18 minute read
Fagre Stryn i ras, vind og væte
Utvik sentrum 2018. Foto: Amund Hjelle
Stryn, staden der corona vanlegvis er sommarsøte jordbær og hundretusenvis av turistar kjem både sjøvegen og landevegen for å oppleve fjord, fjell og brear. Der amerikanarar står med store auge og lurer på kor tid fossane blir skrudd av for kvelden. Der campingbilane står tett i tett på campingplassar og rasteplassar og gondolbana tek deg frå null til tusen meter på seks minutt. Men også der det i løpet av få sekund kan gå frå idyll til ras, flom og orkan.
Advertisement
Torstein Tvinnereim
Varaordførar Stryn kommune
Stryn har dei siste åra blitt utfordra av naturen fleire gongar. Det er ein mektig utfordrar. I 2011 hadde vi flaum og orkan. Dagmar blæs hus overende, stengde vegar i fleire dagar, vi vart straum og telefonlause. Ordførar Sven Flo skreiv han skrive brev. Røde Kors gjekk frå dør til dør i heile kommunen. Leverte ut skrivet frå ordførar og forsikra seg om at folk hadde det bra i heimane sine. Det blir aldri for mykje informasjon ut til folk i slike tider. Flaum i Utvik 24. Juli 2017 vart det nok ein gong sett krisestab i kommunen. Det var ikkje fyrste gong sidan 2011, så vi hadde fått bra trening. Det var eit valdsamt torevêr som rulla over kommunen. Leiar for teknisk etat, Jan Flore, fekk meldingar frå ulike bygdelag. Fyrst og fremst frå Blakset, vegane held på å renne vekk. Elevane og bekkane
gjekk store. Dei visste kva det kunne bety. Under flaumen i 2011 var det dei som var hardast ramma. Eit lynnedslag hadde også sett fyr på eit nytt bustadhus mellom Blakset og Stryn sentrum, på Robjørgane. Flore starta å kalle inn kriseleiinga.
Det starta å tikke inn meldingar frå Utvik. Uveret stod stille over bygda. Det lyna og regna noko aldeles forferdeleg. Dei to elevane gjennom bygda vaks seg store og skremmande. Førebels tenkte vi at det var Blakset som hadde det verst. Så starta bilda å kome inn. Fokuset skifta. Utvik var i ferd med å bli skylt vekk.
Kriseleiing i solskinn I sentrum letta uveret. Vi hadde kontakt med Utvik. Der var det framleis uhyggeleg. E-verket kunne ikkje arbeide. Transformatorar vart sprengt av lyn. Folk prøvde fortvila å halde elva i rette leie med eigne gravemaskiner. Dei lukkast ikkje. I Stryn sat kriseleiinga og såg på bilder og snakka i telefon. Vi måtte ut i felten. Ordførar Sven Flo og leiar for teknisk etat Jan Flore, tok på seg støvlar og regnkle så fort det var mogleg å kome seg uti området. Det vart etablert eigen krisesentral på kafeen i Utvik. Det var viktig å vere tett på der det skjedde. Røde kors vart sett inn med båt, slik at folk kunne kome seg fram og tilbake forbi bruane som var tekne av elvane. Drikkevatn vart bestilt frå Oldenvatn sin fabrikk i Oldedalen. Det var gjennom heile hendinga god kontakt med Fylkesmann og fylkeskommune.
Akuttfasa var over. Ingen var skadde eller omkom. No skulle bygda rustast for å kome tilbake til kvardagen. Det kom til å ta lang tid.
Kriser bør ikkje skje i ferien 24. juli er midt i ferien. Det er ei dårleg tid å få naturkatastrofar på. Folk er då nemleg på ferie. I Utvik var det utanlandske turistar som måtte evakuerast. Dette gjekk bra. Utfordringa er at Stryn er ei turistkommune som på sommarhalvåret er fullbooka. Det var vanskeleg å finne hus til dei som trengde det. Det skulle vise seg å gå bra. Bygdefolket som ikkje var ramma, stilte opp for dei som ikkje
Frå flaumen i Utvik 24. juli 2017. Foto: Sven Flo
lenger kunne bu i husa sine. Det som likevel er mest utfordrande med ferie og slike hendingar, er at dei som sit i sjefstolane også er på ferie. Kriseleiing krev raske, klare og kloke beslutningar. Det er vanskeleg å gje om du ikkje sit på mynde til å gjere desse vala. Kommunikasjon er, som før nemnt, veldig viktig. Folk i kriser forventar at myndigheitene gjev dei svar. I Stryn prøvde vi å få så god og relevant informasjon som mogleg ut på våre nettsider. Erfaringa er likevel at vi kan vere endå flinkare til dette. Det er betre med litt informasjon, enn ingen informasjon.
Kva no? Etter å ha opplevd både ulukker, flaumar, orkanar og pandemiar, ser ein kor viktig det er med god kriseleiing der kommunikasjon er veldig sentralt. Det same gjeld planverk og sikring. Stryn kommune har ei rekkje elvar som trengs førebyggast. Vi har skredfare og kvikkleireutfordringar. Per i dag jobbar vi med tre elveførebygningar og dei siste åra har vi gjennomført flaumsikring i sju elvar. Det er gjort to flaumsonekartleggingar i to tettstadar og vi held på med sju nye. Vi har farsonekartlegging for skred, – kort sagt over alt i kommunen. Vi har parkeringsplassar som vi gjerne skulle fått brukt om sommaren, men ikkje får laga grunna rasfare om vinteren.. Varsling Vi treng god mobilvarsling til fastbuande, men også til turistar i området. Her treng vi lokasjonbasert varsling som er presis og på fleire språk. Skulle vi få ein ny Dagmar, kor lenge har vi mobilkontakt ut i kommunen? Må vi førebu oss på å gå rundt og banke på dørene til folk? Satelittelefon er bra, men har vi gode nok rutinar på kven som kan bruke dei og at dei er oppladda til ei kvar tid? Vi nyttar CIM, men er vi godt nok rusta i ei kvardagskommune på å bruke dette? Kva om nøkkelpersonar på CIM er borte når ulukka skjer? Har vi god nok kontroll på kva nabokommunar forventar av oss i ein krisesituasjon der?
Det er framleis mykje å jobbe med for å bli best mogleg rusta når ulukka skjer.
I Stryn har vi sett at det er viktig med gode planer. Det er viktig med godt samarbeid og kommunikasjon. Det er viktig å våge ta avgjerder og stå for disse i etterkant.
Ikkje minst har vi sett at det er viktig å ha god kontakt med frivillige organisasjonar og private som sit på både kompetanse og moglegheit til å hjelpe når kriser oppstår.
Vi går inn i kriser saman, og vi må løyse dei saman.
Utvik under vann i 2017. Foto: Oddbjørn Bruland
WoWW – ny teknologi for bedre flomberedskap
Dataspel har eit enormt potensiale som kommunikasjons- og læringsmedium. Kan vi utnytte dette til betre flomberedskap?
Oddbjørn Bruland
professor og studieprogramleder for Hydropower Development NTNU
Dataspel – til irritasjon og fascinasjon Call of duty, Assasins Creed, Fortnite, Fifa og eit hav av andre dataspel. Det er med ei blanding av irritasjon og fascinasjon at eg ser tenåringsungane mine sitte framfor skjermen, oppslukt langt inne i ein virtuell verden. Irritert, kanskje utdatert, men likevel, kunne dei ikkje gjort noko fysisk i staden for å «rotne» framfor ein skjerm. Samstundes fascinert over at det faktisk er mogleg å skape ein virtuell verden og omverden så godt som identisk med den verkelege. Ein omverden som tilpassar seg og reagerer prompte på dei meir eller mindre rasjonelle handlingane ungane finn på. Denne ambivalensen kjenner mange seg igjen i, og den går til og med langt inn i skulevesenet. Men denne teknologien, denne innlevinga og altoppslukande fascinasjonen spel klarer å skape, enn om det kunne brukast til noko meir.
Frå idyll til inferno I slutten av juli 2017, midt i sommarferien i mitt barndomsparadis, Utvik, endra tilværet seg frå idyll til inferno i løpet av fire timar. Fleire torebyer av bibelske proporsjonar braka saman i fjella bak bygda, og før to timar var gått hadde den lokale Storelva stege
Illustrasjon av Woww-prosjektet.
frå to til 200 m 3 /s. Den tok nytt løp og trua bygdesenteret. Ingen visste kva som kunne kome til å skje. Ville den ta kyrkja frå 1700-talet og grave ut kyrkjegarden? Kva hus var trygge og kven ville stå att? Vi måtte berre vente og sjå medan lokale gravemaskinførarar, og dei er det mange av, gjorde sitt beste for å redusere skadane.
2017: Enorme materielle skader i Utvik. Foto: Oddbjørn Bruland
Før det var over hadde elva grave ut vegen, teke ei bru og stoppa store delar av trafikken gjennom fylket for veker framover, øydelagt eit kraftverk, raserte eit trelastlager og gjort skade for godt over 100 millionar kroner på private eigedomar og offentleg infrastruktur. Kunne dette vore unngått? Kva kunne vore gjort før for å avverje dette, og kva kunne vore gjort under flaumen for redusere skadane mest effektivt?
Eit varsla inferno Nøyaktig eit år før var same elva truande stor. Den vaks også den gangen veldig raskt, men kulminerte centimeter før den tok nytt løp. Både vegvesenet og kommunen vart varsla, og scenario for kva konsekvensane kunne blitt om den hadde utvikla seg vidare vart skildra. Desse var skremande nær det som skjedde året etter. Kvifor vart ingen ting gjort? Var ikkje skildringane gode eller tillitvekkande nok? Hadde ein klart å få fram følelsane ein hadde når det skjedde året etter, ville det fått fart på prosessane?
Serious gaming Enn om ein kunne visualisere utviklinga og følgjene av ein flaum i eit vilkårleg vassdrag på same måten som Call of duty visualiserer krigsscener? Enn om ein, like effektivt og interaktivt som i Fortnite, kunne teste effekten av førebyggande tiltak for å hindre elva i å bryte ut? Eller i ein beredskapssituasjon for å avgrense skadane? Berge liv og verdfull infrastruktur ved eventuelt å ofre den rimelege. Slik var det tanken om WoWW, World of Wild Waters, dukka opp.
Serious gaming er eit etablert fagfelt og det handlar om å bruke same prinsippa som i dataspela til for eksempel å trene på situasjonar. Køyresimulatorar og flysimulatorar er kjende eksempel på slike, men det kan og brukast til militær og medisinsk trening og mykje meir. Stadig utvikling av VR-teknologi (Virtual Reality) gjer dette meir og meir realistisk og brukarvenleg. Men historieforteljinga og brukaropplevinga er like viktig. Brukaren må føle at scenarioa er reelle, årsak og verknad er realistisk og at interaksjonen med spelet fungerer godt nok. Er dette mogleg å få til når det er flaumsituasjonar vi vil spelifisere? At det er ei seriøs utfordring er det ikkje tvil om, og er det noko miljøet ved NTNU likar er det seriøse utfordringar.
Digital transformasjon Slike utfordringar var det NTNU sin rektor ynskte seg når han utlyste ei av dei historisk største strategiske satsingane ved NTNU. Ei stor intern satsing på Digital Transformasjon. WoWW prosjektet var eit av ni prosjekt som slapp gjennom nålauget. Målet med dette prosjektet er å visualisere årsak og verknad av flaumar som eit spel der brukaren kan sjå kor problema sannsynlegvis vil oppstå, kva som potensielt kan vere følgjene av ein ekstrem situasjon og kva han kan gjere for å redusere eller i beste fall unngå desse.
Små tuer velter store lass Små tuer kan velte store lass heiter det, men små tiltak kan også berge store verdiar og til og med liv. Ved å identifisere flaskehalsane og utbetre desse kan ein med lave kostnadar spare store verdiar. I Utvik var det eit bruløp som var for trangt. Dette medførte at elva tok nytt løp, grov ut vegen, tok med seg store massar som i lag med vannmassane gav nedstraums følgjer. Situasjonen i Kvam i Gudbrandsdalen i 2011 og 2013 var ikkje så ulik. Sjølv om elva i 2013 var under sikring var det små detaljar som medførte store skader. Kan vi avsløre desse detaljane og gjere noko med dette i tide er mykje oppnådd.
Bruker vi sikringspengane rett I Utvik er det brukt år og millionar på å utbetre og sikre vassdraget. Isolert sett er det bra, men brua som forårsaka problemet står enno. Sjølv om det er gjort tiltak også omkring denne, vil den med stort sannsyn framleis vere den viktigaste flaskehalsen ved ein framtidig flaumsituasjon. Det skal berre ein tømmerstokk til før bruløpet tettar seg, og skog er det nok av langs elva. Kva då med dei millionane som er brukt på sikring? Tek elva nytt løp betyr det lite at elva er godt sikra nedstrøms. Risiko er eit produkt av sannsyn og konsekvens, eller sagt på ein annan måte årsak og verknad. Å konsentrere innsatsen om å identifisere og fjerne flaskehalsane vil vere meir effektiv bruk av midlane enn omfattande sikring av heile vassdrag. Å fjerne årsakene til dei verste scenarioa, fjernar ikkje alle følgjene, men tek bort dei verste. Når dette er gjort nasjonalt, kan ein i neste omgang vurdere kost/nytte av vidare sikring av vassdraga.
Heilheitleg tenking og ansvar Eit vassdrag bryr seg ikkje om grenser, kven som eig grunnen, brua eller gamleheimen på elvebredda. Men skal vassdrag sikrast kan dette vere avgjerande, og ein må ta eit heilheitleg perspektiv. Oppstrøms flaskehalsar har nedstrøms konsekvensar, men når problemeigar er ein annan enn problemskapar, har vi eit problem når ansvaret ikkje er gitt og kost/nytte ikkje er rimeleg fordelt. Visualisering av årsak og verknad og nytten av tiltak kan vere eit godt grunnlag for dialog og samarbeid, og eit hjelpemiddel til å etablere eit heilheitleg perspektiv. Woww prosjektet WoWW prosjektet skal for eit vilkårleg område i Noreg sikre oss eit statistisk relevant grunnlag for scenarioa vi brukar i WoWW spelet. Dette blir vidare brukt for å finne vassføringa i dei kritiske punkta, som igjen blir grunnlaget for dei hydrauliske simuleringane som fortel brukaren korleis vatnet oppfører seg. Dette må visualiserast på ein måte som skapar den opplevinga som skal til for at brukaren skal tolke, forstå og reagere rett. Det er eit svært fleirfagleg team med sju doktorgradskandidatar innan alt frå statestikk, hydrologi, hydraulikk, jordskred, informasjonsteknologi og psykologi som jobbar med dette.
Trygg Elv I tillegg har Forskningsrådet innvilga prosjektet Trygg Elv under Innovasjon i offentleg sektor paraplyen. Dette fokuserer åleine på metodar for effektiv identifisering av kritiske punkt i vassdraga. Vi har lenge hatt hydrauliske simuleringsmodellar. Desse blir stadig betre, og kan i stor grad simulere korleis ein flom vil oppføre seg og kva krefter den utset omgjevnadane for. Men dei er komplekse, data- og kompetansekrevande, og det er ikkje realistisk at ein rekk gjennomføre omfattande kartlegging av flaskehalsar for ei kvar elv over det ganske land med hjelp av desse. Derimot kan dei brukast til å finne kombinasjonar av terrengforhold, vassdragsformer og vassføringar som med stort sannsyn vil skape flaskehalsar. Trygg Elv blir gjennomført i samarbeid med ni kommunar med Melhus i førarsetet. Sunnfjord, Stryn og seks kommunar under Nord Gudbrandsdalen regionråd er dei andre. NVE og Telenor er også partnarar i prosjektet.
Ei kommersiell mulegheit – for den smarte Samarbeidet med regionrådet for Nord Gudbrandsdalen omfattar også forskningsrådsprosjektet desse fekk for å etablere innovative anskaffelsar for betre flomvarslingssystem. Her søker ein smarte systemløysingar for lokal flomvarsling til kommunar. Med tanke på kor mange kommunar vi har i Noreg og kor store beløp desse kan spare er her ei stor kommersiell
Illustrasjon av prosjektet Trygg Elv.
mulegheit for den eller dei som vinn fram med si løysing.
Stor satsing på betre flomberedskap Desse prosjekta utgjer eit stort løft for forsking retta mot betre flomberedskap. Vi håpar og å få etablert eit Senter for Forskingsbasert Inovasjon (SFI) retta mot vanninfrastruktur. Der vil flomproblematikk vere eit sentralt tema. Med dette vil ein få ei heilheitleg satsing, frå overordna nasjonalt nivå gjennom tenestene Met.no og NVE tilbyr, til lokalt nivå og den stikkrenna eller kulverten som vil skape dei faktiske problema og skadane. Gjennom eit godt samarbeid med desse og fleire aktørar, kommunar og blant anna Telenor som ein leverandør av infrastruktur og teknologi for effektiv datakommunikasjon, har vi mulegheita til å skape eit paradigmeskifte i korleis vi tilnærmar oss flomproblematikken. Dette kan få stor nytte for kommunane i deira risiko- og sårbarheitsanalyser. Ein vil leike seg fram til optimale løysingar gjennom prøving og feiling i ei virtuell verd. Ordførar, rådmann og kommunestyre får presentert scenario og løysingar som videoar. På denne måten kan vi finne betre løysingar til lavare kostnadar på ein meir engasjerande måte. Kvardagen og måten å tenke på vil bli forandra.
WoWW – World of Wild Waters
Prosjektet er ein del av NTNU si strategiske satsing på «Digital transformasjon» som tok til hausten 2018. Totalt finansierer denne satsinga lønnskostnader for 48 doktorgradsstipendiatar i ni prosjekt for fire år. Sju av desse stipendiatane er knytt til WoWW. Desse er frå tre ulike fakultet ved NTNU. Driftsmidlar må finansierast gjennom samarbeid med eksterne.
Trygg Elv prosjektet tek til i 2020, og er eit samarbeid mellom kommunane Melhus, Sunnfjord, Stryn, dei seks kommunane i Nord Gudbrandsdalen regionråd, NVE og Telenor. Prosjektet omfattar eit treårig doktorgradsprosjekt, Post Doc og fleire studentsommarjobbar innan flomfarekartlegging i kommunane. Det er finansiert av Norges Forskningsråd og varer fram til 2023.
Begge prosjekta er opne for samarbeid med fleire aktørar.
Bilder fra flommen i Skjåk i 2018. Foto: Skjåk kommune.
Flomrespons – kommunenes fremtidige flomvarslingsverktøy
Flom er et økende og svært kostnadskrevende problem for kommune-Norge. Nå har de seks kommunene i Nord-Gudbrandsdalen fått støtte fra Norges Forskningsråd til å utvikle et nytt verktøy som skal gi presise flomvarsler på lokalt nivå, sammen med ledende teknologileverandører. Målet er å redusere de største flomsituasjonene, og bidra til store samfunnsbesparelser.
Ida Amble
Prosjektleder Skåppå kunnskapspark
Flom er et økende og kostbart problem Med et varmere og fuktigere klima og mer uforutsigbart vær, er flom en økende og kostnadskrevende utfordring, både nasjonalt og internasjonalt. Ifølge Norsk naturskadepool har vannskader relatert til vær- og naturskader kostet 27 milliarder kroner de siste 10 årene. Flom og beredskap er et kommunalt ansvar. Dette er svært krevende, spesielt for små kommuneadministrasjoner, og påfører kommunene store kostnader i arbeidet med å håndtere flomsituasjoner, sikre innbyggernes trygghet og gjenopprette skader.
Nord-Gudbrandsdal er regelmessig rammet av store flomhendelser. I oktober 2018 ble Skjåk, Lom og Vågå hardt rammet av en kraftig høstflom. Enkle beregninger viser at kostnaden knyttet til denne enkelthendelsen summerer seg til godt over 100 millioner kroner. I skrivende stund er risikoen for en ny flom stor, på grunn av enorme snømengder i fjellet. Samtidig har kommunene begrensede muligheter til å forebygge mot flommen, og vite hvor og når den inntreffer.
Kommunene trenger presis varsling på lokalt nivå Bakgrunnen for prosjektet er at kommunene så et behov for en flomvarsling på lokalt nivå.
De regionale varslene som utarbeides av NVE og sendes ut via Fylkesmannen, skal danne et grunnlag for kommunenes vurdering av den lokale flomrisikoen. Disse varslene dekker imidlertid store områder, til tider flere fylker. Det kan derfor være utfordrende for kommunene å vurdere om hvert enkelt varsel er relevant for sine områder.
I desember 2019 bevilget Norges Forskningsråd åtte millioner kroner til Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal for å redusere denne utfordringen for kommunene. Sammen med ledende teknologileverandører, og med NTNU, NVE og Fylkesmannen i Innlandet
med i prosjektet, skal de utvikle en teknologi som gir kommunene tidligere flomvarsler på kritiske punkter i kommunen. Dette kan potensielt bidra til at kommunen får mulighet til å iverksette nødvendige forebyggende tiltak før flommen slår til for fullt. I ytterste konsekvens kan dette redde liv og hindre store materielle skader.
Førkommersiell anskaffelse Norges Forskningsråd har bevilget penger til en såkalt førkommersiell anskaffelse. Dette er en relativt ny prosjekttype i Norge, og skal tilrettelegge for økt innovasjon gjennom offentlige innkjøp. I førkommersielle anskaffelser er det kjøperen som beskriver et behov de ønsker løst, og overlater til markedet å finne løsningen. Det største særtrekket her er at anskaffelsen er organisert som en innovasjonskonkurranse, der flere løsninger utvikles parallelt av forskjellige leverandører.
Gjennom tre faser konkurrerer leverandørene om å utvikle de beste løsningene. Etter hver fase blir løsningene evaluert og de beste tatt med videre. I siste fase skal minst to innovasjoner testes. Når den førkommersielle anskaffelsen er ferdig kan den offentlige virksomheten kjøpe den foretrukne løsningen. Deretter kan alle utviklerne selge sin innovasjon til andre med det samme behovet.
Nøyaktig hva som skal utvikles er det opp til leverandørene å foreslå. Kommunene skal spesifisere sitt behov og rammene verktøyet/teknologien må ta hensyn. Deretter skal leverandørene gi sitt tilbud på hvordan de kan løse kommunenes behov.
Prosjekteier Frode Damstuen i Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er spent på resultatet.
– Det blir spennende å se hvilke løsningsforslag vi får inn, og om det kommer inn ideer basert på helt nye løsninger. Det er nærliggende å tenke at bruk av sensorteknologi er en naturlig del av løsningen, men kanskje kommer det noen helt andre forslag med stort potensiale.
Teknologien er relevant for en rekke kommuner, offentlige myndigheter og private næringer Skåppå AS er innleid som prosjektleder for det treårige prosjektet. Nå har de nettopp kunngjort invitasjonen til en dialogkonferanse den 10. juni. Der skal de forklare mer om prosjektet, og planen for gjennomføring. I tillegg er det en mulighet for både kommunene og leverandører til å stille de spørsmål de lurer på. Deretter er målet at prosjektet lyses ut på Doffin i løpet av juni.
Det er tydelig at det er mange aktører som har behov for et slikt verktøy. En rekke kommuner i Norge sliter med flom- eller skredrisiko i løpet av året. Andre offentlige organer eller private bransjer er også potensielle brukere av slike løsninger. Flom er heller ikke en utfordring bare i Norge, så teknologien har internasjonalt potensiale.
I løpet av høsten skal tilbudene vurderes og kontrakten inngås med inntil fire leverandører som får midler til å skissere ut sine løsningsforslag i detalj. I løpet av de to neste årene skal de beste løsningene også utvikles og testes, før verktøyet er klart for kommersialisering.