3 minute read
SAMMEN KAN ME HJELPE Globaldag på landsleir
TEKST: Astrid-Amalie Heldal FOTO: Thora Øyvindsdatter Jespersen
SAMAN kan me hjelpa på landsleir!
Advertisement
Har du nokon gong tenkt på kor godt me har det her i Noreg? Me har mat på bordet og ein plass å bu. Me får gå på skule og me kan seia meiningane våre utan å verta straffa for det.
Sånn er det ikkje for alle. Mange menneske veit ikkje kva tid dei skal få eta seg skikkeleg mette neste gong. Mange barn har ikkje moglegheit til å gå på skule, og alt for mange menneske vert behandla urettferdig på grunn av ting dei ikkje kan noko for.
NÅR DET ER SÅ MYKJE som er urettferdig i verda, kan det av og til kjennast litt håplaust å sitta i vesle Noreg, for kva kan me eigentleg gjera for å hjelpa til?
MEN FORTVIL EI, me kan hjelpa! Ein god måte å hjelpa til på er å delta på Globalaksjonen. Globalaksjonen er ein aksjon der me samlar inn pengar til KFUK-KFUM Global sine bistandsprosjekt. Vanlegvis arrangerer speidergruppene eigne Globalaksjonar og sender inn pengar mellom september og februar, men du kan vera med på å samla inn pengar kva tid du vil, når som helst gjennom året! I år skal me òg samla inn pengar på globaldagen på landsleiren.
Globaldag med løp og marknad
På Gnist kjem det til å vera Globaldag. Det er en heil dag der speidarar samlar inn pengar ved å ha marknad og å gjennomføra globalløp. Du kan delta på globalløpet eller bruka pengar på Globalmarknaden. Pengane som kjem inn på Globaldagen går til KFUK-KFUM Global sine prosjekt og spesielt speiderarbeidet i Tanzania.
Globalløp kan by på litt leven. Kva med å sitja i ei trillebåre med ein kjele på hovudet?
Ver budd
Speidargruppa skal førebu ein marknadsaktivitet til Gnist og det kan væra ein fordel at de har tenkt ut kva de vil gjera før leiren startar. Med ein kul aktivitet eller matrett kan de få mange på besøk til bua dykkar. Det er nesten berre fantasien som set grenser for kva de kan gjera i marknadsbua. Kva med å selja vaflar eller lappar, fletta hår, tilby massasje, ha karusell eller ein annan morosam aktivitet og leik?
OM DE VIL er det mogleg å gjera nokre førebuingar til Globalløpet før leiren. Når me deltek på Globalløpet skal me samla inn sponsorar som sponsar oss med ein pengesum. Sponsorane kan sjølv velja om dei vil gje eitt beløp per runde du spring, eller eit fast beløp for at du deltek i løpet. Å sponsa med rundebeløp vil seia at sponsoren må gje beløpet for kvar runde du spring. Dess fleire rundar, dess meir pengar. Det er lurt å høyra om nokon vil vera sposorar før du reiser på leir. Når du har sprunge vil dei motta ein sms med beløp og betalingsinformasjon.
Ein del av dei som deltar synest det er kjekt å kle seg ut eller å gjera noko anna kreativt under løpet. Dersom du vil det, kan det vera fint å planlegga allereie no. Tidlegare har speidarar gått på treski, gått baklengs, trilla nokon i trillebåre, bore nokon i hengekøye og mykje meir.
Me gleder oss til å se deg på Globalmarkedet og Globalløpet!
KVA TYDER BISTAND?
Bistand er når eit land, ein organisasjon, ei gruppe menneske eller enkeltpersonar gjev økonomisk, humanitær eller kulturell hjelp til utviklingsland, hjelpeorganisasjonar eller grupper med menneske.
Foto: Daniel H. Widnes