Taklar knallhard konkurranse
SIDE 10
Sparar på å fjerne oksygenet SIDE 16
Teiknar nybygg på nybygg
SIDE 34 OG 35
Hav av moglegheiter Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i november 2016
Framtidsfiske
FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
Skuleelevane Henrik Vedvik og Håkon Nordbø planlegg ei framtid på sjøen og tener allereie på havet. SIDE 8 OG 9
2 Hav av moglegheiter 2016
Signerte brønnbåtkontrakt
Utvida anlegget
Vågsøy er den 19. beste kommunen innan næringsliv i landet ifølge NHOs kommune-NM for 2016. 19. plassen er best i fylket framfor Flora (23.) og Stryn (78.) Bærum toppar lista innan næringsliv. Solund (386.) er kommunen i fylket med den svakaste plasseringa.
Ein av dei nye brønnbåtane i Marine Harvest si nye flåtesatsing er utvikla av Måløy-selskapet Seacon. – Vi bevegar oss sidelengs frå fiskebåtar, og over på brønnbåtmarknaden. Vi har signert ei kontrakt på ein 75 meter lang brønnbåt med opsjon på ytterlegare tre båtar, sa dagleg leiar Rune Stian Nybakk då kontrakta vart presentert. Kjøparen er Ove Vilnes i Arctic Group, men Marine Harvest skal gjennom joint venture-selskapet DESS Aquaculture Shipping bruke fartøyet i Canada. Fartøyet kostar 250 millionar kroner og skal byggast i Polen.
Maaløy Seafood opna i haust sitt utvida produksjonsanlegg i Måløy sentrum. Eigar Coast Seafood har investert rundt 20 millionar kroner i anlegget som no og omfattar delar av Br. Myhre sitt mottak vegg i vegg. I sesongen jobbar rundt 35 personar ved mottaket som tek i mot pelagiske fiskeslag.
les meir om desse sakene:
Topp 20 i landet
Bruker millionar på morgondagen
Fisk: Coast Seafood-direktør Sverre Søraa (t.v.) og dagleg leiar Roger Skavøypoll ved Maaløy Seafood.
14
Har hårete planar
18 Kjem til å nå ein milepæl i år 22 Vil ha tare på bordet 28 Trivast med lokal konkurranse 34 Dette er Hav av moglegheiter
For 14. året på rad kjem Fjordenes Tidende i Måløy og Firdaposten i Florø ut med ei felles temaavis om fiskeri- og havbruksnæringa i fylket. Vi som til dagleg kivast om å vere først med lokale nyhende i det dekningsområdet vi deler, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt. Vi er stolte av å presentere årets utgåve av Hav av moglegheiter. Ansvarlege redaktørar: Erling Wåge, Fjordenes Tidende og Svend Arne Vee, Firdaposten Redaksjonsansvarlege: Jo Carlson, Fjordenes Tidende og Arve Olav Solbakken, Firdaposten Skrivande journalistar: Sindre Blålid Kvalheim, Svanhild Breidalen, Jørn-Arne Tomasgard og Ingebjørg Nilsen Stokkenes, alle Fjordenes Tidende. Arve Olav Solbakken og Liv Standal, begge Firdaposten Marknadsansvarlege: Ståle Tennebø, Fjordenes Tidende og Sander Ødelien, Firdaposten Trykk: Polaris Trykk Ålesund Opplag: 49.000 eksemplar som blir distribuert til alle husstandar og verksemder i Sogn og Fjordane
Haustar av havet: Etter ein haust med mykje godt vær har makrelldorgarane tidvis lagt i kø for å få levere fangsten ved Pelagia-fab LEIAR Dei globale marknadskreftene gjennomsyrer heile det norske samfunnslivet. Teikn på dette er at vår eiga nisje, mediebransjen, er i kraftig endring fordi internasjonale aktørarar som Facebook og Google tek grep om delar av den norske pengestraumen. ☻Ei marin næring som tarenæringa er i realiteten kontrollert av eit amerikansk konsern og halvparten av havbruksnæringa i Sogn og Fjordane er kontrollert av eit børsnotert selskap. Kontinuerleg pågår det ein politisk kamp om ein
formelt skal tillate at kapitaleigarar får kontroll og eigarskap over våre felles nasjonale fiskeressursar og kystareal. Eit kjent kinesisk ordtak seier at når forandringens vind blæs, bygger nokon vindskjerm, medan andre bygger vindmøller. I «Hav av moglegheiter» set vi søkjelys mest på dei selskapa og enkeltpersonane som vil utnytte vindane som blæs og grip moglegheitene. I årets utgåve fokuserer vi også på utfordringar som ligg i forsøpling av det havet vi alle er avhengige av og på utvikling i retning av
berekraftig og grøn næringsaktivitet. Hydrogen-prosjektet til Osland Havbruk og det lokale kraftverket Osland Energi, er gode døme på det. Dyrking av økologiske tareprodukt i Værlandet/Bulandet til matvareindustrien eit anna. Mykje har endra seg i fiskeri- og havbruksnæringa i dei 15 åra Fjordenes Tidende og Firdaposten har gitt ut denne årlege tema-avisa. Dei administrative tyngdepunkta i fiskeri- og havbruksnæringa finnest i minkande grad i vår region, men har no sentrert seg mest i bergensregionen.
Hav av moglegheiter 2016 3
Stephenson ny fabrikksjef ••Svanhild Breidalen svanhild@fjt.no
Vivian Stephenson starta 1. november i jobben som ny fabrikksjef ved Pelagia Kalvåg. Ho overtok stillinga etter Per Røys som har gått over i ei anna stilling ved fabrikken. ☻– Vivian er roleg og har god
oversikt. Ho er god på produktplanlegging og optimalisering både av personell og utstyr. Ho kjenner anlegget og kapasiteten vår, og dei skiftande årstidene vi lever med, seier Røys.☻ ☻Vivian Stephenson har omtrent gjort alt i Pelagia Kalvåg. Frå pakkar, inspektør, truckførar og tillitsvalt, til linjeleiar,
Oppløftande svar formann og no fabrikksjef. ☻– Ho har verkeleg gått gradene, seier Røys, som trur dei fleste, inkludert han sjølv, ønskjer endringa velkomen. ☻– Eg gler meg. Eg har vore her i snart 25 år og kjenner fabrikken godt, men likevel blir det spesielt å ta over leiinga, sa Stephenson før tiltredinga.
Gjør endringar: Per Røys og Vivian Stephenson. FOTO: KJELL AGA ULVESTAD
Som ein lekk i forprosjektet for Stad skipstunnel gjennomførte Kystverket i sommar testtankforsøk. – Testane var svært oppløftande. Det viser seg at det går veldig godt an å køyre store fartøy, opp til hurtigrutestørrelse, gjennom skipstunnelen, seier Terje Andreassen i Kystverket. Forprosjektet skal leverast til våren.
brikken i Kalvåg. I oktober vart det klart at Pelagia investerer mellom 12 og 15 millionar kroner i opprusting og effektivisering av produksjonen av matjessild i Kalvåg. FOTO: KJELL-AGA ULVESTAD
Vinden må utnyttast
Landets største pelagiske konsern, Austevoll-eigde Pelagia, har dei siste månadene vist investeringsvilje ved satsing på anlegga i Selje, Måløy og Kalvåg. Det er veldig positivt. Men konsernet har for mange anlegg i høve til kapasiteten som trengst, og Pelagia Florø har hamna på lista over anlegg der drifta blir avvikla. Ei forretningsmessig beslutning, som like fullt er tragisk og krevjande for dei kring 60 som mistar sitt arbeid i lokalsamfunnet. Det er mange positive teikn i fiskeribransjen. Skipsdesignmiljøet i
Vågsøy er i front av uviklinga og teiknar dei aller fleste norske kystfiskebåtane. Vi fokuserer i tillegg på dei aller yngste i fiskeria som tør å satse på sjarkfiske og vi ser også på dei som har arbeidd seg opp frå ein sped start med eigen kystsjark til å ta det store steget opp med å investere i ny 34 meter lang moderne garnfiskebåt med eige fryseri/fabrikkanlegg ombord. I fjor kom nye Fanøyvåg og no med Kristian og Svein Magne Korneliussen si investering i Breivik Junior har Flora kommune ein svært moderne og oppdatert flåte innan garn-
fiske etter kvitfisk. I Norge har det vore ei suksesshistorie at vi eig og kontrollerer naturressursar som olje, vatn, skog og fisk i lag gjennom statleg kontroll og eigarskap. Det står i motstrid til dei internasjonale kreftene som ønskjer å eige på tvers av nasjonale grenser. Det blir spanande å gje ut nye «Hav av moglegheiter» i åra som kjem – og vonleg få skrive om flest mogleg lokalt eigde selskap- på sjø og på land.
4 Hav av moglegheiter 2016
Maskinsjef: Tore Dybedal Vederhus frå Vederhus i Selje kommune har som 26-åring ansvaret for maskineriet om bord i den nybygde fabrikktrålaren Ramoen. FOTO: PRIVAT
Karriere med framdrift VEDERHUS: Tore Dybedal Vederhus (26) har ansvaret for at maskinene på trålaren Ramoen til 340 millionar kroner fungerer som dei skal.
••Sindre Blålid Kvalheim sindre@fjt.no
– Eg har nok hatt litt flaks. Litt medvind, smiler Tore Dybedal Vederhus frå bygda Vederhus i Selje kommune. I ein alder av berre 26 år er han nemleg maskinsjef på fabrikktrålaren Ramoen som vart døypt i Ålesund i slutten av oktober. Fartøyet, som er 75 meter langt og 16 meter breitt, har ein prislapp på 340 millionar kroner. Fabrikktrålaren er bygd ved Armon shipyard i Gijon på den spanske nordkysten, og Dybedal Vederhus har sjølv vore mykje i Spania i byggeperioden. – Det siste året har eg gått fire-fem veker «på» etterfølgt av to veker fri. Arbeidsoppgåvene mine har vore planlegging, prosjektering og byggetilsyn,
fortel Dybedal Vederhus. Han har delt ansvaret med vågsøyværingen Jon Arne Silden, som er maskinsjef på Ramoen når kollegaen er i land. – Det har vore veldig lærerikt og eit minne for livet. Som maskinist på ein trålar er ein både høgt og lågt i båten. Når ein har vore med på bygginga, så blir ein godt kjend med båten, seier Dybedal Vederhus. Han har vore i sunnmørsreiarlaget Ramoen sidan august 2014 og jobba òg på den førre utgåva av Ramoen (nybygget er nummer seks i rekka) fram til den vart overlevert til eit sørafrikansk reiarlag i fjor sommar. Det nybygde fartøyet skal ha heimehamn i Vartdal i Ørsta kommune og er eid av reiarlaget Eros (65 prosent) og Vartdal-familien (35 prosent) med Atle og Knut i spissen.
Hyller lokale skolar
For Tore Dybedal Vederhus går interessa for motorar langt tilbake. Han fortel at han lenge har visst at han ville jobbe med motorar, men at yrkesvalet vart forma gjennom tida ved utdanningssenteret på Tennebø i Vågsøy kommune. ☻ – Eg starta utdanninga mi på
grunnkurs mekanisk ved Måløy vidaregåande skule (MVS). Det andre året der gjekk eg bilmekanikar av rein interesse, og det fekk eg bruk for då eg seinare fekk jobb på (Raudeberg-verftet) Båtbygg. Eg tok òg maritime fag i løpet av mine tre år ved MVS, noko eg trengde for å kunne dra på sjøen.
Det har vore veldig lærerikt og eit minne for livet. Tore Dybedal Vederhus Maskinsjef på Ramoen
Motormekanikarlinja (teknikk og industriell produksjon) er ei linje vi berre er nøydd å ha der vi bur, meiner Tore Dybedal Vederhus. ☻Lærlingtida tok han i Island Offshore og Båtbygg, før han fullførte ei toårig maskinistutdanning ved Fagskolen i Måløy. ☻ – Mange meiner at det er ein av dei beste fagskulane i landet. Der får du mykje meir enn
berre ein førelesar som gir deg ei førelesning for så å stikke av, skryt 26-åringen.
Ingen tid å miste
Med ein sein start på fisket i år satsar Tore Dybedal Vederhus og kollegaene no på å ta så mykje av torske- og hysekvotene som mogleg før året er omme. – No er målet å fiske mest mogleg på kortast mogleg tid. Ramoen har filetskjæremaskin for kutting av beinfrie filerer og porsjonsstykke om bord. Fartøyet er utstyrt med trål og anna reiskap frå Vågsøybedrifta Selstad, og Dybedal Vederhus forklarer at også Vågsøy-selskapa Isovent og Moldøen Supply har levert tenester og utstyr til fartøyet. Ramoen har ein maksimal kapasitet på fangst og produksjon av 100 tonn fisk i døgnet som gir innfrysing av beinfrie produkt på 32 tonn. For Tore Dybedal Vederhus og førstemaskinisten han har ansvaret for, så er arbeidsoppgåvene klare før Ramoen sin jomfrutur til Barentshavet: – Vi skal sørge for at maskineriet går og at innfrysinga av fisken fungerer som den skal.
Hav av moglegheiter 2016 5 SAFER, SMARTER, GREENER
Photo:©
SAFER, SMARTER, GREENER
"Pålitelighet, kompetanse og tilgjengelighet; vårt bidrag "Pålitelighet, kompetanse ogtil økt sikkerhet og kvalitet" tilgjengelighet; vårt bidrag til økt sikkerhet og kvalitet"
Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten.
MARITIME
DNV GL - GODKJENT FORETAK Kontroll av Norske lastefartøy og fiskefartøy mellom 8 og 15 meter DNV GL har status som Godkjent Foretak og utførere kontroll av norske lastefartøy og fiskefartøy mellom 8 og 15 meter på vegne av Sjøfartsdirektoratet. Vi kjenner næringen og har stasjoner langs hele kysten.
Om DNV GL Kontrollordningen Om DNV GL Dagens regelverk krever alle fiskefartøy og lastefartøy DNV GL (tidligere Det Norske Veritas) er et uavhengig selskapDNV GL (tidligere Det atNorske Veritas) er etmellom 8 og 15 meter skal kontrolleres av foretak som er godkjent av som leverer et bredt spekter av tjenester til den maritime uavhengig selskap som leverer et bredt spekter Sjøfartsdirektoratet (Godkjent Foretak). Fartøy som ikke har næringen. Vår kjernevirksomhet er relatert til rollen som av tjenester den skal maritime kontrollerttil tidligere fremstilles næringen. for kontroll innen gitte datoer klasseselskap og omfatter kontroll og sertifisering av fartøy, både i avhengig av fartøyets byggedato. Bl.a. skal bygget etter henhold til eget regelverk og på vegne av myndighetene. Vårt Vår kjernevirksomhet er realtert til lastefartøy rollen som 1990 fremstilles for kontroll innen 1. januar 2017. formål er å sikre liv, eiendom og miljø. klasseselskap og omfatter kontroll og sertifisering av fartøy, både i henhold til eget regelverk og på vegne av myndighetene. Vårt formål er å sikre liv, eiendom og miljø
KONTAKT
Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no
Ulsteinvik: Frode Holm, frode.holm@dnvgl.com + 47 917 67 271 Måløy:
Vi er stolte av det!
Jørgen Blålid, joergen.blalid@dnvgl.com +47 979 52 999
SAFER, SMARTER, GREENER
"Pålitelighet, kompetanse og tilgjengelighet; vårt bidrag til økt sikkerhet og kvalitet"
Vi utfører
sertifisering aV arbeidsfartøy inntil 15 mtr.
-10%
e
stkampanj ø H på Powerboat
(160 – 480 hester)
Yanmarsertifisert verksted, egen slipp og alt lett tilgjengelig.
NORSK AKKREDITERING TEST 184
6 Hav av moglegheiter 2016
Fiskebas: Den to år gamle fiskebåten har både laste- og fiskerisertifikat og er difor klar til fleire typar oppdrag. FOTO: PRIVAT
Frir til oppdrettarar FLORØ: Då fiskebåten Fiskebas vart bygd for to år sidan, var håpet å få til heilårsdrift. Har Madsen-reiarlaget greidd det?
••Liv Standal
redaksjon@firdaposten.no Fiskebas hentar opp kvotane sine på vel fire månader og det er dårleg butikk å ligge til kai to tredjedelar av året. I utgangspunktet var tanken å leige seg ut til oljebransjen. Der peika imidlertid pilene bratt nedover berre kort tid etter at florøfolk gjekk mann av huse for å sjå den nye skuta i februar 2014. Oppdraga kom etterkvart – men frå ein annan kant enn først tenkt. – I fjor kom 17 av dei 103 driftsdøgna vi hadde som følgje av oppdrag frå Havforskningsinsituttet, og i år har vi hatt vel 40 dagar på oppdrag for dei, fortel dagleg leiar Siv Madsen. I mai handla det om merking
av makrell, medan ein nokre dagar i juni kasta etter makrell som vart sleppt ut igjen, slik ein til dømes må når båtane har fått for mykje fisk i nota. Poenget var å sjå korleis fisken toler dette. – Korleis kjennest det for garva fiskarar å sleppe ut att fisk? – Nei, det er inga god kjensle. Og spesielt ikkje når ein får 13 kroner kiloen for makrellen!, ler bas Ole Morten Madsen. – I juni trur eg vi sleppte ut makrell for mellom 20 og 25 millionar kroner, og det smertar. Men vi får jo litt pengar inn, òg. Desse oppdraga blir lagde ut på anbod, og i skrivande stund ventar Siv Madsen på å få vite om dei har vunne eit anbod for Havforskninga som gjeld makrellmerking, 30 dagar i året for fire år framover. – Desse oppdraga hjelper mykje på når det gjeld inntening. No har vi fått ein fot inn på denne marknaden og fått godt rykte på oss, noko som hjelp i høve framtidige anbod, slår ho fast. Men dei stiller seg også til disposisjon for ein heilt annan type oppdrag.
Familiedrift: Siv Madsen er dagleg leiar i Fiskebas, medan broren Ole Morten er bas. FOTO: LIV STANDAL
Vi har nyleg vore i dialog med oppdrettarar angåande oppdrag i samband med avlusing. Siv Madsen Dagleg leiar i Fiskebas
– Vi har nyleg vore i dialog med oppdrettarar angåande oppdrag i samband med avlusing. Der trur vi det kan vere ein stor marknad, fortel Siv Madsen. Ho peikar på at båten er ledig for oppdrag halve året, og utelukkar heller ikkje oppdrag som kjem i den perioden ein normalt fiskar. – Nei, vi er opne for alt. Kvotene er faste og vi skal alltid få fisken opp, forsikrar både ho og broren.
HAVNEVIK
Hav av moglegheiter 2016 7
Bli med oss i arbeidet med å forme framtida
I MARINE HARVEST REGION VEST HAR VI MANGE FORSKJELLIGE STILLINGER INNENFOR MANGE FAGFELT; Regiondirektør – Controller – Produksjonssjef – HR leder – Kvalitetsleder – Planleggings leder – Fabrikksjef – Fiskehelseleder – Områdeleder – Biologisk Controller – Miljø og myndighetskontakt – Leder serviceteam – HMS koordinator – Kvalitetskoordinator – Fiskehelsebiolog – Veterinær – Rensefisk koordinator – Innkjøpskoordinator – Driftsleder - Assisterende driftsleder – Driftstekniker – Lærling akvakultur – TAF lærling akvakultur - Elektriker – Mekaniker – Teknisk leder – Skiftleder – Fabrikkplanlegger – Logistikk koordinator.
Det er ulike type utdanninger som gir arbeid hos oss. Det er lokal videregående utdanning, høyskole eller universitet. Vi ser etter motiverte personer som ønsker å være med å lede den blå revolusjonen, fremtiden ligger i havet.
Vi skaper trygge arbeidsplasser og verdiskaping i Sogn og Fjordane. Marine Harvest Region Vest har ca. 470 ansatte fra Sognefjorden til Hustadvika. Totalt i Sogn og Fjordane har vi 136 ansatte fordelt i 9 kommuner.
www.marineharvest.com
Lurer du på hva som skjer i fremtiden? Fiskeri og havbruk Deloittes nasjonale satsing på fiskeri og havbruk har ressurspersoner langs Vestlandet fra Haugesund til Trondheim. Deloitte kan tilby spisskompetanse eller tverrfaglige team av personer med erfaring og bakgrunn fra sjømatssektoren, og som ellers jobber innen våre fagavdelinger for jus, rådgivning, transaksjonsstøtte, og revisjon. Revisorer, advokater og konsulenter Deloitte er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, rådgivning og advokattjenester. Vi arbeider for internasjonale selskaper og norske virksomheter innen privat og offentlig sektor. Les mer og søk på www.deloitte.no Hans Jørgen Kirkeeide Florø Tlf: 958 19 044 hkirkeeide@deloitte.no
Rune Norstrand Olsen Florø Tlf: 952 48 004 ruolsen@deloitte.no
Leif Kilnes Førde Tlf: 952 41 942 lkilnes@deloitte.no
Gunn Irene S. Bruheim Sogndal Tlf: 971 42 491 gbruheim@deloitte.no
Deloitte refers to one or more of Deloitte Touche Tohmatsu Limited, a UK private company limited by guarantee (“DTTL”), its network of member firms, and their related entities. DTTL and each of its member firms are legally separate and independent entities. DTTL (also referred to as “Deloitte Global”) does not provide services to clients. Please see www.deloitte.no for a more detailed description of DTTL and its member firms. © Deloitte AS
Anders M. Gjendemsjø Bergen Tlf. 95 70 60 20 agjendemsjo@deloitte.no
8 Hav av moglegheiter 2016
Skaper verdiar: Håkon Norbø (t.v.) og Henrik Vedvik går første året på Måløy vidaregåande skule, men er allereie i full gang med å skape verdiar som sjarkfiskarar på fritida.
Oppdatert: Henrik Vedvik (16) til rors i sjarken som faren Roger Vedvik eig. Sjarken er oppdatert med mykje teknologi etter at dei kjøpte han i Osmundsvåg i fjor.
Skeptiske: – Dei var litt skeptiske heime i starten då eg og Henrik skulle drive på med sjarken. Men no ser dei at det går bra, seier Håkon Nordbø. Her har mørket senka seg ved Skongsnes fyr.
Budde på å leve av havet
God stemning: – Vi er døype i same vatnet og har vore kameratar heile livet, fortel Håkon Nordbø (t.v.) og Henrik Vedv
RAUDEBERG: 16-åringane Henrik Vedvik og Håkon Nordbø er allereie drivne sjarkfiskarar. Neste år planlegg dei å bli reiarar.
••Jørn-Arne Tomasgard fjt@fjt.no
– Vi er barndomskameratar, døypte i same vatnet i NordVågsøy kyrkje. Vi har hengt saman heile livet og har same interessene. Det går i fisk. Medan dei andre på skulen sit og diskuterer fotball, diskuterer vi sjarkar, fortel Håkon Nordbø. Sjølv om Vågsøy er eit fiskerisamfunn, kjenner dei
ikkje til andre ungdomar som har så målretta ambisjonar om å gå inn i fiskerinæringa. ☻Begge er frå Nord-Vågsøy. Henrik bur i Vedvika, Håkon på Raudeberg. Ingen av dei har flytta ut av guterommet. Dei innrømmer at ein viktig grunn til å halde på med sjarken er økonomi. Det er gode pengar å tene. ☻ – Eg vil tru vi har betre økonomi enn 16-åringar flest. Planen er å samle opp eigenkapital til å kjøpe større båt om eit års tid. For ei investering på kring to millionar kroner må vi ha 400.000 kroner i eigenkapital. Det skal gå bra, meiner Henrik.
Ser sjark-klipp på YouTube
Dei to er til liks med andre ungdomar mykje på internett på
fritida. Men det dei studerer på nettet er kanskje ikkje for dei store massane. ☻ – Vi ser mykje videoklipp av sjarkar på YouTube. Og sjølvsagt sjekkar vi ut sjarkar til sals på finn.no, seier Håkon. ☻Vi var med dei to karane på krabbefiske frå moloen på Raudeberg, der sjarken M/S Havbåra ligg, utover til Halsør og Skongsnes fyr. Dei 50 teinene vart tømt for krabbar og sett ut att, klargjort for hummarsesongen. Elles har dei 90 teiner for fangst av kreps. Breiflabb og kvitfisk inngår også i sortimentet dei leverer til Snorre Seafood på Raudeberg. Ifølgje karane leverer Snorre Seafood krabbane vidare til foredling på Hitra, medan mykje av fisken går til Adams Matkasse.
Hav av moglegheiter 2016 9
Følgesvener: Henrik og Håkon har følgje av måsane når dei er ute med sjarken.
Ønskjer å utvide til lengre sjark Gutane håper å erstatte Havbåra med ein sjark på elleve meter i 2017.
vik, her ombord på sjarken M/S Havbåra på veg ut frå moloen på Raudeberg. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
Inntektene delt på tre
Allereie som 15-årige ungdomsskuleelevar i fjor vår starta dei to med sjarkfiske. Det er faren til Henrik, Roger Vedvik, som eig båten. Men for det meste er det Henrik og Håkon som driv han på fritida. ☻Til dagleg er dei elevar ved Teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Måløy vidaregåande skule. Dei er medvitne om at utdanning må ligge i botn for satsinga. ☻ – Vi skal vidare på maritime fag neste år. Så blir det to år som lærlingar før vi kan gå styrmannsskule. Andre som siktar mot fiskerinæringa går gjerne naturbruk og vidare på fiske og fangst. Men vi fann ut at det er greitt å ha mekanisk kunnskap når vi skal drive
Eg vil tru at vi har betre økonomi enn 16-åringar flest. Henrik Vedvik 16 år gamal sjarkfiskar
sjark, seier Henrik. ☻Selskapet Havbåra er organisert slik at inntektene blir delt på tre. Karane får ein tredel kvar, medan båten får den siste tredelen. Delen som går til båten, blir også brukt til å drifte han, til dømes går kjøp av utstyr frå denne potten. ☻Faren til Henrik er «chief», det vil seie sjef i maskina, på ringnotfartøyet Torbas. Sjar-
ken Havbåra er eit fritidsprosjekt. ☻ – Han er sofareiar, gliser Henrik.
Pengar og spenning
– Sjarken vart kjøpt av ein kar i Osmundsvåg som ville pensjonere seg. Prisen var i underkant av 500.000 kroner. Vi har oppdatert han med mykje teknologi som ekkolodd, radar, autopilot, kartmaskin og VHF (naudkanal). Med alle oppgraderingane vil eg tru vi kan få meir att for han enn vi gav. ☻ – Kvifor siktar de så målretta mot havbruk som leveveg? – Vi er i praksis fødde på «sjyn» begge to, med foreldre og besteforeldre som har drive i næringa. Så er det gode pengar. Og ikkje minst er det spenning.
– Då er det vi to som skal satse med eige selskap. Så får vi sjå om dette er noko vi kan ha som yrke, eller om det vert ein geskjeft ved sidan av arbeid på ein større båt, seier dei to gutane. ☻– Skal vi kunne leve av båten, må vi ha ein større båt som kan gå nordover på torskefiske, og utaskjers. Det blir betre arbeidstilhøve på ein lenger og breiare båt. Då har begge sitt eige sete i styrehuset og si eiga seng, konkluderer Henrik Vedvik. ☻Ein vanleg fangst for dei no, er 260 kilo krabbe. Dei får ni kroner kiloen. Ei kveldsøkt kan dermed gje inntekter på 2.000-3.000 kroner i krabbesesongen. ☻– Vi er gjerne ute med sjarken tre gongar i veka. Då reiser vi ut etter skuletid i 16.30-tida og er inne att cirka klokka 20.00. Så er det rett heim til leksene, fortel Håkon Nordbø, som ikkje føler at arbeidet på sjøen går utover skulearbeidet. ☻– Nei, vi må sørge for å få gode nok karakterar til å kome inn på maritim neste år. Vi jobbar på Stadyard også med vasking og måling. Viss vi ikkje hadde jobba, trur eg vi hadde blitt sitjande og sløve i sofaen. Det er ikkje sikkert det hadde gått betre på skulen av den grunn.
Ni kroner kiloen: Gutane kan tjene 2-3.000 kroner på ein kveld med krabbefiske.
Levering: Dei to unge fiskarane levere fangsten til Snorre Seafood på Raudeberg.
fakta Fiskefartøy u/ 11 meter Sogn og Fjordane 1995: 715 fartøy 2000: 601 fartøy 2005: 268 fartøy 2010: 207 fartøy 2015: 214 fartøy Norge 1995: 12.053 fartøy 2000: 10.977 fartøy 2005: 6.057 fartøy 2010: 4.940 fartøy 2015: 4.705 fartøy KILDE: FISKERIDIREKTORATET
10 Hav av moglegheiter 2016
Støttar lokalfotballen: Det var breie glis hos fotball-leiarane Øystein Hjertenes og Arild Melvær då Bravo kom med kjempesjekk til Florø Fotball. Bak frå venstre: Håkon Åsvang, Anne Fure Bortne, Qiao Chen, Svein Helge Bruheim, Sunniva Geithus, Karl Petter Myklebust og Tore Svarstad. FOTO: DAG N. FRØYEN
Smått er godt FLORØ : Smått er godt i lakseseljarbransjen. Dei små og uavhengige lakseeksportørane lever godt i den knallharde konkurransen.
••Arve Olav Solbakken redaksjon@firdaposten.no
Dei siste åra med høge og til tider svingande prisar har vore krevjande. Vi har snakka med dagleg leiar i Bravo Seafood i Florø, Karl Petter Myklebust. – Utfordringane er samansette, men det er vanskelegare å hente ut god nok margin når prisane er høge og kundane taper pengar. Men det er faktisk meir utfordrande med store prissvingningar frå veke til veke. Når prisane er stabileklarer store utanlandske matvarekjeder å tilpasse seg høgare innkjøpspris på foredla laks. Det er nødvendig for at vidareforedlingsindustrien kan tene pengar. For Bravo har 2016 så langt vore eit greit år med akseptabel inntening og
litt økte volum, så vi er fornøgde så langt.
Satsar på fersk
Bravo Seafood er uavhengig og kjøper fisk frå mindre og mellomstore oppdrettarar. Dei må tilby akseptabel pris til oppdrettar, viss ikkje går dei til konkurrentane. Det same gjeld ute i marknaden. Utan konkurransedyktig pris – ingen handel. Bravo satsar hovudsakleg på fersk fisk til Europa og Asia. – Vi har eit hårete mål om å den vere mest kostnadseffektive i den norske bransjen. På den måten kan vi tilby konkurransedyktige prisar både til oppdrettar og kunden ute.
To dagar til Asia
– Kor lang sendetid treng de til fersk laks levert i Asia? – Mykje må koordinerast for at laksen skal komme raskt nok fram fersk til Asia. Ein laks slakta og pakka på Vestlandet tysdag, kan med effektiv logistikk leverast flyboren og fersk på restaurant i Korea torsdag kveld. – Kor viktig er sushi-marknaden kontra andre typar restaurantprodukt?
– Sushi er i veldig vekst, spesielt i Asia, men og i resten av verda. Norsk laks generelt har eit godt namn ute i verda og mange oppfattar den som sunn og trendy. Vi er heldige i Norge som kan produsere og selje eit slikt attraktivt produkt. Nøkkeltala for laksehandlarane i fylket viser at høge pri-
Vi har eit hårete mål om å vere mest kostnadseffektive i den norske bransjen. Karl Petter Myklebust Dagleg leiar i Bravo Seafood
sar har gitt inntening.
litt
svakare
Nøkkeltal for 2015 og 2014:
Bravo Seafood, Florø Omsetning: 774 millionar kroner og 801 millionar kroner Driftsresultat: 6,0 millionar kroner og 9,4 millionar kroner Resultatgrad: 0,8 prosent og 1,6 prosent Skaar Norway, Florø Omsetning: 288 millionar kroner og 284 millionar kroner. Driftsresultat: 1,0 millionar kroner og 4,6 millionar kroner Resultatgrad: 0,3 prosent og 1,6 prosent Norwell, Florø Omsetning: 1.111 millionar kroner og 1.225 millionar kroner Driftsresultat: 17,3 millionar kroner og 23.9 millionar kroner Resultatgrad: 1,6 prosent og 1,9 prosent Coast Seafood, Måløy Omsetning: 3.072 millionar kroner og 2.827 millionar kroner Driftsresulat: 49,1 millionar kroner og 50,7 millionar kroner Resultatgrad: 1,6 prosent og 1,8 prosent
Hav av moglegheiter 2016 11
SUSTAINABLE SALMON STARTS WITH SUSTAINABLE FEED
KNOWLEDGE MAKES THE DIFFERENCE
Frequency.no
WWW.EWOS.NO
Stadyard utfører reparasjon, vedlikehold, ombygging og utrustning av fartøy. Strategisk plassert på norskekysten ved Måløy står vi klare til å hjelpe deg 24/7. «Torbas», «Fanøyvåg» og «T.A. Senior» er våre tre siste nybygg basert på lange og gode tradisjoner.
Bygg 37 – MS «Torbas» Komb. ringnot/pelagisk tråler Lengde 69,90 m, bredde 15 m Lastekap. 2050 m3
Adresse: 6710 Raudeberg · Telefon: 57 84 99 00 · E-post: post@stadyard.no
Bygg 38 – MS «Fanøyvåg» Garnfartøy Lengde 27,97 m, bredde 8,5 m Lastekap. 245 m3
Bygg 39 – MS «T.A. Senior» Komb. snurper/snurrevad Lengde 14,99 m, bredde 8,0 m Lastekap. 120 m3
www.stadyard.no
12 Hav av moglegheiter 2016
Fint besøk: Erik Osland fortel om bedriftsutviklinga i Bjordal-området til Ap-leiar Jonas Gahr Støre og stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap). FOTO: MAY BRITT EIDE, YTRE SOGN
Vinn-vinn i Bjordal fakta
BJORDAL: Eit hydrogensamarbeid mellom småkraftverket Osland Kraft og Osland Havbruk i Bjordal kan bety eit langt steg mot nullutslepp og meir bærekraftig havbruk.
•• CMR Prototech og Norwegian Electric Systems (NES) skal samarbeide for å utvikle nullutsleppsystem for ein prototype arbeidsbåt. •• Den skal kunne drivast av brenselsceller kombinert med Li-On batteri.
••Arve Olav Solbakken redaksjon@firdaposten.no
Saman med Høyanger Næringsutvikling arbeider dei med første fase i prosjektet PilotFC, der målet er lokal hydrogenproduksjon i småkraftverket Osland Kraft kombinert med utvikling av ein ny arbeidsbåt for Osland Havbruk. Arbeidsbåten skal drivast av eit hybridsystem med brenselsceller for hydrogen og elektriske batteri. Utviklinga i fase 1 av prosjektet skal legge grunnlag for konkrete byggeprosjekt.
Biprodukt er oksygen
– Vi fornyar flåten vår av arbeidsbåtar etter kvart og vi reknar med at denne nye
Prinsippskisse: Lokal kraftproduksjon i Osland Kraft kan gje grunnlag for hydrogendrivne fartøy i havbruksnæringa.
•• Eit komplett framdriftssystem skal etter planen utviklast av Norwegian Electric Fuel Cells (NEFC).
SKISSE: HØYANGER NÆRINGSUTVIKLING
eventuelt kan komme i drift i 2020. På sikt kan ein slik teknologi nyttast som energikjelde både i bilane våre og arbeidsflåtane våre. Det kan gje oss langt grønare produksjon enn i dag, fortel dagleg leiar Erik Osland i Osland Havbruk. Det kanskje mest elegante med prosjektet er at «avfallet» frå hydrogenproduksjonen er reint oksygen, som havbruksnæringa kjøper store mengder av til landbaserte settefisk og påvekstanlegg.
Oksygentilsetjing blir truleg også ein viktig innsatsfaktor i lukka anlegg i sjø. – Vi kjøper inn for kring seks millionar i oksygen i året. Oksygen-produksjonen i Osland Kraft vil vere langt større enn vårt behov, fortel Osland.
Mange fordelar
Greenstat har gjort ein forstudie for Høyanger Næringsutvikling som viser at bruk av rimeleg lokal kraft og utnytting av «avfallsproduktet» oksygen kan gjere produksjonen øko-
nomisk bærekraftig også i dagens marknadssituasjon. Årsaka til at ein siktar seg inn på havbruksnæringa er at dei har stor interesse av å utvikle meir økologisk berekraft og grønare profil. Dessutan er det med dagens prisnivå på laks eit økonomisk fundament for å vere med på utviklingsarbeid. Norske verft har i dag ordrereservar på 3,5 milliard kroner på nye brønnbåtar og verftsnæringa byggjer også mange arbeidsbåtar og servicefartøy i næringa.
Hav av moglegheiter 2016 13
bravo!
Spare- og investeringsbanken som alltid er åpen.
Tilgjengelegheit · Engasjement Kompetanse
Tlf. 06001 privat -
Bravo Seafood driv sal av laks, ørret og torsk, og blei grunnlagt i Florø i 2008. Bravo Seafood tar mål av seg til å vere den mest kostnadseffektive salgsorganisasjonen i Norge.
Tlf. 06002 bedrift
Rådgivningsbanken som alltid er åpen.
Selskapet kan vise til høg kompetanse og lang erfaring frå bransjen. Bravo Seafood set kunden sine behov i fokus.
Bravo Seafood set kunden sine behov i fokus.
BRAVO SEAFOOD AS Tel.: +47 5700 9300 · Web: bravoseafood.no Address: Strandgata 15 P.O. Box 100, N-6901 Florø, Norway
A til Å - www.atilaa.no
Måløy/Nordfjordeid
Florø Bil & Havneservice AS er et bilverksted for person- og lastebil, vi leverer drivstoff og smøreoljer for FBH AS og Bunker Oil AS til offshore, marine, industri og private.
Stadpipe has developed into one of Norways leading specialists in advanced piping systems.
BUNKRING: Fra Fugleskjærskaia til større fartøy og til mindre båter fra flytebrygge Bensin - Marine gassolje - Farga diesel - Fyringsolje - Smøremidler - Kjemiprodukt
Florø Bil & Havneservice AS Strandavegen 19, 6900 Florø Strandavegen, 6900 Florø Tlf. 57 74 05 40 Tlf. 57 74 05 30 www.fbh.as
We are driven by the desire to find the best solutions that suit the costumer’s needs. We take responsibility from design to completition and always plan our projects thoroughly in partnership with the customer.
www.stadpipe.no
14 Hav av moglegheiter 2016
Vert lansert i mars: Dette er den nye miniegnemaskina som Fiskevegn har utvikla. Det er planlagt offentleg lansering under fiskerimessa LofotFishing i slutten av mars. FOTO: FISKEVEGN
Djupvassline: Fiskevegn er marknadsleiande leverandør av djupvassline til fangst av tannfisk i Sørishavet. Sigrun Sandvik monterer metalldelane på lina. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
13.000 kvadratmeter: Fiskevegn med 40 tilsette held til i dette industrilokalet i strandsona på Flatraket like ved Naustteigen stadion. Verksemda har også tre tilsette i Ålesund. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
Fiskar heile tida etter nye svar
Produktutvikling: Egil Moe (t.v.) er prosjektansvarleg for autolineutrusting i verksemda. Her jobbar han med å optim FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
FLATRAKET: Fiskevegn brukar åtte millionar kroner årleg på forskning og utvikling. Ei miniegnemaskin til sjarkflåten er eit av resultatene av satsinga.
••Jørn-Arne Tomasgard fjt@fjt.no
Korleis tene gode pengar på ein liten båt? Det spørsmålet var utgangspunktet for at hjørnesteinsverksemda på Flatraket med 40 tilsette gjekk i gang med utviklinga av egnemaskina som skal kunne spare store kostnader årleg på ein sjark. Automatiseringa vil kunne
gje store utslag på marginane for dei minste sjarkane som driv linefiske. Det er planlagt offentleg lansering av egnemaskina under fiskerimessa LofotFishing i mars neste år. – Vi må finpusse og dokumentere produktet og få det enklast mogleg. Eit autolinefartøy har verkstad og maskinistar, og kan leige inn spesialistar når utstyr har driftsstans. Ein liten sjark har ikkje slike ressursar. Brukarane må ordne meir sjølv og produktet må tilpassast dette, seier Trond-Inge Kvernevik. Økologen med fortid innan gründerverksemd i Selje og næringslivet i Malaysia har vore dagleg leiar i Fiskevegn sidan 2011.
Lokal danske fekk ideen
Egnemaskin-ideen har verksemda kjøpt av ein gründer som arbeidde i Fiskevegn-systemet på 1990-talet. Dansken Poul Rasmussen, busett på Raudeberg, kom opp med ideen om ei miniegnemaskin retta mot sjarkflåten. Rasmussen vart tilsett i Fiskevegn og saman har dei jobba med produktet sidan mars i år. Eit anna område Fiskevegn arbeider langsiktig med, er utvikling av syntetisk agn (sjå eigen sak). ☻– Det er krevjande å drive med forskings- og utviklingsarbeid, og per definisjon risikofylt. Men vi har god kompetanse på prosjektstyring og vel ut satsingsområde med høg relevans i høve verdikjeda vi er ein
Hav av moglegheiter 2016 15
Levering: Fiskevegn leverte fullt lineutstyr og kroker til Frøynanes. FOTO: OLAV STEIMLER
Vil gjere fisk som agn overflødig Fiskevegn vil sikre mat til folk og lønnsomhet i fiskerinæringa gjennom å utvikle eit syntetisk agn.
malisere kapasiteten av krokar til eit miniegnesystem. Her saman med dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik.
del av. Utvikling og innovasjon må til. Vi nyttar ressursar tilsvarande om lag ti prosent av omsetnaden vår på 85-90 millionar kroner årleg til dette, seier Kvernevik. Verksemda leverer fiber, tauverk og fiskereiskapar til alle delar av autoline- og garnflåten. Fiskevegn er posisjonert med eit distribusjonsnettverk over heile verda innan dette segmentet.
– Bra for rekrutteringa
Kvernevik seier det er nytt at det norske miljøet innan fangst av villfisk er byrja tenkje som ei eining der sluttproduktet ut til kunden er det viktige. – Vi kan sjå til den norske laksenæringa korleis dei har lukkast med felles merkevare-
Fisk av sjølv beste kvalitet har vorte selt for billig. Trond-Inge Kvernevik Dagleg leiar i Fiskevegn
bygging og marknadsarbeid. Innan næringa for fiske av vill fisk var det tidlegare slik at båtane konsentrerte seg om å få mest mogleg fisk inn til eit fiskemottak til lågast moglege driftskostnader. Men sesongmessig overforsyning og lite samordning av marknadsføring har bidrege til at fisk av sjølv beste kvalitet har vorte selt for billeg. I dag engasjerer
næringa seg meir målretta i sal av fisk av høg kvalitet til kravstore marknader. Utstyrsleverandørane må støtte denne utviklinga. Vi søkjer nye løysingar forankra i tankegangen om at vi er ein del av kjeda der målet er sluttmarknaden, seier Kvernevik, og fortset: – For tida ser vi korleis vi kan bidra til betre arbeidsvilkår og lønsemd i dei små einingane. For mykje innsats vert brukt på reiskapen og for lite på å ivareta kvaliteten på fangsten. Vi har eit sterkt fokus på det. Dette handlar også om rekruttering til bransjen. Vi må tilby nykomarane som vil inn i bransjen meir attraktive løysingar. Den nye egnemaskina veg 20 kilo, ei konvensjonell maskin veg nesten ti gongar meir.
I eit forsøk på å gjere fisk brukt som agn overflødig, jobbar Fiskevegn saman med tre andre aktørar med å utvikle syntetisk agn. ☻– Dette er eit langsiktig prosjekt, vi veit ikkje kva tid vi har eit effektivt produkt klart. I dag er kjøp av agn ein stor kostnad. Den vil auke vesentleg i framtida, sidan det som blir brukt som agn er annan fisk, og er etterspurt som mat. Syntetisk agn kan frigjere fisk til konsum og i tillegg skjerme fiskerinæringa mot auka agnkostnader, seier dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik i Fiskevegn. Industrikonsor tiumet med fire aktørar har fått om lag sju millionar kroner av Norges forskningsråd til arbeidet. Forskningsrådets rolle er å tilføre forskningssystemet meirverdi gjennom å realisere forskning som aktørane i forksningssystemet kvar for seg ikkje kan få fram. Dei sju millionane som forskningsrådet bidreg med i arbeidet med å utvikle eit syntetisk agn kjem på toppen av midlane som selskapa stiller sjølve.
Kontroll: Lars Solheim har oppsynet med maskinene. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
Produkt: Fiskevegn produserer fiber, tauverk og fiskeriredskaper. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
fakta Fiskevegn •• Har hovudkontor på Flatraket i Selje kommune. •• 40 tilsette inkludert tre på avdelinga i Ålesund. •• Skipa i 1973 av Helge Solheim og Bodvar Vetrhus •• Resultat før skatt i 2015 var cirka fire millionar kroner av ein omsetnad på cirka 89 millionar kroner.
16 Hav av moglegheiter 2016
Ser lyst på utviklinga: Salssjef Roy Austbø og teknisk sjef Trond-Atle Asphjell ser stadig nye område der Niprox-teknologien kan vinne fram. FOTO: ARVE OLAV SOLBAKKEN
Siktar mot havbruk FLORØ: Med lokal teknologi og produksjon tek Niprox Technology stadig nye steg. – Teknologien passar også i vassborne system i skip og landbasert oppdrett, seier salssjef Roy Austbø.
••Arve Olav Solbakken redaksjon@firdaposten.no
Forretningskonseptet bygger på at fjerning av oksygenet i lukka system gir lenger levetid, mindre tap av varme og med det sparte energikostnader. I starten vann dei fram med teknologien til bruk i vassborne varmegjenvinningssystem i store eigedomsbygg. Rundt 900 Niprox-anlegg er no i drift i Norge, nokre i Danmark, medan ein er i startgropa i Sverige.
Landbasert oppdrett
I dei seinare år har dei jobba meir mot industrien. Nyleg fekk Florø-firmaet den danske bryggerigiganten Carls-
berg på kundelista. Kontrakten med Carlsberg skiller seg ut sidan teknologien blei brukt innovativt og annleis. Dersom du sprettar ein Carlsberg Spesial, så drikk du Niprox-rensa vatn samstundes. Ved å tilsetje oksygenrensa vatn i spesialølet, får Carlsberg lettare justert alkoholprosenten til korrekt nivå. Hovudfokuset no framover er å nå fram til nye industrielle kundar. – Også innan varmegjenvinning eller kjølesystem i skip og landbaserte oppdrettsanlegg, er vår teknologi veldig aktuell, forklarer salssjef Roy Austbø og legg til: – Ein rapport laga av Sintef slår fast at vårt anlegg reduserer korrosjonsfarten i røyrsystema med 75-90 prosent. Når det rustar mindre, får du lenger levetid og meir effekt ved at det blir mindre smuss og groe i systemet.
Lokalt utvikla
Det var opphavleg ingeniør Ove Stavø frå Flora som utvikla systemet i samarbeid med oljeselskapa Shell og Conoco. I 2004 kjøpte og overtok Florø Rør-eigar Inge Ellings-
sund konseptet og førte det vidare i Niprox Technology. I 2009 kom forretningsmannen Kjartan Strand inn med kapital og som dagleg leiar i selskapet. Og sakte, men sikkert har verksemda vakse til ti tilsette. – Vi kjøper tenester lokalt inn til vår produksjon. Mellom anna er det arbeidslivsverk-
Vi kjøper tenester lokalt inn til vår produksjon. Roy Austbø Salssjef i Niprox Technology
semda Origod i Florø som sveiser rammene som vi montere systemet vårt på, forklarer Austbø. Niprox-einingane blir montert inn i eksisterande system for å betre verknadsgraden. Det kan gjerast i mange typar vassborne system. Sentralvarme, kjølesystem, glykolsystem, fødevatn til steamsystem, isvatnsystem og andre.
Postgirobygget
Postgirobygget har vore eit fyrtårn i marknadsføringa til Niprox. I 2006 kom Niprox med i eit pilotprosjekt for å betre effekten av både varme og kjølesystema i bygget. Resultatet viste at energikostnadene til oppvarming blei redusert med seks prosent. I tillegg fekk ein innsparing i vedlikehaldskostnader. Ifølge teknisk direktør i Entra Eiendom, Nils Fredik Skau, har ingen andre enkelttiltak gitt større enøk-effekt enn dette i Postgirobygget. I etterkant av dette valde selskapet å montere Niprox-system i 190 av sine store bygningar. Niprox har hovudkontor i Florø og eit avdelingskontor i Oslo for å ta seg av den store kundemassen der. Det er nyleg oppretta samabeidsavtale med Skåland Rør og Industrimontasje på Sørlandet og ein med den svenske VVS-giganten Comfort.
Hav av moglegheiter 2016 17
VURDERER DU LUSESKJØRT ?
•STERKERE DUK
Markedsrekord i leveringer av luseskjørt i 2016 Nå med ny versjon - «Extra Strong» NWP Havbruk har også utviklet ny generasjon med avlusningspresenninger og vannbasseng - med høyere kvalitet og styrke.
• LENGER LEVETID
Vi kommer gjerne på besøk med vareprøver Ring oss for å avtale et møte når det passer deg
• NORSK PRODUKSJON
BE OM OM TILBUD OG LEVERINGSTID NÅ : Telefon : 950 27752
-
Mail : tor@nwp.as
- Nettside : www.nwphavbruk.no
5912 SEIM - Hordaland
Din totalleverandør : Luseskjørt - Avlusningspresenning - Lusefilter - Vannbasseng - Slepeposer for vann - Lysstyringstelt Skillevegger for lysstyring - Haller over kar / Lagerhaller - Presenninger / Skreddersøm
18 Hav av moglegheiter 2016
Visjonen: Slik ser ein for seg at landanlegget i Botnastranda i Florø skal sjå ut.
Nekst har blikket rett FLORØ: Martin Ramsdal sit åleine på kontoret i Florø, men det byrjar å skje ting.
••Liv Standal
redaksjon@firdaposten.no Både i Norge, i Danmark og Canada blir det jobba med det gigantiske oppdrettsprosjektet han og kompanjongen Kjell Audun Aasen lanserte tilegare i år. Konsesjon for landbasert anlegg på Botnastranda med ein kapasitet på inntil 20 millionar settefisk. Søknad om nye 16 konsesjonar til sjøs, for å utvi-
kle nye måtar måtar å la laksen vekse seg slakteklar på. Utgiftene til avlusing som har vakse seg astronomiske på verdsbasis dei siste åra, skal bort. Fiskehelsa skal bli betre gjennom det dei kallar «saumlaus» overføring av laksen frå landanlegget til merdane i sjøen. Det er ikkje småtteri Ramsdal og partnaren Kjell Audun Aasen har sett seg føre å få til. Merksemda dei hårete planane har fått, har gjort det enklare for Nekst. – No blir vi kontakta av investorar og interessentar i staden for omvendt, sler Ramsdal fast. Han er overbevist om at dersom næringa skal komme vida-
re, trengs ny teknologi. – Kan vi komme opp med ein måte å unngå lusa på, er det utruleg mykje pengar å spare! Samstundes fins det knapt nok noko tilgjengeleg areale for oppdrett i Bremanger, Flora og Askvoll, trass at dei alle er kystkommunar. Då treng vi ny teknologi slik at vi kan gå lenger til havs, og her får får vi hjelp frå ABB og bergensfirmaet Marine Construction, seier Ramsdal. Om dei får til strukturen med land- og sjøanlegg, blir dei fremst i landet når det gjeld bærekraft og ny teknologi. – Det ville vore fantastisk om Florø blei staden dei unge i bransjen søker seg til, fordi det
er her ting skjer, skisserer han. Samstundes er han klar på at det er ein betydeleg jobb å realisere det omfangsrike prosjektet. – Pengar er eitt element, men kompetanse er like viktig. Ramsdal seier næringa vil sjå heilt annleis ut om 20-40 år. – Vi prøver å tenke oss korleis det blir då, og jobbe mot det. Å ta i bruk ny teknologi blir heilt sentralt. Nekst har også inngått avtale med Høgskulen i Bergen om å levere bacheloroppgåver på konkrete tema i havrommet til subsea-studentane ved Florøavdelinga, og dei er også i samtaler med NTNU.
Hav av moglegheiter 2016 19
Fisken skal senkast for å komme ned under lusesjiktet I april vart det kjent at Nekst hadde søkt om konsesjon til å produsere inntil 20 millionar settefisk på eit landanlegg på Botnaneset i Florø. Anlegget har avtale om inntil 50.000 liter vatn i timen frå vassverket i Florø og konsesjonen var på plass på rekordtid. Tanken er å halde fisken i landanlegget til den når 2,7 kilo, for så å sette den ut i mer-
der. Det vil seie at den berre treng vel eit halvt år ute i merdane til å bli slakteklar. No har dei inne søknad for 16 konsesjonar for å plassere fisken frå landanlegget i sjøen. Merdane skal kunne ligge langt frå land og senkast ned til under 15 meters djupne. Dette både for å unngå lusa og for å komme i ly for dårleg vêr.
– Prosjektet er i hovudsak klart for realisering Samarbeidspartnaren Marine Construction frå Bergen har 25 års erfaring frå havbruk. – Vi har kompetanse og utviklingskapasitet, og gjennom erfaring også utvikla idear. Nekst er offensive i høve ny teknologi og vi trur vi kan hjelpe dei med ytterlegare utvikling for å ta i bruk nye område av norskekysten, seier dagleg leiar Tor Håkon Riple. – Nokre ville seie at dette er eit ganske spenstig prosjekt - med eit omfang ein knapt har sett i Norge før? – Havbruksnæringa har vakse til å takle slike utbyggingar. Vi har henta inn kompetanse
frå offshore-næringa og er ikkje ura for storleiken, seier Riple og viser til utviklingsløyva frå myndigheitene for nettopp å utløyse ny teknologi. – Vi har lagt mykje arbeid i dette saman med Nekst, og utført betydeleg teknisk utvikling og kapasitetsberekningar allereie. Prosjektet er i hovudsak klart for realisering. Han meiner Norge treng ei utvikling som også har i seg bærekraft. – Vi må gjere ting annleis og når myndigheitene har erkjent det, grip vi gjerne ballen! Dette er slik vi trur norsk havbruksnæring vil bli framover. Ein kombinasjon av land- og sjøbasert oppdrett vil sikre bærekraft.
ta mot framtida I ly: Ein nedsenkbar merd kan gå under det øvste vasskiktet der ein finn lusa.
Gründer: Martin Ramsdal på kontoret i Florø. FOTO: LIV STANDAL
20 Hav av moglegheiter 2016
Samarbeid: Harald Aldvik (t.v.) og Adam Bjerck (nr. 3 f.v.) frå Adams Matkasse saman med Steven Jensen frå Snorre Seafood (nr. 2 f.v.) og Magnar Aasebø frå Vest-norges Fiskesalslag. FOTO: PRIVAT
Satsing går rett heim RAUDEBERG: Kvar veke får 10-15.000 nordmenn levert fisk frå Snorre Seafood rett på døra.
••Svanhild Breidalen fjt@fjt.no
– Vi har vore med i konseptet Adams Matkasse sidan det starta for tre år sidan, og leveransane utgjør no rundt 30–40 prosent av omsetjinga vår, seier dagleg leiar Steven Jensen ved Snorre Seafood på Raudeberg i Vågsøy kommune. ☻ Innpass i konsumentmarknaden er noko bedrifta har jobba strategisk med i fleire år. Tradisjonelt ferskfiskmottak utgjør no under 50 prosent av omsetjinga ved Snorre Seafood som i 2015 sette omsetjingsrekord på 49,8 millionar kroner. ☻ – Å få servert fisk på døra nokre veker i året ser ut til å gjere at folk lager og et meir fisk generelt, seier Jensen. Adams Matkasse vart starta i 2013 av fire unge gründarar i Bergen. Frå 2014 til 2015 opplevde selskapet ein omsetjings-
Matkasse: Arnt Magnus Studsrød frå K. Jansen leverer Adams Matkasse til Kjell Magne Langø i Florø som er ein av to stadar i Sogn og Fjordane kor ein har tilbodet. FOTO: ARVE OLAV SOLBAKKEN
Lettvint: Produkta kjem i brukarvennlege pakkar. FOTO:
vekst frå 129 til 302 millionar kroner. Selskapet leverer matkasser med utvalde varer og oppskrifter på døra til kundane kvar måndag. Førebels er det berre i Florø og Førde at man kan nytte tilbodet her i fylket. ☻Avtaler med leverandørar som Adams Matkasse skapar både føreseielegheit for Snorre Seafood, men og moglegheiter. ☻ – Du finn neppe nokon som driv så allsidig som oss. Vi røyker, lagar klippfisk, gjør alt, fortel salsansvarleg Tom André Hopland.
Sjømatbedrifta sette igjen med eit resultat før skatt på rundt 300.000 kroner i fjor. ☻ – Vi driv i pluss, men det blir jo aldri nok, seier Jensen. Han peiker på fleire utfordringar ved å drive produksjonsbedrift i Norge, men Raudeberg-bedrifta har likevel valt å satse i bygda i Nord-Vågsøy. ☻ – Vi bestemte oss for 4–5 år sidan, å anten satse eller skalere ned. Det enda med oppgradering av anlegget for 15 millionar. Det er jo ein veldig kjekk jobb!, slår Jensen fast.
Snorre Seafood har rundt 15 tilsette ved anlegget på Raudeberg som tek imot fyrsteklasses råvarer frå dei rike fiskefelta i området. Rundt 1.000 tonn fersk fisk og skaldyr tek Snorre Seafood årleg imot, hovudsakleg frå den lokale sjarkflåten. Dei har produksjonslinjer til å bearbeide fersk og frosen fisk, og kjøper sjøfrosen fisk direkte med utvalde fartøy. ☻ – Framover kjem vi til å satse endå meir på frosen fisk og leitar etter dei rette leverandørane der, forklarer Jensen.
AUDUN N. WERMUNDSEN, SYNK
Hav av moglegheiter 2016 21
Knutepunkt Florø Florø Havn er ei miljøvennleg pulsåre som knyter Sogn og Fjordane til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø for heile regionen.
Florø si rolle som eit viktig knutepunkt blir òg ivareteke av fylket sin største flyplass. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen; • • • •
Direktefly til og frå Oslo og Bergen Hurtigruta Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn Regelmessige avgangar.
Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@flora.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 OR FL
w
A HAMN
K
F
www.florahamn.no
Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, supplybåtar, fiskebåtar, brønnbåtar og fraktebåtar som fremjer byen sine rike maritime tradisjonar.
ww no .florohamn.
Fenstrastuen
Drømmer du om å kunne bruke terrassen din mer? er Vi skjerm , vind deg mot ygg regn og m t. året rund
• Vi produserer stuene etter dine ønsker og tilpasser din terrasse. • Både frittstående og inntil husvegg. • Du kan velge om du vil ha med enkelt glass, eller 2-lag energiglass i skyvedørene/vinduene. • Opale isolerte lysplater i taket. • Blir produsert i Almenningen. • Gran røysverk, kledd med aluminiumbeslag utvendig. • Alle dører og vinduer er av vedlikeholdsfri PVC eller aluminium. Kontakt oss nå, vi kommer på uforpliktende besøk, lager skisseforslag, kalkulerer pris, produserer i vinter, og monterer til våren.
Kontakte oss! Telefon: 40 00 59 39 E-post: post@kvamme.no Web: www.kvamme.no Facebook: Glassmester Kvamme & Flote as
22 Hav av moglegheiter 2016
Finn nye vegar til suksess ved sjøen NORDFJORDEID: Normatic er i vinden som aldri før takka vere ei auka satsing på det maritime. 2016 blir eit rekordår.
••Ingebjørg N. Stokkenes fjt@fjt.no
– Akkurat no har vi ordrereserve på 50 millionar kroner berre på maritim aktivitet, konstaterer Einar Løken, leiar for maritim automasjon i Normatic. ☻Eid-selskapet si satsing på det maritime er ein stor del av årsaka til at dei i år kjem til å nå ei omsetning på 100 millionar kroner for fyrste gong. ☻ – Vi har samarbeidd med Skipskompetanse (i Måløy) med tanke på brønnbåtar for framtida. Dette har internasjonalt potensial, meiner Einar Løken. Skipskompetanse er i ferd med å levere ein serie på fire brønn-
båtar til Rostein. Ro Arctic (2014), Ro Server (2016), Ro North (2016) er så langt ferdigstilt ved Larsnes Mek Verksted. – Den siste (Ro West) skal leverast til våren, og vi tar oss av alt som har med fisken sin velferd å gjere, fortel Løken. Normatic har same satsingsområde som tidlegare, men har fått meir fotfeste innan kvar nisje – både når det gjeld brønnbåtar, eksosreinsking og oljeforsyningsbasar. Saman med Einar Løken starta dagleg leiar Hans Inge Solheim selskapet i 1990. – Vi har bygd stein for stein for å få slik framgang. No er det tøffe tider i næringslivet, spesielt på
Vestlandet, med store strukturendringar i samfunnet. Vi legg difor stadig nye planar. Trendar og endringar gjer at vi må gå gjennom våre løysingar for å følgje med i tida. Ting endrar seg fort. Digitalisering i samfunnet er medverkande årsak. Det handlar om å erstatte folk med moderne teknologi, men det er ein naturleg ting som skjer, seier Solheim. I dag har Normatic 60 tilsette. Rekrutteringa har vore utfordrande, spesielt seks av dei ti siste åra. No har dette endra seg, og framfor alt ingeniørar har vorte lettare å få tak i. Normatic er ein totalleverandør av automasjon som i ut-
Hav av moglegheiter 2016 23
1
2
1) Gründerar: Hans Inge Solheim (t.v.) og Einar Løken starta Normatic i 1990, og har i dag 60 tilsette. I 2016 ventar dei ei rekordomsetning på 100 millionar kroner. FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES
2) Automasjon: – Ny teknologi er våre løysingar, fastslår Hans Inge Solheim (t.h.) og Einar Løken. FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES
3) Fin tomt: Normatic meiner sjølv dei har flottaste tomta på Nordfjordeid, der dei ligg heilt nede ved fjordarmen. – Det er ingen heimsko å vere her, meiner leiarane.
Det er ingen hemsko å vere her (på Nordfjordeid), meir ein fordel. Einar Løken Leiar for maritim automasjon i Normatic
FOTO: NORMATIC
3
gangspunktet starta med løysingar til vatn- og avlaupsanlegg, i tillegg til bygg. Dei jobbar gjerne mot det offentlege, og har i dag 120 kommunar på kundelista. – Våre kundar er rundt i heile landet, og plasseringa på Nordfjordeid er ikkje sjølvsagt. Men det er ingen hemsko å vere her, meir ein fordel, fortel Solheim og Løken. Frå ei omsetning på rundt 55 millionar i 2012 har selskapet dei siste to åra lege på rundt 75 millionar kroner. Resultatet før skatt har lege på 9–14 millionar kroner i same periode. – Vi har hatt ein trygg og jamn vekst. Ved førre strategi
fakta Normatic •• Vart stifta i 1998, og har gått frå 2 til 60 tilsette. Har hovudkontor på Nordfjordeid, ei avdeling i Førde og ein base på Lillehammer. •• Hovudsatsingsområde er vann- og avlaupsautomasjon og byggautomasjon. Har og leveransar innanfor skipsautomasjon og maritimautomasjon. •• Hadde eit resultat før skatt på 9,4 millioner i 2015 av ei omsetning på 75,9 mill.
hadde vi som målsetting at vi i 2017 skulle ha omsetning på 100 millionar. Dette passerer vi eitt år før tida. Dette skuldast i stor grad suksess med maritim aktivitet. I 2015 skilte vi ut dette som ei eiga avdeling og det har gitt gode resultat. Kundane våre innanfor området må vere fornøgde, for vi har stadig fått nye oppdrag. Det er ein tøff konkurranse, men vi har godt rykte på oss. Vi leverer gode løysingar, og det ryktes fort, smiler duoen. Normatic har også stor aktivitet på forsyningsbasen Mongstad, og har sikra ei kontrakt verdt 30 millionar kroner. Med nye krav til eksosreinsing også i
internasjonal farvatn, står Normatic med samarbeidspartnar klar med løysinga. – Det er berre tre som opererer på verdsmarknaden i det segmentet, fortel dei. Leiinga har stor tru på si løysing for eksosreinsing på store båtar. – Når oljeprisane går ned, så dryp det på oss som driv automasjon. Det handlar om drift av bygningar, og ein må ha system for å drifte slike anlegg. Det kjem stadig nye krav til reinsing, og drifte overvaking av fisken sin velferd. Fokus på miljø er ein fordel i forhold til vår aktivitet. Ny teknologi er våre løysingar, og vi kjem til å vekse vidare, spår duoen.
24 Hav av moglegheiter 2016
Nipro
JOHANSEN SLIP & MEK.
Technology AS
Vannbehandling av lukkede varme- og kjølesystem Niprox sin løsning er å gå til kildene til korrosjon og slam. Oksygen og partikler er de store syndebukkene, og de blir effektivt og miljøvennlig fjernet med Niprox teknologien.
VANNBEHANDLING GIR REN GEVINST
• Anleggene blir mer driftssikre
Johansen Slip & Mek. AS holder til i nye og moderne lokaler rett ved skipsleia på Raudeberg i Vågsøy kommune. Vår virksomhet er i all hovedsak basert på reperasjon/ vedlikehold og ombygging av mindre og mellomstore fartøy.
• Anleggenes levetid forlenges med inntil 90%
Vi utfører også diverse mekanisk arbeid til landbaserte bedrifter samt en del andre eksterne arbeidsoppdrag.
• Man får innsparing i form av reduserte vedlikeholdsutgifter.
• Reduserte energikostnader/ fyringsutgifter
• Man er ENØK bevisst. • Man tenker miljø.
Vi forhandler
Skogsmaskiner
SINTEF har på oppdrag fra Viken Energi utarbeidet en rapport, og slår fast at:
Kraner
”... Niprox anlegget reduserer korrosjonshastigheten med 75-90 %”.
Motorer
Niprox –
www.johansenslip.no
Nr.1
på vannbehandling av vannbårne anlegg
Evja Vest, 6900 Florø · Tel. 57 74 60 90 · www.niprox.no
www.johansenslip.no 6710 Raudeberg - tlf. 57 85 29 20
Din lokale vekstbedrift Vi bidratiltilatat personer nedsatt arbeidsevne får Vi skal skal bidra personer medmed nedsatt arbeidsevne får personlig utvikling ogutvikling økt livskvalitet meningsfullt arbeid. personlig og øktgjennom livskvalitet gjennom arbeid. Garn og tau Garn og taubl.a.: Vi utfører utfører bl.a. -ViSplitting avsplitting, garn grovfinrens avavgarn til fiskebåter -ogRensing garn/tau Mandalnye i sørgarn til Hammerfest -fraSkyter i nord. Skyter også nye garn til Skiltproduksjon: en del båter. i tre, plast, alum. messing -Skiltproduksjon Gravering av skilt -ViFolieskjæring har lang erfaring med gravering -avDørskilt skilt, folieskjæring og folie-printing Merkeskilt av små og store skilt. -Dørskilt, Reklameskilt merkeskilt, reklameskilt, -bildekor Bildekor ol. Tre, plast, aluminium og messing. Andre produkter/ tjenester: produkter/tjenester: -Andre Makulering --Trossekutting Trossekutting --Gjenvinning Gjenvinning --Salg tørrved ved Salgavav --Hjemmebakst/catring Hjemmebakst/catering --Kantineutleie Kantineutleie --Utleie avav fliskutter Utleie Fliskutter
Din Analysepartner .
Eurofins avdeling Måløy er totalleverandør av laboratorie- og rådgivningstjenester langs kysten • Mikrobiologiske & Kjemiske Analyser
• Smoltifisering (Klorid & ATP-ase) • Hurtiganalyser PCR
• Listeria Genotyping
• Produkt & Hygienekontroll
• Fett & Farge Analyser
• Drikkevann- & Avløpsanalyser
• BioAssay Lakselus
6718 Deknepollen • Tlf. 57 85 26 60 www.asvomaloy.no
maloy_food@eurofins.no www.eurofins.no
avdeling Måløy
Hav av moglegheiter 2016 25
Domstein Sjømat
– din totalleverandør av sjømat!
Domstein Sjømat er en av de største leverandørene av sjømat til det norske markedet. Daglig leverer vi fersk sjømat til 800-1000 kunder innen dagligvarehandelen, storhusholdning og restauranter i Norge.
Tromsø
Bodø
Trondheim
Visste du at vi skal arrangere
EM
28. juli – 6. august 2017?
Måløy
Bergen
Oslo
Stavanger Kristiansand
26 Hav av moglegheiter 2016
– Trist å sjå all plasten FLORA: – Det er trist å sjå all plasten som rek i land på strendene. Dette kan bli eit kjempestort problem på sikt.
••Arve Olav Solbakken redaksjon@firdaposten.no
Dette seier Stig Inge Hauge i Statens Naturoppsyn. Han fartar kring om på kysten ikkje berre for sjekke om folk brukar ulovlege reiskap for å fange fisk eller skaldyr, men også for å sjå til og merke dei ulike naturverneområda.
Overraska
– Eg er verkeleg overraska over kor mykje avfall som rek i land. Nyleg har eg vore på strender på Indre Ånnøy i Flora og Moldværet i Askvoll. Sjøen kastar tilbake på land store meng-
der med forbruksgjenstandar som plastflasker, kasser og bøtter. I vårt område er det mindre mengder med med fiskereiskap og tauverk, fortel Hauge. Strendene i verneområda, til liks med andre område, blir utskjemde av alt plastavfallet. Eit lite symbolsk tiltak kring om på kysten er den årlege Strandryddedagen som blir gjennomført, mellom anna i Florø.
Meir plast enn fisk?
Men plast i naturen kan vere i ferd med å truge menneska sin eksistens på sikt.
Ein ny rapport frå World Economic Forum blir det lagt fram tal som viser at innan 2050 kan det vere meir mikroplast enn fisk i havet. Plasten bind seg til organismar i havet og kan til slutt ende på middagstallerken når det blir servert fisk. Dagens bruk og kast av plast på verdsbasis gjer stor skade på naturen. Ein reknar med at berre kring 14 prosent av plasten går til gjenbruk. Norge er ein besting på plastgjenvinning, med gjenvinning på over 90 prosent ifølge Miljødirektoratet.
Hav av moglegheiter 2016 27
1
2
3
Internasjonalt problem
Søppel frå store delar av Europa blir frakta oppover langs norskekysten. Å få bukt med utfordringane krev internasjonalt samarbeid på regjeringsnivå. Den plasten vi finn langs strendene våre er berre toppen av isfjellet. Forskarar reknar med at 70 prosent av plasten sekk og legg seg på sjøbotnen. Leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, strekar under at hans næring ber ein del av ansvaret, men at dei gjennom fleire år har jobba med å få betre fungerande ordningar for plastretur i hamnene.
Råkar både dyre- og fugleliv I 2001 slo ein FN-rapport fast at kring ein million sjøfugl, 100.000 pattedyr og eit ukjent tal fisk og anna dyreliv, blir skadde eller drepne av marint avfall kvart år. Dyr forvekslar plastbitane med mat eller dei set seg fast i tauverk eller garn. Kvart år tek Fiskeridirektoratet opp kring 1.000 fiskegarn og anna tapt fiskeutstyr. Engasjementet for å rydde opp er stort. I 2015 deltok 20.000 personar med strandrydding.
fakta •• Mikroplast er definert som partiklar som er mindre enn 5 millimeter og heilt ned i nokre få nanometer. •• Sjølv vasking av fleeceplagg skaper mikroplast som endar opp i havet til slutt. •• Plast er i tillegg til emballasje også mykje brukt som tilsetningsstoff i til dømes kroppspleieprodukt.
1) Kjeldene: Kjeldene til mikroplast i havet er mange. Innan 2050 kan det vere like mykje mikroplast som fisk i havet i følge World Economic Forum. GRAFIKK: NYHETSGRAFIKK.NO
2) Toppen av isfjellet: Det vi ser på strendene er berre ein liten del av det som hamnar i naturen og havet. FOTO: TORE WUTTUDAL, NTB SCANPIX
3) Bekymra: Stig Inge Hauge i Statens naturoppsyn er overraska og bekymra for alt søppelet som havet kastar i land. FOTO: ARVE OLAV SOLBAKKEN
28 Hav av moglegheiter 2016
Fersk: Å levere tareprodukt krev effektiv logistikk sidan dei bør brukast innan få dagar. FOTO: MATHILDE TORSØE
Dyrking på rep: Her ser vi tare dyrka fram på tauverk levert av Værlandet Fiskeredskap. FOTO: PRIVAT
Utplanting: Her ser vi at tareplantar er plasserte ut i sjøen for vidare vekst. FOTO: PRIVAT
Økomat frå havet ••Arve Olav Solbakken VÆRredaksjon@firdaposten.no LANDET/BU– FOU-prosjektet varer ut LANDET: Dei 2017 og då bør vi vere klar for kjenner teknologienkommersiell drift. Daniel Fedøy slutta for to har reint hav, gode år sidan som fiskar for å jobvekstforhold og fasibe som heiltids gründer med dyrking av butare, sukkertare litetane på land. og fingertare. Målet var å tilby tareprodukt som ein eksklusiv og økologisk ingrediens til restaurantog matbransjen.
God trend
– Trenden i Europa er stigande for tare i matbransjen. Her i landet et vi allereie ein god del importerte algar, gjennom sushi til dømes, seier Fedøy, som nyleg kom tilbake etter å ha besøkt ein kunde i Danmark. – Opphavleg hadde vi eit mål om å levere ferske eller vakumpakka/frosne produkt direkte til kunde. No ser vi at dersom vi skal få opp dyrkingsvolumet, så må vi kanskje også levere ein del halvfabrikata, forklarer han. Dei har kome opp i ein produksjon på 5,5 tonn, men legg opp til femdobling neste år. I dag har selskapet løyve på 50 dekar sjøareal, men har søkt om utviding med 200 dekar.
Logistikk og dokumentasjon
God og effektiv logistikk og dokumentasjon av produksjonen blir viktig å få til for Seaweed AS. – Ferske tareblad held seg friske i kort tid etter hausting. Derfor jobbar vi også med metodar for tørking og nedfrysing av vakumpakka produkt, forklarer Fedøy. Prosjektet «Brunalger til mat» er støtta av Nofima, Nifes og Sintef. Saman med partner Værlandet Fiskereiskap jobbar Daniel Fedøy og sju andre partnerar med å bygge kompetanse på heile verdikjeden for tareproduksjon, frå spore, til utplanting, produksjon, produktutvikling, logistikk og sal. Dei har to dyrkingsanlegg i sjø, bygger nytt klekkeri hos Værlandet Fiskeredskap og har produksjonslokale i fiskemottaket på Nikøy i Bulandet. – I starten fekk vi sporar hos Hortimare i Solund, men no vi satsar vi på å få fram sporeslepp sjølve og plante dei ut på tauverk i dyrkingsanlegg i sjø, forklarer han. Metoden med dyrking på rep vart utvikla av kinesarane på 1950-talet. I Kina passerte dei ein produksjon på fem millionar tonn ferskvekt i 2008.
Trenden i Europa er stigande for tare i matbransjen. Daniel Fedøy Gründer
På heiltid: Daniel Fedøy jobbar heiltid med utvikling av taredyrking fram til ei kommersiell drift i Seaweed AS. FOTO: PRIVAT
Hav av moglegheiter 2016 29
Måløy vidaregående iskule Opplæringssenteret Måløy
www.maloy.vgs.no www.mal oy. vgs.no
VIDAREGÅANDE Studietilbod i SKULE? Måløy: - Bygg- og anleggsteknikk Studietilbodet i Måløy ommfatter m.a. (byggteknikk) maritime fag, fiske- og fangst, akvakultur, - Helseog sosialfag kokk og servitør og TAF (tekniske og (barne- og ungdom) allmenne fag) innafor: - Naturbruk - Teknikk og industriell produksjon (Fiske- og fangst/akvakultur) - Helse- og sosialfag - Restaurant- og matfag (kokk og servitør)
SKIPSOFFISERSUTDANNING? - Teknikk og industriell produksjon
Integrert Akvakultur – der oppdrett møter framtida Sidan 2009 har dei tre selskapa Salmon Group, Sulefisk og Hortimare jobba i lag med å utvikle kommersiell taredyrking i område rundt lakseoppdrettsanlegg. Taren nyttiggjer seg av næringssalt frå laksen, og veks raskt fram til eit verdifullt produkt.
Tareoppdrett vil:
• Skape ressursar av det som i dag er rekna som avfallsstoff • Levere protein til humant konsum og dyrefôr • Skape råstoff for produksjon av biodrivstoff. Verda etterspør sunne produkt frå havet. Vi jobbar med oppdrett for framtida. Les meir om Integrert Akvakultur på www.salmongroup.no I samarbeid med Innovasjon Norge.
(maritime fag/køyretøy/industriteknologi) 2-årig fagskule innan skipsoffisersutdanning: - Studiespesialisering - Skipsteknisk linje TAF/YSK Yrkes- og studiekompetanse - Nautisk linje innafor: Studiet er godkjent av Sjøfartsdirektoratet - Teknikk og industriell produksjon og sertifisert av Det Norske Veritas. - Helse- og sosialfag - Akvakultur Sjå våre nettsider - Byggfag
på www.maloy.vgs.no
Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no Telefon: 57 84 91 00 Måløy vidaregåande skule, 6718 Deknepollen Telefon: 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no
TAF/YSK • Løn under utdanning • Fagbrev og spesiell studiekompetanse • Teori på skulen, praksis i bedrifter • Fireårig løp Nysgjerrig? Sjå: www.maloy.vgs.no www.taf.no
Yrkes og studiekompetanse
TAF/YSK
er læring i praksis som gir alle moglegheiter
Eg synest det var fire flotte år, og den erfaringa eg har fått med meg frå næringslivet er svært nyttig å ta med seg vidare.
30 Hav av moglegheiter 2016
Avlusing: Her ser vi Ro Server kort tid etter dåpen i arbeid med avlusing hos Svanøy Havbruk. FOTO: ARVE OLAV SOLBAKKEN
Effektiv mot lakselus fakta
FLORØ: – Salmon Group si satsing på multifartøyet Ro Server har vore ein suksess. Dei driv med avlusing på heiltid og er blitt vårt fremste våpen mot lakselusa.
•• Salmon Group er eit nettverk for lokaleigde oppdrettsselskap. Med base i Bergen yter dei service for 46 aksjonærar, som tilsaman disponerer 115 konsesjonar for oppdrett av laks og aure og produserer 50 millionar smolt.
••Arve Olav Solbakken redaksjon@firdaposten.no
Det fortel koordinator for Ro Server i Salmon Group, Johnny Kalstad hos Osland Havbruk. Båten er eigd og driven av Rostein-reiarlaget, men nettverksgruppa Salmon Group sine medlemmer i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har leasa den på åremål. – Kjemikaliar virkar ikkje lenger på lakselusa, så Ro Server kom i drift i grevens tid. Den tek seg av avlusing hos dei tolv selskapa som er med i avtalen og hjelper dessutan andre selskap som Marine Harvest og Firda Seafood også med avlusing. Det er heilt avgjerande for resultatet å hjelpe naboanlegga også for å halde lusepres-
Dåpen: «Ro Server» vart døypt med brask og bram under Laksens dag i Florø i juni. Her ser vi gudmor Veronika Sandnes saman med Flora-ordførar Ola Teigen under dåpen. FOTO: DAVID E. ANTONSEN set nede, fortel Kalstad. Avlusinga foregår ved å bruke eit system kalla Thermolicer. Fisken blir pumpa inn frå merdene og går i eit bad med oppvarma sjøvatn. Lakselusa tåler dårleg brå temperatursvingningar. Den døyr og slepp taket i huda på fisken. Vatnet blir filtrert for lakselus før laksen blir pumpa ut att i merdanlegget. – Har de også brukt hydrogenperoksyd i nokon tilelle? – Nei, det har vi ikkje, slår Kalstad fast.
Båten blir også brukt til å drepe amøbe-parasitten AGD, som angrip hjellene på fisken. Ro Server produserer eige ferskvatn, som blir brukt til dette formålet. Sjukdommen blei oppdaga i 2006 og er ei utfordring å bli kvitt. Amøbene kan leve fritt i vassmassane i fleire dagar, noko som bidreg til spreiing av parasitten. Det er oftast nyutsett laksesmolt som blir råka. Ro Server vart døypt under arrangementet Laksens dag i Florø i juni. Då var represen-
•• Saman med eigarane forhandlar dei om fôr, vaksiner, forsikringar og andre fellesløysingar som den enkelte oppdrettar kan nyte godt av.
tantar for reiarlaget Rostein, verftet Larsnes Mek Verksted og Skipskompetanse i Måløy, som har designa fartøyet og fleire søsterskip, til stades. Ordførar Ola Teigen i Flora set pris på sine lokale havbrukarar: – Vi har lokale eigarar som satsar stort. Det er fint å sjå at dei er opptekne av å skape berekraft, ikkje berre innan økonomi, men også på miljøsida.
Hav av moglegheiter 2016 31
100YEARSTa kontakt for en hyggelig handel 1915-2015
Vi minner om riktig merking av fast reiskap for Skaar Norway AS fritidsfiskarar Kolkaia 3 • 6900 Florø • Telefon 57757780 • Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com
Ta kontakt for en hyggelig handel
www.skaarint.com
Livet i havet - vårt felles ansvar
Skaar Norway AS Kolkaia 3 • 6900 Florø • Telefon 57757780 • Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com
www.skaarint.com
Adresse: Postboks L, 6701 Måløy • Besøksadr.: Gate 1, nr. 60, Måløy
Adr: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen • Besøksadr.: Gate 1, nr. 60, Måløy Tlf: 57 85 28 00 / 28 11 • Faks: 57 85 28 01 • www.fiskeridir.no Tlf: 03495 • epost: postmottak.maloy@fiskeridir.no • www.fiskeridir.no
La oss lære av hverandre Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære. Vi har også mye å lære bort. Sammen kan vi stadig øke kvaliteten og heve kunnskapsnivået blant alle som jobber med oppdrett, salg og foredling av laks og ørret. Prat med oss på telefon 57 75 00 00 kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value
Veronica Sandnes, Sandnes Fiske oppdrett AS
32 Hav av moglegheiter 2016
Nøgde: Svein Magne (t.v.) og Kristian Korneliussen har teke plass i styrehuset og er lutter smil når dei viser fram nye «Breivik Junior», fersk frå verftet i Romania. – Vi har fått oss ein god reiskap, og no må vi lære oss å utnytte den best mogleg, seier Kristian om den nye båten. FOTO: LIV STANDAL
Styrer mot framtida FLORØ: No står berre mindre justeringar att på nye Breivik Junior.
••Liv Standal
redaksjon@firdaposten.no Eigentleg skulle splitter nye Breivik Junior komme heim i slutten av september, men som så ofte med slik prosjekt, gjekk det nokre dagar ekstra. 2. november var den på plass i Florø.
To fleire i mannskapet
– Korleis kjennest dette, reiar Kristian Korneliussen? – Det kjennest bra, sjølvsagt gjer det det. Dette er vi veldig glade for at vi er komne i mål med, og så langt er vi nøgde med resultatet, vi har litt justeringar igjen på fryseri og fabrikkdekk. Dei vert tekne no umiddelbart – første veka går dei til Westmek på Stadtlandet på å fikse litt på arbeidsdekket. – Deretter skal vi til Ålesund og justere opp fryseri og leiteinstrument. Det som står att er ting vi ikkje fekk gjort der nede - båten er bygd på eit verft som ligg ti timars køyring oppover
Donau i Romania, og der er det ikkje mogleg å få gjort desse justeringane. Nye Breivik Junior er 34 meter lang, 9,5 m brei, med fryseri, og rigga for garnfiske. Det er Seacon i Måløy som har designa den. – Vi skal vere åtte mann om bord i slengen, her er plass til fleire, men det vert åtte mann i to skift i første omgong. Svein Magne Korneliussen fortel at dei har merka stor pågang frå folk som vil prøve fiskaryrket siste året. – Vi har sikkert fått fleire søknader siste året enn dei ni føregåande til saman. Men no har dei dei hendene dei treng i arbeidet.
Fryseri gir betre drift
– Har de rigga for alternativ drift, slik ein del andre har gjort når dei har bygt nytt? – Nei, det har vi valt å ikkje gjere. Vi har i grunnen kvotar nok til å drive med berre reiskapsfiske. Det vert enklare å rigge båten då, men det er jo eit val ein gjer. – Kva blir største skilnad på gamlebåten og denne? – Det er driftsforma – her er
Nye Breivik Junior: No er det berre mindre justeringar av fryseri og leiteinstrument som står att før ein er klar til å reise på sjøen og prøve ut nyebåten. FOTO: DAG N. FRØYEN
Dette er vi veldig glade for at vi er komne i mål med, og så langt er vi nøgde med resultatet. Kristian Korneliussen Reiar
det fryseri, noko som betyr betre prisar vinterstid og lengre turar om sommaren. Elles er det storleiken på båten og komforten, sjølvsagt; butilhøva for mannskapet vert jo mykje betre. – Når blir det dåp? – No skal vi først gjere båten ferdig, så vi har ikkje sett nokon dato der. Men Korneliussen forsikrar at folk vil få høve til å komme om bord og sjå seg i kring.
Hav av moglegheiter 2016 33
www.selstad.no
FISKEREDSKAP l OPPDRETTSUTSTYR l TAUFABRIKK FLÅTESTASJON l INDUSTRI & OFFSHORE
TROMSØ 77 60 22 00 ANDENES 76 14 71 84
Laboratorium med lang erfaring og høy kompetanse på mikrobiologiske og kjemiske analyser av næringsmiddel, vann og miljø. 6718 Deknepollen, tlf: 57 85 35 11, lab@matmiljo.no www.mat-miljo.no Akkreditert laboratorium etter NS-ISO/IEC 17025
ÅLESUND 70 11 85 80
SENJAHOPEN 930 11 765
MÅLØY 57 85 25 00
LNT SVOLVÆR 76 07 14 99
SOLUND 57 78 78 00
SVOLVÆR 76 06 89 80
SOTRA AS 930 71 123
FRØYA 911 27 714
SELSTAD NORDTRAWL AS +45 984 42 444
Frequency.no
Selstad AS | Moldøen | 6700 Måløy, Norway | selstad@selstad.no | T: +47 57852500
Nytt frå størjefisket!
SIKKER JOBB -TRYGG FREMTID VI SØKER LÆRLINGER TIL FREMTIDSNÆRINGENE
Good people make good fish!
Hald deg oppdatert om fiskeri og oppdrett i Firdaposten! Digital tilgang ut året kr 29,eller digital og papir ut året kr 49,-
OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG Post: Postboks 89 - 6707 Raudeberg Besøk: Maritim Park - 6710 Raudeberg Tlf.: 57 85 22 32 | Mob.: 959 86 700 post@okfh.no | www.okfh.no
Bestill på www.firdaposten.no/bestill før 29. november:
34 Hav av moglegheiter 2016
Naval Consult: De tre Naval Consult-utviklede båtene Gunnar K (f.v.), Sander Andre og Nordhavet skal alle bygges ved Larsnes Mek Verksted. ILLUSTRASJON: NAVAL CONSULT
Skipskompetanse: I Måløy ligger skipsdesignselskapet Skipskompetanse som i fjor sikra seg eit rekordgodt resultat før skatt på 8,3 millionar frå ei omsetning på 19 millionar. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM
Seacon: Måløy-selskapet Seacon er det tredje skipsdesignselskapet i Vågsøy kommune. I sommer sikra selskapet, som har teikna ein rekke fiskefartøy, kontrakt på sin fyrste brønnbåt. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM
Miljø designa for vekst
Har fullt opp: Johan Kongsvik (f.v.), Erlend Hagen og Andreas Kongsvik er tre av de fire ingeniørane som teiknar fartø utvide staben. Johan Kongsvik starta selskapet i 1983, men overlét styringa av selskapet til Erlend Hagen i septembe
RAUDEBERG: Skipsdesignmiljøet i Vågsøy leverer nybygg på rekke og rad, og hos Naval Consult står selskapet sin nye daglege leiar klar til å utvide aktiviteten.
••Sindre Blålid Kvalheim sindre@fjt.no
– Vi ser at her er mykje større moglegheiter enn det vi har kapasitet til å handtere no. Vi har allereie sikra omsetninga vi treng for 2017, slår Erlend Hagen fast. Sidan september har han
vore dagleg leiar for Naval Consult – selskapet han forlét for fire år sidan for å jobbe som contract manager i Rolls-Royce i Ulsteinvik. – Eg ønska å jobbe meir internasjonalt, og fekk ansvaret for utstyrs- og designpakkar vi selde til verft rundt om i verda, forklarer Hagen, som var involvert i fleire store prosjekt i mellom anna India og Kina. Planen var derimot heile tida å returnere til Naval Consult for å overta styringa etter Johan Kongsvik, som etablerte selskapet i 1983. – Vi har fått ein veldig god dagleg leiar og kompetansen hans blir veldig viktig i våre internasjonale prosjekt, meiner Kongsvik.
– Senter for skipsdesign
Då han starta selskapet for 33 år sidan, i kontor vegg i vegg med verftet Blaalid, fanst det på ingen måte eit skipsdesignmiljø i Vågsøy frå før. Det gjer det i aller høgste grad no. I tillegg til Naval Consult har Vågsøy-selskapa Skipskompetanse og Seacon sikra seg store kontraktar om levering av design til nybygg innan fiskeri- og havbruksnæringa det siste året. Begge selskapa vert leia av personar med ei fortid i Naval Consult. – At vi har to konkurrentar i Måløy er berre positivt. Kan vi ikkje leve med konkurranse, så er det berre å gi seg, smiler Kongsvik, før Hagen legg til: – Vågsøy har utvikla seg til å bli eit senter for skipsdesign i
Hav av moglegheiter 2016 35
Fanøyvåg: Florø-båten er designet av Naval Consult. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM
Sikra tre nybygg på fire månader Tre Naval Consult-båtar skal byggast ved Larsnes Mek Verksted.
øy for Naval Consult på Raudeberg. No har selskapet meir førespurnader enn kva dei klarer å handtere og ønskjer å er. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM
landet. Og innan kystfiskefartøy som vi har spesialisert oss på, så har Vågsøy-selskapa ein stor marknadsandel i Norge. Rundt 25 tilsette jobbar i dei tre skipsdesignselskapa. I tillegg har kommunen ikkje mindre enn fem verft og ein rekke andre selskap er i næringsclusteret. Dette clusteret vil Naval Consult og Hagen bidra til å utvikle og dei ønskjer no å utvide staben på Raudeberg. – Vi har tenkt å gjere tilsettingar i løpet av november, og er veldig interessert i oppnå kontakt med folk frå distriktet i utdanning eller som sit i tilsvarande jobbar andre stadar.
Mange moglegheiter
Han meiner i det heile tatt at moglegheitene er mange for
Vågsøy har utvikla seg til å bli eit senter for skipsdesign. Erlend Hagen Dagleg leiar i Naval Consult
dei som ser mot kystkommunen. – Utviklinga i Vågsøy er veldig positiv. Då eg var tenåring var her fiskebuer overalt. Det var kjempegreier for ungdommen som kom seg rett i jobb, men for folk med utdanning var moglegheitene meir avgrensa. No har ein mellom anna fleire reiarlag, Coast Seafood, klynga av verksemder
som Gunnar Carlson har bygd opp (LocalHost, Videonor, EasyForm etc.) og tre skipskonsulentselskap som etter kvart forhåpentlegvis vert så store at der vil vere plass til fleire profesjonar enn reine ingeniørar. Då skulle arbeidsmarknaden her bli meir og meir freistande for folk utanfrå, meiner Hagen. Det er godt nytt for Naval Consult som ser behovet for meir kapasitet når talet på etterspørslar aukar. – Sidan 2010 har det vore lite nybygg innan kystfiskeflåten. No har det derimot vore eit oppsving og vi får mange førespurnader om. Det er ein gammal flåte og det er derfor eit stort tal nye båtar som skal byggast framover, seier Johan Kongsvik.
I sommar vart det kjent at reiarlaget Mirsel har bestilt eit 38 meter langt kystfiskefartøy etter design frå Naval Consult. Sander Andre, som fartøyet skal heite, skal leverast frå Larsnes Mek Verksted i tredje kvartal av 2017. Samtidig vart det klart at reiarlaget Arvesen har bestilt eit tilsvarande fartøy som får namnet Nordhavet. Dette fartøyet skal leverast frå sunnmørsverftet i andre kvartal av 2018. I oktober sikra Naval Consult si tredje kontrakt på kort tid då Kristoffersen Fiskebåt bestilte eit nybygg. Også dette fartøyet, Gunnar K, skal byggast ved Larsnes Mek Verksted og overlevering er sett til desember 2017. Skroga til alle tre kystfiskefartøya skal byggast i Polen. Båtane riggast for snurpenot og snurrevad og sjølv om fartøya i utgangspunktet vert bygd etter same design, har reiarane gjort ei rekke individuelle tilpassingar. – Reiarane får det dei vil ha. Skreddersøm til kvar kunde er noko som kjenneteiknar oss, forklarar Erlend Hagen, og legg til: – Vi satsar på å bygge fleire slike fartøy. Dei er veldig godt eigna til fiskeriet dei driv, og det er mange reiarlag med liknande behov.
Hovden Viking: Selje-båten er designet av Naval Consult. FOTO: CHRISTINA CANTERO
Grotle: Bremanger-båten er designet av Naval Consult. FOTO: SVANHILD BREIDALEN
fakta Skipsdesign i Vågsøy •• Naval Consult på Raudeberg, samt Skipskompetanse og Seacon i Måløy, har det siste året alle sikra kontraktar om levering av designpakkar til nybygg innan fiskeri- og havbruksnæringa. •• I tillegg til dei tre skipsdesignselskapa ligg verfta Båtbygg, Stadyard, Måløy Verft, Johansen Slip & Mek. og Verlo alle i Vågsøy.
36 Hav av moglegheiter 2016
SOFTWARE LOADING
SOFTWARE LOADING
SOFTWARE LOADING
Verden går fremover Fôring er den viktigste oppgaven innen havbruk. Derfor skal du velge det beste og mest avanserte verktøyet. Vi i Steinsvik har holdt på med fôringssystemer siden 80-tallet. Gang på gang har systemer som Are 126, MultiFeeder, GMT Feeder og FeedStation satt standarden for hva som er mulig å oppnå med et sentralfôringsanlegg. Verden rundt er våre løsninger i bruk både for matfisk og settefisk. Nå gjør vi oss klare til å heve nivået nok en gang.
Følg med!
www.steinsvik.no