1 minute read
Kristne symbol
Rundt oss er det mange symbol. Du har kanskje sett den raude og den grøne mannen som viser om det er trygt å gå over vegen eller ikkje? Andre vanlege symbol er merka som viser korleis ulik emballasje skal kjeldesorterast, og symbolet for handikapparkering. Me kan også finna mange ulike symbol i kristendommen.
TEKST: Astrid-Amalie Heldal
Advertisement
ILLUSTRASJONAR: Helene Moe Slinning
Kross
I kristendommen er krossen det mest brukte og det sterkaste symbolet, og du har ganske sikkert sett det tidlegare. Krossen finst i kyrkjer, i smykker, i kunst, som klistermerke, som dekorasjon på bilar, og som tatoveringar. Ein del kyrkjer er til og med forma som ein kross. Krossen er eit symbol på frelse, og han minner oss om at Jesus døydde for oss, at han sigra over døden og at han stod opp igjen for oss.
Krossen er berre eitt av mange symbol i kristendommen. I bibelen kan me mellom anna lesa om Gud som set regnbogen på himmelen som eit teikn på pakta mellom han og kvar einaste levande skapning. Pakta er at det aldri meir skal koma storflaum og øydelegga jorda.
Fisk
Dei første kristne blei forfulgt. For dei var fisken eit viktig symbol. Når dei kristne teikna fisken i sanden, signaliserte dei til andre at dei var kristne. Då kunne andre kristne kjenna igjen teiknet og forstå at begge var kristne.
Det kan høyrast rart ut at dei kristne brukte ein fisk for å visa kva tru dei hadde, men det er ikkje tilfeldig. Det greske ordet for fisk er ikthys, eller på gresk ΙΧΘΥΣ, det same som forkortinga av «Iisoús Chrístos, Theoú chyiós, sóter». På norsk tyder det «Jesus Kristus, Guds son, frelsar».
Vil du lesa meir om regnbogen og pakta?
Då kan du lesa Første
Mosebok kapittel 9.
Symbol på Jesus
Jesus blir ofte samanlikna med ein gjetar. Jesus passar på oss på same måte som gjetarar passar på flokken sin. Løva og lammet kan også vera symbol på Jesus.
Trekant
Trekanten er eit symbol på treeininga, og minner oss om at me trur på éin Gud. Me i KFUK-KFUM-speidarane har ein trekant i logoen vår. Dei tre hjørnene i logoen skal symbolisera at menneska er sett saman av ande, sjel og legeme, medan dei tre sidene symboliserer treeininga, Gud, Jesus og Den Heilage ande.
Den Heilage Ande
Då Jesus blei døypt viste Den Heilage Ande seg som ei due, og på den første pinsedagen kom Den Heilage Ande og sette seg som eldtunger på apostlane sine hovud. Både dua og elden kan vera symbol på Den Heilage Ande.