KSO + OS Carmen 2013

Page 1

GEORGES BIZET

Teater- og Operasalen • 14.- 27. september 2013

KILDEN TEATER- OG KONSERTHUS

KILDEN.COM


Kjære publikum Året er 2013, og vi feirar at norske kvinner har hatt stemmerett i 100 år. Vårt ynskje var difor at årets operaoppsetjing skulle vere eit verk som er vigd den sterke kvinna. Historisk sett er operascenen radikal når det kjem til å setje fokus på kvinnelagnader. Ei rekkje operaer har kvinnenamn og fortel historier om sterke kvinner, der kvinnene har fått vere primadonnaer. Carmen, jenta som var vanskeleg å tøyme, forfører og trollbind både menn og publikummet sitt, er ei av operaverdas mest elska kvinneroller. Etter at Tsjaikovskij hadde sett operaen Carmen for fyrste gong, skreiv han dette i eit brev til sin mesèn, fru von Meck: ”Carmen er et mesterverk i ordets egentligste forstand, et av disse sjeldne verk som tolker en hel musikkepokes søken. Jeg er overbevist om at Carmen innen ti år er blitt den mest populære operaen i hele verden,” – og slik vart det. Ha ei god oppleving! Frøydis Emilie Lind Dagleg leiar, Opera Sør


CARMEN Carmen er Georges Bizets (1838-1875) mest kjente verk, og er basert på romanen med same tittel, som er skrive i 1846 av Prosper Mérimée. Edvard Hoem har omsett operaen til nynorsk, og det er denne versjonen som vert synt i Kilden Teaterog Konserthus. Operaen hadde premiere på Opéra-Comique i Paris 3. mars 1875. Operaen Carmen vart ikkje godt motteke i byrjinga, og vart karakterisert som ein umoralsk og overflatisk fiasko. Bizet døydde kort tid etter uroppføringa, og fekk dermed ikkje oppleve at han hadde skrive ein av operahistoriens mest spelte operaer.

Akt 1. Eit landsbytorg Det myldrar av folk og soldatar. Don José og Zuniga kjem fram akkurat idet pausesignalet til sigarettfabrikken høyrest. Carmen, ei vakker sigøynarjente som jobbar på sigarettfabrikken, gjer alt for å få merksemda til Don José, men han spelar uinteressert. Ho gjer eit siste forsøk ved å kaste ein blome mot ham og levere et forførande smil, før ho forsvinn inn i fabrikken igjen. Venninna hans frå barndomen, Micaela, dukkar opp med eit brev frå mora hans, og Micaela og Don José syng om sin kjærleik til deira felles barndomsdal. Det bryt ut kaos inne på fabrikken. Carmen har vore i slåsskamp med ein kollega, og løytnant Zuniga gjev Don José ordre om å arrestere henne. Men Don José fell for sjarmen hennar, og ho overtaler han til å sleppe henne fri. På grunn av dette blir Don José sendt i fengsel.

Akt 2. Vertshuset til Lillas Pastia

Carmen og venninnene hennar, Frasquita og Mercedes,­ morar seg i vertshuset. Toreadoren Escamillo kjem inn og skryt av framgangen sin - til jubel frå folket. Han vert sjarmert av Carmen, men reiser vidare med eit stort følgje. Smuglarane Remendado og Dancaïro dukkar opp for å fortelje jentene om dei nye smuglarplanane sine. Carmen ynskjer ikkje å vera med, men vert verande igjen i håp om at Don José skal kome. Omsider kjem Don José til vertshuset. Carmen dansar forførande for han, men plikta kallar når han i det fjerne høyrer ein trompet kalla han tilbake til militæret. Carmen håner pliktkjensla hans og lokkar han til å flykte med henne for å leve et sigøynarliv. Don José vert dregen mellom pliktkjensla og kjærleiken til Carmen. Då løytnant Zuniga kjem attende for å finne Carmen, startar Don José ein slåstkamp med han. Zuniga befaler Don José å forlate vertshuset, men han nektar. Då sigøynarsmuglarane kjem attende, overmannar dei Zuniga og kastar han ut. No er det ingen vei attende. Don José må bli hos sigøynarane.

Akt 3. Smuglarane sin hemmelege tilhaldsstad oppe i fjella Don José har tilpassa seg eit liv hos sigøynarane, men Carmen sin kjærleik til han har kjølna. Då ho foreslår at han skal dra sin veg, protesterer han. Carmen morar seg med tarotkorta, og trekk Dødens kort. Straks etter drar jentene og smuglargjengen, og Don José vert igjen åleine for å vakte smuglarvarene. Micaela kjem til staden og ser etter Don José, men vert skremd når Escamillo dukkar opp. Mennene kranglar om Carmen, og smuglarane kjem attende og klarer å avverja slåstkampen. Micaela vert oppdaga, og ho tryglar Don José om å forlate Carmen og dra heim til mor si. Då Don José høyrer at mora ligg for døden, vert han omsider med henne, mens Escamillo inviterer alle til sin store tyrefektar-kamp.

Akt 4. Utanfor tyrefektar-arenaen Escamillo kjem til tyrefektarkampen saman med den nye kjærasten sin, Carmen. Venene hennar åtvarar henne om at Don José har vorte observert ikring arenaen, men Carmen let seg ikkje skremme og vert verande ved porten. Der finn Don José henne og tryglar henne om å bli med ham. Carmen vil ikkje. Ho fortel at forholdet deira er slutt, og at ho no elskar Escamillo. Don José tryglar henne desperat, men Carmen svarar med å kaste ringen han har gitt henne. Alt brest for Don José, som drep Carmen til akkompagnement av sigersjubel innanfrå arenaen.


Peter Szilvay • Dirigent og musikalsk leiar Etter studiar i bratsj og dirigering på Musikkhøgskulen hadde Peter Szilvay sin elddåp som dirigent med Kringkastingsorkesteret i 1996. Han vart fort lagt positivt merke til, som ein personleg profil mellom unge norske dirigentar: Han var dirigent-stipendiat hos Stavanger Symfoni-orkester i perioden 1998-2000, vann den norske dirigentkonkurransen ”Årets dirigent” i 1998, og same år inviterte Mariss Jansons han inn som assistent. Peter Szilvay har henta erfaring frå arbeid med ei rekke orkester, bl. a. St. Petersburg-Filharmonien, Göteborgs Symfoniker, Oslo-Filharmonien og andre norske og skandinaviske symfoniorkester. Han har lagt ned eit stort arbeid med norske militære korps, mellom anna som kunstnerisk leiar for FMKV i Bergen (Forsvarets Musikkorps Vestlandet) i perioden 2000-2003. Han har markert seg svært positivt innanfor samtidsmusikken med fleire av dei leiande samtidsmusikk-ensembla i Noreg sidan hausten 2012 er han kunstnerisk leiar for Bodø Sinfonietta. Peter Szilvay har dirigert ei rekke ballettførestillingar ved DNO&B, i tillegg til operane Robin Hood våren 2013 samt Carmen og Maskeballet for Riksoperaen. Szilvay har òg dirigert ved operaane i Würzburg og i Nida, Litauen. Han har gjort fleire innspelingar og har uroppført over 150 verk. I 2011 mottok han komponistforeininga sin pris som årets utøvar. Neste sesong ventar fleire spanande prosjekt med bl.a. Oslo Filharmonien, Nordnorsk symfoniorkester, Stavanger Symfoniorkester og Kristiansand Symfoniorkester. Lisa Kent • Regissør og koreograf Lisa er ein britisk teaterregissør og koreograf med karriere innan teater, dans, opera og musikalar. Som koreograf har ho gjort fleire produksjonar i London’s West End, for The New Shakespeare Company, Shakespeare’s Globe Theatre, og New Edna the Spectacle med Dame Edna Everage (Haymarked Theatre ) og Scrooge The Musical med Tommy Steele ( London Palladium ) og med Richard Chamberlain på turné i USA. Ho koreograferte eit dansedrama tilpassa Mozarts Requiem for The Kammeroper på Schonbrunn Palace i Wien. Ho har også hatt regi og koreografi på Massenet’s Cherubin, også for Kammeroper i Wien med Angelika Kirschlager i tittelrolla. I Danmark har ho vore med på fleire produksjonar, både for Århus Teater og Det Nye Teater i København, i tillegg til: Me and My Girl, Broadway Pirates of Penzance, Crazy For You, Miss Saigon, Beauty and the Beast, The Producers, The King and I, Wicked, Mary Poppins, Les Miserables, Singing In The Rain. Lisa har hatt fleire oppdrag i Noreg, til dømes ved Den Nasjonale Scene i Bergen, då dei satt opp La Cage Aux Folles og Les Miserables. I fjor arbeidde ho ved Nationaltheatret i Oslo med oppsetjinga av ”Folk og røvere i Kardemommeby”. I år har ho vitja Kilden Teater- og Konserthus som regissør og koreograf for Evita og Carmen.

Leiko Fuseya • Scenograf og kostyme-designer

Tidlegare har ho designa ei rekkje produksjonar i USA, blant anna Benjamin Brittens A Midsummer Night’s Dream for Chicago Opera Theater i Andrei Serbans regi. Ho har óg jobba ved fleire teatre i New York, Boston, Connecticut, Philadelphia, Dallas og Washington D.C. Av Opera i Noreg har ho tidlegare designa La Boheme for Den Nye Opera, Eystein av Nidaros ved og i Nidarosdomen og Aida for OscarsborgOperaen. Teaterproduksjonar dei siste åra er bl.a. Trassalderen for Oslo Nye Teater, =Oslo for Det Norske Teatret, Hvem er redd for Virginia Woolf ?, Hamlet og Hedda Gabler for Riksteatret, Plastillina for Nathionaltheatret, Hedda Gabler og Hans og Grete for Den Nationale Scene i Bergen, og Oliver Twist for SoFteater. I tillegg var det Leiko som designa Håkon Berges musikal Byterminalen, Carte Blanches Vesle Einsteins Juleønske med Dansdesign og Scene til medaljeseremoni for Oslo 2011 Ski-VM på Universitetsplassen. Ho har tidlegare designa Blomster og Blod og Carmen i Fjæreheia. No lagar ho design for Ekte Kjærlighet i Intimsalen i Kilden. Ho er utdanna med BFA frå New York University og Master of Fine Arts frå Yale University.

Robert Wierzel • Lysdesignar Robert Wierzel har arbeida med kunstnarar frå ulike bakgrunnar innanfor teater, dans, samtidsmusikk, museum og opera både i USA og utanlands. Innanfor opera inkluderer merittlista hans arbeid med operakompani som mellom anna Paris-Garnier (Les Indes Galantes), Tokyo (Opera Chushingura), Toronto, Bergen (L’Etoile), Folkoperan i Sverige, New York City Opera, Glimmerglass Festival, Seattle, Boston Lyric, Minnesota, San Francisco, Houston, Virginia, Chicago Lyric, Opera Theatre of Chicago, Montreal, Vancouver, Portland, Wolf Trap, San Diego, samt Philip Glass’ Les Enfants Térribles (American Theatre Wing Award). Innan dans spenner arbeidet til Wierzel seg over 27 år, og inkluderer samarbeid med mellom anna koreograf Bill T. Jones (Bessie Awards). Det har resultert i produksjonar ved Lyon Opera Ballet, Berlin Opera Ballett, og Walking The Line ved Louvre museet i Paris. Blant Broadway-merittane er FELA! (som vart Tony-nominert og som òg vart sett opp ved The National Theatre i London, i tillegg til turnear internasjonalt og i USA) og Broadway-debuten til David Copperfield, Dreams and Nightmares. Off-Broadway-produksjonar inkludere Shakespeare Festival/Public Theatre i New York, The Signature Theatre, The Roundabout, og Playwrights Horizons. Teaterarbeidet til Wierzel i USA inkluderer produksjonar ved dei fleste store regionsteatra, frå New York til San Francisco. Han har ein master-grad i Fine Arts (MFA) frå Yale School of Drama og er i dag adjunkt ved New York Universitetets Tisch School of the Arts. Magnus Loddgard • Dirigent (17-18/9) og repetitør Magnus Loddgard, født 1979, studerte klaver og dirigering på Norges Musikkhøgskole samt dirigering ved Universität der Künste i Berlin, kor han no bur. Han har jobba innanfor mange sjangrar både som pianist, repetitør, komponist og dirigent, i tillegg til å vera leiar for Fjøsfestivalen, ein musikk- og litteraturfestival som vert arrangert på heimgarden Loddgard i Melhus. Som pianist har Loddgard gjort seg mest merka innanfor samtidsmusikk. Han har gjort solokonsertar og vore solist med Trondheim og Kristiansand Symfoniorkester, og urframført ei rekke verk og han er fast pianist i Ensemble Ernst. Han er òg aktiv som kammermusikar og akkompagnatør. Som dirigent har han gjort konsertar med dei fleste norske symfoniorkestra, men trivs òg godt i små ensemble. Han er fast dirigent for ensemble neoN, og har òg jobba gjentekne gonger med Oslo Sinfonietta og Bodø Sinfonietta. Men hovuddelen av karrieren har dreia seg rundt opera, og Loddgard har vore tilsett som repetitør ved Den Norske Opera & Ballett, kor han òg har dirigert fleire produksjonar,både innanfor opera og ballett. Loddgards operarepertoar spenner frå Monteverdi til samtidsmusikk, og han har dirigert fleire urframføringar.



Jeanette E. Goldstein • Carmen

Mezzosopranen Jeanette E. Goldstein (f. 1983), frå Ålesund, har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole og Operahögskolan i Stockholm. Ho har tidlegare studert hos m.a. Svein Bjørkøy, men har no Lena Hellström-Färnlöf som songpedagog. Hausten 2008 gjorde Jeanette alt-partiet i Pergolesi sin Stabat Mater på Kungliga Operan i Stockholm i førestillinga Quandam, og sommaren 2009 spelte ho Polinesso i Handel sin opera Ariodante på Drottningholms Slottsteater. Under sesongen 2010/2011 var ho tilsett ved Wermland Opera i Karlstad og gjorde Flosshilde i Das Rheingold og Götterdämmerung, og Rossweisse i Die Walküre, i Wagners Das Gold der Nibelungen. Hausten 2012 gjorde ho 3. Dame i Opera Sør si oppsetjing av Tryllefløyten. Jeanette vart i 2009 invitert til å delta i akademiet i Aix-en-Provence kor ho fekk moglegheit til å arbeida med profilar som m.a. Bernarda Fink. I juni 2012 var ho finalist i Wilhelm Stenhammar International Music Competition i Norrköping, Sverige.

Thomas Ruud • Don Jòse

Thomas Ruud vart fødd i Oslo og studerte ved Statens Operahøgskole. Han vart uteksaminert derifrå i 1991. Han fortsette songutdanninga si hos Jess Thomas og George Buckbee i University of Pacific i California. Thomas har hatt gjeste-engasjement ved ei rekkje operaproduksjonar i Noreg og Europa. I 1994 debuterte Thomas som Grev Almaviva i Barberen i Sevilla av Rossini på Den Norske Opera, etterfylgt av rollene Rodolfo i La Boheme, Alfred i Flaggermusen og Camille de Rossilon i Den glade enke. I 2004 vart han tilsett ved Staatsoper Hannover, kor han m.a. gjorde Belfiore i La finta giardiniera, Tebaldo i I Capuleti e i Montecchi, Rodolfo i La Boheme og Alfredo i La Traviata. I 2006 vart han tilsett på Staatsoper Stuttgart, der han gjorde Don José i Carmen, Pinkerton i Madama Butterfly, Cavaradossi i Tosca og Steva Buryia i nyproduksjonen av Jenufa og mange fleire rollar. For tida er Thomas frilansar og syng på operascenar i heile verda. I tillegg er Thomas ein etterspurd konsertsangar og hadde m.a. eigen konsert med den verdskjende songarinna Kiri Te Kanawa i 2011. Han er òg ein av tre tenorar som reiser jamleg på turne med Hanne Krogh.

Kjerstin Løvdal • Micaela Kjerstin Løvdal er fødd i Kristiansand og er no busett i Oslo. Ho har utdanninga si frå Grieg akademiet i Bergen og Norges Operahøgskole i Oslo. I sesongen 09/10 var ho engasjert som solist-praktikant ved Den Norske Opera og Ballett. Kjerstin debuterte med rollen Barbarina i Le Nozze di Figaro av Mozart og har sidan sunge Papagena i Tryllefløyten av Mozart og sopran-partiet i Carmina Burana av Carl Orff; alle ved Den Norske Opera & Ballett. Med gruppa “De tre damene” har ho gjort stor suksess med De tre superdamene - en operaforestilling for barn som òg har vore å oppleva i Kilden og seinast under “Festspillene i Bergen 2013”. Kjerstin har òg gjort seg merka med rollene Serpina i La Serva Padrona av Pergolesi, Poppea i L’incoratione di Poppea av Monteverdi, Concepsion i L’Heure Espagnole av Ravel, Grethe i Hans og Grethe av Humperdinkel for Operafestivalen i Oslo, Musetta i La Bohéme av Puccini for Nordnorsk opera og Pamina i Tryllefløyten av Mozart. Magne Fremmerlid • Escamillo Magne Fremmerlid kjem opprinneleg frå Skodje på Sunnmøre. Han er bass-baryton og har si utdanning frå Rogaland Musikkonservatorium med sangpedagog Marit Storækre. Etter 14 år som lektor i musikk ved Solborg Folkehøgskule og Høgskulen i Vestfold vart han i 1997 ansatt som solist ved Den Norske Opera og Ballett. Her har han gjort meir enn 60 forskjellige rollar. Han har her sunge roller som: Figaro i Figaros bryllup, Sarastro i Tryllefløyten, Escamillo i Carmen, Scarpia i Tosca, Vannånden i Rusalka, Banco i Macbeth og ikkje minst har han dei siste åra hatt store roller i Wagneroperaene Götterdämerung, Tannhäuser og Tristan og Isolde. Han har og det siste året sunget Zaccaria i Nabbuco (Fredriksten festning) og Gurnemanz i Parsifal (Essen, TYskland). Han har og ved fleire høve gjesta operaen i København. Magne har òg sunge med alle dei proffesjonelle orkestra i Noreg, sist med Oslo Filharmonien i Mahlers 8 symfoni sist vinter. Sesongen 2013-14 syng Magne fylgjande roller ved operaen i Oslo: Bonzo i Madame Butterfly, Crespel i Hoffmanns eventyr, Kommandanten i Don Giovanni og Daland i Den flygende Hollender. Natanael Uifalean • Zuniga Natanael Vasile Uifalean er 28 år og kjem frå Romania, men bur no i Oslo, der han jobbar ved DNO&B. Natanael har si utdanning frå Universitetet i Timisoara. Under studia var han óg engasjert ved Nasjonaloperaen i Timisoara, der han song ei rekkje roller, deriblant Basilio i Il Barbier Di Siviglia av Rossini, Il Re – Aida av Verdi, Monterone i Rigoletto av Verdi og Bartolo i Le Nozze di Figaro av Mozart. Han har óg vore solist i ei rekkje kyrkjemusikalske verk, deriblant Kroningsmessen og Requiem av Mozart og Händels Messias. I 2009 song Natanael under den rumenske internasjonale musikkfestivalen Timisoara Muzicala, der han urframførte ein romancesyklus for bass, skrive av Remus Georgescu. Samme år fekk han tredje plass i den internasjonale konkurransen Sabin Drăgoi, Timişoara. Han gjorde rolla som Colline i La Boheme av Puccini på turné med Nordnorsk opera og symfoniorkester i mai 2012. Natanael song under opningssermonien av Kilden i januar 2012.


Hanna Husáhr • Frasquita Den unge, svenske sopranen Hanna Husáhr har studert ved Guildhall School of Music and Drama, Operaskolen i Göteborg og Stockholm Opera Studio. Opera-engasjement i 2012/13-sesongen inkluderer tittelrollen i Lucia di Lammermoor ved Den Latviske National Opera, ei rolle som ho òg framførte på Opera på Skäret, og førestillinga The Cunning Little Vixen ved Bergen Nasjonale Opera. Blant andre rollar kan nemnast Adina i L’elisir d’amore, første Blumenmädchen/Knappe i Parsifal og High Priestess i Aida ved Finske National Opera, så vel som Leïla i Les pêcheurs de perles ved Folkoperan i Stockholm. Hanna Husáhr mottok i 2011 Jussi Björling Award. Framtidige engasjement inkluderer førestillingar med L’arte del Mondo ved Berlin Philharmonie, rolla som Grethe i Peters Bryllup ved Musikfestspiele i Postdam Sanssouci, konsertframføringar med det Svenske Symfoniorkester og Radiokoret på Berwaldhallen i Stockholm og Zerlina i Don Giovanni ved Bergen Nasjonale Opera. Maija Skille • Mercedes

Maija Skille vart uteksaminert frå Sibelius-Akademiets operaskole i desember 2009. I juli 2010 gjorde ho den internasjonale debuten sin i rolla som Bradamante i Alcina av Händel, ved Operaen i Santiago, Chile. I 2009 vann ho Merikanto-sångtävlingen i Finland og i 2008 kom ho på 3. plass i Lotte Lenya Singing Competition i New York. Ho har òg motteke ei rekke stipend og legat. Maija er ein allsidig songar med eit repertoar som spenner frå barokk til Broadway. Ho har sunge rollar som Mrs Lovett i Sweeney Todd av Sondheim, Polinesso i Ariodante av Händel, Fidalma i Il matrimonio segreto av Cimarosa, 3. Dame i Tryllefløyten av Mozart, Sorceress i Dido and Aeneas av Purcell og Zita i Gianni Schicchi av Puccini. Hausten 2012 og våren 2013 song ho 3. Dame i Tryllefløyten av Mozart ved Komische Opera i Berlin. Kyrkjemusikalske verk ho har gjort er Verdi sitt Requiem, Petite Messe Solennelle av Rossini, Bach sitt Juleoratorium og hans Messe i H-moll, Mozart sitt Requiem, Messias av Händel, samt både Vivaldi og Pergolesi sine Stabat Mater.

Stein Skjervold • Dancaïro

Stein Skjervold har musikkutdanninga si frå Griegakademiet i Bergen og Norges Musikkhøgskole og har studert med m.a. Barbro Marklund og Håkan Hagegård. Etter studia har han vore aktiv både som operasongar og konsertsongar. Han har turnert med Den Norske Opera og har òg sunge på dei fleste regionoperaene i Noreg. Han har òg haldt ei lang rekke egne konserter i Noreg og i utlandet, med eit repertoar som strekkjer seg frå barokkmusikk via romansar og opera til samtidsmusikk. Dei siste åra har han hatt base i Vilnius, og held ofte konsertar med Nasjonalfilharmonien, Vilniusfilharmonien, samt dei fleste kammerorkestra i landet.

Kristian Krokslett • Remendado

Kristian Krokslett (1975), tenor, kjem frå Breivik i Salten (Bodø). Han har vore engasjert som songar og skodespelar i Musikkteater i Bodø, Lofotoperaen, Nordland Musikkfestuke, Bodø Internasjonale Orgelfestival, Den Nye Opera, Oslo Operafestival, Opera Nordfjord, Ringsakeroperaen og Operaen i Kristiansund. Han har hatt mange ulike typar rollar, mellom anna i Carmen, Jomfru Rosenving på Santavajasø, Frk. Victoria, Tryllefløyten, Jedermann, Un Giorno di Regno og I Cancelliraadens Dage. Krokslett har hatt gleda av å jobbe under fleire av landets dyktige regissørar, og medverkar òg på ei rekke ulike CD-innspelingar, både som solist og korist. Frå kyrkjemusikk-repertoaret hans kan ein mellom anna nemna Mozart sitt Requiem, Bach si H-mollmesse, Petite Messe Solenelle av Rossini, Nelson-messe av Haydn og Verdi sitt Requiem. Han har vore solist med mellom andre Bodø Sinfonietta, Oslo Filharmoniske Orkester, Arctimus, MiN-ensemblet og TrondheimSolistene.

Jørgen Backer • Morales Jørgen Backer har det siste året vore engasjert som solist-praktikant ved Den Norske Opera & Ballett. Der har han sunge Dr. Falke i Flaggermusen og vidare i Madama Butterfly, Khairos, og Robin Hood. Han har bakgrunn frå Norges Musikkhøgskole og vart uteksaminert frå Operahøgskolen våren 2012. Han har studert under pedagogar som Carsten Stabell, Håkan Hagegård og Brian Jauhiainen. Under studietida har han sunge ei rekke operarollar som Guglielmo i Cosi fan tutte, Tarquinius i The rape of Lucretia, Nardo i La Finta Giardiniera, Nick Shadow i The Rakes Progress og Frank i Flaggermusen. Han har i tillegg vore engasjert ved konsertar og operaoppsetjingar rundt i landet sidan 2007.


KRISTIANSAND SYMFONIORKESTER

Musikk: Georges Bizet (1838- 75) Libretto: Henri Meilhac (1830-97) og Ludovic Halévy (1834–08) Omsetjing: Edvard Hoem Dirigent: Peter Szilvay Regissør/koreograf: Lisa Kent Scenograf/kostymedesignar: Leiko Fuseya Lysdesignar: Robert Wierzel Maskør: Helga Flateland Dirigent assistent: Magnus Loddgard Korinnstudering: Marianne Sødal Misje Fight director: Søren Poppel Regiassistent: Elisabeth Lindland Carmen: Jeanette Goldstein Don José: Thomas Ruud Micaela: Kjerstin Løvdal Escamillo: Magne Fremmerlid Zuniga: Natanael Uifalean Frasquita: Hanna Husáhr Mercèdés: Maija Skille Dancaïro: Stein Skjervold Remendado: Kristian Krokslett Morales / kor: Jørgen Backer Dansere: Melker Sörensen, dansekaptein Anthony Robinson Samuel Brandt Stacey Ayana Rasch-Olsen Eldre dame: Gunnvor Brekke Eldre mann: Torgny Solheim Barn: Hanna Balsnes Tora Skogvoll Brostrøm Martin Fidjeland Maria Louise H. Godoy Paul Fjell Gundersen Einar Hjelmerud-Rosendal Vetle Kleveland Hallvard Misje Marte Olsen Elsa Romberg Olav Smemo Amelia Freya Stephens Johanne Regine Svendsberget Hanne Horn Tønnessen Vemund Aasemoen Aardal Agnes Aarsland

Sopran Audhild Wessmann Live Lunde Gjedrem Bjørg Irene Samuelsen Ellen Steinsland Åslaug Grøvlen Ragna Marie Henden Julie Falch Bjørklid Tone Østli Alt Ragnhild Aas Anne S. Lislevand Åslaug Myrvang Eva Heimly Gry Westbye Siri Bryn Ottersland Margaret Gunvaldsen Ilse van Lingen Anne Haugland Balsnes Tenor Lasse Harms Uwe Schauroth Tom Backe Olav Andreas Opedal Kristian Sødal Bjøro Hildebrandt Øyvind Svanes Almedal Anders Veiteberg Bass Olav Halvorsen Espen Kristensen Birger Holtet Anders Jensen Lars Kristian Håkestad Per Erik Larsen Knut Iversen Jørgen Backer

1. Fiolin Adam Grüchot Daniel Perek Lars Lunde Dorota Grüchot Nataša Vidačić Britta Swanberg Maria Andrén Pål Svendsberget Ida Kristine Hansen Sigmund Eikeset 2. Fiolin Lene-Marie Helland Andrea Hansen Svetlana Jelic Josine van den Akker Katarina Skogheim Hallvard B. Sæbø Ambra Nesa Karen Walthinsen Stanka I. Tashkova Bratsj P.O. Lindberg Kjell Åge Stoveland Jane Kärner Olaf Broch Trygve-Johan Simonsen Niklas Sjunnesson Cello Jasper Havelaar Anne Bræin Jonathan den Herder Krisztina Eikeset Randi Birkeland Tone Østby Kontrabass Erik Zeppezauer John W. Harrison Jan Mathiasson Alfred Matre Kåre Dalane

Fløyte Anne Randi Haugejorden Nina Barkenes Mamiko Miura Obo Marion Walker Roar Brostrøm Klarinett Stig Nordhagen Ingrid Wangsvik Kari Ingelsrud Fagott Jon Halvor Lund Odd Lyngstad Horn Simon Breyer Amanda Harrison Hilde Garby Leif Tore Strandbakken Anne Gunn Grimerud Trompet Rune-Alexander Trygg Trym Dalene Eivind Bjørnevik Trombone Nils Tore Brunvatne Monika Heggholmen Thor-Arne Martinsen Harpe Johanna Nousiainen Pauker Thomas Hansen Slagverk Ellen Fjørtoft Gaute Drange Vee Lazar Colovic

Inspisient: Nina Ruud • Scenemeistar: Ryall Burden, Morten Skipstein • Loftsmeistar: Simon Bjørn Nielsen • Sceneteknikar: Tine Hjelmerud, Joakim Stien, Bjørn Erik Lilleengen, Magne Strand • Lys, fagansvarleg: Jørgen Isaksen • Lysbordprogrammør: Svein Selvik • Lysmeistar: Shane Burke Lysteknikarar: Gro Kristensen, Carlos Valente • Føljespotkøyrar: Ørjan Moen, Erlend Eidhamar • Rekvisittmakere: Heidi Lian, Pernille Usterud, Nadia Liv Eskedahl • Produksjonsassistent: Kjersti Økland Kvadsheim • Parykkmaker / maskør: Karin Nordling • Sminkørar: Marie Bechsen Hansen, Tonje Cascampas, Tonje Skomedal Ramse • Kulisseverksted, leiar: Hilleborg Eggen • Snekkarar: Jostein Olsen, Audun Wea • Malarar: Camilla Lilleengen, Frode Holgersen, Ørjan Moen • Sveisare: Audun Wea, Øystein Aase • Kostymeseksjon, leiar: Hanne M Lyngbye, Elisabeth Wennesland • Syarar: Jessica Romberg, Bente Kyrvestad, Anne Lise Stensli, Magda Stallemo Bakke, • Cecilie Nybakk Nore, Cecilie Hagen, Ida Holm • Påkledarar: Ida Holm, Astrid Stulien Ro, Silje Bakken Repetitør: Magnus Loddgard, James Duddle • Tekstmaskinkøyrar: Kristina Schmidt

Kilden Teater- og Konserthus for Sørlandet IKS Post- og besøksadr: Sjølystveien 2, 4610 Kristiansand - tlf: 90 58 11 11 - e-mail: post@kilden.com Billettkontor: man 11-16, tirs -fre 11-19, lør 11-15, søn 12-15 Kafé Kast Loss: man 11–16, tirs-lør 11-19 / siste forestillingstart, søn 12–17 / siste forestillingstart facebook.com/kildenkrs • kilden.com

Grafisk produksjon: Kilden TKS/Anders Frode Marum - Foto: Kjartan Bjelland

CARMEN


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.