2
Fuglar og dyr rundt huset i skogen Jan Rabben
3
© Harpiks forlag 2023 Tekst og foto: Jan Rabben Formgjeving: Jan Rabben Fagkonsulent: Stein Byrkjeland Grafisk konsulent: Magne Langåker Papir: 150 g Galerie Art Silk Grafisk produksjon: Bokstav og Bilde as, Drammen Boka er trykt i Baltikum ISBN 978-82-690129-1-0 Framside: raudstrupe Side 1: kattugleungar Side 2: ekorn Til høgre: nøtteskrike Side 6: bokfink Side 288: raudstrupe 4
Innhald Forord .................................................................................. 7 Kattugla bak løa . ............................................................... 8 Fuglebadet ....................................................................... 24 To småkongar ................................................................. 34 Piggsvinungane i blomsterbedet ................................ 40 Meisefamilien ................................................................. 46 Spettmeis .......................................................................... 72 Stjertmeis på sauegjerdet ............................................. 80 Trekrypar ......................................................................... 86 Spettesmia . ...................................................................... 90 Spettevåren ...................................................................... 92 Kvitryggspett ................................................................. 100 Endå ein hakkespett .................................................... 108 Nøtteskrike .................................................................... 110 Nøttekråke ..................................................................... 120 Skjor og kråke ............................................................... 126 Ekorn .............................................................................. 130 Hjort ................................................................................ 140 Hare, smådyr og orm . ................................................ 142 Svartkvit flugesnappar ................................................ 148 Songarane ...................................................................... 150 Trastane .......................................................................... 156 Kristtorntrast . ............................................................... 170
Trastereir ved kjellardøra . ......................................... 172 Nedfallseple ................................................................... 174 Vintergjest frå nord ..................................................... 178 Linerle ............................................................................. 180 Rugde .............................................................................. 181 Tre anonyme skogsfuglar ........................................... 182 Raudstrupe .................................................................... 186 Ringdue .......................................................................... 194 Påskehegre ..................................................................... 198 Hauk ................................................................................ 200 Tre finkar ....................................................................... 212 Stillits .............................................................................. 220 Dompap ......................................................................... 222 Kjernebitar . ................................................................... 226 Krossnebb ...................................................................... 232 Sisik ................................................................................. 234 Fuglemat . ....................................................................... 240 Krangling i matfatet .................................................... 244 Fuglekasser .................................................................... 250 I flukt . ............................................................................. 256 Ekornsvev ...................................................................... 272 Takk – fotoutstyr – forfattaren ................................. 286 Artsregister og bestandsstorleikar ........................... 287
5
6
Forord Når dette blir skrive, har vi budd i huset i skogen på Stord i 23 år. Heile tida har eg vore frilans naturfoto graf, og sjølv om eg har jobba med ulike prosjekt som har omfatta store delar av Vestlandet, har eg sjølvsagt nytta sjansen til å fotografere dei fuglane og dyra som har dukka opp i skogkanten rundt heimebøen. Då pandemien slo til, og det meste stoppa opp, blei det til at eg konsentrerte meg om nærmiljøet for alvor. Resultatet er denne boka, der det mykje brukte ordet «kortreist» ikkje strekk til; «ureist» høver betre. 94 prosent av bileta er tekne mindre enn 100 meter frå huset, resten innanfor ein radius på 200 meter. Sidan eg begynte å interessere meg for fuglar på 1960-talet, har det skjedd store endringar i naturen. Opplevinga ved å gå ein tur i skogen, langs kysten, på fjellet eller i kulturlandskapet er ikkje den same no som den gongen. Det kan rett og slett vere vemodig å tenkje seg tilbake; nokon kallar det økosorg. At euro peiske fuglebestandar har minka med 600 millionar individ sidan 1980, er i høgste grad merkbart.
Naturkrisa vi er inne i, har i stor grad blitt overskugga av klimakrisa, men er minst like alvorleg. Det burde no vere viktigare enn nokon gong at vi blir kjende med medskapningane våre og lærer å verdsetje dei. Ikkje så reint få artar har minka dramatisk eller forsvunne, noko ein ikkje utan vidare legg merke til utan ein viss kunnskap. Eg håper denne boka kan vere til hjelp med akkurat dette, først og fremst ved å vise fram noko av det vi har i nærnaturen. Kapitla kan ha ulike vinklingar, men er stort sett ei blanding av opplevingar med fuglane og dyra rundt huset og større eller mindre dosar med naturkunn skap. I tillegg fortel eg litt om korleis eg har lagt til rette for gjestene med fôring, fuglebad og fuglekasser. Om nokon skulle lure på korleis enkelte bilete har blitt til, har eg teke med litt om fotograferinga òg. I fleire av kapitla har eg også lagt inn reine biletsider. Boka er tileigna dei tre barnebarna mine. Håpet er at dei slepp å oppleve at den negative utviklinga der naturen blir fattigare og fattigare, held fram.
Jan Rabben Stord 6. september 2023
Frå venstre: Amund, Magnus og Marius, påska 2023 7
Fuglebadet Ved fôringsplassen i skogkanten har eg laga eit lite fuglebad. På ein kvadratmeter som var nokolunde i vater, fjerna eg torva og grov vekk fem–seks centimeter med jord. Ein vasstett duk, nokre tynne steinheller, litt botnmudder frå ei skogstjørn, ein del mose og nokre mosegrodde einekvistar som var der frå før, var det som skulle til for å få ein liten naturleg utsjåande skogspytt. Det tok ikkje lang tid før fuglane nytta seg av tilbodet, anten ved å drikke, bade eller begge delar. Og eg fekk motiv. Her er det først 24
ei nøtteskrike og så ei spettmeis som plaskar i veg. Motiv er også Amund (t.h.) og Marius, som hjelper til med å fylle badet, noko som i tørre periodar må gjerast med jamne mellomrom. Til saman har eg registrert 24 fugleartar som har vore nedom dammen. Alle drikk, men ikkje alle badar. Kanskje har dei siste faste badeplassar og vil berre ha ein sup etter måltidet på fôrings plassen. Svært mange fuglar badar i samband med reinhald og fjørpuss. Vidare utover i kapitlet kjem døme på både drikking og bading, utan at alle dei 24 artane er med.
25
Her er det drikkegilde. Øvst til venstre ein kjernebitarhann, så ei spettmeis. Nedst ein bjørkefinkhann i haustdrakt. På neste side drikk først ei blåmeis, deretter ein dompaphann. Til slutt ein grønsisikhann (til venstre) og ein grønfinkhann.
26
27
To småkongar
Desse to småtassane har vi rundt oss heile året. Minst av dei er fuglekongen. Med ei vekt på knappe seks gram er han den minste fuglen i Europa. Den gule krona med svarte kantar gjer han lett å kjenne. Gjerdesmetten, ein liten brun fjørball med stjerten rett i vêret, må nøye seg med å vere ein av dei minste. På latin heiter fuglekongen Regulus regulus, som betyr «liten konge». Namnet har med hovudpryden å gjere, men har ifølgje eit gammalt eventyr eit anna opphav. I variantar av det same eventyret er gjerdesmetten hovudperson, og også han har vore kalla fuglekonge. Det handlar om då fuglane skulle velje til konge den av dei som kunne flyge høgast. Ørna såg ut til å vinne, men då ho ikkje makta å stige meir, kom ein liten blindpassasjer ut frå ryggfjørene hennar og flaug endå litt høgare. I éi utgåve av eventyret var begge dei to små med på ørneferda. Gjerdesmetten datt ned og braut stjerten, medan fuglekongen vann og fekk krone. Han burde vel eigentleg ha vore diska. 34
Fuglekongen er vanleg i barskog over det mes te av landet og blir også kalla furulus. I gode år har vi truleg opp mot 1,5 millionar par, men bestanden kan svinge kraftig. Dei små fuglane treng mykje energi og må dagleg ete om lag si eiga kroppsvekt i insekt og edderkoppar. Når vinterkvelden kjem, må dei ha lagt på seg ca. 1,5 gram for å overleve natta. Harde kulde periodar kan gjere store innhogg i bestanden. Mange dreg ut av landet om hausten, mel lom anna til Storbritannia, men dette er heller ikkje risikofritt for dei små skapningane. Gjen nomsnittsalderen er truleg på under eitt år for dei som veks opp og kjem seg på vengene. Det som bergar fuglekongen, er ei utruleg formeiringsevne. Para har gjerne to kull, og når hoa legg egg og rugar i reir nummer to, tek hannen seg av dei store ungane i det første. Slik kan dei få opptil 20 ungar på éin sommar. Egga i eit kull veg rundt 60 prosent meir enn hoa, som i tida før og under egglegging må ete to–tre gonger kroppsvekta si kvar dag. 35
Fuglekongen er lite sky, og det hender ein kjem nokså nær han. Oftast er det uråd å skilje hann og hoe, men særleg om våren kan dette vere lett – så sant vi ser hannen når han er opphissa. Når han kurtiserer ei hoe, syng eller blir utfordra av ein rival, spreier han ut den spektakulære raudoransje krona si. Ovanfor sit hoa litt gøymd bak hannen. Det er henne vi også ser til venstre. Ho har berre gult og svart på hovudet. Paret hadde nokså sikkert reir himmelhøgt oppe i nokre digre sitkagraner ved løa. Seint og tidleg høyrest kvar vår den tynne, litt mono tone songen der oppe frå. Toneleiet er så høgt at eldre personar ofte har problem med å høyre den fine kvitringa. Eg har aldri funne reir av fuglekonge, men det er minst like kunstferdig som det stjert meisa lagar, sjå sidene 80–82. Det er tilnærma kulerundt, med opning på toppen, og heng som ei korg på undersida av ei bartregrein. 36
Gjerdesmetten er vanleg i Sør-Noreg, men sparsam i innlandet og nordpå. Som fuglekongen er han både stand- og trekkfugl, men er berre knapt halvparten så talrik. Også gjerdesmetten er ille ute i harde kuldeperiodar. Vinteren 2009/2010 tok knekken på nesten alt som var av gjerdesmett på Vest landet, men bestanden bygde seg nokså fort opp igjen. Namnet har gjerdesmetten etter levesettet sitt. Han kryp og smett på stader der ein gjerne ikkje ventar å sjå ein fugl, og ofte kan han i farten bli teken for ei mus. Også under snøen kan han ta seg fram. Ein gong vart ein gjerdesmett sett då han forsvann ned der snøen hadde tint litt ut frå stammen på eit epletre – for så å dukke opp att ved eit av dei andre trea i hagen. Songen er overraskande sterk til å kome frå ein så liten fugl. Den vakre og klare, trillande strofa kan høyrast til alle årstider. 37
Spettevåren Medan flaggspetten for nokre tiår sidan stort sett berre var vintergjest på Vestlandet, er han no ein vanleg, om ikkje akkurat talrik, hekke fugl. Hannen med spettesmia blei då også verande. Heile tidlegvåren pendla han mellom smia si og fôringsplassen og var av og til ned om fuglebadet for å drikke. Det kom til overmål ein hann til, noko eg ikkje oppdaga før eg såg nærare på bileta frå fuglebadet 26. april. Då viste nokre slitne rygg fjører at denne hannen var ein annan enn den eg hadde fotografert heile vinteren. Så mykje meir såg eg ikkje til han, kanskje blei han jaga? Dersom det hadde med territoriemarkering å gjere, kunne det tyde på hekking i nærområdet. 92
Så dukka det opp ei hoe, og det var tydeleg at det var noko mellom henne og smie-hannen. Eg såg dei stadig saman i skogen rundt huset, og det blei meir og meir klart at dei var eit par. Hoa er nesten heilt lik hannen, men manglar den raude flekken i nakken. Gode kjenne teikn på begge er den svarte ryggen med eit avlangt kvitt felt på kvar side og den knallraude undergumpen, partiet under stjertrota. Paret heldt seg ei stund i området, og eg såg fleire gonger at dei prøvehakka på det eg oppfatta som høvelege reirtre. Av og til inspiserte dei ei og anna fuglekasse. Eg håpte at dei skulle hakke seg eit skikkeleg reirhol i nærleiken, men i staden såg eg mindre og mindre til dei. I ein periode var dei heilt fråverande, og eg rekna med at dei hadde forlate området. Men så dukka dei opp igjen, og litt ut i juni begynte særleg hannen å flyge av garde med store nebbfullar med feittblanding fleire gonger om dagen. Ein eller annan stad låg det nok ei handfull ungar og venta på mat. Eg prøvde å følgje etter i same retning som dei forsvann, men fann ikkje reiret, sjølv om det neppe låg så mange hundre meter unna. Det gjorde for så vidt ingenting. Eg fekk rikeleg høve til å bli kjend med ungane; bla om!
93
I slutten av juni sat eg tidt og ofte i kamuflasjeteltet ved fuglebadet. Ein dag dukka det opp ein flagg spett med raud isse, altså ein unge. Både unge hannar og hoer er raude på toppen og liknar ikkje så mykje på dei vaksne. Men dei kvite felta på kvar side av ryggen er på plass, sjølv om dei er litt gråog svartflekkete. Kor lang tid det hadde gått sidan denne ungen flaug ut av reiret, er ikkje godt å seie, men det kunne ikkje ha vore lenge sidan, toppen eit par dagar. Det første han gjorde, var å hoppe ut i vatnet. Etter ein rask kik på spegelbiletet sitt – kanskje tok han det for eit søsken – la han seg ned og plaska så spruten stod. Truleg det første badet i hakke spettlivet hans. Denne dragnaden mot vatnet kan opplagt ha med reinhald og fjørstell å gjere. Og kanskje hadde ungen lopper og anna utøy på seg som han ville bli kvitt. Eller var dukkerten berre ungdommeleg utforskande leiking? Dei neste dagane kom det stadig ungebesøk. Eg går ut frå at det var fleire av dei, men berre eit par gonger kom det to samti dig. I tillegg til å drikke, bade og ete brukte dei mykje tid på det som kunne sjå ut som formåls laus hakking. Dei gjekk laus på tørrstubbane eg hadde sett opp, så flisene fauk. Dette var truleg instinktiv hakketrening. Forutan konglefrø, som er den klart viktigaste vintermaten, er menyen til flaggspetten svært variert og består mellom anna av bær, maur, bladlus og edder koppar – og biller og billelarvar som må hakkast ut av morken ved. 94
95
Kvitryggspett Ein av dei første dagane i juni kom ein kvit ryggspett inn på fôringsplassen. Han er litt større enn flaggspetten, har kvitt midt på ryg gen, svarte lengdestriper på kroppssidene og er bleikrosa under stjertrota. Hannen er raud på toppen av hovudet, her er hoa svart. Fuglen som kom på besøk og som vi ser på bileta, var med andre ord ein hann. Også han tok til å flyge av garde med feittblanding fleire gonger om dagen, før flagg spettane hadde kome i gang. Kvitryggspetten har store territorium og kan hente mat opptil ein kilometer frå reiret, så eg prøvde ikkje å følgje etter han. Men ein stad hadde han nok både ungar og ein make. Henne såg eg aldri. 100
101
I tillegg til at kvitrygghannen tok med seg mat til ungane, åt han også sjølv. Kanskje sette både han og flaggspettane pris på den store mengda av mjølormar som var blanda inn i feittet. Det var elles påfallande at då eg såg hannen første gongen, var han alt i gang med å frakte mat til reiret. Han trong ikkje lange tilvenninga til fôringsplassen. Feittblandinga var nok likevel ikkje hovudretten som ungane fekk servert. Når begge foreldra hos kvitryggspetten er i sving, kan dei mate så ofte som kvart tiande minutt. Denne hannen var neppe innom meir enn mellom fem og ti gonger om dagen. Til samanlikning kan eit flaggspettpar mate meir enn 400 gonger pr. dag, men «mitt» par var likevel ikkje innom særleg mykje oftare enn kvitrygghannen. Rundt midten av juni fekk eg besøk av kvitryggspettungar, som oftast éin i gongen, åleine eller saman med faren. Desse kom altså før flaggspettungane. Eg trur ikkje dei var fleire enn to, noko som stemmer godt med den gjennom snittlege hekkesuksessen for kvit ryggspett. I snitt får kvart par ca. 2,4 ungar på vengene. Også kvitryggungane har raudt på hovudet, hannane mykje meir enn hoene, så her var det ingen tvil om kjønna. Raudfargen er mykje bleikare enn hos den vaksne hannen, men kan verke sterkare under spesielle lysforhold, sjå t.d. på han som kjem flygande på neste side. Mangelen på raudt under stjertrota fortel at dette er ein unge. Den same ungen sit nedst til høgre, søstera til venstre. Her er dei ute seint om kvelden 24. juni. 102
103
Når ekorna jagar kvarandre, kan årsaka vere både rivalisering og kurtise. Ofte blir det ufred rundt ein fôringsplass. I paringstida kan fleire hannar vere ute etter same hoe, då er ikkje farten mindre. For hoa kan dette vere ein test når ho skal velje den beste hannen å pare seg med. God spenst og høg fart er ein bra arv å føre vidare. På denne sida er det mest kos, det såg ikkje ut til å vere paring. Ei forklaring kan vere at den heldige hannen etter paringa ville passe på at ingen andre hannar fekk nærme seg dama hans. Der som han klarer å hindre at ho parar seg med andre, sikrar han at det er han som blir far til det nye kullet hennar og at det er hans gen som blir førte vidare. Slik åtferd er ikkje ukjend i dyreverda. Bileta er tekne med nokre dagars mellomrom, 31. mai og 3. juni, så det er neppe den same hoa på alle. Hoa er paringsvillig i berre nokre timar i forplantingstida, så ho treng ikkje å bli vakta så lenge. På neste side er vi tilbake til ekornmenyen. Nøtter og andre frø toppar som nemnt lista, men denne er lang og allsidig. Ekornet et både knoppar, blad og blomar, dessutan ein god del sopp, til og med slike som er giftige for men neske. Litt mose og lav blir også sett til livs, sjå øvst til venstre. Små mengder dyrekost som insekt, larvar og fugleegg står òg på lista. Dei to største bileta vekte i star ten mykje undring, både hos meg og andre. Ved første augekast ser det ut til at ekornet gneg på ein bit av ein kvist. Men det er ingen kvist, det er eit bein. Det er faktisk vanleg at ekorn gneg på bein, for slik å få i seg kalk og mineral. 134
135
202
Når hauken stadig vekk nærast parkerer i epletreet, 10–12 meter frå husveggen, blir det sjølvsagt høve til fotografering. Dette skjer ofte frå stova, men det er liten aksept for å ha det store vindauget permanent ope vinterstid – for å vente på ein gjest som kanskje ikkje kjem denne dagen. Løysinga har vore å halde glaset skinande reint – det har ingen i huset noko imot … Vanlegvis er det håplaust å fotografere når sola sender skarpt lys og svarte skuggestriper inn i det greinrike treet. Litt annleis var det den ettermiddagen eg tok biletet til venstre. Sola stod midt imot og laga eit hardt motlys, men refleksjonen frå snøen mjuka opp det heile og lyste også opp skuggesida på fuglen, som elles ville blitt nokså svart. Til høgre var det lite å sjå til sola, men til gjengjeld var vindauget dekt av regn dropar. Eg drista meg til å opne det, så var- samt eg kunne, og satsa på at vinden og regnet kamuflerte rørslene. Det gjekk, og eg kunne til og med late det att utan at fuglen flaug. 203
208
209
Då det nærma seg utflyging, gjekk eg ned til kassa for å fotografere og for å sjå kva slags mat foreldra kom med. Når ein ser på bileta, skulle det vere unødvendig å fortelje at overraskinga igjen var stor. Kassa heng ikkje så langt frå eit vatn, og her hadde spettmeis paret funne litt av eit matfat. Særleg den eine kom søkklasta med augestikkarar i alle utviklingsstadium, med unntak av dei tidlege larvestadia. Dei lever nede i vatnet, og der går nok grensa. Spettmeisa driv neppe
254
med dykking. Uansett må ho ha jakta ute i sivet, heilt ned mot vassflata. Og for ein fangst – to vaksne auge stikkarar i nebbet på éin gong! Både desse og den vaksne på neste side er smaragdlibeller. «Dyret» på dei to bileta nedanfor er ein larve, eller rettare sagt ei nymfe, som har krope opp i vassvegetasjonen. Larva ne er eigentleg såkalla nymfer. Dei to siste fangstane på neste side er nymfer som held på å bli til vaksne augestikkarar. Dei har då gått gjennom fleire hud
skifte. No stod det berre att å pumpe blodvæs ke ut i ribbenettet på vengene, og når desse etter nokre timar hadde stivna, kunne dei teke den første flygeturen. Men snipp snapp snute, den to–tre år lange utviklinga frå egg til vaksen augestikkar enda altså i magen til spettmeis ungane. Sjå godt etter, dei er der alle sju. Elles er det absolutt til å forstå at spettmeisa alltid klarer å fø opp ungar når andre slit i dårleg vêr.
255
I flukt Etter kvart som åra har gått, har fotoarkivet blitt overfylt av bilete av sitjande kjøtmeis, blåmeis, raudstrupe og alle dei andre vanlege fugleartane i skogkanten. Ein vri var å prøve å fange dei i flukt. Men småfuglar er små, så ein må tett inn på, sjølv med teleobjektiv, og dei flyg så raskt at det er umogleg å følgje dei i søkjaren. Metoden eg har brukt, er å plassere kame raet der fuglane flyg mot ulike matstasjonar på fôringsplassen og så stille inn alt på førehand, også avstanden. Lukkartida er som regel 1/4000 sekund. Så er det å sitje eit stykke unna med fjernstyring og køyre frå ti til 120 bilete i sekun det (avhengig av kameramodell) når ein fugl nærmar seg – og håpe at ei av eksponeringane går av akkurat når han er der eg har stilt skarpt. 256
Som regel er det ikkje så mykje som ei fjør med på bileta i det heile, av og til ein stjert eller litt av ein veng i eit hjørne. Og har heile fuglen kome med, er han nesten alltid uskarp. Er han ein mil limeter eller to for nær eller for langt unna i høve til fokus, er det berre å trykke på slettetasten. Det handlar om å ta tida til hjelp og få mange nok forsøk. Titusenvis av bilete må slettast, men av og til klaffar det. I filmtida var ikkje slikt til å tenkje på. Eg har også brukt infraraud fotofelle, utan at det har auka treffprosenten. Fuglane bryt som regel strålen alle andre stader enn der dei er i fokus. Her kjem eit utval av fluktbilete. Først ut er tre bokfinkar, alle hannar. Elles er ein heil del flygande fuglar å sjå andre stader i boka.
257
Ekornsvev Å fotografere hoppande ekorn er litt som å fotografere fuglar i flukt. Mange av dei same utfordringane dukkar opp. Det går veldig fort, og ein treng raske lukkartider. Alt er likevel ikkje likt. Det første som måt te gjerast, var å «dressere» ekorna til å hoppe. Å vente på eit tilfeldig hopp ein eller annan stad oppe i trea kan bli litt for tidkrevjande, i alle fall om ein vil ha ekornet i nærbilete. Eg starta med å feste eit brett med nøtter på ei høg stong, slik at ekorna måtte hoppe ein halvmeter frå det næraste treet. Det tok litt tid før dei oppdaga det nye matfatet, men så gjekk nøttene raskare og raskare unna. Neste steg var å flytte brettet litt lenger ut frå treet, men då begynte ekorna å klatre opp stonga i staden for å hoppe. Det nytta ikkje same kor tynn og glatt metallstong eg brukte; ekorna spaserte rett opp. Det var utruleg fasci nerande å sjå på. Løysinga blei den eg brukte eit par år tid legare då eg ville at nøttekråkene skulle få ha nøttene i fred (s. 122). Ei plastbøtte med hol til stonga i botnen blei festa oppunder brettet. Det gjorde susen. No hadde eg kontrollen og kunne plassere brettet på ulike stader alt etter kva bakgrunn og lysvinkel eg ville ha. Etter kvart forsvann nøttene litt for fort, sjølv om eg hadde kjøpt store mengder på bil legsal etter jul. Det var ei hamstring utan like. Ekorna pilte til og frå og gøymde nøttene i graset eller i skogen, ofte berre eit par meter frå stonga. Eg auka då avstanden frå sats punktet til brettet slik at berre eitt eller eit par ekorn våga å hoppe. Grensa gjekk tett på to meter. Eg måtte også passe på at stativet med kamera på toppen stod langt nok unna. Der som ikkje, hoppa ekorna frå kameraet. 272
273