KVAR HISTORIE SITT UTTRYKK Olla Rypdal er indieforfatter og gir ut bøker på sitt eget forlag. Hun har skrevet 8 egne bøker, en av dem sammen med en annen forfatter. Forlaget hennes har gitt ut 11 bøker. Her forteller hun deg hvordan prosessen er med å styre alt fra start til slutt. Tekst og Foto: Olla Rypdal
D
et har alltid vore planen min at eg skulle skrive bøker. Heile tilværet har handla om historier, både då eg som barn blei lest og fortalt for, då eg sjølv knekte lesekoden — og som vaksen, i arbeidet med formidling av historier til barn og unge. Teater blei etter kvart arbeidsområdet mitt, og sidan teateret kan vere møtestaden for mange kunstuttrykk, har eg fortalt historier på mange vis, både med eigne produksjonar og i samarbeid med andre. Mens ei historie passar best å bli fortalt med ord, kan ei anna fungere best i danseform, som musikk, som visuell kunst, som animasjon — eller kanskje med fleire uttrykk i kombinasjon. Det fins mange spennande uttrykk, og mange spennande folk å samarbeide med for å få det til! Det har for det meste handla om formidling for barn og unge, workshops og forestillingar, ofte på turné for DKS (Den kulturelle skolesekken). Men oppi alle desse historiene og formidlingsuttrykka kom eg altså på den historia som heilt klart passa best mellom to permar. Utkastet til den første boka var nok ikkje så grundig gjennomarbeida som det skulle ha vore. Men då eg sende det inn til eit par 58
forlag, fekk eg likevel tilbakemeldingar med gode synspunkt på kva som var bra, kva som kunne ha vore betre, på språk og innhald. Positivt nok til at eg heldt motet oppe, men altså ikkje godt nok til kontrakt. Det er eg glad for no, når eg har gjort valet om å vere indieforfattar. Eg er ei utolmodig sjel. Eg liker ikkje å vente, handling må til. I tillegg har eg vore freelanser i så mange år at det å styre eigne prosessar er viktig for meg. Tida som ville gå mens eit manus skulle vandre fram og tilbake, hit og dit, vente på svar, nye utkast i uvisse, kjendest som langt meir tid enn eg meinte å ha til disposisjon.
sjølv. Heldigvis er tilgangen på informasjon stor og aktørane som kan hjelpe deg mange. Her gjeld det å ha is i magen, ta eit steg om gongen, og ha trua på at ein skal få det til. Det var noko overveldande til å begynne med, men det er på same vis som når ein skal ete ein elefant: ein bit om gongen, så kjem ein i mål til slutt. Eg såg snart at for å få til eit minimum av ein god bokproduksjon måtte det kjøpast tenester som omfatta omslagsdesign, framsidebilde, redaktør, språkvask, korrektur, ombrekk og trykking. Om ikkje alt var på plass med den første boka, var målet å få eit — om enn aldri så lite — overskot som skulle investerast i det neste prosjektet. Slik har det gått, slag i slag, steg for steg, med til no åtte bøker sidan 2017. I tillegg har medforfattar på ei av bøkene også gitt ut tre av sine titlar på det vesle forlaget mitt. Til saman 11 titlar, 13 om ein tek med to som er omsett til engelsk.
STORT, ETABLERT ELLER EIGE FORLAG? I denne mangelen på tålmod tvinga det seg fram undersøkingar om korleis ein kunne publisere ei bok
Det er sjølvsagt viktig å ha eit overkommeleg mål for prosjektet sitt, og definere det for seg sjølv på førehand. Skal det vere eit mål å leve av forfattarskapet? Vil ein skape ein bestseljar? For meg er målet langt ifrå så Hverdagsnettmagasinet 3/2021