3 minute read
Nær 100 milliardar i nye Ålesund
92,3 milliardar kroner omsette bedriftene i nye Ålesund for i fjor. Det er imponerande tal, og viser at Ålesund er av dei verkeleg store bedriftskommunane i landet.
Dette viser NETT NO sine statistikkar for 2019, der vi har tatt for oss alle bedrifter med meir enn fem millionar kroner i omsetning i dei 17 kommunane som no dekker Nordvestlandet.
Totalt er 2.512 bedrifter med i denne statistikken, noko som viser det enorme mangfaldet av bedrifter i denne delen av landet. Mange kjenner dei største bedriftene, men vi i NETT NO prøvar også løfte fram nykomarane og dei mindre kjende bedriftene.
I 2018 omsette bedriftene i gamle Ålesund for 74,7 milliardar kroner, og ein god del av veksten frå 2018 til 2019 skuldast at Haram, Skodje og Ørskog no er ein del av nye stor-Ålesund. Men dette forklarer likevel ikkje heile auken. Fleire av dei større bedriftene i Ålesund hadde god vekst i 2019, og mykje såg også bra ut i 2020, fram til koronapandemien slo til for fullt.
1,4 MILLIONAR PER ÅLESUNDAR
Totalt er det 15 bedrifter i nye Ålesund med over ein milliard kroner i omsetning. Aller størst er Vard Group med 7,9 milliardar, føre Bunker Oil med 5,8 milliardar og Kongsberg Maritime med 4,1 milliardar.
Herøy er nest størst etter ei samla omsetning på 10,4 milliardar kroner i fjor, føre Kinn kommune, der Måløy-selskapet Coast Seafood dreg kraftig opp med ei omsetning i fjor på 4,5 milliardar. Ålesund toppar også statistikken for driftsinntekter per innbyggjar, der Ålesund-bedriftene i snitt i fjor omsette for knappe 1,4 millionar kroner for kvar ålesundar. Det er også imponerandre tal.
Også her kjem Herøy på andre plass, med høg omsetning i selskap som Mørenett og MMC First Process, føre Stranda som kjem på tredjeplass.
STRANDA I VINDEN
Stranda er den kommunen som har hatt størst framgang siste året på NETT NO sine statistikkar, godt hjelpt av selskap som Platina Seafood, Norsk Sjømat og K. Nordang. Stranda kan også få det neste børsnoterte selskapet i nordvest dersom det vert noko av planane om børsnoteringa av Norsk Sjømat. Det skjer mange spennande satsingar i kommunen godt hjelpt av patriotkapital.
Men det er fleire andre stader det vert satsa, trass korona og andre utfordringar. Blant anna viser dette att i takta på nyetableringar, der Herøy hittil i år ligg klart i tet med 74 nye selskap, noko som gir 8,2 nyetableringar per 1.000 innbyggjarar. Bak Herøy kjem Stad, Kinn, Ålesund og nettopp Stranda.
Herøy er også på topp i antal bedrifter i forhold til folketalet, føre Stryn, Stranda, Ulstein og Ålesund.
VERFT- OG OFFSHORETAP
Men når det gjeld resultatgrad (driftsresultat i prosent av driftsinntekter) vert listene snudde, ettersom mange av dei store bedriftslokomotiva har hatt krevjande år. Best kjem Volda ut, blant anna etter eit godt resultat for Sparebanken1 Søre Sunnmøre, men også bedriftene i Gloppen, Stad, Sande og Sykkylven gjer det bra.
Den same tendensen finn ein att i tabellen over resultat før skatt, der Gloppen er på topp, føre Sykkylven og Sande.
På den andre enden av skalaen finn ein Ulstein, med ei resultatgrad på minus 6,1 prosent. I resultat før skatt ligg naboane Herøy og Ulstein klart i botn, noko som illustrerer situasjonen for både verftsindustri og offshore.
SKJEBNEÅR
Sjølv om stor deler av næringslivet gjorde det bra i 2019, viser også NETT NO sine statistikkar tydeleg at når dei store verfta slit, er det også dårlege tider for mange underleverandørar. 2021 vert eit skjebneår for mange av desse bedriftene. Det same med dei mange reiselivsbedriftene som no slit under pandemien.
Vi går dermed spennande tider i møte, og vi i NETT NO lovar å følgje utviklinga tett.