5 minute read

Forord

Next Article
Utgangspunktet

Utgangspunktet

Kapittel 1 Utgangspunktet

«Menneskehetens totale utslettelse er en god unnskyldning for å innsette et diktatur. Man kan liksom ikke stille spørsmål ved den.»1 Kommentaren – eller hjartesukket – kjem frå Paul Abel, hovudpersonen i Bjørn Vatnes dystopiske framtidsroman, Nullingen av Paul Abel. Utsegna kjem etter at det økologiske ekstremistpartiet Pan-etisk forbund nettopp har tatt makta i Norge gjennom eit statskupp. I det framtids-Norge som romanen beskriv, har teknologien gjort det mogleg å «strøyme» informasjon til, og å manipulere, kvar enkelt innbyggars hjerne direkte. Pan-etisk forbund hadde «sett seg nøydd til» å rive til seg kontrollen over dette systemet, ettersom den norske regjeringa ikkje hadde tatt alvorleg beskrivinga av kor forferdeleg det stod til med kloden. Norge skulle no bli det føregangslandet som viste korleis det var mogleg å «gå over til et fullstendig bærekraftig levesett i løpet av relativt få år», som Vatne skriv. Romanen er ei sørgjeleg skildring av korleis dette gjekk, og kor ille det gjekk med den stakkars professoren i biologi, Paul Abel, som greidde å kople seg fri frå science fiction-teknologien for meiningsmanipulasjon, som sjølv Kinas president ville misunnt leiaren i Pan-etisk forbund, Jan Rotgers.

Nullingen av Paul Abel er ein dystopisk framtidsroman. Den er ei science fiction-skildring av korleis eit framtidssamfunn styrt av fanatiske menneske, som meiner seg å handle på grunnlag av ein høgare

kunnskap om behovet for å «redde kloden», kan sjå ut. Bortsett frå science fiction-teknologien som har gjort det mogleg for staten å kople seg direkte til kvar einskild innbyggars hjerne, er romanen likevel ikkje meir fjern frå dagens klima- og miljødebatt enn at det finst ganske mange menneske som tenker i same baner som dei vi finn i «revolusjonserklæringa» frå Pan-etisk forbund. I ein situasjon der verda blir påstått å stå i fare for å bli ubeboeleg for menneske2, og der demokratiet blir hevda å vere ute av stand til å handtere problemet, blir det også i dagens verkelege verd sysla med seriøse tankar om at det einaste som kan redde verda, er ei eller anna form for «klimadiktatur» eller «økodiktatur». Det kan gjere slutt på politisk kiv og krangel og fokusere samfunnets felles ressursar på at denne eine trusselen som overskygger alt anna, er idéen. Liksom Pan-etisk forbunds leiar, Jan Rotgers i Bjørn Vatnes roman, ser dei som tenker slik at «(k) limakampen (… er som) en enestående mulighet til å samle alle om et felles mål, én sak som trumfer alle andre hensyn».3

Denne boka handlar om korleis klimatrusselen også er ein trussel mot demokratiet – ikkje berre frå klimaaktivistar og dei som ser klimatrusselen som ein trussel om verdas undergang, men også frå dei som tyr til antidemokratiske metodar i protestane mot klimaaktivistar og klimatiltak.

Samtidig skal eg vare meg vel for å karakterisere alle klimaaktivistar, og også forskarar, som i dag ser til meir autoritære styreformer, som antidemokratar. Rett nok finst også prinsipielle antidemokratar, og vi vil finne eksempel på slike i denne boka. Først og fremst finst dei på den mørkare høgresida og i dei historiske røtene til delar av den økologiske rørsla, men ikkje berre der. Dei finst også i den aktuelle klimadebatten og på den politiske venstresida. Dei aller fleste av dei som i dag nører opp under dei antidemokratiske straumdraga i klima- og miljødebatten, er likevel prinsipielle tilhengarar av demokrati. Men dei

er gjerne frustrerte over at demokratiet ikkje er i stand til å ta «rette» avgjerder eller gjere det som er «nødvendig» for å «løyse» klimakrisa. I fortviling over at dagens demokratiske styresmakter ikkje får ned klimagassutsleppa, kjenner dei seg difor likevel freista, eller tvinga, til å sjå mot meir autoritære system, som ikkje, slik som demokratiet, er avhengig av folkeviljen og menneska sine kortsiktige prioriteringar.

Også klimaaktivistar og forskarar som verken oppfattar seg som – eller er – prinsipielt negative til demokratiet, bygger ofte opp under argumentasjonen om at «det er systemet som må endrast» dersom vi skal redde kloden frå undergangen. Korleis det alternative «systemet» skal sjå ut, er som regel meir uklart, men det må vere eit «system» som på eitt eller anna vis betre enn dagens opne demokrati kan tvinge gjennom «nødvendige» og upopulære klimatiltak. Det dei derimot er mindre opptatt av, er å spørje seg kva som faktisk er problemet med dagens klimapolitikk, og kvifor den ikkje fungerer. Korleis kan vi, innanfor rammene av demokratiet, utvikle ein klimapolitikk som ikkje først og fremst råkar dei svakaste både i vårt samfunn og i fattige land, og som skapar den demokratiske motstanden som aktivistane meiner må undertrykkast?

Ein global fiasko

For det er ikkje tvil om at dagens klimapolitikk er ein global politisk fiasko. Albert Einstein blir av og til sitert på at «galskap er å gjenta det same om og om igjen og vente seg ulike resultat». Nå kan neppe Einstein ha sagt det slik. Kastar vi for eksempel ein terning gong på gong, ventar vi nettopp å få ulike resultat. Dersom vi derimot skulle få einar kvar gong, ville vi mistenke sterkt at det var noko gale med terningen. Ein meir treffande definisjon på galskap ville difor vere «å gjenta det same gong på gong, få same resultat, men fortsette å

utsleppsproblemet gjennom fordeling av kvotar og mål for utsleppsreduksjonar basert på modellproduserte «budsjett» for kor mykje CO2 som kan sleppast ut framover, har dei også tydd til eit populært politisk verkemiddel frå slutten av førre hundreåret, nemleg mål og resultatstyring og New Public Management.

Målstyring av den globale temperaturen

Det er god grunn til å hevde at det er nettopp grunnprinsippa frå målstyring og New Public Management som ligg under, og som har inspirert, dagens klimapolitikk. Desse grunnprinsippa seier at det er dei overordna politikarane – her politikarane på globalt nivå – som fastset mål og legg rammer for gjennomføring. Det globale målet blir så delt opp i delmål og fordelt nedover i systemet til dei einskilde land, som så igjen fordeler nasjonale delmål. Det kan for eksempel vere mål for utsleppsreduksjonar i enkelte sektorar. Poenget er at måla her, som i all målstyring, blir fastlagde politisk på toppen og fordelte, før det så blir opp til dei underordna ledda nedover i systemet å finne ut korleis dei i praksis skal realisere dei tildelte delmåla. Det andre grunnprinsippet, henta frå New Public Management, går ut på å ta i bruk marknadsmekanismen som styringsreiskap så langt som mogleg. Det kjem mest direkte til uttrykk i ordninga med kjøp og sal av klimakvotar.129

Sjølv om dette er eit grovt forenkla bilde, vil eg påstå at nettopp New Public Managementideologien er det skjelettet som den globale klimapolitikken bygger på. Det heilt grunnleggande problemet med korleis dette systemet har fungert i praksis, er at verdas politikarar gjennom klimatoppmøta i Kyoto, København og Paris, og i dei årlege COPmøta, har mislykkast med å kopla saman mål med mekanismar for å realisere dei. Det gjeld først og fremst fordeling av delmål nedover i systemet. Det direkte paradoksale er at når politikarane har vore ute

This article is from: