Klimatrusselen - Jon Naustdalslid

Page 1

Innhald Forord .................................................................................................................................... 11 DEL I

KLIMATRUSSELEN OG DEMOKRATIET .......................................................... 15 Kapittel 1

Utgangspunktet ................................................................................................................ 17

Ein global fiasko ....................................................................................................... 19 Eit dystert bilde ........................................................................................................ 21 Må vi forkaste demokratiet for å redde verda? ..................................................... 23

Mitt utgangspunkt ................................................................................................... 26 Kva med føre var-prinsippet? ................................................................................ 30 Demokratiet .............................................................................................................. 31 Klimaproblemet har to sider ................................................................................... 38

Kapittel 2

Klimaproblemet og klimapolitikken .................................................................. 43

Mekanismane bak den globale oppvarminga ........................................................ 43 Global oppvarming versus klima ........................................................................... 48 Eit eksempel: «Vi har berre 12 år på oss» .............................................................. 53 Kva seier IPCC? ........................................................................................................ 56 Klimapolitikken ....................................................................................................... 60 Eit vondarta problem .............................................................................................. 62 Frå Rio via Kyoto til Paris ....................................................................................... 64 Sviktande forbilde .................................................................................................... 68 Målstyring av den globale temperaturen ............................................................... 74 Den globale strategien og frustrasjonen med demokratiet .................................. 78


DEL II

ANTIDEMOKRATISKE TRUSLAR ....................................................................... 81 Kapittel 3

Den antidemokratiske arven og draumen om «økodiktaturet» .......... 83

Historiske røter – samfunnet som trussel mot naturen ....................................... 84 Miljørørslas økologiske arv .................................................................................... 86 Antidemokratiske historiske røter i miljørørsla ................................................... 89 Ekstremvarianten til høgre – økofascismen .......................................................... 95 Dagens økofascisme ................................................................................................. 98

Kapittel 4

Den aktuelle klimadebatten og trusselen mot demokratiet ............................... 105

Den aktuelle klimadebattens djupøkologiske røter ............................................ 106 Antidemokratisk aktivisme ................................................................................... 108 Visjonen om det ekspertstyrte meritokratiet ...................................................... 113 Klimaendringane som trussel mot fri debatt og kritisk forsking ...................... 119 Kritikk av det antidemokratiske svaret på klimaproblemet .............................. 124 Gjer autoritære regime det betre? ........................................................................ 130 Er eit autoritært klimakupp sannsynleg? ............................................................. 137

Kapittel 5

Folkelege klimaopprør og undergraving av demokratiet ....................... 141

Det bilbaserte samfunnet ...................................................................................... 143 Klimaopprøret for å «redde klimaet» .................................................................. 145 Bompengeopprøret ................................................................................................ 148 Ferjeopprøret ......................................................................................................... 153 Vindkraftopprøret ................................................................................................. 155 Folkeopprøret mot klimahysteriet ....................................................................... 158 Urealistiske klimamål og undergraving av demokratiet .................................... 161 Problemet med den personfokuserte klimapolitikken ....................................... 167 Den polariserte klimadebatten og undergravinga av demokratiet ................... 169


Kapittel 6

Den «utanom-politiske» løysinga på klimaproblemet ............................. 173

Kva er klimafiksing? .............................................................................................. 175 Eit globalt varmeskjold .......................................................................................... 178 Historisk tilbakeblikk ............................................................................................. 179 Ein problematisk strategi ...................................................................................... 182 Jakta på kunnskap .................................................................................................. 185 Det demokratiske problemet ................................................................................ 192

DEL III

DEMOKRATISKE ALTERNATIV ........................................................................ 203 Kapittel 7

Eit uregjerleg problem ............................................................................................... 205

Krisestrategien ....................................................................................................... 207 Kvifor blir klimapolitikken så konfliktfylt? ......................................................... 214 Litt teori .................................................................................................................. 216 Teorien og klimapolitikken – med vindkraft som eksempel ............................. 220 Om teori og praksis ............................................................................................... 225 Lenin og Thunberg eller Brox? ............................................................................ 227 Om framtidige generasjonar ................................................................................. 231 Om å ete ein elefant ............................................................................................... 237

Kapittel 8

Moment til demokratiske svar på klimaproblemet .................................. 243

Om å ta bitar av elefanten ..................................................................................... 243 Karbonavgift heller enn utsleppskvotar .............................................................. 249 Grøn vekst .............................................................................................................. 253 Ein grøn New Deal ................................................................................................ 263 Kva med kjernekraft? ............................................................................................ 269 Til slutt litt om tilpassing til eit klima i endring ................................................. 276 Ingen «quick fix» .................................................................................................... 280


Kapittel 9

Draumen om Paradiset .............................................................................................. 283

Om å gjenskape Paradiset ...................................................................................... 284 Framover mot fortida ............................................................................................ 286

Det tapte paradiset ................................................................................................. 294 Klimaproblemet, demokratiet og forsvar for eit ope samfunn ......................... 297

Referansar ........................................................................................................................ 303 Notar ................................................................................................................................... 341

Stikkord ............................................................................................................................ 377


Forord Denne boka handlar om korleis klimaproblemet truar demokratiet, kva for utslag denne trusselen gir seg og korleis demokratiet kan møte trusselen. Den tar sikte på å vere eit forsvar for demokratiet i klimakampen. Arbeidet med boka spring ut av ei genuin bekymring for kva for effektar den globale oppvarminga kan få for samfunn og natur. Ei slik uro er eg på ingen måte aleine om. Det som derimot ikkje like mange er opptekne av, er korleis klimaendringane også påverkar vilkåra for politisk styring, og dermed også vilkåra for å handtere klimautmaningane på ein demokratisk måte. Vi ser i dag stendig oftare at klima­ aktivistar, men også forskarar, viser til klimaproblemet som så dramatisk at det vil vere nødvendig å sette vanlege demokratiske spelereglar til side for å tvinge gjennom «nødvendige» tiltak. På den andre sida blir mange klima­politiske tiltak møtt med protestar og aksjonar med klare antidemokratiske trekk. Samtidig som eg er bekymra for klimaendringane, er eg difor også bekymra for demokratiet – og for at delar av klimakampen kan medverke til å undergrave demokratiet. Når leiande klimaaktivistar etter dei (rett nok) magre resultata av klimamøtet i Glasgow avviser klimapolitikken som «blah, blah, blah», er det med på å styrke denne bekymringa. Vegen i retning av meir autoritære svar på klimaproblemet kan vise seg å vere kortare enn vi trur.

11


Boka samlar dokumentasjon og analyse av dei antidemokratiske mekanismane i kampen om klimaet. Samtidig er den eit forsøk på å vise at trass i alle sine manglar, er demokratiet ei betre styreform for å møte klimautfordringa enn noko anna form for styre som kritikarane kan vise til. Eg har arbeidd med boka til og frå dei siste par-tre åra. Arbeidet har til ein viss grad blitt påverka av koronakrisa. Den opphavlege planen var i større grad å basere boka på samtalar og intervju med aktørar på ulike sider i klimakampen, politikarar, aksjonistar og forskarar. Reiserestriksjonar og restriksjonar når det gjeld å møte andre, gjorde dette opplegget vanskeleg. Dette blei gjort enda vanskelegare ved at eg er busett i Sverige, og at grensa mellom Norge og Sverige var stengd i lange periodar. Difor har boka, meir enn det som først var tanken, blitt basert på dokumentariske kjelder, litteratur og presseoppslag. Skrivinga, særleg under dei restriksjonane som koronatida har ført med seg, har til tider vore ein einsam prosess. Eg er difor stor takk skuldig til eit lite utval personar som har tatt seg tid til å lese og kommentere heile eller delar av manuskriptet undervegs: Nils Petter Gleditsch, Trond Iversen, Magnar Naustdalslid, Olav Refsdal og Inger Marie Stigen. Kommentarane har vore fagleg nyttige, men også til støtte og oppmuntring i arbeidet. Takk også til Kolofon Forlag for samarbeidet om å gje ut boka. Det seier seg likevel sjølv at det som framleis måtte finnast av feil og manglar, er mitt ansvar. Ei særleg takk går til stiftinga Fritt Ord, som har støtta arbeidet med boka økonomisk. Mens koronakrisa for ein stor del har stengt meg inne i heimen med skrivearbeidet, er det langt på veg eit under at det einaste mennesket som eg i lange periodar har hatt kontakt med, kona mi Helena, faktisk

12


har halde ut med meg. Ikkje berre har ho halde ut, ho har også vore til stor støtte og oppmuntring undervegs i arbeidet. Denne boka er difor tileigna min beste venn og støtte, Helena. Ängelholm 1. februar 2022 Jon Naustdalslid

13



DEL I KLIMATRUSSELEN OG DEMOKRATIET



Kapittel 1

Utgangspunktet «Menneskehetens totale utslettelse er en god unnskyldning for å innsette et diktatur. Man kan liksom ikke stille spørsmål ved den.»1 Kommentaren – eller hjartesukket – kjem frå Paul Abel, hovudpersonen i Bjørn Vatnes dystopiske framtidsroman, Nullingen av Paul Abel. Utsegna kjem etter at det økologiske ekstremistpartiet Pan-etisk forbund nettopp har tatt makta i Norge gjennom eit statskupp. I det framtids-Norge som romanen beskriv, har teknologien gjort det mogleg å «strøyme» informasjon til, og å manipulere, kvar enkelt innbyggars hjerne direkte. Pan-etisk forbund hadde «sett seg nøydd til» å rive til seg kontrollen over dette systemet, ettersom den norske regjeringa ikkje hadde tatt alvorleg beskrivinga av kor forferdeleg det stod til med kloden. Norge skulle no bli det føregangslandet som viste korleis det var mogleg å «gå over til et fullstendig bærekraftig levesett i løpet av relativt få år», som Vatne skriv. Romanen er ei sørgjeleg skildring av korleis dette gjekk, og kor ille det gjekk med den stakkars professoren i biologi, Paul Abel, som greidde å kople seg fri frå science fiction-teknologien for meinings­manipulasjon, som sjølv Kinas president ville misunnt leiaren i Pan-etisk forbund, Jan Rotgers. Nullingen av Paul Abel er ein dystopisk framtidsroman. Den er ei ­science fiction-skildring av korleis eit framtidssamfunn styrt av fanatiske menneske, som meiner seg å handle på grunnlag av ein høgare 17


k­ unnskap om behovet for å «redde kloden», kan sjå ut. Bortsett frå science ­fiction-teknologien som har gjort det mogleg for staten å kople seg direkte til kvar einskild innbyggars hjerne, er romanen likevel ikkje meir fjern frå dagens klima- og miljødebatt enn at det finst ganske mange menneske som tenker i same baner som dei vi finn i «revolusjonserklæringa» frå Pan-etisk forbund. I ein situasjon der verda blir påstått å stå i fare for å bli ubeboeleg for menneske2, og der demokratiet blir hevda å vere ute av stand til å handtere problemet, blir det også i dagens verkelege verd sysla med seriøse tankar om at det einaste som kan redde verda, er ei eller anna form for «klimadiktatur» eller ­«økodiktatur». Det kan gjere slutt på politisk kiv og krangel og fokusere samfunnets felles ressursar på at denne eine trusselen som overskygger alt anna, er idéen. Liksom Pan-etisk forbunds leiar, Jan R ­ otgers i Bjørn Vatnes roman, ser dei som tenker slik at «(k) limakampen (… er som) en enestående mulighet til å samle alle om et felles mål, én sak som trumfer alle andre hensyn».3 Denne boka handlar om korleis klimatrusselen også er ein trussel mot demokratiet – ikkje berre frå klimaaktivistar og dei som ser klima­ trusselen som ein trussel om verdas undergang, men også frå dei som tyr til antidemokratiske metodar i protestane mot klimaaktivistar og klimatiltak. Samtidig skal eg vare meg vel for å karakterisere alle klimaaktivistar, og også forskarar, som i dag ser til meir autoritære styreformer, som antidemokratar. Rett nok finst også prinsipielle antidemokratar, og vi vil finne eksempel på slike i denne boka. Først og fremst finst dei på den mørkare høgresida og i dei historiske røtene til delar av den økologiske rørsla, men ikkje berre der. Dei finst også i den aktuelle klimadebatten og på den politiske venstresida. Dei aller fleste av dei som i dag nører opp under dei antidemokratiske straumdraga i klima- og miljø­debatten, er likevel prinsipielle tilhengarar av demokrati. Men dei 18


er gjerne frustrerte over at demokratiet ikkje er i stand til å ta «rette» avgjerder eller gjere det som er «nødvendig» for å «løyse» klimakrisa. I fortviling over at dagens demokratiske styresmakter ikkje får ned klima­gassutsleppa, kjenner dei seg difor likevel freista, eller tvinga, til å sjå mot meir autoritære system, som ikkje, slik som demokratiet, er avhengig av folkeviljen og menneska sine kortsiktige prioriteringar. Også klimaaktivistar og forskarar som verken oppfattar seg som – eller er – prinsipielt negative til demokratiet, bygger ofte opp under argumentasjonen om at «det er systemet som må endrast» dersom vi skal redde kloden frå undergangen. Korleis det alternative «systemet» skal sjå ut, er som regel meir uklart, men det må vere eit «system» som på eitt eller anna vis betre enn dagens opne demokrati kan tvinge gjennom «nødvendige» og upopulære klimatiltak. Det dei derimot er mindre opptatt av, er å spørje seg kva som faktisk er problemet med dagens klimapolitikk, og kvifor den ikkje fungerer. Korleis kan vi, innanfor rammene av demokratiet, utvikle ein klimapolitikk som ikkje først og fremst råkar dei svakaste både i vårt samfunn og i fattige land, og som skapar den demokratiske motstanden som aktivistane meiner må undertrykkast?

Ein global fiasko

For det er ikkje tvil om at dagens klimapolitikk er ein global politisk fiasko. Albert Einstein blir av og til sitert på at «galskap er å gjenta det same om og om igjen og vente seg ulike resultat». Nå kan neppe ­Einstein ha sagt det slik. Kastar vi for eksempel ein terning gong på gong, ventar vi nettopp å få ulike resultat. Dersom vi derimot skulle få einar kvar gong, ville vi mistenke sterkt at det var noko gale med terningen. Ein meir treffande definisjon på galskap ville difor vere «å gjenta det same gong på gong, få same resultat, men fortsette å 19


­ tsleppsproblemet gjennom fordeling av kvotar og mål for utslepps­ u reduksjonar basert på modellproduserte «budsjett» for kor mykje CO2 som kan sleppast ut framover, har dei også tydd til eit populært politisk verkemiddel frå slutten av førre hundreåret, nemleg mål- og resultat­ styring og New Public Management.

Målstyring av den globale temperaturen

Det er god grunn til å hevde at det er nettopp grunnprinsippa frå mål­ styring og New Public Management som ligg under, og som har inspi­ rert, dagens klimapolitikk. Desse grunnprinsippa seier at det er dei overordna politikarane – her politikarane på globalt nivå – som fastset mål og legg rammer for gjennomføring. Det globale målet blir så delt opp i delmål og fordelt nedover i systemet til dei einskilde land, som så igjen fordeler nasjonale delmål. Det kan for eksempel vere mål for utsleppsreduksjonar i enkelte sektorar. Poenget er at måla her, som i all målstyring, blir fastlagde politisk på toppen og fordelte, før det så blir opp til dei underordna ledda nedover i systemet å finne ut korleis dei i praksis skal realisere dei tildelte delmåla. Det andre grunnprinsippet, henta frå New Public Management, går ut på å ta i bruk marknads­ mekanismen som styringsreiskap så langt som mogleg. Det kjem mest direkte til uttrykk i ordninga med kjøp og sal av klimakvotar.129 Sjølv om dette er eit grovt forenkla bilde, vil eg påstå at nettopp New Public Management-ideologien er det skjelettet som den globale klimapolitikken bygger på. Det heilt grunnleggande problemet med korleis dette systemet har fungert i praksis, er at verdas politikarar gjennom klimatoppmøta i Kyoto, København og Paris, og i dei årlege COP-møta, har mislykkast med å kopla saman mål med mekanismar for å realisere dei. Det gjeld først og fremst fordeling av delmål nedover i systemet. Det direkte paradoksale er at når politikarane har vore ute 74


av stand til å bli samde om mekanismane for gjennomføring, har dei i staden gjort det enda vanskelegare for seg sjølv ved å heve ambisjonane og flytte grensa for global temperaturauke. Når dei i Paris innsåg at det ville vere umogleg å bli samde om ei fordeling av utsleppskutt, la møtet så i staden opp til ei «frivillig» ordning for å realisere det overordna målet for utsleppsreduksjon på 40 prosent fram til 2030. Ser vi på vår heimlege klimapolitikk, står den langt på veg fram som ein konkur­ ranse i å sette høge mål for utsleppsreduksjon. Det politiske partiet som set høgst mål for utsleppsreduksjon, vinn klimakampen. Den viktigaste grunnen til at protestane nå reiser seg i form av gate­ demonstrasjonar, «klimabrøl» og Extinction Rebellion,130 er ikkje så mykje at politikarane manglar høge mål og ein tydeleg uttala vilje til å sette klimaproblemet på toppen av den politiske problemlista. Slik sett stemmer det ikkje at dei ikkje har tatt klimaproblemet alvorleg. Poli­ tikarane har tvert om, med referanse til nettopp klimavitskapen, lagt opp til ein ambisjon om å «løyse» klimaproblemet, men det har vist seg å vere ein ambisjon som dei ikkje har greidd å innfri. Det er politika­ rane sjølve som har formulert dei måla som aktivistane nå kritiserer dei for at dei ikkje maktar å oppfylle. La oss ein augneblink dra det heile ned på jorda og spørje kva den over­ ordna ambisjonen i grunnen går ut på. Uttrykt i eit nøtteskal går den ut på, gjennom ei ambisiøs form for global målstyring, å regulere den glo­ bale temperaturen. Utsleppsreduksjonane, endringane i folks matvanar, utviklinga av vindkraft, og så vidare, er berre verkemiddel for å nå det store målet: kontrollere den globale temperaturen, slik at den held seg under 1,5 grader. Dette starta i Kyoto, som eit «top-down»-prosjekt. Det blei følgt opp i Paris, men no som eit ­«bottom-up»-prosjekt, der føresetnaden er at dei enkelte land sjølve skal formulere sine mål, slik at det heile summerer seg opp til at reduksjonen i utslepp blir tilstrek­ keleg stor. Uansett er det spørsmål om ikkje verdas politikarar her gjer 75


seg skuldige i ei form for hybris. Er det i det heile tatt mogleg å «løyse» verdas største kollektive og «wicked» problem gjennom eit slikt pro­ sjekt for global målstyring? Målstyring krev for det første klare og eintydige mål. Vi må vite kva vi styrer mot, og vi må kunne seie kor langt frå eller kor nær vi til ei kvar tid er å nå målet. 1,5 grader global oppvarming er ikkje eit slikt mål. Vi vil aldri vite om vi er innanfor dette målet eller ikkje. Her er vi avhengige av modellprodusert kunnskap som kan vise seg å vere rett eller ikkje, men kor vidt den viser seg å vere rett eller feil, får vi berre greie på etter at det eventuelt er for seint. Den globale temperaturen endrar seg ujamt, også av naturlege grunnar. Utsleppa i dag vil bli verande i atmosfæren i hundrevis av år. Kunnskapen om «tipping points» er ikkje godt nok utvikla, og vi veit ikkje om vi alt i dag har sleppt ut klima­gassar som kan utløyse uventa reaksjonar, som model­ lane ikkje har tatt høgde for. Sjølv om den globale middeltemperaturen i 2050 skulle ligge under 1,5 grader oppvarming, veit vi med andre ord ikkje om målet er oppnådd. Dersom verda skulle hatt eit meir hand­ terleg mål å styre etter, hadde det truleg vore meir fornuftig å bruke CO2-konsentrasjonen i atmosfæren (ppm) som mål. Klimaaktivist­ organisasjonen 350.org har, som det går fram av namnet, sett grensa for kva dei meiner kloden kan tole, til 350 ppm.131 Den grensa er alt langt overskriden, og eit slikt mål vil dermed krevje effektiv teknologi for å ta CO2 tilbake frå atmosfæren, om det skal realiserast. Dit er vi ikkje i dag. Eit meir realistisk mål, men som det truleg også vil vere vanskeleg å innfri, er å halde konsentrasjonen under 500 eller 550 ppm. Det hadde likevel vore betre, sidan eit slikt mål ikkje er avhengig av globale temperatursvingingar, som skjer heilt uavhengig av menneske­ leg påverknad. For det andre krev målstyring kontroll over verkemiddel. Den rådande klimastrategien er, som vi har sett, retta inn mot å kontrollere utsleppa. 76


I målstyringstermer betyr det at strategien i realiteten rettar seg mot å påverke åtferda til kvart einaste individ av dei nå over 7,8 milliardar menneske på kloden.132 Dette er rett nok ein påverknad som skjer via «mellomledd» som statar, kommunar, organisasjonar, bedrifter og så vidare. Så lenge strategien rettar seg mot utsleppa – mot global opp­ varming som eit «forureiningsproblem» – endar det likevel opp med eit krav til kvar einskild av oss om å endre vår åtferd: Vi skal reise mindre, legge om kosthaldet, akseptere dyrare drivstoffprisar og fleire bom­stasjonar, bu trongare, spare energi og generelt sett akseptere ein nedgang i levestandard, økonomisk vekst og velferdsnivå. Så lenge det er utsleppa som er i fokus, er det vanskeleg å komme utanom at ­«rekninga» til sist hamnar hos den einskilde innbyggar. Strategien invi­ terer til eit individuelt «svarteper-spel»: Kvifor skal eg la vere å køyre bil til hytta, når den einaste som taper på det er eg sjølv, mens alle andre held fram som før og «klimagevinsten» er så godt som mikroskopisk. Idealistar finst, og det er på mange måtar dei som set den moralske agendaen, men effekten på klimautsleppa er i beste fall marginal. I eit globalt perspektiv blir dette enda meir problematisk: Her er det ikkje så mykje tale om å gå ned i forbruk og levestandard, som det er å sette ein stoppar for vidare økonomisk vekst og utvikling, som vil ta frå innbyg­ garane i fattige og middelinntektsland moglegheitene for vekst, utvik­ ling og heva levestandard. Her ligg da også ein viktig nøkkel til at det har vore så vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å komme fram til global semje om fordeling av framtidige utsleppskutt.133

77


Den globale strategien og frustrasjonen med demokratiet

Det viktigaste for vår vidare diskusjon er likevel at desse mekanismane fører til den frustrasjonen med demokratiet som no kjem til uttrykk i mange forskar- og aktivistkretsar. Det er fordi det store fleirtalet av innbyggarane verken i dei rike eller dei fattige delane av verda er vil­ lige til å ta på seg dei individuelle offer som er nødvendige for «å redde verda før det er for seint», at vi stendig oftare høyrer kravet om at meir tvang må til, og om at vi er nøydde til å gripe til meir autoritære styringsformer for å tvinge folk til å akseptere «nødvendige» klima­ tiltak. Stendig fleire synest å vere samde med biologen som er sitert på følgjande om kva som er viktigast, demokratiet eller miljøet: Svaret er ganske åpenbart (…) om vi ikke ivaretar miljøet og de biologiske betingelsene for at menneskeheten fortsatt skal kunne ha opphold på jord­ kloden, betyr det fint lite om vi pleier demokratiet. Det vil ikke lenger være et folk her som kan utøve folkestyre.134

Dette sluttar filosofen Einar Øverenget seg til når han konkluderer med at «Et opplyst enevelde eller en totalitær fører kunne produsere raskere og mer effektive resultater når det gjelder klimautfordringene, terror- og fattigdomsbekjempelse.»135 Ja, tru det? Dette er spørsmålet vi tar med oss til dei to neste kapitla. Den måten klimaproblemet har blitt forstått og handsama på, har skapt ein global og nasjonal klimapolitikk som er med på å forklare fram­ veksten av dei antidemokratiske reaksjonane og svara på klimaproble­ met, som vi ser i dag.

78


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.