3 minute read
METTEMARIT
Kronprinsesse Mette-Marit var speidar då ho var ung i Kristiansand Blå Kors speidargruppe. Det var på 1980-talet, og i i dag er ho høg beskyttar for Noregs speidarforbund. Dette gjer at ein ofte kan sjå Mette-Marit på speidararrangement, ho har mellom anna besøkt fleire speidarleirar. «Eg er sikker på at viss verden bestod av fleire speidere, hadde verden vært et bedre sted» sa Mette-Marit tidlegare i år då ho var med på å opne Speidertinget til NSF-speidarane. Dette er gode ord å ta med seg og hugse på som speidar!
Advertisement
Komikar og programleiar Steinar Sagen, som du kanskje har sett i programmet Side om side eller som programleiar for speidarrealityprogrammet Alltid beredt var også speidar då han var yngre. Han fortel at han elskar speidaren, og at det var grunnen til at han ville at fleire skulle få oppleve det fantastiske speidaruniverset. Når ein er speidar lærer ein mykje om seg sjølv og korleis ein skal klare seg i og ta vare på naturen, det er noko Steinar Sagen er glad for at han sjølv fekk lære då han var speidar.
Erna Solberg, tidlegare statsminister i Noreg har også vore speidar. Som speidar fekk ho mykje leiarerfaring som ho har hatt god nytte av seinare i livet. Ho var også speidarleiar, og fekk erfaring med å ta vare på seg sjølv og andre, god leiartrening og mange gode minner. Det at ho var speidar, og lærte å løyse oppgåver aleine og saman med andre har hjelpt ho på andre område i livet. Det samfunnsengasjementet Erna fekk i speidaren, brukte ho vidare då ho vart aktiv i politikken. Mest sannsynleg kom speidarkunnskapane til Erna godt til nytte då ho var statsministeren vår.
Sjå meir på neste side!
Mange kjendisar har vore speidarar då dei var yngre, noko som viser at det ikkje er så dumt å vere speidar. Å vere speidar er med på å gjere ein til sjølvstendige og ansvarsfulle gode menneske, slik Mette-Marit og Erna Solberg er einige om. Ein lærer veldig mykje nyttig når ein er speidar, som ein får bruk for heile livet, uansett om ein er astronaut, statsminister eller noko heilt anna! Kanskje er det du som ein dag er statsminister i Norge?
Fleire Speidarkjendisar
• Basketballspiller Michael Jordan
• Menneskerettsaktivist Martin
Luther King Jr.
• Artist Jon Bon Jovi
• Beatles-medlemmene Paul McCartney og John Lennon
• Filmregissør Steven Spielberg
• Microsoft-Gründer Bill Gates
• Kong Carl Gustav av Sverige
• Fotballtrenar Åge Hareide
• Tore Sagen, komiker
Intervju med
Gaute Eiterjord
tidlegare leiar i Natur og Ungdom
– Kva for ei speidargruppe var du med i og kva heitte patruljen di?
– Eg var med i Bekkefaret KFUK-KFUM-speidarar og patruljen heitte Kvalross. Seinare var eg patruljeførar for patruljen Albatross.
– Kva er ditt beste tips til dei som er unge speidarar i dag?
– Det eg syntest var fint med speidaren var at vi fekk så mykje tillit til å gjere ting sjølv utan vaksne. Bruk den moglegheita til å dra på tur og finn på sprell! Det er òg fint å dra på kurs og bli kjent med nye folk frå resten av landet og verda. Friluftskunnskapar kjem også godt med seinare i livet, både å kunne navigere, lage mat og overnatte utandørs. Dette er kunnskap du kan imponere andre med!
– Kva tenker du om speidarane si rolle i klima- og miljøspørsmål?
– Eg trur den kan vere viktig, og bør brukast for å gi unge utløp for miljøengasjementet sitt. Speidaren spelte nok ei rolle for at eg vart glad i naturen, sidan vi var mykje på tur og at vi må vere solidariske med dei som ikkje er like heldige som oss i Noreg. Ikkje minst kan speidarane lære barn og unge å setje namn på mangfaldet i naturen, om det er å lære seg treslag, fuglar, planter eller sopp.
– Kva er ditt beste speidarminne?
– Å vere på leir om sommarane! Særleg var det stas då vi var ei veke på segltur i Ryfylke i 2007. Det var knallvêr heile veka og vi fekk prøve oss som mannskap. På den eine seglasen gjekk vi på eit skjær og vart ståande i fleire timar, men det hugsar eg ikkje noko av fordi eg låg og sov under dekk.
– Fekk du bruk for noko av det du lærte som speidar som leiar i Natur og Ungdom?
– Ja, då eg sommaren 2021 var med på protestere mot gruvedumping i Repparfjorden i Finnmark, og satt opp teltleir der. Mine gamle pioneringskunnskapar kom godt med for å lage bord og gapahuk. Eg hadde ikkje trudd eg sakna å surre saman gamle bjørkeraier med sisal, men det gjorde eg! Mange gamle speidarar kom innom leiren vår, og var imponerte over konstruksjonane våre. So klart var det nokre ikkje-speidarar som lurte på om vi mangla plankar, og spiker, men det klarte vi oss fint utan!