3 minute read

Skipsbyggingsbransjen er delt i to

Av: Ogne Øyehaug

Norske skipsverft går i pluss - når dei store verfta ikkje blir rekna med. Verfta har lågaste ordreinngang sidan 2009.

RESULTAT FOR NORSKE SKIPSVERFT

Tal i mill. kroner. K=konsern

SELSKAP

Vard Group (K) Ulstein Verft Havyard Ship Technology Fitjar Mek. Verksted Aas. Mek Verksted Moen Marin Larsnes Mek. Verksted Fiskerstrand Verft Brødrene Aa (K) Myklebust Verft Båtbygg Oma Baatbyggeri Vegsund Slip Sletta Verft Stadyard Vaagland Båtbyggeri Fjellstrand Solstrand Verft Salthammer Båtbyggeri Måløy Verft New Havyard Ship Technology Hellesøy Verft Fosen Yard Holding (K) Kleven Prosjekt 401

SUM

DRIFTSINNTEKTER

2019

2018

7938,4 2199,2 1727,7 1012,9 921,4 526,8 512,5 428 403 380 379,3 235,2 233,8 211,3 205,2 182,3 95,1 82 59,5 40,1 30,8 2,8 749,5 7485,6 1691,9 1607 638,7 372,5 448,6 460 248,8 545,5 805,7 241,5 128,1 151 185,2 259,8 244,7 199,3 45,1 67,6 36,1

9 17,9 2002,4

18556,8 17892

RESULTAT FØR SKATT

2019 2018

-1979,8 -224,8 -273 26,6 34,4 34,7 2,3 22,7 -1,4 24,6 19,1 13,5 34 5,2 3,7 -13,9 -1,1 5,1 1,3 -11,4 0,6 -4,2 425 -2138,4 -119,2 -178,4 -16,8 7,3 26,4 -4 1,4 18,9 -1 16,2 -6 19,4 2,4 -7 -19,7 -9,3 0,8 3,4 1,4

-3 -20,1 -348,7

-1856,8 -2774

* NETT NO sitt anslag. Kjelde: Bizweb / Brønnøysundregistrene

Til saman 2,5 milliardar kroner i minus for Vard Group, Ulstein Verft og Havyard Ship Technology gjer at norsk skipsbyggingsbransje for femte året på rad går med underskot.

Men det er ein bransje som er delt i to, der dei mindre og mellomstore verfta samla sett går i pluss, og har gjort det best sidan 2014.

Slik var det også i 2019, som det går fram av tabellen til denne artikkelen. Aller best lønsemd hadde reparasjon- og vedlikehaldsverftet Vegsund Slip, med eit resultat før skatt på 14,5 prosent av driftsinntektene. Myklebust Verft og Solstrand Verft hadde begge resultat før skatt på over seks prosent av driftsinntektene.

VERSTE ÅR SIDAN 2009

Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri si oversikt viser ein ordrereserve på 31,8 milliardar kroner fordelt på 38 fartøy pr. starten av november og ein ordreinngang på 6,1 milliardar kroner så langt i 2020. Utan nye ordrar blir 2020 året med den lågaste ordreinngangen sidan 2009. Sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft registrerer berre ordrar over 50 millionar kroner i sin statistikk, men tendensen er den same der; ordreinngangen per september er berre på 3,4 milliardar kroner, fordelt på 16 fartøy.

- Vi ligg langt etter normalen, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft.

KONKURS

Tidlegare i år blei Kleven Verft as slått konkurs, etter at bankane tapte tilliten til det kroatiske eigarselskapet DIV Group og ikkje ville vere med å finansiere vidare drift.

DIV Group-eigar Tomislav Debeljak kom inn som eigar i Kleven Verft etter ei omorganisering, der eit nytt selskapet vart oppretta for å drive skipsbygginga vidare, medan gamle forpliktingar vart liggande att i selskapet som idag heiter Kleven Prosjekt 401. Det selskapet er i gjeldsforhandlingar. 2019-reknskapen er ikkje offentleg i det NETT NO-magasinet går i trykken.

ITALIENSKE PENGAR

Vard Group har halde det gåande takka vere milliardlån frå sin italienske eigar, Fincantieri. Så langt i 2020 har selskapet meldt om betring i resultatet etter nok eit blytungt år i 2019.

Også Ulstein Group-konsernet håpar på pluss i år, og då må resultatet for Ulstein Verft i alle fall bli vesentleg betre enn i fjor.

Havyard-konsernet skilde ut skipsbygginga si i eit nytt selskap, New Havyard Ship Technology, for å fullføre pågåande oppdrag og vidareføre verftsaktiviteten. Det «gamle» Havyard Ship Technology er i offentlege gjeldsforhandlingar.

STORT: Dimensjonane er store på kabelleggingsfartøyet som er under bygging på Ulstein Verft. Dessverre er det også store dimensjonar på tapa til Ulstein Verft og dei andre store verfta dei siste åra. Foto: Ogne Øyehaug.

This article is from: