Utvik sentrum 2018. Foto: Amund Hjelle
Fagre Stryn i ras, vind og væte Stryn, staden der corona vanlegvis er sommarsøte jordbær og hundretusenvis av turistar kjem både sjøvegen og landevegen for å oppleve fjord, fjell og brear. Der amerikanarar står med store auge og lurer på kor tid fossane blir skrudd av for kvelden. Der campingbilane står tett i tett på campingplassar og rasteplassar og gondolbana tek deg frå null til tusen meter på seks minutt. Men også der det i løpet av få sekund kan gå frå idyll til ras, flom og orkan.
Torstein Tvinnereim Varaordførar Stryn kommune
Stryn har dei siste åra blitt utfordra av naturen fleire gongar. Det er ein mektig utfordrar. I 2011 hadde vi flaum
34
og orkan. Dagmar blæs hus overende, stengde vegar i fleire dagar, vi vart straum og telefonlause. Ordførar Sven Flo skreiv han skrive brev. Røde Kors gjekk frå dør til dør i heile kommunen. Leverte ut skrivet frå ordførar og forsikra seg om at folk hadde det bra i heimane sine. Det blir aldri for mykje informasjon ut til folk i slike tider.
Flaum i Utvik 24. Juli 2017 vart det nok ein gong sett krisestab i kommunen. Det var ikkje fyrste gong sidan 2011, så vi hadde fått bra trening. Det var eit valdsamt torevêr som rulla over kommunen. Leiar for teknisk etat, Jan Flore, fekk meldingar frå ulike bygdelag. Fyrst og fremst frå Blakset, vegane held på å renne vekk. Elevane og bekkane KOMMUNALTEKNIKK NR. 2-2020