3 minute read

KLIMATRUSSELEN OG DEMOKRATIET

Next Article
Forord

Forord

av stand til å bli samde om mekanismane for gjennomføring, har dei i staden gjort det enda vanskelegare for seg sjølv ved å heve ambisjonane og flytte grensa for global temperaturauke. Når dei i Paris innsåg at det ville vere umogleg å bli samde om ei fordeling av utsleppskutt, la møtet så i staden opp til ei «frivillig» ordning for å realisere det overordna målet for utsleppsreduksjon på 40 prosent fram til 2030. Ser vi på vår heimlege klimapolitikk, står den langt på veg fram som ein konkurranse i å sette høge mål for utsleppsreduksjon. Det politiske partiet som set høgst mål for utsleppsreduksjon, vinn klimakampen.

Den viktigaste grunnen til at protestane nå reiser seg i form av gatedemonstrasjonar, «klimabrøl» og Extinction Rebellion,130 er ikkje så mykje at politikarane manglar høge mål og ein tydeleg uttala vilje til å sette klimaproblemet på toppen av den politiske problemlista. Slik sett stemmer det ikkje at dei ikkje har tatt klimaproblemet alvorleg. Politikarane har tvert om, med referanse til nettopp klimavitskapen, lagt opp til ein ambisjon om å «løyse» klimaproblemet, men det har vist seg å vere ein ambisjon som dei ikkje har greidd å innfri. Det er politikarane sjølve som har formulert dei måla som aktivistane nå kritiserer dei for at dei ikkje maktar å oppfylle.

La oss ein augneblink dra det heile ned på jorda og spørje kva den overordna ambisjonen i grunnen går ut på. Uttrykt i eit nøtteskal går den ut på, gjennom ei ambisiøs form for global målstyring, å regulere den globale temperaturen. Utsleppsreduksjonane, endringane i folks matvanar, utviklinga av vindkraft, og så vidare, er berre verkemiddel for å nå det store målet: kontrollere den globale temperaturen, slik at den held seg under 1,5 grader. Dette starta i Kyoto, som eit «topdown»prosjekt. Det blei følgt opp i Paris, men no som eit «bottomup»prosjekt, der føresetnaden er at dei enkelte land sjølve skal formulere sine mål, slik at det heile summerer seg opp til at reduksjonen i utslepp blir tilstrekkeleg stor. Uansett er det spørsmål om ikkje verdas politikarar her gjer

seg skuldige i ei form for hybris. Er det i det heile tatt mogleg å «løyse» verdas største kollektive og «wicked» problem gjennom eit slikt prosjekt for global målstyring?

Målstyring krev for det første klare og eintydige mål. Vi må vite kva vi styrer mot, og vi må kunne seie kor langt frå eller kor nær vi til ei kvar tid er å nå målet. 1,5 grader global oppvarming er ikkje eit slikt mål. Vi vil aldri vite om vi er innanfor dette målet eller ikkje. Her er vi avhengige av modellprodusert kunnskap som kan vise seg å vere rett eller ikkje, men kor vidt den viser seg å vere rett eller feil, får vi berre greie på etter at det eventuelt er for seint. Den globale temperaturen endrar seg ujamt, også av naturlege grunnar. Utsleppa i dag vil bli verande i atmosfæren i hundrevis av år. Kunnskapen om «tipping points» er ikkje godt nok utvikla, og vi veit ikkje om vi alt i dag har sleppt ut klimagassar som kan utløyse uventa reaksjonar, som modellane ikkje har tatt høgde for. Sjølv om den globale middeltemperaturen i 2050 skulle ligge under 1,5 grader oppvarming, veit vi med andre ord ikkje om målet er oppnådd. Dersom verda skulle hatt eit meir handterleg mål å styre etter, hadde det truleg vore meir fornuftig å bruke CO 2 konsentrasjonen i atmosfæren (ppm) som mål. Klimaaktivistorganisasjonen 350.org har, som det går fram av namnet, sett grensa for kva dei meiner kloden kan tole, til 350 ppm.131 Den grensa er alt langt overskriden, og eit slikt mål vil dermed krevje effektiv teknologi for å ta CO2 tilbake frå atmosfæren, om det skal realiserast. Dit er vi ikkje i dag. Eit meir realistisk mål, men som det truleg også vil vere vanskeleg å innfri, er å halde konsentrasjonen under 500 eller 550 ppm. Det hadde likevel vore betre, sidan eit slikt mål ikkje er avhengig av globale temperatursvingingar, som skjer heilt uavhengig av menneskeleg påverknad.

For det andre krev målstyring kontroll over verkemiddel. Den rådande klimastrategien er, som vi har sett, retta inn mot å kontrollere utsleppa.

This article is from: