Vipa – kamp og kurtise i kulturmarka

Page 1

Vipa

Gaute Grønstøl

kamp og kurtise i kulturmarka


Innhald Vipa på nært hald Hekkeforløpet Hekketerritoriet Matvanar Reirforsvar Val av make Paring Egglegging Rugeperioden Ungeperioden Trekk og overvintring Frå ein sesong til neste Intrigar og sosiale spel Truslar Skjøtselstilrådingar

9 15 21 25 31 41 49 53 59 67 79 83 87 109 119




Vipa på nært hald

V

ipa, med det latinske namnet Vanellus van­ el­lus, høyrer til i lofamilien, men er aty­pisk for denne gruppa med sin karakteristiske topp, sine breie venger og iaugefallande framferd i kultur­marka. Om ein ikkje har fått høve til å sjå nærare på ei vipe i kikkert ein solrik dag, sit ein fort med eit inntrykk av at ho er svart og kvit. Dette er ikkje heilt presist. På avstand er fjørdrakta kontrastrik med mørk overside og lys underside, men ser ein nærare etter, ser ein at vipa er fargerik. Fjørfargar blir vanlegvis danna av pigment i fjørene, og vipa har òg dette med sin rustraude overgump, sin brune eller grå nakke og sine mørke fjører på kropps­oversida, i brystet og i ansiktsmaska. I tillegg til dette har vipa strukturfargar –

iriserande lysbrytingsfargar som oppstår når sollyset blir brote i mikroskopiske prisme­ strukturar i fjøroverflata. Fargane er metallskim­ rande og blinkar delikat i blått, raudt, grønt og lilla. Beina varierer i farge frå brunt til raudt, og hannen har typisk noko raudare bein enn hoa. I hekkesesongen kan hannar og hoer skiljast på fjørdrakta. Hannane er som oftast mørkare og meir kontrastrike i ansikt og bryst enn hoene, som er kvitare i ansiktet og øvst i den svarte bryst­­smekka. Hoene har og gjerne meir brunt ispedd det svarte. Med litt trening kan ein òg skilje kjønna ut i frå åtferdsforskjellar og kropps­ form. Hoene blir meir baktunge og dropeforma når dei produserer egg, og kjønna har ulik framferd under hekkesesongen.


Vipene viser stor individuell variasjon i fjør­ drakta, og til forskjell frå mange andre fugleartar kan ein med eit godt teleskop bruke denne variasjonen til å kjenne igjen individa. Dette er praktisk når ein skal studere vipeåtferd i hekke­ sesongen. Ein lagar blyantskisser av dei hekkande vipene med fokus på særtrekk i fjørteikningane. Kombinasjonar av ulike særtrekk gjer at ein kan kjenne igjen vipene over tid, og det er då råd å følge hekkehistoria deira i detalj gjennom sesongen. Spesifikke karaktertrekk i ansikts­ maska og mønster av kvite fjører i hals og bryst­ smekke ser ut til å vere ganske konstante frå år til år og endrar seg ikkje vidare med alder etter den

første hekkesesongen. Slitasje av dei kvite fjør­ tuppane kan endre utsjånaden ein smule, og dei lyse fjørteikningane tenderer mot å bli noko mørkare utover i hekkesesongen. Kroppslengda til vipa er frå 28 til 31 cm, og hoa og hannen er like tunge, i snitt rundt 220 gram (hannane spenner frå 188 gram til 251 gram, og hoene frå 187 gram til 255 gram). I andre kroppsstorleiksmål er hannen litt større enn hoa. Hannane si vengelengde, fotlengde og lengda frå nebbspiss til bakkant av hovudet er frå ein til to og ein halv prosent større enn hoa. I lengda på fjørtoppen og vengearealet er hannane vesentleg større enn hoene.

Fem hannviper framanfrå og i profil. Individa varierer såpass mykje at ein med eit godt teleskop kan skilje dei etter utsjånad. Etter ei stund er det som å sjå kjende fjes.


Fem hoviper framanfrå og i profil. Hoene er generelt lysare og meir brokete i fjøra enn hannane.

Den karakteristiske fjørtoppen gjer vipa umis­ kjenneleg og vanskeleg å forveksle med andre fugleartar. Toppen veks ut horisontalt bakover frå hovudet i forlenginga av issen. Snittlengda for hannar er 9,5 cm, men enkelte hannar har ei topp­lengde på over 13 cm. Toppen består av to til fire svakt oppoverbøygde fjørstrålar, ofte ein eller to i midten og ein på kvar side av desse. Ho­­ vipene har ein kortare versjon av denne med ei snittlengde på 6,6 cm, men det er stor variasjon i topplengde hos begge kjønn, og nokre hoer overlappar normallengder for hannar. Toppen er eit viktig kommunikasjonsverktøy. Ei aggressiv vipe reiser toppen vertikalt over ho­v udet og spreier fjørstrålane. Dette er vipa sin

måte å morske seg på slik vi gjer det ved å trekke ned augnebryna. Vipa har uvanleg breie venger samanlikna med andre vadarar, og særleg vengene til hann­ vipa har ei svær overflate. Vengespennet til hannog hovipa er identisk (omtrent 76 cm), men hannane har lengre handsvingfjører (dei store flygefjørene som er festa til det som svarar til handa vår), og dette gjer at den ytste tredjedelen av vengen er uvanleg brei. Hannar har eit gjen­ nom­snittleg vengeareal på ca. 400 kvadrat­ centimeter, og hoene ligg på rundt 350 kvadrat­ centimeter. I forhold til kroppsvekta er dette stort, og det gjer at viper har uvanleg god manøv­­rer­ings­evne i lufta. Dei snur på fem­ øringen og kan utføre halsbrekkande kast i lufta.


I lys av vipa sitt levesett er dette viktig, for i hekkesesongen er dei avhengige av å effektivt kunne jage bort eggrøvarar. Desse breie vengene gjer at vipene kan utmanøvrere andre fuglar som er ein trussel mot egg og ungar. Denne store vengeoverflata gir òg vipa ein låg vengeslagsfrekvens samanlikna med andre vade­ fuglar, og eit trent auge kan sjå at vipehannar har ein litt lågare vengeslagsfrekvens enn vipehoer. Hann med lang topp.

Vipa har svære venger.




Matvanar

N

år det er mykje meitemark på territoria, fungerer dei som alt-i-eitt-territorium, og vipene held seg då her det meste av tida under hekkinga. Når mattilgangen på territoriet er dårleg, vil vipene pendle til felles, nøytrale mat­ område der dei fredsamt beitar insekt og meitemark side om side. Vipene er meitemarkspesialistar, men dei kan ha ein variert diett når det er lite meitemark å finne. Dei bryr seg ikkje med plantekost, men et det dei finn av insekt, larvar, edderkoppdyr og små krepsdyr. På innsida av overnebbet har dei nokre kraftige mothakar. Med desse får dei godt tak når dei drar meitemarken opp frå jorda. Rike kulturmarker kan ha store førekomstar av meitemark, opptil 500 meitemark per kvadrat­

meter. På slike område finn ein velfødde viper. Meitemark er ei god og lettfordøyeleg protein­ kjelde samanlikna med insekt med harde og tungt fordøyelege kitinskal.

Tenner som skapte for å jakte meitemark.


Når vipa jaktar på meitemark, vibrerer ho med den eine foten mot bakken, som for å provosere fram ei rørsle frå marken. Når han er identifisert, er det kort prosess.

Når vipa er på meitemarkjakt, tuslar ho rundt på jordet og vibrerer med ein fot mot bakken mens ho lener hovudet framover og skottar ned. Dette gjer ho truleg for å provosere fram ei rørsle hos meitemarken slik at ho lettare kan identi­ fisere han. Når vipa så høgg til og har tak i han, spenner meitemarken ut kroppen slik at den sit plugga fast i jordgangen sin. Ho vil ikkje trekke meitemarken opp med ein gong, men halde han

forsiktig i spenn til han slepper for å ta nytt tak. Når vipa merkar dette, trekker ho elegant mar­ ken opp. Det er ikkje uvanleg å sjå viper som har funne seg ein stor og god meitemark, vaske denne i ein liten pytt på jordet. Meitemarken bruker slim til å sementere gangane sine, og han vil og skilje ut slim når han er i fare. Dette gjer han mindre grei


Her sit to hettemåker og lurer i ein flokk beitande viper. Når dei ser at ei vipe har fått tak på ein meitemark, er planen å ryke på henne og stele maten. Viss hannen er der mens hoa beitar, vil han stundom på galant vis angripe og jage måka slik at hoa får ete i fred.

å ete, og då kan litt vasking i forkant av måltidet vere ei god løysing.

Mat-tjuvar

Staren er òg glad i meitemark og har skjønt at vipa er god til å lokalisere desse godbitane. Dei deiser typisk ned på vipemarka i ein liten flokk rundt beitande viper og begynner å leite etter mat. Eg såg ein gong ein stare hakke ei vipe i hovudet akkurat då ho hadde fått opp ein fin

meitemark. Då vipa fortumla mista marken på bakken, gomla staren han triumferande i seg. Med tanke på storleiksforskjellen mellom vipa og staren var nok dette eit sjeldan vellukka utfall for staren, men den som ikkje prøver seg, mistar sjansen til å vere heldig. Det at vipene er meitemarkspesialistar, er det altså fleire som har fått med seg. Når vipene beitar i flokk, hender det at mindre dyktige meitemarkjegerar som hettemåke og fiskemåke


blandar seg med beitande vipeflokkar. Dei sit og vaktar på vipene som er på matsøk, ventar til ei av dei har fått opp ein meitemark, og så angrip dei og stel marken frå vipa. Dette er òg kalla for kleptoparasittisme. På nøytrale, felles beite­ område kan ein nokre gonger sjå at hannvipene skjermar hoene sine mot potensielle klepto­ parasittar som hettemåker. Dei stiller seg mel­ lom hoa og måka og passar på å angripe måka når ho prøver å nå fram til vipa for å stele maten hennar. Så får hoa nytt maten sin i fred.

Konkurrentar i matfatet

Under hekkesesongen vil vipene som regel ikkje tolerere konkurrentar i matfatet på territoriet, og

dei kan kjeppjage andre arter som dei ser på som næringskonkurrentar. Dette kan vere alt frå måker til enkeltbekkasin, raudstilk, stare, song­ lerke, og til og med linerla kan få køyrt seg. Det kan fort vere eit element av sjølvannonsering retta mot potensielle makar forbunde med denne typen åtferd – eit signal om at ein er dominant og rår over gode matressursar. Hannar kan tolerere at andre hoer beitar på territoriet deira så lenge dei har eit visst håp om å lykkast i å kurtisere henne, men hoer som hannen veit ligg på egg for ein annan hann, vil som regel bli bestemt avvist og kasta ut.

Vipa misliker at andre tar for seg av insekta på territoriet. Dei er tiltenkte kommande ungar. Her blir småfugl bryskt vist bort.




Paring

H

annane kan vere ganske desperate etter å få para seg. Eg hadde ein gong ein hann på studieområdet som i fleire dagar forgjeves hadde forsøkt å få seg ei ho. Ting bygde seg opp, og tydeleg frustrert over å bli avvist, para han seg til slutt med ei fin grastue på territoriet. Egga blir fertilisert om lag 1–2 dagar før dei kjem ut. Fuglar kan lagre levedyktig sperm ei tid (opptil fleire veker hos nokre artar), men det er siste-hann-fordel i befruktinga av egg, så hannar som får høve til å pare seg tett opptil egglegging, har større sjansar til å ta heim farskapet enn eventuelle andre hannar som har para seg med hoa tidlegare. Det er hoa som bestemmer om paring skal skje eller ikkje. Hannen er ivrig og begynner

gjerne med tilnærmingar før hoa er heilt klar for det. Han går opp bak henne og prøver å komme til. Viss ho ikkje ønsker å pare seg, vil ho resolutt sette seg på tvers. Hannen kan då i blant bli frus­ trert og hakke etter hoa – det verkar som han prøver å presse henne til å akseptere paring. Eg har aldri sett at dette har verka. Hoa bestemmer, og viss ho nektar, er siste ord sagt. Ved avslag går hannen gjerne inn i ein gangart med ein spesiell positur: han strekker hovudet fram som ein grå­ hegre på matsøk, og stig forsmådd og stivt fram­ over om lag 5–10 meter med sida vendt mot hoa. Vengen på den sida som vender mot henne er då svakt nedsenka, det er som om han prøver å gjere seg større enn han er.


Når hoa begynner å kjenne seg klar til paring, er dei i gang, og då kan dei pare seg gjentatte gonger i løpet av ein dag. I tidsbudsjettstudiar følger ein individ med teleskop i ein tidsperiode og noterer alt dei har for seg. I ei slikt studie fann vi at dei i perioden like før egglegging para seg 0,77 gonger i timen. Ei vellykka paring vil typisk ofte starte med at hannen lagar ein knirkande, lågmælt lyd: ”krii-krii-krii”. Dette er ein ønske om paring. Hoa vil då bøye framparten litt ned og på denne måten akseptere tilbodet. Hannen lettar og landar like bak hoa, eller trippar mot henne i ei

stivbeint gonge med senka bryst og noko reist stjert (som vist i heilsidebildet ved kapittel­ forsida). Hovudet er trekt bakover og toppen er reist. Når han når fram til henne, hoppar han opp på bakparten hennar, ho flyttar stjerten sin til sida og han trykker kloakken sin mot hennar mens han tar eit par-tre vengeslag for å halde balansen. Det heile tar 1–2 sekundar, og dei har berre ein kloakk-kontakt per paring. Enkelte gonger kan hannen fly bort til hoa, lande på bakparten hennar og pare seg på direkten.

Når hoa lutar seg framover slik, er det ein invitasjon til paring.

Hannen er ikkje tung å be.




Ungeperioden

T

re til fire dagar før klekking kjem det ein liten brest i den butte enden av egget. Om ein held egget til øyret, vil ein no òg høyre at ungen pip. Foreldra høyrer dette og veit då at kyllingen er på veg ut. Bresten blir større dei kommande dagane, han blir til eit hol, og så er fugleungen ute. Alle ungane i eit reir klekker vanlegvis i løpet av 3–8 timar. Som hos andre vadarar er beina til vipeungane meir utvikla enn vengene, dei har opne auge og er kledde med dun. Dei blir derfor ikkje like fort avkjølte som ungar hos artar som blir mata i reiret. Når ungane har tørka, tar dei til å tusle rundt reiret og begynner med ein gong å sjå etter mat. Nyklekka ungar veg frå 12 til 21 gram med ei snittvekt på 17 gram. Ved klekking har kylling­

ane ein kalkpigg på oversida av nebbet. Det er denne dei har brukt til å hakke seg ut av egget med, og denne vil forsvinne etter eit par dagar. I Sør-Noreg klekker dei fleste førstekulla som har overlevd i første halvdel av mai. Om lag 5 % av egga klekker ikkje. Dette er vanlegvis fordi egga ikkje er befrukta, men det hender òg at fostera døyr før dei klarer å komme seg ut av egget. Dei kan ha gått tomme for plom­ me­sekknæring, dei kan ha blitt for kalde eller for dehydrerte i klekkeprosessen. Egg som ikkje klek­­ker, blir forlatne i reiret. Ubefrukta egg vil ikkje innehalde foster. Eg følgde ein gong to reir til ein polygam trio med ein hann og to hoer. Det var til saman seks egg i reira deira, og det viste seg at ingen av dei


Klekking. Den første nyklekte kyllingen er tørr, dei to neste held på å tørke, og den siste kyllingen har enno litt arbeid igjen før han er ute av egget. Berre timar etter klekking er dei på beina og finn sin eigen mat. Om ein ser nøye etter, kan ein såvidt sjå nebbet til kyllingen som klekker i holet. Nebbet har ein kvit tannliknande klump ytst på oversida som kyllingen bruker til å hakke seg ut av egget med. Denne strukturen forsvinn etter nokre få dagar.

var befrukta. Denne hannen var nok steril, og hoene hans hadde openbert ikkje hatt eskapadar med andre hannar. Dermed var hekkeforsøka forgjeves for både hannen og dei to hoene hans. Dei første dagane går gjerne kyllingane ned eit gram eller to før dei får dreis på matsøket,

men frå dag fire er dei på veg opp i vekt. Dietten den første veka er mest små insekt og edder­ koppdyr dei finn på bakken. Mygglarvar er òg populær kost. Desse klekker i dammar og fuktsig og kan tidvist finnast i store mengder.


Her ligg eit nyklekt kull og varmar seg i reirgropa.

Det er sterk konkurranse blant vipene om slike beiteområde for ungane. Eit perfekt territorium under rugeperioden er ikkje alltid eit perfekt territorium når ungane er klekka. Då er det vanleg at ein del par drar på vandring mot betre beite med ungane på slep. Grensene til nokre av territoria løyser seg dermed opp, og par med ungar set kurs mot dammar og fuktsig i område med kort vegetasjon. Nyklekte vipeungar klarer seg dårleg i høg vegetasjon, og område med kort gras har prioritet. Flyttingar Denne kyllingen er omlag tre-fire dagar gammal. Her er han på jakt etter insekt i eit fuktsig. Mamma er i bakgrunnen og held vakt.


for å krysse eller etablere seg på andre sine terri­ torium endar ofte i kraftig slåsting. Foreldrepar slåst i veritable møljeslagsmål av vengeknokar og skarpe nebb, noko som kan stå på i opptil eit par timar. Ungar som forvillar seg inn på territoriet til eit anna par utan følge av foreldra, risikerer å få juling av naboforeldra. I den første delen av hekkesesongen fram til klekking er hannane som oftast dominante over hoene. Det ser ut til at eit høgt testosteronnivå ikkje er kompatibelt med ruging, så testosteronnivåa til hekkande fuglehoer fell gjerne under egglegging og ruging. Men etter klekking slår morsinstinktet inn for fullt, og vipehoene kan forvandlast til illsinte slåstkjemper. Motivasjon er viktig for kor mykje ein er villig til å satse i ein

Her står ei vipemor og varmar ungane sine i graset. Ho lettar opp den venstre vengen for å sleppe inn sistemann.

slåstkamp og betyr dermed mykje for utfallet av kampane. Mødrer med ungar har drøssevis av motivasjon. Dei begynner no å likne på hannane i aggressiv åtferd, og der dei før tapte eller gav seg i slåstkampar mot hannane, kan dei no rett som det er pryle hannar i kampen om gode beite­ område for ungane. Vipemødrer endar i blant som einefor­ sørgjarar, enten fordi hannen har fleire hoer og prioriterer andre kull, eller fordi hannen har blitt tatt av ein hønsehauk eller så. Fordi dei ikkje klarer å hevde seg i konkurranse med familiar med to foreldre, blir desse gjerne pressa ut til meir marginale ungebeite. Ungane deira får då ein vesentleg dårlegare vekst enn ungar på optimale område, og dei har og dårlegare utsikter for å overleve sidan dei berre har mora til å stå vakt og jage bort rovvilt. Det å miste hjelpa frå hannen i denne perioden er eit stort tap. Vipeungane klarer ikkje sjølve å halde oppe kroppstemperaturen når dei er små. Etter kvart som dei veks, blir dei gradvis betre til å halde varmen, og når dei rundar tre veker, har dei fleste fått termoreguleringssystemet på plass. Før dette er dei avhengige av at foreldra, og då som regel mora, tar dei under vengene og varmar dei med jamne mellomrom. Når ein trussel gjer at vipeforeldra flyg bort, vil dei gje ungane beskjed om å legge seg ned i graset og vere stille. Viss ungane blir liggande for lenge utan at foreldra kjem til for å varme dei, vil



Vipeungane har fargar og mønster som gjer dei vanskelege å sjå når dei ligg heilt i ro, både i graset (foto på førre sida) og på brunt jordsmonn som her. Når det er fare på ferde og dei får beskjed av foreldra om å legge seg og trykke, dreg dei hovudet ned slik at det meste av den kvite flekken i nakken forsvinn.

dei fryse i hel. I litt kaldt vêr må små kyllingar varmast kvart 5–10 minutt. Når det er uvanleg kaldt, må ungane varmast så ofte at dei ikkje får nok tid til å beite. Då vil dei gå ned i vekt, og viss dette varer ved over tid, vil dei til slutt svelte i hel. Det er viktig å ikkje forstyrre viper med ungar for mykje, spesielt når vêret er dårleg. Vipene må konstant vere på vakt mot rovvilt som er ute etter eit kyllingmåltid. Foreldra er meir på vakt, meir aggressive og tar no større riskar for å verne om ungane enn i rugeperioden. Dette går ut over eige matsøk, og foreldra er magrare no enn tidlegare i sesongen. Ungane veks fort viss forholda er gode. Dei doblar gjerne vekta si på ei veke og så igjen den

andre veka, slik at dei i snitt veg 65 gram ved to vekers alder. Det er stor variasjon i vekstraten, og ved 16 dagars alder kan ungar med dårlege vekst­forhold vege 36 gram, mens med optimale forhold kan ungar på same alder vege 108 gram. Ungane blir gradvis meir uavhengige av foreldra etter kvart som dei veks seg større. I si andre veke begynner dei å skifte diett frå småinsekt til meitemark, og etter kvart som dei får på plass termoreguleringa, har dei mindre behov for å bli varma av foreldra. I forhold til overleving er det dei to–tre første vekene som er flaskehalsen. Viss dei klarer seg gjennom desse, aukar overlevinga merkbart, og dei vil då i snitt


Her er det pappa som driv med barnepass. Fellesbeite for ku og kylling. Beitemarker er fine ungeområde. Her held buskapen vegetasjonen noko nede, som er bra for kyllingane. Då blir det lettare for dei å ta seg fram og finne mat. Husdyrmøkk aukar og insektaktiviteten og dermed mattilbodet for kyllingar. Blir det for tett med husdyr, derimot, bikkar det over til å bli ei ulempe. Då er risikoen for å bli trakka ned stor, og grunnen blir gjerne ujamn og vanskelig å ta seg fram i for ungane.


ha om lag 60 % sjanse for å overleve til neste hekkesesong. Ungane begynner å nærme seg foreldra si vekt når dei har runda ein månad. Dei blir så uavhengige av foreldra ved 40 til 45 dagars alder. For dei vipene som har klart å få fram ungar på første forsøk, skjer dette i siste halvdel av juni i Sørvest-Noreg. Då vil vipene seie seg nøgde med hekkesesongen og trekke til fjæreområde ved kysten og førebu seg på hausttrekket. Ein vipeunge med optimale oppvekstvilkår vil ha ei mor i god kondisjon som er i stand til å legge store egg med mykje opplagsnæring. Kyllingen klekker tidleg på sesongen og får ein lang vekstperiode før vinteren. Foreldra vil vere erfarne og dominante og i stand til å konkurrere om sentrale territorium med mykje mat og gode beiteforhold i ei stor hekkegruppe. Dei vil og gjerne vere monogame slik at ungen får mykje omsorg frå begge foreldra både i ruge- og unge­ perioden. Vêret er mildt, rovdyrtrykket lågt, og vipene blir i liten grad forstyrra av jordbruksdrift og ferdsel. Når ungane nærmar seg to vekers alder, er sannsynet ganske bra for at dei vil overleve til neste sesong. Då fangar vi dei og set på dei ringar, slik at vi kan identifisere dei viss dei returnerer neste sesong. Det er mange fuglefolk rundtom i Europa som les av og rapporterer ringnummer og fargekombinasjonar til ringsentralar. Våre ringkombinasjonar er registrerte i eit internasjonalt system, så når våre viper er funne i eit anna land og ringane lesne av, blir vi kontakta med informasjon om kor vipene våre har overvintra, eller om at dei er funne døde eller blitt skotne.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.