3 minute read
GNIST 2022
Spørsmål og svar om Gnist!
Viss du skal på Gnist kan det vera at du har noko du lurer på. Her har me samla ein del spørsmål og svar som me håper kan gjera deg klar for leir!
Advertisement
Kva gjer me på landsleir?
Landsleir er det største arrangementet me har i Noreg. På Gnist bygger me leir ved å setta opp telt, bygger bord av stokkar og forvandlar gruppa sitt område til ein slags heim. Me skal ha leirbål, kjekke aktivitetar, speidergudstjeneste, globalløp og globallmarknad (les meir på side 20 og 21), gå på haik og mykje meir. Alt saman med fleire tusen andre speidarar frå heile landet. Kanskje kjem det nokon frå utlandet og!
Kan eg betala med kontantar på Gnist?
Me ønsker at flest mogleg bruker bankkort til å betala med på leiren. Det vil berre vera mogleg å betala med kontantar i kaféen, Speiderbutikken og i storkiosken. I dei andre kassane må du betala med vanleg bankkort.
Treng eg å ta med lommepengar?
Nei, det treng du ikkje ha med, men det kan vera kjekt å ha. Du kan handla både i Speiderbutikken og i kiosken i løpet av leiren.
Kor kan eg gå på do og vaska hendene?
Me kjem til å setta opp festivaldoar rundt på leirområdet. Ved doane kjem det til å vera vasspostar som du kan vaska hendene dine i. Doane står litt rundt forbi på leirområdet.
På landsleir bygger me leir. Her bur, søv og et me.
Kva er haik?
Haik er ein overnattingstur med patruljen uten vaksne. Vanligvis sover me i gapahuk eller under åpen himmel. På Gnist vil me at flest mogleg speidarar skal ut på tur. Viss du synest det er litt skummelt at patruljen skal ut på tur aleine, kan de prøva å ta haikemerket før leiren. De kan finna fleire førebuingsaktivitetar på gnist2022.no
Må eg bera alle tinga eg har med meg når me skal på haik?
Før du skal ut på haik skal du pakka om sekken sånn at du har med deg berre det du treng for eit døgn på tur. Resten av tinga ligg igjen i leiren der leiarane passar på det.
Kor skal me sova på leiren?
Når de kjem til leiren får gruppa tildelt eit eige område som på ein måte blir “heimen” dykkar gjennom leiren. Der sett dykk opp telta de skal sova i og ein stad de kan laga mat på. På resten av gruppepområdet kan de gjera nesten som dykk vil. Mange plar for eksempel å bygga ein portal eller inngang til området.
Får me mat?
Ja, gruppene får utlevert mat og tilbereder vanlegvis maten felles på gruppeområdet sitt.
Er det badeplass ved leiren?
Ja, Haukalivatnet ligg 10-15 minutters gange frå leirområdet. Her er det fine bademoglegheiter. Speidarar får ikkje lov til å bada utan tilsyn av godkjente vaksne.
Kan eg ta merker på leiren?
Det kan du! Alle får leirmerket på leiren og i tillegg kan du ta leirfresen og andre merke som høyrer til leirmerket. Speiderbutikken har eige telt på leiren, der kan du kjøpa mange ulike merker.
Kor stort er leirområdet?
Leirområdet i år er like stort som 23 fotballbaner! Her kan fleire tusen speidarar sova i telt samtidig og det er plass til å gjennomføra fleire aktivitetar.
Er det berre folk frå Noreg?
Me har invitert speidarar frå andre land òg, kor mange som kjem frå utlandet vert spanande å sjå på leiren!
Bør me kjenna nokon for å vera med?
Nei, du treng ikkje å kjenna nokon. Mykje av opplegget på leiren skjer i patruljar, så du får mykje tid til å verta kjent med andre. Det er òg mogleg å verta kjent med folk frå andre grupper.
Går me mykje på tur?
I løpet av leiren vil me at flest mogleg speidarar skal gå på haik, ein tur med overnatting, ei natt. Haikane har ulik vanskelegheitsgrad og lengde. Utanom det går me ikkje så mykje på tur, men det blir litt gåing til og frå aktivitetane og dei ulike fellesareala på leirstaden.
Er det felles leirbål for alle?
Nokre kveldar er det felles leirbål for alle, medan andre kvelder er det lagt opp til mindre vennskapsleirbål. Då går gruppa saman med ei anna gruppe og har leirbål.
Kva bør me ha med?
Gruppene vil få tilsendt pakkelister før leiren sånn at de skal vita kva de skal ha med dykk.