Klimatrusselen - Jon Naustdalslid

Page 15

av stand til å bli samde om mekanismane for gjennomføring, har dei i staden gjort det enda vanskelegare for seg sjølv ved å heve ambisjonane og flytte grensa for global temperaturauke. Når dei i Paris innsåg at det ville vere umogleg å bli samde om ei fordeling av utsleppskutt, la møtet så i staden opp til ei «frivillig» ordning for å realisere det overordna målet for utsleppsreduksjon på 40 prosent fram til 2030. Ser vi på vår heimlege klimapolitikk, står den langt på veg fram som ein konkur­ ranse i å sette høge mål for utsleppsreduksjon. Det politiske partiet som set høgst mål for utsleppsreduksjon, vinn klimakampen. Den viktigaste grunnen til at protestane nå reiser seg i form av gate­ demonstrasjonar, «klimabrøl» og Extinction Rebellion,130 er ikkje så mykje at politikarane manglar høge mål og ein tydeleg uttala vilje til å sette klimaproblemet på toppen av den politiske problemlista. Slik sett stemmer det ikkje at dei ikkje har tatt klimaproblemet alvorleg. Poli­ tikarane har tvert om, med referanse til nettopp klimavitskapen, lagt opp til ein ambisjon om å «løyse» klimaproblemet, men det har vist seg å vere ein ambisjon som dei ikkje har greidd å innfri. Det er politika­ rane sjølve som har formulert dei måla som aktivistane nå kritiserer dei for at dei ikkje maktar å oppfylle. La oss ein augneblink dra det heile ned på jorda og spørje kva den over­ ordna ambisjonen i grunnen går ut på. Uttrykt i eit nøtteskal går den ut på, gjennom ei ambisiøs form for global målstyring, å regulere den glo­ bale temperaturen. Utsleppsreduksjonane, endringane i folks matvanar, utviklinga av vindkraft, og så vidare, er berre verkemiddel for å nå det store målet: kontrollere den globale temperaturen, slik at den held seg under 1,5 grader. Dette starta i Kyoto, som eit «top-down»-prosjekt. Det blei følgt opp i Paris, men no som eit ­«bottom-up»-prosjekt, der føresetnaden er at dei enkelte land sjølve skal formulere sine mål, slik at det heile summerer seg opp til at reduksjonen i utslepp blir tilstrek­ keleg stor. Uansett er det spørsmål om ikkje verdas politikarar her gjer 75


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.