet lys­pærene på venterommet, noen har vasket gangene, noen har analysert blodprøvene o.s.v. Listen over alle små og store opp­ gaver som må utføres er uendelig lang. Det er så lett å glemme. Teamet som sikrer god pasientbehandling består av mer enn leger og sykepleiere. ”– Alt handler om mennesker” er mottoet vårt. I denne sammenhengen betyr det at vi skal ha de rette menneskene på rett plass - i alle yrkesgrupper. Den dyktigste kirurg er avhengig av at en dyktig renholder har sørget for at operasjonssalen er rengjort slik den skal. Vi er alle del av teamet, og vi er alle på jobb av en eneste grunn: Å bidra til at pasientene våre blir behandlet og ivaretatt på best mulig måte.

Redaksjon

Linda Hilland Redaktør / journalist

Ragnhild D. Olsen

Mona Høgli

Journalist / foto

Ansvarlig redaktør

Ole-Chr. Amundsen

Hilde S. Meling

Grafisk / foto

Journalist

Vi i redaksjonen håper du er fornøyd med Hospitalet. Men for at vi skal kunne lage et godt internblad, er vi avhengig av å få vite hva dere lesere synes. Send ros og ris og tips til gode saker til info@helse-bergen.no eller som brev til Kommunikasjonsavdelingen. God lesning!

Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli Redaktør: Linda Hilland Redaksjon: Linda Hilland, Ragnhild Dårflot Olsen, Ole-Christian Amundsen og Hilde Sander Meling E-post: info@helse-bergen.no Telefon: 55976000 Grafisk design: Ole-Christian Amundsen Annonsesalg: Cox Bergen Trykk: Grafisk formidling Opplag: 7.000

Administrerende direktør Stener Kvinnsland

© Kommunikasjonsavdelingen, Helse Bergen 2008


p m a Til k mot psyken

til ü ta e r la k r e t r r og Robe kamp. e f f o t s i r h im, Egil, C r. I sesongens siste K , r a v d d O rste sige ø f s n e g n seso

3


Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Linda Hilland

Psykiatri Alliansen er eit fotballag for menneske med psykiske problem. Bedriftslaget har eksistert i to år, har om lag 20 aktive medlemmer og spelar i 7.divisjon . Om det er med suksess eller ikkje, kjem an på auga som ser. – Sesongen 2007 vann vi éin fotballkamp. Det sportslige målet for 2008 sesongen er å vinne to, fortel Per Nilssen. Han er sjukepleiar ved DPS-klinikken Knappen­ tunet, og ein av to lagleiarar. – Men kanskje er det siger nok å klare fotballtreninga kvar veke, legg han til. No ønskjer eldsjelene bak laget å formalisere aktiviteten og skape Noreg sitt første brukarstyrte idrettslag

E

nno er kampropet ei lita stund fram i tid. Ti minutt for å vere nøyaktig. Spelarane på Psykiatri Alliansen er noko seint ute til sesongavslutninga på Slettebakken denne haustkvelden i oktober, og hastar inn i garderoben like før kampstart. Ein kamp dei må vinne for å gjere det betre i årets serie enn dei gjorde i fjor. – Viss vi vinn i dag har vi ein siger og ein uavgjort i år. Då er vi betre enn i 2007, med ein siger og resten tap, fortel Robert. Han er toppskårar med fire mål. – Robertino, spøkar Oddvar Fosså, som driv laget saman med Per. Han jobbar som ergoterapeut i Fyllingsdalen Bydel.

S

jølv spelar Odd­­var inga rolle. Det er i alle fall det svaret han gir når vi spør kor på banen han held til. – Eg spelar der det passar meg å spele, smiler han. – Vi spelar det vi kallar total fotball, slik nederlandske Ajax gjorde på 80-talet.

I

følgje Per det mange menneske med psykiske lidingar som ønskjer å drive med idrett. Problemet er at dei ikkje klarar å nytte seg av dei etablerte tilboda slik dei er organisert i dag. – Kravet til deltaking og prestasjon blir fort for stort, seier Per. Utgangspunktet for Psykiatri Alliansen var ei aktivitetsgruppe som spelte fotball under Psykiatritenesta i Fyllingsdalen Bydel i Bergen Kommune. Per dags dato fungerer laget som eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunen. – Vi har søkt midlar frå Helse og Rehabilitering, fortel Per. – Målet med prosjektet er å legge til rette for organisert aktivitet slik at personar med psykiske lidingar sjølve skal kunne organisere, drive og delta i idrett.

Eg spelar der det passar meg å spele.

Trass i dårleg tid og høgt prestasjonspress, er stemninga i garderoben overraskande lite stressa.

4

Oddvar og Per er spelande trenarar.

M

en først handlar det om dagens kamp. Total fotball eller ikkje, lagleiar Per har likevel ein plan. Fram frå lomma kjem masterdokumentet. – Kristian i mål, instruerer

han. – Eg og Kim og Egil i forsvar. Oddvar, Kristoffer og Robert framme. Spelarane trekker mot døra, konsentrerte i blikket. Unntatt ein. Seks minutt før kampstart har Robert enno ikkje fått

Kim nyttar minutta på sidelinja til å oppdatere seg på stillinga i kampen Molde-Brann. på seg leggbeskyttarane. Då må sjølv toppskårarar tole mas frå trenaren. – No Robert, må du bevise at vi mannfolk kan gjere to ting på ein gong, formanar Oddvar. – Snakke med kvinnfolk og kle på oss samtidig.

V

i er på bana, der Ringnes alt har varma opp lenge. Dei ser uforskamma unge og spreke ut. – Dei fleste laga vi møter består av sånne 20-åringar, konstaterer Per. – Vi får skambank. Dagens eldste spelar på Psykiatri Alliansen er Kåre (59). Han har spelt fotball så å seie heile livet. – Angrep og midtbane, nikkar han. – Før spelte eg 5. divisjon med Telavåg. At det er langt mellom sigrane med Psykiatri Alliansen, er ikkje så nøye. Her er faktisk det viktigaste å delta.


Psykiatri

– Vi har tapt 15-0, og vi har spelt uavgjort. DĂĽ vi klarte uavgjort var vi sĂĽ glade at vi hoppa, fortel Per. – Det ĂĽ førebu seg til kamp er ei veldig normal kjensle. Vi snakkar ikkje sjukdom her, understrekar han. For nokon er fotballaget den einaste sosiale arenaen dei har. – BĂĽde auka kroppsbehersking, betre fysisk form og eit sosialt nettverk vil kunne bidra til ĂĽ styrke sjølvbildet for dei som deltar, seier Per.

P

sykiatri Alliansen sitt høgst originale kamprop; â€?Ein to tre - gonorĂŠ gonorĂŠ

gonorĂŠâ€? ljomar over Slettebakken. Like før avspark røper mĂĽlmann Kristian dagens taktikk: Ă… avgrense nederlaget. – Det gjeld i alle fall for meg, flirer han.

I

haustmørket pĂĽ fotballbanen blir det fort travelt for keeperen som eigentleg ikkje skulle vere med. Men han følgjer taktikken, og saman med godt spel av lagkameratane er stillinga berre 2-1 til pause. Robert har vist kvifor han er toppskĂĽrar. I pausen handlar det om ĂĽ snu kampen. Ikkje minst fordi Ringnes er ein mann mindre. – Det mĂĽ vi jo merke etter kvart, meiner Robert. – Vi tar dei pĂĽ kondisen, seier Per. Latteren rungar.

Fire mĂĽl seinare er kampen over. Psykiatri Alliansen mĂĽ sjĂĽ seg slĂĽtt 4-3, men kjempar tappert heile vegen. Oddvar kan sørgje for uavgjort i siste minutt, men skotet smyg utanfor. – Ai ai ai, ropar Kim. – Du har god tid Oddvar! Sjølv om det blir tap, er bĂĽde trenarar og spelarar fornøgde. – Det gjekk bra i dag, seier Oddvar. – Beste sĂĽ langt i ĂĽr, meiner Kim. – Bra jobba, oppsummerar Per.

O

g kanskje er spelarane pü Psykiatri Alliansen vinnarane uansett. Viss den største gevinsten er fysisk aktivitet pü ein trygg arena. Der sjukdommen ikkje eingong nür innbytarbenken.

20 % hos ta

20 % ansatte-rabatt hos tannlegen

4ANNLEGE PROSE TANNLEGE FRA ARBEI TANNTEKN GITT Pk AL KLINIKKER

4ANNLEGEHUSET GIR DEG Nk PROSENT žAT RABATT Pk ALL TANNLEGEBEHANDLING BORTSETT FRA ARBEID SOM INKLUDERER TANNTEKNIKKER 2ABATTEN VIL BLI GITT Pk ALLE 4ANNLEGEHUSETS TRE KLINIKKER 4A KONTAKT MED EN AV VkRE TRE KLINIKKER ,ANDkS .ATTLANDSVEIEN $ 4LF

6OSS 5TTRkGT 4LF

.ORHEIMSUND 3ANDVENVEIEN 4LF

4A KONTAKT

,ANDkS .ATTLANDSVEIEN 4LF

WWW TANNLEGEHUSET NO

5


Kjell (67):

Kreftpasient 7. februar får Kjell Kristoffer Stigen (67) beskjed om at han har ein kreftsvulst i endetarmen. – Meldinga kom som eit hardt slag i ansiktet. Eg følte meg tung og tom. Vil eg overleve dette? Kva skjer med livet mitt no?

Ein av tre vil i løpet av livet få diagnosen kreft. I dette nummeret av Hospitalet følgjer vi kreftpasienten si reise gjennom Haukeland Universitetssjukehus, eit av Noreg sine største kreftsjukehus.

6


TEMA

Kreft

Tekst: Linda Hilland og Ragnhild D책rflot Olsen Foto: Ole-Christian Amundsen

7


Symptom Fastlege

symptoma

– Blod i avføringa. Det var slik det starta i fjor haust. I tillegg gjekk eg unormalt mykje på do. Fastlegen slo fast at det var unormalt, men meinte det ikkje var nødvendig å gå til spesialist med det same. Han sa vi måtte sjå det an litt, og gav meg noko som skal hjelpe mot magetrøbbel. Men ting vart ikkje betre for Kjell K. ­Stigen. Snarare tvert i mot. – Det toppa seg då vi var på ferie i S ­ pania utpå nyåret. Eg ringte fastlegen min frå Tenerife 28. januar og bad han bestille time til meg hos ein spesialist.

på mobilen. Kjell trykker fram eit bilde av endetarmen som er tatt i samband med endoskopiundersøkinga. Noko raudt og ubestemmeleg tyt på ein måte ut av ­tarmen. – Ser du, der er kreftsvulsten, seier Kjell, før han klagar over luftsmerter i magen. Kreft i tjukk- og endetarm, også kalla ­kolorektalkreft, er samla sett den hyppig­ aste kreftsjukdommen i Noreg om ein ser kvinner og menn under eitt. Om lag 26.000 nordmenn har fått denne diagno­ sen. I 2006 vart det diagnostisert 3453 nye tilfelle. Noreg har no høgast førekomst av tarmkreft i Europa. Menn og kvinner blir ramma omtrent like ofte. Hovudsymptom er blødingar, men sjukdommen kan også oppdagast på grunn av smerter og end­ ringar i avføringsvanar, som hos Kjell.

Det er mest sannsynleg kreft.

– Det er mest sann­ synleg kreft, sa spesialisten etter ei endoskopiunder­ søking 7. februar. – Eit slag i trynet. Eg kjørte heim att til Bø­ nes med hundre spørsmål i hovudet. Kva vil skje med meg no?

Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift Stråling Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Kreftbehandling

Dei første

FAKTA

KREFT

• Kreft er eit samlenamn på ulike sjukdommar som startar med ukontrollert celledeling. • Kreft kan oppstå i alle delar av ­kroppen. • Det kan ta opptil 20 år frå ein feil ved celledelinga skjedde første gong til ein svulst er stor nok til å bli opp­ daga. Andre gongar går utviklinga raskt. • Vondarta svulstar består av kreft­ celler. Desse kreftcellene veks en­ keltvis eller som fingerliknande ut­ vekstar inn i normalt vev. Kreft­celler kan spreie seg utover i ­kroppen dersom dei ikkje blir behandla. • Dersom kreftcellene blir transport­ ert med blod- eller lymfesystemet, kan det dannast dottersvulstar heilt andre stader i kroppen enn der dei oppsto. Kreft som har spreidd seg til fleire organ gir dårlegare leve­utsikter enn ein liten, lokalisert svulst.

Kjell ligg i senga si på Kirurgisk post 1 nord, i 4. etasje i Sentralblokken på Hauke­land. Han deler rom med tre andre pasientar. Ved sidan av senga står raude roser, eit pappbeger for oppkast og nye kvite sjukehusklede. Ute har trea skifta farge. Det er haust. – Vil du sjå bilde av svulsten? Eg har bilde

– Kvifor Noreg har høgast førekomst i ­Europa veit vi ikkje, men faktorar knytt til livsstil, inkludert kosthald, er med­ verkande, seier seksjonsoverlege ­Gunnar Baatrup ved Gastrokirurgisk seksjon, ­Kirurgisk avdeling.

Stadig fleire får kreft

Kreftrisikoen aukar med alder

Over halvparten overlever

I dag lever 174.000 nordmenn med ein kreftdiag­ nose. Og talet vil berre auke. Fram til år 2020 er det berekna at talet på krefttilfelle vil auke med 30 prosent. Det vil seie at nesten 31.000 nordmenn vil få ein kreftdiagnose dette året.

Risikoen for å få kreft aukar med alder. 85 prosent av krefttilfella hos menn og 75 prosent av kreft­ tilfella hos kvinner finn vi hos personar over 55 år.

57 prosent av menn og 63 prosent av kvinner med kreft er i live fem år etter at dei fekk kreft­ diagnosen sin. Det er store skilnader mellom dei ulike krefttypane. Dei siste 50 åra er sjansen for å overleve kreft dobla hos menn og auka med femti prosent hos kvinner.

8


TEMA

Kreft

P책 mobilen har Kjell K. Stigen bilete av ting han har vore opptatt av den siste tida. Blant anna den nye campingvogna og kreftsvulsten.

9


Kikkert inn

endetarmsopninga

– Mitt første møte med Haukeland var 14.februar. Undersøking og koloskopi med dr. Eriksen. Eg fekk eit instrument inn i rektum. Dei tok ut ein vevsprøve som vart sendt til undersøking. Eg såg at legen vart alvorleg i andletet då han undersøkte meg. Det såg ut som ein relativ stor kreft­ svulst. Litt mindre enn ein golfball, men han sa at ut i frå bilda såg det ut som om eg hadde kome tidleg i prosessen, seier Kjell K. Stigen. Der kreften blir stadfesta Seksjonsoverlege og kirurg Gunnar ­Baatrup vil ha pasientar til koloskopi ved den minste mistanke om tjukk- eller ende­ tarmskreft. – 95 prosent av dei som får kolorektalkreft blir kurert dersom kreften blir oppdaga på eit tidleg stadium, seier han. Koloskopi er ei undersøking som blir brukt ved mistanke om kreft eller annan tarmsjukdom, eller for etterkontroll av dei som er operert. I fjor vart det utført om lag 1700 koloskopiar ved Haukeland Uni­ versitetssjukehus. Kan sjå betennelse og svulstar – Med koloskopi kan vi fastslå om det føre­ligg sjukelege tilstandar i slimhinna, for eksempel betennelsestilstandar, god­ arta og vondarta svulstar. Og om nød­ vendig tar vi vevsprøvar, som hos Kjell, forklarar Baatrup. Koloskopi blir også brukt ved etter­

10

Bilde frå innsida av pasienten sin tarm kjem opp på skjermen. Seksjonsoverlege Gunnar Baatrup følgjer nøye med. – Ser du noko, spør pasienten. Sjølv vil han helst ikkje sjå.

eller bekreftast ved mikroskopi av vevs­ kontroll, som er tilfelle for pasienten som bitar frå for eksempel ein svulst eller slim­ skal til undersøking denne dagen. Han hinna. Muligheita for å kunne ”knipe av” har tid­legare vore operert for kreft i tjukk­ små vevsbitar frå mistenkelige forandrin­ tarmen. gar med ei tong, gjer koloskopi spesielt – Vi har sett endringar i overgangen verdifull. ­mellom tynntarm og tjukktarm, og har – Du kan også gjere små inngrep, for mistanke om ein betennelse, forklarar ­eksempel å fjerne Baatrup. ­mindre polyppar, for­ – Eg skal sjå etter om Eg såg at legen vart klarar Baatrup. tarmslimhinna er ok. alvorleg i ansiktet. Han startar med Ein koloskopi tar vanleg­ å kjenne med ein vis mellom ti minutt og ein halvtime, og ­finger i endetarmsopninga på pasienten, denne gongen finn ikkje Baatrup noko før han fører ein fingertjukk, fiberoptisk unormalt. Då blir det heller ikkje tatt vev­ slange inn. Gjennom slangen kan han sprøve. granske innsida av heile tjukktarmen, og overføre bilde frå kroppens indre til ein – Om vi hadde tatt prøve, ville både pasi­ tv-skjerm. På førehand har pasienten fått enten og fastlegen fått beskjed om resul­ beroligande middel. tatet, seier han. Vevsprøvar og små inngrep Nokon gonger er forandringane i ­tarmen så tydelege at legen ikkje er i tvil om ­diagnosen. Uansett må den klargjerast


TEMA

Kreft

Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift Stråling Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Kreftbehandling

Symptom Fastlege

Dei avslørande bileta

Ei rivande utvikling innan bild­ediagnostikk gir i dag muligheita til å bedømme omfang av svulstvev på ein langt klarare måte enn før. Derfor har Radiologisk avdeling ei ­viktig rolle både før, under og etter kreft­ behandling. – Det eine er at vi ved hjelp av bilde­ diagnostikk kan stille diagnose, fortel overlege Dag K. Jensen ved Seksjon for gastroenterologisk og onkologisk radio­ logi. – Men når det gjeld endetarmskreft er det ikkje så ofte vi gjer det. Då blir diagnosen ofte stilt med koloskopi eller rektoskopi. Med bildediagnostikk snakkar vi om rønt­ gen, ultralyd, CT og MR. – Eg var inne på sjukehuset og tok både MR og CT. CT gjekk greitt, men eg rea­ gerte litt på MR. Ikkje noko hyggeleg opp­ leving på grunn av den høge lyden, men eg køyrte på med klassisk musikk og kom meg gjennom det, fortel Kjell K. Stigen. Ei anna viktig oppgåve radiologane har er ”staging”, altså å finne ut kor avansert sjukdommen er.

Kvar veke møtes gastrokirurgar, onkologar og radiolog for å sjå på vekas MR bilde tatt av endetarmskreft. Ut frå bilete vurderer dei om svulsten bør ha strålebehandling og cellegift før operasjonen, eller om svulsten kan opererast. starta, for å sjå om svulsten har auka – Då prøvar vi å sjå kor spreidd sjuk­ ­eller minka. Det viktigaste vi kan finne ut dommen er. Om det er direkte sprei­ då, er om behandlinga verkar eller ikkje. ing til andre organ, og om det er fjern­ Slike undersøkingar gjer vi mykje av, fortel metastasar, det vil seie dottersvulstar. ­Jensen. Når det gjeld ende- og tjukktarmskreft ser vi Med MR kan vi Den siste oppgåva Radio­ spesielt etter spreiing til lever og lymfe­knutar, gå inn snitt for logisk avdeling har i forhold til pasientar med ende- og seier Jensen. snitt og sjå kor tjukktarmskreft, er etter­ – Med MR kan vi gå inn snitt for snitt og sjå svulsten startar kontroll. – Når pasientar er ferdig­ kor svulsten startar og og stoppar. behandla og tilsynelatande ­stoppar. kvitt svulsten, kjem dei hit til jamlege kontrollar etterpå. Desse Radiologane gjer også undersøkingar i etter­kontrollane blir færre dess lengre tid ­løpet av ei behandling, spesielt av pasi­ som har gått sidan pasienten var ferdig­ entar som får cellegift. behandla. – Vi tar nye bilde undervegs og saman­ liknar med bilda vi tok før behandlinga

Fakta CT

Fakta MR

• CT står for computertomografi • CT tar ein snittbilde av kroppen ved hjelp av røntgenstråling • CT er ein kombinasjon av eit røntgenutstyr som roterer rundt pasienten og avansert datateknologi, som gjer at bilde av ­pasienten blir ”skore opp i skiver”. • For å få best muleg informasjon, gjer ein undersøkinga med kontrastvæske gjennom munn og/eller intravenøst.

• MR står for magnetisk resonans. • Ved MR tar ein snittbilde på same måte som ved CT. Men ein bruker ingen former for ioniserande stråling. • I ein MR maskin ligg pasienten i eit svært kraftig magnetfelt, og ein sender inn radio­ bølgjer for å ta bilde.

11


Overlege Heike Immervoll ved Avdeling for patologi tek vevsbitar frå eit stemmeband ut av prøveglaset. Det er mistanke om kreft.

Laboratoriet:

n e s o n g a i d e g le e Den end Kreftbehandling og ventetid – Sjølv om ventetid ikkje treng å bety prognose­ tap, veit vi at venting på kreftbehandling er noko av det pasientane opplever som mest belastande. Nokon gonger bør det vere ei planlagt ventetid, til dømes for tilheling av normalvevet mellom ein

12

operasjon og strålebehandling. Andre gonger treng ein tid til planlegging for å få til eit best mu­ leg resultat. Venting på eit operativt inngrep eller strålebehandling når alt elles er klarlagt er nok det som slit mest på pasientane. Ventetida for strå­

ling er no låg i Helse Bergen, mens ­venting på kreftoperasjonar kan vere opp til åtte veker nokon tider av året. Det er ikkje ønskeleg, seier avde­ lingsdirektør Olav Mella.


TEMA

Kreft

Prosessen frå ein vevs­prøve blir tatt ut av kroppen til prøve­ resultatet ligg klart i ein konvolutt er svært avansert. Det finst ­ingen maskin som spyttar ut prøveresul­ tatet. Svaret er ikkje noko ein får, det er noko patologane lagar etter ein lang teknisk prosess i laboratoriet.

sett med det levande livet. Mesteparten av arbeidstida til patologar som Johan Eide går med til å analysere vevsprøvar. – Patologane ved avdelinga undersøker i gjennomsnittleg rundt 535 vevssnitt per arbeidsdag. Detaljerte analysar i mikro­ skopet gir den en­ kelte kreftpasienten ei meir skreddarsydd behandling. Vi gjer ei vurdering av kvart einaste vevssnitt, og denne vurderinga kan ta frå nokre mi­ nutt og opp til fleire dagar, fortel Eide.

Detaljerte analysar gir ei meir skreddarsydd behandling.

Lagt i formalin – Vevsbiten frå pasienten sin tarm blir lagt i eit glas med formalin til fiksering, slik at vevet skal halde seg og kunne støypast inn i parafin, forklarar patolog Johan Eide ved Avdeling for Patologi. Vevsprøven blir levert til biopsilaboratoriet og registrert i datasystemet, for så å hamne i kø blant føflekkar, blindtarmar, halve levrar, nyrer, eggstokkar og bryst.

Men korleis kan ein sjå at det er kreft i eit vevssnitt? – Kreftceller har ofte unormalt store og varierande cellekjernar og lagar uregel­ messige mønster av vev som invaderer omkringliggande normalt vev og blodkar, fortel Eide. Dommen fall Det er hos patologen dommen fell. ­Nokre svar vil snu livet på hovudet for pasien­

Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT

Laboratoriet

Cellegift Stråling Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Kreftbehandling

Kreft eller ikkje? For mange pasientar er ventetida uuthaldeleg. For Kjell K. Stigen var det godt å få bekrefta det han hadde mistanke om. – Etter koloskopien følte eg at behand­ linga gjekk på skinner, seier han.

ten. Andre vil kunne pusta letta ut når dei kjem tilbake til time på poliklinikken. Ei viktig oppgåve for patologen er også å avkrefte mistanke om kreft. Kjell fekk telefon frå Haukeland 26. ­februar. – Vevsprøven var ferdig analysert. Legen bekreftar at eg har ein vondarta svulst i kroppen. Eg får vite at eg skal få stråle­ behandling og cellegift før dei opererer svulsten ut, fortel Kjell. Livet er så absolutt snudd på hovudet.

Den stivna parafinblokka blir snitta i veldig tynne snitt som blir plasserte på objektglas. Parafinen blir fjerna og vevet farga med spesielle fargar som kan for­ sterke dei mikroskopiske detaljane. Då er preparatet klart til mikroskopi. – Normal svartid for ein liten vevsprøve som hastar er to til fire dagar, mens ­normal svartid elles er om lag ei til to ­veker, fortel Eide. 553 vevssnitt per dag Sjølv om patologar ofte blir forbunde med undersøkingar av døde, arbeider dei stort

Mikroskopisk bilde som viser kreftsvulstvev utgått frå tarmslimhinna som her veks i fettvevet på utsida av tjukktarmen.

34 000 vevsprøvar Heile 34000 vevsprøvar vart tatt hand om ved Avdeling for Patologi på Haukeland i fjor. Talet på celleprøvar er omlag 53000. Det gjer Haukeland til ei av Noregs største patologiavdelingar. Her jobbar både bioingenørar, preparantar, legar under utdanning og patologar.

13


Kjell K. Stigen si cellegift vart produsert på Haukeland Sykehusapotek. Farmasøyt Judith van der Laan forventar at apoteket i løpet av 2008 kjem til å passere 18 500 posar med cellegift som vert gitt til kreft­ pasientar ved Haukeland. I 2004 var talet 5 650.

– 17. mars. Min første cellegiftkur. Eg skal inn på sjukehuset annakvar veke i tolv ve­ ker, seier Kjell K. Stigen. Han fekk ein cellegiftkur kalla Flox, som er utvikla gjennom ein nordisk forskings­ studie leia av Haukeland.

Varierande biverknader Dramatisk auke – Cellegifta var relativt grei Eg mista Den dramatiske auken i med meg, for å seie det på heldigvis løpet av dei fire siste åra den måten. Eg mista heldig­ skuldast at det tidlegare vis ikkje håret, og vart heller ikkje håret. var sjukepleiarane på ikkje kvalm. Cellegifta gjorde avdelingane som blanda avføringa større og lettare å cellegifta til pasientane. I tillegg har talet få ut. Men likevel var det tungt å gå på do på nye krefttilfelle auka. No produserer fordi det til tider gjorde forferdeleg vondt, Haukeland Sykehusapotek det meste av fortel han. cellegifta til sjukehusavdelingane. – Vi ser at det er meir effektivt å samle I følgje konstituert assisterande seksjons­ produksjonen. Dessutan hadde ikkje av­ delingane eigna lokale til cellegiftproduk­ sjon, som kan vere helseskadeleg om ein ikkje tar hand om legemidla på ein sikker måte, seier van der Laan ved Seksjon for tilsetningsservice.

Strenge krav Cellegift er eit sterilt medikament som skal setjast rett inn i blodet på pasienten. Difor er det svært strenge krav når ein skal lage til desse medikamenta. I eit eige lukka produksjonslokale i Verk­ stadbygget på Haukeland sit ei kvinne og ein mann i grøn goretex beskyttelsesfrakk og hanskar og blandar cellegiftkurar i spesi­elle sikkerheitsbenkar. For å kome inn i sjølve cellegiftrommet må ein gå gjen­ nom ei sluse. Klede og sko må skiftast. I sjølve rommet er ventilasjonen regulert slik at det ikkje skal kome luft frå produk­ sjonslokalet og ut i områda rundt. Lufta som kjem inn i rommet er sterilfiltrert.

Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet

Cellegift

Stråling Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Kreftbehandling

Giftig behandling

leiar på Poliklinikken ved Kreftavdelinga. Elisabeth Guntveit, varierar biverknadane frå kur til kur. – Det er nokre generelle biverknader, men kvart stoff har sin spesielle biverknads­ profil, forklarar ho. – Det er ikkje sånn at alle er dårlege heile tida og at alle mister håret. Nokre kurar

Før cellegifta kan gis til pasientane, må den blandast ut. Apotekteknikar Linda Tjore Baug løyser og fortynner medikamentet før bruk. Foto: Ragnhild Dårflot Olsen

Prøver ut nye medikament

Fare for infeksjonar

Dei siste åra har det kome nye medikament som gir ei meir målretta behandling og dermed mindre biverknader på friske celler. Det er dyre preparat som gjerne krev spesielle prosedyrar for utblanding. Dermed er apoteket med og gjer det muleg for avdelingane å prøve ut nye medika­ ment i kreftbehandlinga.. – Per i dag blir desse medikamenta gjerne gitt i tillegg til den tidligare standardbehandlinga. Vi får håpe at det vil kome fleire medikament i framtida som ikkje har like kraftige biverknader som nokre av dagens cellegiftkurar, seier farmasøyt Judith van der Laan.

Dei fleste cellegiftkurar påverkar produksjonen av blodcellene i beinmargen. Dette gjer at talet på kvite blodlekamar synk under normalt nivå. Vanleg­vis oppstår dette 7 til 12 dagar etter kur. Faren for infeksjonar i denne perioden er derfor større enn normalt.

14


TEMA

Kreft – Cellegifta Flox var relativt grei med meg. Eg vart ikkje kvalm, men fortare sliten og trøtt, fortel Kjell. spreiing. Ein kan også, som Kjell K. Stigen fekk, få cellegiftkurar før operasjon for at svulsten skal krympe og auke sjansen for at kreften kan kurerast. Pasientane ved poliklinikken går i ­behandling frå tre til seks månader til fleire år, men ikkje kontinuerlig.

mister du håret av, men ikkje alle. Og nokre kurar gjev meir kvalme enn andre. Vi må førebu pasienten på akkurat den ­kuren han skal ha, og dei biverknadene som er mest vanlege ved den kuren.

Flox-kuren som Kjell får, varar over to dagar kvar gong. Han unngår kvalme og hårtap, men blir slapp og uopplagt. Han rosar sjukepleiarane som gav han celle­ gifta. – Dei gjorde ein fantastisk jobb. Dei oppmuntra meg og var hyggelege. Ein av dei sat til og med overtid med meg då vi ­hadde kome for seint i gong med kuren. Dei gav seg ikkje, og dei slurva ikkje.

For å kome gjennom ei til tider tøff ­behandling passar Kjell i tillegg på å ha noko å sjå fram til. Små gledesdepot, ­kallar han det. – Å leve med kreft. Ja, korleis gjer ein det? Å sette seg ned og kjenne på sorga og alle spørsmåla er ikkje noko for meg. Eg finn livskraft ved å lage meg gledesdepot fram i tid. Planleggje campingturar med barne­ borna, skitur på Hardangervidda saman med vener. Det handlar om å heile tida ha noko å gle seg til, seier han. I tillegg handlar det om kunnskap. – Som tidligare lektor er eg ein hund ­etter kunnskap. Å få vite mest muleg om kva som skal skje, gjer meg trygg. Eg sug ­informasjon ut av kvar lege og kvar sjuke­ pleiar eg treff, og det gjer meg sikker på at eg er i trygge hender.

40 pasientar dagleg Det finst over 50 forskjellige verkestoff som kan blandast saman på ulike måtar for å få den mest effektive cellegiftkuren for kvar enkelt pasient. – Nokon kjem til behandling der målet med behandlinga er å bli frisk. Andre veit at behandlinga dei får er lindrande og livs­ forlengande, seier Guntveit. På poliklinikken kjem dagleg mellom 30 og 40 pasientar for å få behandling. ­Gamle og unge, menn og kvinner. Kvar månad blir det gitt om lag 330 celle­ giftkurar i poliklinikken. 145 av desse går til pasientar med ende- eller tjukktarm­ skreft. Cellegifter verkar ved at dei på forskjellige måtar hindrar celler i å dele seg. Kurerer seks prosent Cellegift har revolusjonert behandlinga av nokre få kreftformer, som leukemi hos barn, lymfekreft og testikkelkreft. Men alt i alt kurerer ikkje cellegift aleine meir enn seks prosent av alle krefttilfelle. Derfor blir det ofte brukt som tilleggsbehandling etter kirurgi der det er grunn til å frykte

– Eg skal ha fire cellegiftkurar, så skal eg på CT for å sjå korleis det går med kreft­ svulsten, fortel Tore Rognås. Han er på poliklinikken på Kreftavdelinga for sin tredje Flox-kur. ­Tanken er at cellegifta skal redusere svulsten før eventuell operasjon. – Etter første cellegiftkur vart eg skikkeleg dårleg, men då hadde eg i tillegg hatt ein kraftig betennelse med påfølgande antibiotika. ­Etter neste kur var eg mykje betre og no er eg nesten heilt bra.

15


Kreftsvulst under krysseld – Eg slit no. Kjell K. Stigen måtte vere ærleg då ­legen spurde korleis det gjekk etter ti dagar med strålebehandling. Strålinga starta 25. juni. Ein stråledose kvar dag, fem gongar i veka fram til 31. juli. Berre etter nokre få dagar med stråling kom ­biverknadene. – Det gjorde så frykteleg vondt. Slimhinnene i ­tarmane vart irritert av all strålinga og når avføringa gjekk i gjennom, svei det noko enormt. Det var som om eg konstant gjekk rundt med ein tennisball i ­baken. Kjell ligg i sjukehussenga på Haukeland og viser strekane han har teikna i dagboka si. Kvar strek symboliserer eit toalettbesøk. – Sjå her, 18. juli var eg på do 12 gonger. Eg måtte presse avføringa ut litt om gongen. Du må det, for den kjem stykkevis og delt. Eg kunne ikkje bevege meg utan at eg hadde eit toalett i nærleiken. Og eg skreik høgt mange gonger når eg var på do. Kjell vrir seg i senga når han tenkjer tilbake. Trass i biverknadene verka strålebehandlinga slik den skulle. Svulsten krympa. Ikkje alle har like store biverknader som Kjell. Bi­ verknader avheng ofte av stråledosen, strålefeltet og pasienten sitt individuelle reaksjonsmønster. Kurerer 25 prosent Stråling pågår. Det kvite skiltet over strålebunker­ sen lyser. Ei svak tikking kan høyrast på kontroll­ rommet. Maskinen tikkar kvar gong stråletera­ peuten ­trykker på knappen som utløyser ein dose stråling til p ­ asienten. FAKTA

STRÅLEBEHANDLING

• Strålebehandling er først og fremst radioaktiv stråling og røntgenstråling. • Som regel varer behandlinga berre nokre minutt kvar gong. Strålebehandlinga gir ingen smerter.

Stråling av ein kreftsvulst blir gjort ved at svulsten blir sett under krysseld med stråleknipper frå strålemaskina som blir vinkla i fleire retningar. Stråleterapeut Berit Hopperstad (t.v) og Ellen Marie Westvik gjer pasienten klar til stråling.

16

• I fjor fekk 1347 kreftpasientar stråling på Haukeland. Om lag 120 pasientar får stråling kvar dag, noko som utgjer 570 eksponeringar dagleg.


Fig. 1

TEMA

Kreft

Fig. 2

Stråling Fig 1: Viser eit bilete av ein pasient med kreft i prostata, der behandlinga blir gjennomført konvensjonelt med fire stråleknipper. Fig 2: Ny intensitetsmodulert behandling (IMRT) gjøre det lettare å forme strålemengda til svulstområdet enn ved konvensjonell strålebehandling. Stråleterapi kurerer 25 prosent av alle kreft­ pasientar som vert friske. Det utgjer ein vesentleg del av dei 55 prosentane kreft­ pasientar som i dag vert kurert. I tillegg er stråling av uvurderlig verdi som lindrande behandling hos nesten halvparten av dei som ikkje vert friske. Strålinga kan blant anna brukast til å lindre plagsame symp­ tom eller store smerter. Ofte blir cellegift gitt samstundes med strålebehandlinga for å forsterke effekten. Strålinga skal skade celler som er i deling. Verknaden aukar med dosen, og ved høge stråledosar vil alle typar celler kunne drep­ ast.

lingsopplegg og dose som er bestemt av lege. Går inn på oss – Vi rekk å bli godt kjent med pasientane. Skjebnen til nokre av dei går sjølvsagt inn på oss. Difor er det godt at vi jobbar i team på fire og bruker kvarandre som samtalepartnarar, seier stråleterapeut Kristin Søvde. Før pasienten kan strålast, er det eit svært omfattande forarbeid som skal gjerast. For å sikre at pasienten ligg i same posi­ sjon heile tida, er det vanleg å lage ei stiv

Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Kreftbehandling

Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift

maske tilpassa pasienten før stråling av hovud/ansikt/hals. Her teiknar ein stråle­ feltet på. – Deretter må pasienten gjennom ei røntgenundersøking for å få ei nøyak­ tig framstilling av området som skal ha stråling. Ein får teikna nokre tusjstrekar som seier kor strålane skal siktast inn. Røntgen­undersøkinga er grunnlaget for den skreddar­sydde doseplanen, fortel Brosvik.

Reduserer biverknadene – Sidan kvar enkelt stråledose berre drep ein viss prosent av cellene, er mange en­ keltdosar nødvendig for å skade dei fleste av kreftcellene så mykje at dei ikkje kan dele seg, seier Dagfinn Brosvik, seksjons­ leiar ved Stråleterapiseksjonen. – Dei siste åra har nytt stråleutstyr gjort at ein kan gje høgare stråledose til svul­ stområde utan å skade det normale vevet rundt. Moderne utstyr kan også redusere stråledosen til normalt vev og dermed re­ dusere biverknadene for pasientane. Som regel skal pasientane ha 25 til 30 strålebehandlingar, men talet på behand­ lingar kan variere, alt etter kva behand­

Stråleterapeutane Ellen Marie Westvik (t.v) og Berit Hopperstad føl med pasienten på ein skjerm på kontrollrommet mens strålinga pågår. Pasienten kan og snakke med personalet gjennom eit høytalersystem.

Strålebehandling frå innsida

All stråling gir biverknader

Brakyterapi er ein type strålebehandling som er utført med strålekjelda plassert inne i kroppen, og helst inne i kreft­ svulsten. Dette er den eldste forma for medisinsk strålebe­ handling av kreft. Ved Haukeland blir brakyterapi gitt til pasi­ entar med kreft i bronkiane og gynekologisk kreft.

Ein kan ikkje heilt unngå biverknader ved strålebehandling. Avhengig av stråledosen, strålefeltet og pasienten sitt indivi­ duelle reaksjonsmønster må ein rekne med biverknader sjølv om strålebehandlinga blir gitt så skånsamt som muleg.

17


Pasienten er i narkose. Kirurgane Aly Dicko og Anne Karliczek (t.h) har opna magen og leitar etter svulst og spreiing. Foto: Ragnhild D책rflot Olsen

18


TEMA

Kreft

Operasjon

Svulsten skal

Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

vekk

22. september 2008. Kjell K. Stigen ligg nyoperert på Kirurgisk klinikk post 3. – Dei skar 20 centimeter av tarmen min, seier han. I følgje Kjell var det ikkje vanskeleg å vente på operasjon. – Eg hadde nemleg laga ein plan. Poenget er å gjere noko heile tida. Ha planar, og ikkje sitte og engste seg. Då vert ein dag lang som evigheita. Den store turen med campingvogna i sommar gjorde at eg ikkje gjekk heilt i vranglås. Tur til Tyskland med den yngste sonen min og kona hans 19. august, fortel han. – Då var eg nede i seks dobesøk dagleg, så alt gjekk riktig veg. Desse turane med campingvogna har vore god medisin for meg. I sommar har eg vore 25 dagar i ­vogna, sjølv om eg har hatt denne frykte­ lege sjukdommen. Du ser glede i augo til Kjell der han ligg i senga og blar i dagboka si med brillene på nasen.

Fjernar svulsten Om kreftsvulsten blir oppdaga i ein tidleg fase, kan den ofte kurerast ved operasjon. Då fjernar ein den delen av tarmen som er angripen. Kirurg Aly Dicko har siste førebuing til operasjon ved å gå gjennom MR-bilda av pasienten saman med overlege Dag K. Jensen på Radio­ logisk avdeling. Bilda er av ei eldre kvinne med ende­ tarmskreft. – MR viser oss kor stor svulsten er og kor djupt den ligg, fortel Dicko.

Kreftbehandling

Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift Stråling

I følgje Dicko kan ikkje bildediagnostikken gjere ein kirurg betre enn han er. – Men den kan gjere oss betre førebudd, det blir lettare å legge opp ein strategi for operasjonen, under­ strekar han. – Vi ser meir enn kva MR har vist oss når vi opnar ein pasient, og må alltid vere førebud­ de på endringar. Men på grunn av bilda veit vi likevel på førehand mykje om kva som vil møte oss. I dette tilfelle er ut­ gangspunktet for operasjonen at Dicko, saman med kirurg Anne Karliczek, skal skjere vekk den delen av endetarmen der svulsten sit. Viss svul­ sten ikkje sit altfor langt ned mot endetarms­ opninga, eller er for stor, kan tarmen vanlegvis skøytast med tjukk­

Vi ser meir enn kva MR har vist oss når vi opnar ein pasient, og må alltid vere førebudde på endringar.

Betre førebudd I følgje Jensen ligg denne svulsten om lag midt i rectum. – Og det er gjennomvekst mot venstre, peikar han.

Nesten 200 operasjonar i året

Ny operasjonsmetode

Haukeland opererer rundt 190 pasientar for kolorektal kreft i året. Om lag 10 pasientar er for dårlege til å tole operasjon. Desse får palliativ behandling. I tillegg kjem alle dei som er for dårlege til operasjon som ikkje blir tilvist til Haukeland i det heile.

Ein ny og meir omfattande operasjonsmetode når det gjeld endetarmskreft gir betre resultat enn tidlegare metodar. Ved å fjerne alt bindevev rundt endetarmen vert sjansane for hyppige tilbakefall redusert. Operasjonsmetoden heiter Total Mesorectal Excision (TME).

19


tarmen. Då vil det bli midlertidig stomi for å avlaste skøyten medan den gror slik som hos Kjell K. Stigen, pasienten vi har følgt. Spreiing lenger ned Operasjonsstove 2 er klar. Den kvinnelege pasienten er i narkose, magen blir opna. Dicko og Karliczek tar først ut feittlag og tjukktarm for å kunne leite i heile buken. – Av og til ligg svulsten i bukhinna, for­ klarar Dicko. Deretter syr dei opp livmora for å kome til endetarmen. – 5-7 prosent av kvinner med endetarm­ skreft får spreiing til eggstokkane. Vi ­sjekkar eggstokkane og lever for å sjå ­etter kreftspreiing.

Like under livmorhalsen finn Dicko ­svulsten. – Eg kjenner det vi såg på MR-bilde, at den går ut mot venstre, seier Dicko. Det viser seg òg at pasienten har spreiing lenger ned enn bildet viste. – Det er inga svart/kvit sanning her, ­konstaterer Dicko. – Sidan pasienten har spreiing, blir ikkje dette ein tradisjonell kirurgisk prosedyre likevel. Men uavhengig av prosedyre har vi same mål: all kreft skal vekk. Må fjerne alt Kjell K. Stigen var heldig og kunne operere vekk den delen av tarmen der svulsten sat. I kvinna sitt tilfelle blir det rectum­ amputasjon.

– Dersom spreiinga er for langt ned er det betre å fjerne alt enn å prøve å skøyte det vesle stykket som er igjen. Det er muleg, men det vil skape meir problem enn det er bra, spesielt sidan denne pasienten er godt opp i åra. Ho vil for eksempel ikkje ha kontroll på avføring etterpå. Det vil ikkje bli eit verdig liv, seier Dicko. Det betyr at pasienten vil få tjukktarmen lagt ut på venstre side som ein perma­ nent stomi, altså ein pose på magen. Dei to kirurgane går nedover langs ­tarmen og løyser den, med det som er av spreiing. Heile tida påpasselege, slik at det ikkje går hol på svulsten. – For då spreier kreftcellene seg i buken, forklarar Dicko. Til slutt blir endetarmen tatt ut. For­ håpentligvis er alle kreftceller borte. For alltid. Luftsmerter – Det gjekk greitt etter min operasjon, men eg har fått lagt ut ein midlertidig sto­ mi som eg skal ha i tre månader. Eg har ein del luftsmerter og eg kan ikkje ete som normalt. I tillegg til tarmen vart det også fjerna 12 lymfeknutar, seier Kjell. Han er sliten, men tapper. Kreften skal ikkje få knekke han. – Livet går i bøljedalar, men må levast ­vidare. Dagen før eg var ferdig med strål­ inga, mista eg mor mi. Det var så vondt. Eg skulle så inderleg ønske at ho hadde sett meg no. Nyoperert og frisk. Ho var så bekymra for dette med meg og kreften. Vi snakka mykje saman. Det var tungt då ho forsvann. Ho vart gravlagt 6. august.

Kreften er fjerna. Med fingrane kjenner kirurg Aly Dicko svulsten inne i tarmen. Foto: Ragnhild Dårflot Olsen

Kreft på forskingstoppen Kreft har de siste årene vært det største fag­ området som Helse Vest kvart år gir forskings­ midlar til. I 2007 var forskingsmidla med på å finansiere 14 forskingsprosjekt innan kreft i Helse Bergen.

20


TEMA

Kreft Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift Stråling Operasjon

Kreftbehandling

Med pose på magen

Stomiklinikken

Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Kjell er på trevekeskontroll på Stomiklinikken 7. oktober. Stomisjukepleiar Torill Olsen skiftar stomiplate, medan ho stellar tynntarmen som stikk ut på høgre side av magen. Foto: Linda Hilland – Eg seier det slik som det er. Eg har utlagt tarm. What the heck. Vil du vite meir? Kjell K. Stigen måtte operere bort den ­delen av endetarmen der svulsten sat. Og fordi Kjell fekk stråling i forkant, noko som gjer tarmen meir skjør, fekk han framlagt tynntarmen som ein midlertidig stomi for å avlaste skøyten mellom tjukktarmen og endetarmen medan den gror. – Utlagt tarm er sjølvsagt ganske uvant og ikkje heilt enkelt å hanskast med. Men eg er heldig i forhold til mange andre. Den er berre for tre månader, seier han. – Torill, du er min reddande engel! Kjell kjem inn på Stomiklinikken på Haukeland og gir stomisjukepleiar Torill Olsen ein god klem. Han fortel at førre tysdag heldt det på å gå

gale då han skulle i eit møte med Bergen kommune. – Plutseleg kjente eg at avføringa rant utanfor stomien og ned i buksa. Noko så pinleg! Eg ringte til Torill og fekk kome til Haukeland med det same. Det viste seg at stomien hadde krympa så holet i stomiplata vart for stort og ein litt anna platetype måtte takast i bruk, noko som er ganske vanleg. Men Torill fiksa det. – Ho skifta stomiplata, og derfor gjekk det strålande i bryllaupet eg var i i helga, fortel Stigen. – Du kan aldri stole på ein tarm, seier ­Torill og forklarar at det er ikkje så lett for Kjell å styre konsistensen på avføringa. Sjølv om han har fått ei kostliste der det står kva ein bør ete og ikkje. Ein samtale med den stomiopererte er viktig, slik at ein får eit inntrykk av om den opererte meistrar det å leve med stomi,

og ikkje minst har lært å stelle den sjølv. – Stomi påverkar både livssituasjon, sjølv­ bilete og forholdet til eigen kropp. Men for dei fleste går det greitt og dei ser at ein kan leve eit normalt liv med pose på magen, seier ho. – Korleis har du det elles, Kjell? vil Torill vite. Kjell sukkar. – Eg er veldig lei av å vere sjuk. Heldig­ vis ser eg ein tidshorisont. Akkurat no saman­liknar eg livet med ei slalåmløype. Og eg har framleis nokon portar igjen før eg kjem i mål. Kjell skal få fjerna stomien i byrjinga av januar. Då vert stomien lagt inn igjen og tarmen skal virke som før. FAKTA

STOMI

• Ordet stomi betyr munn eller opning. I medisinsk samanheng blir uttrykket vanlegvis nytta om ei kunstig kroppsopning der tarm eller urinvei er ført ut til overflata av huda. • Føremålet med stomien er å erstatte eller avlaste eit sjukt organ, for eksempel å leie avføringa ut når endetarmen er fjerna eller angripen av sjukdom. • Det fins fleire typar stomiar.

10 000 med utlagt tarm

Fleire får midlertidig stomi

Det er om lag 10 000 stomiopererte i Noreg i dag, og for mange skuldast sto­ mien kreft i endetarm eller urinblære.

Dei siste åra er det fleire kreftpasienten enn før som kan få ein midlertidig stomi. – Dette er fordi ein opererer stadig lenger ned i endetarmen mot lukkemuskelen. Å leie avføringa ned i denne lave skøyten, våger ein derimot ikkje og pasientane må ha avlastande stomi for ei tid, fortel stomisjukepleiar Torill Olsen.

21


” Fri frå kreften – Det er et himla race eg har vore ­gjennom det siste året, seier Kjell K. Stigen på vente­rommet utanfor poliklinikken. Vi skriv 29. oktober. Kjell skal på kontroll etter operasjonen. Det vil seie blodprøvar, ultralyd og undersøking av rektum. Kjell kjenner seg ikkje så bra akkurat no, då han slit med prikking i både hender og føter. Ein ganske vanleg biverknad etter cellegiftbehandling. Han har og vondt i baken når han sit og slit med luftsmerter. – Livet går opp og ned, i likskap med smertene mine. Det ver­ kar inn på humøret mitt, seier han. Men så smiler han og fortel om ein mer­ kedag. – 20. oktober. Den dagen eg fylte 67 år, ringte doktor Gunnar Baatrup for å er­ klære meg frisk. Prøvane frå patologane etter operasjonen viste at det ikkje var teikn til spreiing. – Det var ein knall dag. Det betyr utruleg mykje å få ei slik melding.

22

Under etterkontrollen på poliklinikken for­ tel Baatrup at utsiktene er gode. – Noko må eg jo dø av, seier Kjell. – Eg er ganske sikker på at det ikkje vert endetarmskreft, seier Baatrup. Dei smiler til kvarandre. – Men det er svært viktig at du kjem til kontroll kvar tredje månad dei to første åra. Deretter to gonger årleg i to år før du kjem til ein siste kontroll det femte året. Så er du ferdig, fortel Baatrup. Gode utsikter Tal viser at 90 prosent av dei som får til­ bakefall, får det i løpet av det første året. Leve­utsiktene for kreft i tjukk- og ende­ tarm har stadig betra seg dei siste åra. I dag er det 80 prosent sjanse for å over­ leve fem år etter ein har operert for denne krefttypen utan spreiing. Kjell fortel om tida etter operasjonen, om smertene og at han kjenner seg svak. – Men du må huske på at det berre er sju veker sidan du vart operert. Dei fleste bru­

Livet går opp og ned, i likskap med smertene mine Kjell (67)

ker vel eit halvt år før dei kjenner seg bra igjen etter operasjonen, påpeikar Baat­ rup. – Kroppen din merkar godt at du har vore igjennom eit kreftforløp. Vore heldig – Det viktigaste er at eg har vore heldig, seier Kjell. – Eg oppdaga kreften tidsnok. I ettertid ser eg at eg burde ha kontakta spesialist nokre månader tidlegare. Men slik er menn. Dei vegrar seg for å gå til lege, noko som ofte får fatale konsekvensar. 67-åringen er ganske sikker på at han er frisk, og kjem til å vere frisk i framtida. Kreften er ute av kroppen. – Men du går ikkje gjennom ein slik pro­ sess utan å gjere deg opp nokre tankar om livet.


TEMA

Kreft Målekurs for kreftpasientar:

Fløyel på sjela

Kreftbehandling

Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift Stråling Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll

Rehabilitering

Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Gunn Roald og Anette Totland målar soloppgangar. Eller er det solnedgangar, kanskje? – Vi veit ikkje kva som er kva. Men det får vi nok vite av læraren etterpå, ler dei. Læraren er Eva Traae. Ho har undervist i måling 35 år og hatt målekurs for Kreft­ foreningen dei tre siste. – Eg brukar å seie at det å måle er fløyel på sjela. Det handlar ikkje om å prestere, men å uttrykke noko, seier ho. – Eg trur du får ut mykje ved å måle som du elles ikkje ville hatt ord for. Tenker på noko anna På dagens kurs har Traae sju elevar. Er­ farne og ferske kreftpasientar. Dei fleste med eit behov for å få tankane over på noko anna, nokon for å møte andre i same situasjon. Alle for å lære meir om akvarellmåling, sjølv om enkelte slettes ikkje er sikre på kva dei fak­ tisk målar. – No gløymte eg meg igjen, eg skulle jo ha væte på her, sukkar Anette. Ho strevar med å få eit landskap til å ha bakkekontakt. Det blir for høgtsvevande. Ho kikkar bort på Gunn. Og ler.

Gunn Roald og Anette Totland spør og tullar om alt frå akvarell-teknikkar til det gyldne snitt, og lærar Eva Traae svarar villig vekk. – Neste gong de kjem har de sikkert gløymt alt eg har sagt, så det gjer ingenting, smiler ho. – Du målar berre soloppgangar, du! Anette vart pasient ved Haukeland i mai, og går til cellegiftbehandling kvar tredje veke. Tilbodet om kunstkurs kom ho over i eit skriv på Kreftavdelinga. – Det er kjekt med noko heilt anna å halde på med. Å gå på kurs blir luksus oppi alt. Gunn samtykkjer. Ho har tatt seg fri frå jobb for å vere her, for å møte andre med felles erfaringar. Ho vart operert for bryst­ kreft for 1,5 år sidan. – Når du målar er hovudet ditt ein heilt

Når du målar er hovudet ditt ein heilt annan stad.

annan stad. Det gjer noko med sinnet og tankane dine, seier ho. Alle kan måle Denne hausten arrangerer Kreftforenin­ gen to målekurs for kreftpasientar på Haukeland. Kvart kurs går over fem gon­ ger, tre timar kvar gong. Men du treng ikkje følgje eit heilt kurs for å vere med. – Det går fint å berre kome innom ein dag medan du er her for behandling, under­ strekar Traae. Og det gjeld uansett om du er ny eller er­ faren når det gjeld kreft, og uansett om du er ny eller erfaren når det gjeld kunst­ måling. – Alle kan måle, seier Traae. – Det handlar berre om å tore.

Kreftrehabilitering

Opplæring for pasient og pårørande

Norsk Nasjonal strategi for kreftområdet 2006-2009 seier at rehabiliterings­ tilbodet skal styrkast. Det er ikkje kjent kor mange som treng rehabilitering. Nokon hevdar at ein tredjedel av alle kreftpasientar klarar seg sjølve, ein tred­ jedel treng eit kortvarig tilbod, medan den siste tredjedelen har eit stort og vedvarande behov. Kreftavdelinga ved Haukeland har nokre oppfølgings- og opplæringstilbod ut over den ordinære medisinske behandlinga. Ut over dette er rehabiliteringstilbod under planlegging.

Ein time kvar tysdag og ein onsdag i månaden er det opplæring for kreft­ pasientar og pårørande på Haukeland. Tilbodet går til pasientar ved senge­ postane på sjukehuset, poliklinikk og stråleterapi i tillegg til Hematologisk seksjon, Medisinsk avdeling. Tema er cellegiftbehandling, biverknader ved cellegiftbehandling, ernæring, fatigue/utmatting og sosiale rettar.

23


Når kreften

ikkje kan kurerast Pasient Kjell K. Stigen er fri frå kreften. Men kvart år er det 10 500 menneske som døyr av kreft i Noreg. Korleis hjelper og behandlar Haukeland kreftpasientar når sjukdommen ikkje kan kurerast? – Hei, korleis går det med deg? Sjuke­ pleiar Gunn Hannisdal set seg ned og smiler varmt til kvinna som ligg i senga på Kreftpost 1. Cellegifta dryp kontinu­ erleg. Pasienten er 46 år gamal og har brystkreft. Sjukdommen kan ikkje kure­ rast og kvinna får cellegift for å vinne tid. Lindre smerte – Vår viktigaste oppgåve er å lindre pasi­enten si smerte og andre plagsame symptom, fortel Hannisdal. Ho er ein av seks sjukepleiarar som jobbar i Palliativt team ved Smerteklinikken på Hauke­ land Universitetssjukehus. I tillegg til smerte- og symptomlindring skal sjuke­ pleiaren også fungere som eit bindeledd mellom heimen og sjukehuset. – Det er mykje som skal leggjast til rette. Det kan vere alt frå økonomiske spørsmål, psykiske utfordringar til til­ rettelegging av hjelpemiddel i heimen. Vi har ofte møte med heimesjukepleiar om korleis pasienten skal følgjast opp heime. I tillegg har teamet støttesamtaler med pårørande. – Det er mange tankar som dukkar opp når du er har ein sjukdom som ikkje kan kurerast. Då er det godt å ha nokon å

Strålekurs for kreftpasienter Førebuing til strålebehandling er eit kurs over to dagar for prostatapasientar og brystkreftpasientar som skal til kurativ behandling. Pårørande blir også oppfordra til å delta. Opplæring blir gitt av stråleterapeut, fysikar, lege, sjukepleiar og leiar for fysisk aktivitet. I tillegg fortel tidlegare pasientar om sine opplevingar.

24

– Vi ønsker å formidla håp om gode dagar, god symptomlindring og ei støtte når livet er utfordrande, seier kreftsjukepleiar Gunn Hannisdal.


TEMA

Kreft

Palliativt team skal fungere som konsu­ lentar for avdelingane når dei treng ekstra oppfølging og hjelp til pasientar som ikkje vert friske av kreftsjukdom­ men sin. Teamet består av seks sjukepleiarar, ein psykolog, ein sosionom, prest, fysio­ terapeut og to legar. – Mange lurer på korleis det er å jobbe med pasientar som er alvorleg sjuke og døyande, og det er ikkje så tungt og trist som enkelte trur. Mange av pasientane har ein utruleg livsgnist og er veldig flin­ ke til å fokusere på det å leve i staden for å gje sjukdommen all merksemd. – Hovudpoenget og målet vårt i palli­ ativt team er å vere opptekne av kvali­ teten på livet til pasienten, ikkje sjølve livslengda. FAKTA

PALLIASJON

• Palliasjon er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med sjukdom som ikkje kan kurerast og kort forventa levetid. Målet er best muleg livskvalitet for pasienten og dei pårørande. • Palliativ behandling og omsorg verken framskunder døden eller forlengar sjølve dødsprosessen, men ser på døden som ein del av livet.

Kreftbehandling

snakke med, seier Anne Watne Størk­ son, også ho kreftsjukepleiar i teamet.

Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift Stråling Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering

Palliativ behandling Kreftmedisin Etikk

Verdien av eit leveår I år 2000 brukte Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus 15,1 millionar kroner på kreftmedisin. I 2007 hadde talet auka til 53 millionar. – Det har vore ein eksplosiv auke, konsta­ terer avdelingsdirektør Olav Mella. Nye, dyre og meir effektive kreftmedisinar er hovudårsaka til auken. I tillegg får langt fleire pasientar tilbod om behandling i dag. – Nokre hyppige kreftformer står for store delar av kostnadsauken, spesielt bryst­ kreft, tjukktarmskreft, lymfekreft og pro­ statakreft, legg Mella til. Om lag 85 prosent av kostnadene er tumor­retta behandling, spesielt cellegift og nye, målretta kreftmedikament som for eksempel antistoffa Herceptin og Av­ astin. Det er også ein auke på antibiotika mot infeksjonar hos pasientar med ned­ sett immunforsvar. Kvalitet kostar Utviklinga innan kostnader for kreft­ medisin på Kreftavdelinga kan gje ein peikepinn på dei totale kostnadene for

“Look Good… Feel Better” er Kreftavdelinga sitt ”sminkekurs”. Kurset er for kvinner under kreftbehandling. Her blir det gitt innføring i hudpleie og legging av make-up med produkt frå anerkjente kosmetikkleverandørar. Frå og med neste år blir det fem kurs i året. Kvart kurs har plass til 10 deltakarar.

Second-opinion-råd Korleis balansere kostnad og nytte? I sjukehuskvardagen blir ikkje nye og dyre medisinar

Foto: Linda Hilland

Look Good…Feel Better

kreftbehandling ved Haukeland. – Kreftbehandling føregår på mange avde­ lingar i sjukehuset og det er svært vanske­ leg å få kartlagt alle utgifter til utgreiing og behandling, seier Mella. – Men det er ingen tvil om at nye medisi­ nar og fleire pasientar bidrar til at utgift­ ene veks på fleire avdelingar. Røntgen- og MR-bilete kombinert med utvikling i data­ teknologi innan strålebehandling gir ein langt betre kvalitet i behandlinga enn for kort tid tilbake. Faren for langtidsskadar etter behandling fell og livskvaliteten etter behandling er betre. Men kvalitet kostar, seier Mella.

25


Kreftbehandling

Symptom Fastlege Koloskopi/poliklinikk Røntgen/MR/CT Laboratoriet Cellegift Stråling Operasjon Stomiklinikken Etterkontroll Rehabilitering Palliativ behandling

Kreftmedisin Etikk

tatt ukritisk i bruk. – Vi gir berre medika­ ment som har doku­ mentert effekt, seier onkolog og overlege Halfdan Sørbye. – Det er ikkje sjeldan at vi seier nei til å bruke nye, dyre medisinar der effekten er dårleg dokumentert eller effekten er vurdert til å vere for liten. Dette kan for eksempel skje i tilfelle der pasienten har høyrt om medisinar som blir brukt i andre land.

– I Danmark blir tvilstilfelle, der ein er usikker på nytteverdien av ei ny, dyr be­ handling, vurdert av eit eige nasjonalt second-opinion-råd. Dersom rådet seier ja til behandling, følgjer det også ­pengar med tilbake til sjukehuset. Slik er det ikkje i Noreg. Her aukar etterspurnaden og behandlingstilbodet utan at det fører til ­ekstra løyvingar, seier Sørbye.

Vi gir berre medikament som har dokumentert effekt.

Ifølgje Sørbye brukar Noreg generelt mindre av den nyaste og dyraste medisinen enn for eksempel ­Sverige og Danmark.

Vanskelege spørsmål I Noreg gir nasjonale faggrupper nasjo­ nale tilrådingar for bruk av kreftmedisin. Nasjonalt råd for kvalitet og priorite­ ring i helsetenesta vurderte 9. september i år bruken av dei dyre, nye målretta kreft­ medisinane Avastin og Erbitux til tjukk-

og endetarmskreft. Rådet tilrådde då at norske pasientar bør få tilgang til desse medisinane, medisinar der nytteverdien i forhold til kostnaden har vore omstridd. – Vi brukar å følgje dei nasjonale anbefa­ lingane, seier Sørbye. Men han legg ikkje skjul på at ein i be­ handlinga av kreftpasientar ofte må ta stilling til svært vanskelege spørsmål. – Kanskje vil ein medisin til 500 000 kro­ ner auke levetida til ein pasient med eitt år, men ikkje lenger. Kven skal avgjere kor mykje eit vunne leveår er verdt? Fleire testar I følgje Sørbye planlegg Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helsetenesta å kome med ei uttaling om dette. Sørbye trur det går mot fleire testar som kan fortelje kva effekt ulike medisinar har på kvar enkelt pasient. – Mykje av dagens forsking går på nett­ opp dette, å ikkje gje pasientane nyttelaus behandling, seier han. Kildehenvising for temareportasjen i dette nummeret av Hospitalet: Kreftregisteret, Kreftforeningen og Tidskrift for den norske Legeforening.

Fysisk aktivitet for kreftpasientar

Varmebehandling på Haukeland

Forsking rapporterer positive resultat ved fysisk aktivitet for kreft­ pasientar. I november startar Kreftavdelinga eit tilbod med fysisk aktivi­tet for prostatapasientar som får strålebehandling og brystkreft­ pasientar som får cellegiftbehandling med påfølgande strålebehand­ ling. Fleire aktivitetar vil starte opp etter kvart.

Hypertermi er eit anna ord for varmebehandling, og går ut på å kunstig auke temperaturen i svulstvev for å forsterke effekten av strålebehandling og/eller cellegifter. Haukeland Universitetssjukehus er det einaste sjuke­ huset i Skandinavia som utfører hypertermibehandling. Haukeland gir hyper­termibehandling til pasientar som har livmorhalskreft, og til pasientar med kreft som utgår frå bein- eller bindevev (sarkom).

26


TEMA

Kreft Overlege Baard-Christian Schem er leiar av Klinisk etikk-komité

Etikk

Gjennomtenkte forsømmelser

En aktuell definisjon av prioritering er ”å forsømme på en gjennomtenkt og etisk forsvarlig måte”. For Helse Bergen betyr det at det vi velger å utføre skal være viktigere enn det vi bevisst eller ubevisst velger bort, også når vi ser sykehuset under ett og ser på tvers av avdelinger og fagområder.

N

år vi skal gi våre pasienter råd om behandling, gjør vi alltid en av­veining av den nytte og skade man kan forvente ved ulike alternativer. Er ­nytten stor, skal vi tilby ­behandlingen. ­Problemet oppstår når vi får ny behand­ ling som har en doku­ mentert moderat nytte, men sam­tidig er meget kostbar.

K

”implantater”, spesialkonstruerte gjen­ stander som erstatter vitale deler eller funksjoner i men­ neskekroppen.

Hvordan

skal vi veie blindhet i forhold til tapte leveår på grunn av kreft.

napt noen del av vår virksom­ het er mer preget av dette enn behandling med nye skredder­ sydde kreftmedikamenter. Men kreft­ behandlingen står på ingen måte alene om innføring av slike kostbare medi­ kamenter. Innenfor andre fagområder kommer også nye og tilsvarende dyre

I

denne situasjo­ nen kan det være noe å lære av den fremgangsmåten Klinisk ­etikkomite bruker når man skal gi råd ved be­ handling av enkelt­ pasienter. Et av punktene i denne vurderingen er at man skal klarlegge konsekvensene de ulike alternativer har for alle berørte parter. Disse parter vil utover pasienten selv med familie også inkludere andre pasienter som skal ha et forsvarlig tilbud innenfor rammer.

V

urderer man de medisinske ny­ vinninger som beskrives over i lys av en slik tankegang, blir det klart at vi ikke kan sitte rundt om på våre faglige ”nes” og innføre disse nyvinningene, uten samtidig å tenke igjennom konse­ kvensene for pasientgrupper andre ste­ der i Helse Bergen.

D

et er likevel ikke lett å ”prioritere på tvers”, bl.a. fordi de lidelser man skal sammenlikne er så ulike: Hvor­ dan skal vi veie lidelse ved en psykose i forhold til blindhet eller tapte leveår på grunn av kreft?

L

ikevel kan man oppnå mye ved å få innsyn i hverandres utfordringer og tankegang over avdelingsgrensene, og gjennom felles opplæring utvikle en tanke­gang som grunnlag for prioritering. Dermed kan vi, som ett samlet sykehus, bli bedre til ”å forsømme gjennomtenkt og etisk forsvarlig”.

Eldre pasientar

Prostata- og brystkreft vanlegast

I følgje overlege og onkolog Halfdan Sørbye ved Kreftavdelinga på Hau­ keland Universitetssjukehus, er ei individuell vurdering hos eldre pasi­ entar (over 70-75 år) spesielt viktig før ei eventuell behandling. – Dette er for å vurdere kva dei vil tole, voge opp mot nytten av behandlinga, forklarar han. – Mange har andre sjukdommar som gjer behandling vanskeleg. I tillegg seier ein del sjølve nei takk til behandling.

Prostatakreft er den vanlegaste kreftsjukdommen hos menn. I 2006 fikk 3815 menn ein slik diagnose i Noreg. Ein stor auke sidan 1990 kan sjå­ ast i samanheng med at det blir tatt stadig fleire prostataspesifikt antigen (PSA)-prøvar. Denne testen vart kommersielt tilgjengeleg i 1989. Brystkreft er den vanlegaste kreftforma hos kvinner, med 2673 nye tilfelle i 2006.

27


ved Haukeland Universitetssykehus og Haraldsplass Diakonal sykehus

-20%

-20% på hele

APO10953 Leo Burnett Xpress

TILBUD TIL ANSATTE

TRAVLE HVERDAGER OG VONDE FØTTER? - Vi har kompetanse og lang erfaring med tilpassing og veiledning!

på alle støttestrømper og håndkremer

serien*

Ansatte ved Helse Bergen får 10% ved kjøp av blant annet sko, sandaler, innleggsåler, støtte- og kompresjonsstrømper. Ansattkort må framvises. Gjelder t.o.m. 31. des. Forbehold om utsolgte varer og trykkfeil.

Vi ser frem til å kunne hjelpe deg! Møllendalsveien 8, 5009 Bergen Telefon 55 20 64 60 www.drevelin.no – drevelin@drevelin.no

Apotek 1 Ulriksdal. Ulriksdalen Helsepark, Ulriksdal 2, 5009 Bergen. Tlf. 55 20 72 40, faks 55 20 72 41. Åpent: man-fre 9-16.30, lør 9-14.

28

Mandag - Fredag: 08.00 - 16.00 • Lørdag stengt


-FJMJHIFUFS GSB DB N N #3" TUL UJM TBMHT www.ulriksdal.no

Besøk prosjektets hjemmeside for ytterligere info: www.ulriksdal.no

Stein Herland Advokat Telefon: 55 55 04 50 / 905 22 221 e-post: stein@herland-eiendom.no

Svein Kvamme Bergum Eiendomsmegler MNEF Telefon: 55 55 04 50 / 918 64 081 e-postr: svein@herland-eiendom.no

&LTLMVTJWF MFJMJHIFUFS WFE GPUFO BW 6MSJLFO

Jag^`hYVa 29


30


Mitt yrke

Ren arbeidsglede

Mitt yrke: Renholdsassistent

32,5 fotballbaner. Det er arealet renholdsassistent Gretha Fyllingen er med på å holde rent til enhver tid.

Tekst: Linda Hilland Foto: Ole-Christian Amundsen

– Det er mange som har fått øynene opp for oss som vasker, og det gjelder både ansatte og pasienter. De setter mer pris på den jobben vi gjør. For ikke så lenge siden fikk jeg blomster av en pasient. På kortet sto det: Takk for at du vasker rom­ met mitt!

Gamle hovedbygning . Arealet er streket ut med gult i renholdsplanen hennes, som henger på vaskevognen. I planen står det hvor ofte hun skal vaske hvert enkelt rom og hvilken vaskemetode hun skal bruke. På korridor: Fukt micro. På pasientrom: Tørr micro. – Nå skal jeg vaske to uker på post tre, deretter skal jeg videre på rehabiliterings­ avdelingen. De ­siste to ukene vasker jeg en haug med lege­ kontor både i 1. etasje og på loftet. Deretter er det på an igjen på nytt på post tre. Slik rullerer ­Gretha, Hilde og Eva år inn og år ut.

Det er som regel kjekkere å vaske hos andre.

­R

enholds-assi­ stent Gretha ­Fyll­ingen (59) sving­ er moppen nedover gulvet i korridoren på Nevrologisk post 3 i Gamle hoved­ bygning. Bevegels­ ene hennes er rutinerte og grundige, men samtidig danser moppen lekende lett over gulvbelegget. – Til og med menn er blitt oppmerk­ somme på oss. Mannlige pasienter spør av og til om å få en moppedemonstra­ sjon eller noen råd til vasking hjemme. Hun forteller at det arrangeres kurs for at de ansatte skal lære å moppe ergo­ metrisk riktig for å hindre belastnings­ skader. – Noen holder så fast i moppeskaftet at knokene blir hvite. Å vaske er en kunst det også, og jeg er stolt over jobben min, sier Gretha. Hun er glad for at tiden da renholds­ assistentene ble kalt vaskekjerringer, er over.

G

reta er en av tre i et vasketeam som har ansvar for et avmerket areal i

E

n mopp og en vaskefille for hvert pasientrom. Rommene skal vaskes daglig. Søppelet skal tømmes. Vasken skal tørkes over. Støv i vinduskarm og på nattbord skal børstes bort. Dørhånd­ taket skal tørkes av. Bilderammene skal rengjøres og døren moppes. – Jeg kunne ikke tenke meg å vaske på et hotell eller på en skole. Det hadde blitt for ensomt og kjedelig. Å jobbe på en sengepost er hyggelig. Vi blir kjent med pasientene og merker at mange har behov for å slå av en prat. I enkelte til­ feller hjelper vi pasienter med å ta på seg skoene og vi følger dem på do. Men jeg tømmer ikke bekken. Der går grensen, mener Gretha.

H

un synes at det å vaske på Hauke­ land har gitt henne et litt annet syn på livet.

– Du treffer pasienter som får livet sitt snudd på hodet i løpet av et døgn. Nye pasienter kommer til over natten, mens jeg fremdeles er frisk. Det gjør meg takk­ nemlig over livet, sier 59-åringen mens hun skifter mopp og banker på hos en ny pasient. – Hei, kan jeg vaske litt hos deg?

G

retha bruker ikke såpe når hun vas­ ker. – Eldre damer kan være litt skeptiske til akkurat det. De lurer på om det virkelig blir rent og savner lukten av såpe. Saken er at såpe ødelegger gulvene, og ikke blir det skikkelig rent heller. Vi bruker som oftest tørrmopp, og når det trengs tar vi på litt vann. Vann er det beste kjemi­ kaliet, men når det gjelder toalett, bad og kjøkkengulv bruker vi alltid litt såpe, påpeker hun.

R

undt klokken syv hver morgen lager Gretha i stand buffeen til pasient­ene. Hun fyller på smør og syltetøy, ­legger pålegget på brett, setter frem bestikk og vasker opp. Det er det hun liker best. – Det jeg liker minst er å vaske dører. Alle er helt like, og så er det så mange av dem, sier Gretha og ler. – Er det ikke tungt å ta husarbeidet hjemme når du har vasket hele dagen på jobb? – Jeg må innrømme at det ikke er det ­første jeg hiver meg over. Det er som ­regel kjekkere å vaske hos andre. Årets tips for julevasken er: Bytt hus med ­naboen. Da skal du se at vaskingen går som en dans!

31


Avdeling for mikrobiologi og immunologi (AMI) brukar intranettområdet sitt til å spreie viktig og nyttig informasjon. – Dette er et verktøy som gjer at vi kan nå alle, seier sjefbioingeniør Jorunn Nygård.

Innsidensosialt lim for avdelinga Tekst: Hilde Sander Meling Foto: Ole-Christian Amundsen

Det er ei utfordring å nå ut med same informasjon til over 100 tilsette som er spreidd på ulike område og etasjar på Haukeland Universitetssjukehus. Men etter at det nye intranettet vart lansert i fjor, har ein fått anledning til å skreddar­ sy avdelinga sitt område slik at ein kan lage sider ut frå eigne behov. – Nettsidene har blitt eit sosialt lim for avdelinga, seier Nygård. Ho fortel at AMI sine sider blant anna vert brukt til interne meldingar som er aktuelle for dei tilsette, til å informere om møter og kurs og tilvisingar til gode linkar med faglig relevans. I tillegg blir alle referat lagt her. Vil ikkje gå glipp av informasjon Bioingeniør Hanne Holan sit i prøvemot­ taket på laboratoriet. Ho er i ferd med å analysere innkomne prøvar. Dersom ho får tid i løpet av vakta loggar ho seg på

32

PC’en for å sjekke e-post og nyhende frå avdelinga. – Dersom eg ikkje er innom her minst ein til to gonger i veka, føler eg at eg går glipp av noko, seier Holan. Sjølv deler ho informasjon med kollega­ ene sine dersom ho kjem over relevante møter eller annan nyttig informasjon. Lik ordlyd til alle I følgje seksjonsleiar på Bakteriologisk seksjon, Anne Grete Spord, har mengda e-post gått ned etter at det nye intranett­ et vart tatt i bruk. – Færre e-post og fleire interne meld­ ingar, er konklusjonen hennar. Spord legg til at det tar tid å endre folk sine vanar, og at ho, i starten, hadde som mål å legge ut minst to nye meldingar på seksjonssida i veka. På den måten skulle folk oppleve at det kom nye beskjedar som var relevante såpass ofte at dei ville inn på sida. Likevel er det enda slik at ein del av informasjonen som vert lagt på avdelinga si side, også blir hengt opp på oppslagstavle og gjentatt på personal­ møte.

– Eg har blitt flinkare til å referere til at meldinga ligg på Innsiden og brukar dermed mindre tid på å informere om innhaldet i beskjedane som vert lagt ut, fortel Spord.

Sjefbioingeniør Jorunn Nygård (t.v.) ved Avdeling for mikrobiologi og immunologi (AMI) og seksjonsleiar på bakteriologisk seksjon, Anne Grete Spord, ser stor nytteverdi av å bruke Innsiden som kommunikasjonskanal.


Intranett

Viktig informasjonskanal Nær 80 prosent synest eigen leiar og Innsiden er den viktigaste informasjonskjelda i Helse Bergen. Bioingeniør Hanne Holan tar seg tid til å logge på PC’en for å sjekke e-post og nyhende frå avdelinga nesten kvar vakt for å ikkje gå glipp av informasjon.

Det viser ei brukarundersøking Kommu­ nika­sjonsavdelinga gjennomførte i september for å kartlegge bruken av Innsiden. Totalt var det 133 personar som svarte på undersøkinga. Av dei 133 som svarte, meinte altså svært mange at Innsiden er ein viktig kanal for informasjon om det som skjer på sjukehuset. – Sjølv om svarprosenten var låg, er dette positive tal som gjev oss ein peikepinn på at Innsiden er ein svært viktig kommunikasjonskanal for avdelingane, seier webredaktør i Helse Bergen, Geir André Bakke. – Det er mykje godt arbeid som har blitt gjort av entusiastiske avdelingsredaktørar og av framsynte leiarar som ser nytten av å bruke Innsiden til å kommunisere med sine tilsette. Vi får mange førespurnader frå avdelingar som ser at Innsiden kan brukast som eit verktøy og ikkje berre som ein informasjonskanal, seier Bakke.

Dei aller fleste som svarte på under­ søkinga brukar Innsiden til å lese nyhende om Helse Bergen. Ein stor del oppgjer også at dei sjekkar driftsmeldingar og finn retningslinjer og prosedyrar. Innsiden vert sjeldnast brukt til å sjekke tilbod til tilsette, kjøp og sal og diskutere i diskusjonsforumet. – Utfordringane framover er å få skreddarsydd alle avdelingssidene slik at dei er tilpassa dei tilsette sine behov for informasjon og kommunikasjon. Innsiden kan løyse mange utfordringar knytt til kommunikasjon i avdelingane. Derfor brukar vi mykje tid på informere om muligheitene som ligg i Innsiden, seier Bakke. Dei aller fleste av dei som svarte på undersøkinga brukar Innsiden tre eller fleire gongar per dag eller har Innsiden oppe store deler av dagen.

Topp 5

Topp 3

Mest leste nyhetssak i oktober

Mest besøkte side daglig (Tall fra 3. nov. 2008)

1. Lønnsoppgjør 2008 (8404 treff)

1. Hovudsida (67 089 treff)

1. Delvis innkjøpsstopp i Helse Bergen (4 099 treff )

2. Ansattportalen (3 664 treff)

2. Løftseminar (3 957 treff)

3. Linker (2 241 treff)

3. Lagar hageidyll på fritida (3 649 treff) 4. Påskjønnelse for 25 års tjeneste (3 266 treff)

33


--

Godt ! t e b b jo

Kjenner du en

hverdagshelt?

En som gir litt ekstra av seg selv til glede for ­pasienter eller ­kolleger? Hver måned skal vi gi ”Godt jobbet!”-prisen til en ­ansatt i Helse Bergen. Prisen består av diplom til å henge på ­veggen, bilde i Hospitalet og et eksemplar av de svært eksklu­sive ”Godt jobbet!”-krusene! Kandidater til ”Godt jobbet!” ­sendes til info@ helse-bergen.no. Vi trenger navn, ­avdeling og selvsagt en god begrunnelse for hvorfor akkurat denne ­med­arbeideren fortjener ”Godt jobbet!”-prisen.

Danse- og revygruppa Kvinneklinikken

På Kvinneklinikken vil vi gjerne framheve og takke vår flotte danse- og revygruppe. Det er ein gjeng medarbeidarar som i fleire år har gleda sine kollegaer og leiarar med humor; tekstar, song og fantastisk dans. Både ved større jubileum og ved julebord, har dei kryddra våre samvær med si speleglede. Det er fantastisk godt å le - KK revyane har truffe den åra i dei fleste av oss. Og det som gjer denne gruppa så spesiell er at den er breidt samsett, både nåd det gjeld profesjon og seksjon. Dei skriv tekstar og øver på fritida, dei legg inn eit sterkt engasjement for kollegaene sine. Dei fortener rett og slett ros og oppmerksomheit. Vi gleder oss til årets julebord - dei dukkar opp på kvelden. KK.

Mona Lund Aarli

Postsekretær, Nevrologisk post 3 Mona er en kjemperessurs for posten, både for personalet og ikke minst våre pasienter. Hun finner alltid de gode løsningene på de utfordringer som kommer. Hun er alltid tilstede og behjelpelig og alltid med et smil. Uansett hvor mye mas det er så holder Mona humøret oppe. Mona er til stor avlastning for både sykepleierne og legene og gir oss hjelp når vi trenger det selv om hun fra før har fullt opp å gjøre. Er det nye arbeidsoppgaver setter hun seg raskt inn i dem og får jobben gjort. Og selv om hun har det travelt hører vi aldri at hun klager. Mona har kontroll og vi vet ikke hva vi skulle gjort uten henne. Vi mener hun er den flinkeste postsekretæren på HUS og synes absolutt hun fortjener prisen. Hilsen fra personalet ved Nevro post 3

34


Aktuell

Navn: Jan Erik Varhaug Alder: 66 år Stilling: Professor og overlege ved

Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi Sivil status: Gift, to barn, ett barnebarn Aktuell: Nylig utnevnt til æresmedlem i

Norsk Kirurgisk Forening (NKF) og fikk kvalitetsprisen på Helse Vest sin årlige forskningskonferanse.

– Å operere er som å være på kunstutstilling Tekst: Linda Hilland Foto: Ole-Christian Amundsen

Gratulerer med både forskningspris og æresmedlemskap i Norsk Kirurgisk Forening. Hva betyr disse utmerkelsene for deg? – Jeg har hatt et langt liv innen for kirur­ gien, nærmere bestemt 39 år, og da er det svært gledelig å få slike utmerkelser. Det er en ære å bli anerkjent blant kollegaer. Jeg tar utnevnelsene som et tegn på at jeg forhåpentligvis har oppnådd noe som kommer både pasienter og fagfeltet mitt til gode. Du har arbeidet størsteparten av din karriere med pasienter med brystkreft og endokrine lidelser (sykdommer i hormonproduserende kjertler). Hva er det som har inspirert deg til å jobbe med dette fagfeltet? – Jeg hadde en sjef på Haukeland, prof. Pe­ ter Heimann, som var endokrinkirurgiens far i Norge. Han var en dyktig bulldoser av en mann og en stor inspirator for meg. Det har vært spennende å arbeide med å forbedre det kirurgiske behandlingstilbu­ det for denne pasientgruppen, som lenge fikk variabel og tilfeldig behandling. Det var derfor en gledens dag da det i mai i år endelig ble opprettet en nasjonal spesiali­ tet for bryst- og endokrinkirurgi.

I innstillingen til kvalitetsprisen står det at du gjennom din forskning har bidratt til å heve kvaliteten i spesialisthelsetjenesten. På hvilken måte? – Blant annet har vi i nesten 20 år ­jobbet med et forskningsprosjekt som har gitt ny viten om hvordan svulster utvikler seg, særlig i skjoldbruskkjertelen, og som kan bidra til ny behandling. Jeg har også vært med på å utforme de første nasjonale fag­ lige retningslinjene for utredning og be­ handling av brystkreft i 1990- årene og for skjoldbruskkjertelkreft i 2007. Vi har dess­ uten deltatt i flere studier om behandling av brystkreft, et felt der det er gjort store fremskritt. Hva er du mest stolt over i din yrkes­ karriere? – Stolt er vel kanskje ikke det riktige ordet. Men det som definitivt har gitt meg mest alle disse årene er møte med pasientene. Jeg blir stadig imponert over hvordan enkelt­personer og familier mestrer alvor­ lig sykdom, og det er svært meningsfullt å kunne hjelpe noen. En annen ting som fasinerer meg er å arbeide på et univer­ sitetssykehus der jeg kan kombinere forskning og klinikk. Hverdagen repre­ senterer et utrolig spenn av biologiske og menneskelige hendelser, som gjør det til et privilegium å arbeide her.

Du har også vært en drivende kraft innen spesialistutdanningen for leger og kirurger og en pådriver for blant annet etter­ utdannelseskurs i endokrinkirurgi. I tillegg har du hatt mye undervisning av studenter. Hvorfor? – Det hører med til arbeidsoppgavene å formidle kunnskap til andre. Det er flott å se unge kolleger og medisinstudenter som lar seg begeistre av faget. Kontakten og undervisingen med de unge er sam­ tidig et viktig korrektiv til at man selv for­ stenes. Norsk Kirurgisk Forening påpeker din grundige arbeidsmåte og din milde personlige stil. Hvilke egenskaper gjør deg til en god kirurg? – Jeg kan være ganske detaljert og tål­ modig når det trengs. Jeg bruker også gjerne tid til å snakke med og informere pasient og pårørende, det er en viktig del av kirurgens virke. Dessuten er gleden over å operere veldig stor. Den fantastiske anatomien som vi kirurger får lov til å be­ vege oss i er et fantastisk landskap. Det å operere er som å være på kunstutstilling. Samtidig er marginene for å trå feil små, og det gjør kirurgi svært utfordrende.

35


APOTEKENE VEST HF

Haukeland sjukehusapotek

Sjukehusapoteket, litt

meir

enn eit vanleg apotek • Utvalet vårt av legemiddel og apotekvarer er tilpassa behovet til pasientane på sjukehuset • Vi gjer klar legemidla dine mens du ventar og gir deg råd om korleis du brukar dei på rett måte • Vi tek i mot dei gamle legemidla dine og sørgjer for at dei blir destruerte på ein trygg og miljøvenleg måte • Sjukehusapoteket produserer legemiddel som ein ikkje kan skaffe på annan måte. Vi produserer legemiddel til den enkelte, til sjukehusa og til apotek over heile landet • Vi forsyner dei fleste avdelingane i Helse Bergen med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester • Vi samarbeider med tilsette i Helse Bergen og kommunehelsetenesta for å sjå til at du som pasient får rett legemiddelbehandling

SJUKEHUSAPOTEKET ER FOR ALLE! Haukeland sjukehusapotek finn du i Sentralblokka på Haukeland Universitetssjukehus i Jonas Lies vei 65 Telefon 55 97 53 58 Telefaks 55 29 07 40 E-post: bergen@apotekene-vest.no Heimeside: www.apotekene-vest.no 36


Vikarsenteret

I fem år har Vikarsenteret tilbydd arbeidskraft til avdelingane på Haukeland Universitetssjukehus. Sjukepleiar Kari Rødland er ei av dei tilsette, og ho har ingen planar om å gå tilbake til jobb i fast stilling.

Fiksar arbeidskraft

Sjukepleiar Kari Rødland byrja på Vikarsenteret i mars i år. Denne veka er ho på Oppvåkningen på KK. Så langt har ho vore innom 12 ulike avdelingar på Haukeland, og trivst godt. – Eg har blitt veldig godt mottatt på alle avdelingar, skryt ho.

Tekst: Hilde Sander Meling Foto: Ragnhild Dårflot Olsen

Rødland byrja hos Vikarsenteret i mars i år. Denne veka jobbar ho på Oppvåk­ ningen på Kvinneklinikken. Neste veke skal ho vere på Spinalenheten. – Eg valde å gå over til vikarbyrå fordi det er fleksibelt og gir stor variasjon, seier ho. – Tidlegare har eg jobba mykje på spesial­ avdelingar, no får eg ein generell kompe­ tanse som eg ikkje har hatt før. Eg er ­heller ikkje avhengig av å vite kor eg er to år fram i tid, og synest det er herlig å vite at eg kan ta fri neste fredag. Då passar det meg fint å jobbe på Vikarsenteret. Over 100 tilsette Vikarbyrået blei i si tid etablert som eit motsvar til alle dei eksterne vikarby­ råa som dreiv utleige av arbeidskraft. – Målet vårt er å frigjere leiarane ute på avdelingane frå å ringe rundt for å skaffe folk. No har vi over 100 tilsette i Vikar­

senteret som vi til ei kvar tid har oversikt over. Desse er tilsett i Helse Bergen på lik linje med andre arbeidstakarar på sjuke­ huset, men vert sett i arbeid der det er be­ hov, fortel seksjonsleiar ved Vikarsenteret, Britt Velsvik. Ho er ikkje i tvil om at denne typen utleige kjem mange til gode – både avdelingar og dei som ynskjer å vera tilsett på Vikarsenteret. Vikarsenteret har både sjukepleiarar, sekre­ tærar, legestudentar, hjelpepleiarar og merkantile tilsette.

len på det å arbeide som sjukepleiar ved ei hjarteavdeling, ei kreftavdeling eller i psykiatrien. Ved å vere tilsett hos oss får ein muligheit til å teste ut fleire avdelingar før ein eventuelt søkjer fast jobb på ein bestemt plass, seier Velsvik, som også kan fortelje at fleire av dei som har vore tilsette i Vikarsenteret tidlegare har slutta der for å gå over i fast stilling ved ei av­ deling på sjukehuset. Dermed verkar Vikar­senteret også som eit ­rekrutteringsbyrå i ­mange tilfelle.

Det er fleksibelt og gir stor variasjon.

Rekruttering – Det er i hovudsak sjukepleiarar og sekre­ tærar vi formidlar til dei ulike avdelingane. Mange av dei som jobbar hos oss får på denne måten muligheit til å prøve seg på ulike sengepostar, fortel Velsvik. Noko ho understrekar at fleire tilsette er tilfredse med, slik som Kari Rødland. -– Det er mange som ikkje veit forskjel­

Stort behov I dag er det fire personar som jobbar med å ad­ ministrere Vikarsenteret. ­Desse fire har som opp­ gåve å tilsette dyktige medarbeidarar, leige ut kvalifisert personell til dei ulike avdelingane – både i lengre og korte vikariat - sørgje for at faktura frå eksterne vikarbyrå stemmer og ikkje minst selje inn tenesta Vikarsenteret tilbyr. – I all hovudsak blir dei ledige vaktene rundt omkring på sjukehuset fylt opp ei tid i forkant, men Vikarsenteret har også ein døgnbemanna vakttelefon for å kunne serve dei som treng vikarar pre­ kært, fortel Velsvik.

37


(Nattparkering er mulig)

TANNLEGEPRAKSIS

w w w. u t p . n o

Tannlegene Aud Sveen Nygaard og Saeedeh Bagheri Helland ønsker velkommen til vår nye og moderne tannlegepraksis.

Du finner oss mellom Haukeland sykehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus, vis a vis Rema 1000 i Haukelandsveien.

Vi holder til i lyse og trivelige lokaler i det nye helsebygget Ulriksdal Helsepark, som ligger i kort gåavstand fra Haukeland Sykehus. Nye pasienter er velkommen og akutt hjelp ytes samme dag.

Ulriksdal Tannlegepraksis Ulriksdal 2, 5009 Bergen

ÅPNINGSTILBUD til Helse Bergens ansatte: Gratis undersøkelse og røntgen. Bleking kr. 2000.

55 29 01 20 Ulriksdal Tannlegepraksis

38

Ulriksdal 2 5009 Bergen

Tlf 55 29 01 20

E-post post@utp.no


RT KO

&

DT O G

Visste du at?

Vaskeriet på Haukeland Universitetssjukehus vaskar om lag 10 tonn tekstil kvar dag. I løpet av ei veke leverer dei 6.000 laken, 19.500 handklede og 55.000 einingar (kittel, bukse og frakk) med personaltøy.

Har du tatt influensavaksinen?

på HUS

3

Talldoktoren

Sissel Bjørnstad Bioingeniør ved Blodbanken – Eg har tatt vaksinen av medisinske årsaker, men alle på Blodbanken får tilbod om å ta den dersom dei ønskjer.

Randi Johansen Sjukepleiar på Lungeavdelinga post 3 – Det har eg gjort fordi vi får den gratis. Eg syns det er greitt å ta den sidan eg arbeider på ein post der ein er utsett for mykje smitte. Alle på avdelinga får tilbod om å ta vaksinen.

Devadason Rasathurai Portør – Eg har tatt influensavaksinen for eg vil gjerne beskytte både familien og meg sjølv. Dette har eg gjort kvart år dei siste åra.

8950985+3458704592+095825\9

Vi som jobber i Helse Bergen:

23% menn

77% kvinner

Det er kun én som heter Stener.

Unngå julebrann Med julen like rundt hjørnet minner vi om brannsikkerheten på sykehuset.

Det er 108 Olsen’er og 95 Nilsen’er Det er 173 Kari’er og 73 Per’er Det er 220 rådgivere.

1. Levende lys tillates ikke i brennbare dekorasjoner, i lysestaker /-holdere påsatt lysmansjetter av brennbart materiale, på juletrær, i vindusposter eller i nærheten av tekstiler (gardiner), på kontorpulter, i arkivrom eller i andre rom med stor brannbelastning. Det tillates heller ikke på pasient- /sengerom, på steder der det kan forårsake eksplosjoner eller antennelse, på steder der spesielle forhold eller regler gjelder, eller plassert eller festet på en slik måte at brann kan oppstå.

2. Levende lys tillates bare i rom med tilstedeværende personale. Vær oppmerksomme på at noen avdelinger / poster ikke tillater levende lys overhodet.

3. Ansvarlige på post / avdeling skal sørge for at sikkerheten mot brann ivaretas også når det gjelder bruk av levende lys.

hsi

Bowlingdamene toppar tabellen

Bowlingdamene frå Haukeland Sjukehus Idrettslag (HSI) stiller med to lag i serien i år. HSI 1 ligg på førsteplass i divisjonen for øyeblikket, mens HSI 2 er på 5. plass. Bowlingjentene har ikkje faste treningar i kampsesongen, men dersom du har lyst å være med på laget er det ikkje noko i vegen for å ta ei treningssamling når fleire har meldt seg. For meir info om HSI, kan du besøke intranett­ sidene til bedriftsidrettslaget.

Kunst

Strand på Haukeland

Dessverre bærer Haukelands rullestensstrand preg av mangel på vedlikehold. Utsmykningen ble oppført i 1986.

Du er sikkert en av mange som går forbi disse merkelige steinformasjonene hver eneste dag i gangveien mot bussholdeplassen nord for Sentralblokken. Her er nemlig ”Rullestenstranda” (1986), en utsmykning av kunstnerne Steinar Christensen og Svein Rønning. ”Rullestenstranda” viser tre båtformer i betong (lengde ca. 300 cm, høyde og bredde ca. 45 cm) og bauta med malt teltmotiv (ca. 350 x 440 cm). Svein Rønning (f. 1946) står bak utsmykninger for blant annet Fløibanen og Høgskolen i Førde. Steinar Christensen (f. 1946) var med på å bygge opp Vestlandets Kunstakademi. Han har vært professor og rektor ved Kunstakademiet i Oslo og ved Konsthögskolan Valand i Göteborg samt vært gjesteprofessor ved Kunstakademiet i København. Hans mest monumentale verk er en granittskulptur utenfor Statoil-Hydros hovedkontor i Stavanger.

www.sveinronning.net / www.kik.no

39


Returadresse: Helse Bergen Haukeland Universitetssykehus Kommunikasjonsavdelingen 5021 Bergen

Foto: Ole-Christian Amundsen

B

Finishing touch

I april 2009 starter den store flyttesjauen på Haukeland. Da skal alle laboratoriene samles i ett bygg; Labbygget. Bygget er på 23 000 kvadratmeter fordelt på ni etasjar over gateplan. Forutan BBB, er dette det største nybygget på Haukeland Universitetssjukehus sidan Sentralblokken stod ferdig i 1983.

40


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.