3 minute read
LANDSLEIRER
LANDSLEIRÅRET 2022
Som KFUK-KFUM-speidarar er vi ein del av verdas største barne- og ungdomsorganisasjonar. Dette verdsvide fellesskapet åpnar dører for unge menneske og gir speidarane våre ei unik moglegheit til å delta på internasjonale arrangement og leirar.
Advertisement
Vi i internasjonalt utvalg har som mål å tilretteleggje for at alle våre medlemmar som ønskjer å ta del i internasjonal speiding skal få moglegheita til det. Vi har difor samla ei liste over spanande ting som skjer i 2022 for at du som leiar enklare kan hjelpa dine speidarar til å ta turen ut i verda.
Etter mange avlysingar og utsetjingar i 2020 og 2021 blir det full landsleirstafett i europa sommaren 2022. Vi startar med vår eigen Gnist på Forsand 2.–9. juli 2022, og deretter er det berre å pakke sakene og reisa vidare til Finland.
På den finske landsleiren, Kajo 2022, er det forventa rundt 15000 deltakarar. Leiren foregår 125 kilometer nord for Helsinki, og programmet er tilpassa speidarar frå 12 år og oppover. Leiren si engelske nettside er www.kajo2022.fi/en. Tidspunkt: 15.–23. juli 2022.
Same dag som den finske leiren sluttar startar ein ny på Hedeland i Danmark. Spejdernes Lejr skal rette fokuset framover, med temaet «Fælles om fremtiden». Dette er den største landsleiren i Norden, hvor det er forventa 40 000 deltakarar. Meir informasjon finn du på www.spejderneslejr.dk. Tidspunkt: 23.–31. juli 2022. Når du er ferdig på leir i Danmark har den svenske landsleiren allereie starta, men ta det med ro! Leiren er berre 1,5 times biltur unna, i Norra Åsum, heilt sør i Sverige. Hovudmålgruppa for programmet på leiren er dei mellom 10 og 18 år, og det skal handle om «drömmen om en hållbar värld». Meir informasjon kan du finne på www.jamboree.se. Tidspunkt: 30. juli–6. august 2022.
Dersom du ønskjer å reise lengre sør kan du også delta på den tyske landsleiren, BdP National Jamboree, i München. Her kan du ta del i ein leir med 5000 andre speidarar, og oppleve tysk kultur ved å besøke ei tysk speidargruppe under landsleiren. Meir informasjon finn du på www.bundeslager.pfadfinden.de. Tidspunkt: 29. juli–8. august 2022.
Eller kva med å delta på ein enda større leir i Sveits? På den Sveitsiske landsleiren «Mova» er det forventa 35 000 deltakarar som skal samlast på Goms Valley. Her deltek vi som ein samla kontingent frå Noreg, som blir delt inn i mindre patruljar som vil bli sett saman med ein patrulje frå Sveits, for best mogleg kulturutveksling. Meir informasjon finn du på www.mova.ch. Tidspunkt: 23. juli–6. august 2022.
Syns du noko av dette verkar spanande, men er usikker på korleis du går fram når ein skal dra på internasjonale speidararrangement? Ta kontakt med oss i Internasjonalt utvalg på epost til internasjonalt@kmspeider.no. Vi kan hjelpe deg med å komma i kontakt med speidarar i utlandet, anten du vil dra åleine eller om du vil reise med heile troppen din. Dersom du planlegg ein utanlandstur med gruppa, må du gi beskjed til post@kmspeider.no.
Vi gler oss til nye internasjonale aktivitetar i 2022 og håpar vi ser deg der!
LANDSLEIR 2022: Gnist FOR HVEM: Familiespeidere, vandrere, rovere, ledere DATO: 2.–9. juli 2022 STED: Forsand
WORLD SCOUT JAMBOREE 2023
TEKST: Madeleine Ulstein FOTO: Lars Røraas
I 2023 har du mulighet til å ta del i det største som skjer i speideren, nemling verdensjamboree! På verdensjamboree samles det over 50 000 speidere fra hele verden, som sammen lager en kjempestor leir i ti dager.
Neste verdensjamboree arrangeres i Sør Korea, på SaeManGeum, i nærheten av Byeonsanbando nasjonalpark. Temaet for leiren er «Draw Your Dream», hvor deltakerne skaper sin egen drømmeleir.
Tidspunkt: 1.12. august 2023
Tidligere deltakere beskriver det å delta på verdensjamboree som noe av det beste man kan gjøre som speider. Norge sender en kontigent som vil bestå av rundt 600 deltakere og frivillige. Deltakerne må være født mellom 22.juli 2005 og 31. juli 2009. Dersom du er eldre kan du søke om å være ISTer (internasjonal stabsmedlem), i troppsledelse eller i den norske kontingentstaben. Pris og mer informasjon kommer.
Det er flere ledige plasser for frivillige i kontigenten, så uansett hvilken erfaring du har er det sikkert noe du kan bidra med. Er du interessert i å være frivillig? Ta kontakt med Venusia hos NSF på venusia@speiding.no.