InSpire Messeavis
Lærerik reise i USA
Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
Streama MGP Lokal for NRK
Fylkesmessa © 12 | Førde 15. mars
2|
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
Velkommen til fylkesmessa 2012! Avisa du no sit med i henda, er ei avis om kreative, flotte og unge entreprenørar i heile Sogn og Fjordane. Alt frå innovative videokonferansar, gründercamp med fokus på fornybar energi, til suksessfulle ungdomsbedrifter med gode idear. Vi har alle høyrt ordtaket «Dess fleire kokkar, dess meir søl». Vår ungdomsbedrift, Mico Media består nemleg av heile 24 elevar, noko som ofte er utfordrande... Men det er også kjekt, fordi vi er så mange om dei kreative ideane. Med pågangsmot, skaparvilje og gode idear kan ein få til kva som helst. Noko denne avisa og innhaldet er eit utruleg godt eksempel på.
LeIAr
InspIre – Messeavis for Ungt Entreprenørskap 2012 Redaksjonen: Ungdomsbedrifta Mico Media UB v/2mka og 2mkb ved Mo og Jølster vidaregåande skule. Ansvarleg redaktør: Siv Kristin Eikås Hovland Layoutansvarleg: Torgeir Timenes Bell Marknadsavd.: Kristina Juklestad, Fredrik H. Espedal, Hanna H. Sætre og Terese Helle. Design/utforming: Mico Media UB Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk
I årets utgåve kan du blant anna lese om seksten år gamle Rikard Bøe som har funne opp «binderpunch», eit enklare alternativ til den originale holemaskina. Lærar Bente Iren Vonheim som tre år på rad har opplevd stor suksess på fylkesmessa med elevar frå restaurant- og matfag. Og ungdomsbedrifta Fjordane Bilpleie ved Stryn vidaregåande skule, som samarbeider tett med lokalt næringsliv, og både polerer og vaskar bilar for sal. Men det er ikkje alle som har som mål å tene pengar
på det dei gjer. Sosialt entreprenørskap er i vinden som aldri før, og elevane i Flora som jobbar i Prosjekt Malawi UB har skjønt det. Målet deira er å samle inn pengar for å hjelpe ungdom som har det vanskeleg, til dømes sørgje for at dei får gå på skule og ha tak over hovudet. Mange forbind Ungt Entreprenørskap kun med ungdomsbedrifter. Slik tenkte vel eigentleg også vi før vi byrja arbeidet med denne avisa. Vi har lært at det er så mykje, mykje meir enn berre det. Og det inntrykket håpar vi at du også vil sitje igjen med når du har lese InSpire 12. Vi er veldig nøgd med avisa, og har lagt ned mykje arbeid i den. Difor håpar vi at du vil like den like godt som vi gjer. Tusen hjarteleg takk til alle som har teke seg tid til å stille opp på både bilete og intervju, og sjølvsagt til alle som har hjelpt oss med finansiering ved hjelp av annonser. No trur eg at eg har fått med det meste, så då gjenstår det berre ein ting. Slapp av, len deg tilbake, og la deg inspirere.
Siv Kristin Eikås Hovland, redaktør InSpire 2012
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
3
Foto: Olav Øygard
MICO MEDIA UB, BAkErst f.v.: Simen Berge Kongsvik, Torbjørn Frøysland, Linn Marita Skiftesvik Høyvik, Fredrik Hugøy Espedal, Torgeir Timenes Bell, Astrid Marie Nikolaisen Årdal, Dovydas Høgseth Miliauskas, Marita Solheim, Rune Stølen. MIDErstE rAD, f.v.: Ana Patricia Igesund Kleppe, Hanna
Hagerup Sætre, Andrea Katrine Natland, Terese Helle, Caroline Skarstein, Ingrid Befring Hage. frEMstE rAD, f.v.: Marte Aleksandra Djupvik, Lovise Johnsen, Siv Kristin Eikås Hovland, Mariell Buttedal Myklebust, Åse Levanger, Martine Hatlem, Kristina Juklestad, Ian Gulestøl.
La deg inspirere av: • Fjorårets "beste seljar" s. 20 • Ungdom som reiser til USA s. 8
• Ungdomsbedrifta som lager til Melodi Grand Prix lokal s. 24-25 • UB-læraren tok "hatrix" i NM-deltaking s. 6-7 • Ungomdsbedrifta med den lysande ideen s. 4-5
4|
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
Gjer lyssjekk enkelt • Unge gründarar med spennande nyskaping No vil yrkessjåførar kunne teste lys på tilhengaren lettare, takka vere fire gutar frå Førde. Ungdomsbedrifta Rex Electronix har utvikla eit produkt, som skal gjere det enklare å teste lysa på tilhengaren når ein er åleine. TEkST og FoTo | Dovydas M. Høgset Produktlanseringa blir på fylkesmessa for Ungt entreprenørskap 15. mars. Det er ofte eit problem å sjekke lysa på tilhengaren aleine, det har dei fire gutane frå elektrolinja på Øyrane vgs gjort noko med. Dei har funne opp eit lite produkt som heiter Trolley Expertus. Produktet er ein liten boks med tilhengarfeste, små lyspærer og ein på- og av-knapp. Både lærarar, vaktmeisterar og eigarar av campingplassar, har allerede meldt si interesse for dette produktet. Det er ungdomsbedrifta veldig glad for. – Det er eit mykje rimeligare produkt, enn dei som finst ute på marknaden frå før av fortel Endre Strandos, som er styreleiar i bedrifta. Produktet er fortsatt ein prototype, og gutane prøver ut nye koplingar og ser etter løysingar som kan gjere produktet endå betre.
Nye idear Idear til nye produkt strøymer på, og gutane er allereie i gong med eit nytt prosjekt. Produktet dei jobbar med no inneheld ei lita brikke, som vil produsere straum frå varme og vil drive ei vifte som kan stå på ein ovn. Vifta har som funksjon å lett spreie varmen rundt i rommet. – Idéen kom med at vi såg eit liknande produkt på butikken, men det brukte batteri. Vi tenkte då at vi kunne gjere det på ein enklare og billigare måte, fortel produktansvarleg Daniel Vie. Dette er alternativt eit produkt til å ha på hytta, som ein erstatning for solcellepanel, legg han til.
Til topps Rex Electronix er påmeldt til fylkesmessa for Ungt entrepenørskap 15. mars og der skal dei vise fram produkta som dei har laga. Hittil er det Trolley Expertus og den lille brikka, som fortsatt er i utvikling. Sjølv om det kun er to produkt, håpar dei det er nok til å gå til topps innan energisparing.
Tidlegare måtte ein ha bilen sin tilgjengelig for å sjekke lysa, men med Trolley Expertus, treng du kun tilhengaren. Endre Strandos, medeigar Rex Electronix UB
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
5
Tilbod om Venture Café Har du ei ungdomsbedrift eller studentbedrift som treng rettleiing på forretningsplanskriving? Då kan du nytte deg av tilbodet "Venture Café". Tilbodet går ut på at Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr råd og rettleiing for ungdomsbedriftene og studentbedriftene sine forretningsplanar. Banken tilbyr ein times møte i nærmaste banklokale.
100 000 kr for kulturidé PRODUKTET: Brikka som skal generere straumen til det nye prosjektet til ungdomsbedrifta.
UNGDOMSBEDRIFTA: Eigarane av ungdomsbedrifta Rex Electronix viser korleis Trolley Expertus virker. F.v.: Ferdinand Bjarkøy, Endre Strandos, KåreAndre Gåsemyr og Daniel Vie.
NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane går saman om å kåre «Årets beste kulturidé» i Sogn og Fjordane. Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som stiller opp med pengane til vinnaren, som skal kårast av ein jury og av folket gjennom avrøysting på nettsidene til NRK.no. Juryen skal plukke ut gode kandidatar som så blir presenterte gjennom radioinnslag og i nettartiklar.
Kjøp billett på www.malakoff.no Billettprisar:
Festivalpass fom 20 år . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 950,– Kulturkortbillett: fom 16 tom 19 år . . . . . . . . . . . . . . 665,– Fesivalpss inkl camp fom 20 år . . . . . . . . . . . . . . . 1 .250,– Kulturkortbillett inkl camp fom 16 tom 19 år . . . . . . 965,– Kulturkortbillettar - BEGRENSA TAL BILLETTAR!! (billettavg . I tillegg)
6|
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
Til NM tre år på rad • Mat vart UB-suksess i Måløy –Eg har kjempeengasjerte og motiverte elevar, seier Bente Iren Vonheim. Saman med ungdomsbedrifter på restaurantog matfag har ho opplevd suksess på fylkesmessa tre år på rad. Tekst | Martine Hatlem Foto | Caroline Skarstein Bente Iren Vonheim er lærar ved Måløy vidaregåande skule, der ho underviser på restaurant- og matfag både første og andre året. Hennar rolle er å etablere ungdomsbedrifter saman med dei forskjellege klassane. Dette er noko ho trives veldig godt med, og satsar høgt på. Dei siste tre åra har bedrifter frå Måløy gått vidare frå fylkesmessa for ungdomsbedrifter til NM. Vonheim er svært stolt over elevane sine og gjev dei all skryten. – Dei blir veldig engasjerte og tente på forretningsidèane sine, derfor meinar eg at det er
elevane som skal ha kreditt for det dei gjer. Dei står på og jobbar både i og utanom skuletida. Kjempeengasjerte og motiverte elevar, smiler Vonheim.
To bedrifter På restaurant og matfag på Måløy Vgs driv klassane ungdomsbedrift både første og andre året. Dei startar med bedrifta så fort som mogleg når skuleåret er starta og driv bedriftene til skuleslutt. Første året er dei litt på leit, for å finne ut kva som fungerar og korleis det er å ha bedrift. Andre året er meir seriøst, då veit ein meir kva ting går i, når ein byrjar på andre vidaregåande. Kyst UB, førsteklassen si bedrift, driv med varm røyking av laks og aure, der dei jobbar med ulike nye smakskombinasjonar. - Ein spennande ide, seier Vonheim. Havsmak UB, som er bedrifta til andre klassen driv i år matspalta til lokalavisa, Fjordenes Tidende. Kvar fredag leverar elevane ein rett som dei har utvikla, testa, skrive ned og fotografert. – Vi produserar gode oppskrifter som andre kan bruke slik dei vil, seier Kristoffer Loftnes, marknadsansvarleg for ungdomsbedrifta Havsmak UB.
«Utruleg god» Elevar ved 2vgs restaurant- og matfaglinja, Havsmak UB, på Måløy Vgs, er svært nøgde med læraren sin. – Utan Bente som lærar/veiledar hadde vi aldri klart oss så godt som vi gjer no. Ho er ein utruleg god lærar som verkeleg er inne i jobben sin og vil det beste for oss alle, seier Loftnes. Grunnen til at Vonheim starta prosjektet med ungdomsbedrift var at ho tok eit studie i Sogndal som heitte prosjekt til fordjuping (PTF), ei av oppgåvene ho fekk der var å starte ei ungdomsbedrift. Ho syntes dette var så kjekt at ho ikkje kunne slutte med det. Derfor har Måløy ungdomsbedrifter både første og andre året på restaurant- og matfaglinja.
Høge ambisjonar SukSeSS: Bente Iren Vonheim har suksess med ungdomsbedriftene sine på Måløy vidaregåande.
På Måløy vidaregåande er det ikkje noko problem med å halde motivasjonen ved like. – Eg har opplevd at elevane må bremsast
litt, nokre gongar blir dei nemleg litt for ivrige og har litt store ambisjonar. Rolla mi i dei situasjonane er å bremse dei, sei i frå om at ting må gjerast skikkeleg, vi må ikkje gape så høgt. Det er heller den vegen, enn at elevane er demotiverte. Sjølv om Vonheim har vore “læraren bak” suksessbedriftene, er ho ikkje den som tek æren for prestasjonane. – Eg trur ikkje mi erfaring spelar så stor rolle, seier Vonheim beskjedent. – Eg trur produktet dei står for gjer at dei når så høgt. Elevane er så stolte av det dei driv med, legg ho til.
Motiverte elevar – Eg har utruleg motiverte elevar. Det gjer at eg får lyst å fortsette med ungdomsbedrifter. Det er ei annan form for undervisning, til tider er det litt krevjande, men samtidig gjev dei ulike opplevingane så mykje tilbake. Ein kjem også innpå elevane på ein heilt anna måte i for eksempel konkurranse, ein ser nye sider ved dei. Det synest eg er veldig kjekt. Læringsprosessen og utviklinga elevane har, er også noko som gjer meg stolt.
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
7
InspIrator: Bente Iren Vonheim får ros av elevane for sitt store engasjement for bedrifter. Frå venstre: Kristoffer F. Kvalheim, Birk Christensen, Ragnhild Tyttingvåg, Bente Iren Vonheim, Andrea Årevik, Katrin Skogli, Kristoffer Loftnes
– Kva er nøkkelen til suksessen i Måløy? – Eg kan ikkje fortelje hemmeligheita, ler Vonheim. – Det er først og fremst elevane som skal ha kreditt for det dei gjer. Det er dei som står på og jobbar utanom skuletid, er kjempeengasjerte og motiverte, slår ho fast.
Lokale råvarer Vonheim trur imidlertid at noko av grunnen til at bedriftene fra Måløy når så langt kvart år, er fordi dei har stort fokus på dei lokale råvarene, som til dømes røkt laks, aure, tørka fisk og liknande produkt. Bedriftene serverar også mat på ulike lokale arrangement som skaldyrfestivalen, heim i haust, julemesse, malakoff rockfestival, i tillegg lagar og arrangerar dei sjølv gourmetmiddagar på kraftstasjonen restaurant. Kraftstasjonen er ein restaurant bedriftene får leige til sin disposisjon no og då. – Eg trur at lokalt alltid når langt i konkurranse, ein blir patriotiske ovanfor sitt
eige produkt, det er litt av “deg sjølv” i det på ein måte, seier Vonheim. Eit stort fokus på ungdomsbedriftene i Måløy kvart år, har nemleg vore at det skal vere basert på noko lokalt. Kanskje er det her nøkkelen til suksess ligg gøymt, saman med ein dyktig lærar og motiverte elevar – Ungdomsbedrift er noko eg kjem til å fortsette med i lang tid, smiler Vonheim breidt.
Det er elevane som skal ha kreditt for det dei gjer. Bente Iten VonHeIM, lærar ved Måløy vidaregåande skule
UE får 2,7 mill. Fylkeskommunen nær doblar løyvinga til Ungt Entreprenørskap fram til 2014. Avtalen skal støtte opp om det viktige arbeidet med entreprenørskap i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule. Fylkesrådmann Jan Øhlckers og dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap, Holger Aasen, signerte avtalen 10. januar. – Satsinga på entreprenørskap i skulen er viktig for fylkeskommunen. Sogn og Fjordane er komne langt i dette arbeidet – mykje takka vere Ungt Entreprenørskap. Vi vert lagt merke til i landssamanheng. Det er kjekt at vi no får på plass ein avtale som sikrar ei vidare langsiktig satsing, seier Øhlckers. Dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane, Holger Aasen, er einig i at avtalen bidreg til å sikre stabile rammer og godt grunnlag for vidare samarbeidet. Avtalen gjeld i perioden 2012–2014.
8|
INSPIRE 2012
REISE og ENTREPRENØRSKAP: I USA var besøket hos CNN eit av høgdpunkta.
Til
Foto: Eivind Husabø
for å lære
I oktober i fjor reiste fire norske elevar saman med lærar Øystein Garfors frå Flora vidaregåande skule og Eivind Husabø frå UE Sogn og Fjordane, til USA for å lære om sosialt og internasjonalt entreprenørskap. Tekst | Rune Stølen Der skulle dei få oppleve korleis det er å bu i ein typisk amerikansk familie, og lære om entreprenørskap og innovativ idéutvikling. Målet med turen var å skaffe internasjonale kontaktar og lære å samarbeide med ulike nasjonalitetar. – Vi var kjempespente på kva vi skulle oppleve! Vi håpte vi skulle få eit lærerikt opphald der vi kunne utvikle våre evner innanfor entreprenørskap og skaffe oss nye kontaktar. Så var vi jo også sjølvsagt veldig spente på å få oppleve USA, fortel ei engasjert Silje Bråstad frå Sogndal vidaregåande skule.
Stor oppleving To elevar frå programområdet medium og kommunikasjon ved Sogndal vgs, og to elevar frå studiespesialiserande ved Flora vgs, reiste til møtes med elevane frå Kalundborg Gymnasium i Danmark og Riverwood High School i Atlanta, Georgia. I den amerikanske byen Atlanta skulle dei tilbringe dei neste fem dagane saman, der dei skulle øve på aktivitetar som gjekk på idéutvikling og kreativ tenking, besøke lokale attraksjonar og få ei innføring i internasjonal marknadsføring. Siste natta fekk dei overnatte hos ein amerikansk familie og vere med på skulen dagen etterpå. – Det var ei veldig stor oppleving, og vi fekk sjå dei klare forskjellane mellom Noreg og USA. Skulle gjerne ønske det heile varte litt lengre for å få lære endå meir. Eg tenkjer at ein får oppleve kulturen på ein heilt annan måte når ein reiser på eit slikt opplegg enn når ein reiser som turist, meiner Silje Bråstad. Her blir
ein kjend med folk som bur der og kan snakke med dei og få eit meir heilskapeleg inntrykk av korleis dei lever.
Besøk hos CNN – Når vi først var i USA, passa vi på å få med oss ein del attraksjonar, fortel rådgjevar Eivind Husabø. Medieelevane frå Sogndal hadde lagt inn eit ønske i opplegget om å besøke verdshovudkvarteret til CNN, som i tillegg til opplevinga si skuld var veldig relevant for jentene som lærer om slikt på skulen. På besøket fekk dei blant anna sjå på livesendingar der dei las opp nyheiter til heile verda. – Dette var veldig stort for oss som går på media, seier Silje Bråstad. – I tillegg til ein del moro hadde vi også lagt inn ein del faglege ting i programmet, som til dømes REAL-øvingar, legg Husabø til. Dei får litt fagleg påfyll på dette med bedriftsetablering og entreprenørskap, og på same tid anledning til å utvikle sine eigne idear.
Like bra år etter år Bakgrunnen for samarbeidet med USA er at Høgskulen i Sogn og Fjordane i lengre tid har hatt eit samarbeid med Georgia REAL. REAL står for Rural Entrepreneurship Through Action Learning og er eit pedagogisk verktøy, som vart utvikla av dei amerikanske professorane Paul DeLargy og Jonathan Sheer. Programmet vart omsett til norsk av Ivar Offerdal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det var Paul og Ivar som tok initiativet til den fyrste campen i Balestrand i 2008. Paul nærmar seg 84 år, men er fortsatt med på dei internasjonale en-
treprenørskapscampane og var med og hadde hovudansvar for campen i USA i fjor. – Meininga med desse campane er at vi lar ungdommar frå forskjellige land møtast for å utvikle forretningsidear med kvarandre. Vi miksar dei saman i grupper slik at dei forskjellige nasjonalitetane kjem fram, og elevane kan lære av kvarandre. Det er utruleg å sjå kva dei kjem fram til når så mange ulike kulturar og personlegdommar samarbeider om å skape ei betre framtid, fortel Eivind Husabø. – REAL-opplegget var så bra at vi gjerne ville gjere det fleire gongar, så kvart år sidan 2008 har vi reist på tur med elevar for å etablere nettverk og kontaktar rundt om i verda. I 2009 var vi i USA, i 2010 var Sverige og Polen med til Danmark, og i 2011 var vi tilbake i USA med dei tre opphavlege landa, legg han til.
Minner for livet – Det vi ønskte å oppnå med denne turen var jo å gje elevane ei opplevingspakke dei kan ta med seg vidare i livet, som dei kan sjå tilbake på og lære av. Blant anna at dei fekk bu hos ein amerikansk vertsfamilie og sjå korleis det verkeleg er å vere ung og bu i USA, er jo ikkje noko alle kan skryte av. Og så fekk dei jo ta seg ei skikkeleg shoppingrunde sidan vi først var på tur, fortel Husabø. – Etter turen sit eg igjen med mykje ny og brukbar kunnskap innan entreprenørskap, og ikkje minst mange nye venner og kontaktar. Eg har fått ein heilt unik sjanse til å oppleve USA som eg er veldig glad for at eg fekk. Det var absolutt ein minnerik tur som vil bli hugsa lenge, avsluttar Silje Bråstad.
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
9
Solidaritet til Malawi • Prosjekt Malawi UB vil hjelpe unge i Afrika – Vi vil at unge i Malawi skal få eit betre liv. Dei skal få utdanning, jobb og betre levevilkår, seier Elise Otnes. Ho er ein av elevane som jobbar i Prosjekt Malawi UB. TEKST OG FOTO | Simon Skjerven Eit av prosjekta dei driv med, er ei stipendordning, kor 26 elevar i Malawi får stipend, slik at dei kan gå på skule og bu på eit internat. Då er dei sikra tak over hovudet og mat kvar dag i eit år. Dette er elevar som er vanskelegstilte og ikkje har pengar til å gå på skule ellers. – For dei elevane som får stipend, er det veldig motiverande, i fjor kom faktisk sju av dei som fikk stipend inn på høgare utdanning, fortel Elise Otnes. – Distriktet som vi samarbeidar med, er faktisk på topp i landet når det gjeld høgare utdanning, legg ho til.
Hjelpe andre Stadig fleire engasjerer seg i sosialt entreprenørskap. For fleire ungdomsbedrifter har det å hjelpe andre i samfunnet blitt like viktig som å tene pengar. Nokon samlar inn pengar til ungdom i fattige land, andre hjelper funksjonshemma å få seg jobb. Sosialt entreprenørskap går ut på å skape innovative løysingar på sosiale problem i samfunnet. Her er medmenneskelighet og solidaritet viktigare enn rein profitt. Det er fleire store aktørar innan sosialt entreprenørskap, og Ungt Entreprenørskap har eit stadig større fokus på området. Ein av ungdomsbedriftene som driv med sosialt entreprenørskap, er Prosjekt Malawi UB på Flora vidaregåande skule. – Det var hovedsakleg lærerane som kom på idèen, seier Sveinung Brandsøy, dagleg leiar i ungdomsbedrifta. Han blei valt til stillinga etter at han, saman med fleire andre elevar, stilte til val til styret i bedrifta. – Kven som helst på skulen kan
vere med, her er det berre å stille, fortel han.
Alternativ til OD Ungdomsbedrifta driv Malawiprosjektet på Flora vidaregåande skule, som er eit solidaritetsprosjekt på lik linje med Operasjon Dagsverk. Forskjellen er at Malawiprosjektet ikkje er nasjonalt, det er kun Flora som driv med det. – Elevane følte at OD ikkje fungerte, dei fekk ikkje sjå noko resultat eller innsikt i kva pengane eigentleg gjekk til. Difor starta vi med Malawi-prosjektet her på skulen, sier Sveinung. Målet med prosjektet er å samle inn pengar for å hjelpe ungdom som har det vanskelig i Malawi. Skulen held god og jamn kontakt med eit distrikt i Malawi som fungerer som vennskapskommune for Flora kommune. Ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi UB sender ein kontaktperson til Malawi, og utvalde elevar får være med å besøke Malawi for å sjå korleis dei har det og kva pengane går til. Nett som OD-dagen, har Malawi-prosjektet ein aksjonsdag kor elevane jobbar istadenfor å gå på skule. Alle inntekter går til til Malawi. Dei arrangerer ein internasjonal dag i forkant av aksjonsdagen for at elevane skal sjå kvifor dei jobbar og kva pengane skal gå til. På denne dagen har dei ein kulturell kveld med dansegrupper, filmar og andre innslag, for å vekke interesse hos elevane, slik at dei blir meir intereserte i å delta.
Vennskap Prosjektet styrkjer også vennskapet mellom Malawi og Noreg. Dei to landa lærer av kvarandre og hjelper kvarandre til å bli bedre og forstå verda meir. For sjølv om vi er ulike, er vi kanskje også ganske like. Prosjekt Malawi UB og andre liknande prosjekt er i alle fall til stor hjelp for svært mange.
MALAWI • Vert kalla «Afrikas varme hjerte». • Ca 13. mill. innbygjarar • Eit av verdens minst utvikla land.
EIGE OD-OPPLEGG:– Elevane ved Flora vidaregåande skule opplevde at Operasjon Dagsverk fungerte dårleg for dei. Difor starta vi eit solidaritetsprosjekt med ungdom i det afrikanske landet Malawi, fortel Sveinung Brandsøy (t.h.), dagleg leiar i Prosjekt Malawi UB. Elise Otnes (t.v.) er også aktiv i ungdomsbedrifta.
Sogn og Fjordane Avistrykk AS er fylkets største trykkeri og trykkjer fast avisene Firda, Firdaposten, Sogn Avis, Ytre Sogn Avis og Nordhordland. I tillegg tilbyr vi trykk av eksterne aviser.
TRYKK i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Avistrykk tilbyr: • Trykk av aviser og avismagasin i ulike format, sidetall og papirkvalitetar.
• Avistrykk i følgjande format: Magasin (beskore format), tabloid og fullformat.
• Effektive pakke- og distribusjonsløysingar tilpassa dine behov.
• Mottak av sider via internett, eller eigen WebCourier-løysing.
Ta kontakt for meir informasjon! www.sofatrykk.no tlf.: 57 83 34 34 / mob.: 951 98 508 Sogn og Fjordane Avistrykk pb 160, 6801 Førde
10 |
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
Beste fylket på jobbsø Ein av fem vidaregåande elevar i Sogn og Fjordane har teke jobbsøkarkurset «Frå utdanning til jobb». Ingen andre fylke har så god oppslutning.
Det handlar om å gjere ungdom klar over sine verdiar og haldningar...
Tekst | Mariell Buttedal Myklebust Foto | Sparebanken Sogn og Fj. Hittil i år har om lag 1300 ungdommar i Sogn og Fjordane delteke på todagarsprogrammet "Frå utdanning til jobb", som Ungt Entreprenørskap står bak. – Det er vel eigentleg rekord i heile landet, seier kurshaldar Cecilie Øvrebotten. Når eg spør ho kva dette kurset går ut på, svarar ho følgjande: – I grove trekk handlar det om å gjere ungdom klar over sine verdiar og haldningar, samstundes som vi vil prøve å klargjere dei for jobbsøking. Kollega av Cecilie og kurshaldar Magnus Vie, supplerer med at dei viser korleis ein kan finne ledige stillingar, få innsikt i eigen kompetanse, samt lage CV, annonsesøknad og førebu jobbintervju. – For ein del av elevane er jobbsøking framleis eit stykke fram i tid, men kurset er nyttig uansett, med tanke på karriereval etter skulen, forklarar Magnus Vie.
Lærerikt Cecilie Øvrebotten har inntrykk av at elevane synest det er veldig lærerikt å vere med på dette programmet. Erfaringane til Magnus Vie byggjer opp under dette. – Vi har fått ein del tilbakemeldingar frå elevar som synest kurset har vore gjevande og nyttig. Det er klart, programmet er krevjande å gjennomføre for oss som arbeider mykje med det, men det gjev utruleg mykje tilbake og ein får ein veldig god kontakt med mange av elevane. Så er det jo litt gjensidig, eg sjølv lærer jo litt heile tida òg. Det er kjekt å formidle vidare det ein sjølv har erfart. Programmet er ikkje nytt i år, men oppslutninga har auka berre meir og meir for kvart år. – Frå forfjor til i fjor auka det veldig mykje, og no har det auka endå meir, så det har vore ein utruleg vekst, seier Magnus Vie. – Eg trur det at erfaringa til
CECILIE ØVREBOTTEN, kurshaldar «Frå utdanning til jobb»
POSITIVE TILBAKEMELDINGAR: Kurshaldar Magnus Vie har god kontakt med elevane under kurset.
skulane har vore positive og gode tilbakemeldingar, kan forklare oppslutninga. I tillegg er det viktig at samspelet fungerer, både mellom Ungt Entreprenørskap, skulane og banken, legg han til. – Så skulane som har delteke har vore fornøgde og så har dei meldt seg på på nytt? – Ja, det stemmer og så har det vel vore ein form for smitteeffekt mellom skulane òg, seier Cecilie Øvrebotten.
Felles verdiar – Kva er dykkar rolle i prosjektet? – Å bruke vår eiga erfaring frå arbeidslivet, til å formidle det vi kan. Vi rekrutterer jo mykje folk, så vi er på ein måte næringslivet sine formidlarar på kva næringslivet ynskjer, kva dei er på jakt etter. Sparebanken er ein av sponsorane til opplegget, så det er difor vi er med så mykje som vi er, fortel Vie. I alle andre fylker er det bemanningsselskapet «Manpower» som køyrer programmet. Sidan Sogn og Fjordane ikkje har Man-
power, er det Sparebanken som har fått ansvar for gjennomkøyringa i vårt fylke. – Men vi ser jo på det som kjempeviktig òg, det er jo dei unge som er framtida til fylket og det bygger opp under banken sin visjon om å vere ei drivkraft i fylket. Og mange av dei verdiane som Ungt Entreprenørskap har, er dei same som banken òg har, så vi kjenner oss godt igjen. Som sponsor er strategien vår at vi skal sponse lag og organisasjonar som satsar på barn og unge i deira langsiktige arbeid, og det er jo absolutt noko UE gjer, legg Øvrebotten til.
Unge draumar Dei to likar å jobbe med elevar i vidaregåande skule. – Det er jo masse flott ungdom då, som har litt draumar og litt fantasiar nærmast – og kanskje dei kan leve dei ut. Ein av dei er Jantsen Øverås. Han er elev ved Øyrane vidaregåande skule i Førde, og har sjølv
delteke på programmet. – Det var veldig interessant å vere med på kurset. Vi lærte mykje om kor viktig det er å ha kontaktar rundt oss, som vennar, familie osv. og kor mykje dei påverkar oss. Så lærte vi mellom anna korleis vi skal skrive søknad og CV, på ein korrekt måte. – Trur du at du kjem til å få nytte av det du lærte på kurset seinare? – Ja, når eg skal finne meg jobb og søkje om læreplass kan dette vere nyttig. Eg visste ikkje heilt kva vi gjekk til, vi fekk eigentleg berre beskjed på førehand om å møte opp, og at det var knytt til skulearbeidet, men det var absolutt greitt å få med seg, fastslår Jantsen.
Skape entusiasme Tilbake på eit konferanserom i banken sit framleis Cecilie Øvrebotten og Magnus Vie. Dei pratar om kva som kan gjerast for at ungdommen blir betre kjend med næringslivet i fylket.
økarkurs
FØREBUR UNGDOMMEN PÅ ARBEIDSLIVET: kurshaldar Magnus Vie guidar vidaregåandeelevar gjennom kurset "Frå utdanning til jobb".
– Vi prøver til dømes å ta inn elevar både frå ungdomsskuletrinnet og vidaregåande for å vise dei litt kva vi gjer i banken, fortel Vie – Karrieremesser er òg noko som absolutt kan brukast meir, meinar Øvrebotten. – Det å få ungdommen tilbake til fylket er jo ein viktig del av det vi driv med. Vi plar avslutte kurset med ein liten
videosnutt, om vi får tid til det, der ein mellom anna syner kva som blir skapt her i fylket, for å skape litt entusiasme blant ungdommane. Men det er fokus på at; reis gjerne ut og skaff deg ei utdanning og få litt erfaring, men hugs på at det finst mange moglegheiter her i vårt nærområde òg. Her er mange spennande jobbar, avsluttar dei to engasjerte kurshaldarane.
Gyngehesten | Leikebutikken Yes | Førde Libris | Bunnpris | Rema 1000 | Fastfrilans | Førde Multimedia Torg | Mobildata | Gullsmed & Urmaker H. Brændmo & J. Pettersen | Audhild Viken | Jernia Førde | Kid Interiør | Sybutikken | Ting | Olefine – Naustdal Dampbakeri | Spiseriet | Bik Bok | Carlings | Chatlet Sport 1 Førde | Cubus | Dressmann | Jakt & Fritid | Lindex | Mozart | Non Stop Sko | Smia dame | Smia herre | Skoringen | Vivikes | Centrum Salong | Parfymelle | Non Stop Sko |
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
11
–shopping for deg! ...og deg
...og deg
...og deg
...og deg
...og deg
...og deg
...og deg ...og deg
...og deg
Vi har spennande butikkar for deg
som set pris på triveleg handel i eit godt miljø. Ta turen innom oss i Førde, eller hald deg oppdatert på vår innhaldsrike
Facebook-side. Velkommen til oss på Førde Torg & Elevgården! Skann QR-koden
...og følg oss på
Opningstider: 10-20 (10-16)
– for mange gode tilbod!
12 |
INSPIRE 2012
Vinnarar: Vinnarlaget frå Nordfjord med Lewinsen Svarimutho, Berit Myklebust, Stine Sandbakk og Christian Frantzen.
Lærer om fornybar energi • Gründercamp for ungdom frå heile fylket Det heile starta for tre år sidan i Førde. Etter dette har den årlege gründercampen i Sogn og Fjordane berre vakse. TEkST | Astrid Marie Årdal FoTo | Eivind Husabø Enova, som er eit statsforetak for miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon, har gått inn i eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap over heile landet. Gjennom dette vil dei få ungdommar meir interesserte i fornybar energi. Dei vil oppmuntre gjennom at ungdommane får jobbe med oppgåver knytt til temaet, og får finne opp nye ting på eigenhand. Gründercamp er ein måte å nå ungdomen på, i staden for at dei skal sitje og høyre på foredrag, etter foredrag. Enova skal støtte opp under bedrifter, eller privatpersonar som gjer tiltak for å spare energi. Difor er dei med på å finansiere campane rundt om kring i landet.
150 elevar engasjert Over 2900 elevar frå heile landet har delteke på lokale Enova gründercampar i 2011. Sogn og Fjordane er veldig interessert i å fokusere meir på fornybar energi og Eivind Husabø tykkjer det er veldig viktig at fylket er med på dette. I år var det tre forskjellige campar rundt i Sogn og Fjordane. I Førde var det Eivind Husabø som hadde ansvaret, mens i Sogndal og på Sandane var det arbeidslivskontaktane Atle Nedrelo og Magne Larsen som var sjefar. Det var 150 elevar med, frå åtte forskjellige skular rundt om kring i fylket. – Vi begynte i det små med ein liten camp
i Førde, for tre år sidan. Etter det har det berre vakse, og det har vore ein kjempeoppslutning dei siste åra, fortel rådgjevar i UE Sogn og Fjordane, Eivind Husabø. Han fortel også at Sunnfjord Energi, Sogn og Fjordane Energi og Sognekraft hjelper veldig mykje for å få arrangementet i hamn, både med ressursar i form av økonomisk støtte og personell.
Miksa lag Det som skil Sogn og Fjordane frå andre fylke, er at det blir sett saman lag frå både studiespesialiserande og yrkesfag, noko som dei andre fylka ikkje gjer. – Den viktigaste målgruppa vår er jo dei som tar studiespesialiserande med vekt på matte, kjemi og naturfag på Hafstad. Men vi vil også ha med dei som skal bygge og montere desse komponentane i heimane, altså dei som går elektro og dei som skal bli rørleggarar, fortel Eivind Husabø engasjert. På campen miksar dei elevar frå forskjellige skular og programområde og med det får dei dobbel effekt. Elevane har ulik kompetanse, og dermed kan dei lære av kvarandre.
Brukte solenergi Til slutt presenterte laga ideane sine over videokonferanse. Laget som vant i år var ein miks mellom skulane Firda, Eid og Stryn vgs. Oppgåva denne gongen var å finne ein bygningskomponent i ditt hus som kan hjelpe til med å spare straum. Elevane Berit Myklebust, Lewinsen Svarimutho, Christian Frantzen og Stine Sandbakk, som var på vinnarlaget, kom på ideen om persienner med solceller. I slutten av januar reiste dei fire elevane på
innSPEL: Ungdomane får innspel frå vaksne.
iVriGE DELTaKarar: Framtidas håpefulle gründerar fulgte godt med.
laget frå Nordfjord, til Trondheim. Der konkurrerte dei mot 34 andre lag. Dei kom ikkje til finalen, men hadde stor nytte av deltakinga uansett. – Dei gjorde ein god innsats, og elevane hadde stort utbytte av campen. Dei fekk innblikk i mange nye karriere-vegar og har fått ein god del kunnskap om temaet fornybar energi, fortel Jørn Helgheim, som var med til Trondheim på vegne av Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane.
Samarbeid på tvers i Sunnfjord Sunnfjord Næringsutvikling har gode samarbeidspartnarar i mange kommunar. Dei jobbar målretta for å oppnå større næringsaktivitet og turisme i Sunnfjord. Bjørg Kjos Wenjum er nytilsett i stillinga som rådgjevar. TeKST/foTo | Marita Solheim Wenjum har eit sterkt ønskje om finne potensielle gründerar og etablere mange nye bedrifter i nærområdet. – Det er mange store prosjekt og nye bedrifter som er på god veg framover, seier Bjørg.– I Sunnfjord Næringsutvikling gjer vi sjølvsagt det vi kan for å hjelpe bedriftene på vegen. Heilt til dei klarer å stå på eigne bein, fortel Wenjum. – For å trekke fleire turistar til Sunnfjord må vi vere meir synlege. Spesielt på internett. Det er viktig å vise seg ved god marknadsføring. Gode rabattar er og så eit stort pluss, seier ho.
Interkommunalt samarbeid – Vi har gode samarbeidsavtalar med Gaular, Naustdal, Jølster og Førde. Det er viktig å kunne jobbe på tvers av kommunegrensene. Turistane veit nemleg ikkje den eksakte inndelinga av kommunar og det er derfor svært
nyskaping og stiller opp der dei viktig at vi klarer å samarveit at dei beide bra, hevdar Kjos kan bidra med noko. Bjørg påWenjum. peikar spesielt at det er veldig vik– Kvar i Sunnfjord er tig med ung skaparglede. det størst næringsaktiv– Ungt Entreprenørskap er eit itet i forhold til folketal? veldig bra tiltak. Ungdommane – Godt spørsmål, seier lærer enormt mykje av å Bjørg og tenkjer seg om. jobbe på denne måten. Det er – Det er litt vanskeleg ikkje sikkert at ein oppdagar kor å svare på det. Det er stor nytte ein har av det mange kommunar som før seinare i livet. Då kjem heilt har eit veldig godt samarbeid på tvers av kom- NYTILSETT RÅDGJEVAR: Bjørg sikkert dei fleste til å hugse ungmunegrensene, fortel ho. Kjos Wenjum er nytilsett i Sunn- domsbedrifta som ein av dei aller Bjørg har stor tru på fjord Næringsutvikling, og synest at beste erfaringane i løpet av utdanho h ar f ått ein d raumejobb. ninga, meinar Kjos Wenjum. at dette interkommunale samarbeidet er veldig Bakgrunn frå reiseliv nyttig, og det er tydeleg at ho er stolt over det dei har fått til så langt. Alle desse kommunane Bjørg Kjos Wenjum starta som rådgjevar i Suner svært gode på aktivitetar i næringsmiljøet. nfjord Næringsutvikling 1. desember i fjor. Alle som satsar, er flinke, slår ho fast. Hennar oppgåve handlar hovudsakleg om reiselivsutvikling og reiselivsbedrifter. Gode rådgjevarar – Det var utrulig kjekt å begynne i Sunnfjord Næringsutvikling. Eg vart veldig godt motSunnfjord Næringsutvikling skal vere gode teken, og lærte enormt mykje på kort tid. rådgjevarar for folk som ønskje å starte opp Tidlegare har Bjørg vore sals- og eigne, nye bedrifter. Dei arrangerer derfor marknadssjef på Choice Hotel og Quality Hokurs for gründerar med høge ambisjonar. – Vi har eit ekstra stort fokus på å skape nye tel i Sogndal. Ho har jobba ein del med reisemål i Luster og Sogndal. Ho har også jobba bedrifter, legge til rette for at folk skal få mykje kunnskap og informasjon i oppstartsprosessen. som hotelldirektør på Skei Hotel over ein lang periode. Det er nemleg ikkje så enkelt, tilføyer ho. Ho fortel vidare at dei fokuserer spesielt på
Yaris Active
Active frå kr 192 300,-
Touch & Go Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon utan tillegg i prisen
YARIS. FØREBUDD PÅ DET SOM KJEM.
Verdi 9600,- inkl.
Toyota Førde AS Steinavegen 10, 6802 Førde Tlf: 57 72 10 00 - www.toyota-forde.no
14 |
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
Binderpunch-suksess For eitt år sidan fann 16 år gamle Rikard Bøe opp eit smart, lite hjelpemiddel. No har den vesle holemaskina, Binderpunch, blitt ein suksess. TEkST | Linn Marita Skiftesvik Høyvik FoTo | kristina Juklestad Rikard Kirkeeide Bøe har fått gjennomslag og god respons i marknaden med produktet Binderpunch. Så langt har han selt 2000 eksemplar. – Kva er Binderpunch? – Binderpunch er ei flat, lita holemaskin du kan henge rett inn i permen din. Du har dermed holemaskin tilgjengeleg når du treng det, uansett kvar du er, forklarar Bøe med eit smil.
Fekk god idé Rikard Bøe går no fyrste året på studiespesialiserande ved Stryn vidaregåande skule. Han fortel at det heile starta då han gjekk i 9. klasse og deltok på gründercamp der han fekk i oppgåve å løyse ei problemstilling. Gründercampen vart arrangert av Ungt Entreprenørskap som mellom anna har som mål å stimulere kreative prosessar, samarbeid og gruppeteknikk, trening i organisering og fordeling, og bevisstgjering om ulike presentasjonsteknikkar. Etter gründercampen valde han å gå vidare med konseptet om å kunne ha ei holemaskin hengande i permen. Han fortel at det ikkje var nokon enkel prosess, men at han med god hjelp og støtte frå det lokale næringslivet og næringshageskipnaden til slutt fekk i gang produksjon hos ein fabrikk i Kina. Han fekk ikkje etableringsstøtte frå Innovasjon Norge, så han måtte finansiere det heile med eigen kapital. Han har bygt opp merkevaren ved hjelp av profilering via eiga nettside og deltaking på messer. På Strynemessa selde han ut heile messebehaldninga på over 400 eksemplar, i løpet av den første av i alt tre messedagar. Han har også distributørar og utsalsstader rundt m i heile landet, samt studentbokhandlarane Fagbok og Studia.
krevjande og artig – Korleis er det å vere ung gründer? – Det er veldig kjekt og lærerikt. Å vere gründer glir ein mange moglegheiter og erfaringar. Dessverre kan det å vere ung nokre gonger gjere at ein blir mindre viktig i den store samanhengen. Gründerrolla kan somme gongar vere vanskeleg, krevjande og utfordrande, med det er samtidig inspirerande og artig. Det gir meistringskjensle og sjølvtillit
SMART NYSKAPING: Rikard Bøe med den vesle holemaskina, Blinderpunch.
når ein oppnår ting og får gjennomslag med det ein held på med. – Eg trivast veldig godt med å vere gründer, og eg vil absolutt oppfordre andre til det same. Det kan kanskje verke håplaust og lite realiserbart når ein er i oppstartsfasen. Men då er det viktig å ha trua på seg sjølv og det ein driv på med. Ikkje minst er det viktig å ha guts til å tole «nokre slag i bakhovet».
Etter skulearbeidet Arbeidet med merkevaren gjer han etter at
skulearbeidet er unnagjort. Han kan ikkje seie konkret kor mykje jobbing det blir på ei veke. – Eg jobbar når eg har tid og lyst, og når ting må fiksast, seier han. – Eigentleg har eg det i bakhovudet heile tida, så det gjer at det er vanskeleg å oppgi kor mange timar eg jobbar. Eg har eit godt apparat i ryggen, med dyktige fagfolk i eit aksjeselskap i Bergen som tar eg av alt det formelle. Det lettar litt på arbeidsoppgåvene, seier han.
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
Våre kunders suksess – vårt mål kunnskap og kompetanse er forutsetninger for å oppnå gode resultater. eWOs har en klar målsetting om å være en viktig bidragsyter for at våre kunder skal oppnå sine produksjonsmål. Gjennom tett samarbeid, rådgivning, produksjonsanalyser og benchmarking bidrar vi til å sette ambisiøse og oppnåelige mål i produksjonen på de enkelte lokaliteter.
Vårt mål er å oppleve våre kunders suksess – Knowledge makes the difference!
15
16 |
INSPIRE 2012
Vil engasjere unge med grøn teknologi – Eg ser at ein må ta eit ansvar, løfte og fortelje kva vi gjer før ungdommar flyttar til oslo eller Bergen for å ta utdannelse. Det er viktig at dei veit at det fins spennande og potensielle firma i heimfylket. TEkST: Caroline Skarstein | FoTo: Martine Hatlem Veksten rundt IKT og grøn IT er stor i Sogn og Fjordane. I Måløy er det ei veksande bedriftsklynge som har fokus på grøn IT. VideoNor, Seevia og Localhost er tre av selskapa i denne klynga som har høgt fokus på å tilby IT-tenester som er med på å redusere miljøforurensining. – Videokonferanse er ei god, innovativ teneste. I dag blir det brukt meir videokonferanse, samtidig som talet på bedriftreiser minkar. Dermed sparar vi miljøet for mykje reising fram og tilbake, seier Mikalsen. Han fortel vidare at han trur mange arbeidsplassar i framtida kjem til å vekse rundt nye typar digitale medium. Bedriftene i Måløy har også styre og tilsette som er veldig opptatt av å spare miljøet rundt oss. Derfor har alle selskapa prioritert å bli sertifisert som Miljøfyrtårn.
Spennande framtid – Eg trur vi kan tilføre og tilby noko nytt og spennande til ungdommen, vi ser i dag at ungdommen er interesserte og nysgjerrige på ny teknologi og dei muligheitene dei gjev. Denne herlege kombinasjonen trur eg kan få til noko spennande på sikt i forhold til prosjekt. Vi har lyst å løfte opp dette i ein tidleg fase, og kanskje bruke av dei ressursane som finst i Ungt Entreprenørskap. Jørn synest det er viktig med
Ungt Entreprenørskap i opplæring. Pen måten kan dei få dyrke fram den type ungdommar som har lyst å skape noko eige slik som han sjølv. – Vi treng flinke folk og vi veit at dei kjem frå skulen. Då er det kjempebra for oss at vi kan hente folk frå skulen så vel som å tilsette erfarne. Det er ein kombinasjon av det å ha vore der sjølv, kontra det å ha behov for flinke folk i framtida.
Samarbeid med UE Mikalsen kom i kontakt med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane då han busette seg i Måløy og fekk muligheit til å lære meir om denne opplæringa i skulen. Seinare fekk han tilbod om å halde eit innlegg på eit seminar for ungdomsbedrifts-leiarar i Gloppen. Der fortalte han om sine erfaringar som gründer. – Eg angra ikkje på at eg sa ja. Eg fekk ein god dialog med både elevar og leiarar på samlinga, vi la planar om eit vidare samarbeid fram i tid som eg er svært positiv til. Han har sjølv erfart frå si eiga skuletid at ein kan lukkast i arbeidslivet, sjølv om ein ikkje er teoretisk sterk. – Eg har mange andre etter meg som har feila sett i frå skulenivå, men gjort det fantastisk bra som gründerar. For det er ikkje sikkert alle tilpassar seg det systemet som finst der
ute, men kan vere flink til mange andre ting. Det å vere gründer kan fange opp mange andre eigenskapar som gjer at ein lykkast i ein anna setting, enn berre det reine faget. Jørn håper på å få til eit tettare samarbeid med Ungt Entreprenørskap, og få til ein gründercamp i Måløy der dei har nokon spennande prosjekt som kan vere potensielt å sette i gang saman med nokon engasjerte ungdommar.
Skape noko eige – Ein treng ikkje vere verdsmeister for å starte for seg sjølv. Det handlar kun om at du brenn og har lidenskap for det du vil starte. Jørn er ein vellukka gründer som har vore med å utvikla selskapa Seevia og VideoNor saman med Heidi Kopperud. Han har arbeida innanfor videofeltet i nærmare tretten år. No arbeider han for å løfte Seevia AS som eit eige selskap. – Det er eit fantastisk privilegium å få lov og vere med å skape noko som gründer. Det som gjer det så spesielt, er at ein må ha tru på seg sjølv, satse og jobbe for å utvikle noko nytt. Å vere gründer krev at ein kan utvikle og bruke sin kompetanse på mange område, som marknadsføring, administrasjon, leiing og forretningsdrift. Men det er ikkje noko ni til fire jobb for å sei det sånn, ler Mikalsen. – Entreprenørskap er ei herleg blanding mellom mykje arbeid, og det å tore å hoppe i det ukjente. Det handlar også om det å vere sin eigen herre og styre sin eigen kvardag. Eg vil tilrå alle som har «guts» og muligheit til å gjere noko slikt, å prøve det!
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
17
109,-
Løvsteiktallerken + 0,5l drikke
109,-
Firda for iPad, iPhone og iPod touch. No i App Store!
Fish’n chips + drikke Mandag- torsdag 07-23 Fredag 07-23, Luke 04 Lørdag 09.30-23, Luke 04 Søndag 10.30-23
Tradisjonelle dagens middag mandag-søndag «Prøv vår nye dagens middag, fredag og lørdag; Kyllingsnadder m/salat, pommes frites eller ris og kyllingsaus»
Spennande arbeidsplass i Førde Lotteri- og stiftelsestilsynet kontrollerer norske lotteri, pengespel og stiftelsar. Vi forvaltar også momskompensasjon til frivillige organisasjonar. Vi har jobbar for juristar, revisorar og økonomar, så vel som statsvitarar og sivilingeniørar/ingeniørar. I tillegg har vi folk som jobbar med IT-drift og programmering, og med informasjon og kommunikasjon.
18 |
INSPIRE 2012
UB-gjengen: Fjordane Bilpleie består av elevane på Vg2 Bilskade, lakk og karosseri ved Stryn vidaregåande skule. F.v. Henrik Drageset, Steffen Isene, Erlend Dale, Anton Solheim, Dan Robin Fluland, Mats Preben Nærland, Monika S Kolset, Espen Flugheim, Henrik Dragset, Rainer Kleive.
Polerer bilar for sal Fjordane Bilpleie UB er eit prakteksempel på samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv. Så kva meiner ungdomsbedrifta ved Stryn vidaregåande skule om arbeidet sjølv? TEkST | kristina Juklestad FoTo | Linn Marita Høyvik
Bilane står tett i den store arbeidshallen i Stryn, og ein skjønar fort at dette må vere hallen der Vg2 Bilskade, lakk og karosseri ved Stryn vidaregåande skule held til. Alle dei ti elevane er svært opptekne med å pusse og reparere på bilane, men ein av dei har tid til å slå av ein prat om ungdomsbedrifta dei har stifta dette skuleåret. Fjordane Bilpleie heiter ungdomsbedrifta, og dei tilbyr vask både utvendig og innvendig og ikkje minst polering av bilar for Stryn og lokalområda. Dagleg leiar Espen Flugeheim (22) fortel at dei har skaffa seg ein verdifull avtale med ein av bruktbilforhandlarane i Stryn, nemleg Toyota: – Vi vaskar og gjer bilane som dei skal selje klare til sal. Alt i alt har det blitt til at over halvparten av bilane vi har arbeidd med har kome frå Toyota, fortel han.
Vil til Tyskland Ungdomsbedriftleiaren fortel at det meste av arbeidet går føre seg i skuletida, der dei har fått mykje tid til å arbeide med oppdrag i ung-
domsbedrifta. Pengane dei tener har dei planar om skal gå til ei reise. – Målet vårt er å tene inn pengar til å reise på tur til Tyskland, men akkurat no ser det litt dårlig ut, seier Espen med eit smil. Erlend Dale som også jobbar i Fjordane Bilpleie, legg til at dei hittil har tent inn ca 10 000 kroner (tal frå 2. februar) og at turen vil vere fagrelatert. – Vi skal blant anna besøke bilfabrikkar, museum og liknande på studieturen, så vi håpar at turen blir noko av! – Men vi lærer og mykje om lakkering, noko som er viktig om vi skal bli lakkerarar og vi lærer også å bli meir seriøse for vi kan ikkje akkurat levere halvferdige arbeid, legg Flugheim til.
Lærer samarbeid Johanne Elisabett Sørdal som er leiar for Ungt entreprenørskap ved Stryn vidaregåande skule, trur at elevane har veldig godt utbytte av å ha ungdomsbedrift. – Dei lærer prosessen med å etablere og starte ei bedrift , om økonomi og om dei ulike rollene. Ikkje minst så lærer dei mykje om konfliktløysing og om samarbeid. Det å samarbeide direkte med næringslivet i lokalsamfunnet er også noko som ho ser på som svært positivt. – Vi vil gjerne at forretningsideen til ungdomsbedriftene skal vere innanfor kompetansemåla i læreplanen, men når dei klarer både å arbeide på skulen og å bruke næringslivet i Stryn er det jo svært positivt.
PUSSeR BILDØR: Aktiviteten er høg i arbeidshallen. Erlend Dale er i gang med å pusse ei bildør.
Målet vårt er å tene inn pengar til å reise på tur til Tyskland. ERLEND DALE, Fjorane Bilpleie UB
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
19
–Variert kvardag med havbruk og fiskeri • Gründer Alex Vassbotten har tru på næringa Det er eit vidt spekter av val du kan ta når du har tatt utdanning innan havbruks- og fiskerinæringa. Du kan jobbe med produksjon frå rogn til matfisk. TEkST | Torbjørn Frøysland Vi er ei næring som skal utvikle oss, det er ikkje statisk, men byrjinga på noko stort. Dei som tar utdanning i dag, får vere med på å bygge opp fiskeri og havbruk, til å vere ei viktig, spennande næring for Noreg Alex Vassbotten er bedriftseigar og entreprenør innan havbruk og fiskeri. Han er også ønska som samarbeidspartnar til Ungt Entreprenørskap. – Kvifor er samarbeid mellom skule og næringsliv viktig? – Vist ikkje vi får med ungdomane, så har vi ikkje framtid. Det er ungdommane som er framtida i alle samfunn. Bommar vi med ungdommane, bommar vi med vår eigen framtid, sler Vassbotten fast.
Ledige stillingar – Kva moglegheiter finst det i dag for ungdom som vil jobbe innanfor fiskeri og havbruk? – Det er veldig mykje, seier Alex Vassbotten engasjert. Då vi treff han, skal verksemda til å annonsere ledige stillingar. Vassbotten fortel at dei søkjer etter både ein mekanikar, ein operatør og ein driftsleiar. – Så då har vi tre felt med ein gong innanfor den næringa, som vi er ute etter. Det er veldig mykje spennande, veldig vidt felt, seier Vassbotten. – Kva ønskjer du å formidle til elevar og ungdom om entreprenørskap innan fiskeri og havbruk? – Eg vil seie at det er ei spennande næring, som har stor utvikling. Det er nest største næringa i Noreg, etter oljen. Det er ganske viktig. Når oljen tar slutt, så vil fiskeri og havbruk fortsatt vere der. Det er ei utruleg spennande næring der produkt blir selde til heile verda. Tar du utdanninga der, har du veldig mange val. Oppdrett og fiskeri er ikkje berre på båten, eller på anlegget. Det er mykje meir, som sal,
PÅ JOBB: Alex Vassbotten er innom kontoret sitt på Steinvik Fiskefarm AS i Eikefjorden.
innkjøp og produksjon av for. Alt skal ut i verda og heile verda er marknad.
Utfordringane – Er rekruttering til fiskeri og havbruk ei utfordring i dag? -Ja, det er ei kjempe utfordring at det er så få skuleplassar innan denne næringa i Sogn og Fjordane. Utdanninga i Sogndal på høgskulen vart lagt ned, så vi har ikkje noko utdanning på høgskulenivå lenger. Då er det vanskelig å rekruttere og vi har problem med å få nok folk til næringa. – Kva råd vil du gje til ungdom som ønsker å skape sin eigen arbeidsplass? – Du må vere fokusert. Så må du vere villig til å ofre all fritid, og då meinar eg all fritid, og det betyr ikkje Playstation, spel, eller fotball. Du må satse 110 %. Det er eigentleg det det handlar om for å lykkast i bedrift. Det, og å ha ein id og jobbe for den. – Det betyr arbeid, arbeid og hardt arbeid heile tida. Så må ein stole på ideen sin, og ta inn råd i frå andre. Dersom du meiner at du har ein ide, så må du stole på den og velje og køyre den fram, avsluttar gründeren og entreprenøren frå Eikefjord.
KVALITETSKONTROLL: Terese Havdal og Alex Vassbotten kontrollerar kvaliteten på fisken i oppdrettsannlegget.
FAKTA Alex Vassbotten sine engasjement: • Steinvik Fiskefarm AS • Havsterk AS • Aquadykk AS • Barlindbotten settefisk AS • Styreformann i Seaborn, Bergen
20 |
INsPIRE 2012
Eg hadde eit fantastisk team i ryggen, og kunne ikke klart det uten dei. Mette Eggesbø
FEKK PRAKSIS: Ein del av prisen var at Mette Eggesbø fikk følge ein bedriftsledar på jobb ein dag.
Kåra til beste seljar •Mette Eggesbø fekk pris på Fylkesmessa 2011 Mette Eggesbø (18) vann fjorårets pris som beste seljar på fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap. Ho har tidligare vore dagleg leiar for ungdomsbedrifta Fumè, og erfaringane derifra hadde noko å sei for at ho vann prisen.
–Eg fikk vere med på morgenmøte der vi snakka om økonomien 2011, og korleis dei skulle gjere det annerledes i 2012. Ho legg til at ho også fikk vere med til dei forskjellige bedriftene som høyrer til under Norgesgruppen, og der smakte dei på nye produkt, og kom med kommentarar angåande utseende i butikkane.
TEksT: Ana kleppe | Foto: Privat
Gode erfaringar
Å bli kåra til beste seljar på fylkesmessa var ikkje noko Mette Eggesbø hadde sett for seg. Ho fortel at når dommaren forklarte kvifor den som hadde vunne hadde gjort det så bra, var heile klassen sikker på at det var ho han snakka om. Men ho sjølv trudde det ikkje før navnet henna blei lest opp. –Eg trudde det ikkje før han faktisk leste opp navnet mitt, og fikk heilt sjokk når han gjorde det. Ho fortel vidare at ho vart så overraska ho ikkje kan hugse øyeblikket ho gjekk opp på scena og kva ho sa. Produktet ho solgte var Måløyburgeren, ein burger som inneheld mykje gode råvarer. Det at ho hadde eit så bra produkt å selje trur ho hadde mykje å sei for at ho vann, og at ho hadde tidligare erfaringar fra ungdomsbedrifta Fumè, men også at ho hadde eit fantastisk team i ryggen.
Mette og klassen henna dreiv ungdomsbedrifta Fumê UB gjennom 1.klasse på vidaregåande, året før ho vann prisen for beste seljar med Måløyburgeren. I ungdomsbedrifta Fumè solgte dei røykte delikatesser som laks og ørret. Pengane dei tjente inn gjekk til ein klassetur til Trondheim. Fumè UB vart fort kjend i nærmiljøet på grunn av den gode smaken og kvaliteten på produkta, og bedrifta tok av for alvor etter at dei hadde ei stand i Måløy der dei delte ut smaksprøvar. Mette seier at det å jobbe i ei ungdomsbedrift har lært ho veldig mykje. Ho seier ho har lært å ta ansvar for å få ting gjort, og ho har lært mykje om det å drive ei bedrift. – Eg var daglig ledar så eg fikk prøve meg på å snakke foran store forsamlingar, halde møter og rett og slett ha kontroll. Ho har også hatt foten innanfor økonomi, og å samarbeide med store bedrifter. –Klassen vår fikk også eit bedre samhold av å styre ei bedrift ilag, og at vi blei meir knytta vart sjølvsagt ein fordel. Fumè UB vann 2. plass i NM, og var den einaste 1.års bedrifta som var
Var med bedriftsleiar på jobb I tillegg til ein sjekk på 1500,- kr, var ein del av premien også å følge ein bedriftsledar ein dag på jobb. Mette fikk følge Marianne Øygaard Ribe ein dag på jobb, og tykte det var veldig lærerikt.
FEKK PRIS: Mette Eggesbø på scena då ho vann pris for beste seljar.
med i konkurransen. Desse erfaringane trur ho hadde innverkning på at ho vann prisen for beste seljar året etter. –Å drive ei ungdomsbedrift lærer deg å stå på eigne bein og tenke økonomisk. Så eg ser på denne erfaringa som ein stor fordel.
Framtidig yrke Etter Fumê UB og at ho vann prisen for beste seljar har ho fått i tankane og ein dag sjølv styre ei eiga bedrift. Før ho hadde vore med å lede ei ungdomsbedrift, og vunne pris som beste seljar hadde ho ikkje tenkt tanken på å jobbe med eit slikt yrke. –Men etter desse opplevingane fristar det meir å drive ei eiga bedrift i framtida, så ein skal ikkje sjå vekk ifra at ein gong iframtida vil det eksistere ei bedrift i mitt navn.
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
21
VELKOMMEN Den årlege fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane nærmar seg! Vi har med dette gleden av å invitere ungdoms- og studentbedrifter til ein spennande dag i Førdehuset 15. mars. Messa er open for publikum mellom kl. 13.00 og 16.00.
Velkomen til Førdehuset! - Kino og teater - Bibliotek - Idrett og symjing - Ulike arrangement og utstillingar Opningstider mån-fre: kl. 08.00-21.00 laurdag: kl. 09.00-18.00 søndag: kl. 12.30-21.00 Symjehallen og biblioteket har eigne opningstider
Følg oss på:
Førdehuset For meir info: www.sogn-og-fjordane.ue.no
Førdehuset, Angedalsvegen 5 Postboks 338 6802 Førde
www.fordehuset.no og på facebook!
57 72 19 00 kultur@forde.kommune.no
Kreativ ungdomsbedrift – klar for nye oppdrag! Mico Media UB tilbyr kreative og nytenkande medieprodukt innanfor
Foto Film Journalistikk Web Grafisk produksjon mm. Med konkurransedyktig pris og høg kvalitet ønskjer vi å dekkje behovet til bedrifter, organisasjonar og enkeltpersonar. Følg oss på Facebook Mico Media UB
22 |
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
INTEGRERING: Målet med "trimigrering" er å integrere innvandrarar i samfunnet på ein kjekk måte.
Integrerer ved å mosjonere Det er fullt køyr med trimming og sosialt samvere i ein gymsal i Florø, der Trimigrering UB held til. Dagleg leiar for ungdomsbedrifta, Eirik Åren, seier tilbodet hjelper innvandrarane inn i det norske samfunnet. TEkST: Ingrid B. Hage | Foto: Privat Det er ikkje alle innvandrerar som har like lett for å få nok mosjon inn i kvardagen. Dette ville elevane bak Trimigrering UB frå Flora vidaregåande skule gjere noko med. Difor har dei sett i gong eit tilbod for å gjere endringar på det stillesitjande livet til innvandrarane.
Vil integrere Det ungdomsbedrifta driv med ligg i namnet. Dei vil nemleg ikkje berre trimme innvandrerane, men òg få dei meir integrert i det norske samfunnet. Ved bruk av ballspel og leik, pratar alle som deltek i treningsøkta norsk saman og blir kjende med kvarandre. – Vi merkar at forholdet mellom oss og
• Ungdom trenar innvandrarar dei som deltek på treningane har fått ein meir avslappa tone. Dette kan jo ha innverknad på korleis forholdet deira med andre nordmenn er, og gjere det òg meir avslappa, seier dagleg leiar for Trimigrering UB, Eirik Årøen.
Fornøgd med tilbodet – Vi har ein time med trim kvar torsdag saman med innvandrarane, fortel Årøen. På denne timen får alle som vil, vere med å mosjonere. Tilbodet har blitt godt motteke av deltakerane. – Alle har vore veldig positive, og dei verkar fornøgde med det vi har å tilby. Ungdomsbedrifta har eit samarbeid med
DETTE ER TRIMIGRERING UB: • Bedrifta vart starta i fjor haust. • Dei som står bak ungdomsbedrifta er 3. klassingane på idrettslinja ved Flora vgs. • Det er tradisjon for 3. klassingane å ha denne typen ungdomsbedrift. • Målet med Trimigrering UB er å integrere innvandrarane i Florø ved å trimme.
Innvandrargruppa i Florø for å få i stad tilbodet. – Vi har eit veldig godt samarbeid. Ungdomsbedrifta tok tidleg kontakt med Innvandrargruppa for å setje i gong, sidan vi visste at det var aktuelt for oss å ha dette tilbodet , seier han.
Tradisjon Men årets Trimigrering UB er ikkje den fyrste ungdomsbedrifta som har trimma innvandrarar. – Det har blitt ein tradisjon for 3. klassingane på idrettslinja i Florø å ha desse treningsøktene med innvandrarane, seier Årøen. – Det har vore ein del arbeid med det, men det er mest no i perioden før Fylkesmessa for å gjere oss klare til den, fortel han. Tilbodet vart sett i gong tidleg i haust og skal halde fram til rundt påske. Årøen og resten av Trimigrering har kosa seg med å halde treningsøktene for innvandrarane. – Det har vore kjempekjekt heile vegen, avsluttar Årøen.
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
Glede på, og utanfor bana!
norsk countrytreff 11.-15. juli
DIPLOM: Deltakerane får diplom av elevane.
FOTBALL: Mosjonistane i gong med ballspel.
Hovudartist 2012
VINCE GILL
LAGSPEL: Deltakerane blir godt kjende med kvarandre.
Vi merkar at forholdet mellom oss og dei som deltek på treningane har fått ein meir avslappa tone. EIRIK ÅREN, dagleg leiar Trimigrering UB
For andre artistslepp og info: www.norskcountrytreff.no
23
24 |
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
ELEV OG LÆRAR: Nestleiar Målfrid og filmlærar Johnny Flaten saman under Grand Prix Lokal.
Mediaelevar streama MG Vi skrur tida tilbake til februar og MGP lokal i Florø: Det er nokre få timar før sending og rundt i festlokalet er ei gruppe ungdomar godt i gang med test av lyd, kamera og anna utstyr, som skal nyttast til å streame sendinga på internett til folket. Og oppdraget har ei ungdomsbedrift frå Sogndal. Tekst og foto: Marte Djupvik Det er ikkje noko tvil om kven som har kontrollen her. Ungdommane i kontrollrommet tar ansvar, godt hjelpt av filmlærar Johnny Flaten. Musikken strøymer inn høgtalarane, medan lyden av kamerafolka strøymer igjennom mikken til jentene som sit på kontrollrommet. – Vi er ei ungdomsbedrift frå Sogndal vidaregåande skule som tilbyr bedrifter gode produkt og tenester innan media. Vi lagar alt frå heimesider, logoar og flyers til arbeidet med å streame fylkestinget. Mediakompaniet UB består av 11 engasjerte elevar som går an-
dre året på medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule, fortel Målfrid Asheim Nummedal, som er nestleiar i ungdomsbedrifta. – Tidligare år har bedrifter vore oppdelt klassevis. I år tenkjer me nytt og har difor valt å mikse klassane. Mediakompaniet UB har elleve elevar frå to forskjellige klassar. Den andre bedrifta er KreativMedia UB. Det er fleire grunnar til at dei har valt å ha to bedrifter: – Lærarane er flinke til å ta imot oppdrag og vidareføre til oss. Men vi har også hatt ei knallgod marknadsføring, som har gjort at oppdraga renn inn, fortel Målfrid Asheim Nummedal og legg til at det er oppdrag både innanfor og utanfor fylkesgrensene. – Sjølve jobben gjer vi elevane, men me kvalitetssikrar alltid produkta våre av lærarar og publikum, understrekar ho.
Mange oppdrag – Det er både tidkrevjande og lærerikt, men samtidig får vi gode erfaringar. I løpet av desse månadane har vi gått gjennom ein krevjande
og lærerik prosess og gjeve oss erfaringar som vi kjem til å ha god nytte av seinare i livet og karrieren, trur ho. Mediakomaniet har allereie hatt ei rekkje oppdrag, både streaming for NRK og andre jobbar. – Streaming av MGP lokal er eit av dei største prosjekta me har og forventningane er derfor like så. På oppdraget i Florø er det høg aktivitet blant elevane frå Sogndal, der alle må vere med å bidra med ulike oppgåver, som teknikk, kamera, lyd og streaming. – Er det travelt å drive ungdomsbedrift? – Sidan vi får inn så mykje oppdrag, er det veldig tidkrevjande å drive ungdomsbedrift. I tillegg må vi kvalitetssikre produkta og sørgje for at kunden får det slik han ynskjer. Ved sida av bedrifta kjem vanlege skuledagar, fritidsaktivitetar og andre ting vi er med på. Men med ein strukturert kvardag og litt planlegging er ingenting umogleg å få ti, seier ein entusiastisk nestleiar.
Motiverande – Det som motiverer mest, er å sjå framgangen i bedrifta. Å oppleve at vi meistrar nye
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
25
Denne jobben har blant anna fått meg til og innsjå at eg likar å leie og å sjå framgangen i det vi gjer. Denne tida er noko av grunnen til at eg no vurderer BI i Bergen. Synne Asheim Haga, dagleg leiar Mediakompaniet UB
GP lokal for NRK arbeidsoppgåver og at det går i riktig retning. Det er også viktig at motivasjonen i gruppa held seg oppe, då det smittar over på andre og får alle til å jobbe enno hardare. Ein anna motivasjonsfaktor er sjølvsagt at vi tener pengar som vi til slutt skal bruke på Londontur. – Korleis har det vore å samarbeide med NRK? – Spennande og lærerikt! Det har vore mange interessante oppdrag vi har fått ilag med NRK, til dømes konsertar. Dette har vore veldig moro å vere med på! Det å få samarbeide med NRK er ein veldig positiv ting. Vi lærer korleis det faktisk er å streame, i staden for å sitte i eit klasserom og lese om det i ei bok. Det er heilt noko anna å gjere det ute i felten, enn å studere teori om korleis vi burde gjere det. Vi lærer av feila våre og får tett oppfølging gjennom oppdraga, noko som gjer at vi forbetrar oss for kvar gang. – På skulen lærer vi teorien, men i felten lærer vi direkte av streamingoppdraga, og det lærer me ikkje på skulen, forklarar Målfrid Asheim Nummedal. Som alle andre ungdomsbedrifter har dei fokus på å syne att på fyllkesmessa i mars
– Vi vil ikkje sei så mykje om strategien vår, men vi har eit spennande opplegg som vi gler oss til å gjennomføre. Mediakompaniet ynskjer å skilje seg ut og vi tenkjer derfor nyskapande. Vi har komme godt i gang med planlegginga og satsar på at dette blir ein flott dag.
Spesialisering? I byrjinga prøvde vi ikkje å spesialisere oss på spesifikke ting. Utover prosessen har me fått inn veldig mange streamingoppdrag som har gjort at vi kanskje er best på akkurat dette. Vi har veldig mange andre oppdrag også, som design av logo, kalendar, heimesider osv.
Streaming-oppdraga tek ikkje tid frå andre oppdrag ettersom desse oppdraga som oftast varar frå 1-3 dagar. Vi har derfor tid til å gjere mykje anna på same tid som elevar er ute og streamar, det er heller ikkje alltid alle er med. Som oftast 8-10 elevar. Mediakompaniet har ei rekkje oppdrag, og i tillegg nokre som er på veg inn. – Vi har også oppdragsgjevarar utanfor fylkesgrensa. Men for ordens skyld skal dette haldast konfidensielt og me gir derfor ikkje opp navn. Men vi kan seie at dette er spennande prosjekt som me gledar oss til å fortsette med! seier Målfrid Asheim Nummedal.
fakta | Mediakompaniet UB NOKRE SAMARbEidSPARtNARAR: • Uglum Maskin As • Bjarne Lerums bilmuseum • Høgskulen Sogn og Fjordane • Fylkeskommunen • Sogndal Fotball • Byggopp • Kulturhuset Sogndal • Difi
StREAMiNGOPPdRAG: • Konkurransen Legoleague • Julelutt i Førde • MGP i Florø • Stedje lutt • Fylkestinget • Foredrag på Høgskulen • Reiselivskonferanse i Loen
26 |
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ
entreprenørskap – frå barnehage til høgskule –Mange knyt Ungt Entreprenørskap til elev- og ungdomsbedrifter. Men dette er berre ein liten del av det vi i UE Sogn og Fjordane arbeider med, seier Eivind Husabø. TEkST/FoTo: Mariell Buttedal Myklebust –Faktisk har vi i Sogn og Fjordane ulike program som er tilpassa folk heilt ned i barnehagealder og opp til sisteårsstudentar på høgskulenivå, seier Eivind Husabø. –Vi har eit veldig breidt og godt programtilbod som er tilpassa dei ulike aldersstega, og vi har ein god progresjon, ved at programma blir meir avanserte og tyngre dess høgare ein kjem opp i alder. Eivind fortel om eitt av programma for dei minste, som vert kalla «Smart», der ein mellom anna nyttar ulike konkurransar for at ungane skal komme opp med nye idear. I tillegg syner dei borna kva moglegheiter som fins i lokalsamfunnet. –Dette er jo ganske enkle ting, men det gjev dei yngste litt forståing og innblikk i kva entreprenørskap dreier seg om. Etter kvart som ein vert eldre blir programma meir omfattande og gjev ei betre forståing av entreprenørverksemd. Til dømes tilbyr UE bedriftsverksemd i alle dei tre trinna av utdanningsløpet; elevbedrift i grunnskulen, ungdomsbedrift på vidaregåande og studentbedrift på høgskule og universitet.
Nasjonalt tilbod Ungt Entreprenørskap (UE) er ei stifting, som er representert i alle fylka over heile landet. Hovudkontoret ligg i Oslo (UE Norge), og det er her dei viktigaste avgjerdene vert tekne. Deretter er det opp til kvart fylke å avgjere kva for program ein vil fokusere på. –Eitt av måla til Ungt Entreprenørskap er å fremje skaparglede og la elevane gjennom heile utdanningsløpet få trua på seg sjølve og eigne idear – det handlar rett og slett om å sleppe ungdommen til. Eg føler òg at vi bidreg med å gje ungdommen kompetanse på område som skulen åleine ikkje kan gje dei, som det å starte eigne bedrifter og bruke ein heil dag på å vere kreative, slik vi er på
IHeILe UtDannIngsLØpet: Desse er tilsette i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, og har ulike ansvarsområde innan arbeid med entreprenørskap. Frå venstre: Jørn Helgheim (ansv. grunnskulesatsinga), Holger Aasen (dagleg leiar i UE Sogn og Fjordane. Ansvar for satsing på høgskule og universitet) og Eivind Husabø.
gründercampar. Der lærarar kanskje ikkje alltid torer, kjem UE inn og hjelper til med å ta steget ut og prøve ting i den verkelege verda. Haldningar er òg ein viktig faktor hos UE; det å tore å satse, ta ein liten risiko og fronte seg sjølv og eigne idear, fortel Eivind Husabø.
Variert arbeidskvardag Eivind Husabø har ansvar for den vidaregåande satsinga til Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Han fyl opp dei fjorten vidaregåande skulane i fylket, innanfor dei aktivitetane som Ungt Entreprenørskap tilbyr og har sett i gong på dei ulike skulane. –Eg har ein del motivasjonsarbeid, det vil seie at eg reiser rundt og prøver å motivere elevar og lærarar til å delta på våre program og tilbod. Og så fylgjer eg opp dei som takkar ja, fortel Husabø. I tillegg sørgjer han for at ungdomsbedriftene registrerar seg på riktig måte og at gjennomfører påkrevde rapportar, rekneskap og diverse anna. –Eg har òg hovudansvaret for fylkesmessa og deltek mellom anna i planleggingspros-
Fakta | oM Ungt entreprenØrskap • Ungt Entreprenørskap (UE) er ein landsomfattande organisasjon som i samspel med skuleverket, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og ungdom sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv. • Gjennom den europeiske organisasjonen JA-YE Europe samarbeider UE nært med sine
systerorganisasjonar i om lag 40 land i Europa. Ungt Entreprenørskap består av eit nasjonalt sekretariat (UE Norge) og 17 fylkesorganisasjonar. Organisasjonen vart etablert 21. oktober 1997 og tilbyr i dag program for heile utdanningsløpet. Alle programma blir gjennomført i samarbeid med lokalt næringsliv.
essen til ein del av programma Ungt Entreprenørskap tilbyr, til dømes «Frå utdanning til jobb» og gründercamp. Så registrerar eg all aktiviteten til UE i databasesystemet vårt, fortel han vidare.
Hindre fråflytting –Kva betyr det UE gjer for fylket? –Den jobben vi gjer fører til at ungdom i Sogn og Fjordane får sjå moglegheitene i sitt eige fylke. Vi viser dei at det er mogleg å få til noko i Sogn og Fjordane. Samstundes trur eg at det igjen medfører at kanskje nokre fleire blir verande - at kanskje nokre kjem attende til fylket når dei har vore i til dømes ein storby og fått seg ei utdanning, seier Husabø. –Eitt av måla er at ungdommen skal tenkje tilbake på den tida dei hadde i Ungt Entreprenørskap og tenkje at ja, kanskje eg skal prøve meg i heimfylket mitt - for det er faktisk mogleg å få til noko der, avsluttar Eivind med eit smil.
Mange prosjekt UE Sogn og Fjordane har mange prosjekt: • Jobbsøkarkurset «Frå utdanning til jobb» • Gründercamp i skulane • Enterprise without Borders • Elevbedrift, Ungdomsbedrift og Studentbedrift • Leiarkurs for bedriftene • Prosjekt «Vegval», mellom anna eit samarbeid med fiskeri- og havbruk og reiseliv.
INSPIRE 2012 – Messeavis for Ungt Entreprenørskap SFJ |
27
Tilb
TrafikkSkuleSenteret
od!
Vi tilbyr trafikkopplæring: •Klasse A1 Pris kr 1395 i enkeltrom/kr
•Klasse B
1145 pr pers i dobbeltrom
•Klasse A
KK-opphald med pangstart
•Trafikalt grunnkurs
-inkluderer, fullpensjon, møterom, kaffepauser
smothie
Ta kontakt for meir info!
S
Gjeld konferanser/ og kick-start på møte møter i
dvs. vitamin-shots og frukt
mai og august
TrafikkSkuleSenteret Eller kva med å legge inn ein avspenningspause
Fjellvegen 10, 6800 Førde
i Sunnfjord Spa?
Tlf: 57 82 38 88 • Mob: 950 23 888 e-post: post@trafikkskulesenteret.no
Anbudsplassen
Tlf: 57 83 40 00 Storehagen 2, 6800 Førde
Støtt Støtt e Førd Florø støttFørde.no StøttFørde.no
støttFlorø.no StøttFørde.no
StøttFørde og StøttFlorø er lokale startsider. Portalen gir deg gode tilbod frå lokale bedrifter, oversikt over lokale arrangement, mange nyttige linkar samt nyheiter frå Sogn og Fjordane og dei ferskaste nyheiter innan sport og kultur. Delar av annonseinntektene går i direkte støtte til lokale lag og organisasjonar.
Lokalandelen
Vekas Tilbodsaviser
i ngen n s y l p p Lokal o snar t! kjem
Nytt jeans merke på
Smia Dame
Førde Florø Nordfjordeid (Kommer i mars)
Følg Smia på facebook!