NETT NO - ÅRG 6 / UTG 1 / 2018

Page 1

ÅRG. 6 / UTG. 1 / 2018

OPPTUREN 14

38

44

62

TURISME PÅ TOPP

DEI 100 STØRSTE

BRØNNBÅTEVENTYRET

STÅLTRU PÅ SMÅBEDRIFTENE


OPPLEV NYE VOLVO V60 Nye Volvo V60 er en stor og allsidig familiestasjonsvogn som hjelper deg å få mest mulig ut av hverdagen. Kraftige motorer og flere kjøremoduser å velge mellom gir deg en engasjerende kjøreopplevelse, og med et bagasjerom på 529 liter har du plass til det du trenger. Nye Volvo V60 D3 150 HK fra kr. 476 000,-

VELKOMMEN TIL PRØVEKJØRING HOS ÅLESUND BIL!

Pris inkl. frakt-, leverings- og adm. kostnader levert forhandler. Forbruk fra 4,4l-4,6l l/100 km. CO2-utslipp 117-176 g/km. Forbehold om trykkfeil. Avbildet bil kan ha annet enn annonsert utstyr.

ET SELSKAP I NARDO BIL-GRUPPEN

LERSTADVEGEN 540, ÅLESUND Tlf. 70175480. aalesundbil.no


Foto: Espen Wattø

Bedre løsninger for næringslivet BDO er et konsulentselskap med 70 kontorer over hele landet. Vi er ledende innen regnskap, revisjon, rådgivning og advokattjenester i Norge. På Sunnmøre er vi i overkant av 40 ansatte ved kontorer i Ulsteinvik, Ålesund og Brattvåg, og BDO er regionens største leverandør av revisjonstjenester. Våre dyktige fagfolk står klare til å gi deg bedre løsninger, slik at du kan gjøre det du er god på, og overlate resten til oss! Ta gjerne kontakt med en av våre partnere for mer informasjon: Ulsteinvik Tlf.: 70 01 81 81 ulsteinvik@bdo.no

Brattvåg Tlf.: 70 20 95 90 alesund@bdo.no

Ålesund Tlf.: 70 17 88 80 alesund@bdo.no

- Thor Martin Eidem - Eldar Zahl - Einar Giljarhus Løkken

- Erik Langlo-Johansen - Audun Halsen

- Erik Langlo-Johansen - John Arne Fiskerstrand - Audun Halsen

Revisjon | Advokat | Rådgivning | Regnskap


REDAK SJ ON Ansvarlege redaktørar: Ogne Øyehaug Kjetil Haanes

SIMPLICITY IS THE ULTIMATE SOPHISTICATION - LEONARDO DA VINCI

M ARK NAD/ANNONSE Magnus Waade Myklebust magnus@nett.no 952 47 209 H OV UDKONTOR NETT NO v/Bakkar & Berg Media Fosnavåg Rederipark 6090 Fosnavåg P OSTADRESSE Bakkar & Berg Media Postboks 88 6001 Ålesund DAG L EG L EIAR Eirik Staurset DESIG N Heading

LEAN BRINGS YOU + SAFETY & RELIABILITY + VERY LONG LIFETIME + COST EFFICIENCY + STEALTH & HSE

FRAM SIDEBIL DE Mattias Fredriksson Fjord Norway T RY K K Merkur Grafisk UTG IVAR Bakkar & Berg Media AS

+ MORE CARGO CAPACITY + LESS EMISSION AND FUEL

Stand Nr. 3627

WWW.STADT.NO

Ettertrykk er forbode utan avtale med Bakkar & Berg Media AS.


INNHALD

14

Kommentar 6 Underskogen sikrar lønsemda

26 32

8

Turisme på topp

14

Mot mål etter 100 år

18

Camping er best

20

Sævik satsar stort

22

Norges mest spennende reiselivsprosjekt

26

Tur og trivsel er vekstbransje

28

Ventar færre arbeidsinnvandrarar

32

Ålesund er det store lokomotivet

34

Dei 100 største

38

Ventelista 40

48 56 66

Største konsern

42

Brønnbåteventyret 44 Taredyrkaren frå Remøya

48

Rolls-Royce-tilsette må vente

52

Traff blink midt i oljeprisfallet

54

Designmeisteren frå Hareid

56

Nytt tøft år for verftene

60

Med ståltru på småbedriftene

62

Lønsemda bikka nedover i bilbransjen

64

Gondolsuksess frå første dag

66

Opnar simulatorsenter for mange

68

Nedtur for lokale bryggeri

72


KOMMENTAR

PILANE PEIKAR OPPOVER Etter to år i minus gjekk næringslivet på Nordvestlandet på nytt i pluss i 2017. Vendepunktet, spådde NETT NO om 2017 i fjorårets magasin, og det slo til. 2016 var eit frykteleg år for næringslivet på Nordvestlandet, med underskot også på drifta. 2017tala viser pluss både i driftsresultat og resultat før skatt, sjølv om både offshorereiarlag og fleire verft framleis har tøffe tider. Det samla biletet er positivt, også der det tel mest for folk flest; i arbeidsmarknaden. NETT NO hentar inn rekneskapstal frå over 2400 selskap for å kunne gi eit rett bilete av utviklinga. Dei viser mellom anna at 40 prosent av bedriftene auka bemanninga i fjor, 31 prosent heldt arbeidsstokken uendra og berre 29 prosent kutta tilsette. Dei selskapa som auka arbeidsstokken er både fleire og tilset fleire enn dei som kutta, slik at netto vekst i 2017 er over 1.100 nye jobbar. Slikt slår positivt ut på statistikken. Nedgangen i arbeidsløysa har halde fram i år, slik at den ved utløpet av september 2018 var nede i 2,3 prosent i Møre og Romsdal, på line med resten av landet. I Sogn og Fjordane var den på 1,4 prosent, som er den lågaste i Noreg. I løpet av våren og sommaren 2018 har det og skjedd eit omslag i arbeidsmarknaden på ytre søre Sunnmøre, i dei kommunane der verknaden av oljeprisfallet som kom i 2014 har bite seg fast lengst. Rekneskapsdatabasen er levert av selskapet Bisnode, og omfattar selskap med over fem milli-

6

NETT NO

onar kroner i driftsinntekter, fem år tilbake i tid. Datamaterialet finn du mellom anna att i oversikta over dei 100 største selskapa på Nordvestlandet. Dette magasinet er det sjette i rekka der NETT NO tek temperaturen på næringslivet i 23 kommunar på Nordvestlandet. I løpet av desse åra har reiselivsbransjen vore i stor vekst, ein vekst som har fått ekstra hjelp av ei valutakursutvikling som har gjort Noreg til eit meir attraktivt reisemål. Konsekvensen er mellom anna at nye investorar går inn i bransjen og at det blir investert stort i nye anlegg, med gondolbanen i Loen som det beste dømet. Korleis ideen om å bygge bane frå fjord til fjell blei klekt ut, er blant det du kan les om i dette magasinet. NETT NO-magasinet er skrive med tanke på at det skal vere verdt å setje på hylla, som eit oppslagsverk om tilstanden i næringslivet på Nordvestlandet. Vi vonar at du også i årets magasin finn nyttig og interessant informasjon. God lesing! Kjetil Haanes og Ogne Øyehaug


Den superlokale bedriftsbanken

Som lokalbank kjenner vi den lokale marknaden og er opptatt av deg og vår felles utvikling. Vi er alltid her for å gi deg god hjelp når viktige avgjersler skal takast.

Sigrun Heltne Vartdal, Banksjef bedriftsmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

www.sparebanken.no


UNDERSKOGEN SIKRAR LØNSEMDA Av: Ogne Øyehaug

Dei mindre og mellomstore bedriftene på Nordvestlandet sikra overskot i næringslivet i fjor. Det viser rekneskapa til over 2400 bedrifter fordelt på 23 kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre. Driftsinntektene aukar med 7,2 prosent frå 2016 til 2017 og lønsemda er på veg opp. - Biletet er veldig klart. Etter to dårlege år er det blitt mykje betre, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets. Driftsmarginen, resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene, steig frå minus 5,3 prosent i 2016 til pluss 2,6 prosent i 2017.

2017-resultata for Nordvestlandet er framleis svake, men det er likevel stor skilnad frå 2017 til 2016, då bedriftene til og med tapte pengar på drifta, meiner han. Signala om utviklinga i år, mellom anna rapportane frå det regionale nettverket til Noregs Bank gjer at Andreassen ventar den positive utviklinga i fjor forsterkar seg i år. - Det er all grunn til å tru at 2018 blir betre enn i 2017, seier han.

HOVUDTAL FOR SELSKAPA PÅ NORDVESTLANDET Tal i prosent

ÅR

DRIFTSMARGIN

RESULTATMARGIN

2017

3,3 %

2,6 %

2016

-2,6 %

-5,3 %

2015

2,0 %

-2,5 %

2014

8,0 %

5,9 %

2013

7,4 %

6,3 %

Driftsmargin er driftsresultat i prosent av driftsinntekter. Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftinntekter. Kjelde: Bisnode

8

NETT NO

«Det er all grunn til å tru at 2018 blir betre enn i 2017»


VEKST: Lenita Beate Storeide (t.v) og Ivonne Kroken Ekremsæter (med Vilja Kroken Storeide på hofta) driv Christian Gaard Bygdetun as på Trandal i Hjørundfjorden saman med Daniel Storeide. Reiselivsinntekta til selskapet auka med rundt 20 prosent i fjor, som er ny rekord.

MINUS PÅ TOPPEN

Veksten i lønsemda kan vi takke underskogen i næringslivet for. Mange av dei største bedriftene er framleis prega av nedturen som kom i deira bransje etter at oljeprisen fall i 2014.

Blant dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet, rangert etter driftsinntekter, er eller var alle dei 13 selskapa med størst underskot, knytte til oljebransjen. Det er offshorereiarlag, riggreiarlag, verft og utstyrsleverandørar. REISELIV I VEKST

Dei to største selskapa (målt i driftsinntekter), Vard og Rolls-Royce Marine, hadde til saman over 1,7 milliardar i minus.

I NETT NO-magasinet i fjor kunne vi fortelje om ein landsdel der næringslivet var i full sving med store investeringar.

Heller ikkje om vi reknar dei 30 største (til saman minus 1,9 milliardar kroner), eller dei 100 største (til saman minus 1,6 milliardar kroner i resultat før skatt) kjem vi opp på pluss.

Dei ti største prosjekta på Nordvestlandet som var vedteke og sette i gang i 2015 og fram til i fjor utgjorde investeringar på til saman 7,8 milliardar kroner. Offshorereiarane slutta å investere i nye båtar etter at

oljeprisen fall, men resten av næringslivet tok ikkje investeringspause. Blant 10 på topp-investeringane var gondolbanen i Loen, der Hotel Alexandra-konsernet er største aksjonær. Gondolbana opna i mai i fjor og var allereie i fjor med på å gi Hotel Alexandra-konsernet rekordresultat. Det kan du lese meir om i ein eigen artikkel i dette magasinet, slik du og kan lese om paret Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri i Valldal, som har investert rundt 10 millionar kroner i reiselivsbransjen. >>>> NETT NO

9


GODE TIDER I FISKERI: 2017 blei eit rekordår for Ervik Havfisk-konsernet og konsernsjef Stig Ervik har gitt meklarane ein klar ordre: - Viss det er ledige kvotar, så skal vi vere dei første som høyrer det.

TAP I OLJE

Kor konsentrert tapa er knytte til oljerelaterte bedrifter viser også igjen ved at berre 22 av dei 100 største selskapa gjekk med underskot i fjor. I den andre enden av skalaen – dei med største vekst i lønsemda – finn vi bransjane bank, brønnbåtdrift, kraftproduksjon, fiskeeksport og møbelproduksjon. Tapa i 2017 er altså samla i få og store selskap med tyngdepunktet av verksemda knytt til oljebransjen. Det er same tendens vi har sett i fleire år. NETT NO har samla rekneskapa til over 2400 bedrifter - med over fem millionar kroner i driftsinntekter - i Nordfjord og på Sunnmøre. Oversikta samanliknar utviklinga over fem år. Når vi legg saman resultata til alle selskapa blir det 4,2 milliardar i overskot før skatt i 2017, medan dei same selskapa gjekk med til saman 8,8 milliardar i minus i 2016.

10

NETT NO

I ein eigen tabell i denne artikkelen ser du korleis driftsmarginen ( driftsresultat i prosent av driftsinntekt) og resultatmarginen (resultat før skatt i prosent av driftsinntekt) har utvikla seg få og med 2013 til og med 2017. Dei er mellom anna pionerar i ei konsolidering i campingbransjen etter å ha kjøpt Sjøholt Camping og Volsdalsberga Camping. Reiseliv er i vekst. Ålesundshotella hadde i juli rekordbelegg og kunne ta ut betre prisar. Nye kapitalsterke aktørar som Havila Holding er på veg inn med si satsing på å konkurrere med Hurtigruten og i hotell- og reiselivsmarknaden. MARITIM OPPTUR

Også i maritime næringar er det opptur. Den årlege analysen som Menon Economics gjer av bedriftene i den maritime klynga rapporterte i år om ein stigande optimisme.


Samanlikna med toppen i 2013 er 5.300 jobbar borte i dei maritime bedriftene på Nordvestlandet. Det er ein reduksjon på over 28 prosent. Men det er framleis 13.300 personar som hentar levebrødet sitt i den maritime klynga, som omfattar skipsdesignarar, utstyrsleverandørar, verft og offshorereiarlag. Bedriftene i den maritime klynga er framleis den klart viktigaste private arbeidsgivaren på Nordvestlandet. Difor er det bra at nedskjeringane ser ut til å vere over. Dei to neste åra ventar bedriftene i den maritime klynga ein vekst i sysselsettinga på 700 personar. Ved utgangen av september 2018 hadde norske verft inngått kontraktar for 23 milliardar kroner. Det er meir enn i heile 2017 som enda med kontraktar for til saman 15,5 milliardar kroner.

BLIR DET OVERSKOT?

To viktige spørsmål for Nordvestlandet er det for tidleg å svare på: Vil verfta – og då spesielt dei største – greie å tene pengar på alle dei nye kontraktane dei har inngått?

Jan Rune Hurlen, leiar for næringslivsengasjementa til Sparebank 1 SMN i Ålesund, var svært klar i eit foredrag han heldt i sommar:

Mange av skipa som no er under bygging er små cruiseskip, skip som nordvestlandske verft har lite erfaring med.

- Gjelda i høve til innteninga i offshorereiarlaga er framleis så høg at ein ny runde med refinansiering ikkje er til å unngå. I første runde var det eigarane og obligasjonslångivarane som fekk svi. No må også bankane ta tap.

Det andre spørsmålet er om og når det blir ein ny runde med refinansieringar av offshorereiarlaga.

- Eg trur vi kan sjå fram mot ein prosess som blir krevjande, og som blir langvarig, sa Hurlen.

Dei refinansieringsavtalane som blei gjorde i førre runde hadde i mange tilfelle som utgangspunkt at det ville kome ein opptur innan 2019/2020 som skulle berge reiarlaga ut i tryggare farvatn. Betalinga reiarane fekk for å leige ut skipa sine i sommar gav ingen teikn om ein snarleg opptur.

Stolt designar og skipsbyggar. Dedikert systemintegrator og utviklar av berekraftige løysingar. Vil du vere med på ferda?

Ledige stillingar: ulstein.com/people/careers


TINDEKRAFT Straum frå Sunnmørsalpane

pp

TuSSA KuNDEA

Tussa kundeapp gir deg full kontroll på avtalen din, faktura og straumforbruk. Avlesing

Aktuelt

Min profil

Faktura

Forbruk

Billettar

Min avtale

Kontakt

Del app


Ein sunnmøring betalar aldri meir enn han må - det bør ikkje du heller! Å stå på toppen av Sunnmørsalpane og sjå utover dei fantastiske fjella gir ei ubeskriveleg god kjensle. Nesten som å gjere eit godt kjøp og vite at du ikkje betalar for mykje. Med Tussa får du konkurransedyktige prisar og førsteklasses kundeservice. Bestill TINDEKRAFT på tussa.no

Foto: Sørsida av Standalseidet, Kalvedalsegga. Fotograf: Stig Petter Driveklepp Sjå turtips på tussa.no/tur


TURISME PÅ TOPP

Av: Ogne Øyehaug

Syv av de ti mest lønnsomme hotellselskapene på Nordvestlandet er turisthotell.

UTVIDET: Hotel Union Øye har hatt to år med utvidet sesong bak seg. Hotellet gikk fra seks til ni måneders drift og økte både inntekter og lønnsomhet.

14

NETT NO


NETT NO sitt anslag er at de syv hotellselskapene står for mellom 26 og 30 prosent av driftsinntektene til hotellene på Nordvestlandet.

Dei syv største turisthotellselskapene økte driftsinntektene med 18 prosent fra 2016 til 2017. Økningen for alle hotellene var 14 prosent.

Samlet hadde de syv en resultatmargin på 9,1 prosent i fjor. Det er opp fra 4,9 året før. Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene. Gjennomsnittet for alle hotellene er en resultatmargin på to prosent, som er en økning fra 1,5 prosent i 2016.

Grunnen til at vi må anslå hvor stor del av de totale driftsinntektene de største turisthotellselskapene står for, er at noen av de større hotellene på Nordvestlandet er avdelinger av nasjonale selskap, der avdelingsregnskapene ikkje blir offentliggjort. >>>>

H OTEL L RESULTAT PÅ NORDV EST L ANDET Tall i millioner kroner

2017

2016

S E L S KA P

H OT ELL

D R IFTSINNTEKT

R ESULTAT FØR SKATT

D RIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR S KAT T

Hotel Alexandra as (K) Hotelldrift Ålesund as

Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord Scandic Parken Hotel, Thon Hotel Ålesund, Scandic Scandinavie Hotel Union Geiranger Quality Hotel Waterfront Hotel Brosundet Quality Hotel Ulstein Hotell Geiranger Nordfjord Turisthotell Storfjord Hotel Stranda Hotell Hotell Ivar Aasen Hotel Union Øye Raftevold Hotel Stryn Hotel Thon Hotel Baronen Sagafjord Hotel Måløy Hotell Volda Turisthotell Hotell Utsikten Innvik Fjordhotell Hjelle Hotel Sunde Fjord Hotel Brattvåg Fjordhotell Aursnes Hotell Petrines Gjestgiveri Melshorn Hotell Valldal Fjordhotell Furebuda Logde Villa Nordangdal Thon Hotel Fosnavåg Radisson Blu Hotel Ålesund* Scandic Ålesund First Hotel Atlantica Juvet Landskapshotell

181,6 105,4

17,7 2,3

149,8 100,2

7,5 1,6

85,3 46,1 40,3 40,1 30,8 26,5 24,5 23,3 16,8 15,8 14,4 13,1 12 10,9 8,9 7,2 6,8 5,8 5,1 5 4,9 2,7 2,7 2,2 1,8 1,3 1,2 – – – – –

1,1 -2 -2,1 1,6 2,3 0,4 -0,04 -1,8 -3,6 2,1 1,2 1,8 -0,6 -1,9 0,1 -0,4 0,5 0,3 0,2 0,8 -2,1 0,4 -0,1 -2,3 0,05 -0,7 -0,2 – – – – –

83,6 42,6 24,1 34,8 27,5 21,2 19,5 19,8 15,7 14,2 12,3 11,3 12,3 9,7 8,7 6,7 5,2 5,7 5,1 3,9 0 2,7 2,5 8,6 0,7 0,2 1,1 – – – – –

5,8 -1,3 -2,7 0,6 0,8 0,1 -2,4 -0,6 -2,2 1,7 -0,8 3,7 -0,8 -3,1 0,1 -0,4 0,3 0,8 0,4 0,5 -0,3 0,5 0,02 0,8 -0,2 -0,03 -0,3 – – – – –

741,5

15,01

649,7

10,1

SM Buick Holding (K) Hotel Ålesund as Hotel Brosundet Bryggen as Hotel Ulstein as Geiranger Hotelldrift Nordfjord Hotell Drift as Storfjord Hotel as Stranda Hotel as Hotell Ivar Aasen as Hotel Union as Raftevold Hotel as Stryn Hotel as Spjelkavik Hotelldrift as Sagafjord Drift as Måløy Hotelldrift as Volda Turisthotell as Villa Utsikten as Innvik Fjordhotell Misjonshotell as Hjelle Hotel as Sunde Fjord Hotel as Brattvåg Fjordhotell as Aursnes Hotell as Petrines Gjestgiveri as Melshorn Hotell as Valldal Fjordhotell as Stad Hotell as Fivelstad Eiendom as Avd i Rainbow Hotels as Avd i Nordic Choice Hotels as Avd i Scandic Hotels as Avd i Tribe Hotel Management Norge as Knut Slinning ENK SUM

*Eierskifte, nytt navn og skifte av hotellkjede i år. Hotellet heter nå Quality Hotel Ålesund og er en del av Nordic Choice Hotels as. Kilde: Bisnode

NETT NO

15


Du finner en oversikt over hotellresultatene i en egen tabell til denne artikkelen, i tillegg til en tabell der selskapene er rangerte etter lønnsomheten i 2017. De fleste turisthotellene som ligger på lønnsomhetstoppen, har tilpasset seg turistsesongen i større eller mindre grad. Geiranger Hotelldrift, som driver det nest største hotellet i Geiranger, og Villa Utsikten, stenger helt når turistsesongen er over om høsten og åpner først når turistene kommer tilbake om våren. Hotel Alexandra-konsernet i Loen har to hotell, der det ene - Hotel Loenfjord – er et sesonghotell. Men trenden går i retning utvidet sesong, med tidligere start og senere stenging. Hotel Union på Øye ved Norangsdalen har hatt et kraftig løft i både inntekter og lønnsomhet i 2016 og 2017, etter at hotellet utvidet fra seks til ni måneders sesong. FULLT HUS

For Ålesundshotellene kommer betydningen av turismen klart frem i statistikken over når det er mest gjester på besøk. I juli i år var 90 prosent av rommene utleid. Det er en økning fra 87,5 prosent belegg i juli 2017.

Wiederstrøm Hotel Consulting representerer Benchmarking Alliance i Norge, som samler inn omsetningsdata fra hotellene. Benchmarking Norge lager ikke egen statistikk for Ålesund. Tallene for Ålesund omfatter ni hotell med 1129 rom, og er samlet inn og bearbeidet for NETT NO av Wiederstrøm Hotel Consulting. Widerstrøms tall viser også at hotellene klarer å ta seg bedre betalt. Fra juli 2017 til juli 2018 steg gjennomsnittsprisen per rom fra 914 til 958 kroner. Det er en økning på 4,8 prosent. Rundt 70 prosent av gjestene på Ålesundshotellene i juli er på ferie eller fritidsreiser. Hvor viktig sommermånedene er for driftsinntektene på årsbasis, illustreres ved se på besøksstatistikken for januar-juli samlet. I de syv første månedene i år hadde hotellene i Ålesund sentrum et belegg på 59,9 prosent, en økning på 1,4 prosent sammenlignet med same periode i 2017. Gjennomsnittlig rompris var 801 kroner, en økning på 4,4 prosent. Prisen hotellene i Ålesund klarer å få ut av hvert rom er altså økende, men økningen er størst i høgsesongen om sommeren når turisttrafikken dominerer. PÅ VEG OPP

- Fantastisk bra. Jeg kan ikke huske at noen andre storbyer oppnådde et belegg som Ålesund i år, sier Peter Wiederstrøm i Wiederstrøm Hotel Consulting.

Blant hotellene på minussida er det flere nystartede hotell, som Furebuda Logde på Stadlandet, og hotell med nye eiere, som Hotell Ivar Aasen og Brattvåg Fjordhotell, og hotell med vekst og krympende under-

«Fantastisk bra. Jeg kan ikke huske at noen andre storbyer oppnådde et belegg som Ålesund i år»

PAUSE: Driftsleder Kristine Østgaard på Hotel Union stenger dørene ut i desember, for tre måneders pause. Før var hotellet stengt halve året.

16

NETT NO


skudd – som Hotell Brosundet Bryggen og Storfjord Hotel. Hotel Brosundet Bryggen er resultatet av sammenslåingen av to hotell. I 2016 var Hotel Bryggen et eget selskap med 21,1 millioner kroner i driftsinntekter og et underskudd før skatt på 2,5 millioner kroner. Etter NETT NO si vurdering er alle disse selskapene kandidater til å vise overskudd i 2018 eller 2019-regnskapene. Det er også verdt å merke seg at blant hotellene som går i minus er det få med store underskudd. Fem hotell har en resultatmargin på under minus 10 prosent av driftsinntektene. Fire av dem er enten nyetablerte, har fått nye eiere eller har eiere som flere ganger har vist vilje til å skyte inn penger. SUNDE: Fra å leie ut rom til folk på lengre arbeidsopphold var det turister som sto for storparten av inntektene til Inga Ågotnes ved Sunde Fjordhotell i fjor.

Har du lyst til å bli en av Norges mest fornøyde bankkunder?* Fornøyde kunder er vårt mål, derfor strekker vi oss lengre for å skreddersy løsninger som passer for deg og din familie. Berit, Linda, Ståle, Jan Arne og Roger gleder seg til å ønske deg velkommen.

Berit Hove Aase Privatrådgiver

beaa02@handelsbanken.no

Linda Karin Gudmundset Privatrådgiver ligu11@handelsbanken.no

Ståle Roth Privatrådgiver

stro08@handelsbanken.no

Jan Arne Hjertvik Privatrådgiver

jahj01@handelsbanken.no

Roger Uggedal Seniorøkonom Privatrådgiver Halfdan Grangård

roug01@handelsbanken.no

*EPSI 2018

handelsbanken.no/alesund, tlf: 70 13 18 00

NETT NO

17


MOT MÅL ETTER 100 ÅR Av: Ogne Øyehaug

Reiselivsnæringa har gått ein lang veg, men no er den i ferd med å bli ei svært lønsam næring for Vestlandet, meiner sjefen for Fjord Norge. PORSJONERE RETT: For stort trykk, på for liten på plass på for kort tid er ikkje vegen å gå for reiselivet. Med lønsemda på veg opp må sesong og reisemål utvidast, meiner Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

- I 100 år har reiselivet jobba med å få nok turistar i høgsesongen, slik at næringa i distrikta klarer å tene pengar, seier Kristian B. Jørgensen.

godt belegg at den kunne ta seg betre betalt, seier Jørgensen om utviklinga i sommarsesongen på dei mest populære reisemåla i høgsesongen.

Fram til for tre-fire år sidan tapte opp mot 30 prosent av distriktshotella pengar i høgsesongen.

- Også transportørane byrjar å tene pengar, seier han.

- I dag har vi nådd den kritiske massen som skal til for at dei fleste reiselivsbedriftene i distrikta klarer å tene pengar mellom mai og september, seier Jørgensen. Han er sjefen i Fjord Norge, det felles marknadsføringsselskapet for heile Vestlandet. Dei fire vestlandsfylka eig 8,91 prosent kvar i selskapet. Dei siste ni åra har vore ein samanhengande opptur for reiselivet på Vestlandet, som målt i auke i talet på turistar er vekstvinnar i norsk reiseliv. No byrjar det å bli pengar att på botnlina for stadig fleire aktørar og. Merksemda er i ferd med å dreie bort frå å berre vere opptatt av vekst til å vere opptatt av lønsemd og berekraftig utvikling. - I 2015 byrja næringa å sjå at den fekk så 18

NETT NO

Grunnen er veksten. NY KAPITAL BANKAR PÅ

Resultata og veksten skaper interesse. Det er ikkje berre familiar med lange tradisjonar som driv med reiseliv. Utviklinga er sjølvforsterkande, etter Jørgensen si vurdering. - Du ser at storkapitalen byrjar å vise interesse. Med veksten kjem større aktørar, meir kapital og konsolidering. Då kjem og profesjonalisering, i sal, drift og personalbehandling, seier Jørgensen. Prognosen fram til 2030 er ein vekst i reiselivet, både på verdsbasis og i Noreg, på 40-50 prosent. Profesjonaliseringa er bra, etter Jørgensen si vurdering. Det betyr mellom anna at bedriftene i reiselivet blir flinkare til å prise produkta sine, flinkare til å utvikle og

tilby opplevingar som trekkje reisande hit, dyktigare når dei gjer innkjøp – til dømes gjennom å samarbeid med andre og flinkare til å både utvikle og dimensjonere arbeidsstokken. Han ser mellom anna ei endring i tilsettingspolitikken. - Ein ser at det er sunnare å ha ein fast stab, seier han. Men ein fast stab betyr også større behov for å drive heile året, slik at jobbane er heilårsarbeidsplassar. Jørgensen legg ikkje skjul på at reiselivsnæringa i fleire år har hatt glede av ei svak krone, som har gjort det rimelegare å reise til Noreg og gjort det dyrare for nordmenn å ta ferien i utlandet. Sjølv om valutakursen skulle utvikle seg i mindre gunstig lei framover – sett frå reiselivet si side – så trur ikkje Jørgensen auken i reiselivet vi har hatt dei siste åra blir reversert. - Det er klart at krona har hjelpt på. Det er det ingen tvil om, men vi hadde vekst også då krona var sterk, seier han.


VIL REGULERE CRUISE

Men veksten skaper og problem. På enkelte stadar blir turisttrykket til einskilde tider for stort i toppsesongen, og det følgjer forureining med på kjøpet. - Det er to aktørar som bryr deg om dette, og begge er viktig å ta omsyn til; lokalbefolkninga og turistane. Om dei som bur på dei mest populære turiststadane reagerer negativt, kan konfliktnivået fort eskalere. Ei oppleving av trengsel og forureining er heller ikkje det mange turistar ventar å oppleve på eit noregsbesøk.

- Få på plass eit lovverk som gjer det råd å avgrense og styre cruisetrafikken. Frå mai til september kan vi selje Noreg med vakker natur. Resten av året må vi tenke annleis, meiner han. - November er ikkje like vakker som juni. Då må vi i lang større grad appellere til kontrasten mellom å vere ute, og oppleving av å gå inn og ete god mat og drikke god drikke. Vi må ha større fokus på vestlendingen og fjordlivet, kulturen du finn hos oss og kontrastane i årstidene, seier Jørgensen. MÅ TENKE NYTT I

Jørgensen har tre framlegg til kva som må gjerast: - Spreie turismen ut over større deler av året og over større deler av landsdelen. - Få på plass eit system for forvaltning av fellesressursar som by- og naturmiljø, der alle turistane er med og betalar for bruken.

MARKNADSARBEIDET

Teknologiutviklinga tvingar reiselivsbransjen til å tenke nytt om marknadsarbeidet, meiner Jørgensen. Innovasjon Norge varsla tidlegare i haust at det opprettar ei eiga avdeling på 13 personar som berre skal drive med digital marknadsføring og marknadsarbeid.

Destinasjonsselskapa blei etablert for å drive sal og marknadsføring, men dette arbeidet har endra seg så mykje at her må det tenkjast annleis, meiner Jørgensen. Med internett og sosiale media har ein fått ein langt meir presis kunnskap om kva som fungerer og ikkje fungerer når det gjeld å skape reiselyst og utløyse sal. Her meiner Jørgensen Fjord Norge har ei rolle som eit felles organ for destinasjonsselskapa, rett og slett fordi det er for krevjande og dyrt om kvart destinasjonsselskap skal drive kvar for seg. - Det er mykje meir komplisert og kostbart å drive digital marknadsføring, og krava frå næringen knyttet til det å måle resultat har auka dramatisk. Dette inneber at fellesapparatet må ha relevant spisskompetanse og nok ressursar til å gjøre ein forskjell og til å nå dei mål som er sett, seier han.

myklebustverft.no NETT NO

19


CAMPING ER BEST

Av: Ogne Øyehaug

Dei større campingplassane på Nordvestlandet har høgare lønsemd enn dei mest lønsame hotella. Campingplassbransjen er i ferd med å riste av seg statusen som fråkøyrd og uviktig del av reiselivsnæringa. Den har både vekst og god lønsemd, i alle fall for dei største aktørane. Resultatet før skatt for dei største campingplassane var på gjennomsnittleg 19,6 prosent av driftsinntektene i 2017. Det var betre lønsemd enn i 2016, og kom etter ein auke i driftsinntektene på 36 prosent.

Så seint som i 2015 hadde campingplassane i Møre og Romsdal nedgang i trafikken. I Sogn og Fjordane var trafikkauken beskjedne 4,6 prosent det året. TOK AV I 2016

Frå sommarsesongen 2016 til sommarsesongen 2018 har talet på kortare overnattingsopphald i telt eller campingvogn auka med 34 prosent på Sunnmøre. For bubilar er veksten 26 prosent. Det viser tal frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre,

KONSOLIDERING: Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri driv tre campingplassar. I 2015 kjøpte dei Sjøholt Camping og i 2016 Volsdalen Camping i Ålesund. I tillegg driv dei Valldal Camping saman med foreldra til Ole Henrik.

20

NETT NO


basert på reiselivsstatistikken til Statistisk Sentralbyrå. Statistikken omfattar månadane mai, juni og juli. Campingplassane på Sunnmøre har også mange gjester som leiger langtidsplass og gjerne har campingvogn ståande fast på campingplassen. Den gruppa sto for 45 prosent av talet på overnattingar på campingplassane i sommar, men hadde berre 3,7 prosent vekst frå mai-juli 2016. Telt/campingvogn (pluss 14 prosent) og bubil (pluss 18 prosent) var også vekstvinnar frå 2017 til 2018-sommarsesongen. DRIV TRE CAMPINGPLASSAR

Ingen på Nordvestlandet har satsa så mykje på camping som paret Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri i Valldal. I 2015 kjøpte dei Sjøholt Camping og i 2016 Volsdalen Camping i Ålesund. I tillegg driv dei Valldal Camping saman med foreldra til

Ole Henrik. Den har mellom anna utvida kapasiteten, med plass for gjestar som kan halde eigne arrangement utan å sjenere resten av gjestane.

Tom Anker Skrede, dagleg leiar for reiselivsselskapet Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, sa til NETT NO tidlegare i år at det er gryande tendensar til ei konsolidering i campingbransjen. - Det er heilt klare teikn på at fleire og fleire tenkjer stordriftsfordelar med å ha meir enn ein campingplass, seier han.

Databasen Proff Forvalt gir 72 treff på kategorien “drift av campingplassar” på Sunnmøre og i Nordfjord. Dei fleste av dei blir drivne som enkeltpersonsforetak, der rekneskapsinformasjonen ikkje er offentleg tilgjengeleg. Det gjeld og ein del større campingplassar, men campingbransjen på Nordvestlandet er uansett ein bransje der fleirtalet av aktørane har driftsinntekter på under ein million kroner.

Gevinsten ligg mellom anna i at det blir råd å utnytte arbeidsstokken betre og at evna til å drive marknadsføring og oppfølging av kundane aukar. MANGE SMÅ

Campingbransjen er prega av mange små aktørar, som driv campingplass som attåtnæring.

BIT FOR BIT BÅT FOR BÅT KLEVEN.NO

NETT NO

21


SÆVIK SATSAR STORT

Av: Kjetil Haanes

Dei skal fronte Hjørundfjorden, kjøpe fleire hotell og få kinesarar til å stoppe lenge i nordvest. Og det skal byggjast fleire båtar.

- Dei må kjenne oss dårleg dei som trur at vi stoppar ved dei fire båtane vi har bestilt til Havila Kystruten. Det seier Per Sævik som i sitt 78. år satsar stort på reiseliv. - Det er ein vekstbransje og ein desentralisert bransje, der det eigentleg har vorte gjort lite samordna innsats hittil. Dette skal vi no gjere noko med. FIRE MILLIARDAR

Han har fått med seg døtra Hege Sævik Rabben til å leie hotellsatsinga saman med den tidlegare Thon Hotel Fosnavaag-sjefen Günther Dahler, medan den tidlegare Rem Offshore-sjefen Arild Myrvoll er sjef for Havila Kystruten, ei satsing som hittil er på fire milliardar kroner.

22

NETT NO

- Hovudfokuset er å gjere ferdig dei fire skipa som skal trafikkere ruta Bergen Kirkenes frå 1. januar 2021, men det vert også sett på nye prosjekt innanfor reiseliv. - Dei er ikkje tett på Havila-systemet som ikkje trur det vert meir, seier Myrvoll. ÅLESUND OG BERGEN

At Sævik og familien meiner alvor, viser at dei har etablert selskapet Havila Hotels. I det selskapet ligg eigarskapet av Raftevold Hotell i Hornindal, Hotell Ivar Aasen i Ørsta og i tillegg vil det bli vurdert å legge inn 45 prosent eigarskap i Thon Hotel Fosnavaag. Men det skal ikkje stoppe der.

«Vi skulle gjerne hatt eit hotell i Ålesund, og kanskje eitt i Bergen»


REISELIV: Klare til storsatsing på reiseliv, frå venstre Arild Myrvoll, Günther Dahler, Per Sævik og Hege Sævik Rabben.

- Vi har augene opne for nye mulegheiter. Vi skulle gjerne hatt eit hotell i Ålesund, og kanskje eitt i Bergen, seier Per Sævik. HJØRUNDFJORDEN

Og så skal det byggjast synergiar mellom selskapa, der ein også ser på samspel med Sævik-satsingane Widerøe og Fjord1, inkludert Fjord1-satsinga The Fjords, med cruiseturar på fjordane i miljøvenlege fartøy. - Bak alt ligg at vi skal ta vare på miljøet, naturen og kulturlandskapet, seier Hege Sævik Rabben. - Vi ser eit stort potensiale i regionen vår, deriblant har Hjørundfjorden mykje å by på, noko ei aukande interesse for området stadfestar.

Ho er fornøgd med utviklinga både på Ivar Aasen og Raftevold, der det vert satsa på at hotella også skal vere ein samlingsplass for folket i nærområdet, samstundes som dei skal tiltrekke seg reisande som vert fleire dagar.

- Vi får sjå, seier Arild Myrvoll. Kanskje kan vi få laga eit system der den enkelte kan svitsje mellom ulike språk, alt etter behov, seier Myrvoll.

Og nettopp det siste er sentralt i satsinga på asiatiske turistar, og då spesielt kinesarar.

Bak den offensive reiselivssatsinga er analysar som viser at turismen til Norge er venta å vekse mykje framover, og der veksten vert ekstra stor på kysten, slik som på Nordvestlandet.

- Det er no 300 millionar kinesarar i middelklassen. Og desse vil reise, seier Per Sævik.

Veksten kjem frå mange land, men det er først og fremst store grupper med asiatar som har oppdaga Norge som reisemål.

Så stor tru har Sævik på tilreisande frå Kina at han vil ha kinesisk tekst på informasjonen om bord i dei fire Kystrute—skipa.

OPPLEVINGSTILBOD

TRUR PÅ KINESARANE

Günther Dahler har vore i kontakt med store kinesiske reisearrangørar som er >>>>

NETT NO

23


ivrige etter å kome i gang med opplevingsturar til Vestlandet, og der ein ser etter opplevingstilbod som går over fleire dagar. - Og her tenker vi på å bruke fjordlandskapet, og då spesielt Hjørundfjorden som etter vårt syn har eit stort uutnytta potensiale. - Her går livet sin gang både på Viddal, Bjørke, Urke, Trandal og dei andre stadene, og det er nettopp det ekte turistane er opptatt av. Men tanken er også å kople dei asiatiske turistane og andre reisande opp mot dei fire skipa i Havila Kystruten, der kvart skip kan ta inntil 700 passasjerar, og der det no vert bygt opp eit reiarlag med rundt 600 tilsette. - Ved å ta ei strekning med Havila Kystruten, kan dei starte på Sunnmøre og slutte i Bergen – eller omvendt.

- I dag har Widerøe no direktefly frå Helsinki til Tromsø og Bergen. Vi må få til noko liknande til Vigra, med hovedfokus på unike kyst- og fjordopplevingar for asiatisk reisande.

Ved Hotell Raftevold på Grodås har det vore godt belegg i sommarmånadene.

Dahler ser fram til NWT – Norwegian Travel Workshop – som neste år er lagt til Ålesund i perioden 1. til 5. april.

- Det burde det liggje godt til rette for ettersom det er få andre stader som har eit betre utbygt nett av turstiar, skiløyper, alpinanlegg og andre fritidsaktivitetar enn Hornindal.

Hit kjem rundt 400 av verdas fremste turoperatørar.

BÅTTILBOD

- Dette er ei kjempemulegheit for å vise fram Sunnmøre og Vestlandet. Her kjem vi til å vere aktive, og vi har også fått avtale om at ein stor gruppe kjem til Fosnavåg for å sjå på kva vi har å tilby. HEILÅRSHOTELL

Dahler seier at for hotella er det viktig å ha gode tilbod gjennom heile året, og han er nøgd med at for Ivar Aasen i Ørsta har ein klart å kople lokalsamfunnet tettare til hotellet, både bedrifter og privatpersonar.

HELSINKI – VIGRA

Aller helst ser Dahler at det vert etablert ei direkte flyrute mellom Helsinki og Vigra for asiatisk reisande ettersom Helsinki er hovudbasen for reisande frå Asia til Europa.

- No er det viktig å få hotellet til å verte eit aktivt heilårshotell.

- I tillegg satsar vi mindre på busslastar med turistar, men meir på individuelt reisande som stoppar fleire dagar og er interesserte i pakkar med opplevingar.

Hege Sævik Rabben seier at det også vert sett på korleis ein skal utnytte hotellhagen betre. - Dette er ein av Norges flottaste hotellhagar, og vi ønskjer å utnytte denne perla betre enn i dag. - I tillegg ser vi på mulegheita til å få på plass eit tilbod om båttrafikk på vatnet. - Dette er trass alt Europas djupaste innsjø, seier ho. Per Sævik seier at hotell- og reiselivssatsinga er eit stort satsingsområde.

GRODÅS: Hotell Raftevold har 44 rom, tre konferanserom med plass frå 30 til 60 personar, samt eit lite konferanserom i den historiske gamledelen frå 1867. No skal hotellhagen utviklast.

24

NETT NO


- Vi ønskjer å verte ein betydeleg aktør, og på mange måtar er det nybrottsarbeid vi gjer ettersom vi her ser satsinga inn ein større samanheng. FÅR IKKJE BRUKT BONUSPOENGA

Han seier at denne satsinga ikkje betyr slutten på Havila sin satsing innanfor olje og offshore. - Nei, og eg trur at vi har oljeaktivitet i Norge også om ein generasjon fram i tid. - Men vi har tru på grøn skipsfart, også når det gjeld reiselivssatsinga. Sjølv har 77-åringen ingen store reisemålsdraumar. - Nei, eg er stadig på reisefot, og har 400.000 bonuspoeng som eg ikkje har sjans til å få brukt opp. - Mitt fremste reisemål er nok heim til Remøya, seier han.

ØRSTA: Hotell Ivar Aasen vart kjøpt for ei krone. Her er det 73 rom, konferanseromma Skårasalen (140), Melshorn (30-60) og Skåla (15), samt to suiter med plass til ti personar.

20181010_AnnonseHalvsideV4_bleed3mm.pdf 1 10.10.2018 14:01:58

1. FISKEKASSER

2. KOMPRIMERT EPS

BRUKT EPS ER EIN VERDIFULL RESSURS Å resirkulere EPS er både enkelt og lønsamt. Ikkje minst er det med på å gjere verda meir berekraftig. Les meir på vartdalplast.no

4. ISOLASJONSPLATER

3. RÅMATERIALE


HERØY: Tor Johan Pedersen ukependler fra Oslo til Mjølstaneset i Herøy for å fylle Havila Kystrutens nye skip med folk og innhold.

- NORGES MEST SPENNENDE REISELIVSPROSJEKT Av: Kjetil Haanes

Han bor i Oslo, har jobbet i cruise i 20 år, og skal lede salgs- og markedsarbeidet til Havila Kystruten.

26

NETT NO

- For meg var det et lett valg å si ja til Havila Kystruten. Dette er Norges klart mest spennende reiselivsprosjekt. Tor Johan Pedersen er opprinnelig ålesunder, men er nå ukependler fra Oslo til Havila Kystrutens hovedkontor på Mjølstaneset i Herøy. - Ingen problem, sier Pedersen, som kommer fra stillingen som fagansvarlig for cruise i Innovasjon Norge, og har blant annet stått bak de årlige rapportene som viser cruiseutviklingen i Norge, i tillegg til produktutvikling for reisende som ankommer Norge kystveien med skip.

BYGGER NOE HELT NYTT

Han har også bak seg ni år som salgssjef for Norge, Danmark og Island for Royal Caribbean Cruises og Celebrity Cruises, før han startet sitt eget selskap Wonder Cruises. Nå skal han fylle opp de fire skipene til Havila Kystruten med innhold og reisende. - Utrolig spennende. Her får man være med på å bygge opp et konsept fra starten av, noe som virkelig er inspirerende. - Og det blir nok etter hvert også mer enn de fire skipene.


«I tillegg hjelper det at det er snakk om de mest miljøvennlige skipene som seiler langs norskekysten»

VIKTIG MED IDENTISKE SKIP

MÅ SAMARBEIDE OM CRUISE

Han har allerede merket stor pågang fra de store turoperatørene, som spesielt liker at det er snakk om fire identiske skip.

Han støtter fullt ut kampen for å få ned utslippene og få bort miljøsynderne fra fjordene.

- Dette gjør det lettere for kundene å kjøpe vårt produkt og for våre samarbeidspartnere å selge det.

- Utfordringen for destinasjoner i tillegg til miljø kan være at mange mennesker kommer på samme tid og vil da oppleve opphopning. Min anbefaling er at havner og destinasjoner samarbeider om å balansere dette på en god måte både for de besøkende og lokalbefolkningen.

- I tillegg hjelper det at det er snakk om de mest miljøvennlige skipene som seiler langs norskekysten. Han forteller at det skal satses på lokal norsk mat og kultur om bord i skipene, og der gjestene også får en rekke tilbud om å koble seg opp mot aktiviteter og opplevelser på land, gjerne ved å hoppe av ett skip og senere hoppe på et annet. - Vi har mye spennende på gang. Pedersen har merket seg motstanden mot den stadig økende cruisetrafikken i Geiranger, Bergen og andre steder.

- Det er også viktig at man ser landbasert og cruise samlet, da cruise faktisk i noen sammenhenger er i mindretall selv om det kan oppleves annerledes. Han sier at det meste tyder på at cruisetrafikken heller vil øke enn minke i årene som kommer. - Da er det viktig at vi selve har hånden på rattet og styrer utviklingen. I tillegg må vi utvikle nye reisemål og jobbe for å spre trafikken utover hele året.

For booking vennligst ring: +47 480 38 388 eller send en mail til booking@skotholmen.no Kami Skotholmen er open heile året Vi byr på magiske matopplevingar i havgapet gjennom heile året. Følg oss på www.skotholmen.no eller på facebook.

design: cann.no | foto: Voldsund Foto

På ein holme i havgapet gir vi ei eigenarta oppleving; – Kami Skotholmen er ein sjømatrestaurant som skvulpar i vasskanten eit steinkast frå Fosnavåg og eit augekast frå Ålesund. Her spelar vi på lag med naturen, og kan by på det beste frå havet. Velkomne til eit hav av smakar! N E T T N O 2 7


TUR OG TRIVSEL ER VEKSTBRANSJE Av: Ogne Øyehaug

Innan tre år satsar familien Bonsaksen ved Hellesylt på å passere fem millionar kroner i inntekt på opplevingsturisme. Dei er i ein vekstbransje.

I fjor var åtte aktivitet- og opplevingsselskap i sving på Sunnmøre. Nokre var heilt i startgropa i fjor, og ytterlegare fleire er på veg inn i marknaden. Dei konkurrerer ikkje kvarandre ut heller. Til saman auka aktivitetsselskapa i NETT NO si oversikt driftsinntektene med over 30 prosent frå 2016 til 2017.

stofftankane ligg i dag blir det batteri, og påhengsmotoren går på elektrisitet. Kor stor investering det er snakk om vil Ole-Hjalmar ikkje svare nøyaktig på, men det er snakk om ei millioninvestering, eit stort løft for ei nystarta og lita bedrift. BASE PÅ GARDEN

28

NETT NO

Ole-Hjalmar Bonsaksen set fart og løftar rib-båten med to påhengsmotorar opp av vatnet. Den har katamaranskrog med hydrofoilvenger under. Straks den kjem opp på vengene skyt den fart. Vindsusen gjer at passasjerane ikkje legg så mykje merke til motorbrølet, men det gjer du på land.

Rib-trafikken er berre ein del av pakken familiebedrifta tilbyr. Utgangspunktet er garden på Ljøen ved Hellesylt, med utsyn rett innover Geirangerfjorden. Selskapet har og eit bygg rett ved ferjekaia på Hellesylt, der dei som blir med på dei faste rib-båtturane i sommarsesongen får kle på seg flytedress før dei går om bord.

Men til sommaren blir det knappast ei summing å høyre - og ingen klimagassutslepp - sjølv om farta blir minst like stor. Då har familieselskapet Bonseye fått verdas to første heilelektriske rib-båtar. Der driv-

På garden har Ole-Hjalmar og broren Magne, som også er medeigar, bygd opp ei scene og eit delvis overbygd amfi for konsertar og utandørs servering, mellom >>>>


VEKSTBRANSJE: Sander Øen Omberg i aktivitetsselskapet Loen Active guida grupper til topps i Via Ferrata-løypa i Loen i sommar. Loen Active har meir enn dobla inntektene på tre år.

A K TIV ITETS S ELS KAP PÅ N O R DVE ST L A N DE T Tal i millioner kroner

2017

2016

SELSKAP

D RIFTSINNTEKT

R ESULTAT FØR SKATT

D R IFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

62 Nord as Loen Active as Uteguiden as Valldal Naturopplevingar as Nordvest Opplevelser as Havopplevelser as Ålesund Sea Tours as Coast Safari as*

24,2 9 4,9 1,9 1,5 0,3 0,1 0,01

0,4 2,4 0,4 0,1 0,2 -0,1 -0,03 -0,1

22,3 5,6 3 1,1 0 0,1 – –

-1,6 1,1 0,1 0,5 -0,1 -0,5 -0,1 –

SUM

41,9

3,3

32,1

-0,6

Bonseye as på Hellesylt er omdanna til aksjeselskap i år, Explore Fosnavåg as er etablert i år, enkeltmannsforetaket Offbeat Adventures blei etablert i fjor haust og enkeltmannforetaket Hjørundfjord Mountain Guide blei etablert i 2015. * Selskapet starta drift i større omfang først i 2018. Kjelde: Bizweb NETT NO

29


anna av fruktvin laga av Bente Bonsaksen, største aksjonær og mor til Magne og Ole-Hjalmar. Innan kort tid er målet å ha fått på plass eit gardsutsal for vinen slik at gjestar kan kjøpe med seg ei flaske. Byr dei på lunsj og middag har dei ein avtale med kokk på Stranda Hotel , som står for matlaging og levering. Skulle det vere for vått og hustrig kan gjestane trekke inn i løda, som Ole-Hjalmar er i ferd med å bygge om til gildehall.

MILJØVENLEG: Til sommaren 2019 skal Ole-Hjalmar Bonsaksen i Bonseye ha to rib-båtar med elmotor som trafikkerer Geirangerfjorden. Det blir fart, men utan motorbrøl og eksosutslepp.

30

NETT NO

VARIERT TILBOD

Medan Loen Activ i Loen tilbyr guida klatreturar til Hoven og Uteguiden på Stranda tek folk opp på toppar og tindar sommar og vinter, satsar Bonseye på opplevingar alle kan bli med på også om du sit i rullestol eller bruker krykker. Dei er i “soft-segmentet”, som det heiter på bransjespråket. Har dei gjestar som vil ha tøffare og meir krevjande turar, allierer dei seg heller med Uteguiden eller Hjørundfjorden Mountain guide.


I sommar hadde dei over 200 gjestar frå det franske oljeselskapet Total. Det er den største bestillinga selskapet har hatt så langt.

«Har du fornøgde kundar, så ballar det på seg»

Dei fekk lunsj, historier om garden, oppvisning med gjetarhundane som passar saueog lamaflokken, og tilbakemeldinga var så god som den kunne bli. - Med oss så var dei 100 prosent fornøgde, seier Ole-Hjalmar Bonsaksen. Slike tilbakemeldingar er gull verd. - Har du fornøgde kundar, så ballar det på seg, seier Bente Bonsaksen. Ho meiner det er realistiske å passere fem millionar kroner i driftsinntekter innan tre år. I år ligg selskapet an til å få rundt 1,5 millionar kroner i driftsinntekter. DREG PÅ SEG DRESSEN

CHANGE OUR INDUSTRY

Til våren skal Destinasjon Ålesund & Sunnmøre arrangere Norwegian Travel Workshop, eit stor årleg arrangement der

reiselivsselskap møter potensielle kundar, både frå Noreg og utlandet. Bonseye satsar mykje på såkalla Micereiser. Mice står for “meetings, incentives, conferences and exhibitions” - altså reiser til møter, konferansar og messer og belønnings- og oppmuntringsreiser for tilsette – eventuelt ein kombinasjon av alle eller fleire av desse faktorane. To gongar har Ole-Hjalmar dratt på seg dressen og stilt på stand for å vise fram Bonseye på Norwegian Travel Workshop. For å trekke til seg kundar på Mice-reise er Norwegian Travle Workshop alfa og omega. Det er der det er råd å møte operatørane som arrangerer slike reiser. Gjestane frå Total i sommar var eit direkte resultat av første besøket, ei gruppe Vip-gjestar frå Brasil kom som resultat av turen til Norwegian Travel Workshop i år.

H AV YA R D G R O U P AS A V I E R T O TA L L E V E R A N D Ø R E R AV N E S T E G E N E R A S J O N S N U L L U T S L I P P FA R T Ø Y NETT NO

31


VENTAR FÆRRE ARBEIDSINNVANDRARAR Av: Ogne Øyehaug

1.500 arbeidsinnvandrar reiste heim frå Nordvestlandet etter oljenedturen. Dei kjem ikkje tilbake, trur Nordea-analytikar. I NETT NO-magasinet i fjor kunne vi fortelje at heimflytting gjorde at arbeidsløysa ikkje skaut i veret på Nordvestlandet etter oljeprisfallet i 2014. Rundt 1.500 arbeidstakarar, først og fremst frå Aust-Europa, pakka og reiste sin veg då det ikkje lenger var jobb å finne.

No åtvarar fleire om at det ikkje blir like lett å hente arbeidskraft frå utlandet i ein ny opptur. Analytikar Joachim Bernhardsen i Nordea Markets er blant dei som meiner arbeidskraftreserven i Aust-Europa er tørka inn.

KAMP OM ARBEIDSKRAFTA: Ulstein Verft der dette biletet er frå, gjorde i 2015 ein eigen studie av leigearbeidarane og kva dei betyr for bedrifta. Over halvparten av produksjonsarbeidarane i 2014 kom frå utlandet og mange hadde lang erfaring frå verftet.

32

NETT NO


«Dei fleste ønskjer å vere heime i sitt eige land, og no er det mykje lettare å vere heime»

Sterk økonomisk vekst og fallande arbeidsløyse gjer at det er blitt lettare å finne arbeid og inntekt i heimlandet. Sjølv om det framleis er store skilnadar i lønsnivået mellom Noreg og Aust-Europa er det ikkje lenger like lokkande å dra ut for å finne arbeid.

FÆRRE LEDIGE Å HENTE

- Dei fleste ønskjer å vere heime i sitt eige land, og no er det mykje lettare å vere heime, seier Bernhardsen.

Skilnaden er mangel på arbeidsinnvandring i denne omgang, etter Bernhardsen si vurdering. Med dagens lave arbeidsløyse er det ikkje så mykje å hente i å tøme arbeidsløysekøa. Meir arbeidskraft må i staden hentast ved å tilby ei løn som motivere folk som i dag ikkje er i arbeidslivet til å jobbe, som til dømes tidlegpensjonistar og studentar, etter Berhardsen si vurdering.

REKRUTTER LOKALT

Nav i Møre og Romsdal berekna i fjor at 1500 arbeidsinnvandrarar i Møre og Romsdal hadde reist heim etter at oljeprisen fall i 2014 og maritime bedrifter starta nedskjeringar i arbeidsstokken.

I åra 2011-2013 var det høg økonomisk vekst i Noreg samstundes som arbeidsløysa var stabil. No er det på ny høg vekst, men arbeidsløysa stuper.

Den utvikling har halde fram. Nav-sjef Steinar Veland i Møre og Romsdal oppfordra i NETT NO i sommar bedriftene om å rekruttere lokalt, rett og slett fordi det blir tyngre å hente folk frå utlandet.

FØRJULSTUR TIL BERLIN Kom i julestemning med gode venner eller hyggelige kolleger.

DIREKTE FRA VIGRA

30. NOVEMBER – 2. DESEMBER 2018

Kjenn julestemningen synke inn mellom gløggpauser og julehandel. Turen inkluderer direktefly Vigra – Berlin tur/retur, busstransfer og 2 netter i dobbeltrom. Fra kr 6.500,- per person

Telefon: 70 11 10 11 | E-post: ferie.nv@berg-hansen.no berg-hansen.alesund.no

NETT NO

33


ÅLESUND ER DET STORE LOKOMOTIVET Av: Kjetil Haanes

På Nordvestlandet er det heile 2.450 bedrifter som omset for meir enn fem millionar kroner. Men Ålesund er lokomotivet.

NÆRINGSBY: Ålesund forsterkar posisjonen som ein av norges store næringsbyar.

Den enorme næringslivsaktiviteten på Nordvestlandet vert tydeleg dokumentert gjennom NETT NO sine statistikkar over næringslivet i dei 23 kommunane i nordvest.

Men også bedrifter som Brødrene Sperre, Brødr. Sunde, Stokke og Sparebanken Møre passerte milliarden i omsetning.

GODE SELJE-RESULTAT MANGE NYETABLERINGAR

Heile 2450 bedrifter omsette i fjor for over fem millionar kroner. Folk flest kjenner kanskje godt til 10-20 av dei større bedriftene, men det finst ein stor underskog av små- og mellomstore bedrifter som er med på gjere Nordvestlandet til ein av dei mest aktive og spennande næringslivsregionane i landet. Men det store lokomotivet er uansett Ålesund. Dei 777 Ålesund-bedriftene som er med i statistikken omsette i fjor for over 70 milliardar kroner. Dei tre store i toppen er Vard Group med 6,1 milliardar, Rolls-Royce Marine med 4,9 milliardar og Bunker Oil med 4,0 milliardar.

34

NETT NO

Her er Ålesund berre slått av Eid (6,1 per 1000).

Men det er mangfaldet som imponerer mest. For kvar 100 innbyggjar i Ålesund er det 1,63 bedrifter med meir enn fem millionar kroner i omsetning. Her vert Ålesund berre slått av Vågsøy (2,01), Herøy (1,94) og Stryn (1,65). For kvar innbyggjar i Ålesund omsette dei 777 bedriftene for 1,4 millionar kroner. Her er Ålesund berre slått av Vågsøy med 1,6 millionar. Nyetableringsiveren i Ålesund er også stor. Til oktober hadde det vorte starta heile 283 nye aksjeselskap, noko som gir 5,9 nye bedrifter per 1000 innbyggjarar.

Derimot må ein langt ned på lista for å finne Ålesund på statistikken over gjennomsnittleg resultat før skatt. Her hadde dei 777 Ålesund-bedriftene eit snitt på 295.000 kroner. Og her er det dei største bedriftene som trekker mest ned, slik som Farstad Supply med minus 2,0 milliardar, Rolls-Royce Marine med minus 1,1 milliardar og Vard Group med minus 0,5 milliardar. Selje tronar øverst på denne statistikken, med eit snitt på 11,8 millionar per bedrift, godt hjelpt av eit solid resultat for Frøyanes-reiarlaget, medan Sykkylven kjem på andre plass med eit snitt på vel ni millionar.


På botnen kjem Herøy og Ulstein, begge med eit snitt som enda i minus, Ulstein med heile 8,2 millionar kroner i minus per bedrift. ØRSKOG PÅ TOPP

Både i Herøy og Ulstein dreg store tap i offshorereiarlaga ned, medan ein i Ulstein i tillegg hadde store verftstap. Trøsta får vere at tala var endå dystrare i 2016.

har litt fall, medan resten av kommunane har auke. Totalt er det no 22 bedrifter i nordvest med meir enn ti milliardar kroner i omsetning. For eitt år sidan var talet 16.

STORE ENDRINGAR

Men store endringar har det også vore på eitt år. Petter Stordalen og Hurtigrute-aksjonærane har overtatt Kleven i Ulstein, medan Myklebust i Sande no står på eigne bein.

GISKE-HOPP

Ekornes har vorte kinesisk, medan Kongsberg er i ferd med å overta Rolls-Royce Marine.

Også i resultatgrad skårar Ålesund dårleg. Her er Ørskog på topp i driftsresultat i prosent av driftsinntektene, godt hjelpt av solide resultat for Obow Eiendom og Nordvest Nett.

Vard Group har passert Rolls-Royce som den største, medan av dei større er det Giske-bedriftene Optimar og Seafood Farmers of Norway som gjer dei største hoppa. Sistnemnde går frå 20. til 12. plassen, medan Optimar hoppar 19 plassar til 23. plassen.

Og i dei tidlegare lokala til Farstad Shipping, har Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk flytta inn med heile sin stab, medan på Mjølstadneset i Herøy er Per Sævik og Havila Kystruten i ferd med å byggje reiarlag med 600 tilsette.

Statistikkane viser tydeleg at det er i kystkommunane at den høgste aktiviteten er, men her er også bølgjedalane djupast og toppane høgast.

Også vanylvs-selskapa Hofseth og Roger Hofseth hoppar, saman med Sande-selskapet Myklebust Verft, medan Farstad Supply går andre vegen; frå tiande til 22. plass.

Næringslivet i Nordfjord-kommunane Selje, Vågsøy og Stryn gjer det også godt. Av dei fem på topp i nyetableringar, er fire Nordfjord-kommunar, men både Stryn, Eid og Hornindal har fall i totale driftsinntekter frå året før. På Sunnmøre er det berre Ørsta som

Trass i at dei store bedriftslokomotiva går med tap, viser NETT NO sine tal at det er ein stor underskog med bedrifter som gjer det godt. Spesielt ser vi det innanfor fiske og havbruk, men også i møbel, bank, kraft og fleire servicenæringar.

din lokale partner når

Det gror godt i næringslivet i nordvest, og 2018 teiknar til å verte eit betre år enn i 2017. No er det også fleire bedrifter som jaktar tilsette, og bedriftsleiarane er meir optimistiske enn på lang tid. Det lysnar!

du trenger nye medarbeidere. Gjennom våre kontorer i Ålesund og Førde tilbyr vi bemanning og rekruttering i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Snakk med oss hvis du planlegger å ansette.

randstad ålesund alesund@randstad.no 400 21 400

randstad førde sognogfjordane@randstad.no 400 21 556 NETT NO

35


DETTE ER TALA 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23

DRIFTSINNTEKT PER INNBYGGJAR Tal i tusen kr

RESULTATGRAD Driftsresultat i prosent av driftsinntekter

TOTALE DRIFTSINNTEKTER Tal i mill kr

Vågsøy Ålesund Sande Herøy Vanylven Stranda Ulstein Sula Stryn Sykkylven Gloppen Haram Giske Ørsta Selje Hareid Stordal Ørskog Eid Norddal Skodje Volda Hornindal

Ørskog Selje Hornindal Volda Gloppen Sykkylven Skodje Giske Haram Herøy Ørsta Hareid Stryn Stranda Eid Sula Vågsøy Norddal Sande Stordal Ålesund Vanylven Ulstein

Ålesund Herøy Vågsøy Sula Ulstein Ørsta Stryn Haram Giske Sykkylven Stranda Gloppen Vanylven Sande Hareid Volda Eid Selje Skodje Ørskog Stordal Norddal Hornindal

19,8 19,2 13,5 12,5 11,8 9,2 8,8 8,5 8,3 7,8 6,6 5,9 5,7 5,4 5,1 4,5 4,4 3,2 3,3 1,7 0,9 0,1 -7,0

70827506 10569389 9733039 7816278 7352884 6142625 5646075 5465461 4841797 4794967 4382351 3519078 3463115 3191269 2275181 2075964 1719879 1464180 1151462 805286 418777 341843 103109

NYETABLERINGAR 2018 Per 1000 innbyggjarar – antal i parantes

BEDRIFTER I HØVE TIL FOLKETAL Per 100 innbyggjarar – antal i parantes

RESULTAT FØR SKATT Gjennomsnitt per bedrift i tusen kr

Eid Ålesund Selje Stryn Vågsøy Ulstein Skodje Sande Gloppen Stordal Haram Giske Sykkylven Herøy Ørsta Sula Stranda Vanylven Volda Hareid Norddal Hornindal Ørskog

Vågsøy Herøy Stryn Ålesund Stranda Ulstein Sande Selje Ørskog Ørsta Stordal Gloppen Sykkylven Eid Norddal Skodje Sula Haram Vanylven Giske Volda Hareid Hornindal

Selje Sykkylven Gloppen Hareid Giske Ørskog Haram Stranda Sula Vågsøy Ørsta Volda Stryn Hornindal Skodje Eid Sande Norddal Ålesund Stordal Vanylven Herøy Ulstein

Kjelde: Bisnode/SSB 36

1620 1487 1272 1180 1119 947 854 853 785 622 600 584 581 567 529 441 432 356 279 250 245 225 87

NETT NO

6,1 5,9 5,7 5,5 4,9 4,8 4,6 4,3 4,2 4,1 4,1 4,0 3,8 3,7 3,7 3,6 3,4 3,4 3,0 2,7 1,7 1,6 1,3

(38) (283) (16) (40) (30) (42) (22) (11) (25) (4) (39) (34) (30) (34) (41) (33) (16) (11) (28) (14) (3) (2) (3)

2,01 1,94 1,65 1,63 1,62 1,53 1,39 1,37 1,37 1,35 1,34 1,33 1,15 1,13 1,13 1,10 1,08 1,03 1,00 0,84 0,83 0,75 0,50

(174) (174) (119) (777) (75) (132) (35) (38) (31) (136) (13) (78) (89) (71) (19) (52) (99) (97) (32) (70) (77) (39) (3)

11876 9091 7320 5804 5245 4954 4101 3782 3580 3312 2922 2759 2502 2221 1843 1263 1058 534 295 276 17 -772 -8233


Komplekse utfordringer, tydelige løsninger Verdiskaping har sjelden vært mer krevende. Nye, komplekse utfordringer krever tydelige løsninger og veloverveide råd. I KPMG har vi samlet mennesker som tilbyr akkurat det – med dyktighet og engasjement.

Kontaktpersoner i regionen Ålesund Rune Grøvdal, Partner T 4063 9790 Molde Else Berit Hamar, Partner T 4063 7244 KPMG Law Jørn Sandnes, Partner T 9003 8618

NETT NO

37


DEI 10 0 STØRSTE BEDRIFT

KOMMUNE

OMSETJING

RESULTAT FØR SKATT

1

Vard Group AS

Ålesund

6175303

-571027

2

Rolls-Royce Marine AS

Ålesund

4944238

-1163815

3

Coast Seafood AS

Vågsøy

4045823

116122

4

Bunker Oil AS

Ålesund

4023850

61321

5

H I Giørtz Sønner AS

Sula

3258292

92828

6

Kleven Verft AS

Ulstein

2389031

-392731

7

Nordfjord Kjøtt AS

Stryn

2018064

31615

8

Brødrene Sperre AS

Ålesund

1800307

61606 3982

9

Hofseth AS

Vanylven

1752565

10

J E Ekornes AS

Sykkylven

1610785

329204

11

Myklebust Verft AS

Sande (Møre og Romsdal)

1528817

-77732

12

Seafood Farmers Of Norway AS

Giske

1430643

-22848

13

Brødr. Sunde A/S

Ålesund

1425842

139715

14

Stokke AS

Ålesund

1373997

186644

15

Sparebanken Møre

Ålesund

1264000

677000

16

Roger Hofseth AS

Vanylven

1256619

16220

17

Nils Sperre AS

Ålesund

1252503

23220

18

Vard Electro AS

Haram

1216793

69096

19

Ocean Supreme AS

Ålesund

1188753

33306

20

Inmarsat Solutions AS

Ålesund

1158004

28618

21

Platina Seafood AS

Stranda

1131228

53774

22

Farstad Supply AS

Ålesund

1130694

-2039568

23

Optimar AS

Giske

967308

92180

24

Sfe Produksjon AS

Gloppen

946910

168478

25

Ulstein Verft AS

Ulstein

922617

-116564

26

West-Norway AS

Ålesund

894124

-742

27

Jangaard Export AS

Ålesund

828776

38431

28

Tafjord Kraftproduksjon AS

Ålesund

748733

220195

29

Norsk Sjømat AS

Stranda

745914

41088

30

Norwegian Seafood Company AS

Ålesund

744574

18251

31

Sølvtrans Rederi AS

Ålesund

739686

214188 23041

32

Bertel O Steen Møre og Romsdal AS

Ålesund

732039

33

Nor Seafoods AS

Ålesund

727061

8643

34

Thermo-Transit Norge AS

Ålesund

705437

9707

35

Selected Seafood AS

Vågsøy

690483

-3208

36

Vartdal Plastindustri AS

Ørsta

680296

21461

37

Fiskerstrand Verft AS

Sula

667649

10088

38

AS Møre Codfish Comp

Ålesund

654329

10669

39

Vik Ørsta AS

Ørsta

630424

33006

40

Hofseth Aalesund AS

Ålesund

594139

6026

41

Mhservice AS

Vågsøy

590910

8048

42

Tafjord Marked AS

Ålesund

576369

21754

43

Mørenett AS

Herøy (Møre og Romsdal)

572997

123534

44

Fjordlaks AS

Ålesund

560857

-7636

45

Bourbon Ships AS

Herøy (Møre og Romsdal)

559648

-313421

46

Villa Seafood AS

Ålesund

559602

4638

47

Tess Nord AS

Ålesund

537544

26275

48

AS Aalesundfisk

Ålesund

535398

2252

49

Brages Bilforretning AS

Ålesund

528426

17435

50

Domstein Sjømat AS

Vågsøy

514483

-9655

Tal i tusen kr

38

NETT NO


BEDRIFT

KOMMUNE

OMSETJING

RESULTAT FØR SKATT

51

Rem Ship AS

Herøy (Møre og Romsdal)

511209

-76476

52

Møller Bil Ålesund AS

Ålesund

497268

1778

53

Larsnes Mek Verksted AS

Sande (Møre og Romsdal)

496556

18898

54

Island Offshore Management AS

Ulstein

492043

-2735

55

Olympic Holding Chartering AS

Herøy (Møre og Romsdal)

440134

13372

56

Farstad Construction AS

Ålesund

425814

-98730

57

Coldwater Prawns Of Norway AS

Ålesund

423283

698

58

Normarine AS

Ålesund

421538

7763

59

Mmc First Process AS

Herøy (Møre og Romsdal)

411865

9954

60

Jets Vacuum AS

Hareid

398438

48442

61

Hofseth Aqua AS

Ålesund

397525

106178

62

Havila Ships AS

Herøy (Møre og Romsdal)

396946

-210117

63

Cod-Export AS

Ålesund

394197

6830

64

K A Aurstad AS

Ørsta

392046

-28211 14505

65

Ødegaard Engros AS

Ålesund

391580

66

Vedde AS

Sula

372252

58630

67

Global Florø AS

Ålesund

369773

6706

68

Havila Shipping ASA

Herøy (Møre og Romsdal)

363931

-147711

69

Polar Seafrozen AS

Herøy (Møre og Romsdal)

359792

2323

70

Img Group AS

Sykkylven

356628

69475

71

Selstad AS

Vågsøy

353288

20599

72

Artec Aqua AS

Ålesund

347894

29646

73

Hg Handel AS

Hareid

343178

17202

74

Hg Teknikk AS

Hareid

334790

2003

75

Havila Subcon AS

Herøy (Møre og Romsdal)

334380

262960

76

Mørenot Fishery AS

Haram

332770

11219

77

Møre Trafo AS

Sykkylven

329392

21114

78

Island Offshore Viii Ks

Ulstein

327642

-127144

79

Brødrene Aa AS

Gloppen

326846

16003

80

Gustav Stokke AS

Ålesund

320914

15264

81

Olympic Crewing AS

Herøy (Møre og Romsdal)

320886

9483

82

Sperre Industri AS

Ålesund

318644

48999

83

Nogva Motorfabrikk AS

Haram

312412

46426

84

Cflow Fish Handling AS

Sula

306895

354

85

K. Nordang AS

Stranda

305098

5494

86

Vard Accommodation AS

Haram

302914

10802

87

Poly Har AS

Ørsta

293823

30818 -2056

88

Premier Seafood AS

Ålesund

291849

89

Olav E Fiskerstrand AS

Sula

287174

11974

90

Nlm-Barnehagene AS

Ålesund

285448

5273

91

Idc Holding AS

Ulstein

285277

-268743

92

Tussa Energi AS

Ørsta

285228

44047

93

Phl Seagold AS

Herøy (Møre og Romsdal)

283235

3994

94

Fosnavaag Pelagic AS

Herøy (Møre og Romsdal)

280412

4961

95

Sanco Holding AS

Sande (Møre og Romsdal)

273416

11542

96

Ålesund Bil AS

Ålesund

268897

7474

97

Pretre AS

Stryn

260089

23013

98

Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Volda

259158

101244

99

Byggfag AS

Ålesund

258733

2464

100

Drevik International AS

Ålesund

257777

6240

Bedriftene er rangert etter driftsinntekter i 2017. Vi har teke utgangspunkt i einskild-selskap, ikkje konsern. Selskap i konsern dukkar difor opp fleire stadar på lista. Kjelde: Bisnode

NETT NO

39


VENTELISTA Driftsinntekt i tusen kr Brunvoll Volda AS Toyota Nordfjord og Førde AS Ekornes ASA Sfe Kraft AS Møre Boligkreditt AS Scan Mar AS Auto 8-8 Vestlandske AS Havyard Design & Solutions AS Devold Of Norway AS Domstein Fish AS Furuno Norge AS Ekornes Skandinavia AS Sevrin Tranvåg AS Island Offshore Crewing AS Epax Norway AS Marine Ingredients AS Tussa-24 AS Norgesvinduet Bjørlo AS Mørenot Aquaculture AS Mathias Bjørge AS Nordic Wildfish AS Coldwater Prawns Production AS Slettvoll Møbler AS Finefish AS Tingstad AS Nordic Wildfish Sales AS Hagen AS Maritime Partner AS Brødrene Tennebø ANS Hs Bygg AS Skarbøvika Tankanlegg AS Nye Giske Havfiske AS Båtbygg AS Trucknor Sogn og Fjordane AS Storm Company AS Norhus Ørsta AS Torbas AS Aqua Farms Vartdal AS Acel AS Arctic Linefish AS Aalesund Seafood AS Sunsea Seafood AS Ramoen AS Moods Wholesale AS AS Bjørge & Co Melin Medical AS Vard Design AS Tussa Ikt AS Easy2you - Logistikk og Transport AS Artemis Athene AS

Kjelde: Bisnode

257467 255185 253792 253771 248000 245791 240367 239514 234442 232553 225766 223492 222840 221619 219011 213049 212671 211646 209803 206753 202422 200598 199957 195389 195234 194434 194215 192214 189083 187978 187612 185100 181500 179824 177665 175766 175762 175310 174762 173865 173472 172683 172611 172389 170776 170351 168631 168619 167986 166203

Størst auke i tilsette 2016-2017* Hg Handel Møre og Romsdal Bilutleie Optimar Hotelldrift Ålesund Nordvest Personal Io Ulsteinvik MMC First Process Gloppen Avløysarlag K A Aurstad Stranda Hotel Ålesundregionens interk. miljøselskap Fjordtrade Sølvtrans Rederi Hotel Brosundet Bryggen Melin Medical Aktiv Trening Invest Liv Tuva Tafjord Kraftproduksjon Loen Skylift Fisketorget Delikatesse

Kjelde: Bisnode

Størst nedgang i tilsette 2016-2017* Moods Wholesale Olympic Crewing Bourbon Offshore Norway Storfjord Landbrukstenester J E Ekornes Rem-Pol Resources Norway Mørenett Nv Service Valaker Bakeri og Konditori Volstad Crewing Island Offshore Crewing Loen Active Invex Expert Brattvåg Mek Verksted Fiskerstrand Verft Sula Rutelag Øyavind Nordfjord Kjøtt Farstad Shipping Aalesund West Facility Management Ålesund

Kjelde: Bisnode *Enkelte endringar kan skuldast omorganisering.

40

NETT NO

85 76 61 57 51 50 44 42 40 37 35 33 32 30 28 28 26 26 26 25

-223 -114 -75 -72 -63 -56 -50 -46 -40 -39 -38 -37 -35 -29 -28 -27 -27 -26 -26 -25


TAKES CARE OF YOUR VALUES

Cflow is a complete supplier of live-fish handling and management systems for wellboats, fishing vessels and processing plants. Our focus is to increase fish health,

PHOTO: LARS NIKOLAY RIKSHEIM

growth and quality through gentle handling systems, process management and innovative system integration.

CONTROLLED // CONTINUOUS // CHILLED // CAREFUL // CLEAN

cflow.no

NETT NO

41


STØRSTE KONSERN KONSERN

OMSETJING

RESULTAT FØR SKATT

1

Havila Holding AS

5296233

2171170

2

Coast Seafood AS

4290130

129473

3

Bunker Oil Holding AS

4216640

64942

4

Hig Invest AS

3448499

174686

5

Ekornes ASA

3078859

288851

6

Hofseth International AS

3057067

81420

7

Koppernæs AS

2706037

67696

8

Norsk Sjømat Holding AS

2625256

208335

9

Brødr. Sunde A/S

2467434

129299

10

Sperrefish AS

2306610

72968

11

Legula AS

2053788

98576

12

Gemto AS

2053788

128479

13

Nxmh AS

1562404

43151

14

Stokke AS

1562404

211684

15

Hexagon Composites ASA

1429397

48228

I lista over dei 100 største er det einskildselskap som blir rangert. Denne lista er over konsern, med adresse på Nordvestlandet. Både Vard og Rolls-Royce Marine har større driftsinntekter, men har begge utanlandsk eigarskap. Tal i tusen kr. Kjelde: Bisnode 1_1_2_DNB_teal_solid_CMYK [Converted].pdf

42

1

12.11.2015

NETT NO

11.48


Næringslivets betrodde rådgiver og regnskapsfører.

Taking care of business

HASUND Ulsteinvik

HASUND Ålesund

Stålhaugen 7

Storgata 6

6065 Ulsteinvik

6002 Ålesund

+47 70 01 74 40

+47 70 10 21 00

hasund.no

NETT NO

43


BRØNNBÅTEVENTYRET Av: Kjetil Haanes

Første båten kosta 2,2 millionar kroner, den siste 250 gongar meir. Roger Halsebakk meiner vi er berre i starten på brønnbåteventyret. - Dette er framleis ei ung næring. Verda treng protein, og vi får sjå mykje meir produksjon av fisk. Ikkje berre laks og ørret, men ei lang rekkje andre fiskeslag. Og denne fisken skal transporterast.

enn mykje i eit selskap som har finansielle problem, seier han.

53-åringen er direktør i det som er verdas største brønnbåtselskap. 21 brønnbåtar har Sølvtrans, og fire under bygging.

- Dette er ein livsstil. Det er dette eg kan, og dette eg likar, og eg har absolutt ingen planar med å gi meg med det første.

Den siste, Ronja Storm, vert 116 meter lang og 23 meter brei. Båten får eit lastevolum på 7.500 kubikkmeter, og i tillegg ta med seg 5.000 kubikkmeter ferskvatn. Prislapp; vel ein halv milliard kroner.

Han seier at pengar ikkje har vore drivkrafta.

Halsebakk trur ikkje det stoppar der, og no vert det også sett på å byggje store frakteskip for å frakte laksen rett frå oppdrettsanlegga til kontinentet. - Det trengst mange fleire skip, og vi skal i høgste grad bidra til veksten. EIN LIVSSTIL

Han er i dag den store brønnbåtkongen, og sat på aksjar til ein verdi på nær ein milliard kroner då det britiske investeringsselskapet Antin Infrastructure Partners overtok aksjemajoriteten i Silver Holding, eigarselskapet bak Sølvtrans. I tillegg fekk Halsebakk ut ein bra haug med pengar ettersom han selde seg litt ned i selskapet, men kor mykje det er snakk om vil han ikkje ut med. - Det er betre å eige mindre i eit selskap som har pengar og som du har kontroll på, 44

NETT NO

For det er heilt klart at det er han som skal styre selskapet vidare.

- Det er kanskje lett å seie no, men drivkrafta har vore å skape noko, bidra til arbeidsplassar og til vekst og utvikling. - I tillegg har det vore kjekt. Stort sett. - Eigentleg lærer ein mest av motgang og nedturar. Det har vi hatt mange av. ALLTID SANDSØYING

Sølvtrans har flytta inn i lokala til Ålesund sin tidlegare store stoltheit Farstad Shipping, eit symbol på at det er høge tindar og djupe dalar i næringslivet. - Vi skal passe på slik at vi ikkje tek heilt av. Vi har i dag lite gjeld, vi har eigarar med god tilgang på kapital, og det ser bra ut framover. Men han synst samstundes det er litt underleg å vere ein av av Ålesunds rikaste.

«Dette er ein livsstil. Det er dette eg kan, og dette eg likar»


- Det er noko som eg ikkje tenker så mykje på. Og uansett om eg har budd her sidan slutten av 80-talet, vil eg alltid rekne meg som sandsøying.

- Og det vert faktisk også ein god del skigåing om vinteren, sjølv om eg var 19 år før eg hadde mine første ski på beina.

Vel heime igjen fekk han med faren Ragnvald, ein sambygding og svogeren hans frå Måløy til å satse på brønnbåtfrakt med den tidlegare klinkerbygde stykkgodsbåten Ida Båge, seinare Ripnes, som seinare vart omdøypt til Sølvtrans.

- Eg har bestilt ein 34 fots speedsjark frå Finland, ein båt med god dekksplass, heilt ideell til krabbe- og hummarfiske. Då kan eg drage teinene før eg reiser på jobb om morgonen, for står dei lenger, har dei ein tendens til å verte tome.

Både Anita, sonen Robin og dottera Anja arbeider i selskapet.

Prislapp; 2,2 millionar kroner, ferdig ombygt.

- Det er hyggjeleg, men dei er her fordi dei er dyktige, ikkje fordi dei er i slekt med meg, seier Halsebakk.

Halsebakk var skipper og altmulegmann, og båten kom etter kvart i fast arbeid for Anders Pedersen og Fjordlaks med å frakte ørret frå Tafjord til Ålesund.

BRØNNBÅTFAMILIE

STARTA MED STYKKGODSBÅT

I tillegg planlegg han og kona Anita å byggje seg nytt hus på Blindheimsneset, ein stad der det frå før er ei god kai.

Men det starta i det små på Sandsøya for 33 år sidan.

Men Halsebakk ville byggje ein reindyrka brønnbåt.

Halsebakk hadde drive som fiskar frå han var 15, delvis i ein open linebåt, før han reiste til militæret på kystartilleriet på Hysnes Fort. Der slo han ihel tida med å ta skippersertifikat.

- Ofte når vi låg til kai i Ålesund, kom Halvard og Olav Aas frå Aas Mek Verksted om bord, og vi sat og diskuterte korleis ein brønnbåt burde sjå ut.

Litt luksus har han likevel tenkt å unne seg.

- Heilt ideelt, seier han. For tida bur paret i leilegheita hos sonen Robin, om dei ikkje er på hytta på Strandafjellet.

- Vi brukar stadig meir tid på hytta, og trivst godt.

>>>>

ÅLESUND: Roger Halsebakk har bygd opp verdas største brønnbåtselskap, og leier arbeidet frå dei tidlegare lokala til Farstad Shipping. Han vil vekse vidare.

NETT NO

45


KRITISKE BANKAR

Halsebakk fekk ikkje finansiering, og det enda med at Fjordlaks bygde brønnbåten Havørn sjølv. Frå Panormavindua på Skansekaia kan Halsebakk sjå rett bort på Fjordlaksanlegget, der Havørn framleis ligg. - Gode minner, men hardt arbeid, seier han. Men det kosta å vere pioner i brønnbåtnæringa, og først i 1995, ni år etter overtakinga av Ida Båge, lukkast Halsebakk å få finansiert sitt første eige nybygg – brønnbåten Ronja Fish. Då hadde dei tre andre gründarane seld seg ut av selskapet. Men finansieringa sat langt inne. - Eg har mange meter med avslag liggjande. Eg trengde 17 millionar kroner, men bankane meinte det var for dyrt, for risikabelt og at eg hadde for liten eigenkapital. - Det ordna seg til slutt i Kreditkassen då

ein kjenning av meg kom tilbake frå Seattle, og forstod kva vi prøvde å få til.

Og fleire nybygg kom til, i tillegg til at det vart gjort nokre oppkjøp.

MOT BØRS

Men dette var også starten på ei straumlineforming av selskapet, der Halsebakk ein periode forlet sjefsstolen medan selskapet segla mot børs. Det siste skjedde i 2010, samstundes som selskapet henta inn 150 millionar friske pengar.

Første båtane arbeidde i Norge, men etter kvart det satsa også i Skotland, men den siste satsinga vart fort eit mareritt. - I 1998 vart det ILA-krise, all fisk vart slakta ned og det vart forbode å drive med brønnbåtfrakt der brønnbåtane overførte smitten gjennom opne ventilar.

Børsperioden karakteriserer Halsebakk som den vanskelegaste tida for selskapet.

Men Halsebakk visste råd. Saman med Aas utvikla Halsebakk lukka brønnbåtar, noko som fort vart ein suksess.

- Eit mørkt kapittel, ei kjempetabbe, og eg lærte at eg aldri meir skal ta handa av rattet i dette selskapet.

- Vi har vore først med utvikling av dei fleste nye standardar innanfor brønnbåtfrakt. Det er eit faktum, seier Halsebakk.

ENORM INTERESSE

Etter at det vart bygt to nye båtar på 90-talet, og tre nye i 2000, hyrte Halsebakk i 2004 inn Pareto for å skaffe 40 millionar kroner i eigenkapital og eit ansvarleg lån. For dei pengane vart det kontrahert to nye båtar.

Etter ein maktkamp klarde Halsebakk i kompaniselskap med medaksjonær og dagens styreleiar Anders Hvide å ta tilbake kontrollen over selskapet, samstundes som det amerikanske hedgefondet Oaktree vart hovudeigar. - Dette berga oss, seier Halsebakk.

Vi utfører alt av grunn og anleggsarbeid for private og offentlige/ kommersielle aktører. Svinø Entreprenør AS har drevet som maskinentreprenør siden 1960 og vi arbeider primært i Ålesund, Sula, Giske og Skodje kommune. Vi har en moderne maskinpark med masseforflytningsmaskiner, lastebiler/traktor og borerigger. I 2016 startet vi også med støping av kantstein. Vi er da eneste leverandør av kantstein på nordvestlandet og våre oppdrag øker i omfang. Kantsteinen armeres og forankres til underlaget og støpes i høyder fra 13 – 30 cm. Kontakt oss for et uforbindtlig tilbud. Ring 70 14 05 41 eller send epost til firmapost@svino.no

www.svino.no 46

NETT NO


Han var fullt klar over at Oaktree berre hadde fire-fem års perspektiv på investeringa.

Sølvtrans har siste åra hatt ein driftsmargin på over 30 prosent av ei omsetning som i fjor kom opp i 840 millionar kroner.

Alt i 2017 starta prosessen med å få inn nye eigarar.

- Hovedgrunnen er at vi har lave kostnader. Mellom anna har vi som mål å ikkje ha meir enn 1,5 mann i administrasjonen per båt. I dag ligg vi på 1,2 – 1,3 mann på land per båt, forklarer Halsebakk.

kroner kiloen, og brønnbåtkostnaden har i fleire år stått stille. STORT SPRANG

- Interessa har vore enorm, både frå USA, Canada og Europa. Halsebakk seier at britiske Antin Infrastructure Partners var hans ideelle løysing. - Bak står ein kar frå Paris og ein frå Liverpool som begge har entreprenørbakgrunn. Dei investerer innanfor logistikkløysingar, forvaltar verdiar for rundt 8 milliardar Euro og har ein lenger tidshorisont enn reine finansselskap. - I tillegg er det hyggjeleg folk med føtene godt planta på bakken. LAVE KOSTNADER

- Det skal vi, truleg også mykje, seier Halsebakk. Og sjølv om prisen på båtane har skote til vers, meiner Halsebakk det likevel ikkje er så dyrt – for oppdrettarane. - Det er ei heilt anna næring. Båtane har vorte større, meir effektive og kan gjere fleire operasjonar.

Det er eit stort sprang frå den opne linebåten i ungdomen på Sandsøya til å leie verdas største brønnbåtselskap frå dei mest attraktive næringslokala i Ålesund. Så vi må berre spørje: - Men kva ville du sagt om du som tjueåring utpå Sandsøya fekk vite at du 33 år seinare var ein av sunnmøres rikaste og god for rundt ein milliard kroner? - Hadde eg visst det då, ville det nok ikkje gått bra.

- Men det sentrale er at for oppdrettarane utgjer brønnbåtkostnaden berre rundt 1,30

FOTO: TONY HALL

Det er vekstmulegheiter kombinert med gode driftsresultat som fanga interessa til det London-baserte selskapet.

29 tilsette er det no på landsida i selskapet, fordelt på 22 i Ålesund og sju i Chile. Men i dei nye lokala er det god plass til å vekse.

Medan intervjuet pågår, har Halsebakk fått tre-fire telefonar, og han svitsjar elegant mellom norsk og engelsk.

EN LOGISTIKKPARTNER MED PERSONLIGHET Alle hos Tyrholm & Farstad legger sin stolthet i å få fram forsendelsen din raskt og trygt – hver gang.

Phone: +47 70 11 63 00 | 24hrs: +47 70 11 63 30 E-mail: tyrholm@tyrholm.no | Web: www.tyrholm.com

LOGISTIKKTJENESTER OFFSHORE

BEFRAKTNING / SPEDISJON

HUB’ER / LAGER I NORGE OG EUROPA

AGENTTJENESTER LANGS HELE KYSTEN

FLYFRAKT

NETT NO

47


NÆRING: Annelise Chapman meiner at taredyrking kan verte ei ny stor norsk kystnæring, her ved dyrkingsfeltet ved Herøybrua.

TAREDYRKAREN FRÅ REMØYA

Av: Kjetil Haanes

Ho hentar inn meir kapital, utviklar nye produkt og planlegg bygging av mottaksanlegg. Annelise Chapman trur på eit norsk tareeventyr.

- Det gjenstår mykje forskings- og utviklingsarbeid, men så langt ser det bra ut. Fire tonn sukkertare og butare henta Herøy-selskapet Tango Seaweed opp frå tarefeltet ikkje langt frå Herøybrua under testproduksjonen i år. Mest vart det av butare. - Det var overraskande bra produksjon. Når det gjeld sukkertare, var det gjengs for taredyrkarane at veksten var dårleg i fjor. Vi prøvar å finne ut årsaka. I november skal det setjast ut millionar av nye sporofyttar (tarefrø) på dei spesialproduserte dyrkingstaua. Dei mikroskopiske sporofyttane vert limt fast på taua ved hjelp av eit biologisk spesiallim.

48

NETT NO

Det er eit firma i Nederland som tek seg av formeringsprosessen og produksjon av sporofyttar, som stammar frå vaksen tare som er hausta ikkje langt frå dyrkingsfeltet. ENORME MULEGHEITER

Etter kvart skal ein også kome i gang med tareproduksjonen i Måløystraumen ved Leikong, den andre staden selskapet har fått konsesjon. Miljøutgreiingane er alt i gang. - Vi skundar oss langsomt. For å lukkast, må vi forstå biologien, seier Chapman. Ho vert rekna som ein av Norges fremste ekspertar på tang og tare, har arbeidd som forskar både ved Runde Miljøsenter og i Møreforsking. Ho har arbeidd med feltet sidan ho vart utdanna ved Universitetet i Hamburg i 1995.


- Eg vert stadig meir fascinert av taren. Her er det enorme mulegheiter. Og sjølv om ho no startar med sukkertare og butare, har ho 450 andre artar å velje mellom.

- Vi reknar med å ha klart ulike produkt for sal i butikkar før jul. Blant anna er det populært med brende mandlar med ein smak av hav. Chapman seier at det også er interesse frå restaurantbransjen.

MANGE BRUKSOMRÅDE

«På mange måtar kan dette samanliknast med verdas regnskogar»

Ho seier at bruksområda er mange, ikkje minst som ingrediensar til middagsrettar og andre matprodukt, men også til bruk i kosmetikk, til biostoffproduksjon, husdyrfôr og i medisinsk samanheng. I Asia er etterspørselen stor, men no kjem resten av verda etter. - Allereie vikingane brukte tang og tare på sine turar som middel mot skjørbuk, seier ho. Årets produksjon av sukkertare vart raskt seld ut, medan det no vert utvikla nye produkt av den tørka butaren.

- Men vi veit også at det er stor interesse frå vegan- og vegetarnæringa, ikkje minst i Tyskland. HAVETS REGNSKOGAR

Sjølv trur Chapman at taredyrkinga fort vil få fleire positive sideeffektar. - På mange måtar kan dette samanliknast med verdas regnskogar, som er viktige for miljøet.

>>>>

TØRKING: Etter hausting må taren tørkast. Hittil skjer det med god manuell hjelp.

NETT NO

49


SNACKS: Brende mandlar med ein smak av hav er eitt av dei første salsprodukta til Tango Seaweed.

Ho meiner også at på sikt kan det bli interessant med samarbeid med oppdrettsselskapa.

fleire andre aktørar, som ho rosar i sterke ordelag. Blant dei er driftsleiar Viktor Hauge og styreleiar Hans Haddal.

- Har ein eit dyrkingsfelt med tare nær eit oppdrettsanlegg, vil taren ta opp betydelege deler av næringsstoffa frå anlegget. Dermed får vi ei vinn-vinn-effekt.

- I tillegg har vi med Selstad og nokre engleinvestorar frå Tyskand.

Ho seier at erfaringane frå andre anlegg viser at dyrkingsfelta for tare også trekkjer til seg mykje rensefisk, spesielt rognkjeks.

No vert det jakta medinvestorar.

- Også dette kan oppdrettsnæringa ha nytte av. GODE HJELPARAR

Chapman starta Tango Seaweed saman med Bjørn Otterlei i salsselskapet Polar Seafrozen, men har etter kvart fått med seg

50

NETT NO

- Eg har vore heldig, seier Chapman.

- For å ta satsinga vidare, trengst det meir kapital. Interessa for å vere med er god. - Alle eg møter heiar på oss, og synst vi gjer det bra. Det er veldig oppmuntrande, seier Annelise Chapman.

«Alle eg møter heiar på oss, og synst vi gjer det bra»


NETT NO

51


«Det er ikkje før vi eig dette at vi kan sette oss ned med alle stakeholders»

SER HAVET, TRASS SKOGEN: Kongsberg Gruppen spring ut av Kongsberg Våpenfabrikk frå 1814. Selskapet vidareutvikla dynamisk posisjonering då oljeindustrien vaks fram, og har i tillegg til hovudkontoret i Kongsberg store miljø blant anna i Horten og Trondheim, retta mot skipsfart og havet. Geir Håøy blei toppsjef etter å ha leia datterselskapet Kongsberg Maritime 2010–2016.

ROLLS-ROYCETILSETTE MÅ VENTE Kongsberg-sjef Geir Håøy har over 20 års erfaring med Rolls-Royce Marine. Snart får han handa på rattet i eitt av dei mest sentrale selskapa på Nordvestlandet.

Av: Ogne Øyehaug

- Eg har jobba med Roll-Royce nesten like lenge som eg har jobba i Kongsberg, seier Håøy. Håøy starta som ingeniør i Kongsberg Gruppen i 1993, jobba i ni år i Kongsbergselskap i Asia, blei sjef for datterselskapet Kongsberg Maritime i 2010 og konsernsjef i juni 2016. Kontakta mellom marinedivisjonen i Rolls-Royce og Kongsberg Gruppen har gått både gjennom felles kundar og felles prosjekt. Ideen om at det kunne bli noko meir, har vore der lenge. - Vi har hatt samtalar med jamne mellomrom, om vi skulle gjere ting enda meir konkret, seier Håøy. Men det kom aldri lenger, før Rolls-Royce i januar 2018 varsla at marinedivisjonen kunne vere til sals.

52

NETT NO

Då tok Kongsberg Gruppen kontakt, og fekk tilslaget. ”EG ER SÅ GLAD AT EG FRYS PÅ RYGGEN”

På Nordvestlandet var det mange i den maritime klynga som hadde Kongsberg Gruppen øverst på ønskelista over kven som burde ta over Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen. - Eg er så glad at eg frys på ryggen. Dette er draumescenariet, sa Arnfinn Ingjerd, leiar for Maritimt Forum Nordvest etter at avtalen var klar. Kongsberg betalar i utgangspunktet 500 millionar pund, cirka fem milliardar kroner, for å overta marinedivisjonen med sine 3600 tilsette, 1600 av dei på Nordvestlandet. VENTETID FØR OVERTAKING

Partane ventar no mellom anna på at konkurransestyresmaktene skal ta stilling


til avtalen. Først ein gang i løpet av første halvår 2019 er det venta at eigarskapet blir ført over frå Rolls-Royce til Kongsberg Gruppen. Inntil då er Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen framleis eigd og drive av Rolls-Royce, og Håøy er svært tilbakehalden med å kommentere kva Kongsberg vil gjere etter eigarskiftet. Noko vil vere klart og tydleg frå start, seier Håøy, men tilsette må leve med at det vil ta tid før Kongsberg Gruppen har svaret på korleis bedriftene i marinedivisjonen skal drivast etter eigarskiftet. Det handlar også om å få fullt innsyn og rom for å snakke med fagforeiningar, mellomleiarar og tilsette. - Det er ikkje før vi eig dette at vi kan sette oss ned med alle stakeholders, seier Håøy.

og -utstyr, propellar og gir har Kongsberg Maritime sin styrke i elektronikk, automasjon og styresystem.

om korleis Kongsberg skal arbeide vidare med fjernstyrte og sjølvstyrte skip etter oppkjøpet.

Overlappinga er liten, men på eitt felt er den klar – innan utvikling av fjernstyrte og sjølvstyrte skip.

MÅ TILPASSE SEG MARKNADEN

Kongsberg er teknologipartnaren til Yara Birkeland, og skal utvikle naudsynt teknologi slik at fartyet kan køyrast autonomt med mineralgjødsel mellom Brevik og Larvik. Skipet skal byggast hos Vard Brevik. Rolls-Royce har blant anna samarbeidsavtale med Google for å utvikle teknologien som må til for å kunne drive fjernstyrte skip. Spennande teknologi, men førebels er det langt fram og i dag er dette ein lite omfattande del av verksemda til begge selskapa i dag, etter Håøy si vurdering.

LITE OVERLAPP

Medan marinedivisjonen til Rolls-Royce har sin styrke i skipsdesign, dekksmaskiner

Også på dette feltet viser han til at eigarskiftet må på plass før han kan seie meir

Men ein ting er klart. - Vi må ha lønsemd. Det er ein føresetnad for å ta den leiande posisjonen vi ønskjer å ha innan maritim industri i framtida, seier Håøy. Det betyr at selskapet må tilpasse seg marknaden. Der er aktiviteten hos offshore-reiarane viktig, men Håøy trur det vil ta fleire år før vi ser noko særleg til nybygging av offshoremarknaden. Eitt poeng med å samle Kongsberg Gruppen og marindivisjonen i Rolls-Royce er det internasjonale nettet av servicestasjonar og kontor, som er viktig for å oppretthalde og styrke posisjonen i ettermarknaden. - Det kostar å ha eit internasjonalt nettverk. Skala og volum er viktig, seier Håøy.

BOBIL ELLER CAMPINGVOGN? Ta turen til Sjøholt eller Stryn.

NETT NO

53


TRAFF BLINK MIDT I OLJEPRISFALLET

Av: Ogne Øyehaug

På under tre år har Seagrasp etablert seg som et av Ålesund største restaurantselskaper.

SUKSESS: Vincent Caballes (t.v.) og Andreas Ottosen åpnet dørene til Zuuma i 2015. De eier restauranten sammen med Petter Thoresen og har hatt vekst og overskudd fra første driftsår.

Vincent Caballes, Andreas Ottosen og Petter Thoresen åpnet Zuuma i 2015. Sommeren før hadde oljeprisen startet på et fall fra over 110 dollar fatet og som først sluttet under 30 dollar fatet. - Det er ikke gunstig, men jeg håper og tror at folk vil fortsette å gå ut og kose seg, sa Andreas Ottosen like etter åpningen. Det håpet ble innfridd. Sushi og Zuumas andre japanskinspirerte retter har slått an. Seagrasp har hatt vekst og lønnsom drift fra første år. I fjor passerte de 20 millioner kroner i driftsinntekter og ligger så langt i år på nivå med fjoråret.

åpnet Momentiumgründerne Ante og Lars Berg Giskeødegård restauranthuset Bro tidligere i år og driftene av Big Horn Steakhouse ble overtatt av Maro Bardrift i fjor. 2017-tallene omfatter også Restauranthuset Maki. Den restauranten var tidligere en avdeling i Hotel Brosundet Bryggen, men er nå skilt ut som eget selskap. VEKST

Skiller vi ut restaurantene der eierselskapet gikk konkurs, der det var eierskifte, eller som ikke var registrert som eget selskap i 2016 eller 2017, hadde selskapene i restaurantbransjen i Ålesund en vekst i driftsinntekter på 5,1 prosent fra 2017 til 2016.

NYE AKTØRER

2017- og 2016-tallene for restaurantbransjen samlet i Ålesund er ikke direkte sammenlignbare. Grunnen er at Restaurantdrift Ålesund og datterselskapene som drev tidligere Bocca og Big Horn Steakhouse er konkurs. I Boccas tidligere lokaler like ved Hellbro 54

NETT NO

Resultatmarginen var fem prosent, hårfint over 2016-nivået. Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene. Fra 2014 til 2016 vokste driftsinntektene til restaurantene i Ålesund med 12 prosent, og NETT NOs oversikt viser altså en underliggende vekst også i 2017.

OLJESMELL FOR BREIVIK

Ivar Breivik, som med sine restauranter er den største enkeltaktøren i restaurantbransjen, hadde både den beste og dårligste lønnsomheten i fjor. Skateflua as, som omfatter restauranten XL Diner og baren Milk, økte lønnsomheten til tross for fall i driftsinntektene. K19 Food som driver restauranten Kabb hadde sitt første underskudd siden 2011. Han eier også Lystgarden Bar og Restaurant, som driver Lyst. Det var virkningen av oljeprisfallet som slo inn, sa Breivik til NETT NO i sommer. Omslaget kom brått og brutalt sent på høsten 2016 og markedet var dårlig langt inn i første halvår 2017. Fra høsten i fjor pekte pilene oppover og den tendensen har forsterket seg i år.


ÅLESUNDSRESTAURANTENE Tal i millioner kroner

2017

2016

SELSKAP

RESTAURANT

DRIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

DRIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

Ålesund Fahano as

Egon

25,7

2,6

24,9

2,8

Seagrasp as

Zuuma

21,2

2

17,8

2,0

Skateflua as

XL Diner,Milk

20,6

2,9

24,8

1,7

Øyavind as

Anno

13,8

0,6

15,7

-1,4

Sjøbua Restaurant as

Sjøbua

13,2

0,4

4

0,03

Lystgaarden Bar & Restaurant as

Lyst

10,2

0,1

10,4

0,7

Long Cheng Restaurant as

Long Cheng Restaurant

9,8

-0,5

10,4

0,3

K19 Food as

Kabb

8,3

-0,8

11,8

1,4

Smoor Food as

Søsterne Fryd

7,2

0,03

7,6

-0,6

Invit as

Invit

7,1

-0,1

5,8

0,1

Lyspunktet as

Lyspunktet

6,7

0,2

6,6

-0,04

Tajmahal as

Tajmahal Tandori

4,6

0,4

4,9

0,3

Restaurant Scandinavie as

Orient

3,8

-0,2

0,1

-0,1

Maro Bardrift as

Big Horn Steakhouse

3,3

-1

0

-0,01

Restauranthuset Maki as

Maki

5,8

-0,04

161,3

6,59

169,6

4,98

SUM Brajo as

Big Horn Steakhouse

Konkurs

11,7

-0,6

Sjøhuset Ålesund as

Bocca

Konkurs

13,1

-1,6

Kilde: Bisnode

VERDENSLEDENDE PÅ KONSTRUKSJON OG PRODUKSJON AV VINSJER TIL ANKERHÅNDTERINGSSKIP OG FORANKRINGSSYSTEMER TIL FLYTENDE OFFSHORE-INSTALLASJONER. LEVERANDØR OG SERVICE PÅ STORE OG TUNGE KOMPONENTER TIL VANNKRAFT OG ANNEN INDUSTRI. SPESIALIST PÅ SVEISING OG STORMASKINERING. 55 www.iphuse.no

NETT NO


BÅTKOS: Han har designa mange luksusyachtar, men sjølv likar Einar Hareide seg best i ei snekke frå 1983.

DESIGNMEISTEREN FRÅ HAREID Av: Kjetil Haanes

Han har designa luksusyachtar og overbygget til den spektakulære katamaranen Brim, men trivst sjølv best i den 25 fots snekka frå 1983. 56

NETT NO

- Med litt medvind, så kjem båten opp i åtte knops fart. Det er akkurat passe. Denne båten er perfekt for å roe ned og nyte livet.

rundt om i verda som eg tar inn ved behov. Det er det fine med moderne kommunikasjonsteknologi.

Vi møter Einar Hareide på Jeløya ved Moss. Her bur han saman med kona Bjørg Holsvik frå Volda og barna.

360 GRADERS UTSIKT

Etter å ha drive designkontor i Oslo og Göteborg, med opp mot 15 tilsette, arbeider no 58-åringen i stor grad heimanfrå. - Det er litt som å kome tilbake til røtene, der eg skaper alt sjølv frå starten av, frå idéskisse til 3D-underlag utan å måtte fortelje andre korleis det bør gjerast. Men er har eit knippe med flinke folk

Og det var akkurat slik han laga forslaget til overbygget til Brim, ein 24 meter lang katamaran som skal frakte 140 turistar frå Lofoten i sommarhalvåret og frå Tromsø i vinterhalvåret. - Eg sat ved stovebordet og starta med å teikne idéskissa med blyant på ipad-en min, og så utvikla eg løysinga derifrå, seier Hareide.


Den banebrytande katamaranen er no under bygging ved Maritime Partner i Ålesund. Skroget er i aluminium, og overbygget har store vindusflater same kvar ein snur seg. Bak står Espen Larsen-Hakkebo og islandske Agnes Árnadóttir. - Dei ville gjere noko med miljøimaget til turistnæringa, og ville ha eit miljøvenleg skip kombinert med maksimal naturoppleving. - Her vil alle passasjerar ha 360 graders utsikt. Vert det ikkje vakkert? spør Hareide.

Og aller helst likar han å jobbe med vestlendingar. - Då kan ein vere rett på sak og kalle ein spade for ein spade. Andre stader må ein gjerne prate meir rundt grauten før ein kjem til kjerna. Han har merka seg at Kongsberggruppen har kjøpt Rolls-Royce, to selskap han har jobba for, mellom anna med design av kontrollpanel. - Dette vert spennande. Det er to flotte selskap, men det er heller ingen tvil om at er litt kulturskilnad mellom Kongsberg- og Ålesund-miljøa.

RETT PÅ SAK

Han er sjølv oppvaksen på Hareid, reknar seg som fullblods sunnmøring sjølv om han har budd vekke sidan 1980, og vert ekstra glad når han får arbeide med design knytta til den maritime næringa.

>>>>

- Her har det skjedd mykje bra siste åra, men det er meir å gå på.

«Eg fekk valet mellom Kina og Tyskland, og valde sjølv Jeløya»

BRIM: Katamaranen Brim er under bygging ved Maritime Partner i Ålesund. Overbygget med dei store vindusflatene er designa av Einar Hareide.

NETT NO

57


SAAB, MERCEDES OG VOLVO

Men det var med bilar at designkarriæren verkeleg tok av for Einar Hareide. I 1985 vart han hyrt inn som designer av Saab Automobile for å utvikle det som vart Saab 900. Fire år seinare var det Mercedes-Benz i Stuttgart som nytta Hareide sin ekspertise til å utvikle Mercedes E-Class, så tilbake til Saab som designsjef og ansvarleg for design av 9-3 og 9-5. I 2000 starta Einar Hareide eige firma; Hareide Design, og fekk blant anna Volvo som kunde, der Hareide arbeidde med designforslag til interiør og eksteriør til Volvo V60 Plug-In Hybrid. Framleis får han oppdrag frå bilindustrien, i første rekke med å pønske ut konseptidéar til nye modellar. OPP FRÅ DEI DØDE

Og i tre år jobba han med å gjenskape tyske Borgward, som var av verdas mest populære bilmodellar i åra 1919 til 1961.

VOLVO: Einar Hareide har hatt ei rekkje designoppdrag for Volvo, blant anna designet av denne felgen.

BLI MED PÅ UNIKT EKSPEDISJONSCRUISE TIL BJØRNØYA OG SVALBARD:

BEGRENSET ANTALL PLASSER!

Dato: 21.–28. juli 2019 Bli med Berg-Hansen på et unikt ekspedisjonscruise til Bjørnøya og Svalbard! Vi garanterer minner for livet. Turen inkluder cruise med fullpensjon om bord, overnatting i Longyearbyen, foredrag og utflukter, fly til/fra Ålesund, reiseleder mm.

Telefon: 70 11 10 11 | E-post: ferie.nv@berg-hansen.no 58 NETT NO berg-hansen.alesund.no


Når Borgward bokstaveleg tala stod opp frå dei døde og lanserte sine spenstige planar for framtida, var det i samarbeid med Einar Hareide. Men prosjektet vart kjøpt av kinesiske interesser, og Hareide hoppa av. - Eg fekk valet mellom Kina og Tyskland, og valde sjølv Jeløya. Sjølv køyrer Hareide rundt i ein Peugeot sjuseter. - Eg har eit pragmatisk forhold til bilar, og eg treng slett ikkje ha ein bil til ein million kroner. - Eg veit godt kva ein får for den prisen, og klarer meg godt med langt billegare bilar. MÅ VERE NYSGJERRRIG

Sjølv om Hareide sitt namn er nært knytt til bildesign, har han designa alt frå knivar, til lampar, vedomnar og luksusyachtar, dei siste i samarbeid med Norwegian Yacht Voyages.

Han har fått ei lang rekkje designprisar, og to av hans arbeid er utstilte på Museum of Modern Art i New York; ein Startloop som vert brukt til å starte opp bilar med flatt batteri, og ein AutoSock som er erstatning for snøkjeder til bilar. Sjølv ser han designmulegheiter over alt. - Det er viktig å vere nysgjerrig og tenke alternative løysingar. - Men sjølv om det også skal vere fint å sjå på, er funksjonaliteten alltid det viktigaste. I tillegg har han vorte stadig meir opptatt av miljø. - Alt har ei levetid, då er det viktig at det vi lagar er bygt i materiale som kan gjenbrukast. Difor synst eg også at aluminiumsløysingar på båtar er ekstra interessante. Kunstfiber er langt verre å gjenbruke.

Han seier at han nok har gode gener for dette, for no har mora Anne-Marie Vågen Hareide starta opp som kunstmålar. - Ho er no 91 år gamal, men driv på for fullt. Mor er ein stor inspirasjon. Det er utruleg kjekt når eldre folk er så aktive og nysgjerrige. VERDIGHEIT FOR ELDRE

Og det er nettopp i arbeid for eldre han ser dei største designutfordringane. - Mykje av hjelpemidla for eldre og funksjonshemma har eit elendig design, og er lite funksjonelle. - Det handlar om verdigheit. Her har eg lyst til å engasjere meg meir. Mykje meir, seier Hareide.

MORA SOM INSPIRASJON

Han elskar å skape, og har drive både med teikning og musikk.

BLI MED PÅ CRUISE JAPAN RUNDT En fantastisk mulighet til å oppleve dette eksotiske landet

UNIK MULIGHET!

28. september – 12. oktober 2019 Du finner knapt mer behagelig måte å oppleve Japan på. Vi rekker også en svipptur innom Sør-Korea, og tar en ekstra stopp i magiske Tokyo! Turen inkluderer cruise med fullpensjon om bord, overnattinger i Tokyo, fly fra/til Ålesund, reiseleder mm.

Telefon: 70 11 10 11 | E-post: ferie.nv@berg-hansen.no berg-hansen.alesund.no

NETT NO

59


NYTT TØFT ÅR FOR VERFTENE

Av: Ogne Øyehaug

Syv av 19 skipsverft gikk i minus i fjor. Det samlede underskuddet økte. I år vokser ordreboken.

Mens resultatutviklingen fra 2015 til 2016 pekte riktig vei ble det et tilbakeslag for verftene fra 2016 til 2017. Det samlede underskuddet før skatt ble nesten doblet, til 707 millioner kroner. (Se tabellen til denne artikkelen for mer detaljert regnskapsinformasjon for alle verftene for 2017 og 2016.) - Årsresultatene for 2016 og 2017 viser at skipsbygging er en krevende geskjeft, sier administrerende direktør Asle Strønen i salgs- og markedsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. STORE TREKKER NED

Alle de store skipsbyggingsselskapene trekker ned; Vard, Kleven Verft/Myklebust Verft (som nå ikke lenger er i samme konsern), Ulstein Verft og Havyard. Mest på pluss-siden er Aas Mek. Verksted på Vestnes, som har levert solide overskudd i flere år. Verftet på Vestnes har spesialisert seg på brønnbåter, med svært gode resultater som belønning.

60

NETT NO

KONTRAKTER FOR 23 MILLIARDER KRONER

Ved utgangen av september hadde norske verft offentliggjort kontrakter for 42 skip for 23 milliarder kroner, ifølge Norske Skipsverft. I hele 2017 ble det offentliggjort kontrakter for bygging av 47 skip for tilsammen 15,5 milliarder kroner.

maritim næring og hvordan industrien ligger an i forhold til foregående år. - Sammenholdt med samme periode i fjor, og med fratrekk av cruisesegmentet, var det like langt i 2017 kontrahert 28 skip, også da til nær ni milliarder kroner. Snittprisen i den perioden var cirka 320 millioner kroner, sier Strønen. ØNSKER SEG MER

(Tallene omfatter bare kontrakter for skip til over 50 millioner kroner)

Strønen skulle gjerne sett mer av andre oppdrag enn cruiseskip.

Strønen sier norske verft regner på en rekke oppdrag, men at konkurransen om jobbene er svært tøff.

- Selv om hele næringen er glad for cruisekontraktene, kan vi som industri ikke si oss fornøyd med at den øvrige ordreinngangen er ni milliarder kroner i årets ni første måneder.

CRUISE TELLER MEST

I dag er det cruisefartøyer som dominerer ordreboken for bransjen. - Hvis vi trekker cruisesegmentet og de tre kystvaktskipene ut fra statistikken, utgjør den resterende ordreinngangen et antall på 34 enheter til en samlet verdi av vel ni milliarder kroner. Snittprisen på disse er da cirka 275 millioner kroner. Dette bildet viser både hvor viktig cruise er for norsk

- Prispresset er betydelig og den internasjonale konkurransen steinhard. Avhengig av hvilken nisje man opererer i, preges resultatene av en tøff konkurransesituasjon, sier han.


TYKKERE ORDREBOK: Så langt i år har norske skipsverft offentligjort kontrakter for 23 milliarder kroner. Det er mer enn i hele fjor, da det ble inngått kontrakter for 15,5 milliarder kroner. Asle Strønen i Norske Skipsverft sier cruiseskip-kontraktene utgjør 14 milliarder kroner av årets kontrakter. Verftene har tilpasset seg et marked uten bygging av offshorefartøyer. Bildet viser Fiskerstrand Verft, som har spesialisert seg på ombygginger, vedlikehold og reparasjoner.

VERFTSNEDTUR I 2017 Bransjen auka underskotet K = konsern 2017

2016

SELSKAP

DRIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

DRIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

Vard Group (K) Kleven Verft Myklebust Verft Ulstein Verft Fiskerstrand Verft Larsnes Mek. Verksted Fitjar Mek. Verksted Havyard Ship Technology Aas Mek. Verksted Moen Marin Group (K) Brødrene Aa (K) Fosen Yard Holding (K) Båtbygg Stadyard Vaagland Båtbyggeri Vegsund Slip Fjellstrand Oma Baatbyggeri (K) Solstrand Verft Hellesøy Verft

8603,0 2389,0 1528,8 922,6 667,6 496,6 472,8 459,5 366,0 361,1 334,2 190,6 181,5 149,5 137,5 134,0 76,6 68,9 51,7 34,5

-244,0 -397,4 -77,7 -116,6 10,1 18,9 29,8 -84,4 113,9 27,2 16,2 2,9 0,2 1,9 0,4 9,9 -15,9 5,8 2,0 -7,4

7894,0 3740,1 1085,6 623,9 545,0 488,1 567,7 1319,0 629,4 340,9 289,4 833,3 222,5 116,0 154,6 104,6 235,0 138,9 77,4 23,5

-159,0 -267,0 -27,7 -70,5 -63,2 24,3 41,2 45,1 74,7 17,5 -27,7 43,6 12,8 5,1 18,0 8,3 -6,3 17,3 -1,8 -9,4

Sum

17626

-704,2

19428,9

-324,7

Kjelde: Brønnøysundregistra

NETT NO

61


MED STÅLTRU PÅ SMÅBEDRIFTENE Han kjempar for å forenkle kvardagen for dei norske småbedriftene. Sjølv tek han no si eiga bedrift ut i Europa.

Av: Kjetil Haanes

- Ja, vi har fått avtale med ei stor tysk møbelkjede om leveransar på vår patenterte løysing for stolar. - Dette kan verte stort, seier adm. dir. KarlInge Rekdal ved Sykkylven Stål. Under Arendalsuka i august overleverte Rekdal NHO-rapporten om SMB-løftet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. FEIL OPPFATNING

Rekdal har leia det omfattande arbeidet på vegne av dei små- og mellomstore bedriftene i landet, eit arbeid som munna ut i ei lang rekkje tilrådingar for å gjere kvardagen for småbedriftsleiarar enklare. Han er klar på kva som er det viktigaste med rapporten.

- Det er at folk flest, ikkje berre politikarar og beslutningstakarar, får opp augene for kor enormt viktige dei små- og mellomstore bedriftene er for vekst og utvikling i dette landet. Han synst mange har ei feil oppfatning av bedriftsleiarar. - Det vert ofte fokus på leiarar med store luksusyachtar, svære hus i utlandet og anna luksus. Men slik er ikkje kvardagen for dei fleste. Det er smått med luksus, men i staden beintøft arbeid frå morgon til kveld. VEKK MED SKJEMAVELDET

No vil Rekdal at denne kvardagen skal verte lettare, mellom anna ved fjerning av tidtappande offentleg byråkrati.

«Dette er viktig for meg, og eg gjer det med stor glede»

STÅL: Karl-Inge Rekdal brenn for småbedriftene, vil forenkle kvardagen og meiner at mange har ei feil oppfatning av bedriftsleiarar.

62

NETT NO


- Ja, dette er viktig. Vi må bruke meir tid til å skape innovasjon og nye arbeidsplassar, i staden for å bruke så mykje tid på skjema og rapportering. I tillegg til å leie arbeidet med SMB-løftet er Rekdal styreleiar i NHO Møre og Romsdal. I tillegg er han styremedlem i Norsk Industri og medlem i styringsgruppa for GCE Blue Maritime Cluster. - Eg brenn for næringslivet, og har stor glede av å sjå at det vert vekst og utvikling rundtom. - Ingen må tru at eg gjer dette utfrå økonomiske motiv, for dette er reint dugnadsarbeid. SLAKTAR OG SELFANGAR

Rekdal er 68 år, og starta arbeidskarriæren som 17-åring på Vestlandske Salslag sitt slakteri på Voldsdalsberga i Ålesund. Han vart utdanna slaktarmeister, men fekk også med seg tre sesongar på selfangst.

Han gjekk fort gradene i Gilde-systemet, var både hovedtillitsvalt og etter kvart arbeidsleiar, og enda opp som toppsjef både i Tine Nord-Norge og i Tine Vestlandsmeieriene. Dei siste 14 åra har han derimot vore adm. dir ved Sykkylven Stål, etter at han kjøpte seg inn i eit konkursbu. - Det har gått bra. No er vi 40 tilsette, og vi veks stadig. LETTAST Å VERE STOR

Rekdal bur i Ålesund, og pendlar til Sykkylven. Han seier at det er ein stor skilnad å vere på toppen i eit milliardkonsern som Tine og det å leie Sykkylven Stål. - Ja, kvardagen er eigentleg mykje enklare i dei store selskapa ettersom ein då har ein stor stab ein kan delegere arbeid til. I dei mindre selskapa må ein kunne løyse dei fleste oppgåver sjølv.

- Ja, dette er viktig for meg, og eg gjer det med stor glede. - 24.000 av NHO sine 25.000 medlemsbedrifter har under 100 tilsette. Samla har vi faktisk ei verdiskaping på 700 milliardar kroner i året, seier Rekdal. EIN MILLION NYE ARBEIDSPLASSAR

Han meiner at det er nettopp desse bedriftene som svært ofte er heilt avgjerande for at det bur folk i heile landet. - Og det er er her den store veksten av nye arbeidsplassar vil kome. - Vi treng ein million fleire arbeidsplassar før 2050 for å oppretthalde velferden, så det er ingen grunn til å slakke av på tempoet, seier Rekdal.

Han har tenkt å halde fram kampen for dei små- og mellomstore bedriftene.

HØSTKAMPANJE Ny arbeidskamerat? Kontakt Ørsta BIL og Cato på cato@orstabil.no Tlf. 478 38 119 / 700 49 240. Leasing inkludert serviceavtale vil gi deg og ditt firma et enkelt og forutsigbart bilhold i mange år fremover. Rente fra 2,49% Velkommen til Ørsta Bil - Din lokale nyttekjøretøy spesialist.

Velkommen til prøvekjøring. www.orstabil.no / 700 49 200 Komplett utvalg av nyttekjøretøy. Biler på lager for rask levering!

ØRSTA BIL AS

6160 Hovdebygda, Langemyra 9 Tel. 700 49 200, www.orstabil.no

Cato, tlf. 478 38 119 NETT NO cato@orstabil.no

63


LØNSEMDA BIKKA NEDOVER I BILBRANSJEN Av: Ogne Øyehaug

Målt etter lønsemda møtte bilbransjen på Nordvestlandet ein liten motbakke i 2017, etter tre år på rad med auke. NY AKTØR: Porsche Center Ålesund selde for nesten 100 millionar kroner i sitt første heile driftsår i fjor. Nok ein aktør med kostbare bilar kan vere på veg inn på Nordvestlandet. Trond Sandven (t. h.) og Per Aaland vurderer ein felleseigd Jaguar- og Land Roverforhandlar i Ålesund.

BILFORHANDLARANE I NORDVEST 2017 Tal i mill. kroner

Bertel O. Steen Møre og Romsdal Berge & Co* Brages Bilforretning Møller Bil Ålesund Ålesund Bil Toyota Nordfjord og Førde Auto 8-8 Vestlandske Motor Forum Bil & Gummiservice Per Aaland Porsche Center Ålesund Nardo Bilservice Nextcar Rico Bil Stårheim Bilverksted Toyota Sunnmøre Ørsta Bil Ulstein Bil Stryn Mek. Verksted Bjørdal Bil Vest Auto Volda Bil Eid Motor Volda Bilsenter Voldsund Motor Sum Resultatmargin 64

NETT NO

Kjelde: Bizweb / Brønnøysundregistrene

Mercedes, Peugot Audi, Skoda Toyota, BMW, Lexus, Mini Volkswagen, Audi Volvo Toyota Nissan, Ford, Mitsubishi, Opel, Renault, Dacia Opel, Isuzu, Jeep Citröen, Honda Ålesund Skoda Suzuki, Isuzu Mazda, Hyundai Citröen, Mitsubishi Toyota Nissan Ford Mazda Hyundai Subaru Suzuki, Honda Kia,Peugot Peugot Ford, Hyundai Kia Subaru

DRIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

732,1 607,6 528,4 497,3 268,9 255,2 240,4 128,6 109,7 103,7 99,1 97,5 90,9 85,3 74,8 71,3 68,1 53,1 48,9 46,4 43,9 37,6 26,1 18,1 17,4

23 19,8 17,4 1,8 7,5 14,8 6,1 2,8 2,3 0,4 2,1 1,1 -1,1 4,2 2,1 4,6 2,2 1,8 0,8 2 1,7 1,6 0,2 0,2 -1,2

4350,4

118,2 2,7 %


Driftsinntektene til forhandlarane held fram med å vekse, frå 3,9 milliardar kroner i 2016 til 4,4 milliardar kroner i 2017, ein auke på 12 prosent. Resultatmarginen - resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene - gjekk derimot ned frå 3,2 til 2,7 prosent. Rekneskapstala for 2017 viser og store skilnader i lønsemda bilforhandlarane mellom (sjå tabell). 13 av 25 bilforhandlarar hadde ein resultatmargin over gjennomsnittet i 2017. To gjekk i minus. URO I BRANSJEN

NETT NO har i løpet av våren og sommaren 2018 snakka med ei rekkje av bilforhandlarane i samband med resultata for 2017. Ei vurdering går att hos alle, 2018 er prega av ei uvanleg stor uvisse for korleis marknaden utviklar seg. Den planlagde omlegginga i bilavgiftene skulle gjelde frå årsskiftet 2018/2019. I

september varsla regjeringa at den ville utsette omlegginga i minst eitt år. Omlegginga skal gjere dei minst miljøvenlege bilane mindre attraktive, og regjeringa vil ha betre måledata på plass før avgiftene blir endra. Utsetjinga kom for seint til å hindre eit fall i bilsalet. Mange kundar sette seg på gjerdet i år, delvis for å få sjå korleis nye bilavgifter ville slå ut og delvis for å vente på kva av nye modellar som skal kome på marknaden. I tillegg kjem dei som står i bestillingskø og ventar på elbil. Etter første halvår i år var salet av nye personbilar på Sunnmøre 8,6 prosent under tilsvarande periode i 2017. Salsstatistikken viser og store skilnader mellom dei ulike bilmerka og illustrerer kva det betyr å treffe med modellutvalet. Seks merke hadde ein salsauke på 10 prosent eller meir i første halvår. Åtte merke hadde ein reduksjon i salet på 10 prosent eller meir.

NY AKTØR

Trass den generelle salsnedgangen i første halvår, trekkjer bilmarknaden på Nordvestlandet til seg nye aktørar. Porsche Center Ålesund blei etablert midt i oljenedturen, men hadde overskot og nådde nesten 100 millionar kroner i driftsinntekt i sitt første heile driftsår i 2017. No er Bergensbaserte Trond Sandven og kompanjongen Per Aaland i Aaland Bil i gang med å vurderer grunnlaget for ein Jaguar- og Land Rover-forhandlar i Ålesund, og vil starte eit felleseigd selskap om forhandlarplanane blir sette ut i livet.

Vi har alltid tid til gode råd

Som bedriftskunde hos oss får du ein fast rådgjevar som hjelper deg å ta gode val. Ein økonomisk sparringpartner som kjenner bedrifta di og som alltid har tid til deg. Vi gjer kvardagen din enklare, slik at du får meir tid til å gjere det du er best på: Å drive bedrifta di.

Kontakt oss i dag for ein uforpliktande prat om di bedrift – orskogsparebank.no – tlf. 70 27 35 50

NETT NO

65


OPNING: Dronning Sonja opna gondolbana i Loen i mai i fjor. Bygginga blei meir enn dobbelt så dyr som først planlagt, men heldigvis for investorane har besøket overgått alle forventningar.

GONDOLSUKSESS FRÅ FØRSTE DAG

Av: Ogne Øyehaug

Gondolbaneselskapet Loen Skylift betalte utbytte alt etter første driftsår. Det var meir enn inititativtakar og primus motor Richard Grov hadde sett for seg. Då dei første planane for gondolbanen og restaurantanlegget på toppen av fjellet Hoven i Loen blei lagt fram, var det snakk om ei investering på rundt 150 millionar kroner. For at investeringa skulle bere seg, viste reknestykket at 40.000 personar i året måtte betale billett for å kome til topps. OPNA AV DRONNINGA

Då anlegget blei opna av Dronning Sonja 20. mai 2017, hadde prislappen stige til over 300 millionar kroner og behovet for besøkande blitt tilsvarande større.

66

NETT NO

Resultatet for 2017 gjorde alle bekymringar til skamme. Den største reiselivsinvesteringa på Nordvestlandet på lang tid fekk 37 millionar kroner i driftsinntekter og 11,8 millionar kroner i resultat før skatt i 2017. Det blei til og med betalt ut 7,3 millionar kroner i utbytte. I år – 2018 - passerte Loen Skylift det budsjetterte besøkstalet på 100.000 betalande alt i september. REKORDRESULTAT FOR HOTELLSELSKAPET

Hotel Alexandra er største eigar i selskapet Fals, som eig 65 prosent i Loen Skylift.

Gondolselskapet er ein integrert del av drifta i konsernet og bidro til at 2017 blei det mest lønsame året Hotel Alexandra har hatt. Av 182 millionar kroner i driftsinntekter blei det eit overskot før skatt på 18 millionar. - Vi er veldig glade for at vi har sett oss i stand til å gjere investeringar, sa administrerande direktør og storaksjonær Richard Grov då 2017-tala for konsernet blei offentleggjort.


rolls-royce.com

Tomorrow’s technology delivered today Intelligence is revolutionising shipping operations, business and management as well as ship construction. Building on our decades of experience in aerospace data services, health management and marine automation & control we are supporting our customers to bring the next data based revolutions to the marine market. Solutions such as Autocrossing and Autodocking for ferries, optimisation and decision support and remote and autonomous operations.

Trusted to deliver excellence

NETT NO

67


OPNAR SIMULATORSENTER FOR MANGE

Av: Ogne Øyehaug

Gjennom ein samarbeidsavtale med Amazon opnar Offshore Simulator Centre for at mange fleire kan drive utvikling på simuleringsmodellane deira.

NATURTRU: Rob Lopez (t.v.) er leiar for grafikkutviklinga i Offshore Simulator Centre. Oppgåva hans er å gjere bilda kundane ser på skjermen så naturtru at dei gløymer at dei jobbar med eit simuleringsprogram, seier dagleg leiar Joel Mills i Offshore Simulator Centre.

68

NETT NO


I staden for å bestille tid og kapasitet på datamaskinen i Offshore Simulator Centre (OSC) i Ålesund kan du logge deg på eiga datamaskin, der du kan jobbe med simuleringsprogram på nettet.

sitt satelittkommunikasjonssystem for å utvikle og tilby programvare til Inmarsat sine kundar.

Poenget er å utløyse skaparkraft og nå mange brukarar ved å la fleire få tilgang til Tilbodet er mogleg gjennom ein samar- verktykassa i staden for å basere seg berre beidsavtale som Amazon og OSC inngikk på eigne utviklarar. i vår. Amazon har utvikla sitt eige simuleringsprogram der kundane koplar seg opp Introduksjonen av det nye tilbodet hos på nettet, og stiller datakapasitet og lager- OSC skjer gjennom ein konkurranse, plass til rådvelde, slik at det blir råd å jobbe Nebula simulation challenge, der studentar inn mot OSC utan å vere fysisk kopla til får kople seg opp og utvikle eigne idear. OSC sitt eige anlegg. SATSAR TUNGT PÅ GRAFIKK SPARER TID OG PENGAR

Ved å utvide tilbodet til ei såkalla ”sky-løysing” utvidar OSC kapasiteten og det blir enklare, raskare og billegare å jobbe med simulatorprogram i følgje dagleg leiar Joel Mills i OSC.

I dag brukar OSC rundt 30 prosent av arbeidstida på å utvikle grafikken slik at bilda på skjermane skal være mest mogleg naturtru.

LETTERE Å REKRUTTERE

Leiar for å utvikle grafikken er Rob Lopez, som er rekruttert til OSC frå selskapet Unity3D. Det er eit selskap som starta som dataspelutviklar, og som i dag tatt teknologi i bruk på fleire felt, som til dømes i simuleringsprogram. Teknologien frå spelbransjen er no tilgjengeleg, seier Lopez. Han jobbar delvis frå Ålesund, delvis på reise eller heime i Sverige. Lopez seier skyløysing gjer det lettare for OSC å rekruttere utviklarar, fordi den gjer det råd å arbeide med folk som ikkje kan arbeide fast i Ålesund.

Bilda skal vere så gode at folk gløymer at dei ser på eit simulatorprogram, seier Blant andre Inmarsat Solution arbeider Mills. Det er med på å senke terskelen for å etter ein liknande modell, der program- jobbe med simulering. vareutviklarar får kople seg på Inmarsat

Perfect match! For Møretrygd er det viktig kunden er lokal og opptatt av å ta vare på sine ansatte, miljøet og matrielle verdier.

For Container Consult er det viktig at leverandøren er konkurransedyktig, fleksibel, lokal og lett tilgjengelig.

Container Consult har tatt i bruk den nyeste teknologien for å ytterligere øke tryggheten for ansatte, medtrafikanter, miljøet og sine leveranser. God drift og god skadehistorikk over tid gjør at Container Consult er en perfekt kunde for Møretrygd. To solide, lokale bedrifter finner hverandre. Det er det som kalles «Perfect match».

Thomas Rolland Olsen ønsker Container Consult og Odd Arve Hansen velkommen til Møretrygd.

NETT NO

69


Nett no vert ein idé forma, eit bygg teikna, ein kontrakt signert og ein avtale broten. Namnet vårt set krav. Nyhende frå næringslivet skal du finne hos oss først. Skaff deg abonnement på nett.no du også 129,- månadleg 1399,- årleg

70

NETT NO


100% nĂŚringsliv

NETT NO

71


NEDTUR FOR LOKALE BRYGGERI

Av: Ogne Øyehaug

I 2016 meir enn dobla dei lokale bryggeria inntektene, men sleit med lønsemda. I fjor krympa salet også. Etter konkursen i Grim & Gryt Økobryggeri i fjor haust er det seks lokale bryggeri att på Nordvestlandet. Til saman auka dei seks driftsinntektene frå 3,3 til 8,5 millionar kroner frå 2015 til 2016. Frå 2016 til 2017 gjekk dei samla driftsinntektene til dei seks ned til 8,3 millionar kroner, og resultatet før skatt fall frå minus 0,5 til minus 1,2 millionar kroner. GJEKK KONKURS

I fjor haust møtte Grim & Gryt Økobryggeri på Hareid veggen og blei slått konkurs. Ikkje solid nok finansiering frå start,

produksjonsproblem og at dei store bryggeria byrja å lage øl som likna på produkta frå små bryggeri er grunnen til konkursen, seier Øyvind Grimstad Gryt, som var ein av grunnleggarane av bryggeriet. TUNG INVESTERING

Trollbryggeriet i Liabygda var først ute og er framleis størst blant bryggeria på Nordvestlandet, men har to tunge år bak seg, med til saman 1,9 millionar kroner i underskot dei to siste åra. For to og eit halvt år sidan skifta selskapet ut bryggeriutstyret og pussa opp bryggeribygget med eige selskapslokale. Då var småbryggeri-bransjen framleis i sterk

B RYGGERIA PÅ NORDVESTLANDET Tal i mill. Kroner 2017 SELSKAP

DRIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

DRIFTSINNTEKT

RESULTAT FØR SKATT

Trollbryggeriet as Geiranger Bryggeri as Baatbryggeriet as Tonga Gardsbryggeri as Olden Bryggeri as Einehaug Micro as

2,7 2,1 1,9 0,9 0,5 0,2

-1 0,1 -0,3 -0,1 0,2 -0,1

3 1,7 2,2 1,1 0,1 0,4

-0,9 0,4 -0,07 0,1 -0,1 0,1

SUM

8,3

-1,2

8,5

-0,47

Kjelde: Bisnode

72

NETT NO

2016


vekst, men fallande veksttakt etterpå har gjort at selskapet ikkje fekk den inntektsauken det såg for seg då investeringa blei beslutta. Så langt i år har bryggeriet eit sal som ligg ein halv million kroner over tilsvarande periode i 2016, og dagleg leiar Jørund Ringset seier han har forventningar om ytterlegare salsauke i haust. GENERELL TREND

Tøffare tider for små bryggeri er ein landsomfattande trend. Statistikk frå Bryggeri- og drikkevareforeningen viser ein auke i salet av øl i Noreg til og med juli i år samanlikna med same periode i fjor, men nedgang for småbryggeria. Direktør Petter Nome i foreininga seier at prispresset i marknaden har blitt tøffare, og at det og er noko mindre bryggeri merkar.

TØFF KONKURRANSE: Dei store bryggeria lanserte produkt som likna på øl frå småbryggeri. Det har skjerpa konkurransen. Kenneth Løken og Frank Maråk i Geiranger Bryggeri passerte to millionar kroner i driftsinntekter i 2017 og går i pluss, takka vere dugnadsdrift.

Trykksaker av kvalitet som er til å ta og føle på Med trykk på god design Kontakt: Thorstein Gjerde t 993 87 873 e tg@hatlehols.no w hatlehols.no

Turi Davik 402 21 164 turi@hatlehols.no *Det lille ekstra

NETT NO

73


World leading Offshore companyFounded on a boy´s dream

HAVILA SHIPPING ASA www.havilashipping.no


Vi har tatt del i mange spennende historier gjennom tidene siden starten i 1843. Vi har sett bygd og by vokse seg sterkere og stoltere. Vi har fulgt bedrifter som startet rundt kjøkkenbordet, i kjelleren og i fjøresteinene bli til viktige hjørnesteinsbedrifter. Vi har erfart at dugnadsånden er en viktig livsnerve i samfunnet vi er en del av. Alt dette gleder vi oss til å være en del av også fremover.

Takk for tilliten

1843

175 år med vekst og utvikling.


Årsskiftet markerte fem år siden oppstarten av ADVISO. Fem spennende år hvor vi har jobbet hardt for å utvikle oss til å være et ledende forretningsjuridisk miljø på Sunnmøre.

I ADVISO er det menneskene det handler om; å skape nærhet til klienter, å skape utvikling for ansatte, å skape kjennskap til og ta del i lokalmiljøene der klientene våre har sitt virke. Det er dette vi baserer vår rådgivning på. Mye har skjedd på disse fem årene, og vi er ser frem til å fortsette å utvikle oss og rådgi til det beste for våre klienter.

www.adviso.no / tlf: 70 10 91 91 / adr: Rasmus Rønnebergs gate 21, 6021 Ålesund


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.