Årsmelding 2011

Page 1

Ă…rsmelding 2011

Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane


Administrasjon Jørn Helgheim Grunnskuleansvarleg

Holger Aasen Dagleg leiar

Eivind Husabø Vidaregåandeskuleansvarleg

Styret i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane 2011:

Kai Lille-Homb Tor- Einar Holvik Skinlo Frode Henden Marit Moene Hjørdis Vik (permisjon) Arild Hornnes Gunn Aase Moldestad Alfred Haukeland Ivar Offerdal Ole Schanke Eikum Odd Einar Fimreite

Fylkeskommunen, regionalavdelinga, styreleiar Fylkeskommunen, opplæringsavdelinga NAV Sogn og Fjordane Sunnfjord Energi Innovasjon Norge Innovasjon Norge Sparebanken Sogn og Fjordane Utdanningsforbundet Høgskulen i Sogn og Fjordane NHO Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Fylkeskommune


Styreleiar har ordet Året 2011 var prega av utvikling og nyskaping for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane(UEiSF). Strategiane vart utarbeidd tidleg på året og vi sette oss høge mål når det gjeld kvalitet og innhald i arbeidet. Vi hadde fokus på nytenking og nyskaping med tanke på innhald i eigne program og aktivitetar. Ein organisasjon som vår bør ikkje stå for mykje «i ro». UEiSF er i lag med NHO Sogn og Fjordane gjennom prosjektet «Vegval» med på å tydeleggjere lokalt næringsliv sitt viktige bidrag i entreprenørskapsarbeidet. Vi har i haust arbeidd med fiskeri- og havbruksnæringa og vil framover samarbeide med næringar som i lag med andre tiltak vil kunne sikre framtidig verdiskaping og busetnad i heile fylket.

Ein viktig nøkkel til suksess er det tette samarbeidet med arbeidslivskontaktane på våre vidaregåande skular. Denne positive alliansen vil vi styrke ytterlegare. Vi er og særs takksame for det økonomiske bidraget Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til arbeidet vårt. Dette vert no ytterlegare styrka gjennom den 3-årige økonomiske avtalen som no er underskriven.

Nettopp samarbeid med andre aktørar er avgjerande for oss. Vi ville ikkje kunne gjennomføre så mange av våre program med ein slik kvalitet om ikkje bedriftene Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Energi, Sunnfjord Energi og Sognekraft hadde nytta store personalressursar og økonomiske midlar i arbeidet.

På vegne av styret i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane takkar eg for alt dette og vil til sist gje ros til alle tilsette for det omfattande og kvalitetsbevisste arbeidet som er utført i 2011. Kai Lille-Homb -styreleiar-


Grunnskule Prosjekt Vegval, samarbeid mellom NHO og Ungt Entreprenørskap Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og NHO Sogn og Fjordane er i gang med eit samarbeidsprosjekt kalla “Prosjekt vegval”. Dette prosjektet har som mål å skape interesse og engasjement for ulike næringar tidleg i skulegangen, og gjennom dette bidra med rekruttering til bedriftene. Elevane får betre innsikt i kva dei ulike bransjane arbeider med, kva utfordringar dei har, og dei får vite kva karrieremoglegheiter dei har i lokalsamfunnet den dagen dei er ferdig utdanna. Dei fleste ungdomane reiser i dag ut, utan å vite kva det er mogleg å komme tilbake til. Dette prosjektet skal gjere ungdom meir medvitne på sitt eige lokalsamfunn og næringslivet der. Ungt Entreprenørskap har hatt ansvaret for å gjennomføre desse gründercampane. Desse vert arrangert ute på lokalitetane til dei lokale bedriftene, og dei deltek med mannskap som er mentorar for elevane. Målet vårt er at vi alltid skal ha med det lokale næringslivet vårt på gründercampane, og det er og ei målsetjing at kommunane ved næringssjef bør vere representerte der. Involverte skular og lærarar vil få tilbod om opplæring i entreprenørskap i tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Ungt Entreprenørskap. Fiskeri og Havbruk Ein ny bransje for oss å samarbeide med er fiskeri og havbruk. Vi har hausten 2011 arrangert ein gründercamp på Steinvik Fiskefarm for elevane ved Eikefjord Skule som eit pilotprosjekt. Dette var vellukka og avtalar om nye gründercamper er gjort med berift og skule. Vidare er det avtalt gründercamper i Selje og Gulen kommune .

Gunnar Silden frå marine Harvest i ivrig passiar med elevar frå Selje.

Reiseliv Vi har også brukt hausten 2011 til å kartlegge og planlegge ei satsing mot ei ny bransje innanfor “Pro-sjekt vegval”, nemleg reiselivsbransjen. Vi har no gjort avtalar om gründercamper i Selje kommune, Jølster Kommune og Stryn Kommune. Gjennom programmet skal elevane på ungdomssteget jobbe med problemstillingar gjeve av dei ulike reiselivsbedriftene. Energi UEiSF har eit godt samarbeid med energibransjen, og har i dag samarbeidavtalersavtalar med dei tre største energiselskapa i fylket. Vi arrangerer gründercampar med tema “Fornybar Energi”, der samar-beidsbedriftene stiller med sine beste folk mentorar . Desse gründercampane ligg som oftast på 9 eller 10 klasse steget. I 2011 vart det ikkje gjennomført gründercampar innanfor dette emnet. Imidlertid vert det 27 april arrangert eit fylkesmeisterskap i “Fornybar Energi” i Flora. Vi har brukt ein del av hausten 2011 til å planlegge dette, m.a har vi gjort avtalar med fleire skular om å arrangere gründercampar på dette temaet før meisterskapen. Dette vert eit samarbeidsprosjekt med Flora VGS og Hipp Hipp Flora og UEiSF.


Entreprenørskap i regionane Entreprenørskap i Sunnfjord Elevbedriftene i Sunnfjord/Nordfjord har ikkje hatt ein eigen arena å vise seg fram på. Den 14 april 2011 gjorde vi noko med det, og arrangerte “Entreprenørskap Sunnfjord” i Naustdalshallen i Naustdal. Der deltok det elevar frå Gloppen, Flora, Hyllestad, Førde, Gaular og Naustdal. Der var 30 elevbedrifter på stand som konkurrerte i ulike klassar . I alt det deltok det om lag 450 elevar på messa som utstillar, publikum og på ulike kurs. Vi hadde ein del bedrifter som stilte på stand og aktiviserte elevane på ulike måtar. Dette vart ein god møteplass der elevar og lærarar kunne utveksle idear og sjå kva som rører seg andre stadar. Vertskapet på Naustdal skule hadde gjort ein god jobb med lokalet, og lys og lyd var det beste. Vi planlegg ny messe 28 mars 2012 i Naustdal. Entreprenørskap i Sogn I eit nært samarbeid med “sats på skulen-snu Sogn” arranger vi ei årleg elevbedriftsmesse i Sogn. I 2011 var Leikanger vertskapskommune. Meir enn 300 elevar besøkte messa og det var mellom anna lagt opp til bedriftsbesøk, diverse fagkurs og motivasjonsforedrag. I forkant hadde deltakande skular lagt ned eit stor arbeid med elevbedrift. Dette er gjort ved hjelp av metoden gründercamp og gjennom ei øving kalla “Oppstart av eiga elevbedrift”. Føremålet med øvinga er å utvikle og prøve ut nye forretningsidear, introdusere forretningsplanprosessen, lære å ta avgjerd under tidspress, utvikle kreative ferdigheiter og lære om økonomiske spørsmål knytt til det å starte elevbedrift.

Elevar ved Flora Ungdomsskule på elevbedriftsmesse i Naustdal.

Alex Vassbotten frå Steinvik Fiskefarm held omvisning for elevar ved Eikefjord Skule.

Entreprenørskap i Nordfjord og HAFS Det vart ikkje laga til felles arrangement i desse regionane i 2011. Likevel gjennomfører fleire store ungdomsskular grundercamper med problemstillingar frå lokalt næringsliv og grunderdagar som resulterar i mange spanande elevbedrifter.

Andre grunnskuleprogram Vårt lokalsamfunn Vi har gjennomført vårt lokalsamfunn på 3 skular. Dette programmet bør ha potensiale til mykje meir, og vi har hatt det med oss på alle skular vi har vore, og delt ut elevhefter som informasjon. Økonomi og karriererettleiing Dette programmet har ikkje vore gjennomført i 2011, men har potensiale til å bli eit av våre største program. Vi har i 2011 delt det ut til alle skular vi har vore på, og gjort avtalar om å gjennomføre det i 2012. Kor mange elevar som kjem til å gjennomføre det er noko usikkert, men dette kjem til å bli satsa gjennom tett oppfølging. Aktiviteten i grunnskulen i 2011 ber preg av mykje planlegging for 2012. Det har blitt brukt ein del tid på “Prosjekt Vegval” som kjem til å vise att på tala for 2012. Og vonleg kjem det til å bli ein del utteljing for marknadsføringa av Økonomi og karriererettleiing.


Vidaregåande skule

Ungdom på leiarkurs for ungdomsbedrifter på Gloppen hotell.

Leiarkurs for ungdomsbedrifter Vi bestemte oss for å tilby framtidas leiarar i Sogn og Fjordane opplæring i godt leiarskap. Målet var å gjere desse ungdommane til endå betre leiarar. For å kunne oppnå dette, måtte vi alliere oss med gode samarbeidspartnarar i næringslivet. Kurset vart gjennomført på Gloppen hotell 22. og 23. november. 31 ungdomsbedriftsleiarar frå alle delar av fylket deltok. Det innhaldsmessige fokuset var : leiing, kommunikasjon, økonomistyring, skatt, avgifter, HMS arbeid og inkluderande arbeidsliv. Kurset vart gjennomført i samarbeid med NAV, LO, Skatt Vest, Seevia og Sparebanken Sogn og Fjordane. Alle dei nemnde stilte med førelesarar på kurset. I tillegg til dette var elevane gjennom ei rekkje kommunikasjonsøvingar. Som ein kuriositet kan nemnast at Jørn Mikalsen frå Seevia kom direkte frå Oslo der han hadde motteke Rosing prisen (IT bransjens «Oskar») som fyrste bedrift frå Sogn og Fjordane nokon gang. Dette gjorde inntrykk på kursdeltakarane. Oppfylgjaren til leiarkurset vil komme i februar 2012 då vi tilbyr fagkurs til dei andre tilsette i ungdomsbedriftene. Kursverksemd kjem til å bli eit satsingsområde innanfor UE Sogn og Fjordane i tida framover.

ENOVA gründercamp Vinnarane av ENOVA gründercamp 2010 deltok på den nasjonale gründercampen i Trondheim i slutten av januar 2011. Vinnarlaget kom frå Nordfjord (Firda og Eid. vgs) Vi bestemte oss for å utvide den lokale ENOVA gründercampen 2011 ved å invitere inn to nye skular til arrangementet : Stryn vgs. og Årdal vgs. Arrangementet vart gjennomført på tre stader i fylket den 2. november : Sogndal, Sandane og Eid. Tema var «Fornybar energi» og vi samarbeida med dei tre største energiselskapa i Sogn og Fjordane : Sunnfjord Energi, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi. Alle tre stilte med 6-7 personar i form av mentorar og dommarar på arrangementet. I alt deltok 150 elevar frå 8 vidaregåande skular. Eit vinnarlag vart kåra, nok ein gang frå Nordfjord. Dei skal representere fylket på den nasjonale gründercampen i 2012. Tilbakemeldingane frå dei deltakande elevane var meget bra. Evalueringane tilseier at mellom 75 og 90% av elevane ligg i den øverste delen av skalaen når dei har svart på våre spørsmål om læringsutbytte og korleis arrangementet vart gjennomført. Vår konklusjon er at ENOVA gründercamp har komme for å bli, vi kjem til å satse stort på dette også i 2012.


Fylkeskommunal gründercamp I januar 2011 inviterte Ungt Entreprenørskap til gründercamp på Alværa misjonssenter i Lavik. 29 elevar og 4 lærarar frå heile fylket deltok. Oppdragsgjevar var Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga. Målet med arrangementet var å få elevane sine uttalelsar om «Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane». Dette er eit oppdrag av meir teoretisk karakter, og vi var difor svært nøye med rekrutteringsprosessen. Vi rekrutterte stort sett elevar som var representerte i elevråda ved dei ulike skulane, eller elevar som var politisk engasjerte. Arrangementet vart ein suksess for alle partar. Elevane gav oss gode tilbakemeldingar og oppdragsgjevar gav uttrykk for at dei var svært nøgde med resultatet. Dei deltakande elevane kom med mange gode og konstruktive løysingsforslag til korleis den vidaregåande opplæringa kan sjå ut i Sogn og Fjordane i 2018.

Vinnarane av ENOVA Gründercamp 2011

Frå utdanning til jobb Programmet «Frå utdanning til jobb» har vokse i omfang for kvart år. I 2011 hadde vi 949 elevar som var gjennom programmet. Det er eit formidabelt tal samanlikna med andre fylker. I haust tok vi opp ny påmelding til programmet og heile 1287 elevar har meldt seg på for skuleåret 2011 / 12. Det vitnar om at programmet er særs populært ute i dei vidaregåande skulane. Vår faste samarbeidspartnar i gjennomføring av programmet er Sparebanken Sogn og Fjordane. Programmet vert gjennomført i grupper på 4060 elevar. Kvar gjennomføring varer i 6 skuletimar og det er delt opp i bolkar på 3 + 3 timar. Programmet tek sikte på å gjere elevane betre rusta i ein jobbsøkingsprosess.

Ungdomsbedrifter Når det gjeld nivå og tal på ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane så har det holdt seg stabilt gjennom fleire år. Ved utgangen av 2011 var det registrert ca. 50 ungdomsbedrifter i fylket og det ser vi på som passeleg med tanke på at dei skal fylgjast opp og at dei skal inneha ein god kvalitet. Fleire av ungdomsbedriftene har utmerka seg gjennom gode resultat og samarbeid med lokalt næringsliv. Vi kan nemne BEB mobile UB frå Flora vgs som importerte og selde beskyttelse til mobiltelefonar. Dei fekk innpass hos Rema 1000 og Elkjøp i Florø og fekk stor omsetning på sine produkt. BEB mobile UB var vinnar av klassen «Beste ungdomsbedrift» på Fylkesmessa 2011. Taste of Måløy UB gjorde seg bemerka både på NM for ungdomsbedrifter og på NM i sjømatprodukt 9. februar på Lillestrøm. Der mottok dei ein 2. premie for sin «Måløyburger» og konkurrerte ut etablerte bedrifter som Findus og Enghav. Prisen vart utdelt av fiskeriminister Lisbeth Berg Hanssen som nemnde ungdomsbedrifta spesielt i sin tale. Bedrifta har et utstrakt samarbeid med fleire lokale bedrifter i Vågsøy. Av dei nyetablerte ungdomsbedriftene i 2011 kan vi nemne Mediakompaniet UB ved Sogndal vgs., som har eit samarbeid med NRK Sogn og Fjordane i form av at ungdomsbedrifta produserer TV for NRK (live streaming på internett). Dette har vekt stor merksemd både lokalt og nasjonalt og ungdomsbedrifta har vore omtala på dei nasjonale nettsidene til Ungt Entreprenørskap hausten 2011. Leiar for ein dag Mette Eggesbø frå ungdomsbedrifta Taste of Måløy UB vart kåra til Noregs beste seljar under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i mai. Av over 10000 ungdomsbedriftselevar i landet, var altså Mette frå Måløy den beste seljaren. Det vil vi kalle ei aldri så lita bragd ! I oktober vart Mette plukka ut av det nasjonale nivået i Ungt Entreprenørskap for å vere med på programmet «Leder for en dag». Der fekk Mette vere med å «skygge» toppleiaren Marianne Ødegaard Riibe som er adm.dir i NorgesGruppen Servicehandel gjennom ein heil arbeidsdag.


Internasjonalisering Enterprise without borders Enterprise without borders er eit av Ungt entreprenørskap sine program tilpassa den vidaregåande skulen. Formålet med programmet er at elevar primært i vg2 og vg3 skal knytte internasjonale kontaktar og få eit innblikk i korleis internasjonalt forretningssamarbeid går føre seg. Etter at elevane har ferdigstillt sitt arbeid med idéutvikling og forretningsplan vert bedrifta registrert i databasen til JA-YE. Dei får då høve til å søke samarbeid med relevante ungdomsbedrifter i andre land (fortinnsvis Europa). Når ein har funne ei samarbeidsverksemd vert det laga ein partnarskapsavtale basert på eigen eller samarbeidsverksemda sin forretningsidé. Eit viktig element i samarbeidet er møtet mellom ungdomsbedriftselevane. Det kan søkast reisestipend frå UE nasjonalt. Stipendet dekker om lag halvparten av dei totale reiskostnadene. I løpet av den tida bedriftsungdommane er saman får ein eit inntrykk av korleis forretningskulturen i landet er og samarbeidet om bedriftene sine produkt/tenester vert vidareutvikla.

Det har vore gjennomsnitteleg mellom 8-10 ungdomsbedrifter frå fylket som har vore med på opplegget. Skular som går att er Eid, Flora, Øyrane og Luster vgs. I løpet av skuleåret arrangerar UEiSF ein internasjonal dag der EWB ungdommane/lærarane får møtast og erfaringar vert utveksla. Internastonal entrepreneurship summit Den første international entrepreneurship summit (I E S) vart arrangert i Balestrand hausten 2008. Det var samla ungdom i aldersgruppa 16-18 år frå Danmark, USA og Norge. Det er dei same landa som fortsatt samarbeider og var samla i Georgia i oktober 2011. Sentrale element i IES er ide- og forretningsplanutvikling og presentasjonar av næringsliv og kultur i dei deltakande landa. Det er ei utbreidd oppfatning at årets camp var den beste hittil. Dette skuldast at det i år vart laga forpliktande avtalar med tydelege målsettingar og fristar for fortsatt bedriftssamarbeid mellom dei deltakande bedriftene . Fleire av dei kreative ideane finn du på neste side.


Årets beste idear

Ostehøvelbedrift der ein skal eksportere ostehøvlar til den amerikanske marknaden. ”School network news” nyhende for ungdom frå alle land produsert i fjernsynsstudio lokalt.

Isolasjonmateriale for drikkebeger frå USA til Noreg.

”Havfruehaler” er eit badeprodukt som har slått an i USA og som blir forsøkt solgt i Sogn og Fjordane.

Gjennom international entrepreneurship summit lærer deltakarane mykje om internasjonalt forretningssamarbeid , skulesystem kultur og språk.


Høgskule Det har vore studentbedrifter på avdeling for ingeniørutdanning og fagskulen i Førde og 2 klasse avdeling for friluftsliv i Sogndal . I tillegg har studentbedrifta NERK registrert seg med om lag samme forretningside som i 2010. Alle studentane gjennomfører i regi av UEiSF ein gründerdag der dei får veileding i kreative prosessar og utvikling av eigen bedriftside. Studentbedriftene registrerar seg i UE.no og får i likheit med ungdomsbedriftene eige organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra. Hausten vert vidare nytta til opplæring innan økonomi og forretningsplanutvikling. I denne fasen som vert organisert av HSF gjev Sparebanken Sogn og Fjordane og Merkur viktige bidrag. I desember vart det arrangert Venture Cafe på Campus i Sogndal. Her vart beriftsideane presentert og reprentantar frå Sparebanken Sogn og Fjordane , HiSF og UEiSF fekk høve til å stille kritiske og spørsmål. Alle registrerte bedrifter vert invitert til Fylkesmessa for ungdoms- og studentbedrifter i Førde i mars 2012. Holger Aasen -Dagleg leiar-


Aktivitetstal 2011




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.