Vinterstranda 2016

Page 1

stranda vinter-

ENDELEG VINTER! LES MELLOM ANNA OM DESSE SAKENE: SESONGEN PÅ STRANDAFJELLET 2 HØGTFLYGANDE RISHI 6-7 BARNLEG VINTERFRYD 8-9 GAMMAL SUNN­ MØRSK STRID 18-19 LYKKELEG PÅ FJELLET 20-21 VINTERKOS 20-21 UNGT SKISKYTTERTALENT 26-27

VINTERMAGASIN 2016-2017


2 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

VINTERSESONGEN HAR STARTA: Strandafjellet skisenter kunne opne delar av anlegget på laurdag i førre veke. I morgon, fredag, blir vinterprogrammet lansert på Stova. ARKIVFOTO: SVEIN LUNDE

Sesongen på Strandafjellet NM Masters Alpint, fjell-quiz, toppturcamp og ølfestival er berre noko av det ein kan få med seg på Strandafjellet denne vinteren.

S

esongen startar med eit kickoff i morgon, fredag 18. november, på Stova. Der vil alle dei store arrangementa denne vinteren bli presentert. Blant dei er Alperittet 2017 og kretsmeisterskapen til Stranda Idrottslag Alpin (Super G, kombi og slalåm) – som begge går føre seg i februar. Stranda Alpin skal også arrangere landsrenn i disiplinane SSL og PSL på Strandafjellet i april.

Toppturcamp og paragliding

Oscar Almgren vil fortelje om se-

songen til Uteguiden. Dei inviterer blant anna til ein toppturcamp med Kaj Zackrisson og Sverre Liliequist i februar. I slutten av mars blir det arrangert «Masters of the Strong lift» på Strandafjellet. Arne Christian Jensen frå Team XC og landslagspilot Leif Gunnar Brandal vil fortelje meir om paragliderkonkurransen på Stova i morgon. Konferansierar for kvelden er Leidulf Årvik og Paul Ivar Pedersen.

Kan bli Arctic Challenge

Eit anna høgdepunkt denne sesongen, kan kome til å bli The Arctic Challenge. Det er sett av ti dagar i mars til Terje Håkonsen sitt store vinterarrangement i programmet til Stranda skisenter, men i skrivande stund er det framleis usikkert om det blir. – Vi jobbar med The Arctic Challenge, men det er ikkje 100 prosent spikra enda. Årsaka til det er at dei ikkje har fått på plass alle sponsorane sine enno, fortel Eivind Nordeide, sals- og marknadssjef ved Stranda skisenter.

stranda vinter-

Vintermagasin utgjeve 17. november 2016. Opplag: 15.700.

Kan trekke store namn

Eit av høgdepunkta som derimot er spikra, er NM Masters Alpint. Noregsmeisterskapen, som tidlegare gjekk under namnet Veteran NM, har strandar og tidlegare landslagsalpinist Bjarne Solbakken i komiteen. Solbakken sa til Sunnmøringen i juni at deltakarlista ikkje var klar, men at dei jobba med å få med seg store norske namn innan alpinsporten. Nordeide vil helst ikkje røpe noko, men seier at det kan ligge an til å bli nokre overraskingar. – Eg trur det er mange som er interessert i å få denne tittelen, seier han.

Lokale samarbeid

NM Masters Alpint blir arrangert mellom 31. mars og 2. april 2017 i eit samarbeid mellom Stranda hotell, Stranda skisenter og Stranda Idrottslag Alpin. – Vi ser på det som eit kvalitetsstempel at Stranda IL Alpin og Strandafjellet klarer å gjere slike store arrangement saman, seier Nordeide, som òg er direktør ved Stranda hotell.

Arrangement på Stova

Blant Stranda skisenter sine eigne arrangement, som også vil bli presentert på kickoffen i morgon, er «Strandafjellets ølfestival». Den blir arrangert på Stova i februar. Stova, som tidlegare gjekk under namnet Varmestua, er midtpunkt i fleire av skisenteret sine vinteraktivitetar. Blant dei er dei månadlege fjell-quizane og familietaco-fredagar om lag kvar tredje veke.

Påske- og sesongavslutning

Både i vinterferien og i påskeveka er det lagt opp til eit program spesielt mynta på familiar og barn. Program i påska er mellom anna barne-disko, skiandakt på Paviljongen Roalden, påske-quiz og påskeegg-jakt. Sesongen blir avslutta med motbakkeløpet «Roalden Opp» og utekonsert 22. april. ANNIKEN WESTAD anniken@sunnmoringen.no

Redaktør/dagleg leiar: Bjørn Arild Hatlem Tlf. 70 26 11 22. post@sunnmoringen.no Trykk: Polaris Trykk Ålesund


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 3

DIN LOKALE BANK Nærleik. Lokalkunnskap. Personleg kontakt. Derfor er vi til stades på Stranda og på Hellesylt. Ope kvardagar mellom kl. 10.00 og 15.00.

Kjell Martin Ringset

Magny Å. Ringstad d

Nina Årdal

Tove Andersen-Berge

Elisabetth Overaa

482 59 122 kjell.ringset@sbm.no

906 08 608 magny.ringstad@sbm m.no

70 11 30 00 nina.ardal@sbm.no

958 84 822 tove.berge@sbm.no

911 17 601 elisabeth h.overaa@sbm.no

Stig Tryggestad

Rita R. Røyrhus

Annvor Tryggestad

Eivind Vågsæter

Oddbjø ørg Stadheim

905 26 121 stig.tryggestad@sbm.no

909 95 047 rita.royrhus@sbm.no

906 57 285 926 25 788 408 41 702 annvor.tryggestad@sbm.no eivind.vaagsaeter@sbm.no oddbjorgg .stadheim@sbm.no

Bente Edvardsen

Kåre Bø

997 34 016 954 98 465 bente.edvardsen@sbm.no kaare.b boe@sbm.no

Sigmund Berge

Anne Karin B. Ringd dal

957 63 810 sigmund.berge@sbm.no

913 50 328 akbr@sbm.no


4 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

KUNNSKAPSRIK: Kjøkkensjefen på Stranda Hotell har ei tilleggsutdanning som ølkelner. – Er det nokon som har spørsmål om øl når eg her, er eg meir enn gjerne interessert i å svare på dei så godt eg kan, seier Anders Adolfsson, som delar tida si mellom Stranda hotell og dei to paviljongane på Strandafjellet. ARKIVFOTO

Satsar på det lokale I lobbybaren ønskjer Stranda hotell aller helst å tilby norske drikkevarer.

V

i står ved baren ein dag i byrjinga av november. Vi kan notere oss årets første dag med snø i bygda – alltid eit godt teikn for ein skidestinasjon. Det har begynt å mørkne, og ute er det kaldt – men heldigvis varmar peisen i hjørnet godt. Bak bardisken står kjøkkensjef Anders Adolfsson og fortel om dei ulike sortane øl, musserande vin, cider, akevitt, konjakk og whisky dei har på huset.

60 sortar til jul

I dag tilbyr dei rundt 50 ulike ølsortar, alle produsert mellom Sogn og Fjordane og Trondheim. – Vi har forsøkt å finne store delar av det som finst i dette området. Enn så lenge er dette talet cirka 50, men det kan bli i alle fall 10 til før jul. Vi ønskjer å bygge lobbybaren på det lokale, og

det norske. Målet er at vi skal kunne tilby mykje av det ein ikkje finn overalt, seier Adolfsson, og legg til at lokal juice er eitt av dei alkoholfrie alternativa i baren.

Eigenproduserte sirupar

Målsetjinga er at lokalprodusert øl og cider skal stå for 90 prosent av utvalet. – Vi vil ikkje ta inn meir utanlandsk øl, cider, gin, whisky, konjakk eller eplebrennevin – og her skal absolutt ikkje finnast noko anna enn norsk akevitt, er Adolfsson klar på.

Men dei lokale innslaga bak bardisken stoppar ikkje der. – Vi har laga ein norsk variant av ein av dei klassiske drinkane, med gransirup laga av granskot frå Engeset. Vi brukar også hylleblomster frå Stranda i ein norsk gin og tonic, og vi har eigenprodusert bringebærlikør med bær frå Valldal, seier kjøkkensjefen. – Vi har også ein rabarbrasirup som vi kokte etter å ha vore på rabarbra-slang. Den brukar vi òg i ein drink med norsk gin, fortel Dudziuk.

Har laga sin eigen fjell-te

Vil gi turistane ei oppleving

– Berre norsk akevitt

Medan Adolfsson og restaurantsjef Julia Dudziuk forklarer og viser fram dei ulike etikettane på dei norske flaskene, legg vi merke til ei glasskrukke på bardisken. Den er relativt anonym, og vi hadde nok ikkje spurt meir hadde det ikkje vore fordi det var skrive «STRANDA FJELL-TE» på den. – Det er Stranda sin eigen te, laga med blåbærblad og fjellbjørk frå området ved Roalden på Strandafjellet, og så blanda med svart te, fortel Adolfsson.

Adolfsson fortel at det er viktig for dei å servere både mat og drikke som fortel ei historie. – Sidan hotellet tek i mot turistar frå mange forskjellige land i heile verda, ser vi kor viktig det er å kunne tilby dei ei oppleving, seier Adolfsson.

Lokal ølfestival

I februar ønskjer han og Dudziuk velkomen til Stranda sin første ølfestival. Per i dag har dei fått stadfesta at sju produsentar kjem til arrangementet på Stova. Tanken bak, fortel Adolfsson, er å ha noko som bygger på dei

lokale ølproduksjonane som har vekse fram. – Kvifor skal vi drikke importert øl når vi har så mykje lokalprodusert? Vi snakkar mykje om at maten skal vere kortreist. For vår eigen del samarbeider vi med lokale bakeri, og har sunnmørsegg på frukostbordet. Men det er òg viktig å tenke at drikkevarene skal vere kortreiste, seier han.

Vel norske produsentar

I dag samarbeider hotellet blant anna med Trollbryggeriet i Liabygda, Geiranger Bryggeri og Tonga Gardsbryggeri i Norddal. – Å ha dei rundt hjørnet er veldig spennande. Vi har også tatt inn varer som er norskproduserte, og ikkje nødvendigvis lokale. For kvifor skal ein til dømes drikke industriprodusert gin frå utlandet, når norskprodusert gin er tilgjengeleg på marknaden? I tillegg til at det er med på å skape og trygge norske arbeidsplassar, bidreg det også til ei meir spennande oppleving for turistane som kjem hit, både norske og utanlandske, seier Adolfsson. ANNIKEN WESTAD anniken@sunnmoringen.no


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMĂ˜RINGEN 5

70

SRVW#PLYR QR ZZZ PLYR QR VWUDQGDIMHOOHW 7OI

EL 24 er en betydelig elektroentreprenør elektroentrepren nør med med flere avdelinger pü Sunnmøre. Sunn nmø øre. Med egne prosjekt, service, automasjon, automasjon tavle e og g interkontroll/ termograffi avdelinger tilbyr vi alt innen landbasert installasjon. Vi satser pü vüre medarbeidere fordi vi har haar tro trro pü at a m motiver motiverte og kompetente medarbeidere er nøkkelen til suksess. Les mer om oss püü www.e ell-24.no

Har du behov for en elektriker hjemme, pĂĽ hytten, eller pĂĽ jobben? Du treffer oss pĂĽ: Telefon 41 24 24 24 eller post@el-24.no Vi jakter pĂĽ flere elektrikere som vil yte det lille ekstra for vĂĽre kunder. Se mer pĂĽ vĂĽr hjemmeside www.el-24.no


6 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Hopptalentet frå Liabyg For Rishi Sæther (19) og dei andre norske skihopparane har sesongen så vidt begynt.

D

et har vore eit stort år for Rishi Sæther. Først blei han uteksaminert frå Norsk Toppidrettsgymas (NTG) på Lillehammer, og i august signerte han med Lillehammer Hopp. Klubben har 11 fulltids-satsande utøvarar og éin trenar – Stig Morten Fredheim. Med signeringa følger skihopparen frå Liabygda i fotspora til blant andre Anders Fannemel, Kenneth Gangnes og Tom Hilde.

– Er i motbakkar det går oppover

Dette er den siste vintersesongen Sæther kjem til å hoppe som junior, og han fortel at han ikkje var heilt nøgd med korleis det gjekk førre sesong. – Besteplasseringa vart sjette eller sjuande plass, seier han, og legg til at det har vore ei dyrebar erfaring. – Dei seier at det er i motbakkar det går oppover. Ikkje minst er det slik at når ein slit i ein motbakke, blir ein ei erfaring rikare, tenkjer eg. Og erfaring kjem godt med på vegen, uansett kva ein driv på med, seier den reflekterte 19-åringen. Sæther fortel at blant dei viktige lærdommane er å ikkje stresse, men ta tida til hjelp. – Det nyttar ikkje å sitte på bommen med høge skuldrer og vere spent, då har det vist seg at det går dårleg. Derfor går eg denne sesongen i møte med låge skuldrer, seier han.

Støtte frå heimbygda

Då Liabygda Idrettslag hadde markering av 100-årsjubileet sitt 29. oktober, vart Sæther ringt opp via Skype og overrekt 25.000 kroner frå idrettslaget i samarbeid med Sparebanken Møre. Det kom som ei overrasking på skihopparen, men han fortel at støtta varmar veldig. – Det gir meg så mykje motivasjon. Det kostar mykje å drive med denne typen idrett, og støtta frå idrettslaget gir meg ei veldig tryggleikskjensle, som inneber at eg slepp å tenke så mykje på det økonomiske. I staden kan eg ha meir fokus på å trene og drive med skihopping, fortel Sæther. På spørsmål om det følgjer med noko press som Liabygda

REKORD MED GOD MARGIN: I februar fekk Rishi Sæther prøvehoppe i verdscuprennet i Vikersund for første gong. I andre runde greidde han å hoppe heile 151 meter, og slo med det sin førre rekord på 138 meter frå Lillehammer i 2015. ARKIVFOTO: TROND LINDSETH/VIKERSUND.NO sin store idrettsson, seier Sæther at det ikkje er tilfelle. – Nei, eg føler absolutt ikkje det. Det som er spesielt med Liabygda er at eg oppleve at folk synest det er artig at eg gjer det bra. Uansett korleis det går, føler eg at det er så mange hyggelege folk som støttar meg. Eg har så klart tenkt tidlegare, at no må eg få det til og vise at dette er noko eg kan klare. Men då har det ikkje gått så bra i hoppbakken. Når eg no har lagt bak meg ein sesong eg ikkje var nøgd med, støtter heimbygda meg vidare. Eg er så sjukt takksam for nettopp det.

Bestemte seg i 8. klasse

Han fortel at han har satsa på

skihopping sidan han gjekk i 8. klasse. – Då slutta eg med fotball og tok valet om at det var dette eg ville. Slik er det framleis. Eg kan ikkje tenke meg noko anna eg heller kunne ha drive på med, og slik har det alltid vore.

Målsetjing om å hoppe bra

Under senior-noregsmeisterskapen i normalbakke (K95) i Midtstuen siste helga i oktober, fekk juniorhopparen ein 36.-plass blant 86 startande i herreklassen. Sæther fortel at ambisjonen denne sesongen er å hoppe bra, men legg til at resultat ikkje er det viktigaste akkurat no.

– Eg skal ha det gøy når eg kan og ikkje ha så høge forventingar til meg sjølv, då merkar eg at ting losnar. Ein må ha låge skuldrer og kose seg på vegen, seier han.

Vikersund neste helg

Neste hopp for Sæther er første renn i Norgescupen. Det er i Vikersund neste helg, siste helga i november. Denne gongen blir det ikkje skiflyging, men hopp i K105bakken. Sæther fortel at dei sette i gang for fullt i januar. – Deretter er det fullt opp nesten heilt til påske, seier han. ANNIKEN WESTAD anniken@sunnmoringen.no


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 7

gda SJØLVLAGA VINTER: Borna syntest det var gøy å kunne lage sin eigen snø. FOTO: TUSENFRYD BARNEHAGE

Tusenfryd barnehage lagar sin eigen snø Tusenfryd Barnehage har no gått til innkjøp av ei snømaskin slik at dei kan lage sin eigen snø når temperaturen tillèt det. Vinterkulda kom brått til Stranda i år, men det følgde ikkje med så mykje snø. Dette fann Tusenfryd Barnehage ei løysing på, så no kan dei lage kunstige akebakkar til borna sjølv om det berre er klårvêr ute.

I NM-TROPPEN: Skihopparane frå Møre og Romsdal Skikrets som deltok i NM i normalbakke siste helga i oktober. F.v.: Adrian Livelten (IL Hjelset Fram/ Lillehammer Hopp), Petter Løset Skodjereite (Stordal IL/NTG Lillehammer), Alexander Røshol Johnson (MOI/NTG Lillehammer) og Rishi Sæther (Liabygda IL/ Lillehammer Hopp). FOTO: NILS HENRIK JOHNSON

Fysisk aktivitet

Ifølgje styrar Gro Rjånes kombinerer dei leik og moro med satsing på fysisk aktivitet. – Borna liker å vere ute om vinteren og leike i snøen, men tidlegare år har ikkje snøen kome før utpå nyåret, og då vert det kjedeleg for dei, sa ho ivrig. Difor har dei no starta med snøproduksjon slik at borna kan kome seg ut i leik og få auka aktivitetsnivået. Dette lettar arbeidet på satsingsområdet innan fysisk aktivitet.

Kunstig snø

Snøen dei lagar er produsert av springvatn og dermed

VINTER MORO: Borna syntest det var gøy å leike i snøen. FOTO: TUSENFRYD BARNEHAGE

Det smakar like godt som vanleg snø, høyrde vi dei seie før dei heldt fram med leiken ute i kulda.

kunstig, men dette set ingen stoppar for leiken til borna. Barnehagejentene lurte på om den heimelaga snøen smakte like godt som den naturlege og fann ut at dei måtte teste. – Det smakar like godt som vanleg snø, høyrde vi dei seie før dei heldt fram med leiken ute i kulda. SIMEN SOLBRÆKKEN post@sunnmoringen.no


8 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Stor stemning for vin Skal ein dømme etter stemninga blant barnehagebarn, går Stranda ei strålande framtid i møte som vinterdestinasjon.

M

inusgrader høyrer vinteren til, som kjent – og det er ikkje fritt for at det bit litt ekstra i fingrane når vi køyrer opp til Helstad barnehage ein føremiddag i november. Vaksne frosenpinnar har eitkvart å lære av den oppveksande slekta, skal det vise seg. – Om vi likar vinter?

Ungane på Helstad er samstemte. – JA! er svaret, og dei utdjupar: – Då kjem det masse snø! – Kor mykje snø bør det eigentleg kome, spør vi om – og svaret er jo beint fram imponerande: – Heilt opp til himmelen, fortel Guro. – Blir ikkje det upraktisk for bilane på vegen?

– Joo. Men det går jo an å brøyte det vekk, meiner dei. Kommunalteknikk kan jo notere seg akkurat den tilliten. – Blir ikkje det gysla kaldt om det kjem så mykje snø, då? – Nei, du må ha på deg varme klede. Ullklede og dress, fortel dei og ser skeptisk på den skrale ullfrakken bladfyken har på seg. – Du kan jo ikkje gå ut utan dress,


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 9 GØY MED VINTEREN: Dei er ikkje seine å be, barna i Helstad barnehage, når vi spør om dei har lyst på ein tur ut for å leike. I eit uteområde nokon og ein kvar kan misunne dei, går det både i aking og treklatring – for ikkje å snakke om snømåking. Nokre av gutane er så ivrige og dyktige til å måse snø, at vi eit augneblink har lyst til å rekruttere dei til snøen verkeleg kjem – mot tariffløn, sjølvsagt!

UTAN MAT OG DRIKKE: Barna i Helstad barnehage har ein gapahuk med vedomn tilgjengeleg når dei er ute, og det smakar særs godt med skive og varm kakao etter ein iherdig innsats i akebakken.

VINTERGLADE: Stemninga er på topp kva gjeld vinteren i Liabygda. Frå venstre: Nelia Grønning Myrstad, Jenni Emilie Almaas, Annelea Almstad, Alexandra Dalaguit Almås og Aslak Sørum Almstad. Dekorasjonane bak dei er sjølvlaga – med handavtrykk frå barna.

nteren meiner dei – og fortel at det sikkert er ein å låne i min storleik. – Då held du deg varm. Når vi eit augneblink etterpå er på full fart mot akebakken, viser det seg at dei har heilt rett: Bladfyken hutrar i frakken, medan ungane fyk rundt på akebrett så det skvett snø til alle kantar. I Liabygda barnehage fortel Jenni Emilie og Annelea at snø og vinter

er ein stor favoritt. – Vi kan ake, bygge snøslott, gå på ski og kaste snøballar. – På kvarandre? – Nei. Det er ikkje lov. Vi hiv på båten, seier Annelea og peikar på ei sjørøvar-skute ute på leikeplassen. – Er det gøy å gå på ski, spør vi og opplever ei viss usemje mellom Annelea og Jenni.

– Det har kome snø nede til oss. Eg går på ski, fortel Jenni Emilie. – Eg går på ski eg òg, fortel Annelea – men ho meddelar at bakkar, det likar ho ikkje. – Eg kan ramle og slå meg, seier ho. Ho er ein kløppar på aking, derimot – og der er målet å slå Tomas i å kome lengst ned i bakken. – Og det gjorde eg! smiler ho.

At det er langt betre å gå rundt i vinterklede enn i shorts, det er dei skjønt einige om. – Men ikkje gløym av vottane. Då må du ha varmt vann for å varme deg på etterpå, seier Annelea. RENATE FURRE HENRIKSEN-SANDVÆR renate@sunnmoringen.no


10 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Ingers Trans as tilbyr minibusser og turbuss

Velkommen som kunde hos Ingers Trans!

Ta kontakt for et tilbud til konkurransedyktige priser. Våre turbiler kan ta deg dit du vil på en trygg og god måte.

Tlf: 404 51 333

E-post: ingerstrans@me.com www.ingerstrans.no

• Alt innen anleggsarbeid • Mobile knuseverk • Sprengningsarbeid • Masseleveranser • Produksjon av ferdigbetong • Vi tar på oss både små og store oppdrag

Opshaug Sandtak as, 6200 Stranda www.opshaug.no post@opshaug.no Betong: 942 88 538 Transport: 958 30 125 Kontor: 70 26 93 40


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMĂ˜RINGEN 11

Stort utval

HMĂż PSOEPI ZIVOWXIHZEPK

for ung og voksen dame

Nytt i haust, barneklè i flotte kvalitetar frü Hust&Claire og Joha

BUTIKKEN MED ALT I DAMEKLÆR

6200 Stranda, Tlf. 70 26 10 92

GLDJQRVHXWVW\U

PS!

Har du sjekka vüre prisar? Vi skaffarr alt d u treng til ditt byggep rosjekt og g leverer heilt til døra om du vil!!

Q\ELOJDUDQWL

$& .OLPD VHUYLFH

YHUNVWHG

ALT AV TRELAST OG BYGGEVARER Vi har ogsü entreprenør- og byggmesterforretning i tillegg til byggevareutsalg. Spør oss nür du har behov for byggevarer. Utkøyring ogsü til Strandafjellet og Fjellsetra etter avtale.

Velkomen til oss!

WHOHIRQ

Opningstider: Mandag-Fredag: 08.00-16.30 Laurdag: 09.30-13.00 Butikk: Ă˜degĂĽrdsvegen 125, 6200 Stranda Tlf: 70 26 20 60 - firmapost@ous-emdal-bygg.no Lik oss pĂĽ facebook: Byggfag Stranda - Ous & Emdal Bygg As


12 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Satsar vidare på bake Ekteparet Ekkelenkamp skreiv under kjøpekontrakten på Stranda bakeri i byrjinga av oktober. – Vi blir i Stranda, stadfester dei.

V

incent og Esther Ekkelenkamp frå Zwolle i Nederland har vore strandarar sidan 2013, då dei overtok drifta av Stranda bakeri. Før dette dreiv dei bakeri og konditori i Zwolle i 13 år, då på leigekontrakt. – Mange har spurt oss om dette, og vi kan stadfeste at vi blir i Stranda. Vi trivst veldig godt her, fortel Esther Ekkelenkamp.

Kvifor det er spesielt bra å bu i Stranda? – Naturen. Søndag er ein viktig dag for oss, då går vi på turar – både Liavarden og Ljøbrekka. Vi likar Noreg, og kom til Stranda fordi det var eit bakeri ledig, fortel dei. No har dei ein del av Nederland med seg i bakeriet. Fram til jul sel dei mykje av dei nederlandske kakene spekulaas, i år kan dei òg by på tai tai – mjuke kaker med anis-

smak som smeltar på tunga. – Og vi har sjølvsagt nederlandsk grovbrød, seier Esther. Dei fortel at det er nokre forskjellar på nederlendarar og på nordmenn. – Vi opna dørene på bakeriet i Zwolle klokka halv åtte, og då stod folk og venta på at vi skulle opne. Her er det stille dei første timane på dagen, ler Esther. Men strandarane er flinke å bruke bakeriet, fortel ho.


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 13 GLAD I STRANDA: Esther og Vincent Ekkelenkamp trivst godt i Stranda, og familien gjer bruk av naturen rundt seg når dei har ledige stunder. Om nokon skulle frykte for framtida til Stranda bakeri – så stadfestar ekteparet at dei no har skrive under på kjøpekontrakten på bakeriet, og dermed blir verande i bygda framover.

FREISTINGAR: Alperittkaka med kirsebærfyll var populær i fjor – og Vincent Ekkelenkamp fortel at det er gøy å sjå responsen på det han lagar til. – Vi legg ut på Facebook, og då kjem folk innom og spør etter kakene dei har sett på bileta, ler han.

FREISTINGAR 2: Ei kake med bringebærfyll er bestilt, og den siste finpussen vert lagt av Ekkelenkamp før levering. Ekkelenkamp er utdanna bakar og konditor, og bakeriet er godkjent lærlingbedrift.

keriet på Stranda •

Vi kan stadfeste at vi blir i Stranda. Vi trivst veldig godt her.

Vincent supplerer med å fortelje at sju slag – det har dei ikkje i Nederland til jul. – Nei, nei. Vi nøyer oss med spekulaas og tai tai, ler han. Men julebaksten står for tur, der med. For om folk vil ha sju slag, så skal dei få det. – Då går det i eitt fram til vi stenger døra på julaftan, og reiser på juleferie til Nederland, fortel ekteparet.

Om sommaren har dei ikkje ferie. – Då er det masse turistar innom. Og det er viktig at Stranda har bakeri. Ikkje berre for strandarar og turistar – men òg for tilbodet i Stranda, seier Esther som mellom anna nemner nystarta Oliven restaurant som eit kjærkome tilskot. Og skulle du no vere i tvil: Det er ikkje noko latmannsliv å vere bakar. – Eg startar klokka halv to natt til

måndag. Då er det brød som skal lagast til – både til butikken og til forskjellige bedrifter og organisasjonar i Stranda, fortel Vincent. Resten av veka startar han klokka tre. – Eg elskar det, smiler han. RENATE FURRE HENRIKSEN-SANDVÆR renate@sunnmoringen.no


14 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

STRANDABAKELSE: Produksjon av strandabakelse er tidkrevjande arbeid. Er ein driven i faget kan ein handtere to jarn samstundes.

Produserer tradisjonsm Dagen etter Rigmor Løseth fekk prestehanda på hovudet sette jenta frå Aukra kursen mot Stranda. Der hadde ho ei syster som trong barnepass. Og der møtte ho Olgard ...

I

lyse, trivelege lokale i gamle Lien-bygget demonstrerer Rigmor Røyr for Sunnmøringen korleis ein veteran i lefse-bakst arbeider. Emna har lege ei stund og godgjort seg i høvelege klattar, produsert etter ei oppskrift som er hemmeleg. Rigmor kjevlar dei så ut, før ho steiker dei på begge sider under nøye tilsyn. Så legg ho dei i stablar, dynka med ein fuktig klut mellom kvar leiv. Til sist smør ho dei med melis og smør, eller sukker og smør. Somme med kanel i tillegg:

– Eg brukar vanlegvis ikkje brunost, det vert for dyrt.

Eigentleg er det litt tilfeldig at eg driv med bakst. Rigmor Løseth

Fekk jarn i gåve

November er travlaste tida for Rigmor Røyr. Lefse og strandabakelse er tradisjonsmat mange vil ha til jul, men samstundes produkt stadig færre lagar sjølve. Då er det lettare å spørje Rigmor, som er sjølvlært i faget. – Eigentleg er det litt tilfeldig at eg driv bakst. Det starta med at eg fekk jarn av ungane til jul. Det er tungt arbeid. Særleg steiking av strandabakelse vert monotont. Med eitt jarn greier ein kring 100 stykke på tre og


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 15

HEMMELEG: Slik ser lefseemna ut før dei vert kjevla ut. Kva ingrediensar emna inneheld vil ikkje Rigmor ut med.

VARIASJON: Kva lefsene vert smurde med endrar seg etter smak og behag. Sunnmøringen sin utsende siklar enno etter varianten med melis, smør og kanel.

FØRJULSMESSE: Produksjon er ein ting, sal noko heilt anna. Her ser vi Rigmor i prat med ein kunde under Førjulsmessa i Velledalen.

mat som hobby ein halv time. Lefsebaking er faktisk lettare. Meir variert med ein tredelt prosess; baking, steiking og smørjing.

Gode tilbakemeldingar

I hektiske periodar har Rigmor hjelp av mannen Olgard og døtrene. I konfirmasjonstida om våren er produkta hennar etterspurde. Like eins under ulike «dagar» på stadar som Hellesylt, Stranda og Grodås. I november kjem høgsesongen for messer, med deltaking

på Vatne og Velledalen i 2016. – Eg synest det er kjekt med direkte kontakt med kundane, og tilbakemeldingane har gitt meg inspirasjon.

Rikt arbeidsliv

At Rigmor skulle bli bakar må seiast å vere tilfeldig. Totalt tilfeldig. Før ho var 16 år sat Rigmor Løseth med jobb på Alvo. Der sydde ho i 13 år. I 1968 gifte ho seg med Olgard og tok etternamnet Røyr. Eit ekteskap som gav fire born, to av

FAKTA RIGMOR RØYR (68): •• Kom til Stranda frå Aukra som barnepassar dagen etter eigen konfirmasjon. •• Gifte seg med Olgard Røyr i 1968. Fekk fire born, som seinare har gitt ti barneborn. •• Har jobba 13 år i konfeksjon (Alvo), seks år på sjukestova og 13 år i barnehage. •• Er i dag pensjonist og tradisjonsberar innan bakekunst, med lefser og strandabakelse som spesialfelt.

kvart kjønn. Seinare arbeidde ho seks år på sjukestova og 13 år i barnehage. No er ho pensjonist. – Eg har funne meg ein hobby. Av og til er det travelt – men ja, ein fin hobby! ATLE HOLE post@sunnmoringen.no


16 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017


layout og foto: raw reklame og foto as

VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 17

Kinoprogram

Søndag 20/11: Kl. 16:00 – Snekker Andersen og Julenissen. Alle Kl. 18:00 – Supervention 2 Alle (u/v) Kl. 20:30 – Fabeldyr og hvor de er å finne. 12 år PREMIERE Søndag 27/11: Kl. 18:00 – Gubben og Katten: Tidenes gladeste Jul. Alle. PREMIERE Kl. 20:00 – Fabeldyr og hvor de er å finne. 12 år

sv2.no

#supervention2

utforsk en ny epoke av

j.k. rowlings magiske verden

Søndag 4/12: Kl. 18:00 – Gubben og Katten: Tidenes gladeste Jul. Alle Kl. 20:00 – The Accountant. 15 år

skrevet av J.K. Rowlings regissert av

David Yates

Gubben og Katten Tidenes gladeste jul

Billettar får ein på www.storkultur.no eller i Storfjord Kulturhus

Øyna 1, 6201 Stranda • postboks 128 • 70 26 87 87 • post@storkultur.no •

B Å L P A N N E // stranda skisenter Kulturprogram

KO M P O N E N TA R & S P E S I A L P R O D U K T I

S TÅ L , A L U M I N I U M & R U S T F R I T T

Stranda Stålindustri arbeider med alle typer stål og aluminium. Bedrifta er utstyrt med ein framtidsretta og moderne maskinpark, blant anna ein nyinnkjøpt, avansert laserskjærar.

Fredag 25. november kl. 17.00 I samarbeid med Stranda Pensjonistlag skipar vi til Julemøte med mat og program i storsalen Bill. inkl. julemat: kr. 100,for medlemar.

laurdag 19. november kl. 19.30 remember When med Ålesund Strykekvartett og Yuri Hashimoto

laurdag 26. nov. kl. 13.00 -16.30 «Vi syng jula inn» saman med Stranda Helselag. Kafé, åresal, tombola, julesongar mm. laurdag 10. desember kl. 19.30 Kor lØYE – «muSiKalSK timE out» nB! gjestekor «Big VallEY VoiCES»

Endeleg kjem dei til Stranda med sitt fantastiske program – mest basert på musikken til Crosby, Stills, Nash & Young. «NB! Stor gåsehudfaktor!» Bill. kr 300,-

Vi samarbeider også tett med lokale bedrifter innanfor CNC-styrte maskiner. Vi produserer store og flotte bålpanner i rustfritt stål, desse kan kundetilpassast med ønska inskripsjon.

Vi lagar småbord, opnar baren og serverer brennsnut! Bill. kr. 220,-

onsdag 28. desember (4. juledag), kl. 19.30 Julejazz med dans

Søndag 18. desember kl. 18.00 Julekonsert med magne Fremmerlid, Charlotte Fongen, Bjørnar myhr og Ørskog Brassband

W W W. S T R AN DAS TA AL . N O Sykkylven Storband med tricia Bouttè langlo, Kåre nymark jr. og lokale songsolistar. Vi lagar småbord og opnar baren.

70 26 20 50

Bill. kr 270,-


18 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 – 2017

Gammal strid om gren Knapt noko tema er politikarane reddare for å ta borti enn grensene for amt/ fylke og kommunar. Dei veit at det er å yppe til strid.

D

erfor går det lang tid mellom kvar gong noko skjer. Etter 1837 er det kommunane som er grunnsteinen i forvaltningssystemet, og på Sunnmøre er det berre Norddal kommune som er uendra sidan den gong. Alle andre har vore gjenstand for grenseendring. Når det gjeld fylkesgrensene så har det vore ein strid heilt sidan slutten av 1800-talet, då spørsmålet om kva for ein av dei tre Møre-byane jarnbanen skulle førast fram til, vart reist. I jarnbaneplanen av 1908 var Raumabanen på plass, men vidareføringa frå Åndalsnes kunne ikkje dei tre fogderia bli samde om. I 1914 gjekk både Nordmøre og Sunnmøre inn for at amtet burde delast nord og sør for Romsdalsfjor-

den, men korkje det eller jarnbanekrangelen vart løyst, men vondt blod hadde sett seg fast, særleg på Sunnmøre, og ein aksjon for å få Sunnmøre som eige fylke vart sett i gang.

Folkerøysting på Sunnmøre

15. mai 1949 var det folkerøysting i alle kommunar på Sunnmøre. I landkommunane stemte 32.889 for at Sunnmøre burde skiljast ut som eige fylke. Berre 80 stemte imot. På Stranda møtte 1.046 personar fram for å stemme. Det var 78 fleire enn det som deltok i kommunevalet i 1947. 1.043 strandarar svara ja på at Sunnmøre burde bli eige fylke. Det utgjorde 99,7 prosent av røstene, omtrent same oppslutninga som kommunistpartiet fekk i Sovjetunionen.

Berre tre strandarar var imot at Sunnmøre skulle bli eige fylke. På heile Sunnmøre var det 44.614 som stemte for Sunnmøre eige fylke, og berre 109 som stemte imot. I 1965 konkluderte Stortinget med at Sunnmøre åleine ikkje vil vere ei stor nok eining til å utgjere eit eige fylke. Med det vart saka om deling gravlagt, men lysta på Sunnmøre til å skilje seg frå Romsdal og Nordmøre var ikkje borte.

Prestegjeld og kommune

Etter at formannskapslova vart vedteken i 1837 skjedde det gjennom åra mange grenseendringar. Utgangspunktet var at kvart prestegjeld skulle utgjere ein kommune. Stranda og Stordal var eitt prestegjeld fram til 1892, då Stordal vart skilt ut frå Stranda og vart eigen


VINTERMAGASIN 2016 – 2017 SUNNMØRINGEN 19

KOMMUNESTYRA: Etter vedtaket om slå saman Sunnylven og Stranda var kommunestyra i dei to kommunane samla til eit felles møte. Ragnvald Støyva (som sjølv var med), og Arne Inge Tryggestad (som har digitalisert bildet) har hjelpt oss med identifisere dei fleste personane. FOTO: HELGE SØVIK 1. Kjell Eide. 2. Ivar N. Hole varaordførar 1965-1967. 3. Ukjent. 4. Reidar Skarbø, ordførar 1964-1965 . 5. Jørgen M. Langlo. 6. Oddleiv? Opshaug. 7. Ole Gjerde. 8. Petter Ringdal. 9. Rasmus I. Røyrhus. 10. Ragnvald Støyva . 11. Ottar Gjærde. 12. Knut Martin Stadheim (siste ordførar i Sunnylven). 13. Lars O. Sve. 14. Ole Helsem. 15. Ingvald I. P. Tryggestad. 16. Olav Overvoll. 17. Røy Hoem. 18. Ukjent. 19. Ukjent. 20. Oddbjørn Langlo. 21. Peder Tronstad. 22. Olav Sve. 23. Ole Hole. 24. Olav Lunde. 25. Ukjent. 26. Johan Hagebakk. 27. Martin Ørjasæter. 28. Sigmund Haugstveit. 29. Ukjent. 30. Ole M. Hellesylt. 31. Ukjent. 32. Nils P. Frøysa. 33. Ukjent. 35. A. P. Ringdal. 36. Sakkarias Sæter. 37. Ukjent. 38. Erling Rusten. 39. Kornelius Hagebakk.

ORDFØRAR I STRANDA: Ingvald Langlo sat som ordførar frå 1960 til juli 1963.

ORDFØRAR I STRANDA: Reidar Skarbø 1964 til 1965, då det blei samanslåing med Sunnylven.

nsene på Sunnmøre kommune. I 1883 vart Sykkylven utskilt frå Ørskog, og i 1955 vart også Ramstaddal, Søvikdal og Furstranda ein del av Sykkylven.

Ny deling langs fjordane

Den såkalla Schei-komiteen, etter formannen fylkesmann Nikolai Schei i Sogn og Fjordane, vart utnemnd 31. oktober i 1946. Komiteens hovudformål var å revidere den kommunale inndelinga i Norge, vurdere om byane burde inkluderast i fylkeskommunane. Komiteen utarbeidde eit sett med kriteria den ville arbeide etter når dei vurderte kommunegrensene. Viktig på Sunnmøre var at ein ville gjere noko med alle kommunane som hadde areal på begge sider av ein fjord. På Sunnmøre galdt det 12 kommunar.

Startar vi lengst i aust så sa Norddal nei til samanslåing med andre. Stordal sa ja til å få Liabygda, men ville elles greie seg sjølv. Liabygda hadde folkerøysting. 109 stemte, 100 ville framleis vere ein del av Stranda, 7 for Stordal og 2 for Ørskog storkommune.

Ville ha med nabokommunar

Ørskog sa ja til å ta med Skodje og Stordal og gjerne også Liabygda, mens Skodje protesterte på det mest bestemte mot samanslåing. Det gjorde også Stordal, på det mest bestemte og så sterkt ein kan, som det heiter i vedtaket. I folkerøystinga deltok 93,5 prosent av dei røysteføre, og 91,5 prosent av dei kravde at Stordal framleis skulle vere eigen kommune. Stranda sa ja til å bli slått saman med Sunnylven, men i Schei-

komiteen reiser dei spørsmålet om ikkje Geiranger ville ha passa betre saman med Norddal. Norddal ville gjerne også ha Liabygda. Sunnylven ville helst halde fram som eigen kommune, men tunnelen gjennom Ljøfjellet gjorde samanslåing med Stranda meir naturleg. I kommunestyret sa 10 ja og 5 nei. Sykkylven heldt fram som før. Vatne protesterte mot å gi frå seg sunnmørsdelen av Dryna, og protesterte også mot å bli slått saman med Haram og med Skodje. Men Scheikomiteens første konklusjon var at Vatne og Skodje skulle slåast saman. Det ville også Skodje. Kanskje hadde ein då unngått storkommunen Ørskog og oppløysinga seinare?

Ville ikkje gjere om vedtaka

Bortsett frå Sula og oppdelinga av

storkommunen Ørskog gjekk kommunesamanslåingane greitt. Litt politisk krangel var det nok i starten, men då Christiansen-utvalet vart nedsett i 1989, skulle det sjå både på kommuneinndeling og fylkesinndelinga. Leiaren, tidlegare statsråd og fylkesmann, Ragnar Christiansen, skriv at dei under arbeidet med utgreiinga besøkte alle fylke og møtte representantar for alle kommunar og fylkeskommunar. Men, skriv han, vi har ikkje møtt ein einaste representant som i dag ønskjer å gjere om på dei samanslåingane som skjedde på 1960-talet. Motstanden mot kommunesamanslåing er i første rekkje ein motstand mot forandringar, meiner han, og det har han sikkert rett i. HARALD KJØLÅS post@sunnmoringen.no


20 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

INNEKOS: Lene Trætten kosar seg i hytta i Stranda Fjellgrend på felt to. Den første hytta ho kjøpte var i felt ein. – Det er veldig fint her, og materialvalet både når det gjeld vegger og panel er flott. Når venner kjem på besøk blir dei imponerte over standarden, fortel Lene Trætten.

Fann hytte og lykke på Lene Trætten har kjøpt si andre hytte på Strandafjellet. Der nyt ho og familien livet, både om sommaren og vinteren.

E

in liten rusletur frå skisenteret ligg Stranda Fjellgrend med horisontaldelte tomannsbustader, som har garasje og sportsbu i kjellaren. – Grunnen til at eg ville hit var at eg elskar å stå på ski. Her kan du gå langrenn, stå slalåm og gå på toppturar. Her er eit eldorado for turar i marka og på fjellet. Og det er ein sånn vanvitig fridom, sjølv om eg

ofte sit og jobbar på hytta også, seier Lene Trætten. Dagleg leiar i Rent Nordvest på Stranda er mor til to og har hus i Ålesund, men bur ofte på hytta i samband med jobben.

Får ein lykkefølelse

– Når du sit her ved frukostbordet og ser utover fjella, gir det ein lykkefølelse. Jobben min krev veldig mykje og eg er eigentleg på jobb heile tida. Men det å få sitte her, det er

sånn at du gleder deg til å stå opp om morgonen. Her er eit fantastisk syn uansett årstid. Trætten hadde lenge eit stort ønske om å kjøpe hytte, men sidan ho var åleine hadde ho ikkje økonomi til å kjøpe ei vanleg hytte. Men så kom Stranda Fjellgrend sitt første prosjekt der ho kjøpte ei bueining med to soverom. Dermed fekk ho ein triveleg fritidsbustad, og slapp å pendle heile tida.

– Eg fekk oppfylt draumen min, fordi dette var i ein prisklasse eg kunne ha råd til.

Fann grei finansiering

Ho fortel at ho finansierte kjøpet delvis ved å basere seg på utleige, noko ho meiner er ei god løysing viss folk er skeptiske til å binde mykje kapital eller å ta opp stort lån. No er ho gift på nytt og mannen, Einar Farestveit, er like glad i området som henne.


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 21

HYTTE MED GARASJE: Hyttene er delt horisontalt og har to bueiningar. I kjellaren er det garasje så bilen ikkje snøar nede eller blir nedkjølt ute. Dessutan blir det frigjort areal på dette viset.

OPEN LØYSING: Kort veg frå kjøkkenbenken til spisestova, gjer det også mogleg å halde kontakten med gjestar sjølv om ein lagar mat.

Eg fekk oppfylt draumen min fordi dette var i ein prisklasse eg kunne ha råd til. Lene Trætten

UTSYN: Sjølv i første etasje er det eit vakkert utsyn til fjellet og skianlegget. Når ein set seg ned, er det endå meir å sjå.

SOVEROM: I denne bueininga er det tre soverom. Ei praktisk løysing med skyvedørsgarderobe gjer at ein får utnytte plassen godt.

UTEAKTIVITET: Lene Trætten er ein av få som har så stor uteplass at der også er plass til grillhytte og boblebad. Noko som er kjekt både for små og store.

Strandafjellet Men sidan begge har barn frå før, valde dei å kjøpe ei større leilegheit som har tre soverom. Denne ligg i felt to i Stranda Fjellgrend, berre 100 meter frå skianlegget.

Opplevingar rett utanfor

Der har dei også uteområde med boblebad og grillhytte. Noko som er til glede både for familiemedlemmene i ulike aldrar og for vener på besøk. Alle er kjempeglade i området

og set pris på å ha skianlegget i gangavstand. – På hausten likar åtteåringen min å fare rundt hytta og plukke blåbær, eller gå til elva der ho kan fiske og leike. Om vinteren når ho blir lei og sliten i slalåmbakken kan ho ta seg ein liten pause og berre køyre heim igjen for å ete, slappe av og kome tilbake i skibakken igjen. Trætten synest det er bra å hytte sentralt i Hevsdalen,

ikkje berre på grunn av nærleik til skianlegget, men også fordi ein på kveldstid kan rusle bort på Stova for å treffe folk og kanskje kjøpe seg pizza eller øl.

Utleige kan dekke utgifter

– Den leilegheita eg kjøpte først står no til utleige. Ved å leige ut gjennom heile året er det ikkje umogleg at inntektene kan dekke renter og avdrag på investeringa,

samt faste kostnader. Dei siste åra har det vore ei stor auke i talet på utleigedøgn generelt på fjellet. På vinteren er det mange som vil leige for å stå på ski, og i sommarhalvåret er det mange turistar frå inn- og utland som bur på Stranda for å ha bygda som base for turar i heile distriktet. –Stranda Booking formidlar utleige og tar seg også av reinhaldet. Vi samarbeider godt og kan ta ein telefon viss noko

er mangelfullt og dei kjem umiddelbart og ordnar opp. Det trur eg er ein suksessfaktor her oppe, seier Lene Trætten. BJØRN ARILD HATLEM bjorn@sunnmoringen.no


22 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Stor på dekk! FJELLGREND: Saman med to barndomskameratar har strandaren Jan Arve Berge bygt opp Stranda Fjellgrend. Her er det første feltet.

Skaper verdiar Saman med Vidar og Frode Mork har Jan Arvid Berge utvikla eit hytteprosjekt som aukar verdiskapinga i Stranda kvart år. Stranda Fjellgrend etablerte det første feltet i Hevsdalen på Strandafjellet i 2012/2013. – Vi starta rimeleg tøft og bygde tre hytter på kort tid. Det viste seg å vere noko folk sette pris på. Først hadde vi litt større hytter på om lag 80 kvadratmeter, men det blei for dyrt så vi gjekk ned til 50-talet. Dei 40 bueiningane i felt 1 er ferdige. Parallelt med dette fekk vi tak i eit nytt område der det er plass til 62 bueiningar, og i år har vi allereie fått ferdig åtte av dei i felt to, fortel dagleg leiar og medeigar Jan Arvid Berge. Stranda Fjellgrend leiger ein mann på Straumgjerde til å bygge veggseksjonane innandørs. Medrekna grunnarbeidet går det eit par månader på heile byggeprosessen.

– Skianlegget er motoren

– Vi opplever at alt som skjer av utbygging i Hevsdalen og på Ringstadsetra er positivt. All aktivitet dreg med seg folk. Nokon vil bu på Ringstadsetra og andre vil bu her i sentrum på fjellet. Og grunnen til at det har vore så stor etterspørsel er nærleiken til skianlegget, for skianlegget er motoren. – Vi hadde aldri kome i gong med Stranda Fjellgrend viss ikkje skianlegget var her og vi visste at det kom til å bli satsa på av dei nye eigarane. Berge sitt firma byggjer horisontaldelte tomannsbustader med garasje og bod i kjellaren. Slik blir det frigjort plass ute til å byggje fleire hytter. Berge er poengterer at Stranda kommune no haustar av investeringane som blei gjort i gondolbane og skisenteret generelt. – For kvar bueining vi sel, betalar vi om lag 150.000 kroner til Stranda kommune i utbyggingsavtale og avgifter. Vi har på få år dratt inn 30 til 40 familiar som brukar trekket. Og ein familie åleine legg igjen 30.000 til 50.000 kroner i strandasamfunnet kvart år. Dei kjøper familieårskort, brukar pengar på Stova og

KONTAKT OSS FOR TILBUD!

NÆRLEIK: Jan Arve Berge framhevar nærleiken til skisenteret. paviljongane og handlar i Stranda. Berge legg til at hytteeigarane også betalar eigedomsskatt og kommunale avgifter.

Trur på god vekst framover

Han har stor tru på ei god utvikling både for sitt eige prosjekt og anna utbygging på Strandafjellet. – Hevsdalen er eigentleg berre i starten av den utviklinga som kan bli. Men då må alle vere med å legge til rette for det. Eg har hatt mange fightar med kommunen, men det har kome inn nye folk og i dag har eg eit godt samarbeid med både administrasjonen og politikarane. – Det er ikkje kommunen som er hindringa i dag, men det er klager frå enkeltpersonar som gjer at det tar tid å få planane endeleg godkjent hos Fylkesmannen.

Trollbryggeriet TROLLSTOVA I LIABYGDA

Starta med møbelproduksjon

Berge jobba i møbelindustrien i 15 år. – For ti år sidan begynte eg i det små med litt hyttebygging som hobby. Så blei det meir og meir. Ei stund hadde eg eit snikkarfirma i lag med Mørelaft, for å ferdigstille hytter. Utbyggaren fortel at om lag halvparten av dei som kjøper hytte av firmaet hans driv med utleige ved sidan av å bruke hyttene sjølve. – Det er firma som har kjøpt fleire hytter til utleige. Dersom eit firma har fire eller fleire bueiningar, får det momsfritak. Men då må det også drivast som næring. – Kring 40 prosent av kjøparane har tilknyting til Stranda anten ved at dei bur her, eller er utflytta herifrå. Resten er Ålesundsregionen, Giske, Sula, Ulsteinvik og Volda. Berge er strandar og er sjølv glad i å bruke fjellet til avkopling. – Eg er oppvaksen på skitrekka, og begynte å gå på ski då det var dei gamle trekka frå 1957. Eg er ivrig på slalåm og litt randonee, fortel han. BJØRN ARILD HATLEM bjorn@sunnmoringen.no

Trollbryggeriet sitt konsept er omvisning i bryggeriet med ølsmaking i selskapslokalet Trollstova. Servering av bl.a. lokalmat. Selskapslokalet passar for grupper mellom 10 og 80 personar. Trollstova passar også godt til firmafestar, blåturar, åremål, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferder, dagsseminar og andre sosiale samankomstar. Kontakt: Trollbryggeriet/Trollstova post@trollbryggeriet.no Anne Kristin Lied Tlf: 91 99 38 69

www.trollbryggeriet.no


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 23

Hus- og hyttetomter, VA-anlegg, massetransport, drenering rundt murar, natursteinsmurar. På verkstaden vår utfører vi reperasjoner og EU-kontroll.

Ødegårdsvegen 127, 6200 Stranda Tlf: 908 66 000 www.stranda-anleggsservice.no e-post: mail@stranda-anleggsservice.no


24 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Vinterfest

Matspalta er servert av Veronika Gamlem

Gradestokken viser minusgrader, det sprakar og varmar godt frå peisen. Amaryllisen har endeleg sprotte ut, tidsnok til å pynte opp til fest. Det er koseleg å samlast rundt eit måltid når det mørknar ute, og det treng ikkje vere så avansert eller ekstravegant. Eg har satt saman ein tre retters meny til 6 personar, som er enkel og mykje kan førebuast på førehand. Ein vil ha så mykje tid med gjestane som mogleg. Den koselege tida med vener eller familie som betyr så mykje og gjer så godt i sjela. Dei gode samtalane og minna som blir skapt. Som vertskap legg du til rette for ei velkomen og avslappa atmosfære med det enkle og rustikke.

HOVUDRETT: Kylling i raudvin

Den koselege tida med vener eller familie som betyr så mykje og gjer så godt i sjela.

Minisvele med ørretrogn 1 egg * ½ dl kefir * ½ ts natron * 4-5 ss mel * 2 ss smelta smør Rør i hop i rekkefølga ovanfor, ta litt og litt mel, til du føler at røra er passande tjukk, den skal renne litt utover, men ikkje flyte. Steik i tørr panne på middels varme. Snu når heile er dekt med bobler, og nesten heilt stivna. Desse kan du steike nokre timar i føreveg, når dei er avkjølt, dekker du dei til. Pynt med creme fraiché, godt med ørretrogn, finhakka raudlauk og litt graslauk.

Kylling i raudvin Inspirert av den franske klassikaren Coq au vin. 1,2 kg kyllingfilet * 200 gr. bacon * 6 gulrøter * 4 stilkar stongselleri * 10 sjalottlauk * 4 fedd kvitlauk * 4 ts krem av soltørka tomat * ½ liter hønsebuljong * 3 dl raudvin * 5 laurbærblad stor bunt frisk timian * 10

Heimelaga vaniljeis med peparkakeknas og klementinsalat

FORRETT: Minisvele med ørretrogn

DESSERT: Heimelaga vaniljeis

store sopp * 1 ts sukker * 1 ss maizenna * salt * peppar

Riv opp sopp og steike dei gylne i smør. Legg kyllingkjøt og steikt sopp i gryta og la det trekke i nye 15 min. Smak til med peppar, og kanskje litt salt. Gryta kan du lage heilt klar på førehand, men då er det viktig at du ikkje kokar den når du varmar oppatt. Då vil kjøtet bli tørt. Du kan også førebu alle delane, slik at tilberedninga går på skinner om du lagar den i timen før gjestane kjem. Du kan server dei fleste typar potet til. Eg serverar heimelaga potetstappe til, gjerne med pastinakk i.

Vask og kutt grønsaker. Gjerne litt grovt kutta. Del kyllingkjøtet i store bitar. Brun kyllingen i glovarm sautépanne eller ei vid gryte, og legg til sides. Surr grønsaker og bacon i panna med steikesjyen frå kyllingen, rør inn krem av soltørka tomat. Tilsett sukker og la det surre godt i panna. Hell over hønsebuljong og raudvin. Legg i laurbærblad og ein god bunt med frisk timian, som du knyt i hop med hyssing. La det putre i panna i 15 min. Rør maizenna ut i litt kaldt vatn, og rør godt inn i den kokande sausen.

6 dl kremfløyte * 1 boks søt kondensert mjølk * 1 vaniljestang * 1 pose skiva mandlar * ca 12 peparkaker * 6 klementinar Ta frøa ut av vaniljestanga og ha i fløyten, pisk til krem, og hell i den kondenserte mjølka gradvis i, etter at fløyten har blitt til krem. Fordel passande porsjonar i plastglas, og frys i ca 2-3 timar. Dette er snarvegen til heimelaga is. Kremkonsitstensen er viktig for å få rett konsistens etter at isen er fryst. Skyll utanpå plastglasa med varmt vatn for å løyse isen. Pynt med knuste peparkaker, mandelskiver og filetar av klementin. Filetar av sitrusfrukt får du ved å skjære skalet av heil frukt og så kutte fruktkjøtet ut av båtane. Lykke til med førebuinga og nyt tida med gjestane dine!


eldArt Grafisk

VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN

PÅ STRANDAFJELLET BRUKER VI SNØEN TO GONGER NYHEIT! Snøen på Strandafjellet vert omgjort til straum på Furset Kraft. Vi leverer lokal straum heim til deg. Vi garanterer at straumen er produsert lokalt. Kjøp produktet Fursetkraft på: www.strandaenergikraft.no

Gasta.no

Tlf. 93 07 98 30

tips oss:

TLF. 70 26 11 22 post@sunnmoringen.no

følg oss:

les oss:

sunnmoringen.no Sunnmøringen

#mittstranda

@sunnmoring1


26 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Frå Nibbedalen til OL-løy – Eg vil bli så god i skiskyting som eg kan bli. Det er det klare målet. Eg håpar at tre år på NTG i Lillehammer kan hjelpe meg på vegen.

S

kiskyttartalentet Inger Ringdal Sæter har vore i skiskyttarmiljøet mange år. Ho vaks opp med to eldre brør, Ivar Sakkarias og Jørgen, begge aktive i det store og gode miljøet som vaks fram på Hellesylt. Inger var med dei på trening og konkurransar. – Dei var førebileta mine, seier ho no. Ho kan ikkje rose dette miljøet nok. – Eg har dyrka interessa mi og hatt suksess gjennom Sunnylven IL. Eg har mykje å takke idrettslaget på Hellesylt for, understrekar Ringdal Sæter. Hennar aller beste resultat er to tredjeplassar under Liatoppen skiskyttarfestival i Hallingdal. Der deltek alle dei beste ungdomsskiskytarane ifrå heile Noreg. Elles har ho vore i toppen i lokale tevlingar i årevis.

Trenar mykje

I sommar tok Ringdal Sæter spranget frå trygge Sætra i Nibbedalen i Sunnylven og flytta til Lillehammer for å satse og utvikle seg som skiskytar. Eit stort sprang når du berre er seksten år, men det har gått over all forventning. – Etter ein litt usikker start har eg kome godt inn i miljøet. For dei som vil satse på toppidrett er dette livet, seier ho med eit smil. – Eg får trene med dei beste på min alder i landet. I første klasse, der eg går, er vi berre to jenter. Vi pushar kvarandre. Vi trenar også saman med dei som er eldre og då har vi noko å verkeleg å strekke oss etter, fortel Ringdal Sæter. Ho trenar kvar dag, ofte meir enn ein eingong. Det vert alltid ei økt før skuletid om morgonen. Ofte også i skuletida og etter skuletid. Skulen er lagt opp til at elevane skal kunne dyrke idretten sin. I eit slikt skulemiljø er det også lett å finne treningsvener.

SKISKYTTARTALENT: Inger Ringdal Sæter har vore på toppen i lokale skiskyttarkonkurransar i årevis, og går no på Norsk Toppidrettsgymnas i Lillehammer. FOTO: PRIVAT

FAKTA •• Namn: Inger Ringdal Sæter •• Alder: 16 år •• Klubb: Sunnylven IL/ NTG Lillehammer Skiskyting •• Yrke: Elev ved Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) Lillehammer, kombinerer skule og toppidrettssatsing •• Favorittmat: Pescovegetarianar. Glad i fisk for å halde på med idrett. Et ikkje kjøt. •• Favorittmusikk: Glad i Vassendgutane under trening. Får kurert heimlengsel!

Lite tid til andre ting

Mykje trening krev også mykje kvile. – Eg får ikkje tid til så mykje anna. Det kan bli ein tur ned på klatresenteret i Lillehammer. Elles går tida med til å lage mat, gjere lekser og halde orden på hybelen, fortel Ringdal Sæter med eit smil. Ho har hybel knytt til skulen, der 1.-klassingar på NTG bur. Skulen har mange linjer og her finst eit stort av utval av landets fremste idrettstalent. NTG Lillehammer har linjer for mellom anna handball, klatring, aking, bob, langrenn og ishockey. Her vert utøvarane kjent over grensene for sine eigne greiner. Dei gamle OL-anlegga på Lillehammer gjev dei best

sjansar for utfolding og utvikling.

Pesco-vegetarianar

Å drive toppidrett krev eit solid og variert kosthald. Og sjølv om ho vaks opp på gard der det var dyrehald, står det aldri kjøt på menyen på hybelen på Lillehammer. – Eg er pesco-vegetarianar. Eg må ha fisk for å få næring i kroppen til treninga. Elles er det berre vegetariansk kost på bordet, avsluttar blide og sympatiske Inger Ringdal Sæter. Kanskje er det slik at den neste Tora Berger kjem frå ein gard under Fivelstadnibba i Sunnylven? ARILD RINGDAL post@sunnmoringen.no


VINTERMAGASIN 2016 - 2017 SUNNMØRINGEN 27

ypene ØNSKJER FOLKEFEST: Det store målet for hovudkomiteen i Alperittet er å skape merksemd rundt vinterdestinasjonen Stranda, fortel Leidulf Årvik. Han oppfordrar alle til å vere med på folkefesten. – Jobben vår er å skape eit arrangement der folk har det artig, seier han.

Ny alperitt-sjef Leidulf Årvik vart denne hausten utnemnt til ny leiar i Alperittkomiteen. skirennet der alpinistane startar på Roaldshornet (1.230 m.o.h.) og kjem i mål i Stranda sentrum, er det største årlege vinterarrangementet i Stranda kommune. Det gjer det til eit stort ansvar å vere leiar i arrangementskomiteen, men Leidulf Årvik er ikkje fersk i gamet. – Eg trur dette er mitt sjette år i komiteen. Eg kom inn som speaker, og etter kvart fekk eg plass i hovudkomiteen, fortel han.

Leiar – men ikkje general

STARTEN: Inger Ringdal Sæter i eitt av hennar første skiskyttarrenn. FOTO: PRIVAT

Årvik fortel han vart førespurt om å ta over vervet etter mangeårig Alperittgeneral Sigurd Drege. Men å bli kalla general sjølv, det vil han ikkje høyre snakk om. I alle fall ikkje enno. – Grunnen til at Sigurd Drege, som eg veit ikkje er oppteken av titlar, vart kalla «general», er fordi den første Alperitt-leiaren, Kalle Eriksen, vart kalla det. Og så har det på ein måte berre gått vidare. Men eg må seie at for min del er det viktig å vise at eg kan vere ein god leiar før eg kan akseptere å bli kalla general, seier Årvik.

NM i fjelltelemark

Han fortel at Alperittet 2017 vil gå føre seg både fredag og laurdag, slik som i fjor. Fredag 24. februar er det «Chinese downhill»/kinesisk utfor, på Strandafjellet. Da-

gen etter, på laurdag, er det duka for det store fjelltelemarkrennet, med telemarkskøyrarar, alpinistar og snowboardarar på startstreken.

Eg føler meg heldig som får lov å vere med på slike arrangement. Leidulf Årvik

Årets hovudrenn er også noregsmeisterskap i fjelltelemark, fortel Årvik. Det blir også mini-alperitt for dei minste denne dagen. – Vi vil ikkje gjere noko revolusjonerande nytt, men ha mest mogleg fokus på å gjennomføre gode arrangement begge dagane, seier Årvik.

Anna program

Nytt i Alperittet 2016, var òg eit karnevalstog med Stranda sentrumsforeining som arrangør. – Vi håpar å gjenta karnevalstoget på laurdagen, med den same flotte entusiasmen og oppmøtet som vi hadde i år, seier Årvik. Det heile startar med eit vorspiel allereie torsdag 23. februar, fortel han, med skifilm-framsyning i Storfjord kulturhus. Det blir også ølfestival på Stova ved Strandafjellet skisenter denne dagen. Her blir det også rennfrukost laurdag morgon. Etter at renna er over for

dei rundt 100 i mini-alperittet og 300 i ungdoms- og vaksenklassane, er det løparmiddag i kulturhuset med premieutdeling og seinare avslutningsfest på Stranda hotell. Undervegs på laurdag er det strandabord i kulturhuset og overføring av rennet på storskjerm. Alperittet gjentek også suksessen med eit eige morgonshow på storskjerm, med sendinga «God morgon Stranda» før rennstart.

Støtte i god komité

Det er med andre ord mykje som skal skje i løpet av tre dagar, og for ein arrangementsleiar kan det bli nokre hektiske dagar. Men Årvik fortel han gler seg. – Då eg vart spurt om å ta over leiarvervet takka eg ja fordi eg er heilt trygg på at vi har mange flinke folk i komiteen som kjem til å gjere ein god og solid jobb, seier han.

Gjer det for bygda

Årvik er også arrangementsleiar når NM Masters, noregsmeisterskapen for veteranar i alpin, går av stabelen på Strandafjellet i månadsskiftet mars/april. – Eg føler meg heldig som får lov å vere med på slike arrangement. Vi har utruleg mange flinke krefter i Stranda som gjer ein kjempejobb. Eg sette stor pris på å få moglegheita til å vere med på å skape noko kjekt for bygda. Det er berre for å sette Stranda på kartet vi gjer dette. At hotellet, skisenteret, restaurantane, utestadane, kulturhuset, taxinæringa og så vidare skal vinne på det, det er det einaste som drive meg. ANNIKEN WESTAD anniken@sunnmoringen.no


layout

raw reklame og foto

-ein liten stad i verdsklasse!

photocredit

mattias fredriksson / håvard myklebust / raw reklame og foto

28 SUNNMØRINGEN VINTERMAGASIN 2016 - 2017

Legg turen til

STRANDAFJELLET!

Ski & bo hotell frå kr. 890,- per pers* eller leilighet frå kr. 318,- per pers*

Bedrift eller

venneg jeng?

*midtveke, ski og bo inkluderer heiskort, overnatting i leilighet på Strandafjellet inkluderer ikkje heiskort.

or Kontakt oss f eit tilbod!

les meir / program for vinteren: strandafjellet.no

Strandafjellet

strandafjellet


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.