måløy havfiskefestival
2017
Fjordenes Tidende del 2 tysdag 25. juli 2017 FOTO : MARIANNE S. ROTIHAUG
2 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
Har rekordmange sponsorar på laget Festivalsjef Sunniva Oldeide seier det er ei hyggeleg affære å tigge pengar i Måløy.
– Vi har rekordmange sponsorar og vi får inn rekordstore summar. Det er mange bedrifter som gir konkrete bidrag i
form av pengar og tenestar, og det er mange bedrifter som hjelper oss med ulike ting, forklarar Oldeide. Festivalen har fått inn dei pengane dei treng, og festivalsjefen er takksam. – Det verkar som næringslivet har skjønt at vi får ein europameisterskap til bygda, og
KLARE TIL START: Festivalsjef Sunniva Oldeide seier dei har fått inn pengane dei treng for å lage folkefest på sjø og land.
at det berre er å stille opp, seier ho med eit smil. Festivalen har sagt til handelsforeininga sine medlemmar at dei vil vere med på å støtte opp om arrangement for å få meir liv også i gata. – Ingenting er betre enn at det viser i heile Måløy at det er EM og festival.
ARKIVFOTO
Skal bere fram meisterskapen Ein parade med hundre EM-fiskarar, arrangørar, båtskipperar og musikk markerer starten på Måløy Havfiskefestival og europameisterskapen i havfiske søndag.
– Paraden startar ved Spiralen og skal gå gjennom Gate 1 bort til Bedehuset, før den svingar ned i Sjøgata og tilbake til eit forhåpentlegvis fullpakka torg, forklarar Kjell Oldeide, nestleiar i Nordfjord Havfiskeklubb. På Torget blir det høgtideleg opningsseremoni med talar og flaggheising, samt kulturelle innslag. – Vi får ei urframføring av ein heilt ny song som er skriven av Geir Oldeide på tonen til Mull of Kintyre. Den handlar om korleis det er å kome til Måløy. I tillegg får vi ein liten smake-
bit på operaen Sildagapet, og det er jo veldig artig at den handlar om det havstykket som EM-deltakarane skal ut og fiske på, fortel nestleiaren.
Liv på sjø og land
Det er Nordfjord Havfiskeklubb som er arrangør av europameisterskapen og har ansvar for alt som er knytt til EM-deltakarane. – Det er veldig ærefullt og spennande at vi som ein så ung klubb får eit slikt oppdrag. Vi er på sjette året i klubben si historie, og det er ikkje
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 3
Festivalen har vakse seg større år for år Med eit budsjett på 1,5 millionar blir dette den største utgåva av havfiskefestivalen nokon gong.
– Det begynte veldig forsiktig med nokre få sjeler som starta havfiskeklubben og deretter festivalen. Det har heile tida
vore eit sterkt fokus på at ein ikkje skulle bruke pengar ein ikkje hadde, fortel Sunniva Oldeide i festivalen. For heile organisasjonen har det vore viktig å bygge opp arrangementet stein for stein, slik at ein ikkje skulle ende opp med eit underskot. – Det har vore nokre store
tankar undervegs, men samstundes har det vore målet heile vegen at vi skal bygge oss opp gradvis. I fjor dobla vi talet festivaldagar og fekk inn nye folk. Vi har køyrt det same løpet i år, for at vi skal takle det både økonomisk og i organisasjonen, seier Oldeide.
BLIR STØRRE: Festivalsjefen meiner dei er rusta både for meir fangst og større festival når arrangementet no strekk seg over ei heil veke. ARKIVFOTO
VERTSKAP: Festivalsjef Sunniva Oldeide (f.v.), styremedlem i Nordfjord Havfiskeklubb Per Hageland, styreleiar i Måløy Havfiskefestival Mette Sandal og nestleiar i havfiskeklubben Kjell Oldeide ser fram til å skape liv både på sjø og land under europameisterskapen og festivalen. – Vi køyrer på med underhaldning kvar dag frå rorbuscena på Torget i samband med innveginga, det blir barneaktivitetar kvar dag og vi har tre arrangement på kveldstid, seier festivalsjefen. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
Har med seg 100 frivillige på festivalen Ungdomar, vaksne, lag og organisasjonar og pensjonistar har valt å stille opp for å få festivalen til å gå rundt.
kvardagskost for oss å få eit EM, smiler Oldeide i havfiskeklubben. Medan klubben arrangerer EM, skal Havfiskefestivalen sørge for at det blir nok av aktivitetstilbod for publikum på land. – Vi i festivalen skal gjere alt som er kjekt. Vi har nokre fiskekonkurransar vi også, men vi skal konsentrere oss om å lage liv på landsida, fortel festivalsjef Sunniva Oldeide. Ho lovar underhaldning for store og små kvar einaste dag. – Vi køyrer på med underhaldning
kvar dag frå rorbuscena på Torget i samband med innveginga, det blir barneaktivitetar kvar dag og vi har tre kveldstidsarrangement, forklarar ho.
På godt og vondt
Årets festival strekk seg over åtte dagar. Dette gir både utfordringar og moglegheiter for arrangørane. – Det er på godt og vondt. Det gir oss moglegheit til å fylle på med aktivitetar, men så er det også tungt å dra folk til eit arrangement så mange dagar i strekk. Vi begynner med eit smell
under opningsseremonien, og så har vi aktivitetar heile veka, men trappar så gradvis oppover med aktivitetar fram mot siste helga. Då blir det ei skikkeleg festivalhelg, slår Sunniva Oldeide fast. Dette er det andre året ho leiar Måløy Havfiskefestival. – Eg er veldig glad for at eg har med meg erfaringa frå i fjor. Det var med tanke på at det er EM i år at eg tok over allereie i fjor, seier Oldeide.
– Vi kjem nok opp i om lag 100 frivillige som bidrar med eit eller anna under festivalen. Vi har mange vakter som skal dekkast. Vi har blant anna ein restaurant i rorbuteltet som skal vere i drift kvar einaste dag, og vi har 100 fiskarar som kjem inn med mykje fisk som må bli tatt hand om på kaia, forklarar festivalsjef Sunniva Oldeide. Ho fortel at dei har hatt nokre utfordringar, spesielt knytt til overnattingstilbodet i Måløy. – Men så har vi veldig mange lokale personar som har tatt kontakt og tilbydd oss overnatting. Så det har ordna seg på ein veldig fin måte. I tillegg har næringslivet tatt kontakt på eige initiativ og spurt om dei kan få sponse, og vi har folk som har tatt kontakt for å høyre om dei kan få vere frivillige. Det blir ikkje mykje betre enn det, samanfattar Oldeide. Festivalsjefen er glad for at det no ser ut som bygda har samla seg om festivalen. – Dette har eg sakna tidlegare, men no er vi heilt klart i rute, konstaterer ho.
MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
treff kundar i tre kanalar Vi er den største reklamekanalen i ytre Nordfjord, vi har 12.000 lesarar på papir per utgåve 5.000 lesarar av fjt.no på pc/ nettbrett kvar dag 3.000 lesarar av fjt.no på mobil kvar dag
SOMMERSALGET FORTSETTER MAS A SEKLÆ L RTIL-50%
Arbeids-ogfritidstøybutikk i hjertetavMåløy HAVFISKEFESTIVALTILBUD:
FØR NÅ
86 61,-
39 99,-
KNALLLPRIS på Highliner regnbukse fra Helly Hansen
KONKURRANSE:
Alle våre kunder kan bli med i trekningen av produkter fra Skogstad til en verdi av 5000 kroner! Meld deg på neste gang du er innom og handler hos oss i Måløy. Hver handel du gjør, gir deg en ekstra sjanse.
Kombiner avis, nett og mobil - du treff potensielle kundar gonger, i ulike kanalar og i forskjellig modus. Vi hjelper deg med å nå måla dine Kontakt oss på annonse@fjt.no eller på 57 84 90 00
Ønsker du en Fenstrastuen Comfort 80 før jul?
Se informasjon på www.kvamme.no
Frequency.no
4 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 5
Festival-
tilbud Gymbag
400 krt rabat
199,Veske
299,GPSMAP 721xs
kr
6.690.-
inkl. mva
Veil.priss kr. 10.6699.-
Sekk
SalGSbutikkeennhele
399,-
p på kaia er å , også festivalen -17 SØnDaG 13
Parfym meri, veske er, gaver og g intteriiør Måløyy - telefon 959 20 496
sommersalg!
÷30-70% rabatt jeansdager Nå får du 25% rabatt på alle jeans • FRITT VALG!
VIC LEFDAL
GATE 1 NR. 34 – MÅLØY TLF: 57 85 17 92
6 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
Ønskjer å skape blest rundt innveginga Med ein konferansier som skal halde i trådane håpar arrangørane at det skal bli enklare å følge med på innveginga på Torget.
– Eit år hadde vi ein konferansier som fortalde litt om fiskeriet og fekk nokre av fiskarane
fram for å fortelje om korleis det hadde vore på sjøen. Det fungerte godt, seier festivalsjef Sunniva Oldeide. Difor har festivalen bestemt seg for å ta opp att og vidareutvikle denne tradisjonen. – Vi må prøve å få litt av den aktiviteten som skjer på havet inn på land, meiner Oldeide.
TRADISJON: Den største fisken vil til ei kvar tid henge utstilt på Torget. I tillegg ønskjer festivalen å nytte seg av ein konferansier for å skape meir liv.
Tradisjonen tru vil også arrangørane henge opp fisken som til ei kvar tid er størst i konkurransen. – Den fiskaren som får den største fisken under festivalen, uavhengig av kva konkurranse den ble teken i, får ein Sildagut i premie, fortel festivalsjefen.
ARKIVFOTO
KLARE FOR FISKE: Styremedlem i Nordfjord Havfiskeklubb Per Hageland (t.v.), og nestleiar i klubben Kjell Oldeide gler seg til at 100 fiskarar frå 14 nasjonar skal gjere opp seg imellom i kampen om å bli den nye europameisteren. Det er European Federation of Sea Anglers som har gitt Måløy EM. – Det er veldig ærefullt og spennande at vi som ein så ung klubb får eit slikt oppdrag. Vi er på sjette året i klubben si historie, og det er ikkje kvardagskost for oss å få eit EM, smiler Oldeide. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
Ser fram til å kåre ein meister 100 fiskarar frå 14 nasjonar skal i løpet av fire dagar på sjøen i Måløy kappast om den gjeve EM-tittelen. – Vi er godt nøgde med påmeldinga. Vi såg eigentleg føre oss at det skulle kome opp mot 150 fiskarar, men det er ikkje dei beste tidene i Europa, og Norge er ikkje eit billig land å besøke, forklarar Kjell Oldeide, som er nestleiar i Nord-
fjord Havfiskeklubb. EM-deltakarane kjem frå Belgia, Island, Russland, Sveits, Skottland, Gibraltar, Norge, Sverige, Italia, Irland, England, Tyskland, Danmark samt Sør-Afrika, som har ei spesialavtale om å få delta i europameisterskapen. Til Måløy kjem også fjorårets europameistrar Trude Johnsen frå Nordfjord Havfiskeklubb og Heiko Dreier frå Irland, for å forsvare sine titlar.
Innbyrdes konkurranse
For å bli kåra til den beste fiskaren i konkurransen må du få flest poeng. Alle deltakarane er fordelt på ulike båtar, og
to frå same landslag kan ikkje vere på den same båten. – Det er ein innbyrdes konkurranse på båten om å få flest poeng. Den som gjer det har vunne båten. Ulike fiskeslag gir ulik poengsum. Ei kveite gir til dømes 50 poeng, ein torsk 15 og ein sei 10 poeng, samanfattar Oldeide. Under konkurransen er deltakarane fordelt på om lag 20 båtar. – Med andre ord blir det 20 personar som vinn kvar sin båt. Desse får då 100 poeng. Når dei så kjem i land blir dei 20 med 100 poeng rangert etter kven som har fiska mest i kilo, forklarar Oldeide.
Neste dag blir fiskarane fordelt på båtane på ein ny måte, og igjen får vinnaren av kvar båt 100 poeng. – Vinn ein båten sin fire dagar på rad, så har ein gode sjansar for å stikke av med EM-tittelen, smiler Oldeide.
Avsluttar med eit smell
Etter fire dagar med fisking er det laurdag klart for bankett og premieutdeling. – Då blir det havets festbord på Kulturhuset Parken på Raudeberg. Etter premieutdelinga og bankett blir det eit heidundrande fyrverkeri. Det blir spektakulært, lovar Oldeide. Både han og Per Hageland,
som sit i styret for Nordfjord Havfiskeklubb, har nokre tankar om kva dei håpar skjer under banketten, som markerer avslutninga på EM. – Vi håpar jo Horst Schneider, som er president for EFSA (European Federation of Sea Anglers), vil seie som Samaranch sa etter OL på Lillehammer i 1994 – «this is the best championship ever». Det er i alle fall målsettinga til klubben, smiler Oldeide og Hageland, som gler seg til å vere vertskap for deltakarane. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 7
MÅLØY Baronn Solid m maling Oljemaling
Pr. spann
598,-
Baronn U Ultra dmaling Hybridmaling
Parkett Storhaug
All vinyl på lager
Hvit Eik 1-stav Parkett. Pr. m2
3 og 4 m bredde
1.598,,- 389,-
÷30% %
Pr. spann
KOM INN OG SJÅ VÅRT UTVALG I FLISER TIL UTEROM OG INNEMILJØ Fliser til terrassen
Pr. m2
FRA
199,Terrassefilt med knott
2 m bredde. Fl. farger. Pr. m2
98,-
Veggfliser til bad
20x40 hvit matt. Pr. m2
149,Tepper til terrassen
160x239. Pr. stk.
KUN KR
499,-
Kaker, kalde lunsjretter, fersk bakst, salater og egen kaffemeny. Hjemmelaget fiskesuppe under havfiskefestivalen. Vi tilbyr også glutenfri mat.
Åpent Mandag-Fredag 10-16 Lørdag 10-15 -Velkommen til LiljenTlf: 91718107
Festivaltilbud KOM INNOM OG SJÅ VÅRE GODE TILBUD I BUTIKKEN!
Fargerike Måløy – Gate 1 nr 70 – Tlf. 57 85 53 00 – maloy@fargerike.no Trillekoffert Stor
vi knaller til med
kr. 695,-
-20% på alle varer fra vår GlassmaGasin avdelinG under Havfiskefestivalen supre f e s t i va ltilbud også Hos:
Gode sommertilbud
alle utepotter og hagefigurer -25% Gate 1 nr. 41. Tlf. 57 85 16 59
moteh jørnet
velkommen til
Vi i Fjordenes Tidende skriv om der du bur. Eller plassen du flytta frå, men som alltid vil vere «heime». To gonger i veka kjem du tett på med lokalavisa i postkassa eller i innboksen.
tlf. 57 84 9 2 22 - mglass.no
Bestill avisa på abonnement@fjt.no, 57 84 90 00 eller på fjt.no
8 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
Spelar opp til ein groovy barnekonsert Julie Falkevik Tungevåg frå Deknepollen tar med seg musikarane Ellen Brekken og Elisabeth Nesset til Måløy. Med seg har dei bilen full av instrument.
Dei skal sette opp konserten Du og jeg og vi 2-3-4. Sjølv omtalar dei konserten som ein groovy barnekonsert for heile familien der ein får møte mange spennande karakterar. Blant anna Rotta Ronny som er lei av kebab og fru Rosenstrøm som planlegg å rane banken.
– Det blir mykje dansing, humor og bevegelse – og klapping på 2 og 4. Vi tullar litt med at vi vil lære barn og vaksne rundt om i landet å klappe på 2 og 4, seier Brekken med eit lurt smil. – Ein viktig kunst vi er opptatt av, legg Tungevåg til.
KONSERT: Julie Falkevik Tungevåg og dei andre i bandet lovar ein groovy barnekonsert for heile familien under festivalen. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD
Vil skape tryggleik på sjøen Redningsselskapet UNG-Måløy bidrar med mykje aktivitet under festivalen. Dette håpar dei skal føre til at fleire ungar blir trygge på sjøen. – Vi stiller med Eliasbåten, plaskebasseng med småbåtar på Torget, quiz for dei litt eldre ungane, selfierebus i sentrum og SUP-brett (stand up paddleboard). I tillegg blir det open redningsskøyte, så folk kan besøke denne, fortel Kim André Nordbø Beddari, som er med i Redningsselskapet UNG Måløy.
Sørgar for noko for alle
Alle desse aktivitetane håpar UNGlaget skal føre til at alle har noko å gjere på, samt at fleire ungar blir trygge på og ved sjøen. – Vi kjem inn med eit bra konsept og viser at vi er der. Målet er at folk skal bli tryggare på sjøen. I tillegg er det viktig at det er noko å gjere for dei aller yngste under festivalen, slik at dei også kan ha det kjekt, smiler Amanda Hopland Erviksæter, som også er med i UNG-laget. – Og så kan det jo vere at vi får nokre fleire medlemmar. Det hadde vore veldig kjekt, legg ho til. Per i dag er det rundt 14 medlem-
mar i UNG-laget i Måløy. RS UNG er eit lag for ungdomar i alderen 14 til 25 år som er interessert i båt, beredskap og sjøliv. I Måløy er medlemmane mellom 13 og 22 år. – Målet er at fleire skal bli med i laget. Vi treng absolutt fleire som kan vere med og bidra, understrekar Erviksæter.
Viser seg fram
Gjennom året deltek UNG-laget på fleire aktivitetar. I år har dei blant anna vore i Bergen for å møte andre lag og bli kjent med dei. I tillegg har dei hatt båtturar, sosialkveldar, øvingar med Redningskorpset, delteke på strandryddedagen og dei hadde stand då Tour of Norway for kids besøkte Måløy. Ein av dei store hendingane har vore Sommerskolen. I slutten av juni arrangerte UNG-laget den første veka med segling, båtliv og andre sjøaktivitetar, og neste veke er dei klare for ei ny utgåve av Sommerskolen saman med RS UNG-Bergen. – I den første veka hadde vi ni deltakarar som fekk lære seg å ro, køyre motorbåt og segle. I tillegg fekk dei innføring i sjøvett og førstehjelp, forklarar Beddari. Denne siste veka med sommarskule fell samstundes som havfiskefestivalen blir arrangert. – Når vi er ferdige her på fredagen, så skal vi køyre i konvoi frå Tennebø til Måløy, smiler Erviksæter. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
TRIVST I BÅT: Ei av dei store hendingane for Redningsselskapet UNG-Måløy er Sommerskolen. Her lærer medlemmar i UNG-laget barna å køyre båt, ro og segle, samt sjøvett og førstehjelp. Dette trur instruktørane fører til at ungane blir tryggare på og ved sjøen. Dette håpar dei også å få til med aktivitetar på havfiskefestivalen. Bildet er frå Sommerskolen i juni. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 9
Inviterer til båtbursdag
Skattejakt på havbotnen
I fjor vart Eliasbåten døypt «Ulven» på under festivalen. Eit år etter dåpen er det klart for bursdagsfeiring. – Vi hadde ein flott dåp med vassballongar og feiring i fjor, så det blir vanskeleg å toppe dette, men vi skal i alle fall få til ei flott feiring med is og ballongar, forklarar Jannicke Myrestrand i Sjøredningskorpset. Det blir også blant anna knutekurs, besøk frå ballongmannen og barnefiskekonkurranse for ungane.
Ein heilt ny programpost for barna er skattejakt på havbotnen med Blekkulf. Ægir dykkerklubb skal hente opp det dei finn på havbotnen og ei skattekiste, og så skal Blekkulf gå gjennom det dei finn saman med barna. – Det er mogleg at det dukkar opp ein veldig kjent sjørøvar også, men det må nesten folk møte opp for å få med seg, seier Jannicke Myrestrand, som sit i komiteen for barneaktivitetane.
10 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
onsdag 2.august
søndag 30.juli “Vilt,vått,vakkert” på Den Blå Hesten er åpent Landslagsparade fra Best Western
1200-1600 1400
RS Sommerskole
0900-1600
Butikkene holder åpent
1000-1630
Åpningsseremoni med taler og underholdning
1430-1530
Rorbua & Det kreative hjørnet er åpent
1200-1800
Rorbua & Det kreative hjørnet er åpent
1400-1700
Fiskerimuseet er åpent
1200-1800
Fiskerimuseet holder åpent
1400-1700
Redningsskøyta - åpen båt
1200-1600
Ballongkunstneren Carl
1400-1700
“Vilt,vått,vakkert” på Den Blå Hesten er åpent
1200-1600
Blekkulf kommer
1400-1700
Film: Jon Tollås – Oppvekst i Måløy
1230-1330
Søndagsåpne butikker
1400-1700
Ansiktsmaling for barn
1300-1500
mandag 31.juli Utror Europamesterskap
0800
Lotteri ved Parkinsonforeninga
1330
Mann over bord v/Redningsskøyta (med forbehold om utrykning)
1400
Kastekonkurranse
1500
Blekkulf kommer
1600
Underholdning i Rorbua
1600
RS Sommerskole
0900-1600
Rokonkurranse for EM-deltagerne
1700
Cruiseskipet Hebridian Princess til kai
0930-1300
Afterfish på Havfruen
1800-2000
Butikkene holder åpent
1000-1630
Pub i Rorbua – Trubadur Elisabeth Kristensen
1800-2300
“Vilt,vått,vakkert” på Den Blå Hesten er åpent
1200-1600
Rorbua & Det kreative hjørnet er åpent
1200-1800
Blekkulf kommer
1600
Underholdning i Rorbua
1600
Innveiing Europamesterskap
1600
Afterfish på Havfruen
1800-2000
tirsdag 1.august Utror Europamesterskap
0800
RS Sommerskole
0900-1600
Butikkene holder åpent
1000-1630
“Vilt,vått,vakkert” på Den Blå Hesten er åpent
1200-1600
Rorbua & Det kreative hjørnet er åpent
1200-1800
Barnekonsert: “Du og jeg og vi to-tre-fir”
1200
Blekkulf kommer
1600
Innveiing Europamesterskap
1600
Barnekonsert: “Du og jeg og vi to-tre-fir”
1600
Afterfish på Havfruen Vi tar forbehold om endringer i programmet. Se havfiskefestival.no for oppdatert program.
1800-2000
torsdag 3.august Utror Europamesterskapet
0800
RS Sommerskole
0900-1600
Butikkene holder åpent
1000-1800
Gratis vafler hos Jobbpartner
1200-1400
“Vilt,vått,vakkert” på Den Blå Hesten er åpent
1200-1600
Rorbua & Det kreative hjørnet er åpent
1200-1800
Kokkeshow ved Domstein Sjømat
1500-1800
Blekkulf kommer
1600
Innveiing Europamesterskap
1600
Underholdning i Rorbua
1600
Afterfish på Havfruen
1800-2000
MÅLØY KUNSTLAG - DEN BLÅ HESTEN Salgsutstillingen «Vilt, vått, vakkert» ved Thomas Bickhardt og lokale fotografer er åpen hele uken fra 12-16.
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 11
30.juli - 5.august
fredag 4.august
lørdag 5.august
Gratis EM-frokost på Kiwi
0600
Gratis EM-frokost på Kiwi
0700
Utror Europamesterskap
0800
Oppmøte Folkekonkurranse
0800
Utror Bedriftskonkurranse
0900
Utror Folkekonkurranse
0900
RS Sommerskole
0900-1600
Frøyanes til kai – åpen båt
1000-1300
Butikkene holder åpent
1000-1630
Butikkene holder åpent
1000-1500
Fiskekakesteiking i Naustet
1000-1500
Hoppeslott. Jobbpartner,
Lagerutsalget, Kraftstasjonen og Netpartner
1100
“Vilt,vått,vakkert” på Den Blå Hesten er åpent
1200-1600
Bondens Marked
1000-1500
Rorbua & Det kreative hjørnet er åpent
1200-1800
Hoppeslott på Kiwi
1000-1500
Eliasbåten står på land til leik
1200-1800
Ansiktsmaling
1000-1500
Havets Skattekiste med Ervik Havfiske
1200-1400
Våt aktivitetsdag ved RS Ung Bergen og Måløy
1000-1500
Fiskerimuseet er åpent
1300-1800
Rorbua & Det kreative hjørnet er åpent
1000-1600
Innveiing Bedriftskonkurranse
1500
Underholdning fra scena
1100-1400
Blekkulf kommer
1600
Fiskerimuseet er åpent
1100-1700
Underholdning i Rorbua
1600
Skattejakt med Kaptein Sabeltann, Blekkulf og Ægir dykkerklubb
1200
Konvoi fra Sommerskolen kommer til Torget
1600
Speakers Corner
1200
Eliasbåten feirer bursdag
1600
Gratis grillmat hos Jobbpartner. Mikke & Co kommer
1200-1400
Innveiing Europamesterskap
1600
“Vilt,vått,vakkert” på Den Blå Hesten er åpent
1200-1600
Rorbua stenger
1800
Oppmøte barnekonkurranse
Afterfish på Havfruen
1800-2000
SPEAKERS CORNER I år har speakers corner noe for alle. Odd Oldeide kommer for å fortelle historier fra den nye boka si og ellers kan du treffe blant annet Turid Breidalen og Ane Barmen. Hele lista og rekkefølge publiseres på nett! REDNINGSSELSKAPETS SOMMERSKOLE På den ukelange sommerskolen får barna opplevelser retta mot sjø- og båtliv. Sammen får de oppleve gleden over å være i båt og på sjøen. GATESTENGING I forbindelse med åpningsseremonien vil gate 1 fra Bekka til Glassmagasinet være stengt fra 14-17. Fra Glassmagasinet til Verlo vil det være stengt i noen minutter mens paraden går forbi. Sjøgata fra Mix til Torget vil også være stengt 14-17 søndag. Sjøgata vil også være stengt fredag 4. august og lørdag 5. august. FRØYANES TIL KAI Frøyanes ønsker velkommen om bord til åpen båt. I messa er der glassvindu hvor du kan se rett ned i dragerrommet (moonpoolen). Båten blir liggende på Lekteren.
Barnefiskekonkurranse
1330 1400-1500
Møt Europamesterne i Rorbua
1430
Premiering barnefiskekonkurranse i Rorbua
1500
Premiering Skoleprosjekt i Rorbua
1500
Innveiing Folkekonkurranse
1500
Premieutdeling Folkekonkurranse i Rorbua
1530
Afterfish på Havfruen
1600-2000
Rorbufest med Hit Station
2000
Fyrverkeri
0000
HAVETS SKATTEKISTE Ervik Havfiske stiller med lokal fisk til årets versjon av havets skattekiste. Her kan alle barn møte opp og lage sin egen matpakke med fisken. Plukk fisk, grønnsaker og sauser akkurat som du liker, så steker vi den for deg. SKOLEPROSJEKTET 2017 Lørdag skal vinneren av skoleprosjektet kåres. Alle barneskolene i kommuna har deltatt i prosjektet som har pågått hele våren. Frem til lørdag kan du besøke utstillinga og stemme på din favoritt på Biblioteket i Måløy.
12 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
Får etterlengta besøk av matprodusentar Bondens marked er blant dei som skal ha stand under årets festival. – Bondens marked kjem for første gong til Måløy. Det gjekk mange år før vi fekk dei, men no er dei endeleg på plass, smiler festivalsjef Sunniva
Oldeide. Ho fortel at dei også har andre førespurnadar frå folk som ønskjer for å kome å selje produkta sine, men at ein får sjå kor mange det blir til sjuande og sist. – Vi vil plassere dei som kjem med stands i Sjøgata. Bondens marked blir her siste
PREMIERE: Bondens marked legg for første gang turen innom Måløy under havfiskefestivalen. Dei blir å sjå i Sjøgata. FOTO:
laurdagen i festivalveka, seier Oldeide, og legg til: – No er det viktig at både lokale og tilreisande er flinke til å bruke dei som kjem med stands, slik at vi kan få dei tilbake ved eit seinare høve. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
TRONDHEIM HAVN
Står klare til å fylle festivaltelt Teltkomiteen garanterer meir aktivitet enn i fjor både i festivalteltet Rorbua og på Torget på dagtid. – Vi såg at teltarrangementa var veldig populære i fjor. Det var også mange som nytta seg av området utanfor teltet på dagtid. Der hadde vi eit inngjerda område som passa godt for både små og store, så dette er noko vi vil prøve å få til i år også, fortel styreleiar i Måløy Havfiskefestival Mette Sandal.
Byr på pubkveld og hits
Festivalen strekk seg i år over åtte dagar. Dette betyr at også teltkomiteen har fleire dagar og kveldar å fylle med aktivitet for publikum. – Søndagen blir det ein stor opningsseremoni der det blir litt aktivitet i teltet. Denne er det Nordfjord Havfiskeklubb som står for. Onsdagen blir det ein pubkveld der vi har fått med oss Elisabeth Kristensen som trubadur. Dette blir rett og slett ein hyggeleg pubkveld for alle som vil vere med. Fredag er det ein lukka bedriftsmiddag og laurdag avsluttar vi festivalen med Hit Station og eit flott fyrverkeri frå kaia, forklarar Ingvild Rutledal, som saman med Natalie Silden Holvik og Geir Oldeide utgjer teltkomiteen. – Hit Station har vore i Måløy fleire gongar tidlegare, og dei veit kva som skal til for å underhalde innbyggarane her, fortel komiteen vidare. Det er lagt ut om lag 350 billettar til kveldsarrangementet laurdag. Teltkomiteen har god tru på at bandet skal klare å underhalde publikum. – Det bandet vi bookar inn er vi avhengige av at appellerer til mange både i smak og alder, og det trur vi at Hit Station skal klare å få til, smiler Silden Holvik og Rutledal. Dette er første året dei er med og arrangerer festivalen,
LEIK OG MORO: På utsida av festivalteltet blir det også i år eit leikeområde for ungane. Dette var svært populært blant dei minste under fjorårets festival. Denne plassen har fått namnet «Det kreative hjørnet» og her blir det mykje aktivitet, lovar komiteen. ARKIVFOTO
og Silden Holvik og Rutledal meiner festivalen er eit bra tilskot til aktiviteten i Måløy. – Det er veldig kjekt å vere med og bidra. Dette er eit positivt arrangement som er med å løfte aktiviteten.
Inviterer til kreativitet
OPNAR RORBUA: Teltkomiteen med Ingvild Rutledal (f.v.), Natalie Silden Holvik og Geir Oldeide har saman styreleiar Mette Sandal tru på at dei skal klare å fylle festivalteltet.FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
Også på dagtid blir det eit tilbod til dei som vil vere på Torget. Inne i rorbua blir det servering frå festivalen sin eigen restaurant og på utsida blir det høve til å sette seg ned og nyte det ein har kjøpt. I tillegg hadde festivalen stor suksess med å ha eit leike-
hjørne for barn ved festivalteltet i fjor. – I år blir det litt meir organisert. Vi lagar «Det kreative hjørnet» på utsida av teltet. Her blir det litt organisert aktivitet i form av kunst og handverk for barna på enkelte tidspunkt under festivalen. Elles blir det ståande leikar og slikt i dette området, slik at ein kan få leike seg her medan mamma eller pappa tar ein kaffikopp, seier Lene Marie Lågeide i komiteen for barneaktivitetar. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 13
alle Bergans skolesekker
÷50% alle skogstad d Barnejakker
÷30% Stort utvalg i sovesofaer til ekstra gode priser!
Havfiskefestivaltilbud! fredag 28. juli - lørdag 5. august
Alt fiskeutstyr
-25%
÷20% (gjelder ikke tilbudsvarer)
ALLE INTERIØRVARER OG ALLE LAMPER
Tilbudene gjelder under Havfiskefestivalen 2017. Hjertelig velkommen!
Velkommen innom for en hyggelig handel! Måløy storMarked, deknepollen, telefon 57 85 33 33 – gratis parkering
AURIS HYBRID ACTIVE SPORT BESTANDIG HYBRIDTEKNOLOGI - Dokumentert driftssikkerhet - 20 års erfaring
1,95% fastrente i 3 år*
AURIS HYBRID ACTIVE SPORT 296 200,-* VINTERHJUL og SPORTSPAKKE uten tillegg i prisen. Kundeverdi 32 000,Sportspakke inkluderer sportsseter m/Alcantara, farget glass og navigasjon.
Active Hybrid Active Sport er utstyrt med: Automatgir • Navigasjon • Ryggekamera Cruise Control • DAB+ radio • Automatisk klimaanlegg • Regnsensor • Nøkkelfritt system Skiltgjenkjenning • Filskiftvarsler • Toyota Safety Sense kollisjonsvern med autobrems Automatiske fjernlys • Skinnratt • Tåkelys foran • 16” aluminiumsfelger Automatisk innfellbare sidespeil + mye mer
*Inkl. frakt, lev. og reg.omk. 1 250,-. Årsavgift kommer i tillegg. Renten er subsidiert i 3 år for deretter å bli justert til norm. salgsrente. Priseks.: Billån v. 35% egenkapital: Nom. rente 2,95% Eff. rente 5,26% Kjørelengde 150 000 km/5 år Etab.geb. 2 974,- Tot. 170 421,-. Forbruk blandet kjøring, utslipp CO2 og NOx: fra 0,35 l/mil, fra 82 g/km, fra 5,8 mg/km. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil.
Toyota Nordfjord og Førde AS toyota-nf.no
Førde
Måløy
Stryn
Hafstadvegen 78 Tlf.: 57 72 10 00
Deknepollen Tlf.: 57 85 26 50
Hegrevegen 16 Tlf.: 57 87 60 00
14 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
Ønskjer å lære elevane å like fisk Om lag 100 elevar frå alle dei fem barneskulane i Vågsøy har fått omvisingar på Snorre Seafood.
Målet er å auke både kunnskapen om, og interessa for, fisk. – Det er jo litt skralt med kunnskapen om fisk hos en-
kelte. Måløy er jo fisk, og er bygd opp på fisk, så då må vi formidle litt av det vi driv med, fortel Steven Jensen, dagleg leiar i Snorre Seafood. I lokala på Raudeberg er det aktivitet heile året, og under besøket på bedrifta fekk elevane blant anna sjå både kjende og ukjende fiskeslag.
– Vi viser dei ulike fiskesortar og korleis vi pakkar fisk. Vi er ei fleksibel bedrift der vi både tar hand om fersk og frosen fisk. Vi driv med filetering, røyking, lettsalting, klippfisk, konsumentpakking og grossistpakking. Så elevane får sett mykje forskjellig, seier Jensen.
SPENNANDE: Elevane fekk sjå mange fiskeslag under omvisinga, og fleire av dei trakk fram breiflabben som høgdepunktet. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
Gir elevane eit innblikk i sjømat I håp om å auke barna sin kunnskap og interesse for fisk, har Nils Myklebust i Måløy Havfiskefestival besøkt alle barneskulane i Vågsøy. – Dette gjer vi for at ungdomane skal få innblikk i det som har med fisk å gjere, samstundes som eg viser dei kor enkelt det er å lage noko ut av fisken, forklarar Myklebust, som reiste rundt til elevane på Holvik, Skram, Raudeberg, Skavøypoll og Bryggja skular for tredje gong.
Litt ekkelt og spennande
Med seg til alle skulane hadde Myklebust ulike fiskeslag, som skuleelevane fekk i oppgåve å lære meir om. Til Bryggja skule hadde han med seg torsk, havmus og kviting. Først fekk elevane ei innføring i nokre fakta om fiskeslaga, før turen gjekk til skulekjøkkenet for filetering og matlaging. Medan enkelte hadde nasen om lag inne i fisken, trakk andre seg tilbake. – Det luktar veldig rart! – Æsj, skal du ta ut magen? var nokre av kommentarane frå 5.-, 6.og 7.-klassingane ved Bryggja skule. Men etter kvart samla alle elevane
seg rundt benken for å følge med på fileteringa. Her vart både lever, hjarte og auge nøye inspisert. Etter at fisken var gjort opp, steikte Myklebust den og serverte til elevane. Og all fisken forsvann saman med den tidlegare skepsisen. – Det har vore slik fleire stader at elevane først er litt skeptiske, men når dei først tør å smake, så snur dei, fortel Myklebust.
Innblikk i alle ledd
Med seg til dei ulike skulane hadde Myklebust også ei oppgåve. Dei ulike klassene fekk kvar sin fiskesort som dei skulle lære meir om, for så å lage ein stor plakat med bilete og all den informasjonen dei kunne finne. Undervegs i dette prosjektet fekk også elevane ei omvising på Snorre Seafood, der dei fekk sjå korleis fisken blir foredla i ei bedrift. Med bakgrunn i all den informasjonen elevane har klart å samle har dei laga flotte plakatar som heng på Vågsøy folkebibliotek. – Førsteinntrykket er veldig bra. Eg har til og med fått vite at ei av klassene har ringt til Island for å få tak i informasjon, smiler Myklebust. Plakatane inneheld blant anna informasjon om kvar fisken vert fiska, kvar den gyt, kvar den blir selt og kva den er verdt for Norge. Mange av dei har også bilete av fiskane og oppskrifter som fortel kva ein kan bruke fiskeslaget til. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
TAKKA FOR BESØKET: 5.-, 6.- og 7.-klassingane på Bryggja skule var blant dei elevane som fekk besøk av Nils Myklebust i havfiskefestivalen. – Eg har fått tilbakemelding på at dette har vore veldig positivt, seier han.
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 15
Publikum kan stemme på sin favoritt På biblioteket har Måløy Havfiskefestival hengt opp 11 plakatar med ulike fiskeslag som elevar frå barneskulane i Vågsøy har laga.
Plakatane har hengt på Vågsøy
folkebibliotek sidan Måløydagene, men festivalen treng framleis hjelp til å kåre vinnaren blant dei flotte bidraga. – Publikumsstemmene vil vere 50 prosent, og så har vi ein fagjury som står for dei andre 50 prosentane, forklarar Nils Myklebust i festivalen. Det blir høve til å stemme på
sin favorittplakat heilt fram til fredag 4. august. Vinnaren, som får ein flott premie, blir kåra søndag 6. august. – Det er ei stemme per publikummar. Etter at ein har gjort seg opp ei meining, finn ein stemmeskjema og ei kasse til å levere stemma si i på biblioteket, seier Myklebust.
FLOTTE PLAKATAR: Elevar frå Skram, Raudeberg, Holvik, Skavøypoll og Bryggja skular har laga plakatar som er stilt ut på biblioteket. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
SPENNANDE: Elevane ved Bryggja skule fekk eit nært møte med torsken som Nils Myklebust i Måløy Havfiskefestival hadde med til dei. Eit av måla til festivalen er å klare å rekruttere nye personar til fiskerinæringa, så ein viktig del av presentasjonen til Myklebust gjekk på at ein treng all mogleg kompetanse innanfor næringa. ALLE FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG
STOD I KØ: Etter at fisken var steikt i mykje smør, salt og pepar synst dei aller fleste elevane at den var god. Blant fiskane barna fekk smake på var havmusa.
FORNØGDE: Siri Beate Solibakke (f.v.), Thea Emilie Svoren, Malin Kassen og Viktoria Endal Jepsen var einige om at fisken var veldig god og at det var kjekt å få gjere andre ting enn dei gjer til vanleg på skulen.
16 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
Opplev kunst og historie
Ein treng ikkje gå svolten
Fiskerimuseet vil halde ope store delar av årets festival. Her får ein ifølge arrangørane eit innblikk i fiskerihistoria som har vore med på å forme Vågsøy, og gjort Måløy til ein av Norge sine viktigaste fiskerihamner. Måløy Kunstlag byr på opninga av utstillinga «Vilt, vått, vakkert» på Den Blå Hesten. Denne utstillinga vil vere open under heile festivalen.
Før EM-deltakarane skal i aksjon fredag og i forkant av folkekonkurransen laurdag inviterer Kiwi til fiskefrukost. – Dette har Kiwi gjort i mange år, og det syns vi er veldig kjekt og vi set stor pris på det, seier festivalsjef Sunniva Oldeide. Nytt av året er at det også i etterkant av fiskinga blir mogleg å få seg ein matbit. Havfruen inviterer nemleg til «Afterfish» når festivalteltet stenger på ettermiddagane.
VIL HA MED FLEIRE: Daniel Henriksson, som er ansvarleg for folkekonkurransen under Måløy Havfiskefestival, meiner folke- og barnekonkurransen er ein god arena for rekruttering av nye fiskarar til Nordfjord Havfiskeklubb. – Den lokale havfiskeklubben treng fleire aktive medlemmar for å halde på aktiviteten i klubben, stadfestar Henriksson. Bildet er frå premieutdelinga under barnefiskekonkurransen på fjorårets festival der alle deltakarane fekk medalje. FOTO: BENEDIKTE FLATAKER
Trur på rekordmange deltakarar Arrangørane har som mål å sette ny rekord i talet påmelde i fiskekonkurransane.
– Vi såg at arrangementet vart ein suksess i fjor, og vi trur det ligg godt til rette for at vi kan få med oss enno fleire i år. Det er ikkje anna fisking på laurdagen, og det gjer til at det er lettare å få tak i båtar. Vi håpar at det kan trekke litt folk, legg han til.
– Vi håpar å få med oss over 100 deltakarar. Det er eit tøft mål fordi det betyr at vi må doble talet deltakarar samanlikna med fjoråret. I 2016 dobla vi talet påmelde om ein samanliknar med 2015, forklarar Daniel Henriksson, som har ansvaret for folkekonkurransen under festivalen.
Deler inn i klasser
Folke- og barnekonkurransen går føre seg laurdag. Nytt av året er at ein vil dele inn denne konkurransen i klassene junior, dame og herre, på same måte som ein gjer det i Norgescupen i havfiske. – Det kom fram under evalueringa etter fjorårets arran-
gement at folk meinte vi burde gjere det slik. Dette fordi det er mykje vanskelegare for ein 12-åring å dra opp ein tung fisk enn ein vaksen person. Det er vi heilt einige i, og har difor valt å gjere denne endringa i år, fortel Henriksson. Dette heng saman med at vinnaren av konkurransen er den med den største fisken. – Vi har flotte gåvepremiar. I tillegg stiller festivalen med ein Sildagut-statuett til den personen som fiskar den største fisken under festivalen, uavhengig av om det er EMdeltakarane eller privatpersonar som får den, forklarar arrangørane.
Rekruttering
Henriksson håpar at folk vil melde seg på, og understrekar at det er veldig lave krav og reglar til konkurransane. – Festivalen stiller med båtar, eller folk kan kome med eigne båtar. Og så handlar alt om å fiske etter den største fisken. Vi ønskjer å gjere det så lett som mogleg for folk å kome seg på havet, seier han. Arrangøren meiner det er viktig at folk får delta på fiskinga under festivalen. – Dette gir lokalbefolkninga moglegheita til å ta del i fiskinga. Elles kjem det ofte tilreisande og profesjonelle, men vi ønskjer å få med alle,
seier Henriksson, og fortset: – Vi hadde med oss mange nybegynnarar i fjor, og dei var veldig positive i etterkant av arrangementet, fortel han. Henriksson håpar også at fiskekonkurransane kan vere med å rekruttere fleire aktive fiskarar i lokalmiljøet. – Den lokale havfiskeklubben treng fleire aktive medlemmar for å halde på aktiviteten i klubben, samanfattar arrangøren. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 17
lunsj álacarte sushi
Det eneeste nummeret du trenger å huske når du skal kjøpe
BLOMSTER: 913 48 440
ARNES BLO OMSTER
ta med/eller spis her
VERDEN
Gate 1, nr. 22, 6700 Måløy Bordbestilling og take away: 450 56 5277
A/S
Gate 1 nr. 52 www.eurofl ww f orist.no
www. lavoile.no
kjøp avisa her Måløy Rema 1000, Måløy Mix, Kiwi Holvik Bunnpris Oldeide Mat Raudeberg Spar Deknepollen Kiwi, Europris, Rema 1000, Måløy Servicesenter Selje Coop Prix Flatraket Wik Daglegvarer Stadlandet Bunnpris Stad Bryggja Bunnpris Bryggja
Stårheim Stårheim bensinstasjon Nordfjordeid Bunnpris, Esso, Narvesen, Statoil Coop Extra, Rema 1000, Sjukehuskiosken Sandane Autosenteret Åheim Spar Åheim Volda Narvesen Stryn Narvesen Førde Sjukehuskiosken, Narvesen på rutebilstasjonen Florø Narvesen
Nyhet!
Bremanger O. Håvardstun Kalvåg Kaia Mat og Servise Svelgen Coop Marked, Svelgen Motorsenter
... eller last ned appen og kjøp avisa der du er, når du vil.
Andre Ekspressbåten Selje/Bergen/Selje
Her får du de gode tilbudene på kroken
Salg I STORST UTVALG TIL
Lanseringstilbud seringstilbu på ny hygieneserie for hele kroppen. Fra 29,90
SKOLESTART
Vitusapotek Måken - Måløy
Måløy Brygge, 6701 Måløy Tlf: 57 84 98 80 Fax: 57 84 98 80 epost: maaken@vitusapotek.no Åpningstider: man-fre 9-16, lør 10-14
50-
70%
SETT M/ MATBOKS & DRIKKEFALSKE
på sesongens varer
Vi har
Kampanjeperioden gjelder 31. juli til 13. august 2017
MÅLØY
- lekepark for barna - gratis parkering 2 timer - Søndagsåpne butikker 30. juli kl 14-17
w w w. byo u n g .co m måløy brygge - tlf. 57 85 08 05
Åpning
Stid
er Kl 10 Søndag -18 (15) 30. juli k l 14-17
20,MATBOKS + DRIKKEFLASKE
ord. pris 39,90 /sett
VI ER BEST PÅ LYS · INTERIØR · FEIRING
Sjøgata, 6700 Måløy
18 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE
LEKKERT FRÅ HAVET: Lærling Charlotte Tytingvåg på Kraftstasjonen i Måløy deler her nokre av sine beste fiskeoppskrifter med våre lesarar, som hysekaker med røykt hyse og ramsløk. Eit smakfullt alternativ er å bruke hysekakene som fiskeburger, då servert i burgerbrød med krema råkostsalat og steikte potetbåtar til. Eller du kan servere dei med stua rotgrønsaker i kvit saus. ALLE FOTO: PRIVAT
FJORDENES TIDENDE MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 19
ENKELT OG GREITT: Panerte torskekjakar smakar nydeleg om du serverer med salat, dressing og gode grønsaker. Ein perfekt lunsj for ein varm sommardag.
DELIKAT: Fiskesuppe er ein klassikar som kan serverast i dei fleste samanhengar. Og det kan sjå riktig så bra ut om den blir laga på denne måten.
VIKTIG INGREDIENS: Om du har avskjer, for eksempel eit kjakelaust torskehovud, kan du lage fiskekraft som gir deg eit strålande utgangspunkt for ei fiskesuppe.
DISKAR OPP: Lærling Charlotte Tytingvåg har mange spennande rettar å by på om du treng inspirasjon når du skal lage mat av fangstane frå havfiskefestivalen.
Slik får du fisken til å skine Fiskekaker med røykt hyse og ramsløk
Dette treng du: 700 g fiskefilet av hyse 100 g røykt hyse i småterningar 2 ts. salt 1 egg 2 ms potetmjøl 2 dl mjølk 2 dl fløyte ½ ts. pepar 2 ts. ramsløk, finkutta eller puré frå glas Slik lagar du fiskekakene: Pass på at alle ingrediensane er kalde. Skjer fisken i bitar og køyr den i ei kjøkkenmaskin saman med salt. Tilsett potetmjøl og egg, spe med kald mjølk og fløyte. Ha i krydder og ramsløk. Elt saman. Ha i terningar med røykt hyse for hand. Steik fiskekakene i olje/smør til dei får ei fin steikeskorpe. Ettersteik i omnen i 5 minutt ved 175 °C. Kvit saus: 30 g smør 30 g mjøl ½ l mjølk Salt og pepar Smelt smøret og bland inn mjølet, fres dette til det får ein lys farge. Spe i
mjølka mens du rører godt. Kok opp sausen i 10 minutt før du smakar til med salt og pepar. Bland ferdig kokte rotgrønsaker i sausen før servering. Tips: Prøv hysekake som fiskeburger, med burgerbrød, krema råkostsalat og steikte potetbåtar, eller server med stua rotgrønsaker, poteter og kvit saus.
Salat med panerte torskekjakar
Dette treng du: 700–800 g torskekjakar 3 dl pankomjøl, eller strøkavring 2 egg Slik lagar du torskekjakane: Kjakane er reint beinfritt fiskekjøt, som kan minne litt om skaldyr i konsistensen. Vi reknar om lag 180 gram på ein vaksen person. Start med å skylje kjakane i kaldt vatn og tørk dei med kjøkenpapir. Nokre av kjakane kan ha ei kvit hinne hengande att, desse kan du skjære vekk. Legg kjakane i grovt salt i ti minutt, før du skyl dei på nytt, og tørk dei med kjøkenpapir. Panering: Visp egga lett i ein bolle. Ha mjøl i ein annan bolle, og pankomjøl eller strøkavring i ein tredje. Dypp kjakane i mjøl, så i egg og til slutt i panko.
Klapp lett på kjakane slik at paneringa sit godt på. Legg dei klare på eit brett med bakepapir. Smelt smør og litt olje i ei god romsleg panne på litt over middels varme. Steik kjakane 3–4 minutt på kvar side. Server kjakane med salat, ønska dressing og gode grønsaker
Fiskesuppe
Dette treng du (8 personar): 2 sjalottløk 800 g fiskefilet, utan skinn og bein 180 g smør 180 g mjøl 3 l fiskekraft (sjå oppskrift under) 2 dl crème fraîche 2 dl fløyte 3 gulrøter 4 sellerirotskiver 1 purreløk i strimlar 2 dl pilla reker Salt, pepar og litt sukker Kvitvinseddik til smak Slik lagar du fiskesuppa: Fres finhakka løk i smør til den er blank. Rør inn kveitemjøl og spe med varm fiskekraft. Kok i 10 minutt. Tilsett crème fraîche og fløyte, kok opp og la suppa trekke utan lok i 10 minutt. Tilsett fisk i terningar og grønsakene som
er kutta i strimlar, kok opp, smak til med salt, pepar, kvitvinseddik og sukker. Dryss over reker og finhakka purreløk før servering.
Fiskekraft
Dette treng du: 2 kg fiskeavskjer 1/4 purre + 1/2 løk 30 g sellerirot 1 stk. laurbærblad 1 ts. heil sort pepar + 2 ss salt Vatn Slik lagar du fiskekraft: Skyl fiskeavskjeret/fisken godt. Fjern blodrand og gjeller. Skyl grønsakene og del dei i store bitar. Legg fisk, grønsaker, laurbærblad, salt og pepar i ei kasserolle, og fyll deretter med kaldt vatn til det så vidt dekker. Kok opp og la det stå å trekke i 20–30 minutt. Fjern skum som dannar seg på toppen. Sil krafta. Ønskjer du ein kraftigare smak på krafta, eller at den tek mindre plass i fryseboksen, kan ein koke den inn. Det vil seie at du lar krafta fosskoke til mengda er halvert. Tips: Denne fiskekrafta kan du bruke til all type kvitfisk.
20 MÅLØY HAVFISKEFESTIVAL 2017 FJORDENES TIDENDE Endå meir å gle seg til
Opplev Måløy
Bygg draumehytta på Harpefossen Aktivitet heile året!
• Familievennlig • Midt mellom hav og bre • Ski inn / ski ut • Downhill sykling og riding • Kort avstand til handelssenteret Nordfjordeid • Jakt og fiske • Flott turterreng sommar og vinter • Gode utleigemoglegheiter med online booking
Attraktive solrike hyttetomter som held høg standard, tilrettelagt for alle moderne fasilitetar. Tomtene ligg i umiddelbar nærleik av både skitrekk, lysløyper og turstiar opp på høgfjellet. Skisenteret inneheld alle fasilitetar, har varierte nedfartar, store områder for frikøyring, terrengpark, big-air bag, stort skileikområde, 6 heisar, 13 nedfartar og snøsikkert.
Kom og sjå våre nye attraktive tomteområder! Rimelege prisar.
Opplev Måløy i bobil • Ny og meget fin bobilparkering midt i Måløy sentrum. • Sanitæranlegg med vaskemaskiner og tørketromler. • Lekeapparat for barna med disser, sklie, sandkasse og seiledam. skebutikk, med godt utvalg, innenfor to minutters gange. FestivalSe vår nettside: www.måløyparkering.no
byen Måløy:
10.-12. august
23.-25. juni
www.måløydagene.no
6770 Nordfjordeid Kontakt: Reidar Vonheim / Tlf. 901 53 660 / hyttegrend@harpefossen.no
• Måløy havfiskefestival 30. juli-6. august
www.harpefossen.no
www.havfiskefestival.no
Torsdag kl. 21.00
Fredag kl. 20.00
Lørdag kl. 20.00
«YOU GAVE ME A MOUNTAIN»
«ELVIS GALLA»
«40TH ANNIVERSARY ELVIS TRIBUTE»
Sør-Vågsøy kirke
ARS 40 YE SARY E V R ANNI ION D E IT
HOVEDSPONSORER:
www.elvisfestival.no
Festivalteltet
Festivalteltet
BILLETTER HOS CLASSICS ELLER PÅ: www.elvisfestival.no / fb.com/elvisfestivalmaloy
TIM WELCH
EDDY POPESCU
ZELIMIR
GORDON HENDRICKS
PAUL KAYE
ISAK SØRAA
JAKOB HALS
RANDI MELHEIM
HÅKON KONGSHAUG
HANS CHRISTIAN HELGESEN
BJØRN LID
PLUSS LOT TE FLERE F ALE N NASJO R E S ARTI T
MELLOMSPONSORER:
SPONSORER: 6710 Raudeberg - tlf. 57 84 99 00 - www.stadyard.no