UTG. 1 / 2013
AMBASSADØRANE
DEI HAR BEGGE TOPP-POSISJONAR I N H O. LES KVA KJERSTI KLEVEN, TORE ULSTEIN OG 22 ANDRE BEDRIFTSLEIARAR SPÅR OM FRAMTIDA.
SPIRIT OF INNOVATION
ULSTEIN er opptatt av å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Vi tilbyr kostnadseffektive, sikre og pålitelege produkt og tenester til aktørar som tenker heilheitleg og langsiktig. Gjennom satsing på innovasjon, kompetanse og fokus på kvalitet, ønskjer vi å levere meirverdi til våre kundar.
Innovation
Expertise
Quality
Added value
www.ulstein.com
f
UlsteinGroup
Ulstein
VELKOMEN TIL NETT NO Kontraktar vert inngått, selskap starta og personar skiftar beite i stort tempo i den mest pulserande næringslivsregionen i landet. Gjennom nysatsinga NETT NO skal vi følgje med for deg. Næringslivet på Sunnmøre og i Nordfjord har plassert seg i verdstoppen innanfor offshore, fiskeri, oppdrett, verft og maritim utstyrsindustri. Totalt omsette bedriftene for 150 miliiardar kroner i 2012, og berre innanfor maritim næring er det over 14000 tilsette på Sunnmøre.
Av nysatsingane er Nytt om namn, Offshorelista og Stilling ledig. Den siste tenesta er med målretta sosial integrasjon ettersom utviklinga går mot at ein i stadig større omfang rekrutterer tilsette gjennom sosiale medium og utanfor dei tradisjonelle mediekanalane.
Regionen har over 200 offshorefartøy, fiskeflåten er av den største og mest moderne, og her er det trass dystre spådomar frå mange forståpsegpåarar framleis stor aktivitet i verftsindustrien. Men også innanfor møbel, handel og næringsbygg er det stor aktivitet, og dagleg vert det starta nye bedrifter, medan andre flyttar ut og legg ny mark under seg.
Gjennom Nytt om namn, vil ein raskt få vite alle endringar av leiarar og mellomleiarar i næringslivet, medan ein i Offshorelista vil få ei komplett oversikt over samtlege offshorefartøy med tilknytning til distriktet.
Mange av bedriftene er høgt profilerte, medan andre høyrer vi lite om. Gjennom NETT NO skal vi ta pulsen på næringslivet i heile regionen. Vi skal vere best på nyheiter, men vi skal også gå i djupna og gjere analyser og formidle trendar. For om næringslivet skal lukkast i å vere verdsleiande, må også journalistikken følgje med. NYSATSINGAR I handa held du det første magasinet frå NETT NO, eit magasin der vi går grundig gjennom tilstanden for næringslivet på Sunnmøre og i Nordfjord. Men NETT NO vil i hovedsak konsentrere seg om nett og mobil, med ei rekkje spesialtilpassa løysingar for næringslivsaktørar, politikarar, lærarar, forskarar og andre samfunnsinteresserte menneske. Målet er at alle skal verte raskt og godt oppdaterte same om ein er i Sykkylven, Måløy, Singapore, Paris eller Ålesund. 4
FELLES STYRKE Målet vårt er at satsinga skal styrkje næringslivet i regionen og derigjennom gjere regionen endå meir attraktiv for både tilsette og kundar. Utviklinga av NETT NO har derfor skjedd i tett dialog med næringslivet, og vi ønskjer å utvikle oss vidare i samspel med næringslivet. Hovedaktørar bak satsinga er dei erfarne næringslivsjournalistane Kjetil Haanes og Ogne Øyehaug, i samspel med byrået Racer. Sjølv om dei tilsette i NETT NO skal følgje bedriftene tett både heime og ute, har selskapet etablert seg med hovedkontor i Fosnavåg Rederipark i Herøy, med avdelingskontor i Ørsta og Ålesund. Vi håpar at du likar det produktet du no held i handa, og at du ønskjer å følgje NETT NO vidare. Kjetil Haanes & Ogne Øyehaug
HER ER REDAKSJONEN Til saman har dei nesten 100 års medieerfaring. No utgjer dei den redaksjonelle kjernen i storsatsinga NETT NO. Ogne Øyehaug, Kjetil Haanes og Ivar Myklebust Longvastøl, har alle bakgrunn frå Sunnmøre, men har brei journalistisk erfaring frå ulike regionale og nasjonale medium. I tillegg til dei tre erfarne journalistane, vil NETT NO også ha ein stab av frilansarar for å kunne ha ei kontinuerleg god dekning av næringslivet i dei 22 kommunane på Sunnmøre og i Nordfjord.
Kjetil Haanes Prisvinnande journalist med erfaring frå Vestlandsnytt og Sunnmørsposten. Tidlegare konserntillitsvald i Orkla Media, Edda Media og Mecom plc, nestleiar i Norsk Journalistlag, styreleiar i Norsk Presseforbund og leiar for den norske Ekspertgruppa for ytrings og pressefridom. Har arbeidd for fleire internasjonale presse- og ytringsfridomsorganisasjonar. Er fødd i 1957 og bur i Gjerdsvika.
Mobil: 90 20 12 34 Epost: kjetil@nett.no
Ogne Øyehaug Næringslivsjournalist i Dagens Næringsliv 1997-2002 og i Bergens Tidende 20022013. Arbeidde ved Dagens Næringslivs kontor i Ålesund frå 1993 til 2002. Har dekt finansnæringane, fiskeri, oppdrett og oljebransjen. Er fødd i 1960 og bur i Ørsta. Utdanna frå BI og Journalisthøgskolen i Oslo.
Mobil: 95 77 97 27 Epost: ogne@nett.no Twitter: @Ognenettno
Ivar Myklebust Longvastøl Har arbeidd som journalist i Møre-Nytt, NRK Sogn og Fjordane og Firda Media. I over 10 år med ansvar for næringslivsstoffet i Firda. Har fått Gulaprisen for framifrå journalistikk på nynorsk og presseprisen for Sogn og Fjordane. Utdanna lærar og journalist. Frå Vartdal, fødd i 1957 og bur for tida i Cape Town i Sør-Afrika.
Telefon: 21 38 89 70 Mobil: +47 91 14 98 13 / + 27 7 21 58 09 19 Epost: ivar@nett.no
5
H OV UDK ONT OR NETT NO v/Bakkar & Berg Media Fosnavåg Rederipark 6090 Fosnavåg P OSTADRESSE Bakkar & Berg Media Postboks 88 6001 Ålesund DAG L EG L EIAR Eirik Staurset REDAK SJ ON Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug Nyheitsredaktør: Kjetil Haanes Skribent: Ivar Myklebust Longvastøl P RESSEK ONTAK T Olav Sindre Kriken olav@nett.no 971 96 689 DESIG N OG P RODUK SJ ON Racer FRAM SIDEFOT O Marius Beck Dahle T RY K K Trykkmann AS OP P L AG 10.000 UT G IVAR Bakkar & Berg Media Ettertrykk er forbode utan avtale med Bakkar & Berg Media.
INNHALD Tener 50 øre for kvar krone
8
Ulstein beste næringslivskommune
12
Surfar på gode tider
15
Nyskapande på kysten
16
Fem fantastiske år
18
Dempa feststemning
20
Oljeboomen jaga møbel ut
24
Norsk-hollandsk forbrødring
26
Tente best i nordvest
30
Maritime menn på lønstoppen
32
Løn som ein miniputt
38
Ambassadørane
40
Dei 100 største bedriftene
46
Ventelista 48 Storebrødre frå utlandet
50
Bedriftsleiarane om framtida
52
Kampen om vegkryssa
56
Milliardgevinst i Hexagon
62
Vil gjenreise linefiskaren
65
TENER 50 ØRE FOR KVAR KRONE Tekst og foto: Kjetil Haanes
Med utgangspunkt i vesle Gjerdsvika har Ivar Slettevoll og medarbeidarane makta det kunststykket å byggje opp eit av landets mest lønsame offshoreselskap. - Eg trur at mykje av nøkkelen til suksessen finn ein att i ordtaket om «skomakar, bli ved din lest», seier Ivar Slettevold, gründeren og den daglege leiaren i offshorereiarlaget Sanco Shipping.
skyt 3 D-seismikk frå inntil 16 kablar.
Driftsresultatet for eigarselskapet Sanco Holding 2012 enda på formidable 93 millionar, slik at selskapet sat att med 50 øre for kvar omsett krone. Også resultatet før skatt er sterkt, 65 millionar kroner.
Slettevoll burde vite kva han snakkar om, for han har jobba maritimt heile livet og har ikkje minst bak seg 15 år som skipper på ulike seismikkfartøy, dei fleste eigde av reiarlaget Rieber Shipping i Bergen. Han hadde i denne tida også byggjetilsyn på mange av seismikk-fartøya deira, og kom i kontakt med seismikkoperatørar, slik som Geco, CGG og PGS.
SØSTRENE SANCO Seks fartøy har reiarlaget etter at seismikkfartøyet «Sanco Swift» vart overlevert frå Myklebust Mek. Verksted i Gursken i juli i år. I mars 2014 kjem søsterskipet «Sanco Sword» frå det same verftet. Totalt er prislappen 1,2 milliardar kroner, eksklusivt seismikkutstyr, for dei to skipa. - Det første skipet kontraherte vi på spekulasjon, og vi stussa litt på om vi hadde mist litt av bakkekontakta då vi satsa så mykje pengar utan å ha oppdrag. Men arbeid ordna seg, og skipet gjekk rett ut i arbeid i Nordsjøen for Dolphin Geophysical, seier Slettevoll. Dei to søsterskipa er 96 meter lange, 23 meter breie, er utrusta for 60 personar og 8
- Dette er slett ikkje av dei største og dyraste seismikkskipa, men det er av dei mest effektive.
FA M I L I E S AT SI N G Det var også erfaringa frå seismikk som var årsaka til at han i 1996 fekk med seg kona, Bjørg, og broren Bjarte, til å starte selskapet Sanco Shipping. Dei starta med to tome hender, men 17 år seinare tel selskapet seks skip, har 150 tilsette og omsette i 2012 for 185 millionar kroner. Sjølv om 2012 var eit toppår, kan selskapet vise til ei lang rekkje år der driftsresultatet har lege langt oppe på 40 % -talet, noko som er eksepsjonelt høgt for offshoreselskap. - Ja, vi har vore heldige, vedgår Slettevoll. Litt av forklaringa ligg også i at selskapet vert drive med ein svært liten stab frå ho-
vudbasen i Gjerdsvika, medan dei fleste av sjøfolka er utanlandske og skipa er registrerte i Gibraltar. Men dei starta forsiktig. For å kome i gang, kjøpte dei den gamle reketrålaren «Flåværing» frå Herøy og sette den inn som vaktbåt for seismikkselskapa. Oppdraget var å halde andre båtar vekke frå seismikk-kablane. - Det gjekk greitt, men her opererte vi i den nedste enden av verdiskapinga innanfor seismikk. Vi ville vere med også i den andre enden, seier Slettevoll. Han hadde lenge sett at det var store kostnader forbunde med at seismikkfartøya måtte til land for å etterfylle bunkers. Dermed måtte operasjonen avbrytast, utstyret takast om bord, og fartøya måtte gå lange turar til land. - Då vi i 1996 bestemde oss for å satse på eige selskap, gjorde vi det innanfor eit område der vi sat på mykje kunnskap. Med så mange konkurrentar, har du ingen sjans, om du ikkje veit minst like mykje som konkurrentane, forklarer Slettevoll.
>>>>
«Vi var dei første i verda som gjorde det på denne måten»
SANCO SHIPPING
Tal i mill.kr
Driftsinntekter Driftsresultat Resultat før skatt
2012 185 93 65
2011 180 79 50
SEISMIKKPAR: Ivar og kona Bjørg Slettevold satsa på offshoreselskap i vesle Gjerdsvika - og lukkast.
9
SØSTRENE SANCO: 1,2 milliardar kroner kostar søsterskipa Sanco Sword og Sanco Swift, her saman ved Myklebust Mek. Verksted i Gursken.
>>>> I samråd med broren Bjarte, vart det bestemt å satse på ei løysing der ein ved eigne skip frakta bunkers ut til seismikkfartøyet og gjennom ein slange overføre oljen medan fartøya var i fart. - Seismikkfartøya går i konstant fem knops fart, og vi bestemde oss for ei løysing der vi ligg 70 til 100 meter framfor moderfartøyet og overfører oljen via slange. For å unngå driftsstans, satsa vi også på båtar med to propellar og to maskineri. Hausten 1997 kom dei over ein slik båt, og kjøpte eit tidlegare lasteskip som vart ombygd til fraktefartøy av olje. Konseptet vart straks ein stor suksess. Det vart presentert for selskapet PGS som straks tende på ideen og det ombygde Sanco-skipet fekk femårs kontrakt med PGS. - Vi var dei første i verda som gjorde det på denne måten, seier Slettevoll. L A N G SI K T I G E AV TA L A R Seinare vart det bygd spesialbygde skip til frakting av olje, og nye langsiktige avtalar inngått med selskap som PGS og CGG. Etter kvart ville selskapet også satse på eigne seismikkfartøy. Første forsøket vart gjort med to skip som kunne skyte tredimensjonal seismikk ved hjelp av seis 10
mikk-kablar som vert lagde i mønster på havbotnen, i staden for å verte slept etter moderskipet. Sjølv om konseptet ikkje vart nokon stor suksess for Oslo-selskapet RXT som satsa på denne typen seismikk, har Sanco-skipa hatt godt med oppdrag fram til i dag. Men det er gjennom dei nye seismikkskipa «Sanco Swift» og «Sanco Sword» at Gjerdsvik-selskapet har teke steget opp mellom dei større aktørane. Dei to skipa kan slepe 16 seismikk-kablar, og interessa for å leige inn skipa er stor. Slettevoll seier at det ikkje er eit mål for selskapet å verte størst muleg. - Etter den siste satsinga på 1,2 milliardar kroner, er det naturleg at vi tek ein investeringspause. Men vi er sjølvsagt opne for å sjå på mulegheiter som dukkar opp. Han ser ingen store problem med å drive eit så stort reiarlag frå ein liten stad som Gjerdsvika, der dei for fem år sidan bygde eit administrasjonsbygg på over 700 kvadratmeter. - Så lenge vi har godt nok breiband kan vi styre eit slikt selskap frå alle stader. Hittil har vi også klart å skaffe oss dyktige tilsette. Vi kunne ikkje hatt ein betre stab, noko som er den viktigaste nøkkelen for suksess, seier Ivar Slettevoll.
HER ER SANCO-FLÅTEN
Sanco Sword Seismikkskip, 96,1 m langt, 23,0 m breidt, skroget er bygd i Polen og skipet skal overleverast i april 2014 frå Mykebust Verft. Sanco Swift Seismikkskip, 96,1 m langt, 23,0 m breidt, overlevert i juli 2013 frå Mykebust Verft. Sanco Spirit Seismikkskip, 86,5 m langt, 16,0 m breidt, bygd i 2009 ved Vågland Båtbyggeri, Vågland. Sanco Star Seismikkskip, 80 m langt, 16,0 m breidt, bygd i 2008 ved Vågland Båtbyggeri, Vågland. Sanco Sky Support fartøy seismikk, 72 m langt, 13,2 m breidt, bygd i 2007 ved Aas Mek. Verkstad, Vestnes. Sanco Chaser Support fartøy seismikk, 51,3 m langt, 12 m breidt, bygd i 2002 ved Larsnes Mek, Larsnes. Sanco Sea Support fartøy seismikk, 51,3 m langt, 12 m breidt bygd i 1999 ved Voldnes Skipsverft, Fosnavåg.
NETTBASERT FAKTURERING FOR ALLE BEHOV
Markedsledende SendRegning er Norges eldste og ledende nettbaserte fakturasystem. Med 10 års erfaring og brukere over hele landet har vi solid kompetanse på fakturering. Komplett fakturasystem SendRegning inneholder alt du trenger for å fakturere og passer for både små og store bedrifter. Du betaler kun for det du bruker.
Våre tjenester: Enkeltregning (på epost eller papir) EHF-faktura (til det offentlige og private) Fast oppdrag Masseutsendelse Purring Inkassovarsel Inkasso (levert av Lindorff) KID (levert av Nets) AvtaleGiro (levert av Nets)
Oppfyller alle lovkrav Loven stiller strenge krav til fakturering. Vi samarbeider tett med regnskapsførere og revisorer. Bruker du SendRegning, kan du være helt trygg på at alle lover og regler blir fulgt. For mer informasjon, gå til sendregning.no og/eller send en epost til hjelp@sendregning.no. For nyheter og oppdateringer, følg oss på:
SendRegning en avdeling i U4 Agresso-konsernet.
FRI REGISTRERING
INGEN FORPLIKTELSE R PRØV GRATIS!
sendregning.no
ULSTEIN BESTE NÆRINGSLIVSKOMMUNE Tekst: Kjetil Haanes & Ogne Øyehaug
Ulstein er den fremste næringslivskommunen på Nordvestlandet, men vert pusta tett i nakken av nabo Herøy og med Ålesund som ein god nummer tre.
Dette viser ei kåring som NETT NO har utførd. Bak dei tre sunnmøringane på topp følgjer Nordfjord-kommunane Stryn og Vågsøy. Ved kåringa av årets næringslivskommune, har vi lagt stor vekt på evna til å skape nye arbeidsplassar. Driftsinntekter per innbyggjar, lønsemd og nyregistreringar er alle teikn på aktivitet som betyr nye jobbar. 12
Våre tal viser at Ulstein har dei klart største gjennomsnittlege driftsinntektene per innbyggjar med 2,7 millionar kroner. Dette er dobbelt så høgt som Vågsøy på andre plass og over ti gongar meir enn kommunar som Eid, Volda og Skodje.
per innbyggjar. Her toppar Ulstein føre trioen Herøy, Ålesund og Ørskog.
I tillegg har Ulstein høgast ordinært resultat per bedrift i 2012 med knappe 11 millionar kroner, føre Sykkylven, Stryn og Ålesund.
Totalt omsette bedriftene i Ulstein for 21,6 milliardar kroner i 2012 anført av dei solide bedriftslokomotiva Rolls-Royce Marine, Kleven Verft og Ulstein Group.
Ulstein har også flest nyregistreringar per innbyggjar dei siste fem åra, med heile 300 nyregistrerte selskap, eit snitt på 3,8
Men når det gjeld antal bedrifter per innbyggjar, må Ulstein finne seg i å verte slått av både Herøy, Vågsøy og Ålesund,
der både Herøy og Vågsøy har over 1,8 bedrifter for kvar 100 innbyggjarar. V E K ST I H E RØY NETT NO sine statistikkar baserer seg på ferske 2012-tal for alle bedrifter med meir enn fem millionar kroner i omsetnad. Her skil Ulstein seg ut. Tala for 2012 viser også at Ulstein-dominerte Rolls-Royce Marine er den bedrifta som har auka omsetnaden mest frå 2011 til 2012 – ein auke på vel to milliardar kroner, føre Herøy-baserte Havyard Group med vel ein milliard og Ulstein-selskapet Kleven Verft med vel ein halv milliard. Mellom dei tjue på topp i omsetnadsvekst finn ein også Ulstein-bedriftene Island Offshore Management, Ulstein Design & Solutions og Ulstein Verft. Ser ein på kva for bedrifter som har vakse mest i talet på tilsette frå 2011 til 2012, er det heile fem Herøy-selskap mellom dei ti på topp, med Fosnavåg-baserte Olympic Crewing øverst med ein auke med 143 tilsette, tett følgd av Ulstein-selskapet Island Offshore Management med 140 nye tilsette og Fiskerstrand Verft med 139. G OD S T E M N I N G I ST RY N Bak dei tre kommunane på topp, er det tett kamp om plassane mellom Stryn, Vågsøy, Stranda, Sykkylven, Haram og Ørsta.
statistikkar og har makta å få stor breidde i næringslivet. Stryn skårar og høgt på relativ lønsemd for bedriftene. Berre Sykkylven (takka vere Ekornes) skårar betre, medan Ørsta, Stryn og Haram ligg like under. Vågsøy er ein god nummer fem på NETT NO si kåring, men vert plassert bak Stryn ettersom ein stor del av Vågsøy-inntektene kjem frå tre salsselskap av fisk med relativt få tilsette. Derimot skårar Vågsøy høgt i antal bedrifter per innbyggjar. I den andre enden av skalaen skil kommunane Vanylven, Norddal og Hornindal seg ut, men Vanylven sine tal må sjåast i samanheng med eit driftsresultat på minus 53 millionar for Hofseth Biocare i 2012 – eit resultat som gir store utslag i ein så liten kommune. NETT NO si kåring skil seg frå årets NHO-kåring i nærings-NM der Ulstein vart rangert som nummer ni på Nordvestlandet og nummer 92 i landet. Fremst i vår region i denne kåringa kom Herøy, følgd av Sande og Stranda. I NHO sitt kommune-NM vart derimot Ulstein beste kommune på Nordvestlandet og nummer ti i landet. I denne kåringa vart det mellom anna lagt vekt på attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og lokal berekraft.
NETT NO kårar Stryn til den fjerde beste næringslivskommunen etter at Stryn plasserer seg høgt oppe på alle
Ulstein kommune Herøy kommune Ålesund kommune
13
DETTE ER TALA DRIFTSINNTEKT PER INNBYGGJAR Tal i tusen kr
RESULTATGRAD Res. før skatt i prosent av driftsinntekter
TOTALE DRIFTSINNTEKTER Tal i tusen kr
1. Ulstein 2. Vågsøy 3. Herøy 4. Ålesund 5. Stryn 6. Sula 7. Stranda 8. Sande 9. Sykkylven 10. Ørsta 11. Haram 12. Ørskog 13. Stordal 14. Selje 15. Hareid 16. Giske 17. Vanylven 18. Eid 19. Hornindal 20. Volda 21. Skodje 22. Norddal
1.Sykkylven 15 % 2. Ørsta 12 % 3. Stryn 11 % 3. Haram 11 % 5. Sande 9 % 6. Ålesund 8 % 6. Selje 8 % 6. Herøy 8 % 9. Ørskog 7 % 9. Volda 7 % 11. Ulstein 6 % 12. Hareid 5 % 12.Giske 5 % 12. Eid 5 % 15. Sula 4 % 15. Stranda 4 % 15. Norddal 4 % 18. Vågsøy 3 % 19. Stordal 2 % 19. Skodje 2 % 21. Hornindal -1 % 22. Vanylven -5 %
1. Ålesund 2. Ulstein 3. Herøy 4. Vågsøy 5. Stryn 6. Ørsta 7. Sula 8. Haram 9. Sykkylven 10. Stranda 11. Giske 12. Volda 13. Hareid 14. Eid 15. Sande 16. Ørskog 17. Selje 18. Skodje 19. Vanylven 20. Stordal 21. Hornindal 22. Norddal
NYETABLERINGAR 2008 - 2013 Per 100 innbyggjarar
BEDRIFTER I HØVE TIL FOLKETAL Per 100 innbyggjarar
RESULTAT FØR SKATT Gjennomsnitt per bedrift i tusen kr
1. Ulstein 2. Herøy 2. Ålesund 2. Ørskog 5. Vågsøy 5. Stryn 7. Stranda 7. Stordal 9. Vanylven 10. Skodje 11. Haram 11. Sula 11. Sykkylven 11. Volda 15. Eid 15. Norddal 17. Ørsta 17. Selje 17. Sande 20. Giske 20. Hareid 22. Hornindal
1. Herøy 2. Vågsøy 3. Ålesund 4. Ulstein 5. Stranda 6. Ørskog 7. Stryn 8. Stordal 9. Sande 9. Selje 11. Ørsta 12. Eid 13. Haram 14. Sykkylven 15. Skodje 15. Sula 17. Volda 18. Hareid 19. Norddal 20. Giske 21. Vanylven 22. Hornindal
1. Ulstein 2. Sykkylven 3. Stryn 4. Ålesund 5. Haram 6. Herøy 7. Ørsta 8. Sande 9. Sula 10. Ørskog 11. Selje 12. Vågsøy 13. Giske 14. Hareid 15. Volda 16. Stranda 17. Eid 18. Stordal 19. Norddal 20. Skodje 21. Hornindal 22. Vanylven
2710 1327 1254 1216 776 605 567 538 533 508 501 411 380 324 319 280 263 257 242 216 205 152
3,8 3,7 3,7 3,7 3,4 3,4 3,1 3,1 3,0 2,8 2,6 2,6 2,6 2,6 2,5 2,5 2,4 2,4 2,4 2,3 2,3 1,8
1,87 1,81 1,49 1,42 1,36 1,35 1,25 1,23 1,21 1,21 1,20 1,04 0,96 0,92 0,91 0,91 0,86 0,82 0,75 0,68 0,60 0,40
55 005 076 21 611 852 11 112 264 8 112 301 5 508 245 5 322 769 5 104 909 4 517 277 4 100 928 2 619 231 2 115 977 1 903 421 1 614 792 1 517 513 1 412 471 939 307 905 573 879 448 871 852 399 871 299 939 263 066
10.965 8.460 6.962 6.679 5.732 5.298 5.256 4.034 2.546 2.240 2.187 2.170 2.115 2.024 1.752 1.486 1.185 744 720 524 - 393 - 2.188
Kjelde: Bisnode/SSB 14
SURFAR PÅ GODE TIDER Tekst og foto: Kjetil Haanes
Dei har alle starta aksjeselskap i årets næringslivskommune, og angrar ikkje. - Det har gått bra. Interessa for produkta og kompetansen til selskapet er aukande, seier dagleg leiar Tommy Pettersen i data- og konsulentselskapet Datawaves. - Det er høg aktivitet, og det er tydeleg at både bedrifter og privatpersonar er villige til å bruke pengar på gode bilde, seier dagleg leiar Cecilie Hatløy i Lykkeliten Studio. - Vi har bygd oss opp gradvis i Ulsteinvik, men aktiviteten er no høgare enn nokon gong, seier dagleg leiar Ole Theodor Hovden i Nordvest Naprapatklinikk. Dei tre har etablert seg innanfor heilt ulike næringar, og gjer det godt i kjølvatnet av den høge aktiviteten i dei maritime næringane. BA B Y F OTO G R A F Cecilie Hatløy (36) har bygd opp sitt eige fotostudio og har spesialisert seg på babyfoto, og då spesielt nyfødde babyar mellom fem dagar og to veker gamle. - Her var ingen som hadde spesialisert seg på babyfoto, så eg tok sjansen og berre kasta meg ut i det. Ho har ikkje angra på satsinga, men tok eit klart strategisk val alt i starten. - Eg er sjølvlærd, men bestemde meg likevel for å ikkje dumpe prisane for å kome inn på marknaden. Det fekk eg i starten mykje pepar for.
OPTIMISTAR: Ole Theodor Hovden, Tommy Pettersen og Cecilie Hatløy satsar i Ulstein.
- Det ligg mykje planlegging og arbeid i gode babybilde. Ho har hittil i år tatt foto av eit førtitals nyfødde. - Stadig fleire legg no like mykje pengar i foto av sine eigne små som av brudebilde. Det skulle eigentleg berre mangle. Datawaves har no seks tilsette etter at Tommy Pettersen (51) gjekk saman med Arve Løset og starta eige selskap. R ASK V E K S T Fleire av desse har erfaring tidlegare frå større selskap, og i løpet av kort tid har Datawaves skaffa seg eit 60-tals kundar, dei fleste i Ulstein, men også frå Hareid, Ørsta, Sande, Vanylven, Vågsøy og Oslo. - Vi er Microsoft-partner og tilbyr deira tenester samt rådgjeving, konsulentteneste og IT-støtte. I tillegg leverer vi datautstyr. Vi føler at vi har satsa på rett tidspunkt midt i det mest aktive området i regionen. Han har stor tru på at selskapet vil vekse. Det er målet, og så langt ser det bra ut.
Den store aktiviteten i næringslivet gir seg også fysiske utslag, noko naprapat Ole Theodor Hovden (34) kan stadfeste. - Ja, ikkje minst merkar vi det på mange stive ryggar og nakkar. M U SE A R M O G TENNISALBOGE Nordvest Naprapatklinikk har inngått eit samarbeid med Stamina Helse, og saman med kollega Sara Lande Rise held Hovden ope kvar dag i Ulsteinvik. - No har vi fulle timelister, sjølv om det er ei relativt dyr behandling som kundane ikkje får dekt om ein ikkje har teikna privat helseforsikring. Han seier at stadig fleire selskap tilbyr privat helseforsikring til sine tilsette. - Vi driv manuell behandling av alt frå musearm og tennisalboge til større idretts- og arbeidsskader. Interessa for våre tenester er heilt klart aukande, og sjølve meiner vi at vi er ein viktig bidragsytar til å halde flest mogleg i arbeid.
15
NYSKAPANDE PÅ KYSTEN – TRAUSTE I FJORDBYGDENE Tekst: Kjetil Haanes / Foto: Terje Engås
Historikar Eldar Høidal er imponert over satsingsvilja på kysten, men er bekymra for utviklinga i kommunar som Sykkylven og Norddal. - Faren er om ein vert for einsidig. Sykkylven står og fell i stor grad på korleis det går med Ekorneskonsernet. Det er ein risikosport. Høidal meiner at det er eit over 100 år gamalt mønster vi ser igjen i statistikkane over tilstanden i næringslivet. - Det er på kysten, i kommunar som Haram, Ulstein, Herøy og Vågsøy ein har mest aktivitet og nyskaping. Dette har med fiskarkultur og bondekultur å gjere, der fiskarkulturen har vist stor evne til satsing og nyskaping, medan bondekulturen er meir traust. Entreprenørånda er langt sterkare på kysten enn i indre fjordstrøk. Han synst heller ikkje det er merkeleg at Ålesund kjem så høgt opp på statistikkane.
NÆRINGSHISTORIE PÅ SUNNMØRE: Eldar Høidal åtvarar mot for einsidig fokus på den maritime industrien.
- Heilt sidan spansketida på 1830-talet har Ålesund vore i fremste rekkje i regionen på næringsliv, og då spesielt knytt til fisk. I Ålesund har det vore god tilgang til kapital i tillegg til at ein også gjennomgåande har hatt ei politisk leiing som har lagt godt til rette for næringsutvikling. Begge deler har vore viktig.
- Skulekommunen Volda har hatt ein stor offentleg sektor, og har kunna lene seg trygt tilbake på dette. Dette har ført til passivitet på næringsfronten. Derimot har Ørsta ikkje hatt anna val enn å satse målretta på industri, der det tradisjonelt har vore tette band mellom bedrifter, bankar og kommunen.
F I SKA R KA P I TA L Høidal er i ferd med å skive næringslivshistoria for Sunnmøre på oppdrag for Sunnmøre Museum, ei bok som skal vere ferdig hausten neste år. Han seier at ikkje så mykje har endra seg på 100 år i det næringsmessige styrkeforholdet mellom kommunane.
Høidal ser ein fare i at kommunar som Ulstein vert for oljeavhengig.
- Fiskeria har generert store inntekter, noko som har ført til god kapitaltilgang. Men i tillegg har fiskarane hatt sterk konkurranse og har heile tida vore nøydde til å utvikle seg. Endringsvilja har vore stor, og ser vi på statistikkane har dette tydelegvis gått i arv. Men bildet er ikkje heilt eintydig. - Sjå på Stryn. Der har ein makta å få eit meir allsidig næringsliv, sjølv om Stryn tradisjonelt var dominert av landbruksinteresser. Han meiner at det er som forventa at Ørsta knuser Volda på næringsliv. 16
- Oljeavhengigheita i verda er på veg nedover. Vi ser også at meir transport går frå land til sjø. I tillegg vil det vere mykje å hente innanfor alternativ energi som vindkraft og bølgjekraft. Her er det store mulegheiter for dei som omstiller seg i tide. E T T E R LYSE R B R E I DDE Han er også skeptisk til at det vert for einsidig fokus på den maritime industrien. - Den maritime klynga er og vil vere svært viktig, men etter mitt syn er det farleg om satsinga på kunnskap og kompetanse er for einsidig innretta for å stette dagens behov i den maritime næringa. - Etter mitt syn er det også viktig å satse på å heve allmennkunnskapen, og satse sterkare også på humanistiske og økonomiske fag. Dette aukar mulegheitene for at fleire av våre ungdomar både utdannar seg her og vert buande her etter utdanning.
www.kleven.no
FEM FANTASTISKE ÅR Tekst: Ogne Øyehaug
Frå 2008 til 2012 har bedriftene på Sunnmøre og i Nordfjord auka driftsinntektene med 33 prosent.
18
Driftsinntekter
Driftsresultat
Resultat før skatt
2012
146 057 144
10 746 745
10 251 630
2011
146 499 662
12 053 061
11 183 967
2010
125 452 745
10 446 200
11 000 557
2009
116 743 712
10 129 146
14 449 264
2008
110 299 602
9 790 614
7 617 248
Tal i 1000 kroner Tala omfattar over 2000 bedrifter med driftsinntekter over fem millionar kroner. Det høge resultatet før skatt i 2009 skuldast mellom anna tilbakeføring av valutatap frå finanskriseåret 2008, og reknskapseffekten av at det blei tatt ut store utbytte. Kjelde: Bisnode
19
DEMPA FESTSTEMNING Tekst: Ogne Øyehaug
Etter fem, fantastiske festår spår analytikarane utflating for næringslivet på Nordvestlandet. -Eg vil bli overraska om andre regionar i Noreg har gjort det betre enn dette, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Swedbank First Securities . G OD L ØN SE M D Over 7000 nye jobbar. Over 30 prosent auke i driftsinntektene. Dette er fasiten for åra 2008-2012 for dei nesten 2200 bedriftene på Sunnmøre og i Nordfjord med meir enn fem millionar kroner i årlege driftsinntekter (sjå faktaboks). - Ei imponerande breidde og veldig mange foretak. Dette er eit glansbilete av norsk næringsliv, seier Andreassen. TOP P E N NÅ DD Men til liks med dei andre analytikarane som har vurdert NETT NO sin database over resultata til bedriftene, trur Andreassen på ei utflating. Veksten blir ikkje så sterk som den har vore. Det har først og fremst samanheng med at den sterke veksten i investeringane på norsk sokkel er over, meiner han. - Oljeselskapa har teke ein tenkjepause. Det er ingen tvil om at det skal gjennomførast store investeringar, men investeringane vert flytta frå dei dyraste delane av norsk sokkel til andre delar av verda. Eg trur eksportsjefane blir enda viktigare enn dei har vore framover, seier Andreassen. PÅ V I P P E N - Omsetnadsmessig har ein gjort det forbløffande godt. Det er ein større vekst i desse selskapa enn i landet som heilskap. Men det siste året ser det ut som om ting byrjar å stoppe opp, seier professor Ola Grytten ved Norges Handelshøyskole. Driftsinntektene (omsetnaden) i 2012 er om lag som i 2011, og lønsemda er svakt fallande. Men fallet i lønsemda er så liten at Grytten er i tvil om det faktisk viser at bedriftene har fått det tyngre. Resultatet før skatt er svakt fallande frå 2009, men held seg over sju prosent av driftsinntektene i heile perioden. 20
Grytten er også veldig i tvil om korleis næringslivet vil utvikle seg dei næraste åra. - Vi står og bikkar. Signala utanfrå er gode. Spesielt frå EU har det kome signal om at no går det betre. Men innanlands er det dårlege signal, seier han. T Y N T BA K E KOR N E S Men Grytten ser ei klar todeling av økonomien. - Det maritime næringslivet, knytt til oljebransjen , driv aktiviteten opp. Samstundes byrjar det å bli tynt bak Ekornes i møbelindustrien. Alt som har med olje og maritim og marin sektor å gjere er meir solid enn resten, meiner han. - Så lenge ein er i maritime/marine næringar, oljeprisen er høg og det er mykje fisk, så bør det gå. Eg er mest spent på korleis det går med tradisjonell industri, som møbel, som er avhengig av heimemarknaden, seier Grytten. I M P ON E RT OV E R S T RY N Gryttens professorkollega frå konkurrenten BI, Torger Reve, ser ingen faresignal i tala frå sunnmørs- og nordfjordbedriftene samla sett. Tala syner at området er sterkt knytt til oljebransjen, men ikkje så einsidig oljeorientert som i Stavangerområdet. - Dette er betre enn det du finn i innlandet, og dårlegare enn det du finn i Stavanger, seier Reve. - Men ser vi på kommune for kommune, blir biletet eit anna. Til lenger ut mot kysten, dess betre går det i næringslivet. Det er ingen tvil om at det er ei todeling i økonomi, med området der oljerelaterte bedrifter står sterkt som vinnarane. Men det finst unntak, og Stryn er det klaraste døme på at det ikkje er naudsynt å sjå til havs for å gjere det bra.
ANALYTIKARANE
Elisabeth Holvik
Ola Grytten
Torger Reve
Harald M. Andreassen
Sjeføkonom
Professor
Professor BI
Sjeføkonom
Sjeføkonom
Sparebank1
Norges Handelshøyskole
Swedbank First Securities
Sparebanken Møre
- Eg er kjempeimponert over Moods of Norway, som gjer sånne ting som er mot naturen. I teorien skal det ikkje vere mogleg, seier Reve. R E T T Å S AT SE PÅ OL J E Fem av dei ti største selskapa på Sunnmøre og i Nordfjord er reiarlag, verft eller utstyrsleverandørar knytte til oljebransjen. Slike bedrifter har vore den avgjerande vekstdrivaren i området dei siste åra, men Andreassen meiner det blir heilt feil å kritisere næringslivet i regionen for einsidig oljesatsing. - Skulle ein berre la desse viktige forretningsområda segle forbi seg, når ein hadde både teknologien og moglegheitene, spør han retorisk.
Inge Furre
FAKTA
På oppdrag for NETT NO har selskapet Bisnode samla og bearbeidd reknskapsinformasjon for nesten 2200 selskap på Sunnmøre og i Nordfjord. Oversikta omfattar alle selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekter, og strekkjer seg over åra 2008-2012. Oversikta inneheld mellom anna informasjon om driftsinntekter, lønsemd, tal på tilsette og løn for dagleg leiar, og er eit utgangspunkt for manga av artiklane i dette magasinet. Seks analytikarar har sett gjennom materialet og gitt sine kommentarar til NETT NO.
Han meiner det lokale næringlivet tidlegare har greidd å omstille seg, når vilkåra blei endra, og vil klare det igjen. - Eg er ikkje bekymra for sunnmøringane si evne til å tene pengar, seier Andreassen.
OL J E P R I SE N B E T Y R A LT Oljeprisen er kritisk faktor nummer ein hos analytikarane. Eit oljeprisfall ned til 75 dollar fatet vil vere eit enormt sjokk for norsk økonomi, meiner sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1. - Det betyr lågare vekstimpulsar, lågare skatteinntekter, brems i offentleg forbruk og investeringar, seier ho. På kort sikt trur ho sjansen for eit markert fall i oljeprisen er svært liten, så lenge det er vekst i verdsøkonomien og dyrt å vinne ut meir olje. Men på lengre sikt er det noko anna. - Eg trur vi må byrje å bu oss på at oljeprisen etter kvart vil falle. USA blir sjølvforsynt. Europa, og spesielt Tyskland, satsar tungt på fornybar energi. På litt sikt vil det få stor effekt, seier ho.
F RY K TA R I K K J E BU S TA DP R I SFA L L Kritisk faktor nummer to er bustadprisane. Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre minner om at det er mange arbeidsplassar i bedrifter og bransjar utanom industrien som er knytte direkte opp mot oljebransjen. - Fall i bustadprisen vil føre til redusert etterspørsel etter private tenester (t.d. butikkar, hotell, restaurantar, red. merk), som ikkje er knytt til oljeindustrien. Men sjansen for eit prisfall er forholdsvis liten, seier sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre. Skulle det kome ein nedgang i norsk økonomi som er sterk nok til å utløyse eit markert fall i bustadprisen, trur Furre styresmaktene vil gripe inn med stimuleringstiltak, slik det blei gjort under finanskrisa i 2008/2009. 21
MARITIM KLYNGE VEKS VIDARE Tekst: Ogne Øyehaug
Den maritime klynga i nordvest veks vidare, trass i at norsk økonomi flatar ut. Hittil i år har skipsverft, utstyrsleverandørar, skipskonsulentar og reiarlaga i Møre og Romsdal auka arbeidsstokken med 550 årsverk. Det er meir enn forskarane ved Møreforsking Molde spådde for eitt år sidan. I løpet av dei siste åtte åra har sysselsettinga i desse bedriftene auka frå 15.000 til 20.000 årsverk. Og forskarane ved Møreforsking trur ikkje veksten er over. Fram mot 2020 ventar dei at den maritime klynga vil auke med mellom 2000 og 3000 årsverk. Men det er større uvisse knytt til spådommen frå Møreforsking enn det var for eitt år sidan. Faren for at det går dårleg i Kina, kostnadsinflasjon i oljebransjen, overkapasitet i offshoreflåten og auka konkurranse frå asiatiske verft gjer framtida litt meir usikker enn den var. - Men det mest sannsynlege er at dette tuslar greitt av stad, seier Arild Hervik, professor ved Høgskolen i Molde og seniorforskar ved Møreforsking. Han er fagleg ansvarleg for Møreforsknings årlege tilstandsrapport om dei maritime bedriftene i Møre og Romsdal, og har vore 22
med på arbeidet heilt sidan det starta for 25 år sidan. Møreforsknings rapport strekkjer seg inn i 2014. Prognosen er at skipsverft, utstyrsleverandørar, skipskonsulentar og reiarlaga i Møre og Romsdal til saman vil auke driftsinntektene frå 46 milliardar kroner i 2012 til 51 milliardar i 2013. Det store fleirtalet av bedrifter trur og på vidare vekst i 2014. Men lønsemda vil gå litt ned, frå ein resultatmargin (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) på 8,2 prosent i 2012 til 7,5 prosent i 2013. Det er likevel brukbar lønsemd for alle, med unntak av reiarlaga. - For fjerde år på rad er innteninga i offshorereiarlaga dårlegare enn vi har vore vane med, og dårlegare enn den bør vere, seier Hervik. Trøysta er at reiarlaga er så robuste og renta så låg at det ikke er snakk om noko krise. - Men ratene må opp, seier Hervik.
35
ÅRS ERFARING INNEN SKIPS - OG INDUSTRIRØRLEGGING
rortek.no 23
OLJEBOOMEN JAGA MØBEL UT Tekst og foto: Ogne Øyehaug
25 prosent av norsk møbelproduksjon er flytta ut sidan finanskrisa starta.
FLYTTA UT: Gjennom Hadi Invest har Helge Brunstad bygd opp møbelproduksjon i Estland, medan produksjonen har krympa heime. Det er typisk for møbelindiustrien etter finanskrisa.
Skiftet er eit klart svar på det stigande norske kostnadsnivået, drive opp av den norske oljeboomen, meiner bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industris bransjeavdeling for møbel- og interiørbransjen. Oljeboomen halde rett nok vore med og halde den norske møbeletterspørselen oppe, men det har ikkje skjerma den norske industrien frå konkurransen utanfrå. Møbelindustri-bedriftene har greidd å halde driftsinntektene sine uendra gjennom finanskrisa, men store deler av produksjonen deira er flytta til dotterselskap eller underleverandørar i utlandet. - Dei norske lønskostnadane har stige heile tida under finanskrisa, medan dei hos våre konkurrentar dels har gått tilbake, dels stått stille, seier Sundet. Førre gang møbelfabrikkane kutta kostnadar la dei i stor grad ned eigne tre- og stålavdelingar, og sette arbeidet ut til underleverandørar i Noreg eller utlandet. I denne runda er tendensen å flytte heile produksjonen ut til 24
eigne bedrifter i utlandet. Dermed held bedriftene driftsinntektene oppe, sjølv om meir av arbeidet blir gjort ute. F LY T TA U T Hos møbelnestor Helge Brunstad i Brunstad i Sykkylven er det fast overtid to dagar i veka. Etterspørselen har tatt seg opp etter ferien, og Brunstad utelet ikkje nytilsetjingar i nær framtid. I Sykkylven er han delvis skjerma for konkurransen frå oljebransjen, meiner han. - Den påverkar nok i større grad dei som ligg rundt senter for bedrifter knytt til oljebransjen. Hadde vi hatt fabrikk på Hareid så ville det ikkje vore like greit, seier Brunstad. Men også Brunstad har tilpassa seg konkurransen frå utlandet. Gjennom Hadi Invest eig han både fabrikken i Sykkylven og ei produksjonsbedrift i Estland, Violante Mööbel OÜ, som mellom anna eksporterer stolar og sofaer til Noreg under eige varemerke. I Noreg er det nesten 120 tilsette, i Estland rundt 60. Og tendensen sidan finanskrisa er akkurat som hos møbelindustrien generelt, produksjonen aukar ute og går ned i Noreg.
foto: Geir Mogen
REVISJON SKATT & AVGIFT RÅDGIVNING FORETAKSSERVICE
BDO ET BEVISST VALG Vi er utfordreren i vår bransje. Vår strategi med lokal forankring og partnernærhet til kundene har bidratt sterkt til vår suksess. I dag er vi 1 200 ansatte, fordelt på 67 kontor over hele landet, og vi vokser stadig. Nære og gode kunderelasjoner gjør det mulig å være fleksible, løsningsorienterte og reaksjonsdyktige i samarbeidet med kundene. For mer informasjon om BDO, kontakt en av våre partnere: Ulsteinvik Tlf.: 70 01 81 81 ulsteinvik@bdo.no
Ålesund/Brattvåg Tlf.: 70 20 95 90 brattvag@bdo.no
Ålesund Tlf.: 70 17 88 80 alesund@bdo.no
– Thor Martin Eidem – Eldar Zahl – Einar Giljarhus Løkken
– Erik Langlo-Johansen – Audun Halsen
– Ole Martin Sæter
www.bdo.no
REFLEKSGULE EDELSTEINAR: Alle World Wide Supply sine båtar er identiske og har refleksgul farge og namn etter edelsteinar. Her World Peridot, som opererer i spotmarknaden i Nordsjøen.
NORSK-HOLLANDSK
FORBRØDRING Tekst: Kjetil Haanes / Foto: Kjetil Haanes og World Wide Supply
Den hollandske verftskjempa Damen Shipyard Group har fått fotfeste innanfor norsk offshorenæring gjennom samarbeid med Ulstein-baserte World Wide Supply.
26
- Vi har i dag seks skip. Det er ingen flåte, seier dagleg leiar Jostein Sætrenes i World Wide Supply, og signaliserer dermed vekst framover. Frå dei nye Sydvestor-lokala i Ulsteinvik sentrum har Sætrenes utsikt til Ulstein Verft og Kleven Verft, samt til utstyrsleverandøren Rolls-Royce Marine. Likevel har Sætrenes og partnerane sett mot Holland når dei skal byggje eit nytt offshorereiarlag. NETT NO kjenner til at lokale aktørar har vore inne i diskusjonar om større avtalar med Ulstein-selskapet, men utan at dette førde fram. - Dette ønskjer eg ikkje å kommentere, men neste gong håper eg sjølvsagt at fleire lokale selskap kan verte involvert, seier Sætrenes. H E RØY- S A M A R B E I D World Wide Supply vert leia frå Ulsteinvik, men selskapet har inngått samarbeid med Herøy-baserte Remøy Management, som tek seg av det operasjonelle ansvaret for alle fartøya. Hittil har World Wide Supply fått levert tre av totalt seks identiske PSV-fartøy av typen Damen PSV 3300 CD. Det første kom i juni, det andre i august og det tredje i september. Det siste skal vere levert før årsskiftet, og samtlege er bygde ved det Damen-eigde Galati-verftet i Romania. - Båtane er leverte til rett tid, og kvaliteten er god, seier Sætrenes.
LEIARPAR: Dagleg leiar Jostein Sætrenes og finansdirektør Ottar Jan Mork er utleigde frå Sydvestor for å leie satsinga rundt World Wide Supply.
Designet er utvikla i nært samarbeid med Damen Shipyard, som med sine 38 verft og 7700 tilsette er mellom dei største verftsaktørane i Europa. Damen-verfta har levert meir enn 5000 fartøy sidan 1969.
- Mange reiarlag satsar på å ha skip innanfor dei fleste segment, alt frå enkle PSV-ar til kompliserte konstruksjonsskip. Eg seier ikkje at dette er feil, men vi har vald å spesialisere oss innanfor eit bestemt område.
- Vi er nøgde med samarbeidet med Damen-gruppa så langt, seier Sætrenes.
V U R DE RT E K I NA Dei seks første skipa er 80,10 meter lange, 16,20 meter breie og har eit dekk på 720 kvadratmeter. Prislappen for kvart skip er på rundt 190 millionar kroner.
Damen Shipyard Group har også stått bak engineering og skaffa det meste av utstyret til skipa. H OL L A N D SK F I NA N SI E R I N G Kvart av skipa er eigde gjennom hollandske selskap, og det var den hollandske banken ABN Amro gjennom sitt Oslo-kontor som saman med Atradius (hollandsk GIEK) til slutt stod for lånefinansieringa av dei seks første skipa. Sætrenes har sjølv lang erfaring innanfor offshore, mellom anna som finansdirektør i tidlegare Havila Supply ASA og adm. dir. i Bourbon Offshore. Han har i tillegg erfaring frå finansieringssida frå tida som administrerande direktør i Kredittbanken og Glitnir Bank. - Ideen om å starte eit nytt offshoreselskap har vakse fram over tid, seier han. Ideen går ut på å byggje eit reiarlag der ein reindyrkar satsinga på PSV-skip innanfor «midtsegmentet».
- Om vi hadde bygd skipa i lokalt, ville nok prisen vore 30-40 millionar kroner høgare, seier Sætrenes. Han opplyser at ein vurderte Kina, men slo det frå seg. - Sjølv om prisen der var konkurransedyktig, er det mange som har opplevd at kinesiske verft har problem med å oppnå god nok kvalitet og å halde leveringstida. Vi har også sett at mange kinesisk bygde skip har vore gjennom dyre tilpassingar etter levering. Sætrenes seier at reiarlaget gjennom sin modell har fått bygd skip med Nordsjøstandard til asiatiske prisar. - Vi er godt nøgde, og godt posisjonerte til å ta oppdrag over heile verda, derav namnet World Wide Supply. >>>> 27
ROYAL DÅP: Prinsesse Margareta av Romania var gudmor for World Diamond. Her rettar prins Radu Duda på Margareta sitt smykke under dåpsseremonien ved Galati-verftet i Romania.
>>>> Unntaket er norsk side av Nordsjøen ettersom skipa er NIS-registrerte.
DESSE SATSAR WORLD WIDE
- Vi endrar fort til NOR-registeret om det skulle vise seg at vi får kontraktar på norsk side.
Fleire lokale aktørar satsar stort på det nye offshoreselskapet World Wide Supply AS.
Skipa har eit mannskap på tolv på kvart skift, der offiserane i utgangspunktet er norske.
Største samla eigargruppe er dei Ulstein-baserte selskapa Sydvestor og Nordvestor Aktiv med totalt 14 prosent. Det er frå denne gruppa både dagleg leiar Jostein Sætrenes og finansdirektør Ottar Jan Mork er utleigd til World Wide Supply.
Alle skipa har namn etter edelsteinar, og dei to første av dei refleksgule skipa, World Diamond og World Peridot, opererer no i spotmarknaden i Nordsjøen. Også World Pearl er levert frå det rumenske verftet, og er på veg til Nordsjøen. P E T ROB R AS - AV TA L A R Dei neste skipa, Emerald, Opal og Sapphire, skal leverast i tur og orden fram til årsskiftet. I løpet av første halvår neste år vil fire av selskapet sine skip starte på kontraktar for Petrobras i Brasil. Kontraktane er på fire år fast med opsjonar på fire nye år.
Neste største aksjonær med 13,6 prosent er Fosnavåg-selskapet Remøy Management, som står bak det daglege operasjonelle ansvaret for fartøya. Av andre lokale investorar finn vi Ervik & Sævik AS frå Bølandet, Hareid Elektriske AS frå Hareid og Gjerde Invest AS frå Gjerdsvika.
Sætrenes seier at målet for selskapet er å byggje ein større industriell aktør innanfor dette offshoresegmentet.
Største eksterne aksjonær er Dønna Invest AS, som tidlegare har satsa stort innafor oppdrett, samt Lundh’s Labradoreksport, sistnemnde med Mette Lundh Håkestad frå Larvik i spissen. Dei to Laksevåg-baserte Becker Invest og Frydenbø Investment er også aksjonærar.
- Vi arbeider med evigheita som perspektiv, men når det er sagt er alt til sals til rett tid og rett pris.
Konsernsjef Knut Herman Gjøvåg i Frydenbø-gruppa er styreleiar i World Wide Supply AS.
28
TRADISJON FOR KVALITET SIDEN
1956
FACEBOOK.COM/TRIISEAS | KJØPMANNSGATA HAREID 29
TENTE BEST I NORDVEST Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl
SELSKAP
LØN 2012
ADRESSE
BRANSJE
1. Oddbjørn Eliassen (67)*
Rolls-Royce Marine AS
6.310.000
Ulsteinvik
Skipsutstyr
2. Roy Reite (48)
Vard Group AS
5.958.000
Ålesund
Verftsgruppe
3. Karl-Johan Bakken (55)
Farstad Shipping ASA
4.948.000
Ålesund
Reiarlag offshore
4. Terje Bakken (53)**
Epax Norway AS
4.585.000
Ålesund
Næringsmiddel
5. Eivind Volstad (53)
Volstad Shipping AS
4.561.000
Ålesund
Reiarlag offshore og fiske
6. Henning Tangen Veibust (48)
Havskjer AS
4.427.000
Ålesund
Havfiske
7. Per Ivar Fagervoll (50)
Golden Energy Offshore
3.842.000
Ålesund
Reiarlag offshore
8. Tomas Settevik (53)
Stokke AS
3.730.000
Ålesund
Møbel
9. Frank Ove Reite (43)
Converto AS
3.589.000
Ålesund
Kapitalforvalting
10. Kari Mette Ski (56)
Devold of Norway AS
3.570.000
Langevåg
Tekstil/mote
11. Bjørn Sævik (53)
Kings Bay AS
3.316.000
Leinøy
Havfiske
12. Øyvind Tørlen (43)***
Ekornes ASA
3.209.000
Sykkylven
Møbel
13. Jon Erik Ytreeide Engeset (49)****
Saferoad AS
2.706.000
Ørsta
Industri
14. Tor Vikenes (54)
Norway Pelagic ASA
2.620.000
Ålesund
Fiskemottak/-foredling
15. Ole Møller Zahl (53)
Sinopacific Norway AS
2.617.000
Fosnavåg
Skipsmekling
16. Tor Austad (63)
Austad Diagnostikk
2.569.000
Ulsteinvik
Helse
17. Gunvor Ulstein (44)
Ulstein Group
2.424.000
Ulsteinvik
Verft m.m.
18. Trygve Aasland (49)
Fora Form
2.420.000
Ørsta
Møbel
19. Roger Halsebakk (48)
Sølvtrans ASA
2.286.000
Ålesund
Reiarlag oppdrett
20. Olav Arne Fiskerstrand (57)
Sparebanken Møre
2.263.000
Ålesund
Bank
Dei best betalte bedriftsleiarane i nordvest 2012. Løn omfattar ordinær løn, bonus og anna godtgjersle. Pensjonskostnader er ikkje med. * Slutta ved årsskiftet. ** Slutta i februar 2012, løn omfattar sluttvederlag. *** Slutta i desember 2012. **** Slutta sommaren 2013. Kjelde: Bisnode og årsrapportar frå selskapa 2012.
30
Etter eit langt yrkesliv i Rolls-Royce, ryddar Oddbjørn Eliassen kalenderen for å prioritere barnebarna, men også ha tid til å hjelpe andre bedrifter.
Han toppar lønslista for fjoråret med 6,3 millionar, der over halvparten (4 mill.) er verdien av aksjar i selskapet. Frå årsskiftet venta eit heilt anna liv på 67-åringen. Lange arbeidsdagar og mange, lange reiser er bytt ut med eit tilvære der han styrer dagen sjølv. - Eg er vel ein av dei toppleiarane i Rolls-Royce som har sete lengst. Etter 20 år med 150-200 reisedøgn i året, var det veldig godt å slutte, seier Eliassen, som likevel ikkje har tenkt å pensjonere seg heilt. Gjennom sitt nye selskap, Elia Consulting, vil han bruke erfaring og kunnskap til å hjelpe mellomstore selskap med vekstambisjonar. - Går du inn med både kapital og kompetanse? - Først og fremst kompetanse, men eg har gått inn med kapital i eitt selskap som eg har spesielt stor tru på. - Korleis var det å forlate Rolls-Royce etter så mange år? - Veldig godt. Eg har vel vore på overtid lenge og føler at eg har gjort min del. Det er eit enormt press å skulle levere kvar dag – eit hardt køyr. - Og det har gått ut over eit vanleg familieliv? - Ja, men no tek eg det igjen med barnebarna. No er det dei som har førsteprioritet, seier han. Eliassen trekkjer også fram at han er glad for at han fekk vere med å realisere Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund før han slutta i Rolls-Royce, og der har rådgjevaren skaffa seg kontor og har ein naturleg plass. Ålesundaren, opphavleg frå Nedre Eiker i Buskerud, var formelt sjef for 2500 tilsette i dei norske RR-bedriftene frå Haram til Sandnes, med ein samla omsetnad på 9,4 milliardar i fjor, men det var som konserndirektør for handelsfartøy over heile verda og ein del av leiargruppa i London at han gjorde seg fortent til løna si. - Rolls-Royce har eit lønssystem der leiarar får opsjon på aksjar tre år fram i tid. Når du måla tre år på rad, gir det god utteljing, og desto dårlegare når det ikkje går så bra. Kall det gjerne ei gulrot, der du må yte for å få topp løn. Eg har nytt godt av den store ordreinngangen på skip for tre-fire år sidan, seier Eliassen.
ODDBJØRN ELIASSEN – best betalt, har nyleg avslutta ein lang karriere som toppsjef i Rolls-Royce Marine. Foto: Pressefoto
31
MARITIME MENN PÅ LØNSTOPPEN Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl
FRANK O. REITE – størst lønsauke, herøyværing som forhandlar på begge sider av bordet i Converto. Foto: Pressefoto
- Eg har vel vore god til å forhandle på den eine sida av bordet, og dårleg på den andre, då, humrar Frank O. Reite (43), den toppsjefen i nordvest med kraftigast lønsauke i 2012. Reite tok ut vel 3,5 millionar kroner i løn og bonus frå Converto AS i fjor, ein auke på 1,5 millionar frå året før. Herøyværingen busett i Ålesund, ofte omtalt som Kjell Inge Røkkes høgre hand, er både dagleg leiar, hovudaksjonær og styreleiar i rådgjevingsselskapet Converto AS. - Vi gir råd til små og store selskap innanfor dei fleste bransjar, alltid med verdiutvikling for eigarane som målsetting, seier Reite. 32
K L A R M A R I T I M D OM I NA N S Rangeringa over dei best betalte leiarane er utarbeidd på grunnlag av årsrapportane til over 2000 aksjeselskap på Sunnmøre og i Nordfjord. Under løn er rekna med bonusar, anna godtgjersle og verdien av opsjonar på aksjar i selskapet. Ingen frå Nordfjord nådde opp på lista over dei 20 best betalte sjefane (sjå tabellar). Bedrifter med maritim tilknyting dominerer klart, to er reine fiskebåtreiarlag og tre er store møbelprodusentar. Selskap som
gir råd og meklar, Converto og Sinopacific Norway, er også sterkt knytte til sjømat og skipsbygging. Geografisk er det Ålesund og Ulstein som skil seg ut, ut frå plassering av hovudkontor. Og det er dei største selskapa som betaler leiarane sine best. Rolls-Royce Marine og verftsgruppa Vard hadde begge nesten 10 milliardar i driftsinntekter i fjor. VA R D O G FA R S TA D På lønstoppen 2012 vert Eliassen tett følgt av konsernsjef Roy Reite (48) i Vard Group. Verftsgruppa leverte sterke resultat både i 2011 og 2012, noko Reite fekk betalt for med 1,7 millionar kroner i bonus i fjor, på toppen av ei løn på fire millionar. Bonusen til toppsjefen ”fastsettes skjønsmessig av selskapets kompensasjonskomité” og skal godkjennast av styret, går det fram av årsmeldinga. Vard, tidlegare STX OSV AS, vart i januar selt til italienske eigarar, har 1000 tilsette på fem verft i Norge, og eig i tillegg fire verft i Romania, Brasil og Vietnam. Roy Reite er ikkje i slekt med Frank Reite. Karl-Johan Bakken (55), administrerande direktør i Farstad Shipping ASA, kjem også på ”topp tre” med ei løn på nesten fem millionar kroner, ein auke på 855.000 kroner frå året før. - Bonus utgjer ein betydeleg del av dette, seier Bakken.
KARL-JOHAN BAKKEN – på tredjeplass, hjørungavågar som leiar offshorereiarlaget Farstad Shipping. Foto: Pressefoto
Farstad hadde eit svært godt år i 2011, og dette fekk sjefen glede av i fjor i form av solid bonus året etter. Bakken har også ei god pensjonsordning som kosta selskapet ein million i fjor. Hjørungavågaren busett på Hareid kom frå Ulsteingruppa til Farstad i 1999, og i 2006 overtok han som toppsjef. Han har ansvar for 2100 medarbeidarar, 1870 av dei fordelte på 59 offshorefartøy. - Er du fornøgd med løna di? - Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Det eg kan seie er at Farstad har ein lønsmodell for å sikre at toppleiinga tenkjer langsiktig og driv selskapet på ein trygg og god måte. Difor har ein til dømes ikkje opsjonar, med fare for at resultatet vert ”blåst opp” og leiarar går vidare til neste selskap, seier Bakken. G OD U T T E L J I N G Ein annan Bakken, Terje (53), har fått svært god utteljing på åtte månaders jobb for Epax Norway AS, som driv stor butikk og kallar seg verdsleiande på å foredle fiskeolje til kosttilskotsproduktet Omega 3, med hovudkontor og produksjon i Ålesund og salskontor i Oslo. Bak suksessen står Røkke-dominerte Aker Biomarine med 50 prosent eigardel. Terje Bakken (53) kom inn som toppsjef sommaren 2011 og slutta etter åtte månader – og fekk med seg 4,5 millionar kroner i løn og sluttvederlag. Ifølgje ei pressemelding frå selskapet var det usemje mellom eigarane og Bakken om strategien vidare. Bakken seier til nett.no at det er ei grei skildring av kva som skjedde, og han meiner det er feil å ta han med på lønstoppen for Nordvestlandet. - 4,5 millionar er bra utteljing på så kort tid? - Det er ein del av prisen, og internasjonalt er ikkje det uvanleg. Denne summen omfattar litt av kvart. Eg jobba også for eigarselskapet Epax Holding med prosjekt i utlandet og i Oslo, og det vert feil å samanlikne lønsnivået på Nordvestlandet med ei Oslo-basert verksemd, seier Bakken. Om den korte tida i jobben: - Det var ikkje slik det var meint. Sidan han slutta i Epax, har 53-åringen skifta jobb to gonger. Frå mai var han tilbake i gjødsel, ein bransje han kjenner godt etter mange år i Hydro og Yara, no som rådgjevar for Moskva-baserte Eurochem. I Epax overtok Ola Snøve (36) som sjef og tente vel 1,1 million frå mars og ut 2012. R Å D G J E VA R E N R E I T E Frank O. Reite har med seg seks andre på laget i Converto, blant dei tidlegare Ekornes-sjef Øyvind Tørlen (43) som gjennom den tidlegare jobben også er med på lønstoppen for 2012.
>>>>
33
EIVIND VOLSTAD – får god utteljing, har bygt opp offshoreflåte og teke i bruk ein splitter ny fabrikktrålar. Foto: Pressefoto
>>>> Converto AS gav råd for 27 millionar kroner i fjor og sat igjen med eit driftsoverskot på 6,6 millionar. Den klart største kunden er Converto Capital Fund AS, der Reite også er dagleg leiar og forvaltar eigarinteressene i store Aker- og Røkke-dominerte selskap som Norway Seafoods (kvitfisk), Ocean Harvest (pelagisk fiske, Argentina), American Shipping Company og Aker Philadelphia Shipyard i USA. Eivind Volstad (53) er, på same måten som Reite, både sjef og hovudaksjonær (100 prosent) i Volstad Shipping. Fiskebåtreiaren har frå 2005 bygt opp ein moderne offshoreflåte med fem fartøy og har avtale med tyrkiske Tersan Shipyard om å byggje ny båt til 800 millionar, eit spesialskip for undervasskonstruksjonar. Begge partar har teke atterhald om finansiering, så avtalen er ikkje effektiv enno, understrekar reiaren. Volstad tok ut 4,5 millionar kroner i løn i fjor. - Som eigar er du i ein litt spesiell situasjon, og løna kan variere frå år til år av ulike årsaker, seier Volstad. - Kva er viktigast, løn eller skapartrong? - Ei løn må ein ha, men det viktigaste er å skape trygge og lønsame arbeidsplassar, seier reiaren som har kring 200 tilsette på seks fartøy, blant dei på den nye fabrikktrålaren Volstad, no på sin andre tur i Barentshavet. 34
Eivind Volstad tok eit utbyte på 10 millionar kroner, av eit overskot etter skatt på 48 millionar kroner i morselskapet i fjor. B E R R E TO K V I N N E R Berre to kvinner er på lønstoppen. Konsernsjef Gunvor Ulstein (44) hadde 2,4 millionar for å leie Ulstein Group i fjor, nokre få tusenlappar meir enn året før. Klart best betalt av kvinnene er administrerande direktør for ei anna sterk merkevare, Kari Mette Ski (56), i Devold of Norway AS i Langevåg. Ho tente vel 3,5 millionar kroner, eit par hundre tusen meir enn året før trass svakare omsetning og resultat. Ski ønskjer ikkje å kommentere løna si og seier at løn er eit privat forhold mellom eigar og dagleg leiar.
«ei løn må ein ha, men det viktigaste er å skape trygge og lønsame arbeidsplassar»
Foto: Marius Beck Dahle
IKT FRÅ TuSSA
SENTRALISERT IT-DRIFT GIR DEG TID TIL Å TENKjE NYTT La oss ta ansvar for overvaking og drift av kritiske IT-system, slik at de får meir tid til å fokusere på eigen produksjon og kjerneverksemd. Med oss får du stabile IT-tenester frå moderne datasenter strategisk plassert i den maritime klynga på Sunnmøre. Om de ønskjer å ha serverparken lokalt, flytte han inn i eit av datasentera våre, eller kaste alt på båten og kjøpe serverkapasitet og tenester frå oss, har vi kompetanse og ressursar til å gjere eit IKT-løft i bedrifta di. Eit stadig aukande fibernett og med fleire datasenter, vil Tussa IKT vere den viktigaste samarbeidspartnaren din for å sikre stabilitet, oppetid og feiltoleranse på kritiske IT-system. Sikkert, stabilt og sytalaust!
Kontakt oss på telefon 70 10 36 00 eller send ein e-post til bedriftssal@tussa.no
-EG HAR DET GODT Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl
- Eg har det godt og er ikkje så oppteken av løn, seier Rolf Domstein (56). Konsernsjefen i fiskeforedlingsbedrifta Domstein ASA med hovudkontor i Måløy toppar lønslista for bedriftsleiarar i kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal og Stryn. På plassen bak kjem Nils Karstad Lysø (45), administrerande direktør i moteeventyret Moods of Norway i Stryn. - Eg leier eit lite børsnotert selskap, og eg trur dette er ei løn som er rett i høve til marknaden og på same nivå som eg ville få i ein tilsvarande jobb i eit anna selskap, seier Domstein. - Å skape verdiar i Domstein er viktigare enn løna mi. Eg kan også få glede av verdiskapinga som eigar, seier han. R. Domstein & Co AS eig 49,3 prosent av Domstein ASA. I holdingselskapet er aksjane likt fordelt mellom brørne Rolf, Gunnar (55) og Knut Magne (50). Gunnar Domstein si løn som driftsdirektør i Norway Pelagic ligg forresten nokre få tusenlappar over det eldstebror har for å leie familieverksemda. - Vår undersøking viser at leiarlønene i Nordfjord ligg lågt. Kan det føre til at nordfjordbedrifter ikkje får tak i dei beste leiarane? - Eg trur bedriftene her har gode leiarar. Mange er også eigarar
ROLF DOMSTEIN – har høgast løn i Nordfjord, og trur ikkje at han ville fått høgare løn i eit tilsvarande selskap andre stader. Foto: Pressefoto
og dei er sterkt forankra i lokalsamfunnet, og det er viktigare enn løn til seg sjølv. Med den type og storleik vi har på bedriftene, meiner eg leiarlønene ligg på eit naturleg nivå, seier Rolf Domstein og understrekar at han er veldig komfortabel med si løn.
PÅ TOPP I NORDFJORD SELSKAP
LØN 2012
ADRESSE
BRANSJE
1. Rolf Domstein (56)
Domstein ASA
1.649.000
Måløy
Fiskeforedling
2. Nils Karstad Lysø (45)
Moods of Norway AS
1.360.000
Stryn
Tekstil/mote
3. Arnt Ove Hoddevik (48)*
Welcon AS
1.345.000
Deknepollen
Fiskemjøl/-olje
4. Jarl E. Lillesalt (55)
Kystfisk AS
1.285.000
Måløy
Fiske
Dei best betalte bedriftsleiarane i Nordfjord 2012. Løn omfattar ordinær løn, bonus og anna godtgjersle. Pensjonskostnader er ikkje med. * Dagleg leiar frå juli 2012. Kjelde: Bisnode og årsrapportar frå selskapa 2012.
36
ENGASJERT BANK Ein bank som vil bety noko for næringslivet i Møre og Romsdal må by på meir enn berre pengar. Engasjerte og kompetente medarbeidarar som kjenner dei lokale forholda, gir dei beste råda. Vi høyrer til her.
- LØN SOM EIN MINIPUTT Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl / Foto: Kjetil Haanes
- Det går nesten ikkje ein dag utan at nokon seier til meg at «du har redda livet mitt», eller livet til ektefellen eller naboen. - Det er enormt stort og på mange måtar den beste løna eg kan få, seier lege Tor Austad. 63-åringen i Ulsteinvik plasserer seg blant dei 20 best løna bedriftsleiarane i nordvest, saman med reiarar, konsernsjefar og direktørar i store internasjonale selskap. Også konsernsjef Gunvor Ulstein i same by må sjå seg «slegen» av røntgenlegen som driv Austad Diagnostikk AS, med hovudkontor i Ulsteinvik og avdeling i Oslo. I fjor tok han ut løn på vel 2,5 millionar og kosta i tillegg på seg eit utbyte på 805.000 kroner. Tor Austad er radiolog, ein lege som er spesialist i å tolke bilete av menneskekroppen, og Austad har spissa sin kompetanse innanfor ultralyd. Han tilbyr undersøkingar av ei rekkje organ, der føremålet er å oppdage eventuelle sjukdommar på eit tidleg tidspunkt. På heimesida si trekkjer han fram tidleg diagnose av kreft og åreforkalking. - F R E M S T I N OR E G - Ingen andre legar i Noreg finn så mykje kreft som eg gjer, seier Austad til NETT NO.
TOR AUSTAD: - Ingen andre legar i Noreg finn så mykje kreft som eg gjer. Ultralydspesialisten er nummer 16 på lønstoppen i nordvest.
- Diagnose ved hjelp av røntgen, MR og CT er enklare. Få legar er gode på ultralyd, og få offentlege institusjonane prioriterer det. Eg meiner det vert brukt altfor lite, og behovet er aukande. KO S TA R M E I R I O SL O Austad undersøkjer kring 4000 personar årleg. Han tilbyr ei enkel undersøking til 800 kroner, og full sjekk til 1700 kroner i Oslo og 1300 kroner i Ulsteinvik. - Det verkar ganske rimeleg?
Han fortel at han har 40 års erfaring som lege og har vore spesialist i radiologi frå 1983. Med 30.000 timar ultralyd-diagnose på CV-en, reknar han seg som den fremste på dette feltet i landet.
- Ja, eg ønskjer at mange skal få tilbodet, og at alle skal ha råd til det. Grunnen til at det er dyrare i Oslo er at eg har høgare faste utgifter der, seier Austad.
- Eg kan sjå skjulte kreftsvulstar og pulsårer som held på å sprekke, seier Austad.
- Korleis vert du motteken av andre legar?
- Og du tek deg bra betalt? - Ein proffspelar i fotball tener ti gonger så mykje, utan å ha i nærleiken den erfaring eg har. Eg jobbar mykje og det har vore ein lang veg å gå, og eg hadde låge inntekter i mange år. Det er først dei siste åra eg har tent så bra, seier han. Han har jobba i det offentlege helsevesenet og hos andre private helseklinikkar. Det var kollegaer på Medi 3 i Ålesund som oppmoda han om å starte for seg sjølv og satse enda meir på ultralyd-undersøkingar. 38
- Då eg starta for snart 20 år sidan, var det veldig negativt, men det har endra seg. I dag er det kanskje ein av ti som er negative, og eg får ein heil del pasientar tilvist frå fastlege. Eg får pasientar frå heile Noreg, og folk kjem frå Stockholm og London for å få helsesjekk, seier Austad. - Korleis ser du på at du har høgare årsløn enn til dømes Gunvor Ulstein, som leier eit konsern med 800 tilsette? - Det vil eg ikkje kommentere, men samanlikna med Noregs beste fotballspelar eller Noregs beste advokat, så er eg ein miniputt, fastslår Tor Austad.
K A M P A N J E W W W
O R H Y B M S I U F S
M A E H Y A O K T O O
M C I A R C M A V I S
U E @ G Å V E S I K O
N R R L O L R T K R S
I E A G R N W A L I I
K D C P A D A N I S A
A E E R C E P J N E L
S S R I E L P E G S E
FINN FREM EN PENN
Engasjert byrå søker engasjert kunde
I . X R R E I D E M
O G N O M D Ø M M E A
N N O R Å D G I V E ®
AMBASSA Tekst: Kjetil Haanes / Foto: Marius Beck Dahle
Dagleg er dei konkurrentar, men no går Kjersti Kleven og Tore Ulstein saman for å fronte interessene til norsk næringsliv. - Det er viktig at fleire får forståing for industrien sin posisjon i samfunnet, og ikkje minst for samanhengen mellom industriskapinga og den velstanden vi opplever, seier Kjersti Kleven.
40
ADØRANE Tore Ulstein er hjartans samd.
- Og så er det viktig å setje eit større fokus på behovet for konkurransekraft, utdanning, kompetanse og innovasjon. - Heilt sant, og så må vi ikkje gløyme at det er viktig å satse på samferdsle og byggje ned byråkratiet, seier Kleven. - Godt poeng, seier Ulstein. Som president i NHO representerer Tore Ulstein 520.000 tilsette i 21.500 norske bedrifter. Under seg har han eit system med 21 bransjeforeiningar, der Norsk Industri er den klart største med 2.400 bedrifter og 130.000 tilsette. Her er Kjersti Kleven styreleiar. Med utgangspunkt i Kleven Maritime og Ulstein Group har dei to lokale industrileiarane innteke to av dei desiderte toppverva i norsk industri.
41
KJERSTI KLEVEN: EIT KINDEREGG Kjersti Kleven ser på seg sjølv som eit Kinderegg for NHO-organisasjonen Norsk Industri; eigar, kvinne, frå utkant-Norge og nynorskbrukar. 42
DOBBELTINTERVJU DEL 1
Kva er dei største farane du ser for regionalt næringsliv dei neste åra? - Næringslivet her konkurrerer sterkt internasjonalt. Eg er veldig spent på korleis konkurransebildet ser ut om nokre år, når konkurrentlanda våre har vore nøydde til å omstille seg og bli meir produktive for å overleve, medan vi har tatt ut store delar av veksten vår i kostnadsauke. Den største utfordringa på kort sikt er rekruttering av ulik teknisk kompetanse. Korleis kan ein best handtere og overvinne desse farane? - Kostnadsnivået smittar dessverre over på andre næringar og på offentleg sektor. Vi må investere for større produktivitet og vi må halde på prinsippet om at det er dei konkurranseutsette bransjane som skal legge lista for lønsoppgjera. Så ser vi at unge i større grad søker seg til realfag og tekniske fag, og det er bra. Kva føresetnader er avgjerande for vidare vekst og positiv utvikling? - Vi er eit lite land og vi må prioritere ressursane våre – sjølv om dei er veldig store. Det er nokre næringar som vi har betre føresetnader for å drive med enn andre og dei må få ekstra merksemd. Dette er t.d. kystnæringar som maritim industri, fiskeri, marin industri og energisektoren i vid forstand. Utdanning, samferdsel og brukarstyrt forsking er viktig for å utvikle all verksemd vidare. Kva meiner du om dagens lønsnivå i industrien, og kva meiner du er ei fornuftig og forsvarleg lønsutvikling i industrien dei neste åra? - Skal vi ikkje svekke konkurranseevna vår, må løn og produktivitet fylgje kvarandre. Vi har på få år hatt ei lønsutvikling som gjer at vi i dag ligg 40-60% over dei næraste naboane våre i Europa. Denne
lønsveksten har vi ikkje greidd å kompensere med tilsvarande produktivitetsvekst. Dessutan ser vi at lønsskilnaden i Norge veks noko, slik at høgt utdanna grupper, som ingeniørar, ikkje lenger er så relativt sett «billige» som dei hittil har vore. Korleis skal ein klare å tiltrekkje seg meir kompetent arbeidskraft - og kvar skal den eventuelt kome frå? - Både Norge og vår region vil trenge innflytting om vi skal vekse. Denne arbeidskrafta må kome både frå andre stader i Norge og frå utlandet. I dag er det arbeidsinnvandringa som skaper folketalsveksten i fylket. For å få tilflytting må ein tilby ein god bu- og arbeidsmarknadsregion. Arbeidsmarknaden er her, men vi må ha gode kommunikasjonar slik at ein har god tilgang til breidda i arbeidsmarknaden. Så trur eg folk ser etter eit godt oppvekstmiljø for borna sine; dei treng barnehageplass, dei vurderer skuletilbodet og dei ynskjer seg eit levande kulturliv. Så kvaliteten på tenestene kommunane tilbyr og aktive frivillige lag, er svært viktig. Vil ein sjå vidare utflagging av regional industri – eventuelt kva type industri og til kvar? - Ut- og innflagging er ein «levande materie» som endrar seg over tid. Teknologirådet hevdar at ved bruk av moderne teknologi vil det på sikt bli meir lønsamt med lokal småskalaproduksjon framfor å transportere varer over lange avstandar, slik tradisjonell «utflagging» fører til. Kor unik er eigentleg den maritime klynga på Nordvestlandet - og kvifor? - Klynga har innanfor eit veldig avgrensa geografisk område representantar for heile den komplekse verdikjeda som fører fram til bygging og drift av skip. Vi har mange reiarlag, vi har verft, utstyrsle-
verandørar og skipsdesignarar og vi har dei viktigaste tenesteytarane som bankar og klasseselskap. Den korte avstanden mellom oss gjer det enkelt å gjere endringar og skape nyvinningar utan at vi brukar mykje ressursar på formalitetar og byråkrati. Vi er ikkje redde for å dele kunnskap og det er veldig spesielt i internasjonal samanheng. På den måten blir vi veldig konkurransedyktige når vi skal ut i verda. Er den maritime klynga avgjerande eller hindrande for vidare vekst – kvifor/ korleis? - Eg trur den er positiv og viktig også for vidare vekst, men effekten kjem ikkje av seg sjølv. Mange av bedriftene som er lokomotiva i klynga er etter kvart store og då må ein passe seg for å bli byråkratiske og «seg sjølv nok». Kva er det viktigaste du kan bidra med som styreleiar i Norsk Industri? - Eg skal sjølvsagt sørge for at breidda av industrien i Norge blir synleg og får best moglege vekstvilkår. For å gjere det må eg representere den viktige industrien på Vestlandet på ein god måte ved å få fram vår bedriftskvardag, den store kunnskapen som industrien her har og at kystkompetansen vil vere heilt sentral for det vi skal leve av også i framtida. Kva fordeler ser du av å ha vokse opp ute i fjøresteinane på Sunnmøre og ha eit så tungt nasjonalt verv? - Fordelen trur eg først og fremst er at eg kvar dag blir mint om kva bedrifter betyr for lokalmiljøet sitt – og omvendt. - Eg er jo eit «Kinderegg» for ein slik organisasjon; kvinne, eigar, frå utkant-Norge og nynorskbrukar!
43
VIL HA SLUTT PÅ SVARTMÅLING NHO-president Tore Ulstein fryktar auka gap mellom løner og produktivitet, men meiner likevel at den maritime industrien ikkje må svartmåle situasjonen. 44
DOBBELTINTERVJU DEL 2
Kva er dei største farane du ser for regionalt næringsliv dei neste åra? - Utviklinga av kostnadsnivået. Den siste tida har vi sett at lønsnivået har auka meir enn produktivitetsutviklinga. Dette negative gapet mellom auken i løn og auken i produktivitet er urovekkande, og vi er nøydde til å få ut meir av kvar krone vi satsar. Korleis kan ein best handtere og overvinne desse farane? - Ny teknologi og innovasjon er nøkkelord. Vi er nøydde til å jobbe meir effektivt, bruke mindre tid på kvart prosjekt og gjenbruk av løysingar, til dømes i designprosessen av skip. Kva føresetnader er avgjerande for vidare vekst og positiv utvikling? - Auka fokus på innovasjon og nyskaping. Vi må kunne tenkje nytt og ta dei mulegheitene som finst i marknaden. Samstundes er vi nøydde til å straumlineforme produksjon og organisasjonar endå meir. Kva meiner du om dagens lønsnivå i industrien, og kva meiner du er ei fornuftig og forsvarleg lønsutvikling i industrien dei neste åra? - Det må vere harmoni mellom vekst i løn og vekst i produktivitet. Om vi får ei lønsutvikling som er større enn produktivitetsauken, vil vi fort kome til å slite. Korleis skal ein klare å tiltrekkje seg meir kompetent arbeidskraft - og kvar skal den eventuelt kome frå? - I maritim industri må vi i alle fall slutte med å svartmåle situasjonen, men heller vise til mulegheitene som finst i denne industrien og vere ærlege på at dette er ein bransje med svingingar. Vi må også vere
flinkare til å stå fram som attraktive overfor den neste generasjonen arbeidstakarar, og i større grad lage system som gjer at den enkelte har mulegheit til å utvikle seg innanfor organisasjonane. Vil ein sjå vidare utflagging av regional industri – eventuelt kva type industri og til kvar? - Det spørs kva ein legg i omgrepet utflagging. Eg trur ikkje at mange regionale verksemder vil flytte all produksjon til utlandet, men eg trur at fleire vil etablere avdelingar i utlandet. Dette er ein konsekvens av at når ein lukkast internasjonalt., så er det også naturleg å satse på å byggje opp organisasjonar internasjonalt. Men dette har også positive ringverknader lokalt, slik at det for mange bedrifter er ein samanheng mellom å lukkast internasjonalt og sikre arbeidsplassar lokalt. Kor unik er eigentleg den maritime klynga på Nordvestlandet - og kvifor?
med lokalt eigarskap, og har dermed følt på kroppen kvar dag dei utfordringane industrien står overfor. I NHO er det utruleg mange dyktige folk, men eg ønskjer å få meir av denne kompetansen ut til medlemane, slik at NHO i større grad kan bidra til vidare vekst og verdiskaping. Dette vert ei viktig oppgåve. Kva fordelar ser du av å ha vokse opp ute i fjøresteinane på Sunnmøre og ha eit så tungt nasjonalt verv? - Eg er prega av oppveksten, der det i vår familie var eit konstant fokus på verdiskaping, rammevilkår, konkurransekraft og innovasjon. Dette er ein viktig ballast å ha med seg vidare. Men elles er det både gledeleg og interessant å registrere at den maritime klynga her ute no har både NHO-presidenten gjennom meg, styreleiaren i Norsk Industri gjennom Kjersti Kleven og visepresidenten i Det Norske Veritas gjennom Morten Ulstein, og der Leif Arne Langøy i tillegg er president.
- Den er heilt unik, maritim næring hadde ei verdiskaping på 150 milliardar kroner i 2011 og sysselset over 100.000 tilsette. Dette fortel det meste. Er den maritime klynga avgjerande eller hindrande for vidare vekst – kvifor/ korleis? - Absolutt avgjerande for vidare vekst, og vi bør jobbe for å gjere den maritime klynga endå sterkare. Dette er ei komplett klynge med mange relevante aktørar som i fellesskap bidreg til samhandling innanfor klynga og skaper synergiar og styrke. Kva er det viktigaste du kan bidra med som NHO-president? - Eg dreg med meg mykje erfaring frå ei dynamisk næring som samstundes er viktig for Norge. I tillegg har eg erfaring 45
DEI 100 STØRSTE BEDRIFT
KOMMUNE
OMSETJING
RESULTAT FØR SKATT
1
Rolls-Royce Marine AS
ULSTEIN
2
Vard Group AS
ÅLESUND
9 445 534
115 020
9 276 330
3
Norway Pelagic AS
ÅLESUND
1 260 995
3 445 524
4
Bunker Oil AS
ÅLESUND
-48 084
3 008 736
42 009
5
Island Offshore Management AS
ULSTEIN
6
Coast Seafood AS
VÅGSØY
2 557 235
8 150
2 385 278
7
H I Giørtz Sønner AS
57 251
SULA
2 249 176
8
69 677
Kleven Verft AS
ULSTEIN
2 228 601
231 554
9
Farstad Supply AS
ÅLESUND
2 139 995
356 259
10
Nordfjord Kjøtt AS
STRYN
2 122 136
174 882
11
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag Sa
ÅLESUND
2 035 110
5 029
12
Island Offshore Shipholding
ULSTEIN
1 954 000
NA
13
Ulstein Verft AS
ULSTEIN
1 932 312
160 566
14
J E Ekornes AS
SYKKYLVEN
1 600 954
251 894
15
Waynor Trading AS
VÅGSØY
1 525 031
53 495
16
Vard Electro AS
HARAM
1 339 264
243 062
17
Brødr. Sunde A/S
ÅLESUND
1 194 295
49 870
18
Brødrene Sperre AS
ÅLESUND
1 191 788
15 454
19
Havyard Group AS
HERØY
1 109 442
88 082
20
Sparebanken Møre
ÅLESUND
1 087 000
640 000
21
Stokke AS
ÅLESUND
962 381
179 230
22
Havila Ships AS
HERØY
955 980
-231 291
23
West-Norway AS
ÅLESUND
945 662
4 494
24
Ulstein Design & Solutions AS
ULSTEIN
764 616
72 991
25
Jangaard Export AS
ÅLESUND
758 513
20 274
26
Bourbon Ships AS
HERØY
717 470
-1 032
27
Nils Sperre AS
ÅLESUND
705 361
5 748
28
Hofseth AS
VANYLVEN
643 677
16 974
29
Rem Ship AS
HERØY
620 600
225 002
30
Måløy Havneservice AS
VÅGSØY
606 865
9 252
31
Norsk Sjømat AS
STRANDA
604 075
30 253
32
Vik Ørsta AS
ØRSTA
603 771
65 252
33
Myklebust Verft AS
SANDE
596 548
40 614
34
AS Møre Codfish Comp
ÅLESUND
540 979
3 821
35
Normarine AS
ÅLESUND
539 389
338
36
Ocean Supreme AS
ÅLESUND
532 599
14 079
37
Cod-Export AS
ÅLESUND
506 944
17 832
38
Vartdal Plastindustri AS
ØRSTA
482 717
19 639
39
Tafjord Kraftproduksjon AS
ÅLESUND
478 912
207 160
40
Havila Shipping ASA
HERØY
474 090
6 059
41
Fjordlaks AS
ÅLESUND
471 995
-57 948
42
Thermo-Transit Norge AS
ÅLESUND
456 887
10 382
43
Villa Sales AS
ÅLESUND
455 011
8 519
44
Epax Norway AS
ÅLESUND
450 952
97 538
45
Olympic Ship AS
HERØY
441 923
-4 586
46
Bertel O Steen Møre og Romsdal AS
ÅLESUND
435 271
6 705
47
Island Offshore Viii KS
ULSTEIN
432 410
80 542
48
Volstad Seismic AS
ÅLESUND
431 371
-389
49
Seafood Farmers Of Norway AS
GISKE
422 563
-2 358
50
Brages Bilforretning AS
ÅLESUND
411 620
11 556
Tal i tusen kr
46
BEDRIFT
KOMMUNE
OMSETJING
RESULTAT FØR SKATT
51
Tafjord Marked AS
ÅLESUND
52
K A Aurstad AS
ØRSTA
407 395
8 405
402 721
53
Rauma Misund AS
ØRSKOG
26 345
398 888
54
Island Offshore Iii KS
5 233
ULSTEIN
374 222
99 051
55 56
Coldwater Prawns Of Norway AS
ÅLESUND
365 816
2 663
Inmarsat Solutions AS
ÅLESUND
364 669
-74 777
57
Olympic Crewing AS
HERØY
58
Møller Bil Ålesund AS
ÅLESUND
59
Ulstein Power & Control AS
ULSTEIN
60
Volstad Shipping AS
61 62
348 132
7 574
343 937
5 870
328 962
-7 351
ÅLESUND
323 198
67 158
AS Granit
ØRSTA
309 158
261 155
Jets Vacuum AS
HAREID
297 110
25 829
63
Fjordlaks Aqua AS
ÅLESUND
297 015
-10 739
64
Tussa Energi AS
ØRSTA
294 705
90 428
65
Scana Volda AS
VOLDA
294 314
8 437
66
Kongsberg Evotec AS
ULSTEIN
290 211
-107 213
67
Tafjord Kraftnett AS
ÅLESUND
289 085
5 986
68
Partrederiet International Offshore Services ANS
ÅLESUND
282 826
14 340
69
Ødegaard Engros AS
ÅLESUND
278 734
22 492
70
Sølvtrans Rederi AS
ÅLESUND
278 352
48 970
71
Island Offshore Crewing AS
ULSTEIN
271 621
542
72
AS Mørebunkers
VÅGSØY
271 094
1 862
73
Ekornes ASA
SYKKYLVEN
269 908
302 197
74
Tufjordbruket AS
ÅLESUND
265 773
-16 326
75
Vest Buss Norge AS
STRYN
263 942
12 385
76
Hareid Elektriske Teknikk AS
HAREID
261 039
16 428
77
Nor Seafoods AS
ÅLESUND
259 275
3 349
78
Tess Møre AS
ÅLESUND
259 135
18 842
79
Møre Trafo AS
SYKKYLVEN
257 827
17 928
80
Sperre Industri AS
ÅLESUND
243 264
20 367
81
Tussa Nett AS
HERØY
242 235
-9 078
82
Sirena Norway AS
HORNINDAL
241 357
-10 834
83
Gustav Stokke AS
ÅLESUND
238 421
1 811
84
Optimar Giske AS
GISKE
238 123
31 763
85
Selected Seafood AS
VÅGSØY
229 961
-662
86
Moods Wholesale AS
STRYN
224 119
37 541
87
Tussa-24 AS
HERØY
218 086
-125
88
Sevrin Tranvåg AS
SULA
216 696
-3 685
89
Olav E Fiskerstrand AS
SULA
215 670
1 856
90
Island Ventures 4 AS
ULSTEIN
215 147
13 577
91
Poly Har AS
ØRSTA
214 304
24 480
92
Nlm-Barnehagene AS
ÅLESUND
211 766
1 883
93
Maritime Partner AS
ÅLESUND
211 113
2 874
94
Island Offshore Xii Ship AS
ULSTEIN
210 163
52 815
95
Båtbygg AS
VÅGSØY
209 000
4 927
96
Ekornes Skandinavia AS
SYKKYLVEN
208 001
7 633
97
Selstad AS
VÅGSØY
207 578
10 792
98
Måløy Sildoljefabrikk AS
VÅGSØY
207 302
1 175
99
Olympic Nor AS
HERØY
205 790
3 280
100
Ålesund Bil AS
ÅLESUND
198 228
8 227
Bedriftene er rangerte etter driftsinntekter i 2012. Vi har teke utgangspunkt i einskilde selskap, ikkje konsern. Selskap i til dømes Ulsmo-konsernet (t. d. Ulstein Verft), Ekornes ASA og offshorereiarlaga dukkar dermed opp fleire stader på lista, men rangeringa gir likevel ein god peikepinn på storleiken til dei ulike bedriftene.
47
VENTELISTA
Tal i tusen kr Byggmann Handel AS Scan Mar AS Furuno Norge AS Farstad Offshore AS Sanco Holding AS Sunnmørsposten AS Havila Subcon AS Vard Accommodation AS Sparebank 1 Søre Sunnmøre Havila Offshore AS Norgesvinduet Bjørlo AS Hagen AS Nettbuss Nordfjord - Ottadalen AS Busengdal Transport AS Moods Retail AS Platina Seafood AS Coldwater Prawns Production AS Mørenot Fishery AS K. Nordang AS Nogva Motorfabrikk AS Ole Ringdal AS Norwegian Seafood Company AS Vestlandske Auto AS Grytestranda Fiskeindustri AS Golden Energy Offshore Services AS Consto Vest AS Bama Ålesund AS Atlantic Seafood AS Farstad Shipping ASA Brødrene Tennebø ANS Sol Bac Export AS Pretre AS Ulstein Elektro Installasjon AS Acel AS Ulstein Hull AS Farstad International AS Hexagon Devold AS Devold Of Norway AS Volda Maskin AS Merit Consulting AS Olympic Seafood AS Arctic Linefish AS Møre Boligkreditt AS Ålesund Bygg AS Vard Piping AS Nordfjord Kjøtt Slakt AS Hjellegjerde AS Geo Caspian AS Fora Form AS Brunstad AS Medi 3 AS Kjelde: Bisnode
48
187 813 187 807 186 890 186 209 185 159 184 167 183 227 182 264 180 490 180 156 177 182 176 087 175 875 174 340 172 813 172 596 172 025 169 784 168 351 162 774 161 839 160 977 159 638 159 409 158 867 157 389 157 356 157 000 151 860 150 474 144 644 144 194 142 587 142 341 141 995 141 413 141 227 137 941 137 691 136 883 135 995 134 698 130 000 129 128 127 971 127 737 126 226 126 166 124 571 124 353 120 579
Størst auke i driftsinntekter 2011-2012 Tal i tusen kr Rolls-Royce Marine AS 2 021 508 Havyard Group AS 1 083 942 Kleven Verft AS 513 484 Island Offshore Management AS 456 340 Bunker Oil AS 405 760 Nordfjord Kjøtt AS 247 447 Island Ventures 4 AS 215 147 AS Granit 207 372 Volstad Shipping AS 197 958 Kongsberg Evotec AS 194 047 Rauma Misund AS 186 881 Ulstein Design & Solutions AS 177 452 Hofseth AS 149 436 Stokke AS 140 901 Brødr. Sunde AS 135 216 Ulstein Verft AS 135 020 K A Aurstad AS 135 015 Consto Vest AS 134 818 Olympic Seafood AS 124 116 Seafood Farmers Of Norway AS 114 513 Kjelde: Bisnode
Størst auke i tilsette 2011-2012 Olympic Crewing AS 143 Island Offshore Management AS 140 Fiskerstrand Verft AS 139 Nv Service AS 97 Merit Consulting AS 77 Havila Shipping ASA 72 Rem Offshore ASA 70 Bourbon Offshore Norway AS 66 Rem-Pol Resources Norway AS 58 Vestvakt AS 52 Moods Retail AS 46 Sunsea AS 43 Maroff Crewing AS 38 Brødr. Sunde AS 36 Kongsberg Evotec AS 36 Moods Wholesale AS 32 Tussa Installasjon AS 31 Tunnelteknikk AS 29 Nordsjøbas AS 28 Måløy Bygg AS 27 Kjelde: Bisnode
WWW.OSBERGET.NO
NORWEGIAN GROUP A HIGHER STANDARD OF SAFET Y N DT STILLAS TILKOMST TEKNIKK
Vi utfører små og store oppdrag i høyden på en trygg og effektiv måte. Våre spesialfelt er NDT-inspeksjon, tilkomstteknikk og stillas, hver for seg eller i kombinasjon. Vi har inspektører og operatører med høy kompetanse på flere fagfelt. Jobben blir alltid utført med stort fokus på sikkerhet og kvalitet. W W W.NORWEGIANGROUP.NO | POS T@NORWEGIANGROUP.N O
THRUSTERPRODUKSJON: Målt i omsetning er Rolls-Royce Marine den største bedrifta på Nordvestlandet.
STOREBRØDRE FRÅ UTLANDET Tekst: Ogne Øyehaug / Foto: Kjetil Haanes
Rolls-Royce Marine og Vard Group er storebrødrene blant bedriftene i nordvest. Bygging av skipsutstyr og skip gav dei to selskapa til saman nesten 20 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor.
i Møre og Romsdal avdekkjer tette og stabile band mellom dei ulike bedriftene i området.
Dei to utanlandskeigde selskapa er i særstilling størst, også som privat arbeidsgivar. Rolls-Royce er britisk, Vard Group er eigd av italienske Fincantieri. Til saman har dei over 3500 tilsette, dei aller fleste av desse busette i nedslagsfeltet til NETT NO.
I fjor kjøpte til dømes skipsverfta 38 prosent av varer og tenester frå underleverandørar i fylket. Og 33 prosent av verfta sine driftsinntekter skreiv seg frå reiarlag i fylket.
Det utgjer nesten 20 prosent av all tilsette i den maritime klynga i Møre og Romsdal, som omfattar skipsverft, skipskonsulentar, utstyrsleverandørar og offshorereiarlag. L OKOM OT I V - Dette er dei to lokomotiva i klynga, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest. Det årlege studiet som Møreforsking Molde gjer av dei maritime bedriftene 50
- Då Rolls-Royce overtok var det ei frykt for kva som ville skje. Men sidan oppkjøpet i 1999 har talet på tilsette auka formidabelt i denne regionen – og spesielt i Ålesund. Rolls Royce har kome til Sunnmøre for å bli, og har styrka den maritime klynga, seier Ingjerd. Verfta i Vard Group fikk koreanske eigarar etter at Aker selde i 2007. I januar 2013 tok italienske Fincantieri over. - Selskapet hadde ein god posisjon i STX, og alt tyder på at det har ein like god posisjon i Fincantieri, seier han.
På sjetteplass kjem største selskapet i Nordfjord, fiskeeksportøren Coast Seafood i Vågsøy. Selskapet er ein av dei største frittståande seljarane av norsk oppdrettslaks og –aure, og sende fisk for over to milliardar ut av landet i fjor. Alliansen som gjer Nordfjord Kjøtt til hoffleverandør til Remabutikkane har gitt Loenbedrifta eit veldig oppsving. Nordfjord Kjøtt passerte 2,1 milliardar kroner i driftsinntekter i 2012 og er den tiande største bedrifta i Nordfjord og på Sunnmøre. Til saman 20 bedrifter har over ein milliard kroner i driftsinntekter, og hos heile 192 bedrifter er driftsinntektene over 100 millionar kroner. Blant dei 100 største er 36 selskap frå Ålesund, ni frå Ulstein og åtte frå Herøy. Maritim bransje, offshorereiarlag, skipsverft og utstyrsleverandørar utgjer rundt fjerdeparten av dei 100 største.
Tett på næringslivet
sommersethdesign.no
Vi er i dag mange engasjerte personar med erfaring frå ulike bransjar og forretningsområde. SpareBank 1 Søre Sunnmøre har svært god kjennskap til det lokale næringslivet og vi er opptatt av å vere med på å utvikle distriktet vårt. Vi har et breidt utval av produkt og tenester som gjer oss til ein solid samarbeidspartnar for bedrifta di.
Bank. Forsikring. Og deg.
DETTE MEINER BEDRIFTSLEIARAR OM FRAMTIDA
Karl Inge Rekdal (63) Adm. dir., Sykkylven Stål, Sykkylven
Tekst: Ivar Myklebust Longvastøl
1. Korleis ser det ut for di bedrift om to år? 2. Kva er bedrifta sine største utfordringar?
Om to år: Vi har vore gjennom ei enorm omstilling siste tre åra etter finanskrisa og nedgang i vår klart største marknad i mange år, møbelindustrien. No veks vi i fleire krevjande marknader, særleg i maritim næring. I fjor leverte vi til dømes over 100.000 delar og over 1100 ulike artiklar til Rolls-Royce. Målet vårt er å vekse med 20 prosent årleg. Vi skal lykkast på Sunnmøre og konkurrere med verda. Utfordringar: Å tilpasse bedrifta til dei behova marknadene våre har.
Jarle Støylen (60) Adm. dir. Brimer Kvamsøy, Sande
Ole Håvard Stavseng (44) Styreleiar Stordal Møbel, Stordal
Gunvor Ulstein (44) Konsernsjef Ulstein Group, Ulstein
Om to år: Veldig bra, håper eg. Vi har nyleg gått inn i eit samarbeid med HighComp AS i Rogaland, der vi spesielt skal samarbeide om utvikling og marknadsføring av tankløysingar for oppdrettsnæringa. Kundane er veldig ”happy” for å få ei sterk gruppering å jobbe med.
Om to år: Vi har starta opp igjen etter finanskrise og konkurs, med 20 tilsette. Vi satsar på færre produkt og ein spissa marknad, med større vekt på Norge. Vi vil behalde skreddarsaumen i Stordal, men legg ein større del av produksjonen ute. Vi tenkjer offensivt, med vekt på nye løysingar, design og kjernekompetanse.
Om to år: Vi har blitt meir internasjonale. Vi har passert meir enn 100 X-BOW skip i operasjon eller under bygging i verda. Vi jobbar vidare med spennande innovasjonar, og vi er enda sterkare til stades i heile verdikjeda frå OSV (oil service vessels) til drillskip.
Utfordringar: Skattepolitikk og samferdsle. Vi treng ein skattepolitikk som er råd å leve med. I dag må eg ta ut overskot frå bedrifta for å betale mine private rekningar. God kommunikasjon er viktig, og vi vil ha fastlandssamband.
52
Utfordringar: Marknaden bestemmer. Det er krevjande å drive industri i Norge, og vi ønskjer oss ein meir offensiv industripolitikk.
Utfordringar: Kostnadsnivået i Norge er høgt i forhold til ein del av konkurrentane våre. Vi må difor auke konkurransekrafta gjennom auka produktivitet og lågare kostnader. Vi vil fortsetje å kombinere styrkane våre innanfor design, engineering og skipsbygging med internasjonalt konkurransedyktig kostnadsnivå. Dette vil vere konsernets største mulegheit, men samtidig største utfordring framover.
Peter Tennfjord (58) Adm. dir. Fiskerstrand Verft, Sula
Jan Tore Leikanger (50) Adm. dir. Jets, Hareid
Richard Grov (49) Adm. dir. Hotel Alexandra, Stryn
Om to år: Vi er framleis eit verft som kombinerer nybygg og reparasjonar, med vekt på ferjer og fiskebåtar. Vi kjem ikkje til å prøve oss på nybygg av offshorefartøy, der er mange aktørar allereie, men vi kjem truleg til å reparere fleire av denne fartøytypen.
Om to år: Jets har vekstambisjonar, og veksten vil primært kome internasjonalt. Ein aukande landmarknad vil vere største bidragsytar til framtidig vekst.
Om to år: Vi har lansert nokre nye produkt slik at marknaden rundt oss er større. Via Ferrata Loen er døme på eit slikt produkt. Den norske marknaden vil framleis vere berebjelken dei komande åra. Norge er ferd med å prise seg ut i høve til store volum av utanlandske gjester.
Utfordringar: Kostnadsnivået. På nybygg og større ombyggingar er konkurransen hard frå til dømes Spania og Tyrkia. Og tilgangen på norsk arbeidskraft, både ingeniørar, prosjektleiarar, sveisarar og andre. Oljen stikk av med forferdeleg mange.
Utfordringar: Eit stadig aukande norsk kostnadsnivå er ei stor utfordring, og som internasjonal aktør vert vi heile tida utfordra på ein effektiv internasjonal logistikk.
Utfordringar: Som før er det å klare og skaffe kapital til framtidige investeringar. Alexandra er lokal eigd og driven, og eg ser fram til at formueskatten vert fjerna.
Bjarne Jarle Øen (60) Adm. dir. Øen Kuldeteknikk, Hornindal
Per Arne Edvardsen (44) Adm. dir. Vello Nordic AS, Skodje
Kjetil Nesset ( 47) Adm. dir. Vik Ørsta, Ørsta
Om to år: Vi ventar ein jamn auke dei neste åra også. Vi har satsa stort på varmepumpeanlegg til industrien, og vi har vore med på fjordvarmeanlegg til dømes på Nordfjordeid, i Valldal og Fosshaugane Campus i Sogndal, og det vil kome fleire.
Om to år: Då har vi 50 prosent høgare omsetnad, hovudsakleg henta inn på eksport til Nord Europa. Den største veksten ventar vi i bygg og anlegg og i olje og gass.
Om to år: Vi trur på ein god marknad vidare. Marknadsområda våre er trafikksikring, lysmaster, tunnel- og bergsikring og marina, og Nasjonal Transportplan tilseier at aktivitetsnivået skal auke.
Utfordringar: Å få tak i fagfolk, det er nesten umogleg. Vi kunne tilsett to kuldeteknikarar på dagen, men det vert utdanna få kuldeteknikarar i Norge, og det er stor rift om dei.
Utfordringar: Kostnadsnivået i Norge i ein internasjonal konkurranse. Vi har hatt ein lønsauke på 3-4 prosent årleg og konkurrerer med land som ikkje har hatt reallønsvekst på 10 år. Når vi skal vekse, er utfordringa å drive effektivt og få produksjonsapparatet til å henge med.
Utfordringar: Kostnadsnivået. Norsk industri har hatt ein lønsauke som er 60 prosent høgare enn mange konkurrentar siste 10 åra, og då er effektivisering og robotisering nødvendig for å henge med. Med lågkonjunktur i Europa og Asia aukar konkurransen frå utlandet. Den norske marknaden vert meir attraktiv og dette pressar prisane.
53
Sølve Refsnes (34) Styreleiar og marknadssjef, Saga Boats, Selje Om to år: Eg ser ikkje store endringar på to år, men håper at eksporten tek seg opp igjen. Vi har lansert ein mindre modell for å tilby kundane våre eit breiare tilbod. Utfordringar: Kostnadsvekst og valutautvikling. Kombinasjonen krise i Europa og ei sterk krone har redusert eksporten ned mot null. I eit normalår er fordelinga mellom eksport og sal til den norske marknaden cirka 50/50.
Eirik Kavli (36) Banksjef Ørskog Sparebank, Ørskog
Aina Moldskred Krakset (45) Dagleg leiar Hakallegarden, Vanylven
Om to år: Bankane har skjerpa krav til eigenkapital, og vi må jobbe smartare for å ha den innteninga vi treng. Eigenkapitalkravet vil framleis legge press på utlånsrenta.
Om to år: Vi har fått opp to nye bygg på garden. Eit stort grindhus skal nyttast til innandørs riding og aktivitetar for bedrifter. Eit strandhus, som bygdelaget eig og vi skal drive, er veleigna for konferansar. Vi vil byggje regnet ute for å få meir heilårsdrift, og vi har større aktivitet og større omsetnad.
Utfordringar: Vi må henge med på den teknologiske utviklinga for å drive meir effektivt, og vi må syte for å ha rett kompetanse for å gje gode råd til kundane våre. Rette produkt og rett kompetanse er avgjerande.
Utfordringar: Meir aktivitet heile året, og dermed marknadsføring overfor fleire brukargrupper. Vi ligg eigentleg heilt supert til, nær mange folketette område.
Lars-Ove Hammer (42) Adm. dir. Haugenbok.no, Volda
Kristine Landmark (59) Adm. dir. Slettvoll Møbler, Stranda
Petter Geir Smådal (40) Reiar Smaragd, Herøy
Om to år: Vi skal framleis vere Norges største nettbokhandel og yte så god service at vi er den bokhandelen folk vil bruke når dei skal kjøpe bøker på nettet.
Om to år: Vi har god lønsemd og vekst, og om to år håper vi å ha ei enda sterkare bedrift med ein unik kolleksjon og eit tydeleg merke.
Utfordringar: Det er hardt prispress på bøker til høgare utdanning, og vi ser at sterke aktørar er villige til å selje med dårleg forteneste og kanskje til og med med tap. Skulebøker utgjer i dag kring 10 prosent av omsetnaden vår. Vi er avhengige av god logistikk til og frå Volda for å halde til her.
Utfordringar: Vi har norske kostnader og konkurrerer mot varer som blir produsert i land med vesentleg lågare kostnadsnivå. Som “utkantbedrift” er vi avhengige av fagkompetanse innanfor møbelproduksjon, produktutvikling og sal/marknadsføring. Den todelte økonomien med eit lønsnivå i olje- og gassrelaterte næringar som vi absolutt ikkje kan konkurrere med, er også ei stor utfordring.
Om to år: Nye ”Smaragd” er på sjøen, ein kombinert snurpar og trålar som vi har fått utvikla heilt etter eigne idéar i samarbeid med lokale designarar og båtbyggjarar i Havyard. Båten får 2100 kubikkmeter lastekapasitet og innandørs notbinge. Vi er heldige å ha gode, store fiskebestandar i norske farvatn, og folk treng mat.
54
Utfordringar: Å informere om det vi driv med og få tak i dei flinke folka. I dag er det ikkje opplagt at alle veit kva vi arbeider med på ein fiskebåt. Dessutan må vi få selt produkta våre til ein fornuftig pris.
Rune Taklo (48) Adm. dir. Frislid Konfeksjon, Eid
Sindre Kvalheim (36) Adm. dir. Localhost, Vågsøy
Om to år: Vi skal klare oss bra, framleis presentere stabile tal og tek sikte på ein liten vekst.
Om to år: Då er vi godt i gang med å bli ein leiande norsk aktør innanfor hosting, altså vertskap for datalagring.
Utfordringar: Vi må vere veldig flinke på kostnader, i ein bransje med små marginar. Vi har nesten berre norske kundar, men kjøper alle råvarene i utlandet, så i motsetnad til eksportbedriftene ønskjer vi ei sterk krone. Med produksjon og lager på Vestlandet og storparten av kundane på Austlandet, er kommunikasjon ei utfordring.
Utfordringar: Den største er å takle vekst utan å tilsetje for mange folk. Vi skal handtere ein stor kundemasse med få tilsette, og vi må halde fram med å vekse smart. Det er også kostnadsmessig og teknisk risikabelt å halde oppe ein høg grad av innovasjon.
Odd Rune Heggen (48) Adm. dir., Valldal Høvleri, Norddal
Bjørn Hatlehol (69) Hovudaksjonær, Hatlehols, Haram
Anne Mari Rødal Kleppe (54) Senterleiar, Amfi Moa, Ålesund
Om to år: Situasjonen vil vere ganske lik, med satsing på hytter, hus og leilegheiter, men vi vil også utvikle nye prosjekt. No er vi i gang med å byggje åtte leilegheiter i Valldal sentrum med høg standard. Denne buforma kjem også på landsbygda, men det er dyre og krevjande prosjekt med dagens reglar.
Om to år: Grafisk bransje er i stor endring, og eg håper vi framleis er oppegåande og kan tilby kundane dei tenestene dei etterspør.
Om to år: Vi er godt i gang med utbygging og snart klare med 15.000-20.000 nye kvadratmeter butikklokale, etter å ha rive Stokke-bygget, og vi er i gang med å byggje bru mellom Moa aust og sør. Opplevingar vert enda viktigare i framtida. Moa skal ikkje berre vere butikkar.
Utfordringar: Vi er avhengige av at folk har råd til å kjøpe hytter og bustader, og då er sikre jobbar og eit stabilt rentenivå avgjerande. Bedrifta vår må ha tilgang på kvalifisert arbeidskraft, spesielt byggjeleiarar og ingeniørar.
Utfordringar: Vi må ha den rette kompetansen og få tak i ei aldersgruppe som er nysgjerrig og svolten på nyskaping og nye oppgåver. Haram har industribakgrunn med eit sterkt maritimt miljø, og vi konkurrerer med ein bransje med større lønsevne.
Tor Helge Aarseth (40) Adm. dir. Seafood Farmers of Norway, Giske Om to år: Som ein del av Hofseth-gruppa skal vi vere ein av dei største aktørane innanfor foredling av laks og aure. Vi skal utvikle dei store marknadene vi har fått, spesielt i USA og Canada, og vi lanserer nye produkt. Utfordringar: Stabil tilgang av råstoff, både når det gjeld volum og pris. Og vi treng føreseielege rammer frå styremaktene for heile oppdrettsnæringa, slik at vi kan planlegge og legge til rette for utvikling og vekst.
Utfordringar: Trafikksituasjonen! Det er varsla bomring rundt Ålesund, og då er det spesielt viktig for oss å vere attraktive på innsida av ringen, og at det kjem trygge og gode trafikkløysingar. Vi er positive til at Ikea kjem hit.
55
KAMPEN OM VEGKRYSSA Tekst og foto: Ogne Øyehaug
- Digernesskiftet blir det nye store på Sunnmøre. Per Waagan ser utover knausar og furuskog ved Digernesskiftet ved E39/E136 i Skodje kommune, 15 km aust for Moa i Ålesund, ved avkøyringa mot Vatne, Tresfjord og Brattvåg. Kjøpesentergiganten Moa, møbelbutikkane i Breivika og bilforretningane ved Spjelkavik er eit snaut kvarter unna. Der er det trangt. Her er det rikeleg med plass. Den tidlegare lastebilsjefen og hans partnarar (sjå faktaboks) vil sprenge ut og planere 200 mål tomt. Når Waagan står på tomta si og snur seg austover mot Skodje og Ørskogfjellet ser han den digre tomta Wenaas Kapital og partnarane (faktaboks) er i ferd med å fullføre. Her går dumperane i skytteltrafikk og knusemaskiner kverner fjell til pukk og grus. Nye vegsamband og nye veganlegg opnar sjansen for nye handels- og transportknutepunkt. Eiksundsambandet og Kvivsvegen har auka interessa for Furene midt mellom Ørsta og Volda. På vestsida av Eiksundtunnelen har Myrvåg-området i Herøy blitt meir attraktivt. Men ingen stadar er aktiviteten like høg 56
som på Digernesskiftet. Ny Remabutikk er under bygging, Maxbo opna i vår og anlegget som sette fart på Digernesutbygginga – postens distribusjonssentral for Møre og Romsdal og Nordfjord – opna sommaren 2012. Wenaas Kapital vann konkurransen om å få bygge distribusjonssentral, etter at Posten kom til at det blei for trangt og smått i Breivika ved Moa. - Det var det som var forløysande for oss, seier Nils Eirik Wenaas i Wenaas Kapital. - For fem år sidan, då vi sto på eit fjell og peika på staden for Posten Norge, trudde folk vi var galne. Men det er vel ingen som ikkje har tru på Digerneset no, seier dagleg leiar Jan Petter Larsen i Wenaas Kapital. I N V E ST E R E R F I R E M I L L IA R DA R Waagan er ikkje i tvil om han investerer pengane på rette staden: - I Ålesund er det ikkje plass til å bygge meir. Så kjem Møre-aksen. Det som vi
veit er at det blir mindre enn ein time å køyre frå Ålesund til Molde, og Digernesskiftet ligg midt i mellom. Nils Eirik Wenaas anslår at det på Wenaas Kapital sitt område (Digerneset Næringspark) blir investert for rundt 2,5 milliardar kroner innan området er ferdig utbygd. Då er planering, bygg, vegar og annan infrastruktur rekna med. Gjer vi Wenaas sitt reknestykke gjeldande for området til Waagan/Svinø (Skodje Næringpark), kjem investeringane ved Digerneskrysset opp i rundt fire milliardar kroner. S TOR L OKA L M A R K NA D Valresultatet kan sette ekstra fart på etableringane på Digernesskiftet fordi både Høgre og Framstegspartiet har varsla at dei helst vi ha bort reglane som hindra fri etableringa utanfor tettstadar og etablerte kjøpesenterområdet. Slik Wenaas Kapital vil ha det , blir handelsbedriftene liggande ut mot vegane, synlege for alle potensielle kundar som susar forbi, medan distribusjon-, lett industri og anleggsbedrifter okkuperer
tomtene lenger bak på området. Nye reglar for kvar handelen får etablere seg, gjer det lettare å nå målet. Og utbyggjaren treng ikkje dra langt for å finne kundegrunnlaget. I følgje Jan Petter Larsen skaper den venta veksten i folketalet i Skodje fram til 2020 åleine grunnlag for 20.000 kvadratmeter ekstra daglegvare-butikkareal. Dessutane er det ein stor handeleslekkasje i området, to av tre skodjeværingar handlar maten sin utanfor kommunen. Både han og dei andre investorane er overtydde om at Digernesskiftet skal bli vellukka, uansett. Men det er ein faktor som truleg kan garantere at vegkrysset blir ein publikumsmagnet raskt. I K E A I F RON T I 10 år pendla Tore Rødal forbi Digernesskiftet i jobben. Gradvis vaks ideen om at dette var staden å satse. Etter at han selde UFO Pukkverk i 2001 gjekk han saman med kompanjongen Hans Olav Drabløs – som var på jakt etter ein plass til ein storbilverkstad - og kjøpte 400 mål ved Digernesskiftet. Etter kvart har Rødal berre blitt sikrare og sikrare på at Digenensskiftet blir det sentrale knutepunktet for heile fylket. Både trafikken nord-sør og aust-vest må forbi her. - Korleis ser det ut om to år? - Då har vi vel Ikea i front der, seier
Rødal. Kvar publikumsmagneten Ikea hamnar heng framleis som eit ubesvart spørsmål for utviklarane av både Moa og Digernesskiftet, sjølv om Ikea er klar på kva som er første prioritet. - Vi ønskjer å etablere oss på Moa og er i dialog med kommunen om ei tomt, seier Ikeas talsmann, Kristian Willanger. Kva som skjer ved eit eventuelt nei til sal til Ikea ber Willanger om å få kome tilbake til når saka er avklart. Bystyret kjem til å ta stilling til eit eventuelt sal av den kommunale tomta i løpet av hausten, i følgje rådmann Jarle Bjørn Hanken i Ålesund. Men Ikea har bedt om ei betinga kjøpskontrakt, og spaden blir ikkje sett i jorda sjølv om bystyret seier ja til sal. Ein Ikea-butikk skaper mykje trafikk, og då kjem også andre styremakter enn kommunen inn i biletet. - Ikkje minst vegmessig er det knytta nokre utfordringar til ei etablering, seier Hanken. Enn så lenge er det god plass til Ikea på Digernesskiftet. - Det må jo vere mykje fornuftigare for Ikea å etablere seg her enn å presse seg opp i ein krok bak kyrkja på Moa, seier Per Waagan. Sjølv om Ikea seier selskapet helst vil til Moa, er Waagan klar over at endeleg avgjerd ikkje er teken. - Det er klart at vi ikkje legg oss til å sove no, seier han. 57
BYGD/UNDER BYGGING Postterminalen for Møre og Romsdal og Nordfjord. 9000 kvadratmeter og 35 mål tomt. Sto ferdig i juni 2010. Maxbo opna i 2. kvartal i 2013. 4500 kvadratmeter og 10 mål tomt. Rema 1000 butikk. Under bygging. 4000 kvadratmeter. Rema skal leige 1500 kvadratmeter, resten skal leigast ut til andre. Coop. Har kjøpt 27 mål tomt. Avgjerd om byggestart første kvartal 2014. Statens vegvesen/ Digernes Næringspark planlegg anlegg med service- og kvileplass for tungtransport, eit av dei første i sitt slag i Noreg. Digernes Næringspark reknar med å ha avklart bygging av to lager/logistikk/industri-bygg i løpet av fjerde kvartal 2013.
UTBYGGARANE Digerneset Næringspark AS Er i gang med planering og bygging. Eigd av Wenaas Utvikling (80 prosent), Jan Petter Larsens selskap Dreg (10 prosent) og Tore Rødals selskap Trh (10 prosent). Wenaas Utvikling AS er heileigd av Wenaas Kapital, investeringselskapet til familien Nils Wenaas barna, Lene Wenaas og Nils Eirik Wenaas. Kom inn i Digernesprosjektet i 2008. Saman med sin bror Lars bygde Nils Wenaas opp arbeidskleprodusenten Wenaasgruppen i Måndalen, som seinare investerte tungt i eigedom. Etter at han blei kjøpt ut av broren i 2006, har Nils Wenaas og barna satsa på eigne investeringar gjennom Wenaas Kapital.
Skodje Næringspark Er i gang med reguleringsarbeid. Eigd av Waagan Holding (50 prosent), Oddgeir Svinøs selskap Svinø Entreprenør (40 prosent) og Toril Hole Svinø (10 prosent).
MILLIARDSATSING: Når Jan Petter Larsen (til venstre) og Nils Eirik Wenaas i Wenaas Kapital og Oddgeir Svinø og Per Waagan (til høgre) i Skodje Næringspark har fått ferdig utbygginga av Digernesskiftet vil det vere investert rundt fire milliardar kroner ved vegkrysset.
Waagan Holding: Investeringsselskap eigd av Per Waagan og hans tre barn; Stein Arve, Vegard Øverli Waagan og Kjersti Waagan. Selde Waagan Transport Group, med over 80 bilar og 110 tilsette, til danske DSV Road i 2008.
SENTRALT: Ombygginga av avkøyringa frå Europavegen til Vatne, Brattvåg og Skodje har gitt Digernesskiftet nytt liv. Då Posten flytta distribussjonsentralen frå Breivika i Ålesund, til Digernesskiftet, fekk utbyggingsplanane forløysande drahjelp.
58
59
NORDVEST TENER MEST PÅ BETRE VEGAR Ingen får større gevinst av betre vegar enn Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
FINT: Ferjene knyter fjord fyl ka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane saman, men kunne dei erstat tast med vegar, bruer og tunnelar vil le den reel le arbeidsmarknaden bl i dobla, viser ein stud ie frå Transpor tøkonomisk inst itut t. (Foto: Fjord 1)
60
Med betre vegar og ferjefrie samband kan tilbodet av arbeidsplassar innanfor 45 minutts reise frå der du bur bli meir enn dobla i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane er gevinsten enda større. 45 minutt pendleavstand er den tida mange reknar som akseptabel reisetid. Med dagens veg- og ferjesamband er 16.000 arbeidsplassar innan rekkevidde for ein gjennomsnittsbuar i Møre og Romsdal. Kan vi køyre ferjefritt på eit nytt vegnett, vil nesten 40.000 arbeidsplassar ligge innan 45 minutt, viser ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt. Rapporten, ”Potensiale for regionforstørring”, kom i 2011 og er seinare blitt ein del av grunnlaget for Nasjonal Transportplan 2014-2023, som blei behandla i Stortinget i vår. Større tilbod av arbeidsplassar betyr enkelt og greit at risikoen for å måtte flytte ved jobbskifte blir mindre, og at faren krympar for at bustaden blir verdilaus om du mister jobben.
L E T TA R E R E K RU T T E R I N G Større tilbod av arbeid innanfor ein akseptabel pendleavstand gjer det truleg og lettare å flytte til, eller bli buande, i første omgang. Området blir meir attraktivt. For bedriftene betyr det at det blir lettare å rekruttere, fordi tilbodet av aktuelle kandidatar blir større. Eit pluss er det og at sjansen aukar for at ektefeller/sambuarar til aktuelle arbeidstakarar kan finne arbeid i same område. Bedriftene vil og stå friare til å velge kvar dei vil etablere seg, fordi tilgangen på arbeidskraft innanfor akseptabel reisetid blir større. Forskarane bak rapporten har ikkje sett på kva som er teknisk mogleg, og kva det vil koste er ikkje med i reknestykket. Ein god del av sambanda som må byggast ut for å få reknestykket til å gå opp, vil truleg aldri hamne på teiknebrettet ein gong. Men konklusjonen, at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har svært mykje å vinne på betre vegsamband, er likevel rett.
61
MILLIARDGEVINST FOR HEXAGONEIGARANE Tekst: Ogne Øyehaug / Foto: Hexagon
Hexagon Composites droppa aksjemarknaden og hentar heller pengar i obligasjonsmarknaden. Det har Knut Flakk og resten av aksjonærane fått milliardgevinst på. Midt i juni i år lånte Hexagon Composites 300 millionar kroner i obligasjonsmarknaden. Pengane skal mellom anna brukast til å finansiere utbygging av produksjonskapasiteten i USA, der selskapet ventar ein kraftig vekst i salet av sine drivstofftankar og tanksystem i kompositt. Alternativet, å invitere nye eigarar til å skyte inn meir eigenkapital, slik at eksisterande eigarar fekk ein mindre eigarandel, var ikkje aktuelt. Det var eit godt val, viser det seg. Hexagon er i særklasse årets børsrakett i nordvest. Ved årskiftet 2012/2013 vart selskapet verdsett til 575 millionar kroner på Oslo Børs. 14. juni 2013, då selskapet tok opp obligasjonslånet på 300 millionar kroner, hadde kursen stige til 10,05 kroner pr aksje, og verdien på heile selskapet til 1,3 milliardar kroner. OP P 4 0 0 P RO SE N T I første halvdel av november har kursen lege på rundt 25 kroner pr. aksje, og selskapet har dermed vore verdsett til rundt 3,3 milliardar kroner, ein verdiauke på over 400 prosent. 62
MILLIARDPOST: Knut Flakk, styreleiar og storaksjonær i Hexagon Composites. Gjennom Flakk Holding eig han Hexagon-aksjar for 1,1 milliardar kroner.
GASS: Komposit t behaldarar for gass, t il mel lom anna gassgril lar, har gjor t Hexagon kjent på heimebane.
For styreleiar Knut Flakk, som eig 38,48 prosent av Hexagon Composites gjennom Flakk Holding, betyr det at Hexagon-posten hans no er verdt over 1,1 milliardar kroner. L ØF TA AV U S A Analytikarane peikar ein veg når dei skal forklare den veldige kursoppgangen i Hexagon-aksjen, til USA. Konsernsjef Jon Erik Engeset er samd. - Det er særleg utviklinga i Nord-Amerika som skaper ein mogleg stor vekst for oss. Vi er ikkje åleine, men vi er klart marknadsleiande på høgtrykkstankar i kompositt-materiale, seier han. Teknologien som gjer det råd å utvinne naturgass frå skiferbergartar i undergrunnen har gjort veldige framsteg. Medan USA for få år sidan planla å bli storimportør av naturgass, mellom anna frå Noreg, er landet i staden i ferd med å bli ein eksportør. Resultatet er at gassprisane har stupt, og interessa for å ta i bruk gassen som drivstoff på tyngre køyrety gått til vers. Slik prisane er no vil ein tung lastebil tene inn ekstrakostnaden med ein gassmotor på eitt til to år, ifølgje Engeset. Kraftige gassmotorar kjem no i masseproduksjon. Motorprodusenten Cummins Westport har nettopp lansert ein 12 liters
gassmotor for dei største lastebilane. - Det blir produsert 250.000 slike lastebilar i året i USA. Seriøse institusjonar spår at minst 35 prosent av dei nye lastebilane vil gå på gass innan 2020. Med mellom to og ein halv og tre drivstofftankar pr bil utgjer det over 200.000 tankar i året, seier Engeset. F I R E D OB L A R KA PASI T E T E N Hexagon har bestemte seg for å byggje ut produksjonskapasiteten i USA. Det første byggesteget på fabrikken i Nebraska er ferdig neste år. Det vil doble kapasiteten. Neste byggesteg skal vere ferdig i første kvartal 2015 og vil doble kapasiteten nok ein gong. - Vi har investert 65 millionar kroner i år, størsteparten av dette i den utbygginga vi held på med i USA. Det neste steget er planlagt til 25 millionar dollar (cirka 150 millionar kroner), seier Engeset. U T AV V I N D Ifjor la Hexagon Composites ned produksjonen i av glasfibermatter i Langvåg, og flytta den til ein ny fabrikk i Litauen. Glassfibermattene blir mellom anna brukt som forsterking av vengane på vindmøller. Engeset seier produksjonen i Litauen er >>>> 63
FAKTA OM HEXAGON COMPOSITES ASA
Børsnotert selskap med hovudkontor i Ålesund. Største aksjonær er Flakk Holding med 38,48 prosent av aksjane. Lagar drifstofftankar og tanksystem i kompositt, for oppbevaring av gass. Kompositt er eit fellesnamn for materiale som brukar kolfiber eller glassfiber blanda med ulike syntetiske stoff som herdar. Resultatet er eit lett og sterkt materiale. Mest kjent i Noreg for sine behaldarar for mellom anna gassgrillar, men det viktigaste produktet er blitt drivstofftankar for lastebilar og bilar, der USA er den viktigaste marknaden. Aksjekursen har stige over 400 prosent hittil i år. Har produksjonsanlegg på Raufoss, i Litauen og USA.
Hexagon Composites ASA Pr. 3 kvartal Tal i mill. kroner
2013
2012
Driftsinntekter
1105
785
Driftsresultat
131
31
Resultat før skatt
123
21
VEKST: Hexagon Composites lagar mobile system for transport og lagring av komprimert naturgass, og drivstofftankar for mellom anna lastebilar, bussar og personbilar. Det er spesielt forventningane til marknaden for drivstofftankar på tyngre lastebilar som har drive aksjekursen i Hexagon til vers.
>>>> veldig rasjonell, men selskapet har likevel avgjort at produksjon av glasfibermatter ikkje er ein del av kjerneverksemda, og skal selgast, heilt eller delvis. Målet er å ha unnagjort prosessen i løpet av første kvartal neste år. Produksjonen av komposittbehaldarar for hushaldning- og fritidsbruk, til dømes til gassgrillar, skal derimot ikkje selgast. Den foregår på Raufoss og er så fullautomatisert at 64
Hexagon vil bruke kunnskapen derifrå til å automatisere produksjonen i USA. Men med den viktigaste marknaden i USA og produksjon der og på Raufoss, kvifor skal Hexagon styrast frå Ålesund eigentleg? - Det er slik at både styreformann, underteikna og andre nøkkelpersonar bur her, og trivst med det. Det er ingen grunn til at konsernet ikkje skal kunne leiast ut frå Ålesund, så då er det enkelt, seier Engeset.
VIL GJENREISE LINEFISKAREN Tekst: Kjetil Haanes / Foto: Kjetil Haanes
- Det er ikkje vi som siste åra har vorte inviterte til Kongens bord, men du har aldri høyrd ein linefiskar gramme seg. Vi gir aldri opp linefiskaren. Dette seier Herøy-reiar Paul Harald Leinebø i Leinebris AS. Saman med reiarkollega Åge Uran satsar no Leinebø på å byggje ein supermoderne kombinert garn- og linebåt ved Tersan Shipyard i Tyrkia. - Vi er stolte av å vere linefiskarar. Du finn ikkje betre sjøfolk og fiskarar enn linefiskarane. Gjennom denne satsinga ønskjer vi å vere mellom spydspissane i den norske fiskerinæringa. V E M ODI G Satsinga inneber at det vert att ein linebåt i fiskerikommunen Herøy. - Det er litt vemodig at vi er den siste linebåten her, men vi har sett liknande utvikling andre stader i landet. Det er ikkje mange år sidan det var 100 linebåtar i Norge. No er vi færre enn 30 og nærmar oss fort 20, seier Leinebø. U T F OR DR I N G A R Han meiner det finst fleire grunnar til at så mange har gitt seg på kort tid. Ein hovedgrunn er kravet til eigenkapital ved modernisering. Mykje kapital vert brukt til kvotekjøp.
LINESATSING: Paul Harald Leinebø har tru på god framtid for norsk linefiske, og satsar stort på ein ny kombinert garn- og linebåt.
skap, og mange eigarar har seld unna og fordelt gevinsten. - I tillegg er det mindre motiverande å drive til mindre linemiljøet vert.
- Vi har ikkje statlege støtteordningar, slik ein har for bygging av offshorefartøy.
B R A L ØN Sjølv har Leinebø gått på land, men han ønskjer å avlive myten om at linefiskaranet tener dårleg.
- Det er også arbeidskrevjande å drive ein linebåt, spesielt for små familiesel-
- I fjor tente dei av våre folk som var med heile året over ein million kroner, medan
ein passerte halvmillionen om ein var med halve året. Dette er betre enn i supply, og vi har skiftordning med faste datoar for turnusskifte kvar femte veke. FA M I L I E S AT SI N G Totalt vil rundt 35 fiskarar verte sysselsette om bord i den nye linebåten. Ein av dei er Leinebø sin eigen son Christer, som er ein av skipperane. Han har også andre familiemedlemer om bord, medan
>>>> 65
NYE LEINEBRIS: Mykje nytt på nye Leinebris. Mellom anna ein 360-graders Sky Lounge og heilt ny dragebrønnsløysing. Skisse: Skipsteknisk.
>>>> andre arbeider i familieselskapet på land, mellom anna dottera Lisa og svigersonen Daniel Harbo Pineiro. - For meg er det inspirerande å sjå at nye generasjonar tek etter, seier Leinebø. K VA L I T E T SF I SK Gjennom selskapet PHL Service sel selskapet også sin eigen fisk. - Det er aukande etterspurnad etter kvalitetsfisk frå lineflåten. Vi har seld mykje til land som USA, Skottland, Canada, Spania og Kina, men no er den norske marknaden også i ferd med å kome etter. - Fisken vi fiskar kjem sprell levande om bord, bløgga med det same og kjem i kartongar i fryseromet etter maksimalt fire timar. Gjennom nysatsinga har kvotene til «Leinebris» og «Urevaag» vorte samla i 66
eitt felles kombinasjonsfartøy for autoline og garn. Leinebø seier at dei to selskapa har hatt eit godt samarbeide dei siste åra, men heving av kvotetaket i havfiskeflåten frå tre til fem var avgjerande for at dei to selskapa valde å gå saman. - Saman står vi sterkare enn nokon gong for å drive med det vi kan; linefanga kvalitetsfisk frå Noreg, seier han. N Y DR AG E B RØN N L ØYSI N G Det supermoderne fartøyet er utvikla av Skipsteknisk AS i samarbeid med eigarane. Skipet vil mellom anna få eit nytt dieselelektrisk framdriftssystem bestående av ein nedsenkbar azimuth propell framme og ein frekvensstyrt framdriftsmotor tilknytta gir/hoved-propell i hekken. Vidare vil fartøyet få ei heilt nyutvikla dragebrønnsløysing som vil vere spesielt tilpassa haling av drivgarn og line. - Ingen har drege garnet gjennom dragebrønnen før, så også her vil vi vere heilt i
front. Dette vil gjere oss endå meir effektive, seier Leinebø. SK Y L O U N G E Båten er utforma etter strenge helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitskrav for mannskap. Det er høg komfortklasse i lugarar og anna innreiing. På toppen av styrehuset er det ein eigen «Sky Lounge» med 360 grader utsikt. Båten får ei lengde på 58 meter, ei bredde på 13,40 meter og vil vere innreidd for 24 personar. Nybygget vert finansiert av SpareBank 1 SMN, SpareBank 1 Nordvest og Innovasjon Norge. Levering vil skje på vårparten 2015.
«Du finn ikkje betre sjøfolk og fiskarar enn linefiskarane.»
World leading Offshore companyFounded on a boy´s dream
HAVILA SHIPPING ASA www.havilashipping.no