Kapittel 1
Utgangspunktet «Menneskehetens totale utslettelse er en god unnskyldning for å innsette et diktatur. Man kan liksom ikke stille spørsmål ved den.»1 Kommentaren – eller hjartesukket – kjem frå Paul Abel, hovudpersonen i Bjørn Vatnes dystopiske framtidsroman, Nullingen av Paul Abel. Utsegna kjem etter at det økologiske ekstremistpartiet Pan-etisk forbund nettopp har tatt makta i Norge gjennom eit statskupp. I det framtids-Norge som romanen beskriv, har teknologien gjort det mogleg å «strøyme» informasjon til, og å manipulere, kvar enkelt innbyggars hjerne direkte. Pan-etisk forbund hadde «sett seg nøydd til» å rive til seg kontrollen over dette systemet, ettersom den norske regjeringa ikkje hadde tatt alvorleg beskrivinga av kor forferdeleg det stod til med kloden. Norge skulle no bli det føregangslandet som viste korleis det var mogleg å «gå over til et fullstendig bærekraftig levesett i løpet av relativt få år», som Vatne skriv. Romanen er ei sørgjeleg skildring av korleis dette gjekk, og kor ille det gjekk med den stakkars professoren i biologi, Paul Abel, som greidde å kople seg fri frå science fiction-teknologien for meiningsmanipulasjon, som sjølv Kinas president ville misunnt leiaren i Pan-etisk forbund, Jan Rotgers. Nullingen av Paul Abel er ein dystopisk framtidsroman. Den er ei science fiction-skildring av korleis eit framtidssamfunn styrt av fanatiske menneske, som meiner seg å handle på grunnlag av ein høgare 17