Speiderbladet nr 2 - 2022

Page 4

Kva gjer me på landsleir?

Spørsmål og svar

om Gnist! Viss du skal på Gnist kan det vera at du har noko du lurer på. Her har me samla ein del spørsmål og svar som me håper kan gjera deg klar for leir!

4

Landsleir er det største arrangementet me har i Noreg. På Gnist bygger me leir ved å setta opp telt, bygger bord av stokkar og forvandlar gruppa sitt område til ein slags heim. Me skal ha leirbål, kjekke aktivitetar, speidergudstjeneste, globalløp og globallmarknad (les meir på side 20 og 21), gå på haik og mykje meir. Alt saman med fleire tusen andre speidarar frå heile landet. Kanskje kjem det nokon frå utlandet og!

Kan eg betala med kontantar på Gnist?

Me ønsker at flest mogleg bruker bankkort til å betala med på leiren. Det vil berre vera mogleg å betala med kontantar i kaféen, Speiderbutikken og i storkiosken. I dei andre kassane må du betala med vanleg bankkort.

Treng eg å ta med lommepengar?

Nei, det treng du ikkje ha med, men det kan vera kjekt å ha. Du kan handla både i Speiderbutikken og i kiosken i løpet av leiren.

Kor kan eg gå på do og vaska hendene?

Me kjem til å setta opp festivaldoar rundt på leirområdet. Ved doane kjem det til å vera vasspostar som du kan vaska hendene dine i. Doane står litt rundt forbi på leirområdet.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.