Temabilag Fjordenes Tidende 8.desember 2017

Page 1

Foto: Robert Dreier Holand/ TV 2

E M M E T TE S V2 S E T B Å P S E E G EKT R NOR I D E Å C I S THE VO – SENDES OG LE A N I F E LIV

ANDREA SANTIAGO STØNJUM

FØLG 16-ÅRINGEN FRA MÅLØY I KAMPEN OM Å BLI NORGES BESTE STEMME MEDFINALISTER ER SEBASTIAN JAMES FRA OSLO, THOMAS LØSETH FRA ORKDAL OG AGNES STOCK FRA TØNSBERG

STORT THE VOICE-SHOW I H3 ARENA PÅ FORNEBU LØRDAG 9. DESEMBER KLOKKEN 20.00 DØRENE ÅPNER KLOKKEN 18.30

T UTSOLG

BLI MED PÅ FINALEN I TV2S STORSATSING THE VOICE - NORGES BESTE STEMME. MED MENTORENE MORTEN HARKET, LENE MARLIN, YOSEF WOLDE-MARIAM OG MARTIN BJERCKE ALT OM FINALEN LESER DU I ANDREA-BILAGET I FJORDENES TIDENDE OG PÅ FJT.NO

Del 2, fredag 8. desember 2017


2 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

LEIAR Dette har vore litt av ein lokal artisthaust. Lista over lokale talent som har hevda seg i nasjonale musikkonkurransar tek til å bli lang. Nyleg var skap-bremangar Adam Douglas suveren og vann Stjernekamp på NRK. Adam har sterke band til Bremanger der han forelska seg både i bygda og ei lokal jente for ti år sidan. Adam har imponert stort i denne prestisjefylte konkurransen. Den sympatiske Bremanger-amerikanaren har vore ein fantastisk ambassadør for Bremanger. Ekstra moro er det at eidaren Alexander Pavelich har vore ein av mentorane til Adam. Og for ikkje mange vekene sidan så gjorde Oselie Henden (14) frå Eid reint bord og vann sjølvaste MGPjr-finalen i NRK med sjølvlaga melodi. Dermed kopierte ho prestasjonen som Vilde og Anna, også dei frå Eid, stod for då dei vann denne konkurransen i fjor. I 2014

Uansett korleis det går i morgon er Andrea ein vinnar og eit talent vi er stolte av ERLING WÅGE REDAKTØR FJORDENES TIDENDE

sjarmerte Aksel Hauge Vedvik frå Bremanger seg til superfinalen i MGPjr. Og så må vi ikkje gløyme Jørn Trollebø Kvalheim og Håkon Kongshaug frå Måløy og Amalie Midthjell frå Bremanger som også har gjort det skarpt i nasjonale talentkonkurransar siste åra. Alle desse er flotte ambassadørar for regionen vår. Imponerande at lokale talent kan hevde seg i slike konkurransar. Slike arenaer er viktige utstillingsvindauge. Det blir også lagt merke til kvar dei kjem frå. Dyktige artistar i slike konkurransar gjer oss alle stolte. Vi står i lag og heiar fram stadig nye talent. Men no handlar det om ei ny fantastisk ung jente: 16 år gamle Andrea Santiago Stønjum frå Nordfjord og Måløy. I morgon står ho på scena blant dei ypparste i finalen i The Voice på TV2. Det unge songtalentet har imponert ekspertar og TV-sjåarar fredag etter fredag i heile haust. Andrea har stått i rampelyset og sjarmert og imponert stort. Ho har utvikla sitt enorme talent


FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 3

veke for veke med god hjelp av ein av dei fremste og mest erfarne artistane i Norge, Yosef WoldeMariam. Andrea har slått ut den eine konkurrenten etter den andre. Og no er ho altså i finalen. Ganske utruleg. Nivået er veldig høgt så når ho er i finalen så bryggar det for kvalitet. Det gjer noko med oss når ein frå vår region hevdar seg i ein slik nasjonal konkurranse. Då finaleplassen var klar fredag kveld, kasta vi i Fjordenes Tidende oss rundt og bestemte oss for å lage eit eige Andrea-magasin som opplading til den spennande finalen i morgon der Andrea er ein av fire som kan stå igjen som vinnar. Etter nokre hektiske dagar er vi stolte av å kunne sende dette magasinet ut til våre abonnentar dagen før finalen. Det har vore fantastisk å følgje den smilande Måløy-jenta denne hausten og vinteren. Når vi har lagt ut saker om Andrea på nettsida vår har besøket gått i taket. Mange har kommentert og vore med å løfta ho framover.

Og når finalen går i morgon er det full mobilisering. I Samfunnshallen på Tennebø er det laga til finalefest på rekordtid. Då finalebilletten var klar sist fredag heiv leiinga i Nordfjordhallen seg rundt og begynte å planlegge finalefest. Der blir det storskjerm og god lyd. Der kan folk som vil heie på Andrea møte opp. Historia har vist at det berre er eit fåtal av dei som har markert seg i slike konkurransar som har klart å skaffe seg ei karriere. Og ei karriere kan ein berre få om ein vil jobbe knallhardt, har dei rette kontaktane, evna til å vere på rett plass til rett tid og ikkje minst har eit stort talent. Andrea har enorme mulegheiter. Ho kan nå langt som artist. Vi er ganske trygge på at det er mange med brei erfaring som vil hjelpe ho fram-

over. Det er den med størst vilje og som gjer ting smartast som har den mest lysande framtida. Vi er mektig imponert av Andrea. Uansett korleis det går i morgon er ho ein vinnar og eit talent vi er stolte av. Ho har vore med på eit eventyr og vist sitt enorme talent. Andrea er ein fin ambassadør for Måløy og Nordfjord. Det er nok mange som heiar på ho og som kjem til å bruke mobilen til og stemme på ho i morgon. Vi heiar òg på deg, Andrea! Lukke til i finalen.


4 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

TRE PÅ KORNETT: Det har vore musikk frå fleire kantar i familien Santiago Ruiz opp gjennom tida, men morfar Luis var den som hadde den største innflytelsen, fortel Andrea Santiago Stønjum. Her spelar ho kornett saman med morfaren og storesøstera Christiane Santiago Stønjum. FOTO: PRIVAT


FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 5

– Eg trur morfar er der og ser på Halvanna år etter at hennar største musikalske inspirasjon i livet gjekk bort, er Andrea likevel viss om at morfaren er der, og får med seg barnebarnet sin store The Voice-finalefest.

Morfar Luis Santiago Ruiz, eller Lolo som ho kallar han, gjekk bort i slutten av februar i fjor. Han var den musikalske bautaen i Santiago-familien, og Andrea har mykje å takke morfaren for. – Eg trur han hadde vore veldig stolt av meg no, og ikkje minst veldig gira. Det hadde nok overraska han positivt at eg har meldt meg på The Voice i det heile tatt. Han har nemleg vore fast bestemt på at eg skulle vise meg fram, fortel ho. I gravferda song Andrea Songbird, som ho også plukka fram igjen i eit tidlegare The Voice-program denne hausten. – Det var spesielt å synge den igjen, og eg følte sterkt at han var der og såg på. Eg ville fortelje han kor eg var hen, kor langt eg hadde kome og med håp om at han med det var stolt av meg, fortel ho ettertenksamt.

og dirigent. Og sjølv om det ikkje er så mykje klassisk å høyre frå Andrea no, er dette likevel noko av det ho plukka opp ganske tidleg. – Vi sat i bilen til morfar og høyrde på mange av platene hans. Seinare lærde han meg fleire klassiske stykke på piano, fortel 16-åringen.

Klassisk piano Det har vore musikk frå fleire kantar i familien Santiago Ruiz opp gjennom tida, men morfar Luis var den som hadde den største innflytelsen. – Han gjorde at eg blei veldig interessert i musikken og han har inspirert meg mykje, fortel Andrea. «Lolo» var mest inne i den klassiske musikken, både som utøvar

Ville ikkje vere pyse Men det er ikkje det klassiske pianospelet det norske tv-publikummet har fått høyre denne hausten. Det er Andrea si fantastiske stemme.

Eg trur han hadde vore veldig stolt av meg no. Andrea Santiago Stønjum om morfaren Luis Santiago Ruiz.

No er ho i finalen som ei av dei yngste deltakarane i The Voice nokosinne – Det er fleire som har oppmoda meg til å vere med på liknande ting opp igjennom, og no ville eg

ikkje vere pysete lengre, seier Andrea og smiler.

Utvikla seg mykje

Og songfuglen frå Måløy har blitt betre og tryggare veke etter veke. – Mentoren min Yosef seier at eg har utvikla meg mykje over kort tid, og det er kjekt å høyre, seier ho, og legg til: – Ein må tørre meir for å utvikle seg meir, og no har han sagt at eg har kome meg ut av skalet. Ho er overraska at det har halde heilt til finalen laurdag. – Det er veldig overraskande. Eg har aldri tenkt så langt med dette, for eg har berre teke det steg for steg, og program etter program. Den tankegangen har halde meg nede på jorda, seier den audmjuke songkometen før den spennande finalelaurdagen. ODD INGE RAND fjt@fjt.no


6 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

SONG OG MUSIKK: Andrea har vore aktiv i kulturlivet i Vågsøy heilt sidan ho var lita. Fjordenes Tidende har mange bilde av ho i fotoarkivet, og dette er eitt av dei første. Bildet vart teke under ein konsert i regi av kulturskulen, då Andrea berre var 8 år.

STOR INNFLYTELSE: Andrea hadde ein svært musikalsk morfar, Luis Santiagio Ruiz. FOTO: PRIVAT

UKM: Andrea har fleire gonger delteke på Ungdommens kulturmønstring (UKM). Dette bildet vart tatt i 2011, da Andrea var 10 år. FOTO: SIRI KOLSETH

STOLT: – Eg trur han hadde vore veldig stolt av meg no, seier The Voice-finalisten om morfaren. FOTO: PRIVAT


FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 7

VERTSKAPET: Elevane i 2 STA ved Måløy vidaregåande skule skal sørge for at publikum får noko godt å bite i under finalefesten i Samfunnshallen laurdag. Dei skulle eigentleg ha juleball i Samfunnshallen laurdag, men flytta det til etter nyttår for å støtte Andrea i The Voice-finalen. FOTO: PRIVAT

Vil ha folkefest og live-stemning – Det skal kjennest som ein sit i H3 Arena og ser finalen, seier Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen.

JØRN-FEBER: Då måløyværing Jørn Trollebø Kvalheim stod på scena i Idol-finalen i 2014, inviterte Silden Totland også til storsamling i Samfunnshallen – noko som blei ein suksess. ARKIVFOTO

FOLKEFEST: Ronny Silden Totland fortel at det ikkje blir problem med å få stemme, slik nokon har vore bekymra for. – Det er god dekning, og om nødvendig opnar vi dørene til fotballhallen, seier han. ARKIVFOTO

Han lovar at dei skal gjere sitt for å sette stemninga i Samfunnshallen når dei laurdag inviterer til å sjå finalen på storskjerm. – Vi håpar jo på å samle så mange som mogleg og lage folkefest, fortel han. Både ny prosjektor og massevis av lys skal på plass før finalefesten. – Det blir eit skikkeleg show rundt det heile for å sikre den rette finale-kjensla! 2STA ved Måløy vidaregåande skal sørge for at publikum får noko godt å bite i. Utover det er ikkje programmet heilt spikra endå. – Det har vist seg å vere vanskeleg å planlegge i desse juletider, men det blir underhaldning frå lokale artistar i pausen. Kven dette er blir ei overrasking! Då måløyværing Jørn Trollebø Kvalheim stod på scena i Idol-finalen i 2014, inviterte Silden Totland også til storsamling i Samfunnshallen – noko som blei ein suksess. – Den gongen måtte vi til slutt stenge dørene fordi det rett og slett var fullt. Billettane vart lagt ut på måndag, så eg oppmodar folk om å kjøpe, dersom ein vil sikre seg plass, understrekar Silden Totland. JULIANNE FLØLO julianne.flolo@fjt.no


8 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

r a i e h Vi

PÅ ANDREA I FINALEN PÅ THE VOICE! Foto: TV2/Robert Holand


r a i e Vi h PÅ

FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 9

ANDREA I FINALEN PÅ THE VOICE!

Rema – Notabene – Nille Vitusapotek – b.young

MX-Sport Måløy

MÅLØY

6700 Måløy, Gate 1 nr. 90 - tlf. 919 19 666

Gate Tlf.57 57 85 85 03 03 83, 83 –Fax Fax57 5785 85 07 07 10 10 Gate 11Nr Nr.234 234– 6700 6700 Måløy Måløy,–Tlf. t

5

0


r a i e h Vi

10 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

ANDREA I FINALEN PÅ THE VOICE!

Fagmøbler Måløy

Elkjøp Fjordane avd. Måløy

BRUNSVIK`S SKO

Vi på B-Young i Måløy og Eid, heier på deg!

Vitusapotek Måken - Måløy

ARNES BLOMSTER

VERDEN

A/S

COOP PRIX SELJE

Bente og Anne Grete

Gode Hjem Måløy As

MÅLØY


r a i e Vi h PÅ

FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 11

ANDREA I FINALEN PÅ THE VOICE!

Sætren Installasjon as

Reinhald og nedvask – privat og bedrift

www.vest-industrivask.no Tlf.: 919 05 160

TRAFIKKSKOLE AS

ADVOKAT KLAUS IVERSEN AS

Deknepollen og Måløy

LYKKE TIL

ANDREA


12 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

Spillselskap har størst tro på Thomas Finalist Thomas Løseth har lavest odds (1.62) av de fire gjenværende deltakerne i The Voice. Deretter finner vi Agnes Stock (2.80), Sebastian James Hekneby (8.00) og til slutt Andrea Santiago Stønjum (11.00). Det er spillselskapet Betsafe som har odds på The Voice-finalen. Dette var status da avisa gikk i trykken torsdag.

Dukker opp på frokost-TV

Slik stemmer du i finalen

Fredag morgen skal Andrea Santiago Stønjum og de andre The Voice-finalistene besøke God morgen Norge på TV 2. Måløyværingen gjestet også TVprogrammet fredag 13. oktober, da den første livesendingen for Team Yosef og Team Lene var i gang. – Hvordan er det å være yngst? spurte programlederen Andrea. – Jeg tenker ikke så mye på det, svarte 16-åringen smilende.

Lørdag er det fire finalister som skal kjempe om seieren i årets utgave av The Voice på TV 2. Avstemmingen fungerer på samme måte som i de tidligere livesendingene. Seerne får tre gratis stemmer hver på TV2.no. I tillegg kan man stemme på finalistene ved å sende SMS med deltakerens nummer til 26700 eller ringe telefonnummeret som kommer opp på skjermen når finalistene synger.

Eksfinalistar med gode råd til Andrea Tidlegare Idol-finalist Jørn Trollebø Kvalheim er ikkje i tvil om at Måløyjenta Andrea Santiago Stønjum vil gjere det bra i The Voice-finalen. – Tenk at det er ein konsert og berre «gønn» på! er eit av råda han har til Andrea.

Etter fleire år på scena har Jørn Trollebø Kvalheim etter kvart funne nokre tips og triks for å levere når det gjeld. – Å vise kven du er, slappe av, puste djupt og fokusere på å formidle teksten er nok mine beste råd. Både Jørn, Vilde Hjelle (14), Anna Naustdal (13) og Oselie Henden (14) har alle stått i kvar sine finalar i musikk-konkurransar dei siste åra, og vi har fått deira beste tips til Andrea som skal i elden laurdag. – Det beste tipset er nok å smile, for når ein viser at ein kosar seg så blir folk sjarmert, seier Oselie Henden frå Nordfjordeid som nyleg stakk av med sigeren i MGPjr.

Lure triks

Oselie fortel også at ho har eit triks

som ho brukar nytte seg av dersom ho er nervøs før ho skal på scena. – Eg brukar å hoppe litt opp og ned og springe rundt for å få ut litt energi – dersom eg har for mykje energi på scena er det vanskelegare å fokusere, ler Oselie. Også sambygdingane Vilde og Anna synest det er viktig å smile mykje, og meiner det er viktig å prøve og nyte opplevinga medan ein kan. – Før vi går på scena tenker vi alltid på kor heldige vi er, og prøvar å kose oss og nyte det. Samtidig må vi jo vise kor gode vi er! ler dei to på telefon frå MGPjr sin juleturné. Sidan dei har vore på turné har dei ikkje fått med seg alle The Voice-sendingane, men kvar gong Andrea har kome vidare har dei fått det med seg.


FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 13

– Ho har imponert fredag etter fredag Vågsøy kommune og ordførar Kristin Maurstad er utruleg stolt av at Andrea har kome seg heilt til The Voice-finalen.

– Vi har visst om den store stemmeprakta til Andrea lenge, men ho har likevel impo-

nert fredag etter fredag. Den store variasjonen i val av låtar har fått fram breidda i stemma hennar. Det har vore kloke val. Samtidig som det er kjekt å sjå kor ho har utvikla seg og blitt tryggare på scena i løpet av hausten, seier ordføraren om sekstenåringen frå Måløy. – Andrea er ein flott ambas-

sadør for Vågsøy og Måløy, og er med på å sette oss på kartet. Vi er ein stor gjeng i Vågsøy, Nordfjord og Sogn og Fjordane som heiar på henne, og eg kan ikkje sjå nokon grunn til at ho ikkje skal kome heilt til topps i finalen. Lykke til, Andrea!

Disse låtene skal Andrea synge i The Voice-finalen

LYKKE TIL: Ordførar Kristin Maurstad ønskjer Andrea lykke til i finalen.

Denne uken forbereder 16-åringen fra Måløy seg til lørdagens store finale i sangkonkurransen. Låtene har hun selvsagt valgt ut på forhånd. Først skal hun synge Beyoncé-låten Halo fra 2008. Dersom hun går videre til «superfinalen» under samme sending, skal hun avslutte The Voice-eventyret med 2012-sangen Try av Pink.

VILDE OG ANNA: Duoen frå Nordfjordeid kryssar fingrane for at Andrea går heilt til topps laurdag. FOTO: ODD INGE RAND

VANN MGPJR: Året etter at Vilde og Anna vann, tok likesågodt ei ny eidajente sigeren heim i år. – Kos deg og ha det gøy, er råda og gir til Andrea. FOTO: CORNELIUS POPPE

GODE RÅD: – Eit råd kan vere å prøve og tenke at det er ein konsert – det er berre å «gønne på»! seier Jørn Trollebø Kvalheim til Andrea Santiago Stønjum. I 2014 gjekk Jørn heilt til Idol-finalen, der han enda på ein andre plass. FOTO: THOMAS REISÆTER

– Det er veldig kult, og ho er utruleg flink! understrekar jentene.

Møtte kvarandre i Oslo

Oselie fortel at ho derimot har fått med seg mykje av det Andrea har gjort i The Voice. – Eg har ikkje sett heilt frå byrjinga, men då ho kom vidare frå duellane starta eg å følge med. Det er veldig spennande, og ho er veldig flink, fortel Oselie, som legg til at dei to også nyleg møtte kvarandre i Oslo. – I samband med juleturneen budde eg på same hotell som henne. Det var morosamt, og det er jo veldig stas at vi kjem frå nesten same plass, fortel Oselie, og legg til: – Det hadde vore fantastisk om ho vann heile greia!

Berre å gønne på!

Jørn Trollebø Kvalheim har prøvd å følge

med godt han kan og har berre lovord å kome med om Andrea. – Eg har prøvd å få med meg så mykje som mogleg av Andrea, men eg har hatt mange spelejobbar og fullt program i det siste. Eg har som regel alltid sett klipp av henne i etterkant, og sjølvsagt stemt, fortel Trollebø Kvalheim. Han legg til at han er imponert over det Måløy-jenta har vist i konkurransen. – Eg visste at ho var god, men ho har verkeleg vore bunnsolid frå start. Samtidig ser ein jo ei enorm utvikling, både på scena og vokalt, så uansett korleis det går verkar det som dette har vore veldig positivt for henne å vere med på. Den tidlegare Idol-finalisten har også nok eit godt tips til Andrea. – Eit anna råd kan vere å prøve og tenke at det er ein konsert ein speler – det er berre å

«gønne på»! – Eg trur Andrea kjem til å gjere det dritbra, og eg er ikkje bekymra på hennar vegne. Det går nok veldig bra, og det hadde vore fantastisk gøy om ho tok sigeren heim! Det unner eg henne, seier Trollebø Kvalheim. Oselie, Jørn, Vilde og Anna har alle planar om å få med seg finalen laurdag. – Vi vil ynskje Andrea masse lukke til – du er kjempeflink! Kos deg og nyt det. Tida går veldig fort, seier Vilde, Anna og Oselie. JULIANNE FLØLO julianne.flolo@fjt.no


14 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

HEIAGJENG: 1STA ved Måløy vidaregåande skule er klare for å heie på klassevenninna Andrea Santiago Stønjum (16) under fredagens The Voice-finale. Noen av elevene drar helt til Oslo og H3 Arena for å heie på måløyværingen, mens andre skal delta på finalefesten i Samfunnshallen. FOTO: CHRISTINA CANTERO


FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 15

– Vi er stolte av deg, Andrea! Uansett hvordan det går i lørdagens finale, er klassekameratene til Andrea Santiago Stønjum (16) både stolte og imponerte over alt hun har fått til i sangkonkurransen.

Lørdag skal samtlige i 1STA på Måløy vidaregåande skule heie på klassevenninnen Andrea når hun står i høstens sesongfinale i The Voice. Mange av elevene drar til Samfunnshallen for å se finalen på storskjerm, mens andre setter seg på nattbussen fredag kveld for å få med seg lørdagens finale live i H3 Arena. 1STA-gjengen er overbeviste om at Andrea kommer til å gjøre det strålende som én av fire finalister. – Jeg tror Andrea kommer til å gjøre det veldig bra. Uansett om hun er nervøs eller ei, så presterer hun alltid godt, sier Celine Mork. Hun er en av dem som drar til Oslo for å heie på Andrea fra salen. – Det er viktig med støtte, og at Andrea har både venner og familie i salen, sier videregåendeeleven.

Tryggere på scenen

Da Fjordenes Tidende var innom klasserommet til 1STA tidligere denne uken, var de i full gang med å lage heia-plakater. Klassevennene er stolte over alt Andrea har fått til så langt i The Voice, og er enige om at hun har utviklet seg underveis. – Hun har blitt mye tryggere på scenen, slår Kjersti Tennebø fast. Ida Apneseth synes det føles naturlig å se Andrea synge på TV-skjermen. Lørdag får hun se henne live. – Andrea hører hjemme på scenen! roser klassevenninnen.

Elevene skryter av alle i Måløy og resten av kommunen som har støttet Andrea underveis i sangkonkurransen denne høsten. – Alle har vært veldig flinke til å støtte. Det merker man godt i sosiale medier, og det er veldig gøy å se, sier jentene. De tror det er en fordel å være fra et lite sted i en slik type konkurranse, men mener imidlertid det langt fra er den eneste grunnen til at Andrea har kommet helt til finalen. – Det er nok en fordel å være fra en liten plass, men det er ikke derfor hun er i finalen. Det er fordi hun er flink. Hun har nok fått stemmer fra hele landet, sier Sofie Årdal. Og uansett hvordan det kommer til å gå i lørdagens finale, er klassevennene både imponerte og stolte over det Andrea har fått til. – Det er dritkult at en fra Måløy er i finalen av The Voice! legger Ida Apneseth til.

Hun lever ut drømmen sin, og det må vi unne henne. Per-Magne Løken, Kontaktlærer, 1STA

Borte fra skolen i syv uker

Med en The Voice-kjendis i klassen, har elevene i 1STA fått en litt annerledes høst på skolen. – Livet har stort sett gått som før, men vi merker jo selvfølgelig at det blir litt snakk om Andrea på skolen, både i kantina og på læreværelse, sier kontaktlærer Per-Magne Løken. Deltakelsen i The Voice har ført til at Andrea har vært sammenhengende borte fra skolen de siste syv ukene. Læreren har lagt til rette for Andreas skolearbeid underveis, og har hatt jevnlig kontakt med både 16-åringen selv og moren. – Men nå lever hun ut drømmen sin. Det må vi unne henne, og så får vi heller hjelpe henne inn på sporet igjen når hun er tilbake på skolen. Man kan ikke gå inn i The Voice halvhjertet, slår læreren fast. Både han og elevene i klassen håper selvsagt på at Andrea går helt til topps under lørdagens finale. – Nå skal hun ta det siste steget, og vi håper det går hele vegen, avslutter læreren. CHRISTINA CANTERO christina@fjt.no


16 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

Andrea får en stor heiagjeng i salen Venner, familie og slektninger skal utgjøre heiagjengen til Andrea under lørdagens finale.

– Nå er vi så mange som aldri før, forteller moren Susanne Santiago om heiagjengen. Venninner fra Måløy og nær

og fjern familie har billettene klare til lørdagens sending i H3 Arena på Fornebu. Moren forteller at hun er spent på finalen. – Jeg tror det skal gå bra, men det er umulig å spå noe. Hun har selv pendlet mye fram og tilbake fra Oslo denne høsten. Og de dagene Susanne

ikke har vært der, har Andrea fått god støtte fra andre slektninger som bor i området. – Vi har familie her nede som har tatt seg veldig godt av Andrea når hun har hatt fritid, forteller moren. CHRISTINA CANTERO christina@fjt.no

STOR STØTTE: Andreas mor Susanne Santiago har pendlet fram og tilbake fra Måløy til Oslo hver eneste uke denne høsten. FOTO: PRIVAT

Veien til finalen Her er låtene som har sikret Måløy-jenta Andrea Santiago Stønjum (16) en plass i finalen på The Voice 2017. Sekstenåringen har imponert de fire mentorene fra første stund, og har gjennom TV-konkurransen også sanket inn nok stemmer fra publikum til at hun har kommet seg videre fra første livesending til finalen. Til sammen har hun hatt ni opptredener på TV. Det startet med blindaudition i slutten av august, der Andrea imponerte stort og fikk alle fire mentorer til å snu seg. Andrea kunne dermed velge og vrake blant mentorene, og valget falt til slutt på Yosef Wolde-Mariam, kjent fra rapgruppa Madcon. I de neste TV-sendingene møtte hun både til duell og knockout. Hun gikk seirende ut av begge, noe som sikret 16-åringen en plass i sesongens første direktesending. Da gjaldt det å få publikum med på lag, og det har Andrea kalrt. Ikke bare i den første livesendingen, men også de neste fem gangene. Hun har sunget alt fra ballader til moderne låter. CHRISTINA CANTERO christina@fjt.no

LÅTENE Dette er låtene som har tatt Andrea til lørdagens finale: Blindaudition False alarm av Matoma Duell Symphony av Zara Larsson Knockout Love on the Brain av Rihanna Første livesending Chained to the Rhythm av Katy Perry Andre livesending Songbird av Eva Cassidy Tredje livesending Dangerous woman av Ariana Grande Fjerde livesending Set fire to the rain av Adele Femte livesending What now av Rihanna Semifinalen Something’s Got a Hold On Me av Christina Aguilera

LANG REISE: Andrea Santiago Stønjum har gang på gang bevist for mentorer og publikum at hun fortjener en plass i finalen på The Voice 2017. Her fra livesendingen der 16-åringen sikret seg en plass i semifinalen. FOTO: ROBERT DREIER HOLAND/TV 2


FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 17

Platekontrakt er gulroten

Slik blir finalen

Vinneren av The Voice 2017 får to store premier. Den ene premien er en Volkswagen e-Golf, mens gulroten for finalistene trolig er platekontrakten de vil få med Universal Music Norge dersom de går helt til topps i sangkonkurransen. Tidligere vinnere av The Voice er Martin Halla (2012), Knut Marius Djupvik (2013) og Yvonne Nordvik Sivertsen (2015). Årets vinner blir som kjent stemt fram lørdag.

Lørdagens finale i The Voice er lagt opp slik at alle de fire deltakerne først synger hver sin låt. Deretter går de to deltakerne med flest stemmer videre til en «superfinale», der de synger hver sin nye låt. Den av superfinalistene som får flest stemmer, vinner hele sangkonkurransen. Som tidligere i konkurransen, er det seerne som avgjør hvem som vinner.

Det der var helt vilt, og så er du så ung? Lene Marlin

Andrea er et naturtalent. Yosef Wolde-Mariam

• •

Du har absolutt alt. Morten Harket

MENTORENE: Fra første stund har The Voice-mentorene latt seg imponere av Andrea. 16-åringen valgte helt bevisst Yosef WoldeMariam (t.v.) som sin mentor fordi hun ville lære seg å slå seg litt mer løs på scenen. BEGGE FOTO: ROBERT DREIER HOLAND/TV 2

Alle ville ha Andrea Under premieresendingen av The Voice kjempet alle fire mentorer om å få Måløyjenta på sitt lag.

TV 2 omtaler 16-åringens blindautidion som «ellevill», ettersom alle de fire mentorene nokså raskt snudde seg. Andrea var også den første til å stå på scenen under premieresendingen i august. Allerede etter første strofe var de fire mentorene Yosef

Wolde-Mariam, Lene Marlin, Morten Harket og Martin «Danielle» Bjercke tydelig imponerte. Det var heller aldri tvil om at minst én av dem kom til å snu stolen for å prøve å kapre 16-åringen til sitt lag. Mentor Yosef Wolde-Mariam ble så trollbundet at han nærmest glemte å trykke på knappen. – Jeg ble frelst, og ja, det er sant at jeg nesten glemte å trykke, uttalte han under sendingen. ⚫⚫Til høyre i saken kan du lese noen av tilbakemeldingene Andrea har fått underveis . CHRISTINA CANTERO christina@fjt.no

Du har tatt mange steg mot å bli en virkelig artist. Martin «Danielle» Bjercke

Du har vokst mye på kort tid. Yosef Wolde-Mariam

Reisen din er veldig synlig. Martin «Danielle» Bjercke

• TEAM YOSEF: Mentoren har lært Andrea at hun må slappe av, stenge alt ute og gå inn i en egen verden før hun går på scenen.

Jeg er så stolt av deg! Yosef Wolde-Mariam


18 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

BLIND AUDITION: Alle de fire mentorene snudde seg da Andrea Santiago Stønjum fremførte Matoma-hiten False Alarm under blindauditionen. 16-åringen valgte Yosef Wolde-Mariam som sin mentor, og har siden den gang blitt værende på laget hans. ALLE FOTO: SKJERMDUMP/TV 2

Eventyret begynte på første audition Andrea måtte gjennom det ene nåløyet etter det andre før hun kom til blindaudition som ble vist på TV tidligere i høst. DUELL: For å gå videre til livesendingene, måtte måløyværingen møte til duell. Mentor Yosef Wolde-Mariam måtte velge mellom Andrea og konkurrent Lillen Stenberg. Til slutt falt valget på Andrea.

FØRSTE LIVESENDING: – Du har imponert oss som vokalist gjennom hele programmet, men i dag har du tatt mange steg mot å bli en virkelig artist, var en av tilbakemeldingene Andrea fikk under sendingen.

For TV-seerne begynte The Voice-eventyret til Andrea Santiago Stønjum tidligere i høst, men for 16-åringen selv har nesten hele 2017 gått med til auditions, forberedelser og TVsendinger. Før hun kunne komme på selve blindaudition i mai, måtte hun nemlig gjennom et par runder med auditioner. Deretter kom hun videre til blindauditionen, og duell. Det var ikke før i oktober at livesendingene begynte. Lørdag står 16-åringen igjen som én av fire finalister i høstens TV-sendte sangkonkurranse. Andrea har tidligere uttalt til Fjordenes Tidende at hun i utgangspunktet var skeptisk til The Voice-konseptet, men at hun nå er glad for at hun meldte seg på. – Uansett om jeg vinner eller ei, er dette bare starten, har 16-åringen uttalt. Lørdag skal hun først kjempe om en plass i superfinalen, der to av de fire deltakerne står igjen. Dersom hun går videre til superfinalen, må hun slåss om tittelen som vinneren av The Voice 2017. CHRISTINA CANTERO christina@fjt.no


FJORDENES TIDENDE FREDAG 8. DESEMBER 2017 19

FINALEUKE: Andrea forbereder seg til lørdagens finale. ALLE FOTO: PRIVAT

SEMIFINALEN: 16-åringen var den første som ble ropt opp som finalist under semifinalen.

ØVER: Her fra en av øvingene før semifinalen forrige fredag.

BAK KAMERA: Måløyværingen har virkelig fått øve seg på hvordan det er å stå foran kamera denne høsten.

SMINKE: Antrekk, hår og sminke velges ut av stylister før hver sending.

FØR SENDING: Andrea har lagt ut mange bilder fra The Voice-eventyret i sosiale medier. Her er ett av dem.

LYDPRØVER: Før hver direktesending må Andrea blant annet gjennom lydprøver og Spotify-innspillinger.

BACKSTAGE: Siden The Voice startet tidligere i høst har vi fått se Andrea på TV hver eneste fredag.

STEMMER: Andrea har blitt stemt videre gang på gang, og har aldri stått i fare for å ryke ut.

TAKKNEMLIG: Andrea har flere ganger uttalt hvor takknemlig hun er for alle som stemmer på henne.

FORBEREDER: – Forberedelser mens jeg bekjemper mine

LYDANLEGG: Den unge måløyværingen får mange erfaringer om hvordan det er å være artist.

kviseutbrudd med tannkrem, skriver Andrea humoristisk.


20 FREDAG 8. DESEMBER 2017 FJORDENES TIDENDE

Vi heiar på Andrea


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.