2 minute read
Utgangspunktet
I målstyringstermer betyr det at strategien i realiteten rettar seg mot å påverke åtferda til kvart einaste individ av dei nå over 7,8 milliardar menneske på kloden.132 Dette er rett nok ein påverknad som skjer via «mellomledd» som statar, kommunar, organisasjonar, bedrifter og så vidare. Så lenge strategien rettar seg mot utsleppa – mot global oppvarming som eit «forureiningsproblem» – endar det likevel opp med eit krav til kvar einskild av oss om å endre vår åtferd: Vi skal reise mindre, legge om kosthaldet, akseptere dyrare drivstoffprisar og fleire bomstasjonar, bu trongare, spare energi og generelt sett akseptere ein nedgang i levestandard, økonomisk vekst og velferdsnivå. Så lenge det er utsleppa som er i fokus, er det vanskeleg å komme utanom at «rekninga» til sist hamnar hos den einskilde innbyggar. Strategien inviterer til eit individuelt «svarteperspel»: Kvifor skal eg la vere å køyre bil til hytta, når den einaste som taper på det er eg sjølv, mens alle andre held fram som før og «klimagevinsten» er så godt som mikroskopisk. Idealistar finst, og det er på mange måtar dei som set den moralske agendaen, men effekten på klimautsleppa er i beste fall marginal. I eit globalt perspektiv blir dette enda meir problematisk: Her er det ikkje så mykje tale om å gå ned i forbruk og levestandard, som det er å sette ein stoppar for vidare økonomisk vekst og utvikling, som vil ta frå innbyggarane i fattige og middelinntektsland moglegheitene for vekst, utvikling og heva levestandard. Her ligg da også ein viktig nøkkel til at det har vore så vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å komme fram til global semje om fordeling av framtidige utsleppskutt.133
Det viktigaste for vår vidare diskusjon er likevel at desse mekanismane fører til den frustrasjonen med demokratiet som no kjem til uttrykk i mange forskar og aktivistkretsar. Det er fordi det store fleirtalet av innbyggarane verken i dei rike eller dei fattige delane av verda er villige til å ta på seg dei individuelle offer som er nødvendige for «å redde verda før det er for seint», at vi stendig oftare høyrer kravet om at meir tvang må til, og om at vi er nøydde til å gripe til meir autoritære styringsformer for å tvinge folk til å akseptere «nødvendige» klimatiltak. Stendig fleire synest å vere samde med biologen som er sitert på følgjande om kva som er viktigast, demokratiet eller miljøet:
Svaret er ganske åpenbart (…) om vi ikke ivaretar miljøet og de biologiske betingelsene for at menneskeheten fortsatt skal kunne ha opphold på jordkloden, betyr det fint lite om vi pleier demokratiet. Det vil ikke lenger være et folk her som kan utøve folkestyre.134
Dette sluttar filosofen Einar Øverenget seg til når han konkluderer med at «Et opplyst enevelde eller en totalitær fører kunne produsere raskere og mer effektive resultater når det gjelder klimautfordringene, terror og fattigdomsbekjempelse.»135
Ja, tru det? Dette er spørsmålet vi tar med oss til dei to neste kapitla. Den måten klimaproblemet har blitt forstått og handsama på, har skapt ein global og nasjonal klimapolitikk som er med på å forklare framveksten av dei antidemokratiske reaksjonane og svara på klimaproblemet, som vi ser i dag.