2 minute read
Frå ein idé til sju episodar og ein livekonsert med artistar i kostyme
Måløy maskedrama starta med Bjørn Tungevåg i Måløydagene 2023 sin idé om ein lokal variant av maskekonkurransen du har sett på TV. Han tok med seg ideen til lokalavisa og lurte på om eit samarbeid kunne vere interessant.
Det var det. Resultat: ein serie på sju episodar på fjt.no og ein livekonsert arrangert av Måløydagene 2023.
Lokalt opplegg
Tungevåg sin idé var eit lokalt maskedrama der fem kjente personar i lokalmiljøet skulle øve før ein livekonsert på Måløydagene.
Artistane skulle bli ført i kortesje til ein øvingskveld der ein kunne filme eller streame, og publikum skulle få hint gjennom ting som blei sagt eller gjennom songane.
– På det første møtet mitt med Tungevåg fekk eg vite at komiteen hadde skaffa eit band til denne øvingskvelden og SoundLight til lyd og lys. Selena Sekse i komiteen skulle fikse kostymer og Frode Helgestad skulle øve litt meir med dei artistane som ønskte det utover øvingskvelden, seier prosjektleiar i Fjordenes Tidende, Kjellrun Åsebø.
– Prosjektgruppa i redaksjonen hos oss tok tak i ideen og tenkte først tre sendinger frå øvingslokalet og scener og song frå øvingskvelden, seier redaktør Håvar Fagerli og legg til:
– Men dette var jo så bra, så vi bestemte oss for å bygge det ut til ein større serie sidan vi også måtte planlegge oss bort frå Maskorama-konseptet. Vi landa på å lage sju episodar som også drog inn mange fleire lokale personar enn dei fem artistane.
Blei sju episodar
Første episode startar med ideen til Tungevåg om artistar som blir kjørt til øvingslokalet med eskorte og mykje dramatikk rundt det heile. Medlemmar i Måløydagene-komiteen skaffa skodespelarar til episoden og stilte også sjølve opp som skodespelarar. – Det var jo kjempegøy! Men vi ville ha med endå fleire lokale skodespelarar og fekk med nokre tøffe barn og foreldre også i første episode. Og nettopp det har vore tanken gjennom resten av episodane som vi har planlagt, å bruke fleire lokale og å gjere aktørane rundt artistane til ein like stor del av serien, seier Åsebø.
Balla på seg
Åsebø spurde derfor først både Frode Helgestad og Selana Sekse om å få filme dei også når dei jobba med artistane – og så balla det på seg.
– Vi har dermed planlagt, regissert og skrive manus for episodar som bryt heilt med det kjende konseptet. Vi enda opp med å blande ulike konsept med Fjordenes Tidende sitt eige, og vi har blanda fiksjon og verkelegheit, forklarer Fagerli.
– Ein del av min jobb har også vore å skaffe skodespelarar til episodane og det har vore så kjekt. Folk er så positive og sporty. Og eg trur dei fleste har hatt kosa seg under innspelinga, sjølv om mange har vore nervøse også, seier Åsebø.
På øvingskvelden Måløydagene-komiteeen arrangerte for artistane måtte Fjordenes Tidende på førehand tenke ut kva historier ein ville fortelje derifrå og kva klipp ein trengde for å fortelje ei god historie.
– I tillegg til å finne ut kven vi ville ha med i kvar episode og lage sjølve regien på episodane, har vi jobba fram to hint som blir gitt for kvar artist. Vi bestemte i tillegg at fem lesarar skal få vinne ein premie viss dei gjettar rett, seier Bjørn Erik Drabløs.
– Måløydagene-komiteen hadde lyst å kåre ein publikumsvinnar under livekonserten juni der artistane blir avslørt. Vi har funne ein måte å hjelpe dei med dette på, på fjt.no, slik at publikumsvinnaren også kan bli annonsert på konserten i tillegg til at maskene blir avslørt.
Sjølve livekonserten 11. juni er det Måløydagene 2023 som arrangerer og har regi på. Fjordenes Tidende si rolle under konserten er å streame den direkte ut til publikum.
SVANHILD BREIDALEN