gunnhi ld øyehaug
Gunnhild, kona til Eirik Blodøks Skodespel
:k
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 3
29.08.2023 13:46
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 2
29.08.2023 13:46
© Kolon forlag, eit imprint i Gyldendal Norsk Forlag AS, Oslo 2023 Omslagsdesign: Christian Strand Bergheim Sett med: 10,5/13 pkt. Sabon hos Type-it AS, Trondheim Trykk og innbinding: Scandbook UAB, Litauen 2023 Papir: 100 g Munken Print Cream ISBN 978-82-05-59194-3 Alle forespurnadar om denne boka kan ein rette til: Kolon forlag, Sehesteds gate 4 Postboks 6860 St. Olavs plass, 0130 Oslo E-post: redaksjon@kolonforlag.no www.kolonforlag.no Alle Kolons bøker er produserte i miljøsertifiserte trykkeri. Sjå www.gyldendal.no/miljo
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 4
29.08.2023 13:46
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 2
29.08.2023 13:46
(Til syne kjem eit kvitt rom med kvite vegger, der ligg Gunnhild i ei sjukeheimsseng. Ho er tilsynelatande åtti år. Ho har ein sonde festa til handa, sonden går opp i ein blank pose som heng på eit stativ ved senga. Ho er elles kledd i ein tynn, kvit nattkjole. Det er mørkt i rommet, morgon. Over ei virtuell dør lyser eit virtuelt naudutgangsskilt.) gunnhild (Med lukka auge) Det er ingen andre i bassenget. Overflata til vatnet er skinande og stille, og vatnet er djupt lyseblått. Klokka er berre åtte om morgonen, og ingen veit at eg no stig ned i bassenget. (Løftar armane som for å ta eit svømmetak, legg seg tilbake.) No drøymer eg visst. (Opnar auga, ser på publikum, ser på handa si med drenet, lukkar auga.) Handa mi er så rynkete og tynn. Her er ho: Ho ligg frametter den kvite dyna. Både når eg har opne og lukka auge. (Opnar og lukkar auga og sjekkar at handa er der kvar gong.) Handa mi held fram med å vere handa mi, ho har vore handa mi i åtti år, og sonden held fram med å vere sonden. Klokka er åtte om morgonen, det er Lucia-dagen, og eg ventar på at nokon skal kome inn til meg og synge med ei lysande krone på hovudet. Slik er det. (Ser mot den eine veggen.) Eg vil at nokon skal synge for meg. Så kan 5
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 5
29.08.2023 13:46
eg lukke auga, og så kan eg … sveve … Medvitet mitt skal lukke seg om Luciatoget. Lyset skal renne ut i mørkeret som ei lita, vektlaus elv. (Ser litt engsteleg ikring seg, kjenner på dyna si, som for å sjekke at det faktisk er ei dyne) Heh, eg blei berre litt nervøs for at dette var ei myr. Det var i ei myr ho blei funnen, var det ikkje slik? Den vonde dronning Gunnhild, som blei narra til Danmark etter at mannen hennar, Eirik Blodøks, for lengst var død, dei skulle gifte henne vekk til Harald Blåtann? Men så drukna han henne i ei myr i staden. Folk fann eit myrlik i Vejle på 1800-talet, dei trudde det var dronning Gunnhild som hadde stige opp igjen. Kan de tenke dykk? Kroppen, så våt og kald og fullstendig død, og likevel stigande, hundreår for hundreår … Eg er nordist, det er difor eg kan ting om dronning Gunnhild. Og det var difor eg var på radio. Eg er ein nordist som har vore på radio. Eg kan ting om diverse nordiske … Eg er altså (lukkar auga, sovnar halvvegs) ein nordist som ligg her og drøymer at eg badar (vaknekvepp, kjenner med hendene på dyna) i ei slags myr … No vil eg ikkje tenke på dronning Gunnhild. Det var forresten ikkje dronning Gunnhild som var myrliket, det var ei heilt vanleg kvinne, festa til myra med trekrokar ved olbogane og knea. Er det ikkje typisk! Så typisk oss kvinner. Vi trur vi er dronningar, og så viser det seg at vi berre er heilt vanlege myrlik.
6
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 6
29.08.2023 13:46
(Hoppar sprettent ut av senga, vasar overdrive rundt som eit zombie-myrlik, med følgespot) Gi meg ei krone! Løft meg ut av dette livet som eit myrlik! Gi meg te og småkaker pronto! (Kryp oppi senga igjen, blir den gamle kvinna) Dette vil eg ikkje tenke på. Eg vil at Luciatoget skal kome snart og synge og gi meg noko å drikke. Eg vil at dei skal ringe til borna mine og seie at dei må kome snart. At dei må sleppe det dei har i hendene, og kome. (Pause) Det er også forunderleg å tenke på at desse tankane mine har blitt formidla til dykk, endå eg ligg her utan å kunne røre meg særleg mykje, men det har dei no. På kva måte anar eg ikkje, eg anar knapt at eg har tenkt dei. Likevel er det som dei svevar rundt her i rommet, nesten vektlause, eg føler at eg kan sjå dei, eg føler at eg kan sjå tankane mine, dei er laga av same stoff som lufta. (Gunnhild sprett ut av senga og ser tilbake på eit imaginært omriss av sin eigen kropp, får følgespot, grip ein kopi av si eiga hand som ligg skjult under dyna, og legg den frametter dyna, der hennar eiga hand låg, grip ein ropert bak puta, ropar, mens den andre handa hennar gjer griperørsler i lufta.) No formidlar eg at eg ser mi eiga, tynne, rynkete hand prøve å gripe etter noko i lufta, men at ho ikkje får tak i noko, og legg seg tilbake på den kvite dyna. (Senkar roperten, mot publikum) Eg lurer på kva det er eg prøver å få tak i.
7
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 7
29.08.2023 13:46
(Det bankar på. Følgespoten som vi jo her berre er nøydde til å sjå for oss, fadar ut i vanleg lys.) Herregud, det må vere Egil, eg er dårleg kledd, ikkje førebudd, kva kan han finne på å tenke om meg, Egil Skallagrimsson, her ser det jo ut som eg er åtti år og ligg og vasar i ei sjukehusseng! (Ropar) apollonia! (Gunnhild riv av seg nattkjolen. Under har ho ein powersuitversjon av ei brynje / ein dronningkjole i blå og stålgrå paljettar – lårkort.) (Apollonia kjem. Apollonia er til dømes kledd i ein svart kjole, med tynne stroppar over skuldrene, ein stor, grå fuske-boa og høghæla sko. Ho har trøytte, franske smokey eyes.) apollonia Du ropte på meg, dronning Gunnhild? Og eg stig inn som om eg var tenaren din, og det er eg jo, for alle dronningar har tenarar, og i høve teaterframsyningar er dei nyttige fordi du då får gitt dronningane nokon dei kan prate med i det ein kallar løyndkammeret deira, altså deira private indre? gunnhild Kan du hjelpe meg med å rydde dette vekk, det ser jo heilt insane ut her, det ser ekkelt og forferdeleg og enormt lite kongeleg ut her, det ser ut som om eg ligg og kviskrar på mitt siste vers i eit dårleg rom frå åttitalet på ein sjukeheim –
8
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 8
29.08.2023 13:46
apollonia Sjølvsagt. Korleis vil du at det skal sjå ut her? Shabby chic eller nordisk design eller retro … eller fransk salong eller – gunnhild Korleis vil eg … Herregud, ikkje spør om det, det er eit altfor stort spørsmål å ta stilling til no, det må vere rojalt, sjølvsagt, Egil er på veg! apollonia Å! Eg skjønar. Men korleis veit du at Egil er på veg? Var ikkje han på Island sist vi høyrde noko om han? gunnhild Eg kjenner det på gikta. Det er den verken i heile kroppen som dukkar opp straks Egil er i nærleiken. (Apollonia byrjar å trille ut senga, plukkar opp den lause handa.) apollonia Treng du denne? (Gunnhild ristar på hovudet, viser at ho allereie har ein arm. Apollonia trillar senga vekk.) gunnhild Eller vent, det kan vere greitt å ha han som eit ekstra våpen. apollonia Hehe, det er vel ikkje slik at du berre skal denge armen forsiktig i hovudet på han, det er vel meir snakk om eit 9
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 9
29.08.2023 13:46
realt hovudhogg, du har vel tenkt at hovudet hans skal trille bortetter golvet her som ein – gunnhild Hyss! apollonia Vil du ikkje at eg skal røpe planane dine om å ta livet av Egil Skallagrimsson, den verdskjende skalden? gunnhild (Høgt, som om Egil står og lyttar) Eg har ingen planar – apollonia Heile Egilssoga er full av dine hemnplanar mot Egil, det ville vere litt rart om du slutta med det no. gunnhild Men treng du å seie det så høgt, noko av tingen med hemn og mordplanar er at ein bør snakke STILLE om dei. apollonia Kviskre mord og hemnplanar? Eg har eigentleg gløymt kva du har imot Egil. gunnhild Han skreiv om meg i Egilssoga. apollonia Korrigering: Det var vel ikkje Egil som skreiv Egilssoga. gunnhild Egilssoga hadde ikkje vore Egilssoga utan Egil. 10
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 10
29.08.2023 13:46
apollonia Slik rømme ikkje hadde vore rømme utan mjølk? gunnhild Egilssoga framstiller meg så dårleg at ein i all ettertid har trudd at eg var den vondaste dronninga Noreg har hatt – apollonia Og det var du jo ikkje. gunnhild Eg var tvert om truleg den beste. apollonia Den vakraste gunnhild klokaste apollonia mest nådefulle gunnhild verdige apollonia søtaste gunnhild … søtaste! Eg var vel for faen ikkje søt. apollonia Hehe, orsak, mest intelligente – 11
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 11
29.08.2023 13:46
gunnhild Og komplekse, reint ut sagt levande – (ordet «levande» får Gunnhild til å bli i stuss, ho ser seg rundt, ser på sonden) den sonden … Det må bety at dei ikkje har kutta mat og drikke enno, det må bety at eg er … levande … (Gunnhild avbryt, blir dronning Gunnhild igjen.) gunnhild Eg var ei praktdronning og eit inderleg godt og klokt menneske, faktisk eit praktmenneske, men så fekk Egilssoga det til å verke som om eg var tvert imot – apollonia Eit historisk hespetre. gunnhild Men nok om meg, lat oss snakke litt om deg: Apollonie Sabatier mine damer og herrar, mi beste venninne. (Apollonia får følgespot som følger henne bak for eksempel ein vegg der sjukehussenga kan stå – følgespoten ventar på Apollonia til ho er tilbake og synleg.) Og tenar. I ettertida synleg blant anna på eit måleri der Baudelaire sit bak deg på eit bord og les. Og som ein skulptur som heiter – apollonia «Kvinne biten av slange» – gunnhild … og som viser ei naken kvinne i marmor, som vrir seg på golvet i det som anten er orgasme eller dødsspasmar.
12
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 12
29.08.2023 13:46
apollonia Det var jo det som var så spennande med den skulpturen for folk, at dødsgrimasane likna på orgasme, dei stod rundt han og sa: Oi, for nokre interessante dødsgrimasar! gunnhild (Ler) Kjend som vertinne for dei mest segnomspunne festane i Paris på 1850-talet, det var ikkje den kunstnar eller intellektuelle som ikkje fann seg sjølv liggande på ein divan i huset til Apollonie Sabatier, eg kallar henne Apollonia fordi det er så tungt å kalle henne det franske Apollonie – Ikkje sant, Apollonia? apollonia (Frå «bak scena», ho romsterer med noko) Kva då? gunnhild At det ikkje fanst den franske kunstnar eller intellektuelle som ikkje fann seg sjølv liggande på ein eller annan divan i huset ditt? apollonia Med meg under seg, ja. gunnhild Det må du ikkje seie høgt, Apollonia. apollonia (Apollonia kjem trillande inn med ei gigantisk trone som Gunnhild kan sitte på, med mjuke puter, eit gullsepter og eit teppe laga av ein bjørnefell med bjørnehovud, følgespoten følger henne.) Kvifor ikkje? Eg hadde lyst til å ligge med dei, så eg låg med dei. 13
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 13
29.08.2023 13:46
gunnhild Folk kan tru at du meiner det bokstavleg. apollonia (Rullar ut bjørnefellen, legg ein raud løpar over fellen opp til trappene til trona) Når blei du så prippen? gunnhild Akkurat no (klatrar opp på trona, set seg til rette, følgespoten til Apollonia fadar ut). apollonia (Ler) Eg låg jo ikkje med alle! Berre dei eg hadde lyst til å ligge med. gunnhild Ja, men når eg først hadde sagt: Det fanst ikkje den kunstnar etc. som ikkje fann seg sjølv liggande på ein divan, og så seier du: med meg under seg, då seier du jo at du låg med heile hurven. apollonia Nja – gunnhild Veit du ikkje kva som står om deg i diverse artiklar? apollonia Artiklar skrivne av mennene som låg på toppen av meg på divanen?
14
61140 Gunnhild, kona til Eirik Blodøks – s. 14
29.08.2023 13:46